Våren 2005 ved Sagvåg skule: 

LES endå meir  i arkivet! >>

Takk til Sagvåg skule!
[21.juni 2005]

Me ynskjer å senda ein stor takk til 1.- 2. og 4.årssteget for flotte gåver og helsingar!
Takk for varme tankar og ord då me mista huset i brann.
Takkar for fin blomebukett frå personalet. De er ein utruleg flott gjeng!!

Me har sett stor pris på all omsorg og omtanke.

Med helsing:
Even, Kristian, André, David,
Nils Bjarne og Snefrid Vikanes

Siste arbeidsdagen for Maren og Marta
[21.juni 2005]

Tysdag 21.juni 2005 var den aller siste arbeidsdagen for Marta Myhre og Maren Ottesen. Maren har vore tilsett ved Sagvåg skule sidan 1965 og Marta sidan 1975. Det er to flotte lærarar som no vel å avslutte yrkeskarrieren.
Elevane tok farvel med kvarandre, lærarane og andre tilsette med felles sommaravslutning i gymsalen i dag.
Du finn bilete her

Tekst & foto: Lars Bakka

Badeland!
[17.juni 2005]

Det er tradisjon at den siste symjetimen før sommarferien er 'badeland'. Då får elevane nytta matter og ringar og kosa seg heile symjetimen.
Resten av året vert det arbeidd hardt med å gje elevane god symjedugleik. Dette året har spesielt elevane på 2.årstteget imponert! Så å seie alle elevane på dette årssteget kan symje 25m. Det er flott!
Før ferien får alle elevane nytt diplom. Skulen nyttar symjemerka til Livredningsselskapet

Tekst & foto: Lars Bakka

Sommarfesten 2005
[16.juni 2005]

Onsdag 15.juni vart den siste sommarfesten ved gamle Sagvåg skule arrangert. Elevane på 1. til 4.steget hadde framføringar for foreldra i undervisningsromma sine medan 5. til 7.steget hadde sommarshow med underhaldning i gymsalen. Etterpå var det vaffelsteiking ute på framsida av skulen. Me var heldige med veret og det såg ut til at alle kosa seg. Bileta er frå framføringane til 2.årssteget.  

Tekst: Lars Bakka  Foto: Annbjørg Luggenes & Marta Myhre

PS! Det var mange av foreldra som tok bilete på sommarfesten. Det hadde vore flott om me kunne fått tilsendt nokre av desse på mail slik at me fekk fleire bilete frå festen til heimesida vår! [ sagvaag.skule@stord.kommune.no ]

Framleis gode vener!
[14.juni 2005]

Fadrane frå 7.steget er framleis gode vener med elevane på andre årssteget. Tysdag 14.juni hadde me leikar som  "slå på ringen", "katt og mus", "eit to tre, rødt lys", hoppa slengtau og paradis.  Til slutt var me i skogen og leika "kongen befaler".  
Fleire bilete på sidene til 2.steget og 7.steget

Tekst & foto: Marta Myhre og Kari Myhre

Til Almås med 4.steget
[15.juni 2005]

I dag har 4.steget vore på tur til Brita heime på Almås. Først fekk me ei interessant omvising i Kunsthuset. Me fekk høyra litt om korleis Per laga maleria sine. Etterpå viste han oss korleis eit tresnitt vert til. Så var det tid for mat. Pølser og bollar er god mat på slike dagar. Litt fotball vart det og tid til. Og veret? Det vart berre finare og finare jo lenger me var på Almås.
Fleire bilete på sida vår

Tekst & foto: Brita Flatøy

Pilgrimsvandring for 2.steget
[14.juni 2005]

Me hadde ein spanande og kjekk tur som vart leia av kateket Marit S. Grimstad. Fleire bilete

 

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Den nye Sagvåg skule
[14.juni 2005]

Interiørarkitekt Marianne Hassel er i desse dagar i full gang med å legge siste hand på plan for møblering og anna interiør ved nye Sagvåg skule. Ein del av dei plansjane som ligg føre no vert stilte ut på skulen under sommarfesten på onsdag.

Tekst: Lars Bakka

 

Grand Prix 2005
[9.juni 2005]

I dag har elevane ved Sagvåg skule gjennomført det store Grand Prix-arrangementet Svært mange av elevane ved skulen var med på ulike framføringar. Du finn bilete frå showet her

Tekst: Lars Bakka  Foto: Sindre Skogheim m.f.

7.steget til Dåfjorden
[10.juni 2005]

For 5.år på rad fekk alle elevane på 7.steg komma til Dåfjorden på hytta til Andreas Østerlid.  Me hadde ein flott dag med fisking, sløying, grilling, båtkøyring m.m. 
Alle koste seg! Tusen takk for oss!
Bilete frå turen dette året finn du her

+ Nye bilete frå turen lagt ut 14/6!

Sjå også
4.klasse 01/02   5.klasse 02/03   6.klasse 03/04

Tekst & foto: Kari Myhre/Roy Egil Petterteig

1. og 6. til Utslettefjellet
[8.juni 2005]

Onsdag 8. juni var 1. steget på Utslettefjellet med fadrane sine. Turen opp gjekk raskt og fint, og både små og store var veldig flinke å gå. På toppen var det litt kaldt, så me gjekk tidleg tilbake til skulen og leika i lag til skuledagen var slutt. Dagen var fin, og det var god stemning. Du finn fleire bilete på sidene til 1.steget og 6.steget

Tekst: Egil Petterteig   Foto: Egil Petterteig  & Aasne Vikanes

 

Heim til Maren
[8.juni 2005]

Onsdag 8 juni hadde 3 steget ein flotte dag heima hos Maren i Eldøy. Me fekk grillpølser, skuleboller, sjokoladekake og saft. Me såg når lamma fekk mjølk, fanga krabbar, fisk og sjøstjerner i stranda og leika på bakkane. Også traff me Siren som var saman med oss når me gjekk i 1 og 2 steget. Fleire bilete

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

Ny læreplan
[8.juni 2005]

Utdanningsdirektoratet oversender i dag forslaga frå utdanningsdirektoratet til nye læreplanar til Utdannings- og forskingsdepartementet.
Etter høyringsrunden er m.a. symjeopplæringa styrka. Meir i VG

Les dei nye fagplanane her

Tekst: Lars Bakka

Nytt frå elevrådet
[8.juni 2005]

Her finn du  referatet frå møte i elevrådet 8.juni

Tekst: Gro A Halvorsen 

Nye vener
[7.juni 2005]

Tysdag 7.juni var 7.årssteg på Litlabø treningssenter.  Der møtte dei nye klassekameratar og kontaktlærarar.   Formålet med dagen var å letta overgangen mellom barneskule og ungdomsskule. Alle fekk frukost, og seinare på dagen var det pizza og brus til lunsj. 

