HAUSTEN 2012                                        Arkivet>>


Siste dag før jul
Fredag 21.desember 2012

Den siste skuledagen før jul er alltid spesiall. Elevane har fått sjå film i klassane, me har hatt samling i amfiet og me har gått rundt juletreet.
Ut få bileta så ser det ut til at elevane hadde ein fin siste skuledag før juleferien.
2012-12-21-siste-jul

Tekst: Lars Bakka
Foto: Ingrid Kvernenes  Misje & Lars Bakka


Julegåver frå 6. klasse

Torsdag 20.desember 2012

Mange fine pakkar som kjem under juletreet!
- og av ein eller annan "tradisjonell grunn" valde elevane å gje mjuk pakke til mor og hard pakke til far.....
 

Tekst : Hildegun  Heimro Foto: Kjell Byrknes

Brannalarm
Torsdag 20.desember 2012

Det var ikkje så mange igjen på skulen då brannalarmen gjekk kl 16.04 i ettermiddag. Dei som var på SFO var flinke til å stilla opp ute slik dei skulle ved brannalarm. Brannvesenet i Sagvåg var rasket på staden, og me fann ut at det var falsk alarm denne gongen på grunn av teknisk feil å ein røyldetektor.
Det var godt å sjå at direktevarslinga til brannvesenet fungerte så godt.
Brannvesenet var på plass etter berre 15 minutt, det var før me hadde klart å fine ut om det var brann nokon stad i skulehuset.

Tekst & foto: Lars Bakka

Julefrukost til alle elevane
Torsdag 20.desember 2012

Torsdag morgon var det tid for ferske rundstykke og varm kakao til alle elevane ved Sagvåg skule. Det vart ein koseleg felles frukost for alle elevane i ein fint julepynta gymsal.

Tekst & foto: Lars Bakka

Juleverkstad 2012

Onsdag 19.desember 2012

I dag har det vore tradisjonelt juleverkstad for alle elevane på Sagvåg skule. Elevane har vore flinke til å ta ein runde til mange av aktivitetane og verkstadane som har vore rundt om på skulen. Det er nok mange elevar som kjem heim med sjølvlaga julepresangar i dag.

Tekst : Lars Bakka Foto: Lars Bakka & Hildegunn S Heimro & Erlend Thoresen


Nye dører
Onsdag 19.desember 2012
To av skyvedørene vert no skifte. Det er tunge glasdører som skil mellom utleige og vanleg skule. Dei er no forsterka med meir tre og litt mindre glas. Det er dei to dørene inn mot storskulen som er ombygde.

Tekst & foto: Lars Bakka


Skulegudsteneste
Tysdag 18.desember 2012

Litt julekort laging,speling,leiking og julekakesmaking :) No nærmar jula seg og fleire og fleire går heim med julepynt el.l i sekken :)

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Skulegudsteneste
Tysdag 18.desember 2012
På tysdag var det skulegudtsenetse i Nysæterkyrkja.

Tekst: Lars Bakka Foto: Åshild Giving
...tidleg ein måndag morgon.
Måndag 17.desember 2012

Det er vel kjend for dei fleste at siste veka før jul er travel. Også på Sagvåg skule, me har det frykteleg travelt med å kose oss. Måndag laga 1. klasse minst ein meter med søte små nissar og andre små menn, og tok seg ein velfortjent matpause etterpå.
Etter mat hjalp 7. klasse fadderborna sine i 2. klasse med å lage ein heil engleskare. Ein veldig vakker, ein!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Korssting i 3.klasse

Måndag 17.desember 2012

Heile klassen har laga seg namneskilt. Det var ikkje enkelt å sy på så fint stoff. Her er resultata. Veldig bra.

Tekst & foto: Brita Flatøy

Julekos for 1. og 6.klasse

Fredag14.desember 2012

Denne veka har 1. og 6. klasse hatt litt kos saman kvar dag.
Måndag til onsdag hadde me ei økt med juleverkstad. Me hadde tre stasjonar. På første stasjonen pynta me glas som me skulle ha peppernøtter oppi, på neste stasjon baka me peppernøtter, og på siste stasjon hadde me lesestund og teikning. Då las fadrane for sin fadderelev. 
Torsdag hadde me ei øvingsøkt til adventssamlinga neste dag, og på fredag kosa me oss med graut og bål ute.
Ei kjekk veke for store og små:-)

Tekst: Hildegunn Heimro Foto: Ingrid Misje m.f.

Den tredje adventsamlinga
Fredag14.desember 2012

Dagen starta med adventsamling i amfiet også denne fredagen. Dette var den siste adventsamlinga som elevane hadde ansvaret for i år. Det var kjekt å sjå at så magne foreldre hadde tid til å med oss.
Bileta frå samlinga finn du her:

Tekst & foto: Lars Bakka

Nissen kom til i SFO

Torsdag 13.desember 2012
I dag stod den årlege nissefesten på kalendaren...mange spente ungar  lurte på om alle skulle få mandel! Etter grauten gjekk alle i akebakken....både store og små ....
og plutseleg stod nissen ute på skuleplassen

     

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Og vinnaren er...
Torsdag 13.desember 2012

I dag har 3., 4. og 5. klasse hatt ei kjekk stund i lag ute. Elevane vart delt inn i lag som skulle laga fine skulpturar i snøen. Dei fleste var ivrige og det vart laga bamsar, havfruer, snøbyar, vulkanar, mm. Det vart sagt at vinnarskulpturen skulle leggast ut på framsida her, så her er den.Etterpå koste me oss med julegraut ute i snøen :-)

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Elin Macsik

Fine vintermotiv
Torsdag 13.desember 2012

Det er mange fine vintermotiv rundt skulen vår i desse fine desemberdagane.

      Tekst & foto: Lars Bakka

Lucia med 1.klasse
Torsdag 13.desember 2012

Skuledagen hadde såvidt starta då ein kunne høyra tonane frå eit fint Luciatog som kom gjennom gangane på Sagvåg skule. Tradisjonen tru var det kvitkledde 1. klassingar som stod for Lucia- feiringa. Det var stor stas å få vera med på dette, og ekstra stas var det å få dela ut peparkaker til alle på skulen.

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Hilde-Gunn Monsrud

Juleevangeliet

Torsdag 11.desember 2012
7. klasse har laga juleevangeliet i bilete. Det var stor aktivitet, og bileta blei tilslutt kjempefine.

     

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Aasne H Vikanes

Førjulstid i SFO
Tysdag 11.desember 2012

Det er full 'julerulle' på SFO i dag. Me dyppa julekulene og pynta glas :)
Me hadde julemusikk og julekos :)

     

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Julekalender
Tysdag 11.desember 2012

Me er godt i gong med julekalenderen vår i 5. klasse. Elevane har vore flinke til å lage julekurv i filt, bakt snadderkaker og nonstopkjeks.

     

Tekst & foto: Åshild Giving

"Julebad"
Måndag  10.desember 2012
Den siste symjetiman før jul er alltid ekstra kjekk. Då får elevane leika med matter og anna utstyr. I dag var det elevane i 4. og 6.klasse som hadde siste symjetimen før jul. Måndag 17/12 er det elevane i 2.-3. og 5.klasse som avsluttar symjeopplæringa hausten 2012
     


Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

Koseleg adventsamling
Fredag 7.desember 2012

I dag var det elevane i 3., 4. og 5.klasse som inviterte oss på stemningsfull adventsamling. Takk foreldra som tok seg tid til å vera med oss!
     
Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Flott Egnerframsyning
Onsdag 5.desember 2012

Elevane i 4. og 5.klasse har i lang tid arbeidd med ei jubileumsframsyning for Torbjørn Egner. I dag har dei hatt to framsyningar på skulen og i kveld kan foreldra til elevane i 4. og 5.klasse sjå fram til å få oppleva borna på scenen. I morgon kjem born frå barnehagane for å sjå framsyninga.

Det kjem snart mange bilete frå framsyninga.

Bilete frå den første framsyninga>>      
Bilete frå den andre framsyninga>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Utegym med 3.kl
Onsdag 5.desember 2012

3.klasse nytta det flotte veret i dag til å vera ute i gymnastikktimen. Dei fleste fekk mykje god trim opp og ned bratte bakkar i området rundt Sagvåg skule.


