Oppdatert: 03.12.21

Kven er min vara?>>
FAU (Foreldra sitt arbeidsutval 2021/22
 
fau.gif (9311 bytes)

Den store oversikta>>
FAU-oversikt>>
Arkivsaker 2017/18>>

 

Referat møte FAU 16.november 2021.

 

Representantar:

1.klasse: Susanne Aarskog Nesse
2.klasse: Anita Litlehamer
3.klasse: Robert Helland
4.klasse: Trine Kvalnes Røstbø
5.klasse: Lise Grundvold
6.klasse: Tom Martin Hahtokari
7.klasse: Hanne Almås

 

Saker

1.Informasjon v/Lars Bakka
2. Val av verv i FAU og SU
3. Etterlysing av Kommunalt foreldreutval (KFU)
4. Hjartesone ved Sagvåg Skule
5. Rekneskap 2021 og budsjett 2022
6. Matpausen og friminutta til elevane
7. Ymse: Uteområdet, EL-sparkesykkel, leksebevisst skule, vekeplan, SFO-tilbodet

 

1.      Informasjon v/ Lars Bakka

 

Elevundersøkinga 2021. Her viser det seg at dei aller fleste elevane på Sagvåg skule trivast, og dei fleste har nokon å vera saman med i friminutta.
Undersøkinga syner óg at fleirtalet av elevane er motiverte for å læra i dei fleste faga.

Open dag. Stor suksess i år óg. Skulen fekk inn kr 47.543,- til FORUT.

Orden i fellesareala. Elevane er svært flinke til å halda orden og respektera skulen sine eigedelar. Putene i amfiet og utstillingane i biblioteket får stå i fred. Det er veldig kjekt at det er ein slik god kultur på skulen.


 

 

2.      Val av verv i FAU og SU 2021/2022

 

FAU-leiar:                                          Anita Litlehamar

Nestleiar:                                            Susanne Nesse

Skrivar:                                                Hanne Almås

Kasserar:                                             Tom Martin Hahtokari

Leiar 17.mai-komiteen:                Tom Martin Hahtokari
KFU-kontakt + vara:                       Lise Grundvold + Anette Sydnes Salomonsen
SU-medlem + vara :                        Trine Røstbø + Lise Grundvold
SU-medlem+ vara:                         Susanne Nesse + Hanne Almås

 

3.      Etterlysing av kommunalt foreldreutval (KFU)

Aktiviteten i kommunalt foreldreutval har vore fråverande dei siste åra. Lars Bakka tar ansvar for å etterlysa KFU.

 

4.      Hjartesone ved Sagvåg skule

 

Mange born blir køyrde til skulen. I nærområdet til Sagvåg skule er det naudsynt at ein er ekstra obs på elevar som kjem gåande og syklande. For å få mindre trafikk i rundkøyringa, kan det vera ei løysing å sleppa av elevar i busslomma ved tunnelen (v/innkøyrsla til Nysæter). Då har elevane ein trygg skuleveg gjennom tunnelen opp til skulen.
Under Beintøft-aksjonen blei det ofte observert kaos og farlege situasjonar når mange skulle setja borna sine av eit stykke frå skulen. Særleg i krysset ved Skifteslono og Vikanes.
FAU meiner at rundkøyringa ved Sagvåg skule er den tryggaste plassen å sleppa av ungane. Her er det flyt og kontroll, men ein må hugsa på at dette er ei hjartesone.

 FAU ynskjer at elevar blir oppmoda om å gå til skulen, og Beintøft-aksjonen var eit flott og motiverande tiltak her. Eit liknande tiltak er ynskja når det lysnar om morgonane.

 

5.      Rekneskap 2021 og budsjett 2022

 

Rektor kan informera om at tala ser gode ut, og at dei driftar innan det lovverket som er. Investeringsmidlar har i tillegg gitt dei mogleik til å blant anna oppgradera skjermar.

 

6.      Matpausen og friminutta til elevane

Elevane har etter ynskje frå FAU 2020/2021 fått utvida skuledagen sin med 20 minutt til å gjera det som tidlegare var heimearbeid, på skulen. Som ei løysing på dette, er det no fagarbeidarane som har ansvaret for elevane i dei 20 minuttane elevane et.
I matstunda blir det ofte nytta skjerm til underhaldning for elevane medan dei et.
FAU meiner det blir mykje skjermtid i løpet av ein dag, både på skulen og heime, og ynskjer at elevane får eit anna tilbod enn å sjå på skjerm i denne tida. Føresette opplever at born kjem heim utan å ha ete nista si, for dei har gløymt seg vekk.
Alternativ kan vere å bli lese for og snakka saman om det ein les, eller at elevane kan berre sitja og prata saman. Det er ikkje alltid at dei treng eit ytre stimuli, ein må kunna sitja å eta maten sin utan underhaldning.

Ut i frå elevundersøkinga kan ein sjå at ikkje alle elevar alltid har nokon å vera saman med. Kan trivselsleiarane få hjelp til å organisera aktivitetane slik at alle som vil får bli med? Det er ikkje alle som har lett for å oppsøka TL-aktivitetane sjølv, men kanskje kjenner at det hadde vore kjekt å blitt invitert inn i leiken.  FAU er samd i at TL er eit kjempeflott tiltak, og at TL-leiarane gjer ein super jobb.

