Elevråd 2014/15  
Møteplan :   Dette året vert elevrådsmøtene kl. 10.00 på Bleikjo.
 

Dette året vert  elevrådsmøta onsdagar kl. 12.30 på Bleikjo. 
 
Gjennomførte møte

 
    28/8    25/9  23/10   27/11   8/1   5/2    5/3  9/4
Læreplan for elevrådsarbeid >> | Tilbakeblikk på elevrådet>>


Elevråd 4.juni 2015

Desse var tilstades: Lars Bakka,  Elias, Andrine, Leon, Ida, Roger, Mihail , Jone og Anne Elisabeth

Saker frå klassane:

1.klasse:

- Krit er veldig populært, om me går alltid tom fort. Er det mogleg å kjøpe mykje meir?

Elevrådet svarer: Egil har allereie kjøpt meirJ

- Me ynskjer å spela krokket, og lurer på om krokketbanen kan stå ein heil dag, utan at nokon tar den vekk?

Elevrådet svarer: Dersom de ynskjer å bruke krokketen, er det lurt om de høyrer med 5 eller 6  klasse om de kan låne det ein heil dag.  De set spelet opp om morgonen og sørger for å ta det inn når de er ferdigeJ Dersom de ikkje klarar å setje opp spelet sjølv, så er det elevar på storskulen som kan hjelpe til dersom dei vert spurt.

- Me ynskjer fleire hoppetau. Det er mange som likar å hoppe for tida. Fint om det også er fleire slengtau.

Elevrådet svarer: Me trur at det er mange hoppetau rundt på huset.  Dei var mykje i bruk når nokre av klassane var med på ein hoppetaukonkurranse. Den er avslutta no, og det er færre elevar som ynskjer å bruke hoppetaua. Det er mange tau i aktivitetsleiarane sin kasse. Desse kan alle bruke. 

 

3.klasse:

-Ynskjer felles reglar i brentball.

Svar frå elevrådet: Reknar med at det er når det vert spela brentball i storfriminuttet de meiner. Det er 5. klasse som har ansvar for å setje igong denne aktiviteten. Kanskje de et nokre elevar i den klassen som kan skrive ned reglane de har blitt einige om.

-Påminning: alle må hugse å rydde og låse etter bandøving (det ligg matrestar der..), og levere nøkkelen etter dei er ferdig!

Svar frå elevrådet: Heilt sant. Dei som har vore på bandøving kan godt seie ifrå til dei vaksne når dei leverer nøkkelen dersom bandrommet ser grisete ut.

-Rekkverket på scate-rampa er laust

-Ynskjer å dekke holet under scaterampa, brentball-ballen går under og det tek tid å finne den..

-Bruke b-bladebanen, ikkje scaterampa, til b-blades. Halde dei på banen, ikkje kaste. 

-Ynskjer oppgradering av b-blade banen, veggar så dei held seg innafor

-Er det ein regel om å spele på mobilen i lavvoen? Mange gjer det. Storskulen "jagar" vekk små skulen, kunne me hatt kvar våre dagar i lavvoen?

Elevrådet: Det er ingen som kan jage vekk andre i lavvoen. Alle som vil har lov til å vere der. Synst at elevane bør ha det kjekt saman og vere i aktivitet istadenfor å sitje i ro å spele på mobilen.  Dei vaksne som har vakt ute bør kanskje vere ein tur innom lavvoen,  og dei som vert jaga vekk, må seie ifrå til dei vaksne.  Elevrådet har bestemt at småskulen og mellomsteget får eigne dagar i lavvoen no fram til sommarferien.

Tysdag 9. juni: småskulen

Onsdag: 10. juni: mellomsteget

Torsdag 11. juni: småskulen

Fredag: 12 juni: mellomsteget

Dei aller siste to dagane får dei som vil gå i lavvoen.

 

4.klasse:

Det var 10 elevar som meinte at mobiltelefonreglen burde vere som den er.

Det var 9 elevar som meinte at  mobilen bør vere inne i friminutta.

6. klasse:

Mobilbruk i friminutta på skulen.

6. klasse meiner ein må få ha med mobilen for å følgja med i verden.

Dei brukar mobilen som klokke og spelar lite.

 

Elevrådet:

Det ser ikkje ut som om det er stemning for at mobilane skal liggje inne gjennom heile skuledagen.  Det vert altså ikkje noko endring i denne reglene. Me har likevel diskutert om elevane eigentleg treng mobiltelefon når dei går på skulen. Kanskje burde den liggje heime? De kan jo likevel låne telefon på skulen dersom de har bruk for det. Elevrådet har blitt einige om at me skal ha ein skuleavstemming til hausten. Spørsmålet vert:  Treng me å ha med telefon på skulen?  Då skal alle elevane få svareJ

 

Informasjon frå rektor:

På Sagvåg skule har regelen om sykling vore at det er frå hausten i 5. klasse elevane kan sykle til skulen. Regjeringa har no kome med forslag om at det er foreldra som skal bestemme om ungane skal få lov til å sykle til skulen.  Det vert spennande å sjå kva dei ender på.

Det er ikkje elevrådet som kan bestemme om elevar kan få sykle til skulen, men me har diskutert det likevel. Me er litt skeptisk til at elevar heilt ned til 1. klasse kan sykle til skulen. Tenk viss det er åleine på skuleveg og dett??

 

Sommarfesten:

Elevrådet skal som vanleg spele fotballkamp mot FAU. Rektor har sagt ja til å vere med på laget vårt. Elevrådsrepresentanten  eller varaen i 1. klasse får fotballen som vert brukt i kampen. I fjor bestemte elevrådet at det skal vere annakvar år jente og gut som får ballen. Det betyr at i år er det varaen som er jente som får fotballen.




