Elevråd 2009/10 Møteplan :
Dette året vert elevrådsmøtene kl. 10.00 på Bleikjo.
Tidlegare saker i elevrådet 2009/10»  | Læreplan for elevrådsarbeid >> | Tilbakeblikk på elevrådet>>
2009
 
Tysdag 1.sept-09Tysdag 29.sept-09Tysdag 27.okt.-09Tysdag 24.nov.-09
2010
 
Tysdag 12.jan-10 Tysdag 16.feb-10 Tysdag 13.april-10 Tysdag 11.mai-10 Tysdag 8.juni-10
Siste elevrådsmøte

Elevråd, 8. juni 2010

Desse møtte:

  • Einar Vesterheim

  • Birte Catrine Orre

  • Hallvard Lygre Hetlelid

  • Maria Støle Mjønes

  • Peter Valvatne Hadjidakis

  • Hilde Thunem

  • Kristoffer Røksund Hansen

Sak 1.
Sommarfest: Lars Bakka speler på elevrådet sitt lag. Emil(7) er dommar.

Sak 2.
Frå klassane:

2.   2. klasse

  • Kan me få ei vippa ute?
    Svar frå rektor: Nei, me får jobba med å få til ein skaterampe no først.

  • Kan me få nytt klasserom til hausten?
    Svar frå rektor: Me får sjå :-)

  • Kan me få sparkesyklar?
    Svar frå rektor: Det vert i såfall ein del av utleigeopplegget. Førebels har me det me har. (Og ikkje meir)

  • Kan me få fleire slike store spel (som t.d. sjakken)?
    Svar frå rektor: Kor har me plass til det?

3. klasse:

  •  Det er ikkje kjekt å bruka reila og sklia når det blir så mykje tull der. Kan alle klassane repetera reglane for bruken av desse leikene?
    Svar frå rektor: Ja, det gjer me til hausten.

  •   Me ynskjer oss pilkast (med sugekopp eller borrelås).
    Svar frå elevrådet: Ja, det kan godt hende at me kjøper pilkast som trivselsleiarane våre kan ha i boden.

4. klasse:

  • Mange elevar flytter på steinane som ligg utanfor inngangen til 2. og 4.klasse.
    Svar frå rektor: Ja, det er dumt. Dei må bort til slutt....

  • Kor lenge blir dei liggjande der?  Kanskje dei er vekke når me kjem i august?
    Svar frå rektor: Ja, kanskje litt etter skulestart.

5. klasse

  •  Me ønskjer ein pyramidekarusell ute.
    Svar frå rektor: Sorry!

  •  Me ønskjer ny lyd i ringeklokka.
    Svar frå rektor: Vår ringeklokke har berre denne eine lyden, diverre.

  • Forslag frå elevrådet: Same lyden som isbilen.
    Svar frå rektor: Ja det hadde vore flott :-)

6. klasse

  • Kan me høyre på musikk når me jobbar?
    Svar frå rektor: Nei, vanlevvis ikkje. Dette er noko de må ta opp med lærarane.
    Lærer de betre av å ha på musikk?

  • Kan me få luftfriskar på do?
    Svar frå rektor: Nei, me bør vek konsentrere oss om å halde det reint på toalette.

  • Av og til låser folk opp døra på do når me er der?
    Svar frå rektor: Ja, det er noko stort tull! Meld frå når det skjer!!

  • Kan me få høgtalar til smartboarden?
    Svar frå rektor: Den i 6.klasserommet skal brukast med CD-spelaren som høgtalaren.

Det var siste elevrådet for i år. Takk for ein god innsats

 

REFERAT FRÅ ELEVRÅDSMØTE 13. APRIL 2010.

Desse møtte: 

  • 1.Klasse- Einar Vesterheim

  • 2.Klasse- Birte Catrine Orre

  • 3.Klasse- Hallvard Lytre Hetlelid

  • 4.Klasse – Maria Støle Mjønes

  • 5.Klasse- Hedvig Vikanes Vervik

  • 6.Klasse- Hilde Thunem

  • 7.Klasse-

 

SAKER FRÅ KLASSANE

1. Klasse

- Kan me få leikehus ute?
Svar frå rektor: Det er noko eg har tenkt på, ei leikehytte?? Kan lavvuen som me har vera noko me kan ha ute no i vår? Kan 1.klasse ta kontakt med meg om dette?

