HAUSTEN 2016                                   Arkivet>

 

Juleavslutning Meir jul>>

Onsdag 21.desember 2016

Med god hjelp frå dansegruppe frå 7.klasse og lærarkoret så vart det ein koseleg avslutning av den siste dagen før juleferien. Bilete og film finn du her:
...og vil du sjå assistentfilmen i reprise så finn du den her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Laila Gjøsæter

Julefrukost Meir jul>>
Tysdag 20.desember 2016

Det vart ei koseleg stund for alle ved Sagvåg skule i gymsalen med rundstykke og varm kakao då me hadde den årlege julefrukosten for elevane. Mange lærarar hadde vore tidleg oppe og gjort alt klart til elevane kom.

Tekst & foto: Lars Bakka

Friminutt

Tysdag 20.desember 2016

Her kjem ein liten "Friminuttreportasje" frå Anne Elisabeth


Tekst Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland
   

Juletregang Meir jul>>
Tysdag 19.desember 2016

Tidleg morgon og juletregang ute på skuleplassen på Sagvåg skule 20.desember


Tekst & foto: Lars Bakka

Julebadet
Måndag 19.desember 2016

I den siste symjetimen før jul er det tradisjon med "julebad" der bryst, crawl og livredning tek ein pause og kjekk leik står i fokus.
Våren 2017 ser planen for symjeopplæringa slik ut>>


Tekst & foto: Lars Bakka
   

Siste adventsamlingMeir jul>>
Fredag 16.desember 2016

Med Luciaopptog med 1.klasse og med fine innslag frå 6.klasse vart også dette ein koseleg start på fredagen. Besteforeldre kom heilt frå Karmøy for å vera med oss! Takk til alle som kom!
...og kunne du ikkje vera med oss så finn du bilete frå samlinga her:


Tekst & foto: Lars Bakka

Julekort i 5.klasse

Torsdag 15.desember 2016

I 5.klasse har me laga symmetriske julekort. Dette var ei fin og kjekk oppgåve sidan me har om symmetri, symmetrilinjer og spegiling i matematikken no.

Tekst & foto: Anne Brit Holm
 

Julegraut med 1. og 6.klasse
Fredag 16.desember 2016

1. og 6. klasse har hatt ansvar for adventsamlinga i dag, og dei har jobba godt med øving heile veka. Me avslutta dagen med velfortjent graut med mandel i. Premie for å finna mandelen var det og. Ei kjekk avslutning på veka. 


Tekst: Lene T Almås Foto: Vidar Gjellestad

Ny TL-leik

Fredag 16.desember 2016

Les meir i Rundstukkeposten>>
 

Juletrehenting

Torsdag 15.desember 2016

4. klasse henta juletre i skogen med lommelykt. Takk til skogeigar. Dei bestemte lengda på treet og sagde fleire kubbar, som dei brukte til juletrebowlinga. Dei lagde julepynt av trollhassel og granbuskar. Sigrid ønska oss hjarteleg velkommen til å leike i skulegarden på Tjødnalio skule. Klassen hadde asfaltbingo heile vegen heim og elevane var fantastisk flinke til å gå lengre enn langt.


Tekst: Åshild Giving Foto: Åshild Giving og Ingeborg Nerland Toft

Skulebiblioteket
Onsdag 14.desember 2016

Nytt oppslag i skuleavisa til 6.klasse "Rundstykke-posten" finn du her>>

Juleverkstad på heile skulen

Onsdag 14.desember 2016

I dag er det juleverkstad rundt om på heile skulen.....og her er bileta:

Tekst : Lars Bakka Foto: Lærarane


Luciatog

Tysdag 13.desember 2016

I dag har 1.klasse gått i Luciatog og besøkt alle klassane på skulen.

Tekst & foto: Lene T Almås


Taco i SFO
Tysdag 13.desember 2016

No er da offisielt: SFO har verdens beste taco (Gutt 8år) Taco og fri leik i gymsalen idag.

Tekst og foto: Liljan V.Waage


Sjakk i 3. klasse
Tysdag 13.desember 2016

Tysdag fekk 3. klasse bruka det flott sjakk-utstyret me har på skulen. Det vart ein kjekk time!! Elevane var flinke, og det viste at dei fleste hadde spela litt sjakk før.

Tekst : Aasne H vikanes Foto: Liljan Vestbøstsd Waage

Stemningsfull adventsamling
Fredag 9.desember 2016

Flinke elevar frå 3. og 4.klasse hadde laga ei koseleg adventsamling for oss fredag morgon. Med hjelp frå det flotte husorkesteret vårt vart dette endå ei samling for store og små med god førjulstemning.
Tekst & foto: Lars Bakka

Englane i 7.klasse

Måndag 12.desember 2016

Små, fine englar flyr fram ein etter ein nr 7. klasse får tid til litt ekstraarbeid i K&H. Fingerenemme jenter laga desse på måndag.
Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Også 2.klasse kodar
Onsdag 7.desember 2016

2. klasse har hatt Kodetime som er ein skuletime med programmering. Dei har fått god hjelp av elevar på 4. klasse.
Tekst & foto: Laila Gjøsæter

'Kidsa' i 3. klasse kodar
Onsdag 8.desember 2016

Torsdag hadde 3. klasse kodetime for andre gong denne veka. Elevane er ivrige og tek utfordringar både med Frost, Angry Birds og litt Minecraft. Kjempekjekt!

Tekst & foto: Aasne Høviskeland Vikanes

Koding i 5.klasse
Onsdag 7.desember 2016
I går hadde 5.klasse kodetime og me øvde på ulike former for koding. Heldigvis hadde me eksperthjelp i klassen, Jens Martin har nemleg vore på kodekurs og han var til god hjelp!
Tekst & foto: Anne Brit Holm

Koding i
1.klasse

Onsdag 7.desember 2016

I dag har 1.klasse hatt kodetime. Med kvar sin pc jobba me med å bestemme korleis figurane på skjermen skulle bevege seg. NRK-serie om koding>>  Enkel koding>>

Tekst & foto: Lene Tislevoll Almås

Første hjelp i 3.klasse
Tysdag 7.desember 2016

Siste klasse ut med å trena på hjarte-og lungeredning var 3. klasse. Elevane såg ein liten instruksjonsfilm før dei vart delte opp i grupper for å øva. Gruppene jobba godt!!
Tekst & foto: Aasne H Vikanes

Gym i 4.klasse

Tysdag 7.desember 2016

Takk til Robin som hadde ein flott gymtime. Elevane blei veldig gla
då skulle spele fotball.