Elevråd, 7. mai 2015
Desse var tilstades:  Roger, Mariell, Jone, Ida, Andrine, Elias, Leon
 
Saker frå klassane: .
1.klasse:
Stolane våre er ikkje gode. Mange manglar fotstøtte, og me glir av setene.
Svar frå rektor: Kom innom og hent meg så vert eg med og justerer stolane. Det er fort gjort , men det er flott dom de kjem ein gong det pasar så kan dei elevane som vil ha stolen justert visa korleis dei vil ha han

3.klasse:
Stolane våre treng ei justering. Mange stolryggar er feilstilt.
Svar frå rektor: Sjå svaret til 1.klasse

4.klasse:
Me likte godt vekeoppdraget der me skulle la telefonane liggje inn og leike og ha det kjekt saman ute.
 Me synst at mellomssteget kan ha same reglane for mobiltelefon som  me på småskulen heile tida. Me synst ikkje at elevane treng å ha telefonane med seg ut i pausane.
Elevrådet:  
Me i elevrådet synst at dette kan vere ein god ide. Me ynskjer å høyre kva klassane meiner. Dette vert ikkje aktuelt å begynne med før hausten, så det er det er fyrst og fremst dei som går i 4, 5 og 6 klasse no som har «stemmerett».  Dei andre klassane har sjølvsagt også høve til å komme med meininga siJ
Kommentar frå rektor: Det er viktig at de si\om no går i 4.-5.- og 6.klasse har diskutert det til neste elevråd. Etter det vert dette innarvbeidd i reglane for mpbilbruk ved Sagvåg skule til hausten. No er reglane slik:

Me kan få lov til å ha med mobiltelefon dersom det er greitt for dei heime. Telefonen skal vere avskrudd og liggje i skuffa di i undervisningstida. Mobiltelefonen kan få vere på i friminuttet, men det er ikkje lov til å ta bilete eller filma kvarandre.

Det hadde også vore artig om klasseråde diskuterte dette før neste Elevråd>>
Vi foreslår også at det fastsettes i forskriften at skolene ikke kan nekte elevene å sykle til skolen dersom foreldrene ønsker dette.

Elevråd, 8. april

Desse møtte:  Roger, Mariell, Jone, Ida, Leon, Andrine, Elias

3. klasse:

·         Kan alle  klassane gjennomgå reglane for kinareila? Det er mange som står i vegen, ikkje hoppar av og gir fart utan at dei som er på ønskjer det.

Reglane for kinareia:  Dersom det er kø, så må me byte sånn at mange får reilt seg.  Det er 2 minutt før dei må skifte i dei små friminutta og  3 minutt  i storfriminuttet.  Det skal ikkje vere meir enn 3 på om gongen. Dei som  sit på må sjølv lage fart. Det skal ikkje vere andre elevar inne i kassen der kinareila står. Dette er for at ingen skal verte skada.

·         Me ser at det er mange som tråkkar på påskeliljene. Dei må få stå i ro.

Elevrådet: Det er me heilt einige i.

·         Brentballbanen: Dei som ikkje er med i spelet treng ikkje å vera ute på banen.

Elevrådet: Me er einige. Dei må finna andre stader å vere.

 

4. klasse:

·         Me kjem ofte for seint inn etter pausane. Kan dei vaksne som har vakt, rope bak med kinareila og?

Elevrådet: Me synst at både mellomsteget og småskulen må få lov til å gå til kinareila i dei småfriminutta. Det synst dei som har vakt ogJ No har me avtala at både dei store og dei små kan vere på uteområdet ved pyramiden og heilt ned til kinareila i dei små pausane. Lenger vekk er ikkje greitt, for då vert det for langt å gå for dei som skal rope inn.

 

7. klasse:

·         Me føreslår at me har ein sykkelkonkurranse på mellomtrinnet. Den kan gå ut på at ein fører statestikk over kor mange frå kvar klasse som syklar til skulen i laupet av ein månad. Den klassen som har flest syklarar i forhold til elevtal, vinn.

Elevrådet: Me synst at dette var ein god ide. Kanskje lærarane på mellomsteget kan diskutere dette??

 

Aktivitetsleiarar.

Me ynskjer at det er 4-6 klasse som har aktivitetsleiarjobbane denne våren. Dei må diskutere kven i klassen det er som skal ha jobben. Dersom det er dei same heile tida, så vert dei nok leie, så det er kanskje lurt at det vert ei eller anna rotasjon.

Aktivitetsleiarane sin jobb, er å ta med seg utstyret ut, setje  i gong aktivitet og ta utstyret inn att etter friminuttet. Det kan kanskje vere lurt om aktivitetsleiarane fekk gå ut 2 minutt før dei andre??

Me har aktivitetsleiarar på jobb tysdagar, onsdagar og torsdagar. Aktivitetsleiaropplegget startar tysdag, 21. april. Det betyr at det er god tid til å diskutere korleis de vil organisere oppdraget, lære spelereglar…..

Fordeling av ansvar:

4. klasse får ansvar for å organisere aktivitet på plassen utanfor hovudinngongen. Dei får ein kasse med hoppetau, tennisracketer, hoppestrikk……

5. klasse får ansvar for å setje igong slåball på handballbanen. Fint om de diskuterer korleis de meiner at reglane skal er sånn at de ikkje vert ueinige om det i friminutta.

