Sjå også ARKIVOVERSIKTA>>

Slik var våren 2002 ved Sagvåg skule:  

...også eg vil ynskja alle elevar, foreldre og tilsette ved Sagvåg skule ein lang og god sommarferie!

Takkar også  foreldra for den kjempegode marsipankaka  og den koselege helsinga me fekk til sommar- avslutninga! 
<<<

GOD FERIE TIL ALLE!


-rektor-

 

Sjå også:
Skuleruta 2002/03
Haust-02 (kalender)

 

21.06.02
Ikkje nøgd med skuleskyssen

Fredag 21.juni var det ein artikkel i Haugesund avis der John Inge Gundersen kritiserar HSD for måten dei av og til avleverer borna i Dybvik.
Les heile artikkelen her>>

19.06.02
Siste møte i elevrådet 2001/02

Måndag 10.juni var det årets siste møte i elevrådet ved Sagvåg skule.

Her kan du lesa referat frå dette møtet, og alle dei andre møta dette skuleåret>>

18.06.02
Nye teikningar

Tysdag 18.juni mottok Stord kommune dei reviderte teikningane til ny Sagvåg skule frå arkitektfirmaet "Vis-A-Vis" i Trondheim. 
Arkitektane har vore lydhøyre for innspela som kom frå foreldra og dei tilsette ved skulen.

[Klikk på teikningane under for å sjå stort format.]

visavis_juni_02_a.jpg (218830 byte) visavis_juni_02_b.jpg (451424 byte)

15.06.02
Sjøvett i 2.klasse

Fredag 14.juni var 2.klasse med på "sjøvettseilasen 2002"

 

 Sjå fleire bilete på heimesida til 2.klasse>> 

14.06.02
"Førsteklasses frå første klasse"

Snart finn du ut kor god (eller dårleg?) Sagvåg skule er via Internett?
"Kvalitetsutvalet" skriv:

ALLE SKOLENE PÅ NETT
Dette er ett av forslagene fra kvalitetsutvalget, ledet av Astrid Søgnen.
I en kvalitetsportal på nettet vil alle kunne finne opplysninger om skolenes resultater i basisferdigheter i bestemte fag, om elevene har gode læringsstrategier, om elever og foreldrene er fornøyd med skolen, og opplysninger om hvilke ressurser som er brukt for å oppnå disse resultatene.

Les meir her>>

14.06.02
Eleven sitt val i 4.klasse

 I 4.klasse har hatt eleven sitt val. Gutane har arbeidd med CD-rom. Jentene har laga dans. Dei har hatt god hjelp av to flinke elevar frå Nysæter ungdomsskule. 

Sjå fleire bilete på heimesida til 4.klasse>>

13.06.02
Bonusskular

 I Hordaland er det 45 skular som har søkt om å bli "bonusskular". På landsbasis er det totalt 655 skular som har søkt. Mellom desse plukkar departementet ut 100 skular som vil få 50.000 kroner kvar til å gjera skulen endå betre. Departementet tek si avgjer i løpet av juni. 
Les vår søknad her>>

Les meir>>

11.06.02
Melodi Grand Prix Junior 2002

Tysdag 11.juni vart MGPJ 2002 arrangert ved Sagvåg skule.
Mange flinke artistar var på scenen i løpet av dei 70  minutta framføringane varte. Det var Oda og Jakob som var programleigarar.

Sjå fleire bilete HER>>

 

 

Her er det Andreas som er i 
aksjon med "Sweet Home Chicago" på storskjerm i gymsalen>

11.06.02
Betre trivsel

Etter påske vart  matpausen midt på dagen delt mellom storskulen  og småskulen.
Dette  er kanskje noko av årsaka til den markerte auken i trivselen til elevane i pausetida. 

Tidlegare undersøkingar har viset at mellom 14- og 20% av elevane seier at dei ikkje trives i friminutta på grunn av erting, mobbing o.a. Etter at me delte pausen er det no 6% av elevane som ikkje likar seg i pausetida.
Mest alle desse elevane var mellom dei yngre elevane ved skulen. 
Me kjem til å nytta desse tala i arbeidet med å utvikla eit endå betre miljø for alle elevane ved Sagvåg skule. 

07.06.02
På hyttetur med 4.klasse

Fredag 7.juni var elevane i 4.klasse på hytta til Andreas i Dåfjorden.
Me drog garn og alle gruppene fekk fisk.
TAKK til Andreas, Astrid og Arnold!

Med helsing:
Kari Almås

 

[Klikk på bileta for å sjå dei større]
    
hyttetur_4kl_02_1.jpg (57868 byte) hyttetur_4kl_02_2.jpg (47463 byte) hyttetur_4kl_02_3.jpg (125879 byte) hyttetur_4kl_02_4.jpg (125997 byte) hyttetur_4kl_02_5.jpg (108446 byte) hyttetur_4kl_02_6.jpg (129909 byte) hyttetur_4kl_02_7.jpg (101770 byte) hyttetur_4kl_02_8.jpg (108898 byte) hyttetur_4kl_02_9.jpg (91745 byte)

06.06.02
"Litt av kvart" i 5.klasse!
Naturfag med magnetisme

Alle elevane i 5.klasse har arbeidd i grupper i det siste. Gruppene har vore: magnetar, kroppen, måling av tid og lengd, dramatisering av eventyr, reproduksjon av bilete av Munch.
Elevane har vore kjempeflinke!

