HAUSTEN 2020   Arkivet
Desember 2020
God jul frå oss i 1.klasse
🌲 Den siste skuledagen starta med adventstund og høgtlesing klasserommet for 1. klasse. Det vart så dårleg vær at skogsturen vår vart bytta ut med matlaging på kjøkkenet der me laga varm lunsj og rare pølser. God jul til alle frå oss i 1.klasse !


Koseleg adventsamling i småskulen
Fredag 18.desember 2020

 

I dag var det elevane i 4.klasse som hadde ansvaret for vekesamlinga. Det vart ei variert samling med teaterstykke allsong og flott korsong frå 4.klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka



Juletradisjonar
15.desember 2020

 

Det er mykje som må gjerast annleis i år, men me ordnar oss, likevel. I dag har både 3. og 4. klasse gått rundt juletre ute, ete julefrukost i kvart vårt klasserom og hatt juleverksted, også i kvart vårt klasserom. Me saknar fellesskapet på tvers av klassene, men jammen kan me å kosa oss saman i klassane også. 

 




Tekst & foto: Infrid Kvernenes Misje

Juletregang
Tysdag 15.desember 2020

 

Første og andre klasse har gått rundt juletre i dag. Dei hadde ei stemningsfull stund ute på morgonen.

Resten av dagen har 2. klasse brukt til juleverkstad. Dei har smidd trenissar, laga englar og anna julepynt.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter




Lusekattar i 1.klasse
Tysdag 15.desember 2020

I går koste me oss veldig på kjøkkenet i1.klasse. Me bakte lussekattar og det var superkoselig. I lunsjen såg me på Jul i Svingen og åt varme lussekattar. Det er jammen kjekt med jul og advent !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Fredag 11.desember 2020

I dag har 1. klasse hatt ansvaret for adventstunda på småtrinnet. Det var aller første gong at 1.klasse framførte noko for andre klassar - men det gjekk kjempefint ! Dei var rett og slett utrulig flinke ! Publikum fekk sjå Luciatog, høyre Luciasongen, læra litt om Lucia, sjå den koselige reinsdyrdansen og høyre om nissen på låven. Og jammen fekk me helsa på både Sofie, Theodor, og mammo til Queensway stakk og innom ein tur.


Tekst: Anne Sissel Mugaas Foto: Lars Bakka


✨
Kreativ og koseleg juleverkstad med 7. klasse✨
Fredag 11.desember 2020



Graut og bål
Onsdag 9.desember 2020

I dag har 1.og 2.klasse ete graut med mandel i ute. God stemning og god graut. Det vart premie til dei heldige som fann mandel i grauten sin !

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Venekohortar

Tysdag 8.desember  2020

Korona gir oss i alle fall moglegheit til å utforske delar av skoleplassen vi sjelden er på. Fann store delar av 5. og 6. Klasse i leik i lag på toppen av haugen vår.


Tekst og foto: Ida Marie Ingelin Hansen


1.klasse førebur Lucia
Måndag 7.desember  2020

I første klasse bur me oss på Luciafeiring og adventstund. I dag har me laga lykter av syltetøyglas, lim og silkepapir. Me trur desse blir fine med lys i ✨


Tekst og foto: Anne Sissel Mugaas



Den andre adventsamlinga
Fredag 4.desember 2020

I dag var det 2. klasse sin tur til å ha adventssamling. Dei var veldig flinke! Dansa, song og las dikt. Anette og Neo hadde jobben som programleiarar, den jobben klarte dei godt.


Tekst & foto: Gro Akselesen Halvorsen



Adventsamling for småskulen
Fredag 27.november 2020

Småskulen klarte å få til ei lita adventsamling med to meter mellom kohortane i amfiet i dag. Det var elevane i 2.- og 3. klasse som hadde ansvaret for denne første samlinga.

Tekst og foto: Lars Bakka
November 2020



Kurs i 3D-printing
Onsdag 25.november 2020

Det var stor interesse for kursa som Emil og Oda i 5.klasse hadde i dag. Det vert fleire kurs utover vinteren, og så får me håpa at printeren gjer ein like god jobb som elevane. Printaren har tullar litt, og gjer ikkje alltid det han får beskjed om!


Tekst og foto: Lars Bakka



Skogsarbeid i 3. klasse
Fredag 20.november 2020

3 . klasse hadde skogsarbeid i kunst og handverktimen i dag. Me skal lage oss smørjekniva, og alle måtte sage seg eit emne.


Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

Morgonstemning
Fredag 20.november 2020

Fredag morgom ar det kald og ein litt nysnø. Det vart nokre timar med aking, men etetr ei stund var snøen borte igjen.

Tekst & foto: Lars Bakka



Fokus på FAL - fysisk aktiv læring - i 1.klasse.
Torsdag 19.november 2020

Me har prøvd oss på ein stafett der me hentar eit ord i gryta til Ixi og deretter hentar bokstavar og set saman rett bokstavar for å få samme ord som på lappen. Her fekk me øva oss på samarbeid, korleis følgja reglar, lesa og kjenna igjen bokstavar. Elevane jobba kjempegodt og grønt lag vant med 13 mot 12 ord.



Tekst og foto: Anne Sissel Mugaas


3D-Teknologi og design i 3D
Torsdag 19.november 2020

5.klasse var først ute med 3D-print. Etter kvart kjem også elevar i 6. og 7.klasse til å få opplæring i design og utskrft i 3D

Tekst & foto: Lars Bakka


Velkommen til Sagvåg skule!
Torsdag 19.november 2020

Me er etter kvart blitt ein liten gjeng som kvar morgon, uansett vér, ynskjer elevar og vaksne velkomne til ny skuledag.

Tekst & foto: Lars Bakka


Kyllingsalat m/ focaccia og salat på SFO
Onsdag 18.november 2020



Overskrift og foto: Liljan Vestbøstad Waage


BlimE-dans
Torsdag 12.november 2020

Sjølv i koronatida klarte me å samla alle elevane til BlimE-dans med to meter mellom kohortane og god stemning. Her er filmen frå dansen: Du kan sjå filmen her>>

Tekst og foto: Lars Bakka


51 bilar
Torsdag 12.november 2020

Det er gode og trygge tilhøve for køyrande og gåande på veg til Sagvåg skule om morgonen. I dag var det heile 51 bilar innom rundkøyringa mellom kl 08.00 og 08.30. Dette tyder at over halvparten av familiane køyrer borna til skulen. Då har me ikkje teke med dei som vert køyrde til SFO før kl 08.00

Dette er eit høgdt tal, men etter det me ser går trafikkavviklinga fint. Alle er flinke til å vise omsyn til kvarandre.

Tekst og foto: Lars Bakka


Hans Sande og Marianne Gretteberg Engedal til 3.klasse
Fredag 6.november 2020

3. klasse hadde besøk av forfattar Hans Sande som har skrive bøkene om Arkimedes og av illustratør Marianne Gretteberg Engedal i dag. Me fekk høyre ein utruleg historie som Hans hadde skrive, og fekk vere med å bestemme korleis teikningane som Marianne teikna skulle sjå ut. Det var spennande og morosamt. 

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

Minecraft Education er populær i 6.klasse!
Fredag 11.november 2020

Vikingtida er emnet me arbeider med. På bildet kan ein mellom anna  sjå langhus og Bifrost, brua mellom menneska og gudeverda i norrøn mytologi.


Tekst og skjermfoto: Kjell Byrknes

Skummelt besøk i 1.klasse
Fredag 6.november 2020

I dag fekk 1. klasse besøk av ein skummel kjendis. Enkelte elevar var nokså sikre på at det var Donald Trump som skulle komma, men så var det denne karen som dukka opp. Litt skummelt, men no veit me endå meir om han.

Tekst: Lars Bakka Foto: Malene Flatøy Bakka

Kunst og handverk i det fri.
Fredag 6.november 2020

3. klasse var ute og fann seg emne til smørjeknivar. Det var friskt og deilig med ein utetime.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Forfattarbesøk i 1. klasse
Onsdag 4.november 2020

I dag har 1. klasse hatt Falturiltu besøk. Forfattaren Malin Hellebø fortalde oss morosamme og tøffe fakta om korleis dyr ser ut inne i munnen sin. Visste du at maurslukaren ikkje har tenner og at sneglen har tennene sine på tunga ? Det og mykje meir veit me i 1.klasse no !


Tekst og foto: Anne Sissel Mugaaas


Forfattarbesøk i 2. klasse
Tysdag 3.november 2020

I dag fekk elevane i 2. klasse møta Tor Arve Røssland. Du finn mange av bøkene som han har skrive i skulebiblioteket vårt>>

Tekst og foto: Lars Bakka


Landhocket
Måndag 2.november 2020

Det er stor aktivitet og intense trening og kampar i landhockeyturneringane som me har hatt i måndagsgymmen dei siste vekene.