6. klasse får ansvar for det som skje på hellene utanfor bibilioteket og på grasplenen. Dersom de vil, seier rektor at han han vere med og setje opp lavoen. Her går det t.d. an å spele kort……. På plenen kan de spele kubbespel og krokket.  I kassen som 6. klasse skal ha, ligg det også bordtennisutstyr. Dei som vil spele bordtennis låner det her.

 

Alle dei andre elevane: Delta i aktivitetar og ha det kjekt i friminutta.

 

Neste elevråd: 7. mai kl. 8.30               

 Rektor: Denne gongen hadde Elevrådet gjeve så gode svar på alle sakene at eg berre las referatet og syntes at det var flott!! Kjekt å sjå at det kjem sakar frå mange klassar!

Hugs også vekeoppdraget i perioden måndag 13.-fredag 17.april:

Ei kjekk og aktiv veke der me er ute og mobilen er inne!! :-)


 

 

 

Elevråd 6. mars 2015

Det er ikkje lenge til Grand prix. Elevrådet håpar at det er mange som vil melde seg på.  Håpar at alle klassane kan få litt tid til å øve på skulen. Kanskje dei vaksne kan hjelpe til dersom det er nokon som har lyst til å melde seg på, men ikkje veit med kven og med kva?

1.klasse:

·         Me ynskjer at nokon reparerer stolar i klasserommet våras, då nokon av dei er skeive  og dårlege å sitje på.
Svar frå rektor: Rektor skal fiksa det :-)

·         Me ynskjer at bilar (som me brukar ute) også må få seg ein service.
Svar frå rektor: Dersom det er bilar som det er noko gale med så må dei leverast på kontoret til meg. Eg tek dei då heim og reparere dei.

2.klasse:

·         Do og garderobeforhold i småskulebasen vart diskutert på møtet. Mange synes at reglane som er komme ikkje vert følgd godt nok. Kva kan gjerast?

 

4.klasse

·         Kan me tennisball?

Svar frå elevrådet: Egil har allereie svart at me skal få tennisball.

5. klasse:

·         Det hadde vore kjekt med ei lita trampoline/trapes i gymsalen. Dei har ei slik på Tjødnalio.

Svar frå rektor: : Dersom nokon i 5.klasse kjem innom på kontoret så kan de få ein katalog som viser kva det meiner!

·         Det er mykje bråk i garderoben til 5.-7.klasse. Det er og mange som skrur av lyset.

 

Elevrådet: Flott at de som er elevar på mellomsteget tek dette opp. Då kan de diskutere dette i alle klassane og forhåpentlegvis få orden i garderoben. Garderoben er nemlig ikkje ein stad der me skal leike. Det er berre når me er på veg inn eller ut frå friminutt eller på toalettet at me er i garderoben.  Det er mykje kjekkare for alle når dette kan skje på ein roleg og grei måte.

Svar frå rektor: Det skal også alltid ein lærar i garderoben når elevane er det.

·         Me ynskjer nye strekar på paradisa ute.
Svar frå rektor: Det er klart til første skuledag etter påske :-)

Elevrådet: Etter påske må me få kassane med leikene og aktivitetsleiarane i drift att. Me syns også at det hadde vore kjekt med nye strekar på paradisa.

·         Kan me få klokka i musikkrommet?
Svar frå rektor: Me har alt for mange klokker på skulen allereie no! Alle elevar i 5.klasse bør ha eit armbandsur!

·         Husk at me i storskulen skal ikkje bruka trøbilane. Det er mange som ikkje bryr seg om reglane.

 

Elevrådet svarer: Heilt sant.

·       Småskuleelevane må slutta å gjera ting som er farleg for dei som syklar. Dette skjer for ofte.

Elevrådet svarar:  Me høyrer at det er nokre elevar frå storskulen som syklar ned bakken med stor fart. Me ynskjer at alle klassane på mellomsteget repeterer reglane for sykling.  http://www.vegvesen.no/_attachment/323764/binary/569899?fast_title=Trafikkregler+for+syklister.pdf

 

Dei er viktig at dei som syklar fylgjer reglane det, men dei som går må sjølvsagt ikkje tulle seg sånn at dei risikerer å verte påkøyrt. Me i elevrådet ynskjer at alle klassane på småskulen snakkar om det. Me ynskjer at alle elevane skal kunne gå TRYGT til og frå skulen.

 

7. klasse:

·         Kan vi få mål på håndballbanen?
Svar frå rektor: Det får vera nok med måla i ballbingen

·         Når får vi kjettingene til basketball i ballbingen?
Svar frå rektor: Ja

·         Kan vi få tak over sykkelstativa?

 

Svar frå elevrådet: Dette er ei sak som var oppe i elevrådet både 8. januar 2015 og 27. november 2014. Trur ikkje at svaret er noko annleis no enn dåJ

 

·         Vi ønsker oss mus til Pc.

Svar frå elevrådet: Me trur at stort sett så venner me oss til å bruke datamaskinen sånn som han er. 

 

·         Kan vi få iPad til hele klassen?
Svar frå rektor: Det hadde vcel vore uretferdig om berre 7.klasse fekk. Fint om de i 7.klasse reknar ut kva iPad til kvar elev på heile skulen ville kosta. Ta svaret med til neste elevråd!

·         Vi trenger bedre headset.
Svar frå rektor: Headsetta våre er knallgode! Solide og fine. Det hender at dei får ein del bank. Levere de headsettet til kontoret så tek eg det heim og loddar det. Har klart å fiksa alle til no! Dei vert øydelagt når de trar hardt i leidningen . Hugs også at de i 5-6-7 alltid legg headsetta tilbake i hyllene. Dei ligg av og til i ei røys på golver!

