|
|

SOMMARFERIE!
Publisert: juli 2008
No nyt eg sommarferien på Stord. Snart reiser eg på ferie til
Tyrkia! Det vert nok bli litt varmt i pelsen min, men det vert kjekt
å få reisa litt igjen!
Som de kanskje hugsar var eg i London tidlegare i år>>
GOD SOMMARFERIE TIL
ALLE!
Tekst: Queensway
Foto: Lars Bakka |
|
. |
No er det på tide å sjå tilbake på skuleåret som snart
er over . . . . . . .
Hausten 2007>>
Våren 2008>> |
|
|

Takk for i år!
Publisert: 19.06.08 kl 09:45
Mange elevar vart heidra for ekstra flott innsats i året som gjekk
under avslutninga i amfiet i dag. Alle elevane fekk skryt for at dei
er med på å gjere Sagvåg skule til ein god arbeidsplass og skule.
Fleire
bilete>>
Første skuledag hausten 2008 er onsdag 13.august kl 08:30 (SFO er
open få 06:45)
Lærarane startar med planleggingsdag måndag
11.augsut>>
Tekst: Lars Bakka
Foto: Egil Petterteig |
|
|


Aktivitetsdag
Publisert: 18.06.08 kl 12:45
Onsdag 18.juni var det aktivitetsdag på Nysæterbanen. Me kosa oss og
veret var nesten heilt bra. Det vart sett mange personlege rekordar i hopp, løp og kast . Dagen
vart avslutta med fotballkamp der det beste laget vann etter ein
dramatisk straffesparkonkurranse! Fleire
bilete>>
Tekst: Egil
Petterteig Foto: Jørgen Årvik |

Sommarfesten 2008
Publisert: 18.06.08 kl 10:45
Tysdag 17.june var det sommarfest ved Sagvåg skule. Foreldre, elevar
og dei tilsette var med på å gjera kjekk stund.
Du finn bilete frå festen her>>
Tekst: Lars Bakka
Foto: Lars Bakka & Anne Elisabeth Trevland |

Kunst på
Sagvåg skule
Publisert: 17.06.08 kl 15:00
I dag har 2.steget sett på kunsten som me har ute og inne på skulen
vår. Dei har også lært litt om nokre av kunstnarane som har laga dei
ulike kunstverka. Fleire bilete>>
Tekst & foto: Brita
Flatøy |
|
|
|

Fleire bilete frå aktivitetsdagar
Publisert: 13.06.08 kl 13:30
No finn du nye bilete frå fredag den 13.juni på sidene til 5.st>>,
6.st>> og
7.st>>
Tekst: Lars Bakka
Framsidefoto: Egil Petterteig |

Friluftsdagar
Publisert: 12.06.08 kl 21:15
I dag er første friluftsdagen avvikla.
Mellomsteget har vore delt inn i tre grupper som
har gjennomført kvar sine aktivitetar. Nokre har
vore på sykkeltur til Nautøy, andre på fjelltur
med innlagt bekkevandring, og siste gruppa har
padla i kano på Storavatnet. Dei neste dagane byter
gruppene aktivitetar, og me håpar på like bra ver
som i dag.
Fleire bilete på sidene til 5.st>>,
6.st>> og
7.st>>
Tekst & foto:
Toril S. Bruket |

Bekkevandring
Publisert: 12.06.08 kl 21:15
Elevane som var på fjelltur
fekk ei fin dag. Det var kjekt å prøva bekkevandring. Litt kaldt for
dei som ikkje hadde byteklede i sekken...
Fleire bilete på sidene til 5.st>>,
6.st>> og
7.st>>
Tekst & foto:
Kjell Byrknes & Nina Danmo |
|
|
|

Pilgrimsvandring
Publisert: 11.06.08 kl 16:15
Tysdag var 3. steget invitert til pilegrimsvandring i Nysæter
kyrkje, der prest Arnt Johann og kateket Marit hadde eit flott
opplegg for oss. Me fekk fine kapper på oss og kvar vår stokk i
handa, og så vandra me ein runde i området rundt kyrkja. Vandringa
enda inne i kyrkja, der me hadde bøn og salmesong.
Fleire bilete>>
Tekst & foto:
Jenny Sætre Skjønberg |

Avslutningsfest for 7.steget
Publisert: 11.06.08 kl 09:15
Måndag laga foreldra til avslutningsfest for elevane på 7 steg.
Det var nokre trivelege timar med god mat og underhaldning frå
flinke elevar. Fleire bilete>>
Tekst & foto: Anne
Elisabeth Trevland |

Biene er kanskje borte?
Publisert: 11.06.08 kl 09:00
Tysdag var birøktar Onar Vesterheim
saman med tilsette i Stord kommune på Sagvåg skule. Dei har freista
få bort biene. No får tida vise om dei har lukkast.
Tekst : Lars Bakka Foto : Laila Magnussen (?) |
|
|
|


Tusenvis av bier!
Publisert: 09.06.08 kl 13:45
Dei siste 45 minutta har det komme
tusenvis av bier. Borna på SFO vert haldne inne og birøktar er
innkalla.

Vår eiga bikube!
Publisert: 09.06.08 kl 13:00
Ein sverm med bier har funne ut at taket på Sagvåg skule fungerer
fint som bikube. Me vonar å få hjelp med å bli kvitt biene tysdag, i
mellomtida får me vera forsiktige så me ikkje vert stukne.
Tekst & foto: Lars Bakka & Laila Magnussen |

Til vikingane
Publisert: 06.06.08 kl 21:00Sjette steget hadde ein flott dag på vikingfestivalen på Karmøy
på torsdag. På Karmøy fekk dei mellom anna sjå ulike handverkarar.
Dei viste korleis dei jobba. Det var og sal av det dei laga. Dei som
ville, kunne vera med på ulike aktivitetar: Skyta med pil og boge,
ro i vikingskip,vera med i ulike konkurransar, eller rett og slett
sjå på. Det var mange flott bygningar på området. Mange lærte nok
ein god del om livet i vikingtida den dagen! I tillegg grilla me og
koste oss i det flotte veret. Takk til foreldra som hadde stilte med
bilar og som stod bak turen! Fleire
bilete>>
Tekst & foto: Kjell Byrknes |

