Hausten 2008                                        Arkivet>>


Torsdag 25.desember 2008 kl 21:00

Hausten 2008 og våren 2009

Her kan du sjå tilbake på mykje av det du fekk oppleva som elev ved Sagvåg skule hausten 2008>>  Vil du gå endå lengre tilbake i tid så finn du heile arkivet her>>

Våren 2009 tek til med første skuledag måndag 5.januar.
(Då er det 2.-4. og 6.steget som skal ha symjeundervisning>>. Hugs badeklede!)

Tekst : Lars Bakka


Fredag 19.desember 2008 kl 10:40

Siste dag før jul

Den siste skuledagen før jul vart avslutta med gang rund juletreet, førjulskos på årsstega og julegudsteneste.  Fleire bilete>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 


Fredag 19.desember 2008 kl 10:40

Siste dag før jul for 5.

No gler alle på 5.stget seg til juleferie. ;e avslutta siste skuledagen i kyrkja, der elevane på 5.stget deltok i tekstlesing. Dei song og 'I en natt' av Bjørn Eidsvåg. Dei var veldig flinke!   Fleire bilete>>

God jul til alle saman!

Tekst: Hildegunmn Heimro Foto: Lars Bakka


Torsdag 18.desember 2008 kl 10:00

Julefrukost

Alle elevane ved Sagvåg skule fekk servert julefrukost i gymsalen i dag tidleg. Dette er ein god førjulstradisjon som me har hatt ved Sagvåg skule i mange år.  Fleire bilete>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 


Onsdag 17.desember 2008 kl 12:30

Julegøy og leikestund

I dag har 3. og 4. steget vore saman heile dagen. Først hadde me juleverkstad, der elevane laga flotte filthjarter, julekort og korger. På slutten av dagen fekk dei seg ei leikestund. Det har elevane ønska seg lenge!

Fleire bilete>>

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Jarle Karlsen


Onsdag 17.desember 2008 kl 12:30

Utedag med 6.og 7.steg

6. og 7. steg hadde nokre koselege timar ute i skogen onsdag 17.desember. Me spidda pølser på bål, drakk varm saft, leika "50-leik" og slo ball. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Myhre


Onsdag 17.desember 2008 kl 12:30

Baking på 5.steget

Fleire bilete>>


Tysdag 16.desember 2008 kl 13:20

Juleverkstad

I dag har det vore juleverkstad for alle elevane på Sagvåg skule. På juleverkstaden fekk elevane på 1. steget høve til å laga ting på mange stasjonar. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Almås


Måndag 15.desember 2008 kl 13:42

Julepynt og graut

1. og 6.steget har laga julepynt og ete graut i lag i dag. Koseleg og kjekt. Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 6.steget>>

Tekst og foto: Egil Petterteig


Fredag  12
.desember 2008 kl 14:20

Gåver til Ukraina

I dag blei alle gåvene henta. Dei skal lastast inn i ein stor trailer og køyrast til Ukraina. Tusen takk for alle gåvene. No er det mange barn som vert glade 7. januar då dei feirer jul. Film og bilete på sida til elevrådet>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland


Fredag  12
.desember 2008 kl 14:20

Graut i 4. og 5.

4 og 5 steg koste seg med graut i dag. Fleire elevar var heldige og fekk mandel. Me fekk også spelt litt ilag. Det var veldig kjekt.
Fleire bilete på sidene til 4.steget>> og 5.steget>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland


Fredag  12
.desember 2008 kl 10:10

Lucia og adventsamling

I dag var det 1. og 6.steget som hadde ansvaret for adventsamlinga. 1.steget gjekk også Lucia til alle årsstega. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Lars Bakka


Torsdag  11
.desember 2008 kl 16:12

Nissefest og graut i SFO

Dagen som starta med nissemarsj slutta for mange med nissefest med graut i SFO. Grauten var kjempegod! Fleire bilete>>

Tekst og foto: Liljan Vestbostad Waage


Torsdag  11
.desember 2008 kl 15:40

Baking på 3.steget

Etter nissemarsjen passa det godt å gå på kjøkenet og laga peppernøtter. Deigen var så god at me trong ikkje bruka mjøl, så kuletrillinga gjekk som ein leik. Nokre av elevane kjem nok til å eta opp alle kjeksane før dei er heime, mens andre sparer litt så resten av familien får smaka. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Brita Flatøy

 


Torsdag  11.desember 2008 kl 15:40

Kjekt å vera saman!

