![]() HAUSTEN 2011 Arkivet>> |
|
|
Tysdag 20.desember 2011
Den siste dagen før juleferien
er lærarane ekstra tidleg på jobb for å førebu julefrukost for over 150
elevar. Til skulestart var alt klart og elevane kunne starta dagen med
varm kakao og ferske rundstykke. Dette er ein av dei fine
førjulstradisjonane som elevane ser fram til.
Tekst & foto: Lars Bakka ![]() Mjuke og harde pakkar i 5. klasse Tysdag 20.desember 2011 Kanskje nokon
av desse hamnar under juletreet ditt? Mykje godt handverk bak desse fine
snømennene og juletrea som 5. klasse har jobba med i K&H-timane. Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro Måndag 19.desember 2011
I dag var det nissemarsj på
skulen. Elevrådet gjekk fremst med faklar, deretter kom alle dei andre i
nisseorden. På vegen traff me på eit lite nisseorkester. Dei spelte flott
julemusikk. I skogen sat det to grautnissar? og koste seg. Dei hadde
ordentleg nissemusikk, alle kunne høyra "På låven sitter nissen". Det var
glatt ute, men alle kom seg velberga inn. Det var siste gongen med
vekeoppdrag. Det blei delt ut ein julemann til kvar elev, som takk for god
innsats med vekeoppdraga denne hausten. Tekst: Kjell Byrknes Foto: Kjell Byrknes/ Lars Bakka
Måndag 19.desember 2011 Det siste vekeoppdraget me fekk frå rektor var å koma med gode forslag til vekeoppdrag i 2012. Alle klassane hadde minst 6 forslag og alle klassane fekk terningkast 6 for gode forslag :-) No ser me fram til juleferie og startar friskt opp med nye gode vekeoppdrag i 2012.Premie for god innsats var ein kakemann til alle. Den smaka godt! Tusen takk til dei flinke elevane våre for fin julemusikk på fiolin og piano :-) Vekeoppdraga>> Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro
Ein kakemann til kvar elev Måndag 19.desember 2011 Alle elevane fekk ein julemann i gåve frå skulen for godt gjennomførte vekeoppdrag etter haustferien. Kva veke har elevane fått oppdrag som skal bidra til å gjere Sagvåg skule til ein betre skule. Det var elevane i 5.klasse som hadde vore aller flinkast og fått best terningkast med 5,6 i snitt sidan haustferien! Tekst & foto: Lars Bakka Den siste adventsamlingaFredag 16.desember 2011
Fredag morgon fekk me oppleva den siste adventsamlinga ved
Sagvåg skule dette året. Flinke elevar bidrag med mange flotte innslag.
Også lærarane i 3. og 4.klasse hadde sceneshow denne
gongen..... Tekst & foto: Lars Bakka
Juleverkstad Torsdag 15.desember 2011
Torsdag var det juleverkstad for alle elevane på skulen. Tusen takk til
foreldra som hjelpte til. Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen Julebakst Tysdag 13.desember 2011
Det er ingen tvil om at gutane og jentene i 4.klasse er
nokre flinke bakarar. I dag laga dei peparkaker og kakene vart både flotte
og gode Tekst & foto: Anne Brit Holm & Toril Sandvik Bruke
Tradisjonell Luciafeiring !
Stor stas når
fint pynta 1 klassingar gjekk på besøk til alle og song Lucia-songen og
serverte pepperkaker. Ikkje mindre stas då dei fekk vera med verdas beste
fadrar og eta graut :) Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen
Tysdag 13.desember 2011 Elevane i 2. og 7. klasse hadde bakedag på måndag. Dei laga mange peparnøtter, dei var kjempegode! Nokre smakte nok litt på deigen og .. I dag, tysdag, var 7. klasse på grautfest hjå 2. Det smakte med graut. Nokre fekk påfylling for 3. gong, så grauten var god! Nokre heldige fann mandlar. Dei fekk premie, men det rare var at ein mandel var borte. Kan henda nokre var skikkeleg svoltne?? Foto: Jonas, Kari og Brita. Tekst: Kjell Byrknes
Endå ei stemningsfull
adventsamling
Fredagane i desember tek til
med adventsamling på Sagvåg skule. Denne gongen var det elevane i 3.-4.-
og 5.klasse som hadde ansvaret for samlinga. Sagvåg skule har mange flinke
artistar som ikkje er redde for å vise kva dei kan. Det vart
danseframsyning, teaterframsyning, instrumentalkonsert og allsong. Tekst & foto: Lars Bakka
Ballet i går kveld var veldig kjekt:) Det kom rundt 50 stk. Ungane oppførte seg eksemplarisk, så det var ein fryd å arrangere for dei. Marius og Nora i 6 vart kåra til 'ballets gentleman' og 'ballets gledesspreder' :D Mvh Solveig Sleen
Kjekke dager på SFO :-) Fredag 9.desember 2011 Onsdag var me ute og kosa oss i snøen,
Liljan fekk god hjelp av John M å lage kakao og fruktfat. Torsdag kjørte
med inn til peparkakebyen, ei svært kjekk oppleving med flotte ungar.
