VÅREN 2020   Arkivet

Juni 2020


Tusen takk for samarbeidet til alle elevar, foreldre og tilsette ved Sagvåg skule skuleåret 2019/20.
Det vart ein spesiell vår med Koronatid og skulestenging, men med godt samarbeid med heimen har elevane fått eit undervisningstilbod gjennom heile våren heime og på skulen. Til hausten tek me til slik me avslutta denne våren, med god hygiene og Koronatiltak på "gult" nivå.
Første skuledag for elevane er måndag 17.august.

Lars Bakka, rektor

Siste skuledag 2019/20
Fredag 19.juni 2020

Det vart ikkje storsamling som avslutning den siste skuledagen dette året. Alternativet var ei lita samling i kvar klasse. Her er det 2.klasse som tek imot rektor ute i sommarsola.

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland


På kanotur
Onsdag 16.juni 2020

I dag har 4. og 5. klasse hatt ein flott dag ved Storavatnet. Me har hatt det kjekt med kanopadling, grilling og stikkball - fleire prøvde kano for første gong. Det gjekk kjempeflott!


Tekst & foto: Kjell Byrknes




Til Dyvikesåta
Tysdag 16.juni 2020

Tysdag hadde klassane ein fin tur til Dyvikesåta. Fantastisk vér og strålande utsikt frå toppen. Litt "mygg" var det, elles var det ein kjekk tur. Idag, onsdag, var klassane på kanopadling ved Storavaytnet. Dagen starta med at ei skummel skodde såg ut til å øydelegga dagen, men det skin opp før klassane var framme ved vatnet. Ein ny fantastisk dag. Alle fekk seg minst ein kanotur. Det var topp innsats, og etter kvart byrja dei å få taket på padlinga. På land var det grilling, stikkball, vassing og andre aktivitatar. Elevane var svært nøgde med dagen. I morgon blir det tur til Sætravikjo. Me legg ut bilder etter kvart.


Tekst & foto: Kjell Byrknes




Tusen takk for samarbeidet!
Tysdag 16.juni 2020

 

Det er alltid endringar frå det eine skuleåret til det neste. Spesielt dette året er at Elin Bunes Macsik går av med pensjon. Elin tok til i 1.klasse ved Sagvåg skule i 1962 og går no av som pensjonist frå skulen vår nesten 58 år etter.  Elin har vore reinhaldar, og no dei siste åra assistent i SFO og skule. Takk for mange fine år og gode minne!

Også teiknspråklærar Isabell Østby Epland skiftar beite etter fire år hos oss, det same gjer lærar Jens Lønning. Me har også teke farvel med lærlingen vår Valita Øksnes og supervikar Janita Steensohn.


Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje




Matematikktentamen i 7. klasse
Tysdag 16.juni 2020

 

Etter ei veke på leirskulen, skal elevane vise kva dei har lært på barneskulen. Dei jobbar godt. Klassen er klar for å avslutte dagen på Nysæter ungdomsskule, kor dei skal få møte sine nye kontaklærarar. 


Tekst & foto: Åshild Giving


Avslutning for 7.klasse
Måndag 15.juni 2020

Foreldra inviterte til ei stemningsfull og sommarleg avslutning for 7.klasse på Føyno måndag ettermiddag.

Tekst & foto: Lars Bakka


Bilete frå leirskuleopphaldet
Torsdag 11.juni 2020

Her er bilete frå Gullingen leirskule torsdag 11.juni


Tekst & foto: Åshild Giving



Knerten
Torsdag 11.juni 2020

I dag var me ute og lufta Knertane våre. Dei fekk seg hus og fekk leika seg. Me koste oss også med lappekaker. Det smakte veldig godt i sola.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland




Leirskule dag 3
Onsdag 11.juni 2020

Elevane har hatt ein flott dag i skogen med bål og fjellklatring. Det var veldig godt med grilla ostesmørbrød og maur som snacks. Dei teikna med kullstiftar laga av bjørkepinnar.

 

Tekst & foto: Åshild Giving



Uteskule og leik
Onsdag 10.juni 2020

Første klasse har hatt ein fin dag ute i dag. Dei jobba i grupper og hadde ein rebus med matematikk og norsk oppgåver. Etterpå var det leik og laging av armbånd for dei som hadde lyst.




Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

 

 

2. klasse på skattejakt
Onsdag 10.juni 2020

 

2. klasse var på skattejakt i gym.timen i dag. Elevane hadde ein skattepose som dei samla skattar i. Det var alt i frå fuglefjør til stein som ikkje var grå. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Nymåla paradis!
Onsdag 10.juni 2020

 

Alle elevane i 5.klasse var med på å friska opp paradisa på skuleplassen i dag! Flott jobb, og tusen takk for hjelpa til alle :-)

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Dag 2 på leisrskule
Tysdag 9.juni 2020

 

Me har hatt ein fantastisk dag på kanotur. Me grilla aure og ostesmørbrød. Elevane var svært flinke til å reinske fisken !

