VÅREN 2017 Arkivet>
 
 
Avslutning med dei tilsette
Fredag 23.juni 2017

Både Jorunn Bendiksen og Isabell Epland hadde den siste arbeidsdagen sin ved Sagvåg skule i dag. Dette,  og markering av runde år for både Jorunn og Gro Akselsen Halvorsen, førte til at det også dette skuleåret vart delt ut blomar og gåver den siste dagen før sommarferien.

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje
 


 

 
Tusent takk for sju flotte år!
Fredag 23.juni 2017

I dag tok 7.klassingane må magnge måtar varvel med barndommen, barneskulelæraren, barneskulen, barneskulerektoren OG Queensway.
No er det ungdomstid og ungdomsskule som ventar! Takk for sju flotte år!!


Bilete frå den site vekesamlinga finn duher. Også dei tilsette elevane i skulebiblioteket og elevkantina var "takka av".

Tekst: Lars Bakka  Foto: Kjell Byrknes
 

7-3 til lærarane

Torsdag 22.juni 2017

Lærarane var i godt humør etter å ha slått elevane 7-3 i den tradisjonsrike kampen mellom 7.klasse og dei tilsette den senst siste dagen før sommarferien

Tekst: Lars Bakka Foto: Oskar Mettälä Føyen & Kjell Byrknes
 

Kald tradisjon
Torsdag 22.juni 2017

Det er blitt ein kald tradisjon at Egil og Lars vert dynka etter fotballkampen mot 7.klasse...iskaldt...

Tekst: Lars Bakka Foto: Oliver Eldøy & Mari Tingvoll Skram


Noko er feil i Lærarane FC (LFC)?
Torsdag 22.juni 2017

Finn du ein feilen??

Tekst: Lars Bakka Foto: Oskar Mettälä Føyen


Tredje og siste friluftsdag
Onsdag 21.juni 2017

Då var den siste friluftsdagen sommaren 2017 ferdig og alle elevane har komme trygt heim igjen.

Bekkevandring:    Sætrevikjo:     Eventyrskogen:    Seglbåt:   Kanotur Fjelltur

Tekst: Lars Bakka  Foto: Åshild Giving, Elisabeth Magnussen...m.f.

Den andre friluftsdagen

Tysdag 20.juni 2017

I dag vart den andre av tre friluftsdagar arrangert. Bilete frå ulike uteaktivitetar finn du her.

Utslettefjellet:    Sætrevikjo:     Eventyrskogen:  Kanotur:   Bekkevandring

Tekst: Lars Bakka  Foto: Liljan Vestbøstad Waage, Anne Brit Holm m.f.

Koseleg avslutning for 7.klasse
Måndag 19.juni 2017

I kveld arrangerte foreldra koseleg avslutningsfest for elevane i 7.klasse. Det var både underhaldning i amfiet flott buffé og kaker.



Tekst: Lars Bakka  Foto: Lars Bakka m.f.

Friluftsdagar

Fredag 19.juni 2017

I dag, tysdag og onsdag får elevane oppleva noksk natur med båt, på sykkel og i fjellet. Friluftsdagane er varierte, og her er dei første bileta.
Føyno:    Sætrevik: 
        Bekkevandring: 
    Eventyrskogen:    Kano:

Tekst: Lars Bakka  Foto: Aasne H Vikanes, Jenny Sætre Skjønberg & Lars Bakka
 

Offisiell opning av uteamfiet
Fredag 16.juni 2017

Med 2.-6.klasse og Remi frå 4.klasse med kulturinnslag, var det tid for offisiell opning av uteamfiet vårt. Remi bidrog med solosong på teiknspråk og 2. og 6.klasse hadde songshow. Representant frå Stord kommune og Engevik & Tislevoll A/S var med på opninga. Det var spesielt kjekt at Artur Kedzior frå Engevik & Tislevoll hadde tid til å komma. Det var i stor grad han som bygde amfiet.
Du finn bilete og filmar frå opninga her......og sjølvsagt har uteamfiet vårt eige nettside :-)
    


Tekst: Lars Bakka  Foto: Egil Petterteig & Lars Bakka

Gongesertifikatet
Fredag 16.juni 2017

4. klasse har fått gongesertifikatet og det er dei stolte av.

Teskat & foto: Åshild Giving


Handball i 5.klasse
Fredag 16.juni 2017
 
I dag har Lea, Amalie og Amanda hatt ansvar for gymtimen. Dei er aktive handballspelarar og i dag har dei vore trenarane våre. Jentene organiserte lag og kampar og var flinke dommarar. Ein kjekk og aktiv time.
 
Tekst & foto: Anne Brit Holm
 

7.klasse til Bleikjevikjo

Torsdag 15.juni 2017

Fagsten var variert då 7. klasse sykla og gjekk til Bleikjevikjo. Eremittkreps, strandkrabbar, børstemakk, tang og tare var noko av fangsten. Elevane var ivrige og hadde det kjekt, sjølv om det kom nokre regndråpar. Ein del av dei som ikkje hadde støvlar blei etter kvart ganske våte, det var heilt frivillig. Grensa gjekk ved bading..

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Stemningsfull sommarfest

Onsdag 14.juni 2017

Det var ein perfekt ettermiddag for sommarfest. Etter ei fin samling med stappfull gymsal, var det tid for vaffelsal og drøs i den fine junikvelden. (Det kom inn 3265 kr i vaffelsalg og tippeglas.)
Samling i gymsalen:     Uteaktivitetar:   Fotbalkamp mellom FAU og Elevrådet:


Tekst: Lars Bakka  Foto: Erlend Thoresen, Lars Bakka m.f.


Liter og desiliter i 3. klasse
Måndag 12.juni 2017

Måndag fekk 3. klasse bruka uteamfiet då me hadde volum som tema i matematikk. Elevane arbeidde med samanhengen mellom liter og desiliter. Det viste seg at dette hadde dei god greie på, så oppgåvene var lette å løysa. Elles er det alltid kjekt å 'leika' med vatn....


Tekst & foto: Aasne H Vikanes

Trivselsleiarane
Tysdag 13.juni 2017

No har dei  kjekke trivselsleiarane våre hatt  ein liten avslutningsfest. Dei er ikkje heilt ferdige med jobben endå, men me må takke dei for den gode jobben dei har gjort i friminutta. Mange kjekke aktivitetar. Håpar at det smakte med pizza, saft og popcorn.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Siste symjetime 2016/17
Måndag 12.juni 2017

Det er endå ein måndag igjen dette skuleåret, men då er det friluftsdag. Difor vart måndag 12.juni den aller siste dagen med symjeopplæring for m.a. 2.klasse ved Sagvåg skule. I løpet av veka vil elevane i 2.-3.-4.-5. og 6.klasse få utdelt symjediplom med oversikt over måla elevene har nådd i dette faget i løpet av skuleåret.

Tekst & foto: Lars Bakka

Det er berre IKKJE greitt!

Fredag 9.juni 2017

Elevane i barneskulen skal vera søte og små! Utruleg irriterande når dei vert store og skumle....og høgare enn rektor!

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

First Lego League 2017
Torsdag 8.juni 2017

Sagvåg skule har ein lang tradisjon med deltaking i First Lego League (FLL). Også hausten 2017 stiller me lag med elevar frå 5. og 6.klasse. Les meir>>
Legogjengen for nøyaktig 10 år sidan :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

Heimelaga mat i SFO
Tysdag 6.juni 2017

 

Heimelaga fiskepinnar og potetmos med grønsaker på SFO i dag. Det falt i smak hos dei fleste. Etterpå var det fotball kamp i gymsalen før me gjekk ut.