Tekst & foto: Åshild Giving

Sjakk i 2. og 7.klasse
Tysdag 6.desember 2016

I dag har 2. og 7.klasse spelt sjakk saman. Det var ei kjekk stund, og 7.klasse var gode læremeistarar.
Tekst & foto: Kari Myhre

Elevrådet
Tysdag 6.desember 2016

I dag har det vore møte i elevrådet. Referate finn du her>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Storsjakk
Tysdag 6.desember 2016

Julekalenderen i 4.klasse var å spele storsjakk i dag. Kvar elev var ei spelebrikke og dei måtte samarbeide om kvart einaste trekk. Dei var kjempeflinke, så dette må dei få gjere fleire gonger.
Tekst og foto: Åshild Giving

Førstehjelp i 1.klasse
Tysdag 6.desember 2016

Adventsamling
Fredag 2.desember 2016

Det vart ein stemningsfull start på dagen med vanleg vekesamling først og adventsamling etterpå. Det var flinke elevar frå 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga.
Tekst & foto: Lars Bakka



Koding og livberging
Måndag 5.desember 2016
 
4. klasse blei så ivrige på koding at dei satt også inne i to friminutt,
for å oppnå flest mogelege diplom. Etter kodinga var det tid for livberging.

Tekst & foto: Åshild Giving

Tre leseveker er over
Fredag 2.sesember 2016

No har 5., 6. og 7.klasse hatt 3 leseveker. Alle elevane har lest mykje både på skulen og heime.  Idag avslutta me prosjektet med bokanbefalingar frå elevar og utdeling av bokpremiar. 

Tekst: Kari  Myhre Foto: Kjell Byrknes

Sjakk i 5.klasse
Torsdag 1.desember 2016

I dag har 5.klasse hatt sjakk - kurs. Me lærte om spelet, dei ulike brikkane, reglar osv.Elevane har ulik erfaring når det gjeld sjakk og i dag hadde me fokus på å gjera kvarandre gode. Engasjerte og motiverte elevar gjorde dette til ei kjekk "sjakkstund".


Tekst & foto: Anne Brit Holm

 


Livbergning i 2.klasse
Torsdag 1.desember 2016
Alle elevane i 2.klasse kan no redda liv med hjarte-lungeredning.


Tekst: Lars Bakka  Foto: Laila Gjøsæter

Trolldeig i SFO
Onsdag 30.november 2016

I dag har SFO malt trolldeig.  Me har laga mange fine figurar med flotte fargar. Me me bakte også nonstopkjeks.


Tekst: Elisabeth Magnussen Foto: Liljan Vestbøstad Waage

Trinn tre
Tysdag 29.november 2016

I dag vart trinn tre støypt i uteamafiet vårt :-)


Tekst & foto: Lars Bakka



Til bibloteket
Måndag 28.november 2016

Eit lite glimt frå biblioteksbesøket til 3. klasse i dag Me vart lese for, fekk boktips og fekk lånt mange kjekke bøker som me gler oss til å lesa  Litlabø filial er verdt eit besøk om du har lyst til å lesa gode bøker, låna ulike blad eller filmar

Test & foto: Hildegunn Heimro


Eskil og Simon ....gitarkameratane
Torsdag 24.november 2016
Sagvåg skule har to flinke elevar som stemmer gitarane kvar veke. Det er fantastisk kjekt å spele gitar med 28 stemte gitarar i musikktimane J.


Tekst & foto: Åshild Giving


Alle kan liveberging
Tysdag 29.november 2016

I dag gjennomgjekk alle lærarane minikurs i hjerte/lunge-redning. I løpet av veke vil alle elevane få det same kurset. Lurt å sjå denne filmen først>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Baking og pynting i 6.klasse

Onsdag 24.november2016

Etter baking, så kjem pynting. Det blei nokre flotte hjarte som me skal ha til adventskalender i år.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Hangman på teiknspråk i 4.klasse
Onsdag 24.november 2016
 
Jentene mot gutane i teiknspråk-hangman i 4.klasse. Alle måtte sei bokstavar på teikn. Til slutt var det jentene som klarte å gjette ordet. Klare du å gjette kva ordet er?
 
Tekst: Ingeborg Toft Nerland Foto: Åshild Giving
 

Engelsk bingo

Onsdag 24.november 2016

3.klasse hadde engelsk bingo. Dei var veldig ivrige og lytta godt då grønsakene og fargene blei lest opp. Heilt til slutt lærte dei ordet chocolate.

Tekst & foto: Åshild Giving
 
Frå "Mot til å glede" til "Sunn matpakke".
Torsdag 24.november 2016

Etter fin song frå 1.klasse var det tid for vurdering av vekeoppdraget. Mot-til-å-glede-bingo hadde vore ein stor suksess og alle klassane fekk terningkast 6!! Neste veke er det sunn og god matpakke som er tema for heimen-eleven og skulen :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving og Lars Bakka

Mot til å glede dagen

Onsdag 23.november 2016

Kjekk dag med kjekke elevar. Me har spela sjakk,  lese på biblioteket,  baka peparkaker og  leika i gymsalen.  


Tekst:  Foto: Elevar & vaksne på Sagvåg skule

Mot til å glede dagen
Onsdag 23.november 2016
"Og bena er de verste for når han får satt dem på, så er to for lange og dei andre to for små........" (Frå sangen til Alf Prøysen - julegaven). 2. klasse har hatt sløyd i kunst og handverk. Dei har saga, spikra, pussa og måla. Dei har jobba godt og resultata var mange flotte produkt.


Tekst & foto: Laila Gjøsæter

Sjakk-kurs i 2.klasse
Fredag 18.november 2016
I dag fekk me ei god innføring i spelet sjakk. Kari var ein god lærar og viste oss bruken av  dei ulike brikkene og fortalte om viktige reglar i sjakk :)


Tekst: Gro Akselsen Halvorsen

Frå "Orden i skulesakene" til "Mot til å glede"
Fredag 18.november 2016

Det vart flott kulturinnslag med Eline og Emilie på samlinga i dag.Klassene hadde fine teriningar og god orden i skulesakene. No er det tid for "Mot til å glede".
 
tTekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving og Lars Bakka

Leseveker i 5.-7.klasse

Onsdag 16.november 2016

Elevane på mellomsteget er i full gong med leseveker. Dei finn seg ein krok og kosar seg med lesinga.

