HAUSTEN 2009                                        Arkivet>>

God jul
og godt nyttår!

 frå oss ved Sagvåg skule!

Sjå tilbake på hausten 2009>>
Første skuledag 2010 er måndag 4.januar. SFO er open frå kl 06:45
Det er 2.kl, 4.kl og 6.klasse som skal ha symjing 4.januar>>

 

Stemningsfull julefrukost
Publisert: Fredag 18.desember kl 09:30

Den siste skuledagen denne hausten tok til med ein koseleg julefrukost med rundstykke og varm kakao til alle elevane. Det var dekt langbord i heile gymsalen der elevane kosa seg med frukosten medan lærarane serverte. Fleire bilete frå julefrukosten og adventsamlinga>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Friskt utever
Publisert: Torsdag 17.desember kl 15:15

I dag var heile mellomsteget ute og hadde 50 leiken. Det var ganske kaldt, men me varma oss på varm saft og pølser. Fleire bilete på sidene til 5.>> 6.>> og 7.klasse>>

 

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Aasne Vikanes

 

Førjulskos med Liljan
Publisert: Torsdag 17.desember kl 15:15

Juletre, kuler, maling og stempel vart tatt i bruk. Fleire bilete på SFO-sida>>

Tekst og foto: Elisabeth Magnussen

 

Gang rundt juletreet
Publisert: Torsdag 17.desember kl 13:30

Me Kari Myhre ved pianoet vart det også i år tradisjonell gang rundt juletreet i gymsalen ....
 og i morgon er det julefrukost :-)

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Nye vestar i gymmen
Publisert: Torsdag 17.desember kl 13:30

Me har fått nye vestar i gymmen. No er det slik at det er to sett med 15 vestar når når ein skal ha to lag og i tillegg to 8 vestar når ein skal ha 4 lag

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Juleverkstad
Publisert: Onsdag 16.desember kl 09:30

I dag var det juleverkstad for alle elevane ved Sagvåg skule. Det var stor aktivitet rundt om på heile skulen. Takk til alle foreldre som var med og hjelp til. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 

1.og 6.klasse
Publisert: Onsdag 16.desember kl 07:30

1 og 6 har kost seg med julegraut. 4 elevar var så heldige at dei fann mandel og. Premie vart det og.

Tekst og foto: Anne Elisabeth

 

Ny barnehage og gamal skule
Publisert: Tysdag 15.desember kl 07:30

I går var me i møte med nokre av dei tilsette i Nysæter - og Sagvåg maritime barnehage  om overgangen mellom barnehage og skule.
Me hadde møtet i den nye barnehagen som har den gamle skulen vår som næraste nabo.

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Flott gåve frå Madli Martens
Publisert: Fredag 11.desember kl 10:30

I dag fekk Sagvåg skule, med leiaren i elevrådet Hilde Thunem i spissen, overrekt ein fantastisk flott bildevev frå tekstilkunstnar Madli Martens. Veven har på veggen hos Stavanger Rør A/S, men då det selskapet vert slått saman med eit anna, så har Madli hatt veven heime ei tid. I dag fekk Sagvåg skule den flotte biletveven. Veven kjem til å henge godt synleg ved amfiet.

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Graut på ein fredag
Publisert: Fredag 11.desember kl 13:30

I dag inviterte 2.klasse fadrane på graut og saft. I grauten gøymde det seg og tre mandlar, som kanskje gjorde grauten ekstra god. Dei tre heldige fekk ein sjokoladenisse kvar.
Etter måltidet leika alle saman, ute eller inne.
Me hadde det veldig koselig og takkar for besøket. Fleire bilete på sidene til 2.kl>> og 7.kl>>

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik

 

Lucia og nissar
Publisert: Fredag 11.desember kl 10:30

I dag var det tradisjonell adventsamling igjen. For elevane i 1.klasse starta dagen med å gå Lucia til alle klassane. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Tur til Singapore
Publisert: Torsdag 10.desember kl 22:30

Tidlegare i haust hadde Jacob fri frå skulen for å vera med familien til Singapor og Malaisia.  
Torsdag 10. desember var Theresa og Bjarte Fjellanger i 2. klasse og viste bilete og fortalde frå turen.
Me fekk sjå at Jacob hadde møtte mange slektningar som han vart kjend med. Han og resten av familien hadde sett utruleg mykje, og dei hadde reist ein del rundt. Me var heldige som fekk dele, og høyre om desse opplevingane.
Så hadde dei laga ein indisk kyllingrett som me fekk smake. Mange syntes det var veldig godt. Andre var meir forsiktige med å smake noko heilt nytt.  Fleire bilete>>

Tusen takk for besøket!

Tekst og foto: Kari Almås

 

Julegraut i skogen
Publisert: Torsdag 10.desember kl 22:30

3 og 4 klasse har vore  ute og leika i saman og ete graut. Me hadde ei kjekke stund i det milde vinterveret, og grauten var veldig god !
Fleire bilete på sidene til 3.>> og 4.klasse>>

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 

Ikkje akkurat julagraut....
Publisert: Torsdag 10.desember kl 22:30

Ta ein kikk og sjå kva spennande me har fått smaka på i dag :-) Theresa og Bjarte har vore på skulen og fortalt frå Singapore-turen familien hadde i haust. Me fekk sjå kjekke bilete og smaka spennande mat :-)
Fleire bilete>>

Tekst & foto: Hildegunn Sæbø Heimro

 

Stemningsfull nissemarsj
Publisert: Torsdag 10.desember kl 12:30

Årets nissemarsj gjekk i vår eigen skog. Me song 'På låven sitter nissen' før me gjekk marsjen. I skogen trefte me ein nissefamilie som sat og åt graut! Elevrådet overraska heile skulen med 'julamann' til alle!!  Fleire bilete>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland  m.f

 

Baking
Publisert: Onsdag 9.desember kl 00:40

3.klasse er i full sving med julebaksten. Elevane var flinke til å baka og det vart nokre knallgode peparkaker!

Fleire bilete>>

Tekst og foto: Anne Brit Holm

 

Morgonstund med bålkos
Publisert: Tysdag 8.desember kl 12:00

Første klasse fann eit bål i adventskalenderen i dag, så me gjekk rett ut i skogen til bål og varm kakao. Kjekt med adventskalender med ei overrasking kvar dag, og meir kjekt er i vente framover mot juleferien.......
Fleire bilete>>

Tekst og foto: Egil Petterteig

 

Ilandføring
Publisert: Måndag 7.desember kl 15:45

Endeleg er me godt i gang med symjeundervisninga igjen. Ein av postane på programmet på måndag var livredning med ilandføring. Her er det elevane i 4.klasse søm lærar korleis ein kan berge ein medelev ved hjelp av livbøye.

