VÅREN 2010
Arkivet>>
|
Eg vil med dette ynskje alle elevar, foreldre og tilsette
ein fin sommar.
Første skuledag til hausten er onsdag 18.august kl 08:30
|
||
|
Dei vaksne knuste elevane ;-) Publisert: Måndag 21.juni 2010 kl 15:00
Den tradisjonelle fortballkampen mellom dei vaksne og
elevane i 7.klasse vart spelt i dag. Også i år var det dei vaksne som vann
dette prestisjeoppgjeret. I år vart stillinga 2-0 Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen
|
Takk for hjelpa til SFO Publisert: Måndag 21.juni 2010 kl 15:00 Me god hjelp frå mange elevar i SFO tal me i dag tilsides steinane i gangvegen til garderoben til mellomsteget. Steinane har gjort ein god jobb i løpet av vinteren . I sommar skal det leggast ein permanent gangveg over plenen. Tekst: Lars Bakka Foto Elisabeth Magnussen
|
Siste friluftsdag Publisert: Fredag 18.juni 2010 kl 12:20
No går den siste friluftsdagen mot slutten. Me har
hatt litt meir skiftande ver i dag. Etter kvart som gruppene kjem tilbake
vert bileta frå turane lagt ut her: Tekst: Lars Bakka Foto: Mange av elevane og lærarane
|
|
Friluftsdag nummer to Publisert: Torsdag 17.juni 2010 kl 22:00 Også på torsdag var det akivitesdag for alle elevane på Sagvåg skule. Her finn du bileta frå dagen. Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen m.f
|
Friluftsdagar Publisert: Onsdag 16.juni 2010 kl 15:00 Alle elevane på Sagvåg skule er med på friluftsdagar denne veka. Desse bileta syner dei ulike aktivitetane dei har vore med på.
Tekst: Kari Almås Foto: Elevar og lærarar... |
Tur til Bergen for 7.klasse Publisert: Onsdag 16.juni 2010 kl 15:00 7.klasse hadde ein flott tur til Bergen i strålande sol tysdag 15.mai. Me var på Vilvite, åt pizza på Bryggen og fekk tid til å handla til slutt. Takk til Heidi og Eva som tok seg tid til å vera med oss.
Tekst & foto: Aasne H Vikanes
|
|
Sommarfesten 2010 Publisert: Fredag 11.juni kl 14:10 Torsdag var det sommarfest på Sagvåg skule. Det var full gymsal med foreldre besteforeldre. I år hadde me også internasjonalt besøk av lærarar frå Belgia, Tyskland, Irland, Spania og England Tekst: Lars Bakka Foto: Lærarar og elevar
|
![]()
Det blomstrar 1. klasse har vore ute og sett på alle
blomane som blømer så fint no. Elevane visste namna på mange av blomane, men
me måtte sjå litt i floraen òg. Me fekk sett etter treet vårt, som hadde
fått fine grøne blad. Til slutt vart det òg tid til litt leiking i skogen
:-) Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg
|
Tur til Utslettefjellet. I dag har 3. klasse og nokre elevar i 5.
klasse vore på tur til Utslettefjellet saman med nokre av våre utanlandske
gjester. Me hadde ein flott tur i det fine veret og tomatsuppa me kokte på
toppen smakte fantastisk! Gjestene våre var imponerte over det flotte
fjellet og den flotte utsikta! Tekst & foto: Anne Brit Holm
|
|
God hjelp Publisert: Fredag 11.juni kl 14:10 Flinke elevar hjelper til med å halde uteområdet fint. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Repetisjon Publisert: Fredag 11.juni kl 14:10
6 klassa har vore ute og repetert namn på
lauvtre i dag. Elevane var flinke til å finne mange ulike blad som dei
fann namn på. Tekst & foto:
Anne Elisabeth |
![]()
Til Rosendal
Onsdag 9.juni var gjestene våre i Rosendal.
Tekst: Anne Elisabeth |
|
SFO på tur
No sitt me å nyt utsikta fra utslettefjellet. Elin, Lina, Jakob, Tor,
Håvard, Angelo, Fedrik, Bea og eg! Tekst & foto: Liljan Vestbøsted Waage
|
Internasjonal kanotur
I ettermiddag var lærarane frå Tyskland, Spania,
Belgia, England og Irland med på kanotur på Storavatnet. Etterpå var det
god mat på stranda.
Tekst & foto: Lars Bakka
|
Kven vert fadderen min?
I dag var det førskuledag. Det er alltid like
spanande når elevene endeleg skal få møte fadrane sine frå 5.klasse Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
I dag har Sagvåg skule hatt besøk av lærarar frå
fleire land i Europa. Det er lærarar som saman med Sagvåg skule er med i
prosjektet 'Families R Us'. Dei vart mottekne i amfiet av heile skulen.
Tekst & foto: Lars Bakka
|
Generalprøve til Sommarfesten Publisert: Måndag 7.juni kl 13:50
I dag har det vore generalprøve til
sommarfesten 2010. Den årlege sommarfesten er på torsdag kl 17:30-19:30 Tekst & foto: Lars Bakka
|
Faddertur til Utslettefjellet Publisert: Fredag 4.juni 2010 kl 14:30 Fredag 04.06. hadde 2. og 7. klasse tur til Utslettefjellet. Det vart ein flott tur! Kjekke elevar, fin sol, fantastisk utsikt og ikkje vind!
Takk for turen frå Signhild, Jorunn, Ann Karin og
Aasne Tekst : Aasne H Vikanes Foto: Aasne H. Vikanes og Ann Karin Ystevik
|
![]()
Mostraspel i strålande
sol! I dag var 6. klasse på Moster og såg sogespelet om Kristkongane på Moster. Me fekk eit godt innblkk i korleis det var for bøndene å venda om frå trua på Odin og Tor, til den nye trua på Kvitekrist. Det var ei flott forestilling med både action, kjærleik og litt humor. Tusen takk til Marianne, Irene, Svanhild og Bjarte som stilte opp som sjåførar:-)
Tekst:
Hildegunn Heimro
|
Vil du vera med på First Lego League?
Dersom du til neste skuleår går i 5.-6. eller 7.klasse ved Sagvåg skule så
kan du søkje om å få vere med i First Lego League (FLL).
