Oppdatert 03.01.2023 
VÅREN 2021   Arkivet  Hausten 2020>>
Juni 2021




Avslutning i amfiet med heile skulen
Tysdag 22. juni 2021

Det er alltid litt rart når den siste skuledagen plutseleg er her. Med rockekonsert og sommarsong avslutta me skuleåret i amfiet.
God sommarferie til alle, og spesielt til 7.klasse som no er ferdige på Sagvåg skule.


Tekst: Lars Bakka Foto: Liljan Vestbøstad Waage & Lars Bakka


Sju år på Sagvåg skule
Tysdag 22.juni 2021

I dag tok me farvel med 7.klasse. Det aller første møtet var på førskuledagen i mai 2014. Elevane vart også den gongen ynskte velkomne av Queensway. Det er ikkje meir enn rett og rimeleg at me etter sju år seier farvel til kvarandre med ein god klem frå gode gamle Queensway.

Her er heile sag14 & Queensway:  Her er den første førskuledagen i 2014

Tekst:Lars Bakka Foto: Egil Petterteig m.f.


Knust av dei tilsette!
Tysdag 22.juni 2021

Elevane i 7. klasse måtte, etter sju år på Sagvåg skule, berre innsjå at dei tilsette framleis er dei beste fotballspelarane. Dei vaksne vann kampen 4-2
... men etter kampen var det elevane som tok hevn og dynka administrasjonen....

  Fleire bilete:
Tekst: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes & Beate M Føyen




Avslutning for 7. klasse
Måndag 21.juni 2021

I kveld var det avslutning for 7. klasse. Det vart ei fin markering mad talar, gåver og flotte kulturinnslag frå elevane.

Tekst & foto: Lars Bakka





Siste friluftsdag for 7. klasse
Fredag 18.juni 2021

- blei brukt på sykkeltur til Dagfinnsvikjo. Med to vaksne som har godkjend livredningskurs, kunne me endeleg sei ja til den freistande badinga, og det var det nokre elevar som nytta seg av. Ein flott tur med ein flott gjeng🤗
  
Nokre glimt frå Fiskarelva torsdag 17.juni
🐟 :


Tekst Hildegunn SHeimro Foto Hildegunn S Heimro og Liljan V Waage



Aktivitetsdag
Fredag 18. juni 2021

Strålande sol og passeleg varmt, det var akkurat det me ville ha! Sjetteklassingane tok ansvar i dag og var med på gjennomføringa av aktivitetsdagen. For dei var alt kjent, men for førsteklassingane var alt nytt. Det såg likevel ut til at dei minste fann seg godt til rette og hadde ein fin dag. Det var ikkje noko å sei på innsatsen.

Tekst & foto: Kjell Ove Byrkne


2. klasse til Valvatna gard
Torsdag 17.juni 2021

2. klasse har vore på tur til Valvatna gard der me hadde ein fantastisk flott dag. Vêret var også på vår side i dag. På garden fekk me helsa på alle dyra, både griser, hestar, høns og geiter. Lærarane var imponerte over kor flinke elevane var til å gå, for det var ganske langt frå Sagvåg skule til Valvatna.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter


To kjekke dagar for sjetteklassingane
Torsdag 17. juni 2021

På onsdag sykla 6. klasse til Hornelandsvågen på besøk hjå Ingeborg. Der fekk elevane mellom anna fiska strandkrabbar, hoppa på trampoline, kosa med den fine katten og spela spel. Syklinga gjekk strålande, utan uhell.

I dag har me vore med 1. klasse på Utslettefjellet. Me fekk ein flott tur derfadrane tok ansvar for dei minste på ein fin måte. Etterpå var det spel og leik på skulen. To kjekke dagar!


Tekst & foto: Kjell Ove Byrknes




Ut på tur aldri sur😄😄
Onsdag 16. juni 2021

2. klasse hadde ein vindfull og våt tur til Sætravikjo i dag. Etter ei stund gjekk me opp til ein leikeplass og fortsette leiken. Nokon sparka fotball, medan andre leika butikk. Der kunne ein få kjøpa alt som finnes i heile verda og betale med leikepengar😄 Ut på tur aldri sur😄😄

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen




På besøk hos Lene

Onsdag 16.juni 2021

I dag har 5. klasse hatt ein fin sykkeltur frå skulen og heim til Lene. Der fekk me helsa på sauene, grilla og leika med kjekke uteleiker. Me hadde òg ein hugse-konkurranse, og premie til alle var knallgod sjokoladekake og is. Takk for oss, Lene!



Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


Sykkeltur til Nautøy🚴
Onsdag 16. juni 2021

Tradisjonen tru, så pleier 7. klasse å sykla til Nautøy på friluftsdagane. Turen i dag var både vindfull og litt kald, men denne gjengen klagar ikkje🤗

  
Tekst: Hildegunn Sæbø Heimro  Foto: Liljan Vestbøstad Waage & Hildegunn Sæbø Heimro

1.klasse me er best - saman er me ein kjempestor fest !!!
Tysdag 14. jini 2021

 I dag har 1.klasse hatt bokstavfest og feira at me har lært og kan alle bokstavane. Me laga fine navneskilt, steikte pannekaker, skreiv ord og gjekk på bokstavjakt. Når me var ferdige fekk me medalje, diplom og kake. Ein veldig kjekk dag på skulen !!

Tekst & foto:Anne Sissel Mugaas




2. klasse på konsert
Måndag 14. jini 2021

Vår dyktige fagarbeidar Carina, inviterte 2. klasse med på ein flott konsert i dag. Ho hadde med mamma si Alice Jonassen som jobbar i kulturskulen. Carina spelte både fiolin og keyboard.
Tusen takk til Carina og Alice!

Tekst & foto:Laila Gjøsæter




Ny varmtvasstank
Måndag 14.juni 2021

Den siste tida er det blitt arbeidd med å installera ny varmtvasstank, den blå til høgre i biletet. Dette skal føre til at me får betre vassboren varme om vinteren.