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Stemningsfull adventsamling
Publisert: Fredag 4.desember kl 09:45

Klokka halv ni møtte alle elevane til adventsamling i amfiet. I dag var det elevane i 2. og 7.klasse som hadde ansvaret for samlinga og det vart ein fin samling med mange flinke elevar på scenen. Du finn fleire bilete her>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Jul på museet
Publisert: Torsdag 3.desember kl 22:00

Torsdag 3. Desember var 2. Klasse på museet. Der var temaet ”Jul i gamle dagar”  Elevane var med på alt arbeidet som måtte gjerast på eit småbruk før jul. Dei baka flatbrød, vaska klede, bar vatn og hogg ved. Golva måtte skurast og juletorsken måtte fiskast.  Julegåvene vart strikka og lysa laga. Så måtte me i fjøset og sjå etter dyra. Der møtte me den gamle gardsnissen. Han var litt redd oss. Fleire bilete>>

Takk til foreldra som køyrde oss til Leirvik.

Tekst og foto: Kari Almås

 

1. og 6.klasse saman
Publisert: Torsdag 3.desember kl 22:00

Onsdag var 1. og 6. klasse saman. Me starta med ei lita songstund. Dei som lurer på korleis det høyrtes, kan glede seg til adventsstund neste fredag. Leiking vart det også tid til før me åt nista saman.
Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Pizza til alle
Publisert: Torsdag 3.desember kl 09:15

I dag kan alle elevane på mellomsteget sjå fram til pizzakos! Dette er ei takk til flinke elevar som har stått på i leseveke, open dag, First Lego League, elevrådet, bordtennismeisterskap o.a.
Som dei då kan forstå har ALLE elevane gjort seg godt fortent til pizzakos!

Elevane fekk også ei oppgåve av rektor i desembervekene fram mot jul... ;-) Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Vaksinedag på Sagvåg skule
Publisert: Tysdag 1.desember kl 09:15

Tysdag 1.desember var den store vaksinedagen ved Sagvåg skule. I dag fekk alle elevane som skulle ha vaksne mot Svineinfluensa. Fire helsesøstrer var i full sving frå kl 08.30 til kl 12:00 og over godt over 100 elevar vart vaksinerte i løpet av føremiddagen.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Refleksvestar til 5.klasse
Publisert: Fredag 27.november kl 11:10

Fredag fekk alle elevane i 5.klasse refleksvestar i gåve. Me får håpe at det vert ein tradisjon at både elevane i 1.- og 5.klasse får nye vestar kvart år.
Eg vil oppfordra ALLE om å bruke refleksvestane kvar dag no i den mørke årstida!

Tekst: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes

 

Den første adventsamlinga
Publisert: Fredag 27.november kl 11:10

I dag var heile skulen samla til den første adventsamlinga. Det vart god førjulstemning då 160 elevar song fine julesongar. Fleire klassar og enkeltelevar var også framme på scenen med ulike innslag. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Kreative elevar
Publisert: Torsdag 26.november kl 16:40

Elevane som har vore med i Kvitebjørnprosjektet har fabulert rundt kva som burde gjerast med tomta der gamleskulen ligg. Du som har sett utstilling har sikkert fått med deg mange gode idear. På nettsida til prosjektet  kan du lese meir om tankane bak utstillinga>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Til topps i pyramiden
Publisert: Torsdag 26.november kl 16:40

Kjekt å klatra høgt i Pyramiden!  2.klasse likar å klatra i Pyramiden både i skuletida og når dei er på SFO.

Tekst & foto: Kari Almås

 

Prosjektavslutning
Publisert: Torsdag 26.november kl 16:40

Torsdag ettermiddag var det avslutning av vurderingsprosjektet som Sagvåg- og Tjødnalio skule har samarbeidd med HSH om i to år. Refleksjonsbaserte Lærarmapper (RLM) har sett fokus på vurdering i skulen. Arbeidet med dette held fram også etter at prosjekt- perioden er over.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Referat frå møte i elevrådet
Publisert: Tysdag 24.november kl 19:25

I dag har det vore møte i elevrådet. Her finn du referatet frå møtet>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Endeleg symjing igjen
Publisert: Måndag 23.november kl 18:50

Nysæterbassenget har vore under oppussing heile hausten, men måndag 23.november kunne me endeleg ta til med symjeundervisninga igjen. Her er det elevane i 4.klasse som nyt livet med fribading før undervisningsøkta tek til.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Teknologi
Publisert: Fredag 20.november kl 13:30

I teknologi og design har elevane hatt litt om historisk utnytting av vasskraft og om overføring av energi. Dei har bygd ulike konstruksjonar som dei kan testa ved hjelp av slangen og vasstrykket. Nokre nyttar og vatnet som renn i bekken. Det er nok av vatn i  dag : )

Tekst & foto: Kjell Byrknes

 

Vasskraft i praksis
Publisert: Fredag 20.november kl 11:30

I dag har mellomsteget testa ut vasskallane dei laga i teknologi og design. Det er ikkje så stor høgdeforskjell frå dammen og ned til kummen, men det var likevel svært godt vasstrykk.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Til biblioteket på Litlabø
Publisert: Torsdag 19.november kl 09:00

I dag har 6. klasse vore på biblioteket på Litlabø. Det er alltid kjekt å høyre Kari Bolette lese. Me fann også mange kjekke bøker som me kan lese no når me har leseveker. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Teknologi og design
Publisert: Tysdag 17.november kl 17:45

Mellomsteget har teknologi og design/leseveker dei to neste vekene. Me ser på film, dramatiserer, les, høyrer lydbok, lager bøker, vasshjul. Me har det veldig kjekt. Fleire bilete på sidene til 5.>>, 6.>> og 7.klasse>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Ny gangveg
Publisert: Tysdag 17.november kl 12:45

Måndag og tysdag var mange av elevane ved skulen vår med på å laga ein provisorisk gangveg over plenen ved garderoben til 5.-7.klasse. På denne måten dreg me ikkje inn så mykje jord i garderoben når me går snarvegen. Vegen vert liggande til Bygg & eigedom får tid til å lage ei meir permanent løysing.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Bordtenn
iseliten til Sagvåg skule
Publisert: Søndag 15.november kl 19:20

I helga var det eliteseriekampar i bordtennis i gymsalen på Sagvåg skule.
Etter at Sagvåg skule fekk bordtennisbord, og bordtennisgruppa har trening for elevane kvar tysdag, har interessa for bordtennis blitt stor på skulen vår. Du finn meir om arrangementet i hega på nettsida til bordtennisklubben>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Bordtennisklubben

 


Leiar i elevrådet Hilde Thunem saman med ordførar Liv Kari Eskeland, leiar i levekårskomiteen Jakob Gullberg, Kjersti Karlsen og (delvis skult) Katrin Innvær Ankervold

Hilde opna aktivitetsløypa
Publisert: Torsdag 12.november kl 16:20

Medan politikarane med ordførar Liv Kari Eskeland i spissen fekk halde snora, var det leiaren i elevrådet Hilde Thunem som fekk æra av å opne den nye aktivitetsløypa til over 600.000 kroner på Sagvåg skule i dag. Denne opninga avslutta 'Open skule' med fullt hus og innsamlingsaksjon for Redd Barna der det vart samla inn heile  21.036,50 kroner til Redd Barna i løpet av dei to timane arrangementet varte!