Tekst og foto: Lars Bakka
Oktober 2020

 



Ein merkeleg skuledag
Fredag 30.oktober 2020

Det vart ein merkeleg fredag på Sagvåg skule. Først fekk 1. og 2.klasse melding om at dei måtte gå i karantene på grunn av nye lokale retningsliner. 6.klasse hadde nett teke til med skuledagen då også dei fekk beskjed om karantene.
Me vil informera alle om utviklinga i løpet av helga, men me håpar at alle klassane kan ha vanleg skuledag på måndag.

Oppdatering kl 16.50:
Dei testa hadde ikkje korona. Ingen klassar ved Sagvåg skule er då i karantene.

Oppdatering kl 18.00
No er opplysningane på nettsida til Stord kommune oppdatert slik at det er mindre fokus på å sende heile klassar i karantene medan ein ventar på testresultat:
----

Frå og med måndag er kommunen si oppmoding om heimekarantene målretta mot til å gjelda desse gruppene:

  • Nærkontaktar til personar som har fått påvist smitte.  
  • Alle i husstanden til personar som skal testast som følgje av luftvegssymptom

Oppmodinga gjeld frå og med laurdag 31. oktober.

------


Les meir på nettsida til Stord kommune>>



Tekst og foto: Lars Bakka


Halloween in 4th grade
Onsdag 28. oktober 2020


Saturday is Halloween all over the world. Lately we have learned a lot of scary Halloween words, and today was Halloween-bingo with prices from the witch’s cauldron!


Text & Photo:
Ingrid Kvernenes Misje


Proff brodering
Onsdag 28. oktober 2020

No kan du få hjelp til proff brodering av namn eller monogram på det perfekte produktet du har laga i Kunst & Handverk. Gjer avtale med Amanda i 6.klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka




Fin fredag
Fredag 23. oktober 2020

Det vart ein fin haustdag denne fredagen. Det var 6.klasse som hadde ballbingen.

Tekst & foto: Lars Bakka


Minecraft i 6. og 7. klasse
Tordag 22. oktober 2020

Mange skular her lenge nytta Minecraft i undervisninga. No har endeleg også nokre klassar hos oss fått ta i bruk dette verktyet i fleire fag. Her kan du sjå ein liten film om kva StatPed meiner om bruken av Minecraft i skulen>>

Tekst & foto: Lars Bakka



Nytt møte i elevrådete
Torsdag 22.oktober 2020

På tysdag var det møte i elevrådet. Det var mange saker som vart diskuterte. Her finn du referatet>>

Tekst: Lars Bakka


Cricket på Sagvåg skule
Onsdag 21. oktober 2020

I dag har Stord cricketklubb vore på besøk og lært oss cricket. Ivrige elevar, som ikkje hadde vore med på denne sporten før, synest dette var kjekt og ville lære meir. Me fekk utstyr til skulen og me kjem no til å øva på det me har lært i gymtimane frametter. I januar kjem dei att og vil læra oss meir.

Tekst Lene T Almås Foto: Lene T Almås & Kjell Byrknes



Quadro byggesett
Onsdag 21. oktober 2020

Julian, Anders og Leander har funne fram det gamle byggjesettet som me har hatt på skulen i ein del år. No har me funne det fram igjen, og elevane gjer no alt klart til mekkekurs for elevar i småskulen.

Tekst & foto: Lars Bakka


Fuktig

Tysdag 20.oktober 2020

 

Elevane har aktive friminutt sjølv om det er haustleg om dagen. Det er viktig at alle kler seg godt og har med byteklede.


Me har steng av det aller våtaste området  i skogen for ein periode.


Tekst:Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Missje & Lars Bakka


Måling av lengd i 1.klasse
Tysdag 20. okober 2020

I dag har me jobba med måling og lengde i 1.klasse. Me målte kvarandre med klossar, blyantar og bokstavar.

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

4 på rad i 4. klasse

Tysdag 20.oktober 2020

 

4. klasse har spelt 4 på rad med gongetabellen. Først var det jentene mot gutane, kor dei måtte samarbeide på kvart sitt lag. Dei brukte ulike strategiar for å finne svara. Det var veldig kjekt då alle fekk rekne ut på ei lita tavle. Neste gong blir det konkurranse mellom alle laga.



