Arkivet>>

HAUSTEN 2007

Siste skuledag før jul

Publisert: 21.desember 2007 kl 14:00

Fredag 21.desember var siste skuledagen før jul. Me hadde ei koseleg samling i amfiet før me var i kyrkja og hadde ei fin avslutning på årsstega. Fleire bilete frå samlinga i amfiet>>

GOD JUL TIL ALLE!

Første skuledag etter jul er torsdag 3.januar

Tekst & foto: Lars Bakka

Til London!
Publisert: 20.desember 2007 kl 10:00

Martin Aarnes Sikveland på 7.steget har vunne tur til London!
Då Sagvåg skule var med på leselystaksjonen i haust var Martin ein storlesar. No viser det seg at Martin har vunne førstepremien som er: 'Ein tur til London med besøk på Den Norske Skolen i London'.
GRATULERER MARTIN! 
Siste nytt: Les meir om Martin i 'Sunnhordland'>>
(Oppdatert kl 19:00)

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Juletregang
Publisert: 20.desember 2007 kl 12:30

Klokka 11:30 møtte alle dei 160 elevane ved Sagvåg skule til koseleg juletregang i gymsalen. Alle var med på å gjere dette til ei koseleg samling.  Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Uteleik
Publisert: 20.desember 2007 kl 09:20

Elevane leikar ute med klatring etter ein god julefrukost!

Tekst & foto: Laila Magnussen

 

 

Julefrukost
Publisert: 20.desember 2007 kl 09:20

Torsdag 20.desember tok til med julefrukost for heile skulen. Det var god julestemning i gymsalen. Det gjekk med over 50 liter kakao. Lærarane var tidleg på jobb denne dagen for å gjere alt klart. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Alvedans
Publisert: 19.desember 2007 kl 15:30

Har du fått med deg teamleiarane, inspektør og rektor i alvedans? Her kan du sjå den fantastiske framsyninga>> (Du må vente litt medan filmen vert lasta ned.)

Tekst: Lars Bakka    Dans: Kari, Aasne, Egil og Lars ;-)

 

Graut ute
Publisert: 19.desember 2007 kl 15:30

Første og 6. steget hadde ei koseleg stund rundt bålet i dag. Dei fekk god graut og saft. Etterpå var det leik i skogen og ballspel i ballbingen. Det var litt kaldt, så det var godt å kunna varma seg litt ved bålet når det blei kaldt. Fleire bilete på sidene til 1.stegt>> og 6.steget>>

Tekst & foto: Kjell Byrknes

 

 

Ut i naturen
Publisert: 18.desember 2007 kl 15:30

Tysdag var heile mellomsteget ute siste økta. Me spidda pølser på bål, spelte fotball og stikkball, laga stjerner av siv, og kosa oss i lag. Det var kaldt og godt, så den varme safta vart populær. Fleire bilete på sidene til 5.st>>, 6.st>> og 7.st>>

Tekst & foto: Egil Petterteig

 

Juleverkstad
Publisert: 17.desember 2007 kl 15:00

I dag har det vore juleverkstad for alle elevane på Sagvåg skule. Tusen takk til alle foreldra som tok seg tid til å vera med. Fleire bilete her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Adventstund
Publisert: 14.desember 2007 kl 10:30

I dag var det 2. og 7.steget som hadde ansvar for adventsstunda for alle elevane på skulen. Elevane på 7.steget spela, dansa og song. 2.steget song og tente lys i adventsstaken. Ei flott stund med flinke elevar.

Etterpå åt elevane på 2. og 7.steget graut saman. Grauten var god, og Kristian og Andrea Maud fann mandlane og fekk kvar sin premie. Fleire bilete frå samlinga>>

Tekst: Brita Flatøy  Foto: Lars Bakka

 

Luciadagen
Publisert: 13.desember 2007 kl 16:30

Første og sjette steget har hatt nokre kjekke timar samen i dag, på Luciadagen. Først gjekk 1. steget rundt og song Lucia songen og delte ut pepperkaker. Deretter var det baking av julemenn og leik som var på programmet.Til slutt fekk alle eta litt av det dei hadde bakt.Ein kjempekjekk dag!  Fleire bilete på sidene til 1.st>> og 6.st>>

Tekst & foto: Kjell Byrknes

Førjulskos
Publisert: 13.desember 2007 kl 16:30

Onsdag 12.desember var heile 4.steget med lærarar, foreldre og søsken samla til felles julekvelds. Kvar familie bidrog med litt til koldtbordet. Elevane song for oss, og etterpå kosa me oss med julemann, kaker, kaffi og brus.  Fleire bilete>>