Tekst & foto: Lars Bakka

Sprek SFO gjeng til Utslettefjellet 😀
Fredag 11 juni 2021

Med god bensin, sprang desse kjekke opp for å sjå på den nye dagstur-hytta. No gledar me oss til hytta vert ferdig, og me kan ete nista vår der 😊

Tekst & foto: Liljan V.Waage


Fargerik vekesamling

Fredag 10.juni 2021

Med 160 nye og fargerike puter vart elevane ynskte velkomne til vekesamling fredag morgon. Det vart allsong, teiknspråk og eit tilbakeblikk på veka som gjekk. I neste veke er det friluftsliv som står i fokus.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig


1.klasse på tur til Hystadmarkjo
Ondag 9.juni 2021
I dag har 1.klasse vore i Natur reservatet i Hystadmarkjo på ein kjempefin tur. Fleire foreldre var og med oss på tur.
Me gjekk tur i den fine skogen og lærte litt om trea i skogen, om kolerakyrkjegarden, om viking graver og om fuglar som lever i området. Målet vårt var Apalvikjo der me leika, vassa og fann krabbar, reker, fisk, skjell og maneter. Ein kjempekjekk tur med utrulig flotte 1.klassingar.
Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Det aller første møtet med skulen
Onsdag 9.juni 2021

I dag kunne me ta imot 15 forventningsfulle 1. klassingar til førskuledag. Dei fekk møta fadderelevar, læraren, sfo-leiar, Queensway og rektor.
Velkommen tilbake til første skuledag måndag 16. august 😀

Tekst & foto: Lars Bakka


3. klasse på tur til Fletaneset.
Onsdag 9.juni 2021

På tysdag var 3. klasse på tur i det fine sommarveret. Me koste oss ved Storavatnet. Me leika saman, leita etter småfisk, klatra i trea og studerte både ender og svaner. Theresa som var med oss på tur overraska oss med is. Heldige oss!😊

Tekst & foto: Anne Brit Holm


Street Art
Ondsg 9.juni 2021

Dei siste kunst og handverkstimane i 4. klasse har me brukt ute i sommarværet. Ein onsdag har me brukt på land art, der me laga formasjonar av smått me finn i naturen. I dag har me laga street art, men maskeringstape og kritt. Flotte kunstverk ein må nyte medan dei er der, etter eit vindkast eller ei regnbyge er det borte for alltid!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Kokkekamp i 7. klasse🍽
Onsdag 9.juni 2021
Med sjølvvalde oppskrifter og gode kokkekunster, har 7. klasse imponert på kjøkkenet i to dagar. På menyen stod blant anna vårrullar, lasagne, pizza, laks, mangosorbet, minipavlova med fyll, tiramisu og kremdessertar. Maten fall veldig i smak hjå domarane, som trilla høge terningkast. Desse kunstene bør de utnytta i heimane😋
Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


Sommar og vekesamling
Fredag 4.juni 2021

Det vart show med både 4. og 7. klasse i nydeleg sommarver i uteamfiet i dag tidleg. Det vart også tid til sommarsong og resultat frå førre oppdrag, som var ryddige garderobar.Vekeoppdraget neste veke er innlevering av bøkene til skulebibliotekt.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig & Lars Bakka


Brann og elektrisitet🔥
Onsdag 2. januar 2021

I dag hadde 7. klasse besøk av Jan Tore frå Stord brannvesen og Rune frå Haugaland kraft. Dei fortalte om brann og brannsikkerhet, og korleis ein kan forebygga og sløkkja brann. Etterpå fekk elevane prøva seg på å bruka eit brannslukningsapparat. Takk for besøket og viktig informasjon
🤗

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


2. klasse flytta ut av klasserommet i dag.

Onsdag 2.juni 2021

 Først tok me turen innom til Hanna, der var me så heldige og vart servert is, det smaka godt i varmen. Vidare tok me turen til Fletaneset, der hadde me ulike oppgåver. Me laga flotte bileter i kunst og handverk og leita etter blomar og småkryp. Desse prøvde me å finne namn på.

Fleire bilete:
Tekst & foto: Laila Gjøsæter


Turdag 1.klasse
Tysdag 1.juni 2021

Fantastisk fin turdag for 1.klasse i dag. Turen gjekk til Fletaneset. Før me kom dit så sang me i tunellen, mata høner, såg på kyllingar og henta heilt ferske egg i hønsahuset. Lunsjen vår åt me når me kom fram til Fletaneset. På Fletaneset leika me, plukka blomar, klatra i tre og mata ender før me gjekk tilbake til skulen. For ein kjekk dag og for nokon kjekke ungar me har i 1.klasse !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Ny lavvo
Tysdag 1.juni 2021

Me god hjelp frå flinke 7. klassingar fekk me sett opp den nye lavvoen vår i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka

Mai 2021

Orientering i skogen vår
Måndag 31.mai 2021

I dag var fleire klassar med på ein fin tur i skogen rundt skulen og leia etter orienteringspostar. Me fann dei fleste og alle fann fram til skulen igjen :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


Plastrydding og tur til Sætrevikjo med SFO☀️
Fredag 28.mai 2021

Matjungelen og me har hatt fokus på plast og resirkulering denne månaden og frå skulen og ned til Kiwi plukka me boss, takk til Øystein på Kiwi for at han tok i mot og kasta det for oss. Vel framme i Sætravikjo hadde Valita steika lapper til oss
🥞👌 Etterpå leita me etter krabbar, medan nokre av oss våga å stikke tedno uti ☀️

Tekst: Liljen Vestbøstad Waage Foto: Beate M Føyen og Liljan


Uteskule med matematikk
Fredag 28.mai 2021

1.klasse avslutta veka med utedag med fokus på matematikk. Me hadde oppgåver om dobling og natursti og postar med matteoppgaver. Me rakk og å lesa bok, steika lappar og til slutt avslutta me dagen i sandkassen. Knallkjekk dag med knallflott vær
☀️

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Endeleg vekesamling!
Fredag 28. mai 2021

For første gong sidan mars 2020 kunne heile skulen samlast til vekesamling i amfiet. Elevane hadde ikkje gløymt gamle kunstar. Det vart flott allsong, litt mimring og det første vekeoppdraget dette skuleåret vart presentert. Me gler oss allereie til neste fredag!


Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig & Lars Bakka



Dokketeater i 3.klasse
Fredag 28.mai 2021

I siste time var 3. klasse ute og hadde dokketeater. Elevane har teikna eventyra sjølv. Dei har arbeida i grupper og øvd inn eventyr. Eventyra blei vist med stor innleving i eit solfylt uteamfi.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Creepy time med rektor
Fredag 28. mai 2021


Pompel & pilt med vaktmeisteren var alle saman med 1.klasse på kontoret til rektor i dag. Elevane sa at det var litt "creepy" då Gorgon vaktmeister snudde hovudet trill rundt. Elevene meinte at Pilt var koselegast av dei tre, men litt skummelt var det også!