Tekst & foto: Åshild Giving


Fin tur i nydeleg haustsol

Fredag 16.oktober 2020

Viss ein studerer strandsona så finn ein mykje flott som høyrer naturen til, men om ein studerer den nøye, finn ein òg små plastbitar og anna rusk og rask som lett kan skade dyra i sjøen. Dette hadde me fokus på i dag, då me leita etter boss i strandsona. Mykje smått å finna då me tok oss tid til å leita skikkeleg.


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


Sykkel Kids
FRedag 16.oktober 2020


Fredag hadde 5. klasse fokus på sykkelferdigheter. Me var med på eit prosjekt som heiter Sykkel Kids, eit prosjekt som set fokus på trafikktryggleik og sykkelferdigeter. Alle fekk prøva seg i ei sykkelløype og øva seg på å vise teikn i trafikken. Etter øvinga sykla alle saman rundt Vikanes. På tysdag skal me øve meir, og ta sykkelprøve.




Tekst & foto: Helene Tislevoll Almås




FAL
Torsdag 15.oktober 2020

 

Fysisk aktiv læring i 5. klasse. I dag har me hatt ein ordstafett der elevane måtte finn bokstavar og lage ord etter oppdrag. Her måtte ein diskutere seg fram til kva bokstavar kvar og ein måtte springe å hente i bokstavsekken før ein kunne få skrive det ned. 





Tekst & foto: Lene T Almås



Kor mange?
Torsdag 15.oktober 2020

Kor mange personar blir det plass til rundt bordet hvis verten set saman langbordet av 5 bord?
6. klasse har algebra som tema i matematikk og held på med figurtal. Dei var veldig engasjerte då dei skulle løyse diskusjonsoppgåvene  Campus både skriftleg og praktisk.  



Tekst & foto: Åshild Giving



Kjelder og kjeldekritikk🤓
Onsdag 14.oktober 2020


I 7. klasse lærer elevane om kjelder og kjeldekritikk, og dag har dei bokstaveleg tala «gått/sprunge til kjelda». I etterkant skulle dei vurdera kor truverdig dei var og laga eit kjeldebarometer, men så langt kom me ikkje i dag. God aktivitet😉


Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

 



O for Å

Onsdag 14.oktober 2020


Å-lyden kan skrivast med både o og å, det er skikkeleg forvirrande! Me øver på dette i 4. klasse, og for å strekke litt på beina har me også gjort det gjennom ein lappeleik. Heldigvis har me god plass å boltre oss på i Stokksundet.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje



Celebert besøk og oppdrag🍬
Onsdag 14.oktober 2020

Sjølvaste Willy Wonka dukka i 7. klasse i dag med eit oppdrag til elevane: å designa eit godteri som han kan produsera i sjokoladefabrikken sin🍭Dei må blant anna ha med ingrediensar, form, reklame for produktet og slagord. Me er spente på å sjå om han nyttar seg av forslaga frå elevane😊

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


HVL + SFO = Sant! 
Onsdag 14.oktober 2020

I dag har SFO hatt gymaktivitetar i samarbeid med kroppsøvingsstudentar frå Høgskulen på Stord (HVL). Superkjekt for store og små!




Tekst & foto: Carina Chen Jonassen


Haust 
Onsdag 14.oktober 2020

2. Klasse har utforska hausten i dag:-) Dei har vore ute og funne mange ulike haustteikn i naturen .




Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Sporty folkedans 
Måndag 12.oktober 2020

I dag har elevane i 5., 6. og 7. klasse fått ta del i ei reise i lokale dansetradisjonar frå Hordaland. To dansarar og ei speledame på hardingfele lot elevane få utfalde seg til rytmar og rørsler i lokal folkedans og folkemusikk. Det var ei sporty, tradisjonsrik og lærerik økt.  Tusen takk for ein kjekk danseverkstad!




