HAUSTEN 2017                                   Arkivet>




GOD JUL!
 

Torsdag 21.desember 2017

Også denne siste dagen før juleferien var alle samla i amfiet til juleavslutning. Det vart danseshow, songinnslag og me fekk besøk av to nissar!  Bileta frå samlinga finn du her:
       Ein liten film frå samlinga:


God jul til alle!!

Tekst : Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Julefrukost 
Onsdag 20.desember 2017

Kakao og ferske rundstykke vart ein fin start på dagen. Julefrukost for alle elevane er ein fin "Sagvåg-skule-tradisjon".

Tekst : Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Vollyballturnering
Onsdag 20.desember 2017

Mellomsteget fekk trimma mykje i dag! Kanonballturnerina blei arrangert for andre gong. Laga var delte inn på tvers av klassane, noko som gjorde at samarbeidet var på topp. Det var mange akrobatiske hopp og sprett!
Kampane munna ut i ein finale, der me fekk kåra det beste laget.Uansett var alle vinnarar i og med at dei tok del i denne kjekke turneringa og fekk trimma!


Tekst: Kjell Byrknes Foto: Elisabeth Magnussen

Juletregang
Onsdag 20.desember 2017

Før julefrukosten var det tid for gang rundt juletreet. Vått og kaldt, men god stemning!

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Førjulsaktivitetar i 4. klasse
Måndag 17.desember 2017

Ein kjekk dag med blide elevar.

Tekst & foto: Aasne Høviskeland Vikanes

Fisken i det røde hav 
Måndag 18.desember 2017

I kalenderluka på SFO i dag sto det "Fisken i det røde hav". Alle ungane kosa seg, og etterpå fekk dei velje forskjellige dyr dei ville leika... ei kjekk stund i gymsalen ☺

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Sjakk er gøy! 
Fredag 15.desember 2017

På nyåret skal det vera sjakkturnering for heile skulen og 6.klasse gler seg!

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Den tredje adventsamlinga
Fredag 15.desember 2017

Fredag morgon er svært stemningsfull ved Sagvåg skule i desember. I dag var det elevane i 1. og 6.klasse hadde ansvaret for adventsamlinga. Takk til alle foreldra som tok seg tid til å vera med. De som ikkje kunne komma kan sjå både bilete og film her:
 
Tekst &  foto: Lars Bakka

Koding i 4.klasse
Fredag 15.desember 2017

Også elevane i 4.klasse er ,med på "Kidsa koder".


Tekst & foto: Kjell Byrknes

2. og 7.klasse...
Torsdag 14.desember 2017

I dag var det 2. og 7. klasse som koste  seg med graut. Det var fyr i bålpanna. Det var bra, for det var ikkje altfor varmt ute. Grauten smakte godt, og humøret var på topp.
 
Tekst &  foto: Anne Eliosabeth Trevland

Bomtur...
Onsdag 13.desember 2017

I dag var det gruppe 1 som skulle til Leirvik på besøk i peparkakebyen. Det blei mange triste fjes då me kom til mørkt lokale og låst dør....
Men heldigvis var ikkje bakaren stengt og me tok turen der i staden. Då blei det bollar på alle heldigvis synest gjengen det var eit bra "plaster på såret" me fekk også kikka på nissar i vindauga.
 
Tekst &  foto: Elisabeth Magnussen

Julelenke
Onsdag 13.desember 2017

Med 31,5 meter så har utan tvil 2.klasse skuleråkord i lang julelenke!!

 
Tekst &  foto: Lars Bakka

Lucia
Onsdag 13.desember 2017

Det var eit stemningsfult Luciatog me 1.klassingar som gjekk rundt om på skulen i dag tidleg.


Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre & Lars Bakka

Skulegudsteneste
Tysdag 12.desember 2017

Tysdag var det tid for skulegudsteneste for elevane frå Litlabø- og Sagvåg skule.


Tekst: Egil Petterteig  Foro: Randi Lønning

Graut og bål!
Tysdag 12.desember 2017

Det var god førjulstemning med bål og graut i uteamfiet i dag. Det var elevane i 3.-4. og 5.klasse som kosa seg i det fine vinterveret.


Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving & Lars Bakka

Endeleg vinter!
Måndag 11.desember 2017

Det vart aking ute i gym. timen til 7. klasse idag. Blide elevar og stor aktivitet. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Den andre adventsamlinga
Fredag 8.desember 2017

3.- 4.- og 5.klasse gav oss ei flott adventsamling med mange foreldre tilstades.  Dei fekk med seg både song og teater. Nokre bilete og filmsnuttar finn de her.


Tekst & foto: Lars Bakka

6.klasse kodar også!
Fredag 8.desember 2017

6. klasse avslutta veka med kodetime. Elevane var veldig flinke og engasjerte.


Tekst & foto: Anne Brit Holm

Koding i 5.klasse
Fredag 8.desember 2017

Andreas og Daniel har vore Kodelærarar i 2 timar i 5. klasse. Dei har valt to leksjonar kvar, som dei har lært klassen. Klassen jobba med Angry Bird, Star Wars og Minecraft. Resten av timane var dei IKT-hjelparar. Dei var veldig flinke.

Tekst & foto: Åshild Giving
 

Ny vollyball-lærar i 5.klasse
Fredag 8.desember 2017

Roger frå ungdomsskulen har hatt 2 flotte volleyballtimar med 5. klasse. 1. timen hadde han og Tor ein gjennomgang av dei grunnleggande teknikkane. 2. økta øvde elevane på smash og serve. 

Tekst & foto: Åshild Giving

Me leikar oss til kunnskap
Fredag 8.desember 2017

Med Aball1 kan me leika oss til kunnskap om fargar, tal og bokstavar

Tekst & foto: Lars Bakka

SFO til Leirvik
Torsdag 7.desember 2017

I dag var halve SFO gruppa på tur til Leirvik for å sjå på uteamfiet som me laga ☺ ein super gjeng å ta med på tur !☺


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Juletre i SFO
Torsdag 7.desember 2017

I dag har me laga juletre i naturmaterialer. Det var det som var i kalenderen i dag🎄

Tekst & foto: Ailinn Spissøy

Ingvild på NRK
Onsdag 6.desember 2017

I kveld var Ingvild i 6.klasse hovudpersonen i innslaget på NRK Hordaland om elevane som kan sykla einhjuling på Sagvåg skule. Fredag får kanskje heile Noreg sjå innslaget i "Norge rundt".
Du kan sjå innslaget her>> (09:20 ut i revyen)

Tekst: Lars Bakka Foto: NRK

Kroppsøving i 4. klasse
Tysdag 5.desember 2017
Tysdag var det jentene sin tur til å bestemma kva aktivitetar klassen skulle ha i kroppsøvingstimen. Dei valde å dela salen i to. På den eine sida av salen var det kanonball, og på den andre sida kunne dei velja mellom ulike aktivitetar. Positive elevar og god innsats!!