Nokre elevar fekk og ta buss tilbake, stor stas! I dag blir det tomatsuppe
m/makaroni og egg til mat + litt juleaktivitetar etterpå. Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
Det er
ikkje berre nissen som et graut ute i snøen........... .....det
gjer 3., 4. og 5. klasse også! Fleire av elevane våre åt meir graut enn
vanleg fordi dei leita i porsjonane sine etter dei seks mandlane me hadde
hatt oppi grytene. Då grautgrytene var nesten tomme, var alle seks
mandlane funne, og fem elevar og ein vaksen vart lukkelege eigarar av kvar
sin "mandelpremie". I tillegg til å eta graut, brente me bål og leika i
snøen. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
Baking i 5. klasse Etter at me hadde ete
graut saman med 3. og 4.klasse, baka 5.klasse peparkaker. Ein kjekk
førjulsdag, der elevane og fekk leika i snøen. Tekst: Annbjørg Luggenes Foto: Elisabeth Magnussen
Møte i Elevrådet på måndag I dag har det vore møte i elevrådet. Du finn referatet frå møtet her>> Tekst & foto: Kjell Byrknes
På tur med SFO!
Fredag gjekk me ut mot Bjønvik og plukka kongler. Me tente
bål og kosa oss. Like etter at bileta vart tekne skar ein av elevane seg i
fingeren med kniv. Etter ein tur til Fylkessjukehuset vart fingeren fiksa
utan at eleven måtte sy. Foto: SFO Tekst: Liljan Vestbøstad Waage
Den andre adventsamlinga
Stemningsfull start på også denne førjulsfredagen i desember. Det var
elevane i 1.- og 6.klasse som hadde ansvaret for adventsamlinga.
PS! Tekst: Lars Bakka
I
adventskalenderen til 3. klasse finn me ein ny aktivitet kvar dag. I dag
stod det at me skulle laga lenker av glanspapir. Iveren var stor og då
elevane fann ut at lenkene kunne lenkast saman, vart dei ei stor lenke til
slutt. Heile 24 meter faktisk! Elevane lurte på om me kom til å komma i
Guinness rekordbok, men då må me nok lenka på litt meir først... Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg
Meir om samlinga i dag Fredag 2.desember 2011 1. og 6.klasse hadde
ansvar for adventsamlinga i dag. Det var god stemning med flinke elevar
som viste fram mange sider av seg sjølv. Me fekk oppleva diktlesing, dans,
gitarspel, drama og song. Etterpå fekk alle forsyna seg med godsaker som
var att etter den opne dagen
Tekst: Gro A Halvorsen
Vil
legga ned Litlabø skule
I kveld vedtok kommunestyret nedlegging av Litlabø skule. I løpet av
ettermiddagen og kvelden har eg motteke mail frå fleire fortvila foreldre
som no vil søkje om å få borna sine over til Sagvåg skule. Tekst: Lars Bakka
Circo
Herencia i Kulturhuset! I dag var
4. - 7. klasse invitert på forestillinga Circo Herencia. Det var ei
musikalsk framsyning med vekt på fysisk komedie, sjonglering og
balansekunst. Litt humor var det òg. Terninkast:
Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
Symmetri i mattematikken
Denne veka
arbeidar me med symmetri i 3. klasse. Me har laga symmetriske
snøkrystallar som me pynta med i vindauga. Tekst & foto: Jennny Sætre Skjønberg
Førjulstid i SFO
På sfo har me starta med juleaktivitetar og barna har laga
flotte julekuler :-) Sidan me har hatt fokus på sunn mat i skule og sfo,
har me laga nydeleg fruktsalat også. I går laga me lapskaus, og
smøremåltid med fokus på god tid til å hjelpe kvarandre, sosial
læring og gode bordvanar. Tekst & foto:Liljan Vestbøstad Waage
Første adventsamling
Allereie på søndag er det
første søndag i advent. Me har ein fin tradisjon med adventsamlingar om
fredagane før jul. Her finn du bilete frå samlinga som elevane i 2. og
7.klasse saman hadde ansvaret for.
Tekst & foto: Lars Bakka
Då er lesevekene 2011 i gong. Elevane er
delt i grupper og får arbeide med: drama, leseforståing, film, lage bok,
lydbøker og lese sjølv. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Tusen takk for flott
gåve! Marie kom på skulen i dag med ei flott gåve til skulen. Det er ein hauk som farfar til Marie, Hallvard Myklebust skaut hauken i Volda 1971. Etter det er det mormor Inger Helene Myklebust som har hatt hauken som me no har fått til samlinga vår. TUSEN TAKK!! Tekst & foto: Lars Bakka
Teiknarar
6. klasse var
ute og teikna den raude løa i dag. Me skal lage husmodell, og måtte
studere litt på eit skikkeleg hus.