Sagvåg skule fekk også overrekt rykande ferske, og oppdaterte, orienteringskart over skuleområdet av orienteringsgruppa i Stord av Tove Vikanes Agdestein.   Bilete frå dagen>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

 

Gode arbeidskarar
Publisert: Onsdag 11.november kl 13:40

Fire gutar i 6.klasse meldte seg til teneste då me ville bruka noko av beleggingssteinen til å få det finare rundt sandkassen. Det er etter kvart mange som kan hjelpe til med dette arbeidet.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Flott klatrevegg
Publisert: Måndag 9.november kl 16:00

I dag var dei første 50 grepa på plass i klatreveggen. På tysdag ettermiddag vert det montert 50 nye og då er veggen heilt ferdig.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Førstesideoppslag!
Publisert: Søndag 8.november kl 13:50

Sagvåg Gnomane fekk førstesideoppslag i Sunnhordland på nett i helga etter 2.plassen i First Lego League i Haugesund. Les meir her>>  

Tekst: Lars Bakka    Foto i 'Sunnhordland': Sigve Moss

 

Gratulerer med flott 2.plass!
Publisert: Laurdag 7.november kl 20:00

Endå ein gong kjem Sagvågelevane heim med pokal frå First Lego League! Denne gongen var det Sagvåg Gnomane som slo til og kom heilt til finalen.  Dei fekk ein flott 2.plass i robotkonkurransen. Det er ein knallsterk prestasjon. Gnomane fekk 240 poeng, berre 40 poeng bak vinnarlaget.
Team LM må også vera svært nøgd med dagen med 7. plass og 175 poeng. Du finn bilete frå dagen her>>

Biletreportasje frå Sigve Moss>>

Sjå også video frå 'Se byen' i Haugesund her>>

Tekst: Lars Bakka

Her er alle resultata>>       

Svein Egil skriv:

Sagvågsgnomane vant 2.plass i robotkonkuransen, den viktigast av prisane. Dei var effektive til tusen, under mottoet «det enkle er ofte det beste», dei brukte i snitt ca 60 sekunder på sin robotøving, som viste seg å vere meir enn godt nok for finalenspel mot «raske hjerner» frå haugesund. I 1.ste delfinale trengte dei derimot nesten 2 min før roboten var på plass, så her kan ein trygt seia at det var «finalenerver» ute å gjekk.  Nye bilete her>>

 Tekst & foto: Svein-Egil Nordnes Johansen

 

FLL i Haugesund i dag
Publisert: Laurdag 7.november kl 10:00

I dag er begge First Lego League -laga  våre i aksjon i Haugesund. Det vert spanande å sjå korleis det går utover dagen. Du kan fylgje våre lag 'direkte' på sida til Svein-Egil  her>>

Mot slutten av dagen kjem resultata her>>                  

Tekst: Lars Bakka Foto: Svein-Egil Nordnes Johansen

 

Til Raugaløo
Publisert: Torsdag 5.november kl 17:00

Heile småskulen var i dag på tur i lag. Me gjekk ikkje så langt, berre til parkeringsplassen ved Raugaløo, men me hadde det kjekt likevel. Alle hadde med ved, så me hadde bål og steikte pinnabrød. Ellers leika me 30-leiken, og fann på mykje anna kjekt. Litt kaldt var det, men det gjorde ingenting. Fleire bilete frå turdagen på sidene til 1.klasse>> 2.kasse>>, 3.klasse>> og 4.klasse>>

Tekst & foto : Egil Petterteig

Mange er sjuke, men ingen har fått stadfesta at der er svineinfluensa
Publisert: Torsdag 5.november kl 10:00

Også i dag er mange elevar sjuke ved Sagvåg skule. Det kan vere greitt å vite at stikkprøve som er teke mellom dei mange elevane som var sjuke etter leirskuleopphaldet i 7.klasse har vist at det ikkje var snakk om Svineinfluensa der. Helsebarometeret vårt>>

Tekst : Lars Bakka

 

Vaflar til alle
Publisert: Onsdag 4.november kl 08:00

I dag koste me oss. Me gjekk ned på kjøkenet og steike vafler. Kanskje dei som er heime og er sjuke kviknar til når dei ser kor kjekt me har det. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Morgonstemning
Publisert: Onsdag 4.november kl 08:00

Det var ein fin morgonhimmel i aust som møtte elevane då dei kom til skulen i dag. Allereie før klokka åtte var det full aktivitet i den nye klatrepyramiden og stemninga var god!


Her er nokre fleire bilete frå onsdag morgon>>

Tekst & foto: Lars Bakka 

Forfattarbesøk i 6 klasse!
Publisert: Tysdag 3.november kl 16:00

Det var ein redusert gjeng i elevtal (7 av 24 elevar) som i dag tok i mot besøk av forfattar Bente Brattlund. (Til venstre i biletet!) Ho skriv fengjande bøker om verklegheitsnære opplevingar for born og unge. Me hadde ei koseleg stund saman, der me fekk vita om korleis ho tenkjer når ho skriv bøkene sine, korleis det er å vera forfattar og til og med om ho er interessert i fotball. Kva trur de?

Klassen hadde på førehand laga mange spørsmål som me fekk svar på, og desse vil me formidla vidare til dei som ikkje var der. Me gler oss til å lesa fleire av bøkene hennar! Dette besøket er ein del av prosjektet "Den Kulturelle skulesekken".

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 

Helsetilstanden 3.november
Publisert: Tysdag 3.november kl 16:00

Også i dag er det 6.klasse som har det høgste fråvære grunna sjukdom med heile 68%. Ein av elevane i 5.klasse, som har oppsøkt lege med influensa, har fått vite at ein nok må rekne med at det er Svineinfluensa. Det vart ikkje teke blodprøve for analyse. Det er fint at de melder frå til skulen om de får stadfesta at det er, eller ikkje er, Svineinfluensa ditt har har når han/ho er sjuk i desse dagar. (2. og 7.klasse hadde ikkje ajourført fråversprotokollen kl 16:00)

Tekst : Lars Bakka 

Klatrepyramiden er open
Publisert: Måndag 2.november kl 12:50

I dag opna klatrepyramiden. Då er alle leikeapparata, med unnatak av klatreveggen, klare til bruk. Klatrepyramiden var ein stor suksess! Følg arbeidet med uteområdet her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Fem elevar igjen....

