Våren 2018                 Aktiver>>



Siste skuledag
Fredag 22.juni 2018
 
Fredag 22.juni var siste skuledag dette året. Heile skulen tok farvel med 7.klasse i amfiet. Me hadde også tradisjonell vekesamling med flotte kulturinnslag.
Tusen takk for eit fint skuleåre til alle ved Sagvåg skule!!
           
 
Tekst & foto: Lars Bakka 


Friluftsdag nr 3
Torsdag 21.juni 2018
 
Då var det tid for tredja og siste friluftsdag. I løpet av desse dagane har elevne oppleva norsk natur i spå sjø, i skog og på fjell i skiftande ver. Tusen takk til alle for flotte dagar!!
Her finn du bilete frå turane i dag:
            Segling:
 
Tekst: Lars Bakka  Foto: Tilsette ved Sagvåg skule

Friluftsdag nr 2
Onsdag 20.juni 2018
 
Her er nokre glimt frå friluftsdagan 20.juni  

                




Tekst: Lars Bakka  Foto: Tilsette ved Sagvåg skule



Glimt frå den første friluftsdagen
Tysdag 19.juni 2018
 
Det har vore skiftande ver denne første friluftsdagen. Her er nokre bilete som har tikka inn på telefonen medan elevane og lærarane er på tur.
    Bekkevandring:     Utslettefjellet:     
 
Tekst: Lars Bakka  Foto: Liljan Vestbøstad Waage, Gro A Halvoresen, Turid Gjellestad, Anne Brit Holm, Lene T Almås m.f



Favorittane tapte!
Måndag 18.juni 2018
 
Det er som i VM, favorittane innfrir ikkje. I dag var det elevane i 7.klasse som slo dei tilsette 3-2 etter dramatiske sluttminutt der elevane fekk eit mål på overtid av overtid
          Etter kampen vart sjølvsagt rektor dynka!
 
Tekst: Lars Bakka  Foto: Kari Myhre (og Erlend Thoresen)



Avslutning i elevrådet
Fredag 15.juni 2018
 
No har elevrådet 2017/2018 gjennomført sitt siste oppdrag, det var å ete is. Ole Thomas var diverre oppteken med å gjere seg klar til ungdomsskulen, så han får få isen ein anna dag.
Tusen takk til Glenn Willy, Tuva, Karl Andreas, Liandra, Remi, Evelina og Ole Thomas for alle møta dei har stilt opp på og for at dei har vore elevane si samla stemme til rektor! Vel blåst!

 
Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Vekesamling med kulturinnslag
Fredag 15.juni 2018

I dag var det 3.klasse som gav oss kulturinnslaget på vekesamlinga. Etter det var det tid for vurdering av veka som gjekk. Alle klassane hadde vore flinge med å levera bibliotekbøker, rydda i klasseromma og gjera leksene til rett tid. I neste veke set me fokus på kjekke friluftsdagar.

Tekst & foto: Lars Bakka


Skulefrukost
Fredag 15.juni 2018

Så var det tid for den siste serveringa av skulefrukost med havregraut i denne omgangen. Litt over 20 elevar har vore med dei fem dagane me har testa det ut. SFO har kokt god graut og dei har fått mykje skryt for den!  Egil eller Lars har vore med elevane og rydde til, servere frukost og rydde frå 07:45 til 08:30. No skal me vurdera opplegget og vurdera om dette er noko me kan klare å gjennomføra heile skuleåret 2018/19.

Tekst & foto: Lars Bakka



TAKK TIL TRIVSELSLEIARANE!
Torsdag 14.juni 2018

 
Torsdag vart det overraskingsfest for alle trivselsleiarane. Dei visste festen kom, men ikkje kva tid ; ) Pizza, popcorn, saft og film som takk for kjempeflott innsats kvar einaste veke sidan januar.
Trivselsleiarane gjer ein kjempeviktig jobb ute i friminutta. Ingen elevar skal gå aleine, om dei ikkje vil, på Sagvåg skule, og trivselsleiarane sørgjer for at det alltid er minst fire ulike leikar elevane kan bli med på. Trivselsleiarane er godt synlege med sine oransje vestar, og skal vere gode førebilete på korleis me oppfører oss mot kvarandre.
Tusen takk til Ingrid, Gina Camilla, Malin, Benjamin og Kevin frå 4. klasse, Daniel og Emil frå 5. klasse, Emil, Oliver, Amalie, Liv Marit og Evelina frå 6. klasse og Steffan, Oskar, Mari, Malene og Svein Martin i 7. klasse.


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Vedlikehald av skulen vår
Fredag 15.juni 2018

Dei siste dagane her heile skulen blitt vaska grundig utvendig. No er snart alt klart for måling. Nå elevane kjem tilbake til Sagvåg skule i august vil skulen vera nymåla og god som ny!

Tekst & foto: Lars Bakka


Nytt amfi på 1-2-3
Torsdag 14.juni 2018
 

Elevane i 4.klasse gjorde ein stor innsats i dag då dei alle var med på å montera nytt amfi ved Sagvåg skule. Amfiet har me fått av Langeland skule, og til neste år kjem det til å vera samlingskrok for 2.klasse.

 


 
Tekst & foto: Lars Bakka



Sommarfesten 2018
Onsdag 13.juni 2018
 

I løpet av den timen underhaldninga varte, hadde alle elevane ved Sagvåg skule vore på scena og gjeve oss ei god sommarstemning. Etterpå var det tid for kaffi, vaflar og drøs i sola, før me avslutta me prestisjeoppgjeret i fotball mellom elevrådet og FAU. Elevrådet vann 5-4.

Tusen takk til alle som kom. Her er ei samling bilete frå den fine ettermiddagen på Sagvåg skule.

 


 
Tekst: Lars Bakka  Foto: Ingrid Kvernes Misje & Lars Bakka


Kva driv 3.klasse på med??
Tysdag 12.juni 2018
 

Kva i alle dagar er det 3.klasse balar med?? Kanskje finn me det ut på sommarfesten onsdag 13.juni !?

 


 
Tekst & foto: Lars Bakka


Avslutningsfest for 7.klasse
Måndag 11.juni 2018
 
I ettermiddag arrangerte foreldra koseleg avslutningsfest for elevane i 7.klasse.

 
Tekst & foto: Lars Bakka


Frukostgjengen
Måndag 11.juni 2018
 
Omlag 20 elevar nytta høvet til å starta dagen med ein liten frukost på Sagvåg skule kl 8 i dag tidleg. Me testar opplegget denne veka, så får me sjå om dette er noko me vil gjennomføra for elevane i 5.-6. og 7. klasse det neste skuleåret.


Tekst & foto: Lars Bakka



Stilig vekesamlig
Fredag 8.juni 2018
 
Me nyt sommarmorgonane kva fredag med samling i uteamfiet. I dag var det elevane i 4.klasse som hadde tøft akorbat/danseshow for oss. Du finn både bilete og film her:

 
Tekst & foto: Lars Bakka


Fin slutt på sommarveka
Fredag 8.jui 2018
 
Berre smil, latter og glede var å sjå då 4. og 5. klasse var saman på Grøntanlegget. Me leika, vassa, leita etter og studerte liv i vatnet. Det var ikkje lov å bada, men vannkrig innanfor eit avgreinsa område var lov, og det skapte mykje moro:-) Ein flott dag!