- Kan me få kantine for småskulen?
Svar frå rektor: Eg trur nok at kantine er noko de kan sjå fram til når de tek til i 5.klasse ;-)

3. klasse

 - Me ynskjer fleire bøker om dinosaurar.
Svar frå rektor: Ja, flott! Fint om eleven som kom med forslaget kjem innom kontoret så kan me bestille ilag ;-)

- Kan småskulen  bruke bordtennisbordet ute? Me har lyst til å spele bordtennis.
Svar frå rektor: Kanskje lærarane finn ein måte å samarbeide slik at småskulen kan bruka det når storskulen ikkje er der? (Hugs at småskulen har trøbilar som storskulen ikkje får låne!!)

- No som me ikkje kan køyre med bilane på heile plassen ute p.g.a klatrestativet, ynskjer me å få utvida området som me kan køyre på.
Svar frå rektor: Ja....? Kor vil de køyra då? Ta kontakt med meg om dette!

4. klasse

-Det ligg eindel tyggis nede på plassen no.  Det er stygt.
Svar frå rektor: Det har vore sak i elevrådet før. Då rydda klassane. Me skal sjå på det igjen. No er skuleplassen sopa og rein for sand, og snart kjem det nye paradis ;-)

Svar frå elevrådet: Mellomssteget får ta seg ein tyggisdugnad nett som ifjor.

Me ynskjer fleire store paradis. Det beste forsvann under pyramiden.
Svar frå rektor: Ja, det kjem snart!!

5. klasse

 Me ynskjer fleire paradis.
Svar frå rektor: Ja ja, ja... Det kjem ;-)

Det er slakke tau i pyramiden. Det mangler også to skruar.

 Svar frå rektor: Eg veit det. Har no stramma nokre tau, men større tenger til nokre av 'strekkfiskane'.

6. klasse

Kan me ha Lan i skuletida?
Svar frå rektor: Nei, me har mykje anna som må gjerast i skuletida. Sorry!

Det er dumt at det er glasbitar på handballbana. Det er også dumt når det køyrer bilar når me har utegym.
Svar frå rektor: Ja, og dei som har knut har no sjølve plukka opp. Eg har også hatt kontakt med dei som har vore på taket på skulen og dei som øydela fine påskeliljer. Det er i alle fell greitt at me ALLTID finn ut kven som har gjort tulleting om ettermiddagen på Sagvåg skule . Takk til alle som hjelper til med det!

7. klasse

Me ynskjer ikkje at handballbanen skal brukast til parkeringsplass for bilar. Då går det ikkje an å bruke banen til ballspel
Svar frå rektor: Det er slutt på det no når me ikkje har studentar.

Det mangler ballpumpe. 5. og 6. klasse må passe på ballen sin sånn at dei ikkje treng å låne ball hos 7.
Svar frå rektor: Kom på kontoret mitt, eg har lager av pumper ;-)

Svar frå elevrådet:  Ja, alle klassane må passe på ballen. Kanskje me treng ei påminning om kva reglane er for fotball på mellomsteget. Altså: Alle tre klassane har kvar sin ball. Det er denne ballen  de skal bruke. Dersom de ikkje finn ballen,  må de bruke friminuttet til å leite. Dersom ballen vert øydelagt, kan de byte den inn mot ein ny hos rektorJ

Her er framlegg til kjekke aktivitetar på leikedagen: slå ball, fotball i ballbingen, gje eit lite vink, bom 50, stafett

 

SAK 2. LOGO TIL SKULEGENSER

No har me hengt opp alle logoane i Stokksund. Ta ein tur og sjå på dei. Mange fine motiv. Hugsar de visjonen til skulen vår?  Kanskje de skal kikke litt på den før de tek ei avstemming over kva for eit motiv som de tykkjer me skal ha.  Motivet skal seie noko om korleis me har det på skulen vår.  Anne Elisabeth ynskjer resultat av avstemminga innan 1. mai!

 

Neste elevråd: 11. mai kl. 10 på Bleikjo. 

Lærarane ordna litt på trivselsreglane då studentane overtok skulen. Desse vert sak på neste elevrådsmøte. Alle klassane må seie litt om kva dei tykkjer om reglane. Dette kan det skrive i referatet frå klassemøtet.