Tekst & foto: Brita Flatøy

Snø og aking
Onsdag 5.desember 2012

I dag har 1. og 2.klasse vore ute i snøen. Me er heldige som har så mange flotte akebakkar rundt på skuleområdet vårt og det gjekk som det suste nedover bakkane. Etter ei stund vart det litt kaldt på både hender og føter, og då var det godt å få litt varm buljong og peparkaker i kroppen :-)

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Ei roleg stund i SFO

Tysdag 4.desember 2012

I går flytta me måltidet frå SFO inn i 1.klasse sitt rom! Der venta skomaker Andersen og Jul i Skomakergata. Ingen sa eit ord, og ville sjå meir då 1.episode var ferdig.
Adventskalender blei også utlevert.   I morgon ventar 3. gg 4. desember.

Etter mat bar det ut i akebakken :)


Tekst og foto: Elisabeth Magnussen

TUSEN TAKK!!
Måndag 3.desember 2012

Tusen takk til alle elevane og dei tilsette som overraska meg med kongeleg mottaking då eg kom tilbake til skulen etter symjeundervisning i dag! Eg fekk ei flott samling med teikningar og helsingar frå alle elevane.
Etter skuletid var det ny gåve og kakefest med kollegiet. Eg vil takka alle for varme ord og helsingar på 50-årsdagen min!!


Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje


Utegym i desember

Måndag 3.desember 2012

Måndag var gymnastikksalen oppteken, så 7. klasse hadde gymnastikk ute i snøen. Mange aka, og nokre nytta tida i ballbingen. Positive og aktive elevar!

Tekst & foto: Aasne H Vikanes
 
Første adventsamling
Fredag 30.november 2012

Med snø ute, lys i juetreet og elevar med fine songar og skuespel, vart den første adventsamlinga gjennomført på Sagvåg skule. Det var kjekt å sjå at så mange foreldre og besteforeldre hadde teke seg tid til å stikka innom frå kl 08.20 og den halvtimen samlinga varte. Det var elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for denne samlinga.
Fredag 7.desember er det elevane i 3.-4. og 5.klasse som står på scenen, også då er foreldre og besteforeldre hjarteleg velkomne!

Tekst: Lars Bakka Foto: Ingrid Kvernenes Misje

Linotrykk
Fredag 30.november 2012

Denne hausten har me drive med linotrykk i 7. klasse, halv klasse om gongen. Linotrykk er ein teknikk der me skjærer i linoleumsplate og skjærer bort det me ikkje vil skal vise på bilete. Etterpå brukar me ei god, tjukk maling og valsar jamnt over. Det er morosamt å lage same motiv i ulike fargar, og å sjå at ingen trykk vert like.


Tekst & foto:
Ingrid Kvernenes Misje
 
 
Uteaktivitetar i SFO
Torsdag 29.november 2012

Bålkos med pølse og pinnebrød. Ungane smidde pinnar sjølv. Etter me hadde ete, vart da øving på å setja opp lavo. Denne hadde dei eit ynskje om å bruka meir. Me kosa oss både store og små:-)



Tekst & foto: Hilde-Gunn Monsrud

Soloppgang i første friminutt
Torsdag 29.november 2012

Det var ein nydeleg soloppgang over Utslettefjellet som møtte elevane då dei kom ut til det første friminuttet i dag.


Tekst & foto: Lars Bakka

Småskulen på tur

Onsdag 28.november2012

I dag har heile småskulen vore ute på tur. Me har hatt ein fin dag der me leika 30 leiken, smidde fyringsved til båla våre og smidde pinnar til pinnebrød. Litt frileik i haugane vart det og tid til. Alle kosa seg og pinnebrøda smakte godt med kanel og sukker på. Ei lang rekke med blide elevar gjekk tilbake til skulen i eitt tida :)



Tekst: Lene T Almås Foto: Kari Løbø Alfarnes

SFO på kjøkenet
Onsdag 28.november 2012

Her bakar me på sfo julafigurar. Desse har me tenkt å kosa oss med fram mot jul. Heimabakst smakar best.


Tekst & foto: Hilde-Gunn Monsrud

222 snadderkaker i 5. klasse
Onsdag 28.november 2012

I dag har me laga snadderkaker, sjokoladekjeks, på slutten av dagen. Elevane jobba godt på kjøkkenet og det var mange som hadde lyst til å forsetje heime.

Tekst & foto: Åshild Giving




Jul i gamledagar
Tysdag 27.november2012

2.klasse var på museet og leika og lærte om jul i gamledagar. Dei hadde det travelt med å hogga ved, bera vatn, vaska golv og kle, og baka. Etterpå gjekk med med graut til nissen, han vart glad for grauten for han var svolten :)
Me hadde det kjekt og Astrid Elin og Mette takka for at dei hadde hatt så kjekt besøk.Tusen takk til foreldre som stilte opp og kjørte oss

Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen

Stasjonar i saman med fadrane
Tysdag 27.november 2012

2.-og 7.klasse har ansvar for adventssamlinga på fredag, difor må me øva og førebu oss.Me har hatt kjekke grupper, der me har baka, lese for kvarandre, øvd til fredag og laga juleteikningar til kalenderen.Alltid like kjekt å vera isaman med fadrane !
 

Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Julehjarta i SFO
Tysdag 27.november 2012

No er me igang med juleaktivitetar i SFO. I dag har me laga hjarta med og utan bomull. Det var kreative og flinke born

Tekst & foto: Teresa Grillo

Ei roleg og god arbeidsøkt i leksehjelpa
Tysdag 27.november 2012

Elevane i 1. og 2.klase hadde ei god arbeidsøkt med leksehjelp etter skuletid i dag. Nokre av elevane går heim etter leksehjelpa og andre tek til i SFO

 Tekst & foto Elisabeth Magnussen

 

Nytt tak
Tysdag 27.november 2012

I dag tok arbeidet med å motera nytt tak over inngansgpartiet til småskulen til. Det nye taket vil vera montert i løpet av onsdag. Elevane skal ikkje nytta denne inngongen medan arbeidte pågår.

Tekst & foto Lars Bakka

Ja, det var varmt :-)
Måndag 26.november 2012

I dag var det badekartemperatur i Nysæter bassenget med heile 38 grader!
Til vanleg skal det vera 29 grader, men i løpet av helga hadde termostaten blitt øydelagt. Me gjennomførte nokre rolege symjeøvingar med dykking og flytøvingar. Som de ser av biletet så var det godt å få kjølt seg ned på land mellom øktene.

Tekst & foto Lars Bakka


Ukulele,song og tuba i samlinga i dag
Fredag 23.november 2012

Flinke elevar gav oss ei musikalsk innleiing på vekesamlinga også i dag. Me har hatt to veker med oppdraget Hemmeleg ven. I neste veke skal klassane  komma fram til tre gode oppdrag for våren 2013.

 Tekst & foto Lars Bakka


Flott konsert for mellomstege!
Torsdag 22.november 2012

Magnus Blom, Grete Hylland og Jarle Kristoffersen utgjer " Trio Vest". Dei gav  i dag ein flott konsert, der det var rom både for humor og alvor.
Med  ulike lydar frå naturen som lydkulisse og ei flott teikning som bakgrunn, fekk musikarane formidla at  musikken til Harald Sæverud var inspirert av naturen. Elevane fekk mellom anna høyra “Rondo Amoroso” og “Kjemeviseslåtten”.
Dei som studerer teikninga kan sjå Sæverud sin profil ein stad der, dersom bileta er bra nok..


Tekst & foto: Kjell Byrknes

Fiskekaker på utegrill i SFO

Torsdag 22.november 2012

Værgudene var med oss, so me tok maten med ut. Der blei da steiking på bål te stor glede. Mat smakar tydeleg best ute i naturen.:-):-)

2012-11-22

 Foto & foto: Hildegunn Monsrud

Mange kjekke dagar i SFO
Onsdag 21.november 2012

Her finn du ein kavalkade med bilete frå SFO dei siste dagane. Som de ser så får elevane med seg mange ulike aktivitetar  SFO

Tekst: Lars Bakka Foto: Det tilsette i SFO

Nam, nam tradisjonell fiskemat er godt!
Onsdag 21.november 2012
Elevane har laga fiskegrateng i mat og helse i dag og det fall i smak. Dei vart litt overraska over at mjølet og smøret + mjølk kunne "utvikla seg" til å bli ein fiskegrateng!
Til dessert var det lappekaker.


