- OG ANDRE KULTURFORMIDLINGSTILTAK
   VED
SAGVÅG SKULE

http://www.dks-hordaland.no/kommune/skole.asp?SkoleID=181

 

Aktivitetskalender

Heavy-katten
Publisert: Fredag 19.september 2008 kl 10:40

Torsdag 18. september fekk alle elevane vere med på framsyninga til Heavy-katten. Dei fekk læra korleis ein tøff rockelåt skal spelast. Elevane var ivrig med i heile konserten.

Tekst: Kari Almås Foto: Kjell Byrknes

Flott konsert
Publisert: 14.november 2007 kl 13:40

I dag, onsdag, har småskulesteget hatt konsert med musikarane Magnus Blom, Grethe Hylland og Werner Bryn.

Tekstane og musikken var knytt opp mot sol, regn og vind. Me fekk vera med på ein kjempefin konsert.

Tekst & foto: Kari Almås

'Nøkkelen på syndentur og alver på skateboard'
Publisert: 12.november 2007 kl 21:15

I samband med Barnelitteraturfestivalen, fekk 5.steg besøk av Nina Langeland og Jens Kristensen. Kristensen er illustratør og viste oss fleire barnebøker som han har illustrert. Elevane har førebudd seg ved å lesa tekstar av Oskar Stein Bjørlykke og Kråkevisa. Elevane fekk vera ekte kunstnarar, og malte kvar si kråke på lerret. Det var kjempekjekt, og kråkene blei veldig forskjellige og flotte! I helga kjem dei til å henge på utstilling i Kulturhuset slik at alle som vil kan sjå dei. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Myhre

 

Falturiltu
Publisert: 8.november 2007 kl 11:50

I samband med nynorsk barnebokfestival 2007 (Falturiltu) kjem mange forfattarar til Sagvåg skule. Her er det Roald Kaldestad som er i aksjon. I dag har me også hatt vitjing av Arnt Birkedal og Hans Sande.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Aasne H Vikanes

 

'Brødfanten' vitja Sagvåg skule
Publisert: 6.november 2007 kl 12:20

1 steg på Litlabø og Sagvåg skular har hatt besøk av Irene Simonsen og Elin Sofie Lotsberg. Me fekk sjå forestillinga Brødfanten og andre skabelonar.

Det var ei kjekk stund for alle.  Fleire bilete finn du her>>

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 

Rikskonsert for mellomsteget
10.oktober kl
15:15

5-7 steg fekk vere med på konserten "Vi improviserer" i dag. Musikarane var kjempeflinke, og me koste oss veldig både elevar og lærarar. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Stella East var hos oss
25.september kl
12:15

I dag har 2.steget hatt besøk av kunstnaren Stella East. Ho viste oss ein del bilete ho hadde laga sjølv. Ho lærte og elevane å blanda fargar og måla regnboge. De finn bilete av nokre av dei fine måleria elevane laga. Fleire bilete på sidene til 2.steget>> og 3.steget>>

Tekst: Brita Flatøy Foto: Brita Flatøy, Laila Magnussen, Aasne H Vikanses

Ny arkitektur med 6.steget
4.september kl 20:45

Sjette steget var på ei utstilling om norsk samtidsarkitektur på Kulturhuset. Der fekk dei sjå bilete og modellar av ulike moderne bygg. Dei fekk og sjå korleis moderne arkitektur var med på knyta eldre bygg saman med nye. Gjenbruk av materialar fekk dei og sjå eksempel på. Etter all denne inspirasjonen fekk dei prøva seg som arkitektar ved å bygga hus i papir og ulike materialar. Arbeida blei til slutt stilt ut. Mange flotte og kreative bygg! Fleire bilete på nettsida vår>>

Tekst & foto: Kjell Byrknes

 

Hystad skule
Publisert: 12.06.07 15:45

I dag har me hatt vitjing av 7. steget på Hystad skule. Då har songe folketonar, dramatisert og dansa for oss.