Det var mange kjekke aktivitetar som turløype i skogen, hesteriding, kanopadling, fotball, volleyball m.m. Fleire bilete på heimesida til 7.steget

Sjå også reportasjen på heimesida til Stord kommune

 

Eleven sitt val på 7.steget
[7.juni 2005]

Elevane er no i gong med eleven sitt val.  6 elevar har valt heimkunnskap, og er her i full gong på kjøkenet! 
Det kjem fleire bilete seinare.

Tekst & foto: Kari Myhre 

7.juni 1905
    -7.juni 2005

[6.juni 2005]

Tysdag 7.juni vert 100-årsjubileet for unionsoppløysinga markert over heile landet. Les meir om hendingane i 1905 her:

Hundreårsmarkeringa  
1905 skulesider
   Tidslinje

Tekst & fotomontasje: Lars Bakka   

Møte i FAU
[7.juni 2005]

Stad: Biblioteket på Sagvåg skule
Tid: Tirdag 7. juni 05 kl. 17:00 – 18:30 Les meir

Stord 5. juni 2005
Sigbjørn Framnes
Tlf. 900 62055

Bokgåve
[7.juni 2005]

I dag var me i fjerde heldige. 3 kjekke jenter, Christina, Malin og Anne, frå 6.steget kom og spurde om me ville ha kvar vår bok. Klart me ville!

Her er bilete frå bokoverrekkinga.

Tekst & foto: Brita Flatøy

Bang!
[6.juni 2005]

Det smell godt når tomta til bustadane på skulehaugen vert sprengt ut. Det går sirene før kvar salve, så då er det viktig for alle elevane å halde seg på andre sida av skulen. Elevane som har undervisningsareal mot skulehaugen går inn i grupperommet når det smell. Entreprenøren set ut vakter i samband med spengingane.

Tekst & foto: Lars Bakka

Melodi Grand Prix 2005
[1.juni 2005]

Torsdag 9.juni er det tid for Melodi Grand Prix 2005 ved Sagvåg skule. No er det på høg tid å ta til med øvinga. Påmelding skjer via kontaktlæraren. Her kan du sjå bilete frå Grand Prix ved Sagvåg skule frå tidlegare år.
Sommarfesten og Grand Prix er også saker i elevrådet onsdag 8.juni. Møtet er i skulebiblioteket kl 08.45.

Tekst og foto : Lars Bakka

Rikskonsert
[1.juni 2005]

Elevane på 5.-6. og 7.årssteget fekk oppleva Rune Alver på piano og skodespelar Oddbjørn Hanto i framsyninga 'Eg sat i eika og drøymde det i natt-' i gymsalen ved Sagvåg skule i dag. Les meir

Tekst: Lars Bakka 
Foto: Anne Elisabeth Trevland

Innlevering av bøker
[1.juni 2005]

Skulebiblioteket stenger fredag 10.juni. Innan den tid må alle som har lånte bøker heime levere dei på skulebiblioteket.

Tekst og foto : Lars Bakka

Tur for 1. til 4.steget
[1.juni 2005]

Heile småskulen har hatt ein kjekk tur til Almås i dag. Me grilla, gjekk tur i trollskogen og koste oss i det fine veret. Fleire bilete på sidene til 1.steget, 2.steget, 3.steget og 4.steget

Tekst og foto : Brita Flatøy

7.steget tilbake frå leirskule
[27.mai 2005]

Etter ei kjekk veke på leirskule i Suldal kom elevane på 7.steget heim att i ettermiddag. Det kjem meir om opphaldet seinare.
Gullingen leirskule har lagt ut bilete her

NYTT! Våre bilete finn du her

Tekst og foto : Anne Elisabeth Trevland

O-løp med 3 og 4.steget
[30.mai 2005]

3. og 4.årssteg har vore ute og funne postar i kroppsøvinga.
Kjempegod innsats!
Du finn bilete på sidene til 3. og 4.steget

Tekst og foto : Gro A. Halvorsen

Vil du sjå den nye skulen?
[27.mai 2005]

Fredag 27.mai tok me oss ein tur til den nye skulen vår. No er mange av dei indre veggene på plass og det er lett å få eit inntrykk av kor lott det nye skulebygget vert. Du kan vera med på rundturen her

Tekst og foto : Lars Bakka

 

Tinestafetten
[26.mai 2005]

Onsdag 26.5 var 6. steget på Stord Stadion. Der var me med i andre heat. Innsatsen var på topp, men me nådde ikkje heilt fram i teten. På tribunen var det bokstavleg talt full musikk frå Johannes og Johanne. Dei hadde instrument med og var med på å skapa god stemning. Allsongen frå 6. steget drukna nok litt i regnet og kulingen.... Trass i veret var det god stemning. Mange sette nok pris på at me ikkje var med heilt til slutt, for det var nok godt å få varmen i seg att!

Tekst og foto : Kjell Byrknes

Førskuledagar
[26.mai 2005]

Torsdag og fredag er det førskuledagar ved Sagvåg skule. Det var 24 spente elevar som kom til skulen vår i dag.
Les meir om førskuledagar ved Sagvåg skule her

Tekst og foto : Lars Bakka

Brannøving
[26.mai 2005]

I dag vart det gjennomført ei brannøving ved Sagvåg skule. Det tek berre 3 minutt frå alarmen går til alle elevane og dei tilsette er samla på fotballplassen klar for rapportering. Det bør vera godkjent.

Spikersuppe!
[23.mai 2005]

I dag fekk elevane på 1. til 4.steget oppleve Øystein Bergsvik (perkusjon) Anders Bitustøyl (bass og fløyte) og Øystein Fosshagen (fele, gitar, mandolin m.m.)
Dette var ein skulekonsert i regi av Rikskonsertane. Les meir her

Onsdag 1.juni er det Rikskonsert for elevane på 5.-7.steget

Tekst og foto : Lars Bakka

Aktivitetsdag for heile skulen
[25.mai 2005]

Me var skeptiske til veret då dagen starta, men det letta, og me fekk ein fin dag på Nysæterbanen. Det var ein aktiv dag med mange fine resultat. I år som i fjor avslutta me med fotballkampar, og sidan 7.steget var på leirskule fekk også 1. steget vera med på fotballkampane i år. Du finn fleire bilete her

Tekst og foto : Egil Petterteig

Brenneneslesuppe og hastverksbollar.
[20.mai 2005]

I dag har 4.steget vore på kjøkkenet og laga suppe og bakt bollar. Nokre av elevane syntest det var kjempegodt med brenneneslesuppe, andre var litt meir skeptiske. Det var så travelt då me laga maten at me gløymde å ta bilete, men her ser de nokre glimt frå då me koste oss og åt, og litt frå rydding og oppvask. Fleire bilete