Tekst & foto: Hildegunn Heimro

Storfint besøk i 4.klasse

Tysdag 20.november 2012
I dag har me hatt besøk av kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt, som har hatt eit undervisningsopplegg om lokalsamfunnet med oss. Dette er eit program i regi av "Ungt entreprenørskap", og skal gje elevane innsikt i korleis lokalt næringsliv og offentleg forvalting påverkar deira kvardag. Elevane har arbeidd i grupper med å bygga sitt eige lokalsamfunn, og måtte ta omsyn til behov, økonomi, osv i denne prosessen. Elevane arbeidde godt og synst det var kjekt med ein litt annleis dag.

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

Me spelar i band!
Torsdag 15.november 2012
Halve 3.klasse har i dag fått prøva dei nye instrumenta våre. Det var veldig kjekt, og hvis nokon trudde ein måtte vera flink å spela for at det skulle låta tøft, må dei tru om igjen.




Tekst & foto: Egil Petterteig

Vekesamling med trommesolo
Fredag 16.november 2012

Tommy gav oss ein flott trommesolo i amfiet på vekesamlinga i dag. I veka som gjekk har elevane arbeidd med "Hemmeleg ven". Dette oppdraget held fram også den neste veke.
Les meir om vekesamlingane og vekeoppdraga
her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Nytt frå Elevrådet
Torsdag 15.november 2012

I dag har det vore møte i elevrådet. Du finn referatet frå møtet her>>

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Fiskesprell på Sagvåg skule
Onsdag 14.november 2012

Det var ikkje fisken som sprella i dag, men lærarane som fekk kurs i korleis laga enkel og god mat av råvarer frå sjøen! 
Kurset er ein del av prosjektet Fiskesprell. Målet er at barn og unge skal oppdaga at sjømat smakar godt og å fremja gode matvanar, kjennskap til norsk matkultur og medvit rundt val av mat som påverkar helse og miljø.
På kurset deltok 13 lærarar frå Stord, Bømlo, Tysnes, Tørvikbygd og Skånevik. Kurset bestod av ein teoretisk og ein praktisk del, som munna ut i eit smakfullt måltid som inn innehaldt: Sushi, tortilla med laks, wok, fiskeburger, fiskesuppe, pizza med røykt laks, fisk i form og gode dressingar. 

Les meir om fiskesprell på heimesida http://www.fiskesprell.no/. Der finn ein òg gode tips til sunne middagsrettar med sjømat.

Takk til Reidun Høines for inspirerande og kjekt kurs!


Tekst & foto: Hildegunn Heimro
Egil held det han lovar!
Onsdag 14.november 2012

Me har lova at elle elevane ved Sagvåg skule skal få prøva å spela i band før jul! No er utstyret på plass og i løpet av november og desember kjem alle elevane til å få prøva å spela i band med trommer, keyboard, bass og el-gitar!

Tekst & foto: Lars Bakka


Engelsk gramatikk er gøy

Onsdag 14.november 2012


Denne veka skal 5. klasse lære seg når ein skal skrive a og an framføre substantiv på engelsk. I første time hadde me ein konkurranse kor elevane skulle finne flest substantiv. Dei fekk 1 poeng for substantiva med a og 5 poeng for substantiva med an. Dei var veldig engasjerte og fann så mange at me ikkje fekk vita vinnarane i dag.

Tekst & foto: Åshild Giving 













 


Følg laget vårt direkte frå Haugesund

Laurdag 10.november 2012

I dag er FLL-laget vårt i aksjon i Haugesund med prosjektet Senior Solutions.

10.nov.2012 16:20 Elin Lilleheie Skjetne

Premieutdeling, alle fekk medalje :) Me vart nominert til forskingsoppgåva / teori ! Men diverre vann me ikkje . Me er stolte av gjengen vår :-) Du finn oppdateringar frå turneringa her>>

Tekst & foto: Elin Lilleheie Skjetne
Generalprøve i FLL
Fredag 9.november 2012

I kveld har elevane i FLL hatt generalprøve i Senior Solutions. etterpå kosa gjengen seg med pizza!
Laurdag 10.november brakar det laus med turnering i Haugesund.Lykke til til heile gjengen!
Det kjem nytt på nettsida i løpet av helga. Les meir>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Elin Lilleheie Skjetne

Lærarane på kurs

Torsdag 8.november 2012

I dag har lærarane hatt kursdag saman med  Skrivesenteret. Det var Synnøve Matre og Jorun Smemo som var her. Meir om prosjektet>>   

Tekst & foto: Lars Bakka
Takk til alle som kom!
Onsdag 7.november 2012

I dag har det vore 'Open dag' på Sagvåg skule med loppemarknad, kafé, loddsal m.m. Elevane har gjort ein flott innsats. Me avslutta med underhaldning i amfiet. Det kom inn heile 35.668,- kroner til Redd Barna på aksjonsdagen vår!
Les meir om open dag>>


Mange levar i 7.klasse
Fredag 2.november 2012

Foreldra i 7.klasse har skrive til Rådmannen der dei skriv at det burde vore fleire lærarar i denne klassen med 30 elevar.
Les meir i "Stordnytt">>

Tekst: Lars Bakka

PS! I budsjettframlegget frå Rådmannen for 2013 er det lagt inn ressurs til klassedeling i 7.klasse
Teo er kome tilbake!
Tysdag 6.november 2012

På onsdag fekk 2.klasse eit anonymt brev. Det viste seg å vera hint om kvar Teo var, og som ekte detektivar for me ut på skuleplassen og leita! Til slutt fann me Teo, og det er me veldig glade for! No lurar me på kor han har vore...

Tekst & foto: Katharina Melkevik Dahle

Forfattar Tor Arne Røssland las for 3.klasse

Tysdag 6.november 2012

I samband med den nynorske barnebokfestivalen (http://www.falturiltu.no/) var me i 3. klasse så heldige at me fekk besøk av forfattar Tor Arve Røssland. Han las frå bøkene sine om Pode; "Pode", "Pode mister fotfestet", "Pode får snue" og den nyaste boka hans som heiter "Anti-Pode". Det var kjekt med besøk, og elevane likte bøkene veldig godt. Her kan du lesa meir om Tor Arve Røssland og bøkene hans: http://forfattaren.com/
Tekst & foto: Kari Myhre

Heile skulen dansa!
Fredag 2.november 2012

I dag var heile skulen med på Blime-dansen ute på skuleplassen. Vekeoppdraget var å øva på dansen. Biletet over er frå filmen som me laga.

Resultatet for alle klassane var terninglast:


Her er kan du sjå heile filmen:
(Filmen i høgare oppløysing)
iPad-versjon


Tekst & foto: Lars Bakka

(Arkivfoto)
Møte i FAU & SU
Måndag 5.november 2012


Desse møtte:

Monoica Ann Eikesetn (1.kl), Helga Titland (3.kl), Ingjerd Lorentsen (4.kl), Bjarte Leth (5.kl), Lene T Amås (lærarrep), Hildegunn Heimro (lærarrep), Silje Vatna (Pol.rep),Lars Bakka(rektor/skrivar)


Saker Samarbeidsutvalet (SU)
kl 19.00-19.30

1. Gjennomgang av framlegg til budsjett 2013 for SU
Rektor orienterte om framlegga til budsjettkutt frå Rådmannen. Om framleggte vert vedteke vert sosiallæranane kutta på barnesteget og elevane får ikkje sjymjeopplæring hausten 2013.

2. Vedtak i SU:
Samareidsutvalet er svart urolege for framlegge til nye kutt i Stordskulen. Dei siste framlegga til kutt kjem etter fleire år med reduksjon og innsparingar i Stordskulen. SU meiner at bortfall av sosiallærar og symjeopplæring er tiltak som svekkar det førebyggjende arbeidet knytt til folkehelsearbeidet i kommune. Budsjettframlegget svekkar målet om førebygging og tidleg innsats.



Skrivar : Lars Bakka
PS!
Referat frå FAU kjem snart!

