HAUSTEN 2010                                        Arkivet>>

Tid for juleferie!

Kanskje kan det vere kjekt å sjå tilbake på alt elevane har fått vore med på hausten 2010 ved Sagvåg skule, her finn du julesider frå både gamle og nye  Sagvåg skule

Første skuledag på nyåret er måndag 3.januar, og då er me i full gang med m.a. symjeopplæring få første dag. (Her er oversikta over timane våren 2011)

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Nissemarsj
Publisert: Tysdag 21.desember 2010 kl 10.40

Nissemarsjen er blitt ein fin førjulstradisjon ved Sagvåg skule. Då har alle med lykter og elevrådet har faklar. I år ver det flott julestemning tysdag morgon med nysnø og nydelegjule ver.
Fleire bilete

Tekst: Lars Bakka Foto: Aasne H Vikanes

 


Juletregang
Publisert: Tysdag 21.desember 2010 kl 10.40

Å gå rundt juletreet med 154 elevar kan vera vanskeleg. Det var kjekt å vera med på samlinga i gymsalen der alle elevane var med på å gjere denne førjulsaktiviteten til ei god oppleving for alle.
Fleire bilete

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Frukost med 154 gjester :-)
Publisert: Måndag 20.desember 2010 kl 12.30

Det er fantastisk kjekt å kunna spandera julebord i form av ein frukost til alle elevane ved Sagvåg skule. Måndag morgon starta dagen med rundstykke, pålegg og varm kakao til alle. Lærarane hadde vore tidleg oppe og gjort alt klart til elevane. Takk til dei store elevane som var med på å ordne til og rydde i gymsalen!
Fleire bilete

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Siste adventsamling
Publisert: Fredag 17.desember 2010 kl 15.00

I dag tidleg hadde me den siste adventsamlinga før jul. Det var som vanleg ein stemningsfull start på skuledagen med adventlys og julesongar.
På måndag er det tradisjonell julefrukost for alle elevane, og tysdag er siste skuledag før juleferien.

Fleire bilete

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Juleverkstad
Publisert: Torsdag 16.desember 2010 kl 17.45

I dag var det juleverkstad for alle elevane på skulen. Det var stor aktivitet i mange grupper. Ei spesiell takk til foreldra som var med og hjelp til!
Fleire bilete

Tekst: Lars Bakka  Foto: Mange av lærarane

 


Utedag i vinterver
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 20.45

Onsdag 15. desember hadde 5. - 7. klasse uteaktivitetar siste del av dagen. Elevane vart delte i lag på tvers av klassane og me hadde 50-leiken. Etterpå smaka det godt med varm saft og spidda pølser.
5.kl  6.kl 7.kl

Tekst: Aasne H Vikanes  Foto: Kjell Byrkenes

 


Bålkos
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 20.45

Lærarane på småskulen overraska elevane med bål og varm solbærsaft i dag tidleg. Me hadde ei koseleg stund med julesong og leik i skogen.
1.kl2.kl 3.kl4.kl

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


Musikarar i 2.klasse

Publisert: Torsdag 9.desember 2010 kl 12.30

I adventskalenderen til 2.klasse stod det i dag at me skulle på musikkrommet, og alle skulle få spela instrument. Dermed var det berre å setja i gang for full musikk. Songen var Bjelleklang, og alle elevane klarte instrumentoppgåvene sine med glans, så det vart retteleg flott :-)
2.kl

Tekst & foto: Egil Petterteig 


Siste dag med gjengen!
Publisert: Tysdag
7.desember 2010 kl 12.10

Sjå heile biletet

I dag var det siste arbeidsdagen for Laila Magnussen. Laila har vore tilsett ved Sagvåg skule sidan 1992 og sidan 1994 vore leiar i SFO ved skulen vår.
I resten av desember skal Laila ha ferie før ho vert pensjonist ved årsskiftet. Liljan Vestbøstad Waage overtek som leiar i SFO.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


1.klasse 2010/11

Publisert: Tysdag 7.desember 2010 kl 08.00

Då me inviterte til foreldremøte for dei som skal skriva inn elevar ved Tjødnalio- , Litlabø-, og Sagvåg skule i haust viste det seg at heile 6 foreldrepar som geografisk bur slik at dei har Litlabø skule som nærskulen kom til Sagvåg skule. Det vart difor berre 5 elevar innskrivne til Litlabø skule og heile 27 elevar ved Sagvåg skule.

I løpet av denne veka vil alle familiane som skreiv elevar inn i 1.klasse 2011/12 få brev frå meg med spørsmål  om dei ynskjer å revurdere skulevalet no når Litlabø skule ikkje står i fare for å bli nedlagt frå hausten av.  Både for 1.klasse ved Sagvåg skule og Litlabø skule ville det vore betre om det vart ei noko gjevare fordeling i elevtalet mellom dei to klassane.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Jul på museet
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 20.45

2. klasse har vore på museet og lært om korleis dei feira jul i gamledagar. Johanne Øvstebø Tvedten fortalde litt, og så fekk me vera tauser og drengar som vaska golv, hogde ved, bar vatn, baka og vaska klede. Etterpå laga me honninglys, leika at me fiska juletorsken, vaska oss i trestamp og gav graut til fjøsnissen. Til slutt vart me samla i Futastovo, der me fekk høyra korleis dei hadde det på julekvelden. Me hadde ein kjekk og lærerik dag.
2.kl

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

  


Peparkaker i 3.klasse
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 11.00

I dag var 3.klasse på kjøkenet og baka peparkaker. Alle koste seg og syns kakene vart veldig gode:)
3.kl

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 


Queensway i 3.klasse
Publisert: Onsdag 15.desember 2010 kl 11.00

I 3.klasse har me steg for steg kvar veke. Me har blant anna teke for oss korleis ein skal vera mot andre, og korleis eit godt klassemiljø skal vera. Dette er noko me jobbar ein del med i 3.klasse. I den forbindelse inviterte me rektor på besøk. Han tok med seg Queensway og kom på besøk. Elevane syns dette var stas og alle som ville fekk klem:) 

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 


Luciatog
Publisert: Tysdag 14.desember 2010 kl 11.00

På Sagvåg skule er det tradisjon at 1.klasse går i tog rundt til dei andre klassane på skulen og syng Luciasongen for dei.  1.klassingane gjekk så fint og stilt rundt på skulen og song, og i alle klassane me kom sat elevane heilt stille medan me song og delte ut pepparkaker.
1.kl

Tekst & foto: Brita Flatøy

 


Synfaring
Publisert: Tysdag 14.desember 2010 kl 09.00

I dag var FAU v/ Anne Britt Dahle og Harald Oddvar Sæbø frå det kommunale foretaket (KF) på synfaring i samband med trafikksituasjonen rundt Sagvåg skule.
Ufordringa er m.a. at den store trafikken om morgonen med elevar som vert køyrde til skulen kan føre til farlege situasjonar når 160 elevar kjem til skulen omtrent samstundes.