PS! No kan du lese referat frå klasseråd her>>

ELEVRÅD, 9.03.10

Desse møtte:

  • Joar Sørensen

  • Maria Støle Mjønes

  • Peter Valvatne Hadjidakis

  • Hilde Thunem

  • Kristoffer Røksund Hansen

Saker:

1. Det er fleirtal for at elevrådet skal jobbe for at me skal få skulegenser.  Me treng motiv til skulegenseren, og difor vert det teiknekonkurranse.
Tema er visjonen til Sagvåg skule:

Alle ved Sagvåg skule er  trygge og trivest
i eit godt læringsmiljø

Teikningane må vere tydelege utan altfor mange detaljer. Teikninga skal vere svart/kvitt. Klassane skal få hengje teikningane sine opp i Stokksund sånn at alle kan få sjå nøye på dei. Lærarane må snakkast om dette.

2.      Skuleskyss- No er det heilt flott å køyre skulebuss, seier elevaneJ

3.      Bøker: Dersom de er bøker som de har lyst til å lese som me ikkje har i biblioteket, så kom med ynskje.

4.      Saker frå klassane:

 

2. klasse:

Kan me få hoppetau? Dei me har er så fillete.
Svar frå rektor: Ja, det kjem hoppetau og meir til når snøen er borte. 1.april er det vår ;-)

6.Klasse:

Kan me skate på skuleplassen?
Svar frå rektor: Er det skaterampe de meiner? Då har nokon i elevrådet tidlegare arbeidd om noko som heiter 'Frifondmidlar'

Kan me måke ballbingen?
Svar frå rektor: Ja, flott!! Kom innom kontoret så skal eg finne utstyr til det!!

Neste elevråd er 13. april  kl. 10 på Bleikjo.

 

ELEVRÅD, 16.02.10

Desse møtte:

  • Einar Vesterheim

  • Birte Catrine Orre

  • Hallvard Lygre Hetlelid

  • Maria Støle Mjønes

  • Peter Valvatne Hadjidakis

  • Hilde Thunem

  • Kristoffer Røksund Hansen

Saker:

Sak 1
Me har fått tilbod på skulegenser. Vil me ha det? Skal elevrådet arbeide for at me skal få det? Dette må de diskutere i klassane.

      Sak 2
Grand prix: Me kjøper is til alle.  Dette året vert det kino og badebillettar som vert premie. Dersom ein heilt klasse vinn, så får dei 200 kr.  Kristoffer og Hilde er programleiarar.

3.   Sak 3
Skuleskyss
Det er ekstrabuss no. Dette er elevane kjempenøgd med
.

Sak 4
Elevrådet ynskjer at lærarane skal planleggje ein leikedag for heile skulen. Me kan lære oss nokre nye leiker og me kan finne fram hoppetau, hoppestikk...........

Svar frå rektor:
Til våren har me planar om eit kjekt opplegg ute med aktivitetsleiarar. Eg  kjem til å informera i elevråd om dette. Eg har også søkt om ein del pengar til forskjellig utstyr. Kanskje kan det vere oppstart etter påska?

5.   Saker frå klassane:

4.Klasse:

  • Når me er i skogen i den store pausen, høyrer me ikkje klokka. Det er dumt for då kjem me seint inn. Kan klokka bli sterkare. Det er veldig kjekt å vera i skogen. Kanskje går det an å få trådlaus ringjeklokke???
    Svar frå rektor:
    Ja, det stemmer nok det. Eg har også ein annan ide... Fint om dei i  4.klasse som har teke opp saka kjem innom til meg på kontoret så kan me diskutere dette.

6.Klasse:

  • Kan me få Brelett i kantina?
    Svar frå rektor: Ja, det skulle vel gå greitt. Ta det opp med kantinesjefen Tonje i 7.klasse
     

  • Kan me flytte bordtennisbordet inn att?
    Svar frå rektor: Ja, eg forstår at de ynskjer det, men når våren kjem så vert det nok kjekkare å ha det ute. Det stod ofte i vegen då det stod inne framfor amfiet.
     

  • Kan me få fisk eller tarantell i klasserommet?
    Svar frå rektor: Heilt greitt for meg. Snakk med lærarane dine om det. Akvarium har me på skulen. Eg har ikkje peiling på Tarantellar, men det høyrest litt skummelt ut....
     

  • Kan me bruke trehjulingane ute i snøen?
    Svar frå rektor: Nei, me ventar på våren.
     