Pling plong

Fredag 2.november 2012

Femte klasse har funnet opp ein ny idrett. Den heiter pling plong, og er tett opp mot den kulaste idretten i heile verda. No har me kåra både europeisk meister og verdsmeister i pling plong. Men både EM og VM blir arrangert svært ofte, så det er ikkje lenge ein får sitta på trona i gongen. Me har òg stor tru på å få pling plong som OL-grein innan relativt kort tid.
Filmar:
PCiPad


Tekst & foto:
Erlend Thoresen

Gitaristar i 1.klasse
Fredag 2.november 2012

I dag var me i 1.klasse så heldige at me fekk vera med fadrane våre i 6.klasse i musikktimen. Før første gong vekk elevane i første klasse prøva seg som giatristar med god hjelp frå Åshild Giving.

Tekst & foto: Lars Bakka

Regnboge
Fredag 2.november 2012

Med sol og rekn på fredag fekk me ein flott regnboge over skulen i matfriminuttet.

Tekst & foto: Lars Bakka


Kjøp og sal
Onsdag 31.oktober 2012

Elevane i 6.klasse øvar seg på å stå i kiosk. Då er det nyttig å øva med leikepengar

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Loppemarknad
Tysdag 30.oktober 2012

Det er gøy å leike loppemarknad. Me har øvd på sal av loppar og korleis me skal få kundane
til å innsjå at dei ikkje kan klara seg utan alle desse fantastiske loppane.



Tekst & foto: Åshild Giving


Maten si reise gjennom kroppen

Tysdag 30.oktober 2012

7. klasse veit no kva som skjer med maten etter at me har ete den. Det var stor aktivitet då me testa kvar på tunga me kunne smake søtt, salt, surt og bittert.


Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Tøming av konteiner på torsdag
Måndag 29.oktober 2012

I dag har me kasta nokre gamle utebenker, og då vart kontaineren stappfull. Me har  tinga tøming, så snart er han nok tom igjen.

Tekst & foto: Lars Bakka

Har du sett bamsen Teo?

Måndag 29.oktober 2012

Teo er ein bamse som skulle passa på studentane, men no er han borte!  2.klasse har difor laga fine etterlysingar som skal hjelpa oss med å finna han. Me håpar at alle kan halde utkikk etter han!
Helsing 2.klasse og studentane.
Mvh Hilde, Katharina, Willy og Kjersti.

Fredagssamling

Fredag 26.oktober 2012

På fredagssamlinga i dag framførte "Politimester Bastian" songen sin for oss. Både 4. og 5. klasse er no godt i gong med øving til Egner-forestillinga 5. desember. Etterpå dansa alle elevane (og nesten alle vaksne) BlimE-dansen saman i gymsalen. Alle hadde øvd godt på dansen denne veka, og neste veke skal me øva enno meir!
Har du lyst å øva heime finn du dansen her:
Blime!
Tekst: Jenny S. Skjønberg, Foto: Egil Petterteig

Me er SFO!

Fredag 26.oktober 2012
I dag bretta me opp ermene og "grisa" litt! Alle, som ville fekk, maling på handa og me laga handavtrykk. Borna gjorde store auge då fleire vaksne også måla på hånda

GOD HELG!

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

5.klasse på bibliotekbesøk

Onsdag 24.oktober 2012

I går, onsdag 24. oktober, var 5. klasse på besøk på bibloteket på Litlabø. Der fekk me starta dagen med ei kosleg morgonsamling. Bibliotekaren las og fortalte ifrå ei spanande bok. Etter lesestunda fekk alle elevane moglegheit til å låne med seg to bøker kvar. Utvale var noko rikare enn på skulen, så det var kjekt.

Tekst & foto: Erlend Thoresen

Flittige elevar på leksehjelp
Tysdag 23.oktober 2012
Det var heilt stille og intenst arbeid då eg kom innom leksehjelpa i dag. Det var elevane i 1. og 2.klasse som har leksehjelp frå 13.00-13.30 på tysdagar. Det er kjekt å sjå at også desse yngste elevane klarer å gjere seg nytte av tilbodet på ein god måte. Slik har me organisert leksehjelpa>>

Tekst & foto: Lars Bakka

Tysdag 23.oktober i 3.kl

Tysdag 23.oktober 2012
I 3.klasse er det studentar som har undervisning no. Her er nokre bilete frå engelsk, naturfag og kunst og handverkstimane.

Tekst & foto: Brita Flatøy
Gongetabell og dans i 5.kl
Tysdag 23.oktober 2012
5. klassingane skal få gongesertifikat når dei kan 1-5 gongen og 1-10 gongen. Det er kjekt å øve på ulike måter. I dag har me jobba med nettsidene matematikkorg og multi. På slutten av timen starta vi med BlimE-dansen, som vi er målet til fredag.
Tekst & foto: Åshild Giving
Smykke av stein i SFO
Måndag 22.oktober 2012
Det har vore ein ettermiddag med strålande sol og utever i SFO. Elevane er i full gang med å laga smykke av stein.

Tekst & foto: Hildegunn Monsrud

Bilete frå leirskuleopphaldet
Fredag 19.oktober 2012

Det er ut til at 7.klasse har hatt eit flott leirskuleopphald på Gullingen. Her er nokre bilete frå Aasne

Foto: Aasne H Vikanes:

Anne Elisabeth Trevland:
 
Tekst: Lars Bakka

Når alle har gått heim . . .
Søndag 21.oktober 2012

Elevar og vaksne er flinke til å rydda etter seg når skuledagen er slutt. Søndag tok eg ein fotorunde for å ta nokre bilete til den nye skulebruksplanen. Litt kjedelege bilete utan elevar, men ryddig og fint over alt


Tekst & foto: Lars Bakka

Fiskakaker på SFO i dag!
Fredag 19.oktober 2012

I
ngen "sure" miner då maten vart introdusert i dag! Jubelen og matlysta sto i taket :)Trur ingen går heim svoltne i dag :)


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Tidleg morgon

Fredag 19.oktober 2012

Ein stille gjeng som er i full sving meg teikning tidleg torsdag morgon.


Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Kva skjer i 5.klasse?
Fredag 19.oktober 2012
Nå er me godt i gong med Egnerprosjektet. 4. og 5. klasse skal ha en framsyning i byrjinga av desember. Klassen lager kulissene og øver på replikkane. Dei er veldig flinke og engasjerte. Innimellom får me tid til å sy litt på forkle.

 
Tekst & foto: Åshild Giving

MIN DAG - MI VERD
Fredag 19.oktober 2012
Øvind Hjelmen har hatt eit prosjekt som heiter MIN DAG - MI VERD. Elevane har tatt bilete av
det som er viktig i livet deira. Det var mange flotte motiv av t.d dyr, vener og fritidsaktivitetar.
Det har vore fantastisk å få besøk av ein fotograf og få framkalla svarkvit bilete. Nå skal elevane
skrive tekstar til bilete og lage ein utstilling.

 
Tekst & foto: Åshild Giving

Vekesamling
Fredag 19.oktober 2012

Det var Eva i 2.klasse som gav oss ein fin liten pianokonsert på vekesamlinga i dag.
Dei neste vekene vert det Blime-veker. Du kan øva deg på dansen her>>



Kakefest
Fredag 19.oktober 2012

I dag har me feira at me er ferdig med nesten alle kartleggingsprøver og nasjonale prøver.
5. klasse er veldig flinke til å konsentrere seg under prøvene. Nå veit me etter kvart kva for
ting me skal bli flinkere til. Det smakte godt med sjokoladekake.
 
Tekst & foto: Åshild Giving


Ein kjekke tur for 1. og 2.klasse
Fredag 19.oktober 2012

På onsdag hadde 1 og 2 klasse ein fin tur :)
Studentane laga pinnabrøddeig og laga til bål så alle fekk steika så mange pinnebrød som dei orka.
Flott ver, blide ungar, mange voksne - superkjekt å vera på tur då !!


Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Norsk - og matematikkgrupper i 1.klasse.
Fredag 19.oktober 2012
Denne veka har 1.klasse lært seg bokstaven v. På norskgruppene øvde me på å skriva v- bokstaven, me var på bokstavjakt etter v-bokstaven og lytta den ut i ord, me forma den store og den små v-bokstaven i modellkitt og jobba på data. I tillegg har me lært om sortering i matematikk og me har blitt kjempegode på å sortera! På matematikkgruppene hadde me mange varierte oppgåver der me fekk øva oss på å sortera på ulike måtar. Det var studentane våre, Nina, Randi, Beate og Lindy, som hadde laga alle desse flotte oppgåvene og aktivitetane.
Tekst & foto: Anne Brit Holm

Nye bilete frå leirskulen
Onsdag 17.oktober 2012

I dag har me  leika Lars Monsen på tur. Elevane var kjempeflinke til å dra. Berre positive og kjekke elevar på tur. Me storkosar oss.
 
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Nasjonal prøve i 5.klasse
Onsdag 17.oktober 2012
I dag har 5.klasse gjennomført nasjonal prøve i matematikk. Dette var ein digital prøve som elevane løyste på datamaskinane. Her kan du prøva deg på ein liknade prøve>>
 
Tekst & foto: Lars Bakka

7.klasse er i Suldal
Måndag 15.oktober 2012
Her er nokre glimt frå Gullingen. Me har det flott sjølv om det var veldig kald vind.  Elevane kosar seg og har det bra. Dei tøffaste har til og med bada.  Alle blei gode og  mette etter  lapskaus til middag. Etter middag var det nokre elevar som gjekk ned til vatnet for å fiska. Det blei ikkje fisk, men dei hadde ein kjekk tur.
 
Tekst & foto: Hilde Gunn Monsrud, Aasne H Vikanes og Anne Elisabeth Trevland

Mange nye lærarar!
Måndag 15.oktober 2012
I dei neste tre vekene kjem det til å vera mange nye lærarar på Sagvåg skule. Det er elevane i 1.-2. og 3.klasse som har lærarstudentar i praksis. Det er fire studentar i kvar klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka

Nytt vekeoppdrag
Måndag 15.oktober 2012

Beskrivelse: The DiceElevane er flinke til å fylje opp vekeoppdraga. Kva fredag samlast me til evaluering av veka som gjekk og nye oppdrag. I perioden fram til haustferien hadde klassane ein snittsum på over 5 på ein skala frå 1-6. Dette viser at elevane tek oppdraga på alvor.

Måndag 15.oktober var elevane i 2.klasse i bassenget då det var samling, så dei fekk det nye oppdraget der. Dei andre elevane hadde samling i amfiet på skulen. Oppdraget denne veka er «På rett stad til rett tid».

«Bruk refleks» var vekeoppdrag tidlegare i haust, men me vil oppmoda ALLE om å bruka refleks også etter at oppdragsveka er over. Torsdag 18.oktober er den nasjonale Refleksdagen 2012. Denne dagen vil alle elevane få eit refleksband på skulen.

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen

 
 
Me ynskjer alle ein fin haustferie med eit bilete frå skulen i matfriminuttet fredag 5.oktober. Blar du nedover nettsida vår så finn du mykje av det elevane har fått oppleva sidan skulestart i august.

Tekst & foto: Lars Bakka

 
På jobb i ferien!
Laurdag 6.oktober 2012

First Lego League-gjengen tek ikkje ferie. I dag er dei i full gang med bygging og teorioppgåve på Sagvåg skule. Les meir om prosjektet her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Åsmund Herllesøy

Digital utgåve av infoheftet vårt:

Infoskriv nr 1 (27.09.12): Fotografering /Refleks

 


 
Knips frå 1.klasse
Fredag 5.oktober 2012

Her er nokre bilete som er teke av 1.klasse som er i full sving med ulike aktivitetar :-)

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Sjangerlære!
Fredag 5.oktober 2012

I både norsk og musikk jobbar 6. klasse med tema sjanger.
I musikk har dei jobba i grupper med kvar sin sjanger som dei skulle presentera for klassen. I dag fekk me høyra om pop, country og rap. Dei måtte finna fram døme på songar, fortelja kort om sjangeren og sjølv kopla seg opp med det digitale utstyret dei trong. Neste gong skal me høyra om jazz og så har ei gruppe framført rock.
Sjanger i norsk har vore eit litt vansklegare begrep, men målprøven i dag viste at no har dei fått taket på det og kan klassifisera sakprosatekstar og skjønnlitterære tekstar.

Velfortent haustferie til alle:-)


Tekst & foto: Hildegunn Heimro

Vekesamling
Fredag 5.oktober 2012

I dag var det tid for den siste vekesamlinga før haustferien. I veka som gjekk har me snakka om kva som er viktig på Sagvåg skulen. For elevane er gode vener noko av det alle viktigaste.  Dette gjeld i alle klassane.
Det var Eline i 3.klasse som spelte for oss i dag.



Tekst & foto: Lars Bakka
 

2.kl på tur til biblioteket m.m.

Torsdag 4.oktober 2012

2.klasse var på biblioteket på Litlabø på onsdag.
Der var Kari Bolette og fortalte ei spanande forteljing om Djengis Kahn og jaktfalken.
Det var litt langt å gå , men elevane var flinke og dei oppførte seg fint både på turen og inne på biblioteket :)
På torsdag laga halve klassen fine hausttrykk i flotte haustfargar, medan resten skrelte og skar opp eple og laga ei god eplekaka.
Etter ei stund bytte me grupper.


Tekst & foto: Gro A Halvorsen


Haustsamling 1.-4.klasse

 Torsdag 4.oktober 2012

I dag har småskuleklassane hatt samling i amfiet. Alle elevane song, nokre av elevane las eventyr, ei passa på at dei rette bileta kom på veggen og to var programleiarar. Denne gongen var det 3.klasse som hadde hovudansvar for samlinga. Det er ei grei oppgåve når dei andre klassane er så flinke songarar og så høfleg publikum.

Tekst: Brita Flatøy Foto: Ingrid Misje



Vått, men godt!

 Torsdag 4.oktober 2012

Er på tur med Litlabø skule. Sol og regn, men blide ungar. Skal snart rasta og kosa oss.

Tekst & bilete: Kjell Byrknes

 
Perfekt orden!
 Torsdag 4.oktober 2012

Amelia og Mariéll  har i dag gjort ein kjempejobb med god merking av alle elevpc-ane på skulen vår.  No skal det fera lett for alle å finna fram til rett PC.

Tekst & bilete: Lars Bakka


 Leik i gymsalen
  Onsdag 3.oktober 2012

I dag tok me ein tur i gymsalen. Stivheks,doktor tikken, bietikken og alle mine duer kom heim! Ein gjeng med svette ungar som tusla opp igjen :)

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Lydbok
Onsdag 3.oktober 2012

I dag var det kosestund med lydbok i Dovamyro i regnveret :-)

Tekst & foto: Hildegunn Monsrud
 
Målprøver
Onsdag 3.oktober 2012

Målprøver, Ordkjedetest, Lesetest, Kartleggingsprøver og nasjonale prøver er kvardagen her i 5. klasse. Konsentrasjonen er høg og elevane er veldig flinke til å jobbe med alle prøvene. Det er gode resultateter på kartleggingsprøva me hadde i dag. Neste store prøve blir den nasjonale prøva i matematikk. Klassen har jobba godt med lekser og skulearbeid, så det skal gå bra.


Tekst & foto: Åshild Giving

Til SIM med 4.klasse

  Tysdag 2.oktober 2012

4. klasse har hatt ein kjekk og lærerik dag på SIM i dag. Først besøkte me den nye miljøsentralen ved Heiane, der me fekk sjå korleis bosset vart sortert. Etterpå køyrde bussen oss ut til Svartasmoget, der me fekk sjå korleis matavfallet vart til mold.

Tekst & bilete: Jenny S Skjønberg



Modellkitt og kos i SFO

Tysdag 2.oktober 2012

I dag har me arbeidd med modellkitt på SFO

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
 

Best i symjing
Måndag 1.oktober 2012

Då det på kommunenivå vart innhenta informasjon om symjedugleiken til 4.klassingane i Stord-skulen så var det  4.klassingane på Sagvåg skule som hadde det beste resultatet. Dette er dei elevane som no går i 5.klasse. Leis meir her>>

Tekst & bilete: Lars Bakka



Fiolinkonsert avslutta veka

Laurdag 29.september 2012

Ingeborg i 3.klasse gav oss ein fin lite konsert på vekesamlinga i dag. Vekeoppdraget med fokus på refleksbruk vart avslutta, men oppmodinga om bruk av refleks står fast!

