VÅREN 2015                                        Arkivet>>

   
   


Siste skuledag 2014/15

Fredag19.juni 2015

Då har me teke farvel med 7.klasse og ønska alle ved Sagvåg skule ein god sommarferie!!...

......Første skuledag til hausten er måndag 17.august kl 08.30

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Elevane knuste dei tilsette
Torsdag 18.juni 2015

Med sifra 10-5 måtte dei tilsette sjå seg grundig slått av elevane i 7.klasse i det prestisjetunge oppgjeret den nest siste skuledagen. At rektor måtte tåla ein kalddusj etter oppgjeret var nok fullt fortent!
Tekst: Lars Bakka Foto: Publikum

Avslutning for kollegiet
Fredag 19.juni 2015

Det er alltid nokon som sluttar, eller har har feira bursdag med rundt tal. Her er det lærlingen vår, Silje, som no er blitt fagarbeidar. Silje tek til i ny jobb på Norbygdo barnehage til hausten. Elles vanke det blomar til Thea, Joy og Beate.

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Stemningsfull avslutning for 7.klasse

Tysdag 16.juni 2015

Tysdag kveld inviterte foreldra til avslutningsfest for 7.klasse. Det vart ein fin kveld med underhaldning i amfiet og god mat i etterpå.
Takk til alle for ein flott avslutningsfest.

Tekst: Lars Bakka Foto: Mange av gjestene....

Tredje og siste friluftslivdag

Onsdag 17.juni 2015

Det vart noko meir fuktig ved den siste friluftdagen, men kva gjer vel det når det m.a. er bekkevandring som står på programmet :-)
Tekst: Lars Bakka Foto: Turdeltakarane

Friluftsdaga 2
Tysdag 16.juni 2015

I dag var det tid for den andre av tre friluftsdagar. Det vart endå ein dag med mange kjekke opplevingar for elevane i friluft.

Tek
st: Lars Bakka Foto: Tilsette ved Sagvåg skule


Bilete frå dagen>>

Friluftsdagar

Måndag 15.juni 2015

Dei neste tre dagane får elevane ved Sagvåg skule oppleva friluftsdagar med mange ulike aktivitetar. Her er bilete frå ei frisk bekkevandring.

Tekst: Lars Bakka Foto: Dei tilsette ved Sagvåg skule

Bilete frå dagen>>

No vert det rundkøyring!
Måndag 15.juni 2015

Ikkje før har elevane teke sommarferie, så er entreprenørane i gang med å laga rundkøyring før ballbingen ved Sagvåg skule. Då vil me få ein mykje betre trafikksituasjon ved Sagvåg skule når borna kjem tilbake til skulen i august. Her er det Terje Vikestrand frå Plan Vest og fagsjef for veg , trafikk og parkering i Stord kommune Harald Oddvar Sæbø på synfaring.

Tekst & foto: Lars Bakka

Vekesamling med 1.klasse på senen

Fredag 12.juni 2015

Fredag morgon var det elevane i 1.klasse som stod på senen i amfiet. Det vart ei koseleg samling med songinnslag og diktlesing. Elevane hadde vore flinke med bokinnlevering til biblioteket i veka som gjekk og leksearbeid. Neste vekeoppdrag er knytt til kjekke friluftsdagar.

Tekst: Lars Bakka Foto: Anders Søreide Midttum & Lars Bakka

Battle i 7.klasse

Fredag 12.juni 2015
Emilie hadde ein flott gymtime i 7. klasse. Elevane  var veldig engasjerte.
For å vinne måtte laget flytte kjegla heim
.

Tekst & foto: Åshild Giving

På crossbanen

Torsdag 11.juni 2015

I dag har 6.klasse og 2.klasse hatt ein flott dag på crossbanen i Hustredalen. Me fekk sjå Ørjan og Emil frå 2.klasse, og Håvard og Daniel frå 6.klasse køyre cross. Det var skikkelig tøft å sjå, tøffe gutar. Etterpå fekk me grilla pølser. Takk til Frode og co som laga til denne flotte dagen for oss.

Tekst & foto: Lene Tislevoll Almås

Sommarfesten 2015

Onsdag 10.juni 2015
I kveld var det tid for den årlege sommarfesten ved Sagvåg skule. Som vanleg var det full gymsal og god stemning med vaffelsal og kaffrdrøs etterpå. Kvelden vart avslutta med den årlege fotballkampen mellom Elevrådet og FAU. FAU vann prestisjeoppgjeret 3-1.
Det kom inn 3695 kr til elevrådet frå vaffelsalet og tippeglaset. Takk for god innsats frå 7. klasse og 4.klasse.  Til slutt vil me takka alle foreldra som gjer ein formidabel jobb for at sommarfesten skal bli ein kjekk kveld for alle.
Tusen takk
!
Tekst: Lars Bakka & Anne Elisabeth Trevland  Froto: Lars Bakka, Ann Kristin Brakedal,og Elisabeth Magnussen

"Nye" slangemøblar

Torsdag 11.juni 2015

Har du lagt merke til kor nye og fine "slangemøblane" våre er blitt!? Det er ikkje nye, men i løpet av våren har Egil og eg trekt om ein og ein krakk . No har dei snart 10 år gamle krakkane med ullstoff fått eit nytt og litt meir slitesterkt stoff som vert lettare å halda reint. Ta godt vare på dei "nye" bøblane våre :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Karine Risnes


Gitarar til alle

Onsdag 10.juni 2015
No når me har komplett klassesett av gitarar så får me håpa at me i åra som kjem får mange like flinke og kule gitaristar som Angelo ved Sagvåg skule!
Tekst & foto: Lars Bakka

Gro vert 1.klasselærar
Onsdag 10.juni 2015

Det vart mange klemmar på Gro då 4. klasse hadde avslutningstime med henne igår. Lukke til i 1. klasse til hausten, Gro. Helsing oss som vert 5:-)

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Fokus på fag også i juni

Tysdag 9.juni 2015
Sjølv omskuleåret går mot slutten og det berre er ei og ei halv veke iggjen til sommarferien så er det fokus på skulearbeid og fag som dominerer då eg tok ein liten fotorunde tysdag føremiddag.
Me har likevel ikkje gløymt at det onsdag ettermiddag er sommaffest og i neste veke er det friluftsdagar måndag, tysdag og onsdag!
Tekst & foto: Lars Bakka

Nye og fine sykkelstativ
Tysdag 9.juni 2015

I dag kom det på plass mange nye sykkelstativ ved Sagvåg skule.

Tekst & foto: Lars Bakka

Fisketur med 7.klasse

Måndag 8.juni 2015
Me har hatt ein flott sykkeltur til Tømmervikkaia. Det var berre 2 små fisk som beit på kroken i dag. Mathilde vant fiske-konkurransen. 
Tekst & foto: Åshild Giving

Vekesamling med 2.kl

Fredag 5.juni 2015
Det var flinke elevar i 2.klasse som gav oss kulturinnslaget i dag. Klassane hadde vore flinke til å levera leksene i rett tid i veka som gjekk. I neste veke set me fokus på lekser OG bokinnlevering til skulebibliotetekt.
Tekst & foto: Lars Bakka

Ein god kopp kaffi...