 Tekst: Solveig Sleen Foto: Svanhild Irene Hermannsen

 

Baking
Publisert: 13.desember 2007 kl 16:30

Onsdag var det 5. steget sin tur til å baka. Elevane kjevla og stakk ut flotte pepperkakefigurar, som dei fekk med seg heim. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

 
Meir baking
Publisert: 13.desember 2007 kl 16:30

Måndag baka elevane på 3. steget julekaker. Ivrige troppa dei opp på kjøkenet med forkle og kakeboks, og resultatet vart deilige serinakaker som elevane fekk med seg heim. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

 

Utedag
Publisert: 13.desember 2007 kl 16:30

Endeleg ein onsdag med fint ver. 1. og 2.steget koste seg ute i finveret. Først tok me oss ein rask trimtur. Etterpå var me oppe i trimløypa vår og brende bål og steikte pinnebrød. Fleire bilete>>

Foto: Anne Brit Holm  Tekst: Brita Flatøy

 

Til Ukraina
Publisert: 7.desember 2007 kl 12:30

I dag kom Willy Ersland for å hente julegåvene som skal til Ukraina. 7 sekkar vart det, så elevane på Sagvåg skule har vore kjempeflinke. Etter jul vil Willy attende til skulen vår. Han vil vise bilete frå julegåveutdelinga.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 

Adventsamling
Publisert: 30.november 2007 kl 18:00

I dag var det adventsamling for heile skulen i amfiet. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

 

'Hastebollar'
Publisert: 29.november 2007 kl 15:00

4. steget har hatt stasjonsarbeid kvar torsdag i november. Den eine stasjonen har vore på kjøkkenet. I dag var sisten gruppa på kjøkkenet og baka hastverksbollar. Me dekka bord og åt av baksten. Det smaka veldig godt. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

Snart desember
Publisert: 28.november 2007 kl 19:00

No er me inne i den siste novemberveka. Når du kjem til skulen på måndag er det bitt desember. Her kan du sjå ein liten julefilm frå 2006>> 
Her er julebilete>>

Tekst & fotomontasje: Lars Bakka

 

Reklame
Publisert: 26.november 2007 kl 14:15

5. , 6., og 7. steget arbeider for tida i grupper på tvers av stega. I kunst og handverksrommet har elevane laga bilar og båtar som køyrer ved hjelp av lufttrykk og propellar. Sjå fleire bilete på sidene til 5.st>>  , 6.st>> og 7.st>>

Tekst & Foto: Kjell  Byrknes & Toril Sandvik Bruket

 

Modell av skulen
Publisert: 22.november 2007 kl 10:00

Lærlingane har hatt i oppgåve å forma uteområdet til skulen. Grupper frå SFO har vore med og i dag var resultatet klart. Dei har nytta leire, stein og 'busk og kratt' frå skogen.
Det har vore lærerikt og spanande både for store og små.

Tekst: Laila Magnussen Foto: Solveig Sleen

 

Pizza til alle!
Publisert: 20.november 2007 kl 18:30

Legogjengen vart heidra på Sagvåg skule i dag. Mathilde Titland, Kristin Steinsland, Håkon Skogseide, Tore Hoff Edvardsen og Eirik Sætrevik kom heim frå Bergen med 'Programmeringsprisen' og pokalen har no fått heidersplass i pokalskapet vårt.
I dag var det fest og alle elevane på 5.-6.- og 7.steget var med på feiringa med pizza til alle! Takk til Kari Myhre som var sjefskokk!  Fleire bilete>>

Tekst & fotomontasje: Lars Bakka

 

Farleg skuleveg
Publisert: 19.november 2007 kl 07:50

I dag var det eit stort oppslag i Haugesunds avis om farleg skuleveg for elevar ved Sagvåg skule. Det er elevane som bur i Dybvik som har mørk og farleg veg. Les heile saka i Haugsunds avis>>

Tekst: Lars Bakka

 

Flott konsert
Publisert: 14.november 2007 kl 14:15

I dag, onsdag, har småskulesteget hatt konsert med musikarane Magnus Blom, Grethe Hylland og Werner Bryn.