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Nytt frå elevrådet
Elevrådet hadde i dag oppe mange saker. Mellom anna klarepyramiden. Der er
taua litt slakke, særleg det gule tauet. Tekst & foto: Kjell Byrknes
Danseframsyninga til jentelaget Her er det siste biletet me fekk frå Haugseund. Dette året vart det
ingen pokalar. Jentene kom på sisteplass medan 74 poeng, medan gutane kom
på 13.plass med 94 poeng.
Ein vanleg dag i 1.klasse 1.klasse har fått nytt fotoapparat, så no har me testa
det på ein vanleg torsdag. I første time hadde me RLE og snakka om
Hinduisme og høyrde på forteljinga om Ganesha og den brukte støttanna. Så
var det norsk med gjennomgong av leselekse + bibliotek. Tekst og foto: Gro A Halvorsen
Leselyst og Falturiltu i 2.klasse. Dei siste vekene har 2.klassingane lese mange bøker og skrive bokmeldingar Det er fint å sjå kor ivrige lesarar dei er. Me har og hatt besøk av forfattaren Vegard Markhus i samband med
Falturiltufestivalen. Han las og fortalde frå to kjekke bøker han har
skrive. Elevane var interesserte og følgde godt med. Ei kjekk stund på
musikkrommet. Tekst & foto: Brita Flatøy
Takk til alle som kom!!
I dag har det vore open dag
på Sagvåg skule med innsamlingsaksjon til Redd Barna.
Det kom inn heile 21.503,50 kroner.
Desse pengane er no overført til Redd Barna. Tekst og foto: Lars Bakka
Parkourinstruktør i gymmen
I dag var me så heldige at me fekk med oss
Gareth Whittaker frå London i gymmen. Han er profesjonell
Parkourinstruktør og hadde mykje å læra oss. Det vart ein tøff start på
veka med kjekke gymtimar! Tekst & foto: Lars Bakka På tur med SFO Fredag 4.november 2011 Sfo har vært på tur ved gangstien.Me prøvde ut trebåtane
nedi bekken som me laga på Sfo på torsdagen. Me tok med oss nista på
turen. Me spikka, hoppet tau og kosa oss . Tekst & foto: Ida Christine Jensen
Fredag 4.november 2011 Vekeoppdraget for neste veke er å BlimE! Du kan bestilla
BlimE-band her>> Refleksveka var ein stor suksess med terningkast 5 til
alle klassane og terningkast 6 til 4.klasse!!! GRATULERET!!
Ein
nydeleg haustmorgon Det var ein nydeleg haustmorgon på Sagvåg skule den 3.november. Biletet over vart teke klokka to minutt over halv ni. Tekst & foto: Lars Bakka
Foreldrenettverk i barneskulen Fredag 27.oktober 2011 Årets 1.klasse er med på eit samarbeid som heiter foreldrenettverk i barneskulen. Erfaring få andre kommunar syner at det å starta eit slikt nettverk er eit godt helsefremjande tiltak. Klassen har fått tildelt pengar som skal nyttast til å gjera foreldre og elevar betre kjende. På torsdagskvelden var det sosial samling i Amfiet og gymnastikksalen. Ein nytta høvet til å bestemma tema på neste samling som vert i mars og skal dreia seg om familien. Små og store fekk servert pizza, sjokoladekake, brus og kaffi. Det var god stemning og mange blide elevar og foreldre. Eit godt høve for små og store til å bli godt kjende med kvarandre.Tekst & foto: Gro A Halvorsen
Mouse-mischief i 1.klasse
Turid har hatt bokstavinnlæring med Mouse-mischife i
1.klasse i dag....
Lurer du på kva dette er så bør du sjå denne filmen>> Tekst & foto: Lars Bakka
Onsdag 26.oktober 2011
Dagen for 4. klasse starta på biblioteket på Litlabø, der
Kari Bolette fortalde, med stor innleving, ein historie frå Vietnam.
Deretter var det høve til å låna bøker, noko som passar godt, sidan me er
midt inne i lesevekene. Vidare gjekk turen til banen på Nysæter, der me åt
nista, turna, spelte tennis og fotball. Me har hatt ein fin dag med kjekke
elevar. Helsing: Annette, Ida, Anne Brit og Toril.
Sykkelløype på
skulen? I dag var elevrådrepresentantane frå 5.-7.klasse med rektor på ein runde der me leita etter ein fin plass å laga sykkelløype å skulen vår. Det var ikkje så lett å finna ein god plass. Elevane kjem til å informera på neste elevrådsmøte. Tekst & foto: Lars Bakka
Parkour i gymmen I dag hadde me Parkour i gymmen med 3.- og 5.klasse. Neste måndag er det eevane i 4. og 6.klasse som skal få prøve seg på dette. Snart er me så flinke>>
Tekst & foto: Lars Bakka
Studentar på mellomsteget!
