HAUSTEN 2013                                        Arkivet>>

God stemning siste dag før jul
Fredag 20.desember 2013
 
 
Det var god stemning under den siste adventsamlinga i denne førjulstida. Det har vore elevane som har hatt ansvaret for underhaldninga i desse samlingane, men i denne siste samlinga var det Egil & Lars som hadde regien. Det var kor med dei vaksne på skulen , Romjulsdrøm og me avslutta med duoen Egil & Lars som song julesong...applausen stod i taket!!

GOD JUL! frå oss ved Sagvåg skule!

Film og foto:Kornelia Vestvik Matre Tekst: Lars Bakka


God stemning siste dag før jul
Fredag 20.desember 2013
 
 
Det var god stemning under den siste adventsamlinga i denne førjulstida. Det har vore elevane som har hatt ansvaret for underhaldninga i desse samlingane, men i denne siste samlinga var det Egil & Lars som hadde regien. Det var kor med dei vaksne på skulen , Romjulsdrøm og me avslutta med duoen Egil & Lars som song julesong...applausen stod i taket!!

GOD JUL! frå oss ved Sagvåg skule!

  
Film og foto:Kornelia Vestvik Matre Tekst: Lars Bakka


God jul frå 7. klasse
Fredag 20.desember 2013

Vemodig, men sant, så var dette siste juleavslutninga for denne 7. klassen på Sagvåg skule! Sjå stort bilete
  
Tekst og foto: Hildegunn S Heimro

Julenisse i SFO
Torsdag 19.desember 2013
 
I ettermiddag kom sjølvaste Julenissen til SFO ved Sagvåg skule. Han hadde med gåver til alle borna, og alle vart nøgde! Takk for besøket til Julenissen!

Tekst, film og foto: Lars Bakka


Julefrukost

Torsdag 19.desember 2013
 
 
Julefrukosten er ein fin tradisjon ved Sagvåg skule. Tidleg torsdag morgon spreier lukta av kakao seg i skulen, og kl 08.30 er det klart for servering av ferske rundstykke og kakao til 160 elevar i gymsalen.

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kverneven Misje

Juleverkstad for heile skulen
Onsdag 18.desember 2013
 
 
I dag har heile skulen vore med på juleverkstad. Tusen takk til alle foreldra som kom og var med og hjelpte oss. Det var nok mange elevar som fekk med seg fine, sjølvlaga, julegåver heim i ettermiddag.

  
Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen og Kornelia Vestvik Matre


Grautfest for 3., 4. og 5. klasse.
Tysdag 17.desember 2013
 
 
Då me kom attende frå skulegudstenesta tysdag, åt elevane i dei tre klassane graut saman. Grauten var god, og det var spennande å leita etter mandlane. Det var seks elevar som fann kvar sin mandel, og dei fekk sjølvsagt premie.... Ei koseleg stund! 

  
Tekst: Aasne H Vikanes Foto: Elisabeth Magnussen


Luke 17
Tysdag 17.desember 2013

I dag var det Quiz som dukka opp i adventskalenderen til SFO.Vinnarane vart .klasse-laget "Sper først". I premie fekk alle is.



Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


No går det raskt mot slutten....
Tysdag 17.desember 2013
 
I dag tok Kornelia, Martin og Danita ein tur ned til gamle Sagvåg skule for å sjå dokumentera rivingsarbeidet. No er datarommet, personalrommet og administrasjonen borte vekk. No kjem det ikkje til å ta lang tid før heile huset er borte. Du kan lesa meir om det gamle skulehuset her>>

  
Tekst: Lars Bakka
Fototur: Kornelia Vestvik Matre, Martin og Danita


Uteleik og julegraut
Måndag 16.desember 2013
 
1.klasse hadde ei kjekk leikestund ute saman med fadrane i 6. klasse i dag. Etterpå koste me oss med julegraut, og 4 av 6 mandlar vart funne.

