Våren 2004 ved Sagvåg skule: 


LES endå meir  i arkivet! >>

Sommarferie....

Første skuledag etter ferien er torsdag 19.august.
Alle elevane tek til kl 08.30

(Du får svar på telefon & mail også i ferien)

Lærarane har planleggingsdagar 17. og 18.august>>


<<I arkivet kan du sjå 
tilbake på året som gjekk

21.juli 2004

panorama_nyskule_210704.jpg (572802 byte)Den nye skulen

Den 21.juli 2004 såg det slik ut på den nye skuletomta til Sagvåg skule.
 
Les meir om ny Sagvåg skule her>>

22.06.04 Konkurranseutsetjing

Kommunestyret har gjort vedtak om at reinhald og vaktmeistertenesta ved nye Sagvåg skule skal konkurranse- utsetjast.
Les meir på heimesida til kommunen>>

18.06.04 3.årssteget på pilegrimsvandring

Fredag 18. juni hadde me ei interessant  pilegrimsvandring i området rundt Nysæter kyrkje. Kateketen og presten var med. Vandringa vart avslutta med ei lita samling i kyrkja. Brita

Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

17.06.04
5.steget til Nautøy på sykkel

5. steget hadde ein flott sykkeltur til Nautøy 17.6. Det var mykje å finna, både på land og i fjæra. Nokre vassa og testa badetemperaturen. Det var kaldt!

Det var berre ein som prøvde fiskelukka. Han fekk ein flott makrell. Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

14.06.04

Sommarfest

Infoskriv om sommarfesten 2004>>
- Kven står på scenen?>>
- Andre praktiske opplysningar
>>

14.06.04
Programmering på høgt nivå

Lars Berg i 7. demonstrerte i dag den mest avanserte Legoroboten til no. Roboten var heilt sjølvbygd med mange rørsler og med musikk! Kristian og Even var også med på konstruksjonen av roboten. Les meir>>

11.06.04
Sommarframsyninga 2004

Over halvparten av elevane ved Sagvåg skule stod på scenen under Sommarframsyninga i gymsalen. Det var svært mange flotte innslag. Du finn lista over alle artistane her>>

Bilete frå framsyninga finn du her>>

11.06.04
Avslutning for 7.steget

Torsdag 10.juni hadde 7.steget flott avslutningsfest i Storabuo på Vikanes. Her finn du bilete frå festen>>

10.06.04
Innspurt

Arbeidsplanane for dei to siste skulevekene finn du etter kvar her>>

 

10.06.04
På hyttetur med 6.

Tysdag 8.juni var 6.steget på hytta til Astri og Arnold i Dåfjorden. Me fekk trekja garn, og me fekk mykje fisk. Stanga vart også flittig brukt frå land. Me fekk pølser og brus og hosa oss heile denne skuledagen. Du finn fleire bilete på heimesida vår>>
TAKK FOR OSS!

Anne Elisabeth

10.06.04
7.steget på Bergenstur

Den 8.juni reiste 7.steget til Bergen. Me vitja Nordnesparken og såg totempålen, var på Akvariet, kikka på Bryggen og åt store mengder pizza på Peppes.
Takk til Bils Terje og Heidi som var med oss, og til dykk som køyrde oss til ferja og henta oss i Sandvikvåg etter turen.
Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

Aasne & Toril

 
09.06.04
Sommarframsyninga 2004

Det er mange talent ved Sagvåg skule!
Her finn du lista over artistane som skal vera med på sommarframsyninga 2004>>

09.06.04
Aktivitetsdag

Me hadde ein flott aktivitetsdag på Nysæterbanen. Me var heldige med veret, og små og store kosa seg i sola. Etter at alle hadde gjort ein storartainnsats i dei ulike aktivitetane avslutta me med fotballkampar, og alle kunne gå heim svette og med godt samvit etter ein aktiv dag.
Du finn bilete frå dagen her>>

Egil

08.06.04
Sommarframsyninga 2004

"Melodi Grand Prix " ved Sagvåg skule har endra namn til SOMMARFRAMSYNINGA>>. Dette gjer me for å vise at framsyninga i gymsalen ikkje er ein Melodi Grand Prix-show som på TV. Vårt show er mykje betre! Her er det flinke elevar som framfører musikk og song frå scenen i gymsalen.
I år vert det sommarframsyning fredag 11.juni og ekstraframsyning på SOMMARFESTEN>> 17.juni.
Det kjem meir informasjon seinare.

