Elevråd 2010/11  
Møteplan :   Dette året vert elevrådsmøtene kl. 10.00 på Bleikjo.
 
Tidlegare saker i elevrådet 2009/10»  | Læreplan for elevrådsarbeid >> | Tilbakeblikk på elevrådet>>

Dette året vert  elevrådsmøta tysdagar kl. 10.00 på Bleikjo.

Her er datoane:
   
31.8 28.9 26.10, 23.11 14.12, 18.1  15.2   15.3   26.4   10.5   7.6

Siste elevrådsmøte

Elevråd, 7. juni 2011

Desse møtte:

Jonas, Maria, Daniel, Charlotte, Kyrre, Ingvild, Jon Bruno.

Saker frå klassane:

1.klasse

-Kan me kjøpe hoppeputer til å ha ute?
Svar frå rektor: Då må nokon fortelje meg kva hoppeputer er for noko?!

5. klasse

-Klassane må bruka sin eigen klassefotball og ikkje ta dei andre klassane sin ball

- Klassane må få bestemma i ballbingen på sin dag. Dei andre klassane må ikkje masa om å få bli med.

Svar frå elevrådet: Hadde vore fint om det vart to mål på handballbana (sjå sak frå 6. klasse) No er det lite att av skuleåret, og reglen  er  at det er dei som har ballbingen som får lov til å bruke den. Dei andre må spele på sin dag. Kanskje kan me finne ein annan inndeling av dagar til neste år. Det er ikkje alle klassane som er like interessert i å spele fotball.

 

6.klasse

- Me håper at rampen kan flyttast lenger vekk. Me ynskjer å få opp målet slik at me kan spela fotball/handball på banen.

       - Me ynskjer nye mål, dei gamle er øydelagd.
Svar frå rektor: Ja, det må me sjå på. DEt vert ikkje no før sommaren

       - Me ynskjer “Wii”
Svar frå rektor: Det kan godt hende at me kan kjøpe Wii dersom elevrådet har pengar til det.

       - Kan me få juice i kantina?
Svar frå rektor: Dei som har greie på det seier at mjølk og vatn er best for tennene!

 

7.klasse

-Kan me få ein handrail?
Svar frå rektor: Kan nokon i 7.klasse vise meg korleis en 'handrail' ser ut!?

 

Sak 2: Fotball på sommarfesten.

Elevrådet speler mot FAU. Elevrådet inviterer Lars Bakka eller Egil Petterteig til å vere med på laget. Dei kan sjølv bestemme kven det vert, men dei må ikkje krangle når dei skal verte einige :-)

Svar frå rektor: Me skal diskutera det.....   :-)

 

 

Elevråd,  26.4.11

Saker frå klassane:

1.klasse:

- Det hadde vore fint om gutane fekk to do. Kan eine do ha både jente og gutelapp, eller kan gutane gå på handicapdoen?
Svar frå rektor: Eg har laga jente- og gutalapp på den eine doen.

-Folk må vere snillare med kvarandre i friminutta. Nokon driv og skubbar og slår.
Svar frå rektor: Ja, hugs trivselsreglane på Sagvåg skule. Relel nr 1 er: Me er greie med kvarandre, alle får vera med å leika, og me snakkar fint om og til kvarandre.

-Kan me få ein baibladebane?
Svar frå rektor: Ja, 3.klasse jobbar med å få det meir koseleg i krogen tanfor SFO-kontoret. Der har me planar om 'baiblade-bane'


3. klasse:

-Me ønsker oss nye fotballer til småskulen.
Svar frå elevrådet: Når fotballen er utslitt, kan de pante den i ein ny hos rektor.
Svar frå rektor: Ja, Egil har bestilt nye ballar. (Mitt lager var tomt)

-Større sandkasse.
Svar frå rektor: Beklager, den me har får nok vera stor nok.

- Kan me få bygga ei hytte oppe i skogen?
Svar frå rektor: Hytter er litt dumt fordi det tek mykje tid og så er det så fort nokon som riv dei nde. Kan det vera ein ide å laga telt? Me har nokre store presenningar som de kan få klippa opp og bruka. (Ta kontakt med meg så skal eg visa.)


4. klasse:

- Kan me få meir fast tid i ballbingen?
Svar frå rektor: De kan de diskutera med lærarane, greitt for meg.

- Kan me få lengre "storpause"?
Svar frå rektor: Då måtte de ha vore langer på skulen om ettermiddagen. Vil de det?

