VÅREN 2014                                        Arkivet>>


Torsdag 19.juni 2014

Det er alltid vevodig å ta farvel med elevar som har vore med oss i sju år, men til slutt kjem dagen. Klem frå Queensway og alle oss ved Sagvåg skule til alle i 7.klasse!
 
Tekst: Lars Bakka   Foto: Ann Kristin Brakedal 

                                              Det var ein gong i 1.klasse:(Foto Liljan Vestbøsrtad Waage)->
Fleire bilete frå siste skuledag:Foto: Kornelia Vestvik Matre
   
Siste arbeidsdagen til Brita
Torsdag 19.juni 2014

I dag var det den siste arbeidsdagen til Brita Flatøy ved Sagvåg skule. Brita har arbeidd hos oss sidan 1973, og i dag tok elevar og kollegiet farvel med ein flott lærar.

Det vanka også blomar til 50-årsjubilantar og lærlingen vår denne siste skuledagen.



Tekst: Lars Bakka Foto: Ann Kristin Brakdal

S
mmarfesten 2014

Onsdag 18.juni 2014

I kveld var det tid for sommarfest. Det vart underhaldning frå flinke elevar frå scnen i gymsalen, vaffelsal og forballkamp mellom FAU og Elevrådet. Det var Elevrådet som vann kampen 4-3. Du finn mange  bilete få festen her:
 
     

Tilbakeblikk på sommarfestane
:   2006   2007 2008  2009  2010  2011  2012  2013  2014

Tekst: Lars Bakka   Foto: Even Vikanes & Lars Bakka
PS! Det kom inn 3270 på vaffel og tippeglassal. Det blir kjekke pengar for Elevrådet. 

Avslutningsfest for 7.klasse

Tysdag 17.juni 2014

Tysdag kveld var det avslutningsfest for 7.klasse. Alle elevane fekk med seg pakke med minne frå barneskuletida og gode ord med på vegen til ungsdomsskulen.
  
Eit lite tilbakeblikk: 1.klasse
   2.klasse  3.klasse  4.klasse  5.klasse 6.klasse  7.klasse

Tekst: Lars Bakka   Foto: Kjell Byrknes

Dei vaksne - 7.klasse   3-3
Tysdag 17.juni 2014

I år vart det uavgjort i kampen mellom dei vaksne og 7.klasse. 7.klasse leia 1-0, etter det gjekk dei vaksne opp i 2-1 leiing, før kampen til slutt enda 3-3


Tekst: Lars Bakka   Foto: Elisabeth Magnussen


Siste elevrådsmøte
Onsdag 18.juni 2014

Referat frå elevrådet 18. juni

Elevrådet  synst at det er urettferdig at fotballen frå fotballkampen mellom FAU og elevrådet alltid går til ein gut. Me ynskjer at det annakvart år skal vere ei jente som får fotballen. Sidan det alltid er ein gut som er i elevrådet frå 1. klasse, så foreslår me at det er varaen som får ballen dei åra det er ei jente. Dette bør gjelde frå neste skuleår.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Dåp
Tysdag 17.juni 2014

Etter kampen trudde rektor at han skulle ut for å hjelpa ei jente som hadde slått seg på kneet.....men då vart det dåp og ein klissvår rektor :-)

Foto: Lene T Almås & Hildegunn S Heimro Tekst: Lars Bakka

Rosande omtale

Måndag 16.juni 2014

Både Sagvåg skule og HSH fekk rosande omtale på leiarplass i Sunnhordland i dag for bruken av digtiale læremiddel. Bakgrunnen for leiaren var oppslaget frå Sagvåg skule om Kahoot og  lesarinnlegget frå IKT-avdelinga på HSH i Sunnhordland på fredag. Du kan lesa om Kahoot på Sagvåg skule her>> Leiarartikkelen finn du her>>


Tekst: Lars Bakka

Rydding

Måndag 16.juni 2014
I 6. klasse har me rydda skulebøkene. Viss det er nokon som har gløymt ei bok heime, så må de hugse å ta den med på skulen.


Tekst & foto: Åshild Giving


Ljåslått
16.juni 2014

I dag fekk eg vera med rektor å slå med ljå. Eg har bursdag i dag og eg er 11 år!

Tekst: John Martin  Foto: Rektor

Den siste friluftsdagen

Fredag 13.juni 2014

Så var den siste friluftsdagen 2014 over. Elevane har hatt tre kjekke dagar med ulike aktivitetar. Vekeoppdarget for veka: "Bli med på å gjer friluftsdagane kjekke for alle". Her er resultata for dei sju klassane :-)

Bekkevandring: Sætrevik: Vassneset: Kano:  

Tekst: Lars Bakka  Foto:Tilsette


Finn fram grillen og....

Torsdag 12.juni 2014

...det ausar ned. Det var det dei tilsette i SFO opplevde torsdag ettermiddag. Heldigvis kunne borna kosa seg med god grillmat inne :-)


Tekst: Lars Bakka Foto: Tilsette SFO


Friluftsdag 2

Torsdag 12.juni 2014

I dag vart den andre friluftsdagen gjennomført. Her er det første mobilbiletet "direkte" frå Utslettefjellet. Fleire bilete frå dei ulike aktivetetane kjem når elevar og tilsette kjem tilbake til skulen.

Vassenden

S
egling

Vassenden 2
(Foto: Kjetil Flyllingen)

Fiskarelva
(Foto: Hildegunn Heimro)

Vassenden

(Foto: Hege Havn Mehammer)

Kanogruppa

(Foto: Elisabeth Magnussen)

Utslettefjellet

(Foto: Anne Brit Holm)

Kano

(Foto: Aasne H Vikanes)


Tekst: Lars Bakka Framsidebilte: Anne Brit Holm


Friluftsdag 1
Onsdag 11.juni 2014

I dag vart den først av tre friluftsdagar arrangert. Etter kvart som lærarar og elevar kjem tilbake til skulen vil de finna mange bilete frå dei ulike aktivitetane på nettsida vår.
 Segling:    Vassenden:      Fiskarelva:       Kano:    
Føyno: Sætrevik Kano



Sjå tilbake på tidlegare friluftsdagar>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Tilsette ved Sagvåg skule

God helg med koseleg vekesamling :-)

Fredag 6.juni 2014

Me starta dagen med kjekk vekesamling. Me fekk oppleva musikalinnslag frå 6.klassejenter, og tre jenter i 4.klasse som song ein fin sommarsong.
Nytt vekeoppdrag er å bidra til kjekke friluftsdagar.

Tekst & foto: Egil Petterteig

10 år sidan

Tysdag 10.juni 2014
Slik såg du ut på skuletomta for 10 år sidan. Våren 2004 var grunnarbeida til ny Sagvåg skule godt igang. Endå skulle det gå eitt og eit halvt år før skulen var klar til bruk i januar 2006.
Tekst & foto: Lars Bakka

Klem til Liljan!
Fredag 6.juni 2014

I dag kom Liljan på besøk med avskjedspizza, brus, kake, popcorn og fint kort til alle elevane:-) Takk for 7 flotte år:-)

PS! Det er 7.klasse som sluttar på Sagvåg skule, ikkje Liljan! :-)




Tekst: Egil Petterteig Foto: Elisabeth Magnussen

O-løp i 5.klasse

Fredag 6.juni 2014

5.klasse hadde orientering i dag. Alle fann alle postane, og engasjementet var stort. Dette må me gjera igjen, var alle einige om.



Tekst: Egil Petterteig Foto: Elisabeth Magnussen


5.klasse på slakk line
Torsdag 5.juni 2014

I dag har 5.klasse studert livet i vatnet. Me sykla til Valstad og leita etter kryp i strandkanten i Oksnabergsvikjo. Etterpå kosa me oss med niste på altanen til Lene. Tid til å prøva slakkline fekk me og.


Fleire bilete her:facebook

Tekst & foto: Lene T Almås
Softis
Torsdag 5.juni 2014
6.klasse laga is til fadderborna og det var populært. Me var så heldige å få låne 3 ismaskinar. Dette var avslutninga på mat og helse for 6. klasse. Det har vore kjempeflinke til å lage mat.


Tekst & foto: Åshild Giving

Spenninga er utløyst!
Torsdag 5.juni 2014

Endeleg er spenninga utløyst! 7.klasse er no blitt 8. Etter frukosten er det ulike leikar som står på programmet. Det er ein fin måte å bli kjent med dei andre i klassen på : )


Tekst: Kjell Byrknes  Tekst: Hildegunn S Heimro

Tentamen pågår....
Onsdag 4.juni 2014

Akkurat no, kl. 10.12, er det musestille på K&H-rommet der 7. klasse har tentamen i norsk. Dei einaste lydane me høyrer er tastaturklikking og nokre sukk innimellom:-)
På pultane står brus og sjokolade + god niste og framme sit tentamensvakter klar til å lufta elevane når dei treng pause.
Elevane vert prøvde i lesing, tekstskaping, rettskriving og handskrift. Prøven har både ein digital del og ein del i papirformat.
Tusen takk til Hege og Øystein som stiller opp som tentamensvakter:-)


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

4.klasse på tur

Onsdag 4.juni 2014
Tysdag hadde 4.klasse ein flott dag på Fletaneset. Me leita etter smådyr i vatnet, mata ender og svaner, leika og koste oss. Det var til og med to elevar og ein lærar som gjekk til Sagvåg og kjøpte is til heile gjengen. Ein kjekk tur med blide og aktive elevar.



Tekst & foto/: Brita Flatøy, kari Myhre og Daniel


Eg byggjer meg ein båt

Tysdag 3.juni 2014
6. klasse har hatt ei flott utflukt til Jensaneset. Det var eit lærerikt opplegg med dramatisering frå gamledagar. Elevane fekk lære litt om dei ulike delane i ein Færing og korleis båten blei bygd. Ute var det to stasjonar med spikking av nøkkelhaldar. 



Tekst & foto/film: Åshild Giving

På tokt med Seladon (Dag 2)

Tysdag 3.juni 2014

I dag er det den andre halvdelen av 5.klasse som er på tur med Seladon. Her er førebels eit mobilbilete, dei andre bileta må me venta med å presentera til fotografen er vel i land.
 



Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen & Aasne H Vikanes

Øving til sommarfest

Tysdag 3.juni 2014

No er det snart sommarfest. 3.- og 6.klasse er i full sving med å øve. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

På tokt med Seladon (Dag 1)

Måndag 2.juni 2014

Halve 5.klasse fekk i dag ein flott skuledag på sjøen. Me vart henta av Seladon på Sagvåg kai, og fekk vera med på seiltur i den flotte skjærgården utanfor Sagvåg.
Me lærte om båtbygging, knutar, seiling, ord og uttrykk til sjøs, og dersom du lurer på kvifor Siggjo heiter Siggjo kan du spørja nokon av dei som var på tur i dag. Mannskapet på Seladon var veldig kunnskapsrike og kjekke å vera på tur med, og me vil takka Lions Stord, som spanderer desse flotte dagane på oss.



Tekst & foto: Egil Petterteig

Badeland

Måndag 2.juni 2014

Medan halve 5.klassen var på tokt med Seladon så kunne resten av klassen nyta "badeland" den siste symjetimen før sommarferien.

Tekt & foto: Lars Bakka
På sykkeltur med fiskestonga
Onsdag 28.mai 2014
6. klasse er kjempeflinke på sykkeltur. Dei sykla til Tømmervik kaia og fiska.
Der fekk dei visa fiskekunnskapar og kosa seg i sola.
Til hausten vil klassen sykla til ei strand, så då får me sjå om turen går til Føyno.


Tekst: Åshild Giving Foto: Eva Camilla Bergo

Norden i 6.kl

6.klasse har i mai jobba med tverrfaglig prosjekt i norsk og samfunnsfag om Norden. Dei har vore delte i 5 grupper som har laga kvar si veggavis med tekst og bilete. Elevane har fått god trening i samarbeid, og det å velje ut informasjon og lage gode tekstar. Gruppene synte god innsats i prosjektarbeidet, og har presentert dei flotte veggavisene sine for klassen.

Tekst  foto: Eva Camilla Bergo


Svalt og fint i 6.klasse

Fredag 20.mai 2014

I dag vart det hengt opp nye fine rullegardiner i 6.klasserommet. Håper er at dette skal gje elevar og vaksne betre inneklima. I dette rommet har det ofte vore for varmt på fine vårdagar.



Tekst & foto: Lars Bakka

Studentar i arbeid!
Onsdag 28.mai 2014

I dag var det den andre førskuledage, og allereie i dag var elevane i full sving med studiane
 
Ser de nærare på bileta så ser de at borna har hatt to varierte dagar. Me håpar at alle gler seg til skulestart i august!  Her er skuleruta>> 1.klasse 2014/15 har allereie fått si eiga heimeside>>

Den andre førskuledagen:   Den første førskuledagen:

Tekst: Lars Bakka Foto: Hildegunn S Heimro


Tur til Utslettefjellet
Onsdag 28.mai 2014
 
Sidan dei nye 1.klassingane skulle ha førskuledagar i klasserommet vårt, tok me i 3.klasse oss ein tur på Utslettefjellet. Blide og spreke elevar som lika utsikta godt. Dei prøvde å ropa ned til dei elvane som var ute på skulen, men dei høyrde ingenting. Då me kom ned til parkeringsplassen traff me 1. og 2.klasse og fekk vera med på leiken som dei heldt på med.




Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Anne Elisabeth Trevland



Førskuledag
Tysdag 27.mai 2014

I dag kunne me ynskja velkommen til den første av to førskuledagar ved Sagvåg skule med flaget til topps og strålande sol. Mot slutten av dagen finn du alle bileta me tok på nettsida vår.


Tekst: Lars Bakka  Foto: Liljan Vestbøstad Waage & Lars Bakka
 

Samarbeid er vanskeleg
Fredag 23.mai 2014

Førsteklassingane får utfordringar knytt til samarbeid, og samarbeid kan vera vanskeleg når alle skal med. Her sit alle på fanget til kvarandre. Med godt samarbeid så går det...men lette er det ikkje.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Joy Ancrum Turner


Vår Kornelia
Fredag 23.mai 2014

Det er vår Kornelia som er blitt kjendis på tusenvis av mjølkekartongar denne våren! Kornelia er lærlibng ved sagvåg skule dette skuleåret.

Tekst: Lars Bakka

7.klasse til VilVite
Torsdag 22.mai 2014
I dag er 7.klasse på tur til Bergen og VilVite-senteret.

Tekst: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes

Infoskriv om streikefare
Fredag 23.mai 2014

Dette infoskriver kom som ranselpost i dag>>

Tekst: Lars Bakka

Tur til Solidbanen

Onsdag 21.mai 2014
I dag har 1. og 2. klasse vore på tur til Solidbanen. Der åt me nista vår, leika og sparka fotball i det fine vêret.


Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Anne Brit Holm

Møte i Elevrådet
Onsdag 21.mai 2014

Her finn du referatet frå møtet i elevrådet som var på onsdag

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

Brannundervisning i 6.klasse

Tysdag 20.mai 2014
Me har lært om korleis ein kan hindre brann heime. Det var både spanande og litt skummelt å  sløkkje ein brann.
Tekst & foto: Åshild Giving

Heimelaga iskrem!
Tysdag 20.mai 2014


Me var veldig spente på om frysaren virka i dag.
6. klasse laga fantastisk god is og delte den med fadderborna. Tekst & foto: Åshild Giving

"Broderkjede" over heile landet

Tysdag 20.mai 2014

Elisabeth tok mange flotte bilete frå 17.mai ved Sagvåg skule.
 Sjå biletet STOR utgåve: Les meir på NRK.no


Tekst: Lars Bakka Foto: Oliver Eldøy

17.mai på Sagvåg skule

Laurdag 17.mai 2014
Elisabeth tok mange flotte bilete frå 17.mai ved Sagvåg skule.
Flott opppslag i Sunnhordland:
Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

Til gruvene på Litlabø
Torsdag 15.mai 2014

I dag har 5. klasse vore på besøk i gruvene på Litlabø. Me fekk ta toget inn i gruvene, med hjelmer på, og fekk ei flott omvisning med gruvesluskane. Kjekt å læra om lokalhistoria vår.
facebook
Tekst og foto: Lene T Almås 

Øving til 17.mai

Fredag 16.mai 2014

I dag var heile skulen med på øving til 17.mai. Det var 17.mai-songar i amfiet og tog rundt skulen.

Tekst: Lars Bakka Foto: Oliver Eldøy (2.kl)

Tinestafetten
Torsdag 15.mai 2014

[Tekst kjem..... kanskje...]



KUNST & handverk
Fredag 16.mai 2014

Dette må vera  KUNSTENDELEN i Kunst & handverk-faget :-)

Foto: ? Tekst: Lars Bakka

Orientering i 3. og 4.klasse

Torsdag 15.mai 2014

Dei to siste vekene har 3.og 4.klasse sprunge orientering i området rundt skulen vår. Me har flott utstyr, så det er enkelt å laga til orienteringsløp. Sist veke var det stjerneorientering, i dag hadde me vanleg løype. Ein svært kjekk aktivitet.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Gro A Halvorsen & Eli Macsik

Hjorten vår...igjen
Torsdag 15.mai 2015

Foto: Stian Skjolde 7.kl

Mat og matematikk

Torsdag 14.mai 2014

I dag har me gått gjennom budsjettet og rekneskapet til kokkekampen. Lina, Angelo, Tor, Casper , Kaisa, Silje, Daniel N og Roger vant kokkekampen. Dei fekk ete jordbær med sjokolade.


Tekst & foto: Åshild Giving

Bilete frå 5.klasse på Facebook
Onsdag 14.mai 2014

5.klasse gjer masse kjekt, her er nokre bileta frå me laga ballongar og putetrykk!

facebookSjå bileta

Tekst og foto: Lene T Almås


Øving til 17.mai
Tysdag 13.mai 2014

Heile småskulen har øvd til 17.mai. Eg har teke alle bileta og skrive denne teksten.


Tekst & foto: Oliver Eldøy (2.kl)

Me hoppar også!

Måndag 12.mai 2014
Mange utfordrar kvarander til å hoppa i sjøen på Facebook for tida....me hoppar heller i Nysæter-bassenget. I dag var det 2.-4. og 6.klasse som hoppa.
 
Tekst & foto: Lars Bakka
   

Vårreingjering av kjøkkenet
 Tysdag 6.mai 2014
Dei første timane gjekk med til vårreingjering og rekneskap frå kokkekampen. Elevane fekk lovnad om å få lage is ein gong før sommaren, dersom dei vaska så godt dei kunne. Heile gruppa gjorde ein fantastisk jobb.

Tekst & foto: Åshild Giving

Farleg høgt!
Fredag 9.mai 2014

Det vart bygd eit farleg høgdt tårn i leikestunda til 1. og 2.klasse....men det gjekk bra!

Foto: Elisabeth Magnussen Tekst: Lars Bakka
   

Praktisk matematikk
 Tysdag 6.mai 2014

Gjennom ulike øvingar fekk elevane på mellomsteget ei anna tilnærming til matematikkfaget enn det dei opplever i lærebøkene. Problemløysing var ein del av opplegget. Elevane var delt på tvers av klassane, og samarbeidet såg ut til å gå fint." Dette var kjekt", var ein av kommentarane me  høyrde

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Infoskriv nr 6
Fredag 9.mai 2014

I det nye informasjonsskrivet får du oppdatert informasjon om kva som skjer våren 2014, søknadsfrist i SFO og meir om 1.klasse hausten 2014.
Du finn skriver HER>>
   

Velkommen til SFO!
Fredag 9.mai 2014
Susan, Sofie og Aurora nyt vårsola i SFO fredag ettermiddag i vår eiga blomeeng.
I infoskrivet som kom heim i ranselpost i dag står det m.a. at me ynskjer at de som skal nytta tilbodet neste skuleår søkjer innan 22.mai. De finn heile skrivet
HER>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Flinke born i SFO!
 Torsdag 8.mai 2014

For tida så jobbar me med å hjelpa kvarandre, og rydda etter oss, og borna er kjempe flinke!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

   

Kjekt vekeoppdrag
 Tysdag 6.mai 2014

Vekeoppdraget denne veka handlar om å vera med på å gjera friminutta kjekke for alle. Aktivitetsleiarar i arbeid, og ein del utstyr for uteleikar er kjøpt inn av elevrådet og skulen.

