|
Opplæringslova om Foreldrerådet og FAU (Foreldreutvalet:
§ 11-4. Foreldreråd ved
grunnskolar
På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd
der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til
foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for
å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald
mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling
hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.
Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet
vel to representantar med personlege vararepresentantar til
samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av
representantane.
§ 11-9. Foreldreutvalet
for grunnskolen
Kongen i statsråd nemner opp Foreldreutvalet for
grunnskolen. Utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmer.
Funksjonstida er fire år. Departementet gir nærmare forskrifter om arbeidet
i foreldreutvalet.
|