Elevane på andre og sjuende steget har hatt fleire kjekke aktivitetar saman denne veka. Baking og leikar på tysdag. På onsdag viste nokre på 7. steget at dei kunne laga "firkantbål". Dei fleste fekk likevel varmen i seg når dei var med på fotballbanen, leika ringleikar eller var med på andre aktivitetar. Til slutt koste både små og store seg med graut inne. Torsdagen var det nissemarsj! Fleire bilete på sidene til 2.steget>> og  7.steget>>

Tekst og foto: Kjell Byrknes


Torsdag  11
.desember 2008 kl 09:30

Nissemarsj

Bladet Sunnhordland var til stades og laga reportasje då elevrådet arrangerte nissemarsj i nydeleg vintervér i dag tidleg.

 Fleire bilete frå nissemarsjen finn du her>>

Tekst og foto: Lars Bakka

 


Torsdag  11.desember 2008 kl 08:30

Julebakst på 1.steget

Elevane på 1. steget var på Almås og hadde juleverkstad. Me laga nissar, baka julemenn og laga mange ting i papir.

Ein travel og koseleg dag. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Kari Almås


Torsdag  9.desember 2008 kl 09:40

Nytt frå elevrådet

Her finn du referatet frå det siste møtet i elevrådet denne hausten>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland


Måndag  8.desember 2008 kl 13:45

2.steget til museet

På fredag var 2 steget på museet og fekk læra om korleis dei feira jul i gamledagar. Me leika at me baka, hogg ved, henta vatn, vaska kle og golv.Alle fekk laga kvar sitt honninglys. Me var på fisketur og drog opp juletorsken og me gjekk til fjøsnissen med graut.
Til slutt samla me oss i Futastovo og spiste "julematen". Flatbrød med smør og lutafisk.
Alle sa at det smaka godt !
Til slutt fortalte Astrid Elin juleevangeliet og ein annan forteljing frå gamledagar.
Fleire bilete>>

Tekst: Gro A. Halvorsen
Foto: Gro A. Halvorsen og Anne Brit Holm

 


Fredag  12
.desember 2008 kl 10:10
Lucia og adventsamling

I dag var det 1. og 6.steget som hadde ansvaret for adventsamlinga. 1.steget gjekk også Lucia til alle årsstega.

Tekst og foto: Lars Bakka

 

 
 Den andre adventsamlinga
Fredag 5.desember 2008 kl 21:45

Fredag 5.desember var det adventsamling med tenning av to lys i
adventsstaken vår. Denne gongen var det elevane på 3.,4. og 5 steget som hadde ansvar for song, opplesing, lystenning og leiing. Elevane hadde øvd på fine songar, og det vart ei stemningsfull stund i amfiet denne mørke desembermorgonen. Fleire bilete>>

Foto: Annbjørg Luggenes, JennySætre Skjønberg og Aasne Vikanes. Tekst: Brita Flatøy

 
Tysdag 2.desember 2008 kl 12:45

Tannpleiar Brit Låstad var hos oss på 5 steget i dag. Me fekk lære om korleis me best skal ta vare på tennene. Me fekk tannkost, tanntråd og vannflaske hos henne.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Fredag 29.november 2008 kl 13:00

Fredag morgon var det tradisjonell og stemningsfull adventsamling i amfiet ved Sagvåg skule. Det var elevane på 2. og 7.steget som hadde ansvaret for programmet. Her er også ein liten film

Tekst & foto: Lars Bakka

 
Fredag 29.november 2008 kl 13:00

Elevane på småskulesteget har vore flinke å lesa, mange har lese mange timar i veka. Den eleven som hadde lese mest på kvart steg, fekk ei bok i premie. i tilegg trekte me bøker mellom dei andre elevane, slik at det var 6 elevar som gjekk heim med ein bokpremie. Elevane fekk diplom.

Foto: Anne Brit Tekst: Annbjørg

  Tysdag 25.november 2008 kl 15:00

Tysdag 25.november fekk 6.steg koma på omvisning til Sunnhordland på Heiane. Svein Birkeland viste oss rundt på huset, og me fekk sjå korleis ei avis vert laga. Han fortalde oss og avisa si historie, og me fekk gode tips som me skal nytta oss av når me no snart skal laga vår eiga avis.

Tekst & foto: Kari Myhre

 

 
Publisert: Tysdag 25.november 2008 kl 12:30

Klikk på biletet så får du sjå morgonstemning ved Sagvåg skule ein fin vinterdag ein månad før jul. Du finn også andre panoramabilete på denne sida.

Tekst & foto: Lars Bakka

 
Publisert: Fredag 21.november 2008 kl 12:30

No er det siste innspurten i Leselystaksjonen 2008 på 2.stegete. Me har fått mange flinke lesarar!

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

 
Publisert: Fredag 21.november 2008 kl 10:00

Endeleg kom snøen! Elevane ha kosa seg frå første stund då SFO opna kl 06:45. Her finn du bilete frå SFO og resten av skuledagen>>

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage, Lars Bakka

 

 
Publisert: Tysdag 18.november 2008 kl 12:30

I går hadde me ein roleg og fin dag i SFO. Borna leika fint og dei laga byen Bergen. Kreativt!