Tekst: Lars Bakka Foto: ?

God mat i 6.klasse
Onsdag 16.november 2016

Det er kjekt å ha mat & helse når ein kan servera mexikansk mat til seg sjølv ein heilt vanleg onsdag føremiddag. Det lukta godt heilt opp i administrasjonen....og 6.klassingane kosa seg :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

Open dag for Redd Barna
Fredag 11.november 2016
I dag var det opend dag ved Sagvåg skule. Alle inntektene frå dagen gjekk til Redd barna. Det kom inn omlag 33.000,- (Banken gjer finteljinga på måndag)
Tusen takk til alle som kom og var med på å gjere dette tio ein flott dag!!
   Filmen:
Tekst:Lars Bakka  Foto: Born og foreldre ved Sagvåg skule
Referet frå novembermøtet i Elevrådet>>

På plass i Haugesund
Laurdag 11.november 2016
First Lego League-gjengen (FLL) er på plass i Haugesund for den store  FLL-dag. Det vert spanande å sjå korleis det går utover dagen. Får elevane får til å gjennomføra det dei har fått til på øving også på konkurransedagen? Les meir om FLL her>>   (FLL-Sagvåg skule har ei eiga nettside her>>)

Tekst: Lars Bakka  Foto: Beate M Føyen

BLIME-dans
Fredag 11.november 2016

I dag starta dahen med BLIME-dans for alle elevane på Sagvåg skule!
Bilete og film her:



Tekst Lars Bakka: Foto/film: Erlend Thoresen, Beate M Føyen og Lars Bakka

Lykkehjul i 4.klasse
O
nsdag 9.november 2016

4.klasse har fått god hjelp av Malin frå Fitjar Vidaregåande skule i fleire veker. I dag avslutta ho praksisvekene med lykkehjulet, kor elevane fekk sjokoladekake.

Tekst & foto: Åshild Giving

Open dag 11.november!!
Onsdag 9.november 2016

Redd Barna sin representant, Camilla Haug, var i 7. klasse og informerte om fredsprisen. Elevane fekk først ny kunnskap om Alfred Nobel.
Dei fekk og lesa og høyra om fredsprisvinnaren i år, president Juan Manuel Santos frå Colombia.. 
Via "det magiske klasserommet" på nettet lærte dei litt om kva krig kan føra med seg av problem, ikkje minst med tanke på born som soldatar og manglande skulegong for born på grunn av krig.
 Sjuandeklassingane fekk og mange tankar rundt fredprosessen i Colombia. Gjennom å senda spørsmål til fredsprisvinnaren via elektronisk postkort, fekk dei vera med på ein konkurranse der premien er ein tur til Oslo.Det kom mange gode spørsmål, så no får dei venta i spenning.

(På biletet lagar elevane fredssymbolet)

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Mini-ingeniørane vil redda hjorten
Onsdag 9.november 2016

Sagvåg-elevane framføre hjortetråkk-modellen sin. På hovudet har dei hjortegevir laga av hårbøylar, avispapir, piperensar og lim. Og laget? Jo, det heiter sjølvsagt «Fort Hjort». Frå venstre: Svein Martin Nilsen, Mali Litlehamar Waage, Eirik Natvik, Oskar Føyen, Ole Thomas Romfog Tranøy, William Aarre Helland, Solfrid Steinsland og Liv Marit Ottesen Mjønes.
Les meir i Sunnhordland>>

Foto: KJETIL ØSTREM

Falsk alarm
Onsdag 9.november 2016
Klokka 06.38 i dag tidleg gjekk brannalarmen ved Sagvåg skule. Det var sensor-feil i eit klasserom. Brannvesenet rykka raskt ut, og allereie kl 06.55 var SFO open igjen som vanleg. Borna møtte mange vaksne i SFO denne morgonen :-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

Kunstnarar i 4.klasse
Fredag 4.november 2016
No har elevane i 4. klasse blitt flinke til å bruke sag, høvel og pusse med sandpapir.
Resultatet blei flotte kattar og hundar.

Tekst & foto: Åshild Giving

BLIME på vekesamling

Fredag 4.november 2016
 
Fredagen starta med "Vi-sangen" på teiknspråk med heile skulen. Elevane hadde også øvd fint på Blime-dansen. Det vert meir øving fram til Open dag neste fredag.

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving og Lars Bakka

Vollyball
Torsdag 3.november 2016
Hanne har gjort ein strålande jobb og lært elevane volleyball i 4. klasse.Elevane var engasjerte og det blei veldig spennande då dei fekk poeng.
Tekst & foto: Åshild Giving

Uteamfiet
Fredag 4.november 2016

No er første nivået på uteamfiet ferdig støypt.

Tekst & foto: Lars Bakka

Haustsamling for 1.-4.klasse

Onsdag 2.november 2016

I dag var det haustsamling for småskulen, der vart det song, dans, instrumentspeling og opplesing av dikt. Det var ei kjekk samling!

Tekst & foto: Kyrre Vikanes
Etter vi har lærte å spille sjakk på Norsk..... 
Onsdag 2.november 2016
...today it was time to use English when playing chess! We tried to call our moves like this: 'Bishop to d6'
Next week for homework we will be learning the words: King, Queen, Bishop, Knight, Rook and Pawn.
It's important to say, 'It's your turn',  'Thankyou for a good game.' and not least, 'Well played!' 



Text: Joy Turnet Photo: Åshild Giving
Kunst og handverk i 3.klasse
Tysdag 1.november 2016

For to veker sidan lærte studentane frå HSH elevane i 3. klasse å tova gryteklutar av ull. I dag var det tid for å dekorera grytklutane. Dei vart kjempefine!! Det vart òg tid å veva og å pussa med sandpapir. Ei god arbeidsøkt!



Tekst Aasne Vikanes Foto: Kyrre Vikanes m.f.
Trivselsleiarane
Tysdag 1.november 2016
Trivselsleiarane gjer ein flott jobb og har ansvaret for mange kjekke aktivitetar inne og ute i friminutta.