 


5.klasse:

-Kva tid kjem dei nye smashballane? Kan me få bruka alle fire stativa?
Svar frå rektor: Me har bestilt, og ventar. Hen ut dei gamle igjen i dag.

- Av og til er det "ekkelt" på toaletta. Alle må hugse å dra ned når dei har brukt toaletta.
Svar frå rektor: YES!!

-Kan me få eit stort paradis utfor rektor sitt kontor? Kan dei andre paradisa bli måla opp?
Svar frå rektor: Ja, fint om de i 5.klasse som hoppar paradis kjem innom til meg så kan me gjere dette ilag!

- Det er vanskeleg å komma opp til sklia, me glir på grus og steinar.
Svar frå rektor: Ja..... det kan vel vera greitt med ei lita utfordring.....

-Kan me få lydbøker?
Svar frå rektor: Me har nokre. Er det spesielle titlar de tenkjer på?

 


6. klasse:

-Me ynskjer større paradis ute
Svar frå rektor: Bli med elevane i 5.klasse når dei kjem til meg!

- Me håpar at rampen snart blir flytta slik at me kan få bruka banen
Svar frå rektor: Kjartan har lova å gjere det ei helg saman med pappa!

- Me ynskjer større klatreklossar på klatreveggen. Då blir det lettare å klatra.

 Svar frå rektor: Kan de sjå om de


7. klasse:

- Kan dei som ikkje skal skate gå vekk frå rampen? Minner samtidig på reglane for bruk av rampen: Det skal vere berre EIN skater på rampen om gongen. Hugs vern og hjelm.

- Kan me få bruke cd spelar ute?
Svar frå rektor: Er det ikkje nok lyd med 160 elevar i friminutt??

- Kan me få luftfrisknar på do?
Svar frå rektor: Nei, me får heller satsa på å halde det reint der!

 

Frå i dag av er trivselsleiarane på plass att.  De kan låne utstyr i storfriminuttet. Hugs å levere attendeJ
 

Elevråd, 15.mars 2011

1.Kommentar til referatet frå sist elevråd.

- 5-7 klasse har rydding på skuleplassen dei tre neste vekene. Dei plukkar boss ned mot tunnelen mot gamle skulen og ned Skifteslono til Jensanesveien.

2. Saker frå klassane.

1. klasse:

- Ingen nye saker.

2. klasse:

- Ingen nye saker.

3. klasse:

- Me har lyst på ein skyvevegg i basen vår (me blir uroa når andre går forbi).

Svar frå rektor: Det er nok slik at me ikkje kjem til å få det. Arkitektane som teikna skulen

- Me ynskjer eit spel som heiter "lego".
Svar frå elevrådet: Sjå svar om dokkene.

- Kan me få fleire bilar til å ha ute?

Svar frå elevrådet: Sjå svar frå sist elevråd.

- Viss me får lov til å bruke rampen til våren, er det mulig å få låne skateboard da?
Svar frå rektor: Personleg utstyr som skateboard og hjelm må elevane sjølve ta med. Det vert nok også slutt på utleige av verneutstyr då det no etter kvart vert mange skaterar. Dette er slik utstyr som kvar elev må ha for å få skata på skulen.

-Kan me få fleire legomenn?
Svar frå elevrådet: Sjå svar om dokkene. 

-Kan me få nokre nye dokker til dokkekroken?

Svar frå elevrådet: Elevrådet har brukt ein del pengar på spel. Me kjøper ikkje fleire spel nett no, men kan kjøpe nokre dokker og legomenn.

- Det hadde vore kjekt med ein minigolfbane ute!

 Svar frå rektor: Ja, det hadde det..... har 3.klasse tankar om kor den kan vera og korleis han bør sjå ut?

-Me ynskjer oss hoppestokkar og ein karusell ute.

 Svar frå rektor: Ja, hoppestokkar kan vera ei av dei tinga trivselsleiarane kan ha klart når dei startar opp etter påske. Karusell er eg litt usiker på. Me er jo ein skule, ikkje eit tivoli ;-)


4. klasse:

 -Kan me få fleire blinkar til snøballkasting? Dei som er viser dårleg.

 Svar frå rektor: De kan me snakka om neste vinter, no vil me ha vår!!

 -Kor tid kjem bordtennisbordet på plass ute igjen?

 Svar frå rektor: Det kjem ut igjen ette påske når trivselsleiarane er på plass igjen!

 -Det er vanskeleg å klatra i pyramiden når mange står og ristar i den.

 Svar frå rektor: Ristinga bør det bli slutt på! Det kan jo også føre til at nokon vert skadd. Me skal snart ta ein runde å stramme han igjen, då vert pyramiden også stødigare og vanskelegare å riste på!