Referat frå FAU om saka:
Referat 29/9-10 i pdf-format

Tekst & fort: Lars Bakka

 


Julekos i 4. og 5. klasse
Publisert: Fredag 10.desember 2010 kl 12.40

I dag har 4. og 5. klasse hatt litt juleaktivitetar saman. Me har laga fine epler i filt og julekort med glitter og stas. I pausen vår åt me julegraut og til slutt var det nokon som fann mandelen... :)
4.kl

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 


Adventsamling
med tre lys
Publisert: Fredag 10.desember 2010 kl 12.00

I dag var det elevane i 1. og 6.klasse som som hadde ansvaret for adventsamlinga. Det vart ei fin samling med julestemning både inne og ute!
Meir julestemning her

Tekst & foto: Lars Bakka 


Julebakst  i 4.klasse.

Publisert: Fredag 10.desember 2010 kl 12.00

På torsdag var det bakedag i 4.klasse. Elevane var nokre gode bakarar og dei kjevla flittig. Resultatet vart knallgode peparkaker!
4.kl

Tekst: Anne Brit Holm 


Julekos på SFO
Publisert: Fredag 10.desember 2010 kl 12.00

I dag har me hatt juleverkstad på Sfo, der ungane fekk laga bl.a julekort, snøkrystaller, julelenker...
Me høyrte på julemusikk, spiste litt frukt og kosa oss :)
Fleire bilete

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage


Julekos!
Publisert: Torsdag 9.desember 2010 kl 12.30

Sjette og førsteklasse har hatt det veldig kjekt i dag. Dei  laga  først ting av perler. Dei har og laga korger og lenker. Graut og saft smakte godt etter den første arbeidsøkta. Det var  til og med to mandlar i grauten! Dei  heldige vinnarane fekk ein sjokolade kvar.
1.kl 6.kl

Tekst & foto: Kjell Byrknes

 


Bake- og graut dag i 2.klasse

Publisert: Torsdag 9.desember 2010 kl 12.30

I dag har 2.klasse baka peparkaker, og etterpå kom fadrane våre og åt graut med oss. Både grauten og peparkakene var gode, og fadrane er jammen gode dei og :-)Etter pause var det slutt på moroa, for då var det matteprøve og norskarbeid ;-)
2.kl

Tekst & foto: Egil Petterteig

 


Onsdagstur for 1. og 2.klasse.

Publisert: Torsdag 9.desember 2010 kl 12.30

I dag var det så fint rundt skulen vår, at me leika her i staden for å gå på tur. Mange av elevane akte, nokre leika seg og prøvde å laga snømann, andre brukte bilane i snøen. Dei aller ivrigaste hjelpte Egil med å saga ved som med skal bruka når me skal brenna bål til neste år.
1.kl2.kl

Tekst & foto: Brita Flatøy

 


Velkommen til Badeland!
Publisert: Måndag 6.desember 2010 kl 13.50

Det er tradisjon at den siste symjetimen før jul og sommarferien er 'Badeland'. Då har me ute matter og alt det andre kjekke som me ikkje bruker til vanleg i symjeopplæringa. Her er det 3.klasse som nyt livet!

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Julestemning i førjulstid
Publisert: Fredag 3.desember 2010 kl 16.40

Også denne fredagen starta dagen med adventsamling i amfiet. Denne gongen var det elevane i 2.- og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga.
Meir julestemning her  Filmsnutt

Tekst: Lars Bakka  Foto: Turid Gjellestad / Lars Bakka

 


Woezel frå Belgia

Publisert: Fredag 3.desember 2010 kl 16.40

Me har fått besøk av Woezel, ein kjekk blå hund frå Antwerpen, som reiser litt rundt i samband med Comenius prosjektet. Han har vore litt saman med 2. klasse og no gler han seg til å helsa på dei andre klassane òg :-) Woezel skal vera på Sagvåg skule fram til februar, då han skal reisa vidare til Dublin.
2.kl

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


Massasje i skuletida :-)
Publisert: Torsdag 2.desember 2010 kl 15.00

Alle elevene ved skulen har vore med på å bera stein til steinlegging rundt sandkassen. Som takk for hjelpa får alle elevane i løpet av desember lov til å prøva massasjestolen om dei vil. Alle elevane i 4.klasse har fått prøve, og no skal stolen til 3.-2. og 1.klasse før dei store elevane får prøva.
 

Tekst & foto: Lars Bakka 


TEAM ATHLETIC GAMES 2010 -
"Friidrett i skulen"

Publisert: Tysdag 30.november 2010 kl 21.00

Tysdag 30.november deltok elevar frå 6. og 7.klasse på Team Athletic Games på Vikahaugane.  Elevane var delt inn i lag, og dei konkurrerte i lengde, tresteg, innkast, kule, frekveshopp, sprintstafett og hinderstafett. Elevane var ivrige og flinke, så det var ein flott dag!
Fleire bilete på sidene til 6.kl og 7.kl  

Tekst & foto: Kari Myhre

 


Den første adventsamlinga
Publisert: Fredag 26.november 2010 kl 10.00

Det var elevane i 3.-4. og 5.klasse som hadde ansvaret for den første adventsamlinga i år. Heile skulen samla seg i amfiet til ei koseleg førjulssamling med underhaldning frå scenen og allsong.
Fleire bilete  Ein liten film

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Filmkos ein kald novemberdag!
Publisert: Fredag 26.november 2010 kl 10.00

Ungane på sfo koste seg me Flåklypa og teikning siste fredagen i november!
 

