VÅREN 2019   Arkivet

Juni 2019




Aller siste skuledag
Fredag 21.juni 2019

Plutseleg hadde det gått sju år, og i dag måtte me ta farvel med ein gjeng flotte 7.klassingar. Det var nok litt skumlare å ta til i 1.klasse enn det var å ta farvel etter sju år.
Til alle de som kjem tilbake til oss i august:

Velkommen igjen, og god sommarferie!



Tekst: Lars Bakka Foto:
Anne Brit Holm, Ingrid Kvernenes Misje, Lars Bakka


Friluftsdagar
Tysdag 18. onsdag 19. og torsdag 20.juni 2019

.På denne sida finn du fleire bilete frå dei ulike turane>> 


Tekst: Lars Bakka Foto: Amalie Kristine Heimro


1. og 6. klasse
Måndag 17.juni 2019

1. og 6. klasse starta siste veka med å spele spel og teikne saman. 1. klasse fekk låne datamaskinene til 6. klasse og prøvde teikneprogrammet Fresh Paint. Teinkningane finn de etter kvart i skuleavisa. 

Tekst & foto: Åshild Giving


Jenka i 7.klasse:

Måndag 17.juni 2019

7. klasse i jenka ut av siste gymtimen


Tekst & film: Ida Marie Ingelin Hansen

Klassisk sommarfest!
Torsdag 13.juni 2019
 


Det vart ein fin sommar-ettermiddag med kulturinnslag frå elevane i gymsalen, vaffelsal og drøs i sommarsola. Til slutt var det fotballkamp mellom FAU og elevrådet. FAU skåra først, men Elevrådet slo tilbake og vann kampen heile 8-1 :-)

 

Samling i gymsalen:   

Ute:     Fotballkampen:

 

Tekst: Lars Bakka Foto: Erlend Thoresen, Oskar M Føyen, Einar Almås, Lars Bakka



Knust av dei tilsette!
Torsdag 13.juni 2019
 


Elevane i 7.klasse gjekk på ein smell med siffera 4-1 til dei tilsette....men etter kampen tok elevane hevn. Så neste sak....

Tekst: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes



....etter fotballkampen.....
Torsdag 13.juni 2019

Det er ikkje alle tradisjonane ved Sagvåg skule som administrasjonen set like stor pris på.....



Tekst: Lars Bakka Foto: Beate M Føyen og Kjell Byrknes

Avslutningsfest for 7.klasse
Onsdag 12.juni 2019
 


Tysdag ettermiddag arrangerte foreldra avslutningsfest for avgangsklassen vår. Me hadde først ei samling i amfiet, og etterpå vart det fest med god mat.

Tekst & foto: Lars Bakka



Eg byggjer meg ein båt
Fredag 7.juni 2019
6. klasse har hatt ein flott dag på Jensaneset med undervisningsopplegget "Eg byggjer meg ein båt." Dei har lært mange
nye omgrep og vore med å byggje Færing, Oselver. Dei fekk også smi haldar til nøkkelring. 



Tentamen
Tysdag 11.juni 2019
 


7.klasse har hatt tentamen i matematikk i dag

Tekst & foto: Anne Brit Holm




Kidsa syklar

Tysdag 11.juni 2019






Vekesamling med stil!
Fredag 7.juni 2019
 


I dag var det 7.klasse som hadde ansvaret for kulturinnslaget på vekesamlinga, og det vart eit flott show med elevar og lærarar. Amalie imponerte som den aller første eleven ved Sagvåg skule som kan sjonglera fire ballar!! GRATULERER!!

Nytt vekeoppdrag: Innlevering av bøker og rydding i hyller og skap!

Tekst & foto: Lars Bakka



Mykje fin kunst som ventar på å koma heim til nokon:-)
Fredag 7.juni 2019


Trolla er laga av 7. klasse, resten er laga av 5. klasse.

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro



Praktisk matte er gøy! 
Fredag 7.juni 2019

Denne veka har 1.klassa arbeida med prisme, sylinder og kule. Dei har lært kva tredimensjonale figurar er. I dag har dei prøvd seg på å stable. Kan ein stable sylindere? Korleis? Kven bygger det høgaste tårnet, og kvifor?

Tekst og foto: Jeanette Haugvik

Mange fine fly!
Fredag 7.juni 2019


3. Klasse har lært om luft. Dei har og lært å laga papirfly. Flya blei dekorerte og testa ute. Mange fine fly som for langt i lufta.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Me er klare for First Lego League 2019
Fredag 7.juni 2019

Me klarte ikkje samla alle, men her er nokre av elevane som vil vera med på First Lego League 2019. Går du i 5.-6. eller 7.klasse hausten 2019 så kan du framleis melde deg på med ei tekstmelding til rektor 975 52 195

Tekst & foto: Lars Bakka

Småkryp
Torsdag 6.juni 2019

1. klasse har vore ute og leita etter småkryp. Me såg under steinane, og der fann me meitemark, tussalus, maur og sniglar.  

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Kjekk avsluttning på symjeopplæringa!
Måndag 3.juni 2019
 


Med fri måndag 2.pinsedag, vart det i dag den aller siste symjetimen for dei eine gruppa av 2.klassingar og elevane i 3. og 5.klasse. Då var det sjølvsagt avslutning med "badeland".
Til hausten vert det symjeopplæring for 2. til 6.klasse annakvar veke fram til jul. Frå januar 2020 til januar 2022 er me utan basseng under riving og bygging av ny Nysæter undomsskule. Me vil gje eit fleksibelt tilbod om symjeopplæring våren 2022 for å kompensera for bortfallet av denne opplæringa i byggeperioden.

 

Tekst & foto: Lars Bakka



Velkommen til frukost!
Onsdag 29.mai 2019
 


No har me snart servert ein sunn frukost med havregraut eit heilt skuleår. Elevar som ynskjer det kan også ta med bær til smoothie eller brød til toast. Det er 10 til 15 elevar med kvar dag, men det er heile 80 elevar som har tilbodet, så me har plass til fleire! I desse dagane tel me på knappane om dugnaden frå SFO og skuleleiinga skal halde fram også til hausten når interessa for tilbodet ikkje er større.....