 

Svar frå elevrådet: Elevrådet snakka litt om at det denne gongen var veldig mange ynskjer som kom opp. Me som går på Sagvåg skule, er veldig heldige. Me har ny skule, eit stort leikeområdet med mykje leiker, skog til å leike i, mykje ustyr, flott bibliotek med mange nye bøker…………………………. og er veldig heldige. Me er ikkje sikker på at me vert så mykje lukkelegare av at me heile tida må ha nye ting. Det som er mykje viktigare, er korleis me har det med kvarandre. Dersom me har det kjekt med kvarandre, då trivst me. Når me trivst, lærer me. Fint om de diskuterer dette i klassane ogsåJ

 

Neste elevråd vert 9. april. Då er det vårJJJ


Elevråd, 5. februar 2015.

Grand prix torsdag, 26. mars 2015. Kategoriar: dans, song, instrumental og open klasse. Påmelding innan 23. mars.  Kjekt om mange har lyst til å vere medJ

1.klasse:

·         Me ynskjer fleire rumpeakebrett på skulen.
Svar frå rektor: No har eg hanta fram alle me har :-)

 

·         Me ynskjer tau i ein bratt skråning, så me kan halde oss i når me klatrer.

 Svar frå rektor: Det er alltid litt skummelt med tau. Det kan bli farlege løkkjer! (Snakk om det i klassen)

 

·         Me lurer på om det er lov å ta med eige akebrett til skulen?
Svar frå rektor: Når det er snø kan de ta med akebrett. Det er ikkje lov å ha med akebrett med ratt og ski" eller ufo-brett.

Elles gjeld dette:

 

·         Me ynskjer at dei store gutane (og jentene) skal snakke fint til oss når dei møter oss på skulevegen. Av og til er det nokon som vil tulle med oss, og det liker me ikkje.

 Elevrådet: Alle må vere greie når dei treff kvarandre både på skuleveg og på skulen.

 

3. klasse:

·        Me ynskjer at «tauene» i pyramiden skal verte strammare. Går det an?

 Svar frå rektor: Ja, men no har me stramma så mykje som det går. Me må no ha ein litt større service på pyramiden til våren og stramma han opp!

·         Går det an å strø meir på uteområdet? Det er og glatt på skulevegen.
Svar frå rektor: Me kan ikkje strø skulevegen, men på skuleplassen kan me strø der me ikkje skal aka. (Kanskje elevar i 3.klasse som vil vera med å strø der det er glatt? Kom innom til meg!)

 

Svar frå elevrådet: Me synst at det hadde vore fint om det vart strødd fram til garderobane. 

 

 

·        Kan rektor fylle dammane ved den gule sklia med sand?
Svar frå rektor: Det kan eg gjera når det vert mildver igjen. No er det for hardt.
Svar frå elevrådet: Dette synst me er vedlikehaldsarbeid som bør gjerast når våren kjem.

 

5. klasse:

·         Vedr sak om gitarstemming. Disse to elevane frå 5.klasse ynskjer opplæring i gitarstemming, og vil ta ansvar for at gitarane er stemde: Lars og Samuel.
Svar frå rektor: Flott!!! Vil de ha gitarstemmekurs?

 

·          Vedr. spelet “Ryktet går”: Hugs at du må viska ut det du har teikna/gjetta. Det er vanskeleg å viska etter at det har tørka. 

 

 

·         Me ynskjer å få lov til å vera igjen på skulen å gjera lekser på torsdag og (i tillegg til mandag og onsdag).
Svar frå rektor: Det må det ta opp med lærarane i 5.-6. og 7.klasse

 

6. klasse:

·         Me ønskjer ei ballpumpe på Vikanes. Den kan 5. - 7. klasse bruka ilag. Me kan kanskje ha ho saman med keeperhanskane.
Svar frå rektor: Eg har fleire på kontoret. Kom innom og hent!

 

 7. klasse:

·         7. klasse ønsker at de voksne åpner dørene presist kl. 8.15.
Svar frå rektor: Flott! Det skal dei :-)

·         Forslag til doregler:

Gutane må ta opp doringen før dei skal tisse.

Snu deg å sjå at doen er rein og fin når du er ferdig.

Tørk vekk tiss på doringen.

Trekk i snora.

 Vask hendene.

 

Elevrådet: Flott at 7. klasse hjalp oss med doreglar. Me kjem til å hengje desse på toaletta i garderobane, så kan dei vere ei påminning om korleis det skal vere på toaletta.

 

Neste elevrådsmøte: 5. mars kl. 8.30.


Referat frå møte i elevråd 8.januar 2015

Velkommen til Ida som er ny elevrådsrepresentant i 4. klasse.

1.     klasse:

·        Ynskjer meir tid i ballbingen saman med 6. kl. diskutere.

·        Kan me få ny frisbee?

·        Kan me få ein til ny, stor ball i gym.salen?

·        Kan me få krit til å ha ute?

·        Kan me få ny fotball?

Elevrådet:
Det er viktig at alle passar på tinga/fotballen sin, og at den er godt merka. Rektor har sagt at når ballen er utslitt, så kan de pante den hos han.
Rektor:
Mykje av dette kjem til våren, etter påske

2.     klasse:

·        2 trinn ønsker at tilhøva på toaletta i småskulegarderoben vert tatt opp. Det er ofte grisete, vått og ekkelt der, og det er ikkje kjekt å bruka dei. Elevane i 2. klasse foreslår at nokre "hugsereglar" for "god-do-bruk" kan bli laga, og hengt opp på veggen inne på alle tre toaletta. Kanskje ein plakat med både bilde og tekst ? 2. klasse forslår også at ein kan dette tema på eit vekeoppdrag. 