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

Fantastisk kokkekamp
Onsdag 30.april 2014
3 middagar med dessert blei servert til dommarane. Elevane jobba svært godt,så me fekk god til å nyte maten.
Tekst & foto: Åshild Giving


Musikalsk reise til slottet!
 Onsdag 30.april 2014
Vokalgruppa Taus tok elevane på Sagvåg skule med på ei musikalsk reise frå Vestlandet til slottet.
Det blei nytta mange framkomstmiddel, mellom anna tog, bil og fly. Gjennom bruken av stemmene, mimikk og kroppsspråk  greidde dei fire musikantane å formidla mange ulike lydar og stemningar. Elevane tok aktivt del i  den musikalske reisa som tok oss heilt inn på slottet! Ei svært kjekk oppleving for store og små. Takk til Taus!

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Praktisk arbeid
 Tysdag 29.april 2014

Alle elevane ved Sagvåg skule nyttar desse tre dagane noko tid til å sanka ved og rydda ute. Det ligg 30 cm kubbar rundt om i skogen vår som dei skal frakta ned til 7.klasse. Dei kløyver og lør opp veden i boden.
 Veden skal nyttast av klassane til bålbrenning til vinteren.

Tekst & foto: Lars Bakka


Matematikk,song/ drama og naturfag ute ;)
Tysdag 29.april 2014
 
3 klasse tok seg ein tur til Hustrudals vatnet og jobba i dag.
Der sjekka dei ut kor mange dl. det er i ein liter ved hjelp av ulike målereiskapar.
+ kva boksar som hadde størst og minst volum m.m.
I naturfag måtte dei svara på spørsmål om fuglar og dyr på ulike postar, og til slutt  læra songen om Bolla Pinnsvin. Mange fann ut at det hjalp å dramatisera songen når dei skulle hugsa dei ulike versa.
Det smaka godt med restar av scones og muffins som dei hadde laga tidlegare.
Ein flotte tur i fint vårver med blide og engasjerte elevar !!


Tekst: Gro Akselsen Halvorsen: Foto: Anne Elisabeth Trevland

4.klasse til SIM
Tysdag 29.april 2014

4. klasse har hatt ein kjekk og lærerik dag på SIM i dag. Først kjørte bussen oss til Svartasmoget, der fekk me bla sjå korleis matavfallet vart til mold.  Etterpå besøkte me miljøsentralen ved Heiane, der me fekk sjå korleis bosset vart sortert. 

Tekst & foto: Kari Myhre

Stort foto>>
Sykkelkonkurranse i 6. klasse
Tysdag 29.april 2014
Fram mot sommarferien skal heile klassen sykle til skulen kvar dag.
Her er det elevane mot lærarane. Rektor er førebilete! Klassepremien blir ein sykkeltur med fisking. I tillegg blir det premier til dei som har sykla mest.

Tekst & foto: Åshild Giving


Forfattarbesøk
Tysdag 29.april 2014

I dag hadde mellomsteget besøk av forfattaren Tor Arve Røssland. Han les frå bøkene sine om Svarte-Mathilda, og viste bilder og film. Litt skummelt ( sjølv om dei "tøffe" gutane ikkje ville innrømma det), men veldig spennande og kjekt. Mellomsteget på Litlabø skule var og på besøk. 

Tekst & foto: Egil Petterteig

Teiknspråk på nettbrett
 Tysdag 29.april 2014

I 1.klasse er med i eit teiknspråk-prosjekt. I dag har nokre av elevane fått testa ut appen "1000 tegn". Dei fekk også kommunisera med Hangout i Google+


Tekst & foto: Lars Bakka

Me tok utfordringa!
Tysdag 29.april 2014

Askil og Daniel tok utfordringa frå rektor! No er dei i full gang med å læra seg å sykla på einhjuling. Dei har gjort store framsteg på få dagar.....men er dei komme på nivå med rektor??
Sjå filmen og døm sjølv ...




Tekst& foto: Lars Bakka

Feiring i 4.klasse
 Laurdag 26.april 2014

I dag har 4.klasse feira med brus og pizza at me var med på Sentrumsløpet. Her er nokre bilete frå feiringa. 


Tekst: Brita Flatøy & foto: Kari Myhre

Storfint besøk
Måndag 28.april 2014

I dag var hjorten vår innom på ein snarvisitt.


Foto: Elin Macsik

Sentrumsstafetten
 Laurdag 26.april 2014

Flott innsats av 4.klasse oppå Sentrumsstafetten i dag. 


Tekst & foto: Kari Myhre


Aerobic for alle
 Fredag 25.april 2014

Me har vore så heldige å få besøk av Mariann Steinsland. Ho har hatt to fantastisk kjekke aerobicøkter. Her fekk både store og små utfordra koordinasjonsevna. Det blei fort høg puls og elevane fekk ein flott avslutning på veka. 



Tekst & foto: Åshild Giving


4.klasse til Sentrumsstafetten

Fredag 25.april 2014

4.klasse stiller med 2 lag på Sentrumsstafetten på laurdag.

Lykke til!


Tekst & foto: Kari Myhre

SFO til Melkevikjo
 Fredag 25.april 2014

For ein herlig dag og gå til Melkevik!
Me er heldige som får bruka denne perla  :-) 


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Vårpuss før mai
Fredag 25.april 2014

Vekeoppdraget for dei tre dagane i neste veke er ryddeoppdrag for alle elevane i uteområdet. Me har også felt nokre tre så no skal elevane i 7.klasse vera med på saging og kløyving. Til slutt vert det eit fint vedlad i boden til mellomsteget. Alle elevane skal vera med på å bera veden ned på skuleplassen.
På biletet ser det 6.klasse som hjelp oss med allsongen i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka

Elevrådet ordnar opp
 Torsdag 24.april 2014

I går var det møte i elevrådet. Hovudtema for møtet vart trivselsleiarar og uteaktivitetar våren 2014. Klassane har vore svært flinke til å halde orden i kassane dei fekk i fjor med ulike leiker. Det som klassana har klart å ta vare på, får dei behalde. Dei vil også få noko nytt i kassane i mai.
Trivselesleiarane kjem til å leia ulike aktivitetar ute. Meir informasjon finn dui referatet frå møtet.

Tekst & foto: Lars Bakka


Stasjonsarbeid i 3 klasse
 Onsdag 23.april 2014

Onsdagar er det ofte stasjonar i 3 klasse.I dag hadde me 5 ulike stasjonar, der ein av dei var å baka grove scones.Mykje godt arbeid vart gjort både i dei 2 matematikkstasjonane, i leseforståing, i stillelesing og baking.Etterpå var det tid for å smaka på baksten og snakka engelsk rundt matbordet.



Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Anne Elisabeth Trevland & Gro A Halvorsen

"Bind deg ein blomekrans...."
Tysdag 22.april 2014

Det vart sommar i april den første dagen i SFO etter påskeferien med 20 grader og fint sommarver.

Foto: Elin Macsik Tekst: Lars Bakka

Velkommen til våren 2014 ved Sagvåg skule
Tysdag 22.april 2014

Som elev ved Sagvåg skule så har du mykje å sjå fram til i april, mai og juni. Vil du sjå kva me gjorde i fjor vår, så finn du mange bilete her>>

Vil du heller sjå bilete frå dette skuleåret så finn du dei på side 2

 

 

Koseleg påskelunsj
Fredag 11.april 2014

Klokka 10 var det tid for tradisjonell påskelunsj for alle elevane i gymsalen. Aasne var på jobb allereie kl 07.00 og kokte egg. Elevane sette tydeleg pris på denne fine tradisjonen og det vart ein fin lunsj i gymsalen med 160 elevar og lærarane som ivrige servitørar.

Filmar frå påskeavslutninga>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving


Påskeharen i SFO
Fredag 11.april 2014

Også i SFO var det påskestemning i dag. Borna har vore på jakt etter det påskeharen hadde gøymt...og dei fann noko....

Tekst & foto: Beate M Føyen

Frå Sagvåg skule til Norske talenter
Fredag 11.april 2014

I kveld kan du endå ein gong sjå
Gareth Whittaker i Norske talenter på TV-2. Det var Gareth som hadde parkoutundervisning hos oss i 2011


Tekst: Lars Bakka


Påskemysteriet
Fredag 11.april 2014

1.klasse etterforska i dag tidleg eit påskemysterium. Kven var det som hadde trakke i påskeliljene våre og nappa nokre av dei. Etter ei grundig etterforsking og funn av spor så konkluderte dei med at det var hjorten. Han likar eigentleg ikkje påskeliljer, men hadde likevel rota i blomsterbedet og nappa opp enkelte blomar. Han må nok snart på rektor sitt kontor!

Tekst & Foto: Lars Bakka


Påskemysteriet del 2
Fredag 11.april 2014

På Facebook vert Queensway skulda for hærverk. Det er til og med lagt ut bilete der Queensway rullar seg i blomsterbedet og plukkar påskeliljer!! Den det likevel hende at hjorten er uskuldig??
På Facebook seier Queensway at han er uskuldig!


Tekst & Foto: Lars Bakka


Leita høgt og lågt

Fredag 11.april 2014

Dei leita høgt og lågt etter den siste kyllingen i dag tidleg....lite visste elevane om at kyllingen faktisk var med på biletet ;-)

Tekst & Foto: Lars Bakka


Den siste kyllingen

Fredag 11.april 2014

Det var Malene og Julie som fann den siste kyllingen!
-Sofie og Vanessa berre sneik seg med på biletet :-)

Gratulerer!
Les meir på kullingsida vår>>

Tekst & Foto: Lars Bakka

Kokkekamp i 6.klasse

Torsdag 10.april 2014 
I dag har elevane i 6. klasse fått mange gode erfaringar med å lage mat, utan å få hjelp. Dei har vore med på kokkekamp. Resultata kjem etter påske. Erlend og Ann Tove har vore dommarar og gitt tilbakemelding på smaken. Det var kyllingkjøttdeig med ein fantastisk god saus og brownies som vant.

