|
Vinterby Publisert: 20.12.06 kl 14.30
5. steget har jobba med å teikna hus i formingstimane. Dei har og jobba med målestokk og med på laga hus i papp. Til slutt laga me ei utstilling der julesnøen kom på plass. I tilegg fekk husa lys! Utstillinga har vore med på å få alle i julestemning! Fleire bilete>> Tekst & foto: Kjell Byrknes |
||
|
Julefrukost Publisert: 20.12.06 kl 09.50
Onsdag 20.desember var det tid for den årlege julefrukosten ved Sagvåg skule. Litt over kl halv ni kunne over 160 elevar eta frukost med rundstykke og varm kakao i gymsalen. Det vart eit koseleg måltid og alle var flinke til å vente på tur. Fleire bilete>> Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka og Egil Petterteig |
||
|
Foreldrekveld på
3.steget Publisert: 20.12.06 kl 09.50
Foreldra på 3.steget arrangerte grautfest for elevar og foreldre måndag 18.desember. Me var over 60 frammøtte! Flott at så mange tok seg tid til å vera med i ei travel førjulstid! Fleire bilete>> Tekst & foto: Solveig Hjøllo Sleen |
||
|
Juleverkstad Publisert: 19.12.06 kl 15.10 Tysdag 19.12 hadde småskuletrinnet juleverkstad. Me laga julesokk og julenisse. Det var ein kjekk dag! Fleire bilete>> Tekst: Kari Myhre Foto: Kari Myhre m.f.
|
Leikestund Publisert: 19.12.06 kl 15.10 Onsdag 13. desember hadde 2. og 3. årssteget leikestund samstundes som nokre av elevane gjorde ferdig julegåver. Me har berre bilete frå leikestunda, gåvene får de sjå seinare. Fleire bilete>>
|
|
|
Julegraut Publisert: 18.12.06 kl 18.50 I dag har 2.steget og 7.steget ete julegraut saman. Me hadde ei koseleg stund, og fire elevar var så heldige å finna mandelen....Etterpå spelte me spel og leika saman. Fleire bilete på sidene til 2.steget>> og 7.steget>> Tekst: Anne Brit Holm Foto: Aasne H. Vikanes
|
Adventsamling Publisert: 15.12.06 kl 15.20
Fredag
15.desember far det adventsamling for alle
elevane. Dette var den siste fredagssamlinga før
jul, neste fredag er det juleferie. Lurer du på
kva som skjer den siste veka før jul finn du som
vanleg informasjon på arbeidsplanane.
Du finn også nokre
stikkord i kalenderen vår>>
Tekst: Lars Bakka Foto: mange...
|
|
|
Julebakst på 3.steget Publisert: 15.12.06 kl 14.32
Torsdag 14. desember tok elevane på 3. steget julebaksten. Det blei gode julemenner til alle. Fleire bilete>> Tekst & foto: Kari Almås |
||
|
Kven tek gull? Publisert: 15.12.06 kl 15.15
|
Les for meg! Publisert: 15.12.06 kl 14.31 1. og 6. steg har hatt ei koselig bakestund saman. 6 steget har også lest bøker for fadderungane sine. Fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 6.steget>> Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
|
|
Les, høyr, sjå.. Publisert: 15.12.06 kl 14.30
Denne veka har vi hatt leseveke for 5-7 steg. Elevane har hatt tilbod om dramatisering, høyre høyrespel, sjå film, høyre lydbok og sjølvsagt lese bøker. Fleire bilete på sidene til 5.>>, 6.>> og 7.steget>> Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
||
|
Julemøte i elevråd Publisert: 12.12.06 kl 16.05 Det ha vore møte i juleelevrådet. Referatet frå møtet 12.desember finn du her>> Tekst: Lars Bakka Foto: Anne Elisabeth Trevland |
Baking på 4.steget Publisert: 12.12.06 kl 16.05 4.steget koste seg på kjøkenet i dag. Me bakte julemenn, og alle fekk litt med seg heim. Det smakte godt! Fleire bilete>> Tekst og foto: Kari Myhre
|
|
|
Quadro Publisert: 08.12.06 kl 13:40
I haust har 1. og 2. årssteget arbeidd i grupper på 6-7 elevar med Quadro. Quadro er konstruksjonsleiker der ein byggjer modellar med små deler. Byggjesettet inneheld òg deler som svarer til dei små i storleik 1:5. Det er meininga at barn skal kunna leika seg i desse ferdige "byggverka". Det kan vera bilar, leikehus, klatrestativ osb. Etter at alle gruppene har fått prøvd å byggja små modellar, er me no i gang med å laga tilsvarande byggverk med dei store delene. Dette arbeidet er spennande, men tidkrevande. Det er viktig at ein i første omgang held seg til enkle former. Du finn fleire bilete her>> Tekst og foto: Aasen H. Vikanes |