Tekst: Hildegunn S Heimro  Foto: Elevar i 4. og 5. klasse


Til Gruo med 5.klasse
Onsdag 6.juni 2018
 
Ein fantastisk omvisning i Gruvene med 5. klasse. Me blei veldig godt moteken av venelaget for gruo.  Det var ein lærerik og minnerik tur gjennom gruvenes historie. Elevane fekk høyre historia til deira røter. Bilete frå omvisninga ligg også under http://www.gruo.no/

 
Tekst & foto: Åshild Giving



Hemmeleg prosjekt
Onsdag 6.juni 2018
 
Elevar på mellomsteget hjelper til med hemmeleg prosjekt!...Kva det skal bli kan du berre lure på!
 
Tekst & foto: Lars Bakka


8 * 7 = 56       6 * 6=36
Onsdag 6.juni 2018
 
I dag starta 5. og 6. klasse med multiplikasjonspel. God øving og mykje engasjement.

Tekst & foto: Åshild Giving


Hemmeleg prosjekt 2
Onsdag 6.juni 2018
 
Det vart stor dugnad då mattene frå den gamle klatreveggen vart flytta opp i skogen....Kva skal dei brukast til der?
 
Tekst & foto: Lars Bakka


No får det vera nok!
Tysdag 5.juni 2018
 
Nathalie og Noah i 4.klasse var ikkje nøgde då dei oppdaga at det stakk kvasse wirar ut frå kinareila. Det var ingen fare for at ho skulle falle ned, men dei var kvasse. Nathalie og Noah var med på å stenge reila.
 
Tekst & foto: Lars Bakka



Flott konsertoppleving
Tysdag 5.juni 2018

I dag hadde me besøk av tre flinke musikarar (Ivar Kolve - Slagvert/Vibrafon, Kjetil Olai Lundø - Kontrabass, Norvald Dahl - piano) som hadde ei flott forestilling for oss, der me på ein kjekk måte fekk fylgja vanndråpen Vanders gjennom krinslaupet sitt. 
 

Tekst: Egil Petterteig Foto: Åshild Giving & Egil Petterteig


7. klasse på leirskule

Måndag 4.juni 2018

7. klasse er på leirskule på Gullingen denne veka. Spente elevar har hatt ein flott første dag, med strålande vêr og mykje gøy. 

Bilete frå Anne Elisabeth Trevland 4/6:

Tekst & foto: Erlend Thoresen (Facebook)



Vekesamling
Fredag 1.juni 2018
 

Kjekk samling i dag. 5. klasse bidrog med sang på teiknspråk, alle fekk seksar på terningen, og det var i varmaste laget (kl 08.30-ute!)
Opprdaget var å skriva brev og teikningar til rektor om korleis skulåret har vore, og rektor har lese 146 brev i hengekøya heime i hagen. Det var nokre kjekke ettermiddagar med mange koselege brev.
I neste veke set 7.klasse fokus på kjekt leirskuleopphald. Me andre set fokus på å gjera leksene til rett tid og levera inn bibliotekbøkene me har lånt i år.

 

  Tekst & foto: Egil Petterteig


    
Onsdag 31.mai 2018
 

1. klasse har hatt uteskule i dag, onsdag. Varmt og kjekt! Me har laga land art i kunst & handverk, ein time som heilt naturleg gjekk over i naturfag og insektsjakt etterkvart. Me har funne blomar i floraen og nokre teikna dei også. I matematikken har me måla stort og smått i skogen og på skoleplassen. Ein fantastisk flott dag med dei kjekke og nysgjerrige elevane våre.


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Sitjeunderlag i ull i +30 grader :-)
Onsdag 31.mai 2018
 

Hurra! Idag vart dei fine turkoppane med fletteband klare. Ikkje nok med det. Sitjeunderlaga er også heilt ferdige no. Det var jammen på tide, for på måndag reiser vi til Gullingen på leirskule, og då kan det vere godt å ha både sitjeunderlag og kopp. Kakaoen fikser dei nok på leirskule;-)


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Naturfag i 1.klasse
Onsdag 30.mai 2018
 

Ivrige elevar i 1.klasse var ute i naturfagtimen og leita etter småkryp. Dei fant både maur, edderkoppar og biller, og dei blei alle nøye studert! 
   


Tekst & foto: Kari Myhre


Det aller første møtet med Sagvåg skule
  Tysdag 29.mai 2018
 

I dag var det tid for førskuledag ved Sagvåg skule. Elevane fekk møta lærar, rektor, fadrar, kvarandre og Queensway. 1.klassingane hausten 2018 er tilbake til den andre førskuledagen i morgon.
Her er fleire seriar med bilete frå den første førskuledagen:
   
   Bilete frå dag 2:

Tekst: Lars Bakka  Foto: Anne Elisabeth Trevland og Theresa Grande  m.f.


Alle barn sykler - dag 2

Tysag 29.mai 2018
 
Dagen i dag bestod av litt teori og så vart resten av dagen nytta til sykling i det flotte vèret. Me har sykla hinderløype og hatt ferdighetstrening, både trafikale og motoriske. Og så har det vore to flotte sykkelturar i Sagvåg/Litlabøområdet. Den eine turen kvalifiserte til bestått praktisk del på sykkelprøven. No står det att å gjennomføra teoriprøven og så får utdelt ;-levane sykkelsertifikat:-) 
Tusen takk til Veronika og Kjartan for eit veldig kjekk opplegg. Sjekk bileta, så ser de kor kjekt me har hatt det;-)

Tekst: Hildegunn S Heimro Bilete: Veronika, Amalie


Silje og Daniel i rådhuset
Tysdag 29.mai 2018

I dag preseterte Silje og Daniel i 5.klasse "Cromebook-prosjektet" for
Oppvekstkomitéen.
Det vert spanande å sjå kor lang tid det tek før dei andre elevane i Stordskulen får oppleva å ha sin eigen PC til skulearbeidet. 5.klassingane hadde mange gode argument for at det burde bli slik.

Tekst & foto: Lars Bakka

På tur til Utslettefjellet
Fredag 25.mai 2018

 

2. og 7. klasse har vore tur til Utslettefjellet i dag


 
Sjå også bilete på Facebook>>

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje
og Lene T Almås


Matematikken sin dag 1 - 4 klasse

Torsdag 24.mai 2018

 
Me gjekk opp til Solidbanen i stålande ver:)
Der var det 12 ulike postar som elevane gruppevis  skulle gjennomgå.
Dei eldste på gruppa hadde ansvar for å vera gruppeleiarar, noko dei var flinke til.
Dei skulle mellom anna finna ut kor mange elevar det er på småskulen til saman, måla bommen som går over vegen der oppe, byggja eit tårn av stein og så måla kor høgt det var, tippa makaroni i glas, 
kasta på ringspel og telja poenga, trilla terningar til 100, klyppa eit ark slik at  det vert så langt som mogleg, tippa vekt på stein.Engasjementet var stor og alle sprang frå post til post for å løysa oppgåvene.
Etter mat var det god tid til leik på Solidbanen.
Ein flotte gjeng med elevar som har kosa seg i finveret:)
Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Lene T Almås



ALLE BARN SYKLER - NORGES CYKLEFORBUND
Tysdag 22.mai 2018
 

Me i 4. klasse er så heldig at me får vera med på eit opplæringsprogram i regi av Norges Cykleforbund som heiter Alle barn sykler. Det går over to dagar og hovudmålet med prosjektet er å skapa tryggleik for barn på sykkel, og oppmuntra til auka fysisk aktivitet med sykkel som naturleg framkomstmiddel. Tysdag hadde me besøk av Veronika og Karl Jonas. Dei gjennomførte lærerike og kjekke aktivitetar. Neste tysdag kjem dei attende, og heile opplegget vert avslutta med ein sykkeltest:-) Me gler oss til neste tysdag!
Foto: Ingelin Hansen, Thea Amalie Hovland, Beate M. Føyen


4.klasse vann pokalen!
Tysdag 22.mai 2018

Det var 4.klasse som stakk av med vandrepolalen for beste klasse i 17.maitoget 2018! Gratulerer!!