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 
Publisert: Tysdag 18.november 2008 kl 12:30

Tysdag 18. november arbeider heile 1. steget med data. Me har oppgåver i norsk og matematikk. Då er det godt å ha fadrane som kan hjelpa oss nå me har behov for det. Fleire bilete på sidene til 1.st og 6.st

Tekst & foto: Kari Almås

 

 
Publisert: Fredag 14.november 2008 kl 11:45

Alle årsstega var godt førebudd til elevrådsmøtet 11.november. Her finn du referatet frå møtet>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland & Lars Bakka

 

 
Publisert: Onsdag 12.november 2008 kl 23:20

Elevane samla inn i dag inn heile  24.178,- kroner til Redd Barne ! Foreldre og besteforeldre kjøpte lopper og lodd i stor stil og beile beløpet vert sendt direkte til Redd Barne. Fleire bilete frå open dag ved Sagvåg skule finn du her>>
Eit lite filmklipp>>

Tekst: Lars Bakka Foto Hildegunn Heimro & Lars B

 

 
Publisert: Tysdag 11.november 2008 kl 15:25

I dag har 5.steget jobba med å få på plass lopper til i morgon. Det vart eit spennande "dykk" i posar og esker. Elevane fann mange kjekke og interessante ting. Me takkar alle for loppene, og ynskjer hjarteleg velkommen på 'Open dag' på skulen onsdag 12/11 frå kl 10:00-12:30

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 


Publisert: Laurdag 8.november kl 17:40

Sagvåg Pops vann Ståpå-prisen under First Lego League i Bergen i dag. Pappaen til Magnus har lagt ut bilete i denne bloggen gjennom heile dagen. Les meir  her>>. Alle resultata finn du på  Hjernekreft>>.

Tekst: Lars Bakka Mobilfoto: Kristin Steinsland

 

 
 
Publisert: Torsdag 6.november kl 13:30

Elly-Kimiya Jebelli, Anne-Berit Vesterheim og Hans Olav Petterteig er er deltakarar i eit nytt bokprosjekt ved Sagvåg skule. Fram til 1.desember skal dei tre elevane oversetja ei barnebok med tysk tekst til nynorsk. Det er sjølvsagt Elly som er tyskeksperten vår, medan Anne-Berit og Hans Olav er ekspertar på god nynorsk. Også dette bokprosjektet er eit samarbeid med m.a. Živana Safran frå Slovenia.

Boka heiter 'Herr Hase und Frau Bär'
og ser eigentleg slik ut:

Tekst & Foto: Lars Bakka

 
Publisert: Torsdag 6.november kl 10:40

Dei siste vekene har elevane på 4. steget arbeidd i grupper i musikk. Dei har fått prøva å spela på ulike instrument og mange greier å spela melodiar. Dei har brukt piano, synth., klokkespel og ulike rytmeinstrument. Elevane har òg brukt flasker, og dei har fått ulike tonar i flaskene ved å fylla ulike mengder vatn i dei. Då var det råd å spela 'Lisa gjekk til skulen' på flaskene. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

 
Publisert: Torsdag 6.november kl 10:40

Onsdag var 1. og 2.steget på tur i det fine veret. Me hadde ei kjekk stund saman. Me leika mykje og me fekk ei kjempegod tomatsuppe. Fleire bilete på sidene til 1.steget og 2.steget

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 

 
Publisert: Måndag 4.november kl 12:40

I samband med den nynorske barnebokfestivalen FALTURILTU, var me på 6.steg så heldige at me fekk besøk av ein ekte forfattar! Han heiter Arnfinn Kolerud og kjem frå Isfjorden i Møre og Romsdal. Han las frå bøkene sine, og me fekk spørja om det me lurte på. Me hadde og ein liten skrivekonkurranse, og då vann to elevar bøker.

Tekst & foto: Kari Myhre

 
Publisert: Måndag 3.novemberkl 14:20

Desse farlege trolla skal 1. steget selja når me har open dag.

Tekst & foto: Kari Almås

 

 
Publisert: Fredag 31.oktober kl 23:50

I dag har me tatt farvel med studentane våre. Kristian spela ein fin avskjedssong på piano og så vart studentane overausa med mange klemmar. Elevane kosa seg saman med studentane, som no går "i hi" på lærarskulen og kjem attende til oss utpå nyåret. Det gler me oss til! Fleire bilete

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 

 
Publisert: Fredag 31.oktober kl 12:30

Etter to økter har gruppe 1 og 2 laga kvar sin musefellebil. Nokre bilar tok ein sving, medan andre gjekk rett fram. Stor friksjon og spinning gjekk ikkje bra. Sjå bileta på sidene til 5. 6.- og 7.steget

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

 
Publisert: Tysdag 28.oktober 2008 kl 16:15

Mellomsteget har hatt teknologi og design på timeplanen i dag. Me skal ha dette kvar tysdag og torsdag i tre veker no. Elevane lagar musefellebil, papirhelikopter, mekaniske kort, og flaskerakettar. Det vart laga mange fine og kreative kort, og mange modellar av papirhelikopter vart testa ut. Med rakettane vart det futt og fart på skuleplassen, men alle bilane var like heile etterpå.........
To filmar: Film 1 og film 2  Fleire bilete på sidene til 5.st, 6.st og 7.st

Tekst & foto: Egil Petterieg m.f.