Tekstane og musikken var knytt opp mot sol, regn og vind. Me fekk vera med på ein kjempefin konsert. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

 

Gøy ute!
Publisert: 14.november 2007 kl 14:15

I dag har 1. og 2. steget vore ute i det flotte vinterveret. Me byrja med to raske rundar i løypa og fekk trimma oss skikkeleg. Etterpå var det tid for leik i skogen. Nokre klatra i Tarzan-løypa og andre bygde hytte. Nokre jenter på 2.steget meinte at gøymsel var perfekt i skogen. Me såg mange fine raude roser i kinna på elevane då skuledagen var over. Fleire bilete på sidene til 1.st>> og 2.st>>

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Liljan V. Waage

 
Økomomi
Publisert: 12.november 2007 kl 21:15

Rektorkollegiet er urolege for budsjettframlegget for 2008. Les meir i  bladet 'Sunnhordland'>>

Tekst: Lars Bakka  Foto: frå 'Sunnhordland'

 

Falturiltu
Publisert: 8.november 2007 kl 11:50

I samband med nynorsk barnebokfestival 2007 (Falturiltu) kjem mange forfattarar til Sagvåg skule. Her er det Roald Kaldestad som er i aksjon. I dag har me også hatt vitjing av Arnt Birkedal og Hans Sande.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Aasne H Vikanes

 

Sag08
Publisert: 7.november 2007 kl 18:30

Onsdag kveld var elevane som skal ta til på 1.steget hausten 2008 på vitjing til skulen vår. Dei laga fine teikningar og fekk møta Kari, Queensway og rektor. Du finn fleire bilete på sida til sag08>>

HUGS REFLEKS!

Tekst: Lars Bakka  Foto: Bjarte Fjellanger /Lars Bakka

   
Leikestund for tre årssteg
Publisert: 7.november 2007 kl 15:00

Tysdag på slutten av dagen hadde 3.- 4.- og 5. steget leikestund saman. Fleire bilete på sidene til 3.st>>, 4.st>> og 5.st>>

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Solveig Sleen

 

Nye gartnarar og reparatørar
Publisert: 7.november 2007 kl 12:20

Andre og Jørgen har no fått hjelp av Ivana og Kristian i jobben som reparatørar for utstyret vårt og gartanarar.
Det ver no Kristian som vert gartnarsjef, medan Jørgen, Andre og Ivana gjer småreparasjonar. Meld frå om de ser noko som er øydelagt, eller laust.

Takk til alle som søkte! Det var åtte søkjarar til dei to ledige stillingane.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Elevrådet gjer ein flott jobb!
Publisert: 6.november 2007 kl 12:20

Elevrådet ved Sagvåg skule gjer ein flott jobb og peikar på mogne viktige saker som elevane meiner at det burde vore noko gjort med. Som rektor skulle eg ynskje at eg berre kunne sagt ja til alt, men slik er det nok ikkje.... Når de les referatet vil de likevel sjå at elevrådet får mange positive svar ;-) Du finn referatet her>>

Tekst: Lars Bakka

 

   
'Brødfanten' vitja
Sagvåg skule

Publisert: 6.november 2007 kl 12:20

1 steg på Litlabø og Sagvåg skular har hatt besøk av Irene Simonsen og Elin Sofie Lotsberg. Me fekk sjå forestillinga Brødfanten og andre skabelonar.

Det var ei kjekk stund for alle.  Fleire bilete finn du her>>

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

Hjarte og lungeredning
Publisert: 6.november 2007 kl 12:20

I dag har 2.steg lært hjarte og lungeredning av 7.steg. 7 steg var flinke lærarar, og 2 steg var motiverte elevar. Fleire bilete på sidene til 2.steget>> og 7.steget>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

124 bollar som
avslutning!

Publisert: 5.november 2007 kl 21:20

Etter tre veker med besøk av studentar, avslutta me med bollebaking og saft. Det vart 124 bollar. Kjempeflott! Dette var populært. Fleire bilete>>

Tekst og foto studentane på 2. steget.

 

   
Takk for denne gongen!
Publisert: 2.november 2007 kl 12:00


Bro-Bro-Brille på 1.steget i musikktimen

Fredag 2.november var den siste praksisdagen for høgskulestudentane i denne perioden. Studentane som går det andre året på høgskulen har hatt praksis i 1.-2.- og 3.steget dei tre siste vekene. No må me venta heilt til 25.februar før dei kjem tilbake til oss.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Kantinedrifta
går sin gong

Publisert: 1.november 2007 kl 15:30

Torsdagar er kantinedag for elevane i 5.-6. og 7.steget. Det er hektisk aktivitet på kjøkenet ein halv time før servering.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Noko kjekt å gjere på ute
Publisert: 1.november 2007 kl 15:30

Mange drøymer om leikestativ og klatrevegg.... det kjem nok, men i mellomtida er elevane flinke til å nytta det me har!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

   
Stasjonar
Publisert: 31.oktober 2007 kl 15:40

1 og 2 steget har vanlegvis turdag på onsdagen, men grunna veldig dårleg ver, valgte me å vera inne. Me laga tre stasjonar, det alle tre gruppene skulle innom kvar stasjon. Den eie stasjonen hadde dans og songleikar i musikkrommet, ei gruppa fekk fortalt eventyr i Dåvamyro og den siste gruppa hadde bingo i 2 steget sin base. Etter aktivitetane fekk elevane servert tomatsuppa i fellesarealet for 1 og 2 steget.