Tekst: Lars Bakka Foto: Hildegunn Sabø Heimro



Øving til 17.mai  
Onsdag 16.mai 2018

I dag har me øvd på å gå i tog og
songe nokre 17.mai-songar.

Tekst & foto: Lars Bakka



Me sagar!
Onsdag 16.mai 2018

Også 4.klasse har vore med på saging av bålved. Flott jobba!!


Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Hansen 


Sykkeltur i sola!  
Tysdag 15.mai 2018
 

5. klasse hadde ein fantastisk sykkeltur til Hornelandsvågen. Etter lunsj og eit slag med stigegolf heima hjå Ingeborg, gjekk turen vidare til ei nærliggande strand. Der hadde me ei hyggeleg stund med fiske og vassing.


Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland



Den dagen det vanskelegast var å finna ei sky :)
Tysdag 15.mai 2018

Når gradestokken passerte 20 grader gjekk 3. klasse ut for å ha 
tysdagsstasjonane ute.
Engelsktema"At the farm" passa godt i sandkassa, ord med stum d gjekk fint an å jobba med på bordtennisbordet. Ein teiknspråkrebus vart gjennomført i skogen og til slutt var det ein stasjon der ein skulle finna ulike ting i naturen. Bla.ei sky. Den var ikkje lett i dag. Elevane var ivrige og jobba godt!


Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Engelsk i 6.klasse
Måndag 14.mai 2018

Måndag avslutta me skuledagen med skriving i engelsk ute i sola. Det resulterte i kreativ skriving på så mange måtar : )


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Vårsamling på småskulen
Onsdag 9.mai 2018

Samlinga starta med at musikkstudentar leiia 2. klasse med framføring av "Splitter Pine". Deretter vart det flotte innslag frå alle klassane i småskulen, og felles song. 
Etterpå gjekk me ut i vårsola og åt nista vår. 
.
..


Tekst & foto: Lene T Almås

Fredsstafetten

Tysdag 8.mai 2018
 
8. mai, på sjølve fredsdagen, var 6. og 7. klasse på Vikahaugane og sprang Tinestafetten. Veret var strålande, og det var ein fantastisk innsats frå  begge stafettlaga våre.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Beurre beivi

Torsdag 3.mai 2018
 
I dag har mellomsteget hatt besøk av friluftsrådet. Knut hadde eit
flott opplegg om samane. Elevane fekk lage biddus, synge, kaste lasso, setje
opp lavvu og  lage sameleir.


Tekst & foto: Åshild Giving

Luft og lyd i 3.klasse
Torsdag 3.april 2018

Siste eksperiment med tema luft og lyd i 3. klasse. Greier me å halda ballongen oppe i lufta ved å blåsa på den? Mange fekk det til!

Tekst & foto: Gro A Halvorsen


"Vårsprett"

Fredag 26.april 2018
 
I dag var det tid for den årlege "vårspretten". No har me rydda og gjort det fint i uteområdet, og no er det på tide å ta det flotte uteområdet vårt i bruk.


Tekst: Lars Bakka Foto: Erlend Thoresen


Eleven i sentrum
Torsdag 26.april 2018
 
Elevane i 5. klasse har vore flinke til å førebu og gjennomføre utviklingssamtalar.
Det er første gongen dei har hatt ansvaret for å forklare resultat frå kartleggingsprøver sjølv. Dei har forklart kva dei er gode på og kva som må jobbast meir med. Dei forklarte også korleis dei skulle oppnå dei nye måla.


Tekst: Åshild Giving Foto: Lars Bakka


Lesemeister

Torsdag 26.april 2018
 
2. - 4. klasse ved Sagvåg skule har meldt seg på nasjonalt, digitalt lesedøgn. Dette er ein del av  av Samlaget si  markering av 150-års jubileet, der ein feirar  den nynorske litteraturen.  Elevane har her tilgang til over 100 nynorske barnebøker som er fordelte på ulike lesenivå.  Elevane har fått mange gode  leseopplevingar og me håpar at dette kan vera med på å fremja vidare  leseglede.

 
       

Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Biblioteket på Litlabø

Onsdag 25.mars 2018

6. klasse hadde ei kjekk stund på biblioteket i dag. Kristine og Camilla fortalde om spennande bøker og bokseriar som passar for aldersgruppa vår, og fleire elevar lånte kjekke bøker med seg heim.

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


Brannvesenet i 6.klasse

Tysdag 24.april 2018

I dag hadde 6. klasse besøk frå Stord brannvesen og Haugaland kraft. Dei lærte oss mykje nyttig om brannvern, og til slutt fekk elevane prøva å slukka ein flamme med pulverapparat. Dei var veldig flinke, og no er dei blitt oppfordra til å sjekke om alt er på stell i heimane

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Sagvåg skule samarbeider med Statped
Tysdag 24.april 2018

5. klasse har hatt besøk av Kari Larsen frå Statped (Statlig spesialpedagogisk tjeneste ). Elevane fekk øyreproppar og øyreklokkar då dei skulle planlegge klassetur. Elevane syntes dette var kjekt og fekk skryt over kor flinke dei var til å ha blikkontakt med kvarandre. 4. 6. og SFO har også fått besøk.

 

Tekst & foto: Åshild Giving



Teiknspråk i SFO
Tysdag 25.april 2018

Kari Larsen frå Statped var også med i SFO der tema var teiknspråk.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Klar for våren
Fredag 19.april 2018
 
I dag har elevrådet rydda i leikekassane til alle klassane. Me har funne ut kva som manglar, og skrive ynskjeliste til rektor. Kassane er blitt merka endå betre, og håpar alle er flinke til å legge tilbake i riktig kasse og er med på å halde orden i den.


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje



Vekesamling
Fredag 20.mars 2018

Flinke elevar frå 2.klasse hadde ansvaret for kulturinnslaget på vekesamlinga i dag. Etter to dveker med fokus på rydding ute, skal me no ta uteområdet i bruk den neste veka med oppdraget "Kjekke uteaktiviteter og uteskule!"

Tekst & foto: Lars Bakka

Bruer i 3.klasse
Fredag 20.april 2017

Tredje klasse har bygd bruer i naturfag. Prosjektet har gått over flere veker. Elevane vart delt inn i grupper og fekk utdelt ark, tape og splittbinders. Elevane skulle i gruppa bestemma form og størrelse, det var viktig at bruene var solide og sterke. Elevane har vore veldig engasjerte og bygde flotte konstruksjonar.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter


Luft og lyd i 3.klasse
Torsdag 19.april 2018

3.klasse eksperimenterer med luft og lyd i dag.Kommentar frå elev:"Eg trudde faktisk ikkje at det kom til å fungere!"


Tekst & foto: Turid Gjellestad


Bibelen er tema i 5.klasse
Torsdag 19.april 2018

Det er god trening å slå opp i ulike utgåver av Bibelen. Klassen har også fått prøve nettversjonen, som gjer det veldig enkelt å finne fram. 


 
Tekst & foto:Åshild Giving


Ein liten pause....
Onsdag 18.april 2018

Greitt med ein liten pust i bakken etter ein travel skuledag. SFO kl 15.00 onsdag ettermiddag.