Tekst & foto: Lars Bakka



Flinke sjonglørar
Onsdag 29.mai 2019

Mange elevar har teke utfordringa om å bli ein betre sjonglør enn rektor. Førebels er det berre ein elev som er blitt betre, men mange har etter kvart kontroll på tre ballar i lufta samstundes :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


First Lego league 2019
Tysdag 28.mai 2019
 


Går du i 5.-6.- eller 7.klasse ved Sagvåg skule det neste skuleåret? Då kan du søkja om å få vera med i First Lego League! Frist for å søkje er fredag 7.juni
Les meir her>>


Tekst : Lars Bakka


4. Klasse på Utslettefjellet
Fredag 24.mai 2019
 


Klassen tok ein tur ut for å utforska naturen i nærmiljøet!
Spreke, positive og glade for å komma ut.

 



Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Ut i naturen
Torsdag 23.mai 2019
 

1.klasse var ute og studerte maur i dag. Maur er skikkeleg sterke. Dei kan bære ting som er større enn seg sjølv. Det var kjempegøy å bruke forstørringsglas for å sjå skikkeleg på dei små krypa.  

 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Skaterampen 2010-2019
Torsdag 23.mai 2019
 

I dag har me fjerna skaterampen ved Sagvåg skule. Sjølv om me har vore flinke til å vedlikehalda rampen med beising og nye plater, så var han no så slitt at han måtte demonterast. Sjøv om det ikkje er så mange som har brukt rampen til skateboard, så har det vore ein kjekk leikeplass til mange leikar i ni år.
Bilete frå opninga av rampen i 2010>>


Tekst & foto: Lars Bakka

Førskuledag nummer to
Onsdag 22.mai 2019
 

Dei nye førsteklassingane har også i dag hatt ein kjekk førskuledag på Sagvåg skule. I dag har dei jobba i grupper saman med fadrane sine. Dei har jobba i førskuleboka si, bygd bokstavar av duplo, og lagt puzlespel. Me gleder oss til å treffa alle dei kjekke elevane att i august.

 



Tekst & foto: Laila Gjøsæter


Sykkeldag
Tysdag 21.mai 2019

I går hadde 4.klasse sykkeldag, der dei fekk læra om vedlikehald av sykkel, og så hadde dei ulike løyper med hinder.

Tekst & foto: Jeanette Haugvik


Førskuledag
Tysdag 21.mai 2019
 

I dag ønskte me elevane som skal ta til ved Sagvåg skule til hausten velkommen til skulen vår. Elevane i 5.klasse er fadrar for dei komande 1.klassingane, som fekk ein varm velkomst frå dei store elevane.

 



Tekst: Lars Bakka Foto: Laila Gjøsæter & Lars Bakka


Glimt frå Gullingen
Måndag 20.mai 2019
 

7.klasse er på leirskule på Gullingen i Suldal saman elevar frå Litlabø- og Tjødnalio skule denne veka. Her er nokre bilete frå den aller første dagen.

 



Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


Øving til 17.mai
Torsdag 16.mai 2019
 

Elevane laga eit flott 17.mai-tog rundt skulen i dag.....no er alt klart for den store dagen! Les alt om feiringa her:

 

GOD 17.MAI-FEIRING TIL ALLE!



Tekst : Lars Bakka Foto: Lærarane


Mat & helse i 6.klasse
Torsdag 16,mai 2019

[Tekst kjem]


Tekst & foto: Åshild Giving

Ein heil dag på SIM
Onsdag 15.mai 2019
 

4. Klasse vart henta med buss og køyrd til Sim sitt anlegg. Først fekk me ei grundig gjennomgåing om avfallshandtering, så køyrde me rundt på område og såg korleis ein jobba. Etterpå gjekk turen til Heiane der me fekk vidare informasjon om innhald i dei ulike kontainerane. Takk til Sim og Johannes som lærte oss mykje om dette viktige temaet.



Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Tur med 2.klasse
Tysdag 14.mai 2019

Tysdag var turdag i 2. klasse, me var ikkje innom klasserommet, eingong! Turen gjekk opp til Hustredalsvatnet der me traff fadderane våre i 7. klasse. Me leita etter, og fann, liv i vatnet og i skogbotnen, me leika saman og Elin trimma oss. Nokon hadde det så travelt at dei hadde ikkje tid til å ete tursjokoladen, faktisk!

Ein deilig vårdag med sol og fuglesang.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje



Vårsamling
Måndag 11.mai 2019
 

1.-4.klasse hadde ei fin vårsamling i dag. Me sang vårsangar, og gleidde oss over at våren endeleg er komen. 



Tekst: Kari Myhre Foto: Gro A Halvorsen


Flott jobba!
Fredag 10.mai 2019
 

Alt sanden som vart levert på torsdag kom ikkje oppi sjølve sandkassen. Denne gjengen gjorde fredag ein flott jobb med å spa sanden kassen!



Tekst: Lars Bakka Foto: Beate M Føyen


Brannvern
Tordag 9.mai 2019

 

Torsdag hadde 6. klasse brannvernundervisning. Det var både teoretisk og praktisk undervisning. Dette er viktig kunnskap og elevane var engasjerte.


  .
Tekst & foto: Åshild Giving


Tinestafetten
Tysdag 7.mai 2019
 

Tinestafetten er eit kjekt arrangement! På tysdag var 6. og 7.klasse med på stafetten på Stord stadion. 6.klasse var så heldige å få låna nokre elevar frå 5.klasse og alle elevane gjorde ein flott innsats! Det var kjekt å sjå på stafettane og heiagjengen var flinke til å heia klassane fram.


  .
Tekst & foto: Anne Brit Holm


Matematikkdag i 1.-4. klasse
Tysdag 7.mai 2019

Småskulen blanda elevane i grupper og hadde fire ulike stasjonar som inneheldt matematikkaktivitetar.

Det var matemagisk tårn- kven greier å byggja tårn på ein meter?

30 - leik- mange oppgåver som måtte løysast.

Sratch- koding på data

Escape room- korleis kan me få låst opp koden, slik at me kjem oss ut?- oppgåver måtte løysast og kodar måtte finnast.