Tekst og foto: Liljan V.Waage


Kokkekamp
Tysdag 6.juni 2017

Det var stor aktivitet på kjøkenet også denne onsdagen. Elevane  laga varierte middagsrettar, men me kan slå fast at det er sjokoladedesserter som er det mest populære blant desse elevane. 
Tusen takk til dommarane som vurderte maten vår. Dei gjorde ein super jobb. 

   

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

   

Siste møte i elevrådet
Tysdag 6.juni 2017

I dag dag har det vore siste elevråd dette skuleåret. Me koste oss med kakao og kommenterte dei siste sakene. Les referetet her>>

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Me les i 1.klasse
Tysdag 6.juni 2017

Vekeoppdraget vårt denne veka er "Me les". 1. Klasse koser seg med bøker frå biblioteket.

 

Tekst & foto: Lene Tislevoll

 

Den store spinnerkonkurransen i 3. klasse
Fredag 2.juni 2017

Det er mykje ein kan bruka ein "spinner" til, og i dag har me konkurrert med spinnerar og forska på uthald. Kor lenge kan ein spinner spinna? Kva spinner verkar best? Kva gjer at dei spinn og held ut?
Konkurransen gjekk over 4 heat der dei 6 beste kom til finalen. Den beste spinneren stoppa ikkje før det hadde gått 4 minutt, 10 sekund og 93 hundredelssekund. Om du har lyst til å slå rekorden til Anette, så veit du kva du kan bruka helga til;-) 

 

Tekst: Hildegunn S Heimro Foto: Elevane

 

"I slik ei natt".
Fredag 2.juni 2017

I dag har 6.klasse vore på Mostraspelet. Det vart ein våt tur, men ei fin reise tilbake til vikingtida. Les meir>>

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Sagvåg skule forlag
Fredag 2.juni 2017

Her er den nye boka som har kome ut på "Sagvåg skule-forlag". Den er skriven av 3. klasse og handlar om 17. mai. Tidlegare i vår gav klassen ut boka Bruer i verda. 

 

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


Vekesamling
Fredag 2.juni 2017

Vekesamling med diabloshow og øving til sommarfesten. Også i neste veke held me fokus på oppdraget "Me les!"

 

Tekst & foto: Lars Bakka


Frå vår til sommar
Torsdag 1.juni 2017

Når me tek bort siste rest av påskeliljene veit me at våren er blitt til Somar på Sagvåg skule.

 

Tekst & foto: Lars Bakka


Kokkekamp i 6.klasse
Onsdag 31.mai 2017

Elevane i 6. klasse har planlagt ein hovudrett og ein dessert som dei skulle lage på skulekjøkenet idag. Dei måtte halde budsjettet som var på 150 kr pr. gruppe, og det var nok mange som vart overraska over kor dyrt det er å handle. Elevane var flinke både til å finne gode retter og til å lage dei. Samarbeidet var det heller ingenting å seie på. Då klokka vart 10, kom det 2 flinke og kokkekamperfarne dommarar frå 7. klasse. Dei fekk flott servering, og fekk den vanskelege oppgåva med å kåre ein vinnar. 

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Planlegging
Tysdag 30.mai 2017

I ettermiddag har lærarane ved Sagvåg skule planlagt det neste skuleår. Før sola går ned er kanskje alt klart......

 

Tekst & foto: Lars Bakka




Vaffelkos i 1.klasse
Tysdag 30.mai 2017

I dag har 1.klasse kosa seg ute med leik og steiking av vafler

Tekst & foto: Lene Tislavoll Almås

Me les
Tysdag 30.mai 2017

 
Vekeoppdraget denne veka er  " vi les ". Det gjer 2. og 7. klasse :) 
Me les for kvarandre frå mange av dei kjekke bøkene som er i biblioteket vårt.

 

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen



Sponavikjo
Onsdag 24.mai 2017

4. klasse har vore ein dag i Sponavikjo og utforska livet i sjøen. Tangloppa var enklast å fange, men dei fekk også tak i reker og liknande.

 

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kverenenes Misje & Lars Bakka


Vekesamling
Onsdag 24.mai 2017

I dag vart det vekesamling før langhelga. Oppdraget denne veka var å skriva resten av setningen: "For meg er Sagvåg skule.....". Alle klassane hadde løyst oppgåva på ein fin måte, og det var fantastisk kjekt å sjå kor mange elevar som hadde positive sentningar å skriva om skulen vår.
Det vart sjølvsagt også kulturinnslag med både turnoppvisning og songinnslag.


Tekst & foto: Lars Bakka
 

Den andre førskuledagen
Onsdag 24.mai 2017

Så var det tid for den andre førskuledagen. No er det berre å gle seg til august og skulestart! Velkommen tilbake til Sagvåg skule :-)

 

Tekst: Lars Bakka Foto:  Lars Bakka


Først førskuledag
Tysdag 23.mai 2017

I dag gjekk flaget til topps og Queensway, Kari, Ingrid og rektor tok imot elevane som skal ta til ved Sagvåg skule i august.

 

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kverenenes Misje & Lars Bakka


Spreke elevar
Tysdag 23.mai 2017

Her har dei det kjekt, store og små :-)


Tekst & foto: Eli Bunes Macsik

Møter våren med blomar i håret
Tysdag 23.mai 2017

Desse jentene i SFO møter det fine vårveret med blomar i håret :-)

Tekst & foto: Eli Bunes Macsik


Kunst i SFO
Fredag 19.mai 2017

No er steinane limte på planene og ungane er kjempeflinke til å jobba!


Tekst & foto: Eli Bunes Macsik
 

MOT
Fredag 19.mai 2017

Flinke MOT-ambassadørar frå Nysæter ungdomsskule hadde i dag kurs for elevane i 7.klasse

 

Tekst & foto: Lars Bakka


Kunstfredag på SFO
Fredag 19.mai 2017

I dag vart det teikning og maling på SFO.  Me tok maling på tommelen og laga fingeravtrykk. Til slutt teikna me dyr og ulike ansiktsuttrykk.

Tekst & foto: Elin Macsik Bunes
 

På scenen heilt åleine

Fredag 19.mai 2017

Det er alltid like kjekt når elevane våre vågar å stå fram på senen med alle dei andre elevane som publikum. Ekstra stas er det nå ein trygg 1.klassing tek steget fram heilt åleine.
Det var også turnshow og song med 6.klasse i dag. I oppdraga har me att fokus på tekstskaping dei siste vekene.

 

Tekst & foto: Lars Bakka


Hjorten vår
Fredag 19.mai 2017

Medan alle elevane var på vekessamling beita hjorten vår ferdeleg på bakken ved uteamfiet.

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Kunst & handverk i 6.klasse 

Torsdag 18.mai 2017

Det var som vanleg stor aktivitet på kunst og handverksrommet då 6. klasse var der. Elevane er både kreative og flinke. 

 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Flott barnetog i Sagvåg i dag! 
Onsdag 17.mai 2017

Mange blide elevar og barnehageborn og flott musikk frå korpsa våre!

 

Tekst & foto: Aasne H VIkanes


Flott generalprøve
Tysdag 16.mai 2017
Det vart ein flott generalprøve til 17.mai på Sagvåg skule. Det regna så kraftig i 12-tida, at me tok like godt toget innandørs. Alle kan også gle seg til eit flott program i gymsalen i morgon.

 

Tekst & foto: Lars Bakka


Chatting i 4. klasse
Tysdag 16.mai 2017


Rektor hadde ei innføring i Yammer, kor elevane fekk klare reglar for korleis me skal chatte på ein god måte. 

Tekst & foto: Åshild Giving

Omvisning på Ottesens Skipsbyggeri
Måndag 15.mai 2017

Måndag 15. mai fekk 3. klasse komma på omvisning på verven på Jensanes. Klassen har hatt om heimstaden vår dette skuleåret, så dette vart ei avslutning på temaet. Rune Jørgensen viste oss rundt, og han serverte kakao, saft og kaffi til oss. Tusen takk! 
På vegen var me òg innom og såg på høns og kyllingar i Vikaneskleivo. Takk for oss! Det vart tid til ei lita leikestund i sykkelstien før me gjekk heim.

