HAUSTEN 2018   Arkivet

Desember 2018
Eg fekk mandel i skulegrauten i desember!

                               

                          


Siste skuledag før jul
 
Fredag 21.desember 2018

 

Så var det tid for den alle siste skuledagen denne hausten. Det vart ein koseleg avslutning på haustemesteret med samling i amfiet, film og kosetime i klassane. Her finn du nokre glimt frå dagan:

 
Det er også lagt til ein liten film frå samlinga

Sjå tilbake på juleavslutningar på Sagvåg skule>>


Lydbok i jula: (Til 18.januar 2019)

Tekst: Lars Bakka  Foto: Ingrid Kvernenses Misje, Kjell Byrknes og Lars Bakka

Siste arbeidsdagen til Ann Tove 

Fredag 21.desember 2018

 Eg har vore så heldig å få arbeida saman med Ann Tove i over 20 år, men i dag var det slutt. I januar vert Ann Tove pensjonist så difor var fredag 21.desember den aller siste arbeidsdagen i ein lang yrkeskarriere.



Tekst & foto: Lars Bakka  Foto: Ingrid Kvernenses Misje

Kva var det Egil fekk av 7.klasse? 
Fredag 21.desember 2018

 

Då 7. klasse i fjor strikka seg sitjeunderlag, ymta Egil om at han ynskja seg eit slikt, berre dobbelt så stort slik at han kunne varme føtene sine om natta. Ok, tenkte me når me etterkvart trong ventearbeid i K&H-timane. Det vart strikka lappar, og lappane har gått på omgong i klassen slik at dei aller fleste har strikka nokre masker før me sydde saman og tova det. Slik fekk me ei fin julegåve til verdas beste musikklærar.



Tekst Jenny Sætre Skjønberg Foto: Kjell Byrknes

Koseleg julefrukost 
Torsdag 20.desember 2018

 

Når lærarane er på jobb kl 07.00 og gjer klart til frukost med varm kakao og ferske brød så kan me servera julefrukost til alle elevane ved Sagvåg skule kl 08.45
Det er ein fin tradisjon der elevane kosar seg med felles frukost ein av dei siste dagane før jul.



Tekst & foto: Lars Bakka



Heilt kanon turnering! 
Onsdag 19.desember 2018

 

Elevane frå 4.- 7. klasse stilte med til saman åtte blanda lag, i det som etter kvart er i ferd med å bli ein tradisjon her på skulen. Innsatsen var på topp i denne kanonballturneringa, det var fart og spenning i alle kampane. Dommarane kom frå ungdomsskulen. Dei er tidlegare elevar ved Sagvåg skule.

I finalen møttest to gode lag som kjempa hardt om sigeren. Spelarane på laget som vann,  fekk seg ein velfortent sjokoladenisse kvar. Kjempegod innsats fra alle som var med i turneringa!



Tekst & foto: Kjell Byrknes


Matjungel, leksehjelp og prisauke i SFO

Onsdag 19.desember 2018

SFO ved Sagvåg skule er med i prosjektet "Matjungelen". På nettsida til Matjungelen står det m.a.: Alt innholdet i Matjungelen er laget for SFO, og alle aktiviteter foregår i SFO-tiden. I første pulje vår 2019 er det 57 SFO i Hordaland som er påmeldt til å delta i fullversjonen.

Nytt våren 2019 er det også at alle borna i SFO kan få tilbod om leksetid i SFO-tida, om foreldra ynskjer det. Tilbodet vert gjeve tysdag og torsdagar.

Det er også vedteke prisauke i SFO. Her er dei nye prisane>>



Tekst: Lars Bakka 



 Juleverkstad
Tysdag 18.desember 2018

I dag har heile skulen hatt juleverkstad heile dagen. Her finn du nokre glimt frå dei ulike stasjonane:
 
        
Tekst: Lars Bakka   Foto: Lærarane


Juletrehogst  
Måndag 17.desember 2018

4.klasse har vore i skogen og funne juletre. Me såg på mange tre før me fann det rette. Det krevde mykje samarbeid før treet kunne setjast på foten.

Tekst: Gro A Halvorsen Foto: Laila Gjøsæter


Spelestund 
Måndag 17.desember 2018

1. og 6. klasse hadde ei koselig spelestund saman måndag morgon. 

Tekst & foto: Lars Bakka


Tredje adventsamling 
Fredag 14.desember 2018

Fredag morgon var det 1. og 6.klasse som hadde ansvaret for adventsamlinga. Det vart fin førjulskonsert og dans. Takk til alle foreldra som kom!

Tekst & foto: Lars Bakka


Julegraut for 1. og 6. klasse
Fredag 14.desember 2018

Det var deilig med god julegraut etter adventssamlinga i dag. Rektor hadde tent i bålpanna, og sola skein så fint på Utslettefjellet. Det var mandel i grauten og....... og ikkje berre ein, men 6:-) 

Teskt & foto: Anne Elisabeth Trevland


Lucia  
Torsdag 13.desember 2018

Det var 23 sjarmerande  1. klassingar som gjekk Lucia på Sagvåg skule i dag. Me var innom alle dei andre klassane, og me gleda dei med song og peparkaker. 

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Theresa Grande


Kodetime i 4. klasse
Onsdag 12.desember 2018

Karl Andreas og Leonard har gått på kode kurs. Dei delte litt av kunnskapen sin med nokre av dei andre elevane i klassen!
Mange nye tips å få.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Graut med 3.- 4.- og 5.klasse 

Tysdag 11.desember 2018

På tysdag hadde 3., 4. og 5. klasse julegraut ute i det fine vintervêret. Det vart ei fin stund i uteamfiet med bål i bålpanna, mandlar i grauten og saft i koppen. Etter at grauten var eten opp, fekk elevane kosa seg med leik og brettspel. 


