Oppdatert 03.01.2023 
HAUST 2022   Arkivet 
Desember  2022  



GOD JUL!
Fredag 16. desember 2022

Det vart koseleg juleavslutning i amfiet i dag. Spesielt takk til Leni som var gjesteartist. Også takk til dansarane frå 7. klasse og alle andre som var med på juleshowet vårt :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig & Lars Bakka


Julefrukost
Torsdag 15. desember 2022

Etter juletregang var det tid for julefrukost. Det er kjekt at over 150 elevar kan ha eit koseleg og roleg måltid saman i gymsalen. Mnge kom etterpå bort og takka fint for maten.

Tekst & foto: Lars Bakka


Juletregang
Torsdag 15. desember 2022

Torsdag morgon starta dagen med juletregang ute på skuleplassen i måneskin og gnistrande vintervêr.

Tekst & foto: Lars Bakka

Juleverkstad
Onsdag 14. desember 2022

I dag var det tid for juleverkstad på skulen vår med ulike aktivitetar både inne og ute.


Tekst: Lars Bakka  Foto: Laila Gjøsæter & Liljan Vestbøstad Waage



Endå ein morgon med aking
Onsdag 14. desember 2022

Det er kjekt at så mange elevar startar dagen i akebakken.

Tekst & foto: Lars Bakka


Lucia
Tysdag 13. desember 2022

I dag gjekk 1. klasse Luciatog gjennom skulen. Det vart ein stemningsfull desembermorgon.

Tekst: Lars Bakka Foto: Liljan Vestbøstad Waage

Den tredje adventsamlinga
Fredag 9. desember 2022

Lucia med 1. klasse og flott song frå 6. klasse var innhaldet i adventsamlinga denne fredagen. Det var mange flinke elevar på scenen og god julestemning. Det er kjekt at så mange tek seg tid til å vera med på samlinga.

Tekst & foto: Lars Bakka


Vintermorgon
Fredag 12. desember 2022

Endå ein flott vintermorgon med nysnø og flotte forhold i akebakken.

Tekst & foto: Lars Bakka



Fjerde og femte klasse på tur til Hustrudalen
Torsdag 8. desember 2022

[Tekst kjem]

Foto: Laila Gjøsæter




Snart er alt klart for symjeopplæring i Nysæterbassenget
Torsdag 8. adesember 2022

I dag var det tid for kurs for oss som skal nytta Nysæterbassenget. Me fekk ein teknisk gjennomgang av eit flott basseng mellom anna med hev/senk-botn.  Me håpar at vår fyrste symjedag vert måndag 9. januar.
Etter opplæringa i bassenget vart det tid til ei omvising på den nye flotte skule. Takk til Øystein L Onarheim for kjekk runde.
Her finn du mange bilete frå rundturen.

Tekst & foto: Lars Bakka



Havregraut kvar dag
Torsdag 8. desember 2022

Graut til 6. og 7. klasse! I dag er det desse to elevane som rører i grautgryta til elevane på storskulen
🤗

Tekst & foto: Hildegunn Sæbo Heimro

BitBot  
Onsdag 7. desember 2022

Det var veldig stort engasjement i 4. klasse då dei fekk programmere robotbilane.  Elevane kunne kode etter ein oppgåve eller finne ut av alt sjølv. Dei laga mønster ogla til lydar. Bilane lyste opp og køyrde i ulike retningar.  

Tekst & foto: Åshild Giving




Avslutningsfest for Kjell
Tysdag 6. desember 2022

Kjell Ove Byrknes går no inn i den siste veka som lærar ved Sagvåg skule. Han har vore tilsett ved skulen vår heilt sidan 1990, og vert no pensjonist. Det vart både blomar og fin biletgåve frå kollegiet.

Elles vart både 50- og 60 åring feira :-)
 
....og her er nokre bilete frå arbeidsdagen til Kjell ved Sagvåg skule


Tekst: Lars Bakka  Foto Ingrid Kvernenes Misje & Lars Bakka


Havregraut er sunt og godt
Måndag 5. desember 2022

I dag fekk heile småskulen servert ein smaksprøve på Beate sin havregraut, den er kjempegod! Elevane i 1.  til 4. klasse åt to digre panner med graut.
I morgon er det storskulen som får servering. Målet er at me skal få til ei fast ordning med servering av havregraut i matpausen. No først må me prøva ut konseptet. Me har uansett ikkje kapasitet til å servera alle elevane kvar dag...men noko skal me nok få til no i desember og kanskje utover våren....