Svar frå elevrådet: Me trudde at dette var betre no. Det er ikkje veldig lenge sidan dette var sak i elevrådet.  Pyramiden er til å klatre i. Dersom me bruker den til risting, kan elevar dette ned og verte skada. Det ynskjer me ikkje.

- Det er ekkelt på toaletta til gutane. Kan ein minna om at alle må rydda etter seg og ikkje ta papir i vasken?

Svar frå elevrådet: Uff, ja. Alle som er på do må trekkje i snora og rydde opp etter seg. Tenk på  korleis du sjølv ynskjer at doen skal sjå ut.


5. klasse:

- Det er hol ei den eine smashballen, kan me få ein ny.

Svar frå rektor: JA! Eg har bestilt 4 nye!

 - Kan me få brentballbanen fram no når det blir vår.

 Svar frå rektor: Ja, etter påske saman med trivselsleiarane ;-)

 - Det er nokre feil med boltane i klatreveggen. Kan me få nokre bollar lengre oppe.

 Svar frå rektor: Me fiksar boltar etter kvart, flott at de melder frå! Det kjem nok ikkje fleire boltar.


6. klasse:

- Kan me få ekstra-lett mjølk på skulen?

 Svar frå rektor: Ja, me har no forandra bestillinga slik at de til hausten også kan bestilla Ekstra-lett som skulemjølk!

- Me ynskjer stikk-kontaktar i garderobane slik at me kan ta med fønar.

 Svar frå rektor: Ja, det forstår eg. Det har tidlegare vore snakk om spegel, men stikk-kontaktdet er ikkje så lett å få ti. Det er ganske dyrt. Er det stikk-kontakt på toaletta?

- Me ynskjer eigne sakser.

 Svar frå rektor: Kanskje kan me ha ei slik ordning som med blyantar der kvar elev får ei personleg saks og må kjøpe ny sjølv om han/ho tullar ho vekk?

- Me ynskjer korger til å ha blyantar mm i.

 Svar frå rektor: Ta det opp med læraren din. Heilt greitt for meg.

- Me ynskjer ei "sving reile". Ingvild har sett ei slik i Stavanger, og kan forklara korleis den er.

 Svar frå rektor: Me får nok ikkje meir nytt og dyrt utstyr ute no. Me må nok konsentrere oss om å kalde orden på det me har!

- Kan me få fleire samfunnsfag- og naturfag bøker? Det er dumt at me må dele på bøkene.

 Svar frå rektor: Det vert kjøpt inn nye bøker kvart år, om det vert kjøpt klassesett i fleire fag må me vurdera. Greitt å få innspel frå elevane om dette. Fer får sjå!


7. klasse:

- Kan me få juice i kantina?   
Svar frå rektor: Problemet er at kantinedrifta de vert endå dyrare. Eg trur ikkje me skal gjere det dyrare enn det er no.

3.Minner om Grand prix.

Kjekt om det er mange som vil  vere med.

Det vert også i år talentshow på Heiane som vinnarane våre (dersom dei vil) kan vere med på. Kristoffer som gjekk i 7. klasse i fjor spelte inn 2000 kr til Sagvåg skule.

4. Handball/brentball/skate banen

Elevrådet var ute og såg på banen saman med rektor. Det er mange elevar som har ynskje om å bruke den til ulike aktivitetar. Forslag frå elevrådet og rektor:  1/3 av banen (mot fjellveggen) vert brukt til skatebane. Ein må då flytte den minste rampen  nærmare fjellveggen og mot skulen. Jon Bruno som er i elevrådet og er skatar, meiner at det bør vere ok.

 Resten av handballbanen kan då brukast til brentball/handball…. Rektor meiner at måla kan settast opp og.  Høyrest dette bra ut?  Kanskje lurt om klassane tek seg ein tur og ser.

5. Aktivitetsleiarar

Rektor vil ikkje at me setjer igong aktivitetsleiarane skikkeleg før etter påske.  Forslag frå lærarane er at me istadenfor  lunsjen me har hatt  siste dagen før påske,  tjuvstarter litt med å bruke utstyret  og eter gode vafler ilag J

Rektor vil kalle inn aktivitetsleiarene til eit møte. Det er mykje av det gamle utstyret som er øydelagt. Me må nok kanskje kjøpe inn litt nytt.

