![]()
|
|||||||
|
Siste skuledag 21.juni 2006 Mellom anna elevane som har hatt ansvaret for
skulefrukt og mjølk fekk pengar heider og ære
den siste skuledagen. For første gong kunne me
samla alle til skuleavslutning i amfiet. Det var
kjekt å kunne ynskje alle god sommarferie på
denne måten. Fleire
bilete Tekst: Lars Bakka Foto Gro A. Halvorsen
|
Flott
steinsamling 20.juni 2006 Tysdag 20.mai sykla 5.steget til Almås.
Der fekk me koma på besøk til Karl Olav Vestvik
og sjå på steinsamlinga hans. Han har
samla steinar i mange år, og har ei kjempeflott
samling! Me fekk rosinbollar og saft
og alle elevane fekk 2 flotte steinar kvar.
Ei flott avslutning på skuleåret!
Fleire bilete Tekst & foto: Kari Myhre
|
||||||
|
Til
Fletaneset 16.juni 2006 3. og 4. steget har vor på tur til Fletaneset.
Dei prøvde om båtane dei hadde laga ville flyta.
Det gjorde dei fleste, nokre så godt at dei for
langt ut på vatnet. Ein kjekk tur i nydeleg vær. Fleire bilete
på sidene til
3. steget Helsing Tekst & foto: Annbjørg Luggenes og Gro A. Halvorsen
|
Dalskarsvatnet 16.juni 2006 Her er nokre bilete frå
fjellturane til Dalskarsvatnet. Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
||||||
|
Kanoturar 15.juni 2006 No finn du endå
fleire bilete frå dei flotte friluftsdagane på
sidene til
5.st Foto: Lene Klokkeide Jørgensen
|
Sommarfesten
2006 15.juni 2006 Onsdag 15.juni
vart den årlege sommarfesten arrangert ved
Sagvåg skule. Det var ei flott oppleving å sjå
alle dei flinke elevane på scenen i gymsalen.
Etterpå var det kafé og alle kosa seg rundt om i
den fine skulen vår. Festen vart avslutta med
offisiell opning av ballbingen. Elevrådet slo FAU etter ein spanande straffesparkonkurranse!
Fleire bilete Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
Friluftsveke 9.juni 2006 Elevane på
5.-6. og 7.steget har friluftsveke denne veka. Tysdag,
torsdag og fredag er me på tur i aldersblanda
grupper. Alle elevane skal etter denne veka ha
vore på sykkeltur, kanotur og ein vanleg
fjelltur. Fleire
bilete på sidene til
5.st Tekst: Egil Petterteig Foto: Elevar og lærarar
|
Flott
resultat 13.juni 2006
Elevane på 2. og 3. steget har seldt ulike ting til inntekt til FORUT. Tekst & foto: Annbjørg Luggenes
|
||||||
|
Grand Prix
2006 9.juni 2006 I over to timar
underhaldt elevane ved Sagvåg skule kvarandre
med musikk, dans og drama. Svært mange elevar
var framme på scenen i amfiet.
Du finn fleire bilete på denne sida
Tekst: Lars Bakka Foto: Lærarar og elevar
|
'Bli-kjent-dag' 9.juni 2006 Onsdag 7.juni
gjennomførte Nysæter ungdomsskule 'bli-kjent-dag'
for elevane som tek til på 8.steget til hausten.
Det var eit stort oppslag i Sunnhordland i dag.
Her er våre
bilete
|
||||||
|
Avslutning for 7. 9.juni 2006 Foreldra/føresette på 7.
steget laga til ein fin avslutningsfest på
onsdag 7.juni. Johanne spelte Tirna Noir på
Euphonium. Vakkert! Det blei vist bilete frå
leirskulen og delt ut diplomar. Egil, Kjell, Laila og Arild.
|
Aktivitetsdag 8.juni 2006 Det vart ein spesiell aktivitetsdag for elevane ved Sagvåg skule dette året. Me ville nytta vårt eige skuleområde og det vart gjennomført ei rekkje aktivitetar. Midt på dagen fekk alle elevane ein saftis. Det kjem fleire bilete seinare... Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland m.f.
|
||||||
|
Sommarope? 8.juni 2006 Me vurderer å
tilby sommarope ved Sagvågs skule i siste
halvdel av juni og første halvdel av august.