Tekst & foto:Aasne Høviskeland Vikanes

Leik i SFO

Måndag 4.desember 2017


Sfo har kalender med forskjellige kjekke ting nå i desember. Og i luke 4 var det tarzantikken som kom fram. Alle saman var med og leika, det var rett og slett jungelstemning




Tekst
& foto: Elisabet Magnussen

Katolsk messe ved Sagvåg skule
Laurdag 2.desember 2017

Sagvåg skule er mykje i bruk i helgene. Denne helga var det m.a. katolsk messe og arrangement i gymsalen.

Tekst: Lars Bakka Foto:  Elsie Damalerio Desucatan

Den første adventsamlinga
Fredag 1.desember 2017


Så var det tid for desember og advent. I dag var det elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for adventsamlinga ved Sagvåg skule. Fint at så mange foreldre hadde tid til å starta dagen med oss. Fredag 8.desember er det 3.-4. og 5.klasse som står på scenen, og 15. desember er det 1. og 6.klasse.



Tekst: Lars Bakka Foto Gro A Halvorsen & Lars Bakka

Flott utsikt

Torsdag 30.november 2017

Sagvåg skule har ein fansastisk utsikt mot Utslettefjellet, og endå betre vert det med nyvaska vidauga! Det var Aslaug som tok på seg jobben med å gjere vindauga like reine som dei var då skulen var ny! 


Tekst & foto: Lars Bakka

Kjekk DiSko (Dialogbaserte Skolekonsert)
Torsdag 30.november 2017

Som ein del av eit prosjekt saman med HVL og Kulturtanken, har 4.klasse hatt besøk heile 6 dagar i haust, av profesjonelle musikarar, som har laga musikk saman med elevane. Songarane Elin Hestenes og Kristine Bjånes har sunge mykje med oss, og lært oss nye kjekke songar. Resultatet av det heile fekk 1.-3. klasse og nokre foreldre og besteforeldre høyra torsdag. Det vart ein flott konsert. Gitaristen heiter Markus Kydland og er masterstudent i musikk ved HVL. 


Tekst: Egil Petterieig Foto: Lars Bakka

Jubelblues!
Onsdag 29.november 2017


Store og små på skulen hadde "a good time" nå Good Time Charlie spela for oss på onsdag. Fengjande og flott konsert ! 

Tekst & foto: Egil Petterteig

Foreldrekafe i SFO
Onsdag 29.november 2017

I dag kom mange foreldre på besøk på SFO. Der fekk dei servert horn og bollar som elevane hadde baka i går. Dei fekk også sjå noko av det me gjor når me hadde musikkarusell! God stemning rundt borda! Takk for besøket!
 

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Les for meg!
Tysdag 28.november 2017

7. og 2. klasse har vore saman heile føremiddagen idag. Me har hatt stasjonar.  Ein stasjon var sjakk og ein var å laga snøkrystallar. På tredje stasjonen hadde 7. klasse  funne bøker som dei las til 2, og på den siste stasjonen var det filma. Resultatet  vert ei overrasking til samlinga på fredag. 


Tekst & foto: Anne Elieabeth Trevland

Juleførebuing i 4. klasse
TYsdag 28.november 2017

Me går inn i ei fin tid der tradisjonar, litt stress og ettertanke er stikkord. Me har kun halde oss til det fyrste stikkordet i dag og førebudd klasserommet for advent :-)



Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Det snør, det snør.....
Fredag 24.november 2017



Tekst & foto: Aasne H Vikanes

Vekesamling med song og akrobatikk
Fredag 24.november 2017

4.klasse hadde flotte kulturinnslag denne fredag morgonen med flott song frå heile skulen og tøff akrobatikk frå turnarane i klassen. Elles hadde alle elevane godrt eit flott arbeid i "Mot til å glede"-oppdraget . Neste fredag er det tid for den første adventsamlinga, og då tek vekeoppdraga ein pause i desember.

Tekst & foto: Lars Bakka

Mot til å glede-dagen
Torsdag 23.november 2017

 
Sjette klasse hadde i dag tenkt å overraske fadderbarna sine i siste time, men førsteklassingane hadde andre planar! 


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Øving til Jubelblues
Torsdag 23.november 2017
Songane til konserten Jubelblues var noko 5. klasse likte veldig godt. Dei gler seg til å delta på konserten neste veke.
Tekst & foto: Åshild Giving

Ein kreativ føremiddag i 3. klasse !
Torsdag 23.november 2017

 
I dag har 3.klasse baka, teikna og laga snømenn! Mykje spanande vart laga av flinke ungar :)



Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Sjakk er gøy!

Onsdag 22.november 2017

I dag har 2. klasse gjort ein stor jobb. Dei har sortert og rydda i sjakkbrikkene våre. No er det eit sett med brikker i kvar pose og ingen brikker manglar. Etterpå spela me sjølvsagt sjakk og det er mange gode sjakkspelarar i denne klasser.



Tekst_ Lene Tislavoll Almås Foro: Lars Bakka

Assistentmøte
Ondsag 22.november 2017

Kva onsdag frå 12.30-13.00 har assisetane møte. Her vert det informert om planane for veka som kjem og det vert halde ulikekurs. I dag var det teiknspråk som stod i sentrum. Me såg også denne filmen "Jeg følte meg misslykket">>

Tekst & foto: Lars Bakka

Studentar i 5.klasse
Måndag 20.november 2017

5. klasse har fått flotte vesker til å ha chromebook i. Elevane ser ut som studentar og likar godt å teikne medan dei lyttar til engelske tekstar.