Tekst:Erlend Thoresen Foto: Jarle Karlsen & Aasne H Vikanes


Den andre adventsamlinga  
Fredag 7.desember 2018

Fredag morgon var det tid for den andre adventsamlinga. Det var 2. og 7.klasse som hadde ansvaret denne gongen. Fin song, dans og god julestemning. Takk til alle som kom!

          Det var ein gong........advent 2006
Tekst: & foto: Lars Bakka

Juletre i 5.klasse   
Onsdag 5.desember 2018

I dag har me hatt ei lærerik og kreativ KRLE-økt. Me har lært om juletreet og kva treet og pynten symboliserer. Me laga eit stort og flott tre på veggen vår. Godt samarbeid var viktig for at det skulle bli skikkeleg bra. 


Tekst: & foto: Erlend Thoresen


20 tøffingar
Tysdag 4.desember 2018

Denne veka avsluttar me prosjektet om planetane. Alle elevane presenterer det dei har lært om sin planet. Dei står framføre klassen sin og les og tek i mot spørsmål eller får høyre kva dei andre hugsar av det dei sa. Kjempeflinke elevar som er blitt veldig god på planetane i solsystemet vårt!



Tekst: & foto: Ingrid Kvernenes Misje


Nye symjelærarar

Måndag 3.desember 2018
 
Måndag var det Aurora, Hadda og Oda som tok seg av symjeopplæringa i 3.klasse.


Tekst & foto: Lars Bakka
 
November 2018


Adventsamling   
Fredag 30.november 2018

Tredje, fjerde og femte klassa hadde laga til ei koselig og stemningsfull advenssamling i dag. Veldig kjekt at mange foreldre hadde teke seg til til å koma og vera saman med oss.


Tekst: Egil Petterteig  Foto:Ingrid Kvernenes Misje


Første julefrukost  

Fredag 30.november 2018

I dag serverte Liljan den første julefrukosten for elevane som vel å starta dagen ved Sagvåg skule klokka åtte.  Med mandel i grauten, juleduk på bordet og ekstra god drikke så har me etablert ein ny og fin desembertradisjon!

Tekst: Lars Bakka Foto: Liljan Vestbøstad Waage



Snart desember.....

Torsdag 29.november 2018
 
Mykje tyder på at det går mot desember også ved Sagvåg skule. Fredag morgon kl 08.30 er det tid for den først adventsamlinga. Då er det elevane frå 3.-4. og 5.klasse som står på scenen. Foreldre og andre er hjerteleg velkomne til ei fin morgonstund med peparkaker og nytrakta kaffe.

Tekst & foto: Lars Bakka

Digiale kunstnarar
Torsdag 29.november 2018

Det er i det siste blitt levert mange flotte digitale teikningar til skuleavisa, som 6.klasse er redaktørar for. Alle elevene ved Sagvåg skule kan lesa og levera stoff til avisa. Her det Ingvild i 7.klasse som legg siste hand på ei flott arkitektteikning av Sagvåg skule.

Tekst & foto: Lars Bakka


Ut i skogen
Torsdag 29.november 2018
 
Det var deilig å vere ute i skogen og leike i dag. Det synst både elevane og dei vaksne. Tidlegare i haust fann me ein kjempestor sopp i skogen. Lurer på kvar den har blitt av...........


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

God arbeidsinnsats i 1. klasse

Torsdag 29.november 2018
 

 

Torsdagar har me mattestasjonar. Det var mykje godt arbeid her i dag. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Mange kjekke grupper inne og ute for småskulen.
Tysdag 27.november 2018
 

Dei vaksne har erfart at det er positivt med samarbeid på tvers av alder. Me laga difor til grupper slik at 1 - 4 klasse fekk vera i saman heile dagen på tysdag.

Me hadde ei teiknspråkgruppe, der ein måtte løysa ulike oppgåver på teikn, ei gruppe  steika pinnebrød på bål og leika i skogen, ei gruppe hadde mange kjekke TL- leiker, med god hjelp frå flinke trivselsleiarar. Så var det ei bakegruppe som laga pepperkake hjarte og ei  gruppe var i skulen sin lavvo og høyrte på eventyr og leika kjekke leiker, medan det brann godt på bålpanna,noko som var med på å laga god stemning i det fine veret.

Over 80 blide og kjekke elevar var med på å gjera dagen heilt super:)



Tekst: Gro Akselsen Halvorsen Foto: Lærar og elevar

Artistgalla
Fredag 23.november 2018

Veka vart avslutta med flinke artistar på scenen og avslutning av ei veke med "Leksebingo".


Tekst & foto: Lars Bakka

Matematikk ute
Torsdag 21.november 2018
 

Det gjer veldig godt få å lov til å vere ute etter 1 1/2 time matematikkstasjonar. Det var kaldt, men me tok på oss godt med klede.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Kantinemat på mellomsteget
Torsdag 21.november 2018


Torsdag er "kantinedag" for 5.-6.-og 7.klasse. Det er alltid ekstra god stemning når dei kantinetilsette elevane kjem med ferske rundstykke og sunt og godt pålegg!


Tekst : Lars Bakka Foto: Åshild Giving

Uteskule med 5.klasse
Onsdag 21.november 2018

Onsdag var klassen ved høgdebassenget ovanfor Solid-banen. Me hadde m.a. båltenniingskonkurranse mellom jentene og gutane. Konkurransen enda uavgjort. Elles var det postar med ulike oppgåver. Me avslutta dagen på Nysæterbanen som bada i solskin frå blå himmel.


