Oppdatert 03.01.2023 
HAUSTEN 2021   Arkivet 
Desember 2021


Hallo!
17. desember 2021

Wij zijn Feyouna, Nikita en Julia uit Nederland. Wij doen een lerarenopleiding en kregen de opdracht om een school in het buitenland te bezoeken. Lars verwelkomde ons met open armen. We zijn stiekem een beetje jaloers op deze fantastische school. De sfeer, de kinderen, de leraren, het onderwijs en natuurlijk het gebouw zijn geweldig. We hebben genoten van ons bezoek hier en onze dank is groot.

Wij wensen u een fijne kerst en een gezond en gelukkig nieuw jaar!


Siste dag før jul i 7. klasse

Fredag 17. desember 2021

Den siste veka før jul blei ikkje heilt som forventa, men me har klart å få til ein del aktivitetar likevel. På torsdag hadde me ein fin tur til Utslettefjellet. Der sågme  på den flotte hytta og nytte utsikta over Stord. I dag har klassen bakt julemenn. Dei skal og kosa seg med ein film, Kahoot og andre kjekke ting. God jul til alle!

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Engasjerte 5. klassingar
Torsdag 16. desember 2021

Så engasjert kan ein bli av ei vanskeleg matteoppgåve i matematisk julekalender i 5. klasse. Om me ikkje klarar den innan fredag blir det ikkje jul! Joda. Ei litt sur jul, berre.

Tekst & foto: Lars Bakka


Dyregåter i 3. klasse
Torsdag 16. desember 2021

3. klasse var ute og grilla pølser og svara på ulike dyregåter m m i dag! Flott å vera ute i mildt og fint ver!!

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen



Pølsespidd i 1. klasse
Torsdag 16. desember 2021

I dag har 1. klasse vore på tur og spidda pølser🎄me kosar oss litt ekstra dei siste dagane før jul🎄

Tekst & foto: Lene T Almås


Julefrukost i 2. klasse
Torsdag 16. desember 2021

Veldig koselig julefrukost i 2.klasse i dag. Me åt eigenproduserte rundstykker og det smakte ekstra godt saman med varm kakao.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


SFO
Onsdag 15. desember 2021

Koseleg morgonstund i SFO

Tekst & foto Liljan Vestbøstad Waage



Juleverkstad i 1. klasse
Onsdag 15. desember 2021

I dag har me i 1. klasse hatt juleverkstad. Det vart laga og pakka julepresangar. Nokre hemmeligheiter må me ha, så dei vart det ikkje tekne bilete av.
🤶

 
Tekst & foto: Lene T Almås


Juleverkstad i 4. klasse
Onsdag 15. desember 2021

I dag har me hatt ein aktiv og kjekk dag i 4. klasse. Me har bakt maaaaaange kakemenn og laga flotte juletre. Flinke og ivrige elevar. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Koseleg matpause
Onsdag 15. desember 2021

Det er koselege matpausar rundt om på skulen  desse desemberdagane. Med dempa lys, duk på bordet og "levande lys" er det fine matstunder for elevane i alle klassane.

Tekst & foto: Lars Bakka


Å sitja i ro er ikkje alltid like lett

Tysdag 14. desember 2021

Å sitja i ro er ikkje alltid like lett. Av og til er det altså ganske vanskelig å sitja lenge i ro. Då må me faktisk ta ein liten pause i 2.klasse. Då får me faktisk lov til å «åla» litt rundt i nokre minuttar før me kan kobla inn fokus igjen. Her «ålar» me i rekke - det er ikkjr så lett å samarbeida om det. Har du prøvd ?

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Luciafeiring i 2. klasse

Måndag 13 desember 2021

Koseleg dag og Luciafeiring i 2.klasse. 2.klasse har bakt Lussekattar og markert Lucia-dagen i dag. Dei bakte og eigne rundstykker til julefrukosten på torsdag. Innimellom bakinga så jobba elevane veldig godt mpå eit arbeidsprogram. Dagen vart avslutta med å smaka på dei gode lussekattane.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Julegraut i 5.klasse
Måndag 13. desember 2021


Tekst & foto: Kari Myhre



Kyllingsalat m/ båtpoteter 🍗🥗🥔
Onsdag 8. desember 2021

Verdens beste SFO lagar visst verdens beste mat i følge nokon av borna. Dette er mykje bedre enn hamburger, sa ein. Dette er til og med mykje bedre enn godteri, sa ein anna! Etter ei koselig matstund, var det Tarzantikken i gymsalen. Dagens luke i aktivitetskalenderen vår
🎄



Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Kjekk dag for 1. og 6. klasse

Onsdag 8. desember 2021


I dag hadde 1. og 6. klasse ein koselig dag der me fekk spela og teikna i lag før me åt graut ute.

Tekst & foto: Lene T Almås




Pi og Peder
Tysdag 7. desember 2021


I dag har fleire klassar hatt besøk av forfatter og illustratør Bjørn Ousland. Han las frå bøkene i Pi og Peder-serien.