Tekst & foro: Åshild Giving

Symjeopplæring
Måndag 20.november 2017
I dag var det tid for symjeopplæring igjen. Elevane får berre symjing annakvar veke, så det er alltid spanande å fylgja utviklingane til elevane frå gong til gong. Det er iblant, spesielt yngre elevar, som kvir seg til symjeopplæringa. Det er flott at de melder frå om det til oss!
Det vert stilt store krav til dette faget med krevjande kompetansekrav etter 4. og 7. klasse. Les meir her>>
Her er ein liten film frå 5.klasse i aksjon i dag>>


Tekst : Lars Bakka

Me spelar i band
Fredag 17.november 2017
Kvar fredag får fire elevar i første klasse spela i bandrommet i musikktimen. I dag var det Erika, Leah, Glenn Willy og Endre som trakterte instrumenta.

Tekst : Lars Bakka
 
 

Mitt skip er lasta med....på teiknspråk
Fredag 17.november 2017

 
Fredag morgon er vekesamling på Sagvåg skule. For første gong på svært lenge fekk ALLE klassane terningkast 6 for vekeoppdraget. Det var fem teiknspråkteikn  til kvar elev som dei skulle læra til medelevar...så denne veka er det mange elevar som har lært mange teikn!!


Tekst & foto: Lars Bakka

Teiknspråk for alle!
Fredag 17.november 2017

Mange elevar ville vere med på teiknspråkleik i gymsalen på fredag morgon kl. 08.00. Dei leika kongen befaler og dei var kjempeflinke til å bruke teikn.

 

Tekst & foto: Laila Gjøsæter


Les så mykje du orkar!

Onsdag 15.november 2017
Det er framleis to veker igjen av gratisperioden der alle elevane ved Sagvåg skule kan lesa i "Lesemeisteren" kor mykje de vil. Her finn du mange kjekke lese- og lydbøker. Logg deg inn med Feidekontoen din her>>

Tekst : Lars Bakka

Uteleik i 1. klasse

Onsdag 15.november 2017
I dag brukte med føremiddagen til uteleiking. Me hoppa tau, køyrde bilstafett, spela fotball og rutjsa på skaterampen. Det var vått og godt å vera ute, og det smakte nydeleg med nistemat etterpå!

Tekst & foro: Ingrid Kvernenes Misje

NRK på Sagvåg skule

Onsdag 15.november 2017
 
NRK hadde fått med seg at det er så mange elevar på Sagvåg skule som kan sykla på einhjuling. I dag laga dei reporasje.


Tekst & foto: Lars Bakka 

Maria Parr møtte 6.klasse

Fredag 10.november 2017

 
I dag fekk 6. klasse besøk av forfattaren av "Vaffelhjarte", "Tonje Glimmerdal" og "Keeperen og havet". Me fekk stilla spørsmål, og ho las litt frå  boka "Keeperen og havet". Det var ei svært kjekk bok og . det var veldig kjekt å få besøk av Maria.


Tekst: Lea Synneva Andersland (elev 6.kl)  Foto: Lars Bakka 

Me kan!
Fredag 10.november 2017

Stadig fleire elevar ved Sagvåg skule lærer seg å sykla på einhjuling. I friminutta og etter skuletid er det stor aktivitet i gymsalen!

Tekst & foto: Lars Bakka

Lesestund me 1. og 6. klasse
Fredag 10.november 2017

1. og 6. klasse hadde ei koseleg lesestund saman

Tekst & foto: Jenny S Skjønberg


Forfattarbesøk
Fredag 10.november 2017
5. klasse var så heldige at dei fekk besøk av Atle Hansen, som mellom anna har skrive mange bornebøker. Elevane var veldig engasjerte og lytta godt til høgtlesinga, frå Apetryne. Det er ein av mange spenningsbøker som han har skrive. Atle fortalde ein del om  korleis boka blei til. Bøkene hans har korte setningar, samtidige som han legg vekt på at borna lærar nye omgrep.

Tekst & foto: Åshild Giving

Klokka i 4. klasse
Fredag 10.november 2017

I dag har 4. klasse hatt stasjonar i matematikk. Elevane har øvd både på digital og analog klokke. Ei god arbeidsøkt!


Tekst: Aasne H Vikanes Foto Nathalie Langeland Wiersen

Morgonsamling
Fredag 10.november 2017

 
Det vart ei innhaldsrik morgonsamling for gheile skulen denne ferdage,- Danseshow, allsong, minikonsert og First Lego League-presentasjon. Tusen takk til alle som gav oss ein fin morgonsund!


Tekst & foto: Lars Bakka

SYNG MORGONFROSKEN?
Torsdag 9.november 2017

 
Me i 1.klasse var jammen heldige i dag! Det kom ein buss og henta oss, og den køyrde oss heilt inn til høgskulen på Rommetveit. Der fekk me vera med på ei musikalsk opplevingsløype laga av studentar. Me møtte morgonfrosken, sjøormen og mange fleire. Det var kjempegøy (og litt skummelt..)


Tekst & foto: Kari Myhre

Kor lang er 10 meter?

Torsdag 9.november 2017

 
3.klasse jobbar med å måle lengde . Då er det nyttig å få sjekka om den lengden ein trur, stemmer med måla ein gjer


Tekst & foto: Gro Akselesen Halvorsen

TL-aktivitetar

Torsdag 9.november 2017

I dag styrte nokre av Trivselsleiarane fysisk aktivitet i gymsalen


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Bibliotektur
Onsdag 8.november 2017

Heldige 3. klasse som fekk komma på biblioteket og høyra på ein ekte forfattar! Ruth Lillegraven heiter ho og les frå den nye diktboka si.

Tekst & foto: Gro Akselesen Halvorsen

Fokus på veving....

Onsdag 8.november 2017

2.klasse har veva i dag. Vekeoppdraget var i fokus og alle brukte innestemme;-)


Tekst & foto: Lene Tislevoll Almås

Sy forkle med Chromebook
Onsdag 8.november 2017
5. klasse held på med å sy forkle. I forkant har dei studert ein film om  korleis ein skal sy og notert punktvis. Medan dei syr, kan dei sjå notatet og filmen på chromebook.



Tekst & foto: Åshild Giving

Smånytt frå 4. klasse!

Fredag 3.november 2017


Kva er vel betre enn å starta dagen men fin musikk? Takk for gode tonar - me gler oss til å høyra meir   Elles har me denne veka hatt tema Vis med avis der me har lese og lært om avis, me har hatt lesetester og så har nyleg me gjeve ut diktboka Haustdikt Me avslutta veka med ulike aktivitetar og ynskjer alle ei god helg




Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

Den første gitartimen

Fredag 3.november 2017

I dag hadde 1.klasse den første musikktimen med gitarkurs. Me har allereie spelt våre første to songar!