  • Kan me få sykle til bading til våren?
    Svar frå rektor: Sorry. Det vert garantert ulykker når de trakkar på ned frå Nysæter. Å gå til bading er ein del av fysisk aktivitet kvar dag. Det vert også dumt for dei som tek buss då desse alltid må gå og kjem til bading lenge etter dei andre. Slik det er no kjem alle til omtrent same tida.

 

Neste elevråd er 9. mars kl. 10 på Bleikjo.

 

ELEVRÅD, 12. JANUAR 2010

Til stades:

Jonas Føyen, Birte Catrine Orre, Hallvard Lygre, Maria Støle Mjønes, Peter Valvatne Hadjidakis, Hilde Thunem, Kristoffer Røksund Hansen.

1.    Saker frå klassane:

3.klasse:

I morgon skal 3 klasse lage isskulpturar. Me håper at ingen øydelegg desse.

 

4. klasse:

- Det er 20 stk som må stå på bussen.

Svar frå elevrådet: Sjå  sak lenger nede.

 

5 klasse:

- Me ynskjer klokke på veggen i basen vår.

Svar frå elevrådet: Dei klassane som ynskjer eigne klokker, kan kjøpe med pengar frå gåvekassa.

 

- Me ynskjer musikk-c`dar som me kan høyra på når me har aktivitetar.

Svar frå elevrådet: Me har no kjøpt den nyaste Hit for kids. De kan låne denne til aktivitetar t.d. i gym.salen. Ha det kjekt!!!

6 klasse:

- Forslag til kva me kan gjere istadenfor å gå tur: kanonball eller stikkball i gym.salen.

 Svar frå rektor: Då vert det slik at me av og til har inneaktivitetar i gymsalen, men som regel vert det tur. Det er lærarane som bestemmer når det skal fere inneaktivitetar. Det er teamleiar Anne Elisabeth som snakkar med elevar og lærarar om dette.

- Me vil gå tur i løypa med kort i postkassa og vandrepokal.

  Svar frå rektor: Dette er ein mykje kortare tur enn den fysiske aktiviteten me har no. Me kjem ikkje til å la denne ture erstatte det opplegget me har no.

- Kan snøballblinken verte tydlegare? Det er ikkje lurt å lage snøborg o.l. foran blinken.

  Svar frå rektor: Eigentleg syntes eg at dei blinkaen eg spraya på i fjor ikkje var så fine når sommaren kom. Eg har difor berre vore glad for at dei forsvann litt... Kan nokre elevar frå 6.klasse komma inn til meg så kan me laga ein ny type blinkar.

7. klasse:

- Kva tid kan me starte opp igjen med kantine?
 Svar frå rektor: Kantinedrift vert det i frå februar for elevane i 5.-6. og 7.klasse.

- Me ynskjer yoghurt i kantina.
 Svar frå rektor: Det må i få fall også vere eit fast abonnement. Me tek no med yoghurt som eit alternativ på kantinelappen.

Svar frå elevrådet: Me håper at kantina snart opner for elevane på mellomst. Det vert onsdag som er kantine dag. Elevrådet diskuterte aktuelt pålegg: leverpostei, baconost, majones, syltetøy, brunost, kvitost, fårepølse/salami og tomat /augurk. Dei som har vore innom Fronter har kanskje lagt merke til at det går an å søkje på kantinejobb no.  

 

2.    Brev til Skyss om skuleskyss.

Anne Elisabeth har sendt fleire mailar til Skyss for å høyre om me ikkje kan få svar på brevet vårt, men me har framleis ikkje høyrt noko.  Foreldra har også engasjert seg ved å skrive brev om denne saka, men me må nok smørje oss med tolmod og sjå kva som skjer.

 

3.    Grand Prix:  Det vert Grand prix onsdag, 19. februar. Fint om de byrjar å planleggje. Kategoriane vert: song, dans, instrumental og open klasse.

 

Neste elevråd vert 9. februar kl. 10.

 

Elevråd, 24. november 2009

Elevrådsrepresentantar:

1.Einar Vesterheim
2. Birthe Orre
3. Hallvard Lygre Hetlelid
4. Maria Støle Mjønes
5. Peter Valvatne Hadjidakis
6. Hilde Thunem
7 Kristoffer Hansen Røksund

 

Sak 1:

1.klasse:
- Ingen må rutsje med pinne. Det er farleg.

2.Klasse:
- Ingen må kaste stein på rutsjebanen. Det er farleg.