 

04.06.04

6.steget til Vaskeriplanet

6.steget var på tur til Vaskeriplanet. Me arbeider med natur- og miljøfag. Me kokte pølser i stormkjøken. Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

Anne Elisabeth

03.06.04

STORT oppslag i Sunnhordland

Dei elevane som har testa ut Lego League-utstyret fekk eit slott oppslag i bladet Sunnhordland 4.juni. Det var oppslag på framsida og bak i avisa.
Les meir på Lego League-sida vår>>

03.06.04

Fotballdag for 5.-7.steg frå Litlabø- Tjødnalio- og Sagvåg skule

Torsdag 3.juni hadde dei tre barneskulane fotballdag for elevane på 5. til 7.steget. Du finn resultat og bilete frå dagen her>>

02.06.04

Heiderleg omtale

5.steget fekk mange lovord for "Chips-prosjektet" dei gjennomføret i samband med Nyskjerrigperkonkurransen i vinter. Du kan lese heile rapporten her>>

Vinnarane kan du lesa meir om her>>

02.06.04

Kjekk fotballdag med
Litlabø- og Tjødnalio skule

Onsdag 2. juni hadde Tjødnalio, Sagvåg og Litlabø skular fotballcup for småskulesteget.
Det var stor aktivitet på banen. Veret var nydeleg og alle kosa seg.
Det var svært kjekt at så mange foreldre var med og heia på sidelinja

Du finn resultat og bilete her>>

01.06.04

Korgfletting og tekstil på 7.steget

I det fine verte nyttar mange elevar "det store klasserommet" til arbeid med kunst & handverk. Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

01.06.04

Til Mostraspelet med 6.steget

Fredag 28.mai var 6.steget til Moster. Me såg Mostraspelet i strålande solskin. Det var over 1400 andre skuleelevar saman med oss. Det var ei flott oppleving.
Du finn fleire bilete på "Mostraspel-sida>>"  og på sida til 6.steget>>

Anne Elisabeth

28.05.04

Eg fann, eg fann!

Her kjem nokre bilete som viser litt av kva 3. og 4.årssteget fann då dei var på tur i Bleikjevikjo torsdag 27. mai. Det var krabbar, småfiskar, skjell i mange fasongar og tang og tare.
Tid til å kosa oss med grilling fekk me og, og som om ikkje det var nok, fekk alle kvar sin is då me gjekk forbi butikken på veg heim.
Du finn fleire bilete på heimesidene til 3.>> og 4.>> årssteg.

Marta og Brita

28.05.04

Ny skuletomt i 360 grader

Fredag 28.mai vart det tekne nye bilete frå skuletomta. Denne gongen finn du eit bilete som viser tomta i 360 grader. Du finn både dette og fleire bilete frå den nye skulen her>>

27.05.04

To førskuledagar

Torsdag 27.- og fredag 28.mai er det førskuledagar for elevane som tek til på 1.steget hausten 2004. Det var 24 spente elevar som møtte fadrane i 5., lærarane, Queensway og rektor

Du finn fleire bilete frå førskuledagane her>>

27.05.04

Referat frå elevråd

Referatet frå det siste møtet i elevrådet finn du her>>

27.05.04

Tinestafetten 2004

Onsdag 26.mai var 6.- og 7.årssteget med på Tinestafetten på Vikahaugen. Det var ein kjempeflott dag i det fine veret. Du finn bilete på heimesidene til 6.>> og 7.>> årssteg

Aasne

25.05.04

Førskuledagar

Torsdag 27. og fredag 28.mai er det førskuledagar for elevane som tek til på 1.årssteget hausten 2004. Les meir om førskuledagane her>>

24.05.04

Arbeidsplan i 3.

Onsdagane har 3. årssteget ofte arbeidsplan. Alle må gjera oppgåvene på planen, men dei kan sjølv velja rekkefølgje. Elevane bestemmer sjølv når dei treng pause.
Her er nokre bilete, som viser litt av aktiviteten onsdag 19.mai>>

Brita

19.05.04

Møte i elevråd

Det vert møte i elevråd onsdag 26 mai, klokka 08.45
Møte vert på biblioteket
Sakliste:

  • Grand Prix
  • Sommarfest
  • Saker frå klassane
  • Eventuelt

 Gro

19.05.04

First Lego League på 7.steg

Det er no etablert to Lego League-team på 7.steget. Det er med i eit pilotprosjekt for å lære programmering av robotar.
Vår Lego League-side>>

Les endå meir om Lego League her>>

18.05.04

På fisketur med 5.

5. årssteget har vore på fisketur. Me vart møtt av 2 menn frå Stord Jeger- og Fiskeforeining som hadde med seg 30 fiskestenger som ei gåve til skulen. Me fiska med dupp og makk, og tolmodet var stort, men alt som kom opp var ein ål. Det gjorde ingenting, for dei to kjekke karane frå jeger- og fiskeforeininga hadde pølser med seg og, så me takkar for flott gåve og god mat.
Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

Kjell og Egil

 

18.05.04

NB! Aktivitetsdagen er utsett!

Det var planlagt aktivitetsdag onsdag 19.mai. Aktivitetsdagen er utsett i påvente av meir vårleg ver!
Aktivitetsdagen vert arrangert seinare>>

18.05.04

17.mai 2004

Her finn du nokre bilete frå 17.mai 2004>>
Ein liten
film i AVI-format>>:

Foto & film: Aasne H. Vikanes

14.05.04

Her er sløydsalen!