Då alle elevane var forsynte med suppa, fekk dei ein premie for god innsats. Både i bingo, leik/dans og eventyr. Det verka som om alle elevane var fornøyde med dagen.
Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 2.steget>>

Helsing studentane i fyrste steget. 

Sosial samling
Publisert: 26.oktober 2007 kl14:00

Elevane på 4. steget hadde i dag ansvaret for den sosiale samlinga i amfiet. Daniel og Simona var flinke programleiarar, og temaet denne gongen var Venner. Elevane hadde mange fine innslag med både song, dikt og dans! Fleire bilete her>>

Tekst: Jenny Sætre Skjønberg Foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

Utedag
Publisert: 24.oktober 2007 kl 16:30

25.oktober hadde 2.steget utedag. Studentane hadde laga mange kjekke oppgåver. Me kokte suppe, åt peparkjeks og drakk trollsuppe. Fleire bilete på sida til 2.steget>>

Tekst: Brita Flatøy Foto: Maria Solheim Thorsen

 

   
Til
biblioteket

Publisert: 24.oktober 2007 kl 16:30

24.oktober var 2.steget på biblioteket for første gong. Mange av elevane lånte bøker, og alle fekk høyra eit spennande eventyr. Etterpå leika me og kutta opp grønnsaker. Fleire bilete på sida til 2.steget>>

Tekst Brita Flatøy Foto: Maria Solheim Thorsen

 

Har du høyrt om Tigli?
Publisert: 24.oktober 2007 kl16:30

Me er inne i "Leselystprosjektet", og 6. steget har øvd ei veke i forkant for å lesa høgt til fadderborna sine. "Eg skjelv i beina" var ein av kommentarane frå 6. steget før dei gjekk i gang med lesinga, men det gjekk kjempefint! Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 6.steget>>

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

1.steget
på tur.

25.oktober 2007

På onsdag var 1.steget på tur til "Rauga løo" i det fine haustveret. Studentane våre som heiter Lone, Monica, Harald og Rune Vidar, hadde laga til eit flott opplegg for oss. Me steikte pinnebrød på bål, me fekk deilig tomatsuppe og alle fekk snikra eit flott spindelvev. Både store og små hadde ein kjempeflott dag! Fleire bilete på sida til 1.steget>>

Tekst & foto: Anne Brit Holm og Gro A. Halvorsen

 

   

Til biblioteket 25.oktober 2007

Onsdag 24. oktober var 3. årssteget på biblioteket i Samfunnshuset. Det passa godt no når me har leselystaksjon. Kari Bolette fortalde for oss og mange av elevane lånte bøker. Etterpå var me på fotballbanen på Nysæter. Studentane Cristin, Hanne, Helle og Katrine sparka fotball og leika saman med oss. Me hadde flott haustver. Fleire bilete på sida til 3.steget>>

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

Kjekt i SFO
25.oktober kl 08:
40

Ungane kosar seg med mykje uteaktivitetat i det fine haustveret. Du finn fleire bilete på SFO-sida vår>>

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

Livredning
23.oktober kl 16:
30

I dag har vi på 7. steg fått opplæring i hjarte og lungeredning. No er me klar til å lære opp dei heime. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

   

Vêrstasjon på Sagvåg skule
23.oktober kl 14:
30

No fungerer vêrstasjonen på Sagvåg skule. På denne nettsida kjem informasjonen etter kvart>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Siste nytt frå elevrådet
18.oktober kl 14:00


(Arkivfoto)

Her finn du referatet frå det siste møtet i elevrådet med svar frå rektor>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Aksjonsdag

17.oktober kl
13:30(Oppdatert kl 18:45)

Tusen takk til alle som var med oss på open skule i dag. Resultatet frå aksjonsdagen var heile 35.771 kroner!!
Pengane går til TV-aksjonen.
Fleire bilete her>>

 Stort oppslag på Innsida.no>>

Tekst : Lars Bakka Foto: Elevane

   

Velkommen!
16.oktober kl
16:30

Hjarteleg velkommen til open skule onsdag 17.oktober!