||
|
Kunstnarar Publisert: 08.12.06 kl 13:40 Elevane på 6.steget har dei siste vekene arbeidd hardt med store og flotte måleri. Bileta får i desse dagar ramme og elevane får måleria med seg heim før jul. Tekst & foto: Lars Bakka |
Skulearbeid... Publisert: 06.12.06 kl 09:55 Sjølv om det er ein heilt vanleg arbeidsdag for elevane er det ikkje vanskeleg å sjå at det går mot jul. (Har nissen til høgre sovna?) Du finn fleire bilete her>>
Foto: Toril Sandvik Bruket
|
|
|
Adventstid Publisert: 01.12.06 kl 12:53
1.desember er adventstid. Ved Sagvåg skule kjem me til å ha samling i amfiet kvar fredag morgon fram til jul. Du finn nokre bilete frå den første samlinga her>> Tekst & foto: Lars Bakka |
||
|
Å lesa er
viktig Publisert: 01.12.06 kl 13:36 7. steget har dei siste tre vekene skrive statistikk over kor mykje dei har lese heime. Resultatet vart 6395 sider. Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket
|
I
platestudio! Publisert: 30.11.06 kl 10:15 I dag hadde 4.steg og 6.steg musikktime saman. Egil tok opp den fine songen, og det var akkurat som å vere i platestudio. 6 steg lærte også vekk Fugledansen til 4. steg. Fleire bilete på sidene til 4.st>> og 6.st>>
Tekst & foto: Egil Petterteig
|
|
|
Julebakst! Publisert: 29.11.06 kl 15:00
Det er snart jul, og på kjøkenet er me i gong med julebaksten! Ei gruppe elevar frå 5. og 6. steget hadde Mat og helse på onsdag, og då baka dei kakemenn. Dei blei kjempegode! Fleire bilete>> Foto: Solveig Sleen /Tekst: Kari Myhre |
||
|
2.steget til museet Publisert: 28.11.06 kl 15:10 I dag har 2. steget vore på museet. Me fekk høyra om korleis jula vart feira for 150 år sidan, og me måtte sjølv ta del i juleførebuinga. Me hogg ved,vaska kler, baka flatbrød, bar vatn, mjølka kua og lagde smør. Nissen fekk graut av oss,men han var ein luring. Han åt litt og så var han vekk, berre nisselua låg att... Fleire bilete>> Tekst & foto: Anne Brit Holm og Aasne H. Vikanse
|
Baking på 6.steget Publisert: 28.11.06 kl 15:10 Tysdag bakte 6 steg boller. Kor mykje er eigentleg 1/3 l mjølk? Me fann ut av det, og bollene var veldig gode. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevand
|
|
|
CISV Publisert: 28.11.06 kl 10:30
Tidlegare år har me vore så heldige å få lov å komma på besøk til skulane dykkar og fortelja litt om CISV og internasjonale barneleire. Tusen takk for det. Diverre så har me ikkje mulighet for det i år, me driv frivillig arbeid og i år vert det for vanskeleg for oss å få organisert oss fri til å gjera dette. Me håper likevel at dykk kan hjelpe oss også i år ved å legge ut litt informasjon på heimesidene dykkar. Eg legg ved eit ark med kort informasjon på og håper me kan få dette ut til flest mogleg. Me set stor pris på om dykk kan hjelpe oss med dette. Med beste helsing
|
||
|
Nye bøker Publisert: 24.11.06 kl 12:50 Elevrådet ville ha fleire bøker for dei eldste elevane. No har bibliotikarane Kristin og Stine ordna med mange nye bøker for deg som er 10 til 12 år. Desse bøkene er samla i ei eiga hylle. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Atle Hansen på vitjing Publisert: 24.11.06 I dag fekk elevane på 5. til 7.steget oppleva forfattar og musikar Atle Hansen i levande live. Det vart både ei musikalsk og litterær oppleving for elevane. Tekst: Lars Bakka Foto: Egil Petterteig
|
|
|
Vil du sjå skulen min? Publisert: 23.11.06 kl 15:15
Tusen takk til alle som tok seg tid til å vitja oss på 'open dag' ved Sagvåg skule torsdag 23.november.Elevane tykte at det var stor stas å få visa fram skulen sin til foreldre, besteforeldre, slektningar og naboar. "Kan me ikkje ha open dag i morgon også!?" var spørsmålet frå fleire elevar då skuledagen var over. Sjå fleire bilete her>> Tekst: Lars Bakka Foto: mange av elevane |
||
|
Open skule Publisert: 16.11.06 kl 19:55 Torsdag 23.november ynskjer me velkommen til
open skule.