Tekst & foto: Lars Bakka
|
Infoskriv i ranselen
Både i dag og i morgon finn de infoskriv som ranselpost. Du finn sjølvsagt
også infoskriv nr 21 og 22 på nettsida vår. Det eine inneheld informasjon
om SFO. Du finn søkjeskjema her:
Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
Saker til Fau & SU
18:30 : Møte i FAU
19:00: Skulemiljøutval og Samarbeidsutval Møtet vert avslutta kl 20:00 Du finn referat frå møtet her>>
Lars Bakka |
Fantastisk konsert!! I dag var heile skulen samla i amfiet. Me var kjempeheldige og fekk kome på konsert. Det var stor jubel og engasjerte elevar. Musikarane fekk full merksemd alle dei 45 minuttane konserten varte. Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Hildegunn Heimro og Malene Risnes |
LEIGE AV GYM.SALER/ROM VED GRUNNSKULANE SKULEÅRET 10/11 Lag og organisasjonar som ynskjer å leige gymnastikksalar eller andre rom ved skulane, må senda søknad til rektor på den skulen søkanden gjeld.
Det må gå fram av søknaden kva
Søknadsfrist: 14.06.2010
|
|
Fotballdag for småskulen Onsdag var det småskulen sin tur til til å ha fotballballdag saman med Litlabø og Tjødnalio skular.Det var litt kaldt denne dagen,men humøret var på topp. Innsatsen under kampane var det heller ikkje noko å seia på. Det såg ut som om alle hadde det kjekt. Elevane takka kvarandre for kampane og var like høflege og blide enten dei hadde vunne eller tapt kampen sin.
Foto: Lærarane på småskulen Tekst: Brita Flatøy
|
Kjekk aktivitetsdag! Publisert: Fredag 28mai 2010 kl 11:00
Torsdag 27. mai var det den årlege aktivitetsdagen for 7. klassane. Elevane frå Litlabø, Tjødnalio og Sagvåg
skule fekk vita korleis klassane vert sett saman når dei kjem til
ungdomsskulen i august. Dagen starta med frukost i Samfunnshuset. Seinare
var det natursti og pizza. Etter mat var det mange kjekke aktivitetar å
velja mellom: kanopadling, volleyball, hesteskokasting, fotball, ridning
mm. Elevane fekk god til til å vera saman og bli kjent med dei nye
klassekameratane sine. Tekst og foto: Kari Myhre og Aasne H Vikanes
|
På skulebyggkonferanse I dag var det Hilde og Kjartan som representerte Sagvåg skule på den store skulebyggkonferansen på Nordbygdo ungdomsskule. Dagen starta med omvising for 50 deltakarar på Sagvåg skule. Deretter gjekk turen til Nordbygdo ungdomsskule der m.a. Hilde og Kjartan haldt foredrag for dei 50 deltakarane i konferansen. Dei var kjempeflinke og fekk mykje skryt! Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
Her finn du ei ny side om digital mobbing. Det er flott om både elevar og lærarar gjer seg kjent med denne>> Tekst: Lars Bakka
|
Godt humør og stor innsats Publisert: Fredag 21.mai 2010 kl 14:44
Storskuleelevane frå Litlabø, Tjødnalio
og Sagvåg har tevla på Nysæterbanen i dag. Eit strålande ver i tillegg til
kjekke elevar gjorde sitt til at det vart eit vellukka arrangement. 7.
klassen frå Sagvåg tok bronse, 6. klasse gjorde ein flott innsats utan å
få medalje, og 5. klasse vann alle kampane i sin klasse, og tok gull! Foto: Lars Andreas og Synnøve Sol
|
Songleikar i vårsola I dag har 3. klasse hatt
musikk ute i det fine veret. Me koste oss med både engelske og norske
songleikar. Tekst & foto: Anne Brit Holm
|
|
Mykje kjekt å gjera ute Torsdag var første klasse
ute og prøvde noko av alt det kjekke me har fått å leika med ute. Etterpå
var me i skogen for å finna noko av det som levde der. Me fann mange
levande vesen, men dei fleste var litt for vanskelege å få has på for
fotografering ;-) Tekst & foto: Egil Petterteig
|
Det spirer og
gror 3. og 4.klasse har vore
ut og leita etter blomar i dag. Sjølv om det har vore kaldt, fann ivrige
elevar mange vårblomar. Tekst & foto: Annbjørg Luggenes
|
Matematikkdag
for småskulen
Onsdag etter mat hadde elevane i 1. - 4.
klasse matematikkaktivitetar utandørs. Dei var delt inn i aldersblanda
grupper og var innom ulike stasjonar der dei fekk både rekna, telja, måla
og vega. Alltid kjekt med kjekke aktivitetar på tvers av stega :-) Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg
|
|
Felles barnetog 17. mai
PROGRAM: 17.maikomitéen>>
|
Nytt frå elevrådet
Du finn nytt referat frå elevrådet her>>
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
Tinestafetten 2010 Publisert: Onsdag 12.mai 2010 kl 15:20
I dag gjekk årets Tinestafett av stabelen i
strålande solskinn. Sagvåg skule stilte med lag frå 6. og 7. klasse. Det
var flinke elevar som sprang. Dei ga alt :-)
Tekst: Anne Elisabeth Trevland
|
|
Trivselsleiarar Kristian, Jon Bruno, Rebekka og Nora er tilsette som 'trivselsleiarar' ved Sagvåg skule for resten av våren. Desse elevane får ansvaret for utleige av utstyr til aktivitetar i friminutta og skal hjelpe til med å gjere det kjekt for alle i pausetida. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Øving til 17.mai Publisert: Tysdag 11.mai 2010 kl 16:40 I dag har alle elevane ved Sagvåg skule øvd på 17.mai-songar og gått i tog... så no er alt klart til den store dagen! Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen
|
Vinter og vår Måndag 10. mai låg det snø på liljene på Sagvåg skule. Tekst og foto: Kari Almås
|
|
SFO på tur
Hoggormen Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
|
Spenning til siste steg! Publisert: Torsdag 6.mai 2010 kl 13:00 Det blei
det delt 3. plass på 5. klasse! Det blei som vanleg
ein kjekk stafett, der 5. klasse låg i tetgruppa nesten heile tida. Til
slutt var det uråd å skilja dei to laga som kom på 3. plass. Flott innsats
av laget, og av dei som var med å heia! Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
Vil du bli TRIVSELSLEIAR!? Publisert: Torsdag 6.mai 2010 kl 09:15
Vil du vera med på å gjera
friminutta kjekkare? Dersom
du går i 5.-6. eller 7.klasse så kan du no søkje om å bli trivselsleiar!