Tekst: Lars Bakka Foto: Beate M Føyen

Tur til Bjødnahiet🐻
Torsdag 27. mai 2021

I dag har 7. klasse vore på tur til Bjødnahiet. Me starta ved Strømstasjonen og gjekk opp lysløypa, vidare innover Storedalen og så ein rundtur opp mot Mennene og ned til Bjødnahiet. Løypa er til tider bratt og krevjande, særleg i slikt fint vér, men som ein av elevane sa: «Me har berre brukt ca 70% av kapasiteten vår»
😊 Alle kan klappa seg sjølv på skuldrene for positiv innsats og vel gjennomført tur🤗

Tekst & foto: Hildegunn Søbø Heimro

Kor langt er det rundt skulen?
Onsdag 26. mai 2021

2. klasse ville finne ut kor langt det er rundt Sagvåg skule ! Det krevdes godt samarbeid og god innsats for å få det til
😊Etter litt uenighet og diskusjon greide elevane å halde styr på kvar sitt område og tilsaman kom dei fram til 381 meter👍

Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Ut i naturen med SFO
Fredag 21.mai 2021

SFO var på ein flott mini-tur i skogen opp mot Vikanes ☀️ Nokre born plukka blomar, andre fann ei ‘GIGANTISK’ kaffibille, me kraup også gjennom huler eller smakte på ramsløk 🌿

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Såpebobler og insektsafari
Fredag 21.mai 2021

 
Me avslutta veka med litt forsking ute i 1.klasse. I dag forska me på såpebobler - det var GØY !!! Me laga såpeboblevatn nøye etter oppskrift og blåste små og store bobler. I Terrariumet vårt vart det samla Skolopender, maur, makk og andre småkryp.
 
Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Lesestund i 1.klasse
Torsdag 20.mai 2021

Det er mykje kreativitet, energi, lyd, armar og bein i 1.klasse gjennom ei lang veke. Men av og til er det herlig å landa i ei (nesten) heilt stille lesestund saman i klasserommet..


Tekst & foto: Anne Sisssel Mugaas


Frå søppel til kunst i SFO
Onsdag 19.mai 2021

Ein gjeng engasjerte ungar på SFO laga fargerik gatekunst (ei bru) av plast som dei sjølv fann og plukka ute i naturen 😊


Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Helikopter og lengdemål i 2.klasse
Onsdag 19 mai 2021

 2. klasse jobbar med lengde! Dei var ute og utforska kva som var ca. 1 meter. I tillegg fekk dei sjå helikopteret som hadde fleire turar til Utslettefjellet med materiale til ny dagsturhytte

Tekst & foto: Gro A Halvorsen


MOT i 7. klasse
Tysdag 18 mai 2021

 I dag fekk 7.kl eit kjekt besøk av fire ung MOT-ivatorer frå 9.kl på Nysæter ungdomsskule.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage




Sommarfuglar
Tysdag 18. mai 2021

Visste du at sommarfuglar legg egg ? Og at den heng inne i sommarfuglpuppen i ca 15 dagar før den kjem ut som sommarfugl ? Det og mykje meir har me i 1.klasse lært om i dag.
Me avslutta dagen vår ute der me teikna fine sommarfuglar med farga kritt på asfalten utanfor skulen.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



17.mai på SFO
Tysdag 11. mai 2021

SFO feira nasjonaldagen på førehand med pølser i brød, og leikar i strålande solskinn. Borna fekk prøvd seg i hesteskokasting, bowling, kast på boks og pilkast på vassballonger, ein kjekk ettermiddag!

Tekst: Liljan Vestbøstad Wage Foto: Valita Øksnes  og Liljan


Mai-leikar
Tysdag 11.mai 2021

Det vart arrangert mai-leikar på heile skuleområdet i den fine vårsola i dag!

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg og Hildegunn Heimro

Brannutrykning
Tysdag 11.mai 2021

Brannvesenet måtte rykka ut etter at brannalarmen vart utløyst på grunn av røyk frå den nye keramikkomnen vår. Me får tru at dette berre vil skje den aller første gongen omnen er i bruk!!

Tekst & foto: Lars Bakka

Plastaksjon i SFO
Fredag 6.mai  2021

I dag har SFO gått ein liten tur ned bakken og bort til Skifteslono for å plukka plast og boss. Dette er det me fann på den korte turen. Borna lurte på  korleis folk berre kunne hiva bosset i naturen ?!

Tekst & foro Beate Mettälä Føyen



Gitaristar i 1.klasse
Fredag 6.mai  2021

Alle 1.klassingane har spelt gitar i dag. I starten var det nokså roleg med Fader Jakob og Kjerringa med staven. Til slutt var det tid til litt heftig rock med mykje lyd!



Tekst:Lars Bakka Foro Beate Mettälä Føyen



Mai i 1. klasse
Fredag 7. mai 2021

I 1.klasse har me starta mai førebuinga. Me har lært om kvifor me feirer 8.mai og i dag har me jobba med og lært om kvifor me feirer 17.mai.
Me les, lyttar, skriv, teiknar, leiker og fortel.
Visste du at i Norge på ein vanleg 17.mai så et me 12 millionar pølser ? No har du og kanskje lært noko nytt om 17.mai i dag.
Helsing oss i 1.klasse


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


REISEBREV 4 frå Gullingen😊 
Torsdag 6.mai  2021

Ei fin veke nærmar seg slutten. Aktivitetane i dag har vore kanopadling, tur og bekkevandring. Ettermiddagen har blitt nytta til å gjera alt ein skulle gjort dei andre dagane😉 I morgon vender me nasa heimover att, fulle av kjekke opplevingar og litt mindre fulle av søvn😀 Takk for ei fin veke med flotte elevar! Helsing Liljan, Erlend og Hildegunn



Tekst:Hildegunn S Heimro Foto: Hildegunn S Heimro, Erlend Thoresen & Liljan Vestbøstad Waage


REISEBREV 3 frå Gullingen😊 
Onsdag 5.mai  2021

Tre elevar av femten heldt ut heile natta ute i bålstova. Resten kom tuslende ned etterkvart utover natta - ei erfaring rikare😊 Aktiviteten i dag har vore ulike toppturar. Elevane fekk velja kva tur dei ville gå. Nokre valde ein lang to-topps tur, nokre ein medium ein-topptur og nokre ein rolegare topptur. Medan smaksprøvar i naturen i går bestod av ulike vekster og harebæsj, var det maur som stod på menyen i dag. I ettermiddag har det vore mykje kortspel og chill. No ljomar musikken og gjengen har diskotek💃🏽🕺🏼



Tekst:Hildegunn S Heimro Foto: Hildegunn S Heimro & Liljan Vestbøstad Waage


REISEBREV 2 frå Gullingen😊 
Tysdag 4.mai  2021

I dag har vinden blese friskt frå aust, og temperaturen har vore like over 0. Me har fått erfart kor viktig det er med ull og vindtette klede. Turen i dag gjekk oppi heiane her, og me har lært om planter og dyr. Me melder ellers om høg sosial faktor på ettermiddagane og god stemning. Ein gjeng har òg prøvd fiskelukka - men det vart berre fiske😉 I skrivande stund har me nettopp følgd ein gjeng opp i bålstova for overnatting. Kor lenge dei held ut blir spennande å sjå😊



Tekst:Hildegunn S Heimro Foto: Hildegunn S Heimro & Liljan Vestbøstad Waage



REISEBREV 1 frå Gullingen😊 
Måndag 3.mai  2021

Me har det fint! I dag har dagen gått til å gjera seg kjend i området. Som de ser så er det framleis litt vinter her, men det er ikkje noko hinder for ein liten dukkert eller andre kjekke ting som skal skje denne veka🤗



Tekst:Hildegunn S Heimro Foto: Hildegunn S Heimro & Erlend Thoresen



17.mai på SFO
Tysdag 11. mai 2021

SFO feira nasjonaldagen på førehand med pølser i brød, og leikar i strålande solskinn. Borna fekk prøvd seg i hesteskokasting, bowling, kast på boks og pilkast på vassballonger, ein kjekk ettermiddag!