3. Klasse:
-Det er litt tull i sklia, folk stoppar midt inni mellom anna. Treng me reglar for bruk av sklia?

Svar frå elevrådet: Sjå sakene til 1 og 2 klasse. Litt dumt å stoppe inni sklia. Det er viktig at ein ikkje er til hinder for at andre og kan ha det kjekt i skilia.

- Det same gjeld reila. Det er mange som står nede i sandbassenget.

Svar frå elevrådet: Det har vore regel at ein får 2 minutt på reila før andre slepper til. Det meiner me at er passelege. Høyrest ut som om elevane klarer å passe tida (tel til 120 i passeleg fart) Me tykkjer at det ikkje skal vere fleire enn 3 personar oppi reila omgongen.

  • Har de fått svar frå busselskapet på spørsmålet om ekstrabuss?

Svar frå elevrådet: Nei. Dessverre har me ikkje høyrt noko endå.
- Det er nokon som driv og sparkar i lyktestolpane slik at lyset går av.

5.klasse:

  • Kor tid kan kantina opnast att?

  • Me ønskjer fingerboard-park.

 

  Svar frå rektor:
Kantina opnar når me er ferdige med Svineinfluensa.

6 klasse:

- Kan me få fleire nye bøker? Me ynskjer grøssarar og andre skumle bøker.

 

  Svar frå rektor:
Då må de vere greie å komma med titlar på kva bøker de ynskjer. Her kan du finne dei bøkene me har>>

7. klasse:

  1. Me ynskjer utelys ved kråkereiret. Me er der når det er kveld og.

  2. Me treng nye øyreklokker til pc-ane.

  3. Me ynskjer andre aktivitetar enn berre å gå tur.

 

 

 

Svar frå rektor:
  1. Ja, det kunne nok vore koseleg.... men eg trur nok at de bør ta med lommelikt. Før var det slik at det var litt lys i vindauga på skulen også om kvelden, det vil eg prøva å få tilake igjen. Då vert det litt lysare ved kråkereiret også.
  2. Ja, det skal eg ordna. (Etter jul)
  3. Ja, no er det slik at me i friminutt og gymtimane har mange ulike aktivitetar. I 'fysisk aktivitet kvar dag' har det til no vore tur. Elevråde kan kanskje komma med gode forslag der alle tre klassane på mellomsteget kan vera med!

Sak 3- Bordtennisturnering

Det var 21 elevar frå Sagvåg som var påmeldt. Mange med fine resultat. Gratulerer. Sjå Stord bordtennisklubb for å finne resultata. http://www.stordbtk.no/detaljer1.asp?id=2156

 

Sak 4 Nissemarsj

Elevrådet vil at me skal gå Nissemarsj. Møt på framsida av skulen torsdag, 10. Desember kl. 8.40(så fort som mogleg. Ta med lommelykt og nisselue. Me skal syngje På låven sitter nissen. I år går me rundt vår eigen turløype. Her kan du sjå bilete frå i fjor>>

 

Sak 5 Reglar for snøballkasting

Hugs at dersom det vert snø, så er det kun på blinkane der er lov å kaste snøball.

Neste elevråd vert 12. januar 2010 kl. 10.

 

Skrivar:
Anne Elisabeth Trevland
-elevrådskontakt.- 
anne.elisabeth.trevalnd@stord.kommune.no
Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no
REFERAT ELEVRÅD, 27.oktober 2009
1.Einar Vesterheim
2. Birthe Orre

3. William Vikanes Risnes
4. Maria Støle Mjønes
5. Peter Valvatne Hadjidakis
6. Hilde Thunem
7. Marius Larsen Arnevik


Saker:

Sak 1: Referat frå sist elevråd

Me såg litt på referatet frå sist elevråd. Brevet til Skyss er sendt, men me har ikkje fått noko svar endå.

 

Sak 2: Saker frå årsstega:

2. årssteg:

            1. Kan småskulen få ny fotball? Den dei har er så elendig.
            2. Får småskulen ha størst rett til dei nye leikeapparata?

Svar frå elevrådet: Me diskuterte dette og fann ut at alle måtte få lov til å bruke leikeapparata.

3. Kan me få grus/singel utfor inngangen til den nye rutsjebana? Det er så skittent utafor.

 

 

 

Svar frå rektor::
1. For å få nye ballar må de levere den gamle på kontoret så får det ny.
2. Nei, leikeapparata er for alle, men me har ikkje laga system for bruken endå. Eg trur at det er nok om reila vert fordelt på ein klasse pr. dag. Det andre bør vere felles for alle.
3. Inngangen til rutsjebanen er ikkje klar. Her skal det gjerast meir. Slik det er no er det både for bratt for skittent.