No har me studentar på
mellomsteget. Det er kjekt og spennande både for elevar og tilsettte.
Dette er frå kunst og handverk time i 5. klasse. Elevane har lært om
kampen om Troja og skal laga eit veggmiljø ut i frå denne historia. Tekst & foto: Hildegunn Heimro
Mange nye
kjekke bøker!
Skulebibliotekarane ynskjer deg velkommen tilbake etter haustferien
Tekst & foto: Lars Bakka
|
Juletregang Tysdag 20.desember 2011
Etter at gymsalen var rydda etter frukosten var det tid
for juletregang.
Tekst & foto: Lars Bakka
Konteinar
til alt avfall Oppdatering: All søppel skal i denne konteinaren! Dette vert gjort grunna branntryggleiken. Me treng då strengt tatt ikkje kjeldesortere inne i huset. Kva som no vert praktisk å gjere får me vurdere. Kanskje alt avfall kan kastast i 'skittentøykorgene' med plastsekk i. Eg skal melde frå til SIM når konteinaren er full. Førebels er det ikkje hengelås på han, men det kjem. Teamleiarane administrasjonen og reinhaldarane har nøkkel. Tekst & foto: Lars Bakka
Utegym og
julebakst !
No nærmar det
seg jul og 1 klassingane har mykje kjekt å halda på med
Tekst & foto: Gro Akselsen Halvorsen
Me har framleis vinter, og i dag fekk mellomsteget aka i den fysiske aktivitetsøkta. Elevrådet har etterlyst ulike aktivitetar i desse øktene. Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
Her er den første snømannen på Sagvåg skule denne vinteren. Det var Olve, Daniel og Euel som tok med seg snømannen på omvising på skulen. Snømannen heiter sjølvsagt Kalle. Han bur no utanfor inngangsdøra til 4.klasse. Tekst: Olve, Ruel og Daniel
![]() Endeleg snø! Fredag 2.desember 2011 Snømann nr 2 :-) Foto: Kjell Byrknes Til biblioteket på Litlabø Torsdag 1.desember 2011
6. hadde ei
koseleg stund på biblioteket på Samfunnshuset. Det var spennande å høyre
Kari Bolette lese frå boka: "Du skal vaske do".. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Tekst & foto: Lars Bakka
Vekeoppdrag 28/11-2/12- Tekst & foto: Hildegunn S Heimro
Snart jul!
Juleforberedelsane er starta i 7.klasse. Idag laga alle elevane kvar sitt
pepperkakehjerta som me skal ha til adventskalenderen vår. Håpar dei
smakar godt! Tekst & foto: Kari Myhre
Fokus på s unn matpakke ei veke til ;-)Fredag 18.november 2011
Det var rekordgode resultat i vekeoppdraget med sunn
matpakke! Ale klassane fekk terningkast 5 eller 6 :-) Tekst: Lars Bakka Foto: Hildegunn S Heimro
Flott diplom frå Redd Barna etter gåva dei fekk etter open dag på kr 21.503,50
Rytmeinstrument Elevrådet tok i haust opp ei sak om fleire rytmeinstrument i musikken. No har Egil fiksa det. Tekst & foto: Lars Bakka
Sidan det var kursdag for lærarane og fri for elevane på fredag, måtte me utsetja fredagssamlinga til i dag - måndag. Vekeoppdraget har handla om å bestilla BlimE-armband. BlimE står for: Bli med - ver ein venn! Mange av elevane har dette armbandet frå før og stort sett alle dei andre har bestilt, det vanka difor mange 6-arar på terningane i amfiet i dag:-) Når elevane har motteke armbanda skal me ha ei BlimE-veke på skulen. Vekeoppdgaget som gjeld for denne veka handlar om Sunn matpakke. Me fokuserer på kva mat som er lurt å ha med som nistemat og kva mat som ikkje er så lurt å ha med. For å ha god konsentrasjon og vera opplagt treng ein sunn og god mat! Svaret på om kva elevane tenkjer om dette får me på fredagssamlinga på fredag! Tekst: Hildegunn Heimro Foto: Åshild Giving Thoralf redda oss! Laurdag 12.november 2011 Thoralf Thorbjørnsen kom opp til Håvåsen skole og redda dagen for begge laga våre. No er maskinane klare til bruk!