Torsdag 4.juni 2015
....eller kan det ha vore  kakaoknappen medlemmene i Elevrådet trykte på då dei hadde avslutning i Elevrådet 2014/15 i dag.?
Referatet frå elevrådet finn du her>>

Tekst Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

På tur med 4. og 5.klasse
Torsag 4.juni 2015
I dag var 4. og 5.klasse på ein koseleg tur til Rukjen

Tekst & foto: Elin Bunes Macik

Bibliotekmøte

Måndag 1.juni 2015
Måndag var Kristin Sætre og Bjørnar Withbro frå folkebiblioteket på vitjing til oss for å sjå korleis me driv vårt skulebibliotek. Dei var imponerte over kor flinke bibliotikarar me har med Lina, Maria og Sara.
Tekst & foto: Lars Bakka

Sagvåg skulekorps
Måndag 1.juni 2015

Sagvåg skulekorps hadde ein flott rekrutteringskonsert for oss i dag.

Tekst: Lars Bakka Foto Kjell Byrknes

Den andre førskuledagen

Torsdag 28.mai 2015
Flinke 5.klassingar har vore til god hjelp då dei nye 1.klassingane hadde den andre førskuledagen i dag. Velkommen tilbake til skulestart i haust !
Tekst: Lars Bakka Foto: Laila Gjøsæter & Lars Bakka

Ut på tur - aldri sur:-)
Torsdag 28.mai 2015
 
Onsdag og torsdag var det førskuledagar og 1. klasse lånte villig vekk klasserommet sitt til neste års 1. klassingar. Me evakuerte og gjekk på tur!
Litt surt vèr på onsdag, men torsdag slapp me unna himmeldråpane og hadde ein flott tur. Då var me på Fletaneset og mata endene og etterpå i hagen til Benjamin Helland og leika. Takk for koseleg visitt!
Bileta er frå onsdag ved P-plassen til Utslettefjellet og torsdag frå Fletaneset/hagen til Benjamin.

 
Tekst: HildegunnS Heimro Foto: Hildegunn S Heimro
& Beate Føyen

Første førskuledag
Onsdag 27.mai 2015
I dag kunne Queensway, Gro, Laila og rektor ta imot 1.klassingane som tek til ved Sagvåg skule hausten 2015.
Tekst: Lars Bakka Foto: Laila Gjøsæter & Lars Bakka

Ein fin møtestad

Måndag 26.mai 2015
Skulebiblioteket er ein fin møtestad for eit parti sjakk eller  boklån. No når det går mot juni så er det fint om de ser etter om de har biblotekbøker heime som bør leverast før skuleslutt.
Tekst & foto: Lars Bakka

Mostraspelet

Fredag 22.mai 2015
I dag var 6.klasse på Mostraspelet
Tekst & foto: Egil Petterteig

Tur

Onsdag 20.mai 2015
Kjempegøy på tur i dag. Alle smilte og lekte i lag. Det var vårver i dag.
Ein vits frå Simon: Det var ein barnemygg som skulle ut og fly. Då han kom heim sa han til mammaen sin: "I dag var eg så flink at alle klappa for meg!" ;) 
Tekst: Silje og Simon Foto: Linnea (i 2.klasse)

Eit gamalt band

Onsdag 20.mai 2015
Steffan, Eirik og Oliver i bandet "Axekiller" held koken eitt år etter at bandet vart starta. Kjekt å sjå at bandrommet er i bruk kvar veke også no når skuleåret går mot slutten!

Tekst & foto: Lars Bakka

Brannvern
Onsdag 20.mai 2015
I dag har 6.klasse hatt eit flott opplegg med brannvern. Stord brannvesen og Skl hadde teoriundervisning der me lærte både om forebygging og sløkking av brann. Alle elevane fekk med eit hefte heim for å sjekke heimen for brannfare.
Elevane fekk også prøve pulverapparat ute, noko som gjer dei trygge på bruken av det.
Eit flott opplegg, så takk til Stord brannvesen og Skl.

Tekst & foto: Lene T Almås


Songstund
Tysdag 19.mai 2015
1. og 6. klasse hadde ei koseleg songstund, før dei åt nista ilag i amfiet.

Tekst & foto: Silje Johnsen

17.mai
Måndag 18.mai 2015
Her er nokre bilete frå 17.maifeiringa i går. Er det fleire som har bilete frå dagen, som de vil dela med oss, så send nokre bilete til sagvaag.skule@
stord.kommune.no


Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

Øving til 17.mai
Onsdag 13.mai 2015
I år måtte det bli øving til 17.mai allereie onsdag 13.mai på grunn av langhelg med Kristi Himmelfart på torsdag. Det var god stemning rundt skulen i det fine veret....så spørst det då om veret er like fint når den 17.mai kjem....
Tekst: Lars Bakka  Foto: Oliver Eldøy

Bronse- og jernalder

Tysdag 12.mai 2015
4. klasse har vore ute og leika bronse/jernalderen. Dei fann bronse, myrmalm, skinn, laga åkrar, byta varer. Ramslauk var ein populær bytevare. Det låg ein laukeim over heile området. 
Veldig kjekk tur. 
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Båtbygging
Måndag 11.mai 2015
Måndag var 6. klasse på Jensanes og fekk vera med på undervisningsopplegget 'Eg byggjer meg ein båt' med Johanne Øvstebø Tvedten og Bjørn Arve Lunde. Her fekk me læra om båtbygging, både gjennom drama og praktiske aktivitetar. Elevane var aktive og greie! Eit kjempekjekt opplegg!
Tekst: Aasne H Vikanes Foto: Lene T Almås

Vårsamling 1.- 4 . klasse
11.mai 2015

1. - 4.klasse hadde ei triveleg stund i Amfiet på måndag. Me fekk sjå nokre flotte framsyningar med dans, eigenskrivne tekstar og song med og utan teikn. I tillegg song me vårsongar og det var ekstra kjekt med " gjensyn " avjubileumsongen  - det går eit festtog gjennom landet.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

2.klassingane er flinke
Måndag 11.mai 2015

2.klassingane har no snart hatt symjeopplæring eit heilt skuleår
. I desse dagar er det ryggcrawl som står på programmet, og mange av elevane plukkar nye symjepoeng. Elevane er velkomne er velkomne innom kontoret i mai og juni for å kjøpa nye symjemerke.

Foto: Emilie Mettälä Zaneski  Tekst: Lars Bakka

Tentamen i 7.klasse
Fredag 8.mai 2015
No er 7. klasse godt i gong med tentamen i engelsk. Det er heilt stille og elevane jobbar godt.
Tekst & foto: Åshild Giving

Vellukka vekeoppdrag
Fredag 8.mai 2015

Det vanka mange  gode terningkast til oppdraget med å læra seg "Ja, vi elsker" med teikn. Og elevane innfridde når dei etterpå sang og viste nasjonalsongen vår!

Tekst & foto: Egil Petterteig

Ryddetid!
Fredag 8.mai 2015
Å rydda på uteområdet og plukka boss går på omgang på klassane ved skulen. Førre veke var det 1. klasse sin tur, og elevane var ivrige i tenesta. Alle klassane er flinke til å rydda, så det pleier ikkje vera så mykje boss, men det me fann ein del av som ikkje var så kjekt, var ein del snus i grasbinget ved ballen. Fint om alle som nyttar ballbingen på ettermiddag/kveldstid ikkje kastar snusen på uteområdet!

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Orienteringsløp med kvittering!