Tekst: Liljan Vestbøstad Wage Foto: Valita Øksnes  og Liljan


Mai-leikar
Tysdag 11.mai 2021

Det vart arrangert mai-leikar på heile skuleområdet i den fine vårsola i dag!

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg og Hildegunn Heimro

Brannutrykning
Tysdag 11.mai 2021

Brannvesenet måtte rykka ut etter at brannalarmen vart utløyst på grunn av røyk frå den nye keramikkomnen vår. Me får tru at dette berre vil skje den aller første gongen omnen er i bruk!!

Tekst & foto: Lars Bakka

Plastaksjon i SFO
Fredag 6.mai  2021

I dag har SFO gått ein liten tur ned bakken og bort til Skifteslono for å plukka plast og boss. Dette er det me fann på den korte turen. Borna lurte på  korleis folk berre kunne hiva bosset i naturen ?!

Tekst & foro Beate Mettälä Føyen



Gitaristar i 1.klasse
Fredag 6.mai  2021

Alle 1.klassingane har spelt gitar i dag. I starten var det nokså roleg med Fader Jakob og Kjerringa med staven. Til slutt var det tid til litt heftig rock med mykje lyd!



Tekst:Lars Bakka Foro Beate Mettälä Føyen



Mai i 1. klasse
Fredag 7. mai 2021

I 1.klasse har me starta mai førebuinga. Me har lært om kvifor me feirer 8.mai og i dag har me jobba med og lært om kvifor me feirer 17.mai.
Me les, lyttar, skriv, teiknar, leiker og fortel.
Visste du at i Norge på ein vanleg 17.mai så et me 12 millionar pølser ? No har du og kanskje lært noko nytt om 17.mai i dag.
Helsing oss i 1.klasse


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


REISEBREV 4 frå Gullingen😊 
Torsdag 6.mai  2021

Ei fin veke nærmar seg slutten. Aktivitetane i dag har vore kanopadling, tur og bekkevandring. Ettermiddagen har blitt nytta til å gjera alt ein skulle gjort dei andre dagane😉 I morgon vender me nasa heimover att, fulle av kjekke opplevingar og litt mindre fulle av søvn😀 Takk for ei fin veke med flotte elevar! Helsing Liljan, Erlend og Hildegunn



Tekst:Hildegunn S Heimro Foto: Hildegunn S Heimro, Erlend Thoresen & Liljan Vestbøstad Waage


REISEBREV 3 frå Gullingen😊 
Onsdag 5.mai  2021

Tre elevar av femten heldt ut heile natta ute i bålstova. Resten kom tuslende ned etterkvart utover natta - ei erfaring rikare😊 Aktiviteten i dag har vore ulike toppturar. Elevane fekk velja kva tur dei ville gå. Nokre valde ein lang to-topps tur, nokre ein medium ein-topptur og nokre ein rolegare topptur. Medan smaksprøvar i naturen i går bestod av ulike vekster og harebæsj, var det maur som stod på menyen i dag. I ettermiddag har det vore mykje kortspel og chill. No ljomar musikken og gjengen har diskotek💃🏽🕺🏼



Tekst:Hildegunn S Heimro Foto: Hildegunn S Heimro & Liljan Vestbøstad Waage


REISEBREV 2 frå Gullingen😊 
Tysdag 4.mai  2021

I dag har vinden blese friskt frå aust, og temperaturen har vore like over 0. Me har fått erfart kor viktig det er med ull og vindtette klede. Turen i dag gjekk oppi heiane her, og me har lært om planter og dyr. Me melder ellers om høg sosial faktor på ettermiddagane og god stemning. Ein gjeng har òg prøvd fiskelukka - men det vart berre fiske😉 I skrivande stund har me nettopp følgd ein gjeng opp i bålstova for overnatting. Kor lenge dei held ut blir spennande å sjå😊



Tekst:Hildegunn S Heimro Foto: Hildegunn S Heimro & Liljan Vestbøstad Waage



REISEBREV 1 frå Gullingen😊 
Måndag 3.mai  2021

Me har det fint! I dag har dagen gått til å gjera seg kjend i området. Som de ser så er det framleis litt vinter her, men det er ikkje noko hinder for ein liten dukkert eller andre kjekke ting som skal skje denne veka🤗



Tekst:Hildegunn S Heimro Foto: Hildegunn S Heimro & Erlend Thoresen
April2021


Vårsprett for mellomsteget
Torsdag 27.april 2021

Mellomsteget hadde "vårsprett" på Solidbana i dag. Ved å dela klassane i to og med god smittevernavstand greidde me å gjennomføra seks aktivitetar for klassane. Elevane gav uttrykk for at dei hadde det kjekt og at det var gøy. Ein fin start på våren!



Tekst: Kjell Byrknes Foto: Egil Petterteig


Tur til Moster
Tysdag 27.april 2021

Ein lita gruppe frå Sagvåg skule har vore på ekskursjon til Moster. Der fekk me flott omvisning i Moster amfi og fekk sjå utstillingen frå Hedendom til kristendommen. Me fekk også med oss steinutstillinga i gruvegongane under Amfiet, samt tur til krossen på Vetahaugen og gamle Moster kyrkje. Me kan anbefale alle til å ta turen til Moster og sjå på utstillinga når den opnar for publikum.




Tekst & foto: Laila Gjøsæter

 

 


Forsking i 1.klasse
Tysdag 27.april 2021

Me i 1.klasse forskar på det som kravlar og kryp i jorda. I dag har me lært om meitemarken og vore ute og funne mark i jorda. Me fann ut at den var litt ekkel og litt stilig og kul på ein gong. Me fann og tusselus og skolopender. Me putta det oppi eit Terrarium som me har teke med oss inn i klasserommet. No skal me kikka og forska litt på dei nokre dagar før dei får sleppa ut igjen.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Steinalderleik i skogen
Måndag 26. april 2021

3. klasse laga seg bustad, steikte gris på bål og laga reiskap. Dei samarbeida godt, og det var fin leik og mykje læring. 




Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Flott tur til Dalskardvatnet med flotte og spreke elevar i 7. klasse🤗
Torsdag 21.april 2021

Dei går på, og turen runda 10 km. No er dei snart klar for ei veke på leirskule der mange kjekke turar ventar!
Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro



1.klasse ut i naturen
Torsdag 22.april 2021

I førsteklasse jobbar me med årstida våren og alt den kan by på. I dag har elevane forska på mauren. Det var mange forskarspirer ute i skogen utanfor skulen i dag. Me la ut syltetøy, smør og knekkebrødsmular og såg på kva mat dei likte best. Elevane studerte og mauren gjennom forstørrelsesglas slik at dei såg korleis den såg ut. Etter forskarøkta ute gjekk me inn og laga maurbilete med maling og penn. Ei kjekk og lærerik økt !
Tekst: Anne Sissel Mugaas Foto: Beate M Føyen & Sina F Bakka



Paradis
Torsdag 22.april 2021

Med god hjelp frå kjekke elevar fekk skuleplassen ein flott vårpuss i dag ☀️

Tekst & foto: Lars Bakka


Småkrypsafari på SFO 🐜🕷🐌🪱
Onsdag 21.april 2021
Visste du at meitemarker verken har bein, auger eller øyrer?
Eller at edderkopper har åtte bein og nesten alle har åtte auger? Dette var ein veldig spennande dag på SFO 🐞


Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage



Kven bur kvar?
Onsdag 21. april 2021
2. klasse har vore på tur rundt Vikanes. På runden såg me husa til 12 av elevane i klassen 😄  Kjekke tur, med pitstopp og utlevering av godteri😄
Me hadde mange typar ver på turen. Sol, regn, haglebyger, nordavind og snøbyger!

 Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Laila Gjøsæter Gro A Halvorsen



På tur til Vikanes
Tysdag 20.april 2021

3. klasse har vore på kjempekjekt besøk hos Snefrid Vikanes som bur på Vikanes. Me fekk gå på italiensk luksusresturant og bake vår eigen pizza. Even som er guten til Snefrid, var knallgod til å steike pizzaen. Ho hadde små, nydelege lam som me fekk halde. Eit lite museum hadde ho og. Der hadde dei ein gamal telefon også. Tenk at det gjekk an å ringe med noko sånt!

    Fleire bilete:
Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Anne Elisabeth Trevland og Ailinn Spissøy



Redesign og gjenbruk i 6.klasse
Torsdag 15.april 2021

Ivrige elevar jobba med reparasjonar, gjenbruk og redesign. Mange flotte resultat !

Tekst & foto: Kjell Byrknes


WeDo 2.0
Tysdag 13. april 2021

Preben og Luca har starta opp med WeDo 2.0 idag. Dei har rydda og organisert i boksen og prøvd seg litt på programmering. Flinke gutar som samarbeidar godt. Dei gler seg til å læra opp klassekameratar snart.

Tekst & foto: Ingelin Ida Matrie Hansen


Naturfag i 4. klasse
Tysdag 13.april 2021

 

"Stoff som endrar seg" er tema i naturfag for 4.klasse.  Elevane testa ut kva som skjer når ein blandar saman balsam og Maizena. Då blei det ein mjuk og god deig som dei kunne forma figurar med, "Silkedeig" blir den kalla.  

Elevane blanda og saman kulturmjølk, sukker, egg, natron og kveitemjøl. Då vart resultatet gode sveler/lappar som me avslutta naturfagtimen med. 

 



Tekst: Kari Myhre  Foto: Kari Myhre & Ingrid Kvernenes Misja




Vårpuss i ballbingen
Tysdag 13.april 2021

I dag har me gjennomført den årlege vårpussen i ballbingen! Takk til kjekke 5. klassingar som hjalp til i det fine vårvéret ☀️

Tekst Lars Bakka Foto: Martin Daae Risnes og Lars Bakka


Kjekk gym med 4. klasse
Måndag 12. april 2021
Lisa tok seg av undervisninga i gymmen i 4.klasse i dag. Ho gjennomførte eit flott opplegg med styrketrening med «kortstokk-aktivitetar ».
Tekst & foto: Lars Bakka



Frå raud til gult.
Fredag 9.april 2021

 

I dag har alle elevar og vaksne rydda skulen frå "raudt" til "gult" smittevern-nivå.  Alle gjorde ein kjempejobb. Når me kjem til skulen på måndag er alt rydda og fint, og heile klassen kan møtast i eigne klasserom igjen.

Her er nokre bilete frå klasseromma fredag ettermiddag:



Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Europa
Fredag 9.april 2021

 

6. klasse har eit gruppearbeid om Europa. Dei har fått i oppgåve å finne ut litt om kultur, naturressursar, folkeslag, transport, historie og turisme. Det har vore spennande å jobbe i eit nytt klasserom.

 

Tekst & foto: Åshild Giving


Fredag er siste dag på raudt nivå
Tordag 8.april 2021

 

Elevane i "gymsal-kohorten" har vore på skulen allereie kl 08.00 for å ha det kjekt med Segway, einhjuling og andre aktivitetar før skulestart. Sjølv om gymsalen ikkje er det beste klasserommet, så er det kjekt at elevane finn seg til rette. På måndag er me tilbake på gult nivå igjen. Då møtest heile 5.klasse i klasserommet igjen.



Tekst & foto: Lars Bakka



Vår
Onsdag 7.april 2021

Trass uventa vær så har me i 1.klasse starta på eit tema om våren og alt som skjer i denne årstida. Me har laga vårvindauga i klasserommet, og har starta med fuglar. Når sola kjem på ein liten gjestevisitt får me ein spennande skygge effekt på gardinene i rommet vårt. Det vart rett og slett eit lite skyggeteater og fin kunst på ein gong.
Akkurat som våren dette - full av overraskingar !


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Frisk oppstart etter påskeferien
Tysdag 6.april 2021

 

Det vart ein frisk oppstart etter påskeferien med snø og vind. Det var lite som minte om vår denne første skuledagen i april. 



Tekst & foto: Lars Bakka
Mars 2021


Påskepynt til alle
Fredag 26.mars 2021

I dag gjekk 3. klasse heim med fulle sekkar. Produksjonen har vore stor, og det har jammen innsatsen også. No  kan dei ta med seg smørjeknivane sine ut på tur. Der kan dei sitje på sitjeunderlaga sine. Heime kan dei pynte med kjuklingen. God påskeferie til alle frå oss i 3:-) 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Siste dag før påske i kohort 2B
Fredag 26.mars 2021


Foto: Laila Gjøsæter

Kohort 6B
Fredag 26.mars 2021

Sjølv om den nye smittevernrettleiar for barneskulane ikkje trer i kraft før 12.april, var me allereie klare for endringa før me tok påskeferie. Nytt er m.a. at elevane i 5. til 7.klasse ikkje skal ha større kohortar enn 15 elevar. Til no har det vore 20 elevar. I 6.klasse er dei 19 elevar, så no er dei delte i 6A og 6B. 6B fekk fint "kontor" der me før hadde det store sjakkbrettet. Her kan du lese heile rettleiinga>>

Tekst & foto: Lars Bakka


Godt smittevern
Onsdag 24.mars 2021

Det var ingenting å seie på smittervern og avstand då 6. klassingane tok med seg PC-en ut i det fine vårvéret.


