Elevråd 2016/17  Siste møte i elevrådet>>  
Møteplan :   Dette året vert elevrådsmøtene kl. 10.00 på Bleikjo.
 

Dette året vert  elevrådsmøta onsdagar kl. 12.30 på Bleikjo. 
 
Gjennomførte møte

  30/8  4/10 1/11 6/12 10/1 7/214/3 4/49/6/6
 

Elevråd 6.juni 2017

3. klasse:

·        Me har sett at nokre elevar misbrukar vennebenken ved at dei sit der, men når nokon kjem bort går dei vekk og er saman med andre.

 

Elevrådet: Me synst ikkje at det er greitt at elevane misbrukar vennebenken. Det er viktig å tenkje på at benken er for dei som føler seg åleine. Det er ikkje sikkert at dei tør å gå bort til vennebenken dersom den allereie er full.

·        Kan me få fleire små einhjulssyklar?

·        Me synes det hadde vore kjekt å hatt core-ballar i gymsalen.

·        Der skjer av og til at syklar vert flytta på i sykkelstativet. Me har lyst at syklane skal vera i fred.

Elevrådet: Alle må la andre sine ting vere i fred. Det er ikkje faste plassar på sykkelstativa, og dei som kjem syklande, må setje sykkelen sin på ein ledig plass.

5. klasse:

·        Det er mange som går fleire saman på rekke ned sykkelstien, slik at det er vanskeleg å komma forbi med sykkel. Kan me få ei ordning der eine sida er for gåande og andre sida for syklande?

Elevrådet: 

Elevrådet foreslår at dei syklande held til høgre  og dei gåande til venstre. Dette er noko me kan verte einige om for oss på Sagvåg skule, men hugs berre på at det kan vere andre enn skuleelevar som er ute og går/syklar og. Me tek med Trygg trafikk sine råd for korleis syklande skal oppføre seg på gang- og sykkelvegar:

På gang- og sykkelveier bør syklister og gående ta hensyn til hverandre og sørge for et best mulig samspill. Som oftest er gang- og sykkelveier beregnet på sykkeltrafikk i begge retninger. Syklister må ta hensyn til gående og passere i god avstand og lav nok hastighet.

Fint om de snakkar saman i klassane om kva dette betyr.

·        Minner om at vennebenken må brukast på rett måte. Me har sett at fleire sit der saman med vennene sine. Me meiner at om det sit ein gjeng med store elevar der, kan det vera litt skummelt for ein einsam 1. eller 2. klassing å setja seg der.

Elevråd: Heilt einige.

6. klasse:

·        Det er ofte at elevar frå mellomtrinnet sit på vennebenken utan at dei sit der for at dei er åleine. Det er ikkje sikkert dei som er åleine og treng benken vågar å setje seg der då. 

Elevrådet: Sjå tidlegare svar.

 

7. klasse:

·        Me synest at alle kan ta ansvar for PC`ane, pass på at dei står på rett plass og har rett ladar i.

·        Det manglar ofte såpe og papir v/vaskane.

·        Tips frå 7.klasse: ein kasse som kan låsast v/ballbingen med ballar som me kan bruka. Nøkkelen kan henga der bandnøkkelen heng. 

Ymse:

Elevrådet det skal spele fotballkamp mot FAU på sommarfesten.

 


Elevråd, 9. mai 2017

4. klasse:

  • Me har snakka om kor venebenken skal stå, sånn at me veit kor me skal sjå etter nokon å vere med.
  • Me har diskutert kva ansvar kvar einskild har når ein ser at nokon sit på benken.

 

Svar frå elevrådet: Veldig bra at de at diskutert vennebenken. Sjå referat frå sist elevråd, så ser de kva me foreslår. No er benken komen ut :-)

 

  • Det er mykje krangel på brentball. Me må hugse på at det er TL som bestemmer.
  • Nokon i 7. klasse sparka ballen inn med vilje, sånn at dei blei brent med vilje. Det er ikkje kjekt for laget, for då må dei ut fortare.

 

Svar frå elevrådet: Me ber TL om å laga felles reglar for brentball.  Dei som tullar og øydelegg, får finne seg noko anna å gjere.

 

  • Minner igjen om at me må sjå etter at doen er klar til nestemann.
  • Me i 4.klasse har lyst til å ha nokon korte hoppetau. Kanskje me kunne ha skrive Sag 13 på taua og at dei andre skriv på sitt klassenummer for å halde orden.

 

Svar frå elevrådet: Alle hoppetaua vart fordelt då de fekk kassane. Det var ein del korte hoppetau der og. Det er viktig at leikene kjem inn att i rett kasse når elevane har brukt dei ute. Viss leikene ikkje kjem inn igjen, vert kassen til slutt tom. At alle merkar hoppetaua med klasse, var eit godt forslag.

