VÅREN 2016                                       Arkivet>


   

S
ju år går fort!

Tysdag 21.juni 2016
 

I dag avslutta me skuleåret med felles avslutning i amfiet. Det er vemodig å ta farvel med 7.klasse. Dei som ein gong var små 1.klassingar er no blitt ungdommar. Queensway ynskte velkommen hausten 2009, og tek farvel våren 2016.
Tusen takk til 7.klasse for flotte år!!


Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje
Tusen takk for samarbeidet
Tysdag 21.juni 2016

I dag måtte me ta farvel med tre gode kollegaar. Det var Eli-Sigrunn som vert teiknspråklærar på Fitjar, Ann Kristin som vert lærar på Langeland skule og lærlingen vår, Renate, som er ferdig med lærlingetida si hos oss
Tekst & foto: Lars Bakka
Alltid like spanande
Tysdag 21.juni 2016

Kampen mellom 7.klasse og lærarane er alltid like spanande. I år var det 3-3 etter kampslutt. Etter straffesparkkonkurranse var det dei tilsette som vann kampen :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Brit Holm

Sysertifikat og forkle i 5.klasse

Tysdag 21.juni 201
 

Ja!!! Endeleg er forkle og rykande ferskt sysertifikat i boks.Alle i 5.klasse har jobba godt og hardt. Dei som sa at "dette klarer eg aldri"...ja, dei klarte det jammen, akkurat slik læraren sa dei kom til å klare.
Lykke til med å skape nye klede framover. 
Kanskje me har ein framtidig designer i klassen?

Tekst og foto: Turid Tvedt Gjellestad

Kakekos
Fredag 16.juni 2016
Daria og Julianne har i dag sytt for litt ekstra kos i 6. klasse. Dei diska opp med saftig sjokoladekake med kesam, og jammen draup det litt på sjefen over alle sjefar også.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


SFO på tur
16.juni 2016

Torsdag var SFO på tur i Dåfjorden, heim til Renate. Her fekk me leika med traktorer, leike hytta, spela fotball m.m
Me fekk og vera med å mate hønene, kyllingene og kaninene.
Til mat fekk dei heimalaga pizza, som Solbjørg Larsen Tverderøy hadde laga.
Elevene var super nøgde med turen


Tekst: Renate Tverderøy Foto: Eli Bunes Mascsik

Strikk ein sommarfugl!


4.klasse har dei siste vekene lært å strikke, og alle har no strikka seg minst 1 stk somarfugl. Nokre elevar kunne strikke frå før, dei har strikka fleire, og også vore gode hjelparar når hjelpekøen har vorte litt lang.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Siste friluftsdag

Torsdag 16.juni 2016


No er elevane på veg heim frå den siste av tre friluftsdagar. Det ser ut til at alle har hatt flotte dagar med varierte aktivitetar. 

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

Koseleg avslutningsfest for 7.klasse 

Onsdag 14.juni 2016

Det vart ein triveleg kveld med gåver, talar, kulturinnslag og god mat då 7.klasse tok farvel med Sagvåg skule saman med foreldra onsdag kveld.
Tusen takk for sju flotte år!

Tekst : Lars Bakka Foto: Lars Bakka, Egil Petterteig og elevane


Friluftsdagar 

Tysdag 14.juni 2016


Det vart ein flott friluftsdag for alle elevane ved Sagvåg skule i dag. Bilete frå dei ulike aktivitetane finn du her:

Tekst : Lars Bakka Foto: Lærarar og elevar


Friluftsdag nr 2 

Onsdag 14.juni 2016


I dag er det den andre av tre friluftsdagar denne sommaren. Lærarane er flinke til å ta bilete, og er bileta frå turane i dag.

Tekst : Lars Bakka Foto: Lærarar og elevar

Vekesamling og show 
Fredag 10.juni 2016

Sagvåg skule avslutta også denne veka med flott vekesamling. Det var diabloshow med Simon i 7.klasse og fin song med 1.klassingane. Du finn bilete og filmar her>>.

Teks & foto: Lars Bakka

Lynne and teachers' Erasmus Visit to Norway 11th to 17th June

Tysdag 14.juni 2016

I dag fekk me besøk frå London.Lærarane frå Pakeman Primary School syntest at me hadde ein fin skule :-)

Les meir>>

Tekst: Lars Bakka Foto Beate M Føyen

 
Orientering og grillkos
Torsdag 9.juni 2016

Torsdag hadde elevane på mellomsteget o-løp. Elevane vart delte inn i små grupper og fann postar i området rundt skulen. Etter løpet var det grilling av pølser. Det vart òg tid til ballspel og andre aktivitetar. Mange blide og aktive elevar!
Tekst: Aasne Vikanes Foto: Elin Bunes Macsik

Undersøkingar i bekk og vatn

Fredag 10.juni 2016

I dag var 6. klasse i Hustredalen og leitte etter insekt, småfisk og larvar. Elevane var flinke til å leita og etter kvart blei det ei fin samling av ulike småkryp. Mellom anna fann dei vårflugelarvar, fåbørstemakk, sneglar og augnestikkarlarve. I tillegg fanga elevane små aurar, samt aurekyte. 
Det blei ein fin tur, men det var mykje mygg i skogen. Det var difor godt å eta nista i solsteiken nede  ved Hustredalsvatnet.

Tekst & foto: Kjell Byrknes


Onsdag 8.juni 2016

Tusen takk til alle som var med oss på den årlege sommarfesten i ettermiddag. Det vart underhaldning i gymsalen, avslapping i sola og fotballkamp mellom Elevrådet og FAU. FAU vann fortent 3-1.
Kr 3540,- vart overskotet etter festen, desse pengane  får Elevrådet disponera.

Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka og Ronny Furre

Genaralprøve til sommarfest

Onsdag 8.juni 2016

Det er alltid kjekt å ynskja barnehagane velkommen til generalprøve på framsyninga til sommarfersten. I ettermiddag kl 17.30 brakar det laus med den årelege sommafesten på Sagvåg skule.

Her er programmet for kvelden:

17.15 Elevane møter i amfiet.
17.30-18.30 Opning og underhaldning  i gymsalen
18.30-19.15 Mat, vaffelsal, tippeglas og utstilling av elevarbeid.
19.15-19.30
Fotballkamp i ballbingen mellom FAU og Elevrådet (2*5min)

Tekst & foto: Lars Bakka


Travelt i skulebiblioteket

Onsdag 8.juni 2016

I desse dagar er det stor aktivitet med innlevering av bøker til skulebiblioteket

Tekst & foto: Lars Bakka

Vårreingjering
Onsdag 8.juni 2016

6.klasse var kjempeflinke til å vaska kjøkenet idag. Dei er like gode til det som dei er til å laga mat.