Tekst: Lars Bakka  & Foto:Anne Elisabeth Trevland

Sjakk i 7.klasse
Tysdag 1.november 2016

Sjakkinteressa er på topp i 7. Klasse etter kurset dei fekk på måndag. Det er mange som alt kan mykje.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

"Vepsebol" i 2.klasse
Tysdag 1.november 2016

I dag har 2. klassen fått prøva seg på å baka «Vepsebol». Kakene er ein del av eigenproduserte produkt som skal seljast på open dag 11. november. Elevane var spente på dette, og det vart målt opp ingrediensar, vispa eggekvite, hakka mandlar og sjokolade med stor entusiasme. Freistnaden på å smaka på deig og ferdige kaker var stor, men elevane har vore standhaftige, og heile produksjonen går til open dag. Me var i alle høve einige om at kakene såg gode ut, og elevane ville veldig gjerne ha oppskrifta med seg heim. Og det skal dei få!
 
Tekst & foto: Kenneth Hystad

Vekesamling
Fredag 28.oktober 2016

I dag har me oppsummert oppdraget "På rett stad til rett tid". Eit vanskeleg oppdrag men dei fleste hadde klart det fint. Nytt oppdrag dei neste to vekene er BLIME!

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

 


Skostafett
Torsdag 27.oktober 2016

Elevane I 2. klasse hadde idag skosalatstaffet I gymtimen med studentane. Dette var særs kjekt! 

Tekst & foto: Lene Gjøstein

Heilt konge
Torsdag 27.oktober 2016
 
No er 4. klasse langt inn i sjakkverda med høgtidlege etikettar og nye måtar å spele sjakk på.
I dag vart dronninga introdusert og då blei det fart på spelinga.

Tekst & foto:Åshild Giving

Torvmenn og mose
Onsdag 26.oktober 2016
Sagvåg skule har ei flott tidsline i gangen ved lærarromma, elevar frå 6. klasse har no hengt opp ei ny hending. Medan me lærte om ulike mosar, dukka Torvmannen opp i læreboka. Då han vart funnen i ei myr i 1950, hadde han sannsynlegvis lege der i 2300 år! Heldigvis fann ikkje me noko liknande då me var ute etter mose litt seinare i timen.
 

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Haustkunst i SFO
Onsdag 26.oktober 2016

(Tekst kjem)

Foto: Elisabeth Magnussen

Haust og framleis sol og fint vêr!!
Onsdag 26.oktober 2016

Tysdag hadde 3. klasse utedag saman med studentane Emilie, Cecilie, Malin og Evy-Ann frå HSH og Kyrre og Mathilde frå Fitjar vidaregåande skule. Det vart ein fin trimtur til crossbanen i Hustrudalen. Me smidde spiddepinnar og opptenningsfliser til bålet. Det vart òg tid til norsk- og leikestasjon før matpause med niste og pølser. Før heimturen fekk elevane eit godt friminutt. Ein kjekk dag!

 

Tekst & foto: Aasne Vikanes

Turn med Malin og Ingrid
Onsdag 26.oktober 2016
 
Elevane blei delt inn i tre grupper. Den første gruppa skulle slå hjul og stå på henda. Den andre gruppa skulle ta araber og gå i bru. Den siste gruppa tok salto med sikring og landa på tjukkas og avslutta med flyverulle. Midt i timen hadde dei ein kjekk leik.
 

Tekst: Åshild Giving  Foto: Ingeborg Toft Nerland

2.klasse på tur med studentane

Tysdag 25.oktober 2016
 
 
2.klasse hadde utedag med studentane frå kl 9.00 på tysdag. Me gjekk bort til parkeringen til Ulslettefjellet. Der hadde me mange kjekke aktivitetar som mattesheriff, kunstnaren og modellkitt, søppel sortering og grilling av pølser. Me var også knallgod på å synga haustsanger.
Takk for ein kjekk utedag i strålande sol.
Mvh studentane i 2.klasse.

Tekst:Lene Gjøstein Foto: Jagoda Urszula Syska

Til biblioteket
Tysdag 25.oktober 2016
 
4.klasse har vore på biblioteket på Litlabø og fått presentert nye bøker. Dei hadde til dømes bøker om dinosaurar som me har i lekse denne veka.

Tekst & foto: Åshild Giving

Kva skjer med klatreveggen?

Fredag 21.oktober 2016
 
 
....ja sei det? No er ein gjeng i full gong med å ta ned klatregrepa....

Tekst & foto: Lars Bakka

Irriterande
Fredag 21.oktober 2016

Det har alltid vore ein irriterande liten dam med vatn nest i sklia når det regnar. No har me endeleg fikas det me å bore tre små hol i botnen av sklia !

Tekst & foto: Lars Bakka

Farvel til danske vener
Fredag 21.oktober 2016

I dag tok 4.klasse farvel med lærarskulestudentane Malene og Cecilie som kom heilt frå Danmark for å vera med 3.klasse denne veka.

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving 

Vekesamling
Fredag 21.oktober 2016

I dag var det 1.klasse som gav oss kulturinnslaget på vekesamlinga. Me avslutta vekeoppdraget om trygg skuleveg med refleks til alle. Neste veke er det fokus på å vera på rett stad til rett tid.

Tekst & foto: Lars Bakka

Sjakk i skulen

Tysdag 18.oktober 2016
 

I dag har alle lærarane hatt sjakk-kurs med Lene og Kari. Me fekk mange nyttige tips om bruk av sjakk i skulen.

Tekst & foto:Lars Bakka

Kreative 2.klassingar
Torsdag 20.oktober 2016

Det er mykje spanande som skjer i 2 klasse no for tida. Me har flinke studentar frå Hsh som finn på mykje kjekt :) +  kjekke Oskar frå Fitjar vidaregåande skule. På tysdag var det toving i K & H timen. Me har allereie byrja å tenka på sal  på open dag 11 november. I norsk skreiv me på data i one note. Tema var ombruk. I engelsk er tema fruit . Alle fekk  vera med på å fylla opp ei fruktkorg med teikna fruktar.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen.

Uteamfi!