Torsdag 7.mai 2015
Elevane i 3. og 4.klasse er blitt flinke til å orientera seg etter kart! I dag hadde me ei ny løype og dei fleste syntest det var lett å finna postane. Det flotte utstyret me har fått av orienteringsgruppa, gjer at det er lett å kontrollera både tida ein spring på og om alle har vore innom dei ulike postane. Det er dermed stas å få kvittering med sluttida si på når ein kjem i mål!
Tekst & foto: Anne Brit Holm

Siste nytt frå Elevrådet
Torsdag 7.mai 2015

Her finn du referatet>>

Vårtur

Onsdag 6.mai 2015
Andre klasse hadde ein fin tur i skogen i dag! Heile klassen koste seg med frileik og moro. Jentene laga fine blomekransar av kvitveis, og Ørjan fann eit fuglereir som vart plassert forsiktig attende i busken etter at me hadde studert det :) Vèret var me og heldige med - håpar dette er ein forsmak på det som kjem! 
Tekst & foto: Hege Havn Mehammer

Fredsstafetten 2015
Onsdag 6.mai 2015

Femte og sjette klasse gjorde ein flott innsats i fredsstafetten. Vekslingane gjekk fint, og det var ei nyttig erfaring for dei som var med. Det var fleire lag med i år enn i fjor.Kan henda  me stiller med fleire lag neste år?
Fleire bilet på Facebook-sida vår  og her:


Tekst: Kjell Byrknes Foto: Ingjerd Helle Lorentsen
/Kjell Byrknes/Lene T Almås

Remi i BT

Søndag 3.mai2015
I dag er det ein kjekk reportasje om Remi og Sagvåg skule i Bergens Tidene. Du finn reportasjen her>>

Tekst : Lars Bakka

Petronella og den stygge andungen

Måndag 4.mai 2015
Småskulen fekk koma på teater i gymsalen i dag. Det var forteljarklovnen Petronella som fortalde sin versjon av eventyret om den stygge andungen.
Kjekt for både store og små :-)


Tekst & foto: Egil Petterteig

Orienteringsløp i 3. og 4.klasse

Torsdag 30.april 2015
I dag har 3. og 4.kl hatt orientering. Målet i dag var å orientera seg på kartet, finna posten, samarbeida og springa i raskt tempo. Det var god innsats på alle gruppene og alle fekk sluttida si då dei kom i mål.
Neste torsdag ventar ei ny løype:-)

Tekst & foto:Anne Brit Holm

Arbeid på taket
Torsdag 30.april 2015
Det vert framleis arbeidd på taket på Sagvåg skule. Både elevane og dei som gjer jobben er flinke til å ta omsyn til kvarandere.

Tekst & foto: Lars Bakka

Teiknspråk til alle
Måndag 27.april 2015

Alle elevane ved Sagvåg skule har hatt i vekeoppdrag å læra tein på teiknspråk, og elevane i 2.klasse nyttar teiknspråk i undervisninga kvar dag. Du kan lesa meir om dette prosjektet i Sunnhordland i dag.
 
Les heile artikkelen her>>      eller i Sunnhordland:

Tekst: Lars Bakka


Hopp for livet
Torsdag 30.april 2015
4.klasse er veldig ivrige i å hoppe tau for tida. Dei er med i ein hoppetaukonkurranse som heiter Hopp for livet. Alle hoppetaua våre er opptekne kvart einaste friminutt:-)
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Vekesamling med flott underhaldning frå 5.klasse

Fredag 24.april 2015

Det var 5.klasse som gav oss eit flott kulturinnslag med både tekstlesing og musikk på vekesamlinga i dag. Vekeoppdraget med kjekke, aktive og mobilfrie friminutt held fram. Her finn du både bilete og film frå samlinge:
 
Tekst & foto: Lars Bakka


Kursavslutning
Torsdag 23.april 2015

Kursrekkja som mange av assistentane i Stordskulen har vore med på vart avslutta med kaker,is og ein kaffiskvett i kveld :-)

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Pizza til alle i 5.klasse
Torsdag 23.april 2015

5.klasse gjorde ein flott innsats på Sentrumsstafetten, derfor blei det pizza til heile klassen.Det smakte veldig godt!
Tekst & foto: Kari Myhre 
 
Aktivitetsdag på Solidbanen

Onsdag 22.april 2015
 
I dag har småskulen vore i full aktivitet på Solidbanen. Måling, konstruksjon, addisjon, vekt, "grublisar", teiknspråk og songkunnskap var noko av det elevane møtte på dei ulike postane. I aldersblanda grupper var elevane engasjerte, flinke og aktive! Stor stas var det også at elevane fekk grilla pølser til lunsj. Det vart ein fin dag for små og store i vårsola :-)
Tekst & foto: Anne Brit Holm
 
5.klass
e til Utslettefjellet
Onsdag 22.april 2015
I dag er femteklassingane på tur til Utslettefjellet. Dei fekk læra litt om treslag og om geologi på vegen opp. Litt disig på toppen, men god stemning.

Tekst & foto: Kjell Byrknes
 
Linoleumstrykk i 7.klasse
Tysdag 21. april 2015

7. klasse held på med linoleumstrykk. Dei har funne eit motiv, overført og skjert ut i linoleum. Til slutt har dei trykka med forskjellige fargar, maling og bakgrunn. Det blei flotte resultat.

Tekst & foto: Åshild Giving

Aktivitetsstund med fadrane!
Tyddag 21.april 2015
1. klasse synes det alltid kjekt å  få tid saman med fadrane sine. I dag sette me av 2. økt til litt faddersamvær:-)

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Takk for besøket!
Tysdag 21.april2015

HSH-studentane Anita Joy Nesse og Caroline Tveit Haugland har hatt dei siste praksisdagane i lærarutdanninga si her hjå oss. Snart er dei ferdig som nyutdanna lærarar og me ynskjer dei lukke til i jobb:-)

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


Hordaland teater hadde to framsyningar på Sagvåg skule i dag. Det kom også elevar frå Rommetveit-, Tjødnalio- og Langeland skule til framsyninga hos oss.

Tekst: Lars Bakka Foto: Riksteateret
Tysdag 21.april2015

Kva skjer i gymsalen??

Måndag 20.april 2015
I morgon får du svaret.....
Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Vårsprett!
Fredag 17.april 2015
I dag har det vore vårsprett på Sagvåg skule! Alle elevane var ute på skuleområdet og me hadde mange aktivitetar og leikar. Me hadde ei strålande stund  i den fine vårsola
Tekst: Anne Brit Holm  Foto: Fleire

Vårleg i SFO!
Fredag 17.april 2015

I dag er sfo på tur i det nydelige vårværet til leikeplassen i Smette.
Me har med oss pizzasnurrer som barna var med å laga igår.


Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

We will rock you!!!
Fredag 17.april 2015

I dag hadde med konsert, først for småskulen så for mellomsteget. Det var Rockebandet "Surstilk" frå årsstudium i musikk ved HSH som spela for oss. Det var ein skikkelig rocka konsert med musikk av ma. Black Sabbath, Blondie, Queen og Dum Dum Boys. God trøkk heile vegen :-)

Tekst: Egil Petterteig
 

Krølle bølle
Fredag 17.april 2015

7.klasse har laga flotte troll som har hatt 2 framsyningar i dag. Forteljinga handlar om det rampete trollet Krølle Bølle som har flytta inn i Kattenakken. Han har aldri vore på eventyrøya Stord før, så han blir veldig glad når han får sjå Sagvåg skule, Gruva på Litlabø, bussen og flyplassen.


Tekst & foto: Åshild Giving

 

Matematikkdag for 5.-7.klasse
Torsdag 16.april 2015

Mellomsteget fekk i dag oppleva at matematikk kan nyttast til mangt og mykje.
Elevane fekk ulike utfordringar og oppgåver der dei måtte samarbeida, men dei måtte og løysa oppgåver på eiga hand. Gjennom å tenkja praktisk og teoretisk, greidde dei å løysa dei fleste problemstillingane. Elevane hadde det kjekt og lærerikt. Dei samarbeidde svært bra!


Tekst & foto: Kjell Byrknes m.f.