Tekst & bilete: Kari Myhre

Publisering av bøker i 1.klasse

Onsdag 8.juni 2016
I dag har 1.klasse publisert bøker i KRLE. Der har elevane skrive og teikna frå nokre av tema som dei har hatt i løpet av skuleåret. Dei var stolte forfattarar, som viste fram bøkene sine til faddrane sine. Faddrane, som går i 6.klasse, var flinke til å gje tilbakemelding til dei ferske forfattarane ved Sagvåg skule.
Tekst: Turid Tvedt Gjellestad
Foto: Laila Gjøsæter og Turid Tvedt Gjellestad

Junimøte i Elevrådet

Tysdag 7.juni 2016

I dag har det vore avslutningsmøte i Elevrådet for dette skuleåret. Takk for flott innsats til Elevrådet 2015/16. Her er referatet frå det siste møtet>>
 

Teks: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland


Arkitektur!
Måndag 6.juni 2016

I 2.klasse har me halde på med arkitektur! Me har sett på former, material og konstruksjon på kjende hus i Sagvåg- og Litlabøområdet. Me har òg teikna hus. I dag var elevane arkitektar og bygningsarbeidarar, og laga hus ute i naturen. Kreativiteten og innsatsen var god! Kanskje det var murhuset som best hadde tålt at ulven (frå eventyret om ulven og dei tre små griser) kom og bles på huset, men dei andre hadde planar om korleis dei skulle berga seg om han hadde kome :-)
 

Teks: Hildegunn S Heimro & Foto: Ulrik Risnes

Takk til Marie!!
Måndag 6.juni 2016

I dag har Marie vore hos oss for siste gong. Ho hadde med seg kake, bok og film til oss. Me kjem til å sakne henne. Lukke til på Litlabø!


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Tur rundt Vikanes

Måndag 6.juni 2016
2. klasse hadde ein fin tur rundt flotte Vikanes i dag. Me fekk sjå kor mange av elevane bur, og så var innom hos Nathalie og fekk kvar vår is. Tusen takk til Kristine - det var godt å få kjøla seg litt ned:-) Me hadde vel ikkje akkurat planlagt at det skulle bli så fint vèr i dag, så det vart varmt på oss å traska rundt på asfalt, men elevane var sporty og vandra med freidig mot:-) 

Tekst &: Hildegunn Sæbø Heimro Foto: Liljan Vestbøstad Waage

Helleristningar
Fredag 3.juni 2016
Bronsealder er tema i samfunnsfag i 4.klasse og i dag har me laga helleristingar i kritt ute på skuleområdet. Det vart mange fine resultat.
 

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Varm velkomst
Torsdag 2.juni 2016
Då er den andre og siste førskuledagen over. Fadrane i 5.klasse og dei andre elevane gav dei nye 1.klassingane ein varm velkomst. Me håpar at alle gler seg til å komma tilbake til skulestart i august.


Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka & Renate Tverderøy

Hemmeleg artist

Fredag 3.juni 2016
Det er alltid ekstra stas når me kan by på "hemmeleg artist" i vekesamlinga. I dag var det Celine i 2.klasse som våga å stå åleine framfor heile skulen og synga.Flott artist, og flott publikum.  Resten av 2.klasse hadde også kulturinnslag. 


Tekst & foto: Lars Bakka

Førskuledag
Onsdag 1.juni 2016
I dag kunne me ta imot 28 spente 1.klassingar ved Sagvåg skule. Det er desse elevane som vert den nye førsteklassen våre til hausten. Med 28 elevar er det heilt full klasse. 


Tekst: Lars Bakka Foto: Irina Petrovna Brekke &  Mari Tingvoll Skram

Kokkekamp
Onsdag 1.juni 2016

I dag var det resten av 6.klasse sin tur til å ha kokkekamp. På menyen i dag sto det Pasta Carbonara, Brownies, Pasta med karrikylling, Minipavlova, Kjøttkaker og Boller med sjokolade. Dommarane, Egil og Ingrid, koste seg med mykje god mat laga av ivrige og flinke elevar. Etter å ha fått poeng både for smak, presentasjon og samarbeid, var det gruppa som laga Pasta Carbonara og Brownies som gjekk av med seieren. Dei fekk kvar sin slikkepott i premie! 
Tekst & foto: Kari Myhre
   


"I slik en natt" Mostraspelet
Torsdag 26.mai 2016

Fyrste gong Mostraspelet ble spelt var i 1984.  Forfattaren heiter Johannes Heggland.  Det fyrste teaterstykket av Mostraspelet heitte "Kristkongane på Moster". Handlinga føregjekk på Bømlo i åra 995, 997 og 1024 og var om innføringa av kristendomen i Norge.  Dette stykket har blitt spelt frå 1984 til 2013. I 2014 blei det ikkje spelt, men i 2015 blei det spelt igjen.
No i 2016 blir det eit anna stykke av Mostraspelet som blir vist.  Forfattaren av dette stykket er Svein Tindberg og det heiter "I slik ei natt".
Me i 6.klasse på Sagvåg skule fekk lov til å komme til Moster for å sjå det nye Mostraspelet.  Me var der på skuleførestilling  fredag 27.mai.
Det var et flott stykke fullt av liv og draumar.  Det var spanande med ting som skjedde to plassar på ein gong. Det er eit stykke som passer for dei som er 9 år og oppover.   Barn under 8 år vil nok synest det er skummelt.  Men me i 6.klasse synest det var et bra stykke.  

Tekst: Emilie Fyllingen Foto: Egil Petterteig


Maia og den gløymde musikken

Måndag 30.mai 2016
I dag hadde me besøk av tre jazzmusikarar som fortalde eventyr til oss. For å bekjempa trollet og befri musikken, måtte Maia, kontrabassen, gitaren og tromma spela saman. Først i lag vart dei sterke nok. 
Det var Torbjørn Netland (Gitar), Edvard Mjanger (kontrabass) og Mats Mæland Jensen (trommer) som spela for oss. På nynninga i gangane etter konserten kunne me høyra at dette slo an :-)


Tekst & foto: Egil Petterteig

Kokkekamp
Fredag 20.mai 2016
Halve 6.klasse hadde kokkekamp i dag. Gruppene hadde på førehand planlagt kvar sin meny med hovudrett og dessert. Dei har leita fram oppskrifter, og rekna ut pris på maten. Dei jobba godt, og dommarane (Egil og Ingrid) fekk smaka på mykje god mat. Til hovurett var det Burritos, Tacoburger og Asiatisk kylllingwok. Til dessert fekk dei cupcakes, rullekake og sjokoladefondant. Det var gruppa som laga wok og sjokoladefondant som fekk best poengsum idag.  Neste onsdag er det resten av klassen sin tur, og då blir det spennande å sjå kven som vinn til slutt!


Tekst & foto: Kari Myhre

Livet i fjøra.
Fredag 27.mai 2016
Fredag sykla 7. klasse til Sætravikjo for å studere livet i fjøra. Me  starta sykkelturen  i tåke, men me var ikkje før komen fram før sola tok over. I den fine sola gjorde det ingenting om me vart våte når me skulle studere livet i strandkanten. Mykje rart vart funne og elevane var ivrige. Etter mykje jobbing kom det jammen nokon med pizza og cola til oss. 