Tida gjekk fort når ein har så mykje kjekt å halda på med:)


 
Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Ingrid Kvernenes Misje, Laila Gjøsæter



Tannhelse i 5.klasse
Tysdag 7.mai 2019
 
Femteklasse har hatt tannpleier Brit H. Laastad på besøk. Dei har lært mykje om kosthald og tannpleie.
 
Tekst & foto: Kjell Byrknes



Vårsprett..... eller vintersprett
Fredag 3.mai 2019

 

Det var stor aktivitet på heile skuleområdet vårt då me hadde Vårsprett i dag. Alle elevane vart delt inn i aldersblanda grupper, og det var spel og leikar som elevane kunne delta i og lære seg. Sjølv om det var litt snø på bakken, så kunne me sjå grønt gras og løvetann. Elevane var ivrige og blide, og me vaksne håpar at det høge aktivitetsnivået skal halde seg i friminutta utover våren. 


Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Anne Elisabeth Trevland & Isabell Epland


Elevrådsmøte

Torsdag 2.mai 2019

Her finn du referatet frå elevrådet >>

Tekst & foto: Egil Petterteig



Kokkekamp på kjøkenet
Torsdag 2.mai 2019

6. klasse har sjølv bestemt menyane og servert dommarane frå 5. klasse. Dei laga lasagne, fiskepinnar og grønsaksuppe. Til dessert fekk dei sjokoladefondant, muffins og trollkrem. Det var veldig godt samarbeid og kjempegod mat.  Dei har laga eit budsjett og no skal me etter kvart sjå på rekneskapet.

Tekst & foto: Åshild Giving

Mai 2019
 




Koding i 1. og 6.klasse

Tysdag 30.april 2019

6.klasse har i dag vore kodelærarar for 1.klasse. Me brukte Scratch.


Tekst & foto: Åshild Giving


Ikkje så dramatisk som det ser ut!
Måndag 29.april 2019

Testøvelse 13 - sjølvberging

Ha på jakke, skjorte, langbukse og sko. Hopp uti på djupt vatn og hald hovudet over vatn. Sym 25 meter på magen og undervegs dykke ned og hente ein ting med hendene. Stopp, trå vatnet, scull, flyt og orientere seg, samla i eitt minutt. Sym deretter 25 m på rygg/side og ta deg opp på land.


Foto: Lars Bakka



451 kongler
Onsdag 24.april 2019
 
1. klasse var  veldig ivrige på siste finpussen på området vårt. Me hadde kongleplukkekonkurranse. 451 kongler på 1-2-3
 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Brannøving
Torsdag 25.april 2019

Torsdag gjennomførte me brannøving. Denne visste elevane ikkje om, likevel var alle på plass på skuleplassen etter tre minutt.

Tekst & foto: Lars Bakka

Sommarlege fargar

Onsdag 24.april 2019
 
Me nyt vårsola, og ser at blomar og trær spring ut utafor skulen. Snømenn og snøfnugg er plukka ned frå veggane, og no skal me snart pynte opp med sommarlege fargar. Me har hatt om symmetri i matematikken, og i dag måla og trykka me symmetriske bilete i kunst og handverk. Resultatet vart kjempeflott, og kunstnarane kan med rette vera godt nøgd med seg sjølv!
 

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


[Tekst kjem]
Torsdag 24.april 2019
 
....
 
Tekst & foto: Åshild Giving


Finpuss
Onsdag 24.april 2019

 "Finpuss i uteområdet"
er vekeoppdraget denne veka. Her er det elevar i 5. og 6., klasse som hjelper til med å friska opp paradisa.
 

Tekst & foto: Lars Bakka



Skulekvardag igjen
Tysdag 23.april 2019

Det tok ikkje så mange minutt før elevene var i full gang med skulearbeidet igjen etter påskeferien. Her er nokre bilete frå tysdag føremiddag.
 
Tekst & foto: Lars Bakka



Siste dag før påske
Fredag 12.april 2019
 
Også den siste dagen før påskeferien har faste tradisjonar ved Sagvåg skule. Påskelunsjen for alle elevane i gymsalen er ein av desse..... og ein påskekylling til kvar elev frå rektor!



Tekst: Lars Bakka  Foto: Åshild Giving



Elevane har funne 10 av 10 kyllingar!
Sjå heile biletet>>

Tekst & foto: Jeanette Haugvik



Fredagstaco i 7.klasse :-)
Fredag 5.april 2019


7.klasse starta fredagen med brentball ute i vårsola og så var det taco på menyen. Etter mykje arbeid med "Ung på Stord" i det siste og framføring for foreldra i går kveld, var denne sosiale timen eit kjekt avbrekk i ein hektisk kvardag.

Tekst  & foto: Anne Brit Holm

 

1.- og 6.klasse til Utslettefjellet
Torsdag 4.april 2019
 
Alle dei superspreke 1. og 6. klassingane var til topps på Utslettefjellet i dag. Det blåste ganske mykje på toppen, men me hadde ein fin tur med blide og kjekke ungar. 



Tekst : Anne Elisabeth Trevland  Foto: Anne Elisabeth Trevland og Åshild Giving

Kjære brevvenn!
Torsdag 4.april 2019
 
Me har skrive brev på fleire ulike måtar denne veka. På tysdag lærte me å skrive epost, og me i 2. klasse har dessutan fått oss brevvenner i Tromsø! Det er ganske langt nord i landet og me har sett litt på reiseruta til desse breva. Ganske annleis enn ein e-post som kanskje berre brukar eitt sekund. Det har vore kjempestas og lese breva frå Tromsø, og no skal me snart sende nordover nye brev dei 20 nye venene våre.
Me har også brukt litt tid på å lage origami-fuglar i det siste. Nokre av dei kan likne litt på påskekyllingar, andre på papegøyar. Siste time torsdag laga me litt eventyr og fekk litt leiketid med fuglane våre, det var veldig gøy om ein skal døme etter fuglekaklinga i klasserommet!

 

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

 

Nytt vekeoppdrag
Torsdag 4.april 2019

 

I neste veke vert det vårpuss i uteområdet vårt som vert vekeoppdraget. 7.klasse tjuvstarta allereie i dag.

 

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Landskap
Tysdag 2.april 2019

 

1. klasse har landskap som tema. I dag har me arbeida med fjell. Det var kjekt å byggje i sandkassa, lego og treklossar. Me målte "fjella", men mange datt før me fekk målt. 