 

5. klasse:

·         Kan me få lov til å bruke rulleskøyter og sparkesyklar på skulen på lik linje med skateboard? Kanskje me kunne hatt eit avgrensa område på skulen der det er lov?

6. klasse:

·         Me har lyst på slåball som aktivitet i friminuttet.

·         Me har lyst til å ha sjakk som friminuttaktivitet. 

Svar frå elevrådet: TL lagar program for aktiviteten i friminutta, og dei er sikkert glade for å få nokre tips.

·         Går det an å ha majones i kantina? Kalkunskinke hadde også vore godt som ein variasjon. 

 

7. klasse:

Alle må halde orden i pc-skapet.

Svar  frå elevrådet:  Kan ordenselevane frå klassane ta ansvar, eller bør kvar klasse ha eigen pc-ansvarlege elev? Kan lærarane diskutere dette?

 

Elevråd april

 

6. klasse

·         I 6. klasse var det 18 elevar som ynskja mobil, og 3 som ikkje ynskja det. 

 

·         Vennebenkjen:

Me foreslår at dei trivselsleiarane som har aktivitet der benken er, må fylgje litt med den. 

Alle som går forbi benken og ser at nokon sit der, må tak kontakt. Alle sitt ansvar. 

Kanskje nokon frå kvar klasse kan få ansvar for å sjå til benken. 

 

·         Me har lyst på kanonball som TL aktivitet. 

Svar frå elevrådet: Kjekt at de kjem med ynskjer.

 

7. klasse:

·         Me diskuterte korleis vennebenken skal brukast. Fleire kom med ulike forslag. Kanskje TL kan ha eit ansvar for å ta seg av dei som sit på benken, eller kanskje det kan elevrådsrepresentantane sitt ansvar? Det hadde kanskje vore lurt å leggja eit spel/kortstokk på benken, slik at dei som sit der kan ha noko å gjera på.  Dei fleste i 7.klasse er usikre på korleis benken kan brukast.  Men me meiner at kvar klasse bør vera med på å ta ansvar for å ta ansvar for at dei som sit der skal få nokon å vera saman med. 

·         Me hadde avstemming vedr mobilbruk:

·         13 stk svarte nei til mobilbruk, 7 stk svarte ja. Fleirtalet i 7.klasse vil altså ikkje at det skal vera lov å bruka mobilen i skuletida.

 

Det var mange klassar som ikkje hadde diskutert vennebenken. Me brukte dei forslaga me har fått til å foreslå korleis me kan bruke benken.

Vennebenken bør plasserast i nærleiken av ein trivselsleiaraktivitet,  trivselsleiarane har ei lita korg med nokre kortspel som dei set på bordet  og  TL har ansvar for å sjå til om det sit nokon åleine på benken. Me meiner dessutan at det er  ALLE elevane sitt ansvar å ta kontakt dersom det sit nokon på benken. Me startar sånn, så ser me korleis det går. Me får korrigere etter kvart.

Elevråd 14. mars 2017

Rektor var med på  møtet. Han informerte om mobilbruk og vennebenk.

Mobilbruk: Me skal ha 3 mobilfrie veker på Sagvåg skule denne våren. Me ynskjer å gjere oss nokre erfaringar med korleis det er ha mobilfri skule. Elevane sitt syn på saka skal også kome fram. Elevrådet og rektor ynskjer at klassane skal diskutere denne saka, og gje ein tilbakemelding til rektor om kva som er klassen sitt syn. Det kan vere lurt med ei anonym avstemming. 

Mobilsaka skal opp i FAU i løpet av våren. Leiar i elevrådet vert også invitert med her. Han skal få leggje fram  elevrådet sitt syn.

Vennebenken er nesten heilt klar etter god innsats frå nokre jenter i 5. klasse. Elevrådet, dei som har vore med og jobba og  vararepresentantane  sine handtrykk skal vere på benken.

Korleis skal me bruke benken? Diskuter i klassane.

 

1.  klasse:

·         1.klasse lurer på kva tid dei skal få pute på stolane sine.

Rektor svarer: Det kjem.  Me skal bestille stoff, så vert det puter.

 

·         Klasse har ikkje kasse med uteleiker, kan me få det?

Rektor: Ja. Det vert etter påske.

 

2.  klasse:

Me ynskjer fleire hoppetau.

Rektor: Sjå svaret til 1.klasse.

4. klasse:

·         Kan me få brentball tilbake på TL?

Elevrådet: Dei nye trivselsleiarane har vore på leikekurs og lært seg mange nye leiker har lyst til å prøve ut. Kjekt å vite at brentball var populært. Plutseleg er det tilbakeJ

 

·         Det er litt styr og tar tid for trivselsleiarane å låne nøklar. Kan dei få eigne nøklar?

Rektor: Me heng ut ein nøkkel som Tl kan låne ved sida av bandromnøkkelen.