 

 
Publisert: Tysdag
28.oktober 2008

Elevane på 7. steget har fått opplæring i livreddande førstehjelp ved hjelp av "Mini-Anne" Dei var flinke til å følgja instruksane som var i opplæringsfilmen.Flott innsats! "Mini-Anne" har dei fått, saman med resten av pakken. Elevane skal kunna læra opp familiemedlemer over 12 år.

Tekst & foto: Kjell Byrknes

 

 
Publisert: Tysdag 28.oktober 2008 kl 10:15

I dag har Bård Valvatne frå HSH laga ein liten film frå praksisen som studentane frå HSH har ved Sagvåg skule i desse dagar. Filmen vert publisert på nettsida til høgskulen. Me skal lage lenkje når filmen er klar.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 
Publisert: Torsdag 22.oktober 2008 kl 12:00

Det var stor aktivitet på musikkgruppene til 5 og 6 steg i dag. Me hadde som vanleg gitar på ei gruppe. 3 lærarar som kan hjelpe til, er ganske flott. Ei gruppe var i amfiet og dansa. Tredje gruppa lytta til musikk og teikna. Fleire bilete på sidene til 5.st>> og 6.st>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 
Publisert: Onsdag 22.oktober 2008 kl 12:00

I desse dagar får elevane på 5.-6. og 7.steget oppleva å ha mange nye lærarar. Denne og neste veke har studentar på Høgskulen Stord/Haugesund praksis  på desse årsstega. Det er dei same studentane som kjem tilbake etter jul. Til neste år skal dei ha praksis i småskulen, så me har god tid til å bli kjent med dei.

Tekst & foto: Lars Bakk

 

 

Onsdag 15. oktober var elevane frå 1. og 2. steget saman og arbeidde i grupper. Dei fekk bruka staffeli og måla. Dei fekk klippa og lima bilete. Dei fekk vera saman og leggja puslespel. Me hadde ei travel, men kjekk økt.

Tekst: Kari Almås  Foto: Liljan Waage

 

 

Her er rykande ferske bilete frå 7.steget som denne veka er på Gullingen leirskule

Tekst:: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes

 

 
Mange bilete>>
Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

7.steget på Leirskule
Publisert: Måndag 13.oktober 2008 kl 20:50 (Oppdatert 14.10.08)

Medan 7.steget er på leirskule i Suldal sender Kjell Byrknes daglege glimt frå opphaldet.

Tekst: Lars Bakka Mobilfoto: Kjell Byrknes

 
Arkivfoto frå leirskuleopphaldet til 7.steget våren 2008

Vart haustferien slik?
Publisert: Laurdag 11.oktober 2008 kl 13:30

Då er det kanskje like greitt at haustferien går mot slutten, og måndag er me klare for ny skuleveke. Som vanleg skjer det litt av kvart på Sagvåg skule.

Tekst: Lars Bakka

 
 

Elevrådet til Tjødnalio
Publisert: Fredag 3.oktober 2008 kl 12:30

I dag har elevrådet ved Sagvåg skule vore på ekskurshjon til Tjødnalio skule for å sjå på den nye klatreløypa som dei har fått. Alle var einige om at det hadde vore utruleg kjekt å hatt noko liknande på Sagvåg skule også! Du finn fleire bilete og referat frå det siste møtet i elevrådet her>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland og Lars B

 

Lesing
Publisert: Torsdag 2.oktober 2008 kl 15:
15

Torsdag hadde 7. steget og fadderborna på 2. steget lesestund saman. Faddrane hadde førebudd seg på korleis ein god høgtlesar skal lesa, og det såg ut til å falla i smak hos fadderborna. I tillegg las også mange av fadderborna høgt til faddrane sine. Etter lesestunda fekk dei aller fleste tid til å spela spel og kosa seg saman.