Tusen takk til elevane, Odny og Per Øystein.

Tekst: Kari Almås Foto: Aasne Vikanes

Ei STOR oppleving
Publisert: 10.05.07 23.45

Saman med alle elevane på 6.steget på i Stord kommune fekk også våre elevar oppleva å spela saman med Bergen filharmoniske orkester og Beat-20. Det vart to flotte konsertar med Grieg som tema på Vikahaugen torsdag ettermiddag.

Tekst og foto: Lars Bakka


Foto: Anne Elisabeth Trevland

Flott Griegkonsert Her er filmen>>
Publisert: 09.05.07 kl 15.45

Elevar frå 6.steget på LItlabø- og Sagvåg skule framførte saman med HSH studnentar og musikarar frå Bergen filharmoniske orkester (BFO), samtidsorkesteret BIT 20 ein flott konsert for alle elevane frå begge skulane i gymsalen ved Sagvåg skule i dag. I morgon er det STOR konsert på Vikahaugen for alle elevane i Stord. Du finn fleire bilete (og snart film) her>>

Tekst: Lars Bakka og foto: Anne Elisabeth Trevland

Edvard Grieg og 6.steget
Publisert: 04.05.07 kl 10.45

Det er 2 høgskulestudentar og 2 musikarar som er hos oss i denne og neste veke. Alle får spele instrument, og alle er veldig ivrige. Det vert også tid til litt leik. Me gler oss til torsdag, for då skal me vere på Vikahaugane heile dagen. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

Grieg-jubileet 2007
Publisert: 03.05.07 kl 08.30

I år er det 100 år sidan Edvard Grieg døydde, og dette vert markert over hele landet. I samband med jubileet har barneskulane i Stord fått ei flott jubileumsgåve. Bergen filharmoniske orkester (BFO), samtidsorkesteret BIT 20 ensemble og Grieg 07 i Bergen tilbyr, i samarbeid med Høgskulen Stord-Haugesund, eit flott opplegg i veke 18 og 19.
Musikarar og studentar kjem til skulane for å laga komposisjonar saman med elevane på 6.steget. Dette samarbeidet munnar ut i ein lokal konsert på Sagvåg skule onsdag 9.mai kl 12:00 og ein stor konsert på Vikahaugen torsdag 10.mai

Torsdag 10.mai klokka 13:30 kjem alle barneskuleelevane i Stord til å få oppleva BFO og elevane frå 6.steget i samspel på Vikahaugen. Det vert også konsert kl 17:00 som er open for foreldra og andre!

 Dette fører til at alle får ein utvida skuledag torsdag 10.mai. Ingen elevar er tilbake til skulen før kl 15:00

6.steget kjem til å vera på Vikahaugen med BFO heile dagen og er ikkje heime før etter den siste konserten som tek til kl 17:00

 Det kjem meir informasjon i eige skriv og på arbeidsplanane til elevane.

Tekst:: Lars Bakka

 

Raudt lys
Publisert: 19.03.07 kl 11:55

Fyrste del av dagen i dag var småskulen i Kulturhuset og såg teaterstykket
"Rødt lys", som er skrive av stordabuen Per Jan Ingebrigtsen. Elevane storkoste seg og fekk vera med på både song og dans!

Fleire bilete på sidene til  1.st>> 2.st>> 3.st>> og 4.st>>

Tekst: Jenny Sætre Foto: Aasne H. Vikanes

 

Kunstutstilling
Publisert: 13.11.06 kl 19:00

Tysdag 14.november får elevane på 5.steget oppleva utstillinga "Musikk frå ein blå brønn" på Galleri Giga på Leirvik med verk av m.a. Alf Ertsland, Kari Mostraum, Charlotte Tvedte og Turid Vikene. Det er midlar frå Den Kulturelle Skulesekken som gjer dette mogleg.