Med helsing Inger Alise & Aasne ;-)

[Klikk på bileta for å sjå dei større]
GRUPPER_5KL_02_01.JPG (57748 byte) GRUPPER_5KL_02_02.JPG (59376 byte) GRUPPER_5KL_02_03.JPG (59128 byte) GRUPPER_5KL_02_04.JPG (61024 byte) GRUPPER_5KL_02_05.JPG (59856 byte)

04.06.02
Bergen filharmoniske orkester

Elevane i 1. og 2.klasse fekk med seg ei flott musikkoppleving i Fitjar kulturhus i dag. Det var Fitjar kommune som inviterte skuleborn frå Stord til konsert. ..og alle fekk is!!

1.- og 2.klassingane kooooosar seg ;-)

04.06.02
Sosial samling 
for mellomsteget i skogen

Tysdag 4.juni var det "sosial samling" i skogen.
Elevane var med på ulike aktivitetar; pilkast, kappløp, og naturfagoppgåver.

Klikk på bileta under for å sjå større versjon:
sos_melloms_02_1.jpg (114142 byte) sos_melloms_02_2.jpg (121941 byte) sos_melloms_02_3.jpg (115263 byte) sos_melloms_02_4.jpg (57161 byte) sos_melloms_02_5.jpg (124146 byte) sos_melloms_02_6.jpg (109791 byte) sos_melloms_02_7.jpg (60947 byte) sos_melloms_02_8.jpg (49382 byte)

30.05.02
Velkomen heim frå leirskule!
No kan du sjå bilete frå opphaldet her>>

Fredag ettermiddag kom ein blid gjeng med 7.klassingar heim frå leirskule i Suldal. 
På heimesida til Gullingen leirskule kan du allereie sjå bilete frå opphaldet.
Våre eigne bilete kjem etter helga!
Sjå bileta frå Gullingen leirskule her>>


Foto: Jarle Lunde

30.05.02
Rapport om skuleutbygging

Politikarane vil tysdag 4/6 få rapport om dei føreståande skuleutbyggingane på Stord. 

Du kan lesa rapporten her>>

30.05.02
Fleksitid i Spania!

I går hadde me vitjing frå Portugal! Det var  Ana Maria Pessanha De Menezes frå "School of Education, Polytech Institute Of Viseu" i Portugal som kom for å  m.a. høyra korleis me hadde organisert skulebiblioteket vårt.

Så i dag ringte "Den norske skole" i Costa Blanca og ba oss senda informasjon om korleis me har organisert skuledagen med fleksitid.

Som du  forstår er ikkje Sagvåg skule berre kjent i Sagvåg :-)

PS! Ana Maria Pessanha De Menezes kom sjølvsagt ikkje eins ærend frå Portugal for å sjå på skulebiblioteket vårt, ho var eigentleg i Noreg får m.a. å vitja  Høgskulen Stord/Haugesund !

30.05.02
God tur!

No her endeleg også Sagvåg skule fått lavvu ("lavo"). 
Det er fint om alle elevane er med på å passa på lavoen vår slik at han får stå i fred.
Takk til Kristina og Reinert i 4.klasse som hjelpte rektor med å setja opp lavoen.

Velkomen!       

30.05.02
Ein fredeleg skuledag

Onsdag 29.mai var ein merkeleg dag ved Sagvåg skule. 
1.- 2.-og 3.klasse hadde utedag, og var ikkje på skulen.
5. og 6.klasse var på Tjødnalio på fotballdag, og 7.klasse er på leirskule. 
Resultatet var at 4.klasse hadde skulen heilt for seg sjølv mesteparten av onsdag 29.mai !

Ein fredeleg dag på Sagvåg skule 

30.05.02
Flott konsertoppleving!

Elevane ved Sagvåg skule fekk i dag ei flott konsert- oppleving då Hildegunn Pettersen og Annabell Guaita vitja skulen med konserten "SPEL LEVANDE" 

Les meir om 
"spel levande">>

29.05.02
På leirskule


Denne veka er elevane i 7.klasse på leirskule. 

Les meir her>> 

29.05.02
100 "bonusskular...."

I rundskriv til skulane skriv utdanningminister Kristin Clement m.a.: "Utdannings- og forskningsdepartementet ser det som viktig å synliggjøre de mange gode eksemplene i norsk grunnskole og videregående opplæring og belønne skoler som kan vise til gode resultater både når det gjelder læringsresultater og arbeidsmiljø."