Tekst og foto : Brita Flatøy

 

Fotballdag for mellomsteget.
[19.mai 2005]
Me hadde ein fin fotballdag fredag 20. mai. Det var vått og kaldt, men alle hadde likevel ein fin dag. Elevane viste god sportsånd og eksemplarisk oppførsel, anten dei tapte eller vann. 5.steget vann likegodt si gruppe, takka være Emil som viste spel i stjerneklasse, mellom anna med 8 mål i første kampen.  Etter at dei andre skulane takka for seg, avslutta Sagvåg skule med ei intern miniturnering, som 7.steget vann knepent.
Fleire bilete

Tekst og foto : Egil Petterteig

Båttest på Fletaneset
[19.mai 2005]

4.steget har laga seg båtar på sløyden for i tid sidan. I dag har me vore på Fletaneset og segla med dei. Dei fleste flaut fint. Birger hjelpte til med å laga seljefløyter. Fleire bilete

Tekst og foto : Brita Flatøy

17.mai 2005
[19.mai 2005]

Vil du sjå bilete frå  17.maifeiringa i Sagvåg 2005?
3.årssteget vart kåra van pokalen for beste innslag i toget.
Du finn bilete frå i år, og tidlegare åre her

Tekst og foto : Aasne Vikanes

Fotballdag i ruskevér
[18.mai 2005]

Onsdag 18.mai hadde småskulen fotballdag.
Elevana viste god innsats i kaldt ver med regn og haggelbyger.
Du finn fleire bilete frå dagen her

Tekst og foto : Gro A. Halvorsen

Fotballdag på onsdag
[12.mai 2005]

Onsdag 18.mai vert det fotballdag saman med Litlabø og Tjødnalio skule på Nysæterbanen for småskulen.
Du kan lese meir om fotballdag ved Sagvåg skule her

Tekst og foto : Lars Bakka

Sosial samling i småskulen
[12.mai 2005]

Småskulesteget har hatt sosial samling i gymsalen.
Kvart årssteg bidrog med ulike innslag. Alle var med og song vår- og fedrelandssongar. Fleire bilete

Tekst og foto : Brita Flatøy

Til Bergen 
[12.mai 2005]

7. årsssteg hadde ein flott dag i Bergen tysdag 10.mai. Me var på Bergen museum, Akvariet, Bryggen og fisketorget. På Peppes fekk me eta så mykje pizza som me berre orka!
Til slutt handla me på Bystasjonen. Mange pynta seg med nye smykke! Alle bileta frå turen finn du her

Tekst og foto : Kari Myhre & Anne Elisabeth Trevland

Ein dag med fysisk aktivitet 
[12.mai 2005]
11.mai hadde studentane frå HSH ansvaret for 5.steget
Me var på Nysæterbanen og i gapahuken/teltet i skogen ovanfor banen. Ein aktiv dag i flott vårvêr. Fleire bilete

Tekst og foto : Toril Sandvik Bruket

Til biblioteket på Litlabø 
[12.mai 2005]

Onsdag 11.05.05 var 2.steget på biblioteket på Litlabø. Takk til Kari Bolette som hadde ei flott eventyrstund for oss. Elevane fekk låna mange kjekke bøker.

Etterpå var me på tur saman med 1.steget. Fleire bilete

Tekst og foto : Annbjørg Luggenes

   
Illustrasjonsfoto
Tenk på språkbruken
[11.mai 2005]
I møte i Elevrådet tok elevane opp problemet med at det er mykje stygg språkbruk mellom enkelte av elevane ved Sagvåg skule.
For nokre år sidan gjennomførte med ein kort aksjon i mai og juni der lærarane noterte seg kva som vart sagt, og foreldra fekk brev om kva eleven hadde sagt på skulen. Me gjennomfører ein slik aksjon også denne våren.
Sist gong viste det seg at dette tiltaket førte til at også den generelle trivselen auka ved skulen.
Les heile referatet frå elevråd her

Tekst og foto : Lars Bakka

Sommarope i SFO
[10.mai 2005]
Dei som har søkt plass i SFO ved Sagvåg skule 2005/06 har også fått tilbod om sommarope SFO. Tilbodet vert gjeve i samarbeid med Litlabø- og Tjødnalio skule.
Tilbodet gjeld for dei dagane det ikkje er skule i juni og august.
Les meir

Tekst : Lars Bakka 
Foto: Aasne H. Vikanes

 

   


Nytt frå Elevrådet
[4.mai 2005]
Onsdag 4.mai var det møte i elevrådet. Du kan snart  lese meir om sakene frå møtet på heimesida til Elevrådet>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Instrument på 3.steget
[4.mai 2005]
Elevane på 3.årssteget har laga musikkinstrument dag.
Instrumenta skal brukast i Rikskonserten  på onsdag 11.mai.
Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

Ut på tur [4.mai 2005]
Onsdag 4.mai var 1.årssteget på tur til Gruveområdet på Litlabø.
Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

Studentar frå HSH [4.mai 2005]
På måndag hadde 6. steget  studentar på besøk.
Dei hadde mellom anna laga til ei kartløype med ulike stasjonar og oppgåver. På den eine  stasjonen var oppgåva å læra fleire vers av "No livnar det i lundar". Kva er betre enn å sitja i lunden og syngja? Betre stemning er det vanskeleg å få! Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Kjell Byrknes

 

Nasjonale prøvar   [4.mai 2005]

Elevane på 4.årssteget gjennomfører i desse dagar nasjonale prøvar.
Det er uvant å komme inn i eit rom der elevane sit ein og ein ved pultane sine og les og skriv utan ein lyd over så lang tid. Det er nok også ganske uvant for elevane, som er van med samarbeid og meir varierte arbeidsmåtar. Allereie på onsdag er det ny prøve.

Tekst & foto: Lars Bakka

Til Ottesen båtbyggeri ned 5.steget  [29.april 2005]

Fredag var 5.årssteg på vitjing til gamle Ottesen skipsbyggeri på Jensanes. Hjarteleg takk til Terje Lamo som fortalde og viste oss rundt. Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Toril S. Bruket

 

   Møte i elevråd på onsdag29.april 2005

Onsdag 4.mai kl 08.45 er det møte i elevrådet ved Sagvåg skuleMøte vert på biblioteket.
Sakliste:

  • Referat frå forrige møte

  • Saker frå klassane

  • Sak frå lærarane:

  • Når det er pause må alle vera ute, dersom det ikkje er bestemt noko anna.