Tekst: Lene Tislevoll Almås Foto: Elevane

Brannvern i 6. klasse

Torsdag 26.mai 2016


Dei siste vekene har sjetteklassingane lært om korleis brannar kan oppstå og kva ein kan gjera for å hindra at det blir brann. 
Som ein del av undervisninga fekk klassen besøk av representantar for brannvesenet og Haugaland kraft, ved Hildegunn og Morten. 
Dei fortalde, viste bilete, film og ulike gjenstandar, alt for å gje elvane betre forståing av korleis brannar kan oppstå. Til slutt fekk elevane læra praktisk bruk av pulverapparat. 
Dei var flinke til å sløkkja, og vil nok vera langt betre førebudde, dersom dei opplever ein  brann.


Tekst & foto: Kjell Byrknes

Berre berrføtt
Torsdag 26.mai 2016

I dag fekk heile skulen sjå "prøveframsyningar" av ei forestilling som heiter "Berre berrføtt", og handla om Harald Sæverud og musikken hans. Konsertane var kjekke for både store og små.

Tekst: Egil Petterteig Foto: Lars Bakka

5.klasse på tur....
Tysdag 24.mai 2016

I dag sykla me til Litlabø og var på besøk i gruvene. Me fekk køyre tog inn i gruva, og me lærte mykje om korleis det var å jobbe der. Det var ikkje meir enn 4 gradar inne i gruva, så det var godt å komme ut i sola att. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
På sykkeltur
Onsdag 24.april 2016

3. klasse har hatt sin første sykkeltur. Dei var flinke trafikkantar. Dei laga pizzasnurrar og koste seg i finveret.

Tekst & foto: Åshild Giving

Strikking i 4.klasse
Måndag 23.mai 2016

I 4.klasse strikkar me. Stikk du innom kroken vår om fredagen, kan du sjå flinke elevar som konsentrerer seg om strikketøyet sitt. Å strikka er ikkje alltid like lett, men målet vårt er at det skal bli ein sommarfugl til slutt :-)


Tekst & foto: Anne Brit Holm

Symjeopplæring med 2.-4. og 6.klasse
Tysdag 24.mai 2016

I går var det 2.-4. og 6.klasse som hadde symjeopplæring. Det går mot slutten av "sesongen", og  i slutten av mai vil alle elevane  få nye symjediplom som viser kva kompetansemål dei har nådd i dette faget i løpet av året.
2.klasse:      4.klasse:       6.klasse:

Tekst & foto: Lars Bakka

Skygging i 3.klasse
Fredag 20.mai 2016
Me har vore så heldige å få god hjelp av elevar frå Nysæter ungdomsskule.  Tuva og Malin avslutta fredagen med å lære elevane korleis ein blom spirar og  Korleis frø flyg i vinden.

Tekst & foto: Åshild Giving

Vårleg vekesamling med 4.klasse
Fredag 20.mai 2016

I dag var det 4.klasse som gav oss kulturinnslaget på vekesamlinga. Vekeoppdraget har vore å skriva brev til rektor om korleis eg har det på skulen. Rektor har fått over 150 brev og er i full gang med å lesa alle breva.
I neste veke vert det dei tilsette som får terning! Hugsar dei å seie god morgon på teiknspråk kvar dag!?



Tekst & foto: Lars Bakka

Teatime
Fredag 20.mai 2016

Today we had some time for tea with the 5th graders!
Me lærte oss engelsk og amerikansk "skikk og bruk" rundt eit teselskap.
Elevane snakka engelsk, nytta hyppig "please and thank you" og kosa seg. 

Tekst & foto: Turid Tvedt Gjellestad

Autogen trening
Fredag 20.mai 2016

Autogen trening i 1.klasse. Ikkje ein lyd då alle elevane var med på autogen trening i første time i dag.


Tekst & foto: Lars Bakka


Vulkanutbrot i 3.klasse
Torsdag 19.mai 2016

3.klasse har laga to vulkanar som  hadde utbrot i sandkassa. Me blanda bakepulver og eddik. 


Tekst & foto: Åshild Giving

Jensaneset
Torsdag 19.mai 2016

Les meir i skulevisa til 6.klasse


17.mai 2016


Takk for fine bilete Elisabeth!
                               Bilete frå andre fotografar: 

Foto: Elisabeth Magnussen m.f.


Flott steinsamling på Almås
Onsdag 18.mai 2016

5. klasse har vore hos Laile og Karl Olav Vestvik og sett på steinsamlinga. Me såg mange flotte steinar og lærte mykje spennande.  Me fekk boller og saft, og før me gjekk, fekk me kvar sin fine stein. Me har hatt ein veldig kjekk dag.



Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Turid Gjellestad og Anne Elisabeth Trevland

 


Øving til 17.mai
Fredag 13.mai 2016

Det vart eit flott tog rundt skulen då me øvde til 17.mai i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka 

Trefelling

Fredag 13.mai 2016

1.klasse var med då rektor måtte fella treet som nesten vippa ved klatreveggen

Tekst: Lars Bakka  Foto: Meate M Føyen

Aball1 i 1.klasse

Fredag 13.mai 2016

Aball1 er kjekt, men også vanskeleg. Her er det elevane i 1.klasse som er i full aktivitet.



Tekst & foto: Lars Bakka

Vekeoppdrag

Torsdag 12.mai 2016

Vekeoppdraget denne veka er å finne ut kva me må gjere for at Sagvåg skule skal vere verdas finaste skule. 3.klasse har fått gode råd frå Gunn-Sissel om korleis me skal vaske pultane.



Tekst & foto: Åshild Giving

Vårsamling!

Onsdag 11.mai 2016
 
1. - 4.klasse hadde vårsamling i Amfiet på tysdag. Det vart framført mange fine vårsongar og ulike dikt. 4 klasse hadde ansvar for samlinga og stilte med flinke programleiarar :)

Tekst: Gro A Halvorsen & Foto:Ingrid Kvernenes Misje

Idyll
Onsdag 11.mai 2016
To elevar gjekk seg ein tur i doggvått gras ein tidleg  sommarmorgon i mai.

Tekst & forto: Lars Bakka

T
inestafetten

Tysdag 10.mai 2016


Sommarvarmen sette ein ekstra spiss på heile atmosfæren under Tinestafetten i år. 6.og 7.klasse gjorde ein flott innsats. Det blir alltid litt dramatikk under stafettar. Slik var det i dag og, men det la ikkje nokon dempar på stemninga. For laga var det vel fortent at dei fekk noko å drikka som premie.

Tekst Kjell Byrknes Foto: Kjell Byrknes & Kari Myhre

Trygg i vatn

Måndag 9.mai 2016


Eg knipsa nokre bilde i symjetimane i dag. Bilda viser at elevane er trygge i vatnet og får mykje god fysisk aktivitet i løpet av desse timane :-)
Tekst & foto: Lars Bakka

Våren er best!