Tekst : Aasne H. vikanes Foto: Elevar og vaksne

Kreativ og lærerik start på veka

Måndag 19.november 2018
 

 

6. klasse har vore så heldig og fått inn eksperten Erlend, som har vist korleis ein skal teikne ulike uttrykk. Klassen held på med teikneserie og kjem med bidrag til konkurransen i Framtida junior. https://framtidajunior.no/2018/10/23/bli-med-pa-teikneserie-konkurranse/



Tekst & foto: Åshild Giving



Avslutning av leseveker
Måndag 19.august 2018
 
Mellomsteget har dei siste vekene hatt leseveker. Dei har lest, lytta, teikna, dramatisert, spelt spel, hatt samtaler i grupper og jobba med leseforståing. For femte klasse var dette nytt, men dei kom ganske fort inn i det og såg ut til å kosa seg med dei ulike aktivitetane. Som avslutning var det utdeling av bokpremiar til dei som hadde lytta/lest mest, samt ein premie som blei trekt blandt dei som hadde levert inn loggen. 

Tekst: Kjell Byrknes Foto: Åshild Giving


Pizza til heile skulen !
Fredag 16.november 2018
 

Fredag feira me Lego League-gjengen med pizza til heile skulen! Det var flinke elevar i 7.klasse som var pizzakokkar.
Verdas beste pizza meinte elevane!


Tekst & foto: Lars Bakka



Morgonsamling !
Fredag 15.november 2018
 
Vekesamlinga fredag morgon er ein fin tradisjon. Elevane i 7.klasse gav oss kulturinnslaget. Nytt vekeoppdrag vert "Mot til å glede". Det vert m.a. Leksebingo.


Tekst & foto: Lars Bakka



Flott konsert !
Torsdag 15.november 2018

 
Heile Sagvåg skule fekk oppleva ein flott konsert med distriktsmusikarar, skulekoret og alle elevane i 6.klasse i dag. I kveld er det foreldra i 6.klasse som får ei flott konsertoppleving i amfiet kl 18.00.

VELKOMMEN!!


Tekst & foto: Lars Bakka


Fredeleg lesestund på mellomsteget
Onsdag 14.november 2018

Ein heil del elevar nyttar lesestundene til å lytta til lydbøker. Mange kosar seg med å teikna medan dei lyttar.



Tekst & foto: Aasne H Vikanes


"Merkur er den første og Venus nummer to"
Tysdag 13.november 2018


No har me om planetane i solsystemet vårt i naturfag i 2. klasse. Me er blitt ganske gode på rekkjefylgja av planetane, og har lært ein god hugse-song. I dag har me samarbeidd om å lage flotte planetar med pastellkritt og hengt dei opp i klasserommet.


Tekst & foto: Ingrid K Misje


5. klasse på biblioteket på Litlabø
Tysdag 13.november 2018

Tysdag fekk 5. klasse eit kjekt møte med forfattaren Øystein Runde. Han illustrerer bøkene sine sjølv. Han snakka om boka si 'Stamceller'. Ei spennande bok og ein engasjert forfattar!


Tekst & foto: Aasne H Vikanes


1.klasse hausten 2019!
Måndag 12.november 2018

 I kveld var det informasjonsmøte for foreldre som har born som skal ta til ved Sagvåg skule hausten 2019. Foreldra fekk
 informasjon om norsk grunnskule generelt og Sagvåg skule spesielt. Etter møtet vart det tid til ei lita omvising for dei som ynskte det. Førebels ser det ut til å bli ein klasse med litt over 20 elevar.



Tekst & foto: Lars Bakka

Gratulerer!!
Fredag 9.november 2018

 
Gratulerer til Space Case som vinnarar av robotkonkurransen og teknologiprisen på Haugalandet 2018!


Tekst & foto: Margareth Ottesen Mjønes


Lykke til på Karmøy!

Fredag 9.november 2018

I dag starta me dagen med songinnslag og deretter vart det presentasjon av First Lego League 2018. Laurdag er det konkurransedag i Kopevik. Lykke til!!

Vekeoppdraget neste veke for elevar og vaksne er ryddig klasserom og arbeidsplass.


Tekst & foto: Lars Bakka

4. klasse på tur :-)
Torsdag 8.november 2018

Det var godt å komma ut i det fine vêret . Me fekk tid til kjekke TL- leiker, frileik, litt turn, grilla pølser og pinnebrød og klatra i eit perfekt klatretre :-)


Tekst & foto:Gro a Halvorsen

Skulefotografering
Torsdag 8.november 2018
 
Thomas frå Foto Norden A/S tek torsdag og fredag proffe bilete av alle elevar og tilsette ved Sagvåg skule.

Tekst & foto: Lars Bakka


Hallo, wij zijn studenten van de Hogeschool Leiden
Torsdag 8.november 2018

Hallo, wij zijn studenten van de Hogeschool Leiden. Wij zijn aan het leren om juf te worden. Dit jaar is er een opdracht om bij scholen in het buitenland te kijken. Wij hebben bij jullie op school gekeken naar de omgeving en de manier waarop er lesgegeven wordt. We zijn onder de indruk van de omgeving en de klaslokalen, wat een ruimte! We zijn jaloers op jullie en hebben veel geleerd van de manier van denken en inrichting van de lessen. Misschien tot volgend jaar...!

Groetjes,

Annabel, Melanie, Marije, Nomie, Fee, Andrea, Hanna, Natasja en Hannah

 


Foto: Lars Bakka


Gruvegrøss med forfattaren Linn T. Sunne
Onsdag 7.august 2018
 

7. klasse har hatt ein kjekk turdag i dag. Først var me på Gruvegrøss med forfattaren Linn T. Sunne i gruvene på Litlabø, der ho las frå den nye boka si, Mareritt. Etterpå fekk me høyra litt om gruvene, og korleis det var for dei som ein gong arbeidde her.
Når me var ferdige i gruvene, gjekk me via Rødkleiv og følgde turstien ned til Hustredalsvatnet, der me koste oss med bål, pølser og marshmallows. Takk for turen, kjekkingar :-)


Tekst & foto: Jenny  Sætre Skjønberg



Gabba Gabba Hey
Onsdag 7.november 2018

På onsdag kom bussen og henta oss i 2. klassen med til Kulturhuset. Der fekk me høyra på forfattar Frode Grytten som las boka si Gabba Gabba Hey. Gry Moursund var der også, ho har illustrert boka og teikna morosamme teikningar for oss. Ho har også illustrert mange andre bøker, nok til rommet fullt av teikningar!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


"Himmelspringaren"
Onsdag 7.november 2018

1. klasse var på Kulturhuset og såg på   Himmelspringaren. Teaterstykket var flott, og både folk og dokker var fantastiske i rollene

I programmet kan me lesa at:

Himmelspringaren: Dokketeater av og med Monika Solheim og Adele Lærum Duus om lammet Lilla som ikkje er heilt som andre sauer. Framsyninga byggjer på Sissel Horndal si bok med same tittel.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Snillionen av Arnfinn Kolerud!
Tysdag 6.november 2018

I dag har 5. klasse hatt forfattarbesøk av Arnfinn Kolerund. Dette besøket er ein del av barnebokfestivalen FALTIRILTU, som vert arrangert her på Stord denne veka (3. - 9. nov.). Boka han presenterte for oss heiter Snillionen.  Om du ønskjer å lesa ei humoristisk bok om å vera eit godt menneske og styrtrik, då kan du lesa denne boka. Den handlar om Frank og mor som vinn 24 millionar i Lotto og det vanskelege valet kva dei skal gjera med alle desse pengane. Boka kan lånast i skulebiblioteket.


Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro


Kinareila

Tysdag 6.november 2018
 
Elevane er einige om reglane: Fire elevar på reila om gongen og to minutt til kvar gruppe. Kinareila er med andre ord populær!.

 
Tekst & foto: Lars Bakka

Utedag med 1. og 2.klasse
Torsdag 1.november 2018
 
1.og 2. klasse hadde nokre kjekke timar ute i dag. Me spidda pølser, steikte pinnebrød, sparka fotball og leika Haien kommer. Det var veldig blide og fornøgde ungar sjølv om det vart litt kaldt på slutten. 

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Anne Elisabeth Trevland og Ingrid K Misje


Pokemon var tema i Elevrådet

Tysdag 1.november 2018
 

Pokemonkort var eitt av fleire tema i Elevrådet i dag. Du finn referatet her>>


Tekst & foto: Lars Bakka


Skulefrukost

Torsdag 1.november 2018
 

Elevane i 5. til 7.klasse som er med i "frukostklubben", vår får kvar morgon ein koseleg start på dagen med god havregraut frå kl 08:00 til 08:30. Det er plass til endå fleire, så hjarteleg velkommen til alle som ha ein fredeleg og sosial halvtime før skulen tek til!


Tekst & foto: Lars Bakka
Oktober 2018

Leseveker
Måndag 29.oktober 2018 (Oppdatert tysdag 30.oktober)
 

Det har etter kvart blitt ein tradisjon med leseveker på mellomsteget. Kvar dag, denne og dei to neste vekene, har me ei leseøkt. Alt er nytt for dei i 5. klasse, men etter kvart har alle funne roen med å lesa eller lytta til ei bok. Det er lov å ta med seg pledd og putar for dei som vil det. På torsdag blir det stasjonsundervisning med ulike aktivitetar.


Tekst: Kjell Byrknes  Foto:
Åshild Giving

Dei nye symjelærarane!
Måndag 29.oktober 2018 
 
I dag hadde Jan Gunnar, Marius, Karl Andreas og Johannes ansvaret for symjeopplæringa i 4.klasse. Dei flinke symjelærarane hadde eit flott opplegg for heile timen.


Tekst & foto:
Lars Bakka

Open dag
Fredag 26.oktober 2018 
 

Tusen takk til alle som kom til "Open skule" på Sagvåg skule i dag. Det vart til saman samla inn kr. 39.287,- Av desse går 19.358,- til SOS barnebyer, og 19.929,- til Forut.
De som ikkje fekk med dykk avslutnings-showet finn tre filmar nedst i denne biletkavalkaden !




Tekst & foto:
Lars Bakka


Avis i skulen
Tysdag 24.oktober 2018 
 
Svein Olav Langåker frå Framtida junior har vore i 6. klasse og lært klassen om aviser. Avisa treng fleire ungdommar som vil være journalistar. 




Tekst & foto:
Åshild Giving


Godt samarbeid i "Forut"grupper 
Tysdag 23.oktober 20188
 


På tysdag delte småskulen seg i grupper og jobba i saman..

Me var i 4 ulike grupper der mange tema var henta frå Sri Lanka som er  

eit av landa Forut  samarbeider med..

Me laga smoothie, teikna ein draumeparade,( teikningane skal sendast inn og vera med i Forut sin teiknekonkurranse),dansa elefant dans,  song og spelte spel..

Dei eldste tok ansvar for dei yngste, og det var kjekt å sjå kor godt elevane deltok i arbeidet :-))



Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsenn


21 dagar igjen
Fredag 19.oktober 2018  


First Lego League-gjengen går inn i ein travel periode. No er det berre 21 dagar igjen til turnering i Kopervik. Elevane nyttar no skuletid, ettermiddag og kveldstid til dette teknologiprosjektet..

Les meir her>>>



Tekst & foto: Lars Bakkaa


DISKO (DIalogbaserte SkuleKOnsertar)
Fredag 19.oktober 20188
 
DISKO -prosjektet er i rute og Kristine Bjånes og Elin Hestenes er tilbake på Sagvåg skule. Dei var også med oss i eit kjekt samarbeid i fjor!!

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Givingg


"Borte-vekk""
Fredag 19.oktober 2018  


I det eine sekundet var heile første klasse i gymsalen, i det neste sekundet var dei "borte-vekk"!!



Tekst & foto: Lars Bakkaa

Ekstraservice
Fredag 19.oktober 20188
 
I dag har Vegard og Jaymi teke ein servicerunde på namnelappane på hyllene i garderoben til 5.-7.klasse. Det er kjekt når alt er perfekt :-) Takk for godt utført ekstrajobb!!!

Tekst & foto: Lars Bakkaa


Vekesamling
Fredag 19.oktober 20188
 
Me har fraleis fokus på trygg skuleveg med m.a. bruk avrefleks i haustmørket. Det vart også tid til øving til open dag som er 26.oktober..


tekst & foto: Lars Bakkaa



DISKO-prosjektet
Torsdag 18.oktober 2018  


Elin og Kristine held på med eit musikkprosjekt kor musikare kjem til skulen og har eit samarbeid med elevar og lærarar før dei skal ha konsert saman. Elevane var kjempeflinke til å synge.  



Tekst & foto: Åshild Givingg


Fjerde trinnet arrangerte haustsamling for heile småskulen i Amfiet på skulen.
Torsdag 18.oktober 2018  

Klassane hadde opptreden med fine haustsongar. Nokre av songane var teiknspråktolka av Leni, Amanda, Helen, Leonard og Preben. Ei spesiell takk til Preben og Helen som var programleiarar og Lukas som styrte lyd og bilete..

Tekst & foto: Laila Gjøsæterr




Bokstavar
Torsdag 18.oktober 2018..
 
1.. klasse har vore ut og laga bokstavar med seg sjølv. Dei arbeida i grupper. Det var elevane kjempeflinke til..

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevlandd

Sagvåg skule 18.oktober 2018 kl 09.10
Torsdag 18.oktober 20188
 

.....dobbel regnboge over skulen, haustsamling med 1. til 4.klasse og naturfag med Kjell i 7.klasse....det var tre bilete frå torsdag morgon kl 09.100

 


Tekst & foto: Lars Bakkaa


Godt h
andverk i 1.klasse

Onsdag 17.oktober 20188
 
1. klasse har tova mus, laga nøkkelringar og perla. Me skal selgje på Open dag. Det var ein ivrig, konsentrert gjeng som arbeida på stasjonar onsdag.  

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevlandd


Faktasjekk
Onsdag 17.oktober 20188
 

Er det sant  at gullfisker har dårleg minne? At flaggermusa er blind? At lemen kan bli så sinte at dei sprekk?  4. Klasse har jobba med å søka etter informasjon på Internett . Rart at ein kom fram til ulike svar  :-))


Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsenn


Forutsongar

Onsdag 17.oktober 20188
 
2. Klasse hadde aktiv lytting med Forutsongar. Dei fant roen og laga fine teikningar..

 

Tekst & foto: Åshild Givingg


First Lego League 2018
Tysdag 16.auguist 2018
 
Tysdag ettermiddag var det oppstartmøte i First Lego League. Elevane er no ferdige med all bygging så no er det sjølve programeringa og teorioppgåva som står att..


Tekst & foto: Lars Bakkaa



Skulekor
Tysdag 16.oktober 20188
 

Skulekoret med 4.-7. klasse har hatt øving i dag. Dei er så heldige å få god hjelp frå profesjonelle musikare på 6 øvingar framover. Koret skal synge på open dag..


Tekst & foto: Åshild Givingg




Første skuledagen etter haustferien

Måndag 15.oktober 20188
 

Så er snart den første skuledagen etter haustferien over. Sjølv om klokka er over halv tre er det framleis elevar igjen på skulen i leksetida..


Tekst & foto: Lars Bakkaa





Haust i skogen
Tyrsdag 2.oktober 20188
 

1. klasse hadde ein flott, men våt dag ute i skogen idag. Me samla blader som me skal presse..



Tekst: Anne Elisabeth Trevland   Foto: Ailinn Spissøyy
September 2018September 2018



4.klasse til Moster
Fredag 28.september 2018

 

I dag har 4.klasse vore på ein flott opplevingsdag i Moster amfi. Me fekk vera på ulike kjekke aktivitetar. Me lærte ein kjekk dans, fekk besøka Moster Kyrkje, som var den første som vart bygd i Norge, me fekk gå i gruvegangane og læra om bruk av stein i eldre tid, og til slutt fekk me møta forfattaren Tor Arve Røssland. Han les frå ei av bøkene sine.
Her kan de høyra meir av han:
 https://www.youtube.com/watch?v=M1kAznVyh1I


https://www.youtube.com/watch?v=P26fb0mmzbc



Tekst & foto: Egil Petterteig

Nye Sagvåg skuleband
Fredag 28.september 2018

 

Fleire nye band har installert seg i bandrommet på Sagvåg skule denne hausten...og der er plass til fleire :-)

 

Tekat & foto: Lars Bakka

Saman er me supersterke!
Fredag 28.september 2018

 

Mange av leikane me har i gymmen hausten i 1.klasse handlar om ulike former for samarbeid. Ikkje ein gong rektor klarte å løfta "tjukkasen", 1.klasse derimot.....

 

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Vekesamling
Fredag 28.september 2018

 

På tett stad til rett tid har vore oppdraget denne veka. Oppdraget held også fram neste veke. Samlinga starta med flott song med 2.klasse

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Carmen og kameratane
Torsdag 27.september 2018
 

I dag hadde me ein flott operakonsert i amfiet. Me fekk sjå ein miniversjon av kjærleiksdramaet  «Carmen», med proffe, flinke musikarar.

Tekst & foto: Egil Petterteig

Spagetti Bolognese
Torsdag 27.september 2018

 

Det var veldig godt med Spagetti Bolognese og salat. Kokkane var godt førebudd og fleire hadde laga retten heime.

Tekst & foto: Åsild Giving

 

 

 

 

(Arkivbilete)

Møte i elevrådet
Torsdag27.september 2018

 

I dag har det vore møte i elevrådet. Her er referatet frå møtet>>

 

Tekst & foto: Lars Bakka

To tøffe typar
Torsdag 27.september 2018

 

Mats i 5.klasse var innom kontoret med ein flott teikning. Det var ikkje sjølvportrett, men to tøffe typar er det :-)

 

Tekst & foto: Lars Bakka

15 elevar til frukost
Torsdag 27.september 2018

 

I dag var det 15 elevar som starta dagen med havregraut til frukost på Sagvåg skule. Det vart ikkje restar igjen til lærarane i dag :-)

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Forsking ved HVL
Onsdag 26.september 2018

 

Det var veldig lærerikt å forske på ulike sansar. Elevane lærte skilnad på bitter, søtt, salt og surt. Dei fekk også oppleve korleis hjernen oppfatta ulik temperatur, etter veksling mellom kaldt, lunka og varmt vatn. Til slutt tok dei bilete med blikkboks og framkalla i mørkerommet.

 

Tekst & foto: Åshild Giving

 

Pause i aketuren....
Fredag 21.september 2018
 
.....men biletet er ikkje heilt nytt... Fleire av desse elevane er no sjølve foreldre på Sagvåg skule.
 
Tekst: Lars Bakka Foto: Ann Tove Slaggerud

 

 

 

 

First Lego League 2018
Fredag 21.september 2018
 
Her er First Lego League-gjengen ved Sagvåg skule 2018. I vekene fram mot konkurransen i Kopervik vil laget jobba mykje med teknologiprosjektet "Into Orbit"
 
Tekst & foto: Lars Bakka

Oppsummering på ein fredag
Fredag 21.september 2018
 

Fordommar, diskriminering fred og gongetabellen. 6 klasse lærte om korleis ein kan skape fred i verda. Dei improviserte og opplevde at det kan oppstå store konfliktar, når alle ville ha fred.

Tekst & foto: Åsild Giving




Brannøving
Fredag 21.september 2018

Fredag kl 09.50 gjekk prannalarmen på Sagvåg skule. Dette var ei varsla øving, og alle elevane var ute og klar til avmelding innan 2 minutt! Det er flott!

Tekst & foto: Lars Bakka


Trivselsleiar-kurs
Torsdag 20.september 2018
 
I dag har trivselsleiarane våre vore på leikekurs på Vikahaugane saman med trivselsleiarar frå Hystad, Leirvik, Langeland og Rommetveit skule. Ein kjekk dag med mange nye leikar og nye venner.
 
Tekst & foto: Egil Petterteig


Les meir her:


Vasking på kjøkenet
Tysdag 18.september 2018
 
 

6. klasse har vaska kjøkenet og laga plommekompott. Dei gjorde ein god jobb.


 
 
Tekst & foto: Åshild Giving

Det var jo godt jo!
Torsdag 20.september 2018

Mange elevar startar dagen med havregraut til frukost frå kl 08.00-08.20. Alle elevane frå 5.til 7.klasse er hjerteleg velkommen måndag til fredag.

Tekst & foto: Lars Bakka


Bibkioteket

Tysdag 18.september 2018
 
 
Onsdag var 4. klasse på biblioteket på Litlabø. Der vart det høytlesing for elevane. Mange fekk også lånt seg bøker.
 
 
Tekst & foto: Laila Gjøsæter


Aktivitetsdag
Tysdag 18.september 2018
 
 
I dag er det aktivitetsdag for alle elevane ved Sagvåg skule på Nysæterbanen i det fine haustveret.
 
 
Tekst & foto: Egil Petterteig m.f.


Naturfag i 2.klasse
Måndag 17.september 2018
 
2.klasse har hatt innsekt og andre smådyr som tema i naturfagtimen i dag.

Tekst & foto: Kari Myhre


Blime dans
Fredag 14.september 2018
 
Etter to matpakkeveker er det tid for Blime-dans på Sagvåg skule.

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig



1. og 6. klasse
Torsdag 13.september 2018

 
[Tekst kjem]

Tekst & foto: Åshild Giving



1.- og 6.klasse
Torsdag 13.september 2018
 
1.- og 6. klasse har vore saman nesten heile dagen i dag. 6. har hjulpe 1. med å logge seg inn på datamaskinane. No er me klar til å arbeide med Smartøving. Me har baka eplekake og dansa BlimE-dansen saman. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Blyant, papir og IKT
Onsdag 12.september 2018
 
Sjølv om alle elevane i 5.- 6.- og 7. klasse har kvar sin datamaskin og berre digitale lærebøker, så tyder ikkje det at elevane ikkje nyttar handskrift med papir og blyant. Ein liten fotorunde i dei tre klassane i 10-tida i dag viste tydeleg at alle elevane kombinerer bruken av dei digitale verktya med den gamle gode kladdeboka i arbeidet med skulefaga.

Tekst & foto: Lars Bakka


4.klasse strikkar
Onsdag 12.september 2018
 
Fjerdeklasse øver seg på å strikke i kunst og handverk. Alle har fått utdelt strikkepinnar og valt seg ein fin farge. Fleire av elevane hadde strikka tidlegare. Nokre synest at det var litt vanskeleg i starten.

Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Katt og mus på keyboardetboardet
Onsdag 12.september 2018
 

Keyboardet har fått fram kattar, mus og elefantar i musikktimen. 2. klasse visste ikkje kor flinke dei var på keyboard,før dei improvisert musikk til Tom og Jerry.