Tekst & foto: Lars Bakka

7. klasse og hemmeleg artist
Fredag 3.november 2017

Me starta fredagen med ein flott minikonsert med 7.klasse og hemmeleg artist.


Tekst & foto: Lars Bakka

Uteservering i SFO

Torsag 2.november 2017

Med bålpanne og strålande ver vart det uteservering i SFO i ettermiddag.


Tekst & foto: Lars Bakka

Kva har dei gjort?
Torsag 2.november 2017

Elisabet og Amalie har fiksa tallinja! Men kva har dei gjort??



Tekst & foto: Lars Bakka

Uteskule med 1. og 2. klasse

Torsag 2.november 2017

I dag har me hatt ein spanande tur som starta i skogen bak ballbingen. Me gjekk så langt at me såg sjøen på Vikanes, me lurer på om dette er noko som vart kalla "Tresvegen" frå gamalt av? Me fann ein kjekk plass me kunne leike å kose oss. 



Tekst: Lene Tislevoll Almås  Foto: Ingrid Kvernenes Misje & Kari Myhre

Minifeiring av god innsats på nasjonale prøver
Torsag 2.november 2017

I dag har 5. klasse laga sjokoladekake og muffins. Dei var flinke til å samarbeide og det smakte veldig godt med kake etter kantinematen.




Tekst & foto: Åshild Giving

Stasjonar i 1.klasse
Måndag 30.oktober 2017

Denne veka jobbar me med bokstavane N og J. Nemo og mange jungeldyr pyntar no veggen vår, og me har øvd på å skrive og forme bokstavane. Me har også pusla saman ord, og vore på data og nettbrett. Og så har me sjølvsagt lese! Me storkosar oss i 1. klasserommet, både små og store!



Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Leseveker på mellomsteget
Måndag 30.oktober 2017

I dag gjekk starten for lesevekene på mellomsteget. I tre veker skal klassane ha ekstra fokus på lesing. Kvar dag skal klassane ha ei felles lesestund der me les ei god bok eller høyrer på ei lydbok. Me ser fram til mykje leseglede.

 
Tekst: Anne Brit Holm Foto: Ailinn Tingvoll Spissøy



Open dag for Redd Barna
Fredag 11.november 2016
I dag var det opend dag ved Sagvåg skule. Alle inntektene frå dagen gjekk til Redd barna. Det kom inn omlag 33.000,- (Banken gjer finteljinga på måndag)
Tusen takk til alle som kom og var med på å gjere dette tio ein flott dag!!
   Filmen:
Tekst:Lars Bakka  Foto: Born og foreldre ved Sagvåg skule
Referet frå novembermøtet i Elevrådet>>


Musikk-karusell i SFO
Onsdag 25.oktober 2017

I dag var det musikk-karusell på SFO. Me vart  ikkje introdusert for eitt instrument, men mange forskjellige rytme instrument! Stemningen er høg og borna storkosar seg den stunda me har!


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Eplekaker til 1.klasse

Onsdag 25.oktober 2017

I dag lagr me eplekake til fadderungane vår og skal ha smøremåltid når eplekaka er komne i ovnen! Det luktar knallgodt, så det er nokre heldige 1.klassingar som skal smaka litt seinare.


Te
kst & foto: Elisabeth Magnussen

Snakka med NRK om Framtida Junior

Onsdag 25.oktober 2017

I dag tok Marte Rommetveit frå NRK ein prat med Oskar, Ida Elisabeth og Malene frå 7.klasse om "Framtida Junior". Kanskje vert det innslag på radio i NRK Hordland i ettermiddag.

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Mellom symaskinar og sløydbenker

Tysdag 24.oktober 2017

I dag gjennomfører elevane i 5.klasse nasjonal prøve engelsk. Kunst & handverkavdelinga er ein fredeleg stad for gjennomføring av desse prøvane. Les meir om nasjonale prøvar her>>

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Skjermdesign i 5.klasse
Fredag 20.oktober 2017


Daniel har lært klassen korleis ein lagar eigen avansert bakgrunn. Han hadde eit flott undervisningsopplegg. Elevane kan nå gå heim å utforska meir viss dei ønskjer det. Mange har valt ut frå fritidsinteresse.

 

Tekst & foto: Åshild Giving

For meg er Sagvåg skule......
Fredag 20.oktober 2017

Oppdraget denne veka var å skriva eitt ord på ein hemmeleg PostIt-lapp om kva Sagvåg skule er for meg. Her er ordskyer frå tre av klassane. Jo større orda er, jo fleire har skrive dei.  Mange store positive ord....

 <0/µ0/µz¡k¥˜/µP/µ@P/µwStyle2" color="black" size="2">

Tekst & foto: Lars Bakka

Refleksdagen

Torsdag 19.oktober 2017

I dag er refleksdagen, og 1. klasse har fått nye refleksvestar og ein liten refleks til å ha på jakka når me går til og frå skulen. Sjå kor godt me viser i mørkret no!!

 Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Heilt nye bøker
Torsdag 19.oktober 2017

Skulebibliotikarane kan tilby ei fin samling med heilt nye bøker denne veka. Bøkne står no på utstilling. Lån deg ei heilt ny bøk til helga!
 

Tekst & foto: Lars Bakka

1. og 6. klasse
Onsdag 18.oktober 2017

I dag inviterte fadderane i 6. klasse med 1. klassingane på leik og kake. Halve 6. klasse har laga eplekake på Mat & helse på førmiddagen, og etter lunsj fekk 1. klassingane smake. Det var ei herleg eplekake servert med vaniljeis. Mmmm! Dei som ikkje åt kake, kosa seg i klasseromma med lego og teikning. Neste onsdag bytar me. Heldige oss!
 

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Cromebook til kva elev......i 5.klasse

Onsdag 18.oktober 2017

Onsdag 18.oktober 2017 er ein merkedag, for alle fyrste gong kunne me dela ut ein datamaskin til kvar elev. Desse Cromebook-ane kan elevane bruka både heime og på skulen. Dei har med penn og ein kan skriva og teikna på skjermen om ein ynskjer det. Det er 5. klasse ver Sagvåg skule som er med i prosjektet dette skuleåret, saman med ein klasse frå Nysæter ungdomsskule, ein frå Leirvik skule og ein klasse på Rommetveit skule. Dersom dette vert ein suksess så vil kanskje alle elevane i Stordskulen starta det neste skuleåret med kvar sin Cromebook til skulearbeidet!