  • Eventuelt

Gro

PS! Sak frå rektor: Kampanje mot stygg språkbruk våren 2005

 

  Søknad om plass i SFO 2005/06                  29.april 2005

Frist for å søkje plass i SFO er onsdag 4.mai. Alle med elevar i 1. til 4.årssteg har fått søkjeskjema .
Du finn også søkjeskjema i Word-format her>>

 

Turdag saman med Litlabø skule          27.april 2005

Onsdag hadde Litlabø- og Sagvåg skule felles turdag.
Les meir her>>



Alle bileta frå turen >>

 

 

 

'Gruveparken' i strålande so             22.april 2005

Onsdag 20.april var 5.årssteget i 'Gruveparken'. Me fekk god informasjon frå Jonanne Tvedten frå museet om livet til gruvearbeidarane, og utvinninga av kis. Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto : Toril Sandvik Bruket

 

På tur                                                                          22.april 2005

Måndag 21,april var 1.årssteget på tur til Dybvik. Hos Rafael åt me maten og leika. Me hadde ein kjekk dag. Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto : Aasne Vikanes

 

Verdas bokdag                                          22.april 2005

I samband med Verdas bokdag var me på 3.steget så heldige at me fekk besøk av forfattar Solfrid Sivertsen frå Moster. Me hadde ein triveleg time saman med ei festleg forfattardame! Du finn fleire bilete her>>

Foto: Laila Magnussen Tekst: Maren Ottesen

 

Ikkje symjeundervisning                          21.april 2005

Då Nysæter ungdomsskule treng garderobane til eige arrangement måndag 25.april, vert det diverre ikkje symjeundervisning for 2. og 5.årssteget denne dagen.
Planen for symjundervisning vert ikkje endra>>

Tekst : Lars Bakka

 

Skulefruktordninga                                      20.april 2005

Elevane ved Sagvåg skule kan abonnere på frukt. I matpausen har no elevane fått ei heil, eller ei halv frukt.
No vil me freiste å gjere tilbodet endå betre. I ein periode vil me dele frukta i mindre stykke og la fruktfata stå i undervisningsarealet heile dagen. Då kan dei elevane som er med på ordninga ete frukt når dei ha lyst på det, ikkje berre i matpausen.

Tekst : Lars Bakka

 

The song for Rebekka, the lady with the lovely blue eyes

Elevane på 5. til 7.årssteg ved Litlabø- og Sagvåg skule fekk måndag 18.april vera med på ei flott danseframsyning og konsert med Christer Tornell, Marit Krogeide, Peter Lodwick i framsyninga "Dans for Deg".
    ...og Rebekka fekk sin eigen song!

Tekst : Lars Bakka

 


ARBEIDSPLANANE                                      15.april 2005

Fleire årssteg har no teke i bruk ein ny generasjon arbeidsplanar for elevane. Det nye er at lærarane lagar planane slik at  kvar elev får ein plan som er tilpasse den enkelte.
(Arbeidet vert forenkla ved at ein nyttar fletting i Word.)

Dette er grunnen til at planane som no vert lagt ut på nettsida med felles framside, manglar den baksida som elevane får med seg i ranselen. Denne tilpassinga av arbeidet vert gjort for at elevane skal eit betre tilbod om tilpassa opplæring. Planane finn du som vanleg her:

Tekst : Lars Bakka
 

 

 


.


14.april 2005

Det gamle Egypt

5.steget har laga leiretavler med hieroglyfar og nokre grupper har konstruert pyramidar. Tre elevar har arbeidd med gravskikkar og balsamering.  Flinke studentar har hjelpt oss.
Du finn fleire bilete her>>

Tekst : Toril S Bruket
 


.


12.april 2005

Aktivitetsdag

Studentane laga til ein kjempekjekk aktivitetsdag for heile småskulen på tysdag. Elevane vart delte i grupper og fekk vera med på ulike aktivitetar. Dei spelte fotball, var med på  tikkenleikar, gjekk sporløype, hoppa lengde, kasta kule mellom anna. På bileta ser de elevane i aksjon. Du finn fleire bilete her>>

Tekst : Brita Flatøy
 


.


12.april 2005

Heimstaden min

I samband med 1. årssteget sitt tema heimstaden min var me på tur til området til Ottesen Skipsbyggeri på Jensanes måndag 11. april. Me såg på dei ulike husa, sagene og slippane. Elevane fekk òg sjå på at ein fritidsbåtbåt vart lyfta på land av ein lastebil med krane på. Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Aasen H. Vikanes
 


.


12.april 2005

Kulturformidling

Forfattarbesøk:
Elevane på 3.årssteg vil 21.april få vera med på forfattarbesøk med Solfrid Sivertsen på Litlabø samfunnshus kl 10.00. Dette er ein del  av det nasjonale prosjektet 'Gi rom for lesing'

Bokgåve:
Elev på  6. og 7.steget kan gle seg til Verdas bokdag, då vil dei få ei bokgåve. Elevane kan allereie no sjå nærare på bøkene her>>

Danseframsyning:
Og som om ikkje det var nok! Måndag 18.april får elevane i 5. til 7.steget oppleva danseframsyninga 'Dans for deg' i Litlabø samfunnshus. Dette arrangementet er det 'Den kulturelle skulesekken' som står bak.

Rikskonsert:
Onsdag 11.mai er det Rikskonsert for elevane i 1. til 4.årssteg. Les meir om konserten her>>

Tekst : Lars Bakka
 


.


12.april 2005

Nytt biblioteksøk

No er det blitt endå enklare å søkja etetr bøker i skulebiblioteket på web. Velg ENKELTSØK og velg SAGVÅG SKULE:
      

Tekst : Lars Bakka
 


.




Les meir i BT>>


11.april 2005

Bilane susar forbi!

Etter at delar av riksvege E39  ved Jektevik rasa ut i går kveld har me opplevd ei stert auke i trafikken forbi Sagvåg skule. All trafikk mellom Bergen og Stavanger går no forbi skulen vår.

Eg ber difor foreldre og elevar om å vera ekstra forsiktige på veg til og frå skulen. Elevar som har nytta gangfeltet til no, må i denne perioden berre nytta brua.

De som hentar borna dykkar med bil må nytta parkeringsplassen og gå over brua.   Det vil ta nokre dagar før vegen er forbi Jektevik vert opna for trafikk.

Tekst : Lars Bakka
 


.


7.april 2005

Nasjonale prøvar

I løpet av april og mai vil elevane på 4.årssteg ha gjennomført dei nasjonale prøvane.
Det kan vera lurt å øve seg litt. Oppgåvene i engelsk er elektroniske, og du finn øvingsoppgåvene her:

Brukarnamn: demo4
Passord: demo4

Klikk HER>> for pålogging

Du bør kanskje få hjelp av mamma eller pappa første gongen! LYKKE TIL !  

Elles finn du all den informasjonen du treng om nasjonale prøvar her>>

Elevane i 5.-6.- og 7.årssteg vil sikkert også ha godt utbyte av å gjennomføre denne demo-prøven!