Tekst: Lars Bakka
|
|
Informasjonsskriv nr 19 Dette, og alle dei andre informasjonsskriva frå Sagvåg skule finn du her>> Tekst: Lars Bakka
|
Ny rasekalv på Vikanes |
Kunstutstilling Første klasse var på
biblioteket på utstilling/forteljingsstund i dag. Det heitte "Den
magiske kappa", og handla om islamsk kunst. Bussen vår var litt tidlig
på Leirvik, så me fekk tid til ein tur for å sjå på dei store båtane og
:-) Tekst og foto: Egil Petterteig
|
|
Budsjettarbeid
Mange har sikkert fått med seg det store oppslaget i Sunnhordland i dag
under overskrifta 'Vil rasera innhaldet i skulen'. Her vert konsekvensane
av kutt på totalt 1,34 millionar kroner i Stordskulen omtalt. Tekst: Lars Bakka
|
Team Athletics
Games
I dag har Helga Reigstad frå Norsk Friidrett vore på Sagvåg skule og hatt Team Athlteics Games med oss. Alle elevane på mellomsteget deltok og me vart delt inn i blanda grupper. Me har kasta ball, hoppa stillelengde, hatt balanseøving, frekvenshopp, vertikalhopp, kulekast, hinderstafett og vanlig stafett. Det var god aktivitet i gymsalen og konkurranseinstinktet var på topp hos mange! Tekst og foto: Magnus og Kalle Ruben . |
Tannhygiene i 5. klasse Publisert: Fredag 30.april 2010 kl 20:00 Torsdag 29. april hadde 5. klasse besøk av tannpleiar Brit Hildal Laastad. Dei lærte masse om å ha rett kosthald, pussa tennene ofte og da at dei må halde tennene sine i orden.Laga av Anna Henriette og Sunniva Sol |
|
Ole Bull på Sagvåg skule! Av Kjartan og Jon Bruno I veke 17 var det rikskonsert for 3.-7. klasse ved Sagvåg skule.
Elevane fekk eit innblikk i livet til Ole Bull gjennom masse musikk og
litt teater. Me fekk snakka med musikarane som hadde konserten. Han som
spelte fiolin heiter Tor Jaran Apold og han er 37 år gammal. Han som
spelte piano heiter Sjur Hjeltnes og han er 36 år gammal. |
Vekt, volum og lengd I dag har 4.klasse
jobba med å måla kva ulike ting veg, og kor mange deciliter eller liter
vatn det er plass til i glas, koppar og skåler. Me målte og breidde og
lengde på dørar og trapper i Amfiet. Til og med rektor som gjekk forbi
vart målt. Det var stor aktivitet og arbeidsglede.
Tekst og foto: Brita Flatøy
|
Kunst og handverk i 4.klasse Publisert: Torsdag 29.april 2010 kl 10:30 4.klasse lagar seg treknivar på sløyden for tida. Dei er svært ivrige med tollekniv, rasp, fil og sandpapir. Her er nokre bilete frå arbeidet på tysdag. Tekst og foto: Brita Flatøy
|
![]()
Mange søkjarar Det er komme inn 95 søknadar til den ledige stillinga ved Sagvåg skule. Mange av søkjarane har sjølvsagt søkt alle skulane i Stord. Med 95 kandidatar finn me heilt sikkert ein god lærar ;-)
Tekst og foto:
Lars Bakka |
Vaskemannen-ein
blid kar
No skal eg intervjua
eine reinhaldaren ved skulen vår. Han er ny, også er det ikkje så vanlig å
ha ein mann til å vaska på ein skule. Han trillar rundt vaskekjerra si
kvar dag medan han høyrer på musikk. Tekst og foto: Lars Andreas, Jonas og Kalle Ruben
|
YES
S
S
S
S ! Det er stor jubel når
roboten gje jobben slik han skal. Elevane i 7.klasse er i full gang med eit teknologiprosjekt der m.a. Lego
League- utstyret er i bruk. Tekst og foto: Lars Bakka
Er du elev i 5.-6.-
eller 7.klasse ved Sagvåg skule hausten 2010 I mellomtida kan du lese meir om konkurranse her>>
|
|
Mange nye bøker Skulebibliotikarane kan lokka med mange nye bøker i billioteket våprt. Dei nye bøkene står som vanleg oppå hyllene
Tekst og foto:
Lars Bakka |
Svevande kunst Publisert: Laurdag 24.april 2010kl 11:50 Les meir om den nye
kunsten i amfiet i skuleavisa. Tekst og foto: Kjartan, Kalle Ruben og Jon Bruno
|
![]() Naturfag i 2.klasse Publisert: Fredag 23.april 2010kl 11:00 I 2.klasse har med hatt om tema luft i naturfag. Torsdag fekk elevane laga helikopter og papirfly, og etterpå gjekk me ut og prøvde dei. Det var ein kjekk time og elevane var veldig engasjerte! Tekst & foto: Ann Karin Ystevik
|
![]() Mykje nytt i skuleavisa! Publisert: Fredag 23.april 2010kl 10:30 Skuleavisa har mange aktive journalistar og du kan lese nytt i avisa kvar dag! Les avisa her>> Tekst: Lars Bakka Foto: Anna Henriette
|
![]()
Hopp for hjartet
I fjerde klasse hoppar me tau kvar einaste friminutt denne og neste
veka. Me er med på ein konkurranse mellom ulike skular i Noreg. Det er Nasjonalforeningen for folkehelsen som arrangerer denne konkurransen.
Elevane er blitt svært flinke. Nokre hoppar åleine, medan andre hoppar
fleire ilag. Her er nokre bilete frå eit friminutt onsdag. Tekst og foto: Brita Flatøy
|
Matematikkdagar
Denne veka har mellomsteget
matematikkdagar. Det var stor aktivitet måndag morgon då me hadde fyrste
økt. I år arbeider me med rosevindauge, perspektiv og konstruksjon.
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
![]() Publisert: Onsdag 21.april 2010 kl 08:40
|
![]()
O-løp for lærarane
Lærarane fekk seg eit lynkurs i orientering i dag,
med ein liten runde i terrenget rundt skulen. Harald Gjøsæter frå
O-gruppa i Solid kursa oss. Me testa digital tidtaking, og trur det kan
vera veldig motiverande både for store og små. Mange vart også letta av
å høyra at overdriven bruk av kompass no kunne erstattast av sunn
fornuft.