Tekst & foto: Aasne Vikane & elevane

4.kl + 5.kl = SANT!
Fredag 12.mai 2017
4. klasse har fått prøve å være ein dag på mellomsteget, saman med 5. klasse. Dei hadde stasjonar og gym. Det har vore ein flott dag og god jobbing. 

 

Tekst & foto: Åshild Giving


Vekesamling
Fredag 12.mai 2017
Med flott somnginnslag frå 5.klasse og hemmelege artistar stfekke me ein fin start på fredagen ved Sagvåg skule. Du finn både bilete og film her:

 

Tekst & foto: Lars Bakka


Animals on the farm
Torsdag 11.mai 2017
3. klasse har jobba godt med dyra på bondegarden i engelsk. I dag har dei spelt eit spel, med mange repetisjonsspørsmål.

 

Tekst & foto: Åshild Giving


Back row from left to right: Anita, Tanja, Sanne   Front row from left to right: Manoe, Sharon, Romana, Remi, Veronique, Koen
Students from Hogeschool Leiden, the Netherlands.

Lieve kinderen van de Sagvåg skule,
Onsdag 10.mai 2017

Wij vonden het super leuk om een dagje op jullie school rond te mogen kijken. Wat een leuke school met een mooie omgeving hebben jullie hier! Dit zouden wij in Nederland ook wel willen hebben op de scholen. Bij ons is er niet zoveel natuur om de school heen. Wij hopen dat jullie hebben gewonnen met de estafettewedstrijd.

Groetjes,

De studenten van de Hogeschool Leiden

 

Written for the students by Manoe Brabander Photo: Ingeborg Toft Nerland


Matematikkens dag i småskulen

Onsdag 10.mai 2017
 
I dag har elevar i frå 1. - 4. klasse hatt matematikkens dag. Dei vart delt inn i seks ulike grupper der dei blant anna måtte lage geometriske figurar av kikerter, og hoppa med hoppatau så mange gangar dei klarte i ett minutt.
  
Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland

Flott innsats
Onsdag 10.mai 2017

Det var flott innsats av 7.klasse på tinestafetten i dag.

Tekst & foto: Kari Myhre

Elevrådet i aksjon....
Tysdag 9.mai 2017
Her finn du referat frå elevrådsmøtet i dag>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Konsert med HVL-studentar
Tysdag 10.mai 2017

(Tekst kjem)

Tekst & foto: Egil Petterteig

Brannvern i 6.klasse
Måndag 8.mai 2017
6. klasse hadde besøk frå Stord brann og redning og Haugaland kraft i dag. Dei underviste oss om brannvern. Både kva me skal gjere for å unngå brann, og kva me skal gjere dersom det begynner å brenne. Det var kjekt og lærerikt. På slutten av timen, var alle ute og fekk prøve å sløkke med pulverapparat. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Engelsk og K/H
Fredag 5.mai 2017

4. klasse har vore ute i ein engelsktime, kor dei leste engelske tekstar og jobba med klokka. Dei har også starta med symaskinen og øver til symaskinsertifikat.

Tekst & foto: Åshild Giving

Kunstprosjetet i SFO tek form
Fredag 5.mai 2017

I dag fekk steinane i kunsstprosjektet fine fargar. Til slutt skal kunsten opp på uteveggen vår.

Tekst & foto: Elin Bunes Macsik

Rakettoppskyting i 3.klasse
Fredag 5.mai 2017

God stemning då 3.klasse var ute og skaut rakettar med lufttrykk i dag. Rakettane gjekk i aust og vest med meir eller mindre futt, men kjekt var det.

Tekst & foto: Egil Petterteig
Vekesamling
Ferdag 5.mai 2017

Det er alltid stor stas når det kjem hemmeleg artist på fredagssamlinga. I dag var det tre kjekke jenter frå 1.klasse som gav oss ein flott konsert.

Tekst & foto: Lars Bakka
 

Skaterar
Torsdag 4.mai 2017


Det er kjekt å sjå at fleire elevar no har teke med skg skateboarda sine til skulen.

Tekst & foto: Lars Bakka

Fredsstafetten

Onsdag 3.mai 2017

Strålande innsats av 5. klasse på Fredsstafetten i ettermiddag! Av 8 lag kom denne flotte gjengen på ein fin 5. plass

Tekst & foto: Jenny S Skjønberg

Flott innsats av gjengen frå 7. klasse ogHer er dei samla før start ->


Tekst & foto: Kari Myhre

Kunstnarar i SFO
Fredag 28.april 2017
Også denne fredagen vart sett fokus på visuell kunst i SFO. Elevene er her i full gang med å fargelegga skissa til eit flott kunstverk.

Tekst & foto: Elin M Bunes

Kjekke uteaktivitetar for alle
Fredag 28.april 2017
Vekeoppdraget denne og neste veke er "Kjekke uteaktivitetar for alle". Som de ser av bileta så er elevane flinke til å vera med på å få til dette:-)

Tekst: Lars Bakka  Foto: Åshild Giving /Lars Bakka

Mattedag i 5.-6. og 7.klasse
Fredag 28.april 2017

[Tekst kjem]


Foto: Anne Elisabeth Trevlamd

Vekesamling

Fredag 28.april 2017

Også denne fredagen vart det ei flott vekesamling med kulturinnslag frå 2.klasse, hemmelege artistar og evaluering av veka som gjekk med fokus på "Kjekke uteleikar for alle". Det vart høge terninglast til alle klassane.



Tekst & foto: Lars Bakka

Skaterampen utan skateboard

Torsdag 27.april 2017

Full fart på skaterampen, men på Sagvåg skule er det ingen som har skateboard....kjekke leikar likevel.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Skaterampen vert ny
Onsdag 26.april 2017
Skaterampen ved Sagvåg skule vert for det meste brukt til leikeplass for dei minste, men han må likevel vera trygg. I dag har me halde fram arbeidet med å pussa opp den snart ti år gamle rampen vår.

Tekst & foto: Lars Bakka

Brannøving
Tysdag 25.april 2017
I dag vart det gjennomført brannøving, som ikkje var varsla på førehand. Likevel var alle elevar og vaksne oppstilt på skuleplassen etter berre 2,5 minutt, og det er bra.

Tekst & foto: Lars Bakka

Tidleg morgon på SFO
Tysdag 25.april 2017
Tidleg morgon på Sfo,flinke ungar lagar dyr i alle fasongar.

Tekst & foto: Elin M Bunes

Vårsprett!
Fredag 21.april 2017
Etter matpausen i dag var alle elevane ute og tok del i ulike vårlege aktivitetar.

Tekst: Lars Bakka Foto: Lene Tislevoll Almås/ Lars Bakka

Kulturskule i SFO
Fredag 21.april 2017

Også denne fredagen har Kulturskulen hatt tema "Visuell kunst" i SFO

Tekst & foto: Elin M Bunes

For få mannlege lærarar i barneskulen?

Fredag 21.april 2017

Det vert klaga på at det er for få menn i barneskulen....men me har ein god gjeng på Sagvåg skule...
(Kjell var ute og hadde tilsyn då biletet vart teke!)    :-)


Tekst: Lars Bakka  Foto: Hildegunn S Heimro

Veksesamling

Fredag 21.april 2017

3.klasse gav oss ein flott reknesong til morgonsamlinga i dag. Vekeoppdraget om å rydda ute har gått svært fint. I neste veke set me fokus på kjekke uteaktivitetar for alle i vårsola...

Tekst & foto: Lars Bakka

Perfekt!