3.årssteg:

 - Det vert så mykje kø i dei nye leikeapparatene. Kan me ha liste på når me kan bruke dei?

 

 

Svar frå rektor:
Eg trur at me skal prøve utan liste. Kanskje vert det så mykje å leike med at alle får noko å leike med.

4 årssteg:

            1. Det er berre eit lys som virkar ved ballbingen om kvelden

2. Det er så skite på vei opp til den nye "tunnellen", så det blir veldig skit inni, og me blir svarte på klea når me bruka den.

  Svar frå rektor:
1. Ja, eg veit det. Eg har meldt frå om dette og dei andre utelysa. Det vert fiksa ein dag.
2. Ja, alt er ikkje klart der enndå.

6 årssteg:

1.Me ynskjer oss fleire Yggdrasil/Midgard-bøker. Me har ikkje nok til halve klassen eingong.

2. Skatebordrampe/rails.
             
Svar frå elevrådet: Sjå på referatet frå sist elevrådsmøte.

3. Kan me få fleire kortstokkar?
               Svar frå elevrådet:
Me vil kjøpe inn 2 kortstokkar til kvar klasse. Me har sett at elevane på                mellomst. har brukt dei i pausane. Kjekt og sosialtJ

 

  Svar frå rektor:
1. Dette med innkjøp av lærebøker er noko lærarane planlegg frå år til år. Det kan godt hende at lærarane også ynskjer fleire bøker av t.d. Yggdrasil/Midgard, men me har allereie brukt alt for mykje pengar til læreøker i 2009. Kanskje vert det kjøpt våren 2010?

1. Kan me få høgare ringelyd på ringjeklokka, slik at ein høyrer den dersom ein er oppe i skogen.

2.  Kan me starte med kantine att? Me ynskjer også fleire tilbod i kantina.

3. Fll-elevane lurar på kvifor Art-elevane slepp å gjera arbeidet dei går glipp av?

Svar frå elevrådet: Lego l. gjengen fekk vere med på lego l. fordi dei hadde kapasitet til å vere med på  det i tillegg til det vanlege skulearbeidet. Art-gjengen får undervisning medan dei er ute av klassen. Dei jobber ikkje med det same som klassen, men lærer andre nyttige ting.

4. Nokre ynskte dyr/akvarium i klasserommet.

 

  Svar frå rektor:
1. Nei, den ringer høgt nok. Alle elevar følgje med når klokka går mot 11:30. Då er matfriminuttet slutt.
2. Me tek nok til med kantine att når denne influensa-perioden er over, kanskje etter jul?
3. Fll-elevane slal berre vera SÅÅÅ glade for at det får vera med på FLL!! ;-)
4. Akvarium har me...men utan fisk... Ta det opp med kontaktlæraren. Andre dyr er ikkje aktuelle.

Sak 3- Bordtennisturnering

Bordtennisklubben inviterer til skulemeisterskap i bordtennis. Lærarane må samle påmeldingar frå sitt årssteg og levere dei til Anne Elisabeth innan onsdag, 11. november.

Bordtennisklubben ynskja kontaktpersonar frå elevrådet, så det vart Hilde og Anne Elisabeth.

 

Skrivar:
Anne Elisabeth Trevland
-elevrådskontakt.- 
anne.elisabeth.trevalnd@stord.kommune.no
Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no
REFERAT ELEVRÅD, 29. september 2009
Elevrådsrepresentant
1.Einar Vesterheim
2. Birthe Orre
3. Hallvard Lygre Hetlelid
4.
5. Peter Valvatne Hadjidakis
6. Hilde Thunem
7. Kristoffer Røksund Hansen


Saker:

Sak 1 Saker frå årsstega:

4 steg:

  • Kan me få eigen buss? Det er mange elevar som må stå. Ikkje alle ungdommane flytter sekken om sjåføren seier det til dei. Det er ikkje nok plass om alle flytter sekkene heller.

 

 

Svar frå elevrådet:
Elevrådet har sendt brev til Skyss for å leggje fram saka vår. Det hadde sjølvsagt vore trygt og flott om det hadde vore sitjeplass til både store og små.

6 steg:

  • Me har lyst på skateboardrampe-halfpipe/rail.