Tekst og foto: Åshild Giving

Ein er ein, og to er to- vi hopper i vatn.......
Tysdag 11.september 2018
 
Utruleg kjekt med vatn, masse vatn. Det blei blaute, men blide 1. klassingar. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Ingen skummel mann!
Fredag 7.september 2018

 

I ettermiddag fekk foreldra denne meldinga frå skulen:

Bilete av elev: No er saka om biletet som vart teke løyst. Det var ein ungdom som fekk ein stein i bilen . Han lurte på om det var guten som hadde kasta stein, og tok eit bilete. Han konkluderte raskt med at det var steinsprut, og tenkte ikkje meir på saka. Ungdommen er no lei seg for at guten vart skremt, og at dette vart ei medie- og politisak. Ha ei god og trygg helg! mvh Lars Bakka
Sunnhordland>>    Stord24>>

Tekst: Lars Bakka


Vekesamling
Fredag 7.september 2018
 

 

Kvar fredag er vekesamling. I dag var det matpakkeveka som vart evaluert, og klassane hadde hatt sunn mat. Det er også matpakkeveke i neste veke. 5.klasse gav oss kulturinnslaget og me avslutta med "BlimE-dans"



 

Tekst & foto: Lars Bakka


Koseleg start på dagen
Fredag 7.september 2018
 

 

Elevane i 5.-6.- og 7. klasse som er på skulen kl 08.00 får ein roleg og koseleg start på dagen med skulefrukost.



 

Tekst & foto: Lars Bakka


Mat og helse + kantine
Torsdag 6.september 2018
 

 

I dag hadde 6. klasse og kantinearbeidarane eit godt samarbeid. 6. klasse laga plommesyltetøy til kantina. Kantinearbeidarane jobba veldig godt og laga til fellesbord.



 

Tekst & foto: Åshild Giving


Alfabetet
Torsdag 6.september 2018


2. klasse repeterer alfabetet i desse dagar, og i dag hadde me alfabet-stafett i gymtimen. Då skal me hente bokstavane i riktig rekkefylgje, og første lag til ferdig alfabet vinn. Stemninga var på topp!


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

1. og 2.klasse på tur
Tysdag 4.september 2018

1. klasse og 2. klasse har vore på tur saman. Me leika kjekt i lag. Kari hadde med ein bingo, så me måtte leite etter forskjellige ting ute i naturen. Det var mange som fann alt:-) Nista spiste vi ute. Det er utruleg kor godt det er med mat når me er ute. 


Tekst Anne Elisabeth Trevland Foto: Anne Elisabeth Trevland og Ingrid Kvernenes Misje



Kurs for assistentane
Måndag 3.september 2018

 

Greta og Isabell hadde kurs om Gridpad for assitentane i skule og SFO i dag. Det vart eit flott lite kurs der me fekk sjå korleis Greta nyttar Gridpad i skulen. No skal ho også ta han i bruk i SFO.



Tekst & foto: Lars Bakka




Skulefrukost
Måndag 3.september 2018

 

I dag var det tid for den alle første skulefrukosten dette skuleåret. God havregraut med sukker, kanel, smør og rosiner  og iskaldt vatn fall i smak.



Tekst: Lars Bakka  Foto: Egil Petterteig
August 2018
 


jakt etter skogens gull!

Fredag 31.august 2018

 

Ein flott seinsommarsdag for mellomsteget som sykla ut til Skjepåsen i strålande solskinn.

Syklane vart parkert ved dynamittlageret, deretter gjekk me til fots inn til gapahuken i Landåsen. Der leita mange etter sopp, andre leika og nokre slappa av etter ein lang tur.

Me fann diverre ikkje sopp i skogen til å ha i suppa, men suppe falt i smak likevel.





Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland



Stasjonsundervisning er gøy
Fredag 31.august 2018


Det var ein konsentrert gjeng som spela Stigespel og høyrte på lydbok i 1. klasse idag:-)

  

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Sommaren er ikkje over....
Fredag 31.august 2018

4. klasse utnyttar finveret. Vi har om vennskap i KRLE og teiknar ute i sola. 




Tekst & foto: Ingelin Hansen


Sunn mat
Fredag 31.august 2018

No er vekeoppdraga med GOD SKULESTART over. I neste veke set me fokus på SUNN MAT. Det passar godt for då tek er det til for skulefrukost med havregraut og kantinedrift i 5.-7.klasse. Nokre av elevane i 1.-4.klasse får sunn mat i SFO, og alle lagar seg sikkert sunne matpakkar den neste veka!
Kulturinnslaget denne fredagen var det 6.klasse som hadde!

Tekst & foto: Lars Bakka

Empanada perfecta
Torsdag 30.august 2018
 

6. klasse lærte å lage empanada. Lucy og Gladys frå Chile underviste klassen. Elevane likte maten veldig godt og har lyst til å lage det heime.



Tekst & foto: Åshild Giving


Nye bøker og nye bibliotikarar
Torsdag 30.august 2018

Lea, Elisabeth og Elias er dei nye skulebibliotikaran ved Sagvåg skule. Då er skulebiblioteket vårt i trygge hender også dette skuleåret.

Tekst & foto: Lars Bakka


Nytt elevråd
Torsdag 30.oktober 2018

I dag var det møte i elevrådet for første gong dette skuleåret. Her finn du referat frå møtet>>

Tekst : Egil Petterteig  Foto: Lars Bakka


Trøbilar i 1.klasse
Torsdag 30.august 2018

Det er stor aktivitet når 1. klasse er ute og leikar. Trøbilar er veldig populært, og klatrestativ er også kjekt. I dag var det mange som leika med hoppstrikk og tau og. 

Kjekt å sjå stor aktivitet. 



Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland



Kunstnarar i 2.klasse
Torsdag 30-oktober 2018


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Gitar og dans i 2. klasse
Torsdag 30.august 2018

Halve klassen spelte gitar og dansa polynese. Dei var veldig flinke og engasjerte.

Tekst & foto: Åshild Giving


Bokslukerprisen
Måndag 27.august 2018
 
No er me godt i gong med Bokslukerprisen og elevane er veldig engasjerte. Dei får lese og lytte til utdrag frå ulike bøker og skal stemme fram årets bestebok. Dei får også mange flotte oppgåver til utdraga.