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen 


Ein sur sokk og snus!
Publisert: Fredag 26.november 2010 kl 10.00

I dag var det 1.klasse sin tur til å plukka søppel rundt skulen. Me fann både ein stivfrosen sokk og nokre snusposar. Me gjorde ein fin jobb og nå er det ingenting søppel og sleng rundt skulen.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Legosamarbeid med elevar frå Halsnøy
Publisert: Torsdag 25.november 2010 kl 15.50

I dag hadde me besøk av ein kjekk gjeng med elevar i 7.klasse frå Halsnøy. Dei fekk møta våre elevar til godt samarbeid om Lego League-prosjektet. Det vart ein kjekk dag med godt samarbeid.
Fleire bilete på legosida

Tekst: Lars Bakka Foto: Legogjengen

 

Konsert
Publisert: Torsdag 25.november 2010 kl 22.20

I dag var siste dagen musikkstudentane våre var her. Det markerte me med huskonsert der elevane i 2,5, og 6.klasse fekk visa litt av det dei har jobba med. Etterpå viste studentane litt av det dei driv med innan sang og musikk på Høgskulen.  Dei kompa oss og på fellessongane. Veldig kjekt med ekte musikk. Takk til studentane for kjekke veker!

Tekst & foto: Egil Petterteig 

Møte i FAU
Publisert: Torsdag 25.november 2010 kl 15.50

Onsdag kveld var det møte i FAU. Referat kjem seinare. Saka om trafikksituasjonen rundt skulen vart eitt av fleire tema>>
Referat frå FAU-møtet 24.november 2010

Tekst & foto: Lars Bakka

Leseveker for mellomsteget
Publisert: Torsdag 25.november 2010 kl 09.00

5.,6. og 7. klasse har hatt leseveker i 2 veker. Me har hatt stasjonar på tvers av klassane, og elevane har lese mykje, dramatisert, lytta på lydbøker, laga eigne bøker og sett filmen "Pitbull Terje". 
5.kl  6.kl 7.kl

Tekst & foto: Kari Myhre

Gips bokaraboo!
Publisert: Tysdag 23.november 2010 kl 13.00

Småskulen hadde flott konsert i dag, med Per Jørgensen, Olav Dale og Helge Lilletvedt. Store og små kosa seg stort, og elevane var flinke til det dei skulle vera med på. Dei hadde teikna, og øvd på ein song og ei regle. Musikarane sa og at dei likte seg godt på skulen vår, for me hadde kjekke og flinke elevar :-)

Tekst & foto: Egil Petterteig 

Til Sunnhordland
Publisert: Onsdag 17.november 2010 kl 15.00

6.klasse har hatt avis som tema i nokre veker, og i tillegg skal dei snart laga si eiga avis. Derfor var det kjekt å få lov til å komma på besøk til Bladet Sunnhordland på Heiane.  Svein Birkeland tok godt i mot oss. Me fekk høyra historia til avisa, og korleis dagens avis var blitt til. Me fekk og ei omvisning på huset, og då fekk me sjå kvar avisa vart trykka.
6.kl

Tekst: Kari Myhre Foto: ?

Heltane!
Publisert: Onsdag 17.november 2010 kl 08.30

Etter at me etterlyste den eine trøbilen vår i samlinga i amfiet i går bestemte Lars Andreas seg for å bruka fritida til å leita etter bilen. Han brukte heile ettermiddagen til å tråla Sagvågen. Til slutt fann han bilen i ei ur nede ved gamleskulen. Bilen er så tung at han måtte ringe til Amalie for å få hjelp med å få han opp .
I dag kunne dei to flinke detektiane innkassere ei fin finnarløn då bilen vart levert tilbake til skulen. TUSEN TAKK!!

Tekst & foto: Lars Bakka

Helsing frå Gerstetten
Publisert: Onsdag 17.november 2010

Lærarane Jenny, Gro og Ann Karin er i desse dagar i Gerstetten sør i Tyskland.
I dag har dei vore på besøk i ein 3.klasse.
Reisa er ein del av 'Families R Us'-prosjektet.

Tekst: Lars Bakka Foto: Gro A Halvorsen 

First Lego League-turnering
Publisert: Laurdag 13.november 2010 kl 11.45

I dag er det First Lego Leage-turnering i Bergen og Sagvåg skule har to lag med. Det vert lag med. Svein-Egil Nordnes Johansen legg ut filmar på Youtube  og Facebook>> (Du må logge på!) utover dagen!

Startside for YouTubeFilm 1>>  Film 2>>    Film 3>>  Film 4>> Film 5>> Film 6 teori Donuts>>
Du kan også følge turneringa i direktesending her>>

Resultata kjem her>>

kl 12.50: 65 poeng i 2 runde, ligger på 12 plass av 30 lag Helsing Svein Egil Johansen
kl 13.45: 105 poeng i siste omgang, 11 plass totalt så langt

Tekst: Lars Bakka Foto:Svein-Egil Nordnes Johansen

  

27125,50 kroner til !
Publisert: Torsdag 11.november 2010 kl 15.10

I dag har det vore open skule ved Sagvåg skule og det vart på samla inn heile 27.125,50 kroner til Redd Barna! Heimane og elevane har vore utruleg flinke til å levere gåver til basaren!!
Her finn du bilete frå den kjekke dagen!

Tekst: Lars Bakka
Foto: Bendik Våge Aasbø, Lars Bakka

 

Slangen i graset 
Publisert: Onsdag 10.november 2010 kl 12.30

I dag fekk me teaterbesøk med studentar frå HSH og elevar frå 4A på Rommetveit skule på scenen. Me fekk også besøk frå småskuleklassar frå Litlabø- og Tjødnalio skule.
 
Fleire bilete frå framsyninga

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Forfattarbesøk i 6.klasse 
Publisert: Tysdag 9.november 2010 kl 12.00

I samband med den  nynorske barnebokfestivalen FALTURILTU ( http://www.falturiltu.no
/navsys/frameset.html ), var me i 6.klasse så heldige at me fekk besøk av forfattar Atle Hansen. Han las frå den siste boka si, "Den svarte oksen", og han song og spelte gitar for oss. Me fekk mange gode skriveråd - og inspirasjon til å skriva forteljingar.  Det var veldig kjekt å få besøk!!

