VÅREN 2012
Arkivet>>

|
|
Ein fin
og varm turdag
1. og 2.klasse
la turen til parkeringsplassen ved Utslettefjellet. Me åt nista og leika i
det varme veret. På vegen fekk me med oss alle utrykkningskjøretøya på veg
til øving på flyplassen. Me såg mange brannbilar, politibilar og
sjukebilar med blålys og sirener, spanande !
1.kl Tekst & foto: Gro A Halvorsen LEIGE AV GYM.SALER/ROM VED GRUNNSKULANE SKULEÅRET 12/13
Lag og organisasjonar som
ynskjer å leige gymnastikksalar eller andre rom ved skulane, må senda
søknad til rektor på den skulen søkanden gjeld.
Det må gå fram av søknaden kva
dagar og tidspunkt ein ynskjer å leiga. Rektor fordeler salar og rom, og kaller inn leigetakarane til fellesmøte.
Aball1 på Sagvåg skule I dag fekk 6.klasse møta
FKH-spelarane Eirik Mæland, Chris Pozniak og
Tor Sandnes frå Aball1. Allball var eit flott konsept som
elevane fekk vera med på i den timen me fekk opplæringa. Me har no fått
utstyret til Sagvåg skule og det vert garantert brukt i matematikk, matte
og gym i tida som kjem!
Kjekke friminutt Eg har teke nokre fine bilete her ute på skule plassen,
oppe i skogen og i ballbingen. Det er flotte ungar her på skulen som har
det fint i lag og det synes eg er bra.
Tekst & foto: Daniel Hansen 7.klasse
Til
Mjelkevikjo
Halve 6.
klasse sykla ut til Mjelkevikjo og hadde mat og helse idag. Elevane kokte
fiskesuppe som smakte nydeleg i det fine veret. Oppvasken tok me i sjøen.
Det var mykje raskare og kjekkare enn på kjøkenet. Mat ute er topp Takk
til alle som kom! Det var imponerande å sjå
kor mange som sette av ein og ein halv time til eit viktig tema i det fine
vårvêret. Takk til alle som kom! Tekst & foto: Lars Bakka
Naturfotograf Daniel i 7.klasse låne det beste fotoapparatet me har og tok nokre flotte vårbilete i friminuttet. Her er ei lita fotoutstilling: Tekst: Lars Bakka Foto: Daniel Hansen
Sommar og
sol på Fletaneset
4.klasse nytta
det flotte veret til å ta seg ein utedag på Fletaneset. Me kosa oss i
varmen, leika, mata svaner, ender og andungar. Ei flott naturoppleving å
koma så nært innpå dei store svanene og å få sjå dei letta og landa på
vatnet. Endene og svanene fekk smaka både kjeks og pølsebrød, noko dei såg
ut til å lika.
Foto: Lærarar og elevar. Uteaktivitetar i 1.klasse 1.klasse har samane som
tema .
I dag gjekk me ut og laga leir med telt, reinsdyr,
menneske og andre ting. Me brukte ting me fann i naturen, kongler, pinnar +
stoff og tråd. Til slutt kasta me lasso. Det var kjekt å vera ute i Kunst
og Handverktimen i dette flotte veret. Me har hatt Amalie og Kristian frå 8
klasse på ungdomsskulen med oss i dag, dei har vore til god hjelp. Tekst & foto: Gro A Halvorsen Veke 19 i 2.klasse Måndag 21.mai 2012
Her kjem nokre bilete som
viser litt av det 2.klasse arbeidde med sist veke. Dei viser aktivitetar
frå klasserommet, frå formingssalen, frå musikkrommet og frå
uteaktivitetane sist onsdag. Foto: Elin Macsik og Brita Flatøy
Båtbyggjarar
I går var 6. klasse på Jensanes.
Me fekk vere med å byggje ein færing. Det var mange og utkjente namn på
delane i båten, men dei lærte me raskt. Alle fekk også lage kvar sin
klinka nøkkelring. Me hadde nokre kjekke og lærerike timar.
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Vandring i ein viktig
historisk periode for Stordsamfunnet!
I dag har 5. klasse frå Sagvåg og Litlabø vore på omvisning
i gruva. Me fekk ta toget inn og gå inne i dei ulike gongane og bl.a.
høyra om korleis det vart arbeidd inne i gruvene, kva som vart henta ut,
om fraktemåtar, sett ulike bergartar og korleis svovelkisen har påverka
vatnet. Kjekt å sjå og læra om denne verdfulle delen av Stord si historie. Tekst & Foto: Hildegunn S Heimro |
Allball1 på Sagvåg skule Me har fått denne mailen frå FK Haugesund: Hei, I fjor høst gav FK Haugesund et Aball1-sett til Solvang skole. Nå har vi endelig fått 7 sett til og gir dette ut til utvalgte skoler i regionen. Deres skole er valgt ut fra Stord kommune. Velkommen til en arena fylt av morsomme oppgaver, lek og læring! Aball1 er tall- og bokstavballene som på en helt ny og innovativ måte, kombinerer fysisk aktivitet med faglig læring og morsom oppgaveløsing i fellesskap! Aball1 er det nye, sosiale og teoretiske læringsverktøyet som motiverer alle barn, unge og voksne til deltagelse. Les mer på www.aball1.no og se innslag fra Solvang skole her http://fkh.no/nyheter/27729 På torsdag kjem m.a. fotballspelarar frå A-laget til FK Haugesund og demonstrerer opplegget for 6.klasse på Sagvåg skule. Me har også fått mange gratisbillettar til FKH-kampar. Les meir her>> Tekst: Lars Bakka Griser
og larver i 4. klasse. Har du sett
ein raud gris, ein mangefarga gris eller larver med ulike mønster på
ryggen? Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
17.mai
Elisabeth Magnussen har teke nokre fine 17.mai.bilete. Du finn dei her Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen
Me har øvd til
17.mai I dag hadde me øving på å gå i 17.tog på Sagvåg skule, så no skal alt vera klart for den store dagen! Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig
Fruktsalat og kino i SFO
I dag på sfo har Liljan og Willly André laga fruktsalat mens dei andre såg
på film Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
Referat frå elevrådet Måndag var der Elevråd ved Sagvåg skule. Her finn du referatet frå møtet>> Tekt: Lars Bakka
Hjorten vår I dag har hjorten vår fylgt nøye med på kva som skjer på skulen. Her står han og speidar ned på borna som leikar ute i friminuttet. Tekt: Lars Bakka Foto: Hildegunn Monsrud
Fin badetemperatur
Me er i innspurten når det gjeld symjeopplæringa denne
våren. Elevane har hatt symjeopplæring kvar måndag etter jul. I haust ver
Nysæterbassenget stengt av økonomiske grunnar. Elevane i 2.klasse har
symjing kvar måndag, medan elevane i 3.-4.-5. og 6.klasse har symjing
annakvar veke. Tekt: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen
Danseshow og vekeoppdrag Fredag 11.mai 2012 Flinke jenter i 7.klasse framførte flott danseshow under veksesamlinga i dag. Det viste seg at mange av klassane ikkje fekk så mange poeng for vekeoppdraget 'Høyr etter når andre snakkar'. Oppdraget held fram neste veke og kanskje stig poengsummen då! Tekst & foto: Lars Bakka 3.klasse har konstruert bruer i dagTorsdag 10.mai 2012 Bruene vart laga i lego og skulle bli sterkast mogleg. Etter mykje prøving og feiling vart dei einige om at bruene vart sterkast med trekantar og buer i konstruksjonen! Tekst & Foto: Lene Tislevoll Almås
Raske 7.klassingar Sagvåg skule stilte med
lag i 5.-6. og 7.klasse i Fredsstafetten i år. Alle klassane gjore ein
flott innsats. 7.klasse gjorde det best, og vann sin klassen.
