VÅREN 2009                                        Arkivet>>

Sommarferie
Publisert: Måndag 22.juni 2009 kl 13:00 (Oppdatert 4.august 2009)

Endå er det nokre dagar igjen av sommarferien....
Du kan sjå tilbake på året som gjekk her>>

Første skuledagen etter sommarferien er måndag 17.august. Me tek til kl 08:30.
Skuleruta finn du her>>

I dag er det

Dei tilsette tek til med planleggingsdagar torsdag 13. og fredag 14.august>>

 


Publisert: Fredag 19.juni kl 22:45

Siste klem frå Queensway

Det er alltid vemodig når me må ta farvel med elevane som reiser frå oss når skuleåret er slutt. Hausten 2002 vart desse elevane ynskja velkommen til Sagvåg skule av Queensway, og i dag var det 'hadeklem'... Sjå alle klemman  her>>

Tekst :Lars Bakka Foto: Toril Sandvik Bruket

 


Publisert: Onsdag 17.juni 2009 kl 12:30

'Skulehjorten' vår

Klokka halv eitt i dag stakk 'skulehjorten' vår nedom for å ynskje oss god sommarferie. Me kan ikkje klappa han, men det er ikkje mykje om å gjera....

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Publisert: Onsdag 17.juni 2009 kl 12:30

Tur til Leirvik

Onsdag var 4. steget på busstur til Stord kyrkje. Der fortalde Aasne litt historie om kyrkja, og kyrkjetenar Margun Hannisdal viste oss rundt. Etter at me hadde ete nista vår, gjekk me til Leirvik og såg på nokre bygningar. Korleis ser dei ut? Kva vert dei brukt til? Til slutt koste me oss med skulebolle og leik ved støtta av Baard Haugland. Me hadde ein kjekk tur! Fleire bilete>>

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg

 


Publisert: Tysdag 16.juni 2009 kl 13:05

3-1 til lærarane

Etter ein flott aktivitetsdag for alle elevane i sola på Nysæterbanen måtte elevane berre innsjå at lærarane var betre enn elevane til å sparka fotball ;-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

 


Publisert: Torsdag 11.juni 2009 kl 10:15

Friluftsdagar

Onsdag 10. juni til fredag 12.juni vert der arrangert friluftsdagar ved Sagvåg skule. Elevane er med på ulike aktivitetar som til dømes kanopadling, fjellturar, sykkeltur m.m. Bilete frå friluftsdagar og nokre tekstar frå lærarane finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Publisert:
Onsdag 10.juni 2009 kl 12:00

Sommarfest

Tysdag 9.juni var det sommarfest ved Sagvåg skule. I løpet av den første timen av festen vera alle elevane med på ei flott sommarframsyning frå scenen i gymsalen der foreldra vart tekne med på ein kavalkade gjennom skuleåret me har lagt bak oss.
Etterpå var det vaffelsal. Inntektene på kr 3545,- får elevrådet disponera. Festen vart avslutta med fotballkamp mellom elevrådet og FAU. Etter ein dramatisk innspurt vann elevrådet kampen fortent 5-4. Du finn alle bileta frå festen her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Publisert:
Tysdag 2.juni 2009 kl 22:00

Planleggingsdag

Tysdag 2.juni hadde dei tilsette ved Sagvåg skule ein kjekk planleggings-dagen på Imsland i Vindafjord kommune. Me fekk også tid til å ta farvel med Olaug, som no har flytta til idylliske Imsland.
Takk til Olaug og Theodor som tok så godt imot oss!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Nye sekretær

Eg heiter Mai Britt J. Berentzen og er 39 år, har 3 barn, bur på Valvatna i Sagvåg.

Eg er nett ferdig utdanna i kontorfaget(4 år) og har vore reinhaldar i Stord kommune tidlegare.

Mai Britt J. Berentzen
Sekretær Sagvåg- og Langeland skule

 


Publisert:
Fredag 29.mai 2009 kl 14:20

Treet vårt

Torsdag 28. mai var 4. steget og såg på lønna si. Ho var blitt grøn og fin :-)

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


Publisert:
Torsdag 28.mai 2009 kl 14:40

Førskuledag

I dag tok kontaktrlærar Jenny Sætre Skjønberg og rektor imot 20 spente elevar som skal ta til på første steget til hausten. No er det berre ein laaaang sommarferie til skulestart.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


Publisert:
Torsdag 28.mai 2009 kl 14:40

Endeleg var dagen her.....

Dette har spente fadrar venta lenge på. Dei har jobba iherdig med fadderbøkene og laga flotte bøker som dei skal gje til dei på førskule-dagen. No er dei klar til overrekking, leik og moro!

Velkommen på skulen!

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 


Publisert: Torsdag 28.mai 2009 kl 14:40

Lærarar frå Nysæter ungdomsskule

Onsdag 27. mai var to smilande og kjekke elevar frå ungdomsskulen innom på besøk. Ein kan ikkje la slike kjekke ungdommar "vera i fred"....og på spørsmål om å vera med og ha 5. steg i gym, svara dei ja med ein gong! Dei organiserte kjekke aktivitetar for elevane, som var svært nøgde med "dei nye lærarane" sineTakk til Stine og Per S. !