Tekst Lars Bakka Foto: Egil Petterteig



Den andre adventsamlinga
Fredag 2. desember 2022

Det var elevane i 3.-4. og 5. klasse som stod på scenen under adventsamlinga i dag. Med song dans og teater så vert dette ein minnerik samling....spesielt for rektor!


Tekst & foto: Lars Bakka


Nisserapport frå 1. klasse
1. desember 2022
Nissen hadde spist grauten. Fatet var nesten heilt tomt. Han hadde svart på spørsmåla våre også, for han hadde skrive brev til oss. Han bur i Nord-Noreg eller på Nordpolen, men har hytte i Stokken. Me fekk pepparkaker av han. Stakkars nissen som hadde gløymt lua si. 
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
 
November 2022  

Førjulstid i 2. klasse
Tysdag 29. november 2022

I dag har me i 2. klasse hatt besøk av studenten vår, Marit. Saman med Marit har me førebudd oss til jul med aktivitetar både inne og ute.

Tekst & foto: Lene T Almås



I går fekk 1. klasse brev frå nissen
Fredag 25. november 2022

Julenissen skreiv at han skulle komme forbi Vikanes for å samle inn juleønske. Me måtte skunde oss å skrive julebrev som me kunne levere i dag. Det var mange ynskje, både snø og lego. No er både brev og graut klar, og nissen kan komme akkurat når han vil. 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Adventsamling med 2. og 7. klasse
Fredag 25. november 2022

Med god hjelp frå elevane i 2. og 7. klasse fekk me i dag tidleg oppleva den første adventsamlinga i år. Det vert ekstra triveleg når så mange foreldre tek seg tid til å vera med oss den halvtimen samlinga varer. Neste fredag er det 3.-4.- og 5. klasse som står på scenen.



Tekst & foto: Lars Bakka


Volleyball
Måndag 21. november 2022

I dag var det tid for volleyball med ballongar og vanleg ball i gymmen.

Tekst & foto: Lars Bakka




Gitarkurs del 1
Fredag 18. november 2022

Fredag var det tid for det første gitarkurset for 1. klasse. Fader Jakob med stødig rytme stod på programmet i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka

Kor stor er ein kvadratcentimeter og ein kvadratmeter? 
Onsdag 16. november 2022

Elevane har laga kvadratcentimeter, som blei til mange ulike figurar. No skal me etter kvart presentere dei og finne ut kor stort flateinnhaldet er. 4. klasse har også undersøkt kor mange elevar det er plass til i 1m. Deretter skulle dei finne ut kor mange det var plass til i 2m. Det var eit godt samarbeid. 

Tekst & foto: Åshild Giving


Koseleg morgontradisjon
Tysdag 15. november 2022

Kvar morgon møtes nokre elevar ein halv time før skulestart til litt fotball i ballbingen. Det er blitt ein koseleg tradisjon der fleire og fleire vert med fram mot skulestart kl 08.30

Tekst & foto: Lars Bakka

Falturiltu
Fredag 11. november 2022

I samband med Falturiltu, var 1. klasse heldige og fekk seg ein busstur til Litlabø. Der i gruvehagen fekk me helsa på Storemonster og Veslemonster, dramatisert av forfattar Adele Lærum Duus. Veldig kjekt for både store og små!

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


Dinosaurar i 3. klasse
Torsdag 10. november 2022

I 3.klasse har me jobba litt med tidslinja i samfunnsfag og naturfag. Her er mykje spennande å læra om. Me har lært om tida når dinosaurane levde - overgangen til istid, steinalder og bronsealder. I kunst og handtverk laga me i dag små dinosaurar som klekka ut av egga sine. Vart mange fine små dinosaurar i egg.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


«Eg har aldri følt meg så sterk!» Ella.
Onsdag 11. november 2022 4. klasse fekk utfordra styrke, samarbeid og kreativitet i kroppsøvingstimen på onsdag. Eit gamalt gulvteppe, klippa opp i bitar, fungerte utmerka som eit framkomstmiddel! Lattermusklane vart også trent.

Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland

Me i 6. klasse syns me er nokre heldiggrisar!
Onsdag 9. november 2022

I dag har me hatt besøk av sjølvaste Maria Parr som har skrive bøkene Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og Havet - tre bøker me har lese saman i klassen opp gjennom åra. Det var kjempespanande å høyre ho lese frå eiga bok, og etter tre kapittel vart ho litt på låtten sjølv over kor mykje det vart. Ikkje rart det når klassen sit musestille og berre lyttar! Me vaksne er veldig stolte over elevane våre som er så flinke til å ta i mot besøk!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Lesekvart
Onsdag 9. november 2022
Småskulen er i gong med leseveker, og i 1. klasse kosar me oss med bøker første kvarteret etter mat. Ei fin stund, der elevane les åleine eller saman, nett der dei vil i klasserommet.
Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


"Vennskap som varer for alltid"
Tysdag 8. november 2022

I dag har me hatt kjekk konsert,, med tema "Vennskap som varer for alltid". Det var Marit Hætta Øverli, Klemet Buljo og Snorre Bjerck, som spela og joika for og med oss. Me fekk læra litt samisk, litt om joik, og elevane var med både på joik og dans. Ei fin oppleving med musikk som me ikkje høyrer så mykje av til vanlig.