 

 

Svar frå elevrådet:
Det er noko som heiter Frifond som ungar eller ungdommar(med hjelp av foreldra) kan søkje på. Nokre elevar på Rommetveit søkte på dette og fekk seg skateboardrampe til skulen der. Kanskje nokre skateboardinteresserte elevar frå mellomssteget kan ta saka? Meld frå til Anne Elisabeth dersom du er interessert.
  • Me ynskjer ei klokka ute på veggen sånn at det vert lettare å vite når dei små friminutta er over.

 

 

Svar frå rektor:
Alle skuleelevar bør ha eigne klokker. Då kan de sjølve sjå kva klokka er. Det kostar også mange tusen kroner å få montert ei uteklokke. Ho må ha straum og vere av god kvalitet. Det er også berre dei som er der klokka heng som ser ho.

7 steg:

  • Kjem det eit bordtennisbord til? Når i så fall?
 
  Svar frå rektor:
Stord bordtennis har sagt at dei ville ha kurs for elevane ved Sagvåg skule etter skuletid. Då skulle me få fleire bord av dei. Dette er noko me får gratis så eg har ikkje lyst til å masa, men dei har sagt at dei kjem med kurs og bord.
  • Kan det  det  ringe i småfriminutta? Då kan me gå opp i skogen å vere og samtidig vite når pausen er slutt.

  Svar frå rektor:
Ved Sagvåg skule er det no slik at det ringer inn kl 08:30 og etter mat kl 11.30. Årsaka til dette er at det ikkje er meininga at heile skulen må ha dei andre pausane samstundes. Det trur eg at me skal vera glade for no når det kjem meir kjekke leikeapparat ute. Tenk om det alltid var 160 elevar ute i alle pausar, då hadde det blitt lenge å venta for den som ville nytta leikeapparata.
Eg trur også at det kan bli travelt om ein skal langt opp i skogen for ein 10  minutt pause.
  • Me ynskjer ei veke i året der me kan velje kva me vil jobbe med t.d. skateboard eller noko anna du er interessert.
  Svar frå rektor:
Før var det noko som heitte 'Eleven sitt val'. Dette har Stortinget bestemt at me ikkje skal ha meir. Likevel kan de snakka med lærarane om me kan har ei temaveke, men det me då gjer må ha noko med faga å gjere. Skateboard er jo gym, og  lage skaterampe er Kunst og handverk!!!  ;-)
  • Me har lyst til å  ha kassabilløp.
  Svar frå rektor:
Høyrest kjekt ut, men det er kanhende noko som høyrer meir heime på fritida... ?
  • Kan me få fleire 3 hjulingar.

  Svar frå elevrådet: 
No har me ganske mange syklar som me må prøve å halde orden på.
  • Kan me få sykle på syklane våre i storfriminuttet?
  Svar frå rektor:
Sorry, de får berre nytta dei syklane me har på skulen.

Sak 2: Mobiltelefon på skulen.

Her på Sagvåg skule har det vore lov til å ha mobiltelefonen med seg på skulen nokre år no. Lærarane på skulen har merka at telefonane til tider blir brukt til ting det ikkje er meininga at dei skal verte brukt til i skuledagen. Det kan vere t.d. å ringje heim for å spørje om ting som dei bør spørje dei vaksne på skulen om istadenfor eller å bruke telefonen til musikkspelar på stader der det ikkje er greit.

Det er ikkje sikkert at me bør ha lov til å ha mobilen med på skulen???? Elevrådet har bestemt at me vil gje oss sjølv ein sjanse til.

Då må alle vite kva reglane for mobilbruk er:

  • Mobilen skal vere avskrudd og liggje i skuffa i timane.

  • I friminutta kan mobilen vere på og du kan bruke den til å spele musikk på.

  • Dersom du får lov til å høyre musikk når du jobber i timen, så bruker du Mp3 spelar.

  • Hugs at ein ekskursjon også er undervisning.

  • Me bruker ikkje mobilen til å ta film eller bilete med på skulen.

  • Dersom du av ein eller anna grunn må ha telefonen på, skal du ha melding heimefrå.

  • Dersom me ikkje held reglane, kan læraren ta mobilen og behalde den til skuleslutt neste dag.

Elevrådet vil vurdere mobilbruken att etter jul.