Måndag 17.oktober 2016
 
D
å me kom til skulen etter haustferien tok arbeidet med nytt utemfi til. Det er Engevik & Tislevoll a/s som har teke på seg oppdraget med bygginga av amfiet. Det skal også bygjast ei bod for kjeldesortering ved fjellveggen nær sykkelstativa. I vekene som kjem så kan du fylgja bygjearbeidet her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Gongetabellen i gymtimen
Tysdag 18.oktober 2016
 
Me er så heldige å ha to danske studentar Cecilie og Malene i 4. klasse.
I gymtimen hadde dei ansvaret for ein stafett med gongetabellen.


Tekst & foto:Åshild Giving

Hausttur

Fredag 7.oktober 2016
 
I dag har 5.klasse vore på trimtur før dei tok haustferie. Nokre av elevane var på tur til Utslettefjellet og nokre til "rauga løo".
Ein flott tur vart det i det fine haustveret saman med dei kjekke og spreke elevane.
God haustferie til alle!
 

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Sjakk
Fredag 7.oktober 2016

Det er alltid kjekt å sjå at det store sjakkbrettet i bruk. Her er det elevar i 3.klasse som diskuterer kva trekk som bør bli det neste.


Tekst & foto: Lars Bakka

Sykkeldag
Torsdag 6.oktober 2016
 
På onsdag hadde mellomsteget eit opplegg rundt bruk av sykkel. Elevane fekk kontrollert syklane, dei hadde litt teori og fekk vist kva dei kunne i ei sykkelløype.Det var lærevillige og interessert elevar, som gjorde ein flott innsats. 
Kontrollen av syklane viste at mange har nye og gode syklar, men det var ein del manglar, særleg på lys og bremser. Dei fleste feilene på bremsene blei ordna med justering, men var nokre som fekk beskjed om å byta utslitne bremseklossar. No som hausttmørke har senka seg, er det viktig at alle ordnar syklane, slik at lys og bremser er i orden.

Tekst & foto: Kjell Byrknse

Ingen fredag utan vekesamling
Fredag 7.oktober 2016

Med flott kuleturinnslag frå 2.klasse var det tid for elvauering av eit viktig vekeoppdrag. "Bruk refleks & Trygg skuleveg". Det var menge høge treningkast, men ingen seksarar. Me held fram med dette oppdraget også etter hausteferien!
Bilete og video her:


Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving og Lars Bakka

Velkommen til skulebiblioteket!

Onsdag 5.oktober 2016
 
Dette skuleåret er det Ingvild, Jenny og Eline frå 5.-6. og 7.klasse som er skulebiblitokarar. Dei har fått opplæring i bruk av biblioteksystemet vårt, dei hjelper til med å halde orden i bibloteket og innkjøp av nye bøker.

Tekst & foto: Lars Bakka

Til Utslettefjellet med 7.klasse
Tysdag 4.oktober 2016
 
7.klasse gjekk til Utslettefjellet i gymtimen tysdag. Dei sprekaste brukte under 30 min frå skulen.

Tekst & foto: Kari Myhre

Elevråd

Tysdag 4.oktober 2016

I dag var det møte i Elevrådet. Du finn referat frå møtet her>>


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Redd livet!

Måndag 3.oktober 2016
 
Det er ikkje lett å halde seg flytande når ein har mykje klede på seg.
I dag var det elevar i 5.klasse som måtte symje for livet i Nysæterbassengnet.


Tekst & foto: Lars Bakka

Kulare basketballkorger
Måndag 3.oktober 2016
Nokre elevar har i lang tid hatt eit ynskje om tøff kjetting på basketballkorgene. I dag vart netta monterte

Tekst: Lars Bakka Foto: Sebastian Pietruszenko 


Fotballkamp
Måndag 3.oktober 2016

I dag var det fotballkamp i SFO
.....heilt til Philip, Sebastian og Lars kom og blåste av heile kampen då dei skulle montera nye nett i basketballkorgene :-)
⚽️

Tekst: Liljan Vestbøstad Waage Foto: Elisabeth Magnussen

First Lego League 2016
Fredag 30.september 2016
 
Dette er First Lego League (FLL) 2016. Desse elevane har både vist stor interesse for prosjektet og fått lov av foreldra til å vera med. Dette er FLL 2016 frå venstre mot høgre: Mali Litlehamar Waage (5.kl),Oskar Mättelä Føyen (6.kl), Eirik Natvik (6.kl), Svein Martin Nilsen (6.kl), William Helland Aarre (6.kl), Ole Thomas Tranøy Romfog (6.kl), Solfrid Steinsland (5.kl), Liv Marit Mjønes Ottesen (5.kl). Dei skal det jobbast godt fram mot konurransen i Haugesund laurdag 5.november

Tekst & foto: Lars Bakka

Sosial kakebaking og gym
Fredag 30.september 2016

3. og 4. klasse har hatt kroppsøving saman. Trivselsleiarane gjorde ein flott innsats og hadde ansvaret for timen. Dagen avslutta me nede i amfiet med eplekake som elevar frå begge klassane har laga. God helg!

Tekst & foto: Åshild Giving


Vekesamling
Fredag 30.september 2016

Med flott kulturinnslag med 3.klasse var me klar fpor vekesamling. Neste veke vert det fokus på "Trygg skuleveg og bruk refleks!" Eit aktuelt tema. I går dekk eg denne meldinga frå ein nabo til skulen:

Som nabo har eg fleire gonger måtta hjelpa born som har sykla i kvarandre på grunn av stor fart. Det har også vore ein del «nestenulykker». 
Turgåarar og andre elever har mest blitt nedkjørt av elever på sykkel, særleg i bakken ned frå skulen og vidare nedover Skifteslono. 

Trist om born skal bli skada på veg heim frå skulen. 

Tekst: Lars BakkaFoto: Åshild Giving

Stinkande gøy på SIM
Torsdag 29.september 2016
4. klasse har hatt ein flott omvising på Svartasmoget og Heiane. Det var kjekt å få sjå det me har lært om på skulen. Klassen fekk karakteren 6 på den praktiske prøven og er stolt av det.


Tekst & foto: Åshild Giving

Middag i SFO
Onsdag 28.september 2016

Sfo fekk servert pølse og potetstappe med gulrot. Alle smakte på alt og einaste lyden me kunne høyra var bestikket mot tallerken 👌👍

Tekst & foto: Elieabeth Magnussen

Haustkunstnarar i SFO
Tysdag 27.september 2016
I SFO er alle haustkunstnarar! Kven vil ikkje ta seg ein tur inn i denne haust skogen?