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

4. steget vitjar SIM
Publisert: Torsdag 2.oktober 2008 kl 09:
45

I dag har me hatt ein lærerik dag på SIM sitt anlegg i Svartasmoget. Torleiv Agdestein viste oss rundt, og me fekk god greie på kvar alt avfallet vårt vert av. No kan heimane venta seg 9-åringar som luskar i bossbøtta! Fleire bilete>>

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

Fotografering
Publisert: Onsdag 1.oktober 2008 kl 09:
15

Onsdag og torsdag vert alle elevane ved Sagvåg skule fotograferte av fotofirmaet Fovea. Det vert teke gruppebilete og portrett. Alle elevane har fått med seg ein lapp heim med brukarnamn og passord til www.fovea.no for eventuelt kjøp av bilete.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Kolstiftar
Publisert: Fredag 26.september 2008 kl 16:
30

3. steget har teikna med kolstiftar i dag.  Fleire bilete>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Brita Flatøy

 

 
Lappar og måling
Publisert: Torsdag 25.september 2008 kl 16:
30

3. steget har vore på tur i dag. Me hadde med målehjulet og måla forskjellige avstandar. Dei nysteikte lappane smaka godt, med og utan sjølvlaga bjørnbærsyltetøy. Fleire bilete>>

 
Reknespel
Publisert: Torsdag 25.september 2008 kl 16:
30

I dag har me brukt ulike reknespel i matematikken på 1. steget. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

 


Kantinesjefane
Publisert: Onsdag 24.september 2008 kl 10:
00

Dette året er det Anna, Lena og Tonje som er kantinesjefar på Sagvåg skule. Dei gjer klar 102 halve rundstykke med pålegg til elevane på mellomsteget  kvar tysdag.

Tekst & foto : Lars Bakka

 


Rikskonsert
Publisert: Tysdag 23.september 2008 kl 10:
00

Det var stemningsfylt i gymsalen då Hildegunn Pettersen, Solfrid Molland og Trond Viggo Solås frå Rikskonsertane vitja Sagvåg skule med konserten 'Se min ild - og andre skumringshistorier i dag. Musikarane skrøyt  over kor kjekt det hadde vore å ha konsert for kjekke elevar ved Sagvåg skule! Fleire bilete>>

Tekst : Lars Bakka Foto Hildegunn Heimro

 
Litt av kvart på 2.steget
Publisert: Fredag 19.september 2008 kl 14:
40

På onsdag var 2.steget på tur til biblioteket på Litlabø og Nysæterbanen. Me fekk høyra eit eventyr, sjå i bøker og me lånte ulike bøker som me har på skulen. Etterpå hadde me ei kjekk stund på Nysæterbanen, der me spelte fotball, hoppa lengde og leika. På sidene våre er det også bilete frå andre aktivitetar me har gjort den siste tida. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 
Heavy-katten
Publisert: Fredag 19.september 2008 kl 10:40

Torsdag 18. september fekk alle elevane vere med på framsyninga til Heavy-katten. Dei fekk læra korleis ein tøff rockelåt skal spelast. Elevane var ivrig med i heile konserten. Fleire bilete>>

Tekst: Kari Almås Foto: Kjell Byrknes

 


Eplekake
Publisert: Fredag 19.september 2008 kl 14:25

Onsdag i denne veka vart alle på 1. steget inviterte til å eta eplekake som heimkunnskaps gjengen hadde bake av epla me henta hos Kari Myhre.

Det var litt is i tilegg til eplekaka. Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 6.steget>>

Tekst: Kari Almås  Foto: Kari Myhre


Insekt på 5.steget
Fredag 19.september 2008 kl 10:40

Kva i all verda er det med den humla? 5 steg var ute og leita etter smådyr som me skulle studere. Me fann mange. Ei av dei var ei humle som låg nede i jorda. Ho hadde nokre gule små dyr på. Lurer på kva det er? Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 
Småplukk på 4.steget
Torsdag 18.september 2008 kl 13:30

Tysdag var 4. steget ute og såg korleis det gjekk med treet sitt, som dei har observert sidan dei byrja på 1. steget. Me registrerte at det hadde vakse sidan sist, og at det framleis hadde grøne blad. Me vil ta fleire bilete av treet gjennom dette skuleåret, for å sjå korleis det endrar seg med årstidene.

Onsdag hadde me ei kjekk stund i biblioteket på Litlabø. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 
Full fart i gymsalen
Tysdag 16.september 2008 kl 10:10
(oppdatert kl 14:30)

Heile mellomsteget var med då Mariann Steinsland frå Nysæter barnehage kom ned til oss og hadde aerobic-time i gymsalen. Det var mange blide fjes å sjå blant elevane. Fleire bilete på sidene til 5.steget>> 6.steget>> og 7.steget>>

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 


'Mi verd.'
Måndag 15.september 2008 kl 15:00

Det var ein ivrig gjeng som fekk eingongskamera av Øyvind Hjelmen i dag. Elevane skal fotografere ting som er viktige for dei. "Mi verd" heiter prosjektet. 5 steg frå Litlabø skule var også hos oss, så me var ein stor gjeng på musikkrommet. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