 
Tekst & foto: Lars Bakka

Til biblioteket på Litlabø
Ondsg 18.oktober 2017

Biblioteket er ein kjekk stad ! Ikkje minst når fjerdeklassingane får opplest utdrag av ei spennande bok. Me håper at mange får auka leseglede.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Ei hemmeleg verd!
Onsdag 18.oktober 2017

Sagvåg skule har eit eventyrleg uteområde med leikeapparat og. skaterampe, pyramide og ballbinge.... Men det som kanskje er mest spanande er å gå på oppdaging i skogen rundt skulen. Her har elevane laga sitt eige rike med hemmelege stiar og huler. Det er ikkje tillaga med fallunderlag etter alle EU-direktiv, men ein spanande arena for leik og kreativitet. Ein liten stemningsrapport frå skogen finn du på bileta her:

 
Tekst & foto: Lars Bakka

Haustmotiv i SFO
Tysdag 17.oktober 2017

Sfo laga haustbilete. Me laga ugler med handavtrykk og hausttre med fingeravtrykk! Mange flotte bilete.
 
Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Verdspremiere på Sagvåg skule
Tysdag 17.oktober 2017

I dag var det verdspremiere på Framtidsjunior.no på Sagvåg skule. Les meir her>>

 

Tekst & foto: Lars Bakka

Sortering
Måndag 17.oktober 2017

I dag har me hatt sortering, flest og færrast i 1.klasse!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Oppstart etter haustferien

Måndag 16.oktober 2017

Flinke 2.klassinger som starta opp måndag morgon med symjeoplæring. Deretter kom 4. og 6. klasse opp til Nysæterbassenget. Neste måndag er det andre halvdel av 2. klasse og 3. og 5. klasse som har symjeopplæring. Her er planen for resten av hausten>>


Tekst & foto: Lars Bakka

 

 
iPad 4.kl     Disko-prosjet 4.kl

Legosamling

Tysdag 3.oktober 2017

I kveld møttest foreldre og elevar frå First Lego League 2017 til planleggingskveld på Sagvåg skule. Les meir om det flotte prosjektet her>>
 


Tekst& foto: Lars Bakka
Haustsamling
Tysdag 3.oktober 2017

I dag hadde 1. - 4. klasse den årlege haustsamlinga i amfiet. Det vart ei poetisk samling, ettersom mange av elevane las opp ulike variasjonar av haustdikt. Dette krydra me med haustsongar og kosleg song frå 1. klasse:-)
 


Tekst Hildegunn S Heimro   Foto: Lene T Almås


Innekos på SFO i haustregnet 😊
Måndag 2.oktober 2017


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Nytt lovforslag i 5. klasse.

Fredag 29.september 2017

5. klasse har hatt stortingsmøte og utarbeida lovforslag om korleis alle elevane på skulen kan få til å kommunisere på ein god måte, for å ta godt vare på kvarandre. Lovforslaget blei drøfta i regjeringa, som kom med endringar og sendte forslaget tilbake til stortinget. Til slutt vedtok dei eit nytt lovforslag.
 


Tekst & foto: Åshild Giving
 
God morgon i soloppgang!
Fredag 29.september 2017
Endå ein fredag i september kunne me starta dagen med vekesamling i nye amfiet vårt. Fokus på arbeidet mot mobbing hadde gått fint i alle klasane, og neste veke set me fokus på trygg skuleveg. Trafikktrygg og mobbefri skuleveg!
Me fekk også med oss flotte kulturinnslag frå 2.klasse.


Tekst & foto: Lars Bakka
 

Knekk eit egg!
Torsdag 28.september 2017

Vår påstand: De klarar ikkje å knusa eit ståande egg med berre to fingrar!
- det trudde ikkje elevane på, og før me gav oss ut på ein diskusjon om dette, fann me fram eit egg. Etter mange testforsøk, mange grimaser og til slutt mannekrefter, var egget like heilt Alle elevane fekk ikkje prøvd seg, så me fortset i morgon, men påstanden vår står ved lag Naturen er underfull

Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Bandrommet ventar på DEG!
Onsdag 27.september 2017
I år prøver me ut nytt opplegg for bruk av bandrommet. Då er det ikkje faste band, men klassane frå 3. til 7.klasse kan få bruka bandrommet frå kl 08.00 til 15.00 desse dagane:
Måndagar: 7.klasse
Tysdagar: 3.klasse
Onsdagar: 6.klasse
Torsdagar: 4.klasse
Fredagar: 5.klasse

(1. og 2.klasse får då ikkje nytta bandrommet med dette opplegget.)

Tekst & foto: Lars Bakka
 

Null mobbing

Onsdag 27.september 2017
Mellomsteget har sett dokumentaren om Arnar som blei mobba. Programmet er lagt ut på Nrk Super og den tar opp korleis Arnar hadde det som mobbeoffer. Etter filmen diskuterte elevane filmen i grupper på tvers av trinna.
Mobbing er fokus i vekeoppdraget denne veka.


Tekst & foto: Åshild Giving
 

Musikkskulen i SFO

Onsdag 27.september 2017

I
dag fekk SFO besøk av Omar og Jarle frå musikkskulen. Dei hadde sang og leikar ilag med oss. Me fekk mellom sjå korleis eit piano ser ut inni! Me gler oss allereie til neste onsdag!


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

1.klasse på tur

Onsdag 27.septeer 2017



Foto: Kari Myhre

Fjelltur

Onsdag 27.september 2017

I ettermiddag tok lærarane ved Sagvåg skule ein tur til Utslettefjellet i det fine sommarveret..