Sagvåg skule var mellom dei seks skulane i Stod kommune som søkte. Av desse skulane vart det frå Stord kommune søkt om "bonusskulestatus" for tre skular. Det er 434 kommunar i Noreg, og då vår skule vart rangert på 2.plass i søknaden frå Stord kommune  skal det mykje til om Sagvåg skule vert "bonusskule". 
Slik vart skulane rangerte:
 1. Tjødnalio skule
 2. Sagvåg skule
 3. Langeland skule
Dei 100 skulane i Noreg som vert "bonusskular" vil kvar få 50.000 kronar til å utvikle verksemda vidare.

Les heile vår søknad, og meir om "bonusskular" her>>

07.05.02
Snart sommar...

Du som er elev ved Sagvåg skule har mykje kjekt å sjå fram til i mai og juni. Her er litt av "menyen":

MAI JUNI
Måndag 13.mai
UTSATT!!  3.kl til Agdestein
Måndag 3.juni:
Eleven sitt val i 7.kl 3.-6.juni>>
Tysdag 14.mai: 5.kl til Valvatne Trelast Tysdag 4.juni: Sosial samling 5.-7kl>>
Onsdag  15.mai: Onsdag 5.juni: 4.kl til Dåfjorden
Torsdag 16.mai: Torsdag 6.juni:
Fredag 17.mai: 17.mai! Fredag 7.juni:
Måndag 20.mai: 
2.pinsedag (fri)
Måndag 10.juni:  
Eleven sitt val i 4.kl 10.-14.juni>>
7.kl avslutningsfest
Tysdag 21.mai: 
Eleven sitt val i 5.kl 21.-31.mai>>
Tysdag 11.juni:
Melodi GP Junior>>
Onsdag 22.mai:
 Fotballdag med Tjødnalio for 1.-4.
klasse kl 09:30-12:15
Onsdag 12.juni
Torsdag 23.mai:
Førskuledag (1.kl 02/03)
Torsdag 13.juni
Fredag 24.mai:
Førskuledag (1.kl 02/03)
Fredag 14.juni: 
2.kl på sjøvettkampanje
Måndag 27.mai:
7.kl på leiskule>> [27.-31.]
Måndag 17.juni:
Tysdag 28.mai Tysdag 18.juni:
Onsdag 29.mai
Fotballdag med Tjødnalio
for 5. og 6.kl
Onsdag 19.juni:
Sommarfest 2002>>
Torsdag 30.mai: Rikskonsert Torsdag 20.juni: Siste skuledag 01/02
Fredag 31.mai: 6.kl til Mostraspelet>>

24.05.02
Ein fin vårdag i skogen...


Fredag 24.mai hadde 1. og 6.klasse ein fin vårdag i skogen. Tema for dagen var naturen. 
Etterpå overraska 6.klassingane "fadderungane"  med boller, kaker og saft.

[Klikk på bileta under for å sjå dei større]
skogen_02_6_og_1_1.jpg (62192 byte) skogen_02_6_og_1_2.jpg (63604 byte) skogen_02_6_og_1_3.jpg (63704 byte) skogen_02_6_og_1_5.jpg (59920 byte)

23.05.02
Førskuledagar

Torsdag og fredag har 1.klasse 02/03 førskuledagar. 
Ta godt imot den nye førsteklassingane!

Her er bilete frå torsdag 23.mai>>

23.05.02
5.klasse er best !

Det var 5.klasse om vart kåra til "Beste klasse i 17.mai-toget 2002"
"5.klasse 2002" vert no inngravert i den flotte pokalen på biletet

GRATULERER 5.klasse!!

Desse klassestega er inngraverte i pokalen:
. 1993 4.klasse
. 1994 6.klasse
. 1995 6.klasse
. 1996 1.klasse
. 1997 1.klasse
. 1998 2.klasse
. 1999 5.klasse
. 2000 4.klasse
. 2001 5.klasse
. 2002 5.klasse

22.05.02
Fotballdag på Tjødnalio skule
     
Det vart fotballdag i nydeleg sommarvêr for elevane i  1.-4.klasse i dag.
  Sjå bilete frå kampane, og meir til her>>

For 5.- og 6.klasse vert det fotballdag onsdag 29.mai. 
(7.klasse er på leirskule)
  Du finn kampoppsettet meir>>

16.05.02
Førskuledagar våren 2002

I år er det førskuledagar for 1.klasse 02/03 TORSDAG 23. og FREDAG 24.mai 
(I innkallinga var det trykkfeil med "torsdag 21.mai"!) 

Det er foreldremøte ONSDAG 22.mai kl 19:00-20:00 i 1.klasserommet/SFO.

Les meir om førskuledagane>>

Biletet er frå førskuledagane våren 2001

14.05.02
Referat frå Elevrådet

Her finn de referat frå siste møte i elevrådet.
Les meir om:
-
Basketballkorgene
- Melodi Grand Prix Junior 2002
- 15 gulrotbitar
- Kalde toalett
- Handballmåla m.m.