 
Tekst & foto:Lars Bakka


Substantivjakt
Tysdag 17.april 2018
 

I dag har 2. Klasse vore ute og leita etter substantiv. Me sorterte det me fann etter om me kunne sette ein, ei eller eit framføre. Litt leik i skogen fekk me og tid til



Tekst & foto: Lene T Almås

Stjerneorientering på skuleområdet
Tysdag 17.april 2018

5.-7. klasse var veldig engasjerte under orienteringsøkta. Stemninga var fantastisk og aktiviteten var stor.


Tekst & foto:Åshild Giving


Det var ein gong.....
Tysdag 17.april 2018

Det var ein gong då elevane i 7.klasse var små og gjekk i SFO....
Kjekt å mimra litt i sandkassen :-)


Tekst: Lars Bakka  Foto Beate M Føyen



Stikkball i SFO
Tysdag 17.april 2018

I dag var det stikkball som stod på programmet i SFO.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen



Det er god kok i 7. klasse!
Tysdag 17.april 2018

7. klasse lærer for tida om stoff og partiklar i naturfag. I dag gjennomførte dei eit lite elevforsøk der dei obeserverte vatn som skifta fase frå væske til gass. Med desilitermål, termometer og stoppeklokke gjekk dei nøye til verks. Det var eit enkelt lite eksperiment, men lærerikt. Resultata var overraskande for mange.


Tekst & foto: Erlend Thoresen


Vandring gjennom Bibelen
Tysdag 17.april 2018
 
Åse, frå kyrkja, har tatt med 5. klasse gjennom ein flott vandring i bibelhistoria. Elevane fekk eit samandrag frå Det gamle testamentet, kor dei nytta teikn for å hugse historia. Elevane var engasjerte og hadde mange gode spørsmål.

Tekst & foto: Åshild Giving



Butikk i 1.klasse
Måndag 16.april 2018

På mandag starta med opp butikk i 1. klasse, to butikkar faktisk. Me sel mat- og kjøkkenprodukter og baderomsartiklar, og prisane er slett ikkje verst om me skal seie det sjølv! No har me drive butikk i to dagar, og har fått øvd oss mykje på å rekne med norske myntar. I dag hadde me til og med langvegsreisande kundar, dei kom heilt frå 2. klasse, veldig stas!

Tekst: Ingrid Kvernenes MisjeFoto: Kari Myhre Ingrid Kvernenes Misje

Vekesamling ute
Fredag 13.april 2018

Det var kjekt å kunna ynskja velkommen til den første vekesamlinga ute denne våren. Det vart også flott "Blås i skulen"-show med SFO og Rebecca Almås frå kulturskulen!
Vekeoppdraget, som er å rydding ute, held fram også neste veke.


Tekst & foto: Lars Bakka



Ung på Stord
Torsdag 12.april 2018

I går  hadde 7. klasse foreldre/elevmøte. Elevane har arbeida med "Ung på Stord" i ein månad, og var klar for å vise fram arbeidet sitt. 7. klasse frå Litlabø var også  med oss denne kvelden, så det var ein stor gjeng. Elevane møtte på skulen med stoooore sommarfuglar i magen, men det gjekk veldig fint. Det var flinke elevar som me er veldig stolte over:-)
Takk til foreldra for veldig bra frammøte!!


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



20 gode egg frå Karl Andreas!
Torsdag 12.april 2018

Karl Andreas har fleire høner heime, dette har gjort han til ein kløppar i å lage eggerøre. Han hadde lyst til å dele dette med klassen og i dag hadde han over 20 egg med seg og me fekk læra korleis god eggerøre vert laga.
Me fekk beskjed om at det var ekstra godt med bacon til, så då hadde me det :)
Tusen takk til Karl Andreas for god oppskrift og for at me fekk smaka den nydelege eggerøra!


Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen


Digitale kartlegginmgsprøvar
Torsdag 12.april 2018

Etter mat var det tid for frivillig digital kartleggingsprøve i engelsk, før me gjekk ut og gjorde unna
ryddejobben vår i skogen.

Tekst & forto: Gro Akselsen Halvorsen



Me rydda ute i det flotte vårværet.
Torsdag 12.april 2018

Etter mat var det tid for frivillig digital kartleggingsprøve i engelsk, før me gjekk ut og gjorde unnaryddejobben vår i skogen.

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen



Fuglar i 1.klasse
Torsdag 12.april 2018

Denne veka har me om standfuglar i naturfagen, no kan me namnet på fleire av dei, og kan sjå forskjell på om det er hanfugl eller ho-fugl. I kunst- og handverken i dag laga me våre eigne småfuglar i leire. Det vart både svanar, kjøttmeisar og dompappar. Dei får stå i vindauga og sola seg til me skal male dei etterkvart.


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Me støvsuger ute!!
Torsdag 12.april 2018

Vårryddinga går sin gang, og no støvsuger me til og med ute
....i alle høve på dei mjuke mattene under klatrepyramiden.

Tekst & foto: Lars Bakka


1. og 6.klasse
Torsdag 12.april 2018

Jammen er me i 1. klasse heldige som har så flinke og kjekke fadderar. på onsdag denne veka laga dei mat til oss ute i grua og bålpanna. Deilig kylling med poteter og grønnsaker vart servert frå grillen. Det vart sjølvsagt god tid til å leike i sola også!


Tekst & foto:  Ingrid Kvernenes Misje
 Her er bilete av 1 .klasse når dei ryddar ute:
Foto: Kari Myhre

Kylling og grønsaker i vårsola
Onsadag 11.april 2018

I dag har 6. klasse laga mat ute og 1. klasse vart invitert på deilig kylling og grønsaker i folie. Ein flink og kjekk gjeng koste seg ute i den fine vårsola.

Tekst & foto: Jennt Sætre Skjønberg


Den store batterijakta
Onsdag 11.august 2018


Kjenner du ein 4.klassing i nabolaget ditt? Då kan du levera brukte batteri til oss. Me blir glad for alle batteri me får for me er med i Batterijakten, arrangert av Miljøagentene. Siste frist for innlevering er 29. april. Helsing 4. klasse på Sagvåg skule

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


Vekeoppdraget
Tysdag 10.april 2018

Med spade, trillebår og rive var 2.klasse ute og tok ein liten vårpuss i dag

Tekst & foto: Lene T Almås



Digital kompetanse
Onsdag 11.april 2018

I dag har elevane i 4.klasse gjennomført test der digital kompetanse vert kartlagt. Det er Utdanningsdirektoretet som ha laga testen. Ved Sagvåg skule er det IKT-plan Norge som ligg til grunn for vårt arbeid på dette området.

Tekst & foto: Lars Bakka


"Luft i rørsle"
Tysdag  10.april 2018

Sjette klasse har i det siste jobba med emnet "Luft i rørsle". Dei har laga ballongar av silkepapir,  samt enkle "vindmøller" i papir. Ballongane var litt for tunge til å ta heilt av, men litt  tid i lufta  blei det! Elevane har i alle fall lært ein del om luft i rørsle og om korleis vinden har blitt nytta opp gjennom tidene.
 
Tekst: Kjell Byrknes Foto & film: Anne Brit Holm


Magisk morgon
Tysdag 10.april 2018
 
Det var trolsk stemning då skodda letta før skulestart i dag tidleg.

Tekst & foto: Lars Bakka


Kreativ symjing.....
Måndag 9.april 2018
 
Elevane i 5.klasse var med på ulike, litt rare, symjeøvingar i bassenget i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka


Tre flotte teaterframsyningar
Tordag 5.april 2018 (oppdatert kl 19.40)
 

Me har fått oppleve to flotte teaterframsyningar med 4. og 5.klasse i dag. Den første var med barnehagane, den neste med heile skulen og til slutt kjem den tredje kl 18.00 i kveld for foreldre og andre interesserte!
   