Elevrådet:
Me synst at det kan vere lurt at klassane diskuterer korleis det skal vere på toaletta etter at nokon har brukt dei. Kanskje dei ulike klassane kan kome med forslag til kva som skal stå i doreglane? Synst at do/garderobetilhøva kan vere eit godt vekeoppdrag.
Rektor:
God ide frå elevrådet :-)

3.      klasse:

·        Ingen nye saker.

4.     klasse:

·        Det er lett å verte påkøyrt ute. Dei som brukar bilane, må sjå seg føre.

Elevrådet:
Det er strengt forbode å krasje med vilje. Dei som køyrer, må vise omsyn. Dei som går, må sjå seg føre

 

·        Det er nokre elevar som ristar i pyramiden når andre klatrar.

Elevrådet:
Me veit at det er elevar som har ramla ned frå pyramiden når nokon har rista. Pyramiden er til å klatre i, og ikkje til å riste. Dei elevane som ristar, må finne seg noko betre å gjere på.

.

5.     klasse:

·        Det er mykje gjørme oppå haugen bak gjerdet, og ved kinareila.

Elevrådet:
Det er mykje regn på Vestlandet om vinteren, og då vert det gjørme.  Det går ikkje å fylle grus i alle gjørmehol (kanskje i nokre). Det er lurt å leike på stader der det ikkje er for mykje gjørme. 
Rektor:
Eg har sett på området over sklia. Det kan hende at me køyrer på litt sand der for å gjera området litt mindre bløtt.

·        Det er altfor mange som bannar ute i friminutta.

Elevrådet:
Det viktig at dei største elevane er gode førebilete, og kanskje er det på tide med eit vekeoppdrag som omhandlar korleis me snakkar til og om kvarandre??

6.     klasse:

·        Me lurer på om det går an å få merkja opp banen i ballbingen.
Rektor:
Nei, ballbingen vert ikkje merka.

·        Det er fint om skuleplassen vert strødd når det er glatt.

·        Kan me få overbygg over syklane?

Svar frå elevrådet: Les referat frå 27.11.14.

·        Kan benkene ved bålplassen koma på plass?
Rektor:
Det kan vel de som går i 6.klasse ordna? Eg kan hjelpe til når det er klare!

7.     klasse:

·        Me ønskjer at det kjem nett på basketballkorgene i ballbingen.
Rektor:
Det kan eg ordna. Metall, eller nylonnett?

·        Me ønskjer oss fullt klassesett med gitarar.
Rektor:
Ja, det har me snakka om, det kan bli det....

·        Me føreslår at alle har ansvar for at gitarane er stemde etter bruk. Eventuelt at ein finn ei anna løysing som gjer at gitarane er stemde.
Rektor:
Kan me gjera det slik at det er to elevar i 5.-6. og 7.klasse som får opplæring og raskt kan stemma gitarane før dei skal nyttast? Eg kan gje kurs og utstyr til det!


Elevrådet:
Kan lærarane på mellomsteget diskutere kva løysing som er lur på dette.

Som de ser på biletet, så har elevrådet no kjøpt inn mange spel og 2 par keeperhanskar. Me vil at småskulen og mellomsteget skal eige spela saman. Spela vert lagra på kopirommet til lærarane. De må vere flinke til å spørje lærarane om de kan få ein speletime til å teste desse nye spelaJ Ta godt vare på dei, så har vi dei lenge.

Mellomsteget har fått 2 par  keeperhanskar. Småskulen har allereie 2 par.

Elevråd, 27. november 2014

 

Saker frå klassane:

2. klasse.

·        Går det an å lage ei "jungel-løype" langs stien bak med kinareila? Me tenker plank til å balansera på, tau til å klatra/balasera/slenga seg i o.l 

 Svar frå rektor: Me kjem ikkje til å laga fleire leikeapparat ved Sagvåg skule. Me har ganske mykje, og det er mykje kjekt å leika i den fine og store skogen vår. Enkelte barnehagar har fakstisk teke bort leieapparata slik at borna skal bruka fansasien og finna på meir sjølv.... kanskje det er ein ide ;-)

·        Me veit at det er elevar på småskulen som har vorte påkøyrd av syklar på skulevegen. Mange av dei som syklar har veldig stor fart, og dei bruker ikkje (eller manglar) ringeklokke på sykkelen! Kan elevane i storskulen snakka om dette problemet, og evt. sjekka at alle syklane har ringeklokke som virkar?

 

Svar frå elevrådet:

Dei som går og dei som syklar må teke omsyn til kvarandre. Det SKAL vere trygt på skulevegen for både store og små.

Dei som syklar har vikeplikt for dei som går på sykkel og gangsti.  Trur at det kan vere lurt at elevane på mellomsteget snakkar om kva det er.

http://www.tryggtrafikk.no/tema/sykkel-og-sykkelhjelm/sykkelregler/

Det er reglar for kva utstyr sykkelen treng for at det skal vere ok å sykle på han. Kanskje de kan ta ein kikk på Trygg trafikk sine sider.

http://www.tryggtrafikk.no/tema/sykkel-og-sykkelhjelm/krav-til-sykkelen/

 

3.klasse:

·        Me har lyst på Monopol, Yatzy, Hit the hat og Funny Bunny.
Svar frå rektor: Ja, det kjem nokre nye spel snart. Eg har notert meg Monopol, Yatzy, Hit the hat og Funny Bunny.