Tekst & foto: Egil Petterteig


Faltiriltu - Forfattarbesøk📚
Måndag 7. november 2022

I dag hadde 2. og 3. klasse besøk av forfattar Vegard Markus. Han fortalde om å vera forfattar, song, las frå bøkene sine og laga ein kul fantasiteikning basert på idear frå elevane. Tusen takk for kjekt besøk🤗

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


Grupper på tvers
Fredag 4. november 2022

Elevane på mellomsteget har spelegrupper på tvers av klassane. Det fungerer fint. Dei lærer av kvarandre og blir betre kjent med kvarandre.

Tekst & foto: Kjell Byrknes



Skummel vekesamling
Fredag 4. november 2022
 
Flinke elevar i 4. klasse gav oss ein skummel slutt på veka på vekesamlinga i dag. De hadde ei flott  teaterframsyning for oss på engelsk.

Tekst & foto: Lars Bakka


Matematikk i 4.klasse.
Torsdag 3. november 2022

Kor høg er pyramiden? Kor langt er det rundt eit tre? Dette og mykje anna måtte me ut og undersøkje på onsdag i matematikk timen.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter


(Tekst kjem)



Cricket i 5. klasse
Onsdag 2. november 2022

I dag har 5. klasse hatt besøk av Stord Cricket klubb. Ivrige elevar fekk testa ut både utstyr og spel på banen.

Tekst & foto: Anne Brit Holm




Nye lys i ballbingen
Onsdag 2. november 2022

Det er alltid ein heil gjeng som møter på skulen klokka åtte for å spela fotball i ballbingen fram til skulestart. De er stor stas at me har fått nye led-lys!

Tekst & foto: Lars Bakka


Elektrisitet i 7. klasse
Tysdag 1. november 2022

I dag har 7. klasse jobba med elektrisitet og lært om leiarar og isolatorar.


Tekst & foto: Erlend Thoresen
 
Oktober 2022  


Halloween i 3. klasse
Måndag 31. oktober 2022

I dag har 3.klasse hatt Halloweendag. Me har jobba med skulefag med tema Halloween. Det var mange fine kostymer og me leste i frå Roald Dahl si bok «Heksene». Me tør ikkje lesa heile boka heilt enno - den er litt skummel ! Ein veldig kjekk dag saman med kjekke 3.klassingar.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Vekesamling
Fredag 28. oktober 2022

Alle elevane har skrive brev til rektor om korleis dei har det på skulen. Dei som ville kunne vera anonyme. Det er kjekt å lesa at så mange likar seg på skulen, dei som har skrive noko som ikje er så greitt vil me prøva å hjelpa med å få det betre på skulen. Det neste vekeoppdraget er ein del av dette arbeidet. Sjå film her>>
Vekesamlinga starta med flott songstund med 7. klasse.



Tekst & foto: Lars Bakka
Ein liten film om eit anna viktig tema:




Tøffe 1. klassingar!
Fredag 28. oktober 2022

I dag var det tid for fallskjermhopping utan fallskjerm for dristige 1. klassingar.

Tekst & foto: Lars Bakka

Morgonstemning
Fredag 28. oktober 2022

I dag tidleg var det framleis mørkt klokka 08.00 og tett tåke. Det er flott at så mange har refleksvest og lys på sykkelen.


Tekst & foto: Lars Bakka

Halloween fest på SFO
🎃
Månddag 27. oktober 2022

Hallovenn fest på SFO!  Med kreativiteten på topp, har små og store kosa seg med å lage forskjellig pynt i forkant. Sjølve dagen var det nokre som hadde kledd seg ut, og nokre fekk ansiktsmaling🦋 Til lunsj fekk me servert skumle fingrer, levande gelé og me måtte drikke slim. Avslutta med danseleiken i gymsalen, der alle fekk «glowsticks». Stor stas.