Torsdag 19.april 2017
I dag vart plenen rundt amfiet rulla ut, og då er uteamfiet vårt perfekt og ferdig. I løpet våren vert det offisiell opning!

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterieig og Lars Bakka

Mat og helse i 6.klasse

Onsdag 19.april 2017
Det var stor aktivitet på kjøkenet då 6. klasse laga mat frå andre land i dag. Me laga ein kyllingsalat med spinat og couscous. Til dessert var det fruktsalat laga med frukt frå fjerne himmelstrok. Smakte godt med middag kl. 9.30.

Tekst & foto: Anne Elsiabeth Trevland

Kreativiteten blomstrar på SFO
Onsdag 19.april 2017


I dag vart det laga:
- Afrikajungel der bur slangar, hestar, tigrar, menneske m.m
- Hus til ein makk
- Bondegard der det bur grisar, kuer, høner, sauer og hestar.


Tekst & foto: Liljan V.Waage


jobb igjen
Tysdag 18.april 2017
Første dag etter påskeferien tok til med ein heilt vanleg skuledag.

Tekst & foto: Lars Bakka
 

Elevane har funne 10 av 10 kyllingar>>
 

Påskelunsj for heile skulen
Fredag 7.mars 2017
Den siste dagen før påskeferien er det tradisjon med påskelunsj for alle elevane ved Sagvåg skule. Også dette året var det god stemning med egg, rundstykke og appelsinjuice i gymsalen.

Tekst & foto: Lars Bakka

Visuell kunst del 2 i SFO
Fredag 7.april2017

Også i dag fekk borna oppleva prosjektet "Visuell kunst" med Torill Berger Falk frå Kulturskulen. Dette er eit samarbeid som held fram utover våren og hausten 2017. Me kjem innom fleire tema. Borna fekk ei flott avslutning på veka i SFO!
 


Tekst & foto: Elin M Bunes

Vekesamling
Fredag 7.mars 2017
Også i dag vart det tid til vekesamling. Det vart mellom anna flotte kulturinnslag med 4. og 5.klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka

Påskeharen luskar rundt på skulen
Torsdag 6.mars 2017
I dag låg det eit brev til ungane i SFO. Påskeharen hadde gøymt eit egg til oss. Det fann me inne på kontoret til Egil. Litt snop og niste før popkorn og muffins!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Påskegudsteneste med 2.klasse
Tysdag 4.april 2017

Elevane i 2. klasse deltok på påskegudsteneste i Nysæter kyrkje denne veka. Liam og Malin fekk tenne lys. Leni og Amanda hjalp også til.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Påskegrupper

Tysdag 4.april 2017

Også denne veka har 1-4 klassa hatt påskegrupper. Dei har laga påskepynt, laga pinnebrød på bål, kokt egg og hatt påskerebus med teikn. 

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Samarbeidsutvalet var imponert
Tysdag 4.mars 2017
Samarbeidsutvalet var samde om at Sagvåg skule har fått eit fantastisk flott uteamfi. Når plenen vert rulla ut etter påske er det tid for offisiell opning.
Referat frå FAU-møtet>>   Referat frå SU- møtet>>  
 

Tekst & foto: Lars Bakka

Møte i Elevrådet
Tysdag 4.mars 2017
I dag har det vore møte i elevrådet. Referatet finn du her>>
 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Til folkebiblioteket på Litlabø
Måndag 3.mars 2017
I dag var 2. klasse på biblioteket. Det var første gong klassen var der.Me fekk  høyra to fine  forteljingar fortalt av Camilla og Kristine.Det var mange kjekke bøker å sjå i og kjekke elevar å gå på tur med.
 

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Visuell kunst i SFO
Fredag 31.mars 2017

I dag fekk borna oppleva prosjektet "Visuell kunst" med Torill Berger Falk frå Kulturskulen. Dette er eit samarbeid som held fram utover våren og hausten 2017. Me kjem innom fleire tema. Borna fekk ei flott avslutning på veka i SFO!
 


Tekst & foto: Elin M Bunes

Gitarvenninner
Fredag 31.mars 2017

I ettermiddag var tre gode venninner innom kontoret for å låna seg kvar sin gitar for øving i helga. Med Youtube og gitar er det mange som har blitt superstjerner....

Tekst & foto: Lars Bakka

Vekesamling

Fredag 31.mars 2017
Vekesamlinga denne fredagen vart full av flotte elevinnslag. Det vart arkrobatikk-, instrumental-  og songinnslag. Det var vinnarinnslaga frå GrandPrix i går som var kulturinnslaga denne morgonen.
I neste veke set me fokus på å gjere det fint i uteomfådet vårt før våren set inn for fullt.
Her finn du både bilete og film frå samlinga:
 


Tekst & foto: Lars Bakka

Vart det ein prins til Elin?
Fredag 31.mars 2017
Det er det ingen som veit.......

Tekst Lars Bakka Foto: Beate M Føyen

Grand Prix

Torsdag 30.mars 2017
I dag er den store "GrandPrix-dagen" på Sagvåg skule med ei lang rekke flotte artistar på scenen.


Eeeeendeleg var alle krakkane klare:-)
Torsdag 30.mars 2017
Alle elevane i 6. klasse har laga seg flotte krakkar. Dei har sydd trekk og snekra krakk. Det har teke mange timar med hardt arbeid, men resultatet vart kjempeflott. Idag opna me utstillinga vår. Me feira med brus og god stemning. Dersom du har lyst til å lage deg ein krakk, kan du lese ein av instruksjonane er i heftet som ligg på bordet. Her kan du lese kva du skal gjere trinn for trinn når du lagar deg krakk. 
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Det er mitt val
Tysdag 28.mars 2017
Gymtimane er ein flott anledning til å øve praktisk på «Det er mitt val». Her er det mykje engasjement og kjensle. Fokuset i dag var å sei noko positivt til alle på laget. 


Tekst & foto: Åshild Giving

Påskegrupper i småskulen
Småskulen har også i år laga til påskegrupper.
Me har 6 ulike grupper fordelt på 2. dagar.
Mange kjekke aktivitetar med matlaging, kunst og handverk, steiking av pinnebrød på bål, rebusoppgåver og gym.sal.
Elvane er ivrige og gjev uttrykk for at dette er kjekt ! Flott  med aldersblanda grupper  :)
Tekst & foto: Gro A Halvorsen




Politikontroll ved Sagvåg skule
Tysdag 28.mars 2017

Les meir i Sunnhordland>>


Foto: Lars Bakka

Forskardag i 3. klasse
Onsdag 22.mars 2017
Dei siste vekene har 3. klasse hatt forsking som tema. Sist veke fann elevane ut kva dei sjølv kunne tenkja seg å forska på. I dag har seks ulike grupper vore i full sving med sine forskaroppgåver. Før dei starta arbeidet måtte dei snakka om korleis dei trudde resultatet kom til å bli. To grupper ‘flippa’ flasker og mjølkekartongar og to grupper var ute og leitte etter småkryp i naturen. Dei siste to gruppene forska på gjær, og på slutten av dagen fekk heile klassen smaka søte og gode bollar. Tusen takk! Alle elevane har vore blide og ivrige, og me har hatt ein kjekk dag!


Tekst: Aasne H Vikanes  Foto: Aasne H Vikanes & Hildegunn S Heimro

Også 6.klasse fekk teikneseriekurs
Onsdag 22.mars 2017

Tusen takk til Espen som kom og hadde teikneseriekurs med oss. Me vart veldig inspirerte, og var eigentleg mykje flinkare til å teikne enn det me hadde trudd på førehand. 
 http://www.espensseriekurs.no 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
[Bilete kjem]
Påskevandring

Onsdag 22.mars 2017

4. klasse har vore på symboljakt i Nysæter kyrkje. Dei fekk ein fin omvisning, teikna og forklarte kva dei hadde lært.