Tekst : Lars Bakka
 



7.april 2005

First Lego League 2005

To gutar og åtte jenter er med i First Lego League ved Sagvåg skule 2005. Les meir her>>

Tekst : Lars Bakka



31.mars 2005

Møte i elevråd

Referat frå det siste møtet i elevrådet finn du her>>

Tekst : Gro A. Halvorsen

 



Ny Sagvåg skule sett
frå Utslettefjellet

31.mars 2005

På Utslettefjellet
 

6 årssteg var onsdag på ein kjempeflott fjelltur på Utslettefjellet. Det var supert vær. Me laga 3 firkantbål som me steikte pølse og pinnebrød på. Me fekk litt kunnskap av Kjell, om brenning av bål. Me måtte tenne på bålet med berre ei fyrstikke, lage til bålet og sløkke bålet slik at det ikkje viste noko igjen. Me leikte bom 50 på slutten, det var veldig kjekt. Du finn fleire bilete frå turen her>>

Tekst av elevane : Ola Polden & Håkon Mundal Andreassen

 

 

17.mars 2005

Er du klar for
First Lego League 2005?

Sagvåg skule kjem sikkert til å stille med eitt lag i First Lego Legue 2005 også! Er du elev på 5. eller 6.årssteget  bør de lese meir her>>

Her kan du sjå filmen frå Genius Kids>>

Ta kontakt dersom du har spørsmål: lars.bakka@stord.kommune.no

Tekst : Lars Bakka



 

17.mars 2005

Påskefrukost på 1.steget

Torsdag 17. mars hadde me påskefrukost på 1. årssteget. Elevane hadde med seg pålegg heimanfrå, og rundstykka baka me på skulen på tysdag. Det smaka godt, og me hadde det koseleg rundt langbordet. Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes



 

17.mars 2005

4. årssteget på tur til lavvoen i Hustredalen.

Det er ikkje farleg om det regnar og vatnet fløymer overalt når me har så fin plass å gå til. Me hadde ein kjekk tur med leik og bålbrenning.
Du finn fleire bilete her>>

Tekst: Brita Flatøy  Foto: Rolf Håkon Nesheim



 

17.mars 2005

4.årssteget til museet

Onsdag 16.mars var 4.årssteget på museet. Me har jobba med eit tema om steinalderen i det siste. På museet fekk me læra endå meir om korleis folk levde på denne tida. Det var eit ufyseleg ver denne dagen, så villsvinnjakta gjekk føre seg i museumshallen. Takkar Johanne Tvedten for kjekk omvisning.
Du finn fleire bilete her>>

 

Tekst: Brita Flatøy  Foto: Joakim H. Bjelland

17.mars 2005

 

 

Fredag 18.mars er siste dag før påskeferien. Elevane som har utvida plass i SFO har tilbod slik>>
Fredag 18.mars er også den siste praksisdagen for studentane frå HSH denne våre. Dei kjem berre tilbake for eitt par punktpraksisdagar. Til hausten kjem den same studentgruppa tilbake til skulen vår.

Ha ein fin påskeferie!

Tekst: Lars Bakka



 

16.mars 2005

Endå fleire bilete frå skidagen

Også studentane frå HSH hadde med seg fotoapparat på skidagen 9.mars.
Du finn bilete her>>

Dei laga også ein liten film ;-) >>
 

 Foto& film: Jan Inge Suggelia


15.mars 2005

Nytt info-skriv frå skulen

I dag finn de eit nytt infoskriv frå skulen i mappa til elevane. Du finn også infoskriv nr 7 her>>

Tekst: Lars Bakka



 

10.mars 2005

Flott skidag i strålande sol

Det var påskestemning då Sagvåg skule tok turen til Lundarstøl og området ved Fossabrekko. Elevane hadde ein kjekk dag og koste seg i lysløypa og akebakkane. Elvane fann elvefar som var forvandla til fine akebakkar der dei kunne kasta seg utfor, både med og utan akebrett.. Ein strålande dag!
Du finn bilete frå skidagen her>>
 

Tekst: Kjell Byrknes
Foto: Aasne Vikanes, Toril S. Bruket, Kjell Byrknes



 

8.mars 2005

Skidag onsdag 9.mars

Det vert skidag for elevane ved Sagvåg skule onsdag 9.mars. Alle heimane har fått skriv om dette.
Les meir om skidag ved Sagvåg skule her>>
 

Tekst: Lars Bakka



 

8.mars 2005

Nye bøker

No finn du ei samling nye bøker i "karusellen" på skulebiblioteket.
 

Her kan du søkje etter  bøker som du vil låne her->

Tekst: Lars Bakka



 

4.mars 2005

Skuleruta 2005/06

No er skuleruta 2005/06 klar.
Du finn ho her
>>

Dersom du ikkje har Acrobat Reader
så kan du hente programmet gratis her

Tekst: Lars Bakka



 

4.mars 2005

Tema: Noreg

Elevane i 5. er ferdige med framføringa av gruppearbeidet om Noreg.
Du ser alle gruppene på biletsida vår>>

Tekst & bilete : Toril Sandvik Bruket



 

3.mars 2005

Møte i elevråd

Det vert møte i elevråd onsdag 16.mars kl 08.45 på skulebiblioteket.
Saker:
- Referat frå forrige møtet.
- Saker frå årsstega
- Eventuelt

Tekst : Gro A. Halvorsen



3.mars 2005

Saman med foreldra på isen

Elevane på 6.steget hadde ein flott kveld på Vikahaugen 2.mars. Det var foreldra som arrangerte skeisekveld. Som de ser at biletet fekk også søskena vera med.

Tekst & foto: Lars Bakka


 

1.mars 2005

Kranselag for ny Sagvåg skule

Tysdag 1.mars var det kranselag for nye Sagvåg skule. Det det vart feiring med betasuppe og kake.

Dersom du ikkje får til å sjå filmen på din maskin kan du lasta ned Mediaplayer gratis her>>
 

Tekst & foto: Lars Bakka



1.mars 2005

STOR snømann

Fleire elevar i SFO gjekk i går saman om å lage den største snømannen på Sagvåg skule!

 

Tekst: Lars Bakka


28.februar 2005

Kranselag for ny Sagvåg skule

Tysdag 1.mars vert det kranselag for nye Sagvåg skule.