I det nye oppdraget skulle alle elevane skrive tre ord om kva Sagvåg skule er for dei. Alle orda vert samla på store ark. Slik for me vite kva som er viktig for elevane. Her er arket frå ein av klassane. Jo større orda er jo fleire elevar har skrive dei.

Tekst & bilete: Lars Bakka



5.klasse i H
AFO-cupen

Laurdag 29.september 2012

Fantastisk innsats i siste kamp mot Hystad. Det stod 1-0 etter første omgong med fotball. Kampen endte 2-2. Det var ein utruleg spennende kamp. Sagvåg viste store framskritt mellom kampane.

Tekst & foto: Åshild Giving
  Fotografering
Fredag 28.september 2012

I dag har det vore fotografering på Sagvåg skule heile dagen. Alle klassane skulle ta gruppebilete 1.-5. og 7.klasse har teke portrett i tillegg. Det vart litt for travelt og fotografen må komma tilbake og ta gruppebilete av elevane i 4.klasse.

Tekst & foto: Lars Bakka

Friske grønsaker gjev oss mykje god mat!
Torsdag 27.september 2012

Me har smaka på nokre av hausten sine råvarer i mat og helse og elevane har laga grønsaksuppe og gulrotkake. Det smaka så godt at gruppe 1 åt opp all suppa dei hadde laga og to heile gulrotkaker. Det var heller ikkje så mykje att då gruppe 2 laga mat. Elevane var flinke på kjøkkenet og dei fann ut var at grønsaker kan smaka godt!

Bilete frå gruppe 2:

Tekst & bilete: Hildegunn S Heimro

 

Suppekoking med meir :) Torsdag 27.september 2012
Elevane i 1 og 2 klasse hadde teke med seg ulike grønsaker som me kokte suppe av i skogen. Suppa vart veldig god og me åt opp alt ! Det er veldig kjekt å leika på skulområdet, særleg når når veret er varmt og fint.


Tekst & foto: Gro A Halvorsen
 
Helsing til "gamle-læraren"
Torsdag 27.september 2012

Her kjem det en hilsen til Toril fra klassen(Klikk på biletet over for å sjå heile helsinga)
Tekst & foto: Åshild Giving
 


Parkour og basketball i 7.klasse

Onsdag 26.september 2012

Onsdag 26. september hadde Marius eit flott opplegg i parkour med klassen sin. Han kom til skulen kl. 08.00 og gjorde klar utstyret som skulle brukast. Elevane likte å prøva seg på parkour. Godt jobba, Marius! Det vart òg tid og plass til basketball. Kjekt med rommeleg gymnastikksal og ikkje minst aktive og positive elevar!

Tekst & bilete: Aasne H Vikanes

Eplekaker i 3.klasse
Onsdag september 2012

Tysdag laga halvparten av 3.klasse kjempegode eplekaker medan resten av klassen sydde. Til slutt fekk heile klassen vera med på å eta kakene med is på. Neste veke bytter me på med baking og sying. Ekstra takk til mamma Silje som kom med eple til oss.

 

Tekst: Brita Flatøy
Foto: Kari Myhre og Brita Flatøy

 

Alltid fint ver i SFO
Onsdag 26.september 2012

SFO nyttar fint ver og tar måltidet ute også i dag


Tekst & bilete: Elisabeth Magnussen

Haustbilete
Tysdag 25.september 2012

4. klasse har vore kunstnarar og måla fine haustbilete. Kjekt med staffeli og mange fargar som skal blandast til fine haustfargar. Her var konsentrasjonen på topp!

Tekst & bilete: Lene Tislavoll Almås

På HSH fekk 6. klasse ein dag med smell i !
Måndag 24.september 2012

Hydrogengassen, som blei antent til slutt i åpnigsshowet, markerte opninga av forskingstorget. Sjetteklassingane fekk med seg mykje: Levande musikk og kunnskap om ein del instrument var det først. Deretter leik, frisbee og ballaktivitetar. Etter matpausen, i strålande haustsol, var det kunnskap om kroppen som var på planen. Til slutt fekk elevane vera med på fotografering ved hjelp av knappholskamera. Dei fekk vera med på heile prosessen frå innsetting av film til framkalling. Resultatet av arbeidet fekk med oss. Takk til studentar og lærarar på HSH for ein lærerik dag!

Tekst & bilete: Kjell Byrknes

 

Mat i skogen med SFO
Måndag 24.september 2012

Måltidet på SFO tok me ute i dag! I solskin og fint ver gjekk me ned i skogen og åt maten. Me håpar at me skal få mange slike dagar der me kan gå ned her og kanskje bruka grua?!


Tekst & bilete: Elisabeth Magnussen

Strålande vèr og god stemning
Fredag 21.september 2012

Det har vore aktivitetsdag på Nysæterbanen for alle elevane på Sagvåg skule i dag. Det var stor aktivitet og god stemning i det fine haustvèret.

Tekst & bilete: Egil Petterteig

Nytt frå elevrådet
Torsdag 20.september 2012

I deg har det vore møte i Elevrådet. Du finn referatet frå møtet her>>

Tekst & bilete: Kjell Byrknes

 

Konstruksjon i 1.klasse
Torsdag 20.september 2012
 
Sjå kor flinke me i 1.klasse er til å byggja med store klossar! Elevane var flittige og det vart nokre flotte byggverk.


Tekst: Anne Brit Holm Foto: Gro A Halvorsen


K & H i 2 klasse
Torsdag 20.september 2012
Sidan staffelia stod oppe ville 2 klasse prøva seg som kunstnarar og. Me samla inn mange haustblad på turen i går. Desse var fine å sjå på når elevane blanda fargar og måla flotte haust bilete.
 


Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Kunst og handverk i 5.kl
Onsdag 19.september 2012
Me er godt i gong med forklea våre på 5. trinn. Klassen er delt i to, nokre starta med broderi til dekor, og andre starta med sjølve forkle. I dag var fyrste gong med prøvde oss på dei splitter nye symaskinane. Litt tørrtrening utan tråd på papir måtte til, før me gjekk over til prøvelappar.


Tekst & foto: Ingrid Kverneses Misje

 

3.kl på biblioteket på Litlabø. Onsdag 19.september 2012
I dag har klassen vår vore på biblioteket. Kari Bolette fortalde først om ulike bøker og korleis me skal gjera når me leitar i hyllene for å finna nye bøker. Etterpå fortalde ho ei kjekk historie og til slutt fekk dei som ville, låna bøker med seg heim.


Tekst & foto: Brita Flatøy



Såpebobler i SFO

Tysdag 18.september 2012
Me har eksprimentert med såpebobler i SFO i dag. Mange flotte bobler og mykje leik og moro.

Tekst: Hilde-Gunn Monsrud & foto: Hilde-Gunn Monsrud m.f.

Egg er interessant å læra om!
Tysdag 18.september 2012
Me har lært om egget sin anatomi og kva funksjon egget har i maten. Etterpå hadde me eit forsøk der me testa skjørheten til egget. Er det like skjørt same kva veg me held det?
Elevane knepte alt dei kunne og me fann ut at egget tolte ganske mykje om me held det med dei butte endane oppe og nede.

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

       
 

Haust = eplekake

Tysdag 18.september 2012

Elevane har laga kjempegode eplekaker i mat og helse. Dei jobba godt og sjølvstendig og me kosa oss med den gode baksten:-)


Tekst & foto: Hildegunn Heimro

Brannøving
Tysdag 18.september 2012
I dag gjennomførte me den første brannøvinga dette skuleåret. Denne øvinga visste elevane om på førehand. Alle klassane stillte fint opp til "avmelding" på mindre enn to minutt, og det er flott!