Tekst & foto: Lars Bakka Kunst og handverk i SFO Nokre av
borna på SFO har den siste tida jobba med å laga seg fjøler av
forskjellige slag. I dag blei det brent inn det dei ville ha på fjøla!
Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
Treng du plass i SFO 2012/13? No kan du søkja plass i SFO for det neste skuleåret. Prisar og opningstider finn de meir informasjon om her>>.Det er flott om de søkjer innan 1.juni slik at me får tid til vurdera kor mange vaksne me treng i tilbodet. Det neste skuleåret kan de også søkje om plass på dei skulefri dagane, og sommartilbod i perioden 1.august til skulestart 2012.
..og i dag var det Tinestafetten!
Tinestafetten er eit kjekt
arrangement! I dag var 6. og 7. klasse med på stafetten på Stord stadion.
Begge klassane gjorde ein flott innsats. Me er ikkje heilt sikre på
korleis det gjekk, men resultatet kjem i avisa i morgon.7. klasse vant
sitt heat og er nok blant dei 3-4 laga som fekk best tid. Tekst : Kjell Byrknes Foto: Hildegunn Monsrud m.f
|
|
3.klasse har konstruert bruer i dag Bruene vart laga i lego og skulle bli sterkast mogleg. Etter mykje prøving og feiling vart dei einige om at
bruene vart sterkast med trekantar og buer i konstruksjonen! Tekst & Foto: Lene Tislevoll Almås ..og i dag var det Tinestafetten!
Tinestafetten er eit kjekt
arrangement! I dag var 6. og 7. klasse med på stafetten på Stord stadion.
Begge klassane gjorde ein flott innsats. Me er ikkje heilt sikre på
korleis det gjekk, men resultatet kjem i avisa i morgon.7. klasse vant
sitt heat og er nok blant dei 3-4 laga som fekk best tid. Tekst : Kjell Byrknes Foto: Hildegunn Monsrud m.f Islam i 5. klasse! 5. klasse har hatt om islam i RLE. I går fekk me besøk av Sara. Ho er
muslim og jobbar til dagleg i småskulen her på Sagvåg skule. Sara
fortalte og viste oss ting frå religionen. Me fekk t.d. høyra om
ritual og sett korleis bøneteppe og Koranen kan sjå ut. Det var både
lærerikt og interessant. Etterpå fekk elvevane stilla spørsmål.
Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
Appelsinjuice på SFO
Før helga fekk me oss juice-pressar på SFO :-) Så ungane
fekk ny pressa appelsin juice til maten. Det var godt, sjølv om nokre syns
den vart litt sur! Måltidet denne veka bestod av forskjellige typar
gryn/cornflakes, noko alle likar!
Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
Fin avslutning på veka!
I fint solskin
og kald vind avslutta mellomsteget veka på Solidbanen for å øva på
stafettspringing. Det nærmar seg både Fredastafett og Tine-stafett. Dei
som ikkje skal vera med på desse stafettane, gjekk ein fin tur. Ein kort
fotballkamp og litt avslapning fekk me òg tid til før me tok velfortent
helg!
GOD HELG! Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
På tur
til Utslettefjellet.
3.klasse har
hatt om landskap og i dag gjekk me til Utslettefjellet for å sjå om me såg
noko av det me har lært om. Me såg kyst, dal, elv, fjell, fjord, innsjø og
til og med ein isbre. Det er ein sprek gjeng, alle var på toppen i løpet
av 40 minutt.
Tekst: Lene T Almås Foto: Jenny Sætre Skjønberg
Steinsamlinga i Almåsvegen
5.klasse har dag vore på vitjing til Karl Olav og Laila
Vestvik og sett den utruleg flotte steinsamlinga dei har i heimen sin.
Karl Olav viste oss rundt, gav informasjon og svara på alle spørsmål
elevane stilte. Laila hadde baka bollar og laga til saft. Til slutt fekk
kvar elev velja seg to steinar som dei fekk med seg heim. Tusen takk til
ekteparet Vestvik for at me fekk koma.
Foto: Toril S Bruket og Annbjørg Luggenes 7.klasse er i Bergen i dag Onsdag 2.mai 2012
7.klasse er på "Vil vite" i dag. Her går det mellom anna
unna på motor-sykkelen !