 
6.kl

Tekst og foto: Kari Myhre

 


Raudhette og ulven
Publisert: Tysdag 9.november 2010 kl 12.00

1 klasse fekk komma inn til 4 klasse for å sjå når dei framførte eventyret om Raudhette og ulven. Alle replikkane var på engelsk og stongdokkene hadde dei laga sjølve. Det vart ei flott framføring og publikum oppførte seg eksemplarisk:)

4.kl

Tekst og foto: Gro A Halvorsen

 


Sosial samling
Publisert: Tysdag 9.november 2010 kl 12.00

Tysdag 9.november hadde 3.klasse ansvar for sosial samling i amfiet. Tema var "året rundt". Alle klassane i småskulen bidrog med dikt og songar der me tok for oss årstidene. Det var ei kjekk og innhaldsrik samling.
3.kl

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 


Nam, nam!
Publisert: Fredag 5.november 2010 kl 13.15

Sjette klasse har hatt studentar i tre veker.I denne perioden har elevane mellom anna jobba med ulike land i Europa.Som avslutning blei gruppearbeida vist for andre i klassen, i tillegg fekk elevane laga mat frå nokre av landa. Me sette opp langbord i basen og koste oss med maten. Nokre meinte dei kunne sløyfa middagen i dag...

Takk for no til studentane!

 6.kl

Tekst og foto: Kjell Byrknes

 


Popcorn, film og pepperkaker...
Publisert: Fredag 5.november 2010 kl 13.15

- slik avslutta studentane i 7. klasse praksisperioden sin - til stor glede for elevane:-)Det har vore 3 kjekke og lærerike veker for både elevar og studentar.Takk for no og velkommen attende etter jul!
7.kl

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 


Romarriket

Publisert: Fredag 5.november 2010 kl 13.15

I dei vekene studentane har vore her, har klassen arbeid med Romarriket i samfunnsfag. Teamt blei avslutta med gruppearbeid. i dag hadde gruppene framføring. Det var fem flotte arbeid som vart vist fram.
5.kl

Tekst & foto: Aasne og Annbjørg

 

2. og 7.kl i kunst og handverk
Publisert: Torsdag 4.november 2010 kl 16.00

2. klasse hadde ei kjekk stund saman med fadrane sine i dag. Medan halvparten spela spel i 7. klasse sin base, var resten på K&H og laga fine ting som me skal selja på open dag. Elevane er flinke til å hjelpa kvarandre og det er tydeleg at dei set pris på å få vera saman. Me gler oss til neste gong :-) 

Fleire bilete på sida til 2.kl og 7.kl

Tekst og foto: Jenny Skjønberg

 


(Arkivfoto)

Nytt referat frå elevråd
Publisert: Fredag 3.noveber 2010 kl 11:55

Her finn du nytt referat frå Elevrådet

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Hemmelig lager ;-)
Publisert: Fredag 29.oktober 2010 kl 10:50

No har Trivselsleiarane teke vinterferie heilt fram til mars/april. Alt det flotte utstyret står  no på hemmeleg lager i kjellaren og berre ventar på at det skal verta vår igjen.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

God reklame for Sagvåg skule
Publisert: Fredag 29.oktober 2010 kl 10:10

I den siste utgåva av 'Skolemagasinet' var det eit innstikk med reklame for Sagvåg skule og Microsoft. Det er prosjektsamarbeidet om Mouse Mischief som er bakgrunnen for oppslaget.

Tekst: Lars Bakka

 

Siste arbeidsdagen til Kari Almås
Publisert: Torsdag 28.oktober 2010 kl 17:00

I dag hadde Kari den siste arbeidsdagen ved Sagvåg skule. Me hadde ei samling med heile skulen i amfiet der me  song for henne. I 3.klasse vart det ein spesiell dag med avslutningsfest med leikar saman med foreldre  som og hadde med kake og gåve til Kari.
Fleire bilete

Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka & Signhild Dyngen

 

 

Kroppen
Publisert: Torsdag 28.oktober 2010 kl 12:30

I 1.klasse har me hatt om kroppen. Her teiknar elevane kvarandre og set namn på kroppsdelane. Auge og øyre er jo lett, men kor er eigentleg leggen?

Fleire bilete

Tekst og foto: Brita Flatøy

 

Kakefest for Kari og Brita
Publisert: Tysdag 26.oktober 2010 kl 16:50

Tysdag var det avslutningsfest for assisterande rektor Kari Almås, og feiring av Brita Flatøy som vart 60 år i førre veke. Kari er inne i den siste arbeidsveka si ved Sagvåg skule, og torsdag er aller siste skuledag. Kari har vore tilsett ved Sagvåg skule sidan 1971, så det er ikkje så reint få elevar som gjennom åra har fått oppleve å ha Kari som lærar.
På biletet er det Egil Petterteig som spanderer kake på damene, han er den nye assisterande rektoren ved Sagvåg skule frå 1.november.
Fleire bilete

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Godt samarbeid
Publisert: Fredag 22.oktober 2010 kl 12:50

Det er utruleg kva ein kan få til med godt samarbeid! Mange av leikane me har hatt i gymmen i 1.klasse denne hausten handlar om å løyse oppgåver saman. Her er elevene i full gang med å løyse eit oppdrag som dei aldri ville ha klart utan godt samarbeid ;-)

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Julestemning i oktober
Publisert: Torsdag 21.oktober 2010 kl 09:15

I dag tidleg var det reine julestemninga rundt Sagvåg skule, og midt på skuleplassen stod klatrepyramiden som såg ut som eit fint juletre med snø på.

Tekst og foto: Lars Bakka

 

VilVite-dag
Publisert: Tysdag 19.oktober 2010 kl 21:20

Etter eit flott og spanande opplegg i amfiet, fekk 3.klasse (og halve 2.klasse) innføring i "luft" og korleis den kan nyttast til ulike ting. Det var ei interessant og livleg stund, der elevane fekk vera aktive og prøva ut ting sjølve.
Fleire bilete

Tekst: Ann Karin Ystevik
Foto: Ann Karin Ystevik m.f
 

FunBox med Launchrampe og Bank
Publisert: Torsdag 14.oktober 2010 kl 20:50

I ettermiddag og kveld var Johann Nielsen  jr og Øyvind Bråtun frå Beatboard i Haugesund tilbake og laga den siste 'rampen' til skulen vår. Han vart beisa i kveld, men fredag ettermiddag bør han vera klar til bruk.
Fleire bilete