Foto: Liljan Vestbøstad Waage


Kartleggingsprøvar
Tysdag 25. oktober 2022

3.klasse har jobba seg gjennom nasjonal kartleggingsprøve i rekning og lesing. Det krev ro og konsentrasjon og elevane i 3.klasse har vore kjempeflinke !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Open dag på Sagvåg skule
Fredag 21. oktober 2022

 Det er alltid like kjekt å ynskja velkomen til open dag ved skulen vår. I år var det TV-aksjonen og "Leger utan grenser" elevane gjorde ein innsats for. Til slutt var parkeringskapasiteten nesten heilt full, men alle fekk plass! Oppteljinga viser at me kan overføra heile kr 55.449,- til TV-aksjonen 2022

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM KOM!

Tekst: Lars Bakka Foto: Laila Gjøsæter, Egil Petterteig og Lare Bakka




2. klasse klar for Open dag
Tysdag 18. oktober 2022

2. klasse førebur seg til open dag på skulen. Dei lagar blant anna kjeks, armbånd og bokmerker som dei skal selja denne dagen. Dei gler seg og håpar mange tek turen til skulen vår på fredag😊

Tekst & foto: Lene T Almås


Over 200 år gamal

Måndag 17. oktober 2022

I haustferien var grøntavdelinga innom Sagvåg skule for å fella den stor furua ved parkeringsplassen. Det vart både kvae og barnåler på bilane som stod under denne. Furua var over 200 år gamal, men no vert ho til ved på Sæbø gard.

Tekst: Lars Bakka Foto: Aslaug Torget





Mellomsteget
Fredag 7. oktober 2022

[Tekst kjem]

Foto: Ingrid Kvernenes Minje OG Erlend Thoresen



Vekesamling
Fredag 7. oktober  2022

I dag var det endeleg elevane i 1. klasse sin tur til å gje oss kulturinnslaget. Alle klassane hadde jobba godt med vekeoppdraget om å inkludera alle. Etter haustferien er det tid for vekeoppdrag knytt til TV-aksjonen og Open dag ved Sagvåg skule.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig


Blyantgjengen
Fredag 7. oktober 2022

Gjenbruk er eit godt miljøtiltak. Fram til jul vert det ikkje delt ut nye blyantar ved Sagvåg skule, me spissar dei me har og bruker dei til dei er heilt oppbrukt :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


Sjuke bamsar i 1. klasse

Torsdag 6. oktober 2022
Det var mange pasientar i 1. klasse i dag. Heldigvis hadde vi både legar, apotek og sjukepleiarar som tok var på bamsane. 
Tekst: Anne Elisabeth Trevland



Pappvev i 3. klasse
Torsdag 6. oktober 2022

I 3.klasse held me på med pappvev, og det er ein liten prøve på å halda ut og forstå at eit arbeid ikkje vert ferdig med ein gong. No begynner det å dukka opp mange fine arbeid og to stykker er til og med ferdig. Her kjem det fram mange fine og fargerike ugler etter kvart - kvar og ein med sitt særpreg.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Catana i 4. klasse
Torsdag 6. oktober 2022

Mathea har vore fantastisk flink til å lære klassen brettspelet Catan. Her var det mange nye reglar og ho var kjempeflink til å forklare kva for strategiar som man kunne nytte for å få flest poeng.  

Tekst Åshild Giving Foto: Laila Gjøsæter


Uteskule med 1. klasse
Torsdag 6. oktober 2022
I dag har 1. klasse hatt ulike stasjonar ute i regnveret. Me fann ting i naturen og leika kjekke leikar, der me fekk øvd oss både på teljing, forteljing og å hugsa kva me hadde sett.



Foto: Jenny Sætre Skjønberg


Kjekke stasjonar saman med studentane😊🇳🇴🔢🇬🇧
Torsdag 6. oktober 2022


Tekst & foto: Hildegunn Heimro



Uteskule
Tysdag 4. oktober 2022

2. klasse har hatt uteskule i dag. Me har laga mønster med naturmaterialer og forska på småkryp. Kjekke aktivitetar med dei kjekke studentane våre.

Tekst & foto: Lene T Almås


Besøk i 1. klasse
Tysdag 4. oktober 2022
I dag har 1. klasse hatt spennande besøk av lesefyren Bengt, som kunne fortelja at nokre bokstavar hadde vorte stolne. Med hjelp frå detektiv Brigt, var elevane ivrige etterforskarar, og ved å følgja spor og sjå på kart, vart heldigvis alle bokstavane funne att. Det viste seg at bokstavtjuven hadde mista bokstavane rundt omkring både inne og ute, og til slutt kom han faktisk tilbake for å fortelja kvifor han hadde teke dei. Han var rett og slett misunneleg på 1. klassingane, som hadde lært alle desse bokstavane. 
Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg



Landhockey i gymmen
Måndag 3. oktober 2022

Måndag var det landhockey som stod på programmet i gymmen. Stor aktivitet og det vart tid til både trening og ei miniturnering.