Denne dagen ynskjer me å gje
dykk eit innblikk i noko av det me arbeider med
ved Sagvåg skule.
Tekst & foto: Lars Bakka
|
Biblioteket på Litlabø Publisert: 15.11.06 kl 14:02 I dag var 6 steg på biblioteket på Litlabø. Kari Bolette leste til oss frå ei ny barnebok. Det er så kjekt når Kari Bolette les for oss. Me ser for oss bilete inne i hovudet då, seier elevane. Fleire bilete>> Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland
|
|
|
'Musikk fra en blå brønn' Publisert: 14.11.06 kl 13:02
5. steget henta inspirasjon og kunnskap på Galleri Giga i dag. Dei fekk læra om Torborg Nederaas og høyra på opptak av ho. Dei fekk og høyra på musikk og sjå på kunst. Til slutt fekk dei kvart sitt lerret som dei laga ei skisse av eit av kunstverka på. Dei skal seinare måla bilete ut frå skissa og laga utstilling. Fleire bilete>> Tekst & foto: Kjell Byrknes |
||
|
Å
strikka er kjekt! Publisert: 14.11.06 kl 13:00 4. steget syns strikking er gøy. Nokre kunne det frå før, dei andre er ivrige etter å læra. Fleire bilete>> Tekst & foto: Annbjørg Luggenes
|
Kunstutstilling Publisert: 13.11.06 kl 19:00 Tysdag 14.november får elevane på 5.steget oppleva utstillinga "Musikk frå ein blå brønn" på Galleri Giga på Leirvik med verk av m.a. Alf Ertsland, Kari Mostraum, Charlotte Tvedte og Turid Vikene. Det er midlar frå Den Kulturelle Skulesekken som gjer dette mogleg. Tekst Lars Bakka
|
|
|
Kunst og handverk Publisert: 14.11.06 kl 15:30
1 steget har vore i kunst og handtverksalen og laga trolldeigsfigurar. Tema dyr. Etterpå var dei på kafeen vår og og åt nista. Det smaka godt I basen har me utstilt leire frå tidlegare arbeid. Fleire bilete>> Tekst & foto: Gro A. Halvorsen/ Laila Magnussen |
||
|
Fri på måndag Publisert: 12.11.06 kl 11:50 Måndag 13.november er det fri for elevane og kursdag for lærarane. Skuleåret skal ha 190 dagar for elevane så då vert det plass til både feriedagar og kursdagar der elevane har fri. Skuleruta finn du her>> Elles gjev kalenderen>> vår ei grei oversikt over kva som skjer elles. Tekst & foto: Lars Bakka
|
Nanoteam i Bergen Publisert: 11.11.06 kl 15:45 Laurdag 11.november er det First Lego League turnering i Bergen. Sagvåg skule med Nano-gjengen med Tore Hoff Edvardsen, Eirik Sætrevik, Rebekka Støle Mjønes, Elisabeth Høgberg Olsen og Lilly Marie Vaage er på plass. Her finn de (snart) sluttresultata>> Sjå også heimesida til Nanoteamet>> Tekst: Lars Bakka
|
|
|
Kjempegreie studentar! Publisert: 10.11.06 kl 15:45
Studentane laga til ei kjekk avslutning for 5. steget. Elevane koste seg med vaflar og vatn. Det var tre heile vaflar til kvar! Studentane fekk applaus for god innsats! Me ser fram til at dei kjem att etter jul! Tekst & foto: Kjell Byrknes |
||
|
Sosial samling Publisert: 09.11.06 kl 11:45 Denne gongen var tema for samlinga dyr. Mathias og Malin på 2. årssteget leia samlinga. Alle songane og dikta handla om dyr. Alle elevane var med i programmet. Me hadde ei kjekk stund. Fleire bilete her>> Tekst & foto: Aasne H. Vikanes
|
Referat Publisert: 08.11.06 kl 15:10 Tysdag 7.november var det møte i FAU og Skulemiljøutvalet ved Sagvåg skule. Du finn referat frå FAU her>> og referat frå Skulemiljøutvalet her>> Tekst & foto: Lars Bakka PS! Det er flott om medlemmene i FAU og Skulemiljøutvalet som ikkje har fått mail om referatet sender ein mail til lars.bakka@stord.kommune.no Det var ikkje alle mailadressene som eg fekk på papir som var heilt rette. L.B.