 

·         Nokon spenner på smashballene, tar stanga ned og ruller på hjulet.

·         Rektor: Det er viktig at smashballstativa får stå i fred. Det kan skje skader dersom dei vert rulla rundt. Det er betong inni dekka så dei er veldig tunge. Ballane er dyre (3-400 kr stykket). Bruk dei til det dei skal brukast til.

 

·          Det er mange i småskulen som går over skulegrensa i friminutta. 

Elevrådet: Snakk om kvar grensene går. (kart)

 

5.klasse:

·         I "krigen" er det mange som ikkje får vera med, for det er fullt. Kan me ein ekstra "runding" å ha krig på? 

Rektor: Ja. Eg skal male ein.  Det kjem fleire malte aktivitetar også. Dette skjer ikkje før det er varmt og fint i veret.

 

·         Mange føl ikkje reglane som Trivselsleiarane seier. Det blir mykje tull, spesielt i gymsalen.

Elevrådet: Ta godt vare på dei nye, kjekke trivselsleiarane våre. Dei som ikkje kan fylgje reglane, får vere ute å finne på noko anna. Trivselsleiarane må melde frå til vaktene og få hjelp dersom det er nokon som ikkje gjer det dei skal .

 

·         Kan ein av TL-leikane vera "menneskejegeren"?

Elevrådet: Det vert nok fyrst og fremst leikar som trivselsleiarane har lært på kurs.

 

6. klasse:

 

·         Det er mange som spring i garderoben. Det er ikkje kjekt å verte sprungen på. 

Rektor og elevrådet:  Garderoben er ikkje leikeplass. Alle må ta omsyn til kvarandre. Me ynskjer også at alle skal verte flinkare til å halde orden i garderoben. Set skoa opp i hylla og plukk opp tinga dine. Då vert det kjekkare for alle.

 

·         Det er mange som er utanfor grensene der det er lov å vere i småfriminutta.  Me minner om at me ikkje skal lengre opp enn haugen bak  bananskliene i dei små friminutta. Kanskje mellomsteget må snakka litt om kvar det er lov å gå. Går me for langt, kjem me ikkje tidsnok inn til time. 

Elevrådet: God påminning. Sjå også svaret til 4. klasse.

 

7. klasse:

·         Det er fleire som filmar på skulevegen og på turen. Me har sett fleire filmar/videoar der me kjem med i bakgrunnen. Det er vel ikkje lov å filma og ta bilder på turen heller? 

Elevrådet:  Ingen tvil om at me treng å diskutere mobilbruk.

·         Det manglar ladar til fleire av elev-PCàne

Rektor: Det er ordna.

 

 

Minner om at det er Grand prix 30.3. Påmeldingsfrist 23.3.

 

 

 

Elevråd februar 2017

Det vert Grand prix torsdag, 30. mars. Kjekt om det er mange som har lyst til å vere med. Kategoriane er: song, open klasse, dans og instrumental. Få læraren din til  å melde deg på innan 23. mars. No har de god tid til å øve.

 

1.klasse:

·        Kva tid får me vennebenken?

Svar frå elevrådet:  Me har sett at nokre elevar i 5. klasse held på å lage. Det tek nok litt  tid??

·        Kan me få kjøpe frø og plante blomster utanfor?

 Svar frå rektor: Ja, meld frå om kva frø de treng

 

2. klasse:

·        2. klasse kan tenkja seg å sparka fotball og handball  med TL.

Svar frå elevrådet: Det tenkjer eg nok at trivselsleiarane kan ordneJ Kjekt at de kjem med ynskje.

3.klasse:

·        Minna dei store på kor mange som kan sitja på kinareila om gongen

Svar frå elevrådet: Det er altså 3 elevar om gongen frå mellomsteget. Rektor har sagt at me kan prøve med 4 frå småskulen.

·        Kor lang tid er det lov for ei gruppe å sitja på kinareila?

Svar frå elevrådet: Me har tidlegare avtala at det er 2 minutt i dei små friminutta og 3 minutt i storfriminuttet.

·        Frisbeeane våre er øydelagde. Kan me få nye?

 Svar frå rektor: Lever inn deg øydelagte så skal de få ny av meg.

4. klasse:

·        Doene er fortsatt ikkje reine.

Svar frå elevrådet: Elevrådsrepresentanten  frå 4. melder frå  om at lyset er gått på den eine doen. Ein annan do er i ustand. Det betyr at det vert mange elevar på dei to toaletta som er ok. Kanskje problemet løyser seg dersom lys og toalett vert fiksa. Kan det ordnast Lars?

Svar frå Lars:Den eine doen har eg fiksa, men så slutta han å fungera godt på netrekket igjen. Eg har også meldt frå til vaktmeister om dette lenge før jul. Skal masa meir. Har og meldt frå om at fleire lys ikkje fungerer på skulen. Nokre er fiksa, men ikkje alle, m.a. dett på doen.