Tekst & foto: Lars Bakka
 
September 2022  

Matematikkstasjonar i 1. klasse
Fredag 30. september 2022
Elevane i 1. klasse har blitt veldig flinke til å arbeide på stasjonar. I dag var det Bingo, Salaby, Yatzy og modellkitthår som stod på menyen.
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Ein flott haustdag!
Fredag 30. september 2022

2. klasse har vore på tur saman med studentane til Hustrudalen Gapahuk. Der leita me etter småkryp, grilla pølser og leika. Det er kjekt å ha studentar 😊

Tekst & foto: Hildeguss Sæbø Heimro


Feiring i 5. klasse
Fredag 30. september 2022

I dag har 5.klasse feira at dei har gjennomført alle dei 3 nasjonale prøvane! Dei har laga vårrullar og eplekaker, og begge deler smakte veldig godt. Elevane var flinke både til å lesa oppskrifter og laga mat. Etterpå rydda og vaska dei fint etter seg. 

Tekst: Kari Myhre Foto: Kari Myhre & Anne Brit Holm

Meitemark i 3. klasse
Fredag 30. september 2022

I dag har 3. klasse forska litt på meitemark. Og i 3.klasse veit dei no faktisk kva som er framme og bak på ein mark. Dei kan sjå kvar hovudet på marken er og om det er ei ho eller ein han. Kan du det ? Ikkje det ? Då kan du høyra med ekspertane i 3.klasse om dei vil gje deg eit lite kurs.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Vaksine i 6. klasse
Torsdag 29. september 2022

I dag fekk 6. klasse vaksine mot meslingar, røde hundar og kusma. Mariann fra Tjødnalio var med for HMS. Det er faktisk slik at det døyr 120.000  av meslingar kvart år i verda, dei fleste er barn. Sjå film om vaksineringa her>>

Tekst : Ingrid Digernes Foto: Lars Bakka


Elevrådet
Torsdag 29. september 2022

No finn alle elevar og tilsette referata frå elevrådet i Teams

Tekst & foto: Egil Petterteig



Beintøft
Torsdag 29. september 2022

Beintøft går mot slutten og 6. klasse er ute å gjer oppdrag for miljøet.

Tekst & foto: Simen Grov


Heimelaga fiskepinner i wraps og eple m/kanel til dessert.
Onsdag 18. september 2022

På vår SFO har me det godt. Med god hjelp på morgonen starta me med å forberede maten. Kilovis med fisk blei dandert og steikt, å jammen meg vart det nesten tomt! Dette falt i smak, og eg lova å leggja ved oppskrifta. https://sfo.matjungelen.no/recipes/knasende-spro-fiskepinner/
Ps: (glutenfrie) cornflakes funka fint og.så.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Å lesa er superviktig både heime og på skulen.
Tysdag 29. september 2022

Det å skapa leseglede er ei viktig oppgåve for både vaksne på skulen og heime. Elevane i 3.klasse likar veldig godt å lesa, både å lesa høgt og aleina.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Kjekke aktivitetar for dei store i SFO
Måndag 21. september 2022

I dag utforska "seniorgruppa" i SFO, 3. og 4. klassingane, VR-briller og bandrommet .

Tekst & foto: Betate M Føyen



Den internasjonale teiknspråkdagen
Fredag 23. september 2022
Sagvåg skule markerar sjølvsagt denne dagen med ekstra fokus på teiknspråk på vekesamlinga, i klassane og på tvers av klassane. Me sang Kom kom Kompiss med teikn, me fekk eit felles oppdrag på småskulen og storskulen. Oppdraget gjekk ut på at alle elevane fekk utdelt eitt teikn på ein lapp. Det teiknet var det nokon andre som også fekk. Målet er at elevane kan sitt teikn og samstundes leita etter den personen som har fått same teikn. På den måten vil dei også læra seg mange andre teikn.
Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland

Fine bokmerke
Torsdag 22. september 2022

3.klasse bur seg til Falturiltu og litteraturfestival. Me har fått mange kjekke bøker frå biblioteket og me har laga ugle bokmerker som me brukar når me les.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Rekning med kongler
Måndag 19. september 2022

Rekning med kongler ute 3.klasse har i dag hatt matematikk undervisning ute. Det vart laga reknestykker ved hjelp av kongler frå skogen.

Test: Anne Sissel Mugaas  Foto : Ingvild Fjell

Dei nye lærarane
Tysdag 20. september 2022

Kjekke elevar i 7. klasse er lærarar for 3. klassingane. Elevane fårmopplæring i pårogrammering ved hlep av Blue Bot-robotane våre.