Tekst: Lars Bakka
Foto: Daniel Hidle & Lars Bakka
  

FunBox med Launchrampe og Bank
Publisert: Torsdag 14.oktober 2010 kl 20:50

I ettermiddag og kveld var Johann Nielsen  jr og Øyvind Bråtun frå Beatboard i Haugesund tilbake og laga den siste 'rampen' til skulen vår. Han vart beisa i kveld, men fredag ettermiddag bør han vera klar til bruk.
Fleire bilete

Tekst: Lars Bakka
Foto: Daniel Hidle & Lars Bakka

 

Haustsamling
Publisert: Fredag 8.oktober 2010 kl 20:30

I dag har småskulen hatt ei fin samling i amfiet. Me har leseveker på skulen og temaet for samlinga var bøker. 4.klasse framførte sjølvlaga dikt og bokmeldingar, og dei andre klassane tok del med vakker song og diktlesing.
1.kl  2.kl  3.kl 4.kl

Tekst: Anne Brit   Foto: Liljan og Elisabeth

 


Sjå heile biletet>>
Jippi!
Nå er det potetferie!
- eller haustferie som er det nye ordet.

God ferie til alle!:-)

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 

Ut på tur
Publisert: Fredag 8.oktober 2010 kl 20:30

I forrige veke var 3. og 4. klasse var på tur saman. Me brende bål og steikte pinnebrød og hadde ei kjekk stund saman i det fine haustveret.
4.kl

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

Leselyst
Publisert: Onsdag 6.oktober 2010 kl 20:15

2. klasse har fast tid på skulebiblioteket kvar tysdag. Då låner elevane seg ei bok som dei skal ha i hylla si, i tillegg til at dei har høve til å låna med seg bøker heim. Det er mykje spennande både å lesa og sjå i, og det er kjekt å sjå kor elevane kosar seg med bøkene :-)
2.kl

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

Tekst kjem....

 

To gruppe på mellomsteget
Publisert: Torsdag 7.oktober 2010 kl 10:00

Heile mellomssteget var delt i to grupper i går. Eine gruppa spelete spel og andre gruppa var i gym.salen. Me avslutta med å ete ilag.

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 

Mouse Mischief
Publisert: Tysdag 5.oktober 2010 kl 16:15

 I dag fekk alle lærarane testa Mouse Mischief. Elevane i 2.klasse er allereie ekspertar. Dei andre klassane får prøve dette nye dataverktyet etter kvart. Les meir om Mouse Mischiefher>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Ein stor ettermiddag for alle skaterar
Publisert: Fredag 1.oktober 2010 kl 20:00

Etter at Martin Mentzoni og Jon Bruno hadde opna skaterampen vart det ein flott ettermiddag med skating og konkurransar for alle.
Du kan sjå mange bilete frå ettermiddagen her

Tekst: Lars Bakka
Foto: Håkon Skogheim, Egil Våge og Lars Bakka

Boklån
Publisert: Onsdag 29.september 2010 kl 14:05

4 klasse hadde ei kjekke stund på Litlabø bibliotek i dag. Kari Bolette las frå to spanande bøker til oss , og me fekk god tid til å sjå i og låna  mange kjekke bøker.
4.kl

Tekst & foto: Gro A Halvorsen

 

Boklån og utedag I
Publisert: Onsdag 29.september 2010 kl 14:05

I dag var 3.klasse på Litlabø bibliotek og lånte bøker. Etterpå gjekk me til Solidbanen og åt nista vår, og leikte litt i det fina veret.
3.kl

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 

Mykje kjekt å finna på ut :-)
Publisert: Onsdag 29.september 2010 kl 08:40

Fredag er det offisiell opning av skaterampen kl 15.00, men ikkje gløym at det flotte uteområdet vårt er mykje meir enn denne rampen. Her er nokre bilete som Bendik har knipsa rundt omkring i uteområdet vårt.
Sjå også siste møtet i elevrådet>>

Tekst : Lars Bakka Foto: Bendik Våge Aasbø

 

Tur med Litlabø

Onsdag 29.9 var mellomsteget på tur med  elevane frå Litlabø skule. Me gjekk frå Litlabø skule, forbi Ulvatjørno og vidare mot Vatna. Nokre blei litt våte på beina, sjølv om det stort sett var fin skogsveg. Nistepakken åt me ikkje så langt frå Vatna. Dei fleste elevane fann seg ein plass i granskogen. Der var det mose og fint å sitja. Etter at tursjokoladen var fortært, var det mange som hadde mykje energi som måtte ut. Nokre leika, medan andre brukte krefter på grankvistane. Me kom litt tidleg attende til Litlabø skule, men elevane nytta tida til leikar og til å spela fotball. Ein flott hausttur !
5.kl  6.kl  7.kl

Tekst: Kjell Byrknes
Foto: Kjell Byrknes & Aasne Vikanes

Elevråd
Publisert: Onsdag 29.september 2010 kl 08:40

Nytt referat frå elevrådet finn du her>>

  

Forskningstorg på HSH
Publisert: Onsdag 29.september 2010 kl 08:40

I dag var alle 6.klassingar i Stord kommune på besøk på HSH. Me hadde ein veldig spanande start med professorar som leika seg med fysikk og kjemi. Etterpå fekk alle elevane eksperimentere med ulike forsøk på fleire stasjonar. Dette var ein kjekk og lærerik dag. Tusen takk til dei av foreldra som køyrde og henta elevane! Film frå HSH>>

Tekst: Turid Gjellestad

 


Ei stor konsertoppleving
Publisert: Tysdag 28.september 2010

På tysdag var 4, 5 og 7 klasse var på konsert. Me fekk vere med og  delta nesten heile tida. Me song, klappa og laga bobler.
 4.kl  5.kl 7.kl

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Offisiell opning av skaterampen på fredag
Publisert: Tysdag 28.september 2010 kl 07:50

Fredag 1.oktober kl 15.00 vert det offisiell opning av skaterampen på Sagvåg skule. Då kjem Beatboard med sjølvaste Martin Mentzoni i spissen med show og konkurransar! Det vert grilling og sal av brus++++ !!!
 Les meir>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Storskulesamling i amfiet!
Publisert: Måndag 27.september 2010 kl 06:30

5. - 7. klasse skal i haust ha 3 fellessamlingar, der kvar klasse skal ha ansvar for program og plukka ut nokre felles songar. Fyrste klasse ut var 7 klasse som underheldt med rap, dans, korsong og solosong. På slutten av samlinga kom rektor og snakka litt om den kjekke skaterampen me har fått. Han fortalte korleis ein skal nytta rampen og kva som er lov å bruka på der - ingen syklar! Og så minna han om at alle må ha på beskyttelseutstyr når dei skater.
7.kl

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 

Mat og helse i 6.klasse
Publisert: Fredag 24.september 2010 kl 12:40

Halve 6. klasse kosar seg på kjøkenet kvar fredag morgon. I dag var det potetmos m/pølse og gulrot som sto på menyen. Men det beste var nok gulrotkaka som me åt til slutt, etter at oppvasken var unnagjort!
 