Klikk her og les heile referatet>>

13.05.02
Alle får plass i SFO 2002/03

I desse dagar får dei som har søkt plass i SFO svar på søknaden.
Sjølv om det i år var fleire søkjarar enn me har plassar, har me vald å gje alle plass. 
Det vert vurdert å styrkja bemanninga i periodar for å ta "toppane".
For etternølarar er det diverre ingen ledige plassar igjen.
[Les meir om SFO her>>]

07.05.02
Møte i elevrådet

Måndag 13.mai kl 12:45 er det møte i elevrådet på "stillerommet".

Saker:
Referat frå sist møte>>
Melodi Grand Prix Junior 2002>>
Saker frå klassane....  

Gro A. Halvorsen
-kontaktlærar-

02.05.02
Kjekk turdag med Litlabø skule

Torsdag 2.mai hadde elevane ved Sagvåg skule ein kjekk turdag saman med elevane på Litlabø skule.
Elevane i 1.-4.klasse var til Almåsskogen, medan elevane i 5.-7.klasse var til Sætrevik friluftsområdet. Det var 5.-7.klasse som sikra seg det digitale kameraet denne dagen, og her er bileta frå turen>>  

30.04.02
Skulpturar i 5.klasse

Me har jobba med det gamle Hellas og Romarriket i denne veka. Romarane var glade i å laga skulpturar. 
På heimesida kan du sjå fleire av skulpturane våre>> 

Kunstnarar frå 5.klasse>>

28.04.02
 Skal du vera med?......


"Melodi Grand Prix Junior" Sagvåg skule:
- Berre "live" framføringar (ikkje miming til "playback")
- Dans (med eigenkomponert musikk?)
- Teater, sketsjar.....m.m.
- Det vert framføring i sosial samling og på sommarfesten 2002 !

Ta kontakt med Egil & Lars dersom du har spørsmål!
Meld deg på her med ein mail til: lars.bakka@stord.kommune.no

Les meir>>

26.04.02
Christina vann teiknekonkurranse

Christina Yddal i 3.klasse vann teiknekonkurransen som studentane på samfunns- fagklassen på Høgskulen Stord- Haugesund arrangerte.
Studentane har laga ein perm med oppgåver som elevane kan nytta når dei er på ferie.
Christina laga ein fin teikning til permen.

Christina fekk eit 
flott spel av Elin Skjetne

25.04.02
Lite hærverk, men....

Det er svært lite hærverk på Sagvåg skule, og det er sjeldan at utstyr vert øydelagt.
I det siste er det likevel blitt øydelagt skumgummiballar som vert nytta i gymmen. Desse ballane var nye i fjor, og er svært dyre. Kvar ball kostar faktisk kr 175,-
Når no to ballar er øydelagt har dei som har gjort det øydelagt utstyr for heile 350 kroner
  -Eller er det ei mus i gymsalen...?  :-)

24.04.02
3. og 4.klasse 
i Rukjen

Onsdag 24.april var 3.- og 4.klasse på tur til Rukjen.  Me grilla og hadde det kjekt sjølv om det var litt surt ver.  
Sjå fleire bilete frå turen på heimesida til 3.- og 4.klasse>>
[nedst på sida!]

23.04.02
NYTT frå elevrådet!

Måndag 22.april var det møte i elevrådet.
Ei av sakene var "Talentiaden 2002".
Sjå bilete frå Talentiaden 2001>>

Her finn det referatet frå møtet>>

23.04.02
SAMTAK

"Samtak" er eit nasjonalt prosjekt som set fokus på samarbeidet mellom skule og PPT. 
Dette året er Sagvåg skule i gruppa som arbeider med lese- og skriveopplæringa. 
Dette er sjølvsagt mest aktuelt for 1.- og 2.klasse, men det bør vera ein del interessant stoff  for dei større klassane. 

Les meir om arbeidet i gruppa så langt dette året>>

22.04.02
Rikskonsertane til Sagvåg skule 

Det vert rikskonsert for alle elevane ved Sagvåg skule torsdag 30.mai.
Dette skreiv Rikskonsartane om programmet:


Spel levande

Konsert for 1. – 3.  / 4. – 7. klasse og 1. – 7. klasse

Me leikar og boltrar oss gjennom dei gamle ærverdige komponistane sin musikk, liv og levned. Me kastar oss inn i deira ulike verdenar og dramatiserer deler frå deira liv. Med musikarane sine tonar, struper og ikkje minst humor, vil me gjera elevane kjent med komponistar som Georg Friedrich Händel, Wolfgang Amadeus Mozart, Gioacchino Rossini, Franz Schubert, George Bizet og vår eigen Edvard Grieg.

Instruktør for framsyninga : Anne Mali Sæther
Annabel Guaita – piano
Hildegunn Pettersen – song
Idé/opplegg: Musikarane i samarbeid med Fylkeskonsertane, Hordaland

 

18.04.02
5.klasse var guide for 1.klasse i Rukjen

Torsdag 18.april var 5.klasse saman med 1.klasse i Rukjen. Det vart servert suppe alle hadde ein kjekk dag i det nye skuleområdet. 

Sjå fleire bilete frå turen på heimesida til 1.klasse (nedst)>>
(Alle foto: Gro A. Halvorsen)

18.04.02
50-sone forbi nye Sagvåg skule?