 
 
Erfaringskonferanse
Fredag 17.april 2015

I går var Jenny og eg hos Statped i Bergen på "Erfaringskonferanse" i teiknspråkprosjektet me er med i. Me presenterte vårt arbeid, og det var kjekt å høyra om kva dei andre prosjektskulane (og ein barnehage) hadde gjort.

Tekst: Egil Petterteig Foto: Sonja Myhre Holten


Fylkesfinale

Onsdag 15.april 2015

Fylkesfinalen i smartere energi gjekk føre seg på Vilvite i Bergen i dag. Elevane frå Sagvåg skule som deltok var kjempeflinke, me vann ikkje, men det var jammen nære på så flinke som dei var. Her kan det sjå bilete frå finalen og kor me kosa oss på sjølve senteret.

Tekst& foto: Lene Tislevoll Almås

 

Det vårast i kunst og handverken

Tysdag 14.april 2015
Grupper i 2. og 3. klasse har trylla fram dei flottaste sommarfuglane dei to siste tysdagane. Dette er ei gjenbruksoppgåve, der me brukar noko gammalt og brukt, til å lage noko heilt anna og fint. Me var svært einige om at mamma og pappa sette meir pris på at me laga noko av den brukte dorullen, heller enn det brukte dopapiret.

Tekst  & foto: Ingrid Kvernenes Misje
 

Ei kjekk og aktiv veke

Tysdag 14.april 2015

Ei lita helsing frå rektor som har teke med seg vekeoppdraget til England for å sjå på ein kjekk uteativitet :-)


Tekst  & foto: Lars Bakka

Vårsong med 6.klasse
Fredag 10.april 2015

Denne fredagen var det 6.klasse som gav oss underhaldninga i vekesamlinga.
I veka som gjekk har alle vore med å rydda i uteområdet, og i neste veke skal me ta det i bruk. Mykje nytt og kjekt utstyr vert kjøpt inn og me håpar på nokre fine vårdager i april!

Tekst  & foto:Lars Bakka
 
Grammatikkinnspurt
Fredag 10.april 2015
No held 7. klasse på med både tekstskaping og grammatikkøvingar. Dei har blitt veldig flinke i timane og det viser igjen på kartleggingsprøva

Tekst & foto: Åshild Giving
 
Nye paradis
Fredag 10.april 2015
 
Malene, Eva og Sofie i 4.klasse var med rektor å laga nye paradis på skuleplassen i dag. Slåballringane vert også måla på nytt litt seinare i vår.

Tekst & foto:Lars Bakka

No nærmar det seg....
Torsdag 9.april 2015
 
Det var ei undrande og spent forventinig i 7. klasse då dei på onsdag hadde besøk av rådgjevar Anne Beate Sunde og assisterande rektor Anita Eriksen frå Nysæter ungdomsskule.
Dei fotalte om NUS og om noko av det elevane kan venta seg når dei kjem opp dit. Elevane fekk òg vita om Bli kjent-dagen og andre ting som skjer i overgangen til NUS. Spennande tider i vente:-)

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

Elevrådet har ordet!
Torsdag 9.april 2015

Her finn de referat frå Elevrådet torsdag 9.april>>


Tekst  & foto: Anne Elisabeth Trevland

Me hoppar i fallskjerm!
Onsdag 8.april 2015

I 6. klasse har me hatt tema 'Luft i rørsle' den siste tida. Onsdag laga elevane fallskjermar og hanggliarar av serviettar. Sidan det er langt ned til golvet i amfiet, prøvde me dei der. Mange av dei falda seg flott ut, og dala roleg mot golvet. Godt jobba, 6. klasse!


Tekst: Aasne H Vikanes Foto: Lene Tislevoll Almås
"Pinnabrød er kjempegodt, men gode venner er betre" :)
Onsdag 8.april 2015
Andre klasse har brukt mykje av denne flotte, solrike onsdagen utomhus. Me har rydda, raka og stelt. Leika, spelt fotball, spidda pinnar og grilla brød på bål.
Det var Sadeq og Jenny som hadde laga den gode deigen - og den gjekk ned på høgkant! :)
Alle storkosa seg saman og synest at pinnabrød var kjempegodt, men eininge om at gode venner er betre! :)


Tekst & foto: Hege Hamn Medhammer

Første skuledag etter påskeferien
Tysdag 7.april 2015

Her er ein liten stemningsrapport frå den første skuletimen etter påskeferien. Det var kjekt å møtast igjen og klassane var i full gang med matematikk, engelsk og norsk då eg tok ein liten fotorunde kl 9. Åshild har også teke ein liten serie frå 7.klasse.

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving & Lars Bakka

No vert det fint igjen
Onsdag 8.april 2015
I dag vert lysspalta på mellomsteget malt og tapetsert.

Tekst & foto: Lars Bakka

Det er ikkje den siste påskekyllingen som sit i mønet på skulen vår. Det er ein liten kjøtmeis som har teke ibruk det gamle hakkespettholet til reir denne våren.
Påskelunsj til alle elevane
Fredag 27.mars 2015

Det er ein fin tradisjon med påskelunsj for alle elevane den siste dagen før påskeferien. Også i år vart dette ei koseleg samling der 158 elevar åt seg mette medan praten gjekk i påskepynta gymsal.


Tekst: Lars Bakka Foto: Hege Havn Mehammer og Lars Bakka

Elin 60 år
Fredag 27.mars 2015

I dag vart Elin heidra. Ho har feira 60-årsdag og då kjem det sjølvsagt helsing frå dei tilsette og arbeidsgjevar. Gratulerer med vel overstått Elin!

Tekst & foto: Lars Bakka

Vekesamling
Fredag 27.mars 2015

På vekesamlinga i dag vart vinnarane på Grand Prix heidra. Det vart også tid til å sjå tilbake på veka som gjekk og presentera oppdraget for den første veka etter påske. Då set me fokus på fint uteområdet og rydding.


Tekst & foro: Lars Bakka

Me vann!
Torsdag 26.mars 2015
Det var elevane frå Sagvåg skule som vann kommunekampen Smartare Energi. No vert det fylkesfinale i Bergen for dei flinke elevane i 5. og 6.klasse.

Tekst & foto: Kjell Byrknes


Unge & rus i 7.klasse
Torsdag 26.mars 2015

I går kveld var om lag 30 foreldre og 20 elevar samla då 7. klasse presenterte arbeidet dei gjort med programmet, Unge & Rus. På plass var òg Cecilie Berger frå utekontakten.Det var fem grupper som presenterte arbeida sine, og nivået på både presentasjonar og innhald var upåklageleg. Der var alt ifrå kampanjar med kontraktar, t-skjorter og panneband til nettportalar med samtalerom for foreldre og teikneseriar for dei unge. Foreldra fekk til og med prøve seg på Kahoot, då den eine gruppa ville skjekke kor godt foreldra hadde fylgt med på presentasjonen deira. Lærarar og utekontakt var særs nøgde med elevane, og foreldra har all grunn til å vere stolte over borna sine.Etter at elevane hadde gjort sitt var det tid for å dela inn i samtalegrupper. Foreldre og elevar fekk då samtale kring problemstillingar med unge og rus i mindre grupper. Dette fekk lærarane ikkje vere med på, så me måtte slå i hjel tida med kaffi og kjeks. Men det er me ganske gode på, så det gjekk fint.


Tekst: Erlend Thoresen Foto: Åshild Giving

Mykje talent
Torsdag 26.mars 2015

Det vart eit flott Grand Prix-show på Sagvåg skule i dag. Det er fantastisk mange talent på skulen vår!
Her finn du både bilete og film frå framsyninga.



Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving & Lars Bakka

Nysnø
Torsdag 26.mars 2015
Torsdag morgon var den grøne og fine plenen vår blitt kvit igjen....