Tekst & foto: Kari Myhre

Stasjonar  i 5. og 7.klasse

Onsdag 26.september 2017

I dag har 5. og 7. klasse hatt eit multiplikasjonssamarbeid. Alle elevane vart delt inn i 3 stasjonar, og me øvde på gongetabellen på data, ved springing i gym.salen og ved speling. Kjekt:-)

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Forskardag på HVL

Tysdag 26.septeer 2017


Tekst: Jenny S Skjønberg Foto: Elisabeth Magnussen & Jenny S Skjønberg

Norlijunior

Måndag 25.september 2017


Tekst & foto: Anne Elsiabeth Trevland

Då steinalderen kom til Sagvåg skule

Måndag 25.september 2017

Alle elevane på mellomsteget har vore så heldige og fått eit flott undervisningsopplegg om steinalderen. Elevane fekk lage knivblad og skyte pil og boge. Arkeologen Morten hadde masse kunnskap om håndtverket i frå steinalderen og elevane fekk studere redskapa. T.d. hadde han med ein steinøks som var 1,4 millionar år gamal.
  5.klasse:ÐÐ`ÉP‰ÉøаÐ@°Ð> 6.klasse:


Tekst & foto:Åshild Giving m.f.

Då steinalderen kom til Sagvåg skule

Måndag 25.september 2017

Alle elevane på mellomsteget har vore så heldige og fått eit flott undervisningsopplegg om steinalderen. Elevane fekk lage knivblad og skyte pil og boge. Arkeologen Morten hadde masse kunnskap om håndtverket i frå steinalderen og elevane fekk studere redskapa. T.d. hadde han med ein steinøks som var 1,4 millionar år gamal.
  5.klasse:ÐÐ`ÉP‰ÉøаÐ@°Ð> 6.klasse:

Tekst & foto:Åshild Giving m.f.

Kva har skjedd med Queensway?
Måndag 25.september 2017

Å stimulera til skriveglede er ikkje alltid like enkelt. Oppgåver som fenger, rettleiing og gode verktøy er viktig. Her er 4. klasse i djup konsentrasjon med skrivemysteriet: Kva har skjedd med Queensway?
 


Tekst & foto:Hildegunn S Heimro

Gongetabell-bingo
Måndag 25.september 2017

Det er mange måtar ein kan øva på å læra seg gongetabellen - t.d. ved bruk av BINGO. Her øver 4. klasse
 
Tekst & foto: Hildegunn S Heimro

Leseøkt i sommarsol

Måndag 25.september 2017



Tekst & foto:Gro A Halvorsen

Blid handballgjeng
Søndag 24.september 2017

I dag spelte ein liten gjeng frå 1. og 2.klasse MiniHafo-cup på Vikahaugane. Dei var 7 spelarar, 4 fra 1.klasse og 3 frå 2.klasse. Sidan dei hadde 2.klassingar med, måtte dei spela mot andre 2.klasse-lag. Og med gutar på laget, måtte dei i tillegg spele i gutaklassen. Dei møtte tøff motstand og det blei tap i alle 3 kampane. Nokon hadde berre hatt ei handballtrening og ei fotballtrening før cupen! Det at dei tapte gjorde ingenting, dei var like blide før og etter kampen. :-) Veldig kjekk dag for både små og store.  Heia Sagvåg skule!


Tekst & foto:Hanne Arnevik

3.klasse på Litlabø bibliotek

Torsdag 21.september 2017
Ein kjekk tur til biblioteket . Me vart godt teke i mot av Camilla og Kristine. Me fekk høyra om Tigli . Dei var veldig hjelpsomme når elevane skulle finna bøker om alt frå 2. Verdskrigen , lego, og Harry Potter

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

BLIME-dans på Sagvåg skule
Fredag 22.september 2017


Her er filmen frå showet!>>  

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig & Lars Bakka

Utesamling fredag morgon
Fredag 22.september 2017

3.klasse gav oss kulturinnslaget og Blimed-dans var oppdraget som vart løyst til teninkast seks for alle klassane. Neste veke set me fokus på Mobbefri skule.

Foto & foto: Lars Bakka

6.klasse på tokt med S/J Mathilde

Torsdag 21.september 2017

På torsdag var 6.klasse så heldige å få vera med på tokt med Mathilde. Det vart ein super dag der me lærte mykje om historia til skuta og om korleis det er å  arbeida ombord på ei slik skute. Ute på fjorden øvde me på nyttige knutar, kveiling av tau og me måtte alle samarbeida og ta i eit tak når seglet skulle opp. Etter me hadde ete og fått servert varm kakao, fekk me eit lite kurs i segling og vind. Turen vart avslutta med at dei som ville kunna få klatra opp i riggen. Dei tøffe 6.klassingane tok utfordringa og mange klarta veldig høgt opp! Ein fantastisk dag for små og store.



Tekst: Anne Brit Holm Foto: Elisabeth Magnussen

(Tekst kjem)

Ulike reknestrategiar i 5. klasse

Onsdag 20.september 2017

5. klasse held på med multiplikasjon med tosifra tal. Dei har sjølv valt mellom samarbeid eller individuelt arbeid. Alle skal løyseoppgåvene på to ulike måtar.




Tekst & foto: Åshild Giving


Sopptur

Tysdag 19.september 2017

Sagvåg skule måtte finna ein ny stad til den årlege soppturen. Me sykla til Heiane og innover i Landåsen. Der slo me oss til ved gapahuken. Elevane gjorde ein god jobb med å leita etter sopp, men det blei ikkje så stor fangst. Både små og store hadde det likevel kjekt, og soppsuppa gjekk ned på høykant. 

Tekst & foto: Kjell Byrknes


Bibliotikarane viser veg.
Måndag 18.september 2017

Bibliotikarane hadde ei flott omvisning på biblioteket. Dei viste 5. klasse kor dei kunne finne ulike bøker både norske og engelske. 

 

Tekst & foto: Åshild Giving

4.klasse til SIM
Måndag 18.september 2017

Fjerde klasse fekk på måndag ein tur til SIM. Først var me ein tur til Svartasmoget. Der fekk me mellom anna sjå korleis dei laga jord av biaoavfallet og treflis. Det var og undervisning om sortering av avfall. Det var det Johannes som tok seg av. Han var og vår guide då me kom fram til Heiane og sorteringsanlegget der. Elevane blei til slutt "testa" i det dei hadde lært, då dei måtte sei kvar dei ville kasta ulike typar bos. Dei fekk ein god karakter av Johannes!


Tekst & foto: Kjell Byrknes


God morgon Sagvåg skule!
Fredag 15.september 2017

Me er heldige som kan starta dagen i uteamfiet vårt ein så fin haustdag. Det var 4.klasse som gav oss kulturinnslaget denne morgonen.