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 


Publisert: Onsdag 27.mai 2009 kl 08:40

Me går til månen

Sagvåg skule er med på 'Gå til månen'. Dette er ein kampanje som set fokus på fysisk aktivitet og alle elevane har fått stegteljarar. Du kan lese meir om kampanjen her>>

Tekst : Lars Bakka

 


Publisert: Onsdag 27.mai 2009 kl 08:40

Siste arbeidsdagen til Olaug

Olaug Struen Imsland har vore tilsett som sekretær ved Sagvåg skule og assistent i symjeopplæringa  i mest 20 år. Dei siste åra har ho også vore sekretær ved Litlabø skule.
Tysdag 26.mai hadde Olaug den siste arbeidsdagen før ho vert pensjonist.

Tekst og foto: Lars Bakka

 


Publisert: Onsdag 20.mai 2009 kl 13:50

På tur med Litlabø skule

Småskulesteget på Litlabø skule inviterte oss på Sagvåg skule med på tur til Ulvatjødno.
Der var det råd å fanga rumpetroll, me kunne gå ei løypa i skogen og me grilla pølser. Det var fleire bekkjer der, så det var høve til å vassa. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Lærarane på Sagvåg skule

 


Publisert: Onsdag 20.mai 2009 kl 13:50

Fotballdag

Mellomsteget på Litlabø, Tjødnalio og Sagvåg hadde i dag ei strålande kjekk fotballturnering på Kunstgrasbanen på Nysæter. Veret var fint, og innsatsen og sportsånda var stor. Tusen takk til dommarane som orka å ta seg fri frå ungdomsskulen ein heil dag for å hjelpa oss :-)  Fleire bilete>>

Tekst: Egil Petterteig 


Publisert: Tysdag 19.mai 2009 kl 16:30

Treet vårt

Då me på 1. steget såg om treet vårt i dag, hadde det fått ei mengd med store blad. Det hadde tålt vinteren godt. Det var kjekt å leika litt i skogen og. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Almås

 


Publisert: Tysdag 19.mai 2009 kl 16:30

Møte i elevrådet

Her finn du referat frå møtet i elevrådet>>

 


Publisert: Tysdag 19.mai 2009 kl 16:30

Haugen som forsvann

Den gamle leikehaugen vår på andre sida av vegen for den gamle skulen er snart heilt borte. Det kjem snart barnehage på tomta.

Tekst : Lars Bakka

Til alle brukarane av bassenget på Nysæter.

Grunna daglege "ulukker" der brukarane kuttar seg på øydelagde fliser i bassenget, vert dette stengd omgåande. Om det skal opnas att før det er reparert, vert opp til skuleeigar å avgjera.

Helsing
Pål Roseth
-rektor NUS-


Publisert: Tysdag 19.mai 2009 kl 16:30

Bilete frå 17.mai

Her kan du sjå ein del bilete frå 17.mai

Foto:  Annbjørg Luggenes


Publisert: Fredag 15.mai 2009 kl 13:00

Øving til 17.mai

Fredag 15.mai var alle elevane ved Sagvåg skule med på ’generalprøve’ før 17.mai. Det vart eit flott barnetog i det fine vårvêret! Her er også ein film>>

Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka


Publisert: Fredag 15.mai 2009 kl 13:00

Gode vaflar og fin sommar!

3. og 4. steget avslutta veke med vaflar og leik ute i det fine veret. Takk til dei tre elevane og Laila som laga så gode vaflar til oss.

Tekst og foto lærarane på småskuleteamet


Publisert: Fredag 15.mai 2009

Vårsamling i amfiet

Det var ei fin samling for småskuleelevane. Me las dikt, song og dansa. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes


Publisert: Torsdag 14.mai 2009 kl 22:30

Fotballdag

Det var stor aktivitet på den årlege fotballdagen for Litlabø, Tjødnalio og Sagvåg skular på banen i Hustredalen.  I alt vart det spelt 24 kampar og både elevar og vaksne koste seg med fotball og god niste. Fleire bilete>>

Tekst: Brita Flatøy Bilete: Fleire lærarar

 

Teknologi og design
Publisert: Onsdag 13.mai 2009 kl 09:45

3. steget har arbeid med tema Bruer og andre byggverk. Alle gruppene har bygt kvar si bru. Dei avslutta med å sjå kva vekt bruene kunne bera. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Annbjørg Luggenes

 

Litlabø og Sagvåg på tur
Publisert :Fredag 8.mai 2009 kl 13:20

Tradisjon tru, var mellomstega på dei to skulane på felles tur fredag.