Tekst & foto: Åshild Giving


Symjeopplæring
Måndag 27.august 2018

I dag var det symjeopplæring for 2.-4.- og 6.klasse i Nysæterbassenget. Ein varm og fin sommar har ført til at mange av elevane har blitt endå tryggare i vatn i løpet av ferievekene!
4.klasse finn bileta frå timen i Teams:

Tekst & foto: Lars Bakka



Gram og kilo i 5.klasse
Torsdag 23.august 2018
 
Å lære om gram og kilogram er nyttig og kjekt. Ekstra kjekt er det når me kan legge bort skrivesakene ei lita stund og få prøve litt matematikk i praksis. Mykje god læring i vekter og lodd.


Tekst & foto: Erlend Thoresen


Har 6. klasse god balanse?
Fredag 24.august 2018

 
Etter samlinga testa 6. klasse om dei hadde betre balanse enn læraren. Alle prøvde å balansere med sokkar og gå seint.
 


Tekst & foto: Åshild Giving



Vekesamling
Fredag 24.august 2018

Denne fredagen var det 7.klasse som gav oss kulturinnslaget. Oppdraget: "God skulestart for alle" held fram også den neste veka.

Tekst & foto: Lars Bakka




1. og 6.klasse på tur

Torsdag 23.august 2018
 
6. klasse laga grønsaksuppe til 1. klasse, som me åt på tur. Alle leika godt saman.

Tekst & foto: Åshild Giving





Alt er lett når ein kan det!
Torsdag 23.august 2018
 
Endeleg kunne 5.klasse få ta til med einhjuling. Det er svært vanskeleg....for dei som ikkje kan det!


Tekst & foto: Lars Bakka


Fantastiske musikarar i 2. klasse
Tysdag 21.august 2018
 
Elevane har spelt gitar, ulike rytmeinstrument og dansa seg gjennom den første musikktimen.


Tekst & foto: Åshild Giving



Skulebibloteket
Tysdag 21.august 2018


Det er kjekt å sjå at skulebiblioteket er teke i bruk etter skuleferien. Her er det 4.klasse har ei lesestund.


Tekst & foto: Lars Bakka




Gitaristar i 1.klasse
Fredag 17.august 2018

1.klasse har hatt gitarkurs med Åshild. Då dette var den andre dagen i 1.klasse så var sikkert dette leksjon nummer 1 :-)


Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving


Aktivitet og læring

Fredag 17.august 2018

Både skuledagen og SFO inneheld varierte aktivitetar. Her er nokre glimt frå denne fredagen.

Tekst & foto: Lars Bakka


Dei nye lærarane?
Fredag 17.august 2018

Allereie den andre skuledagen har 1.klassingane overteke personalrommet :-)


Tekst & foto: Lars Bakka

Første skuledag med ordføraren på besøk
Torsdag 16.august 2018

Det er ekstra høgtideleg når ordføraren tek imot elevane i 1.klasse den aller første skuledagen. Me hadde også felles samling i amfiet. Etter det tok det ikkje lang tid før skuledagen var i full gang.
Noko nytt er det kvart år. Dette året er organiseringa av sjølve skuledagen ny, sjølv om elevene tek til og sluttar til dei same tidene som i fjor.
Kamera 1: Kamera 2:

Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka, Åshild Giving, Erlend Thoresen m.f.


Heimekontor :-)
Torsdag 16.august 2018

Enkelte elevar hadde ikkje ein gong tid til å gå heim før dei måtte testa om heimekontoret  fungerte som det skulle også dette skuleåret :-)

Tekst & foto: Lars Bakka


Første skuledag skuleåret 2018/19 er torsdag 16.august.
SFO er open frå kl 06:45.
For alle dei andre elevane tek skuledagen til kl 08:30

Skuleruta finn du her>>
Planleggingsdagar for dei tilsette 14. og 15 august>>
Smånytt frå sommaren 2018:

Nye lærebøker
Fredag 10.august 2018

Før skulestart vert det m.a. pakka ut nye lærebøker til 1.-4.klasse. I 5.-7.klasse kjem me dette året til å satsa meir på digitale bøker. Les meir her:


Tekst & foto: Lars Bakka


Nymåla overalt!
Torsdag 9.august 2018

I løpet av sommaren har heile Sagvåg skule fått to strøk med ny måling. Når no også utebenkane er blitt måla, så framstår skulen mest like fin som då me flytta inn for 12 år sidan!

Tekst & foto: Lars Bakka
PS! Det er IKKJE eg som har måla heile skulen!

På skulen i ferien!
Onsdag 8.august 2018

Lea Synneva og Solfrid var berre på ein liten spasertur forbi skulen då dei plutseleg var i fullt arbeid med å testa ut datamaskinane som 7.klasse skal ha det neste skuleåret.  Dei fekk også med seg maskinane heim for meir tesing....så då er skuleåret på sett og vis i gang.....i alle høve for Lea Synneva og Solfrid :-)

Tekst & foto: Lars Bakka



Nye gardiner
Tysdag 7.august 2018

Både klasseromma til 1.klasse og 4.klasse har fått nye rullegardiner før det nye skuleåret startar!

Tekst & foto: Lars Bakka

Golvfiks
Tysdag 7.august 2018


I dag vart golvet i "Stokksundet" og  "Midtholmen" fiksa. Ha har lenge hatt sprekker i golvbelegget.

Tekst & foto: Lars Bakka

Fallunderlag
25.juli 2018

No har "veppedyra" fått trygge fallunderlag.

Tekst & foto: Lars Bakka

Nymalt dump
Onsdag 27.juni 2018

Restane av malinga til det nye inneamfiet vert brukt til å pussa opp dumpa i småskulen.

Tekst & foto: Lars Bakka

Ny "kinareile"
Måndag 25.juni 2018

I dag vart det montert ny "kinareile" ved Sagvåg skule. Det var også gjort andre utbetringar med leikeapparata våre.

Tekst & foto: Lars Bakka