Onsdag 4.mai 2016
Ta småsko på, springe ut utan jakke, kjenne varme i lufta, kjenne skogen under føtene, leike, klatre, plukke blomster, springe, hoppe, gøyme seg, vera med vener, le saman. Joda, våren er best!
Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal

Butikk i 1.klasse

Onsdag 4.mai 2016
På matematikkgruppa onsdag leika elevane i 1. klasse butikk. Mykje aktivitet og mange rette svar!
Tekst & foto: Aasne H Vikanes

Steinalderdag

Tysdag 3.mai 2016
3. klasse har den siste tida arbeidd med tema Steinalderen i samfunnsfag. I dag har me hatt ein heil Steinalderdag ute på skuleområdet. Me har hatt forteljarstund i lavvoen, laga fiskemat i grua, laga pil og boge og elles leika at me levde for ca 10000 år sidan.
Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Åshild Giving og Eli-Sigrunn Wiik

Møte i Elevrådet
Tysdag 3.mai 2016

I dag var det møte i elevrådet. Referetet finn du her>>

Dear diary…
Fredag 29.april 2016
I det siste har elevar frå 5.klasse vore på «ei reise til London». No har dei publisert dei flotte dagbøkene sine. Kanskje nokre av desse skal jobbe i London seinare i livet?
Elevar frå 3 og 4.klasse var gode lyttarar då 5.klasse gav ut bøkene sine.
 
Foto: Camilla Risnes  Tekst: Turid Tvedt Gjellestad



Vekeoppdrag
Fredag 29.april 2016

Me har noko å bevisa dei neste to vekene :-)

Stein i 5.klasse
Fredag 29.april 2016

I femte klasse lærar  me for tida om mineraler og bergartar. Det er veldig spanande. I vindaugskarmen vår lagar me steinsamling. Me har mange forskjellige steinar, i alle slags fargar og fasongar. Fleire skal det bli òg.
 
I biletserien kan òg sjå korleis me ser ut når me gjer skulearbeid på ein fredag. Me er veldig konsentrerte. Det er ikkje helg endå.

Tekst & foto: Erlend Thoresen

Vekesamling
Fredag 29.april 2016

Det var 6.klasse som gav oss kulturinnslaget påvekesamlinga i dag med Beatles på reportoaret.

Tekst & foto: Lars Bakka



Solskinsbollar

Onsdag 27.april 2016
3.klasse har hatt ei skriveoppgåve kor me skulle finne ei bolleoppskrift. Me skreiv ned korleis me skulle bake bollane og forklare kvarandre. Me måtte rekne ut kor stor deig me trengte til 80 bollar. I dag inviterte me 1.klasse som trilla og åt bollane saman med oss. Dei var fantastisk flinke.
Tekst & foto: Åshild Giving

Tidleg morgon i SFO
Torsdag 28.april 2016

Flate klossar er kult. Kreativiteten er stor tidlege ein torsdag morgon på SFO.

Tekst & foto: Eli Bunes Macsik


Velkommen!

Onsdag 27.april 2016
Ei fin lita samling med heil nye bøker ventar på deg i skulebiblioteket!

Tekst & foto: Lars Bakka




Matematikken sin dag :)
Tysdag 26.april 2016
1.- 4.klasse har hatt matematikken sin dag med mange ulike aktivitetar.
Me har vore på matematisk skattejakt, hatt stafettbingo, jobba med matematisk pyramide, spelt  spel, hatt ulike aktivitetar med tid og målt ting. T.d 202 meter tannkrem !!
Kor mange meter tannkrem er det i ein tube ? Elevane gjetta  0,5 - 85 meter. Rekorden blei 70 meter !
Takk til elevrådet som sponsa oss med pengar til pølser som me kosa oss med i matpausen :)

Tekst: Gro Akselsen Halvorsen   Foto: Åshild Giving





Hopp for hjarta
Tysdag 26.april 2016

I dag startar den landsomfattande "Hopp for hjertet" konkurransen og 4.klasse er med for fyrste gong i år.
Dei spreke 4.klassingane kan nok samla mange poeng i konkurransen som varer fram til 19.mai.
 
Tekst & foto: Anne Brit Holm

Studentar i arbeid
Torsdag 21.april 2016
Skulebiblioteket er ein flott arbeidsstad for dei som kan arbeida litt sjølvstedig. Her er det tre "studentar" frå 3.klasse som er i full gang med tema steinalderen.

Tekst & foto: Lars Bakka

Innhaldsrik dag for 1.klasse

Onsdag 20.april 2016
Me hadde grupper med data, matematikk og kjøp og sal i butikken før me gjekk på tur. 
Då  gjekk me ein tur i skogen ein vårdag i april, der vrimla det av 1.klassingar som leika i skogen, laga og åt fruktsalat, sprang på tid, balanserte, såg etter lauv og nåletrær og fann fine blomar.

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Ut i naturen
Onsdag 20.april 2016
Arme ridderar på bål og muffins til dessert nede ved gruva vår.
Kjekt at så mange likte det, alltid ekstra godt med mat ute i naturen, ekstra kjekt er det at me har eit så flott uteområde me kan leika på også!
Nok ein kjekke SFO dag :-)

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Badevakter i boblejakke....

Måndag 18.april 2016
Med berre kald luft i ventilasjonsanlegget, vart det fort småkaldt på land då me hadde symjeundervisning i Nysæterbassenget i dag. Heldigvis var det godt og varmt i vatnet :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


Farvel til Ida
Onsdag 13.april 2016

Ida har vore student i 4.klasse dette året. På onsdag hadde ho sin siste dag i praksis og det vart ei kjekk avslutning med kake, saft og quiz. Alle i 4.klasse ynskjer Ida lukke til vidare i utdanninga si.

Tekst & foto: Anne Brit Holm


Vekesamling med folkedans
Fredag 15.april 2016
1.klasse gav oss eit flott kulturinnslag med folkedans på vekesamlinga i dag. I neste veke veke tek me fatt på eit oppdrag med tittelen: "Til rett tid..." Dei ulike klassane har ulikt fokus knytt til dette temaet.

Tekst & foto: Lars Bakka

Smartare energi
Fredag 15.april 2016

God innsats frå Sagvågselevane på rådhuset i går. Juryen var svært interessert og imponert over nokre av løysingane gruppene presenterte. Konkurransen var jamn, men det var Rommetveit skule som i år gjekk av med seieren i Smartare Energi. Me ynskjer dei lukka til i fylkesfinalen på Vil Vite-senteret på onsdag!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Vatn

Tordag 14.april 2016
1.klasse har jobba med tema vatn. På tysdag var me ute og gjorde forsøk på kva som flyt og kva som søkk.
Det vart mange gode forsøk og eit spanande tema å jobba med.

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

"Vårsprett"

Fredag 8.april 2016
I dag var alle klassane ute etter matpausen for å feira våren og innvia nytte leikeutstyr. Flott ver, blide ungar og godt humør.

Tekst & foto: Egil Petterteig


Kunstnarar i arbeid i 7.klasse
Onsdag 6.april 2016
Eitt trykk, mange uttrykk. Det er spanande å sjå kor mange ulike bilete ein kan skape med det same linoleumstrykket. Den same fuglen fugl kan bli ei svart krigsørn, eller ei kvit fredsdue.
Sjuande klasse har dei siste vekene haldt på med linoleumssnitt. Trykka skal monterast, signerast og stillast ut.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Vekesamling
Fredag 8.april 2016

I dag var det 2.klasse som hadde kulturinnslaget med boka om "Timothy mister seg sjølv" av Vegard Markhus. Deretter var det fokus på vekeoppdrag med kjekke vårleikar ute.
Her er ein liten song frå boka

Tekst & foto: Lars Bakka

Nytt frå Elevrådet
Tysdag 5.april2016
I dag har det vore møte i elevrådet. Her er referatet>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Bru i skogen med 3.klasse
Torsdag 30.mars 2016
3. klasse har rydda i skogen og laga bruer. Dei avslutta med å gå på ei bru. 