Les meir her
|
Heime frå
leirskule 4.juni 2006 7.steget var fredag tilbake frå eit flott leirskuleopphald på Gullingen leirskule i Suldal. Du finn allereie no bilete frå opphaldet på heimesida til leirskulen. Våre bilete kjem seinare. Gullingen leirskule
Tekst: Lars Bakka |
||||||
|
Flott
møbelkatalog 4.juni 2006 Det er svært
mange flotte bilete frå Sagvåg skule i den nye
møbelkatalogen til Offinngruppa. Det var denne
leverandøren som har levert alle dei nye møblane
til skulen vår. Katalogen vert sendt til alle
skulane i landet og er flott reklame også for
oss Tekst : Lars Bakka |
Mostraspelet 1.juni 2006 Me opplevde eit strålande Mostraspel i eit svært vått ver. Takk til Margaret, Grete, Roy Egil, Else-Beth og mormor til Elise, som heldigvis ikkje regna vekk på turen, men køyrde både til Moster og heim att. Fleire bileteTekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
||||||
|
Tinestafetten 1.juni 2006
Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
Melodi
Grand Prix 1.juni 2006
No er det berre ei veke igjen til Melodi Grand
Prix 2006!! 1. Dikt/song 2. Dans 3. Instrumental 4. Sketsj/leik Meld deg på direkte til kontaktlæraren din, eller på mail til: sagvaag.skule@stord.kommune.no Du finn heile tida oppdatert deltakarliste her Tekst & foto: Lars Bakka |
||||||
|
Førskuledag 31.mai 2006
Elevane på 5.steget tok godt imot fadderelevane
som tek til på 1.steget til hausten. Onsdag og
fredag er det førskuledagar ved Sagvåg skule.
Fleire
bilete
Tekst & foto: Kari Myhre
|
Tur med Litøabø skule 31.mai 2006 Tysdag 30.06 hadde småskule-steget tur til
Goamyro i Almåsmarka saman med Litlabø skule. Me hadde det kjekt i det fine veret. Elevane
var ivrige både i trimløype og med
naturoppgåver. Sjølvsagt vart det òg tid til
pølsegrilling og avslapping. Tekst & foto: Aase Vikanes
|
||||||
|
Tur både i regn og sol 23.og 30.mai 2006 Onsdagar er uteskule på 1.årssteg. Me var ute
i sol og regn 23. og 31 mai.
Fleire
bilete
Tekst & foto: Aase Vikanes
|
Tur med
Litlabø skule 30.mai 2006
Mellomsteget på Sagvåg og Litlabø skule var på
ein flott tur tysdag Tekst: Egil Petterteig & Kari Myhre Foto Kari Myhre
|
||||||
|
Manko på
menn! 28.mai 2006 Det var lærarkollegiet ved Sagvåg skule som vart nytta som døme då Haugesunds Avis skreiv ein artikkel om mangelen på mannlege lærarar i barneskulen. Les heile artikkelen i Haugesunds AvisTekst: Lars Bakka
|
Kva skjer? 25.mai 2006 Har du oversikta? På kalenderen finn du opplysningar over kva som skjer ved Sagvåg skule fram mot sommarferien. Maikalender finn du herTekst: Lars Bakka
|
||||||
|
Ny arbeidstidsavtale 25.mai 2006 Etter forhandlingar på overtid vart det semje mellom Utdanningsforbundet og KS om ny arbeidstidsavtale for lærarane. Du finn sjølve avtalen her Tekst: Lars Bakka
|
Ingen streik
i Stord kommune 19.mai 2006 Dersom meklinga i kommunesektoren ikkje fører fram, vert det streik for lærarane i Oslo, Fredrikstad, Tønsberg, Trondheim og Alta frå onsdag morgon 24. mai. Lærarane i Stord kommune er med andre ord ikkje tekne ut i streik i denne omgangen. Les meirTekst: Lars Bakka
|
||||||
|
Volum 19.mai 2006 6 steg har arbeida meir me volum. Me fann ut
at det er 1000 kubikkdesimeter i ein
kubikkmeter. Me fann også ut at 1 liter er
like mykje som 1 kubikkdesimeter.
Fleire bilete
har Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
17.mai 2006 18.mai 2006 For første gong var den nye Sagvåg skule vertskap for 17.maifeiringa i denne delen av bygda. På bileta ser det ut til at alle har kosa seg og fekk plass under tak i det noko sure 17.maiveret. Laila Magnussen, Aasne H. Vikanes og Kari Myhre er fotografar. Fleire bilete her Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre |
||||||
|
Til
Utslettefjellet 16.mai 2006 4 og 5 hadde ein flott tur i strålande ver til Utslettefjellet på tysdag 16 mai. Me leika kjekke leikar der oppe og såg på utsikten. Fleire bilete på sidene til
4.steget
Tekst
& foto:
|
Ein
kubikkmeter på tur 16.mai 2006 6.steg arbeider med volum i matematikk. I dag
var me ute og bygde oss kubikkmeter. Det gjekk
10 elever inn i ein.