Kunstnarar i arbeid
Fredag 12.september 2008 kl 15:00

I dag har 3.steget vore på formingssalen og malt bilete. Dei fekk sjå eit haustbilete til inspirasjon. Elevane fekk gult, raudt, blått og kvitt på paletten. Måleria er ikkje ferdige enno, men det ser ut til å bli mange flott resultat til slutt. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

 
Legogjengen 2008

Fredag 12.september 2008 kl 15:00

I år stiller Sagvåg skule med to lag, og heile ti elevar får vera med på First Lego League. Likevel var det mange elevar som vart skuffa. Her er dei heldige frå venstre: Jørgen, Håkon, Hilde, Kjartan, Jonas, Magnus, Marius, Kristin, Maiklen og Mathilde. Laurdag 13.september kl 13:00 vert årets oppdrag offentleggjort her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 
'Vandring gjennom Bibelen'

Torsdag 11.september kl 10:10

Marit kateket har vore hos oss to torsdagar. Ho har teke oss med på ei "Vandring gjennom bibelen". Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth trevland

 


Bibliotekarane

Torsdag 11.september kl 08:50

Det vart Silje som vart den nye bibliotekaren saman med Ingvild. Takk til alle som søkte jobben. Eg har teke vare på søknadane i tilfelle me skal ha tre bibliotekarar...

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Er du klar?

Tysdag 9.september kl 22:15

Torsdag 11.september er siste frist for å søkje om plass i First Lego League 2008 ved Sagvågs skule. Du må gå på 5.-6. eller 7.steget for å få vera med. Dette året skal Sagvåg skule ha med to lag. Det kan bli ekstra kjekt å øva med konkurransar mot kvarandre. Les meir om konkurransen her.>>  Sagvåg har vore med på FLL sidan 2005! Sjå våre sider her>>

Søk om å få vera med i brev eller mail til rektor! lars.bakka@stord.kommune.no (Du kan også sende personleg melding i Fronter)

Tekst & fotomontasje: Lars Bakka

 
Fargelæra på 5.steget

Tysdag 9.september kl 15:20

I dag har elevane på 5.steget lært om fargar og fargesamansetjing. Dei har lært at me har primærfargane gul, blå og raud som saman med kvit og svart dannar grunnlaget for alle fargar. Ved å blanda primærfargane kjem me fram til sekundærfargane lilla, grønn og oransje og ved å blanda primær- og sekundærfargane kjem me fram til tertiærfargane som er ei fargeblanding mellom primære-. og sekundære fargar.
Alle desse fargane er sett saman i ein sirkel som me kallar Ittens fargesirkel.
Det var god konsentrasjon og det vart mange flotte fargesirklar. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Hildegunn Heimro

 
Treet vårt

Tysdag 9.september kl 15:15

1. årssteget har vore i skogen og funne treet som skal vera vårt. Det er eit lønnetre. Dette treet skal me følgja gjennom året og sjå korleis det går med det. Fleire bilete>>

Tekst  foto: Kari Almås

 


Ei vanleg skuleveke på 3.steget.

Tysdag 9.september kl 11:50

Her kjem nokre bilete som viser litt av aktivitetane på 3.steget siste skuleveka.  Fleire bilete>>

Tekst: Brita Flatøy Foto: Annbjørg Luggenes og Brita Flatøy

 


Bruk hovudet - bruk hjelm!

Måndag 8.september kl 13:45

Elevane på 5 steg tok sykkelprøva i dag. Me øvde på å halde balansen, gå over vegen, bremse mm. Elevane var kjempeflinke. Det vert nok ikkje lenge før me tek ein sykkeltur att. Fleire bilete>>

Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Me haustar eple

Fredag 5.september kl 13:45

Fredag 5. september var 1. og 6. steget i hagen hos Kari Myhre og hausta eple. Der var det mange epletre med kjempemykje eple på.
Om eit par veker skal elevane på 1. steget verta inviterte på eplekake av dei på 6. steget. Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 6.steget>>

Tekst og foto: Kari Almås

 
Opplevingsdag på Bømlo

Torsdag
4.september kl 15.15

Torsdag 4. september hadde 4. årssteget ein spennande dag på Moster. Elevane fekk høyra eventyr, dansa folkedans og knyta knutar. Me fekk òg ei lærerik omvising i den kyrkjehistoriske utstillinga. Ein flott dag med kjekke elevar!  Bilete frå turen>>   Film frå turen>>

Tekst: Aasne H. Vikanes Foto: Jenny Sætre Skjønberg


Matematikkgrupper

Onsdag
4.september kl 09.30

Kvar veke har 1. og 2.steget matematikkgrupper saman. Elevane er på ulike stasjonar der dei arbeider med data/smartboard, spel, teljing og konstruksjon. Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 2.steget>>

Tekst & foto: Anne Brit Holm

 


Nasjonale prøvar på 5.steget

Onsdag 3
.september kl 09.30

I dag vart det gjennomført nasjonal prøve i engelsk for 5.steget. Prøven i engelsk var digital og vart gjennomført på nett. Les meir om nasjonale prøvar 2008>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 
Vil du ha jobb i skulebiblioteket

Onsdag
3.september kl 09:30

I dag har Ingvild sett fram mange nye bøker i skulebiblioteket. Ho har også hatt det travelt med å registrera nye lærebøker. Vil du ha jobb i skulebiblioteket saman med Ingvild? Me treng ein skulebibliotekar til. Send jobbsøknad til: lars.bakka@stord.kommune.no

Tekst & foto: Lars Bakka

 
Les for meg!