 

7.      Ymse

 

Uteområde.
Det er ikkje så mykje for dei eldste å gjera på ute. Her er ballbingen det mest populære tilbodet, og denne treng opprusting . Lars Bakka er på saka her.
Skogen er mykje brukt av alle elevane, men også her trengst det gjerast noko. FAU vil invitera til dugnad, der føresette og elevar kan vera med å ta i eit tak.

FAU ynskjer og eit tilbod med fleire apparat. Gjerne ei zip-line og  «street work-out» apparat (Nordbygdo har dette), som kan nyttast til trening av andre utom skuletida.
Det er viktig at apparata og underlaget er etter forskriftene.
FAU skal søka midlar, og håpar at det kan hjelpa til med at uteområdet blir enno kjekkare og attraktivt.

 

El-sparkesykkel

Det er observert skumle situasjonar der elevar køyrer fleire på ein sparkesykkel, køyrer utan refleks og/eller hjelm til og frå skulen. FAU vil fatta eit skriv ut til føresette, og oppmoda dei om å ta ein skikkeleg prat med borna sine om trafikktryggleik og bruk av el-sparkesykkel.

 

Leksebevisst skule

FAU stiller seg positiv til at Sagvåg skule er ein leksebevisst skule, og at elevane har 20 minutt øve-tid på skulen. Det ser ut til at det er ein god kultur blant elevane, at dei ynskjer å gjera det beste ut av desse 20 minutta. Positivt at det er leselekse der føresette skal høyra ungane i lesing.
Me ynskjer at skulen held fram som ein leksebevisst skule.

 

Vekeplan

Mange føresette saknar vekeplanen i papirutgåve. Det skal presiserast at det er den generelle vekeplanen med felles informasjon me ynskjer på papir, ikkje den tilpassa dagsplanen/arbeidsplanen.
Ikkje berre er det praktisk at planen er lett tilgjengeleg, men ein får lettare høve til  å snakka litt gjennom dagen som kjem – og dagen som har vore. For mange barn kan det vera tryggande og forutsigbart å få ein enkel og rask gjennomgang av kva som skal skje i løpet av dagen, før dei kjem på skulen.  Det er lettare å fletta skulen inn som ein naturleg del i kvardagspraten, utan at ein må opp med ein skjerm – anten på mobil eller PC. Føresette, og ikkje berre den som opnar planen på skjermen,  kan spørja spesifikt korleis det har gått i eit fag eller ein aktivitet som har vore i løpet av dagen, og få eit konkret svar frå barnet. Har ein fleire born som går på skulen, går det mykje tid til med på- og avloggingar for å sjå over vekeplanen – i staden for å kasta eit raskt blikk på ein papirplan som er hengt opp.  FAU har eit sterkt ynskje om at elevane får vekeplanen i papirform i sekken.

 

SFO-tilbodet.

SFO har eit godt tilbod til borna, men prisane er stive. FAU ynskjer at kommunen kan sjå til Fitjar og Bømlo korleis dei løyser kjøp av SFO-tid. I staden for å kjøpa plass i prosent, kan det vera eit alternativ å kjøpa plass i timar? På Fitjar gjer denne løysinga at fleire elevar går på SFO, og mange held på SFO-plassen sin opp til 3. og 4.klasse.

 

 

 

 

SFO

1. Gjertrud Kibsgård  SMU og SU (Ikkje FAU)
2. Arna Sørheim Murray,
vara for nr, 1

2021/22

 

1.kl
sag21

1.Susanne Aarskog Nesse FAU, SMU og SU
2. Anita Kvarven,
vara for nr, 1
3.  Marianne Lups, vara for nr. 2
4. Mari Skram, vara for nr. 3

2021/23

 

2.kl
sag20

1. Anita Litlehamer FAU, SMU og SU

2. Anette Aa Stensvold, vara for nr, 1
3. Kathrine Folgerø, vara for nr. 2
4. Evelyn A Rong, vara for nr. 3

2020/22

 

3.kl
sag19

1.Anette S. Salomonsen, FAU, SMU og SU
2. Jarn Roar Hovlandvara for nr, 1
3. Øjan Turøy, vara for nr. 2
4. Robert Helland, vara for nr. 3

2021/23

 

4.kl
sag18

1. Trine Kvalnes Røstbø FAU, SMU og SU

2. Susanne  Aarskog Nesse, vara for nr, 1
3. Trygve Kvarven, vara for nr. 2
4. Gunn Marit Nytræ, vara for nr. 3

2020/22

 
5.kl
sag17
1. Lise Klementsen  FAU, SMU og SU
2. 
Heidi Scholz, vara for nr, 1
3.
Hanne Risnes ,  vara for nr. 2
4.
Wenche Risnes vara for nr. 3
2021/23  

6.kl
sag16

1. Tom Martin Hahtokari   FAU, SMU og SU 
2. Anette Salamonsen  vara for nr, 1
3. Steffen Nerhus vara for nr. 2
4. Berit Grinde  vara for nr. 3

2020/22

 

7.kl
sag15

1. Hanne Almås   FAU, SMU og SU
2. 
Karl Olav Gravdal, vara for nr, 1
3.
Gunnvor Lie Andersland ,  vara for nr. 2
4.
John Bathgate vara for nr. 3

2021/22