P·‡P·‡€¢‘PÔ™¸·‡p·‡@p·‡t color="black" size="2" face="Tahoma">

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Fantastisk aktivitetsdag
Tordag 14.september 2017

Aktivitetsdagen 2017, kort fortalt: Maks heldige med veret, og maks heldige med elevane. Meir er ikkje å seie om den saka.

 

Tekst & foto: Egil Petterteig

Barskog i 6.klasse
Torsdag 14.september 2017

Sjette klasse har jobba med barskogen den siste tida. Sopp, mose og bartre er nokre av emna dei har vore innom. Dei fann mellom anna  sigdmose, bjørnemose og torvmose då dei var ute.

Tekst & foto: Kjell Byrknes
 

Foreldrekveld med Barnevakten
Onsdag 13.september 2017

I kveld fekk foreldra ved Sagvåg skule ein gjennomgang av temaet "Born og bruk av digitale medium". Utviklinga går fort på dette feltet og det er viktig å halde seg oppdatert. Det var Alexis Lundh frå Barnevakten var kurshaldar. FAU var arrangør.


Tekst & foto: Lars Bakka

Eplekake i SFO
Tysdag 12. september 2017

I dag fekk ungane på morgon SFO jobb med å skjæra opp epler til eplekake. Dei var svært glade då dei på ettermiddagen fekk smake på resultatet!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Me kartlegg kva me har lært
Tysdag 12. september 2017

5. klasse starta tysdag morgon med ei kartleggingsprøve i matematikk. Dei jobbar godt.


Tekst & foto: Åshild Giving

Varmt og godt
Måndag 11. september 2017

Det var varmt og godt på land i Nysæterbassenget i dag med heile 36 grader! Når det samstundes er fin temperatur i vatnet så vart det reine "Sydenstemninga". Det var ein termostatfeil som førte til den høge temperatuten på land. Det var varmt å vera badevakt i dag, men for oss som var uti bassenget vart det ein fin sommardag med symjeopplæring i syden.


Tekst & foto: Lars Bakka

S i 1.klasse
Fredag 8. september 2017
S-en kan være ganske vanskeleg å få riktig. I dag har me øvd på å skrive den på mange forskjellig måtar: smart board med magiske tusjar, på ark med blyant, på små tavler med tynn tusj og på stor tavle med stor tusj!


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Elevrådet 2017/2018

Fredag 8.september 2017

I dag hadde det nye elevrådet sitt første møte. Årets elevråd er Glenn Willy (1. kl), Tuva (2. kl), Karl Andreas (3. kl), Liandra (4. kl), Remi (5. kl), Evelina (6. kl) og Ole Thomas (7. kl). Evelina vart vald til leiar av elevrådet, og elevrådskontakt er Ingrid som i år har teke over for Anne Elisabeth. Referatat frå møtet finn du her>>
Tekst: Ingrid Kvernenes Misje  Foto: ______

Vekesamling i uteamfiet

Fredag 8.september 2017

I dag hadde me samlinga i det fine uteamfiet vårt ! Elevar frå 2. klasse hadde ein katt og musleik og jenter frå mellomsteget dansa sumba! Alle fekk terningkast 5 på vekeoppdraget denne veka. Neste veke skal alle læra BliMe dansen . Veka sitt teikn er "blime-dans" .
Tekst & foto: Gro A Halvorsen
Utetime med 1.klasse
Torsdag 7. september 2017
Torsdag hadde me utetime etter storefri. Me delte oss inn i grupper og leika naturbingo. Då jakta me på alt mogleg smått og stort for å få kryss på arket vårt. Det er veldig fint at skulen vår ligg nesten inn i skogen, for me har så kort veg til alle små kryp og fine vekster!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Utestasjonar
Tordag 7.september 2017

I dag var 3. klasse på tur til Hustredalsvatnet. Me såg etter om det var liv i vatnet som er tema no. Me hadde ein super tur med mange kjekke aktivitetar i saman med kjekke ungar !      

Helsing Turid, Laila og Gro
Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Kahoot om politikk i 5.klasse
Onsdag 6.september 2017

Simon har laga kahoot om dei politiske partia.
Det blei suksess i 5. klasse.
Tekst & foto: Åshild Giving

Nye krinsgrenser?

Tysdag 5.september 2017

Dersom Samarbeidsutvalet og FAU ved Sagvåg skule får det som dei vil, kjem borna som bur i Smette Terrasse og Buneset til å gå til Sagvåg skule i åra som kjem.

Du kan lesa heile saka her>>  Referat frå FAU>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Gym med 1.klasse
Tysdag 5.september 2017

Denne veka lærte me Tarzan-tikken i gymtimen. Veldig gøy, men ganske vanskeleg!

Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Framlegg til reviderte krinsgrenser
Måndag 4.september 2017

Dersom høyringsnotatet om nye skulekrinsgrenser i Stord kommune vert vedtekne, vil skulekrinsen vår vera uendra.
Saka skal opp i FAU og SU ved Sagvåg skule allereie i morgon.

Du kan lesa heile saka her>>

Tekst: Lars Bakka

1. og 6.klasse på tur
Fredag 1.september 2017

1. klasse og 6. klasse har vore på tur i lag. Me koste oss med tomatsuppe og leik ved området rundt Raugaløo.


Tekst: Jenny Sætre Skjønberg   Foto: Kari Myhre & Jenny Sætre Skjønberg


Vekesamling
Fredag 1.september 2017

Fredag morgon er vekesamling. Kulturinnslag med 6.klasse, fiolinkonsert med Vilja og rekruteringsinformasjon frå Sagvåg skulekorps stod på programmet. Og sjølvsagt rullar Queensway-mysteriet vidare. Fleire og fleire innser etter kvart at Queensway er den gamle gode.....sjølv om han ser svært godt ut etter ferien....

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig og Lars Bakka

1.klasse til skulebiblioteket
Torsdag 31.august 2017
Torsdag var 1.klassingane på skulebiblioteket vårt for å låna seg ei god bok. Her er dei klare til å gå tilbake til kalasserommet.

Tekst & foto: Lars Bakka

Kantinemat for 5.-6.-og 7.klasse
Torsdag 31.august 2017
Så kom endeleg den første "kantinetorsdagen" dette skuleåret. Elevane på mellomsteget kunne kosa seg meg ferske, grove rundstykke og sunt og godt pålegg!