Sjå fleire
bilete her Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
||||||
|
Gras under
grusen 16.mai 2006 Bladet Sunnhordland var på plass i ballbingen for å ta bilete av elevane den første dagen med kunstgraset på plass. Etter eit omfattande dugnadsarbeid blant foreldra måndag ettermiddag og kveld stod bingen klar til bruk tysdag 16.mai. Førebels ligg det ein del grus oppå graset, men dette trekk nedi etter kvart som banen vert brukt. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Kunstgras på
måndag! 12.mai 2006 No har eg fått
melding om at det kjem ein kar frå Bergen som
skal vera med på å legga kunstgraset i
ballbingen vår måndag 15.mai kl 14.30 Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
Bursdag i SFO 12.mai 2006 Liv Ingunn feira 8-årsdagen i SFO. kake med lys og Cola og stor begeistring frå alle, store og små. Tekst & foto: Laila Magnussen
|
Sykkeltur 11.mai 2006 7.steget på skulen hadde ein fin sykkeltur til Nautøy i dag,11.5. Nokre fiska, men fangst blei det ikkje. Elevane hadde oppgåver om fjæra som dei skulle løysa. Tre gutar gjorde ei oppdaging av beinrestar. Me er ikkje heilt sikre på kva det er av. Kan henda nokon kan tipsa oss.... Fleire bilete på sidene til 7.steget
Tekst
& foto: |
||||||
|
Fredsstafetten 11.mai 2006 Onsdag stilte 5. og 6. steget opp i Fredsstafetten på Vikahaugane saman med 22 andre lag frå skulane i kommunen. Me nådde ikkje heilt til topps, men stemninga var stor og innsatsen flott! Fleire bilete på sidene til 5.steget og 6.stegetTekst & foto: Toril S. Bruket
|
Konsert 10.mai 2006 Visste du at Ole Bull hadde konsert på toppen av ein pyramide? Eller at Geirr Tveitt fekk frakta eit piano mellom to dromedarar inn i Sahara for å ha konsert? Det, og mange andre artige fakta om avdøydde og nolevande komponistar, veit me, etter at me var på ein kjekk konsert med Trio Vest onsdag 10. mai. Dei spela variert og fin musikk, og elevane var gode publikummarar. Fleire bilete Tekst & foto: Egil Petterteig |
||||||
|
Til "Raugaløo" 10.mai 2006 10. mai var 1. og 2.
klassesteget på tur til området ved "Raugaløo".
Me koste oss med nista, bygde hytte og hadde ein
kjekk dag i sola. Fleire
bilete her Tekst & foto: Aasne H Vikanes |
Kanalreise på SFO 10.mai 2006 Borna på SFO
synest det var topp å bygga og leika med vatn og
båtar. Fleire bilete på SFO-sida Tekst og foto: Elisabeth Magnussen |
||||||
|
På Utslettefjellet. 9.mai 2006 Tysdag var 1.steget og fadrane deira på
Utslettefjellet. Som de ser av bileta, var
veret flott. Me hadde ein svært kjekk tur.
Fleire bilete på heimesidene til
1.steget
og 6.steget
Tekst
& foto:
|
Stor vasskade? 9.mai 2006 Lærarane gjorde
ein formidabel innsats for å avgrensa skadane
som oppstod på bygget då ein av ampullane i
sprinklaranlegget smelta i solsteiken i dag
kl 15.00 . Ampullen skal smelta ved 68-70 grader,
og oppunder glastaket i amfiet her det nok vore
ganske heitt. Du finn
fleire bilete frå "redningsaksjonen" her
Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
Uteskule i
solsteiken I sommarvarmen tok nokre elevar med seg arbeidet ut i skuggen i dag. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Vil det
flyta?
I det fine veret arbeidde
3.steget ute. Først gjetta me på kva me trudde
kunne flyta, deretter kontrollerte me.