Tekst & foto: Egil Petterteig
|
![]()
Davy Wathne var dommar Laurdag var det Benditcup på Nysæterbanen og Davy Wathne frå TV2 var ein av dommarane. Her har han dømt nokre av våre 1.klassingar.(Meir om Benditcup kjem i skuleavisa) Tekst & foto: Lars Bakka
|
![]() 'Happy birthday' og 'Mamma Mia' Publisert: Fredag 16.april 2010 kl 14:30
(Dette vert også sak i skuleavisa)
Tekst & foto: Aasne Vikanes |
![]()
Aktivitetsdag
For skuleavisa: Tekst:
Jon Bruno
|
Sjøvett 1. klasse er med på ein
sjøvett-konkurranse i regi av "Eliasklubben". Denne veka fekk elevane
illustrera Elias sine sjøvettreglar i lego og modelkitt. Me har teke
bilete av resultata slik at me kan senda dei inn
Tekst og foto: Jenny Sætre Skjønberg |
|
1. klasse på spasertur Onsdag gjekk me oss ein lengre tur i finavêret. Det har vore mykje aking og leik i skogen på turdagane våre i vinter, men no når snøen er borte vil me ut gå. Denne gongen gjekk turen til Nysæterstølen, der Malin Sofie og Iselin Therese fekk visa kor dei bur :-) Tekst og foto: Jenny Sætre Skjønberg |
![]() Nytt frå elevrådet Publisert: Torsdag 15.april 2010 kl 13:10 Tysdag var det møte i elevrådet. Det var mange viktige saker denne gongen også! Her finn du referatet frå møtet>> Du finn no også referat frå klasserådsmøta her>> Tekst: Lars Bakka Foto og referat: Anne Elisabeth Trevland
|
![]() Kunstutstilling og slåball Publisert: Onsdag 14.april 2010 kl 08:25 Tysdag 13. april var 7. klasse i Kulturhuset og såg fotoutstillinga
'Oil rich N & N' av George Osodi. Han er frå Nigeria og er journalist og
fotograf. Han har fotografert i Nigeria og Noreg, og bileta viser korleis
oljeindustien har sett spor i dei to landa. Det er store kontrastar.
Elevane fekk eit godt innblikk i tilhøva i dei to landa. Etter matpausen
var det tid for kroppsøving. Slåball er ein aktivitet som er like populær
no som før. Tekst & foto: Aasne Vikanes
|
|
Blide ungar i deilig vårsol:-) Stemningsrapport frå midttimen: Blide ungar, kjekk leik, avslapning og avkledning... Slikt høyrer våren til :-) Tekst & foto: Hildegunn Heimro |
Om steinalderen ! Publisert: Måndag 12.april 2010 kl 12:00 I dag var 3 klasse på museet for å læra om steinalderen. Me fekk skyta med pil og boge og laga smykke av skjel og " bein". Me laga pilspissar av å banka stein og me prøvde å få til eld. Til slutt fekk me nydeleg fisk laga i kokegrop. Takk til Bjørn Arve og Johanne for ein kjekke dag ! Tekst & foto: Gro a Halvorsen |
Farvel til studentane
Fredag 9. april var siste dagen me hadde studentar i
år. Klassane hadde ulike opplegg den dagen. Det vart baka
sjokoladekaker og bollar. Både små og store kosa seg saman. Desse
studentane kjem ikkje attende til vår skule. Seinare i studiet får dei
andre elevgrupper der dei kan øva seg på lærarjobben. Tekst: Kari Almås |
|
Ros til Nobina (Brev sendt til avisene) Det er Snefrid Vikanes, fau-leiar, Sagvåg skule på Stord. Eg var ein av dei som ringte ang. farleg skuleveg og manglande skuleskyss til elevar på Vikanes/Jensanes. Eg har lenge tipsa avisa Sunnhordland om denne saka. Foreldre, elevar og lærarar har ønske om å få laga ein TAKKE reportasje i avisa. Eg har purra fleire gonger på dei, har fått lovnad om at dei skal laga reportasje, men nei .Har vore i kontakt med BT no, så får me sjå om dei tar kontakt med meg. Hadde vore kjekt å få publisert det offentlig. Det virke ikkje som om det er så populært med ein takke-reportasje. Har veldig lyst å gi positiv tilbakemelding til skyss .
OM IKKJE MEDIA FÅR DET FRAM, SÅ ØNSKER ALLE VED SAGVÅG SKULE (ELEVER, LÆRARAR OG FORELDRE) OG GI DAGENS ROS TIL ALLE I SKYSS MVH
Snefrid Vikanes
|
Besøk av Magne Kydland 6.klasse har hatt besøk av Magne Kydland, i dag fredag 09.04.2010. Han er sjef for Sunnhordland avis. Magne snakka om Sunnhordland nettavis. Han viste oss kva me kan finne der, og han snakka om korleis det er å ha ei nettavis, og at du må vere rask ute med nyheiter. Magne snakka og om kva som er viktig med å ha ei nettavis, og kva me kunne nytta oss med.
Tekst: Nora og Malene elevar 6.kl, Foto: Hildegunn |
Elevane og studentane på skulen, lærarane på HSH Publisert: Torsdag 8.april 2010 kl 11:10 I dag er alle lærarane på Høgskulen medan det er studentane som har ansvaret for undervisninga for heile skulen.
Tekst: Lars Bakka |
|
No er me klar for vår!! Me må berre
vedgå at biletet over vart teke 15.april i fjor, men det spirer på
Sagvåg skule også denne våren! Tekst & foto: Lars Bakka
|
![]()
Gitarstemming Me god hjelp frå flinke elevar vart alle dei 15 elevgitarane finstemte i dag. Tekst & foto: Lars Bakka
|
![]()
Vårpuss Det er kjekt når elevar melder seg frivillig til å vera med på å ta eit tak for å gjere utområdet vårt klart for våren. Her er det strøsand som vert sopt bor frå fallunderlaget til klatreveggen. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
Påskelunsj Siste skuledag
før påske er det alltid påskelunsj for alle elevane ved Sagvåg skule.
Lærarar, assistentar, studentar og reinhaldarar hjelpte til med
servering til 160 nøgde elevar! Tekst: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes |
![]()
Vil du ha deg ein røyk?