Fredag 14.mai var det sett opp forskaling for sløydsalen og heimkunnskapsrommet. I løpet av mai vil det vera lett å sjå korleis skulen vert liggjande i terrenget. Du finn fleire bilete her>>

 

13.05.04

Kritikk mot den nasjonale prøven i norsk

Det vert retta sterk kritikk mot den nasjonale prøven i norsk. Prøven vart gjennomført for alle elevane i Noreg på 4.steget måndag 3.mai
Lærarar for 4.steget frå heile landet har vore på kurs for å lære evaluering av desse prøvane. Også på kurset på Stord kom det fram mange kritiske merknader til kvaliteten på norskprøven.  Les meir her>>

Les også kva utdanningsminister Kristin Clemet seier om prøvane her>>

13.05.04

Sosial samling på småskulesteget

Elevane på 1. til 4.steget fekk oppleva ei flott sosial samling i gymsalen. Det var elevane sjølve som stod for underhaldninga. Du finn bilete frå samlinga på  denne sida>>

13.05.04

Spreke elevar

7.steget trimmar i vårsola. Onsdag var det brendtball og fotball som stod på programmet. Nokre elevar på 4.steget var publikum.
Fleire bilete på heimesida til 7.steget>>

11.05.04

Treet vårt

1.årssteg har fylgt ei selje gjennom eit heilt år. Treet er gamalt og tørt. 
Me fann blomar og strå også. Sjå fleire bilete på heimesida vår>>

Kari & Annbjørg

07.05.04

Bergen filharmoniske orkester

Alle elevane på 1.- til 4.årssteg fekk oppleva Bergen filharmoniske orkester "live" på Vikahaugen fredag 7.mai.
Dette var gåvekassane til dei ulike klassane som gjorde  dette mogleg. Du kan lesa meir om konserten i Haugesunds avis>>

06.05.04

Full oversikt heilt fram til 19.mai

Allereie no finn du arbeidsplanane heilt fram til 19.mai her>>

06.05.04

Flott innsats!

Som vanleg var det nok av dramatikk på fredsstafetten! Sagvåg skule klarte seg likevel godt. Det blei ein 6. plass for 5.steget, 8.plass for 6.steget og 3.plass for 7.steget. Flott at så mange stilte opp og heia!

Helsing
Egil og Kjell 

Klikk på bileta for å sjå større versjon:

06.05.04

Trafikkuhell ved Sagvåg skule

Til orientering:
Det var ingen elevar involverte i eit trafikkuhell ved Sagvåg skule kl 07.30 i dag tidleg. Det var ein samanstøyt mellom syklist og bil. Syklisten vart lettare skadd, han vart frakta med ambulanse til Fylkessjukehuset på Stord.
Meir om saka i BT>>


-rektor-

03.05.04

Skuledagen 2004/05

Elevane får med seg infoskriv nr 11 onsdag 5.mai. Her er det m.a. informasjon om Stortingsmelding nr 30 og om korleis skuledagen ser ut 2004/05
 Du finn også skrivet her>>

03.05.04

Den nye skuletomta sett frå Utslettefjellet

Her finn du bilete av skuletomta i "flyfoto". Biletet vart teke frå Utslettefjellet laurdag 1.mai. Sjå større versjon her>>

Foto:Egil Petterteig

03.05.04

Nasjonale prøvar på 4.steget

Alle elevane på 4.steget i norsk skule gjennomførte i dag ein nasjonal prøve i norskfaget med vekt på lesing. Også ved Sagvåg skule byrja elevane i fjerde dagen med å løyse oppgåvene i heftet frå Læringssentralen.
Onsdag 5.mai skal 4.steget har ein tilsvarande prøve i matematikk.

Les meir om dei nasjonale prøvane her>>

30.04.04

Barkebåtar på 2.steget

2.steget har vore i skogen og laga barkebåtar. Me håpar at me kan få testa dei på turen neste onsdag. Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

Gro & Maren

29.04.04

Ny og betre heimeside

Stord kommune har oppgradert heimesida si. På den nye heimesida finn du intervju med den nye personalsjefen i kommunen og ei eiga side med status for ny Sagvåg skule.

29.04.04

Stor interesse for Fist Lego League

Heile 16 lag er til no påmeldt frå Stord. Sagvåg skule har meldt på eitt lag. Det vert spanande å sjå kva elevar som er så heldige at dei får representera vår skule.
Les meir her>>

 

28.04.04

Ut på tur, aldri sur!

Mellomsteget har vore på tur med mellomsteget på Litlabø skule. Me var ved Dalskarvatnet. Det regna, men dei fleste var godt kledde, og me fekk ein fin tur. Alle kom heilt opp til slutt, og me sklei ned igjen i fin stil. Denne turen var nok alle vaskemaskinseljarar sin draum....
Sjå bilete frå turen her>>

For mellomsteget: Egil Petterteig

27.04.04

Info-skriv nr 10 ligg i skulesekken i dag

Elevane har fått med seg infoskriv nr 10 i ranselen i dag. Du finn også skrivet her>>
Skrivet inneheld m.a. informasjon om trivselsundersøkinga som vart gjennomført i vår.  Du finn også søkjeskjema for SFO saman med skrivet.
Skjemaet finn du også her>>

27.04.04

Gjensyn med Cecilia

Måndag 26.april kom Cecilia på vitjing til SFO. Ho spanderte muffins på elevane. Cecilia arbeidde ved Sagvåg skule ein lengre periode i vinter. No er ho tilbake på Aker/Kværner.