Fleire bilete Tekst & foto: Annbjørg Luggenes |
||||||
|
Konfirmasjon
6.mai 2006 Den nye skulen
vår er ein fin stad for å feira t.d.
konfirmasjon. Søndag 7.mai var den første gongen
skulen husa ei slik feiring, og fleire står for
tur. Fleire
bilete Tekst & foto: Lars Bakka |
'Guds
gjøgler' 5.mai 2006 Fredag 5.mai
fekk elevane på 1.-4.steget oppleva framsyninga
'Guds gjøgler'. Fleire
bilete Tekst & foto: Lars Bakka |
||||||
|
Matematikkdag 4.mai 2006 Torsdag 4. mai og 11. mai har småskulesteget matematikkdagar. Elevane arbeider i grupper på tvers av årstrinna. Tekst & foto: Kari Almås
|
Fotballdagar 4.mai 2006 Mellomsteget på
fotballturnering Tekst: Egil Petterteig
1.-4.steget Tekst: Lars Bakka Foto: Gro A. Halvorsen
|
||||||
|
Sunnhordland
på nett 2.mai 2006 10 år etter at Sagvåg skule for første gong fekk eiga nettsida kjem no bladet Sunnhordland etter :-) Tekst & foto: Lars Bakka
|
Strålande vårsol 28.april 2006
Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
Knallgod i
matte 27.april 2006
Rebekka Mjønes kom på 9.plass i konkurranse
med totalt 5395 elevar frå heile landet i ein stor
matematikk-konkurranse. På 6.steget var det med
1326 elevar, så ein 9.plass er litt av ein
prestasjon! GRATULERER! Tekst & foto: Lars Bakka
|
Referat frå
elevråd 27.april 2006
Her finn du referat frå det siste møtet i
elevrådet Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
Ballbingen må
vente
Eg har fått melding om at me må vente med kunstgraset på ballbingen då det har regna for mykje dei siste dagane. Tekst & foto: Lars Bakka
|
SFO Litlabø skule 25.april 2006
Tysdag 25.april var borna frå SFO ved Litlabø
skule på vitjing til skulen vår. Det var full
fart og god stemning. Både borna og foreldra som
kom for å henta dei tok seg tid til å sjå nærare
på den nye skulen vår.
Fleire bilete
her Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
Kunstformidling 24.april 2006
Ingunn van Etten
fortalde om arbeidet sitt som illustratør til
barnebøker, og om ulike teknikkar som kan
brukast. Kjekt å få høyra ein ekte kunstnar
fortelja. Til slutt fekk elevane på 6. og
7.steget teikneoppgåver.
Biletet frå
møtet med 6.steget Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
Dugnad 21.april 2006
No ventar elevane
på kunstgraset i ballbingen. Eg har fått melding
frå kulturkontoret om at ferdigstilling av
ballbingar er basert på dugnad frå bygda.
Førebels ser det ut til at det kjem ein fagmann
frå Bergen fredag 28.april kl 15.00. Arbeidet
tek nokre timar og me treng då sju vaksne
personar til å hjelpe til med arbeidet. Tekst: Lars Bakka
|
||||||
|
Ny lokal nettside 20.april 2006 På nettsida www.innsida-stord.no finn du lokalt nyhendestoff frå Stord. Tekst: Lars Bakka
|
Påskekos i SFO 19.april 2006
Her på SFO har me kosa oss i påsketida. Me har
hatt påskeparty, med kjempe god lunsj. Ungane
fekk påske hattar, me song og hadde ei lita
påskeforteljing med overrasking.... Tekst & foto: Liljan V. Waage |
||||||
|
Kunstnar på
vitjing Måndag 24.april får elevane på 6. og 7.steget møta biletkunstnaren Ingunn van Etten. Møtet er eit resultat av 'Den kulturelle skulesekken' Du kan lese meir om van Etten her:
http://www.hardingpuls.no/ Kunstverk finn du på heime sida hennar>> Tekst: Lars Bakka |
Farvel
til studentane 7.april 2006
Den siste dagen før påske avslutta me med påskelunch i gymsalen for alle elevane. Elevane
i 5.-6.-og 7.steget var flinke til å ordne til. Første skuledag etter påske er tysdag 18.april Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka og Toril S. Bruket
|
||||||
|
Lærarane
på HSH 5.april 2006
Medan studentane frå HSH har overteke Sagvåg skule har lærarane innteke Høgskulen Stord/Haugesund. Onsdag 5. og torsdag 6.april har me fokus på Kunnskapsløftet som er namnet på den nye grunnskulereformen. Tekst & foto: Kari Almås
|
Løko
& data 4.april 2006 Kvar tysdag har 2.årssteg stasjonar der det vert arbeidd med matemarikk og norsk. Elevane nyttar m.a. konkretiesringsmateriell frå Løko og oppgåver frå matematikksida vår. Tekst & foto: Kari Almås
|
||||||
|
Klokker og ringar 30.mars 2006 Er det du som ha gløymt noko av det som er
lagt ut på
denne sida Tekst & foto: Lars Bakka
|
Nye smashballar 30.mars 2006 Den eine smashballen er punktert. Me har tinga ny Tekst : Lars Bakka
|
||||||
|
Kunst & Handverk i 7. 29.mars 2006 Stor aktivitet hos 7. steget i kunst og handverk. Det kjem til å bli flotte resultat av arbeidet innan strikking og krukkelaging. Bileta syner aktive og flinke elevar. Fleire bileteTekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
Lærarar i streik 29.mars 2006 Også lærarane ved Sagvåg skule går ut i streik kl 12.00 torsdag 30.mars.