 

 

Tekst & foto: Åshild Giving

 


7. klasse på leirskule
Måndag 8.juni 2020

Denne veka er 7.klasse på leisrkule i Suldal saman med 7.klasse frå Tjødnalio- og Litlabø skule. Her er dei første bileta frå opphaldet


Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

 


6.klasse til Sætraviljo
Onsdag 3.juni 2020

Her er bilete frå sykkelturen til 6.klasse på onsdag.


Tekst & foto: Amalie Kristine Heimro

Mai 2020

Første klasse på insektjakt


Torsdag 28.mai 2020


Første klasse har hatt turdag og me har jakta på insekter. Me såg/fant mange ulike dyr og insekter både sitronsommerfugl, kålsommerfugl, larver, snegle, maur, meitemark, biller, kakelakk og veps. Det var mange ivrige elevar.

 



Tekst & foto: Laila Gjøsæter

 


SFO drøymer seg bort med kritt
Torsdag 28.mai 2020

Kreative elevar i SFO har drøymer seg bort i sola i SFO.

Tekst & foto: Amalie Kristine Heimro

 


Knerten i 2. klasse
Torsdag 28.mai 2020

2. klasse var ute på jakt etter Knerten i dag, og jammen fant me ein heilt gjeng. Me arbeida også med rettskriving. Aktive, positive og kjekke elevar. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


"Happy birthday to you!...."

Torsdag 28.mai 2020

Det var kjekt å få høyra bursdagssongen frå heile klassen i dag! Torsdag flytta kohortane heim igjen til klassen sin! Elevar og tilsette har vore med på rydda skulen tilbake til vanleg drift. Det er framleis fokus på handhygiene, reinhald og me blandar ikkje klassane.
Her er nokre bilete frå skulen i dag.


Tekst & foto: Lars Bakka

 


Frå raudt til gult lys!

Onsdag 27.mai 2020

Tordag 27.mai meldte regjeringa at det frå 2.juni vert opna for at me kan organisera skulen i vanlege klassar igjen. Det vert likevel ikkje store samlingar for heile skulen i amfiet. Fokuset på handhygiene held fram, men 1-meter-regelen er borte. Torsdag og fredag vil me bruka tida til å gjera alt klart for meir vanleg skuledrift frå tysdag 2.juni. Meir på NRK>>

Tekst: Lars Bakka

 



Uteskule
Tysdag 26.mai 2020

2. klasse hadde uteskule i dag. Me gjekk opp til høgdebassenget ved Nysæterbanen. Der leika vi, arbeida med matematikk og hadde naturfagsti. Elevane var ivrige og flinke. 


Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Anne Elisabeth Trevland & Beate M Føyen

 



Sykkeltur og orientering
Onsdag 20.mai 2020

7. klasse sykla til Gullberg og fant orienteringspostar. Dei fekk prøve fjellklatring og på toppen var det flott utsikt. Turen blei avslutta med is.


Tekst & foto: Åshild Giving

 


Ein fine dag med fine 1. klassingar:)

Onsdag 20.mai 2020

Turen gjekk til Fletaneset i dag. Der leika me, grilla og hadde uteskule.

Det var strålande fint vårver og blide ungar!

Tekst og foto: Gro A Halvorsen



[Bilete kjem]

Ein fantastisk start på skuledagen
Onsdag 20.mai 2020

7. Klasse gjekk tur til Utslettefjellet, kor det var strålande sol. Elevane prøvde seg på fjellklatring og kunne godt tenkje seg å starte skuledagane på denne måten.

Tekst & foto: Åshild Giving




Kunst og handverk i 5. klasse

 Onsdag 20.mai 2020

 

5.klasse var dyktig til å brette papirfigurar i siste time i dag. Alle bretta sommarfuglar som dei hang fint opp i gymsalen.

Sjølvsagt måtte me ha ein papirfly konkurranse også.

Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland


6.klasse i skogen
Torsdag 14.mai 2020

Klasse har gått til fiskarelvo(??) for ein heil dag med uteskole. Vi har dansa i regnet, grilla og bygd gapahuk. Det blir nok ikkje siste gong vi kjem hit.

Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Hansen


Førskuledag
Tysdag 19.mai 2020

Dette året tok me imot dei nye 1.klassingane individuelt til møte med lærar, Anne Sissel Mugaas, og rektor. Det var gjort slik på grunn av koronasituasjonen. Det kan godt hende at den alle første førskuledagen også i framtida vert gjennomført på denne måten, då me fekk betre tid til ein samtale med enkelet eleven. Alle førsteklassingane kom, og bilete av alle kjem snart i posten!
Tusen takk til alle foreldra som møtte til rett tid, då var det ingen som måtte venta før det vart deira tur!

Tekst & bilete: Lars Bakka



Andarki i aministrasjonen!
Måndag 15.mai 2020

I dag iverksette 5. klasse ein plan dei har brygga på i fleire månadar. Dei har over tid samarbeidd med ein invasjonsstyrke frå Andarika som prøvde å ta makta ved Sagvåg skule. Leiaren deira Donand Trump greidde i ein liten augneblink å ta kontroll over rektor sitt kontor, men invasjonsstyrken greidde ikkje å stå imot rektor sitt motangrep. Det som kunne blitt ein svart dag på Sagvåg skule vart avverga. Ting er no tilbake til normalen, og dei skuldige har fått si straff."
(Her er filmen som inspiretet 5.klasse>>)

Med helsing oss i 5.klasse!!