Tekst: Lars Bakka


17.februar 2005

Ny læreplan ute på høyring

15.februar vart framlegg til ny læreplan lagt ut på høyring.
Du finn planen her>>
[795kb]

Les meir>>     Skjema for open høyring>>

Tekst: Lars Bakka


17.februar 2005

Ut på tur med 1. og 2.steget

1. og 2. årssteget hadde tur til området ved Nysæter idrettsplass onsdag 16. februar. Me grilla pølser og det vart tid til å leika både på banen og i skogen. Neste veke er det skulefri. Håpar mange kjem seg ut på tur då òg. God vinterferie til alle!
Du finn fleire bilete på biletsidene til 1.steget>> og 2.steget>>

Tekst & foto: Aasne Vikanes


17.februar 2005

Til Hustredalen med 3.og 4.steget

Onsdag 16.februar var me på tur i Hustredalen. Me spidda pølser på bål, leika og koste oss. Nokre av elevane var indianarar, andre cowboyar. Varulvar og dinosaurar var det og der oppe.
Ein flott plass, og ein fin gjeng å gå på tur med.
Du finn fleire bilete på biletsidene til 3.steget>> og 4.steget>>

Tekst & foto: Brita Flatøy


15.februar 2005

Fantastisk tur med 5.årssteg

Saman med Birger og Laila fekk 5.steget seg ein fantastisk flott tur til Utslettefjellet i det nydelege vinterveret. Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Laila Magnussen


15.februar 2005

På isen med 7.steget

Tysdag 15.februar hadde elevar og lærarar på 7.årssteg ein flott dag på skeisebanen! Sola skein og alle kosa seg. Stor takk til dei foreldra som ver med og køyrde. Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland & Kari Myhre 


15.februar 2005

Vindauga på plass

No er også vindauga på plass i den nye skulen.
Du finn fleire bilete her>>

Tekst/foto: Lars Bakka/ Laila Magnussen 


15.februar 2005

Læreverk i matematikk for framtida

I framtida vil nok dei fleste eingongsbøkene  forsvinne og digitale løysingar vil overta. Under finn du to døme. Her har me gratis testing i fire veker,  prøv no!
Her er nokre døme>>

Du kan også logge deg inn her:
Trykk Start og skriv:
Brukarnamn: skule
Passord: skule

 

Tekst: Lars Bakka 


14.februar 2005

Lærer å strikka

Elevane på 4.steget lærer seg å strikka i desse dagar. Du finn fleire bilete på biletsida vår>>

Tekst & foto: Brita Flatøy 


11.februar 2005

Gratis bok til deg i 6. og 7.

Også denne våren vil elevar få ei bok. I fjor var det elevane på 7.steget som fekk gåva. I år får elevane i både i 6. og 7. ei bok kvar. Les meir her>>

Tekst: Lars Bakka 


10.februar 2005

Lærarane på kurs.

Fredag 11.februar er er læraraneved Sagvåg skule på del to av kurs om læringsstilar med Lena Boström. Elevane har fri denne kursdagen. Dei som har utvida tilbod i SFO er saman med borna frå Tjødnalio skule på SFO hos oss.

Tekst: Lars Bakka 



 

10.februar 2005

Ei veke med matematikk i sentrum

Torsdag 10.februar vart den siste matematikkdagen gjennomført i denne omgangen. Takk til studentane frå HSH som var med på gjennomføringa av dagane!
Du finn bilete på 'matematikkdag-sida' vår>>

Tekst: Lars Bakka
 



 

10.februar 2005

Regnvérstur

5.steget var på tur i Hustredalen på onsdag. Me grilla pølser, karbonadar, leika "bom 50", og enkelte spelte fotball på Nysæterbanen på veg heim.
Sjølv om me vart svært våte, hadde me ein kjekk tur. Du finn fleire bilete frå turen her>>

Tekst: Toril Bruket & Birger Taranger
 



 

8.februar 2005

Fleire matematikkdagar

Elevane i 5. til 7.steget har matematikkdag tysdag 8.februar og torsdag 10.februar. Det kjem meir tekst til bileta seinare.
Du finn bilete på 'matematikkdag-sida' vår>>

Tekst: Lars Bakka
 



 

7.februar 2005

Matematikkdagar

Måndag 7.februar har småskulesteget hatt matikkdag. Elevane har arbeidd med teoretiske og praktiske oppgåver både ute og inne. Det har vore stor aktivitet på heile skulen.
Du finn bilete på 'matematikkdag-sida' vår>>

Tekst & foto: Kari Almås
 



Større bilete>>

4.februar 2005

Fluktforsøk?

Det kunne mest sjå ut som elevane på 1.årssteget var i full gang med eit fluktforsøk då dei grov djupe hol i sandbassenget på innsida av gjerdet. Om dei klarte å røme frå skulen veit me ikkje :-)

Tekst & foto: Lars Bakka
 


4.februar 2005

Strev og kos i 7.

Etter at me hadde hatt nasjonal prøve i lesing, passa det bra med fastelavnboller. Appetitten var god og humøret var på topp.

Fleire bilete her

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
 


2.februar 2005

Eventyr & segn på 2.steget

2. årssteg har arbeidd ei tid med temaet "Eventyr og segner". Me har då laga Ådlandshornet i "gull" og papp, og ein flokk med troll i leire. Trolla har vore både skumle og blide der dei har stått og sett på oss frå hylla.

Kontaktlærarane på 2. årssteg.

Fleire bilete her

Tekst & foto: Marta Myhre & Annbjørg Luggenes
 


2.februar 2005

Brannvesenet på vitjing i 6.

6. steget hadde 1.februar besøk av brannvesenet i kommunen. Klassen fekk sjå video og snakka om korleis brannar kan oppstå. I tillegg fekk dei prøva å sløkkja brann med pulverapparat. Alle greidde det fint! Dei som ville fekk og prøva brannslangen frå brannbilen. Dei kunne og testa brannhjelmane og sjå på brannbilen.

Takk for nyttig undervisning!

Fleire bilete her

Tekst & foto: Kjell Byrknes
 


31.januar 2005

Kunnskap om norsk oljeindustri

På 'Kulturminne-ekofisk' er det laga ei ny nettside om Ekofiskfeltet. Her kan du lære mykje om norsk oljeindustri. Du finn sida her

Tekst : Lars Bakka
 


28.januar 2005

Steinalderen på Internett

Her finn du ei ny side om steinalderen. Denne nettsida er spesielt laga med tanke på elevar i barneskulen. Du finn sida her

Tekst : Lars Bakka
 


28.januar 2005

Tur med 7.steget

Elevane på 7.årssteget var fredag 28.januar på tur. Det var ganske kaldt, men me varma oss med gode, varme pølser. Fleire bilete

Tekst : Anne Elisabeth Trevand
 


26.januar 2005

Akedag

1.- og 2.årssteget har hatt enno ein fin dag i snøen. Onsdag 26.januar fekk elevane aka i Sætrabakken.
Takk til Kjartan og familien hans for at me fekk koma! Du finn fleire bilete på sidene til 1.steget og 2.steget

Tekst : Aasne H. Vikanes
 


26.januar 2005

Referat frå elevråd

Her finn du referat frå det siste møtet i elevrådet

Tekst : Gro Akselsen Halvorsen & Lars Bakka
 


.