Tekst & foto: Lars Bakka

Klar for skriveprosjekt   
Måndag 17.september 2012
 
I ettermiddag har Synnøve Matre frå Høgskulen i Sør-Trøndelag orientert oss om det nye skriveprosjektet som me er med i. Det er elevane i 3.-4.-6.- og 7.klasse som er med dette året. Til neste år er det elevane i 4. og 7.klasse som er med. Sjølv om det berre er enkelte klassar som tek del i sjølve prosjektet, så kjem alle lærarane til å få med seg kurs om temaet skriveopplæring og vurdering av elevtekstar.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Nasjonal prøve
Måndag 17.september 2012

I dag gjennomførte 5.klasse nasjonal prøvar i engelsk. Dei har hatt prøven i norsk skriving. Neste nasjonale prøve er matematikk 15.-19.oktober

Foto: Åshild Giving Tekst Lars Bakka

"Dette var jo gøy, jo!"
Fredag 14.september 2012
 
Heldige er me på sjuande trinn som få bruke heile siste del av fredagen til å utfolde oss sjølve. Musikk og kunst og handverk står på timplanen etter lunsj.
For tida er klassen delt i to i K&H, me lærer silkemaling og linotrykk. Etter mykje skissearbeid har me i dag starta utskjæringar i linoleumen, og jammen var ikkje dette litt artigare enn mange hadde trudd på førehand!

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Baking på SFO
Fredag 14.september 2012

Fredag fekk 6 born på SFO baka rundstykker som nå ligg i frysen klar til eit smøremåltid :) Resten tok turen i gymsalen,og syntes det lukta veldig godt då dei kom opp igjen. Neste gang er det nokon andre som skal få baka

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

 

Kjøkenteneste i SFO
Fredag 14.september 2012
 
Flinke elevar skrella og kutta grønnsaker og pøser til mat på SFO

 

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen


Vekseamling
Fredag 14.september 2012
 
Også i dag vart vekesamlinga innleia med ein fin liten konsert. I dag var det Haakon i 3.klasse som imponerte oss på cello. Han vart også akkompagnert av mamma Tone Synneve på piano. 
Nytt vekeoppdrag heiter BRUK REFLEKS!

Tekst & foto: Lars Bakka

Nye symaskinar på K&H
Torsdag 13.september 2012
 
6. klasse var dei første som fekk prøva dei nye symaskinane våre. Dei var òg med å pakka dei ut og bokstavleg tala stupte i eskene. Jippi, sa dei då dei såg dei. Dei synes det var veldig kjekt å få gode maskinar å sy på og har utforska og testa dei ut i dag. Me er veldig nøgde.

Tekst & foto:Hildegunn Heimro

 

Forming i 3.klasse
Torsdag 13.september 2012
 
Det er ekstra kjekt å måla bilete når ein kan stå ved staffeliet. 3.klasse har laga mange fine haustbilete dei to siste vekene. Her kan de sjå litt av resultatet.

Tekst & foto: Kari Myhre & Brita Flatøy

 
Ein tysdag i sept. i 2.kl
Tysdag 11.september 2012

2.klasse starta dagen med musikk, dei song songen " Syngevise "  og teikna til tekst av Andre Bjerke.
Etter pausen var det norsk stasjonar der me jobba på Fronter, skreiv beskjedar, las leseleksa og jobba med språkverkstad.
Når me åt maten vår las Brita i boka Heavykatten for oss.
Til slutt var det naturfag, der me såg nærare på  kva mat me kan få av dei ulike dyra og vegen frå kua til meieriet.
Me greide å få til ca. 15 minutt med  leik heilt til slutt

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

Finn dag i SFO
Tysdag 11.september 2012

I SFO var me både ute og inne i dag. Til slutt var det kosestund med fruktpinnar som borna hadde laga.


Tekst & foto: Hilde-Gunn Monrud m.f

 

Møtekveld
Tysdag 11.september 2012

I kveld har det vore møte i Foreldra sitt arbeidsutval (FAU), Samarbeidsutvalet (SU) og Skulemiljøutvalet (SMU).
Du finn sakane til møtete her, og snart finn du også referata frå møte på same sida.

Tekst & foto: Lars Bakka

Fotografar i arbeid
Måndag 10.september 2012

I dag var Øyvind Hjelmen på besøk hos 7. klasse. Alle elevane fekk lage seg eit kamera. Gruppevis var elevane ute og fotograferte før dei var i mørkerommet og framkalte biletet sitt. Mange fine resultat og kjekt opplegg.

Her er eit av bileta som elevane tok i dag:

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Me skriv i Fronter
  Fredag 7.september 2012

I dag har har elevane i 1.klasse skrive i Fronter for første gong. Fronter er den digitale læringsplattformen vår (LMS). Elevane har her eigne mapper der dei kan ta vare på det dei skriv heilt til 10 klasse.
Alle elevane fekk med seg brukarnamn og passord heim og kan difor også skriva i Fronter heime og på skulen.
Meir om Fronter>> 
 Logg inn her:

 

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Minikonsert
Fredag 7.september 2012

Også denne fredagen var det vekesamling i amfiet for heile skulen. Mariell innleia med ein fin liten minikonsert før me vurderte veka som har godt. Det viste seg at klassane hadde arbeidd godt med vekeoppdraget. Også neste veke fokuserer me på godt skulearbeid heime og på skulen.
Les meir:

Tekst & foto: Lars Bakka

Kjøtboller i SFO
Torsdag 6.september 2012

I dag har ungane på SFO kosa seg med kjøtboller og potetstappe. Etterpå var det leik, og mange av borna var flinke arkitektar og byggningsarbeidarara.

Tekst & foto: Elin B.Macsik

Kantinemat i 5.-7.klasse
Torsdag 6.september 2012

Endeleg var det tid for kantinemat i 5. til 7.klassse. Kvar tirsdag kosar elevane seg med grove rundstykke i ein koseleg smørelunsj. De tilsette i kantina vår gjorde ein strålande jobb frå første dag
Her er nokre bilete frå den første serveringa.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

First Lego League 2012
Torsdag 6.september 2012

I dag var det oppstartmøte i FLL 2012. Det er Lina og Danel N frå 5.kl, Marius H, Johannes,og Øyvind frå 6.klasse og Håvard frå 7.kl. Framleis kan de bli rekrutert nokre fleire elevar til laget. Elevane bestemte at dei også i år vil vera med på konkurransen i Haugesund.
Les meir om FLL her

Tekst & foto: Lars Bakka

1.+ 6.=kosleg faddersamvær
Torsdag 6.september 2012

Her finn du bileta

Opplevelsesdag på Moster
Onsdag 5.september 2012

I dag har me hatt ein flott opplevelsesdag på Moster. Me starta med å møta ein kunstnar som viste oss korleis han laga bileta sine. Vidare fekk me gå i gruvegangar og lære om steinar, og me fekk hogge ut vår eigen stein frå eit steinbrot. Steinen fekk me slipa med forskjellige sortar sand til dei vart blanke og fine.  Inne i Moster amfi fekk me fortalt frå hedningetida med spanande effektar. I pausen var det godt med vikingsodd!

Tekst & foto: Lene T Almås

 

Simen Stjernespelar
Onsdag 5.september 2012

Onsdag føremiddag fekk 1., 2. og 3. og 5. trinn besøk av Simen Stjernespelar, og teatergruppa frå DKS Hordaland (Den Kulturelle Skulesekken). Me hadde øvd litt på førehand, og fekk bli med på refrengsang. Ein liten time med musikk, sang og stjernestøv i gymsalen. "Litt skummelt, men veldig kjekt!", meinte mange førsteklassingar.

Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

Hyttebygging
Onsdag 5.september 2012

På SFO i ettermiddag var det hardt arbeid på gang! Mykje knekte trer blei henta og brukt til hyttelaging! Ikkje lika enige alltid, men borna kom til enigheit og sammarbeidde slik at stammer og greiner kom på plass! Ingen av dei hadde tid til å bli henta

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

Nytt vekeoppdrag
Fredag 31.august 2012

Etter ein fin pianokonsert med Casper så gjekk me over til vekeoppdraget. I denne veka har elevane vurdert leikeapparata ute. Det var "sykkelrampen", pyramiden og fuglereir-reia som fekk "best i test" med terninkast 6.

Det neste vekeoppdragat handlar om GOD ARBEID. Elevane skal diskutera kva som er godt arbeid og elevane skal visa at dei kan gjere godt arbeid heime og på skulen.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 


Det nye Elevrådet

Torsdag 30.august 2012

Her er det nye elevrådet på skulen. For  femte klasse var det Silje som stilte  denne gongen. Håvard i 7. klasse er ny leiar i elevrådet. Referatet frå det første møtet finn du her>>

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Trekant, firkant og sirkel
Torsdag
30.august 2012

I 1.klasse arbeider me med ulike former i matematetikken. Me har laga trekantar, firkantar og sirklar på ulike måtar. Ekstra kjekt var det å gå ut å finna ulike ting som ein kunne laga formene av. Elevane var flike og kreative!!