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

4.klasse til kyllingane
Måndag 1.april 2019

 

4. Klasse fekk lov å helsa på kyllingane til Luca i dag. Det passa fint etter badetimen. Det var veldig fine kyllingar og før me gjekk heim fekk alle eit lite egg fra Påskeharen.

 

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

April 2019

Vekesamling
Fredag 29.mars 2019

 
Det var elevar frå 6.klasse som gav oss underhaldninga i vekesamlinga denne fredagen. Vekeoppdraget,som var å synga ein song kvar dag, hadde stort sett gått fint. Det nye vekeoppdraget er å skriva ein e-post til rektor om korles elevane har det på skulen.

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Påskevandring... og litt til
Torsdag 28.mars 2019

 

I dag har 1. klasse vore på Påskevandring i kyrkja. Me fekk høyre om palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskedag. 
Då me var ferdige i kyrkja, tok me turen til Solidbanen og åt maten. Olivia bur rett i nærleiken av Solidbanen, og me var så heldige at me fekk kome på besøk for å sjå dei skjønne, små kjuklingane hennar. 1. klasse var veldig flinke og kjekke og ha med på tur. 

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Til biblioteket
Torsdag 28.mars 2019

 

6. klasse har hatt ein flott tur til biblioteket på Litlabø. Dei fekk høyre utdrag frå ei bok og hadde ei koseleg stund med bibliotekbøker.

Tekst & foto: Åshild Giving

To egg
Torsdag 28.mars 2019
 
To jenter frå 1. klasse var ute og leikte i skulegarden i dag. Dei fann eit lite reir med to egg opp. Lurer på kva slags fugl som har lagt dei? 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Takk for tida saman med deg!
Onsdag 27.mars 2019


Denne veka måtte 5. klasse sei takk og lukke til med pensjonistlivet til Aasne. Det var gjort med gode bollar og kake (som Aasne hadde baka) og overrekking av gåve og bok frå klassen. Aasne: "No må du ta fram alle godorda du skal hugsa i hjernen og lagra i hjarte" :-)

 

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro



Avslutning for Aasne
Tysdag 26.mars 2019
 
Aasne Høviskeland Vikanes har vore tilsett ved Sagvåg skule sidan 1976, og onsdag 27.mars er den aller siste arbeidsdagen hennar. Tysdag ettermiddag heidra kollegiet ein god kollega med blomar, gåver, kaffi og kake.
 

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

 

Kahoot i 3.klasse
Tysdag 26.mars 2019
 
Norsk var tema då 3.klasse gjennomførte Kahoot i første time i dag.

Teks & foto: Lars Bakka

 

Stort oppslag i Sunnhordland
Tysdag 26.mars 2019

Det vart også eit stort oppslag i Sunnhordland om klima- og miljø-streiken til elevane i 5.-6.-7.klasse ved Sagvåg skule på fredag. Les heile saka her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

 

Teater med 5.-7.klasse
Sagvåg skule

I dag fekk elevane våre på 5. - 7. klasse sjå ei teaterframsyning av boka Brune, skriven av Håkon Øvreås. Ei fin og kreativ framstilling av tematikken sakn og å bli plaga. Boka kan ein finna på biblioteket og som høgtlesingsbok på Salaby😊 

Alternativ miljøstreik på Sagvåg skule!
Fredag 22.mars 2019
 
Fredag 22. mars var det mange som streika for klimaet rundt om kring i Norge. Me fra 5-7. klasse på Sagvåg skule hadde vår eigen måte å streike på, ved å plukke boss rundt i Sagvåg. Det var funne mykje boss rund om kring.  

Bilete frå aksjonsdagen:
 

Siste vekesamling for Aasne 
Fredag 22.mars 2019

I dag var det siste vekesamlinga for Aasne, og onsdag er siste arbeidsdagen. Aasne var sjølv elev på Sagvåg skule, og ho har vore lærar ved skulen vår sidan 1976.

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Godt humør i 1.klasse 
Torsdag 21.mars 2019

Litt regn legg ingen dempar på humøret til 1.klasse :) 

 

Tekst og foto: Jeanette Haugvik

 

 

 

Rullekake og takras
Torsdag 21.mars 2019

 

6. klasse laga rullekaker. Dei som ville, laga sjokolade rullekake. Ei av rullekakene blei litt vanskeleg å trille og blei til eit takras. Takraset blei pynta med krem og syltetøy. Hovudretten var ein god heimelaga blomkålsuppe med bacon.

Tekst & foto: Åshild Giving

Papirbåtar på SFO 
Onsdag 20.mars 2019

Toler papir vatn ?   Blir ikkje båtane våre øydelagde i vatn?  Kva skjer når me fargar båten, for så å få vatn på han? 
Hmmm... 

Tekst og foto: Liljan V.Waage

 

No er det vår....
Onsdag 20.mars 2019

 

Når elevane tilbyr seg å sopa skuleplassen er det vår ved Sagvåg skule.


Tekst & foto: Lars Bakka

 

Skjærefjøler frå 5.klassingane
Ondag 20.mars 2019

 

Elevane i 5. klasse kan no servera ost og kjeks på flotte skjærefjøler som dei har laga på sløyden. Her ser de kun eit lite utval:-)

 

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


 

"Dobbelt så mykje" i 1.klasse
Tysdag 19.mars 2019

 

I dag har 1.klasse arbeida med omgepet "dobbelt så mykje". Det gjorde me ved å nytta oss av konkretar. Kjempe kjekt, og flinke elevar! 

 

Tekst & foto: Jeanette Haugvik

Sansane i 1.klasse
Tysdag 19.mars 2019

 

1. klasse har studentar i naturfag og har eit prosjekt om sansane våre. I dag fekk vi testa ut lukt og smak. Alle fekk både lukta og smake på ulike ting og gjetta seg fram til kva det var. Det var både spennande og lærerrikt.

Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Hansen

 

Klasseråd i 6.klasse
Tysdag 19.mars 2019

 

Elisabet har hatt eit referat frå siste elevrådsmøtet. Klassen diskuterte visjonen til Sagvåg skule og korleis elevrådet og alle elevane kan jobbe med den. Emil som er vara var ordstyrar.