Tekst & foto: Kjell Byrknes Vekeoppdrag og konsert Fredag 27.april 2012 Det var Eva i 1.klasse som stod for kulturinnslaget på vekesamlinga i dag. Det vart ein fin minikonsert. Elles har klassane jobba godt med oppdraget "på rett plass til rett tid". I neste veke er det berre tre skuledagar. Oppdraget held difor fram desse tre dagane. Tekst & foto: Lars Bakka Fotball cup på SFO :)
Ungane vart delt inn i fire lag: banan, kiwi, appelsin og eple. Det var mange ivrige og flinke ungar å sjå. Premie vanka det på alle, heldigast var nok dei som kom på 1.plass Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage Pausetid Fredag 20.april 2012 Her er ein liten stemningsrapport frå matfriminuttet i dag. Me får håpa på mange fine dagar som denne utover våren. Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig
Aprilmøtet i elevrådet Fredag 20.april 2012 Her finn du referat frå aprilmøtet i elevrådet. Mange aktuelle saker vart tenke opp. Det er viktig at sakene vert lagt fram i alle klassane. Les meir>> Tekst: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes
Oløp !
1 og 2 klasse gjennomførte ei fin økt med
stjerneorientering på skuleområdet.Me bruka det flotte utstyret som skulen
har fått frå orienteringsgruppa.Ivrige ungar med kart over skuleområden
fann postane og stempla utan større problem
Tekst & foto: Gro A Halvorsen Kjekt med K&H i frisk luft Torsdag 19.april 2012
Sidan temperaturen var
(nesten) fin i dag, tok me med oss teiknebrett og sette oss opp i haugen
ovanfor skulen og teikna landskapsbilder av det me såg. Kjekt å kunna
sitja litt ute, og no gler me oss til våren kjem heilt skikkeleg, med sol
og T-skjortevêr. Mange fine teikningar vart det og Tekst & foto: Egil Petterteig
|
Raske 7.klassingar Sagvåg skule stilte med
lag i 5.-6. og 7.klasse i Fredsstafetten i år. Alle klassane gjore ein
flott innsats. 7.klasse gjorde det best, og vann sin klassen.
Tekst & foto: Lars Bakka
Kunst og handverk i SFO Nokre av
borna på SFO har den siste tida jobba med å laga seg fjøler av
forskjellige slag. I dag blei det brent inn det dei ville ha på fjøla!
Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
Sagvåg skule 2.mai kl 08.15 Onsdag 2.mai 2012 Her er ein liten stemningsrapport frå Sagvåg skule den første skuledagen i mai. Elevane kosa seg ute i det fine vårvêret før det ringte inn kl 08.30 Tekst & foto: Lars Bakka
Vårsol i 1.klasse Fredag 20.april 2012 Fredag kom sola og varmen, så 1 klasse gjekk ut og åt nista. Me har gjennomført ein litt strevsam kartleggingsprøve i norsk, så det var godt å komma ut og få ein liten is å kosa seg med. Tekst & foto: Gro A Halvorsen Vekesamling Fredag 20.april 2012 Det var Håvard i 6.klasse som hadde minikonsert for oss i vekesamlinga i dag. Menge av klassane hadde gjort det svært godt i vekeoppdraget om lekse og det vart delt ut heile tre 6-arar! Det neste vekeoppdraget handlar om å vera presis. Det er m.a. slik at elevane som ikkje her tilbod om SFO ikkje bør vera på skulen før 08.15 om morgonen då dei ikkje har tilsyn før den tida. Elevane bør difor komma til skulen mellom 08.15 og før det ringer inn 08.30 Tekst: Lars Bakka Foto: Turid Gjellestad
Digital
orientering I dag har m.a. Even og Fredrik frå 6.klasse vore med på å gjera dei digitale o-løp-postane klare til bruk. Allereie i morgon skal den første klassen bruka utstyret. Alt står no klart i materialrommet i gymsalen. Tekst & foto: Lars Bakka
Forslag til planprogram Onsdag 11.april 2012
FAU, SU og SMU ved
skulane i Stord har fått tilsendt høyring til 'Planprogram skulebruksplan
Stord kommune 2012-2021'.
Ein fin
onsdag
Onsdagsturen til 1. og 2.
klasse gjekk denne gongen til parkeringsplassen ved Utslettefjellet. Me
hadde med knivar og mange laga sine eigne pinnar til pinnebrødet som vart
steikt på bål. Det var stor aktivitet i området og god tid til leik og
moro. Tekst & foto: Gro A Halvorsen Tilbake på skulebenken Tysdag 10.april 2012 Tysdag var me i full gang med skulekvardagen igjen. Her er det to elevar i 7.klasse som er i gang med eit temaarbeid som dei tok til med før påskeferien. Tekst & foto: Lars Bakka
O-løp for
lærarane I dag har Harald Gjøsæter, Øyvind Almås og Ingolv Dybvik demonstret o-løp med digitale postar. Dette flotte utstyret får me no låna av O-gruppa i Solid slik at me kan få bruka det i kroppsøingstimane med elevane utover våren. Tekst & foto: Lars Bakka Touch i 3.klasse Torsdag 26.april 2012 3. klasse er godt i gang med touchmetoden. Kvar tysdag og torsdag jobbar dei i små grupper. Deier veldig flinke med å halda fingrane på rett plass. Elevane
synast det er kjekt når ein kan sjå resultata på skjermen undervegs når
dei skriv. Touchprogrammet ligg på fagsidene til norsk, så elevane har det i leksa.Tekst & foto: Åshild Giving Møte i FAU,SU og SMU Onsdag 25.april 2012 I kveld har det vore møte i FAU, Skulemiljøutvalet og Samarbeidsutvalet. Referata kjem seinare, men sakene til møta finn du her>> Tekst & foto: Lars Bakka Kunst &
handverk i SFO På tysdag var 3.- og 4.klasse frå SFO i k&h og tok til med å laga skjærefjøl. Tekst & foto: Elisabeth Magnussen Heilt nye bøker Torsdag 19.april 2012 Det er framleis mange nye bøker klare for utlån i skulebiblioteket vårt. Alle dei bøkene som står oppå hyllene er heilt nye frå Mammutsalet i vår. Her er det faktabøker, barnebøker og enkelte bøker for dei litt større elevane. Tekst & foto: Lars Bakka "Hopp for hjartet" Onsdag 18.april 2012
Tekst & foto: Anne Brit Holm
Unge og rus: Onsdag 18.april 2012 I kveld la 7.klasse fram arbeidet sitt med unge og rus for foreldra. Elevane viste plakatar, film og animasjon, i tillegg til munnleg framføring. Dei har jobba sjølvstendig og godt og var flinke til formidla det dei har lært. Gruppeleiarane har gjort ein god jobb, det har elevane i gruppene ogŽ. Etter framføringa blei elevane sett saman med nokre av dei andre elevane sine føresette. Dei fekk oppgåver som dei snakka om og diskuterte. Nyttig og lærerikt for alle saman. Foreldra fekk og informasjon om tur til Bergen, 17. mai og om leirskule. Tekst & foto: Kjell Byrknes
SFO på tur
Sfo var fredag ettermiddag på tur til Solidbanen i
nydelig vårvêret Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
Travle bibliotekarar Her kan du sjå kvifor bibliotekarane har hatt det så travelt i det siste. Skulen har fått mange nye nynorskbøker i gåve frå Noregs mållag. Me har også kjøpt bøker på Mammutsal, så no kan alle gle seg til mange nye bøker i biblioteket på måndag! Dei nye bøkene står som vanleg oppå hyllene! Tekst & foto: Lars Bakka
Konsert med 5.klasse
Det
var 5.klasse som innleia fredagssamlinga i dag med ein flott konsert med
mange gitarar og mange keyboards. Tekst & foto: Lars Bakka
Kapteinane på Titanic
I
dag er det 100 år sidan Titanic la ut frå Southampton. Bøkene om Titanic
har i alle år vore svært populære i skulebiblioteket vårt. I gymmen
i dag måtte me sjølvsagt leika 'Titanic-leiken'.... kapteinane gjorde alt
dei kunne for å redda passasjerane .....
