
HAUSTEN 2015
Arkivet>
|
Måndag 21.desember 2015
Den siste skuledagen
denne før jul starta med den siste adventsamlinga.
Det er tradisjon at det er Egil og Lars som har
ansvaret for denne. Me fekk god hjelp frå vårt eige
husorkester med både lærarar og elevar, dansarar frå
7.klasse og allsong.
Her er bileta frå samlinga.
Film frå samlinga>>Tekst: Lars Bakka Foto: Jenny S Skjønberg, Laila Gjøsæter, Ingrid Kvernenes Misje, Lars Bakka |
|
|
||||||||||||||||||||||
|
10 år sidan
i dag I dag er det 10 år sidan det var eit stort oppslag i Haugesunds avis om den nye skulen i Sagvåg. Her kan du lesa heile artikkelen: http://www.h-avis.no/nyheter/ny-skole-i-julegave/s/2-2.921-1.1689100 Tekst: Lars Bakka Foto: Haugesund avis |
![]() |
|||||||||||||||||||||
|
|
Spel og graut for 1.og
6. i dag
Tordag 17.desember 2015
Som ein del av
dei kjekke juletradisjonane, spelte 1. og 6. klasse
spel og åt graut i dag. Det var seks mandlar i
grauten og alle utanom ein greidde dei å finna. Kan
henda var det nokon som slukte grauten? Dei heldige
fekk seg eit Kinderegg som premie.
|
|||||||||||||||||||||
|
|
Kanonballturnering på mellomsteget
Femte til sjuande klasse fekk svetta frå seg etter
lunsj i dag. Me har hatt kanonballturnerning på
andre året på rad, og engasjementet var på topp.
Åtte klasseblanda lag har kjempa om seieren, og heia
kvarandre fram. Det vart ein svært spanande
gullfinale, og dei fleste syns domarane (lærarane)
gjorde ein god nok jobb.
Ein skal ikkje sjå bort i frå at dette vert ståande
som ein førjulstradisjon på Sagvåg skule.
|
|||||||||||||||||||||
|
Tekst & foto: Lars Bakka |
Måndag 14.desember 2015
Denne måndagen var det 2.-3. og 5.klasse som hadde den
siste symjetimen før jul. Då er det tradisjon med
"badeland" og ekstra kjekk time.
Diverre er bassenget stengt både måndag 21.desember og 4.januar på grunn av vedlikehald. Dei to måndagane vert det gym for dei som skulle hatt symjing. Planen for symjeopplæringa våren 2016 finn du her>> Tekst & foto: Lars Bakka |
|||||||||||||||||||||
|
![]() 11.desember 2015 |
Nye bøker i desember I dag kunne bibliotikarane våre presentera ei rekkje nye bøker i skulebiblioteket. Biblioteket vårt har kjekke bøker til alle som vil låna seg ei heilt god bok til juleferien! Tekst & foto: Lars Bakka |
|||||||||||||||||||||
|
Adventssamling i 2.klasse
Adventstida er ei stemningsfull og fin tid - med litt
spenning. Her er nokre bilete frå vår daglege
adventssamling. Kvar morgon tenner me adventslys,
trekkjer kalendarhjarte, får pepparhjarte og trekkjer
ein figur til stallen vår. Og så ser me på Salaby sin
julekalendar. Ein fin start på dagen!
Tekst & foto: Ann Kristin Brakedal |
Lys til jul... Tekst & foto: Lars Bakka |
|||||||||||||||||||||
|
|
Tekst: Lars Bakka Foto Lars Bakka & Ingrid K Misje |
|||||||||||||||||||||
|
Tysdag 1.desember 2015 I dag gjennomførte 5.klasse Elevundersøkinga 2015. Dei næraste dagane kjem også 6. og 7.klasse til å svara på spørsmåla om læring og trivsel. Foreldre i 7.klasse har fått tilsendt Foreldreundersøkinga.Tekst & foto: Lars Bakka |
Første adventsamling ![]() Tekst & foto: Lars Bakka |
|||||||||||||||||||||
|
Fysisk
aktivitet |
SFO på tur
|
|||||||||||||||||||||
|
Adventsførebuing ![]() Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
MOT TIL Å GLEDE-DAGEN
I går, 23.november, var det «Mot til å glede- dagen». Då
ville me i 6.klasse gleda 1.klassingane, som er fadderungane
våre.