  
Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg


Julebad
Måndag 16.desember 2013
 
Den siste symjetimen vart avvikla i dag med "julebad". Det er tradisjon at den siste symjetimen er ekstra kjekk med matter og ballar i bassenget.
 
Tekst & foto: Lars Bakka


Adventsamling og Luciatog

Fredag 13.desember 2013
I dag starta dagen med den tredje adventsamlinga og Luciatog med 1.klasse. Det var elevane i 1. og 6.klasse som hadde ansvaret for denne samlinga. Her er oversikta over ulike hendingar ved Sagvåg skule i tida fram mot jul.
 
Tekst: Lars Bakka Foto Kornelia Vestvik Matre


Eit parti sjakk
Fredag 13.desember 2013

Det er kjekt å sjå at elevar møtest til eit parti sjakk i biblioteket. Her er det elevar i 7.klasse og 2.klasse som spelar.
 
Tekst & foto: Lars Bakka



Julekos og julegraut!
Fredag 13.desember 2013

Som tidlegare nemnt har 2. og 7. klasse hatt julekos denne veka. I dag avslutta me dette med julegraut. Det er alltid spennande kven som får mandelen og denne gong var det Øyvind og Martin. Den 3. mandelen forsvann antan i ein mage eller så veit ikkje me. Borte vekk var den iallefall!
No kjem elevane snart heim med peppernøtter på ferdigpynta glas:-)



Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


Julebakst og julepynt

Torsdag 12.desember 2013

Då var julebaksten unnagjort i 3 klasse.
Mange  gode pepperkaker og fine julekorger vart resultatet :)
 
Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen


Til lags åt alle....

Onsdag 11.desember 2013
Til lags åt alle kan ingen gjera, song me på Ivar Aasen samlinga. Tysdag var nok dette ikkje heilt sant. Det var berre fornøgde elevar å sjå då 4.klasse laga serinakaker og julepynt.
 
Tekst: Brita Flatøy Foto:Kari Myhre og Brita Flatøy
Julevask og peppernøtter
Onsdag 11.desmber 2013
6. klasse storkoste seg med fadderborna. Dei laga peppernøtter. Halve kjøkenet fekk ein flott julevask, så no håpar elevane at me kan halda det reint.


Tekst & foto/video: Åshild Giving

Jul i gamledagar
Tysdag 10.desember 2013

I dag har 2.klasse vore på tur til museet. Me fekk læra om korleis ein førebudde seg til jul og korleis sjølve julefeiringa gjekk føre seg i gamle dagar. Astrid Elin Lønning frå museet fortalde og me måtte ta i eit tak me også med å bera vatn, hogga ved, baka flattbrød, skura golv og vaska kle! Fjøsnissen fekk me også møta og me fekk lokka han fram med litt graut:-)
Tusen takk til foreldre som køyrde til og frå!

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Ingrid Kvernenes Misje


Julekos for 2. og 7. klasse
Måndag 9.desember 2013

Denne veka vert det endeleg litt fadderkos. Me starta i dag og skal ha 3 økter med aktivitetar og så avsluttar me med graut på fredag. Me gler oss til koseleg samvær!
Her er nokre bilete frå bakegruppa:


Tekst & foto: Hildegunn S Heimro


Den andre adventsamlinga

Fredag 6.desember 2013

Det var idyll og koseleg julestemning med snø og adventsamling på Sagvåg skule. Denne gongen var det 3.- 4. og 5.klasse som hadde ansvaret for kulturinnslaga.
Neste fredag er det elevane i 1. og 6.klasse som står på scenen. Det er kjekt at så mange foreldre tek seg tid til ein mjuk start fredag morgon.
Foto og film frå samlinga finn du her

Tekst & foto: Lars Bakka


Kjekt med vinter
Fredag 6.desemvber 2013

Elevane storkosa seg ute i friminutt og utegym i det friske vinterveret i dag.