Tysdag 2.september kl 12:45

6.steget har i dag lese til fadderborna sine. Me hadde ei koseleg stund i lag. Fleire bilete på sidene til 1.stegt>> og 6.steget>>

Tekst & foto: Egil Petterteig


'Eg byggjer ein båt'

Tysdag 2.september kl 12:10

7.steget fekk i dag koma til Verven på Jensaneset og vera med på opplegget "Eg byggjer ein båt". Me fekk sjå teater om ein båtbyggjar med stort pågangsmot, og me fekk vera med på praktiske oppgåver, som å byggja ein færing i halv målestokk, og smi og klinka ein nøkkelhaldar. Elevane var veldig engasjerte og fekk skryt for at dei var nevanyttige :-) Fleire bilete>>

Tekst: Kjell Byrknes Foto: Elevane

 


Vervadagen

Tysdag 2.september kl 09:50

Skule på ein laurdag! 7. steget hadde to kjekke timar på Jensaneset under vervadagen. Dei fleste kunne stilla til ein noko uvanleg, men lærerik dag. Dei filma, tok bilete og noterte fakta, om alt frå bekgryta til gamle båtar. Det var kan henda alle lydane og luktene som gjorde sterkast inntrykk. Lukta av bek var ny for mange. Kva er det? Kva blei det brukt til? Kvar kjem det i frå og korleis blei det laga? Desse og mange andre spørsmål skal elevane prøva å finna svar på....

Tekst: Kjell Byrknes Foto: Elevane

 

 
Teori og praksis i musikken

Fredag 29
.august kl 17:30

5. og 6. steget har dei neste 11 vekene slege saman musikkundervisninga og delt klassane i tre grupper. Ei gruppe lærer seg å spela gitar, ei gruppe jobbar med musikkteori, og ei gruppe jobbar med ulike kjende komponistar. Me rullerer slik at alle får gjort alt kvar veke. Kvar fjerde veke lagar me stort kor av dei, og håpar at me kan byggja oss opp eit godt repertoar i løpet av året. Elevane likar spesielt godt å få prøva seg på gitar, sjølv om det var mange såre fingrar etter første gongen.

Tekst & foto: Egil Petterteig

 
Heile skulen er på tur

Fredag 29.august kl 11:00

 

I dag er heile skulen på tur til Mjelkevikjo. Her er eit mobilbilete direkte frå turen. Fleire bilete kjem når elevar og lærarar er tilbake frå turen.
Oppdatert kl 14:00! Her finn du bileta frå turen>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

 

Annonse i Sunnhordland under Stord kommune informerer, torsdag 21.august 2008:
LEIGE AV GYM.SALER/ROM VED GRUNNSKULANE SKULEÅRET 08/09
Lag og organisasjonar som ynskjer å leiga gymnastikksalar eller andre rom ved skulane, må senda søknad til rektor ved den aktuelle skulen.
Det må gå fram av søknaden kva dagar og tidspunkt ein ynskjer å leiga. Rektor fordeler salar og rom, og kallar inn leigetakarane til fellesmøte etter søknadsfristen.
Søknadsfrist: 01.09.08 
Fordelt utleige 2008/09>>

Er du klar for First Lego League?

Fredag 29
.august kl 14:50

Går du i 5.-6. eller 7.steget så kan du søkja om å få vera med på First Lego League 2008. Dette året skal Sagvåg skule ha med to lag. Det kan bli ekstra kjekt å øva med konkurransar mot kvarandre. Les meir om konkurransen her.>>  Sagvåg har vore med på FLL sidan 2005! Sjå våre sider her>>

Søk om å få vera med i brev eller mail til rektor! (lars.bakka@stord.kommune.no )

Tekst: Lars Bakka

 

 
Elevrådet har hatt det første møtet

Fredag 29.august kl 10:00

Her finn du referat frå det første møtet i elevrådet dette skuleåret>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

 


Fleire kjekke bøker enn du anar!?