 

4. klasse.

·        Me ser at det framleis er nokre småskulefotgjengarar som tullar seg og nokre store elevar som syklar fort. Det vert av og til farleg på skuleveg. 

 

Svar frå elevrådet: Sjå kva me svara 2. klasse.

 

·        Det er nokre elevar som flyttar på smashballstativa. Dei kjem så nær kvararandre at dei er vanskelege å bruke. 

 

Svar frå elevrådet: Smashballstativa må få stå  i fred. Dei er store og tunge, så elevar kan verte skada dersom dei flytter på stativa.

 

·        Det er nokre gutar i  1. og 2. klasse som leikar slossleik. Dei slår kvarandre og slenger kvarandre i bakken. 

Svar frå elevrådet: Dette må dei slutte med. Elevar kan skada seg, dei kan verte uvenner og det vert utriveleg.

 

5. klasse:

·        Forslag til spel:   Pictureka, Headbandz,  Boom boom baloon  og Jenka.
Svar frå rektor:   Det er notert

·        Me ynskjer skoskei i garderoben.
Svar frå rektor:   Trudde at me hadde. Eg skal skaffa nye

 

·        Me ynskjer 2 par keeperhanskar.

 

Svar frå elevrådet: Me vil sørge for at det er 2 par keeperhanskar på mellomsteget og 2 par på småskulen.

 

·        Me ynskjer å ha caps på inne i klasserommet. 

Svar frå elevrådet:  Me synst ikkje at elevane skal ha caps, hette eller liknande på hovudet.  Me ynskjer at alle skal sjå fjeset til kvarandre.

Svar frå rektor:   Då har Elevrådet bestemt det.

 

 

6. klasse:

·        Kan me fiksa einhjulsyklane?
Svar frå rektor:   Ja, kom innom til meg på kontoret så får eg vita kven som vil læra å sykla einhjuling!

·        Klokke i musikkrommet og gymsalen?

 Svar frå elevrådet: Det kunne vore kjekt å ha klokke i musikkrommet og i gym.salen.

Svar frå rektor:   Eg trudde at me hadde nok klokker rundt om.....Hugs at det er eg som må gå rundt å stilla klokkene frå sommar og vintertid to gonger i året :-)  Ønsk deg eit armbandsur til jul....utruleg kjekt å ha !!!!

·        Kan me få spel på mellomtrinnet. Me ha lyst på: Rykte går, Monopol Empire, Gjett hvem, Uno ekstreme, Boom balloon, Funny bunny, Villkatten og Gjenga.
Svar frå rektor:   Eg har notert meg dei spela også. Kan ikkje lova at de får alle, men ein del av dei.

·        Kan me fiksa utebenkene?
Svar frå rektor:   Kom inn til kontoret så ser me på dei saman. Kanskje er dei lette å fiksa.

·        Me kunne tenkt oss  å læra å programmera på skulen. Me har sett på Newton at dei har laga spel.
Svar frå rektor:   Då MÅ de sjå nærare på det dei gjer i 2.klasse no!!!
Kanskje Hege kan visa 6.klasse!!??



Programmering i 2.klasse
Torsdag 27.november 2014

«The Hour of Code» 8.- 14. desember 2014

Er du mellom 4 og 104 år og har tilgang til data?   - då kan du lesa vidare :)

No kan du læra grunnleggjande programmering/koding på ein enkel og morosam måte! Dette er ein mogleik til å læra litt om datavitskap, noko som kan hjelpa til med å trena dugleikar i problemløysing, logikk og kreativitet.

"The Hour of Code" er ein global bevegelse som når ut til eit titals millionar elevar i over 180 land. Kven som helst kan organisera ein kodetime kor som helst. Timeslange rettleiingar er tilgjengeleg på over 30 språk. Det trengs inga erfaring.

Lærarar: Arranger ein kodetime på skulen!

Føresette: Prøv koding heime ..sjølv eller samen med barnet ditt!

Sjå video HER !   Prøv å kode ANGRY BIRDS ! J J

Tekst & foto: Hege Havn Mehammer

·        Kan me få tak over sykkelstativa?
Svar frå rektor:
   Sorry, også min sykkel har stått ute på Sagvåg skule i alle år.... vask han og mør han i helga så held han seg fin sjølv om sykkelen står ute ;-)

7. klasse:

·        Klassen ønsker å gå på tur nye stader på turdagane tysdagar og torsdagar.
Svar frå rektor:   Det skal eg ta opp med Liljan (leiaren for assistentane)

·        Kan me få sykle på turane?

Svar frå elevrådet: Me trur at det kan verte litt farleg dersom mange skal sykle medan mange andre går.

·        Elevene har lyst til å få lov til å sykle i storfriminuttene.

Svar frå elevrådet: Det er ikkje lov å sykle i friminutta, og me trur ikkje at det er lurt at det blir lurt heller. Det er for farleg, så syklane bør stå i friminutta.

 

Elevråd, 23. oktober 2014

1.klasse:

Kan me få sparkesyklar?

Svar frå rektor:
Nei, me har latt elevane i 5.-6. og 7.klasse få ta med seg sparkesykkel på skulen. Dei har fått lov til å bruka dei nede ved skaterampen. Elevane i 1. til 4.klasse får ikkje sykla til skulen eller ta med sparkesykkel. Me har kjøpt inn trøbilar og nokre syklar som berre er for småskulen.