Tekst& foto: Elisabeth Magnussen

Trivselsleiarar
Tysdag 28.september 2016
 
No er me igang med Trivselsprogrammet. Idag hadde motiverte og flinkt trivselsleiarar sin fyrste dag på jobb. De kan sjølv sjå at det var mange elevar som hadde det kjekt. 

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

6.klasse til HSH
Tysdag 28.september 2016

6.klasse fekk vere med på forskingstorg på HSH. Me var med på veldig mykje kjekt. Me fekk bl.a måle eigen puls, sjekke pulsen på ei simuleringsdokke,  danse, leike og vart dirigert av ein litt skummel russisk dirigent. 


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Nye leiker !
Fredag 24.september 2016
 
Då var det 2.- og 7.klasse sin tur til å læra nye leiker av trivselsleiarane.Det kom ein regnskyll så me gjekk inn og leika vidare etter ei stund. Det var veldig kjekt og me gler oss til å fortsetja leiken.

Tekst & foto: Gro Akselesen Halvorsen
Kunst og handverk
Måndag 26.september 2016
 
Halve 7.klasse har brukt KH-timane ute i brakebuskane i dag. Me har funne oss ein passeleg kvist, og skjært av det som ikkje passar. Kva me lagar? Følg med, følg med!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Sosialtid

Torsdag 22.september 2016

Dette året har 3. og 4.klasse ein time me har kalla sosialtid. Me har praktisk matematikk, engelsk, drama og teiknspråk. Kjekt å vera saman på tvers av klassane:-)



Tekst & foto:
Åshild Giving

Kulturinnslag med 4.klasse

Fredag 23.september 2016

Å høyra etter når andre snakker er vekeoppdraget for heile skulen i denne og neste veke. Me må alle bli flinkare til det :-)
Vekesamlinga i dag starta med flott kulturinnslag med 4.klasse. Du finn film og bilete her:




Tekst & foto:
Lars Bakka

Prealgebra

Torsdag 22.september 2016

4.klassingane har jobba med prealgebra, kor dei laga tal mønster og rekna ut mengde med brikker i neste figurtal.
       

Tekst & foto: Åshild Giving

Kva skjer?
 
Tysdag 20 .september 2016
Jo, det som skjer er at trivselsleiarane har testa ut nore av leikane dei lærte på kurset. Det var nokre elevark i 4. og 5. klasse som fekk gleda av å vera med på dei ulike leikane. Flinke trivselsleiarar og kjekke aktivitetar!

 

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Trivselesleiarar
 Måndag 19 .september 2016
I dag var dei 17 nyvalte trivselsleiarane på leikekurs på Vikahaugane. Me lærte 10 nye leikar, og me ser fram til å lære dei andre elevane ved Sagvåg skule desse. 

 
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

English breakfast
Måndag 19.september 2016
We learned about English breakfast and served toast, marmalade and tea of course!.


Tekst & foto: Åshild Giving

Vekesamling

Fredag 16 .september 2016
Klassane hadde høge og gode terningkast etter to veker med fokus på arbeid mot mobbing. Dette fokuset held  fram, sjølv om oppdraget er avslutta.
I neste veke handlar det om å høyra etter når andre snakkar....dette gjeld både vaknse og elevar....


Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

Eplekakebaking og målprøve

Fredag 16 .september 2016


Elevane i 2 klasse har spurt om me ikkje kan baka kake heilt sidan dei byrja i haust. I dag hadde me tid. Halve klassen baka og resten hadde sin første målprøve. Etterpå bytta me. Kaka smaka fortreffeleg og dei fleste syntes det var kjekt med målprøve i matematikk, norsk og engelsk. To engelske glosar var lekse denne veka, one og two. Mange hadde alt rett :)

 
Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen


Gullingen
Torsdag 15.september 2016

Her elevane som ville til topps på Gullingen. Kjempeflott vêr og god stemning.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

På eventyr med 4.klasse
Torsdag 15 .september 2016
Ein fantastisk solskinsdag sykla elevane i 4. klasse til Eventyrskogen. Der fekk dei høyre om Pannekaka og Askeladden som kappåt med trollet. 



Tekst & foto: Åshild Giving

Leik i sola
Torsdag 15.september 2016

Elevane er flinke til å aktivera seg med ulike leiker i friminutta i det fine sommarveret.

Tekst: Lars Bakka Foto Elisabeth Magnussen

Ein fin dag

Torsdag 15 .september 2016
Ein fin dag startar med ein fin morgon. ....

Tekst & foto: Lars Bakka

Grunnfargane
Onsdag 14.september 2016

I dag var første gong 1. klasse hadde undervisning på kunst- og handverksrommet. Me lærte litt om grunnfargane, blå, gul og raud, og blanda våre eigne haustfargar ut frå dei. Me brukte fingertuppane våre til å lage blad, og trylla fram mange, fine hausttre me skal pynte klasserommet med.


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Førebuing til HaFo-cup
Tysdag 13 .september 2016
 
Idrettsgleda var på topp då 4. klasse trente handball i kroppsøvingstimen. Tjukkasen er god å ha, når ein øvar på hoppskudd.

HAFO 2016>>      HAFO mini 2016>>  


Tekst: Ingeborg Toft Nerland  Foto: Åshild Giving
   

Eit myldrane liv
Tysdag 13.september 2016

I samfunnsfag har 2 klasse tema -eit myldrane liv-.
Me har tidlegare  studert ulike dyr og dyrespor.  I dag ville me sjå om det var sopp å finna i nærleiken. Det var ikkje vanskeleg :) me fann og undersøkt mange forskjellige sopptypar.
Ei gruppe fann også hjortebæsj !


Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

20 band!!
Torsdag 15.setember 2016
Alle rockebanda ved Sagvåg skule fyller mest heile amfiet! Det er over 20 band som tek til med bandøving i bandrommet vårt denne hausten :-)
Her finn  du oversikt og øvingstider.
http://skole.stord.kommune.no
/sagvaag/band.htm

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

1.- og 6.klasse på tur
Tysdag 13.september 2016

1.klasse på tur med faddrane sine. Me har koka tomatsuppe og faddrane hadde kjekke leiker med oss. Tusen takk for turen til 6.klasse


Tekst & foto: Lene Tislavoll Almås

Tradisjon
Tysdag 13 .september 2016

Det er lang tradisjon at me syr våre eigne forkle i femte klasse, dei skal brukast i Mat & Helse i sjette klasse. Produksjonen starta i dag. Symaskinsopplæring, klipping og nåling i stoff, stryking og utarbeiding av mønster til broderi (namnet vårt) har stått på planen i dag. 