 

Visjon 

Me er trygge, me trivest, me lærer.

 

Tekst & foto: Åshild Giving

Ein liten kakefest
Tysdag 19.mars 2019

 

Ingeborg skal snart ut i permisjon og klassen hadde ei koseleg økt med kjemegode brownies og gode ord.

Tekst & foto: Åshild Giving

Intern kursdag
Måndag 18.mars 2019

 

I dag har me hatt intern kurdag for lærarane på Sagvåg skule. Dagen var tredelt med GeoGebra-kurs, arbeid med planen for eit inkluderande skulemiljø og ei undersøking med fokus på effekten av vårt arbeid med Språkløypene.

 


Tekst & foto: Lars Bakka



Inger Lise Belsvik på Sagvåg skule
Fredag 15.mars 2019

 

I dag hadde 3.kl besøk av Illustratøren av boka "Under ein stein" -lnger Lise Belsvik
Ho fortalde frå boka og me fekk laga mange fine små dyr.


Tekst & foto: Vidar Gjellestad



"Under ein stein"
Fredag 17.mars 2018

 
I dag har 3. og 4. klasse hatt besøk av illustratør Inger Lise Belsvik. Ho har lese frå bok si "Under ein stein". Den handlar om insekta og andre småkryp som me finn under steinar ute i naturen. Etterpå skulle elevane laga sine eigne fantasi - småkryp. Dette var eit spanande og morosamt arbeid med mange morosame og kreative løysingar. Ein kjempefin avslutning på veka.

Tekst & foto: Jens Lønning


Eventyr i 1.klasse
Torsdag 14.mars 2019

 

 

1.klasse har dramatisert eventyret om "De tre bukkene bruse". Bukkane gjekk ikkje til seters, men til Bømlo for å leite etter gull, og til Fitjar for å kjøpe klede. Kreative elevar! 

 


Tekst & foto: Jeanette Haugvik



Mat og helse med god hjelp
Torsdag 14.mars 2019

6. klasse fekk god hjelp frå studentane i mat og helse. Dei laga marmorkake og sidan det er ei sunn veke, så tok dei med kakene heim for å dele det med familien.

Teskt & foto: Åshild Giving


Ta vare på skulesakene!
Torsdag 14.mars 2019

Me skulefolk masar alltid om at elevane må vera flinke til å ta vare på skulesakene sine! Då mamma, Trine, fann den snart 20 år gamle skuleblyanten sin frå Sagvåg skule med bilete og namn så lurte ho på om blyanten rett og slett burde gå i arv til dattera, Ada Sofie, i 1.klasse på Sagvåg skule :-) ....gjer han det så har me påfyll med bly!

Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka & Trine Kvalnes Røstbø

Matjungel i SFO
Onsdag 13.mars 2019
 
Fleire av elevane i 2.klasse vart flotte mediekjendisar i Sunnhordland og Junior i den store reportasjen om Matjungelen i SFO på Sagvåg skule! Det passar superbra midt i matpakkevekene våre!

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Musikkleik med Theresa
Onsdag 13.mars 2019

 

2. klasse har vore veldig engasjerte i musikktimen. Dei hadde lydmemo og beat for beat. Dei var veldig flinke til å uttrykkje seg musikalsk.

 

Tekst & foto: Åshild Giving




TL-fest
Onsdag 13.mars 2019
I dag takka og feira me dei som var Trivselsleiarar i haust. No fortjente dei ein fest, så me hadde film, Pizza, Popcorn og saft på pauserommet til personalet.
Takk for flott innsats!
 
Tekst: Egil Petterteig Foto: Lars Bakka

Ein fin vårdag

Onsdag 13.mars 2019

 
Det vart ein fin dag for ein liten fototur!

Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka & Jaymi Schuurman

Elevrådsmøte
Onsdag 13.mars 2019
 
Her finn du referat frå møtet i elevrådet>>



Tekst & foto: Egil Petteretig



Bokstavfest i 1.klasse
Måndag 11.mars 2019

 
Måndag var det bokstavfest i 1. klasse. HURRA!!
Me feira med  bingo, loop og spel. Festmaten var bokstavkjeks, og den laga me ord med før den hamna i magen. 




Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Eitt av kompetansemåla i symjeopplæringa
Måndag 11.mars 2019

 
"Ha på jakke, skjorte, langbukse og sko. Kunne ta på vest riktig. Kunne falle uti, gjenvinne kontrollen og snu seg i ønsket stilling når de kommer til overflaten, og ta seg inn til et fast punkt (kant, land eller båt)."



Foto: Liljan Vestbøstad Waage


Bokstavar i 1.klasse

Fredag 8.mars 2019


I dag har 1.klasse hatt praktisk arbeid med bokstavar :-)



Tekst & foto: Jeanette Haugvik


Vekesamling med 1.klasse
Fredag 8.mars 2019
 
Etter to veker med fokus på det psykososiale miljøet, korleis me har det på skulen, set me no fokus på det fysiske, Sunn matpakke !

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

SMARTare energi
Fredag 8.mars 2019
 

Sagvåg skule sender to flotte lag til kommunal konkurranse i SMARTare energi på Vabakken Det vart ein hard konkurranse mellom dei ti laga som konkurrerte på Sagvåg skule fredag.

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

Kor langt kan ein frosk hoppe?
Torsdag 7.mars 2019
 

Kor langt kan ein frosk hoppe? Kor langt kan eit papirfly fly? Dette var spørsmål som 1. klasse fekk svar på i dag.
 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Fokus på sunn mat og god hygiene i 1.klasse
Tysdag 5.mars 2019

1. klasse har hatt sitt eige vekeoppdrag denne veka. Alle har hatt sunne matpakkar som smakte veldig godt. Me laga fruktsalat heilt sjølv. Det smakte nydeleg med yoghurt på. Alle fingrane var heile etterpå også. Det gjekk berre med eitt plaster. Flinke ungar. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Pizza i 6.klasse
Torsdag 7.mars 2019

Pizzaen blei heilt perfekt, ettersom elevane bestemte pizzafyllet sjølv. Det var veldig god stemning rundt bordet og alle var nøgde med maten.