|
|
Siste dag før påskeferien
vart det servert påskelunsj i gymsalen for alle elevane ved Sagvåg skule.
Det vart servert egg, pålegg, rundtykke og appelsinjuice. Elevane var med
på å gjera dette til ein fin siste skuledag
Tekst & foto: Lars Bakka /Egil Petterteig
Minikonsert, Smart energi
Ingen fredag utan samling
i amfiet og nytt vekeoppdrag. I dag var det Amalie og Karine i 4.klasse som hadde ein
fin liten konsert for oss.
Vekeoppdraget held fram også den første
veka etter påske.
Topp i
Bergen! Nå er me på veg heim frå ein super dag i Bergen. Sagvåg skule har vore i fylkesfinalen i Smart Energi. Elevane gjorde ein flott presentasjon bland dei 15 laga som var med. Rett før 1.plass vart kåra, gjekk brannalarmen og me vart evakuert ;-) Me boltra oss på VilVite-senteret i pausane. Tekst: Turid Gjellestad
MGP Sagvåg skule 2012
I dag vart det store MGP-
arrangementet gjennomført på Sagvåg skule. Mange flinke artistar på scenen
i løpet av dei timane showet varte. Du finn alle bilete og snart ein liten
film på her>> Tekst & foto: Lars Bakka
God
morgon Sagvåg skule!
Kl 08:27 Tekst & foto: Turid Gjellestad
Tema foreldremøte onsdag 28 mars
Det vert tema-foreldremøte for 1 klasse sine foreldre på
Håpar de har høve til å komma J
Helsing Foto: Beate M. Føyen
Påskegudsteneste
Tysdag var
2.klasse i på påskegudsteneste. Det var veldig kjekt å vera med ein slik
flott gjeng i kyrkja. Tekst & foto: Brita Flatøy
SFO på
tur i det fine veret Sfo har i dag hatt ein nydelig tur til "raugaløo". Endelig er det vår! Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
Vårpuss
3. klasse har denne veka fått hjelp av 6. klasse til å
rydda oppe i skogen. Me hadde ei god økt saman etter storepausen i dag,
der ivrige elevar fekk rydda bort mykje rusk og rask. Tekst & foto: Jenny S Skjønberg
Når
rektor er i vårstemning . . . . . .
....ja, då
skal det ryddast! - Og det er er ikkje berre smårusk som skal bort. Heile
tre gjekk med. Alle klassane har teke del og brukt ein time på dette denne
veka. Her er det 4. og 5. klasse som held på. Dei var ivrige og stod på og
såg nytte av å ha ei våronn Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
Barnehagar på besøk I dag har 5-åringane Nysæter/Litlabø
barnehage og Sagvåg Maritime FUS barnehage vore på besøk på Sagvåg skule.
Dette er ein del av skule/barnehage-samarbeidet i Stord. Kvar barnehage
har ein samarbeidsskule. Borna som kom på besøk til vår skule skal m.a. ta
til på Leirvik,- Litlabø skule hausten 2012. Mange av borna skulle ta til
hos oss. Tekst & foto: Lars Bakka
Elevar frå Sagvåg
skule vant kommunefinale i Smart-energi!! Det var nokre
alvorlege og spente elevar som kom til Aker i dag. Dei skulle presentera
oppfinninga si for dei andre skulane. Begge gruppene gjorde ein super jobb og skuldrene sank 10cm etter dei var ferdige. Olve, Sephora, Hallvard, Eirik, Torleif, Eline og Martin var frå vinnargruppa! Tekst & foto: Turid Gjellestad
Til
bladet Sunnhordland I dag var
me på avisbesøk hos bladet Sunnhordland på Heiane. Me fekk sjå ein flott
film om kva som skjer ifrå journalistane er ute og intervjuar folk, til
historiene kjem på trykk. Tilslutt fekk me sjå trykkeriet. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland m.f.
Nytt vekeoppdrag og PK Marius og Ørjan demonstrerte Parkour for alle elevane i dag. Me vart imponerte! Deretter var det tid for nytt vekeoppdrag, og no er det vårpuss i uteområdet som står i fokus. Påskeliljene har allereie teke til å spira og om nokre veker er det full vår, då vil me ha det ryddig og fint på skuleområdet vårt. Områda som klassane skal rydda: Tekst & foto: Lars Bakka
Smartare energi vinnararOnsdag 7.mars 2012 Her er dei to laga som kom på 1. og
2.plass i Smartare energi- tevlinga på Sagvåg skule. Begge desse laga
går vidare til den den kommunale konkurransen mellom skulane på Stord.