Publisert: Måndag 2.november kl 12:50

Det er ikkje ofte ein heil klasse kan spele bordtennis saman med eitt bord, men i dag hadde dei fem elevane som var igjen ein kjekk gymtime med bordtennis. (Elev nr 6 er besøk frå England)
Over halve klassen var sjuke, dei andre hadde fri av av andre grunnar.

Tekst : Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland 


Helsetilstanden 2.november

Publisert: Måndag 2.november kl 12:50

I dag var det 6.klasse som hadde flest sjuke elevar. Omlag 60% av elevane var heime med sjukdom. Når også nokre  elevar er borte frå skulen av andre grunnar, så er det ikkje så mange igjen. Utover hausten vil me av og til gje ein liten helserapport. Førebels har me ikkje fått melding om at elevar hos oss har Svineinfluensa, men det kan me på ingen måte utelukka.

Tekst : Lars Bakka

 

Spreke 2.klassingar
Publisert: Måndag 2.november kl 12:50

Etter nokre gymtimar med turnaktivitetar klarte i dag alle elevane i 2.klasse ved hjelp av springbrett å komme seg opp på kassen. Kassen var så høg som han kunne bli, så det er godt gjort!!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Innspurt i FLL
Publisert: Søndag 1.november kl 15:30

Både laurdag og søndag har begge First Lego League (FLL) laga arbeidd med prosjekta side. No byrja det å hasta fordi finalen i Haugesund er laurdag 7.november! Du kan sjå fleire bilete frå gjengane våre på Hjernekraft.org>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Svein-Egil Nordnes Johansen

 

 

Fin veg opp til sklia
Publisert: Laurdag 31.oktober kl 17:00

I dag er det blitt laga til ein sandbakke som skal gjere det lettare å ta seg opp til den store sklia. Fjellveggen ved garderoben til mellomsteget er også reingjort, så no er alt klart for montering av klatregrep. Når du kjem på skulen på måndag kjem også klatrepyramiden til å vera klar til bruk!  Følg arbeidet med uteområdet her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Open skule 12.november
Publisert: Fredag 30.oktober kl 10:00

2. klasse er i ivrig arbeid for å lage ting som dei skal selje på open dag den 12. november. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

 

Leselyst
Publisert: Fredag 30.oktober kl 10:00

I 3. klasse har me lese- og avisveker. Me les Sunnhordland kvar dag og gjer ulike oppgåver knytt til opplegget "avis i skulen". I tillegg har me våre eigne "leseveker" og me les mykje både heime og på skulen. Det passa derfor godt at me skulle vitja biblioteket på Litlabø på onsdag der me fekk låna mange kjekke bøker. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Leikestund i 4.klasse
Publisert: Fredag 30.oktober kl 10:00

Det er ikkje så ofte 4.klasse får lov til å leika med alle dei kjekke inneleikene våre lenger. Etter at me hadde vore på biblioteket i dag, fekk elevane velja sjølv kva dei ville leika med. Det var kjekt å sjå kor ivrige dei var og korleis dei koste seg. Særleg var det populært å byggja tårn med dei store treklossane. Fleire bilete>>

Foto: Laila Tekst: Brita 

I dag opna bananskliene
Publisert: Torsdag 29.oktober kl 14:30

I dag opna bananskliene. Det vert nok endå betre fart på dei ein regntung dag med regnbukser, men dei fungerte i dag og.
Den store rutsjebanen kan godt få ein liten pause til det har komme sand der me går inn til han. Slik det er no er det mykje mold og skit rundt, og inne denne rutsjebanen. Følg arbeidet med uteområdet her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Møte i elevrådet
Publisert: Tysdag 27.oktober kl 13:00

I dag her det vore møte i elevrådet. Snart kjem referatet frå møtet  her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Fysisk aktivitet
Publisert: Tysdag 27.oktober kl 12:30

Anne Elisabeth var 15. oktober på tur til Apeltun skule for å sjå på fysisk aktivitet. Alle klassane hadde ein dag i veka der dei var ute heile dagen og hadde uteskule. Dei hadde eit kjempeflott utstyrsrom der det berre var å plukke det ein trong av lavoar, kart mm. Fleire bilete her>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland 

Comenius-prosjektet i gang
Publisert: Måndag 26.oktober kl 11:00

Sagvåg skule skal dei neste to åra ha  samarbeid med Belgia, Tyskland, Spania, Irland og England. I den samanheng var Anne Elisabeth og Toril i Antwerpen førre veke. No startar prosjektet opp, og  elevane våre og elevar i desse landa skriva til kvarandre og informera om skulen sin og nærområdet sitt. Og i juni får me besøk frå Europa! Prosjektsida finn du her>>

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Anne Elisabeth Trevland 

Mange sjuke elevar i 7.klasse
Publisert: Måndag 26.oktober kl 11:00

Svært mange av elevane i 7.klasse er heime grunna sjukdom etter leirskuleopphaldet. Heile åtte elevar med forkjøling og feber vart sendte heim frå leirskulen. Dette vart gjort for å vere på den sikre sida med tanke på Svineinfluensa. I dag var det berre fem av 27 elevar på skulen i 7.klasse.

Meldinga til dei av dykk som har born med feber og forkjøling/influensa er at borna skal vere heime frå skulen i åtte dagar.
De må sjølvsagt kontakta fastlegen om de har spørsmål. Mot slutten av denne veke vil Stord kommune ta til med vaksinasjonen av innbyggjarane.

Me har til no ikkje fått melding om at nokon av elevane ved vår skule har, eller har hatt, svineinfluensa.

Tekst: Lars Bakka Foto: Kari Myhre

 


Klatrepyramide
Publisert: Måndag 26.oktober kl 11:00

I dag vert det arbeidd med klatrepyramiden. Han er ikkje klar for bruk før mattene under er på plass.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


7.klasse tilbake frå leirskule
Publisert: Fredag 22.oktober kl 15:30

[Tekst kjem]  Fleire bilete>>

Tekst & foto: Aasne Vikanes & Kari Myhre

 


Treet vårt
Publisert: Torsdag 22.oktober kl 13:40

I dag har første klasse vore ute og sett på treet vårt. Det er ei lita fin ask rett nede i vegen. Når me fann treet kunne me sjå på blada at det var ei ask, men kvar var alle blada no? Me skal fylgja treet i nokre år, så me håpar det veks godt.  Fleire bilete>> Her er også ein liten film>>

Tekst & foto: Egil Petterteig

 


Leikeapparat -premiere!
Publisert: Onsdag 21.oktober kl 11:15

I dag var fyrste dagen elevane fekk lov til å ta i bruk nokre av dei nye leikeapparata. 2.klasse var fyrst ute i dag, og entusiasmen var stor! Det var tydeleg at dette var etterlengta, og alle stod fint og venta på tur.Både rutsjebanen og "fuglareiret" falt i smak.  Fleire bilete>> Her er også ein liten film>>

Tekst & foto: Ann Karin Ystevik 


Det berre MÅTTE bli kø
Publisert: Onsdag 21.oktober kl 11:15

Med première på den nye rutsjebanen berre måtte det bli lang kø. Allereie i morgon opnar fleire leikeapparat rundt om i skogen så då vert det meir å finne på!