 


26.januar 2005

Snøsko i SFO

Kristin og Veronica går begge i SFO. Dei har vore ute og laga kunst i snøen. Var ikkje desse skoa flotte kanskje!? Større bilete på SFO-sida

Tekst & foto : Arild Båtsvik
 


.


 


25.januar 2005

Skuleruta 2005/06

Her finn du framlegg til skulerute 2005/06. Dersom du har tankar om korleis skuleruta bør sjå ut kan du sende ein mail til lars.bakka@stord.kommune.no innan 1.februar. Eg kjem til å samordne uttalene frå foreldre og elevar saman med leiar i FAU.

     Fylgjebrev

     Skuleruta

Tekst : Lars Bakka
 


.

 


25.januar 2005

Strid om ny læreplan

Den nye læreplanen vert langt meir generell enn L-97 er. Dette fører mellom anna til at døme på kva forfattar elevane bør lesa ikkje er med i planen.
Les meir

    

Tekst : Lars Bakka
 


.


Sjå alle bøkene>>


24.januar 2005

Nye lettlesbøker til deg.

I karusellen på skulebøker står det no ei rekkje kjekke lettlesbøker. Bøkene er med i serien 'Bokormen lær å lese'.

Ta deg ein tur på skulebiblioteket!

Tekst : Lars Bakka
 


.


24.januar 2005

Snøfigurar

Elevane på 5.steget laga flotte snøfigurar i Kunst- og handverkfaget på fredag. Du finn fleire i albumet vårt>>

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
 


.


21.januar 2005

Nasjonal prøve for 7.steget

Måndag 24.- og tysdag 25.januar skal 7.steget ved Sagvåg skule ha nasjonal prøve i engelsk.
Prøva er digital og skal gjennomførast på nett.
Elevane får brukarnamn og passord av læraren på prøvedagen.

Logg deg inn her for å ta prøven

LYKKE TIL !  

Tekst : Lars Bakka
 


.

[Klikk for stort bilete>>]

20.januar 2005

1200 kr til flomofra

Malene Alsakar, Randi Thunem, Marianne Amundsen, Mari-Anne Brosstad og Kristina Mjønes har samla inn heile 1200 kroner til ofra etter flodbølgjekatastrofa i Asia.  Dette vart gjort med sal av vaflar, muffins og saft på Rimi i Sagvåg i løpet av 6 timar laurdag 15.januar.

Tekst :Randi, Malene, Marianne Mari-Anne og Kristina 
Foto: Lars Bakka
 


.

20.januar 2005

Turdag med snø

Onsdag 19.januar fekk 1.årssteget seg ein fin dag med uteskule i snøen. Du finn bilete frå dagen på biletsida til 1.steget>>

Tekst : Lars Bakka Foto: Aasne H. Vikanes
 


.

19.januar 2005

Snart møte i elevråd

Onsdag 26.januar er det møte i elevråd.
Flott om alle  har møte på årsstega før den tid.
FAU har nemleg gjort dette vedtaket:
Økonomi:
.... vedtaket i FAU  om at det skal gjevast kr 1000,- til kvart årssteg står ved lag. Årsstega kan sjølve bestemma kva dei vil bruka pengane til. Dette vert ei sak for elevrådet og rektor luftar det for dei i neste møte.

Korleis vil årsstega nytte denne flotte gåva? Det bør de ha drøfta før elevrådsmøtet!

Møtet er på skulebiblioteket.

Sakliste:

Referat frå forrige møte
Informasjon frå rektor om pengar frå FAU

Saker frå klassane

Eventuelt

Tekst : Gro Akselsen Halvorsen & Lars Bakka
 


.

18.januar 2005

Stor medieinteresse

Det ser ut til at offentleggjeringa av resultata frå dei nasjonale prøvane frå våren 2004 får stor medieomtale.
Allereie 30 minutt etter offentleggjeringa var saka førstesidestoff i m.a.
bt.no
 

Tekst : Lars Bakka
 



.

18.januar 2005

Best i matematikktest

I dag kl 13.00 vart resultata frå dei nasjonale prøvane i norsk og matematikk offentleggjort.  Det var elevane som gjekk på 4.årssteget våren 2004 som hadde desse prøvane. Departementet legg ut resultata skule for skule på www.skoleporten.no

Poengutrekninga vert gjort slik at 50 poeng er gjennomsnittet for landet. Ein reknar normalavvik frå 40 til 60 poeng. For Sagvåg skule viser resultata at våre elevar er den elevgruppa i Stord kommune som gjer det best i matematikk med heile 63 poeng.  Det er berre 10.steget på Stord ungdomsskule som oppnår like godt resultat i Stord kommune.
For norskfaget er resultatet under landsgjennomsnittet med 43 poeng. Samanlikna med dei andre skulane i Stord er dette eit resultat midt på treet.
Våren 2005 skal både 4.årssteget og 7.årssteget gjennomføra nasjonale prøvar i faga norsk, matematikk og engelsk. Les meir om nasjonale prøvar på nettsida vår

Tekst : Lars Bakka

 


.


16.januar 2005

Romfart

Er du ein av dei mange som er interessert i romfart, har du store dagar no. Den 14. januar 2005 svevde landingsmodulen i Cassini/Huygens-ferda  i fallskjerm ned til overflaten på Titan, den største månen til Saturns. Her finn du meir faktastoff og heilt nye bilete frå den utrulege reisa

Tekst : Lars Bakka
 


.


14.januar 2005

Nye bilete frå nye Sagvåg skule

Fredag 14.januar vart det teke ein serie nye bilete frå den nye Sagvåg skule.  Du finn mellom anna bilete av den fine naturstien som går i terrenget rundt skulen. Du finn bileta her

Tekst : Lars Bakka
 


.


13.januar 2005

Resultat frå prøvar vert offentleggjort

Våren 2004 hadde elevane som då gjekk i 4.klasse nasjonale prøvar i matematikk og norsk. Tysdag 18.januar kl 13.00 vert resultata offentleggjort på www.skoleporten.no for alle skulane i landet.

Les meir i BA

Tekst : Lars Bakka
 


.


13.januar 2005

Nasjonale prøvar for 7.steget

I løpet av januar og februar kjem elevane på 7.årssteget til å ha ei rekkje nasjonale prøvar i norsk, matematikk og engelsk. Her finn du oversikta
Allereie no kan du som går på 7.steget øva deg på liknande oppgåver. Når du har gjort oppgåvene får du sjå kor korleis det gjekk med ein gong.

Brukarnamn: demo7
Passord: demo7 Logg deg inn her>>

LYKKE TIL MED ØVINGA!

Tekst : Lars Bakka
 


.

"Pappa-treet"
blæs overende!