Me overraska dei, og spurte om dei ville bli med oss i
gymsalen. Der leika me
«Slå på ringen», «Katten og musa» og «Stiv heks».
Dette synst dei var mykje
kjekkare enn å skriva 8 tal
![]() Tekst & foto: Thea Johannessen |
|||||||||||||||||||||
|
Klar for desember
Tekst & foto: Lars Bakka |
![]() Nytt møte i Elevrådet Tysdag 24.november 2015 I dag har det vore "novemberøte" i Elevrådet. Du finn referatet frå møtet her>> Telst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
|||||||||||||||||||||
![]() Teiknspråk og musikk Fredag 20.november 2015
Vekesamlinga gav oss i
dag flotte kulturinnslag med Julianne, Benedikte og Emilie
frå 6.klasse. Deretter var det tid for å evaluera
"Matpakkeveka". Alle klassane fekk gode terningkast, så
dette vert nok ein god vane i desember!
Etter det var det tid for nytt oppdrag. Det fekk me på fjernundervisning frå Laila og Eli-Sigrunn. Det var berre to elevar som forstod kva som vart sagt på teiknspråk. Takk for god hjelp med oversetjing til Remi og Preben! ![]() Tekst & foto: Lars Bakka |
Tekst: Lene Tislavoll Almås Foto: Lene Tislavoll Almås, Ingrid Kvernenes Misje og Lars Bakka |
|||||||||||||||||||||
![]() 7-talet i første klasse Onsdag 18.november 2015 Tekst & foto: Aasne H Vikanes |
![]()
Måling i 3.klasse
Onsdag 18.november 2015
I dag har elevane målt mange ting i
klasserommet i matematikktimen. Det er mykje
å halde styr på mm, cm, dm og m. Det var
spanande å måle gongen. I morgon skal
elevane vise skilnad på måleeiningane i
praktisk målprøve.
Tekst, film og foto: Åshild Giving
|
|||||||||||||||||||||
![]() Alle var med på BlimE-dansen Fredag 13.november 2015
Vekeoppdraget dei to siste vekene har vore å øva på
BlimE-dansen.
Fredag kl 12.00 ver heile Sagvåg skule, og hundevis av andre
skulan i landet, med på å dansa BlimE-dansen 2015. Det vart eit
flott show ute i skulegarden. I løoet av kvelden kjem det også
film frå dansen!
Neste veke set me fokus på Sunn matpakke i vekeoppdraget! Her finn du film og bilete: ![]() Tekst: Lars Bakka Foto og film: Ingrid K Misje, Kjell Byrknes og Lars Bakka |
![]() Ny avis!! Måndag 16.november 2015
No har me endelig publisert den
nye nettavisa vår Sjettisane. Alle har jobba på spreng
med å få det ferdig i tide
Tekst:Thea Johannessen (journalist i 6.kl) Foto: Kjell Byrknes |
|||||||||||||||||||||
|
Avisoppslag og skriveprosjekt I dag var det stort avissoppslag og skriveprosjektet som Sagvåg- og Tjødnalio skule var med på i fjor. Du kan lesa heile reportasjen gratis i Framtid.no eller i Sunnhordland dersom du har abonnement. Tekst: Lars Bakka |
![]() Feiring av Agent Boss Onsdag 11.november 2015 Laget "Agent Boss" deltok på First Lego League konkurranse i Haugesund på laurdag. Dei hadde jobba godt på førehand, og laget gjorde ein flott innsats i Haugesund. Dei som er med på laget er Eline Hellesøy, Ludvig Risnes, Lars Lilleheie Skjetne, Jone Risnes og Samuel Andersland (alle i 6.klasse).
Før dei reiste til Haugesund presenterte dei teorioppgåva si
for heile skulen.