Tekst & foto: Laila Gjøsæter




Kjekt med snø!
Fredag 3. desember 2021

Det er mykje å finna på ute i friminutta no når me har snø.


Tekst: Lars Bakka Foto: Betare M Føyen



Den andre adventsamlinga
Fredag 3. desember 2021

I dag var det 2. og 7. klasse som stod på scenen. Den fine vinterdagen starta med god stemning og foreldre som kom innom. 6. klasse fekk ikkje med seg samlinga då dei er i karantene, men bileta kan dei få sjå her!


Tekst & foto: Lars Bakka




Me tek vare på det me har!
Tysdag 1. desember 2021

Elevane har samla inn ALLE fargeblyantane på heile skulen. No er blyantane samla på eitt rom og der vert dei både sorterte og spissa. Etter det vil fargeblyantane bli fordelt mellom dei ulike klassane og SFO, gode som nye!


Tekst & foto: Lars Bakka
November 2021

Den første adventsamlinga
Fredag 26. november 2021

Det var kjekt at så mange foreldre tok seg tid til å starta dagen med oss. Det var elevane i 3.-4.- og 5. klasse som hadde laga ei koseleg adventsamling for oss. Neste fredag er det 2. og 7. klasse som står på scenen.


Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig og Lars Bakka


Tema Eventyr
Torsdag 25. november 2021

2.klasse har jobba med eventyr som tema i norsk, engelsk og kunst og handverk. Me har høyrt eventyr på både norsk og engelsk, og lært mange eventyr ord. I temaperioden har me jobba skrive brev og lata som me var ein eventyrfigur og me har laga teikneserie av eventyr. I kunst og handverk har me laga prinsessen på erta bilete av ulike materialer.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaae


Til museet
Onsdag 24. november 2021

I dag har 2.klasse vore på ein kjempekjekke tur til museet. Der lærte me om korleis dei feira og laga til jul i gamledagar. Me bar vatn, henta ved, vaska, bakte, kara ull og spant tråd og bretta klede. Me fekk utforska den julepynta Futastova og gått rundt juletre. Me avslutta turen i løa der me fekk møta nissen. Det var ein veldig kjekke tur og 2.klasse oppførte seg veldig fint og fulgte godt med på alt som skjedde.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaae


Snart desember....
Torsdag 25. november 2021

Det er ein fin vintermorgon på Sagvåg skule i dag. Ute er det blå himmel og kaldt og i inneamfiet øver 3. 4. og 5.klasse til den første adventsamlinga. Samlinga tek til kl 08.40 fredag morgon. Då er foreldre, besteforeldre og andre  hjarteleg velkomne.
Fredag 3. desember er det 2. og 7. klasse som står på scenen og 10. desember er det 1. og 6. klasse.
Velkommen til deg som har tid til å starta dagen me oss ein av desse fredagane i adventstida.

Tekst & foto: Lars Bakka


Den nye eleven
Onsdag 24. november 2021

Førebels heiter den nye eleven AV1, men han kjem sikkert til å få eit koselegare namn etter kvart. AV1 er en liten robot som kan nyttast i klasserommet når ein elev over lengre tid ikkje kan komma på skulen. Då kan eleven få med seg undervisninga frå heimen. Eleven kan sjå kva som skjer i klasserommet, rekke opp handa, snakka med dei andre elevane i klassen.
Her er ein liten film om AV1:
https://vimeo.com/557189012


Tekst og foto: Lars Bakka


Sjakkturnering på mellomsteget.
Tysdag 23. november 2021


Me ser ikkje svart, kvit på ting, men det er sjakkturnering på mellomsteget. 

I rolege omgivnadar på eit grupperom, er det ein konsentrert gjeng som spelar sjakk denne veka. Alle som har meldt seg på får spela minumum 7 parti. Mykje god hjernetrim her altså.

Tekst & toto: Ingeborg Toft Nerland





Sjakk på SFO
Måndag 22. november 2021

Oda og Mats tok seg eit parti sjakk mot slutten av dagen på SFO. Dei hadde ikkje komme så lagt i då eg gjekk forbi, men me får håpa at dei vart ferdige før henting.

Tekst & foto: Lars Bakka


Landhockey
Måndag 22. november 2021

I dag var det landhockey som stod på timeplanen i gymmen. Her er det elevane i 4.klasse som er i aksjon.

