Elevråd 2019/20 
Siste møte i elevrådet>>

Møteplan 2019/20:  


 
 
Læreplan for elevrådsarbeid >> | Tilbakeblikk på elevrådet>>

Elevrådsmøte Fredag 22. november kl. 10.40

Klart at leiaren skal ha den beste stolen ;-)

Desse møtte:

Mats (1.kl.) – Leah (2.kl) – Isak (3.kl) – Beate (4.kl) – Kristian (5.kl) – Gina Camilla (6.kl) – Emil (7.kl)

 Me informerte om at det no er 100 år sidan det første elevrådet vart samla i norge

Saker frå klassane:

1.klasse:

Alle må bruka trøbilane fint. No er det nokon som krasjar med dei.

Det er sant. Nokon ryggar fort utan å sjå. Det må dei ikkje gjera. Bilane må berre brukast på steinane. Dei vaksne ute må vera strengare.

Kan me få ei trehytte?

Vanskelig med ei hytta oppe i et tre. Og så vil jo ei slik hytte bli veldig liten, og då kan det bli krangling om kven som skal vera der.

Alle må vera snille med kvarandre!

JA!

 

 

2.klasse

Me ynskjer oss Peppa gris - Villkatten

Me sjekka at det finst (https://www.extra-leker.no/vildkatten-my-first-peppa-pig?gclid=Cj0KCQiAq97uBRCwARIsADTziyZCgIp_lshR0Dl42e6HzhtPE9S1JKteJJwDF4uH4d5sOIDVEdG-BVkaAot3EALw_wcB)
Me skal vurdera det når me likevel skal kjøpa nokre nye spel.

Me treng nye brentball-ballar

Eg har. Kom til meg og få. Men eg synest det forsvinn litt for mange…..

 

3.klasse:

Det hadde vore kjekt om me kunne ha vekesamling ute av og til

Det virkar best om sommaren. Viss me får beskjed dagen før, kan me ta med gode kler, og då kan me ha det når det er kaldt og.

 

  Det hadde vore kjekt med Just Dance som TL-leik. Det hadde me i fjor.

Elevrådet seier:

Det kjem Just dance i vekene som kjem. Før det blir skikkelig kaldt vil me ha mest uteleiker, men no nov/des kan me ha inneaktivitet både i musikkrommet og gymsalen

-          Tips til Lars og Egil: Kinareila knirkar

Elevrådet seier: Det fiksar sikkert Lars og Egil. Kom og minn dei på det.

4.klasse

Brentballane blir skotne opp på taket. Me trur det er SFO som brukar dei, og me manglar ballar til friminutta

Kan nokon vaksne gå opp på taket og ta ned alle ballane som er der?

Det er fortsatt nokon som går i vegen når me spelar brentball.

Det er spesielt når det er is, men då er det heller ikkje lurt å spela brentball.

Me må respektera TL – leiarane og reglane i leikane. Nokon kjem berre inn i gymsalen etter at friminuttet er i gong, og berre blir med

Elevrådet seier: Sjå sak frå sist møte. Utevaktene må fylgja med, og TL-ane må sei ifrå til vaktene

Blir det skeisebane i år og?

Me har kjøpt inn det som trengs, så om det vert meldt stabilt kaldt opphaldsver, skal me kasta oss rundt og laga skeisebane.

5.klasse:

Ingen saker.

Elevrådet seier: hmm…

Flott at 5.klasse har det bra som det er her.

 

6.klasse

Storskulen ynskjer nye fotballar

Elevrådet seier: 1-4 deler to ballar. Det går stort sett bra. 5-7 deler ein ball, og det blir litt styr av.

Klassane i storskulen skal få kvar sin ball som er merka med klassenamn. Den MÅ de ta vare på. Vert den øydelagd MÅ de ta med den øydelagde til meg for å få ny. Viss nokon sparkar den så langt vekk at de ikkje finn han igjen må eg få vita det med ein gong. Men det  går jo nesten ikkje an.

Me ynskjer oss ein ny skaterampe

Går det an å støypa ein?

Det hadde vore kjekt om me kunne hatt skeisebane på skulen dersom det blir kaldt vér.

Sjå svar til 4.klasse

7.klasse:

Kan me laga ein plass for skating, på same måte som dei som sparkesyklar?

Elevrådet seier: Klarar me å finna ein stor nok plass? Kor mange er det som skatar?

Kan me laga  hopp på sparkesykkelbanen?

Kva seier rektor?

 

-          Dei siste sakene frå 7.klasse vart ikkje sendt inn, og representanten hugsa dei ikkje.

Andre saker:

Vil elevrådet at alle skal eta graut i desember slik me har pleidd å gjera?

Ja

Vil elevrådet sponsa litt i bokpremie til lesevekene i storskulen?

   Elevrådet seier ja.