Tekst & foto: Åshild Giving

SMARTare Energi

Onsdag 6.mars 2019


Elevane på mellomsteget har heile dagen i dagens arbeidd med SMARTare energi. Gruppene finn løysingar for korleis kvardagen kan bli enklare for elbilbrukarar, og fredag skal ideane framførast og vurderast av dommarar.



Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Åshild Giving m.f.

 

 

Nye bibliotekbøker
Tysdag 5.mars 2019

Solfrid, Lea Synneva og Elias kunne stilla ut ei heil rekkje med heilt nye bøker i skulebiblioteket i dag.
VELKOMMEN!


Tekst & foto: Lars Bakka

Mars 2019

MGP 2019
Fredag 22.februar 2019

I dag vart den årlege Meldodi Grand Prix-framsyninga ved Sagvåg skule arrangert. Flinke artistar frå alle klassane laga eit flott show for heile skulen. Ein flott siste dag før vinterferien.

MGP del 1:    MGP del 2 & vekesamlinga :

Tekst & foto: Lars Bakka

 

TL-kurs
Onsdag 20.februar 2019

Denne flotte gjengen har hatt ein kjekk dag på Vikahaugane! Der var me på TL kurs med andre TL fra Rommetveit, Langeland og Leirvik skule. Me lærte mange nye og kjekke leikar. Det var ein fantastisk gjeng å ha med seg på tur :-)

Tekst & foto: Beate Mettälä Føyen

 

Sprek matematikk
Tysdag 19.februar 2019

1. klasse har arbeida med tala i matematikktimen i dag. Det var stor aktivitet, og det var mange som fekk "knute" på kroppen.  

Tekst & foto:Anne Elisabeth Trevland

Klar for mat & helse.....
Tysdag 19.februar 2019

 

Då var resten av elevane i 5. klasse òg klare for mat og helse i 6. klasse. Det gjer ingenting om dei testar forklea heime - det blir nok god mat med så fint utstyr:-) Flotte elevar!

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Frukost med smoothie, toast og havregraut
Tysdag 19.februar 2019

Mange elevar i 4.-5.- 6.- og 7.klasse startar dagen med frukost på skulen. Skulen spanderer havregraut, men elevane kan også ta med seg brød til toast og frukt til smoothie. Det er er koseleg halvtime frå åtte til halv ni kvar dag, måndag til fredag.

Tekst & foto: Lars Bakka


Gitaristane i 2.klasse
Fredag 15.februar 2019

Alle elevane i 2.klasse kan no nokre grep på gitar. Klassen gav oss fleire songar til morgonsamlinga i dag tidleg. Alle elevane har tilgang til "Lær å spille gitar." i Salaby>>

Denne veka lagar me ordsky med ord som seier noko korleis me har det på skulen.

Tekst & foto: Lars Bakka



Matematikk i 1.klasse
Torsdag 14.februar 2019

Det er stor aktivitet i 1. klasse når me har matematikk. Denne dagen arbeida me med tala frå 0-20. Me gjekk tallinja, hoppa den, telte centikuber...... På ei anna gruppe hadde me butikk. Elevane er veldig ivrige og flinke til å telje penger også. Veit du kva meir du kan kjøpe dersom du har 10 kr og du allereie har funne noko til 4? Då er det god hjelp i å kunne tiarvener.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Fiskesprell – internasjonale fiskerettar

 Ondsdag 13. og torsdag 14.februar 2019

6. klasse med foreldre laga til ein flott kveld med internasjonale fiskerettar. Det smakte fantastisk godt. Dagen etter blei 7. klasse invitert på restefest og det blei godt moteken. Tusen takk til Fiskesprell som har sponsa arrangementet.

Resteparty:

Tekst & foto: Åshild Giving


Kunst og handverk
Fredag 8.februar 2019

Elevane på 4. trinn har planlagt og laga enkle bruksgjenstandar i tre. Dei har laga både bondesjakk, knivar og brødkorger. Dei har brukt ulike verktøy i dette arbeidet.

På tysdag var me så heldige å få hjelp av besten til Karl Andreas. Han hjalp elevane med å laga flotte brødkorger.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter


7.klasse på skeisebanen
Fredag 8.februar 2019

7. klasse har hatt ein flott dag på skeisebanen i dag. Dette er verkeleg ein fantastisk gjeng å ha med seg på tur!
 

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


Alias på engelsk 
Fredag 8.februar 2019
 
Elevane var veldig engasjerte og flinke til å uttrykkje seg på engelsk. 

Tekst & foto: Åshild Giving



Vekesamling med 3.klasse
Fredag 8.februar 2019
 
I dag var det 3.klasse som hadde kulturinnslaget. Vekeoppdraget med fine lekser til rett tid held fram også neste veke.

Tekst & foto: Lars Bakka


Samedagen
Torsdag 7.februar 2019

 

Småskulen har den siste veka jobba med samisk kultur og begrep og på den måten var me godt førebudde til samedagen.1 - 4 klasse har hatt ein fine dag ute, der me hadde grupper på tvers. Me fekk hjelp av Knut Arild frå friluftsrådet vest.Han hadde med seg lavvo, bålpanner og eit reinsdyrhovud. Gruppene var å setja opp og innreia ein lavvo med geiner og reinsdyrskinn, laga Biddos (samisk reinsdyrgryte), lage ein Sami duodji - ein sameleir i miniatyr og ikkje minst å kasta lasso for å fanga " Rudolf rein". Som vanleg kjekke elevar som deltok på aktivitetane med stor iver. 


 


Tekst: Gro A Halvoresen Foto: Ingrid Kvernenes Misje m.f.


Rytme, gitar og musikkhistorie
Torsdag 07.februar 2019
 
5. og 6. klasse har hatt ei lita framsyning med musikkgrupper med rytme, gitar og musikkhistorie. 

Tekst & foto: Åshild Giving

Indiske lakserett
Torsdag 7.februar 2019
 
Den indiske lakseretten var kjempegod. Neste veke skal 6. klasse arrangere ein matfest med  internationale fiskerettar for elevar og føresatte. 

