Farleg skuleveg
|
Dato:
16.02.2018
Vår ref: Egil Petterteig
Nytt skyssreglement Kommunestyret har no vedteke nytt skyssreglement,
som me må fylgja når me tildeler skuleskyss. Det vil medføra nokre
endringar, der skuleskyssen fell vekk for nokon som har hatt tidlegare,
og nokre nye vil no få mulighet for å få skyss til/frå skulen. Vedlagt ligg det nye reglementet, samt nokre
kartbilete der farlege vegar er markert. På Sagvåg skule vert ikkje
dette iverksett før hausten 2018. Dei ordinære skyssgrensene ligg i botn som før, med
skyss til 1.klassingar som har over 2 km skuleveg, og 2.-7.klassingar
som har over 4 km. Skuleveg vert rekna etter kortaste gangbare veg frå
heimen til skulen. Skuleskyss gjeld berre til skuletider, og det vert
ikkje gjeve skyss til/frå SFO. ALLE som ynskjer skuleskyss skuleåret 18/19, må
senda skriftleg søknad til skulen om dette, på SMS, papir
eller e-post til underteikna, snarast råd. Denne kan vera
kortfatta, då det ikkje finst noko skjema for slik søknad. Ta kontakt om de lurer på noko ang. dette. 975 52 197 – egil.petterteig@stord.kommune.no Med helsing:
Egil Petterteig -ass. rektor- |
Skriv
frå skulen i pdf-format dater 16.februar 2018