Vegsjefen vil har 50-sone forbi den nye Sagvåg skule. 
Les meir>>

16.04.02
Tur med Litlabø skule torsdag 2.mai

I år vert den årlege turen med Litlabø skule arrangert torsdag 2.mai. 
For 1.-4.klasse går turen til Almåsskogen, medan 5.-7.klassse tek turen til Sætrevik. 
Les meir turane våre her>>

Her er eit bilete frå turen me hadde saman med Litlabø skule 28.april 2000.

16.04.02
Referat frå marsmøtet i FAU.

FAU ved Sagvåg skule hadde møte 11.mars. 
Her referat frå møtet>>

14.04.02
Førebels eveluering av forsøk.

Me har no søkt om å få driva forsøket med fleksibel organisering av skuledagen også 2002/03.
Her er ein førebels rapport om forsøket>>

12.04.02
Eleven sitt val

Denne veka har 7.klasse hatt eleven sitt val. Då set elevane i gang med ei rekkje spanande aktivitetar. Det kjem meir stoff om dei ulike vala elevane har gjort seinare.

 

Alle foto: Erlend

11.04.02
Fin vårdag på
Nysæterneset

3.klasse hadde ein fin vårdag med uteskule onsdag 10.april. Turen gjekk til Nysæterneset. I matpausen kosa dei seg med lappar som vart steikte på takke over ope bål. Sjå fleire bilete frå turen deira på heimesida til klasse>>

 

Alle foto: Kari M & Maren

10.04.02
Vegen mot ny skule

Tydag 9.april arrangerte FAU ope møte der alle foreldra ved Sagvåg skule var inviterte til å få informasjon om dei nye teikningane til Sagvåg skule.
Eit av spørsmåla som kom fram under møtet var korleis framdriftsplanen for prosjektet ser ut.
Kjell Nesbø har tidlegare laga denne planen:

Ultimo mars 200   Skisseutkast
Ultimo mars 2002   Orienteringsmøte Prosjektgruppa og personalet
ca 15.04 og 15.05  (fleire møte?)   Møte i prosjektgruppe
15.06.02   Endeleg utkast frå prosjekteringsgruppa
september 2002   Oppstartsvedtak i Levekårskomiteen
september/oktober 2002   Oppstart detaljprosjektering
01.04.2003   Innhenting tilbod
01.06.2003   Oppstart grunnarbeider
hausten 2004    Ferdig bygg

Kjell Nesbø, 27.03.02

10.04.02
Ut i naturen 
-med høgskulestudentar frå HSH

Tysdag 9.april var 5.klasse i skogen saman med studentar frå HSH. Studentane gjennomførte eit opplegg med m.a. natursti og matlaging i naturen.

 

Klikk på bileta under for å sjå dei større:
5kl_hsh_stud_1.JPG (404184 byte) 5kl_hsh_stud_2.JPG (63332 byte)  5kl_hsh_stud_4.JPG (78938 byte) 5kl_hsh_stud_5.JPG (81629 byte)

04.04.02
Med 5.klasse til den nye Sagvåg skule!

Torsdag 4.april var 5.klasse på oppdagingstur til Rukjen. 
Klassen fann ut kor skulen skal liggje. Dei fann dessutan "Eventyrkollen", bålplassen, lavoen, handballbanen cross-løypa og mykje meir.

Statens vegvesen gjer også ein flott jobb med utvidinga av riksveg 545 med sykkel- og gangveg under den flotte muren på biletet.

Du finn fleire bilete frå turen på heimesida til 5.klasse>>

04.04.02
Skryt for heimesida vår

Sagvåg skule fekk skryt på nettsida "Skoleplassen"
"Skoleplassen skriv m.a.:

Sagvåg skule ligg på Stord i Hordaland. Skulen har elevar frå 1. - 7. klasse. Mottoet er  -  ein skule i endring -.
Gå til skulen sine sider og sjå på
  • Bilete og reportasjar frå hendingar  ved skulen
  • Nettsider for kvar klasse med lenker til alle tema klassen arbeider med. 
  • Opplegg for fleksitid og avspasering
  • Oppdaterte referat frå møte i råd og utval. 
  • og mykje anna......

Les meir>>

02.04.02
Dobbelt så god plass ute!

Frå og med måndag 2.april vert pausen midt på dagen delt i to økter. 
No kjem 1.-4.klasse til å ha matpause frå kl 10:40-11:10, og 5.-7.klasse frå 11:10-11:40.

Me vil prøve dette fordi me då får utnytta eit alt for lite uteareal på ein betre måte.

21.03.02
GOD PÅSKE 
TIL ALLE!

Torsdag 21.mars var det "påskekos" i SFO. Det var dekka med langbord med egg og mykje anna god mat.
Sjå fleire bilete frå turen på heimesida til SFO>>

(Foto: Arild)

21.03.02
Frå Askeladd til
ny Sagvåg skule

Torsdag 21.mars fekk nokre elevar og dei tilsette for første gong sjå dei nye teikningane av ny skule i Sagvåg. 
Arkitektkontoret "Vis-A-Vis" har gjort store endringar på teikningane sidan dei første utkasta frå hausten 2001.
Kjell Nesbø vil orientera om høyringsfristar m.m. etter påske.