Tekst & foto: Åshild Giving


Renovasjon
Onsdag 22.mars 2017

1. klasse har rydda boss på skulen sitt uteområde. På ein halv time fann me MYKJE boss! No ligg det i det nye bosshuset vårt.

Foto: Ingrid Kvernenes Misje

"WOW! Ditta va skikkelig gøy!"

Tysdag 21.mars 2017

På tysdag hadde 5. klasse besøk av illustratør Espen Terjesen som hadde tre timars teikneseriekurs. Espen hadde elevane si merksemd frå første stund, og imponerte stort med streken sin og alt det morosamme han hadde å lære bort.De kan lese meir om kurset til Espen Terjesen på nettsida hans:  http://www.espensseriekurs.no  Espen kjem skal ha kurset for 6. klasse på onsdag og 7. klasse på torsdag. 

Foto: Ingrid Kernenes Misje

Aasne vart heidra av ordførar og rådmann
Tysdag 21.mars 2017

Aasne H Vikanes er ein av tre tilsette som kan skilta med heile 40 år som tilsett i Stord kommune. Saman med 25-årsjubilantane mottok Aasne blomar og gåve frå kommuneleiinga. Aasne har heile tida vore tilsett ved Sagvåg skule

Tekst & foto: Lars Bakka

Rådmannen og 4.klasse
Fredag 17.mars 2017

4. klasse har hatt besøk av rådmannen, som har hatt eit flott undervisningsopplegg om lokalsamfunnet. Elevane fekk utdelt heftar med mange ulike oppgåver. Dei har fått erfaring med korleis demokratiet kan fungere i praksis. 

Tekst & foto: Åshild Giving

Vekesamling

Fredag 17. mars 2017
Fredagen starta som vanleg med vekesamling på Sagvåg skule. 6.klasse bidrog med eit flott songnummer. Etter det vart det både tid til hemmeleg artist og ein gjennomgang av veka som har gått. Me har hatt fokus på kjeldesortering, og klassane fekk flotte terningkast. Neste veke heiter oppdraget "På rett stad til rett tid."
Til slutt fekk heile skulen treffa Rådmannen i Stord, Magnus Mjør. Han skulle vera lærar i 4.klasse i dag!


Tekst & foto: Lars Bakka

Steinen skal bort!
Fredag 17.mars 2017

Sunnhordland ville vera med då Hedda skulle vera med på å ta bort den steinen som ho skade seg på. I dag vart steinen fjerna og no er han stabbestein på parkeringsplassen til lærarane.

Tekst & foto: Lars Bakka

SMARTare Energi
Torsdag 16. mars 2017
I Kunnskapshuset var det i dag framføringar av vinnargruppene i SMARTare Energi frå  Hystad, Rommetveit og Sagvåg.  Alle som var med hadde gode framføringar. Medan dommarane hadde den vanskelege oppgåva med å finna vinnargruppa, fekk alle deltakarane mat og drikke.
Dommarane kåra ei gruppe frå Hystad som vinnarar. Dei får dermed ein tur til "Vil vite" i Bergen.


Tekst & foto: Kjell Byrknes

'Dodgeball', 'Haien kommer' og danseleik
Torsdag 16.februar 2017

2.og 7.klasse hadde gym saman på torsdag. 7.klasse hadde ansvaret for aktivitetane;'Dodgeball', 'Haien kommer' og danseleik. Flinke og aktive elevar!

Tekst & forto: Kari Myhre

Foreldrenettverk i 3.klasse
Onsdag 15.mars 2017

I kveld har 3. klassen hatt foreldrenettverk med tema "Å bry seg når barn ikkje har det bra". Me var heldige som hadde med oss leiar i Barnevernet Jørund Tvedt som hadde innlegg om dette viktige temaet. Me opplevde kvelden som svært nyttig, då også me foreldre fekk snakka i lag og utveksle erfaringar.
Fleire foreldre ytra ynskje om å ha fleire slike kveldar.


Tekst & foto: Wenche Westerheim

OneNote-kurs
Onsdag 15.mars 2017
1. klasse har fått 12 nye IKT- lærarar, som hjelper til med å jobbe i OneNote. Lærarane var kjempeflinke og 1. klasse lærte kjempemykje. 

Tekst & biltete: Åshild Giving

Kreativ problemløysing i matematikk
Onsdag 15.mars 2017

Jentene i 4. klasse har vore lærarar i problemløysing i matematikktimen. Dei har gjort ei grundig førebuing og jobba godt med eit hefte. Saman har dei diskutert ulike reknestrategiar og dette har dei hjulpet gutane med. 

Tekst: Åshild Giving Foto Andreas Midttun


Tannhelse og kosthald i 5.klasse
Onsdag 15.mars 2017
 
I dag har 5.klasse haatt besøk av tannpleiar Brit H. Laastad. Me fekk læra mykje om kva eit godt kosthald er og korleis maten me et påverkar kroppen vår. God tannhelse er også viktig og me fekk mange gode råd om korleis me skal stella godt med tennene våre. Alle fekk ny tannkost og tannkrem så no vert det reine og fine tenner i 5.klasse :-)
 
Tekst & foto: Anne Brit Holm
 

Som perler på ei snor....

Tysdag 14.mars 2017

3. og 4. klasse hadde ein flott morgonsamling med vårsongar.

Tekst: Åshild Giving Foto: Åshild Giving/ Henrick Abelsen

Kunstnarar i 7.klasse
Tysdag 14.mars 2017

I 7. klasse har elevane hatt om Kittelsen. Ut frå bilete som elvane har funne på nettet, har dei kopiert ein del av verka til Kittelsen Her er nokre av dei flotte resultata!

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Nokre under i 6.klasse
Tysdag 14.mars 2017

6. klasse har med stor iver og innleving dramatiskert historiar frå bibelen i dag. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Nokon som vart våte i dag?
Tysdag 14.mars 2017

Dersom det var nokon som kom heim med våte sokkar i dag...så finn de forklaringa her. Ausregnet i føremiddag laga store dammar på skuleplassen vår....og det var stor stas :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

Møte i Elevrådet

Tysdag 14.mars 2017

Her finn du referat frå  Elevrådsmøtet som var i dag. Mange aktuelle sakar vart drøfta, m.a. mobilfri skule>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Store framsteg i bassenget for 2.klasse
Måndag 13.mars 2017

Det er ingen klassar som viser større framsteg i løpet av skuleåret enn elevane i 2.klasse i bassenget. 2.klasse er det første året med symjeopplæring. Elevane vel sjølve om dei vil symja bryst eller crawl. På biletet er det to crawlarar i god driv i Nysæterbassenget måndag morgon.
Tekst & foto: Lars Bakka


Dramatisk....men det gjekk bra

Fredag 10.mars 2017

I dag kunne Hedda i 1.klasse fortelja heile skulen om den dramatiske ulukka ha vart utsett for på Sagvåg skule for nokre veker sidan. Det var heilt stille i amfiet då Hedda fortalde om fallet som førte til både operasjon og jernplate i hovudet med skruar! Det har heldigvis gått fint med Hedda.
Hedda kjem til å få vera med når me i neste veke skal ta bort den spisse steinen i skogen vår.


Tekst: Lars Bakka Foto: Ingeborg Toft Nerland og Lars Bakka

Engelsk i 6.klasse
Fredag 10.mars 2017

[Teskst kjem]

Foto: Ingrid Kvernenes Misje
 

Kunstnarar

Torsdag 9.mars 2017

Tusen takk for god hjelp frå Birthe og Tuva. Dei har hatt eit undervisningsopplegg med portrett. Elevane har lært om skugge og brukte kolstiftar. Me er nøgde me resultatet.