Filmen frå framsyninga

Bonusklipp: Kom kom kom, kompis!

4. og 5.klasse har hatt teaterfremasyning ved Sagvåg skule heilt sidan 2012>>

Tekst & foto: Lars Bakka


Inger + Andre = rart
Onsdag 4.april 2018
 

I dag er det hektisk innspurt i arbeidet med teatererstykket "Inger + Andre = sant" ved Sagvåg skule. Stykket tek utgangspunkt i forfattarskapet til Inger Hagerup og Andre Bjerke.
Oppsetninga er eit samarebeid mellom Kulturtanken, Høgskulen på Vestlandet og Sagvåg skule.
 
Speleplan:
Torsdag 5.april:
10.00 Forsteilling for barnehagane
11.45 Forsteilling for heile skulen
18.00 Open forestilling for alle som vil komma og sjå!
 

Tekst & foto: Lars Bakka


Snø i april !
Tysdag 3.april 2018
 
 

Det vart ein vinterleg oppstart etter påske  :-)
 
Tekst & foto: Lars Bakka


Første skuledag etter påskeferien er tysdag 3.april. SFO er som vanleg open frå kl 06.45
Skuleruta for resten av våren finn du her>>





Påskeavslutning
Fredag 23.mars2018

Fredag var det påskeavslutning med vekesamling med MGP-vinnarane, påskelunsj og påskekylling til alle :-)
      Ein liten film:
Tekst & foto: Lars Bakka

5. klasse er klar for mat og helse.
Fredag 23.mars 2018

På torsdag baka 2 av 5. klassingane meir enn 80 bollar, dei andre bretta servietter. Ekstra stas blir de tå få med forkle heim til påske. No er det berre å be dei om å hjelpe til heime på kjøkenet.

Tekst & foto: Åshild Giving

MGP 2018
Torsdag 22.mars2018

I dag har det vore Melodi Grand Prix på Sagvåg skule. Det er fantastisk mange talent på skulen vår. Her er nokre bilete frå showet. Litt seinare kjem det også ein liten film.
Ein liten film:
Tekst & foto: Lars Bakka

Morgonstemning i SFO
Torsdag 22.mars2018

Det var ein roleg start på SFO med frukost, soloppgang og sjakk. Me ladar opp batteria før Sagvåg skule Grand Prix 2018!

Tekst & foto: "SFO-telefonen"

Me har funna alle!
Måndag 19.mars 2018(Oppdatert 21.mars)

Me har nokre rare tradisjonar på Sagvåg skule. Ein av desse er at det den siste veka før påske dukkar opp påskekyllingar rundt om på skulen. No er alle 10 kyllinganekomme til rette. Gratulerer til finnarane!! Kyllingsida 2018>>

Tekst: Lars Bakka  Foto: Egil Petterteig/Lars Bakka

Påskevandring
15.mars 2018

I dag gjekk på på tur til opp til kyrkja. Der fortalde Åse oss om dei ulike dagane i påsketida, og kvifor kyrkja feirar dei. Organist Bjarte spela fin musikk for oss på orgelet. Det er ei fryd å gå på tur og besøk med desse kjekke, flinke elevane!


Tekst & foto:Ingrid Kvernenes Misje

Påskeinspirasjon i SFO
5. og 12.mars 2018

I dag måla borna kyllingar med hendene. Mange flotte 'levande' kyllingar som ventar på å vera med borna heim!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Kunst og Handtverksgrupper på småskulen
Tordag 15.mars 2018

Lærarane  utfordra elevane frå Fitjar til å ha  ein aktivitet i K & H. 
Lærarane laga og til ein aktivitet. Me blanda me oss i   grupper og laga fine påskeegg og kyllingar. Det vart ei travel og kjekk økt med flinke Fitjar ungdomar som er ferdig  med praksis for denne gongen. 

Me vil sakna den kjekke gjengen:)

Helsing lærarane på småskulen.

Foto & foto: Gro A Halvorsen


Vekesamling
Torsdag 15.mars 2018

Med fri for elevane på fredag så vart det vekesamling på torsdag denne veka. Det vart ein fin songstund med 3.klasse og Devil Stick-show Gea og Madelen frå 2.klasse. ekeoppdraget om arbeidsro held fram også neste veke.

Tekst & foto: Lars Bakka



Ein fin og vårleg morgon i mars
Tysdag 13.mars 2018



Foto: Lars Bakka

Møte i FAU og SU
Tysdag 13.mars 2018

I kveld var det møte i FAU og SU. Sakene til møta finn du her. Referata kjem her FAU og SU

Tekst & foto: Lars Bakka

Møte i Elevrådet
Fredag 9.mars 2018

I dag har det vore møte i elevrådet, og her>>

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Vekesamling
Fredag 9.mars 2018

Med kulturinnslag frå 4.klasse og sjonglering med Erlend og Gea vart det ei underhaldande vekesamling også denne fredagen. Oppdraget der klassane gjorde ting saman hadde gått fint. Neste veke set me fokus på arbeidsmiljøet på skulen.


 Tekst & foto: Lars Bakka


Gutta boys på gitar’n
Fredag 9.mats 2018
2. klasse gutane var veldig flinke til å lage ulike musikalske uttrykk på gitar.

Tekst & foto: Åshild Giving


Meir  om bruer
Torsdag 8.mars 2018

3. klasse laga bruer med klossar i K & H . Etterpå gjekk dei på tur i nærmiljøet og fann mange flotte bruer å sjå på.  Tilslutt teikna dei  bruene dei hadde sett.
Tekst & foto: Gro A Halvorsen



DisKo....
Tordag 8.mars 2018

I går hadde me DiSko-dag i 4. og 5. klasse igjen. Me jobba med songane til forsetillinga me skal ha i april. Det blir flott. Nytt i vår er at me også lagar eit kor av frivillige frå 4.-7.klasse, slik et endå fleire får vera med og synga med veldig flinke instruktørar. Det var ein kjekk dag, og me ser fram til ein ny kjekk dag neste veke. 


 Tekst & foto: Egil Petterteig


Høyr intervjuet med Preben i 3.klasse om skeisebanen vår
frå NRK-Hordaland  (02.03.18)


Grillpause
Torsdag 8.mars 2018

I dag kosa 6. og 7.klasse seg ute med grilling i matpausen.

Tekst & foto: Lars Bakka

To menn og ei tavle
Tysdag 6.mars 2018

I dag hadde me besøk av Egil og Svein Nyhus, som er illustratørar. Saman med dei fekk me laga ei forteljing, som dei teikna til . Veldig kjekt å vera med på.


 Tekst: Egil Petterteig Foto: Egil Petterieig, Kjell Byrknes, og Lars Bakka


Bruer og andre byggverk.
Tysdag 6.mars 2018
 
3.klasse jobbar med tema bruer og andre byggverk. I dag har dei prøvd ut å byggje stabile konstruksjonar. Dette var vanskeleg, men elevane tok utfordringa og laga mange kreative flotte bruer.

Tekst: Gro Akselsen Halvorsen Foto: Laila Gjøsæter




Kompetansemål
Måndag 5.mars 2018

"Kan eleven falle uti, gjenvinne kontrollen og snu seg i ønsket stilling når han/hun kommer til overflaten, og ta seg inn til et fast punkt ?"