Me starta ved crossbana, gjekk mot Rødkleiv og innover Stordalen, via Dale og Fiskarelva, og tilbake til utgangspunktet. Veret vart betre enn forventa, og dersom elevar var våte til oppunder armane, var det ikkje på grunn av sterke regnbyger. Ein sosial og kjekk tur. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Toril Sandvik Bruket

Prosjektside om båtbygging
Publisert :Fredag 8.mai 2009 kl 13:20

Kjell Byrknes og Egil Petterteig her vore med i eit prosjekt som heiter 'Vestlandets historie'. Dei har saman med elevane arbeidd med båtbyggjartradisjonen på Jensaneset. Her er nettsida til prosjektet>>

Tekst: Lars Bakka

 

 

Sagvåg skule på kinesisk!
Publisert :Fredag 8.mai 2009 kl 13:20

No kan du sjølv velje kva språk du vil lese nettsida vår på. Det er nok diverre inga god oversetjing, men for ein som berre kan spansk eller kinesisk så er det nok betre enn norsk.

Tekst: Lars Bakka

 

Gamle skuleaviser
Publisert :Fredag 8.mai 2009 kl 11:45

Ved Sagvåg skule har me teke vare på skuleavisene som elevane har laga på 6.steget heilt tilbake til 1998. No viser det seg diverre at me manglar årgangane 2003/04, 2004/05, 2005/06 og 2006/07
Har du eit eksemplar av denne i heimen så er me interesserte i å låne ho slik at me kan lage ein kopi. Avisene finn du her>>

Tekst: Lars Bakka 

17.mai-bord
Publisert :Onsdag 6.mai 2009 kl 11:45

I går vart to nye traller med bord monterte og gjort klare. No har 17.maikomiteen heile 30 slike store bord som vert nytta i gymsalen 17.mai. Dei vert også nytta ved andre arrangement ved skulen gjennom året. 17.mai-sida finn du her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Alexander Strømsnes

 

First Lego League
Publisert :Torsdag 30.april 2009 kl 16:00

Går du i 4.- 5. eller 6.årssteg no i år, så kan du no søkje om å få vera med i  First Lego League (FLL) hausten 2009.  Også i år stiller me med to lag. Dette året går turen til Haugesund, ikkje Bergen.

Søknad sender du til: lars.bakka@stord.kommune.no Du kan også nytta personleg melding i Fronter. Skriv litt om kvifor du vil vera med. Dei som søkjer vert innkalla til jobbintervju. Les meir om årets FLL her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

LEIGE AV GYM.SALER/ROM VED GRUNNSKULANE SKULEÅRET 09/10

Lag og organisasjonar som ynskjer å leige gymnastikksalar eller andre rom ved skulane, må senda søknad til rektor på den skulen søkanden gjeld.

Det må gå fram av søknaden kva dagar og tidspunkt ein ynskjer å leiga. Rektor fordeler salar og rom, og kaller inn leigetakarane til fellesmøte etter søknadsfristen.

Søknadsfrist: 01.06.09

Sagvåg skule: sagvaag.skule@stord.kommune.no

 

Puter
Publisert :Torsdag 30.april 2009 kl 15:00

I dag tok 7.steget fram symaskinar og  laga puter. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Toril S.Bruket

 

Til Mosahaugen
Publisert : Torsdag 30.april 2009 kl 13:00

Torsdag 30. april brukte 1. steget finveret til å gå tur. Først gjekk me til Mosahaugen for å sjå kor Casper bur. Der såg me og der det hadde brent på julafta.

Så gjekk me til Nysætervegen der Lina bur. Der åt me maten vår og leika litt. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Almås

 

Kjekk matematikkdag
Publisert :Onsdag 29.april 2009 kl 08:30

Tysdag 28. april hadde me ein flott matematikk- dag. Me hadde aldersblanda grupper og alle aktivitetane gjekk føre seg ute. Elevane var aktive og koste seg i det fine veret. Fleire bilete>>

Tekst og bilete: lærarane

 


Publisert :Torsdag 23.april 2009 kl 11:40

Leikedag for heile skulen

Fredag 24. april hadde heile skulen leikedag. Me hadde ein kjekk dag med mange ulike aktivitetar. Me avslutta med is. Fleire bilete>> og ein liten film>>

Tekst og foto: Lærarane

 


Publisert :Fredag 24.april kl 16:35

Tippa og måla volum

4. steget arbeider no med desimaltal. Torsdag 23. april var elevane ute og målte med liter og desiliter. Mange var flinke å tippa rett volum! Fleire bilete>>

Tekst og foto: Aasne Vikanes

 


Publisert :Torsdag 23.april 2009 kl 11:40

Rikskonsert

Cusan Tan, var tittelen på konserten me hadde i dag. To dyktige musikarar frå Hordaland, og ei sjarmerande og flink dame frå Wales, hadde ein flott konsert for oss, med tekstar på Walisisk. Me forstod ingenting, men kosa oss på konsert.    Fleire bilete>>

Tekst: Egil Petterteig   Foto:Elisabeth Magnussen


Publisert :Onsdag 22.april 2009 kl 16:05

Natursti

I dag har Bodil hatt natursti og rebusoppgåver med 2.steget. Det vart hengt opp 11 bilete rundt om i løypa. Desse bileta danna så eit løysingsord.
Ein stad alle elevane kjenner godt. "Sagvåg skule"