 

6. klasse:

·        Kan me få luktespray på toalettet? 

·        Kan me ha sprit til å ta på hendene. Det vert vanskelegare å bli smitta av t.d. omgangssjuke då.

Svar frå elevrådet: Me vil minne alle om at det er ekstra viktig å vaske hendene ofte når det er mykje sjukdom. Såpe, vatn og å tørke seg godt på hendene fjernar mange bakteriar. Det er lurt å alltid vaske hendene etter toalettbesøk og før me eter.

Svar frå rektor: Flott svar frå elevrådet ! :-)

·        Det er for få stader å gjere av seg når det regner. Kan me få ein stad med tak over?

Svar frå rektor: På vestlandet må me rekna med at det regnar ganske ofte. Det er viktig at alle har med seg uteklede slik at de kan ha det kjekt ute uansett ver. "Det finnes ikkje dårleg vér, berre dårlege klede! " :-)

·        Det er av og til folk som sparkar på kin-ballen når dei er med TL. Det er ikkje alle som gjer som TL seier, og det øydelegg for dei andre og. 

Svar frå elevrådet: Det er ekstra viktig at dei som er inne på TL-aktivitetar føl reglane. Dersom det er nokon som ikkje gjer det, må trivselsleiarane melde frå til vaktene. Dersom det er nokon som gjentekne gongar tullar seg inne, får dei leike ute istadenfor.

·        Det er ofte skubbing i dørene når me skal inn etter dei små friminutta. 

Svar frå elevrådet: Alle kjem inn. Det er to dører som de kan bruke. De må vise omsyn til kvarandre.

·        Me ser at nokon i 7. klasse filmar i friminutta.
Svar frå rektor: Det er dumt. Både lærarane og assistentane er litt lei av at det er mange som tullar med mobilane i friminutta. Regelen som de har hatt i 1.-4.klasse om ikkje å bruka mobilen i friminutta vert innført slik det har vore før.

For elevane i 5.-7.klasse vert det også nokre mobilfrie veker våren 2017. Frå hausten 2017 ynskjer lærarar og assistentar at Sagvåg skule skal vera mobilfri. Dette vert sak i FAU no i vår.

 

7. klasse:

 

·        Skuleklokka ringer tre minutt for tidleg. Då ser det ut som at me kjem for seint, sjølv om me er presise.

Svar frå rektor: Det har de rett i, me skal stilla ho rett igjen...

·        Det er mange som akar i «den ulovlege bakken» bak kinareila. Det er farleg å aka der!

Svar frå elevrådet: Viktig påminning. Me ynskjer ikkje at nokon skal verte skada.

·        Kan me vera klassevis i gymsalen med TL?

Svar frå elevrådet: Det vert nok ikkje som eit tilbod frå trivselsleiarane. Litt av vitsen med opplegget, er at elevane leiker saman på tvers av klassane.

·        Tips frå 7.klasse vedr gode rutinar i klassen:

-          Me heng alltid ein vekeplan i garderoben. Då kan me sjå på den før me går inn i klasserommet, og ta med bøker og utstyr som me treng til timen.

-          Ikkje la det liggje mange bøker og rot på pulten din. Bruk skuffa/hylla.

-          Når du får utdelt skriv som skal heim + vekeplan – legg det rett ut i sekken. Dersom du legg det i skuffa, er det lett å gløyma.

 

Skrivar:
Anne Elisabeth Trevland
-elevrådskontakt.- 

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-

 

 

 

Elevråd 10.1.16.

1.klasse: (Ingen saker)

 

2.klasse:

·         Dei fleste i 2. klasse meiner at dei ville brukt ein vennebenk om det fantes.

·         Det er ofte at ein kjem på toaletta utan at ein har drege i snora etter seg. Det ligg også papir på golvet !

Det er ekkelt og alle må bli flinkare til dette !

 

Elevrådet: Viktig påminning for oss alle. Du må forlate toalettet sånn du ynskjer å møte det.

Svar frå rektor: Sjå svaret til 5.klasse

3.klasse

·         Kan me få vera inne i friminuttane når det er mykje regn?

Elevrådet: Me trur at alle har godt av å vere ute og få frisk luft i friminutta. Me bur på Vestlandet, og det er mykje regn. Lurt å ha regnkle på skulen. Me håpar at dei som har vakt kan la oss vere inne dersom veret er frykteleg dårleg. Det har av og til skjedd.

·         Kan me ha ‘stela hale’-leiken med TL?

·         Kan me leika ‘hali-hallo’ med TL?

·         Me syns det er kjekt at TL har aktivitetar i musikkrommet og gymsalen i storfriminuttet!

Elevrådet: Kjekt at de kjem med ynskjer til Trivselsleiarane. Det kan også andre klassar gjere.