6.  Trygg skuleplass

Det er ein del trafikk på skuleplassen vår når elevar vert levert og henta frå skulen. Dette skaper farlege situasjonar. Det har kome forslag om å setje opp eit skilt der det står at det ikkje er lov til å køyre inn på skuleplassen mellom kl.  7 og 16.  Trur de at dette vil vere ei bra løysing?

Er det plass til ei rundkøyring ved pallbingen slik at foreldre som køyrer elevar ikkje treng køyre forbi ballbingen?

Slik er det no:                                                   Fotomontasje med rundkøyring:

 
 

 

Elevråd, 15.2.11

1. Me las referatet frå sist elevråd. Tusjane er kjøpt inn. Nokre pakkar til småskulen og nokre pakkar til mellomsteget.  Spør lærarane etter dei når de treng dei.  Elevådet har brukt pengar på 2 Fat boy.

2. Saker frå klassane.

2. klasse:

-Kan me ha meir RLE?
Svar frå rektor: Kjekt å høyra at de likar RLE. Stortinget har bestemt kor mange timar me skal ha, det vert nok diverre ikkje fleire RLE-timar, men det er kjekt å høyra at de likar dei de har!

- Kan me ha meir engelsk?
Svar frå rektor: Svaret vert nok det samme som for RLE

- Kan me få fleire bilar ute?
Svar frå rektor: Det vert mange negative svar i dag. Når det gjeld bilar så har me nok så mange som har har plass til å lagre.

- Kan me få ein bil for to personar?
Svar frå rektor: Ja, kanskje kan me kjøpa tilhengar til eit par av dei bilane me har.....?

- Skal me ha friluftsdagar i år og.
Svar frå elevrådet: Ja. Heile skulen skal ha friluftsdagar i juni!

5. klasse:

- Det  manglar lys i ballbingen om kvelden
Svar frå rektor: Ja, det bør me få fiksa! Eg skal melde frå til dei som skal fikas det.

-Kan me få ut fleire smashballstenger? Det er berre to der no, og det manglar ball i den eine. Mange elevar vil bruka dei i pausane.
Svar frå rektor: Ja, me skal snart få opp dei fire me hadde.

-Me plukka bos 11.02. Då var det mykje bos. Bruk boskorgene.  Elevar som går tur, må ikkje kasta fruktrestar på gangvegen.
Svar frå elevrådet: Me  må vere flinke til å rydde opp etter oss både ute og inne. Kanskje mellomsteget må ta seg ein ryddetur langt vegen.  

- Nokre elevar frå småskulen går utfor området og langt opp skogen. Dei må få vita kor det er lov å vera.
Svar frå elevrådet:
Kanskje er det lurt at klassane tek seg ein tur og repiterer  kor langt det er lov til å gå.

6. klasse:

Me ynskjer målet tilbake på handballbanen slik at me kan bruka banen til fotball og handball. Går det an å flytta rampen slik at me kan bruka banen til slåball og?
Svar frå rektor: Dette må me snakka om etter påske. Skatarane vil ha beggge måla vekk, medan de vil ha begge måla oppe. Kanskje kan me ta ein tur og så på kva som er den beste løysinga saman med elevrådet.

7. klasse

- Kva tid kjem dei nye-pcane?
Svar frå rektor: Dei kjem no før påske. Skulane skal levere inn dei gamle i denne rekkefølga:

  1. Hystad skule (start mandag 07.03.2011)
  2. Leirvik skule
  3. Rommetveit skule
  4. Langeland skule
  5. Litlabø skule
  6. Tjødnalio skule
  7. Sagvåg skule
  8. Huglo skule
 
  1. Nysæter ungdomsskule
  2. Stord ungdomsskule
  3. Nordbygdo ungdomsskule

Kan me få drikkeflasker med logoen til Sagvåg skule på?
Svar frå rektor: Det skal eg sjå om me kan skaffe. Kanskje elevrådet kan selge flaskene til elevane på Sagvåg skule?

Kan me få skur til syklane?
Svar frå rektor: Nei, dei må nok stå ute dei timane me er på skulen. Ha dei inne heime og stell dei godt!

Kan rektor merka skulegrensa?
Svar frå rektor: Gå heller ein tur med klassen. Lærarane veit kor grensa går.

 

3. Grand prix

Det vert Grand prix 24. mars. Det er fint om alle de tenkjer på om de har lyst til  å vere med. Me har

Song, dans, Open klasse, instrumental. Påmelding samla frå klassane innan    22. mars.         

PS! No har me 4 Fatboy!