 

Me ynskjer nye spel: Monopol, Den forsvunne diamanten o.a.

Elevrådet: 
Me vil bruke litt penger på å kjøpe nokre nye spel til skulen. 1.klasse har kome med nokre forslag til kva spel dei ynskjer.  Kanskje er  det andre klassar som også har forslag  forslag om kva spel som er kjekke. Me kjøper litt til mellomsteget og litt til småskulen.

 

Kan me få klatretau ute?

Svar frå rektor:
Me har klatrevegg og pyramidene. Eg trur nok at det er nok for dei som vil klatra. Me har også nokre klatrevegger i skogsløypa. Tau er litt skummelt fordi det kan skje ulykker med dei.

 

2.klasse:

Me har sett at nokre av brettspela i småskulen er øydelagde eller manglar deler. Har skulen reservedelar til desse, eller pengar til å kjøpa nokre nye? 

Elevråd:
Sjå svar frå 1.klasse.

Me har veldig lyst på hoppeballar!

Rektor:
Ja, nokre hopetall til 1.klasse skal eg ordna med. Kor mange treng de?

3.klasse:

Kan me få slengtau?

Svar frå rektor:
Ja, de skal få eitt slengtu i 3. Klasse

4.klasse:

Me ser at det av og til er andre enn dei som har ballbingen som får vere med å spele fotball. Er ikkje regelen sånn at det er dei som har fotballdag som får lov å vere med. Dei som ikkje har fotballdag, må vente til rett dag?

Elevrådet: 
Ja, det er sånn regelen er.

Svar frå rektor:
Eg har også høyrt at enkelte klassa ikkje brukar fotballdagen sin. Då kan kanskje andre få overta?

Me har sett at det er nokre av dei minste som leiker utanfor skuleområdet vårt. 

Elevrådet:
Elevrådet veit at det ikkje berre ei dei minste dette gjeld. Kanskje må klassane ta ein tur ut og vise kvarandre kvar det er lov å gå?

Svar frå rektor:
Det er enkelt. Her er kartet som viser kor me får lov til å vera:

 

5.klasse:

Elevar frå småskulen (og nokre frå storskulen) står i vegen for oss når me syklar heim, dei stenger vegen og prøver å stoppe oss. 

Elevrådet:
Dette må det bli heilt slutt på, for det er farleg. Dei som går, må ikkje tulle seg. Dei som syklar må vise omsyn og ikkje sykle altfor fort.

Rektor:
Dersom det ikkje vert slutt på dette så må me nok ha eit møte med eleven og foreldra til dei som gjer det!

Det er bilar som parkerer heilt inntil graset (framføre hovudinngangen), det er ikkje plass å syklar forbil.

Svar frå rektor:
Ja, eg ser det..... eg har ein plan.....kanskje de ser ei forandring snart...
;-)

6.klasse:

Kan me få pil og buesett  og blink på skulen ?

Svar frå rektor:
De hørest ikkje heilt udarleg ut...kom innom kontoret og forklar meg kva de meiner....

Kan me  ha det slik at det ringer ut og også inn i småpausane ?

Elevrådet:
Det er kanskje ikkje så praktisk. Småskulen og mellomsteget har ikkje pausar samtidig.

Kan me få hopp til syklane ?

Svar frå rektor: Eg svarer det samme som eg så før ein gong då dette spørsmålet kom opp: Det er heilt greitt, men det er ikkje lov til å sykla og hoppa i friminutta. Dette må difor vera noko de gjer om ettermiddagen. Få med mamma og pappa så kan de kanskje laga eit lite sykelhopp på skuleplassen vår!

Kan me gjera noko i garderobane (på mellomsteget) for det er så trangt?

Svar frå rektor:
Eg trur at me er den skulen på Stord som har størst garderober!...men har det gode forslag så kan eg vera med på å sjå på det.

Kan me ha ein fotballturnering (handball, kanonball el.) for heile skulen?

Elevrådet:
Kan Kjell og Anne Britt snakka med lærarane om dette? 



Elevråd 25. september 2014.

1.klasse:

·         Eigen leikekasse til klassen.

·         Eigen klassefotball

Svar frå elevrådet:  Kassen er merka Sag 14, og det er ein heilt ny klassefotball oppi den

2.klasse:

·         2. klasse ønsker lov til å bruka bordtennis utstyret i det store friminuttet.

Svar frå elevrådet: Me synst at klassane kan få bordtennisbordet ei veke kvar. Ball og racketar kan gå på omgang frå klasse til klasse.
Kommentar frå rektor: Det høyrest fornufteg ut

·         Kan det kjøpast inn nye boksar med kritt? Dei som finst no er ganske oppbrukte.

Svar frå elevrådet: 2. klasse har no fått nye kritt.

·         Dei fleste store spadane i sandkassane er øydelagte. Ønsker nye.
Kommentar frå rektor: Kom innom til meg med ein øydelagt spade så kan me kjøpa rett sort.

 

·         2. klasse ønsker at ein kan dela meir på trøbilane ute. No har første klasse fire bilar i friminutta, medan resten av elevane må dela på to bilar.

Svar frå elevrådet:  Det er vanleg at 1. klasse får låne bilane ekstra mykje i starten. No er me snart komne til oktober, så me trur at alle (1-4 kl.) får ha like stor rett på bilane no.