Sjå fleire bilete få SFO-sida>>

 

22.04.04

Store endringar på skuletomta

Kvar dag skjer det store endringar på skuletomta. Torsdag 22.april hadde Laila Magnussen med seg nokre elevar til det nye skuleområdet.

Du kan sjå panoramabiletet teke 22.april her>>

21.04.04

Du får ei bok!

Alle elevane på 6. og 7.steget får ei bok i gåve på den internasjonale bokdagen!
Kvar elev vil på fredag få eit gåvekort av læraren sin. Dette kortet kan elevane nytta i bokhandelen til å få ei gratis bok.

Her kan du lese om dei bøkene du kan velje mellom>>

21.04.04

Referat frå elevråd

Du finn det siste referatet frå elevrådet her>>

21.04.04

Sagvåg skule på TV

Fekk du ikkje med deg innslaget på TV-Haugaland om oppstarten av bygginga av ny Sagvåg skule. No kan du sjå innslaget HER>>

Dersom du ikkje får til å sjå filmen på
din maskin kan du lesa meir her>> 

16.04.04

First Lego League ved Sagvåg skule

Det kan bli du som er mellom dei heldige som får vera med på First Lego League 2004!
Du må gå i 5.-6. eller 7.årsteg 2004/05, eller vera elev på 7.årssteget no for å få vera med . Det kjem informasjon til klassane i neste veke.
I mellomtida kan du lesa meir her>>

Oppdraget finn du her>>

14.04.04

Møte i elevråd

Det vert møte i elevrådet onsdag 21.april kl 08.45 på biblioteket.
Alle elevrådsrepresentantane må ta med saker frå klassane.

Du kan lesa meir om elevrådet her>>

Med helsing
Gro A. Halvorsen
-elevrådskontakt-

13.04.04

- Eg kan!

Les heile artikkelen i BT om grunnleggjande skrive og leseopplæring ved m.a.  Sagvåg skule HER>>

Les også: ABC på pc er suksess>>

 

 

02.04.04
Påskeavslutning med stil!

Både SFO og 1.steget har hatt koseleg samling med god mat før påske. Du finn bilete på heimesida til SFO>> og på sida til 1.årssteget>>
Mellomsteget hadde flott sosial samling i påskesola på Fletaneset. Du finn bilete på sidene til alle tre årsstega: 5.st>>  6.st>>  7.st>>

Tusen takk til flinke studentar frå HSH som gjore meir enn me kunne forvente då me fekk sjukefråvær midt i innspurten før påske !

02.04.04

Solidaritetsaksjon

Torsdag 1. april har 3. og 4. årssteget hatt loppemarknad på skulen.

Me ville samla inn pengar gjennom bistandsorganisasjonen FORUT.
FORUT er ein organisasjon som er støtta av NORAD. Dei driv utviklingsarbeid i mange land.  Denne aksjonen har som mål å læra barn om den globale uretten, men og skapa forståing for at det nyttar å hjelpa.

Me inviterte 1. og 2. årssteget til å koma i gymnastikksalen og kjøpa leiker, bøker og pynteting som dei har hatt med seg heime frå. Dessutan hadde me sjokoladebollar og saft til sals. Då me starta salet, var borda fulle av flotte 'lopper', men det tok ikkje lang tid før alle varene var selde.

3. årssteget har også selt 'Solgaver' til inntekt for barn i Sri Lanka.

Til saman har me fått inn 4700 kroner. Eit flott resultat synest me! Takk til alle som var med og støtta den gode saka.

Du finn fleire bilete på heimesidene våre: 3.steg>>  4.steg>>

Helsing Marta og Brita

02.04.04
Chips på 5.steget

Klassen har den siste veka laga chips, smakt på chips..... og testa ulike  chipsvariantar på elevane på skulen. Det har vore populært å få lov til å testa! Forsøket er ein del av "Nyskjerrigperkonkurransen" som 5.steget er med i. Laila Magnussen har vore med på kjøkenet. Der lukta det godt!
Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

Kjell 

31.03.04
Godt fallunderlag

Elevane på 4.årssteg har meldt frå til elevrådet om at de bør gjerast noko med fallunderlaget under slangtaua i skogen. No er arbeidet i gang. Vaktmeisteren, to 9.klassingar frå Stord ungdomsskule og elevar i 4.årssteg er med på arbeidet i det fine vårvêret.