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje


7.klasse på leirskule

Måndag 12 .september 2016

Denne veka 7.klasse på leirskuleopphald på Gullingen i Suldal. Det ser ut til at dei har det sommarleg og fint der også! :-)


Tekst: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes


Vekeoppdrag: Null mobbing
Fredag 9.september 2016

5.klasse var artistane i dag på fredagssamling. Det vart delt ut mange femmarar, som er veldig bra, men me har ei veke til med samme oppdrag, og vågar håpa på seksarar på terningen neste gong. Alle elevane hadde kontroll på teiknet for "venn", og det nye veketeiknet er "bra".



Tekst: Egil Petterteig Foto: Åshild Giving

SFO på tur
Fredag 9.september 2016

På fredag gjekk sfo ned til stien for å eta nista. Etterpå plukka me bjørnebær og leika i skogen, ein kjekke tur!


Tekst & foto: Beate M Føyen

Pyramide
Fredag 9.september 2016

Elevar i 5.- 6.- og 7.klasse laga pyramide

Tekst & foto: Beate M Føyen


Aktivitetsdag i strålande vér

Tordag 8.september 2016
 
Mange varme og svette ungar kom heim i dag, etter ein flott aktivitetsdag på Solidbanen. Aktive ungar gav alt på 60-meter, lengde, diverse kastøvingar, fotball, stikkball, handball og diverse turning på grasmatta.


T
ekst: Egil Petterteig Foto: Åshild Giving m.f.

Tusen takk!!
Torsdag 8.september 2016

I dag fann nokre av borna saman med Jorunn fram bøtter og spade. Då flytta dei singel frå reilene og over til sklia. Så nå kan borna skli utan å havne i søla! Kjekt!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

3.+ 4.klasse
=Sant
Tysdag 6.september 2016
 
I dag fekk gutane i 4.klasse  gleda av å invitere halvparten av gutane i 3. klasse i matpausen. Jentene i 4.klasse blei kjempeglad då dei fekk invitasjon til å ete saman med 3.klasse.


T
ekst & foto: Åshild Giving

Kjempejobb

Tysdag 6.september 2016

Sunniva og Maria gjorde ein kjempejobb då dei ville vera med på å fjerna tagginga som noko hadde gjort på rutjebanen vår i helga. Med god hjelp frå Magne Erstad i Bygg & Eigedom er både rutjebanen og vindauga heilt reine igjen. TUSEN TAKK FOR HJELPA!!

Tekst & foto: Lars Bakka

Tøff transportør

Tysdag 6.september 2016

I dag har me montert ein transportør på golvet ved ei dør på mellomsteget. Kjekt å ha når ein skal læra om vinklar :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

Brannalarmen gjekk
Tysdag 6.september 2016

I dag kl 12.13 gjekk brannalarmen på Sagvåg skule. Det vanlege er at den første brannøvinga om haiusten er varsla slik at det ikkje skal bli skummelet for 1.klassinganme. Denne gongen var det ein teknisk feil som utløyste alarmen. Me fekk ei realistisk løysin som ingen visste om på førehand. Likevel var alle elevane flott ute og oppstilt klassevis i løpet av 3 minutt. FLOTT!

Tekst & foto: Lars Bakka

Beintøft i 4.klasse

Måndag 5.september 2016
Beintøft er ein nasjonal konkurranse for barneskulen. Målet er å gå, sykle eller reise kollektivt til skulen for å betre miljøet.

T
ekst & foto: Åshild Giving

Kanonball i SFO
Måndag 5.september 2016

Sfo tok ein liten tur innom gymsalen for ein omgang kanonball før me gjekk ut i finveret.

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Vekesamling

Fredag 2september 2016
Denne fredagen var det Vilja og Eva i 6.klasse som gav oss ein flott fiolinkonsert på vekesamlina. Oppdraget neste veke heiter"Null mobbing" og denne aksjonen kan du lesa meir om på denne nettsida: nullmobbing.no

T
ekst & film: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

Sjakk i skulen
Fredag 2.september 2016

Fredag var Kari og Lene på sjakk-kurs i regi av "Skule-Sjakken". Les meir her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre

Tour des Fjords
Torsdag 31.august 2016

Det var god stemning då Tour des Fjords-rittet passerte elevane frå Sagvåg skule.



Tekst: Lars Bakka Foto & film: Åshild Giving & Lars Bakka
 

Lesing og stavskrift i 3. klasse
Torsdag 31.september 2016

Medan 6. klasse skal kåra den beste barneboka, skal 3. klasse vera med på å melda gode barnebøker og lesa flest mogeleg bøker. Dette er eit tilbod i tilknyting til barnebokfestivalen Faltiriltu. Me har fått lånt to bokkassar frå biblioteket med kjekke, nynorske bøker. Me tok ein gløtt i kassane i dag og fann mange kjekke bøker som me gler oss til å lesa. Lesinga startar i morgon og held fram til veke 45. Meir om Faltiriltu her http://www.falturiltu.no/
I tillegg øver me oss på stavskrift. I 3. klasse startar elevane på vegen mot å finna si funksjonelle, leselege handskrift. Då må dei læra seg korleis ein kan hengja saman bokstavane.  Det kan vera litt vanskeleg å få alle bokstavane til å hengja saman, men øving gjer meister:-)


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
 

Engelsk lesekvart
Onsdag 31.august 2016
4.klasse har engelsk lesekvart kvar onsdag. Det er spanande å få lese bøker på fleire språk.

T
ekst & foto: Åshild Giving


Koseleg med matpause ;-)

4. klasse inviterte jentene i 3. klasse i matpausen. Dei fekk namneteikn og fortalde kva dei likte å gjere på fritida.

Tekst & foto: Åshild Giving


Mat og helse
Onsdag 31.august 2016
I dag var det andre gruppa som var på kjøkenet og laga seg grønsakssuppe. Veldig flinke elevar dette og. Det lukta godt over heile huset, og det såg ut som om suppa smakte.