4. klasse:

·         Kvifor får ikkje 4. klasse lov til å bruke mobil på skulen?
Svar frå rektor: Reglane for mobilbruk på skulen er slik:
4.    Me kan få lov til å ha med mobiltelefon dersom det er greitt for dei heime. Telefonen skal vere avskrudd og liggje i skuffa di i undervisningstida. Mobiltelefonen kan få vere på i friminuttet, men det er ikkje lov til å ta bilete eller filma kvarandre.  (Sjå alle trivselsreglane her>>)

Eg har høyrt rykter om at det er strengare reglar på småskuletrinnet. Kanskje bør me ha like reglar på heile skulen?  Me bør kanskje ha like reglar på heile skulen?  No er det jo også mange som har mobilklokker. Eg skal ha møte med lærarane om dette neste tysdag.

·         Kan biblioteket få inn Gutta i trehuset med 72 etasjar?
Svar frå rektor: Ja

·         Kan me få tarzantau i skogen?
Svar frå rektor: Me har hatt det, men det vart litt skummelt då det vart vanskeleg å vedlikehalde.

·         Kan me få nye trøbilar?

Svar frå rektor: Vil de ha fleire, eller er dei me har øydelagte?

·         Kan me ha hemmeleg ven i vekeoppdrag?

Svar frå rektor: Ja, det kjem i løpet av våren

Me har tenkt litt på korleis me kan bli flinkare på skulen. Kan kvar klasse diskutera og kome med døme på gode rutinar for å få dette til?

Her er 4. klasse sine rutinar

·         Kom presist inn og ikkje vent på andre.

·         Gå roleg inn og bruk fine ord til medelevar.

·         Legg maten i boksen i klasserommet.

·         Finn fram bøker til timen blyant, viskelær og linjal før timen startar.

·         Kom raskt i gong med oppgåvene.

·         Hugs å rekkje opp handa når du skal sei noko.

·         Les norske og engelske bøker i lesekvarten.

Elevrådet: Kanskje dette kan verte eit vekeoppdrag, rektor?

5.klasse:

·         Når det gjeld vennebenken, seier dei fleste i 5. klasse at dei ville sett seg der om dei var åleine. Dei ville også sjekka om det sat nokon på benken.

Elevrådet: Me ser at det er mange som trur at det kunne tenkje seg å setje seg på ein vennebenk dersom dei var åleine. Rektor har sagt at nokre elevar kan få i oppdrag å male ein benk, og å vere «fadder» for den. Er det nokon i 5. klasse som kan ta oppdraget? Ta ein tur til rektor og snakk med han.

·         5.klasse stiller gjerne opp og  hjelper til med raking i ballbingen.

Svar frå rektor: Flott! Kom innom til meg ein dag det passar!

 

·         Me lurer på om me kan få byrja å ha skulesekkane med oss inn i klasserommet?

Svar frå rektor: Nei, då skal det vera 160 ranslar inne i klasseromma. Me har store garderobar og både hylle og skuff til kvar elev. Det ert ryddigare og lettare å halde skulen rein når ranslane heng i garderoben.

·         Me høyrte på Supernytt at på ein skule hadde elevane ein ekstra skuletime i staden for lekser. Slik vil me at det skal bli på Sagvåg skule. Er det mogeleg?

Svar frå rektor: Ja, det kunne me ha gjort. Problemet er at det ville blitt ganske dyrt fordi då måtte jo lærarane vore meir på jobb. Me kan diverre ikkje gje fleire undervisningstimar enn det Stortinget har bestemt. Trur de forldra hadde likt det om de gjorde alle leksene på skulen?

6. klasse:

·         Når det gjeld vennebenk, så trur me ikkje at det er noko som vil verte brukt. Me tenkjer at dei som ikkje har nokon å vere med, ikkje ha lyst til å setje seg på ein benk sånn at alle ser det. Me trur at det vil vere flaut å vise at du ikkje har nokon å vere med. Me trur heller at det er betre at dei som ikkje har nokon å vere med, blir med på ein av aktivitetane til trivselsleiarane.

Svar frå rektor: Det vert nok ein venebenk. Så får me sjå om det vert ein suksess?

·         Når det gjeld turen til mellomsteget, så kan det hende at det kunne vore ein vri at me gjekk andre vegen.  Rett fram i staden for ned Skifteslono. Joggekonkurranse  i skuleløypa i staden for er også eit  forslag frå 6. kl.

Svar frå rektor: Eg skal ta forslaga opp med assistentane

 

7. klasse:

·          Vennebenk:

3-4 av elevane i 7.klasse synest at det hadde vore fint med ein slik benk. 

Andre kommentarar:  

Me ser når det er nokon som går aleine, og då spør me om dei vil vera med.