Tekst & foto: Åshild Giving


Kontrollørane
Fredag 11.april 2014

1.klassingane var med på ein runde og testa leikeapparata i dag. Det meste var dei svært nøgde med, men dei fann også enkelte ting å klaga på. Sølebytten framfor sklia må me få gjort noko med!

Tekst & Foto: Lars Bakka


Påskelunsj på SFO
Torsdag 10.april 2014

I dag avslutta elevane som har plass i SFO dagen med ein flott påskeluns. Du han sjå bilete her:


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Til eventyrskogen
Torsdag 10.april 2014

4.klasse har lært om eventyr.  Torsdag var me i eventyrskogen. Det var mykje fint å sjå, og me kjende att mange av eventyrfigurane. Gapahuken i Skjepåsen var svært fin. Elevane åt og leika der både før og etter at dei såg på eventyrfigurane.
Tekst & foto: Kari Myhre og Brita Flatøy
Nye stolar!?
Torsdag 10.april 2014

Nei, me har ikkje fått nye stolar i skulebiblioteket. Det er Egil og Lars som har trekt om dei 8 år gamle stolane som var nokså slitte. No er dei gode som nye med endå betre slitestyrke på trekket. Ta dei i bruk og nyt livet i skulebiblioteket vårt. Bibliotikarane har godkjent stolane :-)

Tekst  & foto: Lars Bakka


Styggfine troll!
Torsdag 10.april 2014
Desse flotte trolla har sete utstilt på skulen ei stund og der blir dei sitjande ei stund til - og ja, dei er styggfine, berre kom og sjå sjølv :-) Sjå heile biletet>>

Tekst  & foto: Hildegunn S Heimro


Mange aktørar på talarstolen!

Onsdag 9.april 2014 

I dag har det vore foreldremøte i 7. klasse.
Me starta med at rådgjevar og rektor frå ungdomsskulen var på besøk og fortalte om kva som ventar elevane på NUS.
Hovudtema for foreldremøte var Unge & rus og framføring av elevane sitt prosjektarbeid. Flotte framføringar av flinke elevar:-) Deretter var det gruppearbeid for føresette og elevar, med samtale rundt ulike problemstillingar.
Til slutt var det klassekontaktane som hadde ordet og snakka om praktiske oppgåver knyta til 17. mai.
Eit innhaldsrikt og kjekt møte!

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

Overtydande skrivehandling!
Onsdag 9.april 2014

Elevane i 7. klasse skulle skriva ein tekst som var overtydande og som hadde som formål å påverka lesaren. Me har nettopp hatt om Unge & rus, og valde difor å laga ein brosjyre retta mot ungdom for å få dei til å avstå eller slutta med ulike rusmiddel.Resultatet vart fine brosjyrar med både opplysande og overtydande innhald!

Tekst  & foto: Hildegunn Heimro

MGP 2014
Onsdag  9.april 2014 

Årets Melodi Grand Prix har i dag gått av stabelen på Sagvåg skule. Det vart ein kjempefest med mange tøffe elevar flotte innslag.
Vinnarane vart:
Open klasse: Erika-Kristin, Yvonne, Ingeborg, Thea, Benedikte Sara og Eline i 4.klasse med sketsjen "Bilturen"
Instrumental: Mathilde i 5. klasse på kornett: "My heart will go on"
Song: Lina og Tonje i 6. klasse som song duett: "Radioactive"
Dans: Angelo, breakdance
I tillegg vart det trekt ut fire ekstrapremiar blant alle som hadde delteke: symje- og kinobillettar gjevne av Kulturhuset.
Og tradisjonen tru: is til alle : )   Du kan også sjå tilbake på tidlegare MGP her>>

Filmane frå framsyninga finn du i Fronter

Tekst: Ingrid Kvernenes Misje Foto: Mange fotografar....


Vårleg og fint

Onsdag 9.april 2014

Det var klassisk fint vårver ved Sagvåg skule onsdag ettermiddag.

Tekst og foto: Lars Bakka


Påskepynt i SFO
Tysdag 8.april 2014

I dag har borna fått utdelt  lim og fjær... og vips så vart det påskepynt
:-)



Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Tilbake til steinalderen
Tysdag 8.april 2014 

3.klasse har vore på museum på Leirvik. Me fekk vere med på ein steinalderdag. Me fekk sjå på helleristningar, skyte med pil og boge, laga smykke, prøve å lage reiskap av stein og prøve å lage ild. Til lunsj fekk me smake nydleg steinbit som hadde blitt baka i ei kokegrop. Kjempegøy dag, meinte elevane.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Kyllingjakt

Tysdag 8.april 2014 

I dag har fleire av elevane funne små søte påskekyllingar rundt om på skulen vår. Ingen veit kor dei kom ifrå, men rykta seier at det skal vera 10 kyllingar. I skrivande stund er 6 kyllingar funne av observante elevar

Tekst & foto: Lars Bakka


Gode grove vaflar i SFO

Tysdag 8.april 2014

Mandag på SFO og litt for mykje mjølk enda i grove vafler. Ingen skal sei at barn ikkje likar grove vaflar, me gjekk tom for røre alt for tidleg :-)


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Sunnhordland vitja 7.klasse

Tysdag 8.april 2014 

Sunnhordland hadde sett på nettsida vår at me nyttar Kahoot i undervisninga. No kan de snart lesa meir om dette i lokalavisa vår!



Nye skulekrinsgrenser
Tysdag 8.april 2014 

I dag var det stor oppslag i Sunnhordland om familiar som har 1.klassingar som ikkje får byrja ved Sagvåg skule til hausten,  sjølv om dei har eldre sysken her frå før.
Les meir i
Sunnhordland>>

Tekst: Lars Bakka

SFO på tur
Fredag 4.april 2014

SFO rusla seg ein liten tur til Dybvikjo. Me var så heldige at pappaen til Liv Marit var på garden, så me fekk komma å sjå på den nyfødde kalven og kyr og sauer, stor stas og nydeleg ver!


Tekst & foto: Kornelia Matre



  Vekesamling
Fredag 4.april 2014 

I dag var det 4.klasse som gav oss flott vårsong i amfiet. Etter det var det fokus på vekeoppdrag som handlar om læringsmiljø.

Tekst & foto: Lars Bakka

Kunst og handverk
Onsdag 2.april 2014

Det kan kanskje virke litt strengt at ein skal sitte med høyrselsvern når ein skjærer linosnitt, men når nabogjengen hamrar på benkar og skammlar, var det ikkje så lett å konsentrera seg utan. Vondt i øyrene får ein også!
Me er i startfasen av eit par nye prosjekt og kunstnarspirerene i 7.klasse er i full aktivitet fredags føremiddag. Både skamlar, linotrykk og tidlegare prosjekt vert stilt ut til sommarfesten i juni.


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje
Til biblioteket
Onsdag 2.april 2014 

3.klasse har vore på biblioteket på Litlabø. I dag fekk me lære korleis me kan finne fram i bøkene på bibilioteket. Me lærte også at det ikkje er Kari Bolette, men Stord kommune som eig bibilioteket. Me åt maten vår utanfor bibliteket etterpå. Det var nydeleg vårsol.
 
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Besøk av MOT i 7.klasse

Onsdag 2.mai 2013
I dag hadde 7. klasse besøk av MOT. Dei to representantane frå 9. klasse ved Nysæter gjorde ein flott jobb med å fortelja om det MOT står for. Elevane i 7. fekk mellom anna svar på spørsmål om korleis det er å vera elev på ungsomsskulen, korleis reglane er, korleis "lappane" fungerer og mykje anna. 
Det å vera ein god ven og ha MOT til å sei ifrå dersom nokon blir plaga var det og fokus på. Me er sikre på at elevane ser fram til eit nytt møte i mai. 
Takk for besøket!

Tekst & foto: Kjell Byrknes



Til Fletaneset

Onsdag 2.april 2014

1. og 2.klasse var onsdag på tur til Fletaneset i det fine årveret.


Tekst & foto: Joy Turne

Lesing av oppskrifter!
Onsdag 2.april 2014 

"Kor mykje smør skal me ha ?" " Me skulle smelta smøret, står det i oppskrifta !"   "Var det 2 dl kakaopulver  ?"  "Nei, nei det var 1 s.s ! "
Dette var nokre av samtalane som føregjekk når 3 klasse baka muffins i grupper på 3 og 3.
Nyttig å gjera eigne erfaringar når ein skal forstå korleis ei oppskrift fungerar.
 
Resultatet vart 150 muffinsar som me skal kosa oss med ;)

 
Tekst & foto: Gro A Halvorsen


God stemning i SFO
Tysdag 1.april 2014 

På fredag kunne elevane i SFO nyta vårsola med nysteikte lappar og saft
 
Tekst: Lars Bakka Foto: Beate Føyen

Kantinedrift
Torsdag 27.mars 2014 

Det er flinke elevar som arbeider sjølvstendig og god og klargjer elevtantina kvar torsdag for elevane i 5.-6- og 7.klasse.
 
Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Steinalderen

Torsdag 27.mars 2014 

Visste du at det var seinalderbuplass rett utaføre skuledøra ?
3 klasse har tema steinalderen og dei har funne både bålplassar og kokegroper, pilspissar, flintsteinar, steinalderøkser + mange spor etter mammut og rein. Dei leika at dei laga klede og skor av skinn. Dei jakta på mammut frå tre og land. Dei hadde eigne jaktsjefar, våpentre og nokon nemnde at  at ein steinaldermann banna når han fekk ei pil i skuldera ?!  Til og med bergbilete var det spor av :)
Når dagen var over og det var tid for å gå heim sa mange NEI NEI me vil leika meir !
 
Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Ungt entreprenørskap
Onsdag 26.mars 2014
 
To grupper med elevar frå 5.-6. og 7.klasse har i dag delteke i "Ungt entreprenørskap" i kommunestyresalen, med kommunalsjef og ordførar som dømmarar, og rektorane som "heiagjeng". Elevane frå Sagvåg, Rommetveit, Hystad og Leirvik skule hadde flotte framføringar. Etter ein "superfinale" der me hadde eitt lag med, vart det elevar frå Hystad skule som fekk representera Stord i konkurransen i Bergen.
Tekst & foto: Lars Bakka

Matematikk er gøy!

Tysdag 25.mars 2014
 
I dag har småskulen vore på tur til Solidbanen og der hadde me matematikkdag. I området rundt banen var elevane rundt på ulike postar der dei jobba med ulike matematikkoppgåver. Konstruksjon, logisk tenking, teljing, måling og vekt var noko av det elevane fekk prøva seg på. Det vart også tid til leik, fotball og ein god matpause med grilling i den flotte vårsola :-)
 
Tekst & foto: Anne Brit Holm

Tegnspråkprosjekt
Tysdag 25.mars 2014

I ettermiddag var det informasjonemøte om eit tegnspråkprosjekt som er arbeider med i 1.klasse. De kan lesa meir om prosjektet her>>

Tekst & foto: Lars Bakka


Glad gjeng i SFO
Tysdag 25.mars 2014
Ein glad gjeng i SFO
 
Tekst & foto: Beate Føyen


Kunst & handverk i 4.klasse
Fredag 21.mars 2014
 
Kjekt med sløydprega forming. I dag var det smørjeknivar som skulle pussast. Medan halve klassen var på sløyden, øvde resten av klassen seg på å laga fine teikningar i Paint på datamaskinen.
 
Tekst & foto: Brita Flatøy


SFO til Fletaneset
Fredag 21.mars 2014
I dag er SFO på tur til Fletaneset.
 
Tekst & foto: Beate Føyen
 

Siste nytt frå Elevrådet!
Fredag 21.mars 2014

Her finn du det siste referatet frå Elevrådet>>

Foto: Anne Elisabeth Trevland Tekst: Lars Bakka


Vekesamling
Fredag 21.mars 2014

I dag var det elevane i 2.klasse som song to fine vårsongar for oss i amfiet. Nytt vekeoppdrag handlar om at me hjelper til å halda toaletta reine og fine.

Ein liten film frå samlinga>>

Tekst & foto: Lars Bakka


Nye softballar
Fredag 21.mars 2014

Dei nye softballane var kjekke å leika med i gymmen i dag. Det var 1.klasse som fekk testa dei først.

Tekst & foto: Lars Bakka

Scones i 4.klasse
Torsdag 20.mars 2014
På tysdag laga 4.klassingane  grove scones på kjøkkenet. Dei smakte svært godt. Elevane koste seg og åt seg gode og mette.
 
Foto: Ingrid Kvernenes Tekst: Brita Flatøy

Klar som eit egg
Torsdag 20.mars 2014


I dag har elevane fått velje kva for måte dei skulle jobbe med egg. Dei fekk velje mellom kokt egg, speilegg, omelett og eggerøre. Dei fekk bestemme nokre ingrediensar sjølv. Dei bakte to brød og muffins. Dei var kjempeflinke til å samarbeide og viste at dei er klar for kokkekamp.


Tekst & foto: Åshild Giving

 

Notelæra med
Fredag 14.mars 2014
Fredag var det notelæra med Kahoot i 5.klasse. Elevane var engasjerte og jubla når mange svarte rett, men det kom også enkelte "Åååå, nei!"  Lurer du på kva Kahoot er? Les meir her>>
Ein liten film>>

Tekst & foto: Lars Bakka


G
itaristar i 1.klasse
Fredag 1.mars 2014

I dag fekk 1.klassingane før første gong prøva gitarane. Enkelte elevar hadde prøvd å speløa før, men for mage av elevane så var dette første gongen.

Tekst: Lars Bakka Foto: Maria Lind


Vekesamling
Fredag 14.mars 2014

I dag var det elevane i 1.klasse som gav oss kulturinnslaget i vekesamlinga. Vekeoppdraget held fram:


Tekst & foto: Lars Bakka


Band i 1.klasse

Fredag 14.mars 2014

Alle elevane i 1.klasse skal i løpet av mars og april få prøva å spela i band. Me har bassgitar, el-gitar keyboard og trommer. I dag ver den første gruppa på bandrommet.

Tekst & foto: Lars Bakka

SMARTare energi 2014

Torsdag 13.mars 2014

Elevane på mellomsteget har jobba i grupper på tvers av klassane i to dagar denne veka. Dei fleste gruppene arbeidde med oppgåva: "Korleis er vegbelysninga i Noreg i år 2050?"
Det var kjekt å sjå at samarbeidet  fungerte godt. Elevane har vist kreativitet og evne til nytenking.
Dei har laga  flotte modellar og PowerPoint presentasjonar. 
Alle gruppene hadde framføringar i amfiet. Dei to gruppene som hadde dei beste forslaga  skal vidare  til kommunefinalen 26 mars.
Film og bilete:

Tekst: Kjell Byrknes Foto: Åshild Giving


Nye pc-ar

Torsdag 13.mars 2014

I dag fekk enkelte elevar på mellomsteget sjå på dei to pc-ane som kanskje vert nye elevpc-ar til hausten. Dei maskinane me har var leasa for tre-årsperiode. Til skulestart hausten er det tid for nye. Elevane var delte i snyet på om ein burde velga den store eller den litt mindre pc-en. IKT-avdelinga tek den endelege avgjera. Det vert uansett raske og gode maskinar!

Tekst & foto: Lars Bakka


Sol og fint

Onsdag 12.mars 2014

Bilete frå 6.klasse. (Tekst kjem)
I dag bada Sagvåg skule i solskinn, og varmegradene vart så talrike at dei klarte å lure boblejakka av dei felste. 6. klasse valte difor å byte ut klasserommet og tok med seg skrivearbeidet ut i skulegarden.

Tekst & foto: Erlend Thorsen

Bokbad
Onsdag 12.mars 2014
Bibliotikarane våre badar i bøker! Mange elevar har komme med ynskje om nye bøker frå Mammutsalet. No er bøkene på plass, og mange nye og fine bøker står på toppen av hyllene i skulebibliteket :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


10 år sidan i dag

Onsdag 12.mars 2014
Visste du at det i dag er 10 år sidan bygginga av ny Sagvåg skule tok til? Det var den 12.mars 2004 det første spadetaket vart teke, det skulle ta omlag to år med bygging før me kunne flytta inn i skulen i januar 2006.
Bilete frå 12.mars 2004:
Tekst & foto: Lars Bakka

Oppslag i Sunnhordland
Onsdag 19.februar 2014

I dag var det oppslag i Sunnhordland om framlegget til nye krinsgrenser. Fram til 19.mars er det høyring på framlegget. Les meir>>

Desse tre dokumenta bør vera av interesse for mange:

Høyringsdokument om krinsgrenser
Kart skulekrinsar
Høyringsbrev

Sjå også nettsida til Stord kommune
Tekst: Lars Bakka

Alt for stor fotball!
Fredag 7.mars 2014
I dag spelte 1.klasse kamp med ei alt for stor fotball i gymmen! Det var utruleg kjekt og god innsats av alle!!

Tekst: Lars Bakka Foto: Katarina Melkevik Dahle

Vår i SFO
Tysdag 11.mars 2014
I dag merka me stor forskjel på sola! Heile plassen bada i sol og ungane har kosa seg i sandkassen  dette er eit godt vårteikn :-)

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Bokmerke i 4.klasse
Fredag 7.mars 2014

I dag har 4.klasse laga flotte bokmerke i kunst & handverkstimen. 

Tekst & foto: Kari Myhre

Vekesamling og nytt oppdrag
Fredag 7.mars 2014

Fredag er vekesamling ved Sagvåg skule. Heile skulen samlar seg då i amfiet til kulturinnslag frå ein av klassane og vurdering av veka som gjekk. Denne veka var det 7.klasse som gav oss ei stemningsfull start på dagen denne gongen. Det har vore orden i garderoben som har vokre fokus i veka som gjekk. Klassane hadde gjort ein flott innsats. I neste veke fokuserer me på å høyra etter når andre snakkar.

Tekst & foto: Lars Bakka

Onsdagstur
Onsdag 5.mars 2004
Onsdagsturen til 1. og 2. klasse gjekk i dag til parkeringsplassen ved Utslettefjellet. I tillegg til å steikja pinnebrød på bål, vart det også tid til mykje leik og aktivitet i området rundt.

Tekst & foto: Anne Brit Holm


Bibelen i 6.klasse
Fredag 7.mars 2014

I dag har me øvd på å slå opp i Bibelen. Første oppgåva var å finne innhaldslista til det nye testamentet. Etter kvart fekk dei eit oppgåveark. Elevane skulle til dømes finne ut kva for dyr det står om i Matt. 19,24. 



Tekst & foto: Åshild Giving

Laks med rød curry paste og kokosmelk
Onsdag 5.mars 2014


Me har spist restane av laksen me fekk frå Sjøtroll på Bømlo. Elevane fekk oppskrifta og måtte sjølv fordele oppgåver. Middagen blei kjempegod. Her finn de mange gode middagsrettar. http://www.godfisk.no/

Tekst & foto: Åshild Giving

Kva er det dei skal laga i SFO?

Tysdag 4.mars 2014

I dag har borna på SFO vert kunstnara! Flotte teikningar som me skal fortsetja og bruka i morgon....

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Fine gardiner

Fredag 28.februar 2014

I vinterferien vart det montert nye gardiner på kjøkenet og på "Petarteigen". Desse romma har vore utan gardiner etter brannen for tre år sidan

Tekst & foto: Lars Bakka


Støtte til nye krinsgrenser
Onsdag 5.mars 2014

Både FAU og SU gjorde i kveld vedtak om at dei støttar rådmannen  sitt framlegg til rettleiande forskrift om krinsgrenser. Referat frå møta vert lagt ut på nettsida straks dei er klare.