 

 
ELEVRÅD,  18.1.11

Desse møtte:
1. Jonas   2. Maria    3.Daniel     4.Charlotte  ( Sofie)   5.Kyrre  (Klemet )   6.Ingvild  7.Jon Bruno ( Jonas)

1.Saker frå klassane:

1.klasse:

  • Går det an å få høgare lyd på ringeklokka? Me høyrer ikkje klokka når me er oppe i skogen.
    Svar frå rektor: Nei, det går nok ikkje, men eg har tidlegare invitert dei  elevane som ikkje høyrer klokka til møte med meg. Det er nemleg andre måtar å klare å finne ut når klokka er 11.30. Flott om dei som vil avtaler eit møte med meg

  • Kan me få piggdekk til bilane?
    Svar frå rektor: Det hadde vore tøfft, men det er ganske mykje arbeid å skifte dekk på desse bilane så eg trur nok ikkje det.

  • Kunne me kjøpa inn gode tusjar til småskulen?
    Svar frå elevrådet: Me vil kjøpe inn gode tusjar til småskulen og mellomsteget. Anne Elisabeth ordnar det

 

2. klasse:

  • Minna om reglane for snøballkasting og at det heller ikkje er lov til å kasta is på nokon.
    Svar frå elevrådet: Ja, reglane er at me berre har lov til å kaste snøball på blink. Is er nesten like hardt som stein, så ingen må kaste det

 

4.klasse:

  • Kan me få fotbrett på alle stolane? Det er mange som har ramla av.
    Svar frå rektor:
    Det vert teke ein runde med dette no. (Me har byrja i 1.klasse)

  • Det er viktig å minna på at alle må vera forsiktige på isen. Det er mange som skubbar.
    Svar frå elevrådet: Me er heilt einige. Det er lett å ramla og slå seg.

  • Er det mogleg å få laga ei sykkel-løype her på skuleområdet? (for dei som går på mellomsteget)
    Svar frå rektor:
    Det trur eg at det er lite plass til. Me får diskutera det til våren. Aktivitetsleiarane må også få bestemme dette.

5. klasse:

  • Det luktar sveittelukt av merkevestane i gymnastikksalen. Kan dei vaskast?
    Svar frå elevrådet:Me har vaska dei i dag 18.1.11

  • Det var kjekt med skuleball før jul. Vert det fleire skuleball dette skuleåret?
    Svar frå rektor:
    Då var det elevane som arrangerte. De får låne skulen om de vil ha nytt ball. Snakk med foredra!

  • Det luktar av restavfallet  ved inngangen til storskulen. Kven har ansvar for å tøma sekkene i bosspanna?
    Svar frå elevrådet: Det er klassen som har ansvaret for å rydde ute.
    Vaktmeisrane skal tøme søkkel i utedunkane! (Det er Bendik og Torleif)

 

6. klasse:

  • Me ynskjer puter og saccosekker til å sitja på.
    Svar frå elevrådet: Ja, kanskje det hadde vore ein god idè med nokre saccosekkar.
    Svar frå rektor: Faktisk så har Egil og eg også diskutert dette i det siste. Kanskje skal me byrje med 2 stk 'Fatboy'. Så ser me kor mange me kjøper etter kvart.... ;-) Dei to første skal stå i biblioteket. Kanskje ved vindauga til gymsalen. Dersom elevrådet har litt pengar så kan det bli fleire!

 

  • Me ynskjer å ha ranslane inne i basen ved pulten. Mange er redde for tinga sine.
    Svar frå rektor: Dei tinga som ein er ekstra redd for bør ein legge i skuffa si. Der er det trygt. Elles bør ein nok ikkje ha med så alt for mykje verdisaker på skulen. Det kan jo hende at nokon tek det.

 

7. klasse:

  • Kan kommunen kome å strø skulebakken litt tidlegare om morgonen? Det er så glatt.
    Svar frå rektor: Det her nok vore travelt med strøing for kommunen denne vinteren, og det er mange som klagar på sein strøing. Dei jobbar nok så fort di kan :-)

Neste elevråd vert 15. februar kl. 10.

 

ELEVRÅD,  14.12.10

Desse møtte:

  • 1. Samuel

  • 2.  Maria

  • 3. Daniel 

  • 4. Charlotte  ( Sofie)

  • 5. Kyrre  (Klemet )

  • 6. Ingvild

  • 7. Jon Bruno ( Jonas)

1. Saker til elevrådet:

5. klasse:

- Skal ballbingen bli slik som biletet på utsida av han viser?
Svar frå rektor: Nei, dette er eit reklamebilete som viser ein type binge som me ikkje har.