Tekst & foto: Åshild Giving

Bokbad
Torsdag 9.mars 2017

Bibliotekarane har hatt det travelt med registrering av nye bøker. Alle desse bøkene står no på utstilling oppå hyllene. Velkommen til skulebiblioteket!

Tekst & foto: Lars Bakka

Smartare energi
Onsdag 8.mars 2017

I år var det heile tretten grupper som kjempa om å ha dei beste ideane til SMARTare energi. Det var ein del sommarfuglar i magen under framføringane, men alle deltakarane fekk sine idear fram på ein god måte. Dommarane hadde ei vanskeleg oppgåve med å finna vinnarane. Dei to gruppene som vann må jobba hardt fram til førstkomande torsdag. Då skal den kommunale vinnaren kårast.

Tekst: Kjell Byrknes  Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Gym i 4.klasse
Tysdag 7.mars 2017

Birthe og Tuva frå Nysæter ungdomsskule hadde ein flott gymtime med 4. klasse. Elevane fekk spele kanonball med hinderløype og Tarzantikken. Elevane var veldig engasjerte.

Tekst & foto: Åshild Giving


[Tekst kjem]



Me starta opp i bassenget etter vinterferien
Måndag 6.mars 2017

Elevane i 2. -3. og 5.klasse starta veka med symjeopplæring i løpet av måndagen. Her er det 2.klassingane som er i full aksjon.

Tekst & foto: Lars Bakka
FEBRUAR 2017

Fredag 24.februar 2017
Den siste dagen før vinterferien vart ein fin dag med vinter og snø på Sagvåg skule.

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

Improvisasjon i 4. klasse
Fredag 24.februar 2017

Elevane held på med improvisasjon på piano. Dei var flinke til å lytte og jobba godt saman. Klassen hadde ein minikonsert i slutten av økta. 

Tekst & foto: Åshild Giving

Ny gåve
Fredag 24.februar 2017

Endå ein gong har Sagvåg skule fått ei gåve frå Emil i 1.klasse. Denne haren vil bli brukt av klassane i naturfagundervisninga.


Tekst & foto: Lars Bakka

Målprøve i naturen
Fredag 24.februar 2017

I dag tok 2. Klasse målprøven ute. Dei leita etter poster i skogen.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Godt samarbeid
Fredag 24.februar 2017

Godt samarbeid må til når 1.klasse få fallskjermen til å gjera slik heile klassen vil.

Tekst & foto: Lars Bakka

Trist når studentane er ferdige med praksis
Torsdag 23.februar 2017
Det var mange som var blanke i augo då det gjekk opp for dei at dette var den siste praksisdagen for studentane frå Høgskulen på Vestlandet. Desse stundtane har hatt praksisen sin hos oss i to år, og dei tre siste dagane i førre veke tok ei over heile skulen.....men i dag var det slutt. Elevrådsrepresentantane delte ut blomegåver frå skulen og ynskte studentane lykke til vidare!

Tekst & foto: Lars Bakka

Fastelavn
Onsdag 22.februar 2017
Snart fastelavn og vinterferie:-) Det vart deilig bollelukt over heile huset då 6. klasse laga boller idag. Krem og syltetøy gjorde at det vart ekstra godt. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Get Smart
Onsdag 22.februar 2017
Me har mange kortstokkar med Getsmart- kort i matematikkskåpet vårt. Idag øvde 6. klasse på omgjeringar mellom kg-g-hg og t. Dei var flinke og ivrige, og såg ut til å like å spele kort i matematikktimen.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Pizzakos

Tysdag 21.februar 2017

Trivselsleiarane som er ferdige med sin jobb til vinterferien hadde idag ein "takk for innsatsen" økt. Dei fekk pizza, saft, popcorn, leika i gym.salen og fekk sjå film. Det var ein fornøgd gjeng som gjekk heim frå skulen. Takk for innsatsen. De er velkomne til å verte trivselsleiarar ein annan gong også. 

Tekst & foto: Anne Elsiabeth Trevland

Planleggingsmøte for Trivselsleiarane
Tysdag 21.februar 2017

Tysdag hadde
dei nye trivselsleiarane planleggingsmøte. Dei var ivrige, og no er planen for dei to neste vekene etter vinterferien klar. Det vert nokre "gamle" og nokre "nye" aktivitetar. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Trivselsleiarkurs
Tysdag 21.februar 2017
Måndag var dei nye trivselsleiarane våre på kurs saman med trivselsleiarar frå Rommetveit, Langeland og Leirvik.  Dei brukte heile dagen til å lære seg nye, kjekke leikar som dei skal lære vidare til dei andre elevane etter vinterferien. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

S
tudentar er blitt til
lærarar
Fredag 17.februar 2017

Onsdag den 15. februar tok lærarane seg ein tur til Krakow på studietur. Dermed er studentane blitt til lærarar på Sagvåg skule. Les meir i Rundstykkeposten>>

 

Skrive av Steffan og Svein Martin


SFO på tur
Fredag 17.februar 2017

SFO var ein liten tur ned i stien i dag. Det var den siste dagen til "Fitjarelevane"våre.

Tekst & foto: Elim Macsik

Litt ekstra koseleg vekeslutt

Fredag 17.februar 2017

Mange av klassane kosa seg litt ekstra fredag ettermiddag. Studentane meinte nok at elevane fortente ein liten premie etter ei kjekk veke der studentane overtok skulen onsdag, torsdag og fredag.


Tekst & foto: Lars Bakka

Ein heilt vanleg dag på kontoret
Fredag 17.februar 2017

Det er aldri kjedeleg å vera rektor på ein barneskule. Her er ein liten bukett elevar som svinga innom for å helsa på i løpet av denne fredagen :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

3.klasse overraska oss som hemmeleg artist

Fredag 17.februar 2017

Kvar fredag startar med kulturinnslag. I dag var det 3.klasse som overraska med heile klassen som "hemmeleg artist".
Alle klassane har hatt flotte dagar med studentane som lærarar. Neste vekeoppdrag er å skriva brev til rektor om korleis eg likar meg på skulen.  



Tekst & foto: Lars Bakka

Kjemi i 5.klasse

Torsdag 16.februar 2017

Elevane i 5. klasse har jobba med kjemi i naturfag. Dei vart kjente med ulike stoff som sukker, salt, hornsalt og potetmjøl. Dei skreiv hypotesar og blanda stoffa med vatn. 


Tekst & foto: Jagoda Urszula

134 halve rundstykke

Torsdag 16.februar 2017

Kva torsdag gjer kantinegjengen ein flott jobb med å gjera klart for servering av 134 halve rundstykke med med tilbehør. Også i dag var alt klart slik at elevane i 5.-6. og 7.klasse kunne kosa seg med kantinemat kl 10.40

Tekst & foto: Lars Bakka

Helsing frå Polen
Torsdag 16.februar 2017

Lærarane er i Polen får oppleva den polske skulen, eit skulesystem som på mange måtar er likt vårt med mange engasjerte og kjekke elevar og lærarar. Men det er også forskjellar. Mellom anna hadde denne skulen med over 800 elevar ikkje noko uteområde som elevane fekk nytta. I alle friminutta sat elevane inne i gangane og venta på neste time.


Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig


Mitt val
Onsdag 15.februar 2017

"Mitt val" er programmet Sagvåg skule nyttar i arbeidet mot mobbing og for godt læringsmiljø.Her er det elevane i 3.klasse som er samla til dialog saman med studentane frå Høgskulen på Vestlandet.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Studentane tek styringa
Onsdag 15.februar 2017

Resten av denne veka er det studentane frå HVL (Høgskulen på Vestlandet) som har teke over styringa på Sagvåg skule medan lærarane er på studietur til Krakow.