Me har jo trivselsleiarar, dei som ikkje har nokon å vera med kan vera med på dei aktivitetane.

Me trur at mange elevar ikkje kjem til å våga å setja seg på benken. 

Svar frå rektor: Det vert spanande å sjå.

 

·          Kan rumpeakebretta fordelast på småskulen og storskulen? Når me kjem ut i friminuttet og skal henta akebrett, er alle opptatt.

Elevrådet: Dersom du skal vere sikker på å få eit rumpeakebrett, så kan du ta med eit heimafrå. Merk med tusj, så ser alle at det er ditt.

Svar frå rektor: Eg trur nok at dei rumpeakebretta me har etter kvart vert øydelagt. Etter dt kjem me nok ikkje til å kjøpa nye. Når det er snø så kan dei som vil aka ta med eigne akebrett. Ein får ikkje bruka ufo-brett eller kjelkar med ratt.

Læreplan for elevrådsarbeid >> | Tilbakeblikk på elevrådet>>




Elevråd, 6. desember 2016

Gledeleg melding: Elevrådet har nokre pengar etter vaffelsal på sommarfesten. Me har bestemt oss for å bruke nokre av desse på å kjøpe julegraut til alle elevane :-)

3.klasse

·    Me lurer på korleis reglane er for å bruka mobiltelefon i friminuttane for oss i 1.-4. klasse.

Elevrådet: Regelen er at småskuleelevane kan ha mobiltelefonen med seg på skulen, men den skal liggje avskrudd i sekken eller i skuffa under skuledagen. I friminutta håper me at de leiker og finn på mykje kjekt  i saman istadenfor å spele på mobilen.

 

·    3. klasse etterlyser frisbeeane sine.

Elevrådet: Kanskje det er nokon som har sett dei? Det er viktig at alle leiker kjem inn kvar gong dei har vore i bruk…..Elles forsvinn dei.

 

·    Me tenkjer fram mot snø, og håpar det er mange rumpeakebrett. Trur at mange av dei gamle er øydelagde.

·    Me vil minna om at me vil ha blinkar til å kasta snøball på

Elevrådet: Takk til 3. klasse for at de minner oss om at det kanskje vert snø snart :-) Når den kjem, er det kjekt om utstyret er klart.

5. klasse:

·    6. klasse har datamus i skuffene sine. Kan me og få det?
Svar frå rektor: Dette var berre nokre mus som me hadde igjen etter eit prosjekt. På dei Lenovomaskinane me har er det både "pad" og den raude knappen midt på tastaturet som ein kan bruka. Når eg jobbar med berbar maskin så brukar eg aldri mus....det vert fort ein vane :-)

 

·    Kan me få ein vennebenk på Sagvåg skule? Den fungerer slik at dersom du ikkje er saman med nokon, kan du sette deg der, slik at andre kan komma bort til deg og spør om du vil vera med dei.

Elevrådet: Alle som ikkje har nokon å vere med, kan komme å vere med på trivselsleiaraktivitetar. Kanskje hadde det vore kjekt med ein vennebenk også. I elevrådet diskuterte me om dei som er åleine kjem til å setje seg på benken og om dei andre elevane  ville gått og sjekka om det var nokon på benken. Kanskje de kan diskutere dette i klassane. Kva meiner du rektor?
Svar frå rektor: Eg er heilt einig med Elevrådet

·    Me ynskjer betre orden i pc-skapet:

Det er mange som set feil ladar i pc’ane. Det er heller ikkje nok ladarar. Sjå etter at talet stemmer.

Pc’ane står ofte i feil hylle. Sjå etter at talet stemmer også her.

Øyreklokker må leggast inn i rett hylle. Ofte ligg dei oppå pc-skapet.

Elevrådet: Me synst at dersom ein klasse har brukt pc-ane, så bør ordenselevane eller nokre andre elevar får i ansvar å sjekke at alt er ok i pc- skåpet og med øyretelefonane.  Fint om lærarane diskuterer korleis me kan få det til å fungere.
Rektor: Det er flott at elevrådet tek opp dette. Me har flotte elevmaskinar og flotte pc-skap. Flott om me klarer å halde orden på PC-ar og hovudtelefonane!!

 

·    Kan me få nytt dekke i ballbingen? Kunstgras kanskje?
Svar frå rektor: Det er kunstgras. Eigentleg er denne typen kunstgras med sand svart miljøvenleg (Utan oppmalte bildekk). Det me ikkje er flinke nok til er å raka i sanden slik at banen ikkje vert så hard. Kanskje ein jobb 5.klasse vil hjelpa til med?

 

·    Kan me få nye keeperhanskar?
Svar frå rektor: Nei, skulen kjøper inn ballar, ikkje anna utstyr. Dersom elevar vil ha med hanskar på skulen så er det greitt.