I dag samla dei heile mellomtrinnet i amfiet, og viste mellom anna korleis lego roboten virka, og korleis den kan programmerast. Dei var flinke til å forklara, og alle synst det var kjekt å læra meir om dette.
Før samlinga hadde laget lurt seg ned på kjøkenet og
laga pizza til alle! Det var stor stas!
No blir det nok stor søknad til Lego League til hausten!
Tekst: Kari Myhre Foto: Kari Myhre & Lars Bakka |
|||||||||||||||||||||
|
Hipp hurra for Jonas i 7.klasse som har delteke og vunne superkviss på NRK super. I dag har 7.klasse sett episoden, feira han med kake og ønska han lykke til i videre i finalen. Du kan sjå programmet her: Superkviss 08.11.2015 Tekst & foto: Lese Tislavoll Almås og NRK |
Folkemusikk også i 4.klasse Tysdag 10.november 2015 I dag var det 4.klasse som fekk oppleva felespelar Frank Henrik Rolland og Helena Kjepso frå Hardanger folkemuseum, Her er ein liten film Film & tekst: Lars Bakka |
|||||||||||||||||||||
![]()
Folkemusikk
i 3.klasse I dag har me hatt besøk av felespelar Frank Henrik Rolland og Helena Kjepso frå Hardanger folkemuseum. Me fekk høyra litt historie om hardingfela, slåttar og segner. Til slutt fekk me sjå ei gammal felekasse, og oppi der var det ei 300 år gammal fele. Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg |
![]() Innevèr i SFO Måndag 9.november 2015 På SFO idag har dei vært inne i gymsalen og hatt "tante knute" (onkel Knut), ein utfordrande og kjekk leik. Avslutta med frileik. Tekst & foto: Renate Tverderøy & Liljan V.Waage |
|||||||||||||||||||||
![]() Agent Boss i Haugesund Laurdag 7.november 2015 I dag er den store FLL-dagen i Haugesund. Agent Boss er klar. Resultata kjem her>> AgentBoss på Facebook>> Bilete frå Haugssund 7.november 2015 Foto:Eli Skjetne Lilleheie |
Forfattarbesøk Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg |
|||||||||||||||||||||
![]() Open dag på Sagvåg skule Fredag 6.november 2015 "Eg har gledd meg så eg fekk ikkje sova i natt!" Det var beskjeden frå ein av elevane i dag tidleg. Me vil alle seie tusen takk til alle som kom på open dag ved Sagvåg skule i dag, og at de hadde ei fin stund saman med oss. Opendag vart som vanleg avslutta med song i amfiet. Inntektene frå loddsalet går til Redd Barna. Det kom inn heile 31.136 kroner ! Tekst & foto: Lars Bakka |
![]() Opera på HSH Torsdag 5.november 2015
4.klasse har i dag vore
på HSH og sett opera frå
boka "Tonje Glimmerdal".
Det er studentar og
lærarar på musikk og
kunst-og handverk som
hadde laga operaen.
Kjekt for oss som laga
opera i fjor å sjå
korleis dei hadde gjort
det her. Det var ei
veldig kjekk framsyning,
med flotte kulisser og
flinke skodespelarar!
Tekst & foto: Egil Petterteig |
|||||||||||||||||||||
![]() Kjekt med besøk! Onsdag 4.november 2015
I dag fekk me besøk
av vår tidlegare
kollega Toril
Sandvik Bruket. Ho
arbeider no i
Vaksenopplæringa.
Det vart omvising på
skulen litt
informasjon om norsk
skule til
deltakarane på
norskkurset.
Toril skriv: Tusen takk for at me frå Vaksenopplæringa for framandspråklege fekk koma på besøk i dag. Dei vaksne elevane var imponerte over skulen og dei utruleg vennlege tilsette! Helsing frå oss alle: Bassem, Fathe, Noorjan, Hanaa, Talat, Temesgehn, Meron og Toril. Tekst & foto: Lars Bakka |
![]() Forfattarbesøk i 2.klasse Onsdag 4.november 2015
2.klasse var
heldige då dei fekk
besøk av ein ekta
forfattar idag. Ho
heiter Martine
Grande og ho las til
oss frå boka som ho
har skrive. Den
heiter "Kakerlakken
med den stygge
frakken....og
hovudet fullt av
triste tankar". Boka
handlar om ein
kakerlakk som vart
lei seg då hausten
og mørke kom, og ho
var også lei seg
fordi larvo og
kompisen plaga ho.