Tekst & foto: Åshild Giving


Morgontrening
Torsdag 7.februar 2019

Kvar torsdag utover våren kjem turnarane Jonathan i 4.klasse og Noah H i 5.klasse til å køyra ei økt med styrketrening frå klokka 07.00-08.00. Etterpå kan det smaka ekstra godt med skulefrukost kl 8

Tekst & foto: Lars Bakka





4. klasse på Litlabø bibliotek
Onsdag 6.februar 2019


Det er alltid like kjekt å komma på biblioteket og bli lest for, få dei nyaste anbefalingene og ilkkje minst få kikka i og lesa  i alle desse kjekke bøkene


Tekst
& foto: Gro A Halvorsen


Vintersamling
Onsdag 6.februar 2019

I dag hadde 1., 2., 3., og 4. klasse ei vintersamling. Alle klassane bidrog med flotte innslag og var med på fellessangar. 

Tekst: Lene T Almås Foto: Laila Gjøsæter

Rekruteringskonsert
Onsdag 6.februar 2019

 
Onsdag morgon starta med flott rekruteringskonsert med Sagvåg skulekorps for elevane i 3. til 7.klasse.

 

Tekst & foto: Lars Bakka



Toast eller havregraut
Onsdag 6.januar 2019
 
Elevane som vil ha noko anna enn havregraut, kan ta med seg sunn matpakke til skulefrukosten. Er det brød med skinke og kvitost, så kan det passa godt at skivene få ein tur innom den nye toastmaskinen vår. Det fleste kosar seg framleis med havregraut.

Tekst & foto: Lars Bakka

Laksetaco
F
redag 1.februar 2019

 
6. klasse laga veldig god laksetaco.

Tekst & foto: Åshild Giving



Vekesamling

Fredag 1.februar 2019
 

Flott songinnslag med 4.klasse starta fredagen. Det nye vekeopodraget handlar om å gjere leksene fint og levera til rett tid.

Tekst & foto: Lars Bakka
Februar 2019

Sjakkmeisterskap på Sagvåg skule
Torsdag 31.januar 2019

 
Det vart ein jamn finale mellom dei to 7. klassingane, og det såg lenge ut som om det ville enda i remis. Det var ein spanande kamp for publikum, som kunne sjå kampen live på storskjerm. Etter omlag 20 minutter, var det Johannes som stod att med flest brikken og vann over Wesley som kun hadde kongen att.
Jamnt var det også i gruppespelet og i semifinalen. Her kan du sjå nokre bilete i frå semifinalen og finalen.

Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland



God stemning og mange elevar til frukost
Torsdag 31.januar 2019

 
No har me opna for at også 4.klasse får vera med storskulen på frukost kvar morgon frå 08.00-08.30. I dag var det over 20 elevar med, og det er bra. Etter jul har det vore litt få elevar som har starta dagen me
d  havregraut på skulen.
PS! Dei som ikkje likar havregraut kan sjølvsagt ta med eiga frukostniste.

Tekst & foto:Lars Bakka


Spel gitar med Salaby gitarskulen 2. klasse. 
Onsdag 30.januar 2019
 
2. klasse er godt i gong med gitarspeling og har lært 4 songar. Dei har stemt øvste strengen til tonen D istadenfor E. Då kan dei spele alle songar på dei tre øvstre strengane.
Tekst & foto: Åshild Giving

Sjakkturnering 5.-7.klasse
Måndag 28.januar 2019


1. Roleg i lokalet.
2. Byrjar på signal frå dommar.
3. Helsar på kvarandre.
4. Rørt er ført.
5. Sleppt er sleppt.
6. Still opp brikkene.

Detta er dei seks sjakkreglane som 40 påmeldte elevar må forhalde seg til i veka som er. Det er satt opp 360 sjakkpartiar og på torsdag vert vinnaren kåra! Her er bilete i frå i dag.

Tekst & foto:Ingeborg Toft Nerland




Symmetri
Måndag 28.januar 2019

 

4. klasse har jobba med mønster og symmetri i matematikktimen. Me jobbar med symmetri, rotasjon og forskyving. Her er nokre av dei fine mønstera elevane har laga.

 

Tekst & foto: Laila Gjøsæter



Vinter på Sagvåg skule

Søndag 27.januar 2019

Det ser ut til å bli ei fin vinterveke med snø og minusgrader. Me har to akebakkar som me kan aka i til snøen er "aka" bort. Elevane kan også ta med ski, men dei må lagrast ute langs veggen i skuletida. Skiløypa går ein runde i skogen og rundt skulen. Snøballkasting er berre lov på blink på gymsalveggen ved uteamfiet. Elles er det fritt fram for kjekk leik i snøen!

Tekst & foto:
Lars Bakka


Sjakkturnering
Torsdag 24.januar 2019

I dag avslutta 6. og 7.klasse dagen med sjakk og bingo. Me hadde ei kjekk stund saman, og elevane var ivrige og veldig engasjerte :-) 

Tekst & foto: Egil Petterteig


100
Torsdag 24.januar 2019

Korleis ser 100 rosiner, 100 stikker eller 100 perler ut. 1. klasse talde og fann det ut. Me fann ut at det var fleire måtar å telje til 100 på. Me kunne telje ein og ein, eller me kunne telje 10-arar. Det som var viktigast, var å kunne samarbeide. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Snømann
Torsdag 24.januar 2019

 

I dag var ein fin dag å lage snømann. Blide,  ivrige og flinke 1. klassingar laga kjempestore snøballar. Pinnar, kongle og stein vart til munn og nase. Nokre vart kjempehøge og kjempetunge. Det var kjempekjekt. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Kjøtkaker i 6.klasse
Torsdag 24.januar 2019

 


Tekst & foto: Åshild Giving

 

Vekesamling med 5.klasse
Tordag 24.januar 2019

 

Denne fredagen var det 5.klasse som gav oss kulturinnslaget. Vekeoppdraget er framleis "På rett stad til rett tid".

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Elevrådet har hatt møte
Onsdag 23.januar 2019

Her finn du referatet frå elevrådet>>

tekst & foto: Egil Petterteig

 


Læringsstøttande prøvar

Onsdag 23.januar 2019
 

6. klasse hadde godt fokus på den læringsstøttande prøven i lesing. 