Sak 3

Når me skal ete og vaske hendene fyrst så manglar det ofte såpe. Elevrådet minner om at ein ikkje treng å trykkje meir enn ein gong på såpa. Ein gong held til begge hendene. Pass og på at de ikkje bruker meir papir enn de treng.

 

Skrivar:
Anne Elisabeth Trevland
-elevrådskontakt.- 
anne.elisabeth.trevalnd@stord.kommune.no
Svar frå:
Lars Bakka 
-rektor-
lars.bakka@stord.kommune.no

 

REFERAT FRÅ ELEVRÅDSMØTE 1.september 2009

Elevrådsrepresentant

Vara

Einar Vesterheim 1.klasse

 

Birthe Orre, 2.klasse

Joar Sørensen

Hallvard Lygre Hetlelid, 3.klasse

William Risnes

Maria Støle Mjønes, 4.klasse

Vilde Risnes

Peter Valvatne Hadjidakis , 5.klasse

Hedvig Vikanes Vervik

Hilde Thunem, 6.klasse

Sunniva Sol Nygård

Kristoffer Røksund Hansen, 7.klasse

Ida Aakvik

 
 

Saker:

Sak 1: Val av leiar.

Hilde vart valt til leiar for elevrådet.

 

Sak 2  Saker frå årsstega:

2.klasse

Me ynskjer oss

  1. Reilestetiv

  2. Karusell

  3. Leikehytte

  4. Fleire stylter

  5. Fleire sparkesyklar

  6. Ein sandkasse til (stor)

  7. Fleire ballar

  8. Utstyr til hyttebygging i skogen

 

 

Svar frå rektor:
  1. Sjå lenger nede i referatet
  2. Det er ikkje karusell i planane...
  3. Kva type hytte tenkte de på? (2.klasse tek kontakt med rektor)
  4. Kor mange treng me?
  5. No kjem det mykje nytt så kanskje me klarar oss utan ny sandkasse
  6. Sjå referatet lengre nede.
  7. Kva treng de?
 

5.klasse

  1. Kan me få låne pc med oss heim?

  2. Me ynskjer fleire trehjulingar.

  3. Me ynskjer nye fotballar.

  4. Kan me få nye tau i skogen?

 

 

Svar frå rektor:
  1. PC:
    Me kan diverre ikkje låne heim PC-ar. Dei er laga slik at de ikkje kjem på nett med dei andre stader enn på skulen
  2. Trehjuling:
    Det kan me godt, men først må det vise at de klarer å halde orden på dei syklane me har!.... ->
  3. Ballar:
    Ballar har me eit system for. Det er slik at kvar klasse, eller team har nokre ballar. Eg har tidlegare kjøpt inn ein handball, ein fotball og ein basketball til kvar klasse. Snakk med læraren din om kor dei er. Vert ein fotball øydelagt så kan de 'panta' han på kontoret og få ut ein ny (Eg har lager med ballar)
  4. Taua i skogen:
    Ja, det vert ein del nytt no i oktober!!
7.klasse
  1. Kan me få speil i garderobane? No er det kun speil på toaletta.

  2. Kan elevrådet kjøpa inn spelet "Piccolo". Det er eit kortspel.

Svar frå elevrådet:

Kristoffer undersøkjer kor mykje det koster og  kva alder det passer for.

 

 

Svar frå rektor:
  1. Speil:
    Nei, det er noko med at speil skal festast slik at dei ikkje dett ned. I garderobane er det fliser og ikkje så lett å få til. Bruk toaletta i garderober og så er det jo også speil i toaletta i gangen utanfor garderobane!
  2. Pocco:
    Kristoffer tek kontakt med meg om dette. (Eg treng meir informasjon. Er det nokon som har selet heime?)
 
Sak 3  Rektor informerer om uteområdet.

Det skal kjøpast utstyr for ca. 600 000 kr.

Banansklie, badesklie,  tunnel til å krype gjennom, utviding av hinderløypa, kråkereir, liten klatrevegg i skogen, klatrevegg i fjellveggen  og eit stort klatremonument  (7 m høgt).  Dette kjem i løpet av oktober.

Alle årsstega skal få låne katalogen. Alle pengane er ikkje brukt endå, så  dersom det er noko som ser veldig kjekt ut, kan de kome med ynskje (litt raskt).  Fleire bilete av ting som kjem>>

 

 

 

Svar frå rektor:
Fint om klassane seier noko om kva type reile de helst vil ha: (Fint om lærarane sender meg mail med avstemningsresultat i klassane)

   ELLER: