HAUSTEN 2019   Arkivet
Desember 2019

Juleavslutning
Fredag 20.desember 2019

Den aller siste skuledagen er det alltid felles avslutning i amfiet. Det var song, dans og lesestund. Det var stor stas at også 8.klassingane som stakk innom vart med i dansen :-)

God jul til alle!

Tekst: Lars Bakka Foto: Valita Vassnes & Lars Bakka

 

Ryddedugnad til jul
Fredag 20.desember 2019

Alle dei tilsette var med på ryddedugnad. Heile skulehuset vart rydda og gjort klar til skulestart på nyåret. Kjekt å komma tilbake til ein ryddig og fin skule for store og små!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Julefrukost
Torsdag 19.desember 2019

Så var det endeleg tid for den tradisjonelle julefrukosten ved Sagvåg skule. Med varm kakao og ferske rundstykke vart det ein koseleg frukost for alle elevane torsdag morgon.

Tekst: Lars Bakka Foto:  Ida Marie Ingelin Hansen,Isabell Epland Østby

 

Juletregang
Torsdag 12.desember 2019

I grålysinga i dag tidleg var det stemningsfull juletregang på skuleplassen for heile skulen.

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Juleverkstad
Onsdag 18.desember 2019

I dag har heile Sagvåg skule hatt juleverkstad. Det har vore god stemning på bygget, og alle elevane har kunne velga mellom ulike kjekke aktivitetar i løpet av dagen. Aktivitetane har vore varierte og elevane har kunna velja mellom laging av lys, nissepynt, toving, baking, glasmaleri, klipp og lim, ulike produkt i kvist og kvast, sjakk og  teiknestasjon med lytting. 

Ein kjekk og annleis dag der elevane knyt venskapsband på tvers av alder og klassar.

Tekst Anne Sissel Mugaas Foto: Ailinn Spissøy & Lars Bakka

 

Kunst og handverk i 6.klasse
Fredag 13.desember 2019

I kunst og handverksøkta  i dag har 6.klasse laga fine 3 dimensjonale juletre og kuler i ulike typar papir. Dei har også laga fine til og frå lappar.

Elevane laga mange kreative og fine produkt.




Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas

 

Luciadag for 1.klasse
Fredag 13.desember 2019

Flinke 1. klassingar har hatt ein travel dag, med opptreden i adventsstund i Amfiet og Luciatog i klassane, + grupper og baking av Lussekattar.

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen


Adventsamling med 1. og 6.klasse
Fredag 13.desember 2019

Med 1.klasse som Lucia og flott song frå skulekoret og 6.klasse, så vart dette endå ei fin morgonstund på Sagvåg skule i desember. Takk til alle som kom og var med oss.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Jul på museet med 2.klasse
Onsdag 11.desember 2019

Onsdag var 2. klasse på museet for å høyre om korleis dei feira jul i gamle dagar. Me bar ved, baka lefser, henta vatn, vaska klede, kosta og stelte til jul. Før me køyrte til Sagvåg att, måtte me i fjøset med graut til nissen sånn at det vart jul på han også. 

Tusen takk til positive og kjekke foreldre som hjalp til med køyring. 




Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 

Førjulsgraut
Tysdag 10.desember 2019

Etter langfriminuttet i dag samla 3. og 4. klasse seg inne hos 4. klasse og åt julegraut i lag. Det var ei kjekk stund med god julestemning. Heile 6 mandlar var gøymde i grauten, og me fekk 6 heldige vinnarar. Nok ein fin førjulsdag på Sagvåg skule.


Tekst & foto: Jens Lønning

 

 

Me les!
Måndag 9.desember 2019

 

Etter tre veker der elevane på mellomsteget mellom anna har lese, lytta, dramatisert og teikna, var det på fredag tid for utdeling av premiar. Elevrådet spanderte tre bokpremiar. To gjekk til dei som hadde lese mest og ein premie blei trekt mellom alle som leverte skjemaet for kor mykje dei hadde lest. Alle har fått premie i den forstand at dei har blitt betre lesarar.



Tekst & foto: Kjell Ove Byrknes

 

 

Den andre adventsamlinga
Fredag 6.desember 2019

Tusen takk til alle som var med oss på den andre adventsamlinga. I dag var det elevane i 3.- 4.- og 5.klasse som stod på scenen. Neste fredag er det 1. og 6.klasse som er på scenen. Her finn du nokre bilete og filmar frå samlinga.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Nye bøker i skulebiblioteket
Onsdag 4.desember 2019

Skulebibliotekarane kan tilby ei fin samling med nye bøker i skulebiblioteket. Me har og to hyller med julebøker på utstilling!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

KinBall
Måndag 2.desember 2019

 

7. klasse har lært å spele KinBall. Dei blei delt inn i tre lag. Gult lag starta med å serve og det blå laget skulle prøve å ta imot KinBallen før den traff golvet. Når dei ikkje klarte det, så gjekk poenget til dei andre to laga. Elevane var veldig flinke til å samarbeide, så dei prøvde å være 3 på laget.


Tekst & foto: Åshild Giving

Den første adventsamlinga
Fredag 29.november 2019

I dag tidleg starta me med 2.- 7.klasse og skulekoret på scenen i amfiet og adventsamling. Takk til alle foreldre og andre som ville starta dagen med oss!

Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg
November 2019


Forfattarbesøk
Onsdag 27.november 2019

Forfatterbesøk på Litlabø bibliotek! Anna Folkestad las frå ei av bøkene sine "Ulla" til 1. klasse :-) Ei veldig kjekke bok. Ho prata litt om andre ting, men då fekk ho beskjed : Hei du! Les då!


Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen


Me les og les....
Tysdag 26.november 2019

Lesevekene held fram i 5.-6. og 7.klasse. Under finn du fleire stemnigsfulle bilete.


Tekst: Lars Bakka Foto: Ida Marie Ingelin Hansen

Hugs at du alltid kan finna dei nyaste bøkene vår her:






Adventsgrupper i 1. til 4.klasse
Tysdag 26.november 2019

I dag har 1.- 4. klasse hatt aktivitetsdag på tvers av klassane, med 5 ulike stasjonar både ute og inne. Eventyr og drama i lavvo, pepperkakebaking på kjøkkenet, pinnebrødlaging i skogen, teiknspråk rebus og leikestasjon. 

Ein veldig kjekk og annleis dag med mykje aktivitet og god stemning.



 
Tekst: Anne Sissel Mugaas Foto: Anne Sissel Mugaas, Line T Almås m.f


Tallinja i 2.klasse
Måndag 25.november 2019

 
I dag var 2. klasse ute og hadde matematikk igjen. I dag laga me tallinjer som me rekna på. Det er mykje lettare å rekne minus når me har ei tallinje. 



Tekst &  foto: Anne Elisabeth Trevland


Hinderløype
Måndag 25.november 2019

7. klasse fekk ansvaret for å lage ei hinderløype i gymtimen. Dei var veldig ivrige og laga ein flott stafett og avslutta med tarzantikken.

Tekst & foto: Åshild Giving


Trollgubben Lurvelegg
Onsdag 12.november 2019

I dag har 1. Klasse vore på tur i skogen for å sjå om me kunne finna Trollgubben Lurvelegg. Me såg mange som likna. Til slutt laga me vårt eige troll



Tekst & foto: Gro A Halvorsen



Norsk og kunst og handverk

Tysdag 19.november 2019

Første klasse har stasjonsundervisning fleire gonger i veka. Tysdag hadde me både norsk og kunst og handverks grupper. Elevane løyste kryssord, spelte Alias og jobba med leire.

 



Tekst & foto: Laila Gjøsæter


Leseveker i 5.-6.- og 7.klasse
Tysdag 19.november 2019

Elevane på mellomsteget har starta på lesevekene. I desse tre vekene er det spesielt fokus på lesing. Det blir og arbeid på ulike stasjonar der elevane er sett saman på tvers av klassane. Der inngår drama, munnleg bruk av språket, frå bok til film, teikning og kreativ skriving som er ein del av opplegget.

 



Tekst & foto: Kjell Byrknes


Stratego i 7.klasse
Måndag 18.november 2019


Tuva lærte 7. klasse Stratego, som er eit lagspel der man må tenke strategisk for å vinne over det andre laget.

Strategen deler ut kort til sine spelare og målet er å ta motstanderlagets kort. 7. klasse var veldig engasjerte og blei flinke til å lage ein strategi for laget.



Tekst & foto: Åshild Giving


Open dag!
Torsdag 14.november 2019


Tusen takk til alle som var med oss på "Open dag" på Sagvåg skule i dag. Det var kjekt å sjå at så mange tok seg tid til å komma. Det kom inn heile 37.915 kroner til Forut !!


Tekst & foto: Lars Bakka


Grupper i 1.- til 4.klasse
Tysdag 12.november 2019

Tysdag hadde 1-4. klasse grupper der me førebudde Open dag. Nokre elevar laga kjeks som me skal selgje, nokre laga kunst, andre dansa og song. Den siste gruppa kosa seg med å spele spel. Det var ein kjekk dag med mange kjekke aktivitetar og berre kjekke ungar.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Pizza til heile skulen!
Onsdag 13.november 2019

I dag har me feira Lego-League-gjengen vår med knallgod pizza til alle elevane på Sagvåg skule. Tusen takk til flinke pizza-kokkar i 6.klasse!

Tekst & foto: Lars Bakka


Gratulerer med flott innsats‼
Laurdag 9.november 2019

Legogjengen ved Sagvåg skule kom heilt til semifinalen i First Lego League i Kopervik i dag med 198 poeng OG vann Kjerneverdi-prisen! Flott jobba‼️

Tekst: Lars Bakka Foto: Guttorm Østevoll Fjose



First Lego League 2019
Fredag 8.november 2019

I dag fekk heile skulen presentert First Lego League 2019, og i morgon brakar det laus med konkurranse i Kopervik. Lykke til!

Tekst & foto: Lars Bakka

Kjekt med gravemaskin!
Fredag 8.november 2019

Torsdag, fredag og måndag er det arbeid med fjerning av oljetank på Sagvåg skule. Det er god underhaldning for elevane i pausetida. Det er viktig at alle respekterer sperringane, bådet i skuledagen og gjennom helga.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig & Lars Bakka

Frukost med 2.- og 7.klasse
Onsdag 6.november 2019

2. Klasse fekk servert havregraut hos faddarane i 7. Klasse. Det var koselig start på dagen.

Tekst & foto: Åshild Giving


Een Nederlands feestje
Onsdag 6.november 2019

Vandaag hadden wij het privilege om deze bijzondere en uitdagende school te mogen bezoeken. Wij zijn vier studenten uit Nederland van de Hogeschool Leiden en studeren aan de PABO. Dit is een opleiding tot basisschoolleerkracht.

Eerst hebben wij tijdens een Engelse les gevoetbald met een groep. Na veel gesprekken in het Engels te hebben gevoerd zijn we vervolgens uitgedaagd om op een eenwieler te rijden. Tot de verbazing van zowel het schoolteam als de kinderen bleek één van onze studenten erg goed te zijn!

Wij vinden de school enorm bijzonder en hebben ons welkom gevoeld. We nemen veel ervaringen mee terug naar Nederland en in ons onderwijs. Graag zien we meer scholen als deze terug in Nederland, met veel aandacht voor individuele ontwikkeling en het geven van veel vertrouwen aan de leerlingen.

Met vriendelijke groet,

Karlijn, Anouk, Melvin en Daan

Foto: Lars Bakka

Ein frisk tur i kaldt november ver:)
Onsdag 6.november 2019

Ein opplagt gjeng med 1. klassingar tok turen til parkeringsplassen ved Utslettefjellet.

Der laga me bål og steikte pinnebrød. Det smaka godt, og all deigen forsvann. Det var godt å sitja rundt bålet og varma seg og prata.

Det  var god tid til leik. Til dømes  konge, dronning og tenarane.

Godt å komma ut og springa litt:)



Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen


Brodering i 3.klasse
Onsdag 6.november 2019

3.klasse lærer seg å brodera med korssting i kunst og handverkstimane. Dei har fått i oppgåve å brodera bokstaven sin og montera det i ramme når den er ferdig. Mange har fått dette så godt til at dei til og med har laga små ekstrabroderi.

Imponerande mange fine arbeid og arbeidsame og flinke elevar ! No heng den første gruppa sine arbeid på utstilling i klasserommet, og snart skal dei få vera med heim.


Tekst & foto: Anne Sissel Mugaas


Kjempekjekt med besøk frå Nederland
Onsdag 6.november 2019

 

Studentane frå Nederland tok seg veldig god tid i 7. klasse. Dei fortalte litt frå heimlandet og hadde flott dialog med elevane i klassen. Elevane hadde mange spørsmål og ting dei ville fortelje. To av studentane spelte fotball på fritida, så på slutten av timen hadde dei mini fotballturnering. Det var ein flott måte å lære engelsk på. Dei var godt nøgd med samspelet på laga.

 

Tekst & foto: Åshild Giving




Lesekvart
Onsdag 6.november 2019

2-3 gongar i veka har 3. klasse lesekvart  etter mat. Nokon er kjapt ferdig med nistematen sin, då finn dei fram boka si. Etterkvart vert det veldig god lesero og mange oppslukte lesarar i klasserommet.


Tekst & foto: Ingrid Kvernnenes Misje

"Dyras beste sjekketriks"
Måndag 4.november 2019

Femte klasse fekk på måndag sjå ei forestilling i regi av Faltiriltu som heiter "Dyras beste sjekketriks". Ved hjelp av teikningar, opplesing og samtale med elevane, fekk femteklassingane på ein humoristisk måte læra om ulike sjekketriks i dyreverda. Det var Malin Hellebø (programleiar for Dyrevenn på NRK Super) og Camilla Kuhn som tok for seg dei utrulege tinga dyra gjer for å skaffa seg ein make.


Tekst & foto: Kjell Byrknes

Refleksvestar til heile skulen!
Fredag 1.november 2019

FK Haugesund kunne feira cupfinale mot Viking med refleksvest-draktar til alle elevane på Sagvåg skule! Det vart ein flott avslutning på reflekskampanjen vår. I neste veke set me fokus på sunn matpakke.

Tekst & foto: Lars Bakka

Engelsk framsyning er kjekt og lærerikt
Fredag 1.november 2019

 

Klassen har hatt ein engelsk presentasjon om seg sjølv. Dei var veldig flinke og førebur seg på ungdomsskolen. Etter framsyninga hadde Tuva laga muffins og fått med nokon elevar til å pynte dei.

Tekst & foto: Åshild Giving

Oktober 2019



Overraskelse i 1.klasse
Torsdag 31.oktober 2019

Plutseleg kom det ein gorilla inn i klassen ! Han kunne berre snakka engelsk, så det vart spanande og litt skummelt

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Siste dag med studentane denne hausten

Onsdag 30.oktober 2019

7. klasse har vore så heldige å få 3 veldig positive og flinke studentar, som ønskjer å utdanne seg til å bli lærarar. Etter ein flott og lærerik matematikktime, så tok de farvel med elevane. Dei hadde laga kake og muffins og laga ein morosam kahoot. Me gler oss til dei kjem til våren.



Tekst & foto: Åshild Giving

Uteskule med 6.klasse
Tysdag 29.oktober 2019

Tysdag var 6. klasse på tur til ”Litlabøland”. Det var ein fin, men kald tur. Me laga bål og kosa oss i vakre omgjevnadar.


Tekst & foto: Studentane

Skulebiblioteket
Tysdag 29.oktober 2019

I
dag hadde 4. klasse leseøkt på skulebiblioteket. Her fekk litteraturen bein å gå på. Sosialt og lærerikt. 


Tekst & foto: Jens Lønning


"Papirballmatematikk"
Tysdag 29.oktober 2019

I dag var 2. klasse ute og hadde matematikk. Dei kasta papirballar og rekna poeng. Det var stor aktivitet og veldig kjekt. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

5.klasse på eitt hjul!
Tysdag 29.oktober 2019

Mange av elevane i 5.klasse er allereie godt igang med å læra å sykla på einhjuling, etter berre ei veke med øving!

Tekst & foto: Lars Bakka


Onsdag 23.oktober 2019

Det var mange saker i elevrådet denne gongen. Du kan lesa referetet frå møtet her>>


Tekst & foto: Egil Petterteig

7.klasse til DNB
Onsdag 23.oktober 2019

7.klasse har vore i DNB på eit lærerikt og nyttig undervisningsopplegg om personleg økonomi. Elevane lærte at småkjøring fort kan bli 60-70.000 kr. Elevane fekk eit ark med heim, som dei kan diskutera med foreldra. Les meir på www.larepenger.no



Tekst: Åshild Giving Foto: Hanne Torp

Arbeidsplan

Fredag 18.oktober 2019

Kvar fredag er det arbeidsplan i 3. klasse. Då kan alle sjølv velje kva rekkefølge dei vil gjere oppgåvene, kvar dei vil sitte å jobbe og kven dei vil jobba saman med.


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Borte-vekk
Fredag 18.oktober 2019

Det skal godt samarbeid til for å trylla bort heile 1.klasse i løpet av 4 sekund !

Tekst & foto: Lars Bakka


Vekesamling
Fredag 18.oktober 2019

1.klasse gav opss flott song til vekesamlinga i dag. I neste veke set me forkus på bruk av refleks! Flott om alle finn fram refresvestar og brikker.
(Her finn du både bilete og ein filmsnutt frå samlinga.)

Tekst & foto: Lars Bakka



Troll i 7.klasse
Torsdag 17.oktober 2019

Elevane hadde ei flott økt med å lage troll og dei gler seg til å fortsetje. Dei fekk ei god innføring i korleis dei skulle utforme hendene og føtene.

Tekst & foto: Åshild Giving



Me ordnar opp når andre taggar!
Tysdag 15.oktober 2019

Det er blitt tagga i undergangen på vef opp mot skulen vår. No har Benjamin og Henrik malt over det andre har tagga. No er det fint igjen. Flott jobba :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Benjamin


Matematikk i 1.klasse
T
ysdag 15.oktober 2019

Tal og rekning var tema i 1.klasse i føremiddag.

Tekst & foto: Lars Bakka


God steming
Tysdag 15.oktober 2019

Det er fin morgonstemning når 6. og 7.klasse startar dagen med havregraut og toast :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Haustferien er over
Søndag 13.oktober 2019


Alt er klart for første skuledag etter haustferien. I vekene som kjem skal me ha med studentar frå HVL i 6. og 7.klasse og elevar frå Fitjar vgs. i 1.-2. og 4.klasse og SFO.

Tekst & foto: Lars Bakka

Haustkrans i 3.klasse
Fredag 4.oktober 2019

Siste dag før haustferien fekk me laga oss ein liten haustkrans av rognebær innimellom all jobbinga med norsk og matte. Ein fin liten sak som kan pynte opp i haustferien. 

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Vekesamling
Fredag 4.oktober 2019

I dag var det siste vekesamling før haustferien. Det vart ei fin samling med song frå 2.klasse og allsong med heile skulen. Du finn både film og bilete her:

Tekst & foto: Lars Bakka

3.klasse til biblioteket
Onsdag 3.oktober 2019

 

I strålande haustver fekk me i 3.klasse gå tur til Litlabø bibliotek på onsdag. Der er det alltid fint å komme og bli lest for og svømme i bøker etterpå. Stemninga var altså då god at Anne Sissel spanderte is på heile gjengen på heimturen!



Tekst og foto: Ingrid Kvernenes Misje

 

2.klasse til Utslettefjellet
Tysdag 1.oktober 2019

 

2. klasse er nokre skikkelege tøffingar. Tysdag gjekk me til Utslettefjellet. Det var vått og glatt, men me var heldige og såg sola då me åt nista. På toppen såg me Fitjar, Bømlo, gruvetårnet og Kvinnherad. Me var nesten over skyene. Me la merke til at det ikkje var så mange tre der oppe. Dei som var der, var ikkje så store. 




Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 

1. og 6.klasse i skogen
Tysdag 1.oktober 2019

Tysdag var 1.klasse på tur i skogen med fadrane.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Haustsamling
Tysdag 1.oktober 2019


I dag hadde småskulen haustsamling i amfiet. Det vart ei koselig stund med både song og dikt. Alle klassane hadde flotte bidrag, og det var veldig god stemning. No gler me oss til haustferie.

Ei spesiell takk til programleiarane Sina og Oda i 4. klasse, og til Ole i 4. klasse som var teknisk ansvarlig.



Tekst og foto: Jens Lønning

 

September 2019

 

Stjerneteller
Fredag 27.september 2019


I dag hadde me konsert med Christine Sandtorv og Stjernetellerbandet. Ein flott og humoristisk konsert som skapte mykje engasjement blant elevane. Flinke dansarar og songarar frå skulen fekk og lov å vera med. Sjelden har det vore så kjekt å vera 10 minutt for lenge på skulen på ein fredag



Tekst og foto: Egil Petterteig

 

Innestemme og eplekake
Fredag 27.september 2019

Klasse har tjuvstarta på vekeoppdraget og jobba med å ha innestemme inne. Av og til går det fint. Difor laga me eplekake som belønning. Me må nok jobba vidare med stemmebruken i neste veke og :-)

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Tur til Moster
Onsdag 25.september 2019

I dag har 4. klasse vore på tur til Moster Amfi. Der var me i lag med 4. klasse frå Tjødnalio og Hystad. Me fekk ei god innføring i lokalhistorien på Moster. Vikingtru, historia til Moster kyrkje og lokal gruvedrift stod på programmet. I tillegg fekk me sjå ein liten, men flott teaterforestilling. Nok ein god dag å vere 4. klassing på Sagvåg skule.



Tekst og foto: Jens Lønning

Måling i 3.klasse
Onsdag 25.septemeber 2019

[Tekst kjem]

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje og Kari Myhre

Sløyd 3.klasse
Onsdag 25.septemeber 2019

[Tekst kjem]

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje og Kari Myhre

Ut i naturen
Onsdag 25.september 2019


Onsdag var 1. og 2. klasse på tur saman. Elevane var blide og leika seg kjekt saman.  Me steikte fiskekaker og smakte kjempegodt.

 

Tekst & foto:Anne Elisabeth Trevland


Girltech-fest på biblioteket
Tysdag 24.september 2019

På tysdag fekk jentene i 5.klasse vera med på Girltech-fest på biblioteket. Det var Sagvåg og Tjødnalio som fekk dette tilbodet i år. Me vart delte i grupper og fekk prøva ulike måtar å programmera og forska på. Me fekk og laga slim på ein av stasjonane! I pausen fekk me saft og pizza. Det var ein veldig kjekk skuledag!

Tekst & foto: Egil Petterteig


Matematikk ute

Tysdag 24.september 2019

2. klasse hadde matematikkundervisnig ute på tysdag. Me skreiv tala og fann rett mengd. Elevane var kjempeflinke til å bruke tiarar og einarar. Uteskule er kjekt:-)


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 

Gartnarhjelp
24.september2019


Mathias og Mats i 6.klasse gjore ein flott jobb i den første pausen i dag. Dei fjerna gras mellom brusteinen ved uteamfiet. Takk for god hjelp med å halda skulen fin!



Tekst & foto:Lars Bakka

Småkryp

Fredag 20.september 2019

 

Fredag var 2. klasse ute og leita etter småkryp. Det var stor innsats hos elevane, men me fann ikkje så mange ulike smådyr. 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Matematikkgrupper i 2.klasse.
19.september2019


Det var stor aktivitet med både teljing, talrekkjer og tiargrupper, då me hadde matematikkgrupper på tysdag.



Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

 

Den finaste skulen i landet?
Onsdag 18.september 2019

 

Sagvåg skule er eit flott syn i soloppgangen i midten av september. Du finn fleire "flyfoto" av skulen her:


Tekst & foto: Lars Bakka

 

Leik og aktivitetar
Tysdag 17.september 2019

 

I dag hadde 1. og 5. klasse leik og aktivitetar i lag i midtøkta. Dette var ein fin anledning for dei nye 1. klassingane til å verte kjent med dei litt større 5. klassingane. Me hadde forskjellige leiker i gymsalen, og koste oss med brettspel og lesing i skulebiblioteket. Alle koste seg og hadde det kjekt.


Tekst & foto: Jens Lønning

 

Vekesamling
Fredag 13.september 2019

 

5.klasse gav oss fin hauststemning med Tir N'a Noir til morgonsamlinga i dag.
Vekeoppdraget neste veke set fokus på å levera leksene til rett tid.


Tekst & foto: Lars Bakka

 

Fotodag
Torsdag 12.september 2019

 

Torsdag og fredag er fotograf Anita Lovise Ask Olsen frå Foto Norden på skulen for å ta  bilete av alle oss på Sagvåg skule..


Tekst & foto: Lars Bakka

 

First Lego League 2019
Onsdag 11.september 2019

 

I kveld har det vore møte for foreldre og elevar i First Lego League 2019 på Sagvåg skule.


Tekst & foto: Lars Bakka

 

Hausten gjev oss gode råvarer 
Onsdag 11.september 2019

 

 

- og difor kunne laga me grønsaksuppe og eplekake på skulekjøkenet. Elevane jobba godt og var nøgd med eigen suppe og bakst:-) Ein fin kommentar som kom under arbeidet var: "Eg kan ikkje forstå at vaksne kan klaga og sei at det er kjedeleg å laga mat":-)

 


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

 

Aktivitetsdag
Tysdag 10.september 2019

 

I dag var det ein kjekk aktivitetsdag på Nysæterbanen for alle elevane ved Sagvåg skule.


Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving m.f.

 

Lys i gymsalen og amfiet
Tysdag 10.september 2019

 

Det er høgt under taket i amfiet og gymsalen, men med hjelp av lift vart lysrøyr og lyspærer skifta.


Tekst & foto: Lars Bakka

 

BlimE-dansen 2019
Fredag 6.september 2019

 

God stemning då heile skulen dansa BlimE-dansen i amfiet. Elevane kan sjå filmen i Office365 (Skuleavisa)>>


Film: Egil Petterteig & Lars Bakka

 

 

Avisredaksjonen
Torsdag 5.september 2019

 

Redaksjonen i skuleavisa hadde første møtet. Dei fekk velje kva ansvar dei skal ha i avisa. Avisa har redaktør, nestleiar, journalistar, fotografar og illustratørar.


Tekst & foto: Åshild Giving

 

Notelæra
Torsdag 5.september 2019

 

3. klasse har lærte notenamn då dei gjekk i amfiet og spelte piano i musikkrommet. Det var mange som hadde ein minikonsert for klassen. 

Tekst & foto: Åshild Giving

 

Livredning i 1. og 6. klasse

Torsdag 5.september 2019

Det var godt å få hjelp av fadrane når 1. klasse skulle øva seg på livredning.

Det var så fengande musikk at det vart tid til nokre dansetrinn og:)

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

 

Førstehjelp i 3. klasse
Onsdag 4.september 2019

 

Alle kan redde liv, og i dag har me fått prøvd oss på det me må gjer om nokon sitt hjarte stoppar. Litt tyngre enn me trur, kanskje, men alt hjelper!


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

 

Trivselsleiarar (TL)
Onsdag 4.september 2019

 

I dag fekk 2. klasse læra tre kjekke TL-leikar av nokre flinke trivselsleiarar frå 7. klasse. Det var stor aktivitet og mange smil i gym.salen.



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Våte friminutt
Onsdag 4.september 2019

Ingenting er kjekkare enn vatn. Det er lurt å ha tørre byteklede etter akive  friminutt utover hausten. Byteklede er kanskje noko å tenkje på for elevane storskulen også!?

tekst og foto: Lars Bakka

Skulekorpset i 3.klasse
Onsdag 4.september 2019

 

Dagen i dag starta med ei ordentleg utblåsing! Me fekk besøk av dirigenten i Sagvåg skulekorps, og ho hadde med seg instrument til alle! Det var ikkje berre lett å få lyd, men alle fekk det til likevel! Kjempegøy!

 

 


Tekst og foto: Ingrid Kvernenes Misje




Til SIM
Tysdag 3.september 2019

 

Tysdag 3. september var 4. klasse på tur til SIM. Førre veke jobba me med oppgåver for å gjere oss klare til besøket. Først tok me buss til Svartasmoget i Fitjar. Der fekk me både nyttig informasjon og stadfesta at luktesansen var i orden. Deretter vart me bussa til SIM på Heiane. Der fekk me ein flott omvisning, og avslutta besøket med ein miljøquiz. Den klarte klassen med glans, og då venta det diplom i premie.


Tekst og foto: Jens Lønning



Alle ved Sagvåg skule lærer førstehjelp
Tysdag 3.september 2019

I ettermiddag fekk alle lærarane ei lita innføring i førstehjelp. Også alle andre tilsette og elevane kjem til å få eit kurs i hjarte-lunge-redning. (HLR)

Tekst & foto: Lars Bakka

På lesesalen
Måndag 2.september 2019

 

Etter skuletid er det tid for leksehjelp for dei som ynskjer det. Ein ekstra skjerm kan også vera kjekt å ha når både læreboka og lekseplanen er digital.



Tekst & foto: Lars Bakka

August 2019

Utegym
Fredag 30.august 2019

 

7. Klasse har kroppsøving ute kvar fredag. Dei skal øve på å kle seg etter været. På fredag hadde TL ansvaret og klassen fekk oppleve kor herleg det er å leike ute i regnvær. 



Tekst & foto: Åshild Giving



Korssting i 5.klasse
Torsdag 29.august 2019

Me god hjelp vart det fine namnemerke til forkleda i 5.klasse

Tekst & foto: Lars Bakka


Vind i 3.klasse
Onsdag 28.august 2019

Me har om været i naturfag i 3. klasse, i dag har me lært om skyer og vind. Ute var det omtrent vindstille, så vindmøllene me laga måtte testast inne ;)

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Ein fantastisk gjeng på sykkeltur
Onsdag 28.august2019

 

7. klasse har sykla til Hornelandsvågen. Der blei me godt motteken med Ingeborg sitt katteshow og konkurranse. Det var veldig jamne lag, så til slutt blei me alle vinnare og fekk is. I stranda fekk me sjå mink og niser, som leika seg i sjøen. Til slutt var alle så varme at det blei vannkrig.



Tekst & foto: Åshild Giving



6. klasse på biblioteket.
Onsdag 28.august 2019

 

To gonger i halvåret vert me invitert til biblioteket på Litlabø for å høyra boknytt og låna bøker. Me fekk oss ein fin tur dit i går på den truleg siste sommardagen for i år. Etterpå blei det litt tid på Solidbanen, der elevane kosa seg på ymse vis:-)



Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


Fargelæra i 3.klasse
Onsdag 28.august 2019

Har du nokon gong tenkt over kvifor redningsvestar er oransje? Det er fordi ingen anna farge viser betre mot den blå sjøen. Komplementærkontrast er det me får når me velger å bruke dei to fargane som ligg rett ovanfor kvarandre i fargesirkelen, dei framhever kvarandre.
I kunst og handverk har 3. klasse i dag farga komplentærkontrastfroskar.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

To tøffingar !
Onsdag 28.august 2019

Kjenner du igjen desse to tøffingane på nettsida til Hjernekraft :-)

Sagvåg skule er med i First Lego League også i år.


Tekst: Lars Bakka Foto: Hjernekraft

 

 

Frukost på skulen 
Onsdag 28.august 2019

Måndag til torsdag får elevane i 6. og 7.klasse tilbod om ein liten frukost på skulen. Ei stor gryte med havregraut er menyen, elles lagar dei som ynskjer det toast eller smoodie. Dei som har ete heime slår av ein prat rundt borda i det kvarteret frukosten varer.

 

Sopptur til Nesskogen. 
Tysdag 27.august 2019

Mellomsteget hadde ein varm, men kjekk tur i dag. Som vanleg leita me etter kantarellar. Mange fann giftige soppar og det var kun underteikna som fann rett type sopp.  Soppsuppa gjekk som vanleg unna. Dei fleste som vågde å smaka stilte seg snart i køen att. Elevane koste seg i skogen, der det var god plass til å boltra seg. 


Tekst:Kjell Ove Byrknes Foto: Elevar og lærarar

 

Naturfag i 1.klasse
Tysdag 27.august 2019

1.klasse hadde naturfag ute i det fine vêret i dag. Dei fekk med seg forstørrelsesglas som dei brukte til å studera blomar, blad og småkryp som dei fann oppi skogen. Spennande!

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Trivselsleiarkurs
Måndag 26.august 2019

På måndag var Trivselsleiarane våre på leikekurs i Nordbygdohallen. Me og Hystad fekk koma ein time før dei andre skulane, og elevane våre var deretter flinke instruktørar for resten av skulane. Me lærte mange nye leikar, og komande veke brakar det laus med trivselsleiarar ute i friminutta frå tysdag av. Me gler oss.

Tusen takk til foreldra som var med i transporten til Nordbygdohallen.

Tekst & foto: Egil Petterteig


Etikk og filosofi i KRLE 
Måndag 26.august 2019


7. klasse har hatt undervisning i uteamfiet. Dei samanlikna ulike religionar og livssyn. Dei diskuterte korleis menneske ønsker å være. 



Tekst & foto: Åshild Giving

Første vekesamling.