Alle løyste oppgåvene og fekk medalje. Fleire bilete>>

Tekst &  foto: Bodol Romfog og Anne Brit Holm


Publisert :Onsdag 22.april 2009 kl 16:00

Ute i våren

Utanfor formingsrommet såg me så flotte liljer i dag. Me måtte ut og ta bilete saman med dei. Fleire bilete>>

Tekst foto: Kari Almås

 


Publisert :Onsdag 22.april 2009 kl 09:50

Steinsamling

5 steget var på tur til Karl Olav og Laila Vestvik. Me fekk sjå den fine steinsamlinga til Karl Olav. Kanskje er vart det fleire som fekk seg ny hobby i dag? Laila hadde baka boller, så det var fest på Almås i dag. Fleire bilete>>

Tekst &  bilete: Anne Elisabeth Trevland 


Publisert :Onsdag 22.april 2009 kl 09:50

Mange vil til oss

Før påske annonserte me at det kunne bli ledig ei stilling ved Sagvåg skule. Det er komme inn heile 90 søkjarar til denne stillinga. 78 kvinner og 12 menn.

(Illustrasjonsfoto)  Tekst: Lars Bakka


Publisert :Onsdag 22.april 2009 kl 09:50

Nytt frå elevrådet

Tysdag var det møte i elevrådet. Du finn referatet med svar frå rektor her>>

Tekst: Lars Bakka Bilde: Anne Elisabeth Trevland


Publisert :Onsdag 22.april 2009 kl 09:00

Eit magisk møte med lyset

6.steget hadde tysdag besøk av Øyvind Hjelmen. Me fekk laga kvart vårt kamera (i papp!), og tok bilde med det. Me kunne berre at eit bilde kvar, og det tok frå 30-90 sekund å ta det. Mange fekk fine bilete! Sjå eit døme her>>

Tekst & bilde: Egil Petterteig


Publisert :Torsdag 16.april 2009

Kan det bli finare?

Skulen vår er etter tre år framleis ny og fin, og når påskeliljene stakk fram også denne våren så kan det vel ikkje vera nokon i heile verda som har ein finare skule enn oss ;-)

Tekst & bilde: Lars Bakka

 


Publisert : Onsdag 15.april 2009

'Romlege former'

2 steget har tema "Romlege former" i matematikken. Me tok oss ein tur ut for å sjå om me fann nokre slike former rundt skulebygget. Elevane fann både sylinder, prisme, kule og pyramide former.

Etterpå laga dei hus av naturmateriale og til slutt vart det tid for leik i det fine vårvêret. Fleire bilete>>

Tekst & bilde: Gro A. Halvorsen


Publisert : Onsdag 15.april 2009

Kvardag igjen

Etter påskeferien tok det ikkje lang tid før me var i full gang med skulekvardagen igjen. Her er det elevane på 5.steget som arbeider med matematikk.

Tekst & bilde: Lars Bakka  

 

  

 

Publisert : Søndag 12.april 2009

Lurer du på kva som skjer ved Sagvåg skule i perioden etter påske? I denne kalenderen finn du oversikt over dei fleste hendingane:

Tekst & bilde: Lars Bakka


   Publisert :
Fredag 3.april kl 15:10

Påske lunsj

Klokka ti i dag samla heile Sagvåg skule seg i gymsalen til koseleg påskelunsj. Lærarane hadde kokt kakao og gjort klar rundstykke og pålegg. Alle og elevane kosa seg langs langborda i gymsalen. Dette var også den siste praksisdagen for studentane frå HSH, men slapp av! Dei kjem tilbake til hausten, og då skal dei ha praksis på 1.- 2. og -3.steget.
Fleire bilete>>

God påskeferie til alle!

Tekst: Lars Bakka Foto: Toril Sandvik Bruket

PS! Skulle påskeferien bli lang og kjedeleg  så kan det vere greitt å vite at arbeidsplanane første veka etter påske  for 1. til 4.steget alle legg og ventar på deg her>>  ;-)


Publisert :
Torsdag 2.april kl 15:10

God mat i SFO

I dag har me hatt eit kjekt smøremåltid på SFO. Maten går 'onda' og ungane smiler frå øyra til øyra ;-) Fleire bilete>>

SFO ynskjer alle GOD PÅSKE!

Tekst og bilete: Liljan Vestbøstad Waage


Publisert :
Torsdag 2.april kl 15:10

Påske på 7. steget

Studentane planla kunst og handverkstimane dagen før påskeferien, og me koste oss med aktiviteten. Kyllingar med shorts, bikini, bukser og skjerf vart trylla fram og alle elevane gjekk heim med ein kylling i handa. Fleire bilete>>

Tekst: & foto: Kjell Byrknes


Publisert : Torsdag 2.april kl 15:10

Påskeaktivitetar i småskulen

Den siste veka har småskulen hatt påskeaktivitetar med aldersblanda grupper. Her kjem nokre bilete frå dei ulike gruppene. Fleire bilete>>

Tekst og bilete: Lærarane i småskulen

 


Publisert : Onsdag 1.april 2009 kl 10:20

Spenning i kvardagen!