Teknisk krise
i Haugesund! I dag kan du følge turneringa i Firet Lego League på nettsida vår. Nett no er det krisestemning i Haugesund!........ Til slutt kjem resultata her>> Foto: Kristine Vikanes
Kursdag Fredagdag 11.november 2011 Fredag 11.november var alle dei tilsette ved Sagvåg skule Smartboardkurs. Me fekk eit flott kurs med mange gode tips om bruk av dei digitale tavlene. Test: Lars Bakka
I dag har Leonardo montert fleire nye 'traktordekk' på framhjula til trøbilane til småskulen. Det er eit vanskeleg og tungt arbeid, men Leonardo får det til! Tekst og foto: Lars Bakka
Resultatet av arbeidet studentane har halde på med i K&H! Onsdag 9.november 2011 Studentane har jobba med å laga eit veggmiljø der dei skulle gjenskapa historia om Troja. Dei har nytta ulike material og resultatet vart flotte plakatar. Me har kreative og flinke elevar som var ivrige i arbeidet. Dei synes dette var veldig kjekt!! Då dei var ferdig presenterte dei arbeidet sitt for klassen der dei fortalde kva dei hadde laga, litt om materialbruk og om samarbeid. Plakatane heng utstilt i klasserommet til 5. klasse.
Takk for nå til
studentane! Velkommen attende etter jul:-) Tekst og foto: Hildegunn S Heimro
Parkour i friminuttet Tysdag 8.november 2011
Inspirert av
Gareth Whittaker, som hadde gymtimar på måndag, var det mange elevar som
fann nye fysiske utfordringar i friminutta på tysdag! Det er flott! Pass
på at de ikkje klatrar så høgt at de ikkje vågar å hoppe ned att....
fallteknikk lærte me av Gereth :-) Tekst: Lars Bakka Foto: Lene Tislevoll Almås
Verdsdelane Torsdag 3.november 2011
Studentane i 7. klasse har mellom anna
undervist om verdsdelane i dei tre vekene dei har vore her. Elevane har
jobba i grupper. Tekst & foto: Kari Myre & Kjell Byrknes
Magnus og Raphael var kurshaldarar Fredag 27.oktober 2011 Magnus og Raphel i 7.klasse var med rektor og hadde innlegg på ein reinhaldskonferanse på Vikaugane i dag. Temaet var korleis me ved Sagvåg skule klarer å gjere arbeidet for reinhaldarane lettare. Elevar og tilsette ved Sagvåg skule får skryt fordi me er så flinke til å halde skulen ryddig og fin. Då kan reinhaldarane konsentrera seg om reinhaldet og slepp å bruke tid på rydding. Tekst & foto: Lars Bakka Fredagssamling! Fredag 27.oktober 2011 Denne veka hadde me òg terningkast på inne-og utestemme. Alle klassane
bestod og har tenkt gjennom at det er viktig å kva stemme me nyttar ute og
og korleis me snakkar inne. Takk til korpsmusikantane for musikalsk innslag Tekst & Foto: Hildegunn Sæbø Heimro 1.klasse 27.oktober 1995 6 år sidan i dag Torsdag 27.oktober 2011
I dag er det nøyaktig 6 år sidan me laga ein film frå den
siste hausten ved gamle Sagvåg skule. Me filma då ein heilt vanleg
skuledag frå morgon kl 07.00 til SFO slutta kl 16.00. No er dette lenge
sidan og for første gong finn du no heile filmen på nettsida vår. Tekst & foto: Lars Bakka
Bukkene Bruse I 6. klasse arbeider elevane med munnleg bruk av språket. I dag hadde me flotte framsyningar av Raudhette og Bukkene bruse. Flinke elevar.
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Til biblioteket Torsdag 27.oktober 2011 Onsdag var 2.klasse på biblioteket på Litlabø for første gong. Kari Bolette Lundal fortalde eventyr. Etterpå fekk elevane låna bøker. Det er veldig mange kjekke barnebøker der. Sidan veret var så fint, gjekk me på Nysæterbanen og leikte etterpå. Der kom 1.klasse og var saman med oss.
Tekst & foto: Brita Flatøy
Luftig tur til Dalskarsvatnet! Onsdag 26.oktober 2011
Det blåste "nordavind frå
alle kantar" i dag, noko som gjorde at båla brant godt. Elevane frå Sagvåg
og Litlabø steikte pinnabrød og pølser, sjølv om røyken for alle slags
vegar. I bekken fann elevane aurar som det ikkje var liv i. Dei hadde nok
gytt i den vesle bekken, og var tome for krefter. Elevane hadde masse
krefter etter maten og la i veg heimover. Nokre bada nesten i elva på
heimvegen.. Ein kjekk tur for elevane, lærarane, assistentane og studentane. Tekst & foto: Kjell Byrknes
Innskrivingsmøte I kveld var det innskrivingsmøte på Litlabø skule for foreldre med born som tek til i 1.klasse hausten 2011. Dette var eit fellesmøte for skulane Tjødnalio, Sagvåg og Litlabø. Det var godt frammøte. Førebels ser det ut til å bli omlag 22 elevar i 1.klasse ved Sagvåg skule hausten 2012. Tekst & foto: Lars Bakka
Stasjonar i SFO Fredag 21.oktober 2011
I dag hadde me forskjellige
stasjonar på sfo. Stasjonane besto av: Laga
haust bilete, leik med Delta sand,
lafte hus og aktivitetar gymsal Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
Fredagsamling
I dag starta
fredagssamlinga med pianomusikk. Takk til Eline som er ein flink pianist!