[Klikk på teikningane for å sjå dei større!]
 askeladd_mars_02_omslag.jpg (203860 byte) askeladd_mars_02_1.jpg (79919 byte) askeladd_mars_02_2.jpg (118295 byte)

21.03.02
1.-og 2.klasse 
på isen

Torsdag 21.mars var 1.- og 2.klasse på isen på Vikahaugen. Me hadde det kjempekjekt i det fine veret.
Sjå fleire bilete frå turen på heimesida til 1.klasse eller 2.klasse>>

(Foto: Brita, Gro og Marta)

19.03.02
5.klasse til Fletaneset

Tysdag 19.mars ville me i 5.klasse ha uteskule i samband med temaet bronse- og jarnalder.
Som vanleg fekk me fint vér. 
Me laga steinomn, laga pinnebrød og osteskiver.
Me leika også stikkball og hadde rebusløp.
Sjå fleire bilete frå turen på heimesida til klassen>>
(Tekst & foto: Inger Alise og Aasne)

15.03.02
Nytt frå elevrådet

Her finn du referatet frå møtet i elevrådet ved Sagvåg skule måndag 18.mars.  Referatet>>

15.03.02

Elevane i 5.-6. og 7.klasse fekk med seg ein strålande dag i fjellet den 15.mars.
Sjølv om dei fleste kosa seg på Lundastøl i det fine veret, var det fleire som tok seg ein tur opp til bommen.

Sjå fleire bilete frå skidagen her>>

15.03.02
JA
og NEI
Samarbeidsutvalet (SU) sa, i møtet tysdag 12.mars, ja til  fleksitid for elevane også skuleåret 2002/03.
SU sa samstundes nei til å halda fram forsøket med større valfridom i bruken av SFO. Det er økonomiske grunnar til at SU ikkje ynskjer at dette forsøket skal halda fram.

Les heile referatet frå SU-møtet her>>

14.03.02
SKIDAG !

Fredag 15.mars vert det skidag for elevane i 5.-7.klasse.
Grunnen til at elevane i 1.-4.klasse ikkje er med på skidagen i år er at dei fleste klassane i småskulen har nytta desse pengane frå klassekassen til skeisedag på Vikahaugen denne vinteren.

Sjå også oversikt over eigenbetaling ved Sagvåg skule 2001/02>>

 

Klikk her for å sjå fleire bilete frå skidagen i fjor>>

13.03.02
Vis A Vis 
til Sagvåg skule

Torsdag 21.mars kjem arkitektfirmaet Vis A Vis frå Trondheim. Her er programmet for dagen:

11:00 -  Vis-A-Vis kjem til rådhuset
11:00 – 12:00  Møte med Mari Espeland og Kjell Nesbø på rådhuset
12:30 – 13:30 Møte med prosjektgruppa i biblioteket på Sagvåg skule.
Arkitektfirma Vis-A-Vis AS orienterer om justerte planar for ny skule i Sagvåg
13:30 – 14:00

Vis-A-Vis orienterer personalet og elevrepresentantar om dei justerte planane

14:30 – 15:00 Avsluttande møte på rådhuset med Mari og Kjell
15:00 Til fri disposisjon for Vis-A-Vis

Det andre møtet i prosjektgruppa for ny skule i Sagvåg vert avvikla i skulebiblioteket ved Sagvåg skule torsdag 7.mars.
Les referatet frå møtet HER>>

13.03.02
kveldsmat_1.jpg (127954 byte)Kveldsmat i 1.klasse

Tysdag 12.mars var det kosekveld  i 1.klasse med kveldsmat. Elevane, foreldre og lærarane var med.

Foto: Brita Flatøy
[Klikk på biletet for å sjå det større]

11.03.02
Bergen familieteater 
på vitjing

Måndag 11.mars  fekk elevane i 1.-4.klasse oppleva Bergen familiteteater i aksjon i gymsalen ved Sagvåg skule.

Foto: Kjetil Larsen

28.02.02
Ingen reduksjon i spesialundervisninga våren 2002
Etter vinterferien vil alle foreldre få melding om at elevane med rett til spesialundervisning likevel ikkje vil få redusert i tilbodet våren 2002.

Les meir i Haugsunds avis>>

25.02.02
Får medhald
Sjølv om ingen av dei som klaga på vedtaket om reduksjon av spesialpedagogiske tiltak ved Sagvåg skule har fått svar endå, ser det ut til at Utdanningsdirektøren i Hordaland vil gje dei medhald.
Les meir på NRK>>
22.02.02
Samane er tema i 4.klasse
Samane har vore tema i 4.klasse i februar. Klassen har mellom strikka flotte dokker.
[Klikk på bileta for å sjå dei større]

 

21.02.02
Sosial samling for mellomsteget

Torsdag 21.februar var det "sosial samling" for elevane i 5.-6. og 7.klasse. Alle klassane bidrog med underhaldning, og det vart ein kjekk time i gymsalen.