Tekst & foto: Lars Bakka

Tusenfryd
Fredag 19. november 2021

 Våren og sommaren har enten gløymt seg litt ut, eller nektar heilt å sleppa haust og vinter til rundt Sagvåg skule. Enno kan ein sjå nydelege små blomar som kikkar opp i plenen hos oss på skulen🌱

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Siste vanlege vekesamlinga denne hausten
Fredag 19.november 2021
I dag fekk med eit flott danseshow med 4. klasse på morgonsamlinga. Vekeoppdraget var at alle elevane skulle seie til seg sjølv: For meg er Sagvåg skule...... og orda vart levert anonymt på ein Post-it-lapp til læraren. Her er ordskyene som kom inn frå klassane:


 
    
I desember vert vekesamlingane omgjort til adventsamlingar.
Tekst & foto: Lars Bakka

 


Eventyr
Onsdag 17. november 2021

I 2.klasse jobbar me med eventyr. Me har lest om Rev som skriv brev til Bjørn. I dag har me lata som om me var Bjørn og skrive brev tilbake til Rev. Det vart veldig mange koselege og fine brev.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Flott foredrag i 3. klasse
Onsdag 17. november 2021

Flinke Rahi heldt eit flott foredrag for 3. klasse. Foredraget handla om fattige barn i India!

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen


Koseleg morgonstund på SFO. 🍎🍊
Ondagag 17. november 2021

Fruktsalat til frukost.
🍌🍏🍐

Tekst & foto: Liljen Vestbøstad Waage


Fiskepinnefabrikk på SFO 🐟
Tysdag 16. november 2021


I dag stod heimelaga fiskepinner på menyen.

Tekst & foto: Liljen Vestbøstad Waage

 


Open dag på Sagvåg skule
Torsdag 11.november 2021

Det var kjekt at så mange tok seg tid til å ta turen innom Sagvåg skule på Open dag 2021. Elevane gledde seg storleg, og alle heimane bidrog med lopper og god mat. Tusen takk til alle! Me fekk inn heile kr 47.543,- i innsamlingsaksjon til FORUT.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petteteig, Emilie Aarre Stensvold og Lars Bakka


Bibliotekarane våre i Framtida Junior
10. november 2021

På nettsida til Framtida Junior er det denne veka er det to store oppslag om bibliotekarane på Sagvåg skule. I papirutgåva av avisa vart det også stort oppslag på framsida og artikkel over to sider inne i avisa. Nå kan born over heile landet lesa om dei flinke skulebibliotekarane våre :-)
Les artikkelen her>>       Dei fire boktipsa finn du her>>


Tekst: Lars Bakka Foto: Skjermdump frå Framtida Junior

 

Utsletteslottet
Tysdag 9. november 2021

3.klasse fekk i dag vera med på ei historisk hending for Sagvågsbygda. Me fekk vera med på ei storslagen opning av Utsletteslottet, den nye dagsturhytta på Utslettefjellet. Det var kulturinnslag ved Vidar Vedå, ordføraren tala og klipte snor (hogde lekt..), og me fekk servert bollar og brus, og ekta bålkokekaffi til dei vaksne. 252 meter over havet fekk me og flott forfattarmøte med Martine Grande, som las og viste bilder frå boka "Ørn" som ho hadde forfatta og illustrert. Veret vart utruleg nok plutselig så fint at me kunne sitja utanfor hytta og høyra bok. Og elevane var flinke og kjekke som alltid :-)

Tekst: Egil Petterteig  Foto: Egil Petterteig & Laila Gjøsæter

Kjekt med studentar i SFO
Tysdag 9. september 2021

Då var tre kjekke veker med studentane frå idrettslinja på HVL over. Me har fått gått tur til parkeringsplassen ved Utslettefjellet. Me har hatt natursti om bærekraft, mata endene og sett på geitene på Fletaneset. 🥾🐐🦆🌈
Mange kjekke nye leiker har me også fått læra.
⚽️🏒👟 I rammeplanen står det mellom anna at: «SFO skal være en arena for daglig fysisk aktivitet som kan fremme barnas bevegelsesglede og motoriske utvikling».

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Forfattarbesøk i 2.klasse
Tysdag 9. november 2021

Kjempestas å få besøk av forfattar på skulen i dag ! Trude Tjensvold las, tegna og fortalde frå boka si «Bål». Etterpå fekk elevane i oppgåve å lage fantasi- blom og tre.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



«Alle har en dør bak øret»
Tysdag 9. november 2021

I dag har 1. klasse fått vera med på Falturiltu. Me fekk ta buss til Kulturhuset på Leirvik der me fekk sjå teaterframsyninga «Alle har en dør bak øret».

Tekst & foto: Lene T Almås

Mange kjekke aktivitetar
Tysdag 9. november 2021

Med trivselsleiarar ute og ulike aktiviteter inne i gymsalen, bør det vera noko kjekt å finna på for alle i friminutta.