Elevane som kjem seg trygt heim vert permittert
kl 12.00. Det elevane som vil bli igjen på
skulen fram til vanleg skuleskyss, vil få tilsyn
i denne perioden.
Les meir om streiken her:
KS Tekst :Lars Bakka
|
||||||
|
4.steget til
museet 29.mars 2006 Tysdag 28.mars var elevane på 4.steget på museet. Her fekk dei oppleva og prøva korleis folk i steinalderen levde. Dei fekk mellom anna laga smykke, helleristningar og skyta med pil og boge. Nokon klarte også kunststykket å treffa "reinsdyret"! Elevane avslutta besøket med å smaka lyr, laga på god gammaldags steinalder vis. Fisken blei nemleg baka i ei grop med oppvarma steinar, og resultatet vart fantastisk!
Fleire bilete
og tre filmar finn du biletsida vår
Tekst & foto:
|
Matematikkdagar 26.mars 2006 Denne veka har 5-7 steg matematikkens dagar her på Sagvåg skule. I løpet av 3 dagar er elevane innom 3 stasjonar. Dei arbeider med origami, tessellering og bygging av tetraeder fraktal.
Fleire bilete
på matematikkdagsida vår
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
||||||
|
Fuglar og dyr 26.mars 2006 3.steget arbeider med eit tema om dyr og fuglar. Nokre av timane er studentar frå høgskulen med. Elevane får ekstra god hjelp desse timane. Me kan dela dei i mindre grupper. Her ser de nokre glimt frå arbeidet på dei ulike gruppene.
Fleire bilete
på heimesida vår
Tekst & foto: Brita Flatøy
|
Steinalderen 24.mars 2006 4 steget gjekk seg ein tur i
det fine veret. Brått kom dei til ein "steinalderplass".
Der møtte dei Steinfrid og Stein som hadde laga
bål og ete hjortekjøt av hjorten dei hadde
drepe.
Fleire bilete
på heimesida vår
Tekst & foto: Gro Akselesen Halvorsen
|
||||||
|
Til Kina med
7.steget
I desse dagar er
det Kina som et tema på 7.steget.
Fleire bilete
her Tekst & foto: Egil Petterteig
|
Kven er det som.. 23.mars 2006 22.03.05 Tekst & foto: Aasne H. Vikanes & Brita Flatøy |
||||||
|
Ein vanleg skuledag 22.mars 2006 4.steget jobbar med
jødedommen, og 6.steget med musikk på ymse
vis. Nokon lærar om komponistar frå Hordaland,
og andre dansar. Fleire bilete på sidene til
4.steget
og
6.steget
Tekst & foto: Egil Petterteig
|
Har du gløymt
noko? 21.mars 2006 Det er lett å gløyma.... Ta
ein tur innom denne sida når du lurer på om du
har gløymt noko på skulen. Du finn
hittegods her Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
Skuleruta 2006/07 20.mars 2006 No er skuleruta 2006/07
vedteken.
Du finn
skuleruta her Tekst: Lars Bakka
|
Vårleg på SFO 17.mars 2006 På baksida av Sagvåg skule er
det lunt og fint no i mars. Utover våren kjem
det nok til å bli mange måltid på utebenkane i
SFO om ettermiddagen.
Fleire bilete her
Tekst & foto: |
||||||
|
5.steget på isen 17.mars 2006 5.årssteg avslutta veka på
skeisebanan. Sola skein, og det var berre
blide fjes å sjå! Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland & Kari Myhre
|
2.steget til biblioteket 16.mars 2006 2.steget var inviterte til biblioteket på Litlabø. Der fekk me vita korleis me kunne finna fram til dei me vil ha. Så fekk me høyra eventyr og opplesing til slutt. Tekst & foto: Anne Brit, Kari og Jorunn |
||||||
|
Til biblioteket 15.mars 2006 6. steget starta dagen på biblioteket på Litlabø med ei god bok. Kari B. Lundal las til oss, og etterpå lånte me bøker. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
Nye bøker i
biblioteket 10.mars 2006 Bibliotekarane våre Anne og Tonje har no gjort klar mange nye bøker til skulebiblioteket. Dei nye bøkene finn du lett fordi dei står med omslaget fram i dei hyllene som elles tomme . Tekst & foto: Lars Bakka |
||||||
|
Akedag 10.mars 2006 Storskulen hadde ei kjekk avslutning av veka. Elevane koste seg i akebakken der dei kunne aka heilt inn på skuleplassen! Andre koste seg med grilling i skogen, like ved skulen. Me håper på at me kan laga til ei skiløype etter kvart. Men då må det koma meir snø
Fleire
bilete på sidene til
5.st Tekst & foto: Kjell Byrknes
|
Du
får lov!