Sel meir på: http://www.ungeogrus.no/nn-no/ Tekst & foto: Aasne Vikanes
|
Påskestemning i 5.klasse Også i 5.klasse bar skuledagen preg av at det går mot
påskeferie. Tekst & foto: Toril S Bruket
|
|
Kveldsmat Publisert: Fredag 26.mars 2010 kl 12:30 Torsdag 25. mars hadde 2. Klasse ei kveldssamling
for elevar og familiar. Alle hadde med mat, og det vart dekka til
koldtbord. Elevane song dei songane me hadde øvd på før påske. Ei koseleg
stund. Tekst og foto: Kari Almås
|
Sosial samling Torsdag 25. mars var det sosial samling for
klassane på småskulesteget. Songane alle song handla om vår. Tekst og foto: Kari Almås
|
Can you pass me the bread, please? Det var gøy å eta på engelsk, syntest 3. klassedå me hadde starta måndagen med English breakfast. Elevane øvde seg på engelske mat - uttrykk, og kva er vel ein betre måte å gjera det på enn nettopp rundt matbordet? Etter ein fin start på dagen, arbeidde 3. klasse med
arbeidsprogram. Då var det alt frå matematikk, atlas og kart, til leik og
klossar som stod på programmet. Alt i alt: ein kjekk dag. Tekst og foto: Anders Haga |
|
Påskeverkstad
I dag hadde heile
småskulen påskeverkstad dei to fyrste timane. Det var studentane som
stod for organiseringa og aktivitetane denne gongen. Elevane laga
påskekyllingar med fjør og ulike påskekort. Både studentar og elevar såg
ut til å vera fornøgde med økta.
Tekst og foto: Ann Karin Ystevik
|
Elevundersøkingane Publisert: Onsdag 24.mars 2010 kl 11:40 No har alle elevane på 5. til 7.klasse svart på 'elevundersøkingane'. Dette er ein digital spørjeundersøking om trivsel, fagleg arbeid og andre spørsmål knytt til skulen. Resultata for i år vert publiserte her>> Tekst og foto: Lars Bakka
|
![]()
Flotte puter i 4.klasse Elevane i 4. klasse har teikna mønster og sydd
puter. Heile gjengen er blitt ekspertar på korssting. Her er nokre bilete
der dei stolt viser fram det flotte resultatet. Tekst og foto: Brita Flatøy
|
|
Påskegudsteneste Publisert: Tysdag 23.mars 2010 kl 12:40 Tysdag var 2. Klasse på påskegudsteneste i Nysæter
kyrkja. Det var berre oss og Litlabø skule sin 2. klasse, så alle fekk
oppgåver dei måtte gjera. Elevane gjekk i prosesjon, tente lys og bar
fram ting. Tekst og foto: Kari Almås
|
Lærarane har også i dag blitt kursa av Gro og Toril
om systemastisk observasjon av leseopplæring (SOL) Tekst og foto: Lars Bakka
|
Fuglekassar og gryteklutar Publisert: Tysdag 23.mars 2010 kl 10:15
Det var stor aktivitet då 6. klasse hadde kunst og
handverk i dag. Nokre elevar arbeida med fuglekassar medan dei andre
sydde gryteklutar. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
Smarte forslag frå smarte elevar! Publisert: Torsdag 18.mars 2010 kl 23:00 Tysdag, onsdag og torsdag har alle elevar i 6. klasse på Stord vore engasjert i ein konkurranse som Ungt entrepenørskap har arrangert. Konkurransen og arbeidet elevane skulle gjera, handla om forslag til kva me skal gjera for SMARTare ENERGI. Konkurransen vart difor kalla SMART ENERGI.
Kommunen, Aker Stord og SKL var bedriftene
som var representert, og det var dei som laga problemstillingane elevane
skulle jobba med. Alle Sagvågsskulane fekk problemstilling frå SKL og
den var slik: Korleis bidra til lavenergisamfunnet 20-20-20? Dette sette krav til ein god
porsjon kreativitet, innovativ tenking, godt samrabeid og god
presentasjon. Elevane hadde kun onsdagen å få gjort oppgåva på. Torsdag
var det presentasjon av arbeidet og sjølv om Sagvåg skule ikkje gjekk
heilt til topps, er me svært nøgde med det arbeidet elevane har lagt
ned. Dei har jobba iherdig og godt, og laga gode modellar og
presentasjonar, og i tillegg har dei lært mykje om energi og
energiutnytting. Tre lærerike og kjekke dagar og så må me sei at me fekk
servert god mat frå Cold Cat- ein smart grunder! Tekst & foto: Hildegunn Heimro
|
Til Biblioteket på Litlabø Publisert: Torsdag 18.mars 2010 kl 17:40 Me trassa regn og ruskevêr, og tok turen til biblioteket på Litlabø. Der fekk me ei glimrande eventyrstund frå Kari Bolette. Elevane storkoste seg, og fekk høve til å låne med seg kvar si bok som dei hadde lyst å lese. Tekst & foto: Vegard Østebø (Student)
|
Steinalderen i 3.klasse Publisert: Torsdag 18.mars 2010 kl 17:40 I 3.klasse arbeider me no med steinalderen, og på torsdag v. 11 laga
elevane flotte steinalderplakatar som skal pryde veggane i klasserommet. Tekst & foto: Vegard Østebø (Student)
|
|
Thoralf frå IKT er i full sving med å installera Windows 7 på alle elevmaskinane. Håpet er at dei skal bli meir stabile på nett og raskare å bruka. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Barnehage + Skule=SANT! Publisert: Torsdag 18.mars 2010 kl 12:40
I dag tok Queensway, Brita Flatøy og
rektor imot elevane som skal ta til i første klasse til hausten. Nokre
av elevane hadde også med seg vener frå barnehagen sin. Det er
Nysæter/Litlabø barnehage og Sagvåg maritime barnehage som er våre
prosjektsamarbeidspartnarar. Brita las for elevane, me teikna og til
slutt leika me ute og inne. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Kjekt med studentar! Publisert: Torsdag 18.mars 2010 kl 12:40 I dei to vekene før påske og i den første veka etter påske kjem elevane i 1.-2. og 3.klasse til å ha flinke studentar frå HSH som lærarar. Dette er dei same studentane som var på mellomsteget i fjor. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
Prosjektdag på Vikahaugen Publisert: Onsdag 17.mars 2010 kl 16:30
Tysdag var heile 6. klasse på Vikahaugane. Smartenergi
heiter prosjektet som me skal jobbe med denne veka. Shanty-koret
underhaldt oss og me bygde høge tårn ved hjelp av sugerøyr og nåler.
Alle fekk pizza og juice. MMmmmmmm.