Tekst & foto: Åshild Giving



Isglatt

Tysdag 22.januar 2019
 

Me har allereie hatt to uhell på glattisen. Elevar i 5.klasse hjelper til med strøing medan me ventar på strøbil. I dag har me stengt både akebakken ned mot ballbingen og pyramiden.

 

Tekst & foto: Lars Bakka



Makramè i 6.klasse
Tysdag 22.januar 2019
 

6. klasse konsentrerte seg veldig godt då dei starta dagen med å lage makramè. Dei fekk høyre musikk og koste seg. Det var ein god lading før dei skulle ha ein læringsstøttande prøve i regning.
 
Tekst & foto: Åshild Giving


 

1.klasse heilt i 100

Måndag 21.januar 2019
 

I dag har vi i 1. klasse gått på skulen i 100 dagar. Det må feirast! Vi har jakta på tal frå 1 til 100 ute i skogen og ete sjokoladekake. Kjekk markering av ein stor dag.   

 

Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Hansen



Matematikk i 5. klasse

Fredag 18.januar 2019
 

Fredag hadde 5. klasse ulike spel i matematikktimen. Elevane spelte bingo og Multiplix for å øva på multiplikasjonstabellen. Ei kjekk stund der samarbeid òg var viktig.

 

Tekst & foto: Aasne H Vikanes



Vekesamling

Fredag 18.januar 2019


Fredagen starta med gitarkonsert med 6.klasse. Etter det kumme me slå fast at dei aller fleste elevane ved Sagvåg skule hadde vore snille med kvarandre dei to første vekene i 2019, terningkast 5 til dei fleste klassane.
Neste veke er oppdraget: "På rett stad til rett tid!"


Tekst & foto: Lars Bakka


Tusen takk til fiskesprell
Torsdag 17.januar 2019


6. klasse har vore så heldige å få pengar til å laga ein fiskerett frå Fiskesprell. Det blei ei flott fiskesuppe med, torsk, scampi, aure og grønsaker. 



Tekst & foto: Åshild Giving


Aking
Tysdag 14.januar 2019

Også tysdag føremiddag var ein fin vinterdag med ski og aking på skulen....men så kom mildvèret......

 



Tekst & foto: Lars Bakka


Vinter og snø
Måndag 14.januar 2019

Tid for leik i snøen med 1. og 6. klasse er flott når me har som vekemål å vera snille med kvarandre. 

 



Tekst: Åshild Giving  Foto: Lærarar og elevar


Reknestrategiar
Måndag 14.januar 2019
 
6. klasse lærar ulike reknestrategiar av kvarandre ved å nytte det matematiske språket. Det er ein god måte å jobbe med tekstoppgåver.

Tekst & foto: Åshild Giving


Ei reise i tid
Fredag 11.januar 2019

Me i 2. klasse har i dag vore og besøkt Sunnhordland Museum og lært korleis det var å leve for mange hundre år sidan! Johanne møtte oss og viste oss rundt i eitt av dei gamle rikmannshusa, det var ikkje akkurat som husa i dag, akkurat!
Me fekk også bake flatbrød, gjere klesvasken, bære vatn, skure dekk, fiske og arbeidde i hermetikkfabrikk. Slik oldeforeldra og tipp-oldeforeldra kanskje ein gong gjorde det. Det var nok like greit at det ikkje fanst TV på den tida, for dei hadde ikkje hatt tid til det uansett.
Ein veldig kjekk dag der me har lært mykje! Tusen takk til foreldra som kunne være med og køyre oss! Det var så mange som ville, at det var ikkje bruk for alle eingong! Jammen har me kjekke foreldre!
Då me kom tilbake til skulen var me raskt tilbake til 2019 og hadde fått kvar vår datamaskin i klasserommet!!



Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Avisredaksjonen
Fredag 11.januar 2019

  

I dag hadde dei sitt første møte og fordelte oppgåver til neste veke. 2 av fotografane tok mange flotte bilete i dag, så det er lurt å sjå for å få tips til korleis ein kan ta betre bilete.

 

Tekst & foto: Åshild Giving



Skulekoret og Egil
Fredag 11.januar 2019

Flott korsong innleia denne fredagen for alle oss ved Sagvåg skule. Vekeoppdraget er framleis ynskjet frå nyttårstalen til Kongen om at me måtte vera greie med kvarandre.

Tekst & foto: Larrs Bakka


Gitaristar i 5. og 6. klasse
Torsdag 10.januar 2019

5. og 6. klasse har eit samarbeid i musikktimane, kor dei får delta på 3 ulike grupper. Dei skal spele gitar, jobbe med ulike rytmar og ha musikkhistorie. Gitargruppa var veldig flinke og 6. klassingane var hjelpelærarar. 

..

.

Tekst & foto: Åshild Giving


Heimelaga fiskepinnar er best!!
Torsdag 10.januar 2019

 
6. klasse starta det nye året med vasking av skap på kjøkenet. Det første som stod på menyen var fiskepinnar og råkostsalat.

tekst & foto: Åshild Giving

Vil du ha frukost?
Torsdag 10.januar 2019
 
Det er ledig plass dersom det er fleire elevar i 5.-6. eller 7. klasse som vil starta dagen saman med oss med havregraut frå kl 08.00 til 08.30 måndag til fredag.
Velkommen!


Tekst & foto: Lars Bakka

IKT-hjelp
Torsdag 10.januar 2019
 
Med god help frå flinke elevar frå 7.klasse vert no maskinar til både 1.- og 2.klasse klargjort for utdeling.

Tekst & foto: Lars Bakka


Klar for "kokkelering"
Tysdag 8.januar 2019

 

No er halvparten av elevane i 5. klasse klar for mat og helse i 6. klasse - og det skal iallefall ikkje stå på utstyret om dei vil "kokkelere" heime òg;-) Flotte forkle på flotte elevar:-)

.

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro



Digital kvardag
Fredag 4.januar 2019

Stor stas i 4. klasse når alle har fått kvar sin PC til disposisjon.

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen




Første skuledag etter juleferien er tordag 3.januar. SFO er open frå kl 06.45. Elevane i 5.-6. og 7.klasse er hjarteleg velkomne til skulefrukost frå kl 08.00

 

Skuleruta finn du her>>


Tekst & foto: Lars Bakka
Januar 2019