Tekst & foto: Lars Bakka

Tett tak

Onsdag 25.mars 2015

Me har hatt ein lekkasje i takvindauga ved skulen vår. I desse dagar vert lekkasjen fiksa og det vert sett på nye pakningar på nokre av takvindauga. 

Tekst & foto: Lars Bakka

Møte i FAU og SU

Tysdag 24.mars 2015

I kveld var det møte i både FAU og SU. Fleire store saker vart drøfta, m.a. SFO til sjølvkost, leksehjelp på mellomsteget og utleigereglane for kommunale bygg. Refaratet kjem snart her>>

Tekst & foto: Lars Bakka


Påsketema i 1. klasse
Tysdag 24.mars 2015
 
Denne veka har me besøk av to studentar i 1. klasse, og både tysdag og onsdag skal dei ha påskestasjonar med varierte aktivitetar for elevane. Det er kjekt:-) 

Tekst & foto: Hildegunn Heimro


Påskegudsteneste
Tysdag 24.mars 2015
2.klasse har vore i Nysæter kyrkje i dag. Der fekk dei delta i påskegudsteneste saman med 2. klasse frå Litlabø skule. Elevane var hjelparar som bar inn ulike ting til alteret, tente lys og vifta med palmeblad. Me fekk høyra om kva som hende med Jesus palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskedag.


Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Smartare Energi

Fredag 20.mars 2015

I to dagar har 5. og 6.klasse jobba med ei smartcamp oppgåve. Dei skulle lage eit plusshus og få til ei løysing med overskot av energi. I dag har dei hatt finale og presentert produktet sitt. Flotte arbeid vart presentert, og dommarane Kjell og Egil hadde ein vanskelig jobb med å kåra ein vinnar som skal få presentere produktet sitt i rådhuset.

Tekst & foto: Lene T Almås

Sola som forsvann!
Fredag 20.mars 2015
Det vart reine skumringstimen midt på dagen då månen passerte mellom sola og jorda ca kl 10.50  i dag. Elevane i andreklasse følgde fenomenet på skjerm i klasserommet.
Er det farleg å gå ut? Blir det heilt mørkt som på natta? Kan me bli blinde av å sjå på himmelen? Dette var ting som vart diskutert før det vart avklart at  det var "trygt" å gå ut til friminutt :) Spennande ! 
Tekst & foto: Hege Havn Mehammer

Matematikkdagar

Fredag 20.mars 2015

3. og 4. har hatt matematikkdagar idag også. Etter hardt, men kjekt matematikkarbeid, spiste me maten vår saman. Det var koselig prat rundt borda, og elevane synst at dette var kjekt. 
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Vekesamling med gitarsolo
Fredag 20.mars 2015
Angelo i 7.klasse opna dagen for oss med ein flott gitarsolo då me møttest i amfiet til skulestart i dag. Dei ulike klassane hadde løyst vekeoppdraget på ein god måte. I neste veke skal elevane gjere seg klar for våren 2015, og gjennomgå kassane med uteleiker dei har igjen frå i haust.

Tekst & foto: Lars Bakka

SMARTareEnergi på Sagvåg skule

Torsdag 19.mars 2015

Nina Østensjø Borrevik var med 5. og 6. klasse i oppstarten. Mange kjekke kreative oppgåver!
Det er viktig å trena "hjernemuskelen"!
Snart blir oppgåva avslørt og elevane skal arbeida på tvers av klassane. Smartare energibruk i framtida står i fokus. I morgon skal arbeidet presenterast i form av modellar og presentasjonar. Då er det to  dommarar som skal vurdera kreativitet og gode forklaringar. Vinnargruppa skal  til Leirvik neste torsdag, der det er kommunefinale.
Tekst & foto: Kjell Byrknes

ANT i 7.klasse
Torsdag 19.mars 2015

7. klasse er snart klar med presentasjonane sine om unge&rus. Onsdag 25. mars kl.17.30 skal dei vise dette til foreldra. 

Tekst & bilete: Åshild Giving

Matematikkdagar
Torsdag 19.mars 2015
3.- og 4.klasse har  matematikktimar der dei arbeidar i grupper med ulike matematiske utfordringar.
Det er arbeid med klokka, grublisar, ulike datastasjonar og spel der ein må sjonglera med tal for å få mest mogleg rette svar. Mange ivrige og engasjerte elevar :)

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

3.klasse byggjer bruer
Onsdag 18.mars 2015
Tredje klasse har sidan vinterferien lært om bruer og andre byggverk i naturfag. På tysdag var me ute i skogen å bygde ulike bruer. Etter kort tid kunne ein finne både bjelkebruer, bogebruer og hengjebruer i skogen bak Sagvåg skule!

Tekst & foto: Thea Lund Hinderaker

Bilete på stein!
Tysdag 17.mars 2015
Andre klasse lærer om steinalderen, og i dag har dei vore ute og laga helleristningar.
Steinaldermenneska hogde, rissa og slipte figurar på fjellet - elevane i andre klasse brukte kvite kritt :)
Tekst & foto: Hege Havn Mehammer

VÅR!

Fredag 13.mars 2015

Lærarane i 1.klasse knipsa desse vårlege bileta då dei kom tilbake frå "Påskevandring" i kyrkja.
Tekst: Lars Bakka  Foto: Ann Kristin Brakedal, Hildegunn S Heimro

Hinderløype i skogen på SFO idag!

Fredag 13.mars 2015

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Påskevandring
Fredag 13.mars 2015

Fredag var 1.klasse på påskevandring i kyrkja. Det vart ei fin vandring gjennom påskeevangeliet. Det starta med inntoget i Jerusalem på palmesøndag, fotvaskinga og nattverdsmåltidet på skjærtorsdag, korsfestinga på langfredag og oppstoda 1. påskedag. Elevane fekk vera med og delta i forteljinga og dei hadde øvd godt på songane, slik at songen "ljoma" i kyrkja!


Tekst & foto: Hildegunn Heimro & Ann Kristin Brakedal

Vekesamling med dans frå 7. og 2.klasse
Fredag 13.mars 2015

I dag var det 2. og 7.klasse som dansa for oss på vekesamlinga. Deretter fekk allle elevane mykje skryt frå rektor for alle dei fine breva. Her kan du sjå dei viktige orda i kvart brev. Jo større ordet er jo fleire brev  har dette som hovudtema. Kjekt å sjå at Sagvåg skule først og fremst er "GØY" og "VENER", men også ord som "BRÅKETE" og "ÅLEINE" er ord som mange har nemt i breva sine til rektor.
Til neste fredag skal alle klassane diskutera orda
i arka til kvar klasse og drøfta korleis ein kan dyrka dei gode orda!


Klikk på teksten for å sjå større versjon:

Elevrådet har ordet!
Torsdag 12.mars 2015
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Vekesamling
Fredag 6.mars 2015
Fredag er det alltid vekesamling. Klassane hadde gjort ein flott innsats i veka som gjekk. Elevane i 1.klasse song for oss, og Elisabeth i 2.klasse hadde ei flott danseframsyning.
I neste veke vert spørsmålet:"Korleis har du det på skulen?
"

Tekst & foto: Lars Bakka

SFO på tur
Fredag 6.mars 2015
Fredag var SFO ute på tur.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Klangbein

Onsdag 4.mars 2015
...var namnet på konserten me fekk vera med på i dag. Det var Morten Barrikmo Engebretsen på klarinett, og og Ole Jørn Myklebust på trompet som spela og laga "ablegøyer" for oss. Utan eit einaste ord, hadde dei publikum heilt med heile tida. Nokre elevar fekk og vera med og laga musikken. Det var ein kjempekjekk konsert :-)

Tekst: Egil Petterteig
Foto: Lars Bakka & Egil Petterteig

Bålkos i SFO

Tysdag 3.mars 2015
I dag laga Sfo ostesmørbrød som me tok med oss ut og varma på bålet.