7.steget på utstilling
Publisert: 06.06.08 kl 21:00
Fredag tok 7.steget turen til Leirvik og Kulturhuset for å sjå
utstillinga "Scandinavian design ved millenniumsskiftet" Me fekk sjå
forskjellige bruksgjenstandar i typisk "Scandinavian design", og
fekk høyra litt om bakgrunnen for utforminga av desse. Elevane var
så engasjerte og flinke tilhøyrarar, at i staden for å gjera
oppgåver etter omvisinga, tok me oss heller ein is i varmen før me
tok bussen "heim" til skulen. Fleire bilete>>
Foto: Anne Elisabeth Trevland
Tekst: Egil Petterteig |
|
|
|

'Du skal ikkje tru det
blir sommar....'
Publisert: 06.06.08 kl 11:00
I det finne sommarveret vart det ei koseleg songstund på plenen
ved skulen då 1.steget øvde på 'Du skal ikkje tru det blir sommar'
Tekst: Lars Bakka Foto: Liljan
Vestbøstad Waage |

Når elevane får låne
fotoapparatet ;-)
Det finst mange små fiskar i Fiskarelvo!
Publisert: 05.06.08 kl 15:15
4. og 5. har vore på tur til Fiskarelvo. Me kosa oss med mat og
drikke, 50-leiken og elles utforska me både vatn og terreng. Me
hadde med oss ein flott gjeng elevar! Fleire bilete på sidene til
4.steget>> og
5.steget>>
Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto:
Jenny Sætre Skjønberg & Toril... og elevane! |

Kan me ha det betre enn dette?
Publisert: 05.06.08 kl 15:00
Torsdag 5.juni var 2. og 3.steget på tur til Melkevikstranda. Me
vassa og fann mange interessante ting i sjøen. Både elevar og vaksne
hadde ein flott dag. Fleire bilete på sidene til
2.steget>> og
3.steget>>
Tekst: Brita Flatøy Foto: Aasne
Vikanes & Brita |
|
|
|

Vatn er gøy!
Publisert: 05.06.08 kl 15:00
I dag har 1.steget hatt ulike aktivitetar med vatn. Kan ein
ispinne flyta? Me har testa ut kva ting som flyt og kva som søkk til
botn. I det fine veret har me også leika med vatnet. Me bygde ein
stor "vatnbane" som båtane våre kunne få køyra i. Mange av oss vart
litt våte... men me tørka snart i varmen!
Fleire bilete>>
Tekst og foto: Anne
Brit Holm og Gro A. Halvorsen |

Mange talent ved Sagvåg
skule
Publisert: 05.06.08 kl 08:30
Årets Grand prix var som vanleg eit heildagsshow med flinke
songarar, skodespelarar, musikarar og dansarar. Me fekk også sjå at
me har lærarar med skodespelartalent på skulen. Det vart etterkvart
godt og varmt i Amfiet, så det var deilig når me kunne gå til kvar
vår base med ein kald og god is i handa.
Fleire bilete>>
Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto:
Aasne Vikanes m.f. |

(Arkivfoto)
Referat
frå elevrådet
Publisert: 04.06.08 kl 08:45
Elevrådet ynskjer mellom anne fleire nye bøker i
skulebiblioteket. Les om dette og
fleire saker i referatet frå det nest siste møtet i elevrådet dette
skuleåret>>
Tekst: Lars Bakka |
|
|
|

Utslettefjellet - her kjem me!
Publisert: 03.06.08 kl 14:15
I dag har 1. og 6. steget vore på tur til utslettefjellet. Alle
var ivrige etter å koma seg til topps og det gjekk fort oppover
bakkane. På toppen skreiv me oss inn i boka, me koste oss med nista
og me fekk tid til å leika saman. Både små og store hadde ein kjekk
tur i fin sommartemperatur. Bilete på sidene til
1.steget>> og
6.steget>>
Tekst: Anne Brit Holm Foto: Anne Brit Holm og Gro
A. Halvorsen. |

Mostraspelet
Publisert: 03.06.08 kl 08:15
Elevane på 6. steget fekk oppleva både dramatikk og kjærleik i Mostraspelet. Brytningstida mellom den gamle trua og "Kvitekrist"
fekk nok eit nytt innhald for elevane, etter at dei fekk sjå
vikingar, kongar, prestar og andre i dette flotte spelet. Takk til
foreldra som stilt opp og ordna transport!
Fleire bilete>>
Tekst og foto: Kjell Byrknes |

Sjøvettkampanje 2008
Publisert: 30.05.08 kl 13:30
3. årssteget har vore på sjøvettdag saman med Hystad og Sælevik skular. Me hadde ein kjekk og lærerik dag i fint sommarvêr.
Fleire bilete>>
Tekst og foto:
Aasne H. Vikanes |
|
|
|

Fotballdag for dei store
Publisert: 29.05.08 kl 15:10
Torsdag hadde Tjødnalio, Litlabø og Sagvåg fotballdag ilag.
Mange gode fotballprestasjonar i det flotte, varme veret.
Fleire bilete>>
Tekst og foto: Anne Elisabeth
Trevland |

Ungdomsskuleelevane våre
Publisert: 29.05.08 kl 15:10
Onsdag fekk 7 steg møte dei nye klassekameratane og lærarane
som dei skal ha til neste år. Dagen starta med frokost på
Samfunnshuset. Etterpå gjekk me bort til idrettssenteret der det var
pizza, brus og ulike aktivitetar.
Fleire
bilete>>
Tekst og foto: Anne Elisabeth
Trevland |


Laila knipsa hjorten
Publisert: 29.05.08 kl 08:00
Torsdag morgon klarte Laila Magnussen å knipsa eit fint bilete av
hjorten vår. Denne hjorten likar seg godt på Sagvåg skule før
skuledagen tek til.
Tekst: Lars Bakka Foto: Laila Magnussen
|
|
|
|