31.03.04
Info.skriv nr 8(03/04)

Informasjonsskriv nr 8 ligg i dag i ranselen til alle elevane. Du finn også info- skrivet HER>>

30.03.04
Skuleavisa er i sal

No er "Sagvågposten" si sal. Det er 6.årssteget som har laga avisa og som står for salet. Elevane er svært nøgde med resultatet, og feira den ferdige avisa med champagnebrus.
Sjå fleire bilete på heimesida til 6.årssteg>>

30.03.04
Resultat frå Elevinspektørane

I februar svarte alle elevane på 7.årssteget på ei rekkje spørsmål om trivsel og eiga læring. No finn du alle svara på nettsida vår:

30.03.04
Svartedauden i 6. !

Måndag 29.mars hedde 6.årsstget besøk av Johanne Ø. Tvedten. Ho fortalte om svartedauden. Me leika at me levde i 1349. Det kjempekjekt, sjølv om temaet var nokså dystert!
Du finn bilete på heimesida vår>>

Anne Elisabeth

26.03.04
6.årssteg til bladet Sunnhordland

I dag har 6.steget vore på vitjing til trykkeriet til Bladet Sunnhordland. Me hadde ein kjekk og lærerik tur.
Snart kjem også skuleavisa som 6.steget har laga!
Du kan sjå fleire bilete frå turen på heimesida vår>>

Anne Elisabeth

26.03.04
Likt for alle

Frå og med veke 14 vert alle arbeidsplanane til elevane lagt ut i pdf-format. Dette fører til at planane vil sjå like ut for alle som les dei. Ein treng heller ikkje ha Microsoft Office for å lesa planane. Du finn planane her>>

26.03.04
Skuletomta i dag

Lurer du på korleis det ser ut på skuletomta til ny Sagvåg skule i dag?

Her kan du sjå panoramabilete over heile området pr. 26.03.04>>

25.03.04
Ei reise i tid:
Steinalderen  på museet.

4. årssteg var i dag til museet på Leirvik. Johanne Ø. Tvedten viste oss mange spennande ting frå samlingane der.
Etterpå var det leik i skogen: Me laga våpen, gjekk på jakt, laga hellerissingar, fann nyttige urter, og stelte dyreskinn.

Ein fin dag med spennande opplevingar!
Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

Marta 

PS!  Arbeidsplanen for den siste veka før påske finn du her>>

24.03.04

Øv deg på gangetabellen

Her finn ei fin side for deg som treng å øva meir på gangetabellen>> 

 

24.03.04

Berre to kommunar brukar mindre pengar pr. elev enn Stord kommune

Det er framleis slik at Stord kommune er mellom dei kommunane i Noreg som bruker minst pengar pr. elev. 
Mellom over 400 kommunar er det berre Ullensaker og Skedsmo som klarer å drive skulen med mindre pengar enn Stord. 

Les meir her>>

24.03.04

Ny læreplan i 2006?

Arbeidet med ny læreplan for grunnskulen har så smått teke til. I eit skriv som set "etappemål" for matematikkundervisninga får me kanskje ein liten føresmak på korleis L-2006 vil sjå ut. Planen har færre verb som fortel kva som skal gjerast, men set heller tydlegare mål for opplæringa.

Skrivet under er laga av Læringssenteret i samband med dei nasjonale prøvane i vår. Det kan godt hende at planen for matematikkfaget vil sjå omtrent slik ut i L-06.....?

  Dokumentet er i Word-format>>

24.03.04

Nye elevar på 7.årssteget?

Nei, biletet er nok frå den flotte utstillinga som elevane på 7.årssteget har laga for medelevar og foreldra. Du finn feleire fine bilete frå utstillinga på heimesida til 7.årssteget>>

Toril & Aasne

23.03.04

Eventyr og trolldans

Me arbeider med temaet : Eventyr. I dag har elevane fingerstrikka trollhale til ein trolldans me lagar i gymtimen.
Me har og baka bollar til påskefrukost.

Sjå fleire bilete på heimesida vår>>

Kari

21.03.04

Store endringar på den nye skuletomta 

Etter berre ei veke er det gjort mykje arbeid på den nye skuletomta, og det kjem nok til å vera mange som legg Søndagsturen innom området for å fylgje utvinklinga.
Du finn panorama bilete frå søndag 21.mars HER>>

19.03.04

Arbeidsplanane for veke 13 (22.-26.mars)

Arbeidsplanane for ein del av årssteget ligg no her på denne nettsida>>

12.03.04

Me er i gang!

Endeleg kunne arbeidet med å byggja ny Sagvåg skule ta til. Det var Sigrid Skogseide som fekk den store æra å starte bygginga av ny Sagvåg skule saman med ordførar Magne Rommetveit. Den 12.mars 2004 vert slik ein merkedag i skulehistoria vår. 
Fram til  hausten 2005 kan du  fylgje sjølve byggjeprosessen her>>

Ordførar Magne Rommetveit vart
intervjua av journalistar frå skuleavisa

12.03.04

Flott tur på Utslettefjellet for 5.årssteg

Torsdag 11.mars hadde 5.steget ein flott tur til Utslettefjellet.

De finn fleire bilete på heimesida til 5.steget>>

 

10.03.04

2.årssteg på isen

Elevane på 2.årssteget hadde ein strålande dag på skeisebanen 10.mars. Det var strålande sol og blide ansikt over alt!

Maren og Gro.

Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

10.03.04

Ein historisk dag!

Fredag 12.mars kl 11.00 vert det første spadetaket teke til ny Sagvåg skule. 
Alle elevane kjem til å vera med på denne historiske hendinga for skulen vår. Det kjem meir informasjon om arrangementet etter kvart. 

 

27.02.04

Litt av eit karneval!

I strålande sol vart det arrangert karneval ved Sagvåg skule  i dag.
Opptoget gjekk frå Sagvåg skule til sentrum og tilbake via Buneset.
Etterpå heldt karnevalet fram i alle klasseromma på skulen.