Tekst & foto: Beate M Føyen

"Smartboard-TV"

Måndag 2.mars 2015
I dag har me testa TV med touchskjerm. Førebels har me ein slik TV på grupperommet i 1.klasse. Det kjem også eitt til mellomsteget dersom me klarer å skaffa endå eit til den same prisen :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Nye bøker
Laurdag 21.februar 2015
Dei åra det er Mamutsal vert det kjøpt inn ekstra mange bøker til skulebiblioteket. Når du kjem tilbake frå vinterferie  står det lange rekjer med heilt nye bøker og ventar på deg!!

Tekst & foto: Lars Bakka

Vekesamling

Fredag 20.februar
2015
Det var elevane på mellomsteget som hadde ansvaret for kulturinnslaga på vekesamlinga i dag. Det vart fleire humoristiske innslag på senen.
Vekeoppdraget med kjekke friminutt for alle held fram også første veka etter ferien.

Tekst & foto: Lars Bakka
 
Verdsrommet
Fredag 20.februar 2015
4.klasse har arbeida med verdsommet som tema. Dei har arbeida i grupper. Idag hadde dei munnleg framføring av fakta om planetane. Flinke elevar i 4. klasse. 
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Me syr i SFO

Torsdag 19.februar 2015
Sist torsdag starta nokre av ungane på Sfo å sy snømann av filt. I dag fortsatte me med syinga. Er imponert over kor lett dei syr på knapper til pynt. Dei er flinke med nål og tråd.


Tekst & foto: Beate M Føyen
   

Kva er verb, interjeksjonar, adjektiv, substantiv????

Onsdag 18.februar
2015
Ivrige elevar i 6. klasse har arbeidd med ordklassespel.



Tekst: Aasne H Vikanes Foto: Elisabeth Magnussen

Sand i SFO...

Onsdag 18.februar
2015
Me har leika med "Delta-sand" på sfo i dag, det syntest borna var veldig kjekt.


Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Rektormøte på Sagvåg skule

Onsdag 18.februar 2015
I dag fekk alle rektorane i Stord vera med på med på ei lita morgonsamling i 1.klasse. Rektorane var på Sagvåg skule heile dagen då det månadene rektormøte var hos oss i dag.

Foto: Liljan Vestbøstad Waage Tekst: Lars Bakka

Med taco på tur

Tysdag 17.februar 2015
Tacolefser på bålpanne i dag! SFO prøve nye ting, og det falt i smak hos både store og små. Smake nok ekstra godt med mat ute i det fri.


Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

4.klasse til folkebiblioteket

Måndag 16.februar
2015
I dag var 4. klasse på biblioteket på Samfunnshuset.  Me hadde ein flott gåtur i kaldt solskinn. 
Me fekk lære om korleis me kan finne fram i bøkene på biblioteket, og det er veldig kjekt å sjå kor mange kjekke og spennande bøker dei har der. 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Karneval i 1.-4.klasse
Fredag 13.februar 2015
Etter praksis i to år ved Sagvåg skule avslutta studentane frå HSH med stil! I dag arrangerte dei stort karneval for alle elevane i 1.-4.klasse. Du finn bilete og filmar frå karnevalet og her:
  Glimt frå 1.klasse:

Tekst: Lars Bakka Foto: Thea-Kristin Angeltveit m.f.

Takk til studentane

Fredag 13.februar 2015

Denne vekesamlinga vart også nytta til å ta farvel med stidentane. Nytt vekeoppdrag er "Me hjelper til slik at friminutta vert kjekke for alle".
Denne samlinga hadde også plass til overraskelsesartistar:
 

Tekst: Lars Bakka Foto:
Thea-Kristin Angeltveit  og Lars Bakka

Kjekk helsing til rektor!

Fredag 13.februar 2015

Det er koseleg å ta helg med ei så kjekk helsing ved inngangspartiet på Sagvåg skule :
TAKK :-)


Tekst & foto: Lars Bakka

SFO på tur

Fredag 13.februar 2015

SFO avslutta veka med ein liten grilltur.

Tekst & foto: Beate M Føyen


Teater i 1.klasse

Torsdag 12.februar
2015
I dag var det "teater" i 1. Klasse. Då elevane kom inn frå friminutt fekk dei eit stempel som teaterbillett. Me fekk besøk av ein som var ekspert på bjørn og fekk til og med sjå eit sokke/dokketeater. Etter teateret fekk elevane i oppdrag å laga eit stillbilde. Der fekk dei visa fram ulike utsnitt frå forteljinga om korleis bjørnen fekk stumphale. Elevane viste fram dei ulike stillbilda for resten av klassen. Til slutt fekk me bjørnen på besøk. Me fekk intervjua bjørnen og vart betre kjend med han. Dette har vore ein kjempe kjekk og spennande dag i 1. klasse :)  


Tekst & foto: Maria Santiago

Leselogg og stasjonar på mellomtrinnet.
Torsdag 11.februar 2015

No er me i gong med leseveker på mellomtrinnet.
Alle er innom 4 stasjonar: lesestasjon, lyttestasjon, dramatisering og illustrasjon . 
Elevane skriv leselogg desse vekene, både på skulen og heime, og det vert premie til dei ivrigaste. 

Tekst & foto: Lene Tislevoll Almås

Nytt utstyr i gymmen

Torsdag 11.februar 2015
Med nye softballar og ny kasse i gymsalen så vert nok gymtimane endå kjekkare :-) 
Tekst & foto: Lars Bakka

Stasjonar i 5.klasse

Onsdag 10.februar 2015
5.klasse har hatt stasjonar første del av onsdagen. Matematikk, skriving av forteljing, stillelesing og spelet "Ryktet går". Elevane jobba godt på alle stasjonane. 
Tekst & foto: Kari Myhre

Tussar og troll i 2.klasse

Tysdag 10.februar 2015
I andre klasse handlar det om segner, eventyr, tussar, troll og bukkar om dagen :)
I dag har det vore hektisk aktivitet i heile formings - og kjøken avdelinga på skulen - då ferdigstilling av trollskog og filmproduksjon sto på timeplanen! :)
  Filmar


Tekst & foto: Hege Havn Mehammer
 
Teikning og sjakk i SFO

Måndag 9.februar 2015
I dag tok me fram oljestiftar og leika oss med dei på ark... Borna fekk store auge då me dekka teikningane deira med svart... Men dei vart svært nøgde då dei fann fram igjen teikninga med å skrapa med saks!


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Skummelt troll og Bukkane Bruse

Fredag 6.februar 2015
Med dramatisering og song fortalde 2.klasse eventyret om dei tre Bukkane Bruse på vekesamlinga i dag.
Vekeoppdraget om orden i skulesakene hadde gått fint i mest alle klassane. Oppdraget held fram også neste veke.


Tekst & foto: Lars Bakka

3.klasse på tur
Onsdag 4.februar 2015
Tredje klasse hadde utedag fredag den 6. Februar. Vi hadde fire forskjellige stasjonsleikar og det såg ut som om alle koste seg. 


Tekst:  Ingelin, Eirin og Tora.  Foto: Anne Brit Holm

Aking og vaflar i SFO
Fredag 6.februar 2015

I dag har Sfo vore på ein tur ned i stien og leika, aka litt. Då me kom opp igjen på skulen var det tid for nysteikte vafler.


Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Elevrådsmøte 5.februar
Fredag 6.februar 2015

I går var det møte i Elevrådet. Mange vikige sakar vart drøfta, m.a. kor me får lov til å aka. Du finn referatet her>>
 
 
Tur til Eventyrskogen 
Onsdag 4.februar 2015
Onsdag 04.februar var 2.klasse på tur i Eventyrskogen i det strålande vêret. Me gjekk og såg på eventyrfigurane, laga pinnabrød på bål og leita etter troll! Det var kjekt for både store og små.


Tekst & foto: studentane Thea, Heidi, Linn og Karina
 

Kjøkenkjemi for 5. klasse
.
Onsdag 4.januar 2015
Gjennom enkle forsøk har femteklassingane lært om fire stoff som me nyttar på kjøkenet. Gjennom bruk av sansane, og ved å varma opp stoffa, har dei lært ein del nytt. Kjekt å forska litt! Hypotesane varierte ein del, men dei var flinke til å finna ut kva som skjedde med stoffa i praksis.

Tekst & foto: Kjell Byrknes
 
1.klasse på tur i skogen
Onsdag 4.februar 2015

I dag har første klasse vore på tur nede i skogen. Me grilla pinnebrød, leika i skogen og kosa oss.

Tekst & foto: Lisa Mari Aksdal Kråkenes


Ny lærar i 4. klasse?
 

Onsdag 4.februar 2015

I dag har Liv Kari Eskeland vore lærar i 4.klasse heile dagen. Me arbeida med opplegget "Vårt lokalsamfunn". Me snakka om kva som trengst i eit lokalsamfunn. Er t.d. dyrebutikk noko som er kjekt å ha, eller er det noko me må ha?
I Noreg har me demokrati. Kva det er, fekk me prøve ut når me arbeida i grupper. I gruppene  måtte me verte einige. Det er ikkje alltid like lett, med det er fleirtalet som bestemmer.

Liv Kari var ein flink og engasjerande lærar, og me trur at ho synst at me var ivrige elevar:-)  



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Yoga i 3.klasse

Onsdag 4.februar 2015

Her er nokre bilete av 3klasse som prøvar seg på Yoga. Dei imponerte studentane med å finne ein indre ro og harmoni. Dette må vi prøve igjen! Etter yoga så var det og tid til litt hopp og sprett på tjukkas og balanse leik.


Tekst & foto: Tora Fiskaa

Laks og aking i SFO

Tysdag 3.februar 2015

I går kveld gjorde Liljan klar laks til SFO, og i dag var det tid for grilling og servering av flott middag. Til dessert var det aketur!


Tekst: Lars Bakka Foto: Liljan Vestvbøstad Vaage, Beate M Føyen, Silje Johansen


Me kan Bibliofil!

Tysdag 3.februar 2015
I dag var Sara, Lina og Maria med på del to av bibliotekkurset om Bibliofil. No er dei ferdig utdanna, og arbeidet med å gjera skulebiblioteket vårt endå betre held fram. Finn deg ei god bok med nettsøket vårt:

Tekst & foto: Lars Bakka

Fredag og vekesamling

Fredag 29.januar 2015

I dag tidleg var me samla i amfiet for å gjera opp status for veka som gjekk. Det var kjekt å sjå at klassane hadde teke godt imot studentane som overtok skulen tysdag og onsdag.
I neste veke set me fokus på god orden i skulesakene....


Tekst & foto: Lars Bakka

Grønsaker i 3.klasse
Torsdag 29.januar 2015

3.klasse brukte engelsk timen på torsdag til å utforske grønsaker. Nokre syntes tomatene var best, mens andre syntest rå løk smakte skikkelig godt. 12 forskjellige "vegetables" vart loggført på ark på engelsk med avkryssing på dei grønsakene dei likte og ikkje likte. Alle gjorde ein strålande innsats og studentane er stolte av den engasjerte klassen!


Tekst & foto: Tora Fiskaa

Kantinemat på torsdagar

Torsdag 29.januar 2015

Torsdagar er det kantinemat med godt pålegg og ferske rundstykke i 5.-6. og 7.klasse. Kantinegjengen har gode rutinar og alt er klart til servering kl 10.45 til 57 svoltne elevar!


Tekst & foto: Lars Bakka

Kjekk dag i 2.klasse
Onsdag 28.januar 2015

I dag har 2. klasse lært om "Clothes" i engelsken, noko dei vart veldig gode på. I matten rekna dei med tala 50-100 både på smartboard og i boka.
Som tverrfagleg tema har me no "Eventyr", og me fekk i dag høyre om Askeladden og dei gode hjelparane.Sidan det var så ruskete vêr, vart det spel inne i siste time!

Veldig gøy dag!

- Studentane Linn og Thea.  

Kva gjer lærarane i Spania??

Onsdag 28.januar 2015
På nettsida til Den norske skolen i Malaga får du svar på dette spørsmålet>>

Tekst: Lars Bakka  Foto: Den norske skolen i Malaga

Ein heilt vanleg skuledag....

Tysdag 27.januar 2015
Ein vanleg skuledag..det einaste som er litt spesialet er at INGEN av kontaktlærarane er på skulen. I dag og onsdag er det studentane og som har ansvaret for undervisninga i 1.til 6.klasse, medan vikarar har teke ansvaret i 7.klasse. Assistentane er på jobb som vanleg. Her er nokre bilete frå "ein heilt vanleg skuledag".



Tekst & foto: Lars Bakka 

Bruk av iPad i undervisninga
Tysdag 27.januar 2015
I dag er det bruk av iPad i undervisninga som er tema for Sagvåg skule-lærarane i Malaga.


Tekst: Anne Brit Holm Foto: Anne Brit Holm & Kjell Byrknes 

Fysisk aktivitet

Tysdag 27.januar 2015
I dag har 5.,6. og 7.kl vore i gymsalen i fysiskaktivitet-tida! Stemninga var høg og ikkje ein einaste elev satt på sidelinja! Gøy :-)

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Då lærarane reiste...!

Måndag 26.januar 2015
Medan lærarane er på skulebesøk og kurs i Malaga så har studentane allereie overteke Sagvåg skule. I dag vert nytta til førebuing og tysdag og onsdag er det studentane som har kontrollen.

Malaga 26/1:  Sagvåg skule 26/1:

Tekst: Lars Bakka  Foto: Hege Mehammer/Anne Brit Holm (Malaga) & Lars Bakka (Sagvåg)

Leik med eigne leiker!
Fredag 23.januar 2015
Som ein del av vekeoppdraget denne veka, fekk 1.klasse lov å ta med seg ei leike på skulen. Det var stas å få prøva og sjå kvarandre sine ting, og me hadde ei fin leikestund saman:-) 


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Sosialpedagogikk

Torsdag 22.januar 2015

Torsdag kveld var mange assistentar i Stordskulen samla ved Sagvåg skule i samband med ei kursrekkje om sosialpedagogikk. På pensumlista står m.a. "Sosial kompetanse og problematferd i skolen" av Terje Ogden.
Det er Fagforbundet som står som arrangør av kursrekkja.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Tur til "eventyrplassen"
Fredag 23.januar 2015
.
4 klasse hadde ønske om å få gå på tur opp bak handballbanen.
Medan me gjekk oppover mimra fleire om kor kjekt dei hadde hatt det her når dei hadde leika i saman med dei som gjekk i 1 klasse når dei sjølve gjekk i 2 klasse.
Vel framme var leiken raskt i gong. Det vart funn av mengder med iskrystallar, slik at ein starta eit eige iskrystallutsal. Sjølvsagt var det eit slott med kongar og prinsesser, der ein måtte ha eige passord for å komma inn.
 