Fotballdag for
1.-4. årssteget på Litlabø, Tjødnalio og Sagvåg skular
Publisert: 28.05.08 kl 15:00
Me har hatt ein kjekk dag på Nysæterbanen. Det var kjempeflott
innsats i kampane. Elevane fekk òg god tid til å eta niste og leika.
Fleire bilete>>
Tekst: Aasne H. Vikanes Foto: Anne Brit Holm,
Brita Flarøy, Aasne
|

Førskuledag
Publisert: 28.05.08 kl 12:50
I dag var det førskuledag ved Sagvåg skule. Flinke elevar på
5.steget er fadrar og tok godt imot elevane på 1.steget. Du finn
bilete frå førskuledagen på sidene til
sag08>> og
sag03>>
Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig
|

Her er boka!
Publisert: 27.05.08 kl 20:10
I denne veka vert boka som Per S. Kristin og Jens Amit har vore
med å laga ut for sal. Boka er omsett til italiensk, slovensk,
fransk og nynorsk. Boka kostar kr 50,- og inntektene går til eit
godt føremål.
Du kan også lese (på tysk!) om prosjektet og Sagvåg skule i ei
sveitsisk avis>>
Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
|

Forsøk med vatn
Publisert: 26.05.08 kl 15:20
1 steget var ute og gjorde undersøkingar med vatn. Dei prøvde å
finna ut kva ting som flyt og kva ting som søkk. Det var eit kjekt
forsøk i det fine veret.
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Gro A. Halvorsen
|
_small.jpg)
På tur i nærområdet
Publisert: 26.05.08 kl 15:15
Andre steget har gått tur rundt i Sagvåg og sett på hus. Me såg
spesielt på ulike hus som det ikkje bur folk i. Ein ispause nede i
Sagvåg fekk me og tid til.
Fleire
bilete>>
Tekst & foto: Brita Flatøy
|

Heim frå leirskuleopphald
Publisert: 26.05.08
Sist veke var 7 steg på leirskule. Me hadde fint ver og kjekke
turar kvar dag. 7 steg frå Svortland var på Gullingen samtidig som
oss. Dei var kjempekjekke. Fleire bilete frå opphaldet finn du
her>>
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
|
|

Ingen streik
ved Sagvåg skule
Publisert: 25.05.08
Fagforbundet vart samde med
Kommunenes Sentralforbund (KS) og Sagvåg skule vert difor ikkje råka
av streik i denne omgangen. Symjeundervisninga går difor som
planlagt måndag føremiddag.
Utdanningsforbundet kom derimot
ikkje fram til semje i forhandlingane og medlemmer Unio
i Bergen, Bærum, Karmøy og Tromsø tekne ut i streik. Ingen medlemmer
i Stord kommune er tekne ut endå.
Tekst : Lars Bakka
|

Tinestafett for 6.steget
Publisert: 23.05.08 kl 13:30
Elevane gjorde ein flott innsats, både på og utanfor bana.
Heiagjengen hadde plakat, var utkledde og var flinke til å vera med
på å laga stemning. Laget fekk juice og ei T-skjorte.
Elles koste dei fleste seg veldig i sola..
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Kjell Byrknes
|

Aktive
timar
på Nysæterbanen
Publisert: 22.05.08 kl 22:50
Mellomsteget nytta dei tre siste timane onsdag på Nysæterbanen.
Me sprang stafett, 60 meteren, hoppa lengde, spela fotball og slåball. Trivelege og aktive timar, og kjekke elevar! Fleire bilete
på sidene til 5.st>> og
6.st>>
Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
|
|
|

Kunst og
handverk i det fri
Publisert: 20.05.08 kl 14.50
Måndag rigga 3. steget seg til oppe i skogsløypa for å måla
naturbilete. Der hadde me fantastisk utsikt både over
Utslettefjellet og Kvinheradfjella, samt store delar av Sagvåg. Det
vart mange flotte bilete!
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg
|

Kunst og handverk
Publisert: 20.05.08 kl 10.30
2. steget har vore i skogen å laga
modellerar av hus i naturmateriell. Dei arbeidde
i grupper, og samarbeidet gjekk stort sett godt.
Alle var flinke å finna materiell som kunne
brukast. Fleire
bilete>>
Tekst
& foto: Brita Flatøy, Annbjørg Luggenes
|

7.steget på leirskule
Publisert: 20.05.08 kl 09.45
Denne veka er 7.steget ved
Sagvåg skule på Gullingen leirskule i Suldal.
Det ser ut til at dei har funne seg godt til
rette.
Tekst:
Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
|
|

17.maifeiring
Publisert: 20.05.08 kl 09.00
Me har fått ei fin samling med
bilete frå 17.maifeiringa i Sagvåg av Aasne
Vikanes. Du finn bileta
her>>
Tekst:
Lars Bakka Foto: Aasne H. Vikanes
|

No er me klare for
17. mai!
Publisert: 16.05.08 kl 13.15
No har me nok ein gong vore ute og gått øvingstog rundt skulen. Først samla me oss i
amfiet for avsynging av "Herlege Stordøy" og "Ja
vi elsker", og så gjekk me i tog rundt turløypa
vår. Heiarop og -songar er
finpussa, og me gler oss alle til den store
dagen :-)
Sjå fleire bilete>>
Tekst
og bilete: Egil Petterteig
|

Heile 1.steget spelar gitar!
Publisert: 16.mai 2008 kl
20:30
Eigentleg er dei nye
gitarane kjøpt inn til elevane i storskulen, men
fredag fekk også elevane på 1.steget prøva seg
som gitaristar. Dei fekk prøva å spela med ei
hand og dei var svært ivrige! Leksjon to kjem
neste fredag!
Tekst & foto: Lars Bakka |
|
|
|
|

Tur til Shetland med Kristine
Publisert: 15.mai 2008 kl
09:30
Me kjørte frå Bryggen i Bergen. Me satt opp seil
då me hadde komme ut i Nordsjøen for då begynte det og blåse så
mykje det var ikkje vits i og bruke motoren lenger. Me hadde vakt
frå klokka 12 til 16 om dagen og 12 til 04
om natta. Les meir her
og sjå fleire bilete>>
Kristine
Brask Nordfonn:-) (Elev Sagvåg skule) |