Tekst & foto: Lars Bakka

Påskestemning i 1.klasse

Tysdag 23.mars 2021

I første klasse lagar me litt påskepynt inni mellom, og i dag vart me ferdige med dorullkyllingane våre. Her vart det mange ulike personlighetar som dukka opp

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Kjekk uteskule for 3. klasse
Tysdag 23. mars 2021

I dag var heile gjengen ute. Flinke elevar spikka noko som skal verte påskekjuklingar. Det vart nesten ikkje blod, men stor aktivitet og god drøs over arbeidet. Dei som ikkje spikka, hadde kjekt matematikkopplegg. 

Me er så heldige som får gå på tur med så greie, kreative og blide elevar. 


Ailinn, Anne Brit og Anne Elisabeth




Traktor i klasserommet!
Måndag 22.mars 2021

Det er ikkje kvar dag 7. klasse får besøk av ein traktor i klasserommet! Elevane jobba vidare og lot seg ikkje forstyrra. No er den nye keramikkomnen på plass.

Tekst & foto: Lars Bakka


Eit fleksibelt skulebygg
Måndag 22.mars 2021

Sagvåg skule er bygd som eit fleksibelt skulebygg med store og små rom. I desse dagar, med heile skulen på raudt smittevernnivå, får me verkeleg utfordra fleksibiliteten til elevane, lærarane og bygget. Det er kjekt at me kan ta imot alle elevane kvar dag i 12 kohortar rundt om på heile skulehuset vårt. Me klarar samstundes å følgja smittevernråda.
Her er ein liten stemningsrapport frå måndag morgon:

Tekst & foto: Lars Bakka

Lærerik heimeskule
Søndag 21.mars 2021

Det er kjekt med nokre lyspunkt i ei tid med mykje fokus på pandemien og utfordringar knytt til denne. Eg har fått lov til å dela denne kjekken mailen om heimeskule i 4.klasse:

Hei Lars,
Må bare dela noko kjekt i desse kjedelige tider.
Heimeskule og mindre kontakt med venner kan vera lærerikt det og.
Fleire i 4. klasse har blitt hekta på PowerPoint etter at det var ei oppgåve i heimeskulen. Både i går og i dag har dei samarbeida om å lage PowerPoint-bøker via Teams, delt skjerm, skrive i samme presentasjon, ser kvarandre, rettar kvarandre sine skrivefeil, må vente på tur på å snakke så ikkje alle snakkar i munnen på kvarandre - samarbeid og teknisk kompetanse på høgtplan hos 9 åringane

God helg, dåke gjer ein kjempejobb!


Sagvåg skule fredag 19.mars kl 08.00

Klar for raud smittenivå

Fredag 19.mars 2021

Dette gjeld når me no frå måndag av går over i raudt nivå i trafikklysmodellen:

  1. Ingen syke skal møte på skolen
  2. God hygiene og forsterket renhold
  3. Kontaktreduserende tiltak:

    Unngå fysisk kontakt mellom personer (håndhilsning og klemming)
    Dele klasser inn i mindre kohorter
    Faste lærere til hver kohort så langt det er mulig
    Tilstrebe samme kohorter på SFO som i skolen
    Tilstrebe avstand mellom elever/ansatte
    Unngå trengsel og store samlinger
    Ha egne områder i skolegården for ulike klasser/kohorter i pauser/friminutt for å minske kontakt mellom ulike kohorter
    Vurdere alternerende oppmøtetider for elever
    Det tilstrebes at foresatte ikke blir med inn på skolen/ i garderoben hvis ikke det er nødvendig.

(Kjelde: Udir)

Vår smitteplan finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Klar for raud smittenivå
Torsdag 18.mars 2021

Allereie torsdag ettermiddag var det rydda klart for raud nivå og to kohortar i 4.klasse. Måndag er det skulestart for alle elevane. Etter det skal me ha raudt nivå fram til 9.april.


Tekst & foto: Lars Bakka

Ut i vårsola med 1. klasse
Onsdag 17.mars 2021

1. klasse hadde leikestund ute i den fine vårsola i dag.


Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Plutseleg var det heimeskule

Onsdag 17.mars 2021

Klokka 23.00 måndag kveld gjekk det ut melding om av det vart nedstenging og heimeundervining for alle frå 3. til 7. klasse. Allereie tysdag morgon kl 08.30 var klassane i gang med undervisning på Teams. Imponerande raskt levert av elevar og lærarane.

Tekst & foto: Lars Bakka


2. klasse på storskulen
Onsdag 17.mars 2021

Det var stor stas å plutseleg bli storskuleelevar for 2. klassingane i dag. Med berre to klassar på skulen denne veka nyttar 1.klasse småskuleavdelinga og 2.klasse kan boltra seg i heile storskulen.

Tekst & foto: Lars Bakka


Ein rar skuledag

Tysdag 16.mars 2021

I dag fekk alle elevane frå og med 3.klasse tilbod om heimeskule på grunn av koronasituasjonen. Dei vaksne som er i 1.klasse var alle heime i påvente av testsvar då dei er nærkontaktar. Foreldra i 1.klasse fekk difor velje om dei ville ha borna på skulen, eller vera heime. Alle i 1.klasse ordna seg då slik at dei kunne vera heime. Då er det berre 2.klasse som har hatt vanleg skuledag.
I morgon satsar me på at både 1. og 2.klasse har eit skuletilbod. Dei andre klassane får heimeundervisning.

Tekst & foto: Lars Bakka

TL-lærar frå 4. klasse

Fredag 12.mars 2021


I dag var 2. klasse så heldig å få med seg tre gutar frå 4. klasse som lærte dei nye TL- leikar i gym.timen. Dei var flinke og det vart ein kjekke time, med "dansetikken" og " bomba"

Tekst: Gro A Halvorsen  Foto: Lars Bakka 

VÅR!

Tysdag 9.mars 2021

Det har vore ein vårleg og fin start på den første veka etter vinterferien. Her er ein liten biletkavalkade frå aktivitetar inne og ute.


Februar 2021





MGP for storskulen
Fredag 26.februar 2021

Den siste dagen før vinterferien var det tid for MGP for storskulen. Det var mange flotte talent på scenen i fleire kategoriar.

Tekst & foto: Lars Bakka



Engelsk i 3. klasse
 
Torsdag 25.februar 2021

Me har fokus på lesing i engelsktimane. Skulen har mange flotte engelskbøker og det er også mange gode digitale bøker.  Klassen held på å lage ein film av Rødhette og Ulven.  Dei har lest forteljinga på engelsk og teikna. No skal dei redigere filmen. 