Tekst: Lars Bakka Foto: Elisabeth Magnussen 


Badestamp
Publisert: Onsdag 21.oktober kl 11:15

Det ser ut til at 7.klasse nyt livet på leirskule i Suldal ;-)

Tekst: Lars Bakka Foto: Aasne H Vikanes

 


Kongen og Harlekin
Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15

Småskulen har hatt ei kjempeflott konsert/teateroppleving i dag. Det var Ingrid Eriksen Hagen på Cembalo, og  Tore Kloster og Olav Veierød på song. Det var veldig kjekt å sjå på når Harlekin prøvde å få tak i gullfløyta til kongen. Musikarane var veldig flinke å få elevane med seg, og dei var veldig glade for at me hadde øvd så godt på den songen me skulle synga i lag.  Fleire bilete>>

Ein liten film>>

Tekst & foto: Egil Petterteig

 


Første rapport frå leirskulen
Publisert: Tysdag 20.oktober kl 11:40

No er me i gong med aktivitetane for dagen. To grupper er på vatnet og padlar og ror. Resten av elevane er på tur i skogen.

Tekst & foto: Aasne H Vikanes

 


Betongfundament
Publisert: Tysdag 20.oktober kl 10:15

I dag vart betongfundamentet til kaltrepyramiden støypt. Alle elevane har vore flinke til  la alle leikeapparata stå i fred no medan dei vert monterte!  Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka 


Til leirskule
Publisert: Måndag 19.oktober kl 15:30

I dag tidleg reiste 7.klasse til Gullingen leirskule. Der skal dei vera heile denne veka. Her finn du både bilete frå Gullingen  og oversikt over når dei andre klassane skal på leirskule i åra framover>>

Tekst & foto: Lars Bakka 


Stor aktivitet
Publisert: Fredag 16.oktober kl 15:30

Så stor aktivitet, med gravemaskinar og arbeidarar, har ikkje vore i sving sidan skulen var ny for snart fire år sidan. Elevrådet har lenge etterlyst fleire leikeapparat ute, og no er det her!! No må berre alt få stå i fred til sementen et tørr. Det kjem lapp på apparatet med 'klar til bruk' når dei kan brukast. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Hjarte-lungeredning
Publisert: Fredag 16.oktober kl 15:30

Torsdag morgon trente 7. klasse på hjarte-lungeredning. Kvar elev fekk si eiga øvingsdokke. Dei følgde godt med på instruksjonen, og var ivrige etter å komma igong med å øva. Mange fann ut at det er krevande å halda på med hjartekompresjon over lang tid. Øvingsdokkene har elevane fått med heim, og no skal dei læra foreldra korleis det skal gjerast.

 

Tekst & foto: Aasne H Vikanes

 


Grønnsaksuppe på bål.
Publisert: Torsdag 15.oktober kl 17:30

I dag har fjerde klasse skrella og kutta grønnsaker til suppe. Me var ute og kokte suppa på grua vår. Mens suppa koka , hadde me ein kjekk og lærerik leik. Elevane fekk både trimma seg og sjekka kunnskapane sine. Suppa var knallgod.  Fleire bilete>>

Foto: Ann Tove og Laila Tekst: Brita 


Refleksdag
Publisert: Torsdag 15.oktober kl 08:45

Torsdag 15. oktober er refleksen sin dag! Det kan vere eit godt høve til å minne om at alle de som er elevar på Sagvåg skule har fått refleksvestar av skulen då de tok til i 1.klasse. Sjølv om det no sikkert er for små for de som går i 5.-6. og 7.klasse så er det likevel viktig å hugsa ha ta på refleks i mørke haustmorgonar! Les meir om refleksdagen på NRK>>

Tekst & foto: Lars Bakka 


Pizza frå studentane!!
Publisert: Onsdag 14.oktober kl 18:30

Studentane hadde lova oss pizza, og i dag kom dei jammen. Det var kjempegodt. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Litt av kvart i 3.klasse
Publisert: Onsdag 14.oktober kl 18:30
 
I det siste har 3. klasse gjort mange ulike aktivitetar. I lag med studentane har me laga båtar og fått testa dei i bekken ved sykkelstien. Me har dansa "det står ein friar ut i garden" på haustsamlinga og vore med på forsøk i naturfag med studentane. Måling er tema i matematikken og i dag har me vore ute og målt både her og der :)

Fleire bilete>>

 

Tekst: Anne Brit Holm   
Foto: Studentar og Liljan V. Waage

 


Elevane hjelper til
Publisert: Onsdag 14.oktober kl 18:30

I dag har menge elevar vore flinke til å hjelpe til med å ta bort belegningstein der det eine leikeapparatet skal komma.

Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Uteleik i finaveret
Publisert: Onsdag 14.oktober kl 18:30
 
I dag var 1. og 2. klasse ute siste del av dagen. Me gjekk ned i skogen ved handballbanen og brende bål, smidde, leika 'Jul i Blåfjell', laga bruer og demningar. Me hadde ei kjekk stund i haustsola :-)

Fleire bilete>>

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


No skjer det nok.....
Publisert: Tysdag 13.oktober kl 19:20

I dag kom det første utstyret til uteområdet vårt til skulen. I dagane som kjem vil utstyret bli montert på skuleplassen og i løypa rundt i skogen. Det er viktig at det utstyret som ikkje er på plass får ligge i fred.

Du kan følgje utvilinga i arbeidet dag for dag her>>

Tekst & foto: Lars Bakka 


Resultat
Publisert: Tysdag 13.oktober kl 19:20

Her finn du resultata av elevundersøkingane for Sagvåg skule. Undersøkinga vart gjennomført for 7.klasse våren 2009. Dette er ei nasjonal undersøkinga og her finn du alle resultata her>>

Tekst: Lars Bakka

 


Den som ventar på noko godt....
Publisert: Fredag 9.oktober kl 11:00

Det var meininga at ein de arbeid skulle blitt gjort i uteområdet vad Sagvåg skule i løpet av haustferien, men eit manglande graveløyve har ført til ei utsetjing. No seier firmaet 'Lek & park' at arbeidet tek til den første veka etter haustferien. Då er det ein del leikeapparat rundt skogsløypa som kjem først. Me kjem til å stenge av delar av løypa når det vert arbeidd der.