Mange elevar ynskjer å gå over jordet frå
buss-skuret fram til skulen. No er det ikkje
laga veg over jordet, det er heller ikkje
fotgjengarfelt over vegen inne på skuleplassen. Tekst & foto: Lars Bakka |
||||||
|
Spegling 9.mars 2006
Slik ser elevane ut på 5.steget når det vert
arbeidd med spegling i matematikken.
Du finn fleire
bilete på fotosida vår Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
Rikskonsert 8.mars 2006 I dag var det rikskonsert for elevane på 1. til 4.steget. Amfiet fungerer flott som konsertsal! Tekst & foto: Lars Bakka |
||||||
|
Referat frå
elevråd
Her finn du referatet frå det siste møtet i
elevrådet. Det var mange viktige saker på
dette møtet!! Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Arkiv
|
Kva skjer? No
går det mot vår og elevane ved Sagvåg skule har
mange kjekke og lærerike aktivitetar å sjå fram
til. Over ser du nokre bilete frå mars 2005. På heimesidene til årsstega ser du kva
hovudtema som kjem i mars: Tekst: Lars Bakka Foto: Arkiv |
||||||
|
Bollar til alle Fredag 24.februar vart det servert bollar med
krem til alle elevane på 5.-6. og 7.steget. Me
fekk to bollar kvar, dei var kjempegode. Også
dei vaksne fekk bollar. Tekst & foto: Elevar på 5.steget
|
På tur 3. og 4.årssteg var onsdag på tur til skogen ved gamleskulen. Der steikte me pinnebrød, leika og spg på fleire ekorn som hoppa frå tre til tre. Ein kjekk tur i eit nydeleg ver. Du finnn fleire bilete på sidene våre
3.st Tekst & foto: Gro A. Halvorsen |
||||||
|
1.steget 21. og 22. feb Her kjem bilete frå nokre av
aktivitetane våre desse to dagane. Tysdag var me på tur til Jensanes og onsdag var det tur med bål og steiking av pinnebrød. Tekst & foto: Brita Flatøy
|
Konsert 2.årssteg fekk ein fin start på dagen med konsert med 5.steget. Me både song og las dikt for elevane i 2. Tekst & foto: Emilie Zaneski (5.st)
|
|
|||||
|
Til Utslettefjellet Tysdag var veret så flott, at storskulen
gjekk til Utslettefjellet. Det var nydeleg
utsikt på toppen. Me kunne sjå nyeskulen i
fugleperspektiv, samstundes som me hadde det
triveleg sosialt, og kunne nyta kakao,
tursjokolade og nista i solskinet. Tekst: Toril S Bruket Foto: Kjell Byrknes
|
Havsule Sagvåg skule har fått låne ei flott Havsule av
Åge G. Stokken. Havsula beit seg fast på lina
under linesetting og vart dratt opp frå 200
famnar djup vest for Hebridane i mars 2005 av
linebåten Polarbris. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|||||
|
Smartboard Ved Sagvåg skule prøver me ut ny teknologi i
opplæringa. Eit av tiltaka er arbeidet med Smartboard. Dette er digitale tavler som er laga
slik at elevane kan arbeida i stort format på
veggen med digitale program som dei før berre
kunne bruka på datamaskinen. Tavla har med andre
ord blitt interaktiv. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Biblioteket på Litlabø
Både 3. og 4. steget har vore på biblioteket i dag. Som vanleg hadde me ei fin stund der. Elevane sat musestille og lytta då Kari Bolette fortalde eventyr. Dei som ville, lånte bøker. Tekst & foto: Annbjørg Luggenes
|
|
|||||
|
Infoskriv Torsdag ligg dette infoskrivet i mappa til alle elevane Du finn info om SFO, busstransport og den offisielle opninga av skulen Tekst: Lars Bakka
|
Møte i elevråd Det vert møte i elevråd onsdag 22 februar, klokka 08.45 Møte vert på Bleikjo Sakliste:
Gro
|
||||||
|
Me kan data! Me på 5.steget har vore så heldige at me
har hatt IKT studentar med oss dei 2 siste
vekene. I dag lærte dei flinke studentane
oss å laga presentasjonar. Det var veldig
kjekt og me blei veldig flinke!