Torsdag 22.august 2019 



Då var det tid for den første vekesamlinga dette skuleåret. "Kjekk skulestart for alle" var vekeoppdraget, og det var mange terningkast 6. Linnea hadde show med sjonglering, Gorgon Vaktmeister var innom. Jenny og Hildegunn presentartedet Blime-dans, som er neste vekeoppdrag. 


Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny Sætre Skjønberg og Lars Bakka

Œ½Œ½®€øŒ½°Œ½@°Œ½pan>

Arbeidsplan i 7. klasse
Fredag 23.august 2019

7. klasse har arbeidsplan kvar fredag, kor dei sjølv  kan få velje mellom ulike fag og sosiale mål dei vil jobbe med.

Tekst & foto: Åshild Giving

Mat og helse i 6. klasse
Torsdag 22.august 2019

Eit høgdepunkt blant faga på skulen er mat og helse i 6. klasse. No er me i gong, og me skal laga mykje godt dette året:-)

Denne gongen var det pannekaker, rørte blåbær og smoothie som stod på menyen.

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro



Gitaristar i 3.klasse
Torsdag 22.august 2019

3. klasse er godt i gong med gitarundervisninga i musikktimane. Etterkvart så skal dei spele mange ulike instrument samstundes.


Tekst & foto: Åshild Giving

 




 


Første tur
Onsdag 21.august 2019

1. og 2. klasse hadde sin første tur på onsdag. Dei leika i naturen, hoppa strikk og tau og teikna med kritt, mange kjekke ting å finna på.  Det var godt å få leika og ete maten sin ute  i det fine veret.


Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Endeleg symjing
Måndag 19.august 2019

I dag kunne me ynskja 2.klasse velkommen til symjeopplæring. Me skal nytta hausten godt før bassenget stenget i januar. Her er planen for hausten 2019>>


Tekst & foto: Lars Bakka 


(Arkivfoto: Skulefrukost )
Mat på skulen
Søndag 18.august 2019

Å samlast rundt eit måltid kan gje ei god sosial oppleving. Noko av det me vil gjera i år, er dette:

 SFO er framleis med i prosjektet "Matjungelen". Dette gjev dei tilsette auka kompetanse om sunn og god mat i SFO, og elevane får prøva nye rettar.  
 6.klasse har faget Mat og Helse kvar onsdag, med praktisk matlaging og teori
 Elevene i 6. og 7.klasse vil få tilbod om frukost på skulen kl 08.30 måndag til torsdag (havregraut). Dei som vil, kan ta med brød til toast eller bær til smoodie. Dei som har ete frukost heime, vert også med i praten rundt borda det kvarteret frukosten varer. Første frukost vert tysdag 20.august.
 Elevane i 4. og 5.klasse vil få tilbod om kantine mat kvar tysdag frå 3.september. Dei som ynskjer kantinemat med grove rundstykke og youghurt, får eit skjema for tinging av dette i løpet av veka.
 Elevane får også tilbod om skulefrukt og mjølk kva dag.

Tekst & foto: Lars Bakka 


1.klasse med fadrane
Fredag 16.august 2019

I dag har fadrane i 6.klasse vore saman med 1.klassingane på ulike stasjonar med musikk-, spel- og rime-stasjonar.




Tekst & foto: Laila Gjøsæter


Ut i naturen med 2.klasse
Fredag 16.august 2019.

I dag hadde 2. klasse naturfag ute. Me leita etter blomar, bær og tre. Me laga også naturkunst. Elevane var ivrige og flinke.



    


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Aball i 1.klasse
Fredag 16.august 2019

Fredag starta 1.klasse dagen med songstund og deretter ei leikestund i gymsalen med Aball



Tekst: Lars Bakka Foto: Valita Øksnes



Første skuledag
Torsdag 15.august 2019

Med ordføraren på plass er det ekstra stas å ynskja førsteklassingane velkomne til skulestart. I det fine veret vart det ein kjekk dag både inne og ute for store og små. Her her me samla nokre bilete frå denne aller første skuledagen.


Tekst: Lars Bakka  Foto: Lars Bakka, Ingrid Kvernenes Misje mf.

Felles oppstart 
Tysdag 13.august 2019

I dag starta dagen med felles samling i amfiet vårt for alle lærarane på Nysæter ungdomsskule, Tjødnalio-, Litlabø-, og Sagvåg skule.


Tekst & foto: Lars Bakka




Første skuledag er torsdag 15.august. SFO opnar 06.45 og skulen tek til kl 08.30 for alle klassane.
Skuleruta for det neste året finn de her: 
 Skulerute 2019/20 

Det er heilt vanleg leng på skuledagen, og dei som har SFO kan vera med oss til 16.15
Her er oversikta over skuledagen for alle klassane>>

Program for planleggingsdag for dei tilsette 13. og 14.august>>

Tekst & foto: Lars Bakka