Når Martine var
ferdig å lese boka
for oss, fekk me sjå
filmen som ho har
laga
om Kakerlakken ,
fordi Martine er
også
animatør. Me synes
boka og filmen var
veldig god.
Tekst: Ann Kristin Brakedal Foto: Egil Petterteig |
|||||||||||||||||||||
![]() Kulturinnslag frå 7.klasse Fredag 30.oktober 2015
Etter eit flott
kulturinnslag om segn
med 7.klasse var det tid
for vekesamling der veka
med "Trygg
skuleveg"
vart evaluert. Det viste
seg at mange elevar
hadde dramatiske
historiar å fortelja om
sykkelvelt og anna frå
skulevegen. Elevrådet
har drøfta om elevane
bør leie sykkelen ned
skulebrekka....! Det
er ingen grunn til å
ikkje ha fokus på trygg
skuleveg sjølv om
vekeoppdraget no er over
for denne gongen.
Neste veke vert det BlimE-veke. De kan øva på BlimE-dansen her>> Tekst & foto: Lars Bakka |
![]() Utedag med 5.klasse Torsdag 29.oktober 2015
I dag har me hatt utedag
i 5. klasse! Elevane
lærte om ulike lauvtre
og spikka pinnar til
pølsegrilling. Dei fekk
også lært seg nokre
songleikar, laga bål og
setje opp lavvo! Etter
ein god matpause ved
bålet, avslutta me dagen
med tur opp til
Utslettefjellet i det
fine haustvêret. Me
håpar at alle hadde ein
kjekk og lærerik dag!
Helsing studentane i 5.
klasse
Emilie, Kenneth og
Helene
Tekst:Emilie Aaserud Hystad Foto: Emilie Aaserud Hystad, Kenneth Hystad & Helene Meling Opedal |
|||||||||||||||||||||
![]()
Matematikk I dag var det repetisjon av typetal og median. For å få litt variasjon i oppgåvene, lot me elevane stilla seg opp i aulaen der me tok bilete av dei i rekke etter kor mange sysken dei har. Me laga og søylediagram i trappene, det vart ganske illustrerande. Deretter fekk dei i oppgåve å formulera kva typetal og median er med eigne ord, for så å finna verdiane ut frå bileta me tok. No heng det ei eigenprodusert hugseliste på veggen i klasserommet for typetal og median. Tekst & foto: Kenneth Hystad |
![]() Dyr som ikkje finst meir Torsdag 29.oktober 2015
I dag har me vore ute og
laga våre eigne skjelett
og fossil (også av nokre
dyr som ikkje er
utrydda).
Spør gjerne 4.