Tekst & foto: Kari Myhre

 

Ny rutsjebane
Publisert: Fredag 24.september 2010 kl 12:40

Dei to nye gymbenkane var perfekte rutsjebana i gymmen for 1.klassingane i dag. Det var litt skummelt, men alle prøvde til slutt... og ingen slo seg :-)

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Kunstnarar a´ la Rolf Nesch!
Publisert: Torsdag 23.september 2010 kl 12:40

Sjette klasse fekk sjå utstillinga av nokre av  Rolf Nesch sine arbeid i Kulturhuset i dag. Det var Kristine Thorkildsen som var omvisar. Elevane fekk vita ein del om kunstnaren sin bakgrunn, og sjå reiskapar han nytta  i arbeidet sitt. Dei lærte og ein del om korleis han jobba fram kunstverka sine. Etterpå fekk elevane prøva seg som kunstnarar. Dei hadde det kjempekjekt og " tok seg ut" med liv og lyst. Det ble laga mange kunstverk på kort tid! Nokre hadde sikkert stått der enno, om det ikkje var for bussen som venta.
 6.kl

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Koseleg med kantine
Publisert: Torsdag 23.september 2010 kl 12:40

Torsdag er kantinedag for elevane i 5.-7.klasse. Dei fleste elevane er med på opplegget og ein kan abonnere på grove rundstykke med diverse pålegg og yoghurt.
 

Tekst & foto: Lars Bakka 

4.klasse på tur til SIM
Publisert: Onsdag 22.september 2010 kl 15:50

I dag har 4.klasse vore på tur til SIM. Torleiv Agdestein tok i mot oss og var med oss rundt på området. Me fekk mykje nyttig informasjon om korleis me skal sortera bosset vårt, og me fekk også læra om kva som skjer med bosset etter me har levert det på SIM.
4.kl

Tekst & foto: Anne Brit Holm 

Frå Sagvåg til Nordbygdo
Publisert: Tysdag 21.september 2010 kl 15:40

Etter skuletid i dag tok lærarane ved Sagvåg skule turen til Nordbygdo ungdomsskule for å få sjå den nye skulen. Takk til Kristine Vikanes som viste oss rundt i det flotte skulebygget. Våre to skular har mange arkitektoniske fellestrekk, men denne ungdomsskulen er mykje større enn vår skule, med over dobbelt så mange elevar. Her er nettsida til Nordbygdo ungdomsskule>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Brannøving
Publisert: Tysdag 21.september 2010 kl 13:00

I føremiddag gjennomførte me brannøving ved Sagvåg skule. Denne gongen var øvinga varsla på førehand. Alle elevane og lærarane stilte opp ute i løpet av 3 minutt. Til våren kjem det ei øving som ikkje er varsla på førehand.
Her kan du lesa meir om brannvern ved Sagvåg skule>>

Tekst & foto: Lars Bakka 

Skaterampen er klar til bruk!
Publisert: Søndag 19.september 2010 kl 22:15

I kveld stod den store og flotte skaterampen klar til bruk. Sidan tysdag har mange elevar gjort ein kjempejobb med maling av platene, og i dag gjorde Johann Nielsen  jr og Øyvind Bråtun frå Beatboard i Haugesund skaterampen ferdig. Takk til Kjetil Bjelland Johannessen som også var med store deler av ettermiddagen.
Fleire bilete frå arbeidet

Tekst: Lars Bakka
Foto: Lars Bakka, Kjetil Bjelland Johannessen m.f

 

Bamsen Gero
Publisert: Fredag 17.september 2010 kl 15:30

I dag fekk Comenius-bamsen, Gero, vera med på 1. og 2. klasse si leikestund. Det var stas!
1.kl  2.kl

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg

 

Korleis vart dei så våte?
Publisert: Onsdag 15.september 2010 kl 18:00

1. og 2. klasse hadde seg ein liten trimtur i dag. Då sprang eller gjekk dei ned til tunnelen og opp att til skulen, der me brende bål. Me kosa oss med pinnebrød rundt bålet, og etterpå leika me både i skogen og i dei store sølepyttane.
1.kl  2.kl

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg

 

Kunstnarar i arbeid?
Publisert: Onsdag 15.september 2010 kl 18:00

Eigentleg ikkje, det er ein gjeng frå 7.klasse som er i full gang med å beisa platene til den nye skaterampen vår. Fram mot helga skal alle platene beisast på begge sider!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Stor skaterampe
Publisert: Tysdag 14.september 2010 kl 22:00

I frå kl 18.00 til 21.00 var Johann Nielsen  jr og Øyvind Bråtun frå Beatboard på Sagvåg skule og sette opp reisverket til den nye skaterampen.  No skal me beisa platene til rampen før han vert montert ferdig på søndag.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Frukt og grønsaker
Publisert: Tysdag 14.september 2010 kl 18:15

I 1.klasse har me lært om frukt og grønsaker. I dag var det tid for å laga fruktsalat. Elevane kutta frukta i småbitar, og etterpå sat me og koste oss på skulekjøkkenet.
1.kl

Tekst og foto: Brita Flatøy

 

Klar for First Lego League
Publisert: Fredag 10.september 2010 kl 11:50

No er elevar frå 5.-6. og 7.klasse klar for First Lego League (FLL) 2010!
I dag kunne elevane opne utstyret og 18.september vert oppdraget kjent. Laurdag 13.november er det tid for turnering i Bergen.
Sagvåg skule har vore med i FLL sidan 2004, og her kan du lese meir om prosjektet>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 

'Pilotklasse'
Publisert: Fredag 10.september 2010 kl 11:50

I dag har elevane i 5.klasse testa ut nasjonale prøvar. 5.klasse ved Sagvåg skule vart trekt ut som pilotklasse for å finne ut om alt fungerte. Etter at alle var pålogga gjennomførte elevane prøven i løpet av ein time.