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
Kurskveld Publisert: Tysdag 16.mars 2010 kl 19:30 I kveld var det kurs for alle dei tilsette ved Sagvåg skule der temaet var korleis me vert endå flinkare å samarbeida og gje elevane betre skulemiljø. > Tekst & foto: Lars Bakka
|
Dramatisering, både kjekt og skummelt
Rødhette, Rapunsel og Askeladden m. fl. har dukka
opp i 5. klasse dei siste dagane. Elevane har arbeidd i sju grupper og
dramatisert eventyra. Kjekt å jobba med dramatisering, men også litt
skummelt å framføra for dei andre i klassen.
Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
|
Påskevandring for
1.klasse I sist veke var 1.klasse på 'påskevandring' i Nysæterkyrkja. Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
|
Sagvåg skule 70
år! I desse dagar er det 70 år sidan
gamle Sagvåg skule vart teken i bruk. Skulen var vart "vigsla til
skulebruk" 2.påskedag 1940, det var tysdag 25.mars. I vekene framover
kjem me til å visa nokre bilete frå dei 66 åra det var skuledrift i det
gamle skulebygget vårt. Tekst: Lars Bakka Foto: Ukjent |
Siste nytt frå
Elevrådet Her finn du referat frå møtet i Elevrådet som var på tysdag i denne veka>> Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland |
|
Etterkomarar etter Comenius-maskoten vår? 5. klasse har
avslutta temaet om eventyr og segner, og på biletet ser du er eit av
resultata. Difor kan me avkrefta at Comenius-maskoten har reist frå alle
borna sine. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
Ommøblering I dag tidleg kom 6.klasse til eit heilt 'nytt' klasserom. Måndag ettermiddag hadde Hildegunn og Anne Elisabeth ommøblert heile klasserommet. No har elevane arbeidsplassar inne i heimebasen og utanfor. Når det er undervisning møtes sjølvsagt alle i heimebasen. Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland
|
Morgonstemning Det er framleis fint vinterstemning på Sagvåg skule. No tidleg i mars har me soloppgang klokka åtte. Også i dag måtte elevane vassa i nysnø på veg til skulen. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
Ut på tur med bål på hjul! Publisert: Torsdag 4.mars 2010 kl 08:00 I dag
har første og andre klasse vore på tur saman. Me hadde ved med oss på ei
trillebår, så me hadde bål til å steika pinnebrød på. Ungane kosa seg i
den djupe snøen, og det vart laga mykje fint. Ein kjekk tur med kjekke
elevar :-) Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Egil Petterteig
|
Comenius-maskoten
vår. Her ser du elevar frå 4., 5. og 6. klasse saman med Comenius-maskoten vår. Han vart fødd i veke 8, og snart skal han reisa til Birmingham i England heilt åleine. Seinare skal han reisa til skuleelevar i Spania, Irland, Belgia og Tyskland. Han kjem altså til å bli ein svært reisevant kar! Tekst og foto: Toril S. Bruket
|
Å skapa tekst til bilete er ikkje alltid like enkelt....., - endå til om ein har teke bileta sjølv! Publisert: Tysdag 2.mars 2010 kl 12:45 Det fekk 5. klasse erfara i dag, då fotograf Øyvind Hjelmen leverte attende bileta elevane har teke med eingongskamera dei fekk utlevert nokre veker før vinterferien. Alle elevane fekk då kvar sitt eingongskamera og i oppgåve å ta bilete frå "si verd". Etterpå vart alle kamera levert inn og så plukka fotograf Øyvind Hjelmen ut tre bilete frå kvart kamera, som han framkalla og som elevane skulle skriva tekst til. Desse bileta skal publiserast med tekst, og gje eit innblikk i korleis ein 5. klassing si verd er. Nokre var nok litt overraska over kva bilete han hadde plukka ut, og dei fekk sett at ulike bilete kan fortelja ganske mykje. Dette er 2. året fotograf Øyvind Hjelmen gjennomfører prosjektet "Mi verd" for alle 5. klassingane på Stord. Det ferdige resultatet kan de sjå om nokre veker på skulen. Tekst og foto: Hildegunn Heimro
|
|
Endeleg skule igjen! Etter ei veke med vinterferie er me i gang med skule igjen. Ekstra kjekk start på skuleveka er det alltid for 2.klasse som har symjeundervisning i den første timen på måndagane. Elles var det 3.- og 5.klasse som hadde symjing i dag. Symjeplanen for våren 2010 finn du her>> Tekst & foto: Lars Bakka
|
Bruer og andre byggverk, vaflar og kjekke ungar ! Fredag 19.februar 2010 kl 10:00 3 klasse har hatt tema bruer og andre byggverk . Me har laga ulike byggverk, og sett korleis me kan gjera konstruksjonane stabile, etterpå vart det servert vaflar til kjekke og arbeidsame ungar :-) Tekst & foto: Gro A Halvorsen
|
Brevvenner i England Fredag 19.februar 2010 kl 11:30
I samband med Comeniusprosjektet som Sagvåg skule er med i, har 4.klasse vore så heldige at dei har fått brevvenner i Birmingham i England. Denne veka har me fått nytt brev frå Forestdale Primary School. Brevet, eller pakken, frå England var stort og inni fann me både brev som elevane hadde skrive på norsk, bilete av elevane og glimt frå ein vanleg skuledag. Visste de at Birmingham er kjend for sjokoladefabrikken sin? Fint for oss. Me fekk mange sjokoladar som me koste oss med siste dagen før vinterferien. Her er nokre bilete av breva me fekk frå England. Andre bilete viser 4.klassingane som skriv brev på engelsk og et sjokolade. Det vart mange spørsmål om kva ting heiter og korleis me skriv på engelsk. No er breva klare og skal sendast til England. Tekst og foto: Brita Flatøy
|
![]()
Dyreparken i Sagvåg Denne veka har 1. klasse
laga dyremasker. Vart dei ikkje fine? Tekst & foto: Jenny Skjønberg
|
Grand Prix 2010 Onsdag 17.februar 2010 kl 12:45 (Oppdatert torsdag 18.02.2010) Det var mange flinke aktørar med på Grand Prix
onsdag 17. februar. Publikum sette stor pris på det dei fekk sjå og
høyra. Klasse song vann Hilde, Silje og Anna Henriette frå
6. klasse. Klassen dans vart vunnen av heile 7. klasse. Dei imponerte
og sjarmerte oss alle. Me har hatt ein kjekk dag med mange fornøgde
elevar. Foto: Jørgen Å og Kari Almås Tekst: Kari Almås |
![]()
Nytt frå elevrådet Her finn du referat frå det siste møtet i elevrådet>>
|
|
17.mai-møte I dag var alle foreldra i 6. og 7.klasse inviterte til møte om 17.mai. Det er desse to klassane som har ansvaret for 17.maifeiringa ved Sagvåg skule. frå 6.klasse var 9 elevar representerte med foreldre, medan 8 elevar var representerte i 7.klasse. Tekst & foto: Snefrid Vikanes
|
Verdsrommet Torsdag 11.februar 2010 kl 18:00 4.klasse har arbeidd med verdsrommet. Me har laga modell av
solsystemet. Mange kan namna på planetane og kvar dei ligg i forhold til
sola. Elevane var flinke å samarbeida.