Tekst & foto: Lars Bakka


Snart Open dag!
Fredag 5.november 2021

I dag var 2.klassingane i god gang med å laga gevinstar til Open dag 11. november


Tekst & foto: Lars Bakka


Fredag = Vekesamling
Fredag 5. november 2021

I dag var det 5.klasse som gav oss flott musikkinnslag i vekesamlinga. Oppdraget neste veke er å tenka seg fram til eitt ordet som på beste måte seier noko om kva Sagvåg skule er for meg. Dette vert så fordskyer frå kvar klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka



#girltechfest

Onsdag 3. ovember 2021

 

Onsdag var alle jentene i 5. klasse invitert til Girl:Tech(Fest) på bilioteket i Kulturhuset saman med jentene på same trinn på Litlabø skule. Ein heil dag med ulike typar kode-øvingar, filmskaping og slimlaging. Til lunsj fekk me deilig pizza. Veldig kjekk dag for jentene, og ryktene seier at gutane ikkje hadde det så verst dei heller ;)



Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje



We are lucky to have a school with......
Onsdag 3. november 2021

4. klasse har jobba med klasserom rundt om i verda. Me fann ut at me er veldig heldige :-)

Nokre stikkord frå plakaten:

tables - Lego - classroom - unicycle - teachers - light - friends - school games - library - windows - gymnasium - toilets- football court - playground - elevator pc - chars - roof - walls - music room - short way to school


Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig


Matematikkdag
Tysdag 2. november 2021

Det er så kjekt å kunne jobba på tvers av klassane igjen etter pandemien! På tysdag var mellomsteget delt inn i grupper med både 5., 6. og 7. klassingar, og rekna heile dagen! Studentane laga kjekke gruppeoppgåver både inne og ute, og elevane fekk øvd på brøk, klokka, multiplikasjon og substraksjon, promlemløysing og måling i både mengde og lengde.




Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje
Oktober 2021

Mat og helse med studentane
Onsdag 27. oktober 2021

6.klasse er så heldige at dei har studentar, og på onsdag var det dei som hadde ansvar på kjøkenet. Flinke elevar fekk læra å laga både vårrullar, steikt ris og flettekrans. Det var veldig kjekt, og maten blei knallgod!


Tekst & foto: Kari Myhre



Til gruvemuseet på Litlabø
Torsdag 28. oktober 2021

I dag har 6. klasse vore på eit spennande og lærerikt besøk i gruvene på Litlabø. Me fekk høyra om historia til gruvene, og om korleis livet var der då det framleis var gruvedrift. Me fekk og køyra tog inn i gruvene, der var det mykje spennande å sjå og høyra! Ekstra spennande blei det då lyset gjekk, og me fekk oppleva kor mørkt det eigentleg er inne i fjellet. Me fekk og prøva songstemma inne i gruvene. På tross av mørke og regn hadde me ein kjekk tur med mykje godt humør.

Tekset: Sunniva W. Skatvedt  Foto: Erlend Thoresen


El-tilsynet og brannvesenet i 7. klasse
Tysdag 26. oktober 2021

På tysdag hadde 7. klasse besøk frå El-tilsynet og brannvesenet. Me lærte mykje nyttig om  korleis me kan førebygge brann, kva me skal gjere dersom det brenn og korleis me kan sløkke små brannar sjølve.


Tekst & foto: Simen Grov


På ferie til London
Tysdag 26. oktober 2021

I 4. Klasse er me "på ferie" i London og i dag var med på kafé. Men byta på å vere gjester som tinga mat og kelner. Me blei ekstra glad då me såg at det var ekte mat me kunne tinga.

Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig


Haustsamling
Tysdag 26. oktober 2021
 
Endeleg kan me finna fram gode, gamle tradisjonar. 4. Klasse inviterte til haustsamling i amfiet. Her vart det god haustsamling med songinnslag frå 1.-4. klasse og felles dans. Det var veldig kjekt.


Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig


Frisbeegolf med Trivselsleiarane
Tysdag 26. oktober 2021

No tilbyr Trivselsleiarane også frisbeegolf i friminutta. I dag var det stor aktivitet på plenen ved uteamfiet.

Tekst & foto: Lars Bakka


Kor tung er sekken?
Fredag 22. oktober 2021

I dag var det vekesamling med kulturinnslag frå 7.klasse og evaluering av vekeoppdraget om refeksbruk. Elevane har vore flinke til å bruka refleks.
I neste veke set me fukus på kor tung ranselen er. Alle elevane skal vega sekken kvar dag. Er det noko me har i sekken som ikkje MÅ vera der? Er sekken 5 kilo med berre det som må vera med, så er sekken ganske så tung for dei yngste elevane....


Tekst & foto: Lars Bakka

Til flyplassen med 6. klasse
Torsdag 21. oktober 2021

6.trinn har i dag hatt ein kjekk og innhaldsrik dag på flyplassen på Sørstokken. Elevane fekk sjå og læra om korleis ein flyplass er organisert. Me fekk omvising i terminalbygget, i tårnet og på brannstasjonen. Me fekk til og med sjå eit fly landa!