 

6. klasse:

- Me lurer på kva for akebrett som er lov til å bruka på skulen?
Svar frå rektor: Det kom det infoskriv om i denne veka. Her er reglane:

Jhttp://gresvig.scene7.com/is/image/gresvig/516680?$ProductThumbnail100$Jhttp://gresvig.scene7.com/is/image/gresvig/516687?$ProductThumbnail100$

Lhttp://gresvig.scene7.com/is/image/gresvig/507462?$ProductThumbnail100$Lhttp://gresvig.scene7.com/is/image/gresvig/235400?$ProductThumbnail100$Lhttp://gresvig.scene7.com/is/image/gresvig/235136?$ProductThumbnail100$

- Er det lov å ta med ski og snowboard til skulen?
Svar frå rektor: Nei, ikkje vanlege skuledagar. 160 elevar ute i friminuttet med rattkjelke,ski og snøbrett ville ført til mange ulukker.

- Kan me får hårfønar i  garderoben?
Svar frå rektor: Er det straumkontakt der? Kom innom kontoret med forslag til praktisk løysing.

- Dusjane er for varme i gutagarderoben, og for kalde i jentegarderoben. Kan det gjerast noko med det? Strålene er veldig harde. Kan noko gjerast med det?
Svar frå rektor: Eg skal testa det. Det skal eigentleg vera samme temperaturen på alle dusjane.

 7. klasse:

-Kan me få Brelett i småpakkar?
Svar frå rektor: Ta det opp med Sunniva Sol. Ho bestemmer dette saman med Kari Myhre

-Kan lysa ute verte fiksa?
Svar frå rektor: Dei fleste er no fiksa. Dei siste vert det jobba med. Det er ein jordingsfeil.

Svar frå elevrådet: Det er mange elevar som sparkar i lyktestolpane. Det toler ikkje lysa, og då vert det i alle fall mørkt.

-Kan me få fleire fotballar?

Svar frå elevrådet: Alle klassane har kvar sin ball som dei må passe på. Dersom ballen vert øydelagt, kan de pante den hos rektor.

-Kan me ta vekk handballmålet?  Det er dumt når folk speler fotball når andre skater.
Svar frå rektor: Dette skal me ta opp til våren når trivselsleiarane er ferdige med vinterferien (1.mars)

                -Kan me få lengre etetid?
Svar frå rektor: Kor mykje tid treng de? Vil de vera lengre på skulen dersom de får meir pausetid?

-Kan me få lengre friminutt?
Svar frå rektor: Det kan gå greit, men hugs at lengre pausetid fører til lengre skuledag! Fltt om elevrådet vil lage forslkag til korleis skuledagen bør sjå ut. Slik er det no:

Måndag, onsdag og fredag

08:30-09:45
Undervisning

09:45-10:00
Pause

10:00-11:00
Undervisning & mat

11:00-11:30
Pause

11:30-12:30
Undervisning

12:30-12:40
Pause

12:40-13:35
Undervisning

 

Tysdag og torsdag

08:30-09:30
Undervisning

09:30-09:50
Fysisk aktivitet med assistent

09:50-10:00
Pause

10:00-11:00
Undervisning & mat

11:00-11:30
Pause

11:30-12:30
Undervisning

12:30-12:40
Pause

12:40-13:35
Undervisning

-Kan me få fleire smashballar?
Svar frå rektor: Ja, Bendik ordnar med det. Ta kontakt med han.

                -Kan me ha skeisebane bak biblioteket sånn som i fjor?

 Svar frå rektor: Nei, ikkje i år. Det er nok glatte bakkar som det er.

2. 6. klasse fortener ros fordi dei arrangerte eit kjempekjekt juleball

3. Nissemarsj- Når de ringjer inn på tysdag, så samlar me oss i ein ring på handballbanen. Kjekt om 1. og 2. står saman med fadrane sine. Elevrådet får faklar. Dei  andre elevane kan ha med seg lommelykt om dei vil. Nisselue er kjekt for alleJ Me syng ”På låven sitter nissen” før me går ein runde i løypa vår. Elevrådsrepresentantane får 2 boksar pepperkaker attende til klassen sin.  Kjekt med litt kos siste skuledag i år.

Neste elevråd vert 18. januar kl. 10.

 

ELEVRÅD,

Desse møtte:

  • 1. Jonas

  • 2.  Maria

  • 3. Daniel 

  • 4. Charlotte  ( Sofie)

  • 5. Kyrre  (Klemet )

  • 7. Jon Bruno ( Jonas)

1.Saker frå klassane:

1.klasse:

3. klasse:

  • Kan me få ein ny "slangestol"?, det er litt trongt å sitje.
    Svar frå rektor: Ja, det vert kjøpt nokre nye slangestolar etter jul.