Tekst og foto: Annbjørg Luggene
|
4.klasse Torsdag 11.februar 2010 kl 11:40 I dag var snøen kjempegod til å laga snømenn av. 4.klasse laga nokre flotte figurar utafor personalrommet slik at dei vaksne skulle ha noko fint å sjå på. Tekst: Brita Flatøy Foto: Laila Magnussen |
|
Fastelavnris i stor stil!
På SFO gjekk det med liv og lyst då me laga
fastelavnris.
Resultatet vart imponerande!
Tekst & foto: Laila Magnussen
|
Treet vårt Onsdag 10.februar 2010 kl 13:15
I dag var første klasse på tur i skogen for å sjå på
treet vårt. Det såg kaldt ut å vera tre og stå heilt i ro i kulden. Godt
at me kunne springa og leika for å halda varmen. Det var mykje kjekt å
finna på sjølv om turen ikkje var så lang. Tekst & foto: Egil Petterteig |
Vel framme i Spania Publisert: Måndag 8.februar kl 12:30 Her kjem ei lita helsing frå Toril, Anne Britt og Hildegunn som representerer Sagvåg skule i Spania i desse dagar. Lærarane er på skulebesøk i samband med prosjektet 'Famely R Us'. Dette biletet er henta frå Gaudi parke måndag føremiddag. Tekst: Lars Bakka |
|
Lærarane på kurs I dag er alle lærarane ved Sagvåg skule på ulikekurs. Nokre av oss er på kurs med Håvard Tjora frå Blanke Ark Tekst & foto: Lars Bakka
|
Endeleg kantinedrift igjen Publisert: Onsdag 3.februar kl 21:00 I dag var me i gang med elevkantina igjen. Heilt fram til sommarferien kjem Åshild, Hedvig, Tonje, Jørgen, Anna Henriette og Anna til å servera smørelunsj kvar onsdag. Meir om elevkantina>> Tekst & foto: Lars Bakka
|
Kanonball
I dag spelte 6. klasse kanonball ute i
snøen. Me leika også Hauk og due. Kjekt med litt leik i staden for tur.
Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
Gymnastikk u te onsdag 3.januarPublisert: Onsdag 3.februar kl 13:33 Ingen problem med bordtenniskurs for 7.klasse i gymnastikksalen når det så flott å vera ute. 4.klassingane koste seg ute med aking, flaskeløp og byggjing i snøen. Fleire bilete>> Foto: Laila Magnussen / Brita Flatøy Tekst: Brita Flatøy |
![]()
Fantastisk kjekk gymtime
:-) I dag nytta me oss av ein fantastisk flott vinterdag. Ungane har bl.a. aka, lagt snøenglar, snøhuler og hopp. Det var stor iver blandt ungane, og dei storkosa seg. Fleire bilete>> Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage |
Full fart i SFO Publisert: Tysdag 2.februar 2010 kl 17:30 Full fart på SFO i dag også. Borna kosa seg både i akebakken og i sklia. Fleire bilete>> Tekst & foto: Elisabeth Magnussen |
|
Brannsløkking i 6.klasse Publisert: Måndag 1.februar 2010 kl 16:30 I dag fekk 6. prøve å slokke brann med pulverapparat. Ei nyttig erfaring som me håper at me ikkje får bruk for. Fleire bilete i testalbumet>> eller på nettsida til 6.klasse>> Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
Sagvåg skule 29/1-10 kl 11:45-12:15 Publisert: Tordag 28.januar 2010 kl 14:00 Her er nokre bilete
frå ein heilt vanleg halvtime på Sagvåg skule ein fredags ettermiddag.
Me tek ofte bilete når det skjer noko spesielt, men me har også
kvardagar på skulen vår, og som det ser var det mange elevar som
arbeidde flittig sjølv om det gjekk mot helg! Her kan du sjå bileta på 'gamlemåten'>> Tekst & foto: Lars Bakka
|
"Eg er ein glad og vill ballong!" Publisert: Tordag 28.januar 2010 kl 14:00 I 2.klasse har me lenge øvd på ein song om ballongar. I dag fekk elevane prøva å syngja og dansa med ekte ballongar. Det var jammen kjekt! Fleire bilete>> Tekst & foto: Ann Karin Ystevik
|
|
Kreative 7.klassingar Publisert: Onsdag 27.januar 2010 kl 13:30 Ved hjelp av Cernit lagar elevane i 7.klasse flotte dokker. Du finn fleire bilete på nettsida til 7.klasse>> Tekst & foto: Lars Bakka
|
Klar for kantinedrift Publisert: Onsdag 27.januar 2010 kl 10:50 Onsdag 3.februar vert første servering i elevkantina denne våren. Det er Anna V, Anna Henriette, Hedvig, Åshild, Jørgen Å og Tonje som er ansvarlege for kantinedrifta. (Anna Heriette var ikkje på skulen då me tok biletet.) Elevar som ikkje har meldt seg på orninga kan framleis gjere det. Les meir>> Tekst & foto: Lars Bakka
|
Gutar med bart og skjegg i 2.klasse! Publisert: Fredag 22.januar 2010 kl 13:00 I dag har 2. klassingane hatt kunst & handverk, der dei skulle laga klippe- og limebilete. Dei sette i gong med arbeidet, klipte til trær og blomar. Etter at nokre figurar var limt fast på arket, var det nokre av gutane som såg kva anna desse klippa kunne nyttast til, til bart og skjegg. Tekst & foto: Signhild Dyngen
|
|
Inn i varmen? Publisert: Torsdag 21.januar 2010 kl 10:00
Denne anda stod og hakka på vindauga i SFO i dag tidleg. Ho ville
kanskje inn for å varma seg i det kalde veret? Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen
|
3.klasse studerer veret Publisert: Torsdag 21.januar 2010 kl 18:00 I 3 klasse arbeider me med veret og me sjekkar temperatur, vindstyrke og nedbør kvar dag. Me studerer også skyene og ser om me har "haug-, fjør eller uvêrsskyer" på himmelen. I dag har me laga vindmøller, men lite vind gjorde at me ikkje fekk testa dei heilt ut. Fleire bilete>> Tekst & foto: Anne Britt Holm
|