 
Skrivar:
Egil Petterteig
-elevrådskontakt.- 
   


Elevrådsmøte tysdag 22. oktober kl. 11.00 

Desse møtte: 

Mats (1.kl.) – Leah (2.kl) – Isak (3.kl) – Beate (4.kl) – Kristian (5.kl) – Gina Camilla (6.kl) – Emil (7.kl) 

  

Saker frå klassane: 

1.klasse:

  • Ingen saker 

2.klasse:

  • Me synst alle skal ha nokon å vera med i friminutta, så alle må seie JA til kvarandre dersom dei spør om å få vere med på leiken. 

  • Elevrådet er heilt enig 

  • Det er viktig at me snakkar fint til kvarandre når me er på fotballbana. 

  • Elevrådet er heilt enig i det og. 

  • Egil skal be utevaktene vera ekstra OBS på ballbingen. 

3.klasse:

  • Me ynskjer oss trampoline på skulen. Slike små som er nede i bakken. 

  • Elevrådet seier: Det hadde vore kjekt, men det kan vel vera farlig, og bli krangling. 

  • Det hadde vore kjekt å hatt, eg har sett dei på tv. Det er nokså dyrt, og kostar over 30.000 kroner ferdig monter: https://rampline.no/produkt/trampoliner-loop/

  • Me ynskjer vennebenken tilbake. 

  • Viss me skal ha ein vennebenk, er det viktig at den blir brukt rett. 

  • Me skal kjøpa ein ny og fin benk, og mala den fint og laga til vennebenk. 

  • Dersom elevrådet skal kjøpa nye spel, så ynskjer me oss eit kaninspel (Funny bunny) som me hadde tidlegare. Det var veldig kjekt, men var øydelagt. Me ynskjer oss også UNO-kort, «Super Mario-monopol» eller «Monopol Ultimate Banking» 

  • Elevrådet seier: Me skal rydda i dei gamle spela torsdag kl. 08.45. Då får me oversikt over kva me egentlig har, og kan sjå på kva me kan kjøpa nytt.Takk for gode forslag.  

  • Me lurer på om det er lov å spela på telefonen før skulen startar? Mange gjer det. 

  • Skulen begynner når du kjem til skulen, og me er mobilfri skule, så det er ikkje lov. Slik er det no, men elevrådet skal gå gjennom grunnar for og imot å ha mobil, for å vurdera me me bør ta det opp på nytt med FAU og lærarane. 

4.klasse:

  • Kan me få oss skulegenser? 

  • Det blir dyrt for foreldrene. Kunne ei T-skjorte vore eit billigare alternativ? 

  • Me tenkjer ikkje at me skal ha skulegenser på Sagvåg skule. Me vil ikkje ha noko kjøpepress. Eg trur ikkje me vil ha T-skjorte heller, men eg kan sjekka pris før neste møte. 

  • Me treng ei betre brentballkølle. 

  • Det er sant. 

  • Det har vore litt for stort «forbruk» av slikt. Kan me utfordra nokon til å laga eit par gode trekøller? Kanskje eit formingsprosjekt i storskulen? Og så er det viktig at me tek godt vare på dei. 

  • Me treng reglar for kor me kan gå i friminutta, slik at ikkje dei som spelar brentball vert forstyrra. 

  • Dei som skal opp i skogen må gå rundt, og ikkje over banen. Dette må me sei i alle klassane. Dersom dei går over banen kan dei bli skada. Dette må seiast i alle klassane. 

  • TL ber alle å respektera TL sine reglar. Det er for mange som juksar og «Teamer» 

  • Dei som ikkje respekterer reglane bør ikkje få vera med på leiken. 

  • TL er sjef, og dei bestemmer. 

  • Kva gjer me med dei som øydelegg bordtennisracketane? Dei slår dei i bordet når dei taper. 

  • Kan kvar klasse ha sine eigne racketar, som læraren låner ut?  Me vil ikkje ha «dagar», for me vil spela også med folk frå andre klassar. Dei som vil spela kan koma bort, og så lager me ei «miniturnering» 

  • Det er kjekt at det er poppulært med bordtennis. Dumt at dei som taper slår i bordet.

  • Dei som har ballbingen må få vera i fred. 

  • Sjå punkt 2 frå 2.klasse 

5.klasse:

  • Me vil at dei som tel på kinareila, ikkje skal telja alt for fort. 

  • Elevrådet er enige 

  • Me ynskjer oss ei bordtennisturnering. 

  • Ei for storskulen og ei for småskulen, kanskje..? Og så burde vore frivillig. Men korleis kan me løysa det med berre eit bord….? 