Tekst: Lars Bakka

Bilete frå kursdagen
Fredag 28.febnruar 2014

Fredag hadde Sagvåg og Litlabø barnehage kursdag på Sagvåg skule.

Foto:
Anita G. Borrevik

Vinterferie men full parkeringsplass!
Fredag 28.febnruar 2014

Fredag hadde Sagvåg/Litlabø barnehage kusdag på Sagvåg skule. Desse barnehagane kjem no til å nytta "Det er mitt val". Dette er det samme programmet i arbeidet for betre skulemiljø som vår skule nyttar.

 

Tekst & foto: Lars Bakka


Fastelavn på forskot i SFO
Fredag 21.febnruar 2014

På grunn av vinterferien vart det laga Fastelavnris på SFO allereie i dag. Borna tek med seg vårleg pynt heim denne siste dagen før vinterferien!



Foto: Kornelia Matre Tekst: Lars Bakka



Stemningsfull vekesamling
Fredag 21.februar 2014

Det var 6.klasse som gav oss kulturinnslaget på vekesamlinga i dag. Elevane har i to veker hatt fokus på bruka av den digitale læringsplattformen Fronter. Før skuleslutt i dag og i den første veka etter vinterferien er vekeoppdraget "God orden i garderobane". Når elevane klarer å halde god orden her, så er også dette til god hjelp for reinhaldarane.

Tekst: Lars Bakka


Takk til studentane ! 
Fredag 21.februar 2014

Den siste timen studentane hadde i 7. klasse blei ein time der elevane fekk praktiske oppgåver som skulle løysast på eitt minutt. "Vinn på minuttet"!
Det var stor stemning og spenning til siste sekund.
Nokre imponerte stort !

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Høyringsrunde om nye krinsgrenser

Onsdag 19.februar 2014

Fram til 19.mars er det høyring på framlegget til "Rettleiande forskrift for krinsgrenser" for skulane i Stord kommune. I denne perioden kjem både FAU og SU til å uttala seg om framlegget.
Det vart skrivne inn 36 elevar i 1.klasse ved Sagvåg skule for hausten 2014. Skulen vår er ikkje bygd for parallellar og skal då ha sju klassar med maksimalt 28 elevar på kvart steg. Både Litlabø skule og Tjødnalio skule har ledig kapasitet til å ta imot dei elevane som etter dette framlegget får skuleplass på ein av desse to skulane.

Desse tre dokumenta bør vera av interesse for mange:

Høyringsdokument om krinsgrenser
Kart skulekrinsar
Høyringsbrev

Sjå også nettsida til Stord kommune

Tekst: Lars Bakka


Nye bandymål
Onsdag 19.februar 2014

I dag kom det nye mål til innebandy. 10 minutt etter at dei kom var dei i bruk :)


Tekst & foto: Kjell Byrknes


"Den lange reisen"

Onsdag 19.februar 2014

I dag har me vore på utstillinga "Den lange reisen" på Kulturhuset. Den handla om kongefamilien under krigen. Det var spennande å høyre, og kjekt å sjå.



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Til biblioteket på Litlabø
Onsdag 19.februar 2014

6.klasse har vore på biblioteket på Litlabø i dag.  Kari Bolette starta med ei  koseleg lesestund.  Elevane  lånte bøker og spelte spel. På vegen til skulen fekk dei ein fin tur med eit lite glimt av snø og vinter.



Tekst & foto: Åshild Giving

Konsert med HSH-studentar
Fredag 14.februar 2014

I dag fekk både storskulen og småskulen oppleva flott konsert medmusikkstudentar frå HSH. Om nokon lurte på kva reven seier...så fekk dei svar på det også! Også fem flinke elevar i 2.klasse var med på senen.

Bilete frå konserten til
1.-4.kl:
5.-7.kl:


Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen og Lars Bakka
   

 

Tesla-debatt i 7.klasse!
Fredag 14.februar 2014
 
I 7. klasse har elevane hatt om debatt og argumentasjon.
Rektor synes Tesla er ein fantastisk bil og har denne bilen øvst på ynskjelista si. Han ser berre positive sider og snakkar varmt om denne bilen.
Er bilen så fantastisk som han trur eller blir han lurt av god reklame?
Me inviterte rektor til debatt! 
Elevane fekk i oppgåve å finna argument som tala mot Tesla.  Argumenta på begge sider var gode og både "miljøaktivisten", "den nyskjerrige", "den kritiske"  og "skeptikararen" var synleg i klassen.
Rektor er framleis like bestemt - gode argument mot eller ei. Me kunne ikkje fortsetja debatten i dag, men trur så  absolutt ikkje den er over!


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
Sjølvportrett i 6.klasse
Torsdag 13.februar 2014

Torsdag 13.02 var det 6. klasse sin tur til å teikne sjølvportrett i kunst og handverk. Elevane fekk utdelt eit bilete av seg sjølv som dei bretta på midten og skulle spegle. Det fekk og linjal som hjelpemiddel for å måle opp kvar dei skulle teikne. Me studentane hadde fått i oppgåve frå høgskulen og ha portrett teikning i praksis. Me var veldig spente og gleda oss. Etter intro om kva som er viktig å tenkje på når ein teikner portrett og der me viste dømer, prøvde elevane sjølv. Alle jobba veldig godt og me såg stor utvikling hos alle elevane. Me vart ikkje ferdige, og skal arbeide vidare neste veke. Dette gler me oss til!

For studentane: Thea-Kristin Angeltveit
Internasjonale matrettar
Torsdag 13.februar 2014

I går hadde 6. klasse mat og helse heile dagen. 10 foreldre og 3 elevar frå vaksenopplæringa har laga mat med elevane. Tusen takk til alle som har vore med å gjera denne dagen til ei flott matoppleving. Ein stor takk til Fiskesprell og Sjøtroll, som har sponsa oss med råvarer.

Meny:
Fiskerettarfiskesuppe,  wraps, laksefilet i folie, skattekiste frå havet, fiskesuppe, breiflabb og spansk omelett, baccalao
Kjøtrettar: kylling, curry, wraps, vårrullar

Bilete frå matdagen:
Bilete frå kvelden:

Tekst & foto: Åshild Giving

Kjekt på SFO
Torsdag 13.februar 2014

I dag var det pølse i brød og lompe spm var menyen på SFO! Ungane åt godt! Etterpå vart det litt dans med Martina og så såg me film! Kjempekjekt!



Tekst & foto: Kornelia Vestvik Matre
Utryddingstrua dyr
Torsdag 13.februar 2014

4.klasse har lært om utryddingstrua dyr. I dag vart klassen delt i  6 grupper som skulle laga plakat om kvar sitt dyr. Når plakatane er ferdige, skal gruppene fortelja dei andre i klassen om det dyret dei har laga plakat om.



Tekst & foto: Brita Flatøy
7.klasse på Vikahaugane
Onsdag 12.februar 2014
 
Det er alt full aktivitet for 7. klasse på Vikahaugane. Litt seinare skal dei på skeisebana. Fleire bilete kjem etter kvart.


Tekst & foto: Kjell Byrknes
Nytt frå elevrådet
Onsdag 12.februar 2014
 
I dag har det vore møte i Elevrådet. Referat finn de her>>

Tekst: Lars Bakka  Foto: Anne Elisabeth Trevland
Dårleg gjort!
Onsdag 12.februar 2014
 
Medan elevane plantar blomar, ryddar ute og gjer det fint rundt skulen vår, så er det nokon som prøver å køyre opp bakken vår med bil! Det er ingen garanti at ein vert klokare om ein er stor og over 18 år....

Tekst & foto: Lars Bakka
IKT i skulen
Onsdag 12.februar 2014
 
No er det til og med Internett på smashballane!.....
eller...
.....ganske smart å bruka øydelagt datakabel som tau i smashballen. Kanskje held han lenger enn dei taua me har brukt til no!

Tekst & foto: Lars Bakka
Korleis byggjer me bruer ?
Onsdag 12.februar 2014
 
3.klasse har tema bruer og andre byggverk . Først var dei på tur og såg på bruer i nærmiljøet vårt, så bygde dei sine eigne bruer. Det vart behov for  kreativ tenkjing når ein skulle finna ut korleis bruene kunne bli stabile . Mange utfordringar, men med avstiving og trekant- konstruksjonar vart det mykje betre :)
 

 

Tekst & foto: Gro A Halvorsen
Overrasking i SFO
Onsdag 12.februar 2014
 
I går overraska me borna på SFO med bål og marshmellows. Dei av borna som hadde med seg ostesmørbrød fekk aluminiumsfolie på og så la me dei på bålet :) Etter mat fekk borna pinnar som dei kunne spidda marshmellowsen på. Mange fornøyde born som synes dette var kjekt! Me fekk også tid til litt leik og fotballspel :)
 

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
Portrett!
Tysdag 11.februar 2014
 
Portrett var stikkordet i K&H då studentane gav 7. klasse ein portrettpresentasjon av Munch i form av drama, og etterpå leia dei gjennom ein prosess med å teikna eigne portrett.
 
Fin omvisning på "Munch-museet" og flotte resultat av teikningane til elevane, sjå berre her:
 

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
Leikestund
Måndag 10.februar 2014
 
Kvar fredag avsluttar 1. og 2.klasse veka med å ha leikestund i lag. Her er nokre bilete frå leikestunda me hadde på fredag :-)
Tekst & foto: Anne Brit Holm
1.kl er sterkare enn rektor!
Fredag 7.februar 2014
1.klasse viste at dei var mykje sterkare enn rektor. Rektor klarte ikkje å løfta den store tjukkasen over hovudet, men det klarte første klasse heilt fint! Flott samarbeid!

Tekst& foto: Lars Bakka
SFO til Raugaløo
Fredag 7.februar 2014
I ettermiddag var SFO på tur til Raugaløo. Her er nokre bilete frå turen.