Det smaka godt med pinnebrød og varm drikke.
 
Ein strålande tur i fint vinterver med kjekke og blide elevar :)

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Fiskesprellkurs for mat- og helselærarar
Onsdag 21.januar 2015

Eit lærerikt og inspirerande kurs med vekt på sjømatens plass i mat- og helsefaget.
Her fekk me gode tips om mellom anna sjømat i utekjøkkenet og spannande rettar for å få barn og ungdom til å like fisk betre.
Me laga oss ei rask fiskepakke til lunsj og ein flott sjømatbuffet med suppe, pastarett, wok, sushi og torskenachos  seinare på dagen.
 http://www.fiskesprell.no/

Tekst: Berit Moen Foto: Berit Moen & Egil Petterteig

Vintersamling
Tysdag 20.januar 2015
I dag har småskulen hatt vintersamling og det var 3.klasse som hadde ansvaret for samlinga. Det var mange fine innslag frå dei ulike klassane og me fekk høyra både songar og dikt. Fellessongane våre handla om vinter, ski og snø....og no håpar me at snøen kjem snart!

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Elisabeth Magnnussen

7.klasse i Skjepåsen

Måndag 19.januar 2015

7. klasse har vore i Skjepåsen og bygd gapahukar. Kriteria var at dei berre kunne bruke det dei fann i naturen, det skulle være plass til alle på gruppa inni gapahuken, taket skulle vere rimeleg tett og konstruksjonen skulle vere stabil. Jentene og gutane konkurrera òg i kven som laga det beste bålet. Den konkurransen vann jentene.

Tekst & foto: Åshild Giving

Kjekt på SFO

Fredag 20.januar 2015

Idag kosa sfo seg ute med fiskeburger og kjekk leik. 
Var nokre flinke kokka som skrella og raspa gulrøtter.  Dei var ganske oransje rundt munnen etterpå, så litt smaksprøver underveis vart da nok også ;-)

Tekst: Liljan Vestbøstad Waage   Foto: Eli Bunes Macsik

3.klasse til biblioteket på Litlabø

Måndag 19.januar 2015

I dag har 3.klasse vore på biblioteket på Litlabø. Me fekk ei god innføring i korleis me låner bøker, bruken av lånekort og reglar på biblioteket. Det vart sjølvsagt tid til både å låna bøker og til å få kikka i ulike bøker. Bjørnar Withbro avslutta med å lesa for oss i "Otto er eit neshorn".
 
Tekst & foto: Anne Brit Holm

Presentation in 7th grade
Måndag 19.januar 2015

On Friday the 7th graders had presentations about:
- limericks
- Philip Pullman
- The stories about "The tailor and the bird" and "The golden ring"
-and other stories written by Philip Pullman.

The groups chose different ways to present their task or stories. 

Text & photo: Turid Tvedt Gjellestad

Vekesamling med 5.klasse
Fredag 16.januar 2015
Det var 5.klasse som stod på scenen i vekesamlinga i dag. Oppdraget frå førre veke om godt klassemiljø held fram også neste veke.

Tekst & foto: Lars Bakka

Vekeoppdrag i 1.klasse

Torsdag 15.januar 2015
 
I fyrste klasse har me snakka om korleis me alle kan bidra til eit godt klassemiljø. Vekeoppdraget var å gjera noko kjekt ilag. Elevane har mange gode forslag:
- å gi ein ting til nokon
- spela spel i saman
- baka ilag
- gjera gode ting mot andre
- Hjelpa kvarandre.
 
Denne veka har me hatt ei god stund med spel. Det var kjekt.


Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal

Betre klassemiljø
Fredag 16.januar 2015
5.klasse prøvde ut dei nye spela som elevrådet har kjøpt inn. Det var mange kjekke spel, så dette skal me snart gjera igjen!

Tekst Kari Myhre Foto: Kjell Byrknes
 
Godt klassemiljø i 7.klasse

Onsdag 14.januar 2015

Vekesoppdraget denne veka handlar om klassemiljø. Dette tar me i 7. klasse på alvor og bestemte oss for at me ville bruke ein halv dag ute i skogen og leike leikar og grille pølser. Slikt blir det godt klassemiljø av. Turen var kort, men rastepausen var lang. Og det viktigaste med ein tur er tross alt rastepausen.


Tekst: Erlend Thoresen  Foto: Erlend Thoresen m.f.
 

Nye bøker i skulebiblioteket
Tordsg 15.januar 2015

I dag kunne Sara, Maria og Lina tilby mange nye bøker i skulebiblioteket. Bøkene står som vanleg oppå hyllene. Det er flott om dei vert lånte ut raskt. Hugs at du også kan søka etter bøker i biblioteket vår her:

Tekst & foto: Lars Bakka

 
Godt klassemiljø i 2.klasse
Onsdag 14.januar 2015

Vekeoppdrag: Gjer noko kjekt saman med klassen for å få eit betre klassemiljø!
I dag har elevane i andre klasse prøvd ut nokre av dei nye spela - det var både sosialt og kjekt!


Tekst & foto: Hege H Mehammer

Mat og helse inne og ute
Onsdag 14.januar 2015

I dag har 6. klasse hatt mat & helse ute. Fokus i dag var turmat.  Me pakka opphakka pølse og grønsaker i tortillalefse, pakka den igjen inn i folie, og varma på bål. Mette og gode, etter kos rundt bålet, vart det tid til "menneskejegeren" også 


Tekst: Lene T Almås Foto: Emilie & Jon Martin
 
Har me nådd måla våre?

Måndag 12.januar 2015

Gjennom veka har me førebudd elevane på at på fredag skulle dei få sin første målprøve. På målprøven skulle dei løysa nokre oppgåver frå det me har halde på med i veka og dei måtte jobba kvar for seg og berre spør dei vaksne om det var noko dei lurte på. Dei var både klar og litt spent og viste at dette meistra dei heilt fint!  No vert det nye målprøvar kvar veke frametter med oppgåver frå tema me har hatt i veka:-)

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
 
Vekeoppdraget i praksis

Fredag 10.januar 2014

4.klasse har allereie starta med å arbeide med vekeoppdraget. Me hadde ei kjekk og sosial stund saman då me prøvde dei nye spela som elevrådet har kjøpt inn. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
 
Heilt konge

Fredag 9.januar 2015

Det var sjølvaste kongen som var med på den første vekesamlinga i det nye året! Rett nok i form av opptak frå nyttårstalen,men bodskapen var viktig: Hjelp til med å stoppe mobbinga!  Vekeoppdraget var laga av elevar i 7.klasse og er dette:

Gjer noko kjekt saman med klassen for å få eit betre klassemiljø!

- Snakk med klassen om korleis eit godt klassemiljø skal vera
- Kom med tips i med klassen til kva me kan gjera!


Tekst & foto: Lars Bakka
 
Gåver frå elevrådet!

Torsdag 8.januar 2015

I dag har det vore møte i Elevrådet. Saker som klassane tok opp dinn de på sidene til Klasseråda. Referatet finn du her>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
 
Kvardag igjen
Måndag 5.januar 2015

Det er alltid kjekt å møta vener igjen etter ferien. Det tok ikkje lang tid før elevane var godt igang med skulearbeidet denne første dagen i det nye året.

Tekst & foto: Lars Bakka
 
4.klasse plukkar søppel

Måndag 5.januar 2015

4.klasse starta det nye året med bossplukking. Elevane var flinke, og jobben var fort ferdig. Dersom det er nokon som ikkje finn lua si, så sjå på biletet. Luene og hansken finn du på kunsten utanfor hovudinngongen. 


Tekst & foto:Anne Elisabeth Trevland