Tema for veka har vore å fokusera på kva stemme kan nytta ute og kva stemme som passar inne. Dei fleste av elevane er flinke til å tenkja på dette, men det er òg lett å gløyma seg, så dette vil me jobba med ei veke til! Tekst & foto: Hildegunn Heimro
Refleksdag 2011 På Refleksdagen 2011 fekk alle elevane utdelt gymbag med refleks og refleksmerke. Dei som treng det kan også få refleksvest. Ta kontakt med kontatlæraren om de ynskjer ein ny vest! Tekest: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes & Leonardo Leselystaksjonen i gang! Tysdag 18.oktober 2011
I dag starta leselystaksjonen i småskulen.
Me hadde besøk av Kristine Thorkildsen frå biblioteket, som leste frå og
fortalde oss om mange ulike bøker. Dei neste tre vekene skal me ha mange
aktivitetar med litteratur i fokus. Nokre gonger skal me skal jobba i
grupper, og me skal lesa mykje. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
![]()
SFO tek også haustferie Kvar torsdag lager me til mat på sfo, ungane får hjelpe til og det er
stor stas. Potetmos og kjøttboller på menyen denne veka. I dag blir det filmkos og fruktsalat før Me tek haustferie. Ønsker alle ein fin
haustferie, helsing oss på sfo. Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
Haustsamling i småskulen
I dag var det song, spel og
diktlesing i Amfiet. Mange flinke elevar frå 1. til 4. klasse opptredde
med sjarmerande og flotte innslag, der temaet "Haust" stod i fokus. Tekst & foto: Toril S Bruket Mat og helse Onsdag 5.oktober 2011
I dag stod det
pølser og potetstappe på menyen. Elevane var ivrige og flinke. Maten
smakte deilig. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
Hausttur på Sfo
Fredag nytta me oss av det nydelege været og gjekk på tur.
Me hadde med oss stormkjøkken og kokte nudlar, det falt godt i smak. Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage Fantastisk rikskonsert! Onsdag 28.september 2011
I dag har småskulen vore på ein fantastisk
konsert i amfiet. "Lektor Bjerkes orkester" spelte og song kjekke songar
på både vanlege og uvanlege instrument ...:) Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage
5. 6. og 7. klasse har kost seg med felles matpause. Ein gong i veka får elevane lov til å eta på Vikanes. Tekst & foto: Åshild Giving
Ein
liten luftepause og så målprøven 3. klasse
måtte lufta seg litt før målprøven i dag, slik at då me kom inn att var
det full konsentrasjon :-) Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg
Reint og fint rundt
skulen :-) Kvar veke er det ein klasse som tek ansvaret for å rydde rundt skulen. I dag var det flinke elevar i 1.klasse som tok runden utstyrt med plasthanskar og søppelposar. Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg
Song og dans
Gode rytmar og
fin musikk i amfiet då 6. klasse og 1. klasse spelte, dansa og song samba
saman.
Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
I dag var siste dagen til lærlingen vår Kristine. Me på sfo
har hatt avslutning med kake og det var mange gode ord Kristine fekk frå
borna. Bl.a. Hjelpsam, flink, kjekk og snill. Me kjem alle til å savne
henne! Me ynskjer henne lykke til vidare :-) Tekst & foto: Liljan Vestbøsta Waage
Saman er me supersterke Tekst og foto: Lars Bakka
I dag har 1. og 2.klasse hatt leikegrupper. Dette er ein fin måte å bli kjende med kvarandre på. Her er nokre bilete frå leikestunda. Tekst & foto: Brita Flatøy
Ei
koseleg stund 3.klasse hadde ei fin stund med Kunst & handverk i dag. Elevane fekk utfolda seg med plastelina eller perler, og det vart laga mykje kreativt og artigt. Engasjementet var stort, og lydnivået lavt. Kjekke elevar som samarbeidde og var veldig flinke å hjelpa kvarandre. Til og med ryddinga gjekk som ein leik :-) Tekst og foto: Egil Petterteig
På
jobb for Sagvåg skule Mange elevar er med på å gjera Sagvåg skule til eit kjekkare skule for store og små. Heile denne gjengen er dette skuleåret tilsett som trivselsleiarar, vaktmeistarar og kantinetilsette. I tillegg er det også elevar som har ansvaret for drifta i skulebiblioteket. Tekst & foto: Lars Bakka
Les for meg! I dag har
2. klasse vore saman med 7.klasse. Det var kjekt å møta fadrane att.
Fadrane las bøker for andreklassingane, og elevane i 2.klasse er blitt så
flinke at dei las kvar si lita bok til fadrane sine. Etter lesestunda vart
det tid til å leika saman. Til slutt koste alla seg og åt nista i lag.