Tekst & foto: Lars Bakka

Nasjonale prøvar
Tysdag 20. september 2022

I dag gennomføre 5. klassingane ein av tre Nasjonale prøvar. I dag var det matematikk som stod på progremmet. På torsdag er det lesing og neste ysdag er det engelskprøve.

Tekst & foto: Lars Bakka



Kast ballen!
Måndag 19. september 2022

Også i år er 1.- 2. og 3. klasse med på "Kast ballen". Me får både handballar og undervisningsopplegg frå Handballforbundet. Satinga tok til 12. september og vert avslutta 30.september. I dag fekk også 4. og 5. klasse vera med på opplegget.  Les meir her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Beintøft!
Fredag 16. september 2022

Me avslutta veka med at heile klasse gjekk, sykla eller tok kollektiv transport til skulen!
Me går for eit betre klima!
God helg frå oss i 6. klasse

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes MIsje


Sagvåg- eit samfunn.

Fredag 16. september 2022'
Ekskursjon til Sagvåg sentrum for å finne ut kva som gjere Sagvåg til eit samfunn. Kven er det som hjelper oss dersom me treng noko spesielt? Me oppdaga blant anna at det er tannlege, frisør, gravferdsbyrå og apotek i Sagvåg. Beintøffe var 4. klasse også, som plukka søppel frå Sagvåg skule til FUS barnehage. 



Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland

Vekesamling
Fredag 16. september 2022

I dag var det 4. klasse som gav oss kulturinnslaget. Det vart også tid til vinnarshow frå talentiaden. Klassane er flinke til å gå eller sykla til skulen i "Beintøff-vekene". Det vart mange femarar på terningane.

Tekst & foto: Lars Bakka



Stasjonsarbeid i 2. klasse
Torsdag 15. september 2022

Læreplanen seier «Elevene viser og utvikler kompetanse i norsk på 1. og 2. trinn når de utforsker og bruker språket i lek og samhandling. De viser og utvikler også kompetanse når de trekker bokstavlyder sammen til ord under lesing og skriving. Læreren skal legge til rette for elevmedvirkning og stimulere til lærelyst ved å la elevene være i bevegelse, leke, undre seg og bruke sansene sine».

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


Talentiaden 2022
Torsdag 15. september 2022

I dag var det tid for den årlege talentiaden ved Sagvåg skule. Her er bilete frå tslrntsa på scenen i amfiet.

Tekst: Lars Bakka Foto: Ailinn Spissøy


Toast restaurant i 5. klasse
Onsdag 14. september 2022

5. klasse er heldige som har eigen toast-restaurant. Dei som tek med seg brød for toasting får ekstra gode og nysteikte toastar til skulemat :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


Eg spikker meg ein knagg.
Tysdag 13. september 2022

Elevane har vore ute i naturen og funne seg eit høveleg emne til å lage ein enkel bruksgjenstand. Elevane såg at me kan nytte naturen til å lage enkle og nyttige bruksgjenstander. Ei grein i skogen vart etter litt bearbeiding forvandla til ein knagg som kan brukast til å henge jakke eller sekken på.
Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Sykkelkids del 2

Tysdag 13. september 2022

På tysdag var det siste del av sykkelopplæringa for 5.klasse. Etter ei lita økt med teori var elevane klare for den store sykkelprøven på både veg og bane. Alle elevane gjennomførte med glans! 

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Pizza på SFO
Fredag 9. september 2022

På fredag laga dei store borna på SFO pizza. Dei laga sin egen pizza med valgfritt tilbehør. Dette syns dei var veldig stas. Me dekka bordet og hadde ein koselig stund med pizza og småprat. Etterpå måtte alle hjelpa til å rydda, kosta og setta i oppvaskmaskinen. Me var enige om at dette var ein kjekke aktivitet.

Tekst og foto: Beate M.Føyen

Linosnitt  ...eller linoleumssnitt.
Fredag 9. september 2022
På fredagar er me todelt i kunst- og handverk, halve klassen er på tresløyd, andre halvdel lagar linosnitt. Me har teikna skisser, planlagt negativ og positiv form, overført og skjørt i linoleum. Snart er me klare for trykking!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Basketball på to banar
Måndag 12. september 2022

Måndag var det basketball som stod på programmet i gymmen. Det varrt stor aktivitet med fire lag i aksjon i ei lita miniturnering.