Samling på
småskulesteget
Publisert: 15.mai 2008 kl
09:30I dag har
småskulesteget hatt samling i amfiet. Temaet denne gongen var Vår og
17.mai. Elevane song og las. Det er kjekt å sjå kor flinke elevar me
har. Fleire bilete>>
Tekst: Brita Flatøy Bilete: Aasne
Vikanes/Brita Flatøy |


Påskeliljene vert 'pakka ned'
Publisert: 15.mai 2008 kl 10:10
I dag 'pakkar' gartnarane våre ned påskeliljene våre
for i år. I slutten av april og i halve mai har dei store og fine
påskeliljene pynta opp på skulen vår. Det som også eg så kjekt at
dei har fått stått i fred heile tida!
Tekst & foto: Lars Bakka |
|
|
|

Ut i sola!
Publisert: 13.mai 2008 kl 12:40
På fredag tok mellomsteget siste time ute, der me
leika, spela slåball, åt vaflar og kosa oss. Nokre få måtte skunda
seg å få ferdig leksene før dei kom ut, men alle fekk vaflar til
slutt. Me har veldig kjekke elevar, så dette hadde dei fortent :-)
Fleire bilete på sidene til 5.>>-6.>>
og 7.st>>
Tekst & foto: Egil Petterteig |

Lær deg å spela
gitar på Sagvåg skule!
Publisert: 9.mai 2008 kl 12:00
Med 15 heilt nye gitarar kan alle elevane på 5.-6. og 7.steget
få læra seg å spela gitar på Sagvåg skule ! Tre av gitarane er til
heimlån så det bør vera god tid til øving for dei som vil bli gode
gitaristar!
Tekst & foto: Lars Bakka |

Skuleavisa
Publisert: 9.mai 2008 kl 13:30
6.steget har selt skuleavis som dei har laga sjølv,
Dei fekk inn 2366 ,- ! 1183 ,- går til ein jenteheim i Lasur i India
som Amit Sørheim skal ta seg av. Resten går til fattige barn i
Ukraina som Mathias Bjønvik tar seg av. Me takkar alle som har kjøpt
avisa ! ;D
Tekst & foto: Kristin Steinsland
(Elev) |
|
|
|

Teknologi og design
Publisert: 9.mai 2008 kl 12:00
På 3. årssteget har elevane arbeidd
med eit tema om bruer og andre byggverk i
Teknologi og design. Dei har laga bruer av
papirrullar og splittbinders. Nokre av bruene
greidde å bera over tre kilo. Elevane lærte at dei
måtte nytta seg av trekantar for å få sterke og
stødige bruer. Elles har me laga flotte
konstruksjonar av tannpirkarar og bløytte erter.
Dei som studerer bileta våre, vil finna ein liten
kopi av Nysæter kyrkje.
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Aasne Vikanes. |

Turdag til Nesskogen
Publisert: 8mai 2008 kl 15:30
Torsdag 8. mai hadde småskulestega frå Sagvåg og
Litlabø skular ein fin dag i Nesskogen. Me møttest med Sætravikvegen
og gjekk ilag opp til "Trollskogen".
Elevane sprang og leika i skogen. Me hadde natursti der elevane løyste ulike oppgåver. Ein flott dag saman med
kjekke barn.
Fleire bilete>>
Foto: Aasne Vikanes og Anne Britt
Holm. Tekst: Kari Almås. |


Sommar!
Publisert: 5.mai 2008 kl 15:30
Med sol frå skyfri himmel og varme er det
sommarleg og fint ved Sagvåg skule tidleg i mai!
Tekst & foto: Lars Bakka |
|
|
|

Mystisk stein eller dinosauregg?!
Publisert: 7mai 2008 kl 14:30
Har du lagt merke til den runde steinen som er
smelta inn i fjellveggen ved Sagvåg skule? Om
ikkje så er det kanskje på tide å sjå nøyare
etter!
Tekst & foto : Lars Bakka |

(Arkivfoto frå SFO)
Søk plass i SFO på nett
Publisert: 5.mai 2008 kl 15:00
Som dei første skulane i Stord har denne våren
Leirvik-, Litlabø- og Sagvåg skule teke i bruk
nettbasert søkjeskjema til plass i SFO. Dette er
det same systemet som barnehagane til no har
nytta.
Du finn søkjeskjema her>>
Plasstilbod:
|
Plass |
Pris |
Innhald |
|
100 % plass
|
kr 1950.-
|
Kvar
dag |
|
80 % plass
|
kr 1670.- |
Fire
dagar (Valfri
fridag) |
|
60 % plass
|
kr 1250.- |
Tre
dagar (Valfrie
dagar) |
|
50 % plass |
kr 1100.- |
To
eller tre dagar annakvar veke (Valfrie
fridagar) |
|
Enkeltdagar kostar som før kr 215.- pr dag. |
|
Les meir om SFO Sagvåg skule her>>
Tekst : Lars Bakka |

Bruksting av tre og leire
Publisert: 5.mai 2008 kl 15:00
Knivar, gaflar, sleiver , krukker og mugger ser dagens lys i
kunst- og handverksfaget på 7. steget.
Fleire bilete>>
Tekst & foto Toril Sandvik Bruket |
|
|
|

Det vart litt langt... og vått....
Publisert: 29.april 2008 kl 15:00
Mellomstega på Sagvåg og Litlabø gjekk rundt
Dalskarsvatnet siste dag før 1. mai helga.
Nokon tok sitt første bad i vatnet, sjølvsagt
utan løyve, medan andre heldt seg klokeleg på
land. Talet på våte føter var høgt, og mange var
svært trøytte etter turen. Neste gong skal me gå
ein litt kortare tur. Fleire
bilete>>
Tekst & foto: Toril S. Bruket |

HMT-runde
Publisert: 25.april
2008 kl 20:00
På fredag var det HMT-runde (Helse Miljø og
Tryggleik). Det var verneombod Anne Elisabeth
Trevland og Rune Hansen frå Bygg og eigedom som
tok runden saman med rektor. Sjølv om skulen vår
no er over to år gamal så er det framleis småting
som ikkje er heilt ferdig. Brannvesenet har mellom
anna påpeika at me må få på plass oppslag med rømningsplan for skulen.
Les
meir her>>
Tekst & foto: Lars Bakka |