Tekst & foto: Beate M Føyen
Veksesmling
Fredag 7.februar 2014
Det var 4.klasse som opna dagen på sagvåg skule fredag 7.februar. Det vart flott korsang i amfiet før vekeoppdraget vart evaluert. Dei fleste klassane hadde gode resultat på oppdraget "På rett stad til rett tid.".
I neste veke er oppdraget "Frontekurs for alle". Allereie 12.30 på måndag stiller alle i 1.-4.klasse  på felleskurs i amfier!
Tekst & foto: Lars Bakka
Vintersamling
Onsdag 5.februar 2014
I dag har småskulen hatt vintersamling og det var 2.klasse som hadde ansvaret for samlinga. Det var mange fine innslag frå dei ulike klassane og me fekk høyra både kornett, fiolin og vakker song. Me håpar framleis på at det kjem snø og fellessongane våre handla om ski, snømenn og vinter:-)
 

Tekst: Anne Brit Holm  Foto: Ingrid K. Misje

Beat for beat
Onsdag 5.februar 2014

Måndag 03.02 hadde 6. klassen «Beat for beat» i musikktimen. Dei vart delt inn i fire lag og samarbeida om å kjenne igjen artistar og songar. Oppgåvene var blant anna quiz, høyre instrumental songar, høyre opplesing av songtekst og opne luker på Smart Board. Etter god innsats frå alle lag vart det ein knapp siger til lag 3!

Tekst & foto: ...studentane...

Snart internasjonal kveld
Onsdag 5.februar 2014

Foreldra i 6. klasse har planlagt kva for matrettar dei skal lage på internasjonal kveld 12. februar.

Tekst & foto: Åshild Giving
Klar for internasjonale matrettar i 6. klasse
Onsdag 5.februar 2014

I dag har elevane gjort en fantastisk innsats i mat og helse. Dei er klare til å lage middagar til den internasjonale kulturkvelden onsdag 12. februar. I dag har dei laga spagetti bolognese, salat, sjokoladepudding og vaniljesaus. Legg merke til at salaten har gulrøter som er hjarteform
 

Tekst & foto: Åshild Giving
Biblioteket
5.februar 2014

I dag var 3. klasse på bibliotekbesøk. Kari Bolette fortalte ei kjekk historie til oss, og me fekk låne bøker. Alltid kjekt å få komme til Samfunnshuset på besøk.



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
     
     
     
     

 

 







 

 

 

   



"VÅRT LOKALSAMFUNN"
Tysdag 4.februar 2014
 

I dag har 4. klasse hatt besøk av ordførar Liv Kari Eskeland. Ho har hatt eit opplegg i klassen som heiter "Lokalsamfunnet vårt". Det er "Ungt Entreprenørskap" som har ansvar for dette opplegget som er eit samarbeid mellom skule og næringsliv.
Elevane har lært mykje om kva eit lokasamfunn er, og kva me har bruk for og ynskjer å ha i eit lokalsamfunn. Dei har vore flinke og engasjerte.
Me har hatt ein lærerik og kjekk dag! Tusen takk til ordføraren!

 
Oppslag i Sunnhordland

Tekst & foto: Kari Myhre



Teknisk teikning i SFO
Tysdag 4.februar 2014

I dag har dei eldste borna på sfo sett seg for å teinka kva dei vil laga på sløyden... Snart kjem både sag og hammar til å vera i sving :-)



Tekst & foto: Elisabeth Magnussen



Lesevekene
Fredag 31.januar 2014
 

Det har vore to flotte leseveker med veldig varierte oppgåver. Leseveka avslutta med ei framføring frå dramagruppa. Lina har laga replikkane sjølv ved å improvisere. 
Alle elevane har vore kjempeflinke med å dramatisere.  Noen elevar kunne replikkane uten å sjå på arket allerede ved dei første øvingene. 


Ein liten film>>

Tekst: Åshild Giving  Foto: Kjell Byrknes


Leik i SFO
Fredag 31.januar 2014

Veka vart avslutta med ei kjekk leikestund i SFO

Foto: Beate M Føyen




Heimelaga kjøtkaker
Onsdag 29.januar 2014
 

Me hadde fantastisk flinke kokkar på kjøkenet. Dei laga heimelaga kjøtkaker i brun saus med potetstappe og gulrot. Elevane bruna mjøljamning og det var ikkje noko sukkerkulør!  I tillegg så var dei gode på å rydde og vaske opp før 
maten blei servert. 


Tekst & foto: Åshild Giving


Stasjonsarbeid
Torsdag 30.januar 2014
 
Torsdagar har 1. og 2. klasse stasjonar saman i K&H og norsk. Biletene viser nokre av aktivitetane me har hatt denne veka.



Tekst & foto: Jenny S Skjønberg


Tacofest med besøk
Onsdag 29.januar 2014


I dag fekk me besøk av Liljan! Dette feira me med tacofest :-)
Her fekk borna prøvd nye smakar og forsyna seg sjølv. Stemninga var svært god, og alle åt seg godt mette.


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Can I get some more soup?

Onsdag 29.januar 2014
 

3. klasse har vore kjempeflink og laga grønsaksuppe i dag. Me koste oss med suppa medan me snakka engelsk saman.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Film i SFO
Onsdag 29.januar 2014

I det siste har me prøvd å ha litt matro under måltida i SFO. Dei som har klart dette har fått stjerner. Som "premie" skulle dei med ti stjerner få sjå ein episode med Oscar's oasis. Dei som skulle få sjå ville dela denne premien med alle, så i dag blei det snurr film under måltidet!
Latteren satt laust hos mangen :-)





Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Klokketrening i 2.klasse
Onsdag 29.januar 2014

2.klasse lærer seg klokka!! Dette er kjekt, litt vanskeleg, utfordrande...  men veldig nyttig kunnskap! Elevane er motiverte og me skal kunna heil og halvtime no i starten.




Teklst & foto: Anne Brit Holm


"Ny" Smartboard

Onsdag 29.januar 2014

I dag har både 3. og 6.klasse fått "ny" Smartborad. Det vil seie at dei har fått ny projektor til den gamle Smartboarden. Då vert han leiiare å bruka, og meir lik dei andre Smartyboardane. Det er no gode Smartboadar i alle klassaromma på skulen.

Tekst & foto: Lars Bakka


Til rektor
Onsdag 29.januar 2014
 
I dag fekk endå ei gruppe elevar frå 1.klasse lov til å komma til rektor for å jobba. Det var flinke gutar som hadde arvbeidd stille og godt i klasserommet. Permien var å få jobba samen med rektor. Elevane hadde matematikk, og etterpå var det mat på kontoret.
 

Tekst & foto: Lars Bakka


Drama på mellomsteget

Tysdag 28.januar 2014


Dramagruppa starta med å helse på kvarandre på ulike måtar.  Dei hadde fleire øvingar kor dei måtte å samarbeide godt. Etter kvart fekk dei roller i eit  skodespel
som gjekk føre seg i klasserommet. Dei hadde ei lita framsyning.



Tekst & foto:Åshild Giving



Lydbøker & Paint
Tysdag28.januar 2014
 
Elevane på mellomsteget  skal denne veka  lesa bøker, både på skulen og heime. 
Dei skal og lytta til lydbøker, dramatisera og laga illustrasjonar. 
Dei arbeider på tvers av klassane, noko som fungerer godt. 

Tekst & foto: Kjell Byrknes



Danseleik på SFO
Tysdag28.januar 2014
 
I dag har borna på SFO hatt kjekk danseleik i gymsalen


Tekst & foto: Beate M Føyen


Lærarane på kurs
Måndag 27.januar 2014

I dag har det vore kursdag med Gerd Fredheim ved Sagvåg skule. Det var lærarar frå Rommetveit, Tjødnalio og Sagvåg skule som var med på denne kursdagen.

Tekst & foto: Lars Bakka


Me måtte til rektor!
Fredag 24.januar 2014
 
I dag måtte ein heil gjeng med 1.klassingar til rektor! I første klasse er det fokus på arbeidsro...... men det var ikkje dei som var urolege som måtte til rektor. Tvert imot så er det elevar som er flinke til å jobba godt som får lov til å arbeida i fred og ro saman med rektor på kontoret. Det var ein flott gjeng å ha på besøk. Me får håpa at mange 1.klassingar er så flinke at dei får lov til å jobba saman med rektor i vekene framover :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


Vekesamling
Torsdag 23.januar 2014
 
I dag var det 2.klasse som stod for kulturinnslaget på vekesamlinga.
Mange av klassane hadde gjort ein fin innsats i veka som gjekk. I neste veke er oppdraget "På rett stad til rett tid!" Då set me fokus på å komma til timane til rett tid og finna fram bøker og utstyr fort og greitt.

Tekst & foto: Lars Bakka


Eg er Lisa, eg er fin
Torsdag 23.januar 2014
 
I dag var 1. og 2.klasse så heldige å få vera med på ei framsyning med og av Atle Hansen og Magdalena F. Delis.
Utgangspunktet for framsyninga var songen "Lisa gjekk til skolen" og alt Lisa opplevde på vegen. Me fekk høyra fin song, vakker dans og me fekk delta med rytmar. Ei kjekk stund for store og små :-)


Tekst & foto: Anne Brit Holm


1. og 2. klasse på tur

Onsdag 22.januar 2014
 
Onsdag gjekk turen til parkeringsplassen ved Utslettefjellet. Ved skulen var det kald vind, men der borte var det lunare. Me kosa oss med niste, fiskekaker på bål og leik i skogen.

Tekst & foto: Joy Turner




Tekst kjem


Fint for fuglane

Torsdag 23.januar 2014

Om nokre av femteklassingane er litt støvete når dei kjem heim frå skulen på onsdagane er det ikkje fordi dei har sutte inne og gjort ingenting. Etter lunsj er det sløyd så busta fyk. Dei er veldig godt i gong med dei sjølvdesigna fuglematarane. Temaet er ville dyr. Dei har laga skisser av eit sjølvvald dyr, stilisert/foreinkla det og teikna omrisset over på materiale. Grovsaginga har dei fått hjelp til, men sjølv må dei finsaga, fila, borra, pussa og beisa før produktet er ferdig. Dei vert så fine! Og forhåpentlegvis skal dei vere til glede for småfuglane heime i hagane i fleire år framover.