Det vart litt av ein festdag før vinterferien!

Du finn alle bileta frå karnevalet her>>

Ha ein fin ferie!

27.02.04

Faktabøker i skulebiblioteket

I mars er det faktabøkene våre som vert presenterte i skilebiblioteket.
Me har sett fram alle bøkene i serien "Historien om...". I denne serien får du møta mange verdskjente personar.

Hugs også at ->

Kos deg med ei god bok!

26.02.04

Student frå Vidaregåande skule i 3.årssteg

I veke 9 har 3.årssteget hatt ein student frå Fitjar Vidaregåande skule med seg i timane. Irene Våge er tidlegare elev ved skulen vår, og me synest det er flott at ho kjem tilbake på denne måten. Her er er nokre bilete frå gymnastikktimen som ho hadde ansvar for, og nokre frå klasserommet>> 

Helsing Brita

25.02.04

Bokgåve til alle på 6. og 7.årssteg

Alle elevane i 6. og 7.årssteg vil få ei bokgåve til Verdas bokdag 23.april.

Les meir her>>

20.02.04

Nasjonale prøvar

Det vert ei rekkje nasjonale prøvar i basisfaga for elevane i norsk skule.
Her er ei oversikt som viser prøvane med døme og når dei skal gjennomførast>>

19.02.04

Nye vedtekter for SFO

Det er vedteker nye vedtekter for SFO. Du finn dei på SFO-sida vår>>

19.02.04

Sprekingar

7.steget hoppa slengtau i gymsalen onsdag 18.februar.
Rekorden vart 10 elevar i tauet samstundes.

18.02.04

Karneval

Elevrådet hadde mange gode idéar til karnevalet ved Sagvåg skule.
Fredag den 27.februar vert det stort karneval med opptog og arrangement på skulen etterpå.

Du finn referatet frå elevrådet her>>

18.02.04

van Gogh på 7.steget

Elevane på 7.steget er kunstnarar. De kan no oppleva ei flott van Gogh-utstilling i andre høgda i Sagvåg skule.

Sjå også Kunst & handveksida vår>>

17.02.04

Klar-ferdig-GRAV!

Kjell Nesbø uttaler i dag til Sunnhordland at det fysiske arbeidet med ny Sagvåg skule tek til i månadsskiftet februar/mars. Les heile artikkelen her>>

17.02.04

Elevinspektørane er i aksjon!

Tysdag 17.februar skal elevane i 7.årssteget ved Sagvåg skule vera Elevinspektørar.
Du kan lese meir om elevinspektørane her>>

Elevane i 7.steget har fått eigen
"nøkkel" og kan låsa opp her>>

16.02.04

Dei siste brikkene snart på plass?....

Torsdag 12.februar stod det å lesa i bladet Sunnhordland at Rådmannen må be Fylkesmannen om å få lån til å byggja ny skule i Sagvåg.

Les heile artikkelen frå Sunnhordland her>>

16.02.04

Matematikkens dag 2004

Fredag 13.februar hadde mellomsteget Matematikkens dag....

  • Kor lang tid er to minutt?

  • Eg sprang løypa på 37 sekund, men hadde tenkt å bruka 1 minutt, kor stor er forskjellen?

  • Kor mange hjørner er det på ei kube?..................

Som de kan sjå av bileta vart det ein spanande dag med variert innhld>>

16.02.04

Møte i elevrådet

Det vert møte i elevråd onsdag 18 februar klokka 08.45 på biblioteket

Saker frå klassane:  

  • Karneval fredag 27 februar

  • Kan klassane tenkja over korleis dei vil ha det denne dagen ?

  • Lærarane på småskuletrinnet har kome med nokre forslag til gjennomføring:

  • Me går i tog til Kiwi

  • Går i frå skulen ca, klokka 10.30

  • Elevane lagar instrument, slik at ein har god lyd i toget.

Gro

10.02.04
Matematikkens dag 2004

Tysdag 10.februar vert Matematikken dag 2004 arrangert i 1.-4.årssteg. Det vert ulike aktivitetar knytt til matematikkfaget.

3. og 4.klasse skriv:

Matematikkens dag i 3. og 4. årssteg.

Årsstega vart delte i grupper og jobba med ulike oppgåver. Ei gruppe arbeidde med tidtaking ute i gangane. Kor lenge er eigentleg eit minutt? Ei anna gruppe klipte papir i remser og målte. Den tredje gruppa rekna ulike oppgåver med hovudrekning og kalkulator. Du finn bilete frå alle i årsstega i småskulen her>>

Marta og Brita

09.02.04
Skuleåret 2004/05 dag for dag

Her finn du kalender i Word-format for hausten 2004>> og våren 2005>> med skuleruta 2004/05

[Trykk "avbryt" dersom du får spørsmål om passord]

03.02.04
Lyrikk i 1.klasse

Denne veka har 1.klasse studentar frå HSH. Me har lyrikkveke. Då arbeider me med dikt, regler og ellingar.
Her framfører elevane eigne dikt.