Litt 17.mai....
Fredag 15.mai 2020

Det vart litt 17. mai-stemning på Sagvåg skule i dag då 2. klasse laga eit lite tog rundt skulen ....med ein meter mellom kvar elev !

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabet Trevland


Trim i vind og snø
Tysdag 12.mai 2020

Det har vore kjølege maidagar med vind og snø. Her er det elevar i 6.klasse som tek seg ein joggetur i uteamfiet.

Tekst & foto: Lars Bakka


Litt rart å vera tilbake igjen på skulen
Måndag 11.mai 2020

I dag kan du lesa om korleis det var for
Helen og Karl Andreas i 5.klasse å ta til på skulen etter nesten åtte veker med nettundervisning. Les meir i Sunnhordland>>

Tekst: Lars Bakka


Uteskule på Litlabø
Torsdag 7.mai 2020

For ein kjekk turgjeng 2. klasse er. I dag gjekk dei heil opp til grøntanlegget på Litlabø. Her åt med maten. Det var eit langbord til kvar kohort der. Elevane laga troll av blomar, pinnar o.a. Me hadde ein natursti med norskoppgåver. Det var ein flott dag med spreke, blide og kjekke elevar.

Tekst & foto:Anne Elisabeth Trevland

Skulane opnar for alle i løpet av neste veke!
Torsdag 7.mai 2020 (Oppdatering fredag 8.mai)

Ved Sagvåg skule har me no gjort alt klart for å kunna ta imot alle elevane i neste veke. Me har teke i bruk gymsalen, musikkrommet, kunst & handverkrommet og amfiet som klasserom. Då kan 1. til 4. klasse framleis vera i dei romma dei har nytta til no.
Romfordelinga er slik: 5. klasse er i gymsalen. 6. klasse har ein kohort i sløydsalen og ein kohort i musikkrommet. 7. klasse ynskjer å ha mykje uteskule, men disponerer amfiet og kjøkenet når dei er inne.
Fredag kjem det informasjon om detaljane kring skulestart.
Meir frå UDIR>>
Alle elevane tek til kl 08.30 måndag 11.mai. Skuledagen sluttar kl 13.00 for 1.-4.klasse og 5. til 7.kl til kl 13.15 kvar dag.

Tekst & foto: Lars Bakka

Uteskule i 2.klasse
Tysdag 5.mai 2020

I dag hadde 2. klasse uteskule. Me var ved stien opp til Utslettefjellet. Me hadde matematikkoppdrag, naturfag, dikta forteljing og laga brakeknaggar. Heldigvis fekk me litt tid til å leike og. 

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Anne Brit Holm & Anne Elisebeth Trevland

 

Uteskule i 1.klasse
Måndag 4.mai 2020

 

På første trinn har dei i kunst og handverk spikka og pussa på bjørkepinner.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

April 2020


Bruer
Onsdag 29.april 2020

I naturfag har 3. klasse om ulike bruer og korleis dei er bygd, og kven dei er meint til. På onsdag tok me oss ein tur i nærområdet for å sjå kva bruer me har her i Sagvåg. Me har ganske mange ulike! 


Tekst & foto Ingrid Kvernenes Misje

 


Slutt for Nysæterbassenget
Torsdag 30.april 2020

No er Nysæterbassenget tømt for vatn og stengt for godt. Fleire generasjonar med born har lært å symja i dette bassenget.
Utstyr som ikkje bør kastast har teke vare på, og no er alt klart for riving. Me ser fram til ny Nysæter ungdomsskule med nytt basseng i løpet av dei to neste åra.


Tekst & foto: Lars Bakka

 

Tørkepapir til alle....
Torsdag 30.april 2020

Når alle elevane skal vaska hendene mykje oftare enn før, må det vera god tilgang til såpe og tørkepapir.....

Tekst: Lars Bakka  Foto: Beate Mettälä Føyen


Vårblomar
Tysdag 28.april 2020

Kor mange ulike sortar vårblomar er det eigentleg på uteområdet til Sagvåg skule? Me fann tusenfryd, løvetann, kvitveis, engkarse, blåbærblom og noko som liknar ein liten fiol. Det vart 6 ulike. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 


God plass inne og ute
Måndag 27.april 2020

Det vart ein litt rar skuledag med mykje handvask og fokus på helse og smitte. Likevel var det kjekt å sjå at elevane i 1. til 4.klasse fort fann seg til rette i den nye skulekvardagen.