Tekst: Lars Bakka  Fotomontasje 


Les for meg om......
Publisert: Fredag 2.oktober kl 15:30

I dag har fadrane i 6. klasse hatt lesestund saman med "fadderungane" (som dei kallar dei). Det var ivrige lesarar og lyttarar og me hadde ei kosleg stund saman. Etterpå var det nistekos i amfiet før me gjekk ut til friminutt i den fine haustsola!  Fleire bilete>>

Tekst og foto: Hildegunn Heimro 


Strikkmotor
Publisert: Fredag 2.oktober kl 15:30

I dag har 2. klasse vore på formingssalen og laga båtar med strikkmotor. Båtane vart pussa og dei fekk rekkverk, før motoren vart sett på. Prøvekøyringa var spennande. Med to strikk gjekk båten ekstra fort. Me hadde god hjelp av studentane som har vore  med oss i tre veker no. Fleire bilete på nettsida vår>>

Tekst og foto: Kari Almås

 


Mange nye bøker
Publisert: Fredag 2.oktober kl 12:55

Bibliotikarane Kristine og Lena kan tilby mange kjekke nye bøker i skulebiblioteket no før hautferien. Dei nye bøkene vert ståande oppå hyllene så dei skal vere lette å finne!

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Til Dalskardsvatnet
Publisert: Torsdag 1.oktober kl 13:55

I solskinn og fint vèr har mellomsteget vore på tur til Dalskardsvatnet saman med mellomsteget på Litlabø skule. Litt pusting og pesing opp den siste bakken, men desto bertre då me kom opp og kunne setja oss ned og nyta god niste, tursjokolade, pinnebrød, bållukt og kosleg samver - slikt som høyrer hausten til! Me ynskjer alle ein fin haustferie! Helsing lærarane på mellomsteget. Fleire bilete>>

Tekst: Hildegunn Heimro  Foto: Fleire lærarar 


Haustsamling i Amfiet for 1.-4.klasse
Publisert: Torsdag 1.oktober kl 12:55

I dag har elevane på småskulen hatt framføring av songar, dans og dikt som dei har øvd på dei siste vekene. Det var ei kjekk samling. Elevane viste seg frå si beste side både når dei sjølv opptredde og ikkje minst var dei eit fantastisk publikum. Fleire bilete>>

Tekst: Brita Flatøy Foto: Egil Petterteig & Kari Almås

Nytt frå elevrådet
Publisert: Onsdag 30.september kl 21:10

Tysdag var det møte i elevrådet. Mange saker vart drøfta og her finn de referatet>>.  Representantane i elevrådet kjem også til legge fram referatet i klassane.

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

 

4. klasse på SIM
Publisert: Tysdag 29.september kl 17:30

I dag var klassen på SIM. Olaf Skram møtte oss der. Med godt humør og gode replikkar gjorde han omvisninga kjekk og lærerik for alle. Me fekk sjå kor dei samla forskjellig avfall og fekk vita kva som vart gjort med det etter at det  var kome til SIM. Til slutt kjørte me med bussen gjennom det store bossanlegget. Fleire bilete>>

...og rett etter at 4.klasse hadde vore det>>

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes 

Siste nasjonale prøve for i år.
Publisert: Fredag 25.september kl 09:00

No er 5.klasse i ferd med å gjennomføra den siste nasjonale prøven i år. I dag er det digital prøve i matematikk som står på programmet. Prøven vart gjennomført utan tekniske problem, og er elevane fekk i fred og ro vise kva dei hadde lært i matematikken i løpet av dei fire første åra i barneskulen.

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Klarer du dette?
Publisert: Torsdag 24.september kl 21:15

No er det 2 gutar på 6 steg som klarar å sykle på einhjulingane. Øving gjer meister. Lurer på kor mange som greier det før jul. Kortspel er mote på mellomssteget for tida. Sosialt og kjekt.  Fleire bilete>>

 

 

Tomatsuppe og paddebesøk
Publisert: Torsdag 24.september kl 21:15

Borna i SFO vart i ekstase då me oppdaga ei padde under rista utanfor døra, men likevel kom alle inn til tomatsuppe etterpå. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

 

Gode eplekaker
Publisert: Torsdag 24.september kl 21:15

6.klasse inviterte fadderungane sine ned på kjøkenet i dag for å eta dei gode eplekakene dei hadde baka. Både store og små syntest det smakte kjempegodt med eplekake og is! Fleire bilete på sidene til 1.klasse>> og 7.klasse>>

Tekst & foto: Kari Myhre

 

VilVite på HSH
 Publisert: Torsdag 24.september kl 09:15

Tysdag, 22. september var 6 steg på Forskardagane på HSH. Me fekk sjå på eit kjempeflott show før me vart delt i grupper og gjekk på ulike stasjonar. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Lærarane på padletur
 Publisert: Tysdag 22.september kl 19:15

Tysdag ettermiddag var lærarar og assistentar ved Sagvåg skule på kurs med Friluftsrådet. Det vart bygging av lavvu, padling, baking og varm sjokoladebanan. Her er nokre bilete frå ettermiddagen>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Norsk, matematikk og naturfag
 Publisert: Måndag 21.september kl 14:50

I dag har me jobba med bokstaven A i norsk, geometriske former i matematikk, og vore ute for å finna raunebær som me har laga fine hjarte av. Me har hatt det kjekt med studentane, og jammen har me lært noko og :-)  Fleire bilete>>, og her er ein liten film>>

Tekst og foto: Egil Petterteig

 

På toppen av "Konglomeratfjellet"
 Publisert: Fredag 18.september kl 19:30

Som siste klasse ved skulen, gjekk 5. i dag på fjelltur. Me hadde fokus på naturfag og landskap. Kvifor ser det slik ut på Utslettefjellet? Me fann åmer, ein liten beinrest, hjarter i fjellet og mange vekstar. Til slutt leika me nærgøymsle med stor entusiasme. Ein fin tur med ein kjekk gjeng. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Toril S. Bruket & Kjell Byrknes

 

Frå rekneglade kundar til ivrige forskarar
 Publisert: Torsdag 17.september kl 17:30

I dag har 3.klasse leika ivrige kundar i matematikktimen. Dei held no på med addering av fleirsifra tal, og fekk nytta dette knytt til ein kjekk aktivitet. Etterpå var det ut på tur til Storavatnet i naturfag. Elevane skulle undersøke livet i vatnet som er temaet for dei neste vekene. Dei hadde det morosamt og fann mykje rart av alt som kryp og søm. Elevane fekk og grille seg pinnebrød på bål. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Anders Haga

 