Tekst  Lars Bakka

Tonane øve bruo
Publisert: 16.10.06

Folkemusikkveka vart markert ved Sagvåg skule med konsert med Trio Vest og Fylkesmusikarar. det var elevane på 5. til 7.steget ved Litlabø- og Sagvåg skule som fekk denne musikkopplevinga i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka

Teater
12.september 2006

Elevane i 1. til 4.steget fekk sjå framsyninga ”Hvorfor de kongelige ikke har krone på hodet” av Prinsesse Märtha Louise på Litlabø samfunnshus i dag.

Tekst og foto: Gro Akselsen Halvorsen

 

Aktivitetskalender 2005/06
Konsert
10.mai 2006

Visste du at Ole Bull hadde konsert på toppen av ein pyramide? Eller at Geirr Tveitt fekk frakta eit piano mellom to dromedarar inn i Sahara for å ha konsert? Det, og mange andre artige fakta om avdøydde og nolevande komponistar, veit me, etter at me var på ein kjekk konsert med Trio Vest onsdag 10. mai. Dei spela variert og fin musikk, og elevane var gode publikummarar. Fleire bilete

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

'Guds gjøgler'
5.mai 2006

Fredag 5.mai fekk elevane på 1.-4.steget oppleva framsyninga 'Guds gjøgler'. Fleire bilete

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Rikskonsert
8.mars 2006

I dag var det rikskonsert for elevane på 1. til 4.steget. Amfiet fungerer flott som konsertsal!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Kunstnar på vitjing
16.april 2006

Måndag 24.april får elevane på 6. og 7.steget møta biletkunstnaren Ingunn van Etten. Møtet er eit resultat av 'Den kulturelle skulesekken'

Du kan lese meir om van Etten her: http://www.hardingpuls.no/folder25/katalog_pdf/18-19_I.v.Etten.pdf

Kunstverk finn du på heime sida hennar>>

Tekst: Lars Bakka

Kunstformidling
24.april 2006

Ingunn van Etten fortalde om arbeidet sitt som illustratør til barnebøker, og om ulike teknikkar som kan brukast. Kjekt å få høyra ein ekte kunstnar fortelja. Til slutt fekk elevane på 6. og 7.steget teikneoppgåver. Biletet frå møtet med 6.steget

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

 

Onsdag 5.april: 6. og 7.steget på teater KYSS MEG>> Buss 12:05

 

Aktivitetskalender 2004/05
  • Onsdag 1.desember 2004 kl 13.00
    Litlabø Samfunnshus
    Jakten på den forsvunnede buksa (Haugesund teater)
    5.-7.årssteg.
    Sjå bilete frå framsyninga>>
  • Torsdag 13.januar 2005 kl 11.30
    Litlabø Samfunnshus Mina og draken (Hordaland Teater)
    1.-4.årstteg

12.april 2005

Kulturformidling

Elevane i 1. til 4.årssteg vil 21.april få vera med på forfattarbesøk med Solfrid Sivertsen på Litlabø samfunnshus kl 10.00. Dette er ein del  av det nasjonale prosjektet 'Gi rom for lesing'

Elev på  6. og 7.steget kan gle seg til Verdas bokdag, då vil dei få ei bokgåve. Elevane kan allereie no sjå nærare på bøkene her>>

Og som om ikkje det var nok! Måndag 18.april får elevane i 5. til 7.steget oppleva danseframsyninga 'Dans for deg' i Litlabø samfunnshus. Dette arrangementet er det 'Den kulturelle skulesekken' som står bak.

Tekst : Lars Bakka

 

 
Kultur og kyrkedepartementet har løyvd 3 millionar kroner til Hordaland til satsinga på "Den kulturelle skulesekken". Les meir>>

Kanskje kan ein del av desse midlane setja vår skule i stand til å gjennomføra:
  a) 6.klasse får oppleva Mostraspelet våren 2003
  b) Kunstnar/forfattarbesøk til Sagvåg skule

  c )Teatebesøk


-rektor-

Sjå også:60 friske millionar til Den kulturelle skulesekken>>

 

Innhald