Studentane på 7.steget har jobba med elektrisitet i naturfagtimane. Gjennom forsøk har elevane blitt kjent med kopling av krinsar. Seriekopling og parallellkoplingar, koplingsskjema og batteri er no kjente omgrep. Stor aktivitet og iver har prega timane. Nyttig kunnskap vidare i livet! Fleire bilete>>

Tekst: & foto: Kjell Byrknes


Publisert : Onsdag 1.april 2009 kl 10:20

Lån deg ei bok til påske

Ikkje berre vart det kjøpt mange nye bøker på Mammutsal i år, som du kanskje har lagt merke til her me fire hyller fulle av kjekke bøker frå Folkebiblioteket på Leirvik. Alle desse er merka med gul og grøn tape og lånekoden er utpå boka. Dette er ei utprøving der Folkebiblioteket i framtida kan ha depot på skulane med bøker. Sagvåg skule er først ute!

Tekst: & foto: Lars Bakka


Publisert : Tysdag 31.mars 2009 kl 09:15

Snart påske

5. steg førebur seg til påske. Heile tysdagføremiddag var me på kunst og handverksrommet og koste oss med ulike aktivitetar. Kjekt med studentar. Då får me mykje hjelp.
Fleire bilete>>

Tekst: & foto: Anne Elisabeth Trevland


Publisert : Fredag 27.mars 2009 kl 15:40

Arkitektar på 5.steget

Elevane har halde på med målestokk og design av hus. Resultatet vart fine hus og etter kvart som dei såg dette, blomstra kreativiteten. Fleire bilete>>

Tekst: & foto Hildegunn Heimro


Publisert : Onsdag 25.mars 2009 kl 15:00

Nye lærarar!

Det kunne sjå ut som om det var ein gjeng med nye lærarar som kom til Sagvåg skule i dag, men eigentleg var det dei elevane som skal ta til på første steget til hausten som var på besøk på skulen. Her her får elevane testa stolane på pauserommet til lærarane!  Fleire bilete>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Astrid Flatøy Bakka og Lars Bakka


Publisert : Onsdag 25.mars 2009 kl 15:00

Matematikkdagar

Det var masse hjernetrim for elevane på mellomsteget i dag. Elevane vart delt inn i 5 grupper og arbeida med ulike oppgåver både ute og inne. At matematikk kan vere så kjekt. Fleire bilete>>  Ein liten film>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


Publisert : Tysdag 24.mars 2009 kl 16:00

Vår!

1. årssteget har vore ute og sett kor langt våren er kommen. Krokusbedet vårt er veldig fint. Der var det fleire bier som summa ikring. Større bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

 


Publisert : Torsdag 19.mars 2009 kl 16:00

Koordinatsystemet

....er kjekkare å læra når ein kan gå ut og hoppa i rutene ved rektor sitt kontor. Etterpå kunne me ta maten ute i sola. Kjekt med vår! Fleire bilete>>

Tekst & foto: Egil  Petterteig

 


Publisert : Torsdag 19.mars 2009 kl 16:00

Musikk på 5.steget

5 steg hadde ein kjemkjekk musikktime idag. Me spelte gitar, song kanon og hadde rytmeleikar. Aktiviteten var stor.

 Fleire bilete og ein liten film>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


Publisert : Onsdag 18.mars 2009 kl 15:45

Mange nye bøker

Ingvild kan presentera utruleg mange nye og fine bøker i skulebiblioteket vårt. Ingvild jobbar i biblioteket og har hatt ein stor jobb med å registrera alle dei nye bøkene. Hugs at du alltid kan finne nye og gamle bøker i biblioteket vårt ved å søkje på denne sida>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


   Publisert : Tysdag 17.mars 2009 kl 12:15

Ekstremsport på 6.steg

6.steget fekk ein røff start på "studentvekene" då ein av studentane tok fram kunstene sine frå militæret i gymtimen på måndag. Dei gjorde ein fenomenal innsats i regnværet, og jobba og sleit med tunge bører. Elevane synest utruleg nok dette var kjempekjekt, og utslitne men fornøgde kunne dei rusla inn til tørre klede og ei lite belønning etterpå.

Me håpar dei tek vare på kampviljen og vinnarlysta :-) Fleire bilete>>

Tekst & foto: Egil Petterteig

 


Publisert : Onsdag 11.mars 2009 kl 15:15

Er det surt?