·         Kan ein kjøpa inn litt nye leikebilar/småbilar som ein kan ha inne?
Kommentar frå rektor: Det høyrest ut som noko me bør eiga saman med SFO. Fint om eg får låna ein bil slik at eg kan få sjå kva type det er

 

3.klasse

·         Kan me få nye trafikkskilt til bilane ute? (me har spurd om det tidlegare, men Lars skulle tenkja på det...)
Kommentar frå rektor: Ja, dersom me finn det :-)

·         Aktivitetetsleiarane: Det er sjeldan brentball nede på plassen, ikkje alltid er kassen der heller med utstyr i.

Svar frå elevrådet:  Det høyrest ikkje ut som om det er veldig mange som bruker dette tilbodet no. Det er heller ikkje alltid at utstyret er på plass. Me i elevrådet har funne ut at me tek ein pause med alle aktivitetane etter haustferien.  Mange av aktivitetane var vår/sommaraktivitetar. Me prøver att til vårenJ Håper at alle har det kjekt og er aktive i friminuttaJ Anne Elisabeth ynskjer at 5, 6 og 7. klasse leverer aktivitetsleiarutstyret til henne. Ho skal ta vare på det til våren.

 

4.klasse:

·         Me minner om reglane for Kinareila. Det skal vere berre 3 personar oppi om gongen. Dei må lage fart sjølv. Me  har lov til å vere på reila i 3 minutt i storfri og 2 minutt i småfriminutta. 
Kommentar frå rektor: Flott!

 

 

5.klasse:

·         Me diskuterte korleis det har gått med aktivitetsleiarane:

Det har hendt at me vil spela slåball, og det har ikkje vore nokon der.

Det er  få elevar frå småskulen som er med på leikane. Kanskje dei ikkje veit om at dei kan vera med? 

 

Svar frå elevrådet: Sjå tidlegare kommentar.

·         Me ynskjer skilt på jente og gutedo i garderoben.
Kommentar frå rektor: Kan 5.klasse komma inom kontoret så finn me ut kva som skal vera jente og gutado?!

·         Me ynskjer eigen fotball til klassen.
Kommentar frå rektor: Det kan de få, Egil har lager.

 

6. klasse:

·         Me snakka om aktivitetsleiarane. Me har ansvar for brentball, og det fungerer fint. Det er mange som vil vera med.

Svar frå elevrådet: Sjå tidlegare kommentar.

·         Kan me få sitja att på skulen å gjera lekser?
Kommentar frå rektor: Det må lærarane på mellomsteget bestemma. Kjell er sjefen der !

·         Det er nokon som forlet doen utan å ha dratt ned etter seg, alle  må sjå til at det er fint etter dei på do.

Svar frå elevrådet: Det er viktig å forlate doen sånn at det vert greitt for nestemann å gå inn der.

·         Kan me få ei slenge i eit tre?
Kommentar frå rektor: Nei, no er det bildek og klatrevegg som er på plass dene hausten...kanskje seinare. Forslag om kor det kan vera?

 

·          Dei på Storskulen må halda orden i garderoben, me snublar i sko, og legg ting i feil hylle.

Svar frå elevrådet: Viktig å halde god orden i garderoben. Det er vanskeleg for dei som vaskar også når det er rotete. Me foreslår at dette kan vere eit vekeoppdrag.

7. klasse:

·         ønskje om å få handballmål på "handballbanen" (ved sida av ballbingen)
Kommentar frå rektor: Det vert nok ikkje det, men det går fint å spela handball når de har ballbingen. Det MÅ ikkje vera forball kvar gong!

·         me ønskjer å spele fotball i bingen frå 08.00-08.30. Er dette greit?
Kommentar frå rektor: Eg er litt skeptisk... det er mange bilar på veg inn på skulen då.... Vil 7.klasse prøva det ein periode....så kanskje. Kom innom kontoret så diskuterer me det!



Møte i Elevrådet
Onsdag 28.august 2014

I dag vart det første møtet i Elevrådet for dette skuleåret gjennomført. Her finn du referat frå møtet.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Elevråd, 28. august 2014

Elevrådsrepresentantar:

Elevrådsrepresentant:                       Vararepresentant:

1.      klasse:                        Elias                                                   ?

2.      klasse:                        Andrine                                              Ørjan

3.      klasse:                        Leon                                                   Sander

4.      klasse:                        Vendela                                              Oliver

5.      klasse:                        Jone                                                    Julianne

6.      klasse:                        Mariell                                               Mihail

7.      klasse:                        Roger                                     Matilde

Det var Mariell som vart leiar og Leon som vart nestleiar i det nye elevrådetJ

Minner om at på tysdag i neste veke må alle aktivitetsleiarane vere klar til å starte:

Stasjon 1: 
5. klasse får ansvar for å organisere aktivitet på plassen utanfor hovudinngongen. Dei får ein kasse med hoppetau, tennisracketer, hoppestrikk…

Stasjon 2:  
6. klasse får ansvar for å setje i gong slåball på handballbanen. Fint om de diskuterer korleis de meiner at reglane skal vere og informerer oss andre om dei.

Stasjon 3: 
7. klasse får ansvar for det som skal skje på hellene utanfor biblioteket og på grasplenen.  Me tenkjer oss at det kan vere kjekt å setje opp lavvo der det er sitjeunderlag. Her kan elevane kome å spele kort……   På plenen kan de få spele kubbespel og krokket.

Svar frå rektor: Flott om dei som skal ha ansvaret for lavvuen kjem innom til meg ein dag så kan me setja han opp ogjen :-)

 

Nye saker:  

4.      klasse:

Fotballnetta er øydelagte. Kan dei ordnast?

Svar frå rektor: ;-)


 

 

Skrivar:
Anne Elisabeth Trevland
-elevrådskontakt.- 
Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-