Tekst: Tuva Nilsen  Foto: Erlend Thoresen


HALLOWEEN
Torsdag 21. oktober 2021

Me har tjuvstarta litt på Halloween i 2.klasse. Me har lært om kvifor me feirer Halloween og laga mange fine gresskar. Me har også spelt Halloween stigespel og hatt puslespel konkurranse.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Syng og få svar!
Tysdag 19. oktober 2021

 

I dag fekk 1.-4.klasse besøk av to kjekke musikarar. Det var Arle Hjelmeland og Morten Skage. For nokr år sidan var dei her med bandet sitt som heitte "Good time Charlie", men i dag var dei berre to. Dei hadde eit lite opplegg med nokre elevar først, der dei laga litt tekstar og øvde litt, og så var det konsert for alle til slutt. Veldig kjekk og engasjerande konsert, der me både sang og fekk svar.


Tekst & foto: Egil Petterteig


Arkitektar i 2.klasse
Fredag 8. oktober 2021

Framtidige arkitektar, ingeniørar og Bygningsarbeidarar ? Sandkassen er ein populær og kjekk leikeplass for elevane i småskulen. I dette været er det mykje godt ingeniør og anleggsarbeid som pågår i friminutta.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Ny forfattar i 2.klasse
Fredag 8. oktober 2021

Stor stas i dag i 2. klasse når Åsmund debuterte som forfattar med eiga bok. Boka heiter Teddy og 2.klasse klappa for den flotte boka og for forfattaren etter at me hadde fått høyrt kva den handla om. Me har alle lyst til å bli forfattarar - så her er det berre å starta skrivinga !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Vekesamling
Fredag 8.februar 2021

Då var komne til den siste vekesamlinga før haustferien. Denne gongen var det 1. klasse sin tur til å ha kulturinnslaget med heile skulen som publikum. Det vart eit flott innslag.
Både denne og første veka etter haustferien kjem me til å ha fokus på trygg skuleveg og refleksbruk. Det er flott om alle elevane har refleksvesten på, også dei som vert køyrde til skulen.


GOD HAUSTFERIE!

Tekst & foto: Lars Bakka

Lesing i 2. klasse

Fredag 7. oktober 2021

I 2.klasse les me og les me, for me vil bli kjempegode på lesing ! Me har øvetid der me øver oss på leselekse på skulen - det er veldig god læring i å lesa for kvarandre i klassen. Me likar oss og godt på biblioteket. Der låner me bøker både til stillelesing på skulen og heime.
 
Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Tur til Utslettefjellet
Onsdag 6. oktober 2021
Tredje klasse hadde ein flott tur til Utslettefjellet på Onsdag. Sol frå skyfri himmel, blide og glade elevar med mykje energi. På toppen vart me belønna med ei fantastisk utsikt over Sagvåg. Den nye dagsturhytta var nesten ferdig, men me må enno vente litt med å ta den i bruk. Vel nede igjen vart det grilling og tid til litt leik. Alle var einige om at me hadde hatt ein kjekk tur.
 
Tekst & foto: Laila Gjøsæter



Øvetid
Onsdag 6. oktober 2021

Heimelekser er stort sett bytta ut med øvetid på skulen. Øvetid har me nesten kvar dag, og oppgåver på vekeplanen som ikkje blir gjort her, må ein ta med seg heim.
Det er fint å få øvd på ulikt arbeid saman med medelevar. I dag var det mykje engelske glosar som vart øvd på, då erfaring tilseier at det kjem ein liten gloseprøve på torsdagar.



Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Til bibliotekfilialen på Litlabø
Onsdag 6. oktober 2021

I dag gjekk 4. Klasse til biblioteket på Litlabø. Der leste bibliotekaren en gøyal bok for oss før me fekk låne oss mange spennande bøker. Det var veldig kjekt.

Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig


Godt samarbeid
Måndag 4. oktober 2021

Med godt og koordinert samarbeid trylla heile 4. klasse seg bort på to sekund.

Tekst & foto: Lars Bakka


Sykkelkids
Fredag 1. oktober 2021

Fredag fekk 5.klasse besøk av Sykkelkids frå Bergen. Ein kjempekjekk dag med trafikkreglar, sykkeloverhaling og sykling både på bane og trafikken.
Takk for besøket, Sykkelkids!


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

 

 

Vekesamling
Fredag 1. oktober 2021

God stemning og mykje sang på vekesamling på fredag. 2.klasse sang to flotte songar for oss, og den siste av dei fekk alle vera med på. 

Alle klassar fekk seksar for å ha skrive brev til rektor, så no kan han berre gle seg til å lesa mange flotte brev. Og til slutt sang alle så bra på "Langt å gå" at taket nesten løfta seg :-)

 

Tekst: Egil Petterteig Foto: Anne Sissel Mugaas

September 2021

 

Eplekake med fadrane
Onsdag 29.september 2021

Flinke 6.klassingar laga kjempegode eplekaker som dei delte med fadderungane sine i 1.klasse. Dei koste seg både med baking og eting. 