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Elevrådsmøte
Torsdag 23.januar 2014

Onsdag var det møte i Elevrådet. Mange saker vart tekne opp. Både Elevrådet og rektor har svart på alle skalene som vart drøfta.

Du finn referatet her>>


Måling i 1.klasse

Onsdag 22.januar 2014

Me har måla oss sjølv, kvarandre og tre ute!

Tekst & foto: Joy Turner


Glimt frå leseveka i 7. klasse!
Onsdag 22.januar 2014

Det var tyst som berre det i dag morges, då me starta dagen med 20 minutt stillelesing. Det er kjekt når elevane finn roen og kosar seg med lesinga - det er det me ynskjer for dei :-)

Lesevekene våre går over to veker. Denne veka er det stillelesing på skulen (og heime) som er i fokus, medan neste veke skal elevane jobba på tvers i grupper med lesing, illustrasjon og drama. 


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


Reveenka i SFO
Onsdag 22.januar 2014

I dag har nokre av borna høyrd eventyret Reveenka. Etterpå fekk dei i oppgåva å teikna det dei hadde høyrd! Det blei mange fine teikningar!



Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Frå Facebooksida vår


Leseveke

Måndag 20.januar 2014

No er lesevekene godt i gong på mellomsteget.  6. klasse har fått god tid til å starte på bøkene.  Me ser fram til to veker med god leselyst.

Tekst & foto: Åshild Giving


Ryddig og fint.....og ingen skule

Fredag 17.januar 2014

Fredag ettermiddag var ikkje berre gamle Sagvåg skule riven, det meste av restane var også fjerna. Det er mest utruleg at det har vore ein heil skule på den vesle tomta og den smale grunnmuren som står att.
Stort bilete>>



Hausten 2005 var det framleis full drift
ved gamle Sagvåg skule


Kva var kjekt på gamleskulen?


Tekst & foto: Lars Bakka


Filmnatt...
Fredag 17.januar 2014

Denne helga har skulekorpset innteke Sagvåg skule. Korpset leiger skulen fredag til søndag. Natt til laurdag var det overnatting og filmkveld i amfiet.


Tekst: Lars Bakka Foto: Hans Petter Almås


Flott arbeid i engelsktimen
Fredag 17.januar 2014

I dag har John Martin lagt ord- og biletkort på engelsk. Det var heile 117 kort tilsaman!


Tekst & foto: Aasne H Vikanes


Operaframsyning
Torsdag 16.januar 2014
Onsdag gav  "Den Kulturelle Skulesekken" oss ei ekte operaframsyning. Det var Camilla Wiiig Revholt, Ingvild Storhaug og Marita Vårdal Igelkjøn som hadde ei flott framsyning om Berta, Rosina og pianoheksa Urd.
Dei hadde eit humoristisk show med fin kontakt med elevane, og ungane synest det var "skikkelig kuuult" med opera!



Tekst: Egil Petterteig Foto: Ingrid K Misje


1. og 2. på tur

Tysdag 14.januar 2014

1. og 2. klasse har vore på tur i skogen i dag. Når me kom opp til skulen att vart det tid til litt aking.



Tekst & foto: Jenny S Skjønberg


Til Fletaneset

Tysdag 14.januar 2014
Tysdag var 3. klasse på tur til Fletaneset. Me såg på landskapet. Me såg nes, bukt, vatn og halvøy.  Me laga firkantbål og spidda pølser. Det var meininga at elevane skulle lære å lage bål, men det var nokre innpåslitne svanar der som tok heile merksemda. Det var flott for både elevar og lærarar å få nokre timar ute i sola.


Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto Gro A Halvorsen & Anne Elisabeth Trevbland


Stasjonar i 4.klasse

Tysdag 14.januar 2013

Tysdagane har 4.klasse oftast stasjonar med oppgåver i ulike fag. Tysdag øvde elevane på gongetabellen, dei arbeidde med ulike oppgåver i norsk, øvde seg på touch på datamaskinen og spelte sjakk. Det var ei god arbeidsøkt.

Tekst: Brita Fløatøy Foto Brita Flatøy & Kari Myhre


Ikkje mykje igjen
Måndag 13.januar 2014
No er mest heile den gamle Sagvåg skule riven. No er også gymsalen borte og det er berre kjellaretasjen som står att.
Fleire bilete av gamleskulen>>


Tekst: Lars Bakka Foto: Elin B Macsik (Foto 1997: Lars Bakka)


Fine ord og gjerningar!
Fredag 10.januar 2014

Som eit ledd i verdiprogrammet ved skulen "Det er mitt val", skulle 7. klasse i dag skriva positive og fine kommentarar til kvaranrde på papptallerkenar som dei hadde bak på ryggen. Denne aktiviteten passa fint saman med vekeoppdraget for neste veke - Me seier fine ting om og til kvarandre!Elevane syntes det var kjekt å skriva og spennande å lesa kva dei andre hadde skrive:-)Det vart ikkje berre sagt fine ting i dag, men òg gjort fine ting: Martina hadde baka scones på kjøkkenet som ho kom opp med og delte ut til heile klassen på slutten av dagen:-)




Tekst og foto: Hildegunn S Heimro

Venner i praksis!
Fredag 10.januar 2014

I førre veke fann alle elevane på Sagvåg skule ut at det viktigaste av alt var venner!Den neste veka skal me gjera ord om til handling og ha fokus på venskap mellom elevane. Oppdrage er: "Me seier fine tilg om og til kvarandre!"

Tekst : Lars Bakka

Origami
Torsdag 9.januar 2014

Origami er japansk brettekunst, noko til pynt og noko til nytte. Det er mykje geometri i brettinga og måling i dekoreringa. Me får brukt nokre av dei små grå!
På måndag bretta me bokmerker i 5. klasse. Bokmerkene skal festast over hjørnet av arket i boka, det vart visst ingen bilete av akkurat det. Berre fantasien set grenser for korleis dei kan dekorerast, her vart det mykje dyr og monster.


Tekst og foto: Ingrid Kvernenes Misje
 


Onsdag 8.januar 2014


6. klasse forbereder seg til Internasjonal dag 12. februar.
Me er så heldige å få 10 foreldre som kjem i skuletida og lagar mat saman med elevane.  Dei skal laga 5 kjøtrettar og 5 fiskerettar frå ulike kulturar. Søknaden til Fisksprell blei godt motteken og klassen får pengestøtte til fiskerettane. I dag har klassen laga steikt og kokt torsk med potetar, gulrøter og saus. Dei har vore kjempeflinke.



Tekst & foto: Åshild Giving


Godt nytt leseår!
Tysdag 7.januar 2014

Karine, Amalie og Mathilde tilbyr ei samling med heilt nye bøker i skulebiblioteket. Dei nye bøkene står no utstilte og klare til utlån.

Velkommen til skulebiblioteket!

Tekst & foto: Lars Bakka


Magnetar i 5.klasse
Torsdag 9.januar 2013

Før jul arbeidde 5. klasse med magnetar. Dei laga blant anna kompass og eit billøp. Denne veka har dei undersøkt salt, sukker, hornsalt og potetmjøl. Her kan de sjå korleis elevane jobbar og kosa seg med oppgåvene!


Tekst & foto: Lene T Almås


Gamleskulen 7.januar 2013
Tysdag 7.januar 2014

No er det berre to klasserom, gymsal og SFO igjen av gamle Sagvåg skule. Rivingsarbeidet går raskt. Sjå større bilete

Tekst: Lars Bakka Foro: Elisabeth Magnussen


Sagvåg skule er....
Fredag 3.januar 2014

Vekeoppdraget for neste veke er tenkje over kva som er viktig på Sagvåg skule.
Den første delen av oppdraget har allereie elevane gjennomført i dag. Då skulle dei skriva ned  tre ord som dei assosierer med Sagvåg skule. Resultatet vert lagt inn i programmet Wordle og der kjem orda som mange elevar nemner fram med store bokstavar. Mange positive ord vart store, men også nokre negative kom tydeleg fram.Over ser du Wordle-arket for heile skulen.
Me kjem til å nytta desse plakatane i neste veke til å diskutera i klassane kva som viktig og bra på skulen vår.


Tekst & foto: Lars Bakka


Kjekt å møtast igjen!

Torsdag 2.januar 2014

Jule- og nyttårsfeiringa er over. Etter morgonsamling i klassane tok skulekvardagen raskt til. Då eg gjekk ein runde i 10-tida var alle klassane i full gang med ulike skulefag.


Tekst & foto: Lars Bakka

Fiolin på sløyden
Torsdag 2.januar 2014
Halve 6. klasse har snekra flotte fiolinar i haust. Dei måtte sage alt sjølv og det gav gode resultat.
Noen var så heldige at dei fekk ein fiolin til jul.  


Tekst & foto: Åshild Giving


Første skuledag etter ferien er torsdag 2.januar kl 08.30
SFO er open som vanleg frå kl 06.45


Velkommen til vårsemestret 2014!

Sjå tilbake på 190 små og store hendingar hausten 2013


Vår i desember

Måndag 30.desember 2013

"Det er ikkje berre kunnskapen som blømer på Sagvåg skule, til og med tusenfryden!"  skriv Elin, som tok dette vårlege biletet på skulen vår den 30.desember!

Tekst: Lars Bakka Foto: Elin Bunes Macsik


Helsing frå London

Måndag 30.desember 2013


Lærar i 7.klasse, Hildegunn Sæbø Heimro sender helsing frå London der ho m.a. skriv:

"Ei lita helsing frå London, som de ser så traff me onkelen til Queensway."

Hildegunn sender bilete av onkelen til Queensway, og markedet han eig i Bayswater i London.

Tekst og foto: Lars Bakka


Litt finare amfi

Måndag 30.desember 2013


I romjula har amfiet ved Sagvåg skule blitt litt finare. Vinkellistene i trappa var litt korte, no er dei erstatta med nye lister i heile amfiet.

Tekst og foto: Lars Bakka


Gamle Sagvåg skule 20/12-13
Fredag 20.desember 2013

Berre halve skulen stod att då me tok juleferie på fredag. Sjå heile biletet

Tekst og foto: Lars Bakka