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Opplevingsdag i Moster Amfi
Publisert: Onsdag 8.september 2010 kl 17:50

4 klasse har hatt ein super kjekk dag på Moster Amfi. Der fekk me vera med på  fiske for 100 år sidan , læra å knyta  ulike knutar, ei vandring frå  vikingtid til kristendommen og teaterleik med ulike improvisasjonsøvingar. Til slutt fekk me høyra om Tor med hammaren .
4.kl  Ein liten film:

Tekst : Gro A Halvorsen Foto: Anne Brit Holm, Elisabeth Magnussen, Gro A Halvorsen

 

Matbok til alle
Publisert: Onsdag 8.september 2010 kl 17:50

Tysdag var alle elevane i 1.klasse så heldige at dei fekk kvar si kokebok med heim. Reknar med at det vert laga mange gode nistepakkar etter at foreldra har lese og sett på dei fine bilda i boka.
Etterpå hadde me stasjonsarbeid der nokre  jobba med data, nokre øvde seg på å skriva L, ei gruppe spelte rimelotto, medan den siste gruppa leikte med Techno.

Bilete: Kristine Wiersen Tekst: Brita Flatøy 

Faddersamvær
Publisert: Torsdag 9.september 2010 kl 17:50

I siste økt på torsdag hadde 2. og 7. klasse faddersamvær. Me hadde ein dyreleik, sporløype i skogen og så fann me fram fallskjermen. 2. klassingane var visst litt redde for at dei ikkje hadde fadrar dette året sidan dei no ikkje er 1. klassigar lenger, men fadderordninga varer heilt til fadrane reiser opp på ungdomsskulen:-) Me skal ha fleire kjekke stunder saman utetter året!

Tekst og foto: Hildegunn Heimro

 

På tur
Publisert: Onsdag 8.september 2010 kl 17:50

I dag har 1. og 2. klasse vore på tur. Det var mange som jobba hardt med å fella tre og rydda ein betre plas i skogen. Andre synest det var kjekkast å bruka kniv, medan ein heil gjeng var opptekne med å byggja bru over bekken i skogen. Ein flott dag med kjekke elevar.
1.kl

Tekst & foto: Brita Flatøy 

Mjelkevikjo
Publisert: Tysdag 7.september 2010 kl 21:55

7. har vore på tur til Mjelkevikjo i dag. Me hadde nydeleg ver og  fann både planter og dyr i fjøra.
7.kl

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Treet mitt
Publisert: Måndag 6.september 2010 kl 19:00

I dag har 1.klasse vore i skogen og funne 'treet sitt' . Dette treet vil me følgja gjennom dei ulike årstidene. Treet vårt er ei lønn. Etterpå gjekk me i formingssalen. Der laga me eit tre som passar til songen Leaves are falling.
1.kl

Bilete: Kristine Wiersen Tekst: Brita Flatøy

 

Stasjonsarbeid i 4.klasse
Publisert: Måndag 6.september 2010 kl 19:00

Annakvar måndag arbeider 4.klasse på ulike stasjonar. I dag var elevane på norsk-, matematikk-, naturfag- og leikestasjonar. På natufagstasjonen var me ute og såg etter blad frå ulike lauvtre, og deretter studerte me dei og fann namna på dei. På matematikkstasjonen leika me butikk og varene var dyre i butikken vår! På norskstasjonen øvde me på samansette ord. Elevane var ivrige og dei jobba godt!
4.kl

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

Pølseteknikk og kjevling
Publisert: Måndag 6.september 2010 kl 19:00

7. klasse har byrja med leira i K&H, og elevane har fått i oppgåve å laga ein kopp eller ei skål ved å bruka pølseteknikk eller kjelve. Dei var ivrige i arbeidet og det vart forma mange fine gjenstandar. Prosessen frå leirklump til ferdig produkt er lang, og det er alltid spennande å sjå korleis leira toler tørking og brenning. Me gler oss til å sjå dei fedige resultata:-)
7.kl

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

 

Service på klatreveggen
Publisert: Fredag 3.september 2010 kl 14:30

No vert det mykje kjekkare å bruka klatreveggen. Trisja og Torleif har vaktmeisteroppdrag og dei har no lagt mjuke matter bak kvart grep. Då vert det lettare å klatra og grepa heng betre! Flott jobba!!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

No vert det gangveg!
Publisert: Fredag 3.september 2010 kl 14:30

No er arbeidet med gangvegen forbi garderoben til mellomsteget i fullgang. Den vert like flott som resten av skuleområdet vårt ;-)

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Trivselsleiarane
Publisert: Fredag 3.september 2010 kl 14:30

Det er travelt å vera trivselsleiar. Det kjekke er at dei får vera med på å bestemme kva me skal kjøpe inn til skulen for å få det kjekkare i friminutta !

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Tal og lesing i 2.klasse
Publisert: Torsdag 2.september 2010 kl 18:00

I dag har me vore ute og funne blad, kongler og kvistar som me har telt, sortert og laga tal av. Etter ein velfortent pause gjekk me inn for å jobba i leseboka vår. Ein kjekk og ivrig gjeng :-)
2.kl

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

Lese- og leikestund for 1. og 6.klasse
Publisert: Torsdag 2.september 2010 kl 12:10

I dag har 6. og 1. klasse hatt ein kjekk time saman. Fadrane i 6.klasse las høgt for fadderungane sine, og etterpå spelte dei spel, teikna og var ute i det fine veret.
1.kl 6.kl

Tekst & foto: Kari Myhre

 

SOPP ER TOPP!
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 19:00

Me hadde ein kjekk sopptur med fantastisk kjekke ungar. Soppsuppa smakte veldig bra i år også. Comeniusbamsen fekk også vere med på tur.