6.klasse:

  • Me ynskjer å få attende Pokemonkort, med tydelege reglar. Evt. for ein avgrensa periode, td. 14 dagar 

  • Det var dumt når det stod så mange i vegen når me skulle gå ut og inn. Folk brukar for mykje pengar på det, og reglane blir ikkje fulgt. Elevrådet ynskjer ikkje at det skal vera Pokemonkort på skulen. (Upåvirka av Egil) 

  • Me ynskjer å få lov å bruka sparkesyklar i friminutta. 

  • Kanskje me kunne prøvd litt, og sett korleis det går? Det bør vera krav om hjelm.  

  • Nokon frå 6.klasse må koma til Lars, og vera med og leggja ein plan på kor, og kva reglar ein må ha. 

  • Det er no laga ein liten bane for 6. og 7.klasse. 5.klasse får sykla einhjuling inne

  • Det er mykje feilparkering i sykkelstativet. Me må minna om om korleis syklane skal stå. 

  • Rektor kan visa på ein fredag korleis syklane bør stå. 

  • Det kan eg. Me mør også kjøpa eller fiksa dei stativa som er skeive.

  • Nokon ynskjer å få lov å bruka mobil på skulen, td. ein dag. 

  • Sjå sak 4. under 3.klasse 

  • Me ynskjer ei anna inndeling i ballbingen. 

  • I fjor, då jentene hadde eine friminuttet og gutane det andre, fungerte det fint. Gjeld berre storskulen. 

  • Me ynskjer søppelbøtter ute slik at me kan kasta boss. 

  • Det må dei vaksne sjå på. 

  • Me hadde det før, men etter at det vart sett fyr på dei ein gong for lenge sidan så får me ikkje lov til å ha søppelbøtter ute.

  • 7.klasse:

  • Me ynskjer å kunna sparkesykla i friminutta 

  • Sjå tidligare sak. 

  • Kan bordtennisbordet fordelast på klassane? 

  • Sjå tidligare sak 

  • Kan det vera ein boks ved sida av bordtennisbordet som kan opnast av ein vaksen i friminutta, med ball og køller? 

  • Sjå tidligare sak. Elevrådet meiner det er lærarane som bør ha dei. 

  • Er det mulig å få fleire bordtennisbord ute? 

  • Det må rektor seie noko om. 

  • Eg har sendt spørsmål om dette til dei me fekk utebordet av sist. Eg ventar på svar.

  • Kan me få bruka mobil i friminuttane? 

  • Sjå tidligare sak 

  • Er det mulig å få eit nett rundt ballbingen? 

  • Egil og rektor seier: Nei. De må berre bli betre i fotball, så ikkje ballen går over heile tida. 

  • Kan det vera ein TL-leik å vera inne i friminuttet for å spela spel? 

  • TL er eit opplegg for at elevane skal vera fysisk aktive, og brettspel er ikkje heilt det. 

  • Kanskje me (elevrådet) kunne organisert noko, for å «feira» når me har rydda og kjøpt nytt? 

  • Nye tau i pyramiden. 

  • kom til Rektor eller meg, så de kan visa oss kva som er gale. Det gjeld lause skruar og. 

  • Zip-line i skogen? 

  • Det blir litt farlig. 

  • Enig. 

  • 7.klasse ynskjer å vera gode førebilete i friminutta, ikkje øydeleggje for andre, ta med fleire i leiken, passa på at alle får vera med i leiken, bli kjent med fleire, vera hyggelege mot alle. 

  • Flott! Slik burde alle tenkt. 


Elevrådsmøte fredag 27/9-19, kl. 09.00

Desse møtte:

Sofia (Vara 1.kl.) – Leah (2.kl) – Isak (3.kl) – Beate (4.kl) – Kristian (5.kl) – Gina Camilla (6.kl) – Emil (7.kl)

Møtet kom på litt kort varsel, så det var ikkje saker frå klassane, men me hadde eit fint velkomst/oppstart-møte.

Me gjekk gjennom kva som er er elevråd sine oppgåver, og valgte Gina Camilla til formann.

Saker frå klassane:

 

Ingen saker

 

 Ingen saker

 

Ingen saker

 

Det er mange øydelagde spel i speleskapa. Kva kan me gjera med det?

   Elevrådet foreslår at dei kan ta ein ryddeaksjon i speleskapa, og hiva slikt som er øydelagt. Når me ser kva som er igjen då, kan me vurdera om me kan kjøpa nokre nye. Egil må sjekka kor mykje pengar elevrådet har, så kanskje me kan kjøpa nokre nye.

 

 Ingen saker

 

 Ingen saker

 

Ingen saker

Det var ikkje mange saker til Elevrådet denne gongen då møtet kom på kort varsel. Eg veit at det er ynskje om  bane for sparkesyklar frå mellomstegte. Kanskje nokon på mellomsteget vil ha prøveordning før neste Elevrådsmøte? Då må representanten i elevråd for klassen  be om eit møte med meg.