Arkivet våren 2001

Sjå også arkivoversikta>>

Boksal 
I samband med sommarfesten 2001 vart det lagt ut ei rekkje gamle lærebøker for sal. 
Bøkene vart selde for kr 5,- pr. stk, og salet gjekk strykande.  På sommarfesten var det nok ein del foreldre som fann eksemplar av dei bøkene dei sjølv hadde nytta på skulen. Elevane fekk dei siste skuledagane ta med seg bøker gratis. 
  Talentiaden 2001 

Fredag 15.juni vart TALENTIADEN 2001 arrangert ved Sagvåg skule. 
I år vart det konkurrert i tre kategoriar, og etter avstemning blant alle elevane vart det kåra ein vinnarar i kvar kategori.
På SOMMARFESTEN  vert mange av innslaga frå "Talentiaden" vist for foreldra.


Sjå meir her»

ALLE ER VELKOMNE TIL 
SOMMARFESTEN 2001 
ONSDAG 20.JUNI kl 17:00-18:30

5.klasse til Tittelsnes 

7.og 8.juni var 5.klasse på tur til Tittelsnes. Egil har lagt ut bilete frå turen på heimesida til klassen. 
Les meir der»

 

 

 

"Nordsjøen rundt"  Sjå bileta>>

Måndag 11.juni var elevar frå 5.-6.- og 7.klasse med i sykkelstafetten som går rundt heile Nordsjøen.
Stafetten kom til Sagvåg skule kl 09:35 , og heldt fram til Petarteigen der Sælevik skule overtok stafettpinnen. Alle elevane var flinke og forsiktige langs den farlege vegstrekninga. 

Les meir her:
 
http://www.northsea-cycle.com/NORSK/lande_index_no.html

juni 2001
"Nordsjøen rundt" 

Måndag 11.juni er elevar frå 5.-6.- og 7.klasse med i sykkelstafetten som går rundt heile Nordsjøen.
Les meir her:
 
http://www.northsea-cycle.com/NORSK/lande_index_no.html

kl 09:35 Stafetten kjem til Sagvåg skule 
kl 09:45 Stafetten forlet Sagvåg skule
kl 10:15 Sælevik skule overtek på Petarteigen.

Hugs sykkelhjelm, alle skal sykla bak fylgjebilane!

Hugs det du lærte under sykkelkampanjen i haust!


Klikk på biletet for å sjå det større>>

Onsdag 30.mai var det  aktivitetsdag ved Sagvåg skule.
  I år var det 4.klasse som vann stafetten. GRATULERER!

Elles såg resultatlista slik ut:
2.plass: 6.klasse
3.plass: 3.klasse
4.plass: lærarane
5.plass: 7.klasse
6.plass: 2.klasse
7.plass: 1.klasse

(Klassane startar med 3 sekund mellomrom.)

Når du er så heldig å vera elev ved Sagvåg skule er aktivitets- dagen berre ein av mange kjekke skuledagar med ulike aktivitetar i løpet av skuleåret. 
Hugsar du:
Skidagen, fjellturen, båttur, leirskule (7.kl), utdanningsmessa (6.kl),...... ?

Les meir om aktivitetsdagen her»

Førskuledagar
Tysdag 22.mai og onsdag 23.mai var det førskuledagar ved Sagvåg skule. Då fekk 1.klasse/førskule 2001/02 koma på vitjing til skulen vår. Det er 5.klasse som er fadrar til dei nye elevane.
Her er heile gjengen samla.

Sjå større versjon av biletet her»

 

Mai 2001

På båttur
Her er nokre glimt frå den siste båtturen som Laila og Arild hadde saman med  elevar frå skulen vår. Litt av ein tur....

 


 Sjå større versjon av biletet her»

 

Mai 2001

"Talentianden 2001"

Onsdag 20.juni er det SOMMARFEST 2001 ! 
Du trur kanskje det er lenge til juni, men før du veit ordet av det er sommaren her! 
Kva er  "Talentiaden"?
- Det er det Grand Prix- arrangementet me alltid arrangerer før sommarfesten. I år vonar me at flest mogleg vågar å opptre "live", og at det vert færre som mimar etter ferdig innspelt musikk og song. Det er kanskje på tide å planlegga øvingar......

Fredag 15.juni er det Grand Prix, TALENTIADE ! :-)

Lykke til !

Mai 2001

Her er den 
nye Sagvåg skule !!



Nei, personalet ved Sagvåg skule har nok ikkje reist i tid og sett den nye skulen som skal stå klar i Rukjen  til skulestart hausten 2004.
 
Me har derimot vore på vitjing på Meling- og Svortland skule på Bømlo. Det er to fine skular som vart bygde i fjor.
Det var mange gode idear å henta for oss som er i full gang med planlegginga av ny skule i Sagvåg. 
Fredag 11.mai er det møte på Sagvåg skule mellom Kjell Nesbø og prosjektgruppa for den nye skulen. Sjå fleire bilete her» 

April 2001
Friluftsliv......