4. klasse til fjells
 Publisert: Torsdag 17.september kl 15:30

I dag var det 4. klasse som tok turen til Utslettefjellet. Fint ver, flott utsikt, men det me hugsar best, er at ei jente, som går i speidaren, lærte oss å laga koppar av papir. Tenk, vatnet rann ikkje gjennom papiret. Dei fleste ville laga kopp som dei drakk av. Sidan Laila hadde fødselsdag, hadde ho med ei overrasking til oss alle. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Annbjørg Luggenes

 

Tur til Utslettefjellet
 Publisert: Onsdag 16.september kl 17:30

I dag var 1. og 6. klasse på tur til Utslettefjellet. Vêret var skiftande, men vi hadde stort sett opphald. Elevane var nøgde med utsikten, og alle ville visa huset sitt. Etter ein litt våt matpause byrja turen nedover igjen. Det virka som om alle elevane kosa seg, og det var ingen alvorlige knall og fall:) Fleire bilete på sidene til 1.klasse>> og 6.klasse>>   Her er også ein liten film>>

Tekst og foto: Ole Johannes Stople

 

På tur
 Publisert: Tysdag 15.september kl 18:40

2.klasse og 7.klasse var på tur til utslettefjellet. Me grilla pølser og koste oss. Det var ein fin tur sjølv om me fekk litt duskregn på oss. Fleire bilete på sidene til 2.kl>> og 7.kl>>

Tekst og foto: Ann Karin Ystevik

 

Vaktmeister og gartnar
 Publisert: Tysdag 15.september kl 18:40

Vil du vera vaktmeister og gartnar ved Sagvåg skule? Det vert tilsett  fire elevar frå 5. til  7.klasse i desse stillingane. Søknadsfrist er fredag 18.september kl 12:00 Send søknad til lars.bakka@stord.kommune.no

Tekst: Lars Bakka

 

Kvitebjørn
 Publisert: Tysdag 15.september kl 18:40

Du kan fylgje Kvitebjørnprosjektet på bloggen denne bloggen>>  Prosjektsida vår finn du her>>

Tekst: Lars Bakka

 

Leikestund
 Publisert: Måndag 14.september kl 15:50

Kvar fredag sluttar 1. og 2. klasse av veka med ei leikestund. Då har elevane fleire ting å velja mellom både inne og ute.  Desse bileta er frå sist fredag då mange leika inne. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Almås

 


Samarbeid
Publisert: Måndag 14.september kl 15:50

I det eine sekundet er heile 2.klasse i gymsalen, i det neste er alle borte vekk! Det skal godt samarbeid og koordinasjon til for å få til øvingane elevane gjorde med fallskjermen i gymsalen å måndag.

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Bordtennis
Publisert: Måndag 14.september kl 15:50

I dag var det offisiell opning av bordtennisbordet som me fekk i gåve frå bordtennisforbundet. Me fekk også eit sett med ballar og køller. Bordet skal eigentleg stå ute, men førebels får det bu inne hos oss.

Tekst og foto: Lars Bakka

 

Tur til Utslettefjellet
  Publisert: Torsdag 10.september kl 20:50

I dag har 3.klasse vore på tur til Utslettefjellet. Heimstaden vår er tema i samfunnsfag, og me ville studera Sagvåg ovanfrå. Me såg skulen vår, Vikanes, Sagvåg sentrum, barnehagen, nokre såg huset sitt m.m. Me hadde ein fin tur i det flotte veret.
Fleire bilete>>

Tekst og foto: Anne Brit Holm

Eplekake
Publisert: Torsdag 10.september kl 09:50

Me i 3 klasse har laga eplekaka, det var litt vanskelg å skrella eplene, men lett å eta kaka. Den var kjempegod !Me har og vore på K & H, der brukar me øver på å bruka ulike teknikkar når me malar.No har me blitt flinke til å blanda fargar. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Gro A Halvorsen

 

Vollyball med ballong
Publisert: Måndag 7.september kl 15:30

I dag har 2. klasse øvd på vollyball. I staden for ball brukte dei ballongar. Ballongane  var lett å slå, men ikkje så de å få til å gå der dei skulle. Det blei stor aktivitet.

Tekst og foto: Kari Almås

 


Til slutt var det ikkje så menge elevar som framleis hadde digitale prøvar som fungerte.

Tekniske problem i fleng
Publisert: Fredag 4.september kl 15:30

Sjølv om Thoralf frå IKT, læraren og rektor hjalp til med det tekniske, så var det ikkje nok for at elevane i 5.klasse klarte å fullføre nasjonal prøve i engelsk i dag.

Elevane opplevde eit tjuetals ulike tekniske feilmeldingar og det ser ut til at feilen ligg på serverane i Oslo. Det er irriterande at elevane ikkje fekk vist kva dei kunne i engelsk. Svært mange oppgåver stoppa heilt opp og elevane fekk beskjed om å byrje på nytt, men då slo me av maskinane og elevane fekk friminutt. Til slutt satt det berre tre elevar igjen.

Tekst & foto: Lars Bakka 

Opplevingsdag i Moster Amfi
Publisert: Torsdag 4.september kl 15:30

Torsdag var 4.klasse så heldige at me fekk reisa til Moster og vera med på ein opplevingsdag i amfiet.

Arrangementet heitte  'Med vind i segla og stein i lomma'.

Først gjekk me til eit naust og høyrde om daglegliv i Sunnhordland for hundre år sidan. Så var det tur gjennom tunnelen i amfiet. Der såg me på ulike steinsortar og laga oss steinøks. Tredje post på programmet var ein tur gjennom det kyrkjehistoriske senteret på Moster. Etterpå var me på ein stasjon som heitte : Teaterleik og improvisasjonsøvingar, før programmet  vart avslutta med ei fellessamling i amfisalen for dei hundre elevane som var på Moster denne dagen. Fellessamlinga heitte 'Tor med hammaren.'

Ein interessant og lærerik dag saman med flinke arrangørar og svært kjekke elevar. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Brita Flatøy

Siste nytt frå elevrådet
Publisert: Onsdag 2.september kl 11:00

Det var mange spanande sakar i elevrådet denne gongen!! Alle klassane bør ta seg god tid til å lesa dette. Les referatet her>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland 

 

Førsteopptak til FLL
Publisert: Tysdag 1.september kl 23:30

I dag vart dei sek første elevane teke ut til First Lego League (FLL) 2009. Det kjem to nye opptaksrundar for konkurransen tek til 15.september. Det første seks elevane er frå venstre Marius, Magnus, Jørgen, Åshild, Malin og Marta. Me stiller to lag med fem deltakarar på kvart lag. Det er meir enn 20 elevar som har søkt om å få vere med. Les meir om FLL-09 her>>

Tekst og foto: Lars Bakka 

Har du sett ei isbjørndame?
Publisert: Måndag 31.august kl 20:50

5. og 6. klasse var i dag på utstilling i kulturhuset sin kunsthall. Kunstnaren Irene Nordli lagar figurar i porselen, og me fekk sjå både "Hengemenn" , "Egg på vegg" og figurar som er blandingar mellom menneske og dyr. Her var mykje og forundra seg over, noko mange av elevane gjorde. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Toril S Bruket

Vervadag
Publisert: Måndag31.august kl 20:50

Sagvågelevar var med på Vervadag. Meir tekst kjem. Fleire bilete>>

 

Utemorådet 
Publisert: Fredag 28.august kl 15:00

Fredag var Sylve Rusten frå Stord kommune og Tor Røyknes frå Lek & Park A/S på Sagvåg skule og såg på korleis me får mest mogleg ut av dei 600.000,- me har fått tiluteområdet. Elevrådet vert informert tysdag og Tore kjem tilbake måndag for ny synfaring.