Tekst & foto: Åshild Giving

Symmetri i 1.klasse
Onsdag 30.mars 2016
Første klasse arbeider no med symmetri. Onsdag hadde me dette temaet på matematikkstasjonen. Me brukte både klossar, ruteark og øvingsspelet 'Geoboard' på iPad. Flinke og ivrige elevar!!

Tekst & foto: Aasne H Vikanes

Reine vindauga
Onsdag 30.april 2016


Også Egil og Lars er med på vekeoppdraget. No får skulen reine vindauga!


Tekst & foto: Lars Bakka

1.klasse ryddar ute
Onsdag 30.april 2016

I dag har 1.kl vore ute å rydda fint i skogen. Sitat frå ein elev "Ditta e gøy, men og veldig slitsom"

Tekst & foto: Renate Tverderøy



Mitt val i 5.klasse
Onsdag 30.mars 2016

I dag handla "Det er mitt val" om å ta ansvar. Elevane skulle lage eit tårn av sugerøyr. Dei hadde ulike roller dei skulle spele t.d ansvarslaus, positiv, leiar.....  
Ikkje lett å samarbeide med nokon som ikkje tek ansvar. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Tilbake til skulekvardagen
Tysdag 29.mars 2016
I dag var me tilbake på skulen etter påskeferien. Her er det 5.klasse som har matematikk med Erlend.

Tekst & foto:Lars Bakka


Påskelunsj og vekesamling
Fredag 18.mars 2016
Den siste dagen før påske hadde me vekesamling og påskelunsj. Det vart ei fin samling i gymsalen med ferske rundtykke, juice, pålegg og egg til alle elevane.
 
    Ein liten film frå samlinga:

Tekst:Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje og Lars Bakka


Flinke elevar på senen
Onsdag 16.mars 2016
I dag var det tid for den årlege Grand Prix-framsyninga på Sagvåg skule. Flinke elevar stor på senen i mange ulike kategoriar.
Del 1: Del 2:

Tekst:Lars Bakka Foto: Åshild Giving

SISTE kyllingnytt
Onsdag 16.mars 2016 Oppdatert 17.mars kl 11.30!

ALLE dei ti bortkomne kyllingane er no komne til rette!!Gratulerer til superflinke detektivelevar!! Kyllingsida>>




Tekst & foto Lars Bakka
   

Referet frå elevrådet
Onsdag 16.mars 2016
 Her kjem endeleg referat frå elevrådet. Det var rektor som var treigmed å svara denne gongen! Beklager det!

Tekst Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

Ivrige matematikkelevar i 2. klasse

Onsdag 16.mars 2016
 
Mattematchen er ein mattekonkurranse for alle elevar i 1. - 4. klasse frå heile landet, og denne veka har elevane i 2.klasse rekna seg til ein flott 3. plass. Kanskje er det me som vinn premien denne veka?

Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal

Vekesamling med 4.klasse
Fredag 11,mars 2016

Med 4.klasse på senen vart det vekesamling med alvor og underhaldning. Fokus i alle klassane også den siste veke før påskeferien er "Godt skulearbeid"

Tekst: & foto: Lars Bakka

Hoppande glade jenter!
Torsdag 10,mars 2016
Hoppande glade jenter frå Fitjar Vidaregåande skule fer i dag tilbake til sin eigen skulebenk. I 3 gode veker har dei vore i 1., 2., 3., og 4. klasse og dei har vore til stor hjelp og glede for oss.

Tekst: Ann Kristin Brakedal Foto: Åshild Giving

Kjeldesortering og ombruk
Torsdag 10.mars 2016
 
I to veker har 2. klasse arbeidd med tema kjeldesortering og ombruk. Me dela oss i grupper og arbeidde med ulike typar avfall. Me ville finna ut kva som skjer i naturen dersom avfallet havna der, kva som skjer med avfallet når me kjeldesorterer og kva som skjer med avfallet om det vert nytta til ombruk. Det var eit spanande prosjekt og me har lært kvifor det er så viktig for naturen vår at me alle kjeldesorterer og sender avfall til ombruk. 
Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal

Hopp inn i våren

Tysdag 8.mars 2016

3.klasse har hoppa rett inn i våren i dag. Dei har kost seg ute i sola og sjå kva dei kan.

Tekst & foto: Åshild Giving

Påskegrupper

Tysdag 8.mars 2016

1.-4. klasse har hatt påskegrupper med rebusløp i skogen, steikt pinnebrød på bål, tarzantikken og stikkball i gymsalen, laga biletekort, karsepotet, smakt på  tilslørte rakkarungar. Det var kjekt for elevane og vaksne og blande trinna.

Tekst & foto: Åshild Giving

P
åskevandring
Fredag 4.mars 2016

1.klasse var i kyrkja og fekk læra om dei ulike dagane i påsken. Me fekk vera med på forskjellige aktivitetar.Me hadde laga fine blomar som dei pynta med i kyrkja.  Aller best var  brødet som me fekk  smaka på , heldigvis fekk me med oss resten til skulen.
Det var kjekke og flinke elvar .

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Vekesamling med 5.klasse
Fredag 4.mars 2016

Denne fredagen var det 5.klasse som hadde kulturinnslaget på samlinga. Heile klassen var med på framføringa. Deretter såg me tilbake på veka som gjekk og fram mot neste veke. Nytt oppdrag er "Godt arbeid" Klassane skal sjølve diskutera kva dei legg i oppdraget.

Tekst & foto: Lars Bakka

Knerten i 1.klasse

Torsdag 3.mars 2016
 
Første klasse har lese boka om Lillebror og Knerten. I den samanheng har dei lag
a Knerten. 
Dei har vore i skogen og funne pinnar som dei har smidd, pussa med sandpapir og måla.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Kva har me lært?

Onsdag 2.mars 2016
 
I dag har 3.klasse hatt kartleggingsprøve i engelsk.

Tekst & foto: Åshild Giving

Bruer i 3.klasse

Tysdag 1.mars 2016

Leseleksa denne veka er eit hefte om ulike typar bruer.3. klasse held på med brubyggjing i naturfag. Dei fekk bruke ispinnar, keramikk, lego og papir. Det har vore ein kreativ og lærerik dag. Siste time skulle dei skrive korleis dei laga bruene.

Tekst & foto: Åshild Giving

Fiolinmakarar i 6.klasse

Tysdag 1.mars 2016

Ein glad gjeng tok med seg sluttprodukta etter at dei hadde blitt ferdig med "fiolinen" sin. Sjølv om designet likna på ein fiolin, var målet å lage eit produkt som kunne brukast til  å ha ost på. Det klarte alle saman, men det kan godt henda at "fiolinen" blir ein pyntegjenstand.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Zombiesnømann
Måndag 29.februar 2016

Tre kjekke gutar frå 1.klasse og ein zombiesnømann.
 