Tekst & foto: Kari Myhre

 


Aldri ein fredag utan vekesamling!
Fredag 24. september 2021

Denne fredagen var det 3.klasse som gav oss kulturinnslag med song og musikk. Etter det vart det sett punktum for Beintøft 2021, sjølv om me håpar at mange framleis vil gå og sykla til skulen utover hausten.
Alle elevane hadde også lært seg namnet sitt på teiknspråk.


Tekst & foto: Lars Bakka

 


Maten og jorda vår
Torsdag 23. september 2021

2. klasse har denne veka løyst vekesoppdraget i Beintøft med å samla epler frå hagen og laga eplekake og figurar av restane av eplene. Elevane var ivrige på kjøkkenet med alle oppgåvene dei fekk. Me fekk fleire kjempetøffe eplefigurar og god eplekake.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Vekeoppdrag med teiknspråk
Torsdag 23.september 2021

Her er nokre glimt frå teiknspråkoppdraget som alle elevane har hatt denne veka. Me har lært oss å vise alle bokstavane i namna våre på teiknspråk.


Tekst & foto: Laila Gjøsæter

23. september er FNs internasjonale dag for teiknspråk.

Dagen skal auka medviten om teiknspråk og kva det har og si for døve og tunghøyrde i dag. Teiknspråk er ein visuell kommunikasjonsform. Det er meir enn 300 teiknspråk i verda i dag. På Sagvåg skule markerer vi dagen med ulike teiknspråkaktivitetar på alle trinn og eiget vekeoppdrag: «Eg kan bokstavera namnet mitt på teiknspråk».
Det er over 70 millionar døve eller høyrselshemma i verda i dag. I fleire land får dei ikkje skulegang, utdanning eller delta i samfunnet som alle andre. Den internasjonale dagen for teiknspråk blei for fyrste gong arrangert i 2018, for å understreke at å inkludera døve og høyrselshemma må til for å nå FNs bærekraftmål.

Tekst: Ingeborg Toft Nerland




Siste nasjonale prøve
Torsdag 23. september 2021

I dag var det tid for nasjonal prøve i lesing for elevane i 5. klasse. Det var den siste nasjonale prøven dette året. Dei andre prøvane var i rekning og engelsk.

Tekst & forto: Lars Bakka


Studentar frå HVL
Onsdag 23. september 2021

Etter haustferien tek me imot to grupper med lærarskulestudentar frå Høgskulen på Vestlandet. Studentane skal ha praksis i 5. og 6.klasse. I denne omgangen er det jentene i 4.klasse som har overteke pauserommet! :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


Beintøft vekeoppdrag veke 3
Onsdag 15.september 2021

4. klasse er beintøffe og tek vare på naturen. Me har plukka boss i nærområdet og såg at mykje av det me fant kunne resirkulerast. Resultatet vart ein sjuk kanin fylt med boss frå naturen og ein frisk kanin som har fått leve i rein og fin natur.



Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig




Grønsaksuppe og grove scones i Mat & helse
Onsdag 15. september 2021

Det er kjekt å laga mat! 6.klasse er flinke kokkar, og i dag har dei laga grønsaksuppe og grove scones. Det smakte godt.

Tekst & foto: Kari Myhre


3. vekeoppdrag Beintøft - bidrag fra 5.klasse
Tysdag 14.september 2021

Tekst & foto: Kari Myhre

Beintøft i 2. klasse
Tysdag 14. september 2021

I 2.klasse jobbar me godt og tek oppdraga i Beintøft kampanjen på alvor. Pr i dag ligg me på 1.plass av alle 2.klassar i Vestland fylke. Me har flest poeng av alle klassar på Sagvåg skule - og det er me nøgde og stolt over. Denne veka er oppdraget Plast og gjenbruk. Visste du at det tek ca 450 år før ei plastflaske vert brote ned og forsvinn ute i naturen ? Me har vore ute å sett på kva folk kastar i naturen her i vårt nærområde. Me fann masse plast, papir og glas på den vesle turen vår. Me i 2.klasse vil at alle skal hjelpa å ta vare på naturen og livet på jorda. De kan starta med å ikkje kasta plast i naturen, ta med deg handlenett på butikken og bruk plastposane fleire gonger !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Mange smilefjes frå 6. klasse
Tysdag 14. september 2021


Faddarane har bretta smilefjes til fadderbarna.


Tekst & foto: Åshild Giving




Dragonbox i 1. klasse
Fredag 8.september 2021

Me i 1. klasse er blitt godt kjende med nomane som me jobbar med i matematikk. I dag har me funne ut kor mange nomar det går på ein tiar. Me har funne ut at det er mange moglegheiter 🤔 🤔


Tekst & foto: Lene T Almås


Kva ende av kroppen har meitemarken hovudet sitt?Fredag 10.september 2021

Det er viktig å vere nysgjerrig. Tredje klasse er nysgjerrig og undrar seg over mange ting. Ein av tinga me undrar oss over er kva ende meitemarken har hovudet sitt. Me gjekk ut i skogen og leita etter meitemark, elevane studerte marken og prøvde å finne svar.