T
ekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Bokslukarprisen

Tysdag 30.august 2016
6.klasse er med på Bokslukarprisen. Me skal vere med å kåre den beste barneboka i år. I dag starta me med Luridumstyven. 

T
ekst & foto: Anne Elisabeth Trevland


Elevrådet 2016/17
Tysdag 30.august 2016

I dag har det vore møte i elevrådet. Her finn du refererat frå møtet>>

Tekst & foto: Elisabeth Trevland

Primærfargane
Tysdag 30.august 2016

Me er i full gang med fargelære i 5. klasse. Me brukar kun primærfargane, og får fram dei flottaste fargeblandingane. Fargesirklar er malt, og i dag har me jobba med ulike fargekontrastar. Elevane var så konsentrer, og arbeidsroa så god, at det omtrent var berre penselstrøka som kunne høyrast i klasserommet. Sjå kor mange flotte froskar det vart!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes  Misje

Saging og pussing på sløyden
Fredag 26.august 2016
Kva trur du dei lagar no? 4. klasse skal øve på saging og pussing ei god stund, så får du sjå bilete når dei er ferdige.

Tekst & foto: Åshild Giving
 

Vekesamling og god stemning
Fredag 26.august 2016

Det er alltid kjekt å møta heile skulen til vekesamling. Også denne fredagen var det god stemning. Vekeoppdraget "God skulestart for alle" held fram også neste veke..


Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving

Morgonstemning i SFO

Fredag 26.august 2016

Her er nokre bilete frå fredag morgon i SFO ved Sagvåg skule.


Tekst & foto:
Liljan Vestbøstad Waage

Sopptur med 5.-6. og 7.klasse
T
orsdag 25.august 2016

Mellomsteget er på sopptur i Nesskogen og elevane er godt i gong med soppplukking og suppekoking.


Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Studentar i arbeid
Torsdag 25.august 2016
I dag har alle elevane i 1.klasse vore innom til rektor for å logga seg på datamaskinane for første gong. Det vart også litt tid til skriving i Office 365. Alle skal læra seg brukarnamn og passord ...og dette berre etter ei veke på skulen i 1.klasse :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

Mat og helse
Torsdag 25.august 2016

Denne veka hadde A-gjengen fyrste time på kjøkenet. Dei var veldig flinke til å jobbe, og det vart ei deilig grønsakssuppe.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Symjeopplæring
Tysdag 23.august 2016

I går var det 2.-3.og 5.klasse som tok til med symjeopplæringa. Oversikt over symjetimane hausten 2016 finn de her: http://skole.stord.kommune.no/sagvaag/symjeplan_haust.htm


Tekst: Lars Bakka Foto: Eisabeth Magnussen

Infoskriv nr 1 finn du her>>




Utetime i 3.klasse
Fredag 19.august 2016

Fredag hadde 4. klasse naturfag- og leiketime i skogen ved sykkelstien. Elevane fann blomar og blåbær, og det vart tid til å leika i skogen. Nokre elevar såg ei lita mus. Tru kven som vart reddast? Musa eller elevane?


Tekst & foto Aasne H Vikanes

Nye bøker til nytt skuleår
Fredag 19.august 2016

Det har vore stor aktivitet i skulebiblioteket dei siste dagane med utlån  av nye skulebøker. Her er det 3.klasse som er klar for "ny sesong".

Tekst & foto: Lars Bakka

Aball1 i 1.klasse
Fredag 19.august 2016

I dag var det aktivitet i gymsalen med Aball1 i 1.klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka



Snart skulestart

Torsdag 18.august er det tid for skulestart. Skulen tek til kl 08.30 og SFO er open frå kl 06.45.
Då er det ti år sidan me for første gong starta eit nytt skuleår ved "nye" Sagvåg skule.
I oppslaget i Sunnhordland 11.august 2006 var det Synne Brandsal (5
1/2) og Eirik Vinje (5) som var klare for skulestart. (Og ti år etter var tida i grunneskulen slutt for Synne og Eirik. Bilete frå Synne sin Vsco>>)

Tilbakeblikk på skuleåret som gjekk: HAUSTEN 2015 og
VÅREN 2016

...eller reis endå lenger tilbake i tid:
Dei tilsette har planleggingsdagar tysdag 16. og onsdag 17.august>>
Skulestart
Torsdag 18.august 2016


I dag kunne Lene ynskja 28 spente 1.klassingar hjarteleg velkommen til Sagvåg skule. Etterpå var det  samling for heile skulen i amfiet. Det vart også tid til utdeling av bøker og klargjering for nytt skuleår.
Me håpar at alle fekk ein kjekk første skuledag.


Tekst: Lars Bakka  Foto: Alf Magne Tveit, Terje Brekke, Lars Bakka m.f.

Bilete frå den første skuledagen til 4.klasse (Foto: Åshild Giving)

Trygg skuleveg
Måndag 8.august 2016

Det er ingen ved Sagvåg skule som har meir enn 4 km til skulen. Desse elevane ville ha fått busskort frå 2. til 7.klasse grunna lang skuleveg. For elevane i 1.klasse er avstanden 2 km for lang skuleveg. Hos oss er det 10 elevar i 1.klasse får busskort grunna farleg skuleveg eller avtand.
Totalt ligg 20 busskort på kontoret klar til uttdeling ved skulestart. Desse er fordelt slik mellom klassane: 10 stk til 1.kl, ingen til 2.kl, 3 stk til 3.kl, 1 stk til 4.kl, 3 stk til 5.kl, 6 stk til 6.kl og ingen til 7.kl.
Etter steinraset i sommar er ytste delen av Vikanesvegen stengt. Me rår til at ingen skuleelevar går denne vegen før vegen er opna igjen.
Ta kontakt med skulen om de har spørsmål om skuleskyss: Egil Petterteig  975 52 197

Tekst & foto: Lars Bakka

Ny sandkasse til skulestart

Måndag 8.august 2016
 
I dag har Egil og eg laga sandkasse på Sagvåg skule. Den gamle hadde teke til å rotna, men no er han god som ny!

Tekst & foto: Lars Bakka


Ingen Pokemon

Det er ingen Pokemon på Sagvåg skule. Elevane kan me andre ord konsentrera seg om skulearbeidet når skulen tek til neste torsdag