Det var til saman 11 lag som alle gjorde ein god figur under
presentasjonane i amfiet i dag. Tekst & foto: Lars Bakka |
Generalprøve Onsdag 28.mars 2012 I morgon brakar det laus med Melodi Grand Prix på Sagvåg skule. I heile dag har det vore hektisk aktivitet i gymsalen med generalprøvar. Tekst & foto: Lars Bakka
Vatnet er
tilbake I dag tidleg var Sagvåg skule utan vatn frå kl 08.15 til kl 09.40. Det var eit brot på vassleidning ved Smette terrasse som var årsaka. Me klarte oss fint utan vatn den tida det varte, men ein lenger periode utan vatn er vanskeleg når omlag 180 born og vaksne etter kvart treng toaletta.... Tekst & foto: Lars Bakka PåskevandringMåndag26.mars 2012
1 klasse var i kyrkja på fredag. Der var Brynhild og me
fekk læra om dei kva som skjedde dei ulike dagane i påsken. Me vifta med
palmegreiner, " vaska føter ," smaka på brød og gjorde andre kjekke ting.
Me song også dei songane me har øvd på. Det var ein flink gjeng med ungar
som oppførte seg fint både i kyrkja og når me gjekk opp og ned
Tekst & foto: Gro A Halvorsen Nytt vekeoppdrag 3.klasse har starta på det nye vekeoppdraget med å gjera nokon glad kvar dag. Me har begynt med seks fuglefamiliar som no kan verta glade for å få ein heim. Me har hengt opp seks fuglekassar i skogen rundt skulen, og håpar det vert mykje liv me kan fylgja med på utover våren. Tekst & foto: Egil Petterteig Vandring gjennom Bibelen! Fredag 16.mars 2012 Kyrkjelydspedagog Brynhild Meyer Stautland var i dag på besøk i 5. klasse og gjennomførte del 2 av opplegget "Vandring gjennom Bibelen". I førre veke gjekk ho gjennom del 1. I
del 1 går ein gjennom historia i GT medan ein i del 2 får høyre om
hendingar i NT. Innhaldet er knytta til K-06 og eit
undervisningstilbod frå kyrkja til skulane. Tekst & foto: Hildegunn S. Heimro
Vårpuss!
Rektor har kome i vårstemning og gjeve heile skulen ordre om vårpuss
på uteområdet vårt. Alle klassane har fått kvar sitt område som dei
skal rydda. 5. klasse tok rivene fatt og gjekk laus på stien bak
skulen som har byrja å gro litt att. I tillegg plukka dei pinnar og
boss. No vonar me at det vert fint og at alle blomar som har byrja å
spira på plenane rundt omkring får stå og bløma i fred
Tekst & foto: Hildegunn S. Heimro Den første påskekyllingen Onsdag 14.mars 2012
Det var nokre glade gutar i 4.klasse som fann den første
påskekyllingen på Sagvåg skule. For den som har auga godt med seg i tida
fram mot påske så vil dei finne til saman 10 kyllingar rundt om på skulen.
Meld frå til r Tekst & foto: Lars Bakka
Brannverndiplom 6.klasse har fått flott brennverndiplom etter opplæringa dei fekk frå brannvesenet. Tekst: Lars Bakka
Vekeoppdraget Alle elevane ved Sagvåg skule er i full
gang med vekeoppdraget. Denne veka er det vårpuss i uteområdet som står i
fokus. Tekst: Lars Bakka Foto: Katrine Tjøsvoll Amundsen
Nytt frå
elevrådet I dag har det vore møte i elevrådet. Referatet finn du her>>
Forfattarbesøk! Måndag 12.mars 2012 I dag hadde 5. - 7. klasse besøk av forfattar Roald Kaldestad. Me kjenner han best som "Heavykatten". I dag var det ikkje Heavykatten han snakka om, men om nynorske forfattarar. Me fekk høyra eit utdrag frå ei nyutgjeven bok "Trøysteboka" som handlar om det å trengje trøyst og om å gje trøyst til andre. Den er skriven av fleire nynorske forfattarar og har fått gode omtalar, bl.a gav VG treningkast 6. Smakebit: Trøysteboka I tillegg fekk me høyra litt om Faltiriltu-festivalen og om Ragnar Hovland. På onsdag skal mellomsteget på biblioteket på Litlabø og då kjem me nok til å leita etter nokre av desse nynorske forfattarane. Tekst & foto: Hildegunn Heimro
Parkour i 5. klasse I
dag fekk klassen gjera nok som ikkje står på gymplanen vår. Marius i
6.klasse var instruktør. Han hadde hjelp av Ørjan og Øyvind frå klassen
vår. Dette vart ein veldig kjekk time.
Tekst: Annbjørg Luggenes Foto: Hildegunn Heimro
Vårpuss Tysdag 6.mars 2012 Det var vårleg og fint då vaktmeister- elevane feia vekk ein del av strøsanden frå i vinter. Tekst: Lars Bakka Foto: Kjel Byrknes
Smarte elevar med Elevane i 3.klasse hadde matematikkundervisning på Smartboard før dei tok til med arbeidet i egne bøker i dag. Dei smarte tavlene kan gjere undervisninga mykje meir spanande og motiverande. Tekst & foto: Lars Bakka
Smartare energi 2012 Mellomsteget i gong med Smartare energi for 3 året på rad. Nina Ø. Borrevik har innleia opplegget med kreative øvingar. Korleis vil du helsa på andre dersom du er kong Harald? Korleis vil du helse på andre dersom du er ei lita jente? Går det an å rive ein elefant ut av eit A4-ark i blinde? Dette var nokre av oppgåvene elevane fekk. Elevane skal arbeide i grupper resten av denne dagen og i morgon. Prosjektet vert avslutta med ei framføring i amfiet der det vert kåra ein vinnar. Lukke til med kreativiteten! Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
Karneval på SF Fredag 24.februar 2012 Me har hatt ei kjempekjekk veke med forskjellige aktivitetar. Avslutninga med karneval i dag var super. Som bileta viser, storkosa både vaksne og ungane seg. Det vanka kommentarar som :"Verdens beste SFO!!", Dette er den kjekkaste dagen eg har vært med på!!". Me vil også ønska Ida, som har vore lærling hos oss eit år no, lukke til vidare. Ha ein flott
vinterferie!