 

20.02.02
Ut i naturen med 6.klasse

I denne veka hadde 6.klasse uteskule ein av dagane. Her ser de bilete av klassen samla rundt bålet.
De finn kanskje meir om turen på
heimesida til klasser>>

 

20.02.02
På isen med 3.klasse

Onsdag 20.februar var det 3.klasse frå Sagvåg skule som nytta isen på Vikahaugen kunstisbane. Det var fint vèr og alle meistra skeisseteknikken. Maren og Inger Alise klarte seg også bra ;-)
Sjå også
" På isen med Sagvåg skule">>

13.02.02
Kritikk til Stord kommune

Utdanningsdirektøren i Hordaland, Kjellbjørg Lunde, er kritisk til den måten Stord kommune gjennomfører innsparingar i skulen.
Ein artikkelen i BT 11.februar kan tyda på at dei foreldra som har klage på vedtaket om inntil 10% reduksjon i tilbodet om spesialundervisning vil få medhald når saka vert anka til Utdanningsdirektøren. 

Les heile artikkelen i BT>>

12.02.02
Kva skal gamle Sagvåg skule
brukast til når me får ny skule?

Sagvåg Forum inviterer til møte i gymsalen ved Sagvåg skule TYSDAG 19.FEBRUAR kl 18:00 
Forumet vil kartlegga trongen for etterbruk av Sagvåg skule.

Nokre av ideane som er komne fram er desse:
- kunstlokale / handverk-verkstad
- allaktivitetshus
- samlingsstad for generasjons- fellesbruk

Invitasjonen er sendt frå leiaren i Sagvåg Forum Solveig Almås i brev datert 08.01.02
Les meir om den nye skulen>>

12.02.02
Biletkunst på Internett

Toril Bruket har laga ei Internettside med med lenkjer til kunstnarar og bilete. Desse sidene kan både elevar og lærarar nytta i samband med arbeid med Kunst & Handverk>>

Denne sida er ein del av satsinga på kunstfaga som heitte "Terpsikore". Frå før har me ei side som viser bruk av musikkfaget i L97. Denne planen vart i si tid laga av Anne Elisabeth Trevland.

06.02.02
Matematikkspel i 4.klasse

4.klasse spelar "9-kantspel" med gamle 10-øringar i matematikk- timane. 
Sjå bileta under.
[Klikk på dei dersom du vil sjå dei større]

4kl_matte1.jpg (71189 byte) 4kl_matte_2.jpg (89102 byte) 4kl_matte_3.jpg (71105 byte)

30.01.02
Alt for mykje søppel!

6.klasse er ikkje nøgd med medelevane!
Det ligg alt for mykje søppel rundt skulen. Hugs at det er klassane sjølve som har ryddedagar. Det er like greitt å kasta søpla i søppeldunken med ein gong.
I det siste har det vore spesielt mykje appelsinskal og epleskrottar!

 

Referat frå elevrådet

Her finn du referatet frå det siste møtet i elevrådet>>

 

28.01.02
   Astrid Lindgren er død.  

Forfattaren av bøkene om mellom anna Pippi, Emil og Marikken er død.
Ho døydde måndag 28.januar 94 år gamal.
Kanskje får du lyst til å lesa ei eller fleire bøker av Asrid Lindgren. Då skal du vita at me har 49 av bøkene hennar i skulebiblioteket vårt! 
[Klikk her>>] (Skriv Astrid Lindgren i forfattarfeltet og søk!)

Her kan du lesa meir om Astrid Lindgren:

 

26.01.02
UFO-brett og akebrett med ratt er forbode på Sagvåg skule!

 

I desse dagar er det svært populært å ta med akebrett på skulen. Det er sjølvsagt kjekt at elevane leikar i snøen, men for å unngå alvorlege ulukker må me be om at de ikkje tek med "UFO-brett" og heller ikkje store akebrett med ratt.

Me har berre ein liten bakke bak skulen som det er mogleg å aka i. Her kan det lett skje ulukker dersom 157 elevar skal leika med store akebrett, eller snurra nedover bakken med ufo-brett.
SFO hadde to UFO-brett. Desse har me no kasta
. Les meir om UFO-bretta>>

Bruk "rumpe-akebrett" eller plastposar!

 

25.01.02
Utegym i januar!

[Klikk på bileta for å sjå dei større]

Alle klassane har hatt utegym den siste veka under vinterlege tilhøve. Grunnen er at gymsalen vert pussa opp slik at han skal halda i tre år til.
Her er det 5.klasse som har det kjekt ute.

(Foto: Aasne)

Måndag 28.januar er
gymsalen klar til bruk igjen.

 

23.01.02
Flotte snøskulpturar

Det vert laga flotte snøskulpturar i friminutta. Skulpturane er så fine at det er dumt av dei vert øydelagt!