Fredag 27.april vart den årlege fjellturen saman med Litlabø skule avvikla. Dette året vart turen gjennomført i skiftande ver, og med skiftande humør :-) 
Sjå fleire bilete frå turen her»
April 2001
Turdag med Litlabø skule

Biletet er henta frå turdagen våren 1999
Fredag 27. april er det tid for den årlege turdagen med Litlabø skule. 
Kvar klasse har fått informasjon på vekeplanen om turen. 

 


April 2001
Kjekk teaterkveld!

Det vart ein kjekk teaterkveld tysdag 3.april. 
Alle elevane var kjempe- flinke ! 
Seinare kjem det fleire bilete frå kvelden på heimesida til skulen vår.

 

Her er det elevane i 2.klasse som dramatiserar
 "Dei tre Bukkane Bruse".

April 2001
Synfaring 

med arkitektar i Rukjen 

Torsdag 5.mars var det synfaring i Rukjen.
Då fristen gjekk ut hadde 17 ulike firma gjeve skriftleg tilbod, av desse gjekk fem "til finalen"
Me har laga peikar til dei som har heimeside på Internett.

 April 2001

Første skuledag etter påske er tysdag 17.april.
For dei elevane som har utvida plass i SFO er tilbodet ope  måndag 9/4, tysdag 10/4 og onsdag 11/4 

 

Mars 2001

1. og 2. klasse har felles turdag kvar  onsdag.
Den 21. mars gjekk turen til skogen  nedanfor Nysæter kyrkje. Veret var
flott, og me koste oss med lappa- kaker  som me steikte over bålet. Dei smakte kjempegodt!!

(Tekst & foto: Kari Myhre)

 

 Mars 2001

Måndag19.mars hadde Sagvåg skulekor den første øvinga. Fram mot  teaterframsyninga tysdag 3.april kjem det til å bli mange øvingar for medlemmene i skulekoret. 

Mars 2001
Bruk skulebiblioteket !!  ;-)
Her er det Kristian i 7.klasse som er i full gang med registrering av innleverte bøker.
Med god hjelp frå dei store elevane held Annbjørg god orden i skulebiblioteket. I det siste er det kjøpt inn mange nye bøker. 

 Klikk her og finn deg ei bok: 

Mars 2001
Ikkje fleksitid endå.... 
Me kjem diverre ikkje i gang med fleksitid 19.mars.  

Me har ikkje fått svar på søknaden vår frå Statens utdanningskontor i Hordaland, då må me nok venta .....
[LES MEIR>>]
Mars 2001
Eventyr i 1.klasse 
Eventyr er tema i 1.klasse for tida. Fram til mot påske kjem alle klassane til å arbeida med dette temaet i samband med ei stor teateroppseninga TYSDAG 3.APRIL. Då vert det ei "eventyrleg" teaterframsyning på kveldstid i Samfunnshuset. 
GLED DEG!
LES"Småguten som traff rolla på Hedalsskogen">>
HER finn du fleire eventyr>>


PS! Den fine teikninga av eitt av trolla i Heddalskogen er det Kristin i 1.klasse som har laga!

 

Mars 2001
Nye datamaskinar

Med fem nye datamaskinar  på datarommet bør arbeidet gå raskt ! 

Det har den siste tida vore ein del feil på datasambandet, men no er dette ordna. Med heilt nye datamaskinar og breiband til Internett nyttar det ikkje å skulda på utstyret om arbeidet går tregt ....  :-)

 

Mars 2001

Dette året vart skidagen lagt til den siste dagen før vinterferien. Med fire bussar gjekk turen til fjellet og Lundastøl. Det såg ut til at alle hadde ein fin dag i fjellet. 

På veg heim var det eit lite trafikkuhell der ein personbil sklei inn i bussen som var på veg til Petterteig. Det var heilt udramatisk i følgje trafikkleiaren i HSD, og alle ungane kom seg heim med denne bussen. 
Det er sikkert også mange som lurer på korleis det gjekk med Olav i første som skada seg i akebakken. Eg kan fortelja at han diverre har knekt kragebeinet. God betring til deg Olav!
Og til alle de andre: GOD VINTERFERIE! 