Du finn programmet for dagen her
>>

Fleire bilete frå førebuinga på tysdag finn du her>>

Klikk på biletet for å sjå stor plakat:

Tekst : Lars Bakka
Foto: Egil Petterteig

Stor ryddeaksjon
12.oktober kl
16:30

Tusen takk til alle som var med på ryddeaksjonen torsdag og fredag!
Alle elevane ved Sagvåg skule har vore med på å rydda bort alle dei små og litt store steinane som låg rundt Sagvåg skule. Då Bygg & eigedom kom for å henta traktoren fredag ettermiddag så var hengaren full av stein! FLOTT JOBBA!!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Kantinemat
12.oktober kl
16:30


(Arkivfoto)

Dersom du angrar på at du ikkje meldte deg på kantineordninga med servering kvar torsdag, så er det ikkje for seint. Du kan melde deg på når du vil. Du betaler for dei serveringane du får. Her er prislista>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

   
Utelysa
vert fiksa

12.oktober kl
16:30

Dei siste dagane er det blitt jobba med å få orden på utelysa. Det kan sjå ut som at det har vore brot på ein leidning. No er det lys i dei fleste stolpane igjen.

Tekst & foto: Lars Bakka

Endå ein kjekk dag i SFO!
11.oktober kl
15:30

I dag har me hatt tomatsuppe på SFO. Det fall godt i smak, og ungane åt godt ;-)
Etterpå hadde me frileik, nokon ville ut medan andre kosa seg inne med spel, lego m.m.
Bodil lærte nokre elevar å laga blomedekorasjonar. Det var kjekt! Dei skal seljast neste onsdag på open dag, pengane går til UNICEF!
Fleire bilete>>

Tekst & foto: Liljan Vestbøstad Waage

Rikskonsert for
mellomsteget

10.oktober kl
15:15

5-7 steg fekk vere med på konserten "Vi improviserer" i dag. Musikarane var kjempeflinke, og me koste oss veldig både elevar og lærarar. Fleire bilete>>

Tekst & foto:
Anne Elisabeth Trevland

   

Tøffe hoppesko
10.oktober kl
15:00

Stian demonstrerte 'hoppesko' på skulen i dag. Stian var fantastisk flik! Me som har einhjulingar og andre tøffe saker burde kanskje hatt nokre slike. Her kan du sjå ein film. Dette er ikkje Stian! >>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Fattig og rik
9.oktober kl
11:40

Mellomsteget starta på temaet Fattig og rik. Heile gjengen var i gymsalen. Dei fleste fekk kvart sitt flatbrød medan nokre få fekk pizza, is og saft. Det er jo slik det er når me ser på verda utanfrå. Nokre få har mykje medan dei fleste har veldig lite.

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

Haustferien slutt
4.oktober kl
15:30


Klikk her for å sjå stort panoramabilete>>

 

   
Lysare i gymsalen
4.oktober 2007 kl 15:30

I haustferien vert alle lysrøyra i gymsaltaket skifta ut. Det er høgt under taket så arbeidet må gjerast med lift.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Haustferie
28.september kl
12:30

Med bilete, som viser morgonstemning frå Sagvåg skule fredag 28.september kl 07:30, ynskjer me alle ein fin haustferie!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

4.steget til SIM
28.september kl
10:00

Onsdag hadde 4. steget ein lærerik dag på SIM sitt anlegg i Svartasmoget. Torleiv Agdestein viste oss rundt, og me fekk god greie på kvar alt avfallet vårt vert av. Elevane har fått god innføring i kjeldesortering, så heimane kan nok venta seg nokre miljødetektivar som snusar omkring. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Jenny Sætre Skjønberg

   

Stella East var hos oss
25.september kl
12:15

I dag har 2.steget hatt besøk av kunstnaren Stella East. Ho viste oss ein del bilete ho hadde laga sjølv. Ho lærte og elevane å blanda fargar og måla regnboge. De finn bilete av nokre av dei fine måleria elevane laga. Fleire bilete på sidene til 2.steget>> og 3.steget>>

Tekst: Brita Flatøy Foto: Brita Flatøy, Laila Magnussen, Aasne H Vikanses

Stella East kjem til oss
24.september kl
19:15

Tysdag kjem biletkunstnaren Stella East til skulen vår. Det er elevane på 2. og 3.stegte som er så heldige å få arbeida saman med kunstnaren.