Kari

Du finn nokre bilete frå framføring av lyrikk på heimesida til 1.klasse>>

03.02.04
Eleven i sentrum

I morgon ligg et eit nytt informasjonsskriv i mappa til kvar elev. Skrivet gjer greie for ein god del av dei endringane som no skjer i norsk skule.
Du finn også skrivet på nettsida vår>>

03.02.04
Brannøving ved Sagvåg skule

Måndag 2.februar vert det gjennomført brannøving ved Sagvåg skule. Denne øvinga visste ikkje elevane om på førehand, men det tek likevel ikkje meir enn omlag 3 minutt og 30 sekund før alle elevane har stilt opp på handballbanen.
Etter øvinga hadde 6.klasse eit kurs om brannvern saman med brannvesenet. Du finn bilete frå opplegget til 6.klasse her>>

30.01.04
På isen med 5.klasse

Onsdag 28.januar var 5.klasse på Vikahaugen og hadde skeisedag.  Takk for god hjelp til foreldra som hjelpte til med transporten! Du finn bilete frå dagane på heimesida til 5.klasse>>

 

30.01.04
Arbeidsplanane

Som regel finn du dei fleste arbeidsplanane til elevane på internett før den nye veka tek til.

Her har du alle planane frå skuleåret til veke 6/04>>

29.01.04
Siste nytt frå elevrådet

Mange saker vart drøfta i Elevrådet onsdag 28.januar.
Du finn referatet frå møtet her>>

 

29.01.04
Endeleg kom snøen!

3. og 4.klasse har hatt ein strålande dag i bakkane på Sætre onsdag.
På heimesidene til 3.klasse>> og 4.klasse>> finn du ein del bilete frå aking og snøleik.

Marta og Brita

 

 

29.01.04

Reglane for bruk av akebrett er som før:

26.01.02
UFO-brett og akebrett med ratt er forbode 
på Sagvåg skule!

I desse dagar er det svært populært å ta med akebrett på skulen. Det er sjølvsagt kjekt at elevane leikar i snøen, men for å unngå alvorlege ulukker må me be om at de ikkje tek med "UFO-brett" og heller ikkje store akebrett med ratt.

Me har berre ein liten bakke bak skulen som det er mogleg å aka i. Her kan det lett skje ulukker dersom 157 elevar skal leika med store akebrett, eller snurra nedover bakken med ufo-brett.
SFO hadde to UFO-brett. Desse har me no kasta
. Les meir om UFO-bretta>>

Bruk "rumpe-akebrett" eller plastposar!

 

28.01.04

Flott konsertoppleving

Musikarane Åsne Sunniva Søreide, Torstein Hatlevik og Øystein Fosshagen heldt ein flott konsert for elevane ved Sagvåg skule i dag. Det var to konsertar, ein for småskulen og ein for mellomsteget.
Du finn fleire bilete frå konserten her>>

27.01.04

Semje om ny arbeidstidsavtale

KS og Undanningsforbundet har komme fram til semje om ny arbeidstidsavtale for lærarane.

Les meir her>>

26.01.04

SU har uttalt seg om ny budsjettmodell

Samarbeidsutvalet ved sagvåg skule har uttalt seg om framlegget til ny budsjettmodell for skulane i stor. Du finn uttalen på heimesida til SU>>

26.01.04

...også 1. og 2.klasse har IKT-studentar

Det er ikkje berre elevane i 3.klasse som har hatt IKT-studentar frå HSH dei siste dagane . På heimesidene til 1. og 2.klasse finn du bilete frå undervisninga.: 1.klasse>> og 2.klasse>>

22.01.04

IKT-studentar ved Sagvåg skule

3.klasse har hatt IKT-studentar denne veka. Elevane har jobba med oppgåver til temaet me arbeider med. Temaet heiter: Kartet viser veg.
3. klassingane har mellom anna fått i oppgåve å finna kart over plassen der dei bur. På bileta ser me heile gjengen arbeida med å løysa ulike oppgåver frå studentane. Du finn fleire bilete på heimesida vår>>

Helsing Brita

22.01.04

Møte i elevråd

Det vert møte i elevråd onsdag 28.januar kl 08.45 i skulebiblioteket.
- Sak: Nytt Barne- og ungdomsråd
Du finn sakene frå det førre møtet her>>

 

22.01.04

Skuleruta 2004/05 ute til høyring

Skuleruta for skuleåret 2004/05 ligg ute til høyring fram til 1.februar.
Det er mellom anna gjort framlegg om tre dagar haustferie, ikkje ei veke slik det er dette skuleåret.
Du finn skuleruta her>>

22.01.04

Ikkje så kjekt på isen likevel

Etter at me har hatt to ulykker i samband med leik på isen, måtte me i dag diverre strø skuleplassen. Elevane får trøsta seg med at det var kjekt så lenge det varte, men etter eit brote kragebein og ein hjernerusting  vågar ikkje rektor å la elevane få helde fram med denne leiken.
Det er heller ikkje lov til å ake på isen i bakken bak skulen.