Akedag på Sætre. Publisert: Onsdag 20.januar 2010 kl 14:30 I dag har 3.og 4.klasse hatt ein kjekk utedag. Elevane suste avgarde ned bakken på akebrett, kjelkar og bossekker. Alle elevane fekk pølse i brød og mange sat lenge og koste seg med kakaoen eller mjølka og nista. Me er svært glade for at me får lov til å vera i denne flotte bakken. Fleire bilete på sidene til 3.>> og 4.klasse>> Tekst: Brita Flatøy Foto: Fleire fotografar
|
|
Godt samarbeid med bordtennisklubben Publisert: Onsdag 20.januar 2010 kl 10:15 Kvar veke får elevar ved Sagvåg skule bordtennistrening etter skuletid. I tilleg har Stord bordtennisklubb i fire veker hatt introduksjonskurs for elevane frå 4. til 7.klasse i skuletida. Her er det 5.klasse som får instruksjon av Håvard Markhus. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Snøby Publisert: Fredag 15.januar 2010 kl 12:00 Etter at 5. klasse har jobba med teikning av hus, målestokk , utskjering og samansetjing , er me no endeleg ferdige med husa våre. Utstillinga står i "Stokksund", og for tida har me snø både ute og inne, berre sjå på bileta. Fleire bilete>> Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
Skeisedag på Storavatnet! Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 15:30 I dag var heile småskulen på tur til Storavatnet. Nokon gjekk på skeiser medan andre gjekk på ski. Sola skinte og både ungar og vaksne storkoste seg. Fleire bilete>> Tekst & Foto: Ann Karin Ystevik
|
|
Isslott Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 14:50 Elevane i 3 klasse har laga isskulpturar som dei har fått ulike fargar på, ved å frysa vatn blanda med farge. Dei frosne skulpturane vart til flotte isslott. Stor iver og innsats ! Fleire bilete>> Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Anne Brit Holm
|
Utedag i
fint vintervêr Det var stor aktivitet då elevane på mellomsteget var på tur til Dalebakkane. Det var nydeleg ver og føret ga kjempefart i bakken. Me koste oss med pølser, sjokolade og varm drikke. Fleire bilete på sidene til 5.kl>>, 6.kl>> og 7.kl>> Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Anne Elisabeth Trevland & Aasne Vikanes
|
Is-skulpturar Publisert: Torsdag 14.januar 2010 kl 12:30
Første klasse har laga is-skulpturar. Me fraus is i
ballongar, mjølkekartongar og eingongshanskar. Når dei var frosne, sette
me dei saman til eit fint kunstverk utanfor vindauga i klasserommet vår.
Ekstra fint vart det med lys i, morgonen etter. Tekst & foto: Egil Petterteig & Jenny Sætre Skjønberg
|
|
Møte i elevrådet Publisert: Tysdag 12.januar 2010 kl 19:30 I dag har det vore møte i elevrådet. Her finn du referatet frå møtet>> Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland
|
Ikkje Bambi på isen her nei...... Publisert: Fredag 8.januar 2010 kl 14.12 I storslått vintervêr med kulde og sol, var mellomsteget i dag på Storavatnet og skeisa. Litt knudrete is og ein del snø, men det sette ikkje ein stoppar for skeisegleda. Ein flott dag :-) Fleire bilete>> Tekst: Hildegunn Heimro Foto: Mange av elevane
|
Kjekk siste time Siste timen i dag hadde elevane i 1. og 2.klasse leikeval. Sjølv om det var kaldt, var det fleire elevar som ville vera ute. Nokon akte medan andre leika i snøen. Alle såg ut til å ha det kjekt! Fleire bilete på sidene til 1.klasse>> og 2.klasse>> Tekst & foto: Ann Karin Ystevik
|
|
Kjekt på vår eigen is! Publisert: Torsdag 7.januar 2010 kl 13:00 Det var stor aktivitet på isbanen vår i pausane i dag. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Isbane på Sagvåg skule Publisert: Torsdag 7.januar 2010 kl 08:00
I går laga me ein liten isbane på hellene ved flagstonga. Dette er ikkje
ein skeisebane, men det kan vere kjekt å leige og skli på skoa. Så lenge
det ikkje er skeisebane vert det ikkje påbod med hjelm, men det er fint
om du har. Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Almås
|
Leik i snøen Publisert: Onsdag 6.januar 2010 kl 20:30 I dag har elevane i 1.klasse laga ein flott akebakke på skule vår. Fleire bilete>> Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg
|
|
Is og snø Medan klatreveggen er dekt av is og ganske ubrukeleg, er ander leikeapparat dobbelt så kjekke i snø! Rutsjebanen går fantastisk fort! Fleire bilete frå midtpausen i dag>> Tekst & foto: Lars Bakka
|
På skulen etter
skuletid Det er mange elevar som nyttar høvet til å få gjort unna ein del lekser rette etter skuletid. Fleire av elevane gjer lekser etter skuletid fleire dagar i veka. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Fint vintervêr Publisert: Måndag 4.januar 2010 kl 14:00 Den første skuledagen 2010 ver det nysnø og på SFO var elevane i full sving i akebakken rett etter skuletid. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
Lærarane på kurs I dag er alle lærarane ved Sagvåg skule på ulikekurs. Nokre av oss er på kurs med Håvard Tjora frå Blanke Ark Tekst & foto: Lars Bakka
|
Endeleg kantinedrift igjen Publisert: Onsdag 3.februar kl 21:00 I dag var me i gang med elevkantina igjen. Heilt fram til sommarferien kjem Åshild, Hedvig, Tonje, Jørgen, Anna Henriette og Anna til å servera smørelunsj kvar onsdag. Meir om elevkantina>> Tekst & foto: Lars Bakka
|
Kanonball I dag spelte 6. klasse kanonball ute i snøen. Me leika også Hauk og due. Kjekt med litt leik i staden for tur. Fleire bilete>> Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

Sjå tilbake på hausten 2009>>
|
||