  • Kan me kjøpa eller ta med oss juice som drikke?
    Svar frå rektor:
    Me har ikkje hatt sal av mat eller drikke på småskulen. Storskulen har kantine på torsdagen. Eg trur ikkje det er så bra med juice kvar dag for tennene, men det kan jo hede at me kan få lov til å han med juice som drikke.

  • Meir uteleiker?
    Svar frå rektor: Kva er det de sakanar?

  • ny lego?
    Svar frå rektor: Me er nok den skulen i Stord som har mest Lego! Kva er det de saknar?

  • fleire spel?
    Svar frå rektor: Ja, det kan me godt. Då må de skrive ned kva spel de vil at me skal kjøpe.

 4. klasse

          Ingen nye saker.

5. klasse:

- Går det an å få i orden fleire smashballar
           Svar frå rektor: Ja, me har fire stativ. Me kan gjere klar dei tre andre også.

-Verneutstyr til hender og kne er øydelagde
        Svar frå rektor: Då skal me kjøpe nytt.

 6. klasse:

Det er stort fleirtal i 6.klasse for at trivselsleiarane skal kjøpa inn felles sparkesyklar.
Svar frå rektor: Dette for me ta opp til våren. Trivselsleiarane har teke vinterferie no.

Saker til neste elevråd:

-  Mange av dusjane på ungdomsskulen virkar ikkje, dette gjeld både i jente- og gutagarderoben.
Svar frå rektor: No er dei fleste fiksa.

-  Me ynskjer høgt nett rundt ballbingen.
         Svar frå rektor: Det får de diverre ikkje, hent ballen når han fyk over ;-)

Klassen ynskjer å arrangera juleball. Dette blei diskutert i klassen. Elevane må skaffe vakter, og bestemme dato for ballet. Det blei fleirtal for at juleballet skal vera for alle i 5.,6. og 7.klasse.
Svar frå rektor: Kjell Byrknes jobbar med dette saman med elevane. Det er heilt greitt dersom dei som leiger denne dagen får melding om at dei ikkje kan trene. Det må spørje dei fordi det er dei som leiger fast som må bestemme det.

-Kan me få ein aketur i vinter?
Svar frå rektor: Jaa set vert det sikkert. Ta det opp med lærarane.

7. klasse:

Elevrådet minner om at fristen for å bestille skulegenser er forlenga til 1.11.

 

ELEVRÅD, 28. september

Desse møtte:

  • 1. Jonas

  • 2.  Maria

  • 3. Daniel 

  • 4. Charlotte  ( Sofie)

  • 5. Kyrre  (Klemet )

  • 6. Ingvild (Audun)

  • 7. Jon Bruno ( Jonas)

Les gjekk gjennom referatet frå sist elevråd.

Saker frå klassane:

1.klasse:

Minner om at det er viktig at alle er snille med kvarandre, og det er alle i elevrådet einige i.

2.klasse: Ingen saker

3. klasse: Ingen saker

4. klasse

  • Kan me få fleire stylter ?
    Svar frå rektor:  Ja, 4.klasse tek kontakt med rektor om kor mange me treng

  • Ønske om spel: Monopol og Musespelet
    Svar frå rektor:  Monopol tek jo uendeleg lang tid å spele, har de tid til det i skuletida? Kanskje noko for SFO. Kanskje kan me kjøpe Musespelet til 4.klasse dersom det er noko lærarane der meiner at me treng.

5. klasse: Ingen saker

6. klasse: Ingen saker

7. klasse:

  • Kan me få Brelett i kantina?
    Svar frå rektor:  Det må de ta opp me kantinesjefen (Sunniva Sol)

  • Kan me sleppe å bruke kne og albogevern på rampen?
    Svar frå rektor:  Nei, me held fast på dei reglane me har. Etter kvart som det vert større fart i rampen så kan det godt hende at de er glade for at kne og olbogar her vern.

  • Kan me vere inne i gym.salen i storfriminuttet?
    Svar frå rektor:  Dette er noko teamleiaren (Anne Elisabeth avgjer saman med dei andre lærarane på mellomsteget)

  • Er det lov å ha sparkesykkel på rampen?
    Svar frå rektor:  NEI!!!! Det har dei som har bygd rampen sagt at vil øydelegge han !!!