Tekst: Lars Bakka

Hotell Sagvåg skule
20.september kl
13:30

I dag var det første servering i elevkantina denne hausten. Elevane får i år servert pålegg og smør i porsjonspakningar akkurat som på hotell! Fleire bilete>>

Tekst & foto: Lars Bakka

   

Stasjonar på 3.steget
20.september kl 10:30

Onsdag 19. september hadde 3. årssteget stasjonar. Elevane arbeidde med matematikk, høyrde om Pippi Langstrømpe på CD, skreiv i Fronter og spelte spel saman. Neste onsdag er det stasjonar att.  Fleire bilete på sida til 3.steget>>

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

Grønsaksuppe
på 1.steget

18.september kl 16:10

1 steget var på kjøkenet og laga grønsaksuppe på måndag. Dei var flinke å kutta opp grønsaker og mest alle syntes at suppa var god ! Fleire bilete på sida til 1.steget>>

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 

Flotte båtar på
2.steget!

18.september kl 10:10

Elevane har arbeidd med båtane i K&H timane i fleire veker. Dei har gitt seg god tid med pussing og spikring og alle er veldig fornøgd med båten sin.  Fleire bilete>>

Tekst: Annbjørg Luggenes Foto: Laila Magnussen

 

   

Dans
på 5. og 6.steget

15.september kl
17:05

5. og 6. steget har i to veker hatt musikkstudentar på besøk. 5. har jobba med komponering og data, medan 6. steget har dansa jenka, linedans og kreativ dans. På fredag viste dei førstesteget kva dei hadde fått til, og det var ikkje lite. Dei var flinke!! Fleire bilete>>

Tekst: : Egil Petterteig Foto: Lars Bakka

 

"Leselys-taksjonen" i gang
14.september kl 13:55

Fredag markerte heile Sagvåg skule at leselystaksjonen er i gang frå måndag. Alle var samla i amfiet, og me song , høyrde opplesing og såg ein liten sketsj som nokre av gutane på 7. steget hadde laga. No gjeld det å lesa mykje, og å kosa seg med lesinga. Fleire bilete>>

Tekst: : Toril Sandvik Bruket  Foto: Aasne Vikanes

 

Musikk
på første steget

14.september kl
10:15


Stort bilete av rektor og Sag07>>

Den første timen om fredagen har 1.steget musikk saman med rektor og Queensway. Sjølv om det nok er rektor som er flinkast til å spela gitar så er det Queensway som er mest populær. I dag hadde me først songstund i heimebasen, så var det songleik med Bro-bro-brille i musikkrommet, og heilt til slutt fekk me sjå danseshow med 6.steget i gymsalen.

Tekst: : Lars Bakka Foto: Liljan Vestbøstad Waage

 

   

Fjelltur
for heile skulen

13.september kl
15:30

Heile Sagvåg skule, utanom administrasjonen, var på ei fin tur til Botnavatnet i Fitjar. Svært mange greidde å koma seg heilt opp til vatnet. Det var stor aktivitet ved elva. Dei som ikkje gjekk heilt opp, fann seg ein fin stad der dei kunne sjå store delar av Fitjar og Bømlo. Det var fuktig i terrenget så det var mange fine søledammar å hoppa i...

 Fleire bilete her>>

Tekst: Kjell Byrknes Foto: Mange fotografar...

Tettare samarbeid
13.september kl
15:30

FAU ynskjer ma. eit tettare samarbeid mellom Foreldremøta, FAU og Skulemiljøutvalet. For å koordinere dette arbeidet betre vil det frå no av bli 'FAU-tid' på alle foreldremøta slik at alle får høyra referat frå FAU og komma med framlegg til saker.
Du kan lesa referatet frå det siste møtet i FAU her>> 
Referet frå Skulemiljløutvalet>>

Tekst & fotomontasje: Lars Bakka

1. og 2.steget
på tur

12.september kl
15:45

I dag har 1. og 2. steget vore på tur. I sol og regn laga me bål og steikte pinnebrød. Det smakte godt. Etterpå leika me litt i skogen, hadde songleikar og nokre plukka bjørnebær. På turen hadde me med oss studentar som hadde observasjonspraksis hos oss i dag. Me gler oss til dei kjem tilbake i oktober. Fleire bilete her>>

Tekst: Anne Brit Holm Foto: Laila Magnussen

 

   

To nye gartnarar
12.september kl
12:00

I dag vart det tilsett to nye gartnarar ved Sagvåg skule. Endre har vore gartnarar i over eitt år no, medan Jørgen og André vart tilsett i dag. Gartnarane har ansvar for å hjelpe til med å halda plantane inne og ute i god stand. Desse elevane har søkt på jobben og må gjere arbeidet på toppen av skulearbeidet.

Tekst & foto: Lars Bakka

Ny bibliotekar
11.september kl
13:00

Det var Ingvild som fekk den ledige stillinga som bibliotekar ved Sagvåg skule. Det var over ti søkjarar til stillinga, og mange av søkjerande hadde nok gjort ein god jobb, men det vart Ingvild som fekk jobben. Gratulerer!