Tekst: Lars Bakka Foto: Kornelia Vestvik Matre


Flott Ivar Aasen-framsyning
Torsdag 5.desember 2013

 
I dag har elevane i 4. og 5.klasse hatt  to framsyningar om Ivar Aasen. Først ei framsyning i skuletida kl 12.00, og så ei kveldsframsyning for foreldra kl 18.00. Her er film og bilete frå framsyningane.

Foto frå kveldsframsyninga (Foto: Ingrid Kvernenes Misje)
Framsyninga på 3 minutt (for PC)
Framsyninga på 3 minutt (iPad)
Framsyninga på 3 minutt med HD-kvalitet (iPad)
Heile framsyninga (for PC)


Tekst & film: Lars Bakka


Eit siste farvel....

Torsdag 5.desember 2013

Aleksander Kaminski har lagt ut denne videoen frå rivingsarbeidet ved gamle Sagvåg skule. Du kan sjå filmen på YouTube her>>


Tekst: Lars Bakka Film: Aleksander Kaminski


Nissen lagar sjakkruter

Onsdag 4.desember 2013

I dag trengte vi ein som har erfaring med å lage sjakkruter, så nissen tok ansvaret. Han hadde med seg 3 hjelparar og dei storkoste seg på kjøkenet. Då resten av gjengen kom, så starta me timen med divisjon. Me måtte finne ut kor mykje deig kvar skulle få og korleis dei skulle samarbeide for at kjeksa skulle få riktig mønster. 


Tekst & foto: Åshild Giving


Førjulstid ved Sagvåg skule

Onsdag 4.desember 2013

Nå er julekalenderen i 6. klasse hengt opp. Alle har bretta og pynta ei stjerne. På måndag skal me trekkje kven som får ta med seg stjerna heim. I tillegg får dei med seg eit brev frå sin hemmelege ven. 
Me har fokus på mot til å glede i adventstida, så dei skal 
få gjere noko kjekt med fadderborna.


Tekst & foto: Åshild Giving


1.klasse 2014/15
Onsdag 4.desember 2013

Etter at me hadde gjennomført innskrivingsmøte for 1.klasse 2014/15 så har me registrert heile 37 førsteklassingar. Dersom alle desse elevane tek til ved Sagvåg skule hausten 2014 så vert det  to førsteklassar med 18 og 19 elevar i kvar klasse.
I foreldremøtet vart det opplyst om at både Litlabø- og Tjødnalio skule har små førsteklassar hausten 2014 og god plass.....

Tekst: Lars Bakka


Bingo i SFO
Onsdag 4.desember 2013

I dag var det BINGO i SFO kalendaren! Der var det karamell og pepperkaker!

Smil og glade hyl etterkvart som bretta vart fulle av brikkar :-)


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Møte i Elevrådet
Onsdag 4.desember 2013


I dag har det vore møte i elevrådet. Her er referatet>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland


Julegate

Onsdag 4.desember 2013

6. klasse har bretta stjerner og 7. klasse har laga englar som skal få pynte jula i Sagvåg .Tonje frå 6. klasse og Tommy frå 7. klasse  fekk æren av å overrekkjepynten til Grete Brandsdal.Ta turen til Sagvågsbrekko og sjå utstillinga.
Tekst & foto: Åshild Giving


Høgt oppe
Tysdag 3.desember 2013


Egil måtte høgt opp då me skulle montera lerrettet over scenen i gymsalen. Torsdag er alt klart for Ivar Aasen framsyninga til 4. og 5.klasse.

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen


Advent i 4.klasse
Måndag 2.desember 2013

Adventstida er ei stemningsfull tid på Sagvåg skule. Skulen lyser varmt med stjerner og juletrelys, og julekalenderane heng i kvart eit klasserom. Bileta er frå 4. klasse si adventsstund på måndag. Dei har også fått hengt opp dei fine fantasifiskane dei har jobba med i kunst- og handverkstimane i det siste.


Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Den første adventsamlinga

Fredag 29.november 2013

Tema for den første adventsamlinga var advent og tradisjonar.
Som vanleg var det lystenning medan alle song. Med eit høgt og flott juletre, store stjerner og mange lys, var det lett å føla på adventstemninga. Det var ei roleg og fin stemning blant publikum. Kjekt at nokre foreldre tok seg tid til å vera med.
Andre klasse song:" Det står et lys og skinner". Dei fortalde at adventsfeiring opphaveleg er ein tysk juletradisjon.
To elevar i 7. klasse, som er med i korpset, spelte litt frå eit par julesongar. Jentene song  ein song som alle etter kvart skal læra seg: "Den lille stjernen". Det var og song og dramatisering av: "Julekveld i skogen". Eit humoristisk innslag som mange sette pris på!


Tekst : Kjell Byrknes Foto: Ingrid K Misje


Siste dag i SFO
Torsdag 28.november 2013


Siste dagen på sfo for Phillip, han hadde med is og me kosa oss.
God mat hadde meg også.
Tusen takk Phillip.

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Til biblioteket
Torsdag 28.november 2013

Onsdag 20 november var 5.klasse kosa seg på biblioteket på Litlabø.
Me fekk kikka i mange kjekke bøker, og mange elevar lånte med seg bøker heim.
Kari Bolette les for oss frå ei spanade bok som heiter Trash. Det var, som vanleg når Kari Bolette les, ikkje ein lyd frå elevane dei 25 minuttane ho las.



Tekst og foto: Lene T Almås



Mormor og dei 8 ungane.

Torsdag 28.november 2013
1.- 4.klasse har hatt leseveker og alle elevane har blitt delt inn i ulike grupper. 
Den eine gruppa laga figurar frå boka til Anne Cath Vestly om mormor og dei 8 ungane.
Dette var ei oppgåve som fekk fram mykje kreativitet og det vart mange flotte utgåver av mormor og barnebarna hennar :)



Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Klar for julebakst!

Onsdag 27.november 2013

6. klasse er i gong med julebaksten. I dag har 4 flinke elevar laga deigen til berlinerkransar.  Deigen heva i 2 timar og klassen fekk trille ut kransane. Heile klassen har fått gleda av å smake.



Tekst og foto: Åshild Giving


Snart desember
Onsdag 27.november 2013

Aldri har Sagvåg skule hatt eit så stort og flott juletre som i år! Det var ein heil jobb å få det på plass, men no se ser svært så fint ut i amfiet!

Tekst: Lars Bakka Film: Åshild Giving (Klikk bå biletet under)




Lommelykttur
Tysdag 26.november 2013

Måndag 25.11 var 3.klasse på lommelykttur til Eventyrskogen. I Eventyrskogen var det fint pynta med lykter. Stemningsfullt! På veg heim grilla me pølser i den nye gapahuken. Mange elevar og foreldre var med, og det vart ein kjekk tur i flott vinterver. Ein stor takk til dei som lagar det så fint til i skogen rundt oss:-)
Mvh Randi Luggenes Natvik


Mønster
Tysdag 26.november 2013
2.klasse har om mønster i matematikken. I dag har me hatt grupper og på den eine gruppa vart det laga mange flotte mønster :-)



Tekst og foto: Anne Brit Holm


Ein vinterdag
Måndag 25.november 2013
Her er nokre fine bilete frå friminuttet i går.



Tekst: Lars Bakka Foto: ?

Forfattar
og teiknar Reidar Kjelsen
Fredag 22.november 2013

I dag hadde Sagvåg skule forfattarbesøk av Reidar Kjelsen. Han fortalte om kvifor han ville verta forfattar. Det var mellom anna fordi då kunne han gjera akkurat kva han ville. Og det gjorde han. Kjelsen er spesialist på å teikna monster, og han teikna monster på bestilling etter kvart som elevane sa korleis dei ville ha det. Han har og teikna til bøkene om Otto Monster, som sikkert mange kjenner. Det var ein skuletime elevane seint vil gløyma :-)
http://www.svinepelsen.no/