 

 

·    Kan me få slike stolar som rektor har? Me likar ikkje at dei stolane me har knirkar.
Svar frå rektor: Jan det hadde vore flott om alle kunne fått slike stolar....men hugs at alle stolane ved Sagvåg skule er 10 år gamle. Mange elevar på skulane i Stord sit på stolar som er 20 og 30 år gamle. På ein del stolar kjem det snart eit litt mjukare sete. Dei som har stolar som knirkar kan ta dei med til kontoret så skel dei bli fiksa :-)

·   Fotballane er så lette. Kvifor det?
Svar for rektor: Anar ikkje, men sikkert greie nok til bruk i ballbingen?

 

·    Kan me ha 4 stk på kinareila i staden for 3 stk? Me har sett at 7.klasse er mange (5-6) på om gongen.
Svar frå rektor; Det er jo stor forskjell på store 7.klassingar og elevane i 1. til 4.klasse. Kanskje me kan prøva med fire elevar i småskulen? (Tre i storskulen)

 

 

·    Me ynskjer oss vanlege reiler på Sagvåg skule.

Elevrådet: Me kan ikkje bestemme om me skal få nye reiler, men me har lyst til å minne om at  me har eit kjempestort uteområdet med masse leiker på. Veldig kjekt om fleire tek i bruk området oppe i skogen.

 

6.klasse:

·    Er det mogleg å variere turane på tysdagane og torsdagane?
Svar frå rektor: Har det forslag til andre turar?

 

7.klasse:

·    Er høgtalarane som står over musikkrommet i amfiet sikra?

Egil: Dei er sikra, og kan ikkje detta ned.

 

 

Elevråd, 1. november 2017.

 

Saker frå klassane:

2. klasse:

·        Me vil ikkje at 6 og 7 klasse står rundt ballbingen når me har fotballdag.

Det er så mange som blandar seg inn.

Elevrådet: Dei som ikkje har fotballdag, får finne på noko anna å gjere. Ikkje kjekt å spele   fotball når nokon står rundt og kommenterer.

 

·        Av og til rullar ballen ned i gangstien.

Det er så stort mellomrom mellom gjerdet og bakken.

 

6. klasse:

·        Det er ofte at mange frå 7 klasse vert liggjande inni sklia. Då er det ikkje lett for oss andre å bruke ho. 

Elevrådet: Sklia er til å rutsje i. Det får finne ein anna stad å liggje :-)

 

·        Minner om at dei ulike klassane har faste bordtennisdagar no. 

Elevrådet: Me har faste dagar, men dersom ingen bruker bordet, kan dei som vil. Lærarane har fått liste over tidspunkta.

 

 

7. klasse:

 

·        Framleis ser me at 6.klassingar filmar og tar bilete med telefonane sine.

 

·        Me ynskjer at doreglane skal vera eit vekeoppdrag. Det er tydelegvis vanskeleg for mange!

Elevrådet: Er det ofte at toaletta ikkje er bra? Gunn Sissel vaskar dei kvar dag.  Det er fint om de melder frå til lærar når det er noko som ikkje er som det skal på toalettet. Det er lettare å gjere noko med det når me veit kva som er problemet.

Elevråd oktober 2016

 

Saker frå klassane:

1.klasse

·        Kvifor er det ikkje lov å ha godteri på skulen?

Elevrådet: Det er usunt både for kroppen og tennene. De treng næringsrik mat for at kroppen skal vokse, og for at de skal klare å konsentrere dykk godt på skulen.

·        Kvifor kan ikkje storskulen og småskulen ha friminutt i lag?

 

·        Kan me få ha einhjulsyklar ute i friminutta?
Svar frå rektor: Dersom det er nokon i 1.klasse som kan sykla på eihjuling så ska de få lov til det. Eg har fleire einhjulingar på lager

 

 

·        Det er lause skruar i pyramiden.

Svar frå elevrådet: Dette er ein vedlikehaldssak som de kan melde rett til rektor.

2.klasse

·        Det er nokre elevar som kastar gjørmeballar og steinar oppe ved dekkløypa i skogen.

Svar frå elevrådet: Det må dei stoppe med. De vert skitne, og de kan verte skada.

·        Dette gjer at mange elevar frå 2 klasse ikkje tør å leika der oppe.

Svar frå elevrådet: Det var endå ein grunn til at det må verte slutt med kasting av gjørmeballar og steinar.

 

·        6 klasse vil ha bordtennisbordet i alle storfriminutta. Dei slepp ikkje andre til.

Svar frå elevrådet:

Då deler me inni dagar de kan bruke bordet:

Måndagar: 1. og 2. klasse

Tysdag: 7. klasse

Onsdagar: 6. klasse

Torsdagar: 5. klasse

Fredagar: 3 og 4. klasse

 

Dette gjeld frå veke 42.