Fredag 29
.august kl 10:00

Det kan godt hende at me har fleire kjekke bøker på skulebiblioteket vårt enn du anar! Visste du at du kan sitje heime i fred og ro og finne bøker du vil har. På denne nettsida kan du søkje på bøker og i mange tilfelle også så bilete av dei. Hugs å velje skule slik at du ikkje finn bøker frå alle skulene. Trykk på 'ENKELTSØK' Her kan du søkje:
 

Tekst & foto: Lars Bakka

 


'Vestlandets historie ut i skulen'

Onsdag 27.august kl 08:35

Som ein del av prosjektet "Vestlandets historie ut i skolen" var 7. steget tysdag på Jensaneset for å sjå på området rundt Ottesen Skipsbyggeri. Me fekk ei flott omvising av Terje Lamo frå kystlaget. På laurdag skal me ha ein ekstra skuledag og gå på Vervadagen. Seinare skal me bearbeida det me har lært, og leggja ut på Internett, slik at andre og kan få oppleva litt gammal skipsbyggjartradisjon.

Tekst: Egil Petterteig Foto: Elevar på 7.steget

 

     

 

 
Storskulen på sopptur til Nesskogen

Onsdag 22.august kl 14:30

Sidan me har hatt ein solfylt sommar i år, var det vanskeleg å finna sopp. Men me fann likevel både kjuker, kantarell og steinsopp. Kantarellen hadde me i suppa, og dei fleste syntest soppsuppa var god. Me hadde ein fin dag i skogen med eksemplariske elevar. Fleire bilete på sidene til 5.st>> , 6.st>> og 7.st>>

Tekst: Toril Sandvik Bruket Foto: Lærarar og elevar på mellomsteget

 
Kunst og handverk på 3.steget

Onsdag 22.august kl 13:00

I det fine veret fredag tok 3.steget malesakene med seg ut. Elevane malte bilete av skog, sol og blå himmel. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Brita Flatøy

 
Livet i vatnet

Publisert: Onsdag 22.august kl 13:00

3. og 4.steget var på tur til Rutle-tjødno onsdag. Me studerte planter, småkryp og småfiskar i vatnet. Mange elevar hadde håvar med seg og fann mykje interessant. Rutle er ein flott plass, og me er svært glade for at me fekk lov å vera der med så mange elevar. På sidene til 3.st>>  og 4.st>>

Tekst: Brita Flatøy Foto: Brita Flatøy, Laila Magnussen, Jenny Skjønberg

 
Tur med suppe, slangar i graset og leik.

Publisert: Onsdag 20.august kl 14:15

2 steget har vore på tur og kokt grønsaksuppe på stormkjøken. Det var ei ualminneleg god suppe. Me åt opp mest alt. Medan suppa kokte var det mange som kom på sporet av hoggorm eller ein stor slange eller noko slikt. I alle fall var det mange som syntes at det lea seg i graset og det var mange hvislelydar å høyra. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 
På tur kvar dag!

Publisert: Onsdag20.august kl 08:15

Mellomsteget går på tur kvar dag dei ikkje har gym. I dag tok me målehjulet med for å finne ut kor lang løypa vår er. Den er 2000 m. Dei på 5 steg meiner at det er det same som 2 km. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 
Eksperiment

Publisert: Tysdag 19.august kl 15:30

5 steg har eksperimentert i dag. Kva for ei flaske trillar fortast og lengst? Er det den med vatn i, eller er det den som er tom? Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Annonse i Sunnhordland under Stord kommune informerer, torsdag 21.august 2008:

LEIGE AV GYM.SALER/ROM VED GRUNNSKULANE SKULEÅRET 08/09

Lag og organisasjonar som ynskjer å leiga gymnastikksalar eller andre rom ved skulane, må senda søknad til rektor ved den aktuelle skulen.

Det må gå fram av søknaden kva dagar og tidspunkt ein ynskjer å leiga. Rektor fordeler salar og rom, og kallar inn leigetakarane til fellesmøte etter søknadsfristen.

Søknadsfrist: 01.09.08

I fjor såg plan for utleige ved Sagvåg skule slik ut>>

 


Første skuleveka er slutt

Publisert: Fredag 15.august kl 15:30

Fredag 15. august har 1. og 2. steget hatt leikestund saman. Dei har leika både ute og inne. Fleire bilete på sidene til sag08>> og sag07>>

Tekst: Kari Almås Foto: Anne Brit  Holm

 


Første skuledag

Publisert onsdag 13.august kl 10:45

Alle elevane ved Sagvåg skule møttes i dag tidleg til samling i amfiet. Det var kjekt å sjå alle igjen etter ein lang sommarferie. Det var ein stor dag for alle, og spesielt for dei som tok til på 1.steget! Fleire bilete>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig

 


Snart skulestart

Første skuledag hausten 2008 er onsdag 13.august kl 08:30 (SFO er open få 06:45)
Lærarane startar med planleggingsdag måndag 11.august>>

 

 

Prisauke med  3,7% i SFO>>