klassingen din om kven
Ida er. Fossilet, ikkje
studenten :)
Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje |
|||||||||||||||||||||
![]() Utedag med studentane Torsdag 28.oktober 2015 Studentane i 6.klasse planla og gjennomførte ein utedag med mange kjekke aktivitetar og oppgåver. Elevane fekk testa seg på oppgåver knytta til fagstoff som studentane har hatt. Med bål og boller steikt på steikeplate, samt ei sol som varma, blei det god stemning i matpausen. Elevane hadde ein svært kjekk dag. ![]() Tekst & foto: Kjell Byrknes |
![]() "Verdas mest forelska par" Tysdag 27.oktober 2015
I dag har 4.klasse
vore på teater i
kulturhuset. Teaterstykket me
såg, "verdas mest forelska
par ", var basert på Rune
Belsvik si bok med same
tittel. Det var ei kjekk og
morosam stund for både små
og store :-)
Tekst & foto: Anne Brit Holm |
|||||||||||||||||||||
![]() Teater i 5.klasse Tysdag 27.oktober 2015 I samfunnsfagtimane dei siste vekene har me hatt om Hellas i antikken. I dag har me hatt ei innføring i drama med elevane der dei fekk kjennskap til litt forskjellige metodar i dramafaget, som til slutt enda med at dei fekk laga ei oppsetting av segnet om Kampen om Troja. Me byrja økta med «å bli ting på kortast muleg tid». Læraren gir signal om kor mange elevar som skal gå saman i grupper, og dei skal deretter forma ein figur læraren foreslår på kortast muleg tid. Så laga me «tablå» - frysbilete av ein sport elevane vart einige om. Deretter hadde me ein gjennomgang av kostyma som skulle nyttast samstundes som me gjekk igjennom hovudtrekka i historia. Elevane fekk deretter teikna historia på store papirrullar, og til slutt dramatiserte me stykket i musikkrommet. Stor innleving og god innsats! Tekst & foto: Kenneth Hystad |
![]() Møte i Elevrådet Tysdag 27.oktober 2015 Referetet frå møtet finn du her>> Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
|||||||||||||||||||||
![]() Agent Boss jobbar godt! Laurdag 24.oktober 2015
I dag
har Agent Boss jobba godt med
både teoridelen og med oppdrag
på banen. Tekst & foto: Elin Skjetne Lilleheie |
![]() Eplekake i SFO Torsdag 22.oktober 2015 |
|||||||||||||||||||||
![]() Uteaktivitet med studentane Torsdag 22.oktober 2015
Studentane i 6. klasse hadde i dag eit
opplegg med uteaktivitetar halve dagen.
Elevane fekk gjennom mellom anna læra om
ulike lauvtre. Dei spikka pølsepinnar og
hadde ulike leikar, der dei fekk motorisk
trening, og øving i lesa kroppsspråk. Dei
måtte og samarbeida på ulike måtar. Nokre
elevar laga deig til pinnebrød. Deigen
blei steikt på bål før pause. Der var det
nokon som var mest ute etter varmen..
Tekst
& foto: Kjell Byrknes |
![]() Litt av kvart frå 1.klasse ! Torsdag 22.oktober 2015
Alle i 1 klasse fekk kvar sin
refleksvest hos rektor. Det
passa godt, for no er det mørkt
ute og vekeoppdraget
handlar om refleksbruk.
Me øver også på den nye " bli-me " dansen :) Så har me vore ute og sett på treet vårt. Blada hadde blitt svært gule sidan sist. Etterpå leika me ein kjekke bokstavleik.
Supert å vera ute i skikkeleg
vått haustver når me kan laga
vanndam og slott i sandkassen +
leika tikken .
![]() Tekst & foto: Gro A Halvorsen |
|||||||||||||||||||||
![]() Ungdomsskuleelevar i praksis Fredag 16.oktober 2015 |
SFO -
ein kjekk plass å vera.
Tekst & foto: Liljan V.Waage |
|||||||||||||||||||||
|
Tusen takk til Even og Benjamin
Fredag 16.oktober 2015 Tusen takk til Even og Benjamin som har vore i 3. klasse denne veka. Elevane har kost seg saman med dei og har fått hjelp til gitarundervisning. I siste timen var det nokon som spelte sjakk, mens resten var ute og laga hytte. ![]() Tekst & foto: Åshild Giving |
![]() 4.klasse til SIM Fredag 16.oktober 2015
I dag har 4.klasse hatt ein flott og
lærerrik dag på SIM. Fyrst gjekk turen
til Svartasmoget og der venta Ole Grov
på oss. Ole lærte oss mykje om avfall,
sortering, resirkulering, avfall i
naturen og kva som skjer med bosset vårt
når det vert henta av bossbilen. Etter
me hadde ete nista vår fekk me ei
omvisning i buss. Me fekk sjå eit deponi
for restavfall og "komposten" der
biobosset vårt var blitt til fin jord.