Foto: Hildegunn Sæbø Heimro

 

 

Utegym
Måndag 12.oktober 2020

 

Medan det var danseverkstad i gymsalen tok me andre opss ein fin turmarsj rundt Vikanes i det fine haustveret

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Sagvåg skule fredag 2.oktober 2020  kl 08.00

LØP - HOPP - KAST PÅ SOLIDBANEN for 5. - 7. klasse

Fedag 2.oktober 2020

 

 

Konkurranseinstinkt, smil, samhald, glede og sol oppsummerer dagen :-) 


Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


Naturbingo

Fredag 2.oktober 2020

I dag har 1.klasse hatt naturbingo ute. Dei var flinke til å henta og leita etter dei ulike tinga på bileta. Når dei hadde funne tinga på bileta fekk dei kryss på bilete på bingo lappen sin. Veldig kjekt!


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

FAL (Fysisk Aktiv Læring)
Fredag 2.oktober 2020


Sagvåg, Hystad og Rommetveit skule er med i prosjektet Fysisk Aktiv Læring i samarbeid med Høgskulen i Sogndal. I prosjektet er det fokus på at elevane skal vera aktive i alle fag. Her er det 1.klassingane som øver på samarbeid.

Tekst Lars Bakka  Foto: Egil Petteteig/ Lars Bakka


Spanande besøk på SFO
Torsdag 1.oktoer 2020


Onsdag fant nokre elevar ei due på skulen, den stod det navn og nummer på. Me passa på dua til ho blei henta og sku leverast trygt tilbake til eigaren i Fusa.
Det viste seg at det hadde vert dueslepp på Hardangervidda på søndag, og dua hadde teke litt feil veg heim.


Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage





Ei koseleg morgenstund på SFO
Torsdag 1.oktober 2020


Tekst & foto:
Ailinn Tingvoll Spissøy

SIM SALA BIM!
Torsdag 1.oktober 2020


I dag har me i 4. klasse vore på SIM på Heiane. Det syns me var veldig kjekt.Linn Jeanette lærte oss å sortere bosset riktig, og me fekk omvisning på miljøstasjonen. Visste de at chips-emballasje med sølvfarge inni skal i restavfallet? Og at all lys og varme på Haukeland sjukehus kjem frå forbrenningsannlegget der restavfallet vårt vert brent?Det har vore ein veldig lærerik og gøy dag!Helsing alle i 4. klasse.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Dans på skulen
Torsdag 1.oktober 2020

Det er kjekt å sjå at også dei store elevane er fysisk aktive i friminutta. U uteamfiet var det musikk og danns i pausen i dag.

Tekst & foto: Lars Bakka
September 2020

 



Det var ein gong....
Fredag 25.september 2020

Før koronatida møttes heile skulen til vekesamling kvar fredag. Onsdag var det den internasjonale teiknspråkdagen, og då hadde me nok hatt ei  samling i amfiet dersom alt var som før. Medan me ventar på ei vaksine så får me mimra litt. Sjå filmen her>>..

Tekst & foto: Lars Bakka


Flinke skulebibliotikarar
Torsdag 24.september 2020

Det er alltid kjekt når skulebibliotikarane kan hjelpa lånarane med å finna akkurat den boka dei leitar etter :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


Litt luksus i kvardagen!
Torsdag 24.september 2020

I dag fekk alle elevane i 2.klasse utdelt nye og fine øyretelefonar.

Tekst & foto: Lars Bakka



Teiknspråkdagen 2020
Onsdag 23.september 2020

Er er nokre glimt frå teiknspråkdagaen 2020 ved Sagvåg skule

Tekst: Lars Bakka Foro: Åshild Giving


Teiknspråkdagen 2020
Onsdag 23.september 2020

23. september er FNs internasjonale dag for teiknspråk. Dagen skal auka medviten om teiknspråk og kva det har og si for døve og tunghøyrde i dag. Teiknspråk er ein visuell kommunikasjonsform. Det er meir enn 300 teiknspråk i verda i dag.

Det er over 70 millionar døve eller høyrselshemma i verda i dag. I fleire land får dei ikkje skulegong, utdanning eller delta i samfunnet som alle andre. Den internasjonale dagen for teiknspråk blei for fyrste gong arrangert i 2018, for å understreke at å inkludera døve og høyrselshemma må til for å nå FNs bærekraftmål.

På Sagvåg skule markerar vi dagen med ulike teiknspråkaktivitetar på alle trinn og eiget vekeoppdrag: «Eg kan 5 ord på teiknspråk».


Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland



Tala opp til 40
Tysdag 22.september 2020

 


2. klasse jobbar med tala opp til 40 og subtraksjon. Det er god hjelp og veldig gøy å bruke tallinja når me reknar.