Steinalderen
Publisert: 25.april
2008 kl 13:00
Fredag 25. april var 3. årssteget på museet og
fekk arbeida med steinalderen saman med Johanne Ø. Tvedten og Bjørn Arve Lunde. Elevane fekk skyta
med pil og boge, laga smykke, prøva å tenna eld og
laga reiskap av stein. Etterpå fekk me smaka på
fisk som var laga til i kokegrop. Fisken smaka
godt. Takk til foreldra som køyrde oss, og takk
til Johanne og Bjørn Arve for ein kjekk dag!
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Aasne H. Vikanes & Jenny
Skjønberg |
|
|
|

Det
er kjekt med vår!
Publisert: 24.april
2008 kl 14:35
Onsdag 23. april fekk 3. årssteget vaflar i
sola. Samstundes fekk elevane prøva dei nymåla
paradisa ute på plassen.
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Aasne H. Vikanes |

LAN ved Sagvåg skule
Publisert: 22.april 2008 kl 09:20
Fredag, laurdag og søndag var det lan 24 timar
i døgnet ved Sagvåg skule. Det ver elever frå
Nysæter ungdomsskule med Ola og Tarald i spissen
som stod for arrangementet.
Gjengen skal ha mykje skryt for ryddinga etterpå.
Reinhaldarane merka knapt at det hadde vore stor
aktivitet på skulen heile helga! TAKK FOR FLOTT
INNSATS!
Fleire bilete>>
PS! Lan-gjengen klarte også knipse eit flott
bilete av hjorten 'vår'. Han lurte nok på kva som
var på gang på Sagvåg skule heile natta...
Tekst: Lars Bakka
Foto: Henrik Mundal Andersen |

Julegåvene
Publisert: 18.april
2008 kl 15:20
I dag har me hatt besøk av Willy Ersland. Han
viste oss film frå då han var i Ukraina med
julegåvene som me samla inn. Elevane synst det var
interessant, og mange fekk lyst til å senda meir
til Ukraina.
Tekst &
foto: Jenny Sætre Skjønberg |
|
|
|

Flott fjelltur
Publisert: 18.april 2008 kl 15:15
Torsdag 16.april
var 5.steget ver på UtslettefjelletI det flotte våreveret. Me grilla
pølser, leika og laga adjekivforteljing.
Fleire bilete>>
Tekst : Kari Myhre Foto: Kari Myhre og elevane på
5.steget |

Vaffelsteiking, leik og lesing
Publisert: 17.april
2008 kl 14:15
1.steget har nytta det fine veret godt. Me har vore ute og steikt
vaflar, leika og lese i leseboka vår.
Fleire bilete>>
Tekst : Gro A. Halvorsen Foto: Liljan Vestbøstad
Waage |

Samling på
småskulesteget
Publisert: 17.april
2008 kl 14:10
Torsdag 16. april hadde småskulesteget samling i amfiet. Me song
songar av Astrid Lindgren. Dei ulike årsstega hadde øvd inn songar
som dei framførte, og me song nokre fellessongar. Elevane var
flinke, og me hadde ei kjekk stund!
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Aasne H. Vikanes |
|
|
|

Steinalderen
Publisert: 17.april
2008 kl 14:10
3. årssteget har arbeidd med steinalderen dei siste vekene. Her er
bilete frå den fine steinalderbuplassen vår.
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Aasne H. Vikanes |

Ut i sola
Publisert: 16.april
2008 kl 14:35
2.steget hadde turdag og
gjekk til leikeplassen i Rindane. Der var det reiler, vipper og
andre ting. Det var kjempekjekt! Fleire
bilete på nettsida vår>>
Tekst & foto: Laila Magnussen |

Klikk for
større bilete>>
Pensjonistar til Sagvåg
skule
Publisert: 16.april 2008 kl 12:35
I dag hadde me på Sagvåg skule besøk av ei
gruppe pensjonerte lærarar. Rektor viste dei rundt på skulen, og "journalistane"
tok ein prat med Trond Alsaker som var undervisningsinspektør på
gamle Sagvåg skule:
- Kva synest du om den nye skulen?
- Me er veldig imponerte. Nesten som om eg ville
begynt på skulen igjen, seier han og smiler.
Tekst & foto: Anne Berit Vesterheim (journalist
i skuleavisa) |
|
|
|

No er dei første
bøkene her!
Publisert: 16.april 2008 kl 12:35
I dag kom dei første eksemplara av boka som Jens Amit, Per og
Kristin har vore med på å omsetje til nynorsk. Boka er trykt i 500 ekseplar og skal seljast i Italia, Slovenia, Sveits og Noreg. Boka
kjem til å kosta kr 50,- og sale tek til straks me har fått alle
bøkene frå Slovenia.
Heimesida
til prosjektet>>
Du kan også
sjå
film om Saka i Sunnhordland!>>
Les sjølve artikkelen her>> (Frå januar 2008)
Tekst & foto: Lars Bakka |

Nytt frå elevrådet
Publisert: 11.april 2008 kl 11:30
Mange av sakene i elevrådet handlar om uteområdet der elevane ventar
på fleire leiker og klatrevegg. Det er søkt om tippemidlar til utearealet med klatrevegg og aktivitetsløype.
Les meir i referatet finn de
svar på spørsmåla>>
Fleire bilete frå friminuttet>>
Tekst & foto: Lars Bakka |

Mange kjekke leikeplassar
Publisert: 9.april 2008 kl 15:30
1.steget har vore på rundtur heime og sett kor elevane bur. Dei
næraste vekene kjem me til å vitja alle heimane til elevane. Me kom
til mange kjekke leikeplassar. Bileta frå turane vert samla på
nettsida vår>>
Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen
|
|
|
|

Vår i SFO
Publisert: 4.april 2008 kl 11:00
No begynner våren å ta form og ungane på SFO koste seg ute. Etter
leik ute var det ostesmørbrød som stod på menyen, det falt godt i
smak hos dei fleste.
Så var det ut å leike seg litt igjen før det var servering av
varme bollar :)
Ein flott vårdag på SFO. Fleire bilete>>
Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage |

1.steget 08/09 på vitjing
Publisert: 2.april 2008 kl 11:50
Onsdag 2.mars vitja elevene som skal
ta til på 1.steget hausten 2008 Sagvåg skule. Elevane var på skulen
frå 10:30 til 12:00 og hadde samling med rektor, Kari Almås og
leikestund med elevane som går på 1.steget no. I dag kom dei
som går i barnehage saman med barnehagegruppa. Onsdag 28.mai
vert det førskuledag der foreldra er med.
Du finn fleire bilete her>>
Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka og Gerd Helen
Leth |

Ein fantastisk flott skitur!
Publisert: 25.mars 2008 kl 17:00
Flottare ver kunne me ikkje få.
Elevane var flinke til å gå på ski . 19 elevar frå 5., 6. og 7.
gjekk heilt til steinen, medan andre aka ved Lundarstøl og gjekk i
lysløypa. Henrik og David på 7. steget og Kristin på 6. steget gjekk
to rundar i løypa, medan Håvard på 7. steget gjekk heile tre rundar.
Ein flott dag saman med utruleg kjekke elevar.
Bilete frå turen>> Bladet 'Sunnhordland' her
laga film frå skidagen:Litlabø
og Sagvåg skular på Lundarstølen>>
Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto Toril
S.B. og Nina Danmo |
|
|
|

Arkivfoto frå skidagen i
2005
Skidag onsdag 26.mars!
Publisert: 25.mars 2008 kl
17:00
Onsdag vert det skidag for første gong på tre år. Dei
siste åre har det ikkje både vore fint ver og snø slik at me har
hatt skidag. Du finn meir informasjon om dagen her. Ta kontakt med
kontaktlærarane dersom du har spørsmål.
Her er informasjonskriver som
elevane fekk med heim i dag>>
Du kan sjå tilbake på skidagar
ved Sagvåg skule heit tilbake til 2001 her>>
Tekst : Lars Bakka |

Ein innhaldsrik vår
Publisert: 24.mars 2008 kl
15:00
Første skuledag etter påske er tysdag 25.mars og
allereie torsdag 27.mars kjem det ein heil gjeng med rektorar frå
Bergen for å sjå den fine skulen vår i bruk. Den 8.april skal
elevane på mellomsteget få oppleva teaterstykket
Hjalmar>>
i Kulturhuset. I april vert det også obligatoriske
kartleggingsprøvar for alle elevane på 2.steget. Les meir om planane
for våren 2008 i kalenderen vår>>
Tekst & foto: Lars Bakka |


Påskelunsj
Publisert: 14.mars 2008 kl
12:00
Fredag 14.mars avslutta Sagvåg skule som vanleg med
påskelunsj med varm kakao til alle elevane. I år var det også
spesielt då me måtte ta farvel med studentane som har vore hos oss
dei to siste åra. Studentane fekk eit påskeegg kvar frå elevrådet.
Du finn fleire bilete frå framsyningane i
amfiet og påskelunsjen her>>
Tekst & foto: Lars Bakka |
|
|
|

Stor aktivitet på 2.steget
Publisert: 12.mars 2008 kl
15:00
2.steget har hatt studentar i tre veker no. Her kjem nokre bilete
som viser litt av det me har jobba med siste veka. Me har lært mykje
om fuglar og dyr. Oppe i skogen har me laga til ein plass der me
matar fuglane. Dei har me vore og kikra på. Elles har me malt fuglar
og påskeegg, vore i kyrkja og hatt utedag.
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Brita Flatøy og
studentane |

Ein vanleg skuledag
Publisert: 12.mars 2008 kl
12:00
Me tek ofte bilete på Sagvåg skule når det skjer noko spesialet. I
dag har me rett og slett teke nokre bilete frå ein heilt vanleg
skuledag der elevane er i arbeid rundt om i heimebasane.
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Lars Bakka |

'Flyfoto'
Publisert: 12.mars 2008 kl 08:30
I går tok eg med seg nokre elevar på fjelltur i skuleområdet vårt.
Me gjekk til fjellet som ligg like ved skulen vår. Me fann mykje
'hjortebæsj' , så høgt her oppe står nok hjortane og ser på oss nede
på skuleplassen. Fleire bilete>>
Tekst & foto:
Laila Magnussen |
|
|
|

Rikskonsert
Publisert: 11.mars 2008 kl 15:16
Tysdag 11. mars hadde me besøk av Rikskonsertane med framsyninga
'Tomlane opp'. Denne gongen var det konsert både for småskule- og
mellomsteget. Me hadde ei kjempekjekk stund! Fleire
bilete>>
|

Leselystaksjonen
Publisert: 10.mars 2008 kl 14:40
Vilde på 3. årssteget var heldig og og vann bokpremie etter
Leselystaksjonen i haust. Premien var ei signert bok av Erlend
Loe.
Endå eit
bilete av Vilde>>
Tekst & foto: Aasne H. Vikanes |

Troll og korger
Publisert:
10.mars 2008 kl 14:30
Elevane på 7. steget har trylla fram flotte korger, trollmenn og
trolldamer i kunst- og handverkstimane dei siste vekene.
Fleire bilete>>
Tekst & foto:
Toril Sandvik Bruket |
|
|
|

Eventyr på 1.steget
Publisert: 10.mars 2008 kl 14:30
Fyrste steget har dei siste vekene jobba med eventyr. Dei har laga
dukketeater og figurar som høyrer til Bukkene Bruse, noko som har
vert morosamt arbeid. I dag var det tid for framsyning av teateret.
Dette lika alle godt. Fleire bilete>>
Tekst & foto: Harald Heien (student) |

Sagvåg på 2.plass
Publisert: 7mars 2008 kl 15:10
Lego League-gjengen frå Sagvåg skule måtte sjå seg slått av Leirvik
skule i den lokale turneringa på HSH. Dei var likevel SVÆRT nøgde då
dei slo Stord ungdommskule.
Fredag var gjengen med på HSH og hadde stand
der dei demonstrerte Legorobotane for publikum. Då dagen gjekk mot
slutten overraska Jostein Tvete frå IKT-avdelinga ved HSH Legogjengen med kr 500,- som takk for jobben.
Les meir her>>
Lego League på HSH mars 2008>>
(Film)
Tekst & foto: Lars Bakka |