2.klasse er heldige som har så flinke fadrar. Tekst & foto: Brita Flatøy
Onsdag fram til matpausen var rektor med og filma og
fotograferte i 1.klasse. Elevane arbeidde på stasjonar. Bileta og filmen
vert brukt intern i arbeidet vårt med vurderinga av undervisninga. Bileta
som vart tekne finn du på nettsida til 1.klasse. Filmen vil elevane få sjå
seinare Tekst & foto: Lars Bakka
Frø i farten. I naturfag lærer 4.klasse om kva eit frø er, korleis
frøa flytter på seg og kva som skjer med plantene på ulike tider av året.
Denne veka har me leita etter frø ute på skuleområdet og me fann mykje. Me
studerte frøa etterpå og alle var ivrige og gjorde ein god innsats!
Tekst: Anne Brit Holm Foto: Toril S. Bruket
Fisketur Fredag 2.september 2011 Me har vore på isketur på Storavatnet. Det blei ikkje fangst. Det var likevel ein fin tur. Tekst: Lenardo Bilete: Kjell Byrknes
Koseleg
på skulebiblioteket Elevane i 3. klasse likar seg på skulebiblioteket og synst det var godt å slappa av med ei bok på slutten av dagen i dag. Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Lars Bakka
Nye
kokkar på kjøkenet :-) Det var ein ivrig og flink gjeng som laga fruktsalat på i dag.
Naturfag
i 1.klasse 1 klasse har hatt sin første naturfagtime. Då var me ute og såg etter småkryp i naturen. Me fann mest maur ,men det var biller, edderkopp og humle og. Det var mange ivrige forskarspirer som fann mykje spanande ein kunne sjå nærare på.
Tekst & foto: Gro A Halvorsen
Sopp er topp:-) I kjempefint vèr hadde mellomsteget i dag sin årlege sopptur til Nesskogen. Me såg etter sopp, leika og drøsa. Etterpå laga me suppe og køen for å smaka var lang. Sjå bileta om du lurar på om det vart soppsuppe med eller utan sjølvplukka sopp ;-)
Foto: Åshild Giving og Hildegunn Heimro
Kjekt å møtast igjen! Mange gode vener møttest igjen etter ein lang sommar i matfriminuttet i dag.
Kven var guten? Rektor las boka 'Garmanns sommer' ved skulestart. Det vart vist to bokomslag. Garmann er guten på biletet til venstre, men kven var guten på biletet til høgra? Tekst: Lars Bakka
|
Siste fredagssamling før haustferien Fredag 7.oktober 2011
I dag var det samling i amfiet
og resultat frå vekeoppdraget 'På rett stad til rett tid' vart
offentleggjort. Klassane hadde
gjort ein flott jobb med oppdraget. Frå sommarferien fram til haustferien har alle
klassane fokusert på nye vekeoppdrag. Som takk for innsatsen
fekk alle elevane pølse i brød den siste dagen før haustferien.
Nytt oppdrag kjem måndag etter haustferien.
Tekst & foto: Lars Bakka
Møte i
FAU, SMU og SU
Onsdag kveld
var det møte i FAU, Skulemiljøutvalet (SMU) og Samarbeids-utvalet (SU) Tekst & foto: Lars Bakka
Foreldrekveld med First Lego League(FLL) Tysdag 4.oktober 2011
Måndag kveld
var det foreldremøte for FLL. No er alt utstyret klart og oppdraget er
lansert. Laurdag 12.november er det store konkurransedagen i Haugesund.
Før det skal mykje arbeid gjerast! Tekst & foto: Lars Bakka
Naturen gjev oss mykje fint! Måndag 3.oktober 2011
5. klasse leita på
fredag etter naturmateriale som kan brukast til å laga noko av. Elevane
lærte om å vera på utkikk og sjå nytte i ulike materiale og kva t.d mose
og blad kan nyttast til. Me såg på haustfargane og laga "bladuro" og
"moseballar". Tekst & foto Hildegunn Heimro
Rett stad til rett tid
Neste vekeoppdrag heiter 'Rett stad til rett
tid'. Då handlar det om å vera presis og klar til undervisning for elevar
og dei vaksne. Den siste veka før haustferien set då fokus på å komma i
rett tid til skulen, inn frå friminutt til rett tid og om å ta del i
undervisninga og dei ulike aktivitetane på skulen på ein god måte. Tekst: Lars Bakka Foto: Hildegunn Heimro
Forskingstorg Fredag 30.september 2011
Onsdag 28. september
fekk 6. klasse vera med på forskingstorg på HSH saman med fleire hundre
sjetteklassingar. Dagen starta med eit innslag frå Vilvite-senteret.