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Meir leik i SFO
Torsdag
30.august 2012

Stafett og hjørnefotball for 3 og 4 klasse i sfo!!

Tekst & foto: Beate Mettâlâ Føyen

 

Kva har eg lært?
Onsdag
29.august 2012

Elevane i 6.klasse har teke i bruk Kartleggaren igjen. Dette er eit digitalt verkty som viser kva elevane har lært i basisfaga. Dataprogrammet gjev også svar på kva elevane bør arbeidet meir med.   Du kan lesa meir om verktyet her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes

Godt arbeidsmiljø
Tysdag
28.august 2012

I dag har me hatt ein flott skuledag. Elevane har jobba godt. Me har øvd på å komme raskt i gang med arbeidet og halde ro i klassen.
Matematikk
I matematikk har me fått ei innføring i korleis alle skal halde god orden i bøkene. Alle i klassen har vist at dei kan skrive tydeleg, bruke linjal og skrive heile setningar i svara.
Musikk
Gitaren er populær i storskulen. 5. klasse har hatt første gitartimen og lært grepet D. Klassen har allereie vist at dei kan gå roleg og hente gitarane.

 

Tekst & foto: Ashild Giving & Erlend Thoresen

Leik i SFO
Tysdag
28.august 2012

I dag har elevane i SFO hatt ulike leikar i gymsalen. Me leika do-tikken, stiv heks og me hoppa på tjukkasen.


Tekst & foto: Thresa Grillo

 

Tur til Fletaneset måndag
Tysdag 28.august 2012

I flott sommarver var 3.klasse på tur. Me skulle sjå kva me fann av liv i Storavatnet. Me fann nokre smådyr og fiskar- og mange gode bjørnebær.
Ein kjekk tur med kjekke elevar.

 

Tekst & foto: Brita Flatøy

Bilete frå 2. & 6.klasse
Måndag 27.august 2012

(Tekst kjem....kanskje...)

"Flyfoto" av skulen vår
Søndag 26.august 2012

Ein treng ikkje leiga eit fly for å få flyfoto av skulen vår, det er nok med ein tur til Utslettefjellet.....
Her er nokre fleire utsiktsbilete

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Vekesamling
Fredag 24.august 2012

Flinke elevar frå 1. til 7.klasse presenterte trivselsreglane ved Sagvåg skule og sa noko om kva dei tyder. ALLE klassane fekk terninkast 6 for jobben!
I det neste vekeoppdraget skal elevane ut og vurdera dei ulike leikeapparata me har ved Sagvåg skule. Elevane i 5.-7.klasse skal også tilsetje nye trivselsleiarar og etablera nye rutinar for fordelinga av utstyret me har.


Det nye vekeoppdraget: Vurderingsskjema for leikeapparat>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre

Morgonstemning
Onsdag
24.august 2012

Tidleg fredag morgon såg det slik ut på Sagvåg skule gjennom ein kraftig vidvinkel på telefonen :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

Den første skuleveka i 1.kl
Onsdag
22.august 2012

Her er nokre bilete frå 1.klasse sine første dagar på skulen. Me er allereie godt i gang med skulearbeidet. På måndag fekk me oss ny matematikkbok og det var veldig stas å få arbeida i den! I dag har me hatt matematikkgrupper og nokre fekk prøva datamaskinane for fyrste gong. Det er også kjekt å vera saman med fadrane og me gler oss til neste gong me skal vera i lag. Me har hatt ein fin skulestart og me blir betre kjende for kvar dag som går

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

På bærtur med 1 og 2 kl :)
Onsdag 22.august 2012
Det slutta å rega når me gjekk på tur. Det passa fint for me skulle plukka bær.Me fann mange bringebær, litt blåbær og bjørnebær. Mest alle åt opp sine bær etter kvart, men nokre var ekstra flinke og plukka mykje til å ta med heim.
Mykje spanande å finna på for nye og " gamle " 1 klassingar. Mange kjende kvarandre frå før og då vart det ekstra kjekt å leika.

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

HMS-besøk i 7. klasse
Onsdag
22.august 2012

Dvernebriller og hanskar som elevane på Sagvåg skule kan bruke for å verne seg mot skader. TUSEN TAKK

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Første gong
Onsdag 22.august 2012

Velkommen på skulekjøkkenet til gruppe 1 i mat og helse!
Måla for i dag var å gjera seg kjende på kjøkkenet, vita om rutinar og forventningar og læra korleis me lagar scones, kokar kakao og egg. Elevane var flinke og me kosa oss ved bordet etterpå:-)

Tekst: Hildegunn Heimro
Foto: Elisabeth Magnussen & Hildegunn Heimro

       
 

Femte klasse på sykkeltur og sopptur  saman med 6. og 7. klasse for første gong!
Tysdag 21.august 2012

Å vera saman i naturen er ein fin måte å bli kjent med dei andre på. Elevane  på mellomsteget drog til Nesskogen på jakt etter kantarellar. Nokre fann ein del sopp. Andre var opptekne med leikar. Det tok  likevel ikkje lang tid før dei første elevane stilte seg i kø for å sikra seg den gode soppsuppa som lærarane og assistentane laga til. Nokre elevar fann spor etter ein rovfugl. Mange fjør  viste at det nok hadde vore ein hauk på ferde. Sykkelturen til og frå gjekk fint, det gjorde ikkje noko at det kom nokre få regndråpar.

Tekst: Kjell Byrknes Foto: Erlend Thorsen m.f

Symjestart
Måndag 20.august 2012

Den første måndagen med symjeopplæring var det 2.-3. og 5.klasse som fekk symjetimar. Her er det elevane som er i full gang med brystsymjing. Neste måndag er det 2.-4. og 6.klasse sin tur. Her finn du symjeplanen for hausten 2012

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Første vekeoppdrag
Fredag17.august 2012

Det første vekeoppdraget handlar om at alle klassane skal studera reglane på Sagvåg skule og lesa Visjonen vår. Her finn de visjonen og reglane

Vekeoppdraga:

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

 

 

Første skuledag 2012
Torsdag 16.august 2012

No er me endeleg i gang med det nye skuleåret. I nydeleg ver og med flaget til topps tok me til med det nye skuleåret. Her er det elevane i 5.klasse som får utdelt nye bøker.

Bilete frå den første skuledagen.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Planlegging av nytt skuleår
Måndag 13.august 2012

I dag har alle lærarane vore i full gang med planleggingsarbeidet for det neste skuleåret. Arbeidet held fram tysdag og onsdag. Onsdag kjem også assistentane. Elevane har første skuledag torsdag kl 08.30.
SFO er open frå kl 06.45

Tekst & foto: Lars Bakka

Snart skulestart
Måndag 6.august 2012

Første skuledag hausten 2012 er torsdag 16.august.  Skulen tek til kl 08.30 og SFO er open frå kl 06.45 til 16.15. Les meir om den første skuledagen  Skuleruta for skuleåret 2012/13 finn de her
Lærarane har planleggingsdagar 13.-14 og 15.august. Les meir

Fram til skulestart kan du sjå tilbake på året som gjekk her

 

       

Betre biletalbum
Måndag 6.august 2012

Me prøver heile tida å utvikla nettsida til skulen. Me gjer også justeringar slik at sida vert lett å bruka på nettbrett.
Mange har m.a. etterlyst eit betre "biletkarusell".
Slik vert bileta presenterte dette skuleåret:

Meld frå om du har framlegg til endringar på nettsida vår!

Tekst & foto: Lars Bakka

Vedlikehald
Måndag 6.august 2012

Det har vore aktivitet ved Sagvåg skule i store deler av sommaren. Plenane er blitt klipte, romma er bitt vaska og skaterampen har fått eit strøk med maling. Alt er snart klart til skulestart.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

... også hjorten hjelper til
Måndag 6.august 2012

Det er ikkje berre det tilsette i Stord kommune som slår plenane på Sagvåg skule, også hjorten "vår" hjelper til.

Tekst & foto: Lars Bakka