Turen gjekk så til Heiane og der fekk me
læra om kor me skal kasta ulike
avfallstypar. Heilt til slutt måtte me
ha eksamen for å sjå om me hadde lært
noko....og det hadde me! Me fekk
karakteren 6 :-)
![]() Tekst & foto: Anne Brit Holm |
|||||||||||||||||||||
![]() Rektor vart lurt... igjen Fredag 16.oktober 2015 |
![]() Borte vekk Fredag 16.oktober 2015 |
|||||||||||||||||||||
![]() Glimt frå skogtur med 5.klasse Torsdag 15.september 2015 I går var 5. klasse med foreldre på tur til gapahuken ved Eventyrskogen, der me grilla og leikte oss. Sender visuell stemningsrapport vedlagt. Alle koste seg stort, og ungane syns dette burde gjerast oftare. ![]() Tekst & foto:Solveig Meyer Eide |
![]() Lesekvart i 3.klasse Torsdag 15.oktober 2015 |
|||||||||||||||||||||
![]() Då tårnet raste.... Torsdag 15.oktober 2015 |
![]() Uteaktivitet Torsdag 15.oktober 2015
1.klasse var heldige med veret denne
onsdagen og !
Me samla mange blad og kongler så no har me
mange ting å sortera :)
Me var så heldige å ha med oss Benjamin og
Even frå ungdomskulen.
|
|||||||||||||||||||||
![]() Stilleben i 7.klasse Torsdagdag 15.oktober 2015 Stilleben var
tema i teiknetimen for 7 klasse i dag. Full konsentrasjon og mange
flotte teikningar. |
![]() Nasjonal prøve i lesing Tysdag 13.oktober 2015 I dag gjennomførte 5.klasse nasjonal prøve i lesing Tekst: Lars Bakka Foto Anne Elisebeth Trevland |
|||||||||||||||||||||
![]() Agent Boss på SIM Måndag 12.oktober 2015 I dag var Agent Boss på SIM for å intervjua dei som arbeidar der. Me fekk snakka med Janne Kristin og Olaf. Gjengen vår hadde mange spørsmål, og dei aller fleste fekk me gode svar på. Men me sette dei også litt fast. SIM hadde inga løysing på korleis dei skulle få henta ned alt bosset som svevar i verdsrommet Uttrykksikonet smile No skal me jobba vidare med å finna på ei løysing på eit
problem... me fekk nokre idear etter dette intervjuet. Tekst & foto: Elin Skjetne Lilleheie |
![]() Kurs på Sagvåg skule Måndag 12.oktober 2015 Kvar måndag ettermiddag er det kurs for assistentane i kommunen ved Sagvåg skule.I går kveld var tema hørselshemning, språk- og synsvanskar. Tekst & foto: Elisabeth Magnussen |
|||||||||||||||||||||
![]() Lynkurs i lommetrompet Måndag 12.oktober 2015 I dag kom Svein Roger Koppang frå skulekorpset på besøk. Fire elevar fekk lynopplæring på kornett og lommetrompet, og etter ein halv time var dei klar for å ha konsert for dei andre i 3. og 4. klasse. Konserten vart kjekk, den, og me fann ut at det var ikkje så vanskelig å læra seg å spela eit instrument. Så fekk dei som ville med seg lapp om kva dei må gjera hvis dei vil begynna i skulekorpset. Dersom det er elevar i 5.-7. klasse som og har lyst å begynna, kan dei få infoskrivet hos Egil. Tekst: Egil Petterteig Foto: Lars Bakka |
![]() Autovern Måndag 12.oktober 2015 I dag kom det nye autovernet på plass i rundkøyringa. No er det berre ein lyktestolpe som manglar før alt er klart. Tekst & foto: Lars Bakka |
|||||||||||||||||||||
![]() |
|
![]() Gitaristane Fredag 2.oktober 2015 Heile 15 elevar har lånt med seg heim gitar frå Sagvåg skule denne haustferien! Det er ny rekort, kjekt at så mange vil bli gitaristar! Tekst & foto: Lars Bakka |
![]() Vaksne skaper venskap! Fredag 2.oktober 2015 Me fylgjer opp kampanjen "Voksne skaper vennskap" heile året. Her er nokre glimt frå leikestunda på småskulen i dag. ![]() |