Tekst & foto: Marie Ulversøy

Avslutning for studentane våre

Fredag 26.februar 2016

I dag var den siste dagen i praksisperioden til studentane frå HSH i denne omgang. I femte klasse vart det markert med teiknetime, kahoot, kake og fruktspyd. Elevane synest det har vore kjekt å ha studentar og det var trist at dei ikkje kjem tilbake på måndag. Me ønskjer dei kjekke og flinke studentane våre lykke til vidare i udanningslaupet sitt.
 
Takk for no!

Tekst & foto: Erlend Thoresen



Vekesamling med eventyr

Fredag 26.februar 2016

Denne fredagen var det 6.klasse som hadde ansvaret for kulturinnslaget på vekesamlinga. Det vart imponerande dramatisering av to norske folkeeventyr. Me tok også farvel med studentane for denne gongen. Deretter var det tid for evaluering av veka som gjekk og nytt oppdrag.

Tekst & foto: Lars Bakka


Kven er mystiske Mr X?
Torsdag 25.februar 2016

3. klasse har vore detektivar og held på med å løyse eit matematisk problem.
Teddy har vore sakna denne veka og mystiske Mr X har lagt igjen
ein sko. Elevane har forska på om det er ein samanheng mellom
skostorleik og høgde.


Tekst & foto: Åshild Giving


Legoekspertane til Halsnøy!

Torsdag 25.februar 2016

I dag har Lego League-gjengen vår vore på Halsnøy skule og halde kurs. Det må ha gått fint for Solfrid Melhus, som er kontaktlærar for 5.klasse på Halsnøy skule, skriv:

Tusen takk for godt samarbeid og besøk av kjekke elevar i dag. Det var ein flott dag. Mykje læring og godt samarbeid.
Elevane som var her var super flinke til å halda undervisning med klassen her. Gje dei all ros for besøket.

Dette var kjekt!

Mvh
Solfrid Medhus

Tekst: Lars Bakka & Solfrid Medhus Foto: Elin Bunes Macsik


1.klasse gjorde inntrykk
Søndag 21.februar 2016


Med over 9000 visningar på Facebook og kommentarer frå inn- og utland, så må ein vel kunna slå fast at morgonsamlinga med Laila og 1.klasse på fredag nådde ut til fleire enn me hadde rekna med.

Her er filmen med morgonsamling på teiknspråk, som me la ut fredag før vinterferien
Tekst & foto: Lars Bakka

Utegym med 2.klasse
Onsdag 24.februar 2016

Det var høg aktivitet ute med aking i dag.  Det vart bygd snømenn, tårn, hopp, snøborg m.m. Ein kjekk og aktiv gymtime ❄☃

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage



Smartare Energi
Fredag 12.februar 2016

I to kjekke dagar har mellomsteget jobba med prosjektet Smartare Energi. Prosjektet starta med kreative øvingar med Nina Borrevik, som meiner at kreativitet kan trenast på lik linje med ein muskel... 
Oppgåva  i år var at ein skulle sjå for seg at ein hadde vunne ein pris for det mest energisparande lokalsamfunn i år 2050, det vart vist mange kreative løysningar på oppgåva som elevane presenterte i amfiet, dei kreative musklane må vera godt trente på Sagvåg skule  Rektor og Egil var kritiske dommarar og dei kåra to verdige vinnarar som får presentere modellen din i rådhuset om nokre veker. 


Foto: Ingrid Kvernenes Misje mf. Tekst: Lene T Almås

Mariéll 13 år!
Fredag 12.februar 2016

Mariéll, Maria og Vera låner skulen til trening og dans kvar fredag ettermiddag. I dag vart Mariéll overraska av Maria og Vera med prinsesseutstyr og feiring. Mariéll vert 13 år i vinterferien.
Gratulerer!


Tekst og foto: Lars Bakka

Dei tre bukkane bruse
Fredag 12.februar 2016

Rektor var så heldig at han fekk vera med på generalprøven av "Dei tre bukkane Bruse" på teiknspråk med elevar frå 1.klasse i dag tidleg. Seinare på dagen fekk heile klassen sjå den flotte framføringa.

Tekst & foto: Lars Bakka

Saman er me supersterke!!
Fredag 12.februar 2016

1.klasse viste at dei er supersterke når dei samarbeider godt.

Tekst & foto: Lars Bakka

Kven er eg og kven er du?




Torsdag 10.februar 2016
På onsdag prata med om kjønn og identitet i naturfagen. Kan me sei kva kjønn ein baby er om den har bleie på? Kva er særskild med meg, og kva gjer deg til den du er? Kva kan me velgje og kva kan me ikkje velgje? Kva gjer oss like og kva gjer oss ulike? Og kanskje mest spanande av alt: kan me gjette kven babyen er? Mange hadde forandra seg mykje, medan andre var lette å kjenne att. 
Me fortsett med temaet vidare i naturfagen, dette fenger!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje



Tusen takk...


Onsdag 10.februar 2016


For ei kjempe kjekk stund ilag på SFO, i går tysdag 9.2.
SFO borna inviterte foreldra på kaffi for å sjå på dei nydelige kunstverka ungane hadde hatt som tema i januar: Kunst og forming.
Dei hadde laga gode fastelavensbollar og Liljan hadde kjøpt litt twist og kjeks. Etterpå viste dei flott dans, utrulig flinke gutar og jenter, så avslutta med stunda med å "knusa" foreldra i kanonball!


For ein dag!

Tekst & foto: Liljan Vestbæøstad Waage

Møte i elevrådet

Tysdag 9.februar 2016

Tysdag var det møte i elevrådet. Du finn referat frå møtet her>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Sosial samling i 1.-4.klasse
9.februar 2016
Småskulen hadde ei flott vintersamling med norske og engelske innslag. 1. klasse hadde laga flotte sauer som var med i songen. 2. klasse hadde eit spanande og variert potpurri. 4. klasse song ein engelsk song om månadane. 3. klasse hadde ansvar for samlinga og sto på slalåm, dansa og song på den siste fellessongen.
Bildene har Ingrid tatt og det skal  være på en av de store kameraene.

Tekst: Åshild Giving Foto:
 Ingrid Kvernenes Misje

Visste du at......

Måndag 8.februar 2016

....9.februar er det nøyaktig 10 år sidan Sagvåg skule vart offisielt opna. Me flytta inn i det nye skulebygget til skulestart etter juleferien i 2006, og i februar var det tid for offisiell opning.  Du finn mange bilete frå den store dagen her:

    Oppslag i Sunnhordland 9.februar 2016>>

Tekst: Lars Bakka

Til biblioteket
Måndag 8.februar 2016

I dag har 4.klasse vore på biblioteket på Litlabø. Høgtlesing og boklån stod på programmet, men i tillegg fekk me ekstra god hjelp til å finna kor dei ulike bøkene var plassert. Det var mange av elevane som lånte både bøker og filmar med seg heim.