Tekst & foto: Lars Bakka

 


Ingen leikeapparat.....
Fredag 24.april 2020

Alle leikeapparata er diverre stengde i skuletida når me tek til på måndag. Dette er gjort etter råd frå kommunelegen for å ta omsyn til smittevern. Les meir om skulestart>>


Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

 


Det vert litt uvant
Onsdag 22.april 2020

Det vert ein del nye rutinar når elevane i 1. til 4.klasse kjem tilbake på skule måndag 27.april. Uteområdet vert delt inn i ulike sektorar der klassane, som no heiter "kohortar"  skal vera samen. Elevane får også faste toalett, vaskar og ekstra god plass i garderoben.
Alle som nyttar SFO har i dag fått spørsmål om kor mykje dei vil nytta tilbodet. SFO er open frå 06.45 til 16.15. Skulen tek til 08.30 og sluttar kl 13.00 kvar dag. (13.30 tysdag og torsdag for 3. og 4.klasse). Det vert ikkje leksehjelp i denne perioden, men tid til å gjere leksene på skulen for den som arbeider litt effektivt. Lurer du på kor klassane skal vera? Les meir her>>

Her finn du rettleiaren som som viser korleis me kjem til å ha det når elevane kjem tilbake>>


Tekst & foto: Lars Bakka

 


Skulen opnar litt om litt...
Tysdag 21.april 2020

Det er nokre elevar på skulen allereie denne veka. Foreldra har då samfunnskritisk arbeid, og må på jobb. Mykje er gjort klart for skulestart for 1. til 4.klasse 27.april. Ikkje berre er klassane delte i to, også uteområdet er delt inn i fire område slik at dei ulike gruppene har ulike sonar å leika på i pausane. Det vert m.a. gode rutinar for handvask før og etter ulike aktivitetar.
Her finn du rettleiaren som som viser korleis me kjem til å ha det når elevane kjem tilbake>>


Tekst & foto: Lars Bakka

 


"Skulekontor" for elevane
Fredag 17.april 2020

På måndag kjem rettleiinga for korleis me skal organisera skulekvardagen når 1. til 4.klasse tek til måndag 27.april. Allereie no har me rydda skulen slik at alle elevane har ein personleg arbeidsplass der det er to meter mellom kvar elev. 1. og 2.klasse kjem til å vera i småskuleavdelinga, medan 3. og 4.klasse er i storskulen. Klassane vert også delte i ein A og ein B klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Triveleg med besøk!
Torsdag 16.april 2020

Det er kjekt at det kjem elevar og foreldre innom skulen i desse dagar. Skulen er open kvar dag, og dei som treng påfyll av utstyr kan henta det i amfiet. Lærarane legg ut medling i Teams når dei har lagt fram ulike saker og ting som elevane treng for skulearbeidet heime.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


NRK Vestland på besøk til 1.klasse
Onsdag 15.april 2020

Eli Bjelland frå NRK var med då 1.klasse hadde morgonmøtet på Teams i dag tidleg. Temaet var korleis heimeundervisning fungerer for elevane. Det er nok slik at dei aller fleste helst vil tilbake på skulen og treffa venene igjen, men for nokre elevar har også heimeundervisning fungert fint.

PS! Eli har ikkje mikropfonen på stativ fordi ho ikkje skal smitta nokon i Teamsmøtet med Korona! Den brukte ho då ho intervjua oss som var på skulen! :-)

Oppdatering: Innslaget vart sendt både på NRK Vestland og NRK P2 torsdag morgon.


Tekst & foto: Lars Bakka



Skulane opnar igjen

Tysdag 7.april 2020

I dag informerte regjeringa om at skulane i Noreg opnar igjen for 1. til 4.klasse og SFO måndag 27.april. Det er ikkje bestemt når 5.- til 7. klasse kan komma tilbake til skulen. SFO opnar kl 06.45 og skulen tek til kl 08.30
I perioden 14. til 27. april held me fram med heimeundervisning via Microsoft Teams for alle elevane . I denne perioden vil me ta til med undervisninga kl 08.30 med eit obligatorisk klassemøte for alle.

Slik vil skuledagen sjå ut:

08.30 – 09.00 Klassemøte med elevane (Obligatorisk frammøte)
09.00 – 09.30 Lærarmøte med enkeltelevar eller grupper (Teams og/eller telefon)
09.30 – 10.00 Internt møte for lærarane

10.00 – 12.00 Elevane kan forventa hjelp/rettleiing frå lærarane


13.00 Leveringsfrist skulearbeid 1.-4.klasse (Gjer avtale med lærarane om du treng meir tid.)
14.00 Leveringsfrist skulearbeid 5.-7.klasse (Gjer avtale med lærarane om du treng meir tid.)




(Arkivfoto)
Det vart ikkje påskekos på Sagvåg skule i 2020. Her kan du mimra litt

 

 


Vinterstemning 3.april 2020
Fredag 3.april 2020

Den siste skuledagen før påskeferien vert litt merkeleg i år. Tomt for elevar og tilsette..... og ute er det påskesnø !
Sjå biletet i full storleik:


Tekst & foto: Lars Bakka

 




God som ny!
Torsdag 2.april 2020

Etter 14 år med hard bruk kvar dag, var sitjegruppa i skulebiblioteket vår heilt utslitt. No har me trekt møblane på nytt og det er gode som nye!
Mars 2020

 


Tekst: Lars Bakka Foto: Jonathan Bathgate

 

Vårleg og stille
Laurdag 28.mars 2020

Det er like stille på Sagvåg skule kvardag som helg. Førebels er skulane i Noreg stengde fram til og med 13.april. Onsdag 8.april vil regjeringa gjere greie for kva som skjer etter påske. Les meir>>


Tekst & foto: Lars Bakka


PC-service!
Torsdag 26.mars 2020

PC-en er blitt det viktigaste verktyet i skulearbeidet i desse dagar. Det er flott om det melder frå om noko ikkje fungerer som det skal. Her er det Jaymi og pappa som er innom og resett maskinen.