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

Piloteringsklasse
Torsdag 31.august 2017

I dag har 5.klasse gjennomført pilotering av nasjonal prøve i engelsk. Då får direktoratet testa om prøvane fungerer som dei skal, og me får lov til å testa om me forstår opplegget. Det gjekk fint og alle elevane fekk gjennomført prøven i løpen av dei 60 minutta dei har til rådvelde. Vil du sjå ein liknande prøve , så finn du ein demo ein her>>

Tekst & foto: Lars Bakka
 

Vår eigen forfattar i SFO
Måndag 28.august 2017

Når me er så heldige å ha ein forfattar ilag med oss her på SFO, så er det jo ekstra stas når ho i dag las høgt frå boka ho har skrive om Eddy edderkopp. Det er vår eigen Ailinn Spissøy som er forfattaren og boka er illustret av Torill Falk Berg.

Tekst & foto:Elisabeth Magnussen

Symjeopplæring for første gong

Måndag 28.august 2017

I dag hadde den andre gruppa av 2.klassingar den første symjetimen. Det er alltid ekstra spanande å ha symjing for alle første gong....men det gjekk fint.
Også 4. og 6.klasse hadde symjing i dag, så no er alle klassane i gong med ny sesong.

Tekst: Lars Bakka Foto:Elisabeth Magnussen

Norskstasjonar i 1. klasse
Torsdag 24.august 2017

Stasjonar er noko me kjem til å ha mykje av i 1. klasse. Kva me gjer på stasjonane vil variera. I dag var det bokstasjon, ipad-stasjon, arbeidsark og rettleia lesing med Kari. Elevane er veldig engasjerte og syns det er stor stas med skulearbeid. 

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

På tur med 1.klasse
Onsdag 23.august 2017
I dag var 1.klasse på tur i nærområdet rundt skulen. Me leika i skogen og på skuleplassen, og spelte fotball saman i ballbingen for fyrste gong. Me fant og mange ulike planter som me tok med oss tilbake til klasserommet. Etter turen sto det "Naturfag" på planen, så då undersøkte me plantene som me hadde funne, og laga flotte teikningar av dei. Ein fin dag med kjekke og flinke elevar :-) 

Tekst & foto: Kari Myhre  & Ingrid Kvernenes Misje

Eg byggjer meg ein båt.
Tysdag 22.august 2017
7. klasse har vore på Jensaneset og vore med på opplegget "Eg byggjer meg ein båt". Johanne Øvstebø Tvedten og Bjørn Arve Lunde lærte oss om gamle båtbyggjartradisjonar. Det gjorde dei på ein levande og engasjerande måte.   Alle fekk laga seg nøkkelring med koparsaum på. Me koste oss i sola medan me pussa, banka og såg på dei gamle trebåtane som låg ved kai. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Utestasjonar
Tysdag 22.august 2017

3 klasse hadde ei kjekk økt ute i det fine vêret ! Dei jobba med norsk, matematikk og naturfag. Det var mange småkryp ute i dag. Kaffibille, maur, skrokketroll og åmer var nokre av dei.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

God hjelpa!
Tysdag 22.august 2017

Rektor fekk god hjelp då me la matter under sklia. Der har det vore sand som alt for ofte vart til ein våt dam. No er det tørre og fine matter. Takk for god hjelp!

Tekst & foto: Lars Bakka

Zumba i sola
Tysdag 22.august 2017
Jentene på mellomsteget var fantastisk flinke til å danse zumba  ute i amfiet. Dei skal ha ei framsyning saman med 2. klasse om eit par veker. 

Tekst & foto: Åshild Giving og Liljan Vestbøstad Waage

Repetisjon av gongetabellen

Tysdag 22.august 2017
5. klasse har fått en kjemefin start på mellomsteget. Dei er flinke til å jobbe. Dei starta med repetisjon av gongetabellen. Først mange oppgåver på ark, deretter fekk dei øve på nettoppgåver.

Tekst & foto: Åshild Giving

Kva har skjedd med Queensway?
Måndag 21.august 2017
Malene og Ida truar rektor med bank om han ikkje fortel sanninga om kva som har skjedd med Queensway i sommar! Rektor meiner at han ser fin ut, medan Malene og Ida meiner at Queensway ikkje er til å kjenne igjen etter ferien. Han er etter deira meining alt for fin i pelsen og dei meiner også at han er blitt større!...Men det kan jo ikkje stemme! Det er jo berre ein Queensway!

Tekst:Lars Bakka & foto: Sunniva Lundvoll

Perfekt asfaltering
Måndag 21.august 2017
I dag vart arealet under den gamle klatreveggen asfalert. No ser det heilt perfekt ut. Årsaka til at kaltreveggen vart teken bort var at han var lite i bruk. Kanskje kjem han opp att ein annan stad.....

Tekst & foto: Lars Bakka

Musikk i naturen

Fredag 17.august 2017
2. klasse var fantastisk flinke til å delta i musikktimen ute i det nye amfiet.  Der hadde dei improvisasjon med boomwhackers og rytmeinstrument. Dei kjem til å  ha musikktimane ute denne hausten.

 

Tekst & foto: Åshild Giving ( og Lars Bakka)

Plutseleg var skuledagen i full gang
Torsdag 17.august 2017

I 12-tida tok eg ein fotorunde på skulen, og då var skuledagen i full gang i alle klassane. Det er alltid kjekt å møtast igjen etter ein lang sommarferie.
 

Tekst & foto: Lars Bakka

Ordføraren tok imot 1.klassingane
Torsdag 17.august 2017

Det vart ein flott skulestart for elevane i 1.klasse då Ordførar Gaute Straume Epland tok imot elevane i dag tidleg. Du finn fleire bilete her:
 

Tekst & foto: Lars Bakka

Skulestart i amfiet
Torsdag 17.august 2017

Heile skulen var samlia i amfiet til felles skulestart i dag tidleg. Rektor las m.a. ei skummel bok om ein fæl rektor.....

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

Første skuledag til hausten er torsdag 17.august. SFO er open frå 06.45
Første skuledag tek elles til kl 08.30 Skuleruta for skuleåret 2017/18 finn du her>>

Lærarane har første planleggingsdag tysdag 15.augst kl 08.00-15.30
Onsdag 16.august er også assistentane med.
 Planen for desse to dagane finn de her>>