Tekst & foto: Åshild Giving


Leseveke
Onsdag 24.februar 2021

Leseveka er godt i gong på småskulen, og me set av ekstra god tid til bøker kvar dag. Noko vel å lese e-bøker, medan andre vel lydbok eller papirbok -historiane er spanande uansett!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje




Melodi Grand Prix 2021
Fredag 19.februar 2021

Elevane i 1. til 4. klasse arrangerte Melodi Grand Prix i dag. Heile skulen kunne ikkje vara med samla i år på grunn av Korona. Det vart likevel eit flott show med dans, song og instrumentalinnslag. Neste fredag er alt klart fro MGP for dei store elevane.

Tekst & foto: Lars Bakka

Heksagon
Onsdag 17.februar 2021

I dag hadde me veldig kjekt besøk av Christin Grilstad Prøis og Pål Prøis. Christin er forfattar og her skrive Heksagon-bøkene, som me har ei av på skulebiblioteket. Pål er musikar, og saman hadde dei teater for oss frå bøkene. Det var veldig artig både for store og små :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig


7.klasse til Kroktjødno
Fredag 12.februar 2021

Ein flott og kjekk dag på Kroktjødno med 7. klasse😊 Der var gode skeisetilhøve med kjekke «banar», slik at ein kunne både spele ishockey, testa skøyteferdighetar - eller berre chille i sola😎

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


5. klasse har laga iskunst🧊

Tekst & foto: Lene T Almås

Skeisedag med 6.klasse
Torsdag 11.februar 2021

Skeisedag med hockey og ballaktivitetar er noko som alle ungar det pris på. Femte og sjette klasse har hatt ein strålande dag på Kroktjødno! Takk til besteforeldra som gav oss lov til å nytta kai og flytebrygge!

Tekst & foto: Kjell Byrknes


Morgonstemning 11.februar 2021

Foto: Lars Bakka



Ein super utedag i nydeleg vinterver:)
Onsdag 10. februar 2021

2. klasse tok med seg akebretta  og  gjekk til ein flott akebakke i nærleiken. Me hadde med  grill og varma  fiskekaker. Dei smaka  ekstra godt etter ei økt i akebakken. Dagen gjekk fort og alle vart overraska når det var på tide å gå tilbake.

Ein kjekke gjeng å gå på tur med:)

Tekst: Gro Akselsen Halvorsen Foto: Laila Gjøsæter

Litterær kafé i 7. klasse
Onsdag 10.februar 2021

Elevane drøser om forteljingane dei skriv i engelsk og gir kvarandre innspel og gode råd.
Tekst & foto: Erlend Thoresen


Kurs i Blue-Bot
Onsdag 10.februar 2021

Heldige oss i 1.klasse har vore på kurs hos elevar i 5.klasse og lært oss korleis me kan bruka Blue - Bot. Det var veldig gøy, og vert nok ein del av undervisninga vår framover.  Her går leik og læring hand i hand, og det likar me godt i 1.klasse.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Blue-Bot i 4. klasse
Tysdag 9. februar 2021

Med god hjelp av Beate og Emilie i 5.klasse, tok det ikkje lang tid før 4.klassingane var i full gang med å programmera dei nye Blue-Bottane våre.

Tekst & foto: Lars Bakka


Mykje kjekt på SFO
Måndag 8. februar 2021

Ekstra flotte dagar på SFO når me har kjekke elevar frå Fitjar vidaregåande på besøk! 😀

Tekst & foto: Liljan Vestbøstrad Waage


Fysisk Aktiv Læring i snøen
Måndag 27.februar 2021

6. klasse har om lengde i matematikk. Dei fekk i oppgåve å ake lik lengde to gonger. Dei prøvde ut ulike akebakker og målte opp resultata. I tillegg fann dei ut at det var 301 meter å gå rundt skulen.



Tekst & foto: Åshild Giving


Volleyball med badeball
Måndag 8. februar 2021

Etter eit par rundar med volleyball med ballongar, var det i dag tid for volleyball med badeballar. Kva vert det neste? Kanskje volleyball med volleyballar!

Tekst & foto: Lars Bakka




Vinter i Dåfjorden
Torsdag 4.februar 2021
I dag har 1.klasse vore på vintertur heilt til Dåfjorden !
Kjekke foreldre stilte opp og kjørte oss, og var med på tur. Dagen starta på Bergatjødno der me skeisa og leika på isen. Så gjekk me til Westerheim der me fekk låna superflott akebakke og grill. Det var ein fantastisk flott og kjekk tur der den fine vinterdagen skein om kapp med glade og nøgde vaksne og barn !

Tekst: Anne Sissel Mugaas Foto: Anne Sissel Mugaas, Beate Mettälä Føyen



Ut på tur!

Torsdag 4.februar 2021

Førre veke hadde me også ein fin tur til den nye Gapahuken i Hustrudalen. Sola skein og me kosa oss med grilling og aking. Det bur også ein musefamilie bak i skogholtet som kikka fram og prata litt med oss.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Tøff konsert!
2. februar 2021

Me har hatt Roald Kaldestad med bandvenner på besøk, dei fortalde om Heavykatten gjennom rockekonsert i amfiet. Full trøkk og det trakk godt i rocketærne hos elevane!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Bidos og boller
Onsdag 2.februar 2021

På lørdag er det den samiske nasjonaldagen, og den 14.februar er det fastelaven. Derfor har 6.klasse idag laga både den samiske nasjonalretten "Bidos" og fastelavensbollar. Begge deler smaka veldig godt :-)



Tekst & foto: Kari Myhre

Snøskulpturar i SFO
Onsdag 3.februar 2021

SFO lagar kunst av snø. Det vart  ein fin isby!❄

Tekst & foto: Janita Steensohn
Januar 2021

Kor mykje tåler fire egg?
Onsdag 27.januar 2021

I dag har me i 5. klasse testa kor sterke egg eigentleg er. 50 bøker klarte dei fire egga våre å bera😊



Tekst & foto: Lene T Amlås


Tur til Hustredalen
Onsdag 26.januar 2021


I dag hadde 3. klasse ein strålande tur til den nye gapahuken i Hustredalen. Me fyrte i bålpanna og steikte pølser. Det var mykje kjekt å finne på. Takk til kjekke 3. klassingar for ein koseleg tur.



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Divisjon i 4. klasse
Onsdag 26.januar 2021

4. klasse held på med divisjon og har laga trekantar med heile divisjonstabellen. Me fekk god hjelp frå Aurora, som er i praksis. Når elevane svara rett på oppgåvene, så fekk dei lov til å ake.

Tekst & foto: Åshild Giving



"Dragonbox" i 1.klasse
Måndag 25.januar 2021

Me er SÅÅ glade i 1.klasse for å få testa ut nytt læreverk i matematikk. Me er no i gong med Dragonbox og Noomar - dette blir KJEKT !!!