  • Kan me få sparkesyklar på skulen som me kan bruke felles?
    Svar frå rektor:  Kanskje....... Trivselsleiarane må vera med på å bestemme det. Ta det opp me dei, så diskuterer me det.

  • Kan me få ei vanleg reile på skulen?
    Svar frå rektor:  Nei, no har me så mykje fint utstyr ute at de finn sikkert på noko kjekt å gjere. Her er nokre bilete som Bendik tok ein dag:

  • Kan me få forheng mellom kvar dusj?
    Svar frå rektor:  Hæ? Forheng i dusjane? Når me er i offentlege basseng eller dusjar knytt til idrettsanlegg i Noreg så er det mest alltid felles dusjar. God hygiene er viktig , både i bassenget og etter gymmen. Dusj i veg!

  • Kan me få kantine 2 gonger i veka?
    Svar frå rektor:  Då vert det dobbelt så dyrt! Det kostar jo litt allereie no.... Det hadde nok gått fint, men det kan bli for mykje pengemas og....

3.       Informasjon om skulegenser:
No er brosjyrane klare. Anne Elisabeth vart lova at dei skulle kome på fredag. I dag er det tysdag og endå er dei ikkje komne.  Men. Plutselig :-)

 

 

Elevråd 31.august 2010

Desse er med i elevrådet i år (vara i parentes):

1. Jonas
2.  Maria
3. Daniel  
4. Charlotte  ( Sofie)
5. Kyrre  
(Klemet )
6. Ingvild (Audun)
7. Jon Bruno ( Jonas)

Saker:

1.    Val av leiar:

Jon Bruno vart leiar av elevrådet i år.

2.    Saker frå klassane:

         4.    klasse:

- Det er av og til nokre som er frekke med kvarandre ute.
Kommentar frå rektor: Det er IKKJE greitt å vera frekke med kvarandre. Det hadde vore fint om alle klassane gjennomgjekk trivselsreglane og visjonen for skulen vår! Her finn de dei>>


- Av og til er det nokon som kastar steinar og vatn i  sklia. Nokre ungar stoppar inni sklia og stoppar dei som vil renna.
Kommentar frå rektor: Der ikkje lov. Så mykje fint utstyr som me har ute no så må me ikkje øydelegge det! Tenk om me måtte stenge skia fordi det vart for mykje tull!

- Det er dumt å vera i pyramiden når nokon ristar så voldsomt. Me kan detta ned !

Svar frå elevrådet: Det er viktig at me tek omsyn til kvarandre. Kanskje alle klasse bør repetere trivselsreglane våre.

6. klasse:   

- Me ynskjer at mellomtrinnet skal arrangera diskotek/ball i gymsalen før jul.
Kommentar frå rektor: Ja, det kan de godt, men foreldre må vera med og ta ansvar. De bør også bestemma dato raskt fordi det er mykje utleige på skulen vår. Her finn de utleigekalenderen>>

- Me ynskjer ei stor klokka på veggen i basen vår.

Svar frå elevrådet: Dersom de ynskjer ei klokke i basen, så kan de bruke litt av gåvekassa.

- Me ynskjer at elevrådet kjøper inn disse spela: "kreditt monopol" og "Raft Cat".

Svar frå elevrådet: Me kan godt kjøpe nokre nye spel til både småskulest. og mellomst.  No har me nokre forslag frå 6. Kanskje er det fleire klassar som har forslag?

 

I fjor snakka elevrådet om å kjøpe inn "Fingerboard ramp". Me håpar me kan få det no.

Svar frå elevrådet:  Me ynskjer ikkje å kjøpe inn Fingerboard-ramp.  Me ynskjer ikkje at det skal verte eit kjøppress på dei som ikkje har fingerboard.

 

7.  klasse

Kan me få fleire pc-ar?
Kommentar frå rektor: Det er ingen elevar i Stord som har så mange PC-ar som elevane på Sagvåg skule. Eigentleg skulle dei PC-ane som storskulen har vore nok til heile skulen!! (Småskulen har nokre gamle PC-a som me fekk då skulen var ny) No i starten av året har det vore mange PC-ar på kontoret som ikkje kjem på nett. Når dette er ute igjen så håper eg at det er nok PC-ar.
Hugs også at det kan ta med eigne PC-ar om de ynskjer det. Mange har sikker minipc-ar heime. Tek de dei med på skulen så kan de logge på gjestenettet, men de må sjølve ta ansvaret for eigne PC-ar.

 

 

 

Skrivar:
Anne Elisabeth Trevland
-elevrådskontakt.- 
anne.elisabeth.trevalnd@stord.kommune.no
Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no