21.01.04

Det kan skje ei ulukke

I dag har det gått ut infoskriv til alle heimane der det m.a. vert åtvara mot å la borna gå ut i Riksvegen når dei vert køyrte til skulen. Skulen har fått melding om nokre farlege situasjonar i samband med av og påstiging
De finn heile info-skrivet her>>

21.01.04

Kjekt på glattisen

Dei siste dagane har delar av skuleplassen vore isglatt. Me har ikkje har hjerta til å strø fordi elevane har det kjempekjekt på isen. Me det er sjølvsagt slik at denne leiken ofte ender med knall og fall.
Kanskje kan det vera lurt å nytta sykkelhjelm i friminutta!

15.01.04

Nymfeparakit i Kappelen

Saknar du Nymfeparakiten din. Han har fått husrom hos Anton og Peggy Bærøy. Ring 53 49 33 79 dersom du saknar  fuglen din.

13.01.04

Skogsløypa er klar

Me har no hengt opp instruksjonar på brua, som vist på biletet. Løypa er for elevane på mellomsteget, og elevane kan springa ein runde når dei har ei ledig stund, i friminutt ol. Elevane må registrera turen hos læraren sin. Når ein klasse har ti turar per elev i gjennomsnitt, vinn dei ein ekstra gymtime der dei kan velja sjølv kva dei vil gjera.

Egil

13.01.04

Syng med oss!

5.klasse er først ute med video på heimesida vår.
Sjå den flotte videoen her>>

 

Video: "Smil, trall og vær glad"

05.01.04

Me satsar på matematikk!

No er matematikksida vår>> oppdatert med mange nye lenkjer.
Dei andre fagsidene finn du her:

05.01.04

Romfart og teknologi

Ta deg ein tur til Mars i løpet av skuledagen!
Som de sikkert veit har den amerikanske farkosten MER-2 landa på Mars og sender no dei første fargebileta av planeten tilbake til jorda.
Du finn dei nye bileta på heimesida til Nasa>>
Norsk stoff finn du på heimesida til Norsk romfartssenter>>.
GOD TUR!

Du finn nytt nummer av National geographic>>
og Illustrert vitenskap>> på skulebiblioteket no!

05.01.04

Elevane i 7.klasse vert elevinspektørar!

Våren 2004 vil alle elevane i 7. og 10.klasse bli "Elevinspektørar". Dei skal då vera med på å  vurdera skulen.
Elevane kjem då til å svara på ei rekkje spørsmål om motivasjon, læringsmiljø, trivsel, mobbing, elevmedverknad, elevdemokrati og det fysiske miljøet.

Du kan lesa meir om Elevinspektørane her>>
 

05.01.04

Biletet er frå branntryggleik- undervisning i 3.klasse i hausten-03

Branntilsynsrapport

16.desember var det branntilsyn ved Sagvåg skule.
I rapporten står det m.a.:
"Me er no komne til slutten av åre 2003 og går inn i 2004. Det er per dags dato ikkje påbegynt oppstart av ny skule.  Dersom dette no drar ut i tid vil brannsjefen setje i verk pålegg om utbetring av skulen.
Brannsjefen forventar eit svar på kor tid ny skule vil stå klar."

05.01.04

Klassestyraren er blitt kontaktlærar

28.august kunne du lesa dette på heimesida vår:
Når omgrepet "klasse" forsvinn frå opplæringslova forsvinn også "klassestyraren". Frå 1.august 2003 vert det ført inn "kontaktlærer". I lovendringa står det:
«Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen.»

Det har vore usemje mellom partane om den nye kontaktlæraren burde fått ein betre kompensasjon enn klassestyraren. I "kjennelsen" står det m.a.:
Den samlede tidsressursen til kontaktlærere ved den enkelte skole beregnes etter de avtaler som gjaldt for tidsressurs til klassestyrere pr. 31.07.03

Les heile  "nemdskjennelsen" her>>

05.01.04

Resultata frå prøvane vil bli offentleggjort på Internett>>

 

Send ein mail med din uttale til skulen dersom du meiner at me bør uttale oss om dette brevet>>
(Frist 1.februar 2004)

Nasjonale prøvar våren 2004

Våren 2004 vil det bli gjennomført nasjonale prøve for 4.klasse i barneskulen.
Departementet skriv m.a. i ei ny høyring:
I løpet av første halvdel av 2004 tas det sikte på at skolene skal gjennomføre undersøkelser som gjelder læringsmiljø og læringsutbytte. Dette høringsbrevet gjelder læringsutbytte, dvs. gjennomføring av nasjonale prøver på 4., 7. og 10. klassetrinn og i første året av videregående opplæring.

UFD skriv også i dette brevet om fritak frå prøvane:
Det er ikke tilstrekkelig for fritak at eleven har spesialundervisning/individuell opplæringsplan. De aller fleste elever som får spesialundervisning / har individuell opplæringsplan, vil ha utbytte av å gjennomføre nasjonale prøver.

Les heile høyringsbrevet her>>

05.01.04

 

Den første dagen etter juleferien

På grunn av planlagt driftstans i Nysæterbassenget kan me diverre ikkje ha bading måndag 5.januar.
Det vert bading for 4.klasse på fredag 9.januar!

Symjeplanen for våren 2004 finn du her>>