Tekst og foto: Lars Bakka 

Naturfag i 4.klasse 
Publisert: Onsdag 26.august kl 14:50

Sist veke var me ute og såg på bær, tre og frukt. Denne veka jobbar me inne og studerer frø og frukt. Her ser de nokre bilete frå naturfagstimen. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Brita Flatøy

1.klasse til 'Raugaløo'
Publisert: Onsdag 26.august kl 14:50

Første klasse var på tur til "Raugaløo" i dag. Litt ormagras og ei steinrøys var nok til å underhalda oss ei god stund. Gode bjørnebær var det og, så turen var fin :-)
Fleire bilete>>

Tekst & foto: Egil Petterteig

2. og 7.klasse 
Publisert: Måndag 24.august kl 13:30

I dag har elevane i 2. klasse fått vore saman med fadrane sine. Dei har spelt spel og leika saman. Fleire bilete på sidene til 2.klasse>> og 7.klasse>>

Tekst og foto: Kari Almås

1.klasse på Fronter
 Publisert: Fredag 21.august kl 10:30

Før den første skuleveka er over er 1.klasse i full gang med tekstskaping på Fronter. I dag fekk elevane god hjelp av fadrane i 6.klasse. Fleire bilete på sidene til 1.kl>> og 6.kl>>

Tekst & foto: Lars Bakka, Egil Petterteig

 

Skulebiblioteket
Publisert: Fredag  21.august kl 10:30

Det var kjekt å få låna bøker. No er me i 2. klasse og likar å lesa. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Almås 

På jakt etter bær
Publisert: Torsdag  20.august kl 16:10

I dag har 3. klasse vore i skogen rundt skulen og sett etter bær. Me fann både blåbær, tytebær, krekjebær og blokkebær! Resultatet vart mange koppar med bær og mange blide barn med blå munnar :-) Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Brit Holm

Sopp og litt til....
Publisert: Torsdag  20.august kl 22:00

Heile mellomsteget var på sopptur til Nesskogen i dag. Me fann ikkje mykje sopp, men me kokte god kantarellsuppe frå pose. Elevane leika og koste seg i det fine, varme veret. Nokre elevar fann eit ekorn utan kropp og. Lurer på kva som har skjedd?

Fleire bilete på sidene til 5.klasse>>, 6.klasse>> og 7.klasse>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Sommarvarme
Publisert: Torsdag  20.august kl 16:10

I sommarvarmen torsdag var 4.klasse ute og leita etter ulike tresortar og frø. Elevane fann og mange bær. Bjørnebær og blåbær var dei bærsortane det var mest av der me var. Her er nokre bilete som viser elevane i aktivitet. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Brita Flatøy

 

Fadrane er heltane
Publisert: Torsdag  20.august kl 16:10

Første skuledag fekk 1. klasse besøk av fadrane sine. Me hadde ei leikestund inne, der fadderborna fekk bestemma kva dei ville leika med. Etterpå gjekk me ut saman. Me hadde ei kjekk stund både store og små. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Jenny Sætre Skjønberg

 


Endeleg!
Publisert: Måndag 17.august kl 16:30

Endeleg kom den store dagen. Dei 21 elevane i 1.klasse vart ynskja vel møtt til første time av kontaktlærarane Jenny Sætre Skjønberg, Egil Petterteig, og sjølvaste ordføraren i Stord, Liv Kari Eskeland. Etter velkomsttale frå ordføraren gjekk turen til samling for heile skulen i amfiet. (Sjå under)

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Felles skulestart i amfiet
Publisert:
Måndag 17.august kl 16:30

Det er etter kvart blitt tradisjon at skuleåret tek til med felles samling i amfiet for heile skulen. Det var kjekt å sjå heile gjengen samla igjen!

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Klasse eller årssteg?
Publisert:
Måndag 17.august kl 16:30

Som de kanskje ser står det no 1.klasse oppe på nettsida vår .

I juni i år kom omgrepet 'klasse' tilbake i opplæringslova:
Endring i reglene om organisering av elevene i grupper – sosial tilhørighet

Endringene presiserer at elevene i opplæringen skal deles i klasser eller basisgrupper som ivaretar behovet for sosial tilhørighet. Etter endringen kreves det at en så stor andel av opplæringen skjer i klassen eller basisgruppen at elevenes grunnleggende behov for sosial tilhørighet ivaretas der. Kontaktlæreransvaret er ved lovendringen koblet direkte til klassen/basisgruppen, og de elevene som er der.

Det var 1. august 2003 det vart det gjort endringar i opplæringsloven som tok bort omgrepet klasse. Reglane  om klasser og klassedelingstal vart då oppheva. Då vart det bestemt at ein skulle erstatta omgrepet klasse med basisgruppe.

Les meir om kva som er nytt dette skuleåret her>>


Alt klart til skulestart!
Publisert: Laurdag 15.august kl 18:30

Etter to planleggingsdagar, er no alt klart til skulestart måndag. Då går flaget til topps og me ynskjer 'gamle' og nye elevar hjerteleg velkommen!!

Me tek til kl 08:30.  Skuleruta finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Publisert: Måndag 22.juni 2009 kl 13:00

Pengar til  uteområdet

Med dette vedtaket i kommunestyret i juni får endeleg Sagvåg skule på plass ei etterlengta aktivitetsløype til hausten:

Sak 49/09, pkt 8:
"K-styret ønskjer å prioritera oppstarten av eit aktivitetssenter/nærmiljø tiltak ved Sagvåg skule hausten 09.
Stipulert kostnad 615 281,-.
Kommunen sin del finansierast ved bruk av gjenståande løyving i skulebruksplan kr 315 000 og spelemidlar kr 200 000."

Tekst: Lars Bakka


Publisert: Måndag 22.juni 2009 kl 10:30

Vedlikehald

I desse dagar får Sagvåg skule eit strøk måling. Dette er fet første store vedlikehaldsprosjektet ved skulen vår, som no er tre og eit halvt år gamal.

Tekst & foto: Lars Bakka