Inne og ute
Publisert: 6.mars 2008 kl 13:10
2. steget har øvt seg på å dansa i dag. Dei vart veldig flinke. Det
gjekk i fugledans, jenka, reinlender og Herr Smett.
Seinare på dagen leika dei ute i snøvêret saman med 1.steget. Dei
brende bål, grilla pølser og marshmellows. Snøen var kram og
snøballane kjempestore.
Fleire bilete>>
Tekst: Brita Flatøy Foto: Gro
Halvorsen, Maria Solheim Thorsen og Brita Flatøy |
|
|
|

Karneval på web-tv
Publisert: 6.mars 2008 kl 13:10
I dag har bladet Sunnhordland oppslag på Web-tv med karneval på
Sagvåg skule.
Du kan sjå filmen her>> Du
finn fleire filmar frå Sagvåg skule her>>
Tekst: Lars Bakka |

Uteskule i snøen
Publisert: 5.mars 2008 kl 12:10
I dag har 3. årssteget vore på tur til området ved Raugaløo.
Studentane Hanne og Christin fortalde eventyr og me spidda pølser og Marshmallows. Me fekk tid til å leika litt òg. Då me skulle heim att
snøa og blæs det så me måtte gå bak fram.
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Aasne H. Vikanes |

Matematikkens dag og brubygging med papir!
Publisert:
5.mars 2008 kl 12:10
Papir kan nyttast til å laga sterke bruer. Elevane i storskulen
lagde rør av A4 ark og nytta dei til å bygga ulike bruer. Me snakka
først om styrken til ulike konstruksjonar. Deretter blei både fagverksbruer og skråstagsbruer teikna og bygd. Etter at bruene var
ferdige blei dei testa med vekter. Alle tålte den tyngste vekta me
hadde laga til. Godt jobba! Fleire
bilete>>
Tekst & foto: Kjell Byrknes |
|
|
|

Påskevandring
Publisert: 4.mars 2008 kl 15:10
Marit tok i mot oss og tok oss med rundt i kyrkja på ulike
stasjonar.
Me fekk vifta med palmegreiner, sløkka og tenna lys, pynta bord
og vaska føtene våre. Alle fekk smaka på eit ualminneleg godt brød
og resten av dette brødet fekk me med oss til skulen. Me hadde lært
oss nokre nye songar som me hadde øvd på og desse song me i kyrkja.
Fleire bilete>>
Det var ei veldig kjekk samling.
Tekst & foto: Gro A. Halvorsen |

Karneval 2008
Publisert: 3.mars 2008 kl 19:30
Her er nokre av bileta frå karnevalet på fredag. Det kjem fleire
bilete etter kvart her>>
Tekst: Lars Bakka Foto: Studentane
og elevane |

Helsing frå London!
Publisert: 2.mars 2008 kl 19:00
Det er ikkje berre lærarane ved Sagvåg skule som har vore på
studietur. Også Queensway har vore i London, og endeleg kom Queensway heim. Visste du at han har ein undergrunnstasjon og ei
gate oppkalla etter seg?
- Eller kan det vera vår Queensway som har fått namnet sitt etter
gata der rektor møtte han og adopterte han for over 20 år sidan!?
Tekst & foto: Lars Bakka |
|
|
|

Helsing frå
Cardiff
Publisert: 27.februar 2008 kl 22:00
I dag har lærarane frå Sagvåg skule vitja fire ulike skular i
Cardiff i Wales. Her er det Anne Elisabeth Trevland, Gro Akselsen
Halvorsen, Kari Myhre og Anne Brit Holm som er på vitjing på
Mount Stuart Primary
School i nydeleg vårvêr.
Her er nettsida til
skulen>>
Tekst & foto: Lars Bakka |

Ei spanande veke
Publisert: 24.februar 2008 kl 22:00
(Arkivfoto)
Den før veka etter vinterferien vert litt spesiell. Måndag 25/2 vert
ein vanleg dag, men allereie tysdag føremiddag reiser alle lærarane
på studietur til England. Då er det studentane frå HSH som tek over.
Alle heimane har fått eige skriv
om dette>>
Fredag 29.februar vert veka avslutta med karneval!
Sjå bilete frå tidlegare karneval her>>
Som vanleg finn du arbeidsplanane til 1.-2.-3. og 4.steget
her>>Tekst & foto: Lars Bakka |

Vinterferie
2008
Publisert: 18.februar 2008 kl18:00
(Arkivfoto)
Frå måndag 18. til fredag 22.februar er det
vinterferie i både skule og SFO ved Sagvåg skule.Tekst: Lars Bakka Foto: Anne
Elisabeth Trevland |
|
|
|

Kjemi
Publisert: 15.februar 2008 kl 12:20Me har hatt kjemi, og undersøkt ulike stoff på kjøkenet. Sukkeret
smaka godt, men det var verre med hornsaltet.......Fleire
bilete>>
Tekst & foto: Egil Petterteig |

Inga hindring
Publisert: 15.februar 2008 kl 12:20Elevane på 5.steget har i dag gjennomført undersøkjinga "Ingen
Hindring" på skulen vår. Me har undersøkt korleis skulen er for
synshemma, rørslehemma, hørslehemma, elevar med dysleksi og
allergikarar. Stort sett er skulen vår bra, men ein finn alltid små
hindringar som ein ikkje hadde trudd......... Me lærte iallefall ein
del om korleis folk med ulike hemningar har det.
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Egil Petterteig |

Info-skriv til heimen
Publisert: 14.februar 2008 kl 17:30Torsdag 14.februar fekk alle elevane ved Sagvåg skule dette
infoskrivet med heim i sekken>>
Skrivet>>
Tekst:
Lars Bakka |
|
Kunst og handverk
Publisert: 9.februar 2008 kl 17:30

Etter at me har arbeidd med fingerhekling ein periode, har 2.
steget laga gruppearbeid. Me skal hengja bileta opp i småskulen sin
base. Fleire bilete>>
Tekst & foto: Annbjørg Luggenes |
Matematikkdag
Publisert: 9.februar 2008 kl 17:30