Tekst & foto: Lars Bakka

 

 


Lær deg noko nytt!
Søndag 22.mars 2020 (Oppdatering 25.mars.2020)

No er mest alle einhjulingane utdelte,  det er nokre gitarar igjen. Dei to første gitarleksjonane finn du no på Teams! Lær deg å spela gitar i desse koronatider fram mot påske! Ring rektor dersom du vil henta gitar. Då opnar eg skulen for deg!

Lag dine eigne sjongleringsballar!>>
(Arkivfoto)

Dette er kanskje ein periode i skulelivet ditt der du kan ta deg ekstra god tid til å bli endå betre på noko du allereie kan. Eller kanskje du vil læra deg noko nytt? Om du ikkje har gitar eller sjakkbrett heime, kan du få låna av skulen. Me har også lagt fram nokre einhjulingar og sjongleringsballar for deg som vil ha meir fysisk aktivitet. Ta kontakt så får du låna no når det er heimeskule. Det vert kurs i gitar, sjoglering og sjakk på nettskulen vår i Teams.


Tekst: Lars Bakka Foto: Sina Flatøy Bakka

 


Ein ny skulekvardag
Torsdag 19.mars 2020

No har det gått ei veke sidan me fekk vita at skulane skulle stenga. Etter det har elevar, foreldre og lærarar gjort ein stor innsats for å gje alle elevane eit brukande skuletilbod. Me har hatt daglege møte i Teams med alle elevane, og elles har dei arbeidd med oppgåver i OneNote. Desse dagane har me alle lært mykje. Tusen takk for flott innsats denne første digitale skuleveka!


Tekst: Lars Bakka Foto: Sina Flatøy Bakka

 


Sagvåg skule på opp i skya
Måndag 16.mars 2020

Måndag 16.mars starta med ein nydeleg soloppgang. I løpet av dagen vart skulen tømt for lærebøker, PC-ar og anna utstyr for heimeskule. No vil ikkje det fine skulebygget vårt bli brukt dei neste vekene, men opplæringa held fram på nett. Velkommen til Sagvåg skule «i skya» allereie i morgon kl 10.00


Tekst & foto: Lars Bakka

 


Alt er klart for heildigital skule
Fredag 13.mars 2020

No er alt klart for to veker med heimeskule for elevane ved Sagvåg skule. Måndag kan foreldra henta lærebøker og anna utstyr som lærarane har gjort klart for elevane. Den første "heime-skule-dagen" vert tysdag 17.mars. Då vil alle elevane finna arbeidsoppgåver og undervisningsopplegg med dei digitale læremidla me nyttar. Lærarane vil også gje tilbod om faghjelp og undervisning i Microsoft Teams til avtalt tid i løpet av dagen. Studentane frå HVL vil også få gjennomført praksis dei neste to vekene. Dei skal laga nettundervisning saman med lærarane.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Kva skjer no?

Onsdag 12.mars 2020

 

Mange var spente på kva som kom til å skje no når skulane stenger. Torsdag 12.mars kl 18.00 stengte alle skulane i landet. Fredag møtest lærarane for å planlegga det digitale undervisningstilbodet som elevane skal få.
At alle elevane har kvar sin PC, gjer dette arbeidet mykje lettare. Me vil opna for at foreldre kan henta PC-ane til dei yngste elevane på fredag. Elles legg me også fram alle bøkene som den enkelte eleven treng. Meir informasjon kjem.


Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Kjekt med studentar!

Onsdag 12.mars 2020

 

Studentane er godt i gang med praksis i 6. og 7.klasse.


Tekst & foto: Åshild Giving

 

 


Sjakk & strikking !

Fredag 6.mars 2020

 

7. klasse held på med vekeoppdraget, som er å spele sjakk. Ettersom det er ein del ventetid, så passa det veldig godt å strikke sitjeunderlag samstundes.



Tekst: Åshild Giving



Kodekurs
Søndag 8.mars 2020

 

I dag var det første kursdag for ti heldige elevar som får vera med på kodekurs med Sabuj Battacharya og Shaun Rye frå TEKY Tech. Her kjem elevane til å læra avansert koding og vert nok gode spesialistar for resten av skulen når me alle skal ha kodeveker seinare i vår.

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Vekesamling
Fredag 6.mars 2020

 

Veka vert alltid avslutta med veksesamling. "Heile skulen spelar sjakk" er oppdraget både denne og neste veke. Kulturinnslaget fekk me frå 4.klasse.

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

4.klasse lærar 2.klasse sjakk
Torsdag 5. mars 2020

 

 Det var stor aktivitet då 4. klasse skulle lære 2. klasse sjakk i dag. Me gler oss til i morgon. Då skal me også spele sjakk saman. 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

"Alt er lov"
Onsdag 4. mars 2020

 

I dag hadde me besøk av Det Vestnorske Teateret, som viste oss framsyninga "Alt er lov". Den handla om leik, fantasi, og om at ein ikkje treng fylgja gamle "reglar" om korleis leiken skal vera, og kven som kan leika med kva.