 
[Klikk på bileta for å sjå dei større]

(Alle foto: Kjell)

23.01.02
Har du gløymt noko?

Du har sikkert sett at det står korger med attgløymte klede i begge etasjane ved Sagvåg skule. Alt detter er klede som elevane har gøymt i løpet av hausten og vinteren!
Finn du noko som er ditt?

23.01.02
Gymsalen vert finare

No vert gymsalen finare. Rundt veggene var det etter kvart mange hol, og lause lister.
No vert det brystningspanel rundt heile salen og nye plater på "galleriet".
Så får me håpa at han held til ny skule i 2004!

Les meir om vedlikehald av Sagvåg skule HER>>

23.01.02
Frukt og mjølk

 
Av 157 elevar ved Sagvåg skule har 83 elevar mjølk og 114 elevar skulefrukt.

Dersom du angrar på at du ikkje tinga frukt eller mjølk er det endå ikkje for seint å tinga.
Du finn skjema for tinging her>>

23.01.02
Elevråd våren 2002
Det første møtet i elevrådet er på stillerommet måndag 28/1 kl 12:45
Saker:
Det me snakka om på møtet i desember>>
- Saker frå klassane
- Eventuelt

Med helsing: Gro

 

18.01.02
Reint og fint igjen!

Med god hjelp frå Ole Christian fekk me spylt rein veggen og vindauga til 3.klasse-rommet.
Det vår dårleg gjort av dei som  kasta søle på skulen vår!

Tusen takk til Ole Christian! Han brukte delar av fleksitida si på fredag til å spyla skulen rein med ein brannslange.

Med helsing:
Rektor

17.01.02
Utdanningsmessa 2002

 6.klasse var å plass på utdanningsmessa. På stand nr 55 viste 6.klasse fram animasjon og bilete frå eit prosjekt om arkitektur og husbygging.
Sjå meir >>

 

I Alle elevane i 6.klasse var med på standen i løpet av dei to dagane messa varte. Her er det Helge og Martin som viser fram prosjektarbeidet på stand 55

15.01.02
Skuleruta 2002/03 er klar
No er skuleruta for 2002/03 vedteken. I høve til høyringsutkastet er vinterferien flytta fram ei veke. Les meir>>

12.01.02
Utdanningsmessa 2002

Det er 6.klasse som representerer Sagvåg skule på den årlege utdanningsmessa. Onsdag 16.januar brakar det laus igjen.
 

  Utdanningsmessa 2002 på web>>
  Om Sagvåg skule på messa 2002>>
 
Sagvåg skule på messa 2001>>

I fjor var det "Eleven sitt val" som var tema for utstillinga til 6.klassingane ved Sagvåg skule

11.01.02
Lettare å få godkjent forsøk

Det skal bli lettare, og gå raskare, å få godkjent forsøk etter at UFD foreslår å la dei fylkeskommunale utdanningskontora godkjenna søknadar om forsøk frå kommunane.
I dag er det departementet (UFD) i Oslo som godkjenner alle forsøk. For vår del tok det over 6 månader frå me søkte til me hadde fått godkjent forsøket med fleksitid og kjernetid.
Les meir>>

11.01.02
Frå KUF til UFD

Kyrkje, utdannings- og forskningsdep. (KUF) har endra namn til Utdannings- og forskningsdep. (UFD) etter at Kulturdepartementet har overteke kyrkjesakene.

Også Norsk lærarlag er historie etter at Lærarforbundet og læralaget frå nyttår slo seg saman  og danna organisasjonen Utdanningsforbundet>>

09.01.02
Informasjon frå skulen

Det kjem til tider informasjons-skriv til heimen frå skulen. Desse skriva ligg i mappa til eleven saman med arbeidsplanen.
Det er viktig at de ser i mappa til eleven kvar dag slik at de finn informasjonen frå lærarane og skuleadministrasjonen.
Dersom de saknar "info-skriv" finn de dei fleste
HER>>


07.01.02
Stramt skulebudsjett 2002

Kommunestyret har vedteke eit stramt budsjett for Stordskulane for 2002. Budsjettet stiller så store krav til innsparing at kommunestyret har løyvd midlar til omstilling for våren 2002 for å unngå oppseiingar av tilsette midt i skuleårat.
Våren 2002 må skulane likevel gjennomføra tiltak som vil føra til eit reduksert tilbod for elevane.
Det kjem eige skriv til heimen om desse tiltaka om nokre dagar.


03.01.02
Ingen prisauke i SFO ved Sagvåg skule
Det vert ingen prisauke på SFO-tilbodet ved Sagvåg skule frå årsskiftet.
Kommunestyret vedtok i desember at prisen for heil plass skulle aukast frå kr 1300,- til kr 1500,- pr. månad.
Ved Sagvåg skule gjennomfører me skuleåret 2001/02 eit forsøk med meir fleksibel bruk av tilbodet. Dette har også ført til at prisen for heil plass dette skuleåret har vore 1400,-

Me har framleis nokre ledige plassar i SFO. De finn søkjeskjema HER>>