 Foto;  Beate Mettälä Føyen

Utegym
Måndag 5.mars 2018

Det var stor aktivitet då 7. klasse hadde gymnastikk ute idag. Fotball, aking, skeising og måking. Deilig i eit ikkje altfor kaldt vinterver. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland




Me vil ha teiknspråk i skulen!
Fredag 2.mars 2018

Lea og Sunniva i 6.klasse har fått svar frå kunnskap- og intergeringsminister Jan Tore Sanner. Dei har skrive lesarinnlegg der dei ynskjer teiknspråk som eige fag i skulen!
Les meir om det flotte initiativet og svaret dei fekk i Framtida Junior>>


Tekst: Lars Bakka


Vekesamling
Fredag 2.mars 2018

Det vart ein flott start på skuledagen med vekesamling med evaluering av oppdraget 
"Kjekke aktiviterar på tvers av klassestega". Det var også flott kulturinnslag med elevane frå 5. og 6.klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka


"Blås i skulen" i SFO
Torsdag 1.mars 2018

Samarbeidet med kulturskulen, "Blås i skulen", var svært populært! Og alle fekk lyd i instrumenta! 👏🏼👍

Tekst & foto: Ailinn Spissøy

Uteaktivitetar med 1.-4.klasse
Torsdag 1.mars 2018

Venner på tvers av klassetrinn er vekeoppdrag denne veka. Småskulen har i dag hatt uteaktiviteter saman og kosa seg i det flotte vinterveret.
 
Tekst: Lene T Almås   Foto: Ingrid Kvernenes Misje , Kjell Byrknes og Lene T Almås


Gyldendal møtte Sagvåg skule
Torsdag 1.mars 2018

I ettermiddag møtte
An Hoang Truong frå Gyldendal lærarane frå Sagvåg skule. Me hadde også besøk frå lærarar frå Hystad- og Leirvik skule. Tema for møtet var dei digitale læringsprogramma til Gyldensal. Me skal testa ut programma utover våren, og dei kan verta ein god kombinasjon med Cromebook for elevane frå hausten 2018.  

Tekst & foto: Lars Bakka

Skuleruta for våren 2018, og skuleåret 2018/19 finn du her>>



Smartare energi
Onsdag 28.februar 2018

I dag starta prosjektet "Smartare energi" i 5.-6. og 7.klasse. Prosjetet held fram til fredag.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Åshild Giving



På skeiser for aller første gong
Onsdag 28.februar 2018

For fleire av elevane var dette den aller første gongen dei gjekk på skeiser. Det ser det ut til at me skal få behalde banen vår i ei heil veke før mildveret kjem. Mange elevar ville også opp til skulen på ettermiddagen for å gå meir.
Skeisebanen vår har allereie fått si eiga nettside >>

Tekst  & foto: Lars Bakka


Vår eigen skeisebane
Tysdag 27.februar 2018

I det fine og kalde vinterveret har me laga vår eigen skeisebane på Sagvåg skule. Banen vert vatna i dag, og er kanskje klar til bruk allereie i morgon! Dei som skal nytta banen må ta med skeiser og hjelm på skulen. Dersom banen vert populær så vert han fordelt mellom klassane i friminutta. Elles håpar me  at mange klassar får utegym i det fine vinterveret. (Det skal vera kaldt heile fram til neste torsdag....)

Tekst / & foto: Lars Bakka


Cromebook i 5.klasse
Måndag 26.februar 2018

Den første dagen i vinterferien var det eit stort oppslag i Sunnhordland om 5.klasse ved Sagvåg skule. Denne klassen er med i utprøving av ein datamaskin til kvar elev. Då nyttar elevane Cromebook. Dette er billigare datamaskinar enn vanlege PC-ar då dei ikkje har haddisk med lokal lagring, men baserer seg på arbeid på nett. Dersom prosjektklassane på Rommetveit, Leirvik, Nysærer og Sagvåg kjem til positive resutlat av utprøvinga så vert kanskje dette standarden i Stordskulen frå hausten 2018.

Tekst: Lars Bakka




Bokstavfest i 1.klasse
Fredag 16.februar 2018
 
Førsteklassingane har vore gjennom alle bokstavane, og i dag hadde me bokstavfest i klasserommet. Me hadde mange ulike aktivitetar der me kunne leika med bokstavar og me åt bokstavbollane me laga førre fredag.
Det er så gøy med alle dei ulike orda som dukkar opp når me set bokstavane saman, både tøyseord og ordentlege ord.
No tek me vinterferie med mange bokstavar i hovudet og i magen :)


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Ein ny Carlsen?
Torsdag 15.februar 2018


 Etter at alle elvane på mellomsteget og i småskulen var ferdige med sine sjakkrundar, var det i dag klart for den siste kampen.
 Finalistane i sjakkfinalen blei mellom to elevar i 6.klasse, Krizander og Johannes. Kampen kunne elevane på mellomsteget sjå på storskjerm i amfiet. Dei var flinke tilskodarar og var rolege under den spennende finalekampen. Det var ein jevn kamp, men Krizander vann til slutt. Begge elevane fekk ein premie som passa; eit sjakkspel til kvar.

Tekst: Kjell Byrknes Foto: Kjell Byrknes og  Lars Bakka


Bamsar i 2.klasse
Onsdag 14.februar 2018

2.klasse sine bamsar, som dei laga sjølve, skal få vera med heim og ta vinterferie snart.

Tekst & foto: Lene T Almås



Vintersamling
Tysdag 13.februar 2018


1.-4.klasse hadde vintersamling i amfiet. Der høyrde me fin song og dikt frå elevane. Det passa fint med vintersamling i dette nydelege vinterveret. Jan Gunnar og Emilie gjorde ein god jobb som programleiarar.
Tekst & foto: Laila og Gro


Raude og grøne tankar
Måndag 12.februar 2018


5. klasse har hatt besøk av Ingrid og Mariann som er helsesøstre. Dei har hatt eit undervisningsopplegg om psykologisk førstehjelp.
Dei har lært oss at dei raude tankane kan me få når ein t.d. er redd eller sinna. Dei grøne tankane er gode tankar som hjelper oss til å tenke på gode ting. Elevane skreiv døme på kva situasjonar ein kan få ulike kjensle og korleis ein kan tenkje i dei ulike situasjonane..


Tekst & foto: Åshild Giving

Aktuelt tema i 7.klasse
Fredag 9.februar 2018

I dag var Bjarte Epland på besøk i 7. klasse. Han snakka om nettvett, noko som er eit aktuelt tema for dei eldste elevane våre. Torsdag i neste veke, vert det foreldremøte for 7. klasse. Tema er Ung på Stord.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Bollar i 1.klasse
Fredag 9.februar 2018

1.klasse hadde stasjonar på fredag og halve klassen laga bokstavbollar medan dei andre og hadde diktat og arbeidsplan.


Tekst: Malene Flatøy Bakka Foto: Kari Myhre og Ingroid Kvernenes Misje

"Hvor skal du gå?"
Fredag 9.februar 2018

Dagen starta med nydeleg song med tre artistar frå 6.klasse. Dei song "Hvor skl du gå?" av Siri Nilsen. Etter det var det fokus på vekeoppdraget . Denne, og neste veke, er det fokus på orden i garderobane. Generelt hadde småskulen vore flinkare enn storskulen.