 

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

 





Kardemommeby
Torsdag 17.september 2020

 


I dag hadde me storfint besøk frå Musikklina ved Stord vidaregåande skule. Dei spela og song utdrag frå Kardemommeby, som dei skal setja opp i oktober. Og så fekk me bli kjende med nokre korpsinstrument. 1-4.klasse kosa seg. Kjekt med besøk av så flinke ungdomar. 


 

Tekst & foto: Egil Petterteig




Møte i Elevrådet
Torsdag 17.september 2020

I dag var det møte i elevrådet, med god avstand mellom elevene frå dei ulike klassane på grunn av smittevern. Referet kjem seinare.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petteteig


Blått vatn i 1. klasse
Onsdag 16.september 2020

 


Me har forska på korleis trea sug opp vatnet med røtene sine frå jorda. Me laga tre av tørkepapir og laga magisk blått vatn av vatn frå bekken.
Her var mange gode forskarar på ein gong ! Etterpå leika me i bekken og i skogen !!
Me hadde det kjempegøy!


 

Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas





"Ville veier og vrange skilt"
Tysdag 15.september 2020

 


2. og 3. klasse fekk i dag sjå ei teaterframsyning med og av Laffen og Kikk,  Leif Fjelldal og Christel Aas. Tema for styket var trafikktryggleik.

"Ville veier og vrange skilt" er eit samarbeid mellom Laffen og Kikka, Nullvisjonen og Trygg Trafikk.


 

Tekst: Lars Bakka Foto: Beate Mettälä Føyen og  Lars Bakka




Nasjonal prøve i engelsk
Torsdag 10.september 2020

 


5.klasse gjennomførte nasjonal prøve i engelsk i dag. Klassen skal også ha prøve i lesing og rekning.

 

Tekst & foto: Lars Bakka





Brannøving
Tysdag 8.september 2020

 


Me gjennomførte brannøving kl 09.20 i dag. Denne øvinga visste alle om på førehand og alle var ute og klar for avmelding etter berre to minutt. .

 

Tekst & foto: Lars Bakka




Sykkelshow!
Måndag 7.september 2020

 


Etter gymmen på måndag fekk elevane i 3.klasse med seg eit flott sykkelshow då nokre flinke elevar i 6.klasse kom ned i salen for å øva på einhjuling....og dei hadde full kontroll.

 

Tekst & foto: Lars Bakka




Lauvtre i 1.klasse
Torsdag 3.september 2020

 


I dag har 1.klasse forska vidare på lauvtre og kva som skjer med trea om hausten. Me har også laga to flotte store tre som no heng i klasserommet.

 

Tekst: Anne Sissel Mugaas  Foto: .....




«Eg byggjer meg ein båt»
Onsdag 2.september 2020

 


- eit undervisningsopplegg i regi av Sunnhordland museum. Tusen takk til Torill og Bjørn Arve for eit flott og kjekt opplegg :-)

 

Tekst  & foto: Hildegunn S Heimro




Nye bibliotekarar
Onsdag 2.september 2020

 

I dag Tuva, Noah og Dianne er tilsette som nye skulebiblotekarar ved Sagvåg skule. Dei er allereie i full gang med opplæringa, og det er lett å sjå at skulebibloteket bibliotekarane på plass!

 

Tekst  & foto: Lars Bakka




Sopptur
Tysdag 1.september 2020

 

I dag har 5. og 6. klasse vore på sopptur. Heile gjengen sykla til crossbanen før me gjekk eit stykke inn i skogen for å finna sopp. Det vart kokt soppsuppe av soppen me fann. Kjell er soppekspert og lærte oss kva sopp me kunne eta, og kva sopp som var giftig. Me hadde ein kjekk tur der alle koste seg med suppe og leik i skogen.  

 

Tekst : Lene T Allmås  Foto: Kjell Byrknes

 

August 2020


Desimaltal i praksis
Måndag 31.august 2020

 

6. klasse jobbar med desimaltal. Dei har rekna addisjon og subtraksjon i campus med diskusjonsoppgåver. Siste økta gjekk dei ut og skulle finne ut kor langt t.d. 2,5 m – 30,5 m er.