Tekst & foto: Lars Bakka

Songleikar ute
Tysdag 14.februar 2017


I dag har 1.klasse vore ute i nydeleg vær og lært seg nye songleikar. Elevane hadde det kjempekjekt og lo mykje :-)


Tekst: Karoline Karlsen og Alida E Jensen. Foto: Anne Brit Holm


Helene trimma 4. klassingane

Tysdag 14.februar 2017
Elevane i 4. klasse hadde ein aktiv og morosam gymtime saman med høgskulestudenten, Helene.  Dei sprang staffettar og avslutta timen med hjørnefotball. Alle samarbeida godt og gjorde ein kjempegod innsats.
Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland



Ei flott gåve!
Tysdag 14.februar 2017

Emil i 1.klasse kom med ei flott gåve til Sagvåg skule. Den store og flotte reven har fått heidersplass oppå glasmonteren ved sjakkbrettet. Tusen takk Emil!!

Tekst & foto: Lars Bakka


Bru-prosjektet i 3.klasse
Fredag 10.februar 2017

Veit du kva for geometrisk figur som høver best når du skal laga stabile konstruksjonar? Eller kva bru som er verdas lengste? Det veit 3. klasse, og kunnskapane   kjem godt med når dei no held på med eit bru-prosjekt saman med studentane. Dei har laga flotte konstruksjonar som snart er klare for testing. Dei har òg laga ein forsøksrapport og om hypotesane stemmer, vert spennande å sjå - følg med vidare

  

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Er alle elevane blitt til skodespelarar?

Nei, da! Det er bare den årlege førestillinga med 4. og 5. klasse. Onsdag 8. februar var gymsalen overfyllt med rekvisittar, skodespelarar, mikrofonar, stolar og tilskuarar. 4. og 5. har satt opp ei Roald Dahl-førestilling for å feire at Roald Dahl er 100 år i år. Det var ei flott førestilling med veldig flinke skodespelarar, og flotte kostymer. Elevane har jobba hardt, og resultatet var storarta. 
 Les meir>>

Skrive av Thea og Eva
 

Vekesamling
Fredag 10.februar 2017

Så var det 2. klasse sin tur til å ha innslag på fredagssamlinga. Dei song om månadane med teikn, etterpå framførte dei " nå, akkurat nå".
Flinke elevar :)


Tekst: Gro A Halorsen  Foto: Kjell Byrknes
 

Me reknar i 1.klasse
Torsdag 9.februar 2017

Kva strategi skal eg ta i bruk når eg lærer meg å rekne? Det har studentane i 1. klasse hjelpa oss med å finne ut i dag

  

Tekst & foto: Lene T Almås

Spydkast i 2.klasse
Torsdag 9.februar 2017

På torsdag var 2. klasse på tur med studentane. Me hadde mykje frileik og felles aktivitetar. Elevane har tent bål og ete lappar med syltetøy. Alle har laga seg eit spyd for å kunne delta i spydkast-konkurranse. Alle storkosta, seg sjølv om det var litt kaldt. :)
  

Tekst & foto: Jagoda Urszula

Flott Roald Dahl-framsyning
Onsdag 8.februar 2017
Alle elevane i 4. og 5.klasse gav oss ei flott teaterframsyning der forfattarskapen til Roald Dahl var tema. Det var to framsyningar, ei for skulen på dagtid og ei for foreldre og besteforedlre i kveld. Etterpå var det premierekvelds!
Her er bileta frå framsyninga, filmen kjem seinare.

Tekst & foto: Lars Bakka

Steinalder i 2.klasse

Onsdag 7.februar 2017
2. klasse jobbar med tema steinalderen. I dag har dei vore ute å laga helleristninger saman med studentar frå HVL. (Høgskulen på Vestlandet)
 

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Kva har skjedd med elevane på Sagvåg skule??
Tysdag 7.februar 2017


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Me tok utfordringa!

Tysdag 7.februar 2017
Solan og Steffan i 6.klasse var to av elevane som tok utfordringa frå rektor om å læra seg å sykla på einhjuling. Dei har no hatt kurs del ein, og dei neste vekene vil dei få nye leksjonar som må kombinerast med mykje eigeninnsats og øving!
 

Tekst & foto: Lars Bakka

Elevrådet har hatt møte

Tysdag 7.februar 2017

I dag har det våre møte i elevrådet. Snart finn du referatet her>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Ny rektor på Sagvåg skule?
Fredag 3.februar 2017
Nei, denne gongen var det berre 1.klassingane som fekk lov til å prøva den tøffe rektorstolen på veg tilbake til klasserommet etter musikktimen i dag :-)
 

Tekst & foto: Lars Bakka

SFO til Smette
Fredag 3.februar 2017

I ettermiddag har SFO vore på ekskursjon til Smette Terrasse.

Tekst & foto: Elin Bunes Macsik

Banemannskap
Fredag 3.februar 2017

I dag har Wesly, Johannes, Sander og rektor preparert kunstgrasbanen vår. Me vart halvferdige før klokka var så mykje at elevane måtte gå heim. Me held fram i neste veke. Det var 5.klasse som tok opp saka om den harde banen. No vert det fiksa og banen vert som ny :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Sander Abelsen

Vekesamling
Fredag 3.februar 2017

Fin song med 3.klasse starta dagen på Sagvåg skule denne fredagen. Etter det var det tid for tilbakeblikk på veka som gjekk og nytt vekeoppdrag. Også denne veka vert det set fokus på bruk av sosiale medium.

Tekst & foto: Lars Bakka

Flotte dinosaurar

Torsdag 2.februar 2017
2. klasse har i norsk, naturfag og kunst og handverk jobba med dinosaurar. Dei har lese og skrive tekstar. Dei har og studert og laga dinosaurar i kunst og handverk. Dei flotte dinosaurane er utstilt i klasserommet.
 

Tekst: Laila Gjøsæter  Foto: Gro A Halvorsen

Kantinedag
Torsdag 2.februar 2017
Torsdag er kantinedag for elevane i 5.-6. og 7.klasse. Det er alltid ekstra koseleg når elevane får servert ferske, grove rundstykke som dei kantinetilsette har gjort klart på førehand.

Tekst & foto: Lars Bakka

Morgonstemning 1.februar 2017

Onsdag 1.februar 2017

Tekst & foto: Lars Bakka

Eit magisk møte med lyset
Publisert onsdag 1.februar 2017

Gjennom opplegget til Øyvind Hjelmen: "Eit magisk møte med lyset", har elevane i 7. klasse fått læra om heile prosessen i det å ta bilete. Dei setta saman sitt eige enkle kamera, tok eit bilete kvar og fekk vera med på framkallingsprosessen i mørkerommet. Til slutt blei det laga ei utstilling av bileta. Mange flotte effektar av eit så enkelt kamera!

Tekst & foto: Kjell Byrknes
 
JANUAR 2017

Me berre MÅTTE prøva det nye amfiet !

Fredag 27.januar 2017

Etter matpausen i dag møttest alle elevane og dei tilsette i det nye og flotte uteamfiet vårt. Det var kjekt å sjå at det er god plass til alle. Amfiet ligg flott til på bakken ved skulen."


Tekst & foto: Lars Bakka

SFO til "Raugaløo"
Fredag 27.januar 2017


SFO på tur i det fine véret i ettermiddag

Tekst & foto: Elin Bunes Macsik

Kahoot i 2.klasse

Fredag 27.januar 2017

Elevane i 2. klasse har hatt Kahoot i  KRLE,  dei var veldig engasjerte. Karl Andreas og Jan Gunnar i 2. klasse seier at dette var kjempegøy, kan me gjere det fleire gonger?
 
Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Jaaaaaaaa!
Torsdag 26.januar 2017

Jaaaaaaaa, sa alle elevane då dei fekk vite at det var sjakk som stod på timeplanen. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Uteamfiet er klart til bruk

Torsdag 26.januar 2017
I dag har me opna uteamfiet. Mange elevar har vore innom og sett på den fine uteplassen vår. Området bak amfiet er stengt av til me har fått rulla ut ny plen i mars/april.

Tekst & foto: Lars Bakka

Instruksjon i 3.klasse
Fredag 20.januar 2017

 Me har hatt om instruksjonar denne veka og det var djup konsentrasjon då 3. klasse skulle fylgja ein instruksjon og laga papirfly i dag.
At det var ganske tett med fly i "luftrommet" i klasserommet etterpå er vel svar nok på at dei kan lesa og forstå instrukskonar

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


Fredag 20.januar 2017 kl 13.54....
Fredag 20.januar 2017
.....vart den siste Keboni-planken festa i det nye uteamfiet. På måndag kjem ei flott kompassrose på plass midt i sirkelen, så er eigentleg amfiet ferdig. Til våren vert bakken rundt planert og sådd i. No kan me snart ta bilete med alle elevane ved Sagvåg skule i det nye amfiet vårt :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

Vekesamling og flinke foreldre!

Fredag 20.januar 2017
Alle klassane fekk flotte terningkast på vekesamlinga då foreldra hadde vore svært flinke og hadde teke ein prat i heimen om soaiale medium, og sendt melding til læraren om dette. .Fleire klassar fekk terninkast seks, og då hadde alle foreldra sendt melding!  4. og 5.klasse gav oss flott kulturinnslag.  Neste veke er det tid for "Hemmeleg ven"!

Tekst & foto: Lars Bakka

Konsert

Torsdag 19.januar 2017
Me i 2. klasse var så heldige å få vera med på konsert.Der spela Preben på trommer  og Espen på piano .Dei var kjempeflinke :) 

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Snøfnugg i 3.klasse

Onsdag 18.januar 2017

Diktet/songen "Det kom eit lite snøfnugg på klokkar Hansens hatt" av Halvdan Rasmussen var utgongspunktet for studie av snøfnugg - kven visste vel at snøfnugga kan vera  vakre?! 
http://nrksuper.no/super/blog/slik-ser-snofnugg-ut-pa-naert-hald/
Me har lese om, studert og laga snøfnugg og noko av det kjekke med snøfnugga er at vert det mange nok av dei, kan dei formast til ein snømann:-) 


Tekst:Hildegunn Sæbø Heimro  Foto: Hildegunn S Heimro og Elisabeth Magnussen

Nye elevar på Sagvåg skule?

Onsdag 18.januar 2017

....eller kan det vara ei samling med 10 år gamle bilete frå januar 2007?

Tekst: Lars Bakka  Foto: Lærarane på Sagvåg skule januar 2007

Gode kunstnarar kopierar, store kunstnarar stel, sa Pablo Picasso.

Tysdag 17.januar 2017

I sjuande brukar me for tida You Tube som teiknelærar. Der fins det utallige steg-for-steg-videoar av teikningar i alle stilar. Elevane vel sjølv om dei vil teikne realistisk eller teikneseriefigurar. Det er heilt utruleg kva sjuande klasse har tryllar fram på papira til no. Det er svært god læring i å kopiere andre sine teikningar, og det er heilt lov for å bli betre!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Møbeldesign
Fredag 13.januar 2017


Lea og Hedvig 5. klasse har fått designa sin eigen elevstol. Kanskje skal alle elevane etter kvart få laga seg stolar med mjukare sete og fine fargar......

Tekst & foto: Lars Bakka

Vekesamling
Fredag 13.januar 2017

Med flott kulturinnslag med 6.klasse og innlegg frå alle klassane om sosiale medium fekk med ei fin vekesamling ved Sagvåg skule fredag morgon. Oppdraget neste veke er ein samtale i heimen om sosiale medium. Alle har fått eige infoskriv om dette. De finn også ein kopi her>>


Tekst & foto: Lars Bakka

Vinklar, gader og vinkelsum
Torsdag 12.januar 2017

I 5. klasse lærer me om vinklar, grader og vinkelsummen i trekantar og firkantar. På bileta er oppdraget å laga ein firkant med ulike grader på vinklane.

Tekst & foto: Anne Brit Holm


MovieStarPlanet
Torsdag 12.januar 2017

Presentasjona av MovieStarPlanet var ein del av vekeoppdraget om soisale medium i 5.klasse i dag.

tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Momio
Torsdag 12.januar 2017

I dag fekk Åshild og Lars vita kva Momio var for noko då Daniel og Elisabet overtok undervisninga. Dei andre elevane visste allereie mykje frå før.


Tekst & foto: Lars Bakka

Inne i ruskevéret
Onsdag 11.januar 2017

I dag fekk elevane lov til å vera inne i friminuttet i det sure véret.


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Garnkuler i SFO
Onsdag 11.januar 2017

I dag har SFO ungane laga garnkuler på ballongar! No heng dei til tørk og skal få størkna før me sprekk ballongane!


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Minecraft-ekspertar i 2.klasse
Tysdag 10.januar 2017

I dag fekk både Gro og Lars eit lynkurs i Minecraft frå elevar i 2.klasse. På Minecraft er det sju års aldersgrense og mange i 2.klasse er ekspertar. Me har også oppdaga at det er noko som heiter Minecraft Edu
cation...noko for Sagvåg skule...?

Tekst & foto: Lars Bakka

Det er kjekt å samarbeida
Tysdag 10.januar 2017


I dag har 1. klasse øva på teikna for er lik og større enn, og måla bilete av årstidene saman.
Tekst & foto: Lene T Almås


Elevrådet har hatt møte
Tysdag 10.januar 2017

I dag har det vore møte i Elevrådet. Referatet finn du her>>

Foto & foto: Anne Elisabeth Trevland


Momio, Minecraft, Discord, Snapchat..
Fredag 6.januar 2017

Den første vekesamlinga i det nye året starta med ein kjærleikssong!
Etter det hadde me fokus på sosiale medium og skikk og bruk på internett. I dag vert det også gjennomført ei lita undersøking på skulen. I neste veke vil me setje fokus på korleis med nyttar ny teknologi, og korleis me oppfører oss i den digitale verda.


Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig


Dine klede?
Fredag 6.januar 2017

Etter at alle dei gløymde kleda frå i haust var viste fram til alle elevane i dag, så var diverre framleis ein heil sekk med klede igjen då dagen var slutt. Vil foreldre komma innom og sjå gjennom haugen med klede så er de hjerteleg velkomne!

Tekst: Lars Bakka: Foto: Laila Gjæsæter

Vanleg skuledag

Torsdag 5.januar 2017

Ein rask fototur på Sagvåg skule kl 10.00 i dag viser at elevane er godt i gang med den vanlege skuledagen etter ferien


Tekst & foto: Lars Bakka

Uteamfiet tek form

Onsdag 4.januar 2017

I dag tok Artur Kedzior frå Engevik & Tislevoll A/S til med å montera sitjeunderlaget på uteamfiet vårt. Dette kjem til å bli ein flott samlingsplass for alle ved Sagvåg skule.


Tekst & foto: Lars Bakka

Første skuledag
Måndag 2.januar 2017

Det var ein flott vinterdag med nysnø som møtte elevane denne første skuledagen i 2017.

Tekst & foto: Lars Bakka

Starta skuleåret med symjing
Måndag 2.januar 2017

Halve 2.klasse og elevane i 4. og 6.klasse starta skuleåret med symjeopplæring i Nysæterbassenget måndag føremiddag.

Tekst & foto: Lars Bakka

Skulen tek til igjen etter juleferien måndag den 2.januar. Skuleruta for våren 2017 finn du her>>  (Symjeopplæring våren 2017>>)