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Fredag er vekesamling
Fredag 5.februar 2016

Dagen starta med presentasjon av dei fantastisk fine dokketrolla som 7.klasse hadde laga. Deretter var det tid for hemmeleg artist for me gjennomgjekk vekeoppdraget. Oppdraget hadde vore å samla gode tankar om korleis me vil ha det på skulen. Kva gjer at eg trivst? Kva kan eg gjera for at andre skal ha det fint? Ideane er no samla i store glaskrukker. Me skal finna dei fram etter vinterferien og sjå om me kan klara å gjera ord om til handling.

Neste veke heiter vekeoppdraget "Kropp + Følelsar = Sant!"

Tekst & foto: Lars Bakka

Stille som mus!
Fredag 5.februar 2016

Det var ikkje ein lyd å høyra i 4.klasse då alle sat oppslukt med matematikk-konkurransen Mattmatch i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka

Bollar i 1.klasse
Fredag 5.februar 2016

"Min beste dag på skulen ! " sa fleire elevar i 1 klasse då dei fekk vera med på å laga og ete boller på skulen.
Så boll ene vart godkjent :)
Og så får me leika og ha " hemmeleg pose " sa ein annan elev !
Me har lurt inn litt norsk, matematikk og det er mitt val innimellom !
Så me konkluderar med at me har hatt nok ein kjekke dag i 1 klasse :)

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Pinnedyr

Fredag 5.februar2016

4. klasse er godt i gong med nokre fantasifulle pinnedyr. Oppgåva går ut på å skape nytt liv i ein gammal kvist. Kan me få den til å sjå levande ut? Kan me hente fram ein personlegdom i den? I alle fall skal det bli ein dekorativ sak å ha på hylla. Elevane spikkar, pussar, sager, borar, spikrar, limer og målar. Me har vore innom mange ulike samanføyingsmetodar og overflatebehandlingar. Og læraren er godt informert om kva verktøy alle har heime ;)

Foto: Sander og Leah


Fargesirkel i 7.klasse

Onsdag 3.februar 2016

Fargesirkelen var tema i formingstimane til 7. klasse i dag. Studentane våre har lært oss om fargesirkelen og korleis me får fram kontrastfargar.

Tekst & foto: Lene T Almås

Mattematchen
- ein online matematikkonkurranse for 1.-4.klasse!
Torsdag 4.februar 2016

Mattematchen er ein landsdekkande mattekonkurranse for elevar i 1.-4. klasse. Konkurransen er i periode 1. februar – 15. april 2016. Sagvåg skule er med

Formål med mattematchen er å motivere elevane til å lære matematikk og fremma bruk av teknologi i barneskoler. 

Matematikkoppgåvene er laga i henhold til Norsk undervisning og baserer seg på emna tal gjenkjenning, addisjon, subtraksjon, multiplikasjon, divisjon, pengar og geometri.

Deltakarklassane kan vinna premier kvar veke, alt etter kor aktive dei er. Dei Små apekattene (elever i 1.-2. klasse) konkurrerer seg i mellom, mens Junior apekattene (elevene i 3.-4.) konkurrerer seg i mellom.

Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal

Besøk av Odin, Harald Hårfagre og Håkon den Gode!
Onsdag 3.februar 2016
Som ein del av emnet "Vikingtida," hadde studentane i 6. klasse med seg dokker. Dokkene skal førestilla desse kjente personane frå norsk historie. Elevane fekk høve til å laga spørsmål til dokkene, noko som var veldig kjekt. Ei av dokkene fekk og vera med på introduksjonen av emnet, noko som var kjekt og  motiverande for elevane.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Er alle lærarane bytte ut?

Tysdag 2.februar 2016
Berre nye ansikt på pauserommet før skulestart i dag. Er alle lærarane på Sagvåg skule byta ut? Nei, det er studentane frå HSH som i dei neste vekene skal ha praksis i 5.-6.- og 7.klasse ved skulen vår. Dei var også hos oss i haust, og dei kjem tilbake og skal ha praksis i 1.til 3.klasse neste skuleår.
Tekst & foto: Lars Bakka

Pizza til heile skulen

Fredag 29.januar 2016
I dag overraska "Mat & helse-gjengen" vår i 6.klasse heile skulen med nydeleg pizza. Det vart ein flott avslutning på jubileumsveka vår. Me har feira at me no har vore i det fine skulebygget vårt i 10 år.


Tekst & foto: Lars Bakka

Kulturinnslag frå 1.klasse
Fredag 29.januar 2016
Det var elevane i 1.klasse som gav oss flott kulturinnslag på vekesamlinga i dag. Det var både teiknspråk, song og dukketeater.
Tekst & foto: Lars Bakka
   

Planetane i 2.klasse

Torsdag 28.januar 2016
Av og til må me "sjå og gjere" for å forstå. Elevar i 2. klasse har idag vist kvarandre når jorda snurrar rundt seg sjølv samstundes som den går i bane rundt sola, og månen som går i bane rundt jorda. Då vart det jo lett å forstå kvifor me har dag og natt, og kvifor månen kan vera både full og halv eller som ei banan. Og dessutan lærte me kor lang tid jorda bruker rundt sola og kor lang tid månen bruker rundt jorda. Astrologi er kjekt!!


Tekst: Ann Kristin Brakkedal
 Foto: Liljan Vestbøstad Waage


Mitt val

Torsdag 28.januar 2016
3.klasse har jobba med gode og dårlege val. I løpet av skuledagane får elevane ei sol for gode val. Me har også snakka om kva me kan gjere når me har tatt eit dårleg val. Det er ikkje så mykje som skal til for å rette opp feila og sola kjem fram. I ein av arbeidsøktene blei klassen delt i to. Halvparten av elevane skulle lytte til ulike situasjonar og sei kva val personane hadde. Den andre halvdelen skulle velje og grunngje vala.
 


Tekst: Åshild Giving
 Foto: Eli-Sigrunn Wiik

Sagvåg skule 10 år
Onsdag 27.januar 2016
I dag feirar me oss sjølve med tre teaterframsyningar med elevane frå 4. og 5.klasse på scenen. Den første framsyninga var for barnehagane og asylsøkjarane kl 09.30, den neste er for heile skulen kl 11.30 og til slutt kjem foreldra til borna i 4. og 5. på kveldsframsyning kl 18.00
Andre som har tid og lyst er også hjerteleg velkomne!


Tekst
& foto: Lars Bakka

"De små døde dyr"    
Fredag 22.januar 2016
Dette var tittelen på teaterframsyninga som Hordaland Teater framførte på Sagvåg skule i dag med Karin Stautland og Yngve Seterås må scenen.
Også elevar frå Tjødnalio skule kom til oss for å få med seg framsyninga.


Tekst
& foto: Lars Bakka

Akrobatisk morgonsamling
Fredag 22.januar 2016
I dag var det elevane i 2.klasse som hadde eit flott og akrobatisk opningsshow på morgonsamlinga. 2.klasse må vera den sprekaste klassen på Sagvåg skule! Dei avslutta med fin song for oss.


Tekst & foto: Lars Bakka

Kjekt med vinter og snø!