 

Tekst & foto: Åshild Giving



Stasjonar i 1.klasse
Fredag 28.august 2020


Me har starta med stasjonsundervisning i 1.klasse.
Me tel, forskar med klossar, løyser oppgåver på data og øver på bokstavar. Veldig kjekt og kjempemotiverte og blide elevar


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

Morgonstemning
Torsdag 27.august 2020

Det har vore nokre fine rolege morgonar denne veka. Når elevane kjem til skulen kl 08.15 får dei vil lov til å gå inn. Då vert det betre tid til handvask før skuledagen tek til kl 08.30


Tekst & foto: Lars Bakka


Uteskule 2. Klasse
Onsdag 26.august 2020


I dag hadde 2. Klasse uteskule på parkeringsplassen ved Utslettefjellet. Me jobba på ulike stasjonar og måtte svara på spørsmål om fuglar, blomar, trær og songar m. m Til slutt var det god tid til leik


Tekst & foto: Gro Akselesen Halvorsen


Sopptur
Onsdag 26.august 2020

Soppstudie i 7. klasse. Her er både etande (3 typar) og ikkje etande sopp Spanande vekst, og visste du at det kan til og med «eta» menneske?


Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


Campus Increment i storskulen
Tysdag 25.august 2020

Storskulen held på med ny digital matematikkbok, som inneheld tilpassa omvendt undervisning. Her er det videoleksjonar til kvart kapittel i boka, diskusjonsoppgåver og prøver. Elevane kan til ein kvar tid sjå kva dei er gode på og kva som dei treng øve meir på. Alle tre klassane har starta med programmering og talsystem.


Tekst & foto: Åshild Giving


Rekning og musikk
Tysdag 25.august 2020

 

Det er mykje rekning i musikk. Gitar er eit flott koordinatsystem og elevane har funnet mange reknestykke på pianoet. Felles for begge instrumenta er at ein kan høyre reknestykka, ikkje berre skrive dei.

 

Tekst & foto: Åshild Giving



Stor aktivitet i gymmen
Måndag 24.august 2020

Det var stor aktivitet i gymmen i dag med Aball-aktivitetar. Dette året vert det mer kroppsøving  då me ikkje skal ha symjing medan Nysæterbassenget vert rive og nytt basseng kjem om to år.
Her kan du lesa meir om kva dei reviderte læreplanen skriv om kroppsøvingsfaget på dei ulike årsstega>>



Tekst & foto: Lars Bakka


7.klasse til Fiskarelva
Torsdag 20.august 2020
 

Torsdag var 7.klasse på tur til Fiskarelva i det fine vèret.


Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Ut på tur med 1.klasse
Tysdag 18.august 2020

I dag har første klasse vore på sin aller første tur. Me åt maten vår ute, leika i skogen, leste litt og teikna og skreiv bokstavar på asfalten. Det var heilt stille og litt fuktig i lufta og myggen likte seg litt for godt rundt oss. Turen vart difor litt kortare enn me hadde tenkt.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas



Uteskule med 3.klasse
Tysdag 18.august 2020


3.klasse hadde uteskule i finveret. Me laga statistikk av ulike bærsortar. Det var litt blåbær i skogen, men me trur at bringebærsesongen er over.



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Rydding og klargjering
Tysdag 18.august 2020
I dag har kjekke 7. klassingar vore med på rydding og tilordning av dei nye PC-ane til småskulen.
Tusen takk for god hjelp!!

Tekst & foto: Lars Bakka


Første skuledag 2020/21
Måndag 17.august 2020

Det alltid kjekt å ynskja elevane velkomne til nytt skuleår. Spente 1.klassingar vart tekne imot i amfiet. På grunn av koronasituasjonen vart det ikkje storsamling for alle elevane i år.

Tekst & foto: Lars Bakka


Nye pc-ar til alle i 1. til 4.klasse
Måndag 17.august 2020

Det vert delt ut heilt nye pc-ar til alle elevane i småskulen desse første dagane i det nye skuleåret. Satsinga på digitale læremiddel held fram i den reviderte læreplanen for skulane i Noreg.

Tekst & foto: Lars Bakka



Første skuledag dette skuleåret er måndag 17.august. Skuledagen tek til kl 08.30 for alle elevane. SFO er open frå kl 06.45

VELKOMMEN!


Dei tilsette har planleggingsdagar 14. til 16. august >>

Tekst & foto: Lars Bakka

Ny gangveg og grasbakke
Tysdag 4.august 2020
 

I sommar er det blitt planta plen og laga ein koseleg gangveg ved inngangen til mellomsteget.

Tekst & foto: Lars Bakka