 


Tekst & foto: Laila Gjøsæter



Pianokonsert
Fredag 10.september 2021

I dag var det Hanna i 5.klasse som gav oss ein liten pianokonsert i vekesamlinga. Etter det var det tid for vurdering av Beintøft-aksjonen vår. Her finn du alle resultata frå Beintøft>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Beintøft og naturkunst i 4.klasse
Torsdag 9.september 2021

 

I 4.klasse har me vore på natursafari på skuleområdet og me fann mykje som me kunne bruka til naturkunst. Elevane var kreative og kunsten vart flott!


Tekst & foto: Anne Brit Holm



Beintøft i 2. klasse
Onsdag 8. september 2021

I dag har 2.klasse gjennomført vekeoppdraget for Beintøftkampanjen i kombinasjon med å ha om sansane i naturfag. Først var me inne i klasserommet og lærte om synet og auga. Etterpå gjekk me ut for å bruka synsansen vår for å leita etter mangfoldet i naturen rundt skulen vår. Me fann ein heil masse, og me skreiv det ned - så då vart det rett og slett litt skrivetrening i tillegg.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


5.klasse er mest "Beintøffe" i Vestland fylke!
... og på 3. plass i Noreg!

Tysdag 7. september 2021

5.klasse er ivrige deltakarar i "Beintøft". I dag har me gjennomførst det andre vekesoppdraget som handlar om "Natur og miljø". Me skulle gå på natursafari og vise kva me fann. Det var ikkje så vanskeleg for oss som har så mykje flott natur rundt skulen vår. Me er glad i skogen vår og det ville elevane visa med dette bildet.  

Tekst & foto: Kari Myhre


🪨Utslettefjellet🪨
3. september 2021

Utslettefjellet byr på mykje; både flott utsikt, god trim og variert terreng. 1. klasse hadde ein kjekk tur dit på torsdag saman med dei kjekke fadrane sine i 6. klasse🤗

Tekst: Hildegunn S Heimro  Foto:Hildegunn S Heimro & Liljan V Waage

Matglede i felleskap
Tysdag 1. september 2021

 
🥗🫐🍅🥒 Ein god og næringsrik matpakke er viktig for å gi barna energi og overskudd i løpet av en lang dag med leik og læring. Det vart mange fine varianter i dag når SFO hadde matpakkeverkstad. Gutt 7 år hadde ikkje ete så god mat på 6 år, mens ein anna sku rett på butikken å kjøpe seg laks- favoritt pålegget 🍣

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Blåsetrollet i 2. klasse
Onsdag 1. september 2021

Blåsetroll 2. klasse lagar blåsetroll og dei vert veldig fine - skal få sjå fleire om litt. Men i dag har me lyst å dela ei liten fin sak frå oss. Dei vaksne i klassen er ganske høgt gradert i multitasking - nokon meir enn andre, og dette får dei minste i 2.klasse med seg. Så når dette sjarmerande blåsetrollet var ferdig kom det så fint : «Ditta e deg Beate, du ser alt og har auge alle veiar - går ikkje an å lura deg !!»

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas
August 2021


Til Huglo med 4. klasse
Tysdag 31. august 2021

I dag var 4. klasse på langtur. Me tok ferja til Huglo og var på Leiro.  Elevane var ivrige etter å leite etter planter og dyr i fjøra. På menyen stod grillpølse, og maten smakte veldig bra. Tusen takk til kjekke foreldre som hjalp til med transport, og takk for turen til alle dei kjekke elevane i 4. klasse. 




Teskt & foto: Anne Elisabeth Trevland


Pokémon
 Måndag 30. august 2021

Pokémon er det heilt store i enkelte klassar denne hausten. Om dette er noko me bør ha på skulen har allereie vore tema i Elevrådet. Førebels er det greitt, men vert det mange konfliktar i forhandlingane om byte av kort så bør kanskje desse korta bli liggjande igjen heime.

Teskt & foto: Lars Bakka


Vekesamling og Beintøft
Fredag 27.august 2021

Etter to veker der me har hatt fokus på fin skulestart, vert det no "Beintøft"! Dette er den nasjonale kampanjen for fysisk aktiv skuleveg.
Me fekk også ein flott konsert med Jan Gunnar, Johannes og Emilie for 7.klasse!


Tekst & foto: Lars Bakka

Nomar i 2. klasse
Torsdag 26. august 2021

2.klasse er i god driv inn i det nye skuleåret. Me jobbar med større enn, mindre enn og er lik i matematikk. Dragonbox og Noomane er med oss vidare og motivasjonen i faget er høg. I dag laga me kreativ løysing på større og mindre enn teiknet. Alle laga sine eigne krokodillar. Etterpå jobba me i par med Noomestavar og krokodillegap.
Konklusjon: Krokodillen er ein holing og gapar alltid mot det største talet.

Teskt & foto: Anne Sissel Mugaas



Superheltar under opplæring
Onsdag 26. august 2021

Tredje klasse trivst godt i det nye klasserommet og i kroken er det god plass til alle. Elevane har pynta døra inn til klasserommet med teksten "superheltar under opplæring". Dette synest me passa bra for elevane i tredje klasse. 

Tekst & foto: Laila Gjøsæter


E i 1. klasse
Tysdag 24. august 2021

I dag har me i 1. klasse laga elefantar. Me jobbar med bokstaven E, og elefant startar på e og har e i seg 🐘

Tekst & foto: Lene T Almås


Nye skulebibliotekarar
Tysdag 24.august 2021

Malene, Filip, Leah og Lisa er dei nye skolebibliotekarane dette skuleåret. Det var over 20 søkjarar til dei fire stillingane. Allereie no kan bibliotekarane presentera ei fin samling med nye bøker! Du kan også melde frå til skolebibliotekarane dersom det er nye bøkar du vil ha i skulebiblioteket vårt!


Tekst & foto: Lars Bakka

Kroppsøving med trimtur
Måndag 23.august 2021

Ny sesong med kroppsøving vart innleia med trimtur rundt Vikanes. Det vart ein flott tur i det fine véret for 2.-3.- 4.- og 5.klasse. Dei største elevane fekk lov til å jogga den siste delen av løya der det er trygge fortau.

Tekst & foto: Lars Bakka


Kjekt med vekesamling
Fredag 20.august 2021

Me skule på grønt nivå kan me alle møtast til vekesamling kvar fredag. Vekeoppdraget er framleis "Kjekk skulestart for alle." Det vart også tid til allsong og eit tilbakeblikk på den første skuleveka.

Tekst & foto: Lars Bakka

Super-Queensway
Fredag 20.august 2021
 
Fredag fekk elevane i 1.klasse også møta Super-Queensway. Det var vore mykje nytt for 1.klassingane denne første veka, men no er det også blitt ekte Sagvåg skule-elevar :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg

SFO på blåbærtur
Torsdag 19. august 2021
Ein fine gjeng frå SFO på blåbærtur i skogen 🫐🤩

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage



I og S i 1. klasse
Torsdag 19. august 2021

I dag har 1. klasse endeleg fått pc-ar. Det var spennande! Elles har me øvd på å jobba på stasjonar. Bokstavane I og S er vekebokstavar, og elevane kan finna ord som har bokstavane i seg, rima og skriva dei 🤗

Tekst & foto: Hildegunn Søbø Heimro

Bokmerke i 4. klasse
18. august 2021

4. klasse har vore på skulebiblioteket og lånt stillelesebok. Idag har me laga bokmerke til dei. Mange kreative figurar som stikker opp frå bøkene i 4. klasse no. 


Tekst & foto: Ingelin Ida Marie Petterteig



Sopptur 2021
Onsdag 18.august 2021

Mellomsteget startar kvar haust med felles sopptur, i år gjekk turen til Fiskarelva. Me var spente på om det var sopp i skogen etter ein tørr sommar, og vart gledeleg overraska over at Kjell fann eit fang med skogens gull under nokre graner! Alle som ville fekk smake soppsuppa, og nokre syns at dette burde dei ha oftare heime!
Det var også nok vatn i elva til å bli god og våt, og den beste plassen for å komme vekk frå myggen var nok under vassoverflata.
Fisking, leiking, og bekkevandring fylte timane, og regnet plaga oss ikkje i det heile tatt. 


Tekst: Ingrid Kvernenes Misje Foto: Ingrid K Misje, Kari Myhre, Kjell Byrknes

Første skuledag
Måndag 16. august 2021

Endeleg er me i gang. Første skuledag er alltid spesiell. Med  strålande sol og glade elevar vart det ein flott første skuledag 2021/22.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Hildegunn Sabø Heimro og Lars Bakka




Første skuledag for elevane er måndag 16.august. SFO er open frå kl 06.45.
Skuledagen tek til for alle elevane kl 08.30


Her finn du ei oversikt over skuledagen til elevane>>

Velkommen!
Fredag 13.august 2021

Dei siste tre dagane har alle tilsette vore med på å gjera alt klart til skulestart på måndag. Her er ein liten stemningsrapport frå Sagvåg skule fredag ettermiddag

 

Tekst & foto: Lars Bakka


Meir skule og mindre lekser
Torsdag 12. august 2021

Lærarane er i full gong med å planlegga det nye skuleåret. Me held fram arbeidet med å vera ein "Leksebevisst skule". I praksis inneber dette at elevane vil få meir tid på skulen til å gjera det som før var heimelekser. Skuledagen vert difor utvida for alle elevane.

Tekst: Lars Bakka
Januar 2021