Torsdag 20.januar 2015
 
4. og 5. klasse har travle dagar med øving til jubileumsforestilling, men i dag tok me oss ein velfortent pause ute i det fine vinterveret. Me leika i snøen, steikte pølser på bål og mange koste seg i akebakken. Slike vinterdagar skulle me hatt fleire av :-)
 
Tekst & foto: Anne Brit Holm

Varmluftsballongar

Onsdag 20.januar 2016
Sjette klasse arbeidde i dag med "Luft i bevegelse". Dei lagde ballongar i silkepapir og prøvde å få dei til vers ved hjelp av ein  dott med vatt dynka i  raudsprit. Nokre av ballongane tok fyr på bakken, men eit par av dei letta. Ein av dei for fleire meter til vers, men tok fyr og styrta. Likevel var det ikkje tvil om at varm luft stig til vers... 
Tekst: Kjell Byrknes Foto: Elin Macsik Bunes
Kva er gonging?
Tysdag 19.januar 2016

Elevane i 3. klasse har som mål å kunne forklare kva gonging er. I timen måtte alle skrive forklaringer i bøkene. Deretter laga dei oppgåver med fyrstikker, som andre skulle svare på. Dei brukte alle fire rekneartane for å finne skilnaden. Det var om å gjere og lage flest oppgåver. Klassen var delt i to. Halvparten var lærarar og ga rekneoppgåver til elevane sine.


Tekst og foto:
Åshild Giving

Kulturinnslag frå 3.klasse

Fredag 15.januar 2016

Fredag morgon er vekesamling, og i dag var det flinke elevar frå 3.klasse som stor for underhaldninga! Vekeoppdraget for den neste veka handlar om arbeidsro i klasserommet.


Tekst og foto:
Lars Bakka

Ein fantastisk dag for aking!

Torsdag 14.januar 2016
Matfriminuttet 14.januar 2016 vart eit flott ake-friminutt. Litt knall og fall vart det, men god stemning og stor aktivitet!


Tekst og foto:
Lars Bakka
Verdsrommet i 2.klasse
Torsdag 14.januar 2016


"I 2.klasse har me om verdsrommet. Me har lært om planetane i solsytemet vårt og me har laga planetane av ballongar, avispapir, tapetlim og maling. Det er Merkur, Venus, Jorda og Mars som er steinplanetane. Så er det gassplanetane som er Jupiter, Saurn, Uranus og Neptun. Sola er ei stjerne og ho er veldig mykje større enn planetane. Det er veldig interessant å lære om planetane og me skal lage vårt eige solsystem i klasserommet vårt". 

Tekst og foto:
Ann Kristin Brakedal
Kroppen
Torsdag 14.januar 2016


3. klasse har lært om kroppen. Dei har laga tankekart som dei brukte for å forklare litt om dei ulike kroppsdelane. Alle fekk prøve å være lærar og elevar. 

Tekst og foto: Åshild Giving

Elevrådet
Torsdag 14.januar 2016

Det har vore januar-møte i elevrådet. Mange viktige saker vart drøfta, og her finn du referatet frå møtet>>


Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

Utegym

Tysdag 12.januar 2016

2.klasse hadde gymtimen ute idag. Dei fleste aka heile tida, medan andre tok seg tid til å lage ein snømann også. Me håpar det vil snø enda meir og at me får ha snøen lenge.


Tekst og foto:
Ann Kristin Brakedal

Fantasifulle museforteljingar

Tysdag 12.januar 2016
Medan halve 2. klasse hadde gym saman med Lars i gymsalen, skreiv den andre halvparten av elevane fantasiforteljingar om musene dei har laga på sløyden. Me laga fyrst ei fellesforteljing om ei mus som fekk namnet Stuart og som var 5 år og budde oppe i eit tre på eit jorde med kyr. Musa likte å eta godteri, sparka fotball, tulla med folk, og den kunne hoppa frå 5-meteren i bassenget. Ein gong hadde den redda ein katt og sløkt ein brann. Fantasien ville ingen ende ta, og korleis elevane sine eigne historiar vert får berre lesarane vite:-)


Tekst og foto:
Hildegunn S Heimro

Kjekke dagar SFO
Måndag 11.januar 2016

På fredag kosa me oss med pølser i pinnebrød og laga isskulpturar, ikkje alt hadde frøse så det stod på frysa i helga og vart laga flotte isskulpturar av i dag. Me har også måla på snø i dag. Me fekk også tid til litt aking. Borna var fotografer, så me skal lage ei lita utstilling av bileta me tok.

Tekst og foto: Liljan + borna på SFO

Speedminton, bordtennis og baksetball
Måndag 11.januar 2016

Dette var programmet for klassane som hadde gym i dag. Bassenget på Nysæter er ope igjen måndag 18.januar, då er me i rute med symjeopplæringa igjen.

Tekst & foto: Lars Bakka

1.+ 6.klasse= SANT!
Onsdag 6.januar 2016

Førsteklasse var ikkje i tvil då dei skulle finna på noko til vekeoppdraget for å betra klassemiljøet. Det måtte bli noko saman med 6. klasse! Elevane i 6. las bøker til fadderelevane og koste seg saman med dei på biblioteket.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Vekeoppdrag i 5.klasse
Onsdag 6.januar 2016

I dag ha 5. klasse hatt ein aktiv dag. Fyrste delen av dagen, hadde stasjonar. Me er blitt veldig gode på spegling no. Siste delen av dagen  var me ute. Elevane laga bål, laga pinnebrød, dramatiserte og leika. Me hadde ein veldig kjekk dag både store og små. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Vekeoppdrag i 3.klasse
Torsdag 7.januar 2016

Som ein del av vekeoppdraget denne veka hadde 3. kl valt å vera ute og leika i det fine vêret. Vinteren hadde laga fine iskrystallar og istappar som me hadde mykje moro med! 

Tekst & foto: Eli-Sigrunn Wiik


Vekeoppdrag
Onsdag 6.januar 2016

Gjer noko kjekt saman med klassen for å få eit endå betre klassemiljø!
I dag har 7. klasse spelt ulike spel. Elevane var ivrige, og det vart ein kjekk time!! Ein god start på 2016!


Tekst & foto: Aasne H Vikanes

1.klasse på tur :)
Onsdag 6.januar 2016
Første turdagen i 2016  nytta me til å plukka bos ute og steika pinnabrød etterpå.
Pinnabrødet smaka godt !
Fint og kaldt vinterver var det og mange lika å få komma ut og leika.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Første skuledag på nyåret er måndag 4.januar. SFO er open frå kl 06.45
Her finn du skuleruta for våren 2016 og for heile skuleåret 2016/17(!)

Tilbake til skulekvardagen
Tysdag 5.januar 2016

I dag var det roleg morgonstemning på Sagvåg skule då eg tok ein fotorunde i alle klassane i 9-tida denne andre skuledagen i 2016.

Tekst & foto: Lars Bakka






Første skuledag på nyåret er måndag 4.januar. SFO er open frå kl 06.45
Her finn du skuleruta for våren 2016 og for heile skuleåret 2016/17(!)