5 steg har målt ph-verdi på såpe, eddik.... Spennande!
Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Publisert : Laurdag 28.februar kl 15:05

Eventyrland

2.steget har hatt eventyr som tema i det siste. Elevane vart veldig inspirerte av eventyra og resultatet vart sjølvlaga eventyr med flotte illustrasjonar, fine dramatiseringar og eventyrfigurar i trolldeig. Etter me hadde vore på tur til biblioteket på Litlabø på onsdag, avslutta me eventyrperioden vår med nokre knallgode "eventyrvafler". Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 


Publisert : Fredag 27.feb kl 13:25 (Oppd.kl 13:45)

Gåver etter brannen

Alexander, Liv Ingunn, Olve og Renate fekk fine gåver frå alle medelevane fredag før vinterferien. Det var leiar i FAU, Snefrid Vikanes, som saman med rektor gav elevane gåvene.
I juleferien brann huset til Alexander og Liv Ingunn heilt ned, medan nabohusa der Olve og Renate bur fekk store skadar.
I tillegg til gåver frå elevane fekk Liv Ingunn og Alexander også fotoalbum med bilete som lærarane har teke opp gjennom åra på Sagvåg skule. (Det kjem lenkjer til bilete og artiklar i fleire aviser etter kvart) Først ute var BT>> og her er artikkelen i Haugesunds avis>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre

 


Publisert : Onsdag 25.februar kl 10:45

'Galleri Sagvåg skule'

I desse dagar har Sagvåg skule ei flott Munch-utstilling som me har fått låne av 'Kunst i skulen'. Her er det nokre av elevane på første steget som får sjå bileta. Les meir om utstillinga her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Publisert : Onsdag 25.februar kl 11:45

Til biblioteket

Onsdag 25. februar var 3. og 4. årssteget på biblioteket i samfunnshuset.
Elevane fekk låna bøker, og Kari Bolette fortalde eventyr for oss. Fleire bilete på sida til 4.steget>>

Tekst & foto: Aasne Vikanes 


Publisert : Fredag 20.februar kl 11:45

Tema samling

Alf Prøysen var tema for samlinga 1. til 4.steget hadde i amfiet i dag. Songar og teaterstykke av Alf Prøysen vart framført av elevane i løpet av den timen framsyninga varte. Fleire bilete>>

Tekst : Lars Bakka   Foto: Lars Bakka 


Publisert : Fredag 20.februar kl 11:45

Kapteinar på 1.steget

Fleire gonger denne hausten har me leika 'Titanic' i gymmen på 1.steget. Ved hjelp av slengtaua skal elevane då hjelpe kvarande frå den eine matta til den andre før båten går ned. Med ekte kapteinslue vert det stil over redningsaksjonen! Fleire kapteinar>>

Tekst & foto: Lars Bakka 


Publisert : Torsdag 19.februar kl 14:45

Melodi Grand Prix

I går var det melodi grand prix på Sagvåg skule. Det er ingen tvil om at det er mange talent ved Sagvåg skule, både born og tilsette.... Bilete og filmar finn du her>>

Tekst : Lars Bakka   Foto: Takk til alle fotografane! 


Publisert : Torsdag 19.februar kl 14:45

Time for breakfast

3.steget arbeider med ord om mat i engelsk. I dag har me laga Hastverksbollar på kjøkkenet. Etterpå åt me saman. Mange av elevane var flinke til å snakka engelsk når dei bad dei andre om å senda pålegg til dei. Fleire bilete>>

Tekst  & foto: Brita Flatøy 


Publisert : Tysdag 17.februar kl 10:45

Flott vinterdag

Kan det bli betre? I dag hedde me mykje god snømannsnø. Alle elevane var i full gang med ulike byggeprosjekt i den kramme snøen som lavar ned. Fleire vinterbilete og film frå Sagvåg skule tysdag 17.februar finn du her>>

Tekst : Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland, Aasne Vikanes, Lars Bakka

 


Publisert : Torsdag 12.februar kl 15:40

Det gjekk så det kvein....

Ski, akrbrett, kjelkar, andre brett og store plastdukar. Alt dette vart brukt i Dalebakkane då mellomsteget nytta dagen i snøen. Me steikte pinnabrød, og elevane hadde med seg pølser, brød med kvitost og karbonadar. Ein kjekk dag i snøbakkane. Fleire bilete her>>

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Lærarar og assistentar på mellomsteget.

 


Publisert : Torsdag 12.februar kl 09:00

Uvanleg start på skuledagen

Bål og varm kakao i skogen var det som møtte elevane på småskulen i dag. Elevane såg ut til å kosa seg i det fine vinterveret. Dette var ei kjekk overrasking, var det mange som sa. Fleire bilete på sidene til 1.>>, 2>>, 3.>> og 4.steget>>

Tekst & foto: Brita Flatøy  


Publisert : Torsdag 12.februar kl 09:00

Kom i bakken...