Tekst & foto: Lars Bakka

Pannekakedag i 2. klasse🥞
Fredag 9. september 2022

Etter å ha lese om pannekaker, skrive om pannekaker, teikna pannekaker, sett eventyr om pannekaker og snakka om pannekaker, så var det endeleg tid for å laga pannekaker og til slutt eta pannekaker. Ein koseleg pannekakedag🤗

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

1. klasse var på tur ned i gangstien.
Fredag 9. september 2022

Me kokte tomatsuppe og åt nista vår i det fine haustveret. Plutseleg såg me Nøtteliten også. Han sprang opp og ned i eit tre. Det var mykje leik og fornøgde elevar.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Vekesamling
Fredag 9. september 2022

I dag var det flinke pianistar frå 5. klasse som stod på scenen på vekesamlinga. Vekeoppdraget "Beintøft" held fram i september. Det vart mange femmarar på terningen då svært mange elevar  syklar eller går til skulen kvar dag.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

3.klasse på tur til Hystadmarkjo
Torsdag 8. september 2022

I dag har 3.klasse hatt ein fantastisk flott tur i Hystadmarkjo. Me hadde nybakt brød, niste og tursjokolade i sekken. Me har leika, forska, klatra i tre, vassa, ete og lest høgt i bok. Me lærte om Kolerakyrkjegarden og Vikinggraver. Spreke ungar som gjekk til og frå Apalvikjo utan klaging. Sola skein og me var enige om at me hadde hatt ein veldig fin tur !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

TL-kurs
Torsdag 8. september 2022

Ein kjekk gjeng med Trivselsleiarar var på tur til Vikahaugane på leikekurs i dag. Der lærte me nye leikar, og nokre av dei skal alle få oppleva i friminutta utover hausten. Alle kan berre gleda seg :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig

 
August 2022  

Aktivitetsdag
Tysdag 6. september 2022

Tysdag hadde heile skulen ein flott dag på Solidbanen, der elevane var med på ulike aktivitetar. Pilkast, ringspel, lengdehopp, kasta stor og liten ball, springa 60-meter og fotballbowling var noko av det elevane fekk prøva seg på.

Test & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Min skule!
Tysdag 6. september 2022

No tek me i bruk Visma Skole. Då ynskje me at alle foreldra nyttar appen "Min skole". Dette vil erstatta Transponder og det skjemaet me til no har nytta for å søkja om fri frå skulen. Du finn appen her>>

Tekst: Lars Bakka

 

Vekesamling
Fredag 2. september 2022

Det er alltid kjekt å avslutta veka med vekesamling. I dag vart det flott danseshow med ein jentegjeng frå 6.klasse.Og neste vekeoppdrag er Beintøft.

Tekst & foto Lars Bakka

Brannøving
Fredag 2. september 2022

I dag vart det gjennomført ei varsla brannøving. Alle elevane var ute og på plass på under tre minutt, og det er absolutt godkjent!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Sunn mat i SFO
Torsdag 1. september 2022

Matglede i felleskap! 😀 For ein gjeng me har på SFO. Ikkje berre er dei bevisst på kva mat kroppen vår treng, men dei vågar også å smake på ulike ting. Me snakka om kva som var lurt å ha med i matpakka og mange fekk seg nye favoritter. 🫑🍎🫐🍇🥚

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Vokalane
Torsdag 1. september 2022

I 2. klasse øver me på vokalane🤗Me syng dei, leikar med dei og skriv dei- men hugsar me dei?

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

Kvardag i 1. klasse
Torsdag 1. september 2022

Her er nokre bilete frå ein heilt vanleg  torsdag i 1. klasse

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Kunst & handverk
Torsdag 1. september 2022

Kunst og handverk ute i naturen kan bli fine små bilete ! I 3.klasse har me brukt fantasien ute og laga små fine fantasi insekt og dyr.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Sykkelkids
Onsdag 31. august 2022

 I dag har 5. klasse fått vera med på sykkelkids/ sykkelskulen i regi av Norges sykkelforbund. Me starta med litt teori og deretter var det mykje øving på sykkelen både på veg og bane. Ein kjekk dag og me gler oss til neste onsdag og nye sykkeloppdrag 🚴‍♂️ 🚴 🚴‍♀️

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

 

1. + 6. klasse= SANT!
Onsdag 31. augusst 2022

Halve 6. klasse har i dag lagt tomatsuppe til lunsj - mange syns den smakte mykje betre enn tomatsuppe brukar å smake! Til dessert diska dei opp med eplekake, og inviterte halve 1. klasse på is og varm eplekake. Neste onsdag er det andre halvdel av begge klassar som skal kose seg!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Til Utslettefjellet
Torsdag 30. august 2022

I dag har 2. og 7. klasse vore på tur til Utsletteslottet. Strålande vêr og strålande kjekke elevar.