Det vart eit flott stykke med flinke skodespelarar, og elevane i 1. og 2. klasse var heilt med heile vegen. I morgon er det 3. og 4. klasse sin tur. Tjøndalio og Litlabø skular skal og koma på besøk til oss for å sjå førestillinga her. Det er alltid kjekt å treffa naboskulane, så dei er hjarteleg velkomne!



Tekst & foto: Egil Petterteig

 

Skulen vår
Onsdag 4.mars 2020

 

....frå lufta

 

Foto: Lars Bakka

Alle på Sagvåg skule kan spela sjakk!
Tysdag 3. mars 2020

 

I dag har 3.klasse lært 1.klasse å spela sjakk. Det var veldig kjekt - flinke både lærarane i 3.klasse og elevane i 1.klasse.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

 

Bro, bro brille
Tysdag 3. mars 2020

 

Det var vårleg og god stemning ute i friminuttet i dag. Elevane har mykje kjekt å finna på med Trivselsleiarar, leikar i skogen og i leikeapparata. Det er spesielt kjekt å sjå kor mange elevar som organiserer ulike leikar sjølve.


Tekst & foto: Lars Bakka

 

Lese- og skriveaktivitetar
3. mars 2020


I 1. klasse arbeidar me med lesing og skriving på ulike måtar. Her er glimt frå dagens stasjonsøkt, der me mellom anna hadde Huskesnu og skriveoppgåver på ark.

 

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Matpause med eller utan TV?
Måndag 3.mars 2020

 

Det har gått ein nasjonal debatt dei siste månadene om elevane bør få sjå TV, ofte NRK-Supernytt, medan dei et nista. Ein rask fotoreportasje på Sagvåg skule i dag viser at det er ulik praksis hos oss, og kanskje ulikt frå dag til dag? Tysdagar har 4. og 5.klasse kantine med ferske rundstykke som foreldra betaler for. Då møtest borna rund småborda ved amfiet og et mat utan å sjå tv. I andre klassar var det matpause både med og utan å sjå TV. I neste FAU-møte er dette meldt som sak frå foreldra.


Tekst & foto: Lars Bakka

 

Tilbake til skulen
Søndag 1.mars 2020

 

Måndag er me klare for skulestart etter vinterferien. Halve 1.klasse, gruppa A, får den fyrste symjetimen på måndag. Oversikt over timane finn de her>>

 

Lurer de på kva me gjer ved Sagvåg skule med tanke på Koronaviruset, så set me fokus på god handhygiene og føl elles råda frå kommunelegen>>

Klikk for å sjå større versjon:

Tekst & Arkivfoto: Lars Bakka
Februar 2020


MGP Sagvåg skule
Fredag 21.februar 2020

 

Den siste fredagen før vinterferien er den store MGP-dagen på Sagvåg skule..... og elevene har talent. Heile dagen er det elevar på scenen, og før me går heim i ettermiddag vil det vera kåra ein vinnar i kvar klasse.


MGP Del1:  Del2: Premieutdeling:(Foto Jenny Sætre Skjønberg)
Tekst & foto: Lars Bakka


SFO-fest
Torsdag 20.februar 2020

 

I dag har SFO feira at me vann brukarundersøkinga med høgast svarprosent frå foreldra i Stord! Alle borna fekk laga sin egen del av pizzaen med akkurat det dei likte best. Til dessert hadde me sjokoladekake, ho var pynta med pokaler for anledningen. Ein flott fest for både små og store.‼️



Tekst & foto: Beate Mättäl Føyen


Bokstavfest i 1.klasse
Onsdag 19.februar 2020

 

Første klasse har hatt bokstavfest. Me ha gått gjennom alle bokstavane i alfabetet,og har øvd på å lese og skrive dei. Me har hatt kjekke bokstavaktivitetar heile dagen, kahoot, bokstavløype i skogen, arbeid med alfabetet på ark og laga ord med bokstavkjeks.



Tekst: Laila Gjøsæter Foto: Valita Øksnes


Sirkus-show med 5.klasse
Fredag 14.februar 2020

 

5. klasse gav oss eit flott sirkus-show på vekesamlinga i dag. Det viste seg også at alle klassane hadde jobba godt med temaet "kroppen min og grensesetjing".
I neste veke er oppdraget knytt til Melodi Grand Prix, som me skal arrangera fredag i neste veke: "Me samarbeider godt og gir kvarandre tilbakemelding på ein god måte".

 

Vil du sjå filmen som me viste i amfiet ein gong til så finn du han her


Tekst & foto: Lars Bakka



Utematematikk
Torsdag 13.februar 2020

 

Første klasse har vore ute og hatt matematikk. Dei har målt ulike lengder til dømes kasta på blink og målt lengda. Det vart også tid til litt leik i pyramiden.  