Det er lagt klar eit sett med bordtennisracketar til kvar dag. 1. og 2. kl. delar på eit sett. 3. og 4. gjer det same. Dei andre klassane har kvart sitt sett. Ta godt vare på dei.

 

3.klasse:

o   Klassen ønskjer utstyr til brentball sidan dette ikkje er ein aktivitet som TL legg opp til for tida.

Svar frå elevrådet: Det er ordna.

o   Me ønsker krit til utebruk

Svar frå elevrådet: Det er også ordna.

o   Me ønskjer metallspadar til å grava etter skjelett i skogen.
Svar frå rektor: Eg trur nok diverre at me må klara oss med plastspadar til skulebruk....til bruk i sandkassen. Som de ser er det litt for mykje graving og leiking med gjørme ved bildekkløypa.

o   Elevane har sett at det er nokre sete som er øydelagde på dei store utebilane.

Svar frå elevrådet: Dette er vedlikehald som de kan melde rett til rektor.

Me synes det er kjempekjekt med TL!

Svar frå elevrådet: FLOTT!

 

4.klasse:

·        Ny brentballkølle

Svar frå elevrådet: Det er ordna.

·        Ikkje rist i pyramiden

Svar frå elevrådet: Pyramiden beveger når nokon klatrar i den. Det må vere greitt. Det som ikkje er greitt, er dersom nokon ristar med vilje. Då kan nokon dette ned, og det hadde ikkje vore kjekt.

·        Hugs doreglar

Elevråd: Takk for påminninga. Hugs at doen skal vere sånn når du er ferdig som du vil at den skal vere når du kommer inn. (Den gylne doregel).

5.klasse:

·        Kan me få eigne bordtennisracketer til klassen?

Svar frå elevrådet: Det er ordna.

·        Det er vanskeleg å koma seg opp til sklia både for små og store. Kan me få noko å halda oss i...?

Svar frå elevrådet: På bilete kan rektor sjå kvar 5. klasse ynskjer noko å halda seg i.

6.klasse:

·        Kan me få fleire skoskeier?

Svar frå elevrådet: Me høyrer at det er nokon som gøymer skoskeier sånn at dei andre ikkje kan bruke dei. Dersom det vert slutt på, kan det hende at det er nok skoskeier??

7.klasse:

·  Det er ikkje lov å filma (eller ta bilder) med mobil på skulen. Det er heller ikkje lov med lydopptak. Dette har me sett at elevar i 6.klasse gjer.

Svar frå elevrådet:  Me trur at me får minne om reglane for mobilbruk på Sagvåg skule:

. Me kan få lov til å ha med mobiltelefon dersom det er greitt for dei heime. Telefonen skal vere avskrudd og liggje i skuffa di i undervisningstida. Mobiltelefonen kan få vere på i friminuttet, men det er ikkje lov til å ta bilete eller filma kvarandre.

· Kanskje rektor har fleire kommentarar?

· Det er spindelvev og edderkoppar utanfor garderoben til mellomtrinnet. Kven har ansvar for å gjera noko med det..?
Svar frå rektor: Det er berre flott om elevane tek eit feiekost og tek det bort. Slikt gjer eg kvar dag :-)

Skrivar:
Anne Elisabeth Trevland
-elevrådskontakt.- 

Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-

 

ELEVRÅD, 30.august 2016

Her er elevrådsrepresentantane og vararepresentantane skuleåret 2016/17:

1. klasse: Jonathan og Julian

2. klasse: Leni Andersen Risnes og Leonard Almås Paulsen

3. klasse: Mats Almås og Gina Camilla Nytræ Hansen

4. klasse: Elisabeth og Linnea

5. klasse: Krizander Magnussen  Leon Hovland

6. klasse: Malene Tveit og Ole Thomas

7. klasse:  Samuel Andersland og Julianne Almås

 

Leiar for elevrådet dette året vart Samuel. Malene vart nestleiar. Gratulerer!

 

Saker frå klassane:

3. klasse:

  • Det er ein spiss krok i ballbingen. Den er lett å dunka borti og skada seg på.
  • Det manglar gummi-demping framme på nokre av trøbilane.
  • Svar frå rektor: Eg skal ordna begge deler, men hugs at de ikkje må kollidera med bilane!!

Svar frå elevrådet: Dette må verte ordna. Saker som gjeld vedlikehald, kan de gje melding om direkte til rektor. Dei treng ikkje kome innom elevrådet.

  • 3. klasse treng nye frisbeear og tennisballar.
    Svar frå rektor: Tennisballar kan de få, frisbee er me tomme for.

 

Informasjon:

Denne hausten skal me vere med på Trivselsleiaropplegget. I løpet av dei neste vekene, skal me finne trivselsleiarar som skal få gå på kurs på Vikahaugane.

 

 
 
Skrivar:
Anne Elisabeth Trevland
-elevrådskontakt.- 
Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-