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Kunst og handverk i 7.klasse
Fredag 22.januar 2021

7. klasse lagar krakkar, og her er første krakk ferdig
😊

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


Maxi yatzy
Fredag 22. ferbuar 2021

Det er kjekt å lære matematikk med tavle og kuleramme. Då er det mykje enklare å finne tiarvenner og rekne poengsummen. Me blir også gode på 100 venner.


Tekst & foto: Åshild Giving


Leseveker
Onsdag 20.januar 2021

Mellomtrinnet har leseveker. Då er det lov å kroa seg saman under lune tepper med gode bøker frå biblioteket vårt. Her er det 5. klasse som har lesestund.

 



Tekst & foto: Lene T Almås


18.01.21:
Etter oppdateringa frå regjeringa i dag, held barneskulane i Noreg fram på gult nivå i trafikklysmodellen. Dette tyder i praksis at:
  • Ingen sjuke skal møta på skulen
  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsning og klemming)
  • Heile skuleklassar vert rekna som en kohort
  • Tilsette kan veksla mellom kohorter/klasser
  • Trinnvise kohortar på SFO
  • Unngå trengsel og store samlingar
  • Ha eigne område i skolegarden for ulike klassar/kohortar i friminutta


Dialogisk læring i matematikk
Torsdag 14.januar 2021

 

6. klasse har fått ansvaret for å lære kvarandre korleis dei skal jobbe med prosent med ulike reknemåtar. Det har vore ein elev som har vore lærar på kvar gruppe. Då elevane var klare for ny gruppe, så gjekk dei til neste nivå.

Dei har vore utroleg flinke til å lære kvarandre. Det bli både munnleg/praktisk og skriftleg prøve for å vise korleis dei har jobba med prosent.

 



Tekst & foto: Åshild Giving


5. og 6. Klasse i soloppgang
Torsdag 14.januar 2021


5. og 6. klasse hadde ein fin tur til Utslettefjellet i dag. Dei som var fyrst oppe fekk med seg soloppgangen :) 



Tekst & foto: Kjell Byrknes

 

Ut på tur med 7. Klasse
Torsdag 14.januar 2021

 

Foto: Erlemd Thoresen


Kreativitet i SFO
Tysdag 12.januar 2021

Medan me venter på at den nymåla dorullsnømannen Olaf skal tørke, er det kjekt å vera kreative med andre aktivitetar

Tekst & foto: Carina Chen Jonassen

 

Vinterdag ute
Tysdag 13.januar 2021

 

Andre klasse hadde utedag onsdag 13. Januar. Det var fantastiske forhold til leik i snøen med aking, male på snø, lage pinnebrød og leik i skogen. Oda likte godt å ake. Rahi synest det var gøy å male på snøen,  drikke kakao og smake på pinnebrød. Haakon likte å leike i skogen. Alle var einige om at dei hadde hatt ein fin utedag i skogen.

 

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Fin vinterdag i 3. Klasse❄
Onsdag 14.januar 2021


Sjølv om biblioteksbesøket var avlyst, fekk me oss ein fin vinterdag på Solidbanen. Me koste oss med aking, fotball, leik og varm drikke i koppane.

Tekst & foto: Anne Brit Holm



Bålkos og aking på SFO
🔥❄️
Tysdag 12.januar 2021

I dag var der fiskekakespyd som stod på menyen, det smakte
😊 Etterpå kosa me oss med aking og kjekk leik.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

Kunst i snø
Tysdag 12.janusr 2021

I dag har 1.klasse laga kunst i snøen med vannfargar.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Prøve i brøk
Tysdag 12.januar 2021

 

5. klasse har hatt prøve i brøk. Dei gjekk rundt skulen og måtte først forklare ein elev kva nemnar var. Deretter gjekk dei til neste elev og forklarte litt om teljar. Til slutt var det munnleg prøve der dei skulle ha ein dialog om begge omgrepa til læraren. Dei var veldig flinke.

 

Tekst & foto: Åshild Giving

 


Bilete frå Storavatnet 2013

På isen vinteren 2021

Tysdag 12.januar 2021

Normalt nyttar me Vikahaugane til å gå på skeisser då Brannvesenet ikkje har kapasitet til å måla om isen er trygg påvatna i Stord. Les meir>>

Januar i år gjer me likevel eit unnatak for Kroktjødna då brannvesenet no har målt denne isen og funne han trygg. Ut denne veka er det meldt kuldegrader. Enkelte klassar legg no planar for ein dag på isen.

Tekst: Lars Bakka , Arkivfoto


7. Klasse lagar snøskulpturar 
Måndag 11. januar 2021

Ein er ikkje for stor til å leike seg i snøen, sjølv ikkje i 7. klasse. Her har nokre av jentene laga ein snøskulptur som har fått båd skjerf, bart og stokk.



Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Hansen

 


Pink Panther 

Fredag 8. januar 2021

Minikonsert i 6. klasse for rektor på slutten av fredagen. Elevane hadde øvd kun to gonger, før dei var klare til å vise fram eit musikkstykke. Me set stor pris på dei flotte instrumenta me har på Sagvåg skule.



Tekst & foto: Åshild Giving

 

Boomwhacker

Torsdag 7.januar 2021

 

3. klasse har prøvd eit klassesett med boomwhacker. Det er veldig mange måter å spele på og gir god erfaring med både melodi, rytme og komp.

 

 

Tekst & foto: Åshild Giving




Multiplikasjonstabellen og brøk
Tysdag 5.januar 2021

 

Det var populært med gongebingo. Elevane fekk også i oppgåve å brette eit ark i flest mogleg like delar. Dei held på med utviding og forkorting av brøk.




Tekst & foto: Åshild Giving



Snømenn i 1. klasse
Tysdag 5. januar 2021

Ein glad og ivrig 1.klasse er i gong på skulen i eit heilt nytt år. Me jobbar litt med årstida vinter, og i dag har me laga nokre fine snømenn. Dei vart stolt teke med heim i dag.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas




7. klasse i soloppgang på Utslettefjellet
Onsdag 6. januar 2021

7.klasse fekk med seg ein flott soloppgang på Utslettefjellet i dag.

Tekst & foto: Erlend Thoresen


Det nye semesteret tek til måndag 4/1 med open sfo frå kl 06.45 og elles ein vanleg skuledag for alle klassane på gult nivå i «trafikklysmodellen». Det vil seia at våre smittevern-tiltak er dei same som me hadde hausten 2020. Ungdomsskulane og vidaregåande skule går dei neste to vekene over i raud beredskap.

Det er framleis slik at elevar som ikkje er heilt friske bør bli heime til dei er blitt testa for Korona.

Velkommen til skulestart!

Mvh Lars Bakka, rektor