[SJÅ BILETA FRÅ SKIDAGEN HER>>]

Med helsing:
Rektor og alle tilsette ved Sagvåg skule!

februar 2001
Nytt frå ELEVRÅDET
Prøveordninga med sukkerfri tyggis og bruk av mobiltelefon vert forlenga  ut skuleåret, men ikkje alle får lov til å ha med mobiltelefon på skulen. [LES MEIR]
Les nokre argument for og mot tyggis og mobiltelefon på skulen: 
Om tyggis på skulen
Om bruk av mobiltelefon på skulen
Gratis mobiltelefon til alle i 6.klasse!
Mobilforbod for barn?
Mobilforbod på skulen
Trur alle får mobilforbod
februar 2001
Fleksitid

I desse dagar vert det arbeidd med ei omorganisering av skuledagen. Me ynskjer å gje eit utvida skuletilbod med meir rom for individuell læring.
[LES MEIR]
februar 2001
Lekser.no

På lekser.no finn du mykje bra skulestoff.
februar 2001

Endå eit steg 
 
mot ny Sagvåg skule i Rukjen 

I "Sunnhordland" 14.februar hadde Stord kommune inne ei annonse om "Begrensa prosjektkonkurrane" 
[LES MEIR]

februar 2001

På utdanningsmessa med 6.klasse 

Torsdag 8.februar representerte 6.klasse Sagvåg skule på utdanningmessa 2001.
[LES MEIR]

 

 

februar 2001
"Sagvåg skule-kalenderen"
Sagvåg skule-kalenderen viser nokre av dei planane me har for dette skuleåret. Du finn også skuleruta for 2001/02.
Planen er lagt ut på nettet i Word-format. Meld frå dersom du har problem med å lesa desse dokumenta.
(Det tek omlag 20 sek å opna kvar kalender.)
våren 2001[97kB]
hausten 2001
[97kB]
våren 2002
[97kB]
februar 2001

Skuleruta 2001/2002  

Skuleruta for skuleåret 2001/02 er vedteken.
Du finn ho her>>

februar 2001

Visste du at Sagvåg skule hadde eige museum?
Med økonomisk støtte frå Stord kommune er me i full gang med å registrera skulehistorisk materiell på loftet på skulen.
På loftet er det store mengder med utstyr og plansjer frå over 60 år med skule i dette bygget. Når det no går mot ny skule i Rukjen er det viktig å ta vare på det som er av historisk interesse. Velkomen til Sagvåg skule Web-museum>>

-

februar 2001

Den vedtekne skuleruta for skuleåret 2001/02

2001 hending elevdagar
August

Torsdag 16.

Skulestart 12 dagar
September
20 dagar
Oktober

Onsdag 10. - Fredag 12.

Haustferie 20 dagar
November

Torsdag 8.- Fredag 9.

Elevfri/ kursdag 20 dagar
Desember

Torsdag 20.

Siste skuledag f.jul 14 dagar
2002
Januar

Torsdag 3.

Skulestart etter jul 21 dagar
Februar

Fredag 1.

Elevfri/ kursdag

Måndag 25. >>

Vinterferie>> 15 dagar
Mars
>> Fredag 1. >>Vinterferie

Måndag 25.

Påskeferie>> 15 dagar
April

Tysdag 2.

>>Skulestart e.påske 21 dagar
Mai

Onsdag 1.

Offentleg høgtidsdag

Torsdag 9.

Kristi himmelfartsdag

Fredag 10.

Elevfri

Fredag 17.

Offentleg høgtidsdag

Måndag 20.

2.pinsedag
Tysdag 21. Skulestart etter pinse 18 dagar

Juni

Torsdag 20.

Siste skuledag 14 dagar
Sum elevdagar: 190 dagar

Atle Bjørn Mæhle
- komm.sjef -

Marianne Ankervold
-merkantil sekretær-

Framlegg til dagar i utvida brukarår i SFO skuleåret 2001/02

Månad:

Dato(ar):

Sum dagar:

Oktober

11. og 12.

2

November

8. og 9.

2

Desember

27.og 28.

2

Januar

2.

1

Februar

1., 18., 19., 20., 21.og 22.

6

Mars

25., 26. og 27.

3

April

 

0

Mai

10.

1

 

 

Endeleg skeisedag igjen!
Det er fire år sidan me sist kunne arrangera skeisedag, men måndag  22.januar var alle borna ved Sagvåg skule med på isen. Det var nydeleg vintervèr med sol frå skyfri himmel.....

Sjå nokre bileta frå dagen her:  
- -   -  

Heimkunnskap 6.klasse. Baking. 

Elevane er fornøgde med resultatet: Rundstykka vart fin og smaka godt med ost og syltetøy til.
Sjå fleire bilete frå kjøkenet: 1 2 3 4 5 6

Tekst & foto:Annbjørg Luggenes

Har du registert deg?
A
lle elevane i 4.-7.klassse bør registerea seg i skolepost. Meld frå om den nye adressa di til rektor lars@skolepost.ls.no 

1.) Registrer deg her>>

2.) Etter at du har registrert deg kan du flytta den gamle e-posten din til den nye postkassen din her>>

LYKKE TIL!

PS! 
Med breiband har no Sagvåg skule lynrask Internett!