Tekst & foto: Lars Bakka

Flaut!
Fredag 8.februar 2017

Førre
fredag viste me bileta av elevene som klatra i muren ved gangstien til heile skulen på vekesamlinga. Me åtvara om at dette aldri måtte skje igjen, og at det var livsfarleg. Me sa ingen namn...men elevane som hadde klatra visste sjølvsagt kven det var. Han som tok bileta sendet dei også til Vegvesenet, og slik hamna bileta også på nettsida til Stord24

Tekst : Lars Bakka

Lesestund og grilling i med 1. og 3. klasse
Torsdag 7.februar 2017

3. klasse elevane leste bok for 1. klasse. Etterpå kosa me oss ute me aking og steikte fiskekaker på bål. 


Tekst & foto: Laila Gjøsæter og Gro Halvorsen

Musikantar i 5. og 6.klasse
Torsdag 7.februar 2018

Flinke pianistar, gitaristar og songarar har hatt ei fellesøving på morgonkvisten. Dei har fått ein song i lekse denne veka og me er stolte av kor flinke kvar og enkelt elev er. No gjenstår det å bli veldig gode på samspel.

Tekst & foto: Åshild Giving



Finalerunden i sjakkturneringa er i gang
Onsdag 6.februar 2017

.
I skrivande stund kjempar fjorten elevar frå 3. klasse – 7. klasse om å gå vidare til den store finalen. Kven klarer å halde nervane i sjakk og holde ut til siste sekund?
Følg med vidare........



Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland

Samane sin dag
Tysdag 6.februar 2017

I dag har me markert samane sin dag som er 6. februar. Me har lært om korleis nokre av samane lever, om flagget deira og høyrt på joik.
Og me har klippa oss fine papirdukker med fargerike kofter.



Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Konkurranse i SFO
Tysdag 6.februar 2018

I dag har me "rydda hagen" i gymsalen. Her er det full fart og
konkurranseinstinkta er absolutt på plass. Om å gjer å ikkje ha ballar på si side... skal ikkje stå på innsatsen!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

.
Lesestasjonar 2. - 4. klasse
Tysdag 6.februar 2018
 
På tysdag var det dag to med lesestasjonar. 2. - 4. klasse har vore delt inn i grupper og vore på 6 ulike grupper desse to dagane. Stasjonane var: å lesa og laga forside til ei bok, Løko, Lesemeister, bibliotek, spela  begreps-spel og å finna postar ute i skogen. Det var lærerikt, nyttig og kjekt å jobba i slike grupper. Mange arbeidsame , blide og kjekke ungar som fekk god trening i å samarbeida og  jobba i saman.


Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Nye trivselsleiarar
Måndag 5.februar 2017

I dag hadde dei nye TL-leiarane opplegget i gym.timen. Me fekk lære kjekke leikar som gav god aktivitet.



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

4.+5.klasse= SANT!
Fredag 2.februar 2018

Det er alltid kjekt når 4. og 5. klasse gjer noko saman. 
Elevane var aktive og no skal dei snart i gong med å
øve til ei framsyning i lag.


Tekst & foto: Åshild Giving




Vekesamling
Fredag 2.februar 2017

På vekesamlinga i dag var det Justin i 7 klasse som spela på fiolin. Han spela fantastisk flott og det var ikkje ein lyd å høyra frå publikum, som var svært imponert! Alle klassene fekk gode terningkast på forrige oppdrag.


Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Åshild Giving 
Januar 2018


Ann Tove jubilerer
Tysdag 30.januar 2018
I ettermiddag vart Ann Tove Slaggerud, saman med 18 andre, heidra av ordførar og rådmann for 25 år som tilsett i Stord kommune.


Tekst & foto: Lars Bakka

Samarbeid og stafett i SFO
Tysdag 31.januar 2018

I dag har SFO hatt stafettar i gymsalen. Me fann ball og delte opp i lag. Alle var engasjerte og synes dette var gøy! Me hadde også litt samarbeidstesting der me måtte konsentrera oss godt! Me kom oss over til andre sida i gymsalen! Litt av eit teamwork!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Lesemeister i 2. og 3.klasse

Tysdag 30.januar 2018

I dag har 2,3 og 4 klasse starta med leseveker. Her er frå stasjonen «Lesemeister». Dette er ein kjekk nettside med lydbøker. Dei har også tilgong til dei heime. Elevane koste seg med å lytta til boka si.

 
Tekst & foto: Turid Gjellestad


Vekesamling med 1.klasse
Fredag 26.januar 2018
Med kulturinnslag frå 1.klasse og overraskeldsesartistar på scenen så vart det endå ei fin vekesamling ved Sagvåg skule. Også neste veke held me fokus på god kjeldesortering i vekeoppdtaget.



Tekst & foto: Lars Bakka


Heimalaga fiskapinnar på SFO
Torsdag 11.januar 2018
I dag diska Theresa opp med heimelaga fiskepinnar med potetstappe. Ungane synes det var heilt topp, og ikkje ein smule igjen verken på talerk eller panna. Dette var godt!
Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Adjektivbøying i gymsalen
Torsdag 25.januar 2018
5. klasse held på med adjektivbøying i gymsalen med teikn. Samstundes skal dei bli betre på kast og mottak i handball. Dei likar godt læring gjennom rørsle.




Tekst & foto: Åshild Giving

Tilbakeblikk
Torsdag 25.januar 2018

Sagvåg skule har hatt nettside heilt sidan 1995/96. Her er eit lite tilbakeblikk.


Tekst: Lar Bakka  Foto: Maren Ottesen, Brita Flatøy m.f.

Snøkrystallar på SFO
Onsdag 24.januar 2018

På måndag måla ungane på SFO pusslespelbitar kvite og dryssa glitter på. I dag limte dei brikkane til snøkrystallar på ark. Det vart mange fine snøkrystallar som skal få komma heim med ungane!


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Kroppen
Onsdag 24.januar 2018

Me har i desse dagar om kroppen vår i 1. klasse. I dag har me målt kor store me er og teikna omriss rundt kvarandre. Me måtte jo sjølvsagt pynte dei med litt kroppsmaling!


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Elektrikarar i 7.klasse
Tysdag 23.januar 2018


Elektrisitet var tema i 7.klasse i føremiddag.

Tekst & foto: Lars Bakka

Trivselsleiarkurs
Måndag 22.januar 2018


TL-leiarane frå Sagvåg skule er i dag på eit kjempekjekt og lærerikt kurs på Vikahaugane.

Tekst & foto: Turid Gjellestad

Då 2. klasse skulle lære å fly til Afrika!
Fredag 19.januar 2018
Det var ein gong ein 2. klasse som trudde at dei kunne få til ALT. Dei starta med å ha musikktimane ute kvar fredag og dei visste betre enn dei vaksne. Det var aldri dårleg ver på Sagvåg skule. Ein dag ville dei lære å fly og då skulle dei ta ein flytur til Afrika. Men læraren sa at først så måtte dei øve. 1. målet var å fly over læraren. Det gjekk ikkje og læraren rulla rundt som ein snøball. 2. forsøket så flaug dei over læraren. Viss du ikkje ser 2. klasse neste veke, så har dei klart å fly til Afrika.


Tekst & foto: Åshild Giving


Me tok "rektor-utfordringa"
Fredag 19.januar 2018

15 elevar tok utfordringa på strak arm og skal bruka den neste veka til å læra seg devilstick eller å sjonglera med tre ballar! Det vert spanande å sjå kor mange som kjem tilbake med show på neste vekesamling. Her er ein fin kursvideo for sjongering>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Vekesamling
Fredag 19.januar 2018

Etter fint kulturinnslag frå 2.klasse og hemmeleg artist,  vart det gjennomgang av veka som gjekk og fokus på nytt vekeopdrag. Etter to veker med fokus på sunn matpakke set me no fokus på rett kjeldesortering på Sagvåg skule. Me har rest, papir og bio.