Tekst & foto: Lars Bakka

 

1. og 6.steget
11.september

Me syklar, byggjer, teiknar og spelar , kort fortalt, me kosar oss saman i på 1. og 6. steget. Du finn fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 6.steget>>

Tekst & foto: Toril S. Bruket

 

   

Stor aktivitet på 1.steget
11.september kl 10:05

1 steget har funne seg godt til rette på skulen no. Her er nokre bilete frå det me heldt på med på måndag. Me var på kunst og handtverksalen og snikkera, dei som hadde snikra før leika med Lego og indianarar. Etterpå åt me nista vår på på "kafe" nede.  Då var det godt å komma ut.  Å laga bokstaven O med eigen kropp var lett.  Me avslutta med norskgrupper. Fleire bilete her>>

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 

Elevrådet ordna klatrevegg!
10.september kl 08:00

Sagvåg skule og tre andre skular på Stord får tildelt heile 10.000 kroner frå DnB.
I brevet frå DnB står det m.a.:

Gratulera så mykje med gåva frå Sparebankstiftelsen DnB NOR. Me vil ynskja lukke til med arbeidet framover.

Med vennleg helsing
Rita Matre
Finansrådgiver kreditt/Teamleder
DnB NOR Bank ASA

Dette skreiv elevrådet i referatet 12.juni:

Me blei einige om å søke Sparebankstiftelsen om 10 000,- til ein klatrevegg. Me trur at det er noko som både store og små elevar kan ha glede av. Les meir>>

Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland

2. og 7.steget
var saman

6.september kl 14:00

Idag var 7 og 2 steg saman. Det var stor aktivitet i ballbingen, mange teikna med kritt eller spela kubbespelet. Me hadde nokre kjekke timar. Fleire bilete på sidene til 2.steget>> og 7.steget>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

   

Opplevingsdagar på Moster
5.september kl 18:10

Onsdag 5. september var 4.steget på opplevingsdagar på Moster. Der møtte me vikingkongar og fekk høyra om korleis dei trudde jorda såg ut. Me lærde om kalksteingruvene på Moster, me lærte å lage teater og me fekk dansa. Til slutt såg me ei framsyning med klovnane Dill og Diger. Musikken til framsyninga vart spela på baljebass.

Takk til foreldra Svanhild, Bjarte, Veronica, Øystein og Marianne som køyrde oss, og var saman med oss heile dagen. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Almås

Elevrådet
2007/08

4.september kl 13:25

Her finn du referatet frå septembermøtet i elevrådet. Mangelen på leikeapparat ute er ein av tinga som elevane er opptekne av. Du finn heile referatet her>>

Tekst: Lars Bakka & Anne Elisabeth Trevand  Foto: Anne Elisabeth Trevland

 

Ny arkitektur
med 6.steget

4.september kl 20:45

Sjette steget var på ei utstilling om norsk samtidsarkitektur på Kulturhuset. Der fekk dei sjå bilete og modellar av ulike moderne bygg. Dei fekk og sjå korleis moderne arkitektur var med på knyta eldre bygg saman med nye. Gjenbruk av materialar fekk dei og sjå eksempel på. Etter all denne inspirasjonen fekk dei prøva seg som arkitektar ved å bygga hus i papir og ulike materialar. Arbeida blei til slutt stilt ut. Mange flotte og kreative bygg! Fleire bilete på nettsida vår>>

Tekst & foto: Kjell Byrknes 

   

Val 2007 på
2.steget

3.september kl 15:30

På 2.steget arbeider me med demokrati og val. Alle fekk stemma i dag. Her er bilete frå valet, som sjølvsagt var hemmeleg>>

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

Sopptur med mellomsteget
30.august kl 21:10

Torsdag var 5, 6 og 7 steg var på tur. Me sykla til Nesskogen, og gjekk ein runde der. Me fann kantarellar og laga oss soppsuppe. Svært mange syntest at suppa var kjempegod! Fleire bilete på sidene til 5.steget>>, 6.steget>> og 7.steget>>

Tekst: Anne Elisabeth Trevland Foto: Elevar og lærarar ved Sagvåg skule

 

Leikestund i 3. og 4.steget
30.august kl 15:50

Onsdag 29.aug hadde 3. og 4. steget ei leikestund saman. Dei bygde med ulike ting. Det var treklossar, lego, tekno, quadro og domino. Ei gruppe sette saman togbanen og ei leika med indianarar. Det var stor aktivitet og godt samarbeid på gruppene.Fleire bilete på sidene til 3.steget>> og 4.steget>>