Presentasjonane er laga i Open Office (Impress).
Sagvåg skule brukar dette programmet, det er
gratis og ligg ute på Internett. Eit
liknande program i Microsoft heiter
'PowerPoint'. Tekst & foto: Kari Myhre
|
Vandreutstilling Tysdag 13.februar jobba me på 5.steget med vandreutstillingen frå 'Kunst i Skolen' og 'Den kulturelle skulesekken'. Me studerte Eli Hovdenak sine flotte litografi. Me diskuterte dei ulike bildene i grupper, og la dei fram for dei andre på årssteget. Me likte bildene veldig godt, dei var både morsomme og flotte! Tekst & foto: Kari Myhre |
||||||
|
Gåve til
skulen
Måndag 13. februar fekk me Kari Bolette Lundal
på vitjing på skulen. Ho gav ein forteljedag til
oss som "gåve" til den nye skulen og elevane
våre. Det var forteljingar og opplesing som
trollbatt oss alle. Tusen takk, Kari Bolette! Tekst & foto: Kari Almås
|
"Sunnhordland" Kva kan skrivast i ei avis? Tekst & foto: Toril S. Bruket |
||||||
|
Offisiell opning Det var utdanningsdirektør i Hordaland
Kjellbjørg Lunde som stod for den offisielle opninga av Sagvåg skule. Samen med
ordførar Magne Rommetveit, mange gjester og elevane var ho med på gjere dette
til ein minnerik dag for alle oss ved Sagvåg skule. Tusen takk for alle dei flotte gåvene som skulen fekk! Tekst: Lars Bakka Bilete: Øyvind Nordlie
|
Snart offisiell
opning
Torsdag 9.febrar er det tid for offisiell opning av Sagvåg skule. Alle elevane
er inviterte saman dei som har arbeidd med prosjektet og fleire tidlegare
tilsette frå gamle Sagvåg skule. Foreldra er representerte ved FAU. Det hadde vore flott om alle elevane hadde på seg dei nye skule- genserane denne dagen! Tekst: Lars Bakka Foto: Torleiv Agdestein
|
||||||
|
Fine bilete 6.februar 2006 Fotograf Per Otto Dybvik frå Ålesund tok i januar ein del miljøbilete frå skulen vår for bruk i den neste møbelkatalogen til Offinn A/S. Me får også bruka desse bileta i vårt informasjons-arbeid .
Her kan du sjå alle dei bileta me fekk Tekst: Lars Bakka Foto: Per Otto Dybvik
|
Kakao og smashball Arild og Liljan syntes det var godt med varm
kakao etter eitt slag og to med smashball, også
ungane syntes det var godt med kakao etter
å ha vore ute og leika ei stund. Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
|
||||||
|
1. og 2.steget på tur Onsdag 1. februar var 1. og 2. årssteget på
tur til området ved 'Raugaløo'. Me leika i
skogen og laga lappakaker på steikjehelle over
bål. Kakene var gode og me hadde ein fin tur. Tekst & foto: Aasne H. Vikanes m.f.
|
5. + 6. = SANT! Onsdag 1.februar var 5. og 6.steget saman for å bli betre kjende. Me spelte sjakk, fotball, smasjball og brettspel. Fleire bilete på biletsidene våre
5.steget
og
6.steget Tekst & foto: Kari Myhre & Toril S. Bruket
|
||||||
|
Samarbeid 3. og 4. Elevane får vera på skrive, lego-, flate
klossar- og teiknegrupper. Dei kosar seg og er
kreative. Du finn fleire bilete på sidene til
3.steget
og
4.steget Tekst & foto: Annbjørg Luggenes
|
SFO i gymsalen SFO brukte gymsalen for første gong på onsdag.
Me leika og dansa til musikk,me hadde det
kjempekjekt. nettsida vår Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
|
||||||
|
Nytt frå Elevrådet Onsdag 25.januar vart det første møtet i
elevrådet ved nye Sagvåg skule gjennomført.