Torsdag, 7.februar var det matematikkdag på småskulesteget.
Studentane 'våre' hadde ansvar for dagen. Elevane var delte i 5
grupper på tvers av årsstega. Alle elevane var innom fem ulike matamatikkstasjonar. I pausen koste med oss med tomatsuppe. Både
elevar og studentar var godt nøgde med dagen.
Fleire bilete frå dagen>>
Tekst :
Brita Flatøy Foto: Jenny Sætre Skjønberg og Gro A Halvorsen |
Me vann matematikkutstyr!
Publisert: 9.februar 2008 kl 17:30

No er matematikkutstyret som me vann kome. Masse supert utstyr
som me kjem til å ha mykje glede av utover våren. Me oppforder dei
andre årsstega til å vere med på julekalenderen til neste jul.
Tekst & foto: Anne Elisabeth
Trevland |
Me kan sløkkja ein brann!
Publisert: 5.februar 2008 kl 15:30

Sjette steget har dei siste vekene lært om korleis ein skal unngå
at det blir brann i eit hus. Dei har og lært litt om korleis ein
skal sløkka brannar og behandla brannskader. Det er likevel
noko heilt anna å få brannvesenet og ein frå SKL på besøk. Ikkje
minst å få prøva på ein "verkeleg" brann! Dei fekk prøva seg med
pulverapparat og alle fekk det til. No skal dei berre heim og sjekka
opp alt det brannmennene og SKL sin mann tipsa dei om. Det blir ein
grundig sjekk i heimen!
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Kjell Byrknes |
Nytt frå elevrådet
Publisert: 5.februar 2008 kl 12:00

Her finn du referat frå
elevrådet frå 5.februar>>
Tekst: Lars Bakka Foto: Arkivfoto |
Korleis blir ei avis trykt?
Publisert: 4.februar 2008 kl 16:00

6. steget er inne i avisprosjektet sitt. Difor køyrde me til
bladet "Sunnhordland" på Heiane, for å sjå korleis ei avis vert til.
Me fekk høyra om "Sunnhordland", som i år er 107 år gammal, og me
fekk sjå avispressa i gang. Takk til Håkon, Ingunn og Eivind som
køyrde begge vegar . Fleire bilete>>
Tekst og foto: Toril Sandvik Bruket |
'Her er dei nøgde'
Publisert: 4.februar 2008 kl 16:00

Under overskrifta 'Her er dei nøgde' skriv bladet Sunnhordland om
Sagvåg skule. Det er debatten om opne og lukka undervisningsareal i
den nye ungdomsskulen i Norbygdo som er utgangspunkt for artikkelen.
Les heile saka her>>
Tekst : Lars Bakka |
'Skal me leika saman du og eg?'
Publisert: 30.januar 2008 kl 09:00

Siste del av onsdag leika 1. og 2.steget ute. I regn og hagl
hoppa me tau, fann på spanande ting i skogen og spelte fotball i
ballbingen. Me hadde ei fin stund i det kalde januarveret. Fleire
bilete på sidene til 1.steget>> og
2.steget>>
Tekst og foto: Anne Brit Holm |
Portretteikning
Publisert: 28.januar 2008 kl 16:10

På 3. steget har me i dag teikna kvarandre. Portretta vart
flotte, og fleire var slåande like!
Fleire bilete>>
Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg |
Det er godt å lufta seg litt...
Publisert: 28.januar 2008 kl 16:10

Elevane på småskulesteget kosar seg ute i luftepausane uansett
vêr. Fleire bilete>>
Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg |
Nytt frå
elevrådet
Publisert: 25.januar 2008 kl 15:40

Det var møte i elevrådet 8.januar. Først no 25.januar kjem
referatet med svara frå rektor. Eg beklager at det tok så lang tid
denne gongen! Les referatet
her>>
Tekst : Lars Bakka |
Ny elev på
6.steget?
Publisert: 24.januar 2008 kl 09:30

Elevane på 6. steget held foredrag for klassen sin for tida.
Mange flinke elvar har vore "i elden" og snakka om tema som fotball,
Ukraina, India, hestar, havsula og kanin. Fleire tema står for tur.
I dag hadde me "Trampe" på vitjing i samband med eit av foredraga.
Takk til Renate som kom med kaninburet.
Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
Kjekt i
biblioteket
Publisert: 23.januar 2008 kl 11:30

4.steget hadde lånetid i biblioteket i dag. Alle
hadde med seg bøker som skulle leverast og alle lånte med seg nye
bøker heim.
Tekst & foto: Lars Bakka |
Gratulerer
7.steget!
Publisert: 16.januar 2008 kl 08:30

Me på 7 steget var i desember med på
Matematikk.org sin
julekalender. Me løyste 12 kjekke matematikkoppgåver som me sendte
inn. I dag var det trekning. Me var så heldige at me vann. Premien
var matematikkutstyr for 2000 kr, så no kan me få hjelp til å verte
endå flinkare i matematikk.
Les
meir>>
Tekst: Anne Elisabeth Trevland |
Ingrid og Per S. i
bladet 'Utdanning'
Publisert: 10.januar 2008 kl 16:30

I desse dagar får alle lærarane i heile Noreg som er
medlemmer i Utdannings-forbudet lesa kva Ingrid og Per S. på
7.steget meiner om skulearbeid på skulen og heime. Bladet hadde eit
stort oppslag med diskusjon om lekser og skriv m.a.:
Elevene på de tre øverste trinnene
har to timeplanlagte arbeidstimer på skolen der de blant annet
kan gjøre lekser.
– De store og vanskelige leksene
rekker jeg på skolen, sier Per Skram på 7. trinn, som synes det
er greit å arbeide på skolen, der han får hjelp hvis han står
fast. Det får han for så vidt også hjemme: Med mamma planlegger
han hvilken ettermiddag i uka som skal avsettes til lekser og
der hun kan hjelpe til.
Ingrid Yddal på samme trinn sier at
hun prøver å jobbe godt på skolen for å slippe lekser hjemme.
– Men gloser liker jeg best å pugge
på rommet hjemme, sier hun.
Les
heile intervjuet her>>Tekst :
Lars Bakka |