5.kl  6.kl  7.kl

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Lærarane på mellomsteget

 

Småskulen var også på tur
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 19:00

Medan storskuleelevane var på skogstur var småskuleelevane ved stranda
1.kl  2.kl  3.kl 4.kl

Tekst: Lars Bakka
Foto: Lærarane på småskulesteget

 

Datakurs for alle lærarane
Publisert: Onsdag 1.september 2010 kl 15:45

I ettermiddag har alle lærarane vore på kurs med Eva Bratvold. Temaet har vore OneNote og mange andre nyttige program for bruk i undervisning og undervisningsplanlegging. Eva er også med oss gjennom heile skuledagen i morgon. IKT-kompetanse>>
Nokre kjekke program:
Sketcup>> Pixlr>>  HotPotatoes>>  Dropbox>>  Creaza>>  Screen capture>> Wordle>>
Les om OneNote>>  Bloggen til Eva B>>

Tekst & foto: Lars Bakka 

Nytt elevråd!
Publisert: Tysdag 31.august 2010 kl 19:50

I dag har det første elevrådsmøtet 2010/11 blitt avvikla. Du finn referatet frå møtet her>>

Tekst: Lars Bakka Foto Anne Elisabeth Trevland

 

 

Foreldremøte FAU, SMU og SU
Publisert: Tysdag 31.august 2010 kl 19:45

Måndag ettermiddag var det møte i Foreldra sitt arbeidsutval (FAU), Skulemiljøutvalet(SMU) og Samarbeidsutvalet (SU).

Referata frå møta finn du her:
FAU>>  SMU & SU>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Foreldremøte i SFO
Publisert: Tysdag 31.august 2010 kl 19:45

Måndag ettermiddag var det også foreldremøte i SFO. Referatet kjem snart.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

1. og 2. klasse på tur i "øs pøs"
Publisert: Onsdag 25.august 2010 kl 15:10

I dag gjekk me ein liten tur ned i skogen ved sykkelstien. Elevane likar seg svært godt her, særleg når det er mykje vatn i bekken. Dei fleste hadde heldigvis gode regnklede på seg, men det vart likevel mange våte bein. På slike dagar er det lurt å ha rikeleg med bytteklede i hylla si ;-)
Sjå fleire bilete på nettsida vår

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg

 

Klar - ferdig - leksehjelp!
Publisert: Måndag 23.august 2010 kl 18:00

I dag klipte me snora for leksehjelp ved Sagvåg skule. Dette skuleåret vert det leksehjelp kvar måndag og onsdag frå kl 13:00-14:00. Me kjem til å bruka dei neste vekene til å vidareutvikle tilbodet slik at elevane frå 1. til 4.klasse ei god arbeidsøkt der ein del av leksene vert gjort før skuledagen er slutt. Elevane kjem likevel til å ta med seg det dei har gjort heim slik at de heime kan sjå over dette og øve meir der det trengs.

Tekst & foto: Lars Bakka

Musehappening
Publisert:
Måndag 23.august 2010 kl 18:00

2.klasse fekk i dag som dei første i Stord prøva "Mouse Mischief", der alle fekk vera aktive på samme skjermen samtidig, men kvar si trådlause mus. Litt kaotisk, men ganske kjekt, når 20 musepeikarar leita samtidig etter dei rette svara på oppgåvene. Elevane var svært aktive, og når me får lært oss denne måten å jobba på, kan det vera ein kjekk avveksling til "vanleg" tavleundervisning.
Sjå fleire bilete på nettsida vår

Tekst: Egil Petterteig
Foto Jenny Sætre Skjønberg

 

Haustens fyrste leikestund
Publisert:
Måndag 23.august 2010 kl 18:00

Fredag hadde elevane i 1. og 2. klasse ei kjekk leikestund på slutten av dagen. Dette har vorte ein fast fredagstradisjon som me vel å følgja også dette året :-)
Sjå fleire bilete på nettsida vår

Tekst & foto Jenny Sætre Skjønberg

 

Kjempekjekt og lærerikt ;-)
Publisert: Fredag 20.august 2010 kl 18:00

Etter nettmøte med Microsoft fekk Egil Petterteig, Pål Roseth og ein presentasjon av utstyr og program til Microsoft Mouse Mischief frå Anders Grov Nilsen på HSH. Rektoren på Nysæter og me andre hadde det kjempekjekt med det nye utstyret og dataprogrammet som fungerer slik at alle elevane ...kan vere aktive på den same dataskjermen med kva si trådlause datamus. Det kjem ikkje til å ta så mange dagane før dei første elevane på Sagvåg skule skal få prøve utstyret!

Tekst & foto:  Lars Bakka

 

Nytt skuleår og nytt tema
Publisert: Torsdag 19.august 2010 kl 15:00

I dag har 5. klasse vore i området ved sykkelstien og leita etter småkryp. Denne gongen konsentrerte me oss om å finna dei smådyra som kallast nedbrytarar. Det vart òg tid til å plukka bær før me gjekk tilbake til skulen.

Sjå fleire bilete på nettsida vår

Tekst & foto: Aasne H Vikanes

 

Første skuledag
Publisert: Onsdag 18.august 2010 kl 12:00

Onsdag 18.august var første skuledagen 2010/11. Elevane som tek til i 1.klasse vart ynskja velkomne til skulen av Ordførar Liv Kari Eskeland.
Alle hadde samling i amfiet før dagen fortsette i klassane.
Det var kjekt å møta igjen vener og veninner til eit nytt skuleår.

Tekst: Lars Bakka

 

Planleggingsdagar
Publisert: Måndag 16.august 2010

Måndag og tysdag er det planleggingsdagar for lærarar og assistentar på Sagvåg skule. Då vert detaljane for timeplanar o.a. gjort klart til skulestart på onsdag. Me samla oss til frukost og lunsj i SFO-rommet

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Snart skulestart

Det er framleis sommarstille ved Sagvåg skule, men måndag 16. og tysdag 17.august er det planleggingsdagar for lærarane. Les meir>>

Første skuledag til hausten er onsdag 18.august kl 08:30.
Her finn du skuleruta for 2010/11>>

Du kan sjå tilbake på skuleåret 2009/10 her


-rektor Sagvåg skule-

Rådyret vår på besøk
Publisert: Fredag 13.august 2010

I dag var rådyret nedom skulen for å sjå etter om det var noko som skjedde, men det er framleis stille før skulestart.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Ny gangveg
Publisert:
Tysdag 3.august 2010

I desse dagar vert det laga ny gangveg over plenen ved garderoben til 5.-7.klasse. Det var her me laga gangveg sjølve i vår, no vert det gjort skikkeleg.

Tekst & foto: Lars Bakka