Tekst & foto: Kari Almås

   

Luskam til alle elevane
29.august 2007 16:00

Flinke elevar på 5.steget hjalp rektor med å klargjere over 150 brev og kammar til alle elevane på Sagvåg skule. Alle elevane får kam og brev i ranselen på torsdag.
No oppfordrar me foreldra om å kontrollera om borna har lus. Me har ikkje fått melding om lus ved Sagvåg skule denne hausten, og kanskje kan denne aksjonen vere det som skal til for å unngå denne plaga i år. Les meir her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Legogjengen 2007 er klar!
28.august 2007 16:30

Så er det endeleg tid for First Lego League (FLL)! Denne hausten stiller Sagvåg skule med dette laget: (frå venstre) Mathilde Titland, Kristin Steinsland, Håkon Skogseide, Tore Hoff Edvardsen og Eirik Sætrevik. Her kan du lesa meir om FFL 2007>>
Vår Legoside finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

1.+6.steget= SANT!
24.august 2007 12:00

Elevane på 6.steget har vore samane med "fadderungane" dvs. elevane på 1.steget. Dei kosa eg saman, både i og utanfor sandkassen. Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 6.steget>>

Tekst & foto: Kjell Byrknes

 

   

Smådyr
under lupa

24.august 2007 12:00

5.steg var ute i naturfagtimen torsdag 23.8. Me fann mange ulike smådyr som me undersøkte etterpå. Fleire bilete>>

Tekst & foto: Kari Myhre

 

Meir symjeopplæring
23.august 2007 09:30


(Arkivfoto)

Medan elevane på 3. og 4.steget før fekk ein symjetime annakvar veke, vil dei dette skuleåret få to timar. For elevane på 2., 5. og 6.steget er tilbodet som før. Planen for symjeopplæring hausten 2007 finn du her>>

Tekst & foto: Lars Bakka 

 

Ut på tur med
1. og 2.steget

23.august 2007 08:15

I dag har 1. og 2. steget vore på tur i det flotte sommarveret. Me åt nista vår, leika saman og me plukka mykje blåbær. Me hadde ein fin tur og vart betre kjende med kvarandre. Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 2.steget>>

Tekst: Anne Brit Holm
Foto: Liljan V. Waage

 

   

Mange nye
lærebøker

21.august 2007 08:15

I samband med innføringa av den nye læreplanen, 'Kunnskapsløftet', vert den denne hausten kjøpt inn mange nye lærebøker til elevane. Årsaka til at bøkene ikkje vart kjøpt inn hausten 2006, då den nye planen vart sett i verk, er at forlaga ikkje har fått bøkene klare før no. Elevane på 7.steget må venta heilt til hausten 2008 før forlaga har hatt tid til å laga nye lærebøker i alle fag.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Matematikk
frå første dag

20.august 2007 15:00

Det tok ikkje mange minutt før elevane ved Sagvåg skule var i full gang med skulearbeidet. Her er det elevane på 4.steget som arbeider med matematikk 'Multi'  på matematikksida vår>>

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Opning av
skuleåret

20.august 2007 10:00

Heile skulen var samla til opning av det nye skuleåret i amfiet måndag morgon. Dette er den andre gongen me kan ynskje velkommen til eit nytt skuleår ved den nye og fine skulen vår.

Tekst: Lars Bakka  Foto: Jarle Karlsen

   
Kampanjeveke
mot lus i haust

20.august 2007


Denne hausten vert det kampanjeveke mot hovudlus ved Sagvåg skul. Les meir på denne nettsida>>

Tekst: Lars Bakka

 

Kurs for
lærarane

20.august 2007


Den enkelte læraren melder seg på aktuelle kurs på denne nettsida: http://www.fos-sunnh.no/pages/kurs.php

Tekst: Lars Bakka

 

Utleige
av skulen

9.august 2007


Lag og organisasjonar som ynskjer å leige gymnastikksalar eller andre rom ved skulane, må senda søknad til rektor på den skulen søknaden gjeld.
Det må gå fram av søknaden kva dagar og tidspunkt ein ynskjer å leiga.  Rektor fordeler salar og rom, og kallar inn leigetakarane til fellesmøte etter søknadsfristen. Søknadsfrist:  20.08.06
Sagvåg skule:
sagvaag.skule
@stord.kommune.no

Søknadar vert etter kvart lagt inn i denne oversikta>>

Les meir på nettsida til Stord kommune>>

Tekst: Lars Bakka

 

Med helsing oss ved Sagvåg skule