Tekst Erlend Thoresen Foto: Erlend Thoresen, Hildegunn Heimro

Bærekraft
Torsdag 30. august 2022

Bærekraftig og kortreist mat 3.klasse har om bærekraftig mat, kva mat me kan henta frå naturen og korleis bruka den. Sidan me har eit kjøkken i klasserommet vårt no, så er det lett å bruka dette i undervisninga. I dag vart det difor kantarellstuing og ferskt brød som ein del av undervisninga. Mange var veldig flinke å smaka, nokon likte, nokon ikkje. Brødet vart den største favoritten. Spennande var det iallefall !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Hvis du kan lese, kan du lage mat
Torsdag 30. aigust 2022  

Eit gamalt ordtak seier «Hvis du kan lese, kan du lage mat»  For å kunne følgje ei oppskrift må du kunne lese ein instruksjon, det øver me på i fjerde klasse.  Det er viktig å lese oppskrifta nøye for at resultatet skal bli bra. Resultatet var bra, og me koste oss med nylaga eplekake.  

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Lesestund
FRedag 26. auguste 2022

På fredag hadde me ei fin fadderstund saman i biblioteket. Denne gjengen held på å bli ordentleg glad i kvarandre!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

 

Godt samarbeid
Måndag 22. august 2022

Med godt samarbeid klarer 2. klasse å trylla bort heile klassen på to sekund :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Kjekt å møtast igjen
Fredag 20. august 2022

Etter ein lang sommarferie så er det kjekt å møtast igjen til leik på skulen. Her er det dominobrikkene som vert gjort klare til bruk.

Tekst & foto: Lars Bakka

4.klasse på tur til Solidbanen.
Fredag 19. august 2022
Me hadde ein fin tur til Solidbanen. Planen var å gå opp til Utslettefjellet med mykje nedbør og vind gjorde at me bestemte oss for å gå til Solidbanen. Der fekk me verken regn eller vind, så det var fint. Kjekk dag med leik på Solidbanen. 

Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland

 

VR
Fredag 19. august 2022

I dag har dei første elevane teke i bruk VR-brillene våre denne hausten. Det vart tid til opplæring og møte med dinosaurar!

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Første vekesamling
Fredag 19. august 2022

Det var kjekt å møta heile skulen til den første vekesamlinga hausten 2022. Utover hausten vert det vekesamling kvar fredag.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

1. klasse i det fine uteområdet vårt.
Torsdag 18. august 2022

1. klasse har vore ute og gjort seg kjent med uteplassen. Kvar kan vi leiker og kva kan vi gjere?

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Sopptur
Torsdag 18. august 2022

I dag har mellomsteget vore på sopptur til Fiskarelva. Me fann ein god del sopp og suppa vart veldig god!
Det vart også tid for leik både i og utanfor elva :-)  Me har hatt ein strålande dag med kjekke og ivrige elevar.

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Klar for ny Legosesong
Torsdag 18. august 2022

I dag er alt gjort klart for ny "legosesong". Måndag opnar me legokroken for alle.
Velkommen!

Tekst & foto: Lars Bakka


Pizzadag!

Torsdag 18. august 2022
Pizzabakedag 3.klasse har kost seg veldig med pizzabaking på kjøkkenet i dag. Kjempeflinke kokkar syntes pizzabaksten smakte supergodt !


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

 


Superheltar i 3. klasse!
Onsdag 17. august 2022

Godt å vera i gong igjen etter ein lang ferie synes me i 3.klasse. Me har hatt fokus på sosiale mål denne veka. Det å vera saman i klassen og korleis ta godt vare på kvarandre i kvardagen. Me vil vera superheltar for kvarandre ! Me har difor hatt ei kollasj oppgåve der alle fekk laga seg sjølv som superhelt.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Første skuledag
Måndag 15. august 2022

Endeleg var me tilbake til skulen. Det vart ein varm seinsommardag der ordførar Gaute Epland tok imot 1. klassingane. Etter det var heile skulen samla i amfiet til felle skulestart. Her er nokre bilete frå den aller første timen av det nye skuleåret.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig & Lars Bakka


Planleggingsdag
Onsdag 10. august 2022

I dag var alle dei tilsette ved Sagvåg skule med på den første av tre planleggingsdagar. Måndag tek skuleåret til for elevane.

Tekst & foto: Lars Bakka


.

Første skuledag er måndag 15. august. Skuledagen tek til kl 08.30 og SFO er open frå kl 06.45
Dei tilsette her
planleggingsdagar for dei tilsette 10. til 12. august>>

Tekst & foto: Lars Bakka