Tekst & foto: Laila Gøsæter


Berekraftig utvikling og redesign
Måndag 10.februar 2020

 

7. klasse blei godt motteke i Gjenbruksbutikken på Heiane. Dei fekk ei kort innføring i utviklingsarbeid, som blir gjennomført i Afrika, Asia og Sør Amerika. Elevane fekk lov til å handle for 20 kr kvar, som dei skal nytte til redesign på skulen. Det blir spanande å sjå dei ferdige produkta.



Tekst & foto: Åshild Giving

Stasjonar i 1.klasse
Torsdag 6.februar 2020


Elevane i første klasse har hatt stasjonsundervisning. Dei har hatt samfunnsfag og norsk. I norsk hadde dei lese -og skrive aktivitetar der dei øvde på å skrive høgfrekvente ord, høgtlesing og skrive ord i bokstavhus. Dei har også markert Samefolketsdag.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Tangram i 5.klasse
Onsdag 5.februar 2020


Me jobbar med geometri i 5.klasse, og tangram skapte stort engasjement.

Tekst & foto: Egil Petterteig

2.klasse til biblioteket på Litlabø
Onsdag 5.februar 2020

I går gjekk 2. klasse til biblioteket på Samfunnshuset. Det litt glatt, så turen tok litt lengre tid enn vanleg, men elevane var veldig blide og kjekke. Då me kom til biblioteket, fekk me høyre historien om Den grøne votten før me fekk låne bøker. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Endeleg vinter!
Tysdag 4.februar 2020

4.februar vart ein flott vinterdag med aking og leik i snøen for elevane ved Sagvåg skule. I det siste friminuttet ber akebakken vår preg av at han har vore mykje i bruk denne dagen!

Tekst & foto: Lars Bakka

"Kartlegging av læringsutbytte: Selvberging og førstehjelp"
Måndag 3.februar 2020

Testøvelse 13 - selvberging:

Bør utføres utendørs. Ha på jakke, skjorte, langbukse og sko. Hopp uti på dypt vann og hold hodet over vann. Svøm 25 m på magen og underveis dykke ned og hente en gjenstand med hendene. Stopp, trå vannet, scull, flyt og orientere seg, samlet i ett minutt. Svøm deretter 25 m på rygg/side og ta seg opp på land.

Tekst: Læreplanen Kunnspsløftet Foto: Lars Bakka

PS! Me tok testen inne :-)

 

Trivselsleiar-kurs
Måndag 3.februar 2020

I dag har dei nye trivselsleiarane våre vore på Kurs på Vikahaugane. Me var saman med elevar frå fire andre skular i Stord, og lærte nye leikar, og litt om kva det vil seie å vera trivselsleiar.
Det vart ein kjekk dag med flotte elevar, og no gler me oss til våren vidare.

Tekst & foto: Egil Petterteig

Januar 2020

 

Me måler avstand
Fredag 31.januar 2020

Elevane i femte klasse har i matematikk hatt om målingar. Dei har mellom anna jobba med desiliter og liter, meter, desimeter og centimeter. Dei har målt høgda til kvarandre, kasta papirfly med meir. Alt saman er blitt målt. Konkrete erfaringar er nyttiga. Elevane var eksemplariske medan dei jobba.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Sanseløype
Torsdag 29.januar 2020

 

I dag var 1. klasse ute i skogen og  prøvde finna ut kva som var i ulike posar med bind føre augo.

Me hadde laga til ei løype med fleire ulike ting.

Det var ikkje lett å finna ut kva det var når ein  berre  kunne føla med hendene.

Ikkje alle greide å finna ut kva gjenstandane var :Skinnkrage ( mange trudde det var ein kosebamse), leike giraff, 

oppvaskkost, to bananer, kokte pastaskruar og til slutt sjokolade. I den siste posen fekk dei tips om å bruka smakssansen, då kom smila fram:)

Litt skummelt, spanande og kjekt!



Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

 

Kulturskulekonsert
Onsdag 29.januar 2020

Me fekk i dag besøk frå Kulturskulen. Det var ei lita styrkegruppe som reiste rundt på skulane, og så fekk alle på vår skule som går i Kulturskulen vera med på vår konsert. Det vart ein flott konsert med flinke strykarar og pianistar.

Tekst & foto: Egil Petterteig

Utematematikk
Tysdag 28.januar 2020

2. klasse synst at det er kjekt å ha matematikkundervisning ute. I dag trilla me 2 terningar og fann ut kva for tal me kunne laga. Me fann tala på ulike tallinjer. Elevane var flinke og ivrige. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Vollyball
Onsdag 22.januar 2020

Me øver oss litt på volleyball i 3.klasse og har ein litt mjuk start utan ball. Ballongar er kjempefine å bruka for å trena inn fingerslag. 
Det er ikkje lett å halda mange ballongar i lufta samtidig - men med god teknikk og godt samarbeid vart 3.klasse ganske gode til slutt. Me avslutta økta med å sprekka alle ballongane - det vart ein fin salutt avslutning på gymøkta vår.



Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

 

Samarbeid i 2.klasse
Torsdag 23.januar 2020

2. klasse har hatt samarbeidsøvingar i gym.timen. Det var godt samarbeid og stor aktivitet. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Om kroppen i 3.klasse
Onsdag 22.januar 2020

Dagen til 3.klasse starta med naturfag, og dei skulle læra om nokre av organa i kroppen.
Dei jobba i grupper og teikna rundt ein av elevane på golvet på eit stort ark. Etterpå skulle dei teikne inn hjarta, nyrene, magesekken, hjernen og tarmane.
Ei kjekk oppgåve med mange flotte resultat som no heng i klasserommet.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

 

Bibliotektur
Onsdag 22.januar 2020

3.klasse har vore på kjekt besøk på biblioteket i dag. Kristine leste frå ei morosam bok som heitte putekrigen - den likte klassen godt ! Etterpå fekk alle lesa og låna bøker.
Ein bonus var sjølvsagt også eit strålande fint turvær når me gjekk tur retur skulen - samfunnshuset på Litlabø.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

God variasjon i gymtimane
Måndag 20.januar 2020

I dag har Eskil hatt ansvaret for styrketrening i gymtimen, samstundes som dei har fått meir trening på einhjuling og segway.Dei avslutta timen med kanonball.

Tekst & foto: Åshild Giving

 



Nytt år....... og ny kalender!
Måndag 20.januar 2020



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Alle 7. klassane i Stord kommune deltek i «Ung på Stord.»

 

Hovudmålsetjinga med Ung på Stord er å ta gode val for deg sjølv med omsyn til helse, nettvett og rusmiddel.  Elevane har fått eit arbeidsheftet og skal ha ein presentasjon for dei føresette på slutten av prosjektet.



Tekst & foto: Åshild Giving


Teknologisk gåve til Sagvåg skule
Torsdag 16.januar 2020

I dag har Sabuj Battacharya og Shaun Rye presentert eit flott teknologiprosjekt som dei vil gje som ei gåve til skulen vår. Fram mot vinterferien vil det bli bestemt kva elevar som får vera med. Det er berre ti plassar og over 30 elevar som var svært interesserte. De heldige vil få god kunnskap om programmering frå to foreldre som til dagleg jobbar nettopp med dette i Teky A/S


Tekst & foto: Lars Bakka

Skriving med skrivestartarar
Torsdag 16.januar 2020


På tysdag byrja me å jobba med skrivestartarar i 3. klasse. Alle fekk ein setning saman med eit bilete, og skulle skrive ein tekst som starta med denne setninga. Det var mange gøye og alvorlege tekstar. Veldig gøy at ein tekst kan bli så ulike sjølv om nokre av dei startar heilt likt! Tekstane skreiv me saman med ein anna, eller aleine. Det er fint å få velge litt i blant! Me øvde også på samskriving: heile klasse fekk vere med og forme ein tekst saman.
På fredag skal me rette tekstane våre. Me tenker at me etterkvart kan lage ei lita bok av alle tekstane.

 

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Mange sjonglørar
Torsdag 16.januar 2020

I har me hatt storproduksjon av nye sjongleringsballar, og no vert det spanande å sjå kor mange elevar som klarer å sjonglera tre ballar før vinterferien!

Tekst & foto: Lars Bakka

Vårleg midt i januar
Onsdag 15.januar 2020

Elevane ved Sagvåg skule er klare for vinter med snø og aking ..... men midtvegs i januar er det framleis grøne bakkar rundt skulen.


Tekst & foto: Lars Bakka

Stasjonar i 1.klasse
Fredag 10.januar 2020

Elevane på første trinnet har hatt norsk og matematikk stasjonar. Dei har trilla terning og laga ord med A-ballane i gymsalen. Dei har og skrive tekst på data og laga figurar med geometriske former.

Tekst: Laila Gjøsæter Foto: Laiøla Gjøsæter og Jenny S Skjønberg

Vekesamling med litt skummelt 3.klasseshow!
Fredag 10.januar 2020


Fredag hadde 3.klasse eit litt skummelt show for oss! Vekeoppdraget var å ta godt vare på kvarandre den første skuleveka, og slik få ein fin skulestart. Den neste veka set me fokus på å ta godt vare på den fine skulen vår, med m.a. ryddige garderobar.

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Knuser eit egg om det vert kasta frå ei høgd på ca 4 meter når det er verna i ein konstruksjon?
Tysdag 7.januar 2020


Det skulle 6. klasse undersøkja i dag. For å verna egget fekk dei nytta nytta papir, splittbinders og tape til å laga kreative konstruksjonar av.  Aktiviteten og kreativiteten var stor, og det var kun eitt egg som fekk seg eit lite kakk!

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

 


Stor aktivitet
Tysdag 7.januar 2020

Eg tok med meg fotoapparatet ein liten runde kl 13.00 i 5. til 7.klasse i dag. Det stor iver og mange ulike aktivitetar på gang denne andre skuledagen i 2020

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Første skuledag etter juleferien er måndag 6.januar. Elevane tek til kl 08.30 og SFO er open frå kl 06.45.

Allereie første skuledag er 2., 4. og 6.klasse klar for symjeopplæring. Det er no avgjort at bassenget held ope heilt til skuleslutt i juni 2020.

 

Skuleruta finn du her>>


Tekst & foto: Lars Bakka