Tekst & foto: Lars Bakka

Musikarar i 5. og 6.klasse

Torsdag 18.januar 2018

5. og 6. klasse har eit flott samarbeid i instrumentopplæringa. Her får elevane lære kvarandre og dei nyttar gode nettsider med songar dei likar.

Tekst & foto: Åshild Giving

Også 3.klasse nyt snøene!
Onsdag 17.januar 2018

Mange av elevane på skulen har vore ute og leika i snøen i dag. 3. klasse har vore ute i gymtimen. Dei har aka, laga snøborg og snøhavfrue. Me får håpe at snøen ligg lenge.

  Les meir om aking på Sagvåg skule>>


Tekst & foto: Laila Gjøsæter




Å lesa oppskrift
Onsdag  17.januar 2017

3. klasse har jobba med leseforståing. I ein tekst sto det ei oppskrift på Arme Riddere me ville prøve oppskrifta og lage Arme Riddere på kjøkkenet. Etterpå hadde dei eit koseleg måltid saman. Dei hadde og høve til å ete nista si. Mange hadde gjort seg svært flid med nista denne veka då skulen har fokus på sunn matpakke.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter



Kjekk gymtime
Onsdag 17.januar 2018

Så kjekt med snø. Det var stor aktivitet i gym.timen til 7. klasse idag. Det var litt dårleg gli i bakken, så dei fleste laga snøskulpturar. Det var både bjørnar og sofaer. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Kjekt med snø!
Onsdag 17.januar 2018

1.klasse kosa seg ute i snøen i føremiddag.

Tekst: Kari Myhre Foto: Kari Myhre & Ingrid Kvernenes Misje

Fin dag med snø!
Onsdag 17.januar 2018

Elevene tok ibruk den kramme og fine snøen frå først det var lyst i dag tidleg.

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen


Ein datamaskin til kvar elev hausten 2018?
Måndag 15.januar 2018

5. klasse held på med å skrive kvar sin søknad med grunngjeving om kvifor alle elevane skal få kvar sin chromebook på skulen.



Tekst & foto: Åshild Giving


Vekesamling
Fredag 12.januar 2018

Fredag er vekesamling. Det vart flott kulturinnslag frå 3.klasse og hemmelege artistar. Oppdraget "Sunn matpakke" held fram også neste veke.


Tekst & foto: Lars Bakka


Ny Nysæter ungdomsskule
Torsdag 11.januar 2018

Når elevane som no går i 5.klasse skal ta til i 8.klasse hausten 2020 så  får dei nok oppleva å ta til på den heilt nye Nysæter ungdomsskule. Det er det same arkitektfirmaet som har teikna Sagvåg skule, så våre elevar vil kanskje raskt føle seg heime :-)
Les meir>>

Tekst: Lars Bakka  Foto: Arkitektane VIS-A-VIS


Substantivbøying i gymsalen
Torsdag 11.januar 2018
Variert undervisning i grammatikk er gøy. 5. klasse held på å lære om substantivbøying og kaste sikre pasninger samstundes. Det er ein del elevar som hugsar betre med rørsle, difor har 5. klasse 1 time grammatikk i gymsalen kvar veke.

Tekst & foto: Åshild Giving


Lesekonkurranse
Torsdag 11,januar 2018

Me har vore med på Norli junior- lesekonkurranse i nesten heile haust. Elevane i 7. klasse har i gjennomsnitt lese 3063 sider kvar. Det er ein innsats som både elevar og lærar er stolte over. Ein dag i desember kjente me at me trengte litt motivasjon for å fortsetje lesinga. Me sette oss eit lesemål for veka, og avtala at dersom me klarte målet, så skulle me ut på tur. Det var det elevane i 7. klasse hadde lyst til som premie. Me klarte målet, og i dag var turen:-)
Me hadde stor bålkonkurranse mellom jentene og gutane. Gutane vart best til å tenne bål utan tennbrikett, og jente var best med:-) Pølsene gjekk ned på høgkant, og turen var avslutta med gøymeleiken.
 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Sunn matpakke-veke
Onsdag 10.januar 2018

Denne veka er vekeoppdraget "Sunn matpakke". Elevane i 5.klasse får sikkert flott ternigkast. Her er ein liten fotoreportasje frå matpausen i dag.


Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving



Sjakk i 3.klasse
Tysdag 9.januar 2018

Då har 3. Klasse starta dei innleiande kampane i sjakkturneringa som heile skulen er med på.


Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Sjakkturnering
Tysdag 9.januar 2018

No er sjakkturneringa i småskulen i full gang.


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Tarzantikken i SFO
Tysdag 9.januar 2018

I dag har me vert i gymsalen og hatt tarzantikken. Her er full musikk og humøret på topp

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Fin vinterdag
Tysdag 9.januar 2018

Tysdag 9.januar vart ein gnistrand fin vinterdag på Sagvåg skule.

Tekst & foto: Lars Bakka




Barberskum-maling i SFO

Måndag 8.januar 2018

I dag blanda me lim og barberskum, då vart det ei rar blå blanding som etter ei lita stund este litt og blei til skum-maling. Mange forskjellige snømenn vart til på SFO i dag. Kanskje har dei vekse til me kjem på SFO i morgon. Kven veit?



Tekst: Elisabeth Magnussen Foto:Ailinn Spissøy


Vekesamling med "Slimslutt".
Fredag 5.januar 2018

Lea, Amalie, Elisabeth og Solfrid i 5. og 6.klasse har fått nok av ekle, heimalaga slimklumpar på skulen. I ein fin appell på veksamlinga i dag ba dei om at medelevane ikkje tok med slim på skulen. Neste fredag vil alle klassane fortelja kva dei har sagt om saka. Elles er me inne i ei veke med fokus på sunn matpakke.


Tekst & foto: Lars Bakka


Akkordar i 5.klasse
Torsdag 4.januar 2018

5. klasse har fått ein innføring i akkordar på keyboard, ved å finne gode nettsider sjølv. Dei får lære i sitt tempo med songar dei likar. Etter kvart får dei lekser, kor dei skal øve heime på keyboard, piano eller chromebook med tastane som tangentar.


Tekst & foto: Åshild Giving

Veving i SFO
Torsdag 4.januar 2018

SFO gjengen har starta med veving. Kanskje blir det nokre flotte kunstverk etter kvart!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


"Vårpuss"
Tysdag 2.januar 2018

Allereie den første skuledagen i januar tok me ein liten vårpuss ute på skuleplassen. Kombinasjon av ein periode med mykje regn , og etter det snø og snømåking, hadde ført til at mykje grus var drege inn på skuleplassen. Med god hjelp frå 5.klassingar er det no blitt fint igjen.


Tekst & foto: Lars Bakka

Oppstart med sjakk
Tysdag 2.januar 2018

5. klasse har hatt ei repetisjon av korleis ein skal nytte dei ulike sjakkbrikkene. "Nrk skole"  har mange flotte leksjonar om korleis ein kan bli betre i sjakk. Elevane brukte Chromebook og spelte mot Magnus Carlsen som 5 og 10 åring.


Tekst & foto: Åshild Giving


Sprek oppstart etter jul.
Tysdag 2.januar 2018

Her er ein liten stemningsrapport frå Sagvåg skule den første skuledagen tysdag morgon. Elevena i 4.klasse hadde ein sprek start med gym.


Tekst & foto: Lars Bakka

2.januar er SFO open frå kl 06:45, og skulen tek som vanleg til kl 08:30