2.steget hadde ei flott stund ute i det fine vinterveret på tysdag. Me aka både i turløypa vår og nede i sykkelstien. Dette var nokre kjekke akebakkar, og me er heldige som har eit så flott uteområde rundt skulen vår. Fleire bilete>>

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Anne H. Myhre


Publisert : Onsdag 11.februar kl 09:00

Graving

Det vart litt graving på skuleplassen då ein oppdaga at det var ein liten lekkasje i jordvarmesystemet. Dette er grunnen til at me har hatt problem med å få det så varmt i mellomsteget som det burde vera. Enkelte morgonar har det vore 19 grader, medan det skulle vore 22. Me får håpe det ordnar seg no.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Publisert : Tysdag 10.februar kl 15:30

Kjekt med snø

I dag har 3.og 4.steget hatt ein flott dag i bakkane på Sætre. Både elevar og vaksne koste seg i det fine veret. Takk til foreldra til Kyrre som gjev oss lov til å vera i den fine bakken deira. Du finn biletserie med godt over 100 bilete her!

Foto: Jenny, Annbjørg, Aasne og Brita. 


Publisert : Tysdag 10.februar kl 13:25

Akedag

I dag, 10. februar, har 1. årsteget saman med fadrane sine hatt akedag. Me har vore i Øystein Dybvik sine bakkar og aka.

Me har kost oss, både store og små. Eit fantastisk ver har me og hatt. Fleire bilete på sidene til 1.steget og 6.steget

Tekst og foto: Kari Almås


Publisert : Tysdag 10.februar kl 13:25

Elevrådet

Her er referatet frå elevrådet 10.februar>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth revland

 


Publisert : Fredag6.februar kl 14:40

Leik i snøen

Kvar fredag har 1. og 2. steget leikegrupper på slutten av dagen. I dag var det ekstra kjekt å leika fordi me kunne vera ute i snøen. Det var full fart i akebakken og nokre laga snømenn. Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 2.steget>>

Tekst og foto: Anne Brit Holm


Publisert : Onsdag 4.februar kl 14:40

Skeisemesterskap

Onsdag 4. februar var dei som hadde lyst frå 4. - 7. steg med på skeisemesterskap på Vikahaugane! Det var nok ikkje tenkt at snøen skulle lave ned heile dagen, men trass i mykje snø, forseinkingar og litt våte kler var det ein sporty gjeng som var med frå Sagvåg skule. Distansen dei gjekk var 50 m og dei gjekk mot medelevar. Etterpå vanka det fine medaljar til alle som var med.  Her er også ein liten film>>. Her er fleire bilete>>

Tekst & foto: Hildegunn Heimro


Publisert : Onsdag 4.februar kl 13:55

Fløytelåt

Onsdag 4. februar hadde me besøk av rikskonsertane med ein kjekk konsert. Den heitte "Fløytelåt". Me fekk høyre musikk som var laga fleire hundre år sidan, og musikk som er laga på vår tid. Dei spelte på ulike blokkfløyter og på gitar.

TURNÉ: Fløytelåt (2009 vår)

MED: Anette Bjørnenak og Gjermund Fredheim Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås


Publisert : Fredag 30.januar kl 13:40

Søppelplukking

Me likar å ha det ryddig ute, men jammen finn me mykje rart. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

 


Publisert : Fredag 30.januar kl 13:30

Flinke instruktørar på 7.st

Me på 6.steget har hatt linedance i gymtimen i dag. Me hadde tre greie og flinke instruktørar frå 7.steget, som tok ansvar for dette på ein framifrå måte. Tusen takk skal dei ha. Me hadde ein kjempekjekk time :-) Fleire bilete>>

Tekst & foto: Egil Petterteig


Publisert : Fredag 30.januar kl 12:00

Teknologidag

Torsdag var studentane her og hadde temadag med elevane på 5. - 7. steget. På planen stod "Konstruksjon og design". Elevane var innom ulike grupper, der dei jobba med husbygging i legoklossar, tårn, pyramidar og andre bygningar i treklossar, Legoleague og teori om fornybar energi. Det var god aktivitet og elevane kosa seg med arbeidet på dei ulike stasjonane. Ein kjekk dag! Fleire bilete>>

Tekst & foto: Hildegunn S. Heimro


Publisert : tysdag 27..januar kl 13:00

Kunstgåve

Høgskulestudentane Hedda Vie og Harry Svendsen kom i dag med ein flott biletserie med sju kunstverk som studentane hadde laga etter at dei august lot seg inspirera av omgjevnadane ved Sagvåg skule. Bileta kjem til å henga i Kunst & handverkrommet vårt.

Tekst & foto: Lars Bakka


Publisert fredag 23.januar kl 13:45

Kr. 2010,- til Redd Barna!

Elevane på 6.steget har laga skuleavis der overskotet av salet går direkte til Redd Barne.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig


Publisert fredag 23.januar kl 13:45

Kunst og handverk

Elevane på 7.steget har hatt kunst og handverk med måling og teikning med studentane i veka som me har lagt bak oss. Fleire bilete>>

Tekst Lars Bakka Foto: Studentane


Belfast onsdag 21.januar 2009

Titanic

I dag er det blitt tid til ei omvising i Belfast . Me har mellom anna vore på skipsverftet der Titanic vart bygd. Her er det Toril og Hildegunn som står ved tørrdokken. (Bilete av Titanic og kapteinen på Titanic(?) oppe til høgre )

Tekst & foto: Lars Bakka


Belfast måndag 19.januar 2009 kl 23:00

Flittige elevar i Belfast

Lærarane på 5. til 7.steget ved Sagvåg skule er i desse dagar i Belfast for å læra meir om vurderingsarbeidet ein gjer her. Det var Kari Smith frå Universitetet i Bergen, Anne Elisabeth Trevland og rektor som var på den skulen dette biletet er henta frå måndag 20.januar. Som det ser var det flittige elevar som arbeidde godt med skulearbeid og vurderingsarbeid. Fram til torsdag skal me vitja fleire skular og ha fleire møte med den nasjonale skuleadministrasjonen i Nord Irland.