Vekesamling Fredag 24.februar 2012 Me avslutta siste veka før vinterferien med luftige svev frå dansarar i 7.klasse og fin fiolinkonsert med Jenny og Elena frå 1.klasse. Elevane ved Sagvåg skule har hatt ei god arbeidsøkt mellom jul og vinterferie med fokus på fag og på vekeoppdraga som skal bidra til å gjera skulen vår endå betre. Tekst & foto: Lars Bakka
Vintersamling
I dag har småskulen hatt ei
fin samling i amfiet. Det var 3.klasse som hadde ansvar for samlinga som
hadde dyr som tema. Tekst & foto: Lene T Almås Sunne tenner og sunn kropp! (Bilete kjem) I dag hadde 5. klasse besøk av Brit Laastad frå tannhelsetenesta. Ho snakka om at sunn mat og gode matvanar gjev oss god helse og at me vert opplagt og klarar å læra meir. I tillegg snakka ho om at sunn mat og god tannpuss gjev oss sterke og fine tenner. Me lærte òg korleis me skal pussa tennene. Ho hadde med seg eit stort gebiss og ein tannkost som ho viste oss med. Til slutt fekk alle kvar sin tannkost, tannkrem og tanntrådhaldar. Tusen takk for besøket, Brit:-) Tekst: Hildegunn Heimro
Farvel til studentane
På fredag var det siste dagen med studentane i 7.klasse.
Me koste oss med kjempegode muffins som nokre av elevane hadde baka saman
med dei kjekke studentane. Tekst & foto: Kari Myhre
D ei siste dagen saman med studentaneFredag 17.februar 2012
Dagen starta med K&H. Elevane har jobba med å
teikna kjende landemerke til tema Noreg. Dei som vart ferdig viste
teikninga si for resten av klassen og fortalde om det dei hadde teikna.
Sjå kor fine teikningane vart! Me jobbar mykje med munnlege ferdighetar og
elevane er ofte framme og presenterer/les opp for dei andre i klassen.
Etterpå var det kos med kake frå studentane og mimeleik. Ei kjekk stund! Tusen takk til studentane for 3 kjekke praksisveker! Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
Fredag på SFO
I dag har 3.klasse fått baka, etterpå var
dei ein tur i gymsalen. Resten av gjengen på SFO gjekk ein liten tur :)
Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
1-2-3 så var alle bore vekk Fredag 17.februar 2012 1.klasse samarbeidde godt då dei på tre sekund forsvann inni fallskjermein i gymsalen i dag! Tekst & foto: Lars Bakka
Gruppearbeid i 5.klasse I dag har 5.klasse
hatt framføring i musikkrommet om dei ulike landsdelane i Noreg. Me har
jobba med dette dei tre vekene studentane har vore her. Det var flinke
elevar som framførte, og dei har jobba godt med plakatane! Me studentar
er stolte, og kjem til å savne den flotte klassen! Helsing studentane: Katharina, Eirin, Heidi og Thomas
S FO på turTorsdag 16.februar 2012
Fredag 10.februar tok SFO seg ein liten tur nedanfor skulen. Detr åt me
nista vår, aka, brant bål pg grilla marshmallows
Tekst & foto: Rebekka Karlsen 1.klasse i
skulebiblioteket
Det var 1.klasse som nytta
skulebiblioteket før matpausen i dag. Nokre elevar las høgt for læraren,
medan andre sat rundt om og las for seg sjølv. Tekst & foto: Lars Bakka
Mousemischief i
3.klasse
I dag har elevane i 3.klasse
arbeidd med Mouse mischief. Tekst & film: Egil Petterteig
Elevrådet har hatt møte Elevrådet hadde oppe ein del saker i dag, mellom anna om aking. På bileta viser dei kvar det er lov å aka. Elevrådet håper på at det blir kjøpt inn enno fleire akebrett! Du finn referatet her>> Tekst & foto: Kjell Byrknes Verdsrommet Me har lært at verdsrommet er
uendeleg stort. I dag var me ute og fekk eit lite inntrykk av kor stort
solsystemet vårt er. Planetane som var oppå pinnane var kjempesmå. Den
minste berre 0,4 mm. Målet vårt i naturfag var at me skulle kunne namnet
på planetane, me hadde målprøve før me gjekk. Tekst & Foto: Anne Elisabeth Trevland
Vekesamling Mathilde i 3.klasse var solisten vår under vekesamlinga i dag. Det er alltid like kjekt når samlinga vert innleia med eit musikkinnslag. Elles lar me vekeoppdraget om handvask før me et gå ei veke til. Mediaoppslaga
tyder på at den årlege influensa er på veg. God handhygiene er eit godt
tiltak mot smitte. Dei fleste klassane hadde vore nøye med dette i veka om
gjekk.
Tekst & foto: Lars Bakka
Trafikkteljing Mellom klokka 08.15 og 08.30 filma me
trafikken inn på skuleområdet ein heilt vanleg morgon. Det er FAU som har
bede oss om å finne ut kor stor trafikk det er ved Sagvåg skule. Her
kan du sjå liten film som viser at foreldra køyrer fint og ryddig. Det kom
inn 30 bilar i løpet av dette kvarteret. (Filmen går
i rask film slik at 15 minutt er blitt til ein film på 45 sekund) Bilete
frå filmen fredag 10.februar kl 08.00-08.30Tekst & foto: Lars Bakka
Matematikkdag I dag har alle elevane i
5.-7.klasse hatt matematikkdag. Det er studentane som har planlagt og
gjennomfører undervisningsopplegget.
Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland m.f. Nye bøker i
skulebiblioteket Marta, Vilde, Synne og
Queensway kan tilby nye og spanande bøker i skulebilioteket. No er det
snart Mammutsal. Flott om elevane kjem med ynskje om nye bøker til skulebibliotikarane våre!
Tekst & foto: Lars Bakka
Kjekt
med vinter og snø ! I dag har 3. og 4.klasse hatt
ei kjekk stund ute i snøen. Me aka, leika og hadde "vinterstikkball" i
ballbingen. Det vart ei fin stund for både store og små i det fine
vinterveret :-)
Tekst & foto: Anne Brit Holm
Møt Mr Frank! Mr Frank er ein historisk stor snømann på Sagvåg skule!! Mr Frank laga av Leonardo, Olve, Magnus, Rafael og Tommy. Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
Smartboardkurs Fredag hadde lærarane ved Sagvåg skule kursdag nummer to om bruk av Smartboard med Ingvild Toft. Den første kurdagen var i haust. Etter denne andre kursdagen veit me mykje om avansert bruk av dei digitale tavlene våre. Om nokre år må det vera slike tavler i alle klasseromma. Tekst & foto: Lars Bakka Ein fin vinterdag Det vart ein stille fredag på Sagvåg skule. Elevane hadde fri medan lærarane var på kurs.