Etterpå fekk elevane vera med på ulike aktivitetar. Ein kjekk dag! Tekst: Aasne H Vikanes Eplekake Tysdag 27.september 2011
6. kl. og
1.kl. arbeida saman heile dagen. Me hadde 4 stasjonar som alle var på
etter tur. Me laga eplekake, spelte spel, leika og var på norskstasjon. Tekst & bilete: Anne Elisabeth Trevland
Lunsj i
'palmehagen'. 4.klasse hadde denne måndagen gym rett før matpausen. Då er det mat rundt småborda ved inngangspartiet etterpå. Elevane kosar seg og tek seg god tid med maten, og det er flott! Tekst & foto: Lars Bakka
Ein vanleg måndag Annakvar
måndag jobbar 4. klasse på stasjonar. Me jobbar med engelsk, matematikk og
norsk på ulike måtar. Me har også ein leikestasjon, der bygging står i
fokus. Elevane er svært aktive og flinke "jobbarar". Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
Ein kjekk dag på Nysæterbanen Fredag 9.september 2011 Vèret kom
som bestilt og me kunne i dag endeleg gjennomføre aktivitetsdag på
Solidbanen. Heile skulen deltok og innsatsen og leiken stod i stil med vèret - altså flott! Foto: Mange av lærarane Tekst Hildegunn Heimro
Siste nytt frå Elevrådet Her finn du referatet frå det siste møtet i elevrådet>> Tekst: Lars Bakka/Kjell Byrknes Foto: Kjell Byrknes
På tur i vårt eige uteområde :-) Onsdag 14.september 2011
Me har eit
flott område rundt skulen vår. I dag har 1. og 2.klasse vore på
skuleplassen og i skogen rundt skulen i staden for å gå på tur.
Vekeoppdraget frå rektor er at alle må vita kor skulegrensene er og halda
seg innafor dei. Derfor gjekk me tur rundt skulen for å syna kvar me har
lov til å gå. Etterpå kokte me nudlar på gruva ved handballbanen og leika.
Ingen tvil om at det var vellukka. Tekst og foto: Gro A Halvorsen & Brita Flatøy
Brannøving Tysdag var det brannøving på Sagvåg skule. Alle elevane var med på denne øvinga som var varsla. Seinare i år kjem det ei øving som elevane ikkje vil få vite om på førehand. Tekst og foto: Lars Bakka Fredagssamling på skulen! Fredag 9.september 2011 I dag hadde me igjen fredagssamling for heile skulen. Samlinga starta med eit musikalsk innslag. I dag var det fine tonar på fiolin. Deretter fekk alle klassane vita kor godt dei har jobba med vekeoppdraget "Me er snille med kvarandre og alle får vera med å leika og me snakkar fint til kvarandre". Dette vil heile tida vera i fokus i tillegg til eit nytt vekeoppdrag: Me held oss på skuleområdet i skuletida. Turar, ekskursjonar ol. er unnateke. Alle klassane må ta med kart og gå ein runde rundt skuleområdet slik at alle veit kvar det er lov å opphalda seg. Takk til fiolinisten vår :-) Kjekt at enkeltelevar torer å stilla opp! Har du lyst? Tekst og foto: Hildegunn Heimro
Sprøyte i
6.klasse I dag
vart 6. klasse vaksinert. Dei brukte ventetida til litt huslege sysler. Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland
First
lego league 2011 No er laga til First Lego League (FLL) 2011 tekne ut. Det er to lag frå Sagvåg skule som skal til Haugesund i haust. Konkurransen startar laurdag 17.september og turneringa er i Haugesund laurdag 12.november. Les meir her>> Tekst & foto: Lars Bakka
Zumba I ettermiddag var det bandøving på Sagvåg skule. Her er gitaristar og fiolinistar. Øving på piano og trommer var i musikkrommet. Tekst & foto: Lars Bakka
Zumba
Flott Zumba time
for 7.klassen i dag og. Alle er kjempe flinke og me har da veldig gøy :)
Tekst & foto: Kristine Wiersen
SFO
på tur Fredag var SFO på tur
til gangstien. Me tente bål og grilla marshmallows etter at me hadde ete
nista vår. Me kosa oss, leika i skogen og spikka pinnar. Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage
BlimE! - ver ein venn! Desse BlimE-armbanda er gratis og kan bestillast på NRK Super sine nettsider. Tekst & foto: Hildegunn Heimro Fredagssamling om mobbing Fredag 2.september 2011
Kvar fredag
har heile skulen ei samling frå kl. 10.30 - 10.45 Samlingane har starta me eit musikalsk innslag og denne gongen var det trommesolo. Takk for spoty innsats! Meir info om kampanjen mot digital mobbing>> Tekst & foto: Hildegunn Heimro Rundkøyringa som stod omtalt i Sunnhordland på torsdag har Elevrådet allereie laga teikning av ;-) ![]() Sunnhordland 1.september 2011
Lesekvarten i 2.klasse 4 dagar i veka har 2.klasse ei lesestund når me kjem inn etter det store friminuttet. Elevane har vore flinke til å sitja heilt stille og lesa. Det ser ut som om dei fleste kosar seg. Tekst & foto: Brita Flatøy
Sandslott i SFO |