Tekst & foto: Lars Bakka


Fredag 16.januar 2009 kl 15:30

Om Islam på 4.steget

4.steget har arbeidd med islam dei siste vekene. Her er elevane i arbeid med å teikna og byggja moskear. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Aasne Vikanes


Publisert: Laurdag 17.januar 2009 kl 21:45

Bossplukking

Kvar fredag plukkar elevane på skulen boss på uteområdet ved Sagvåg skule. I dag var det tredje steget som hadde jobben. Me var einige om at det er altfor mykje boss på skuleplassen. I dag var det uvanleg mykje boss rundt ballbingen. Elevane har plasthanskar, men dei synest likevel det er ekstra ekkelt å plukka opp sigarettsneipar og snusposar. Fleire bilete>>

Tekst: Brita Flatøy


Fredag 16.januar 2009 kl 15:30

Til Belfast

Måndag 19.januar til torsdag 22.januar er lærarane på 5. til 7.ststeget på studietur til Belfast saman med lærarar frå Tjødnalio skule og tilsetet frå HSH. Fredag kom det ut eige infoskriv om dette.

Tekst: Lars Bakka

 


Torsdag 15.januar 2009 kl 20:00

Januarmøte i elevråd

Her finn du referatet frå januarmøtet i elevrådet ved Sagvåg skule>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

 


Torsdag 15.januar 2009 kl 20:00

SFO, 'torsdagskos'

Etter grynmåltidet sette alle seg i kroken og leika 'flasketuten peikar på'. Alt frå kryping til rare teikningar vert prøvd ut. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

 


Torsdag 15.januar 2009 kl 20:00

FLL finale

Med elevane på 4. til 7.steget som publikum gjennomførte A1-studentane i dage ein spanande FLL-konkurranse. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Måndag 12.januar 2009 kl 18:00

Studentane lærer FLL

To studentane er i full gang med å læra seg First Lego League (FLL). Allereie etter to dagars hardt arbeid har studentane løyst fleire oppdrag. Det vert konkurranse mellom dei to studentgruppene på torsdag.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Fredag9.januar 2009 kl 16:00

Arbeidsplanar på nett

Hugs at de finn arbeidsplanane for elevane på 1.- til 4.steget på nettsida vår kvar veke her>>. For elevane på mellomsteget vert det laga individuelle planar, så desse let det seg ikkje gjere å publisere.

Tekst: Lars Bakka

 


Onsdag 7.januar 2009 kl 08:30

Innepause

Når veret er slik at me ikkje kan gå ut og lufta oss utan at me vert gjennomvåte, må me finna på noko inne.

Aktiviteten var stor i pausen tysdag 6. januar. Fleire bilete>>

Tekst & foto : Kari Almås

 


Tysdag 6.januar 2009 kl 08:30

Godt å komma i gang igjen...

Det var tydeleg at brannen nokre av elevane opplevde i jula har gjort sterkt inntrykk på alle elevar og vaksne ved Sagvåg skule. Kanskje spesielt for elevane som opplevde dette, var det nok ekstra godt å komme tilbake til kvardagen igjen der det meste er som før.

Tekst & foto : Lars Bakka

 

Onsdag 31.desember 2008 kl 16:00

Våren 2009

Då er det 2.-4. og 6.steget som skal ha symjeundervisning>>. Hugs badeklede!

Her kan du sjå tilbake på mykje av det du fekk oppleva som elev ved Sagvåg skule hausten 2008>>  Vil du gå endå lengre tilbake i tid så finn du heile arkivet her>>

Tekst : Lars Bakka

 


Tysdag 6.januar 2009 kl 08:30

Godt å komma i gang igjen...

Det var tydeleg at brannen nokre av elevane opplevde i jula har gjort sterkt inntrykk på alle elevar og vaksne ved Sagvåg skule. Kanskje spesialet for elevane, som opplevde dette, var det nok ekstra godt å komme tilbake til kvardane igjen der det meste er som før.

Tekst & foto : Lars Bakka


Onsdag 31.desember 2008 kl 16:00

Våren 2009

Då er det 2.-4. og 6.steget som skal ha symjeundervisning>>. Hugs badeklede!

Her kan du sjå tilbake på mykje av det du fekk oppleva som elev ved Sagvåg skule hausten 2008>>  Vil du gå endå lengre tilbake i tid så finn du heile arkivet her>>

Tekst : Lars Bakka