Me tok oss også tid til ei synfaring ute i det
fine vinterveret. Det er flott om alle årsstega
drøftar sakene som Elevrådet tek opp til neste
møte. Tekst & foto: Lars Bakka |
Meir aktivitet ute Etter kvart vert det meir å leika med ute. I
dag var smachballstativa på plass, og dei er
allereie i flittig bruk. Tekst & foto: Lars Bakka |
||||||
|
Skuleruta på høyring Fram til 27.februar er skuleruta for 2006/07 ute på høring. Dersom du har innspel på denne kan du sende ein mail med endringsforslag til sagvaag.skule@stord.kommune.noMe sender innspela samla til FAU ei veke før høringsfristen går ut. Her finn du framlegget Tekst: Lars Bakka
|
Diktarar
på 4.
steget Studentane har vore i 4 steget og hatt
opplegg om lyrikk. Elevane har høyrt ulike dikt,
lese dikt sjølve, skrive dikt, høyrt dikt med
musikk og teikna til dikt. Tekst & foto: Gro A. Halvorsen
|
||||||
|
Songstund 1 - 4 steget har hatt si første songstund i Amfiet. Dei song fint og satt bra. Fleire bilete: Bilete 1, bilete 2, bilete 3 Tekst & foto: Gro A. Halvorsen
|
Dikt også på 1.steget 19.januar 2006
19.januar skreiv me dikt saman med studentane. Det
vart nokre fine vinterdikt. Tekst & foto: Brita Flatøy
|
||||||
|
Leseveker, 3.
steget Kjekt med leseveker i ny skule. Det er mange fine plassar der me kan kosa oss med bøkene, som me har lånt i det flotte biblioteket vårt. Me har og lånt bøker frå
Stord folkebibliotek. Me les, skriv bokmeldingar
og fortel til medelevar om bøkene me har lese.
Fleire bilete
her Tekst & foto: Annbjørg Luggenes
|
Me opnar ballbingen!
Måndag 16.januar opnar me ballbingen,
sjølv om kunstgraset ikkje er på plass. Me har då grusbane fram til
veret tillet at graset vert lagt. Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
På kafé Fredag har 2. steget ete nista si rundt dei runde bord i Vestibylen. Det er som å vera på kafé. Tekst & foto: Kari Almås |
Tidleg på jobb!
Det var Kartine, Olav, Sebastian og Mari
som fekk stillinga som ansvarleg for frukt & mjølk ved Sagvåg skule.
Då stillinga vart lyst ut på 6.steget var det heile 11 søkjarar. Tekst & foto: Lars Bakka |
||||||
|
Samane i 4. 4 steget har sameland som tema no. Dei har laga
seg vesker og dei held på med å strikka
samedokker.
Tekst: Gro A. Halvorsen |
Møte i elevråd
Det vert møte i
elevråd onsdag 25
januar, kl 08.45 til ca. kl 09.45
Sakliste:
Tekst: Gro A. Halvorsen
|
||||||
|
På isen
Fleire elevar frå Sagvåg skule var med i
skulemeisterskap på skeiser.
Les meir i Haugesunds avis
Tekst : Lars Bakka |
Møbelfotografering Tysdag, onsdag og torsdag kjem fotograf og representantar for Offinn A/S til å fotografera den fine skulen vår. Bileta kan bli brukt i den neste møbelkatalogen til Offinn A/S. Me skal også få lov til å bruka bileta i vårt eige informasjonsarbeid. Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
Juletrefest for
Velforeininga
Søndag 8.januar arrangerte
Velforreningen v/ dei tilsette ved Sagvåg skule juletrefest. Det var
over 100 born og vaksne med og
Torleiv Agdestein og
Per Øystein Kannelønning stod for flott underhaldning. Tekst: Lars Bakka
|
Den finaste skulen i landet? Torsdag 5.januar vitja TV-Haugaland skulen vår. Du kan sjå innslaget her:
Tekst: Lars Bakka
|
||||||
|
Me er i gang!
Då har elevar og lærarar fått oppleva
den første skuledagen ved nye Sagvåg skule. Klokka 9 samla alle
elevane seg i amfiet me dei nye skulegenserane som dei fekk i gåve
frå
FAU.
SKL-breiband var sponsor for genserane og betalte dei. Det vert
ein spesiell dag med NRK-Hordaland, Bladet Sunnhordland og Bergens
Tidene på besøk.
Fleire bilete
Tekst: Lars Bakka
|
Første skuledag
Tysdag 3.januar tek nye Sagvåg skule for første gong imot elevane. Lærarane har nytta måndagen til å få på plass dei siste detaljane. Måndag kveld vart huset vaska og rydda slik at alt skal vera klart til elevane kjem kl 08.30. (SFO held ope frå kl 07.00)
|
||||||
|
Tøffe møblar No er mange av dei fine møblane som set farge på den nye skulen vår på plass. Tekst & foto: Lars Bakka |
Sandkassen på plass Ved hjelp av Bygg & Eigedom har me fått på plass ny sandkasse til skulestart 3.januar. Det vert framleis arbeidd me klargjering av ballbingen. Tekst & foto: Lars Bakka
|
||||||
|
No er det meste klart
til skulestart
|
||||||||||
|
|
||||||||||