God mat er viktig Kvar torsdag kan elevane i 5. til 7.klasse
kosa seg med grove rundstykke og smørelunsj. Det er elvane som jobbar i
elevkantina som gjer alt klart og ryddar etterpå. Mange vil ha det slik
kvar dag, men då tenkjer dei elevane nok ikkje på at det er foreldra som
betaler for dette.... Tekst & foto: Lars Bakka
Dokkemakarar i 7.klasse Elevane i 7.klasse er flinke handverkarar
og kunstnarar. Du kan sjå utstillinga i 'Stokksunder' på Sagvåg skule i
desse dagar. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
Nytt vekeoppdrag Denne gongen var det elevane i 4.klasse som hadde laga det nye vekeoppdraget. I desse tider med mange forkjølte elevar og vaksne er det viktig med god handhygiene. Oppdraget er: Me vaskar hendene før mat!
Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig
Engasjerte foreldre I kveld stilte kommuneleiinga til
informasjonsmøte om den moglege nedlegginga av Litlabø skule. Innan
15.februar skal rådsorgana ved skulen uttala seg. Etter samlinga i amfiet
var det drøftingsmøte i FAU, Skulemiljøutvalet og Samarbeidsutvalet. Tekst & foto: Lars Bakka
Full trøkk frå første
tone I dag hadde me konsert på
skulen. Det var tre Bergensmusikarar som hadde laga norske tekstar til
gamla rockelåtar. Elevane var heilt med frå første tone, og det svinga
skikkeleg heile vegen! Tekst & foto: Egil Petterteig
Pizza = fest Nydeleg,
skulelaga pizza og festdekka bord for nokre 6. klassingar i dag. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Planetane
Verdsrommet er
spennande å lære om. 6. klasse har starta arbeidet med å laga planetane av
ballongar, avispapir og tapetlim. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Leselyst Elevane frå 6.klasse las for 1. klasse. Dei minste lytta ivrig. Dei eldste gjorde ein kjempegod lesejobb. Lesestunda vart avslutta med eplekake som me baka saman i haust. Det vart også tid til litt teikning og speling. Tekst & foto: Lars Bakka
Ikkje berre aking
Me er glade i snøen, men det kan kanskje
vera greitt å minne om at det meste av skuledagen er hardt arbeid med
faga. Eg tok med meg fotoapparatet og gjekk liten runde rett etter mat.
Her bileta som vart knipsa mellom kl 11.50 og 12.00 Tekst & foto: Lars Bakka
Stasjonsarbeid i 2.klasse Før me gjekk ut og akte i dag, arbeidde 2.klasse på stasjonar. Dei skreiv ord om verdensrommet med hoppebokstavene, øvde seg på samanhengande skrift, las i småbøker og jobba med matematikkoppgåver på Salaby. Her kjem nokre bilete frå dei ulike aktivitetane. Tekst & foto: Brita Flatøy
Friminutta vert kjekkare med snø! Også i dag var det flott vintervêr og eit
jublande kjekke friminutt!! Tekst & foto: Lars Bakka Kjekk avslutning på BlimE-veka "Vil du BlimE meg og spela eit spel på
fredag?" stod det på korta som elevane i 3. og 4. klasse hadde laga til
kvar einskild i 1. og 2. klasse. Dei ville komma, og me hadde ei fin stund
saman på slutten av dagen i dag. Me spelte spel, både brettspel og BlimE-spela som ligg på nrksuper.no. Nokre av elevane ville teikna eller
vera ute og leika. På slutten koste me oss med fruktsalat, som nokre av
elevane hadde laga. Det var fleire som synst dei hadde vorte betre kjende
med nokon dei ikkje kjende så godt tidlegare, så oppdraget for veka er
absolutt godkjent :-) Tekst Jenny Sætre Skjønberg Foto: Gro A Halvorsen BlimE-dagar
Tysdag og torsdag gjennomførte mellomsteget BlimE-dagar. Elevane vart delt
i grupper på tvers og målet med aktivitetane var samhald og gjera noko
kjekt og fint for andre. Me hadde ein kjøkkenstasjon der elevane steikte
vaflar, laga hjerteserviettar, dekka bord og gjorde det koseleg for alle,
to stasjonar der elevane skulle leika saman og spela spel og ein stasjon
der elevane skulle laga eit fint kort til ein hemmeleg venn. Det vart to
kjekke dagar og elevane var gode BlimE-ambassadørar :-)
Tekst: Hildegunn Heimro Foto: Beate Føyen, Hildegunn Heimro, Lars Bakka
Karate & respekt Fredag 13.januar 2012
Foto: Hildegunn Heimro Tekst Lars Bakka
Kjekkare fysisk aktivitet! I dag har elevane hatt både Zumba og hjørnefotball i økta med fysisk aktivitet. Dette er ikkje vanlege gymtimar, men eit aktivitetstilbod som assistentane har ansvaret for. Målet er at alle elevane skal få oppleva fysisk aktivitet i form av gym eller desse aktivitetane kvar dag. Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen
1 og 2 klasse
var som vanleg om ute. Denne gongen steikte me fiskekaker på grua og alle
leika i nærområdet til skulen :) Tekst & foto: Gro A Halvorsen |
Farvel til Ida Fredag 24.februar 2012 Ida har vore lærling som barne- og ungdomsarbeidar hos oss i halvanna år. I dag hadde Ida den siste arbeidsdagen som lærling på Sagvåg skule Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny S Skjønberg
Ikkje hærverk Fredag 24.februar 2012 Det er rektor som har teke ned taua i skogen. Dette er gjort fordi det eterkvart vart mindre g mindre lyng under taua. No er det farleg med mange steinar.Tekst & foto: Lars Bakka
Jubel på Litlabø! Det er stort oppslag i Sunnhordland med jublande Litlabøelevar etter at fleire politikarar no har snudd i saka om nedlegging av Litlabø skule. Også ved Sagvåg skule er me svært glade for dette utfallet, då me no ikkje får heilt fulle klassar hos oss. Tekst: Lars Bakka
Her er vêrmeldinga!