Takstein lausna på
datarommet


Takrennene lausna


12.januar 2005

Stormen 'Inga'
& Sagvåg skule

Onsdag 12.januar vart ein stormfull dag for alle ved Sagvåg skule. Elevane var inne i pausane og var slik  trygge i stormen som herja langs norskekysten.
Mest dramatikk fekk me oppleva etter at dei fleste elevane hadde gått heim.
Medan ein Ole-Kristian Trondsen frå Drift & Vedlikehald stod vakt, blæs det store treet bak skulen over ende. Elevane kallar treet "Pappa-treet" og det må ha stått på bakken bak skulen i mange 10-år. Klokka 14.10 i dag var det slutt.
Du kan sjå ein biletserie av treet når det blæs over ende her
Også takrenner og takstein lausna i stormen. Store delar av skulegarden er no avsperra frå leikeapparata til fotballbanen.
INGEN MÅ GÅ FORBI SPERRINGANE!
Som om ikkje det var nok så hadde me branntilløp i ein stikk-kontakt. Men ein rask lærar hindra brannen i å spreie seg.

Kort sagt: Onsdag 12.januar 2005 vil me hugsa.

No kl 16.00 er alle elevane vel heime, så sjølv om veret herja med skulen vår var elevane trygge.

Sjå fleire bilete frå stormdagen her

Tekst & foto: Lars Bakka
 

 


 


12.januar 2005

Referat frå FAU

Du finn det siste referatet frå FAU her
FAU skriv m.a.:
 

Økonomi:
På den eine kontoen i FAU er det i dag kr 25 626,-
Vedtaket FAU har gjort tidlegare om at det skal gjevast 1000,- til kvart årssteg står ved lag. Årsstega kan sjølv bestemme kva dei vil bruke pengane til. Dette vert ein sak for elevrådet og rektor luftar det for dei i neste møte.

Tekst: Lars Bakka
 

 


 


11.januar 2005

Teater for 1.-4.årssteget

Torsdag 13.januar får elevane oppleva teaterstykket 'Mina og draken' på Litlabø samfunnshus.
Les meir om stykket her>>

Tekst: Lars Bakka
 

 


 


11.januar 2005

Pizza Grandiosa-mysteriet

Les meir på Fronter

Tekst: Lars Bakka
 

 


 


7.januar 2005

Flotte gåver

På måndag brann huset deira ned og på fredag fekk Kristian, André og David flotte trøystegåver frå venene sine på Sagvåg skule.
Det var foreldra til elevane på 1., 2. og 4. årssteget som ville gje dei tre gutane ei gåve etter den triste starten på det nye året.
Du finn bilete av overrekkinga av gåvene på biletsidene til 1.årssteget>>, 2.årssteget>> og 4.årssteget>>

Tekst: Lars Bakka
Bilete: Aasne Vikanes, Marta Myhre, Lars Bakka

 


 


6.januar 2005

Julebukkmasker

3.årssteg har laga mange flotte og kreative masker, så no kan dei som har lyst gå julebukk.
Fleire bilete på heimesida vår>>

 

Tekst & bilete: Gro A. Halvorsen 

 


 


6.januar 2005

Første symjetime 14.januar

Det er vatn i Nysæterbassenget, men det er berre 7 grader! Det tek litt tid før det vert varmt. Den første symjetimen vår vert fredag 14.januar.
Her er symjeplanan>>

Tekst: Lars Bakka 

 


 


5.januar 2005

Kva skjer?

Her fin du ein kalender som viser nokre av hendingane våren 2005. Spesielt vert det ein travel vår for 7.steget med nasjonale prøvar på rekkje og rad.
Du finn kalenderen i Word-format her>>

(Berre trykk avbryt dersom du får spørsmål om brukarnamn eller passord)

Tekst: Lars Bakka 

 


 


5.januar 2005

Flagging på halv stang

Det vert flagga på halv stang ved alle offentlege bygg i dag. Til minne om dei som vart råka av naturkatastrofa i Sør-Asia. Me kjem også til å vera stille i 3 minutt til minne om flaumofra.
Les meir>>

Tekst: Lars Bakka 

 


 


4.januar 2005

Lån bøker

Låneprogrammet vårt for skulebiblioteket er blitt endå betre. No får du også bilete av ein del av bøkene du søkjer etter.
Slik gjer du:
1. Klikk her

2. Trykk på +SØK
3. Katalog: Sagvåg skule
4. Skriv inn t.d. Vulkan

Dersom du ikkje finn bøker om eit emne som interesserer deg kan du sende ein mail til: lars.bakka@stord.kommune.no

Tekst: Lars Bakka 

 


 


3.januar 2005

Bustadbrann på Vikanes

Ingen kom til skade i bustadbrann på Vikanes i 16-tida måndag ettermiddag. Huset brann ned til grunnen, og tre elevar ved skulen vår vart huslause denne tredje dagen i det nye året.
Det var ingen heime då brannen starta.
Les meir: Haugesunds avis >>  BT>>   NRK>>

Tekst: Lars Bakka 

 


 


3.januar 2005

Symjing fredag 7.januar er avlyst

Det vert diverre ikkje symjing fredag 7.januar. Symjinga 3.januar var allereie avlyst grunna vedlikehald av Nysæterbassenget. Sjølv om 4.steget ikkje får symjing på fredag vert ikkje symjeplanen for våren 2005 endre.

Godt Nyttår !
Bassenget på Nysæter vil ikkje bli opna denne veka pga større reperasjonar enn antatt.
Me vil prøva å opna måndag 10.januar
Nærare info vil bli gitt.

mvh
Terje Barane
Drift

Tekst: Lars Bakka 

 


 

3.januar 2005

Endå meir vatn i SFO

Måndag morgon vart elevane i SFO og 1.årssteg møt med vatn på golva i 1.høgda.
For andre gong denne nyttårshelga har overflatevatn strøymt inn gjennom ventilasjonsanlegget.

5 cm med vatn i gangen   Vatnen kom inn gjennom lufteventil i taket

Her kom vatnet inn i huset.   Ein del innbu har fått vass-skade

Tekst: Lars Bakka 

 


Ingen frå Stord er sakna etter flaumen i Asia

1.januar 2005

Flaumkatastrofa og elevane våre

Vaksne og barn har denne jula fått mykje informasjon om flaumkatastrofa i Asia.
Den første skuledagen vil katastrofa vera eitt av temaa på morgomsamlingane på årsstega.
Du kan lese meir om informasjon til barn  på heimesida til Barneombodet>>

Dersom det er nokon som kjenner til at elevar ved vår skule er indirekte råka av katastrofa så hadde det vore fint om eg fekk melding om dette.
Lars Bakka tlf. 975 52 195

For lærarane:Utdanningssdirektoratet>>

Tekst: Lars Bakka