3. klasse har hatt om veret og no melder dei om sol på Vestlandet i
vinterferien. Tekst & foto: Lene T Almås
Flinke
artistar Ny fredag og nytt vekeoppdrag. Den
neste veka har me fokus på å høyra etter når beskjedar vert gitt. Det er
elevane i 3.klasse som har laga oppdraget denne gongen. Tekst & foto: Lars Bakka
Boller i 6.klasse I dag var siste dagen til studentane. Sidan det er fastelaven denne helga, så kose me oss me krem og boller. Bollene bakte halve klassen på onsdag då me hadde mat og helse, og dei var kjempegode. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Unge & rus I "Unge og rus" gruppene i 7.klasse er diskusjonane godt i gong. Nyttig å snakka saman i forkant! I kveld det foreldremøte med drøftingar med utgangspunktet tenkte situasjonar. Tekst & foto:Kjell Byrknes
HMT-runde I dag har det vore Marit Kjelby frå utviklingsgruppa, verneobod Jarle Ernst Karlsen og Leif Rune Gravdak frå KF var med på runder. Helse søster kunne ikkje vera med denne gongen. Rapporten frå runden finn du her>>Tekst & foto: Lars Bakka Folkemøte
I kveld er det folkemøte om eventuell
nedlegging av Litlabø skule. Alle topp-politikarane med ordføraren i
spissen stilte i møtet.
Presentasjonen som vart nytta av Marit Kjelby Tekst & foto: Lars Bakka
SFO på tur Fredag 10.februar går SFO på tur nedanfor skulen. Der skal me brenna bål og leika. Det er viktig at alle har gode uteklede som passar til veret denne dagen! Tekst: Elisabeth Magnussen Arkivfoto: SFO
SFO på tur Fredag 10.februar går SFO på tur nedanfor skulen. Der skal me brenna bål og leika. Det er viktig at alle har gode uteklede som passar til veret denne dagen! Tekst: Elisabeth Magnussen Arkivfoto: SFO
Jone kan spela ukulele Det var Jone som stod for det musikalske
innslaget på vekesamlinga ved Sagvåg skule i dag. Han
er ein flott musikant som viste oss at han også kan spela ukulele. Det nye
vekeoppdraget er enkelt.... Tekst & foto: Lars Bakka
Endeleg SNØ! Endeleg vart det snø og mange glade
ungar kunne ta med seg akebretta ut i friminutta i dag. Det er flotte akebakkar rundt skulen. Me har også mange rumpeakebrett til utlån. Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving
Orienteringsmøte i FAU
Onsdag kveld var det orienteringsmøte i FAU
om høyringsnotatet om mogleg nedlegging av Litlabø skule. Onsdag 1.februar
er det orienteringsmøte for alle foreldra på Sag våg skule. Etter dette
vil FAU skrive ein uttale til sake. Tekst & foto: Lars Bakka Høyringsnotat Tysdag 17.januar 2012
Her er dokumenta knytt
til framlegget om nedlegging av Litlabø skule>> Tekst & foto: Lars Bakka
Første skuledag etter ferien er tysdag 3.januar kl
08.30
Nysæterbassenget har venta på oss lenge no :-) Endeleg kunne me ta i bruk Nysæterbassenget igjen til symjeopplæring etter at det har vore stengt av økonomiske grunnar i heile haust. No skal me nytta tida godt utover våren. Tysdag kjem det også reportasje i Sunnhordland frå den fyrste symjetimen til 2.klasse. Tekst & foto: Lars Bakka Godt nytt år og ny start med nye vekeoppdrag! Tysdag 3.januar 2012 Det nye året starta me nyttårshelsing og nytt vekeoppdrag. Denne gongen er det 7. klasse som står bak forslaget til vekeoppdrag som handlar om å ha respekt for kvarandre. Takk til 7. klase for godt og viktig forslag. Tekst: Hildegunn S. Heimro
Arkitektar i arbeid! Tidlegare i
haust teikne 6. klasse den raude løa. Me tok mål av den. Dei har me forminska. Elevane har laga modellar av løa. Desse kan du no sjå utstilt i
Stokksund. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland Ei snømus, ei havfrue, eit menneskehovud og dyr....Tysdag 24.januar 2012 Deler av 7. klasse laga i dag
snøskulpturar, den andre delen av klassen kosa seg med teikning inne i
klasseromsvarmen. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket "Kuvenninnene"
Annlaug Auestad, forfattar og
illustratør, var på besøk hos småskulen i dag. Ho viste oss korleis ho har
arbeidd med å illustrera boka "Kuvenninnene". Boka handlar om fem venninnekyr som kranglar om kven som er finast og best. Det heile endar
med at dei bestemmer seg for å slutta å krangla, og berre vera fredelege
kyr. Dette var ei kjekk oppleving med koselege bilete, musikk og "kusnakk".
Fleire elevar vart inspirerte, og teikna kyr då me kom tilbake til
klasseromma. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
Ut på tur, aldri sur! BlimE oss på onsdagsturen vår sa 1. og 2. klasse til 3. og 4. klasse . Veret var dårleg, men elevane steikte pinnebrød og var i godt humør. Tekst & foto: Brita Flatøy Kake og film som takk! Onsdag 11.januar 2012 4. klasse fekk i dag vitjing av Magne Kydland i bladet "Sunnhordland" Han kom med marsipankake til oss. I tillegg hadde han med seg ein film om korleis avisa blei til. Grunnen til denne omtanken var ei takk frå avisa til oss, fordi me sende inn fine juleteikningar til Sunnhordland si "juleavisa". Dei fleste syntest kaka var kjempegod! Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Anne Brit Holm
Nye bøker Bibliotekarane Marta, Synne og Vilde kan tilby mange heilt nye bøker i skulebiblioteket. Det er både skjønnlitteratur og faktabøker. Tekst & foto: Lars Bakka 2.klasse i bassenget Tysdag 10.januar 2012 Det vart eit stort oppslag i Sunnhordland då 2.klasse endeleg kom i gang med symjeopplæringa i går. Tekst & foto: Lars Bakka
|