|
|
|
Livredning Publisert: 07.11.06 kl 12:00
7. steget har i dag gjennomgått hjarte-og lungeredning. Me har trent på brystkompresjonar, innblåsingar "munn til munn metoden" , stabilt sideleie m.m Alle elevane har fått ein pakke frå Norsk Luftambulanse, som inneheld alt ein treng for å læra opp familiemedlemmer . Utstyret i pakken får elevane til odel og eige. Fleire bilete>> Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket |
||
|
Gratulerer Publisert: 03.11.06 kl 16:15 Det var 1.- 2.-3. og 6.steget som fekk første nappet i vandrepokalen etter den første veka med 100% deltaking i turmarsjen. Pokalen bur på 1.steget måndag (6/11) 2.steget tysdag, 3.steget onsdag og 6.steget torsdag. Du finn alle resultata her>> GRATULERER!! Tekst & foto: Lars Bakka
|
Elevkantina Publisert: 02.11.06 kl 19:15 Torsdagane treng ikkje elevane på 5. til 7.steget ta med seg niste til skule. Då serverer elevkantina ferske, grove, rundstykke for kr 2,- pr. halve rundstykke. Det vert ti serveringar fram til jul. Flott om de som ikkje har betalt tek med pengar en av dei næraste dagane. (Døme: Tre halve rundstykke kr 60,- fram til jul) Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
God grønsaksuppe! Publisert: 31.10.06 kl 09:30
1 steget laga grønsaksuppe på torsdag. Dei var flinke til å hakka grønsaker og suppa smaka veldig godt. Les meir her>> Tekst & foto: Gro A. Halvorsen |
||
|
Bergen familieteater Publisert: 31.10.06 kl 09:45 Måndag 30. oktober hadde me vitjing av Bergen Familieteater. Dei spela "Tyrihans og dei tre sitroner" for småskulesteget hor oss og for born frå nokre av barnehagane i området. Tekst & foto: Kari Almås
|
Vandrepokal Publisert: 25.10.06 kl 16:30
Måndag 30.oktober
vert første dagen med turløype & vandrepokal! Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
Til 'Sunnhordland' Publisert: 25.10.06 kl 10:35
6 steget var hos Bladet Sunnhordland på Heiane i går. Dei fekk sjå og høyre korleis avisa vert til. Fleire bilete her>> Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
||
|
Solid+RBK+Brann!! Publisert: 20.10.06 kl 14:30 Heile denne gjengen med elevar frå Sagvåg
skule skal på 'seriefinalen' mellom Brann og
Rosenborg på søndag. Det
er idrettslaget Solid som har gjort dette mogleg
for så mange elevar. GOD TUR TIL BERGEN! Tekst & foto: Lars Bakka
|
Sosial samling Publisert: 19.10.06 kl 12:45 Torsdag 19. oktober var småskulesteget saman i Amfiet. Der hadde klassane songar, dikt og dans som dei synte fram. Denne gongen var det 3. steget som hadde
ansvaret for samlinga. Tekst & foto: Kari Almås
|
|
|
Mat på fat Publisert: 17.10.06 kl 12:30
I dag fekk dei
første elevane ein føresmak på kva elevkantina
ved Sagvåg skule kan by på. Tekst & foto: Lars Bakka |
||
|
Tonane øve bruo Publisert: 16.10.06 kl 15:30 Folkemusikkveka vart markert ved Sagvåg skule med konsert med Trio Vest og Fylkesmusikarar. det var elevane på 5. til 7.steget ved Litlabø- og Sagvåg skule som fekk denne musikkopplevinga i dag. Fleire bilete frå konserten her>> Tekst & foto: Lars Bakka
|
Eitt år sidan... Publisert: 16.oktober 2006 21.oktober er det nøyaktig eitt år sidan me
laga filmen "Ein dag i oktober ved gamle Sagvåg
skule". Kanskje på tide med ei mimrestund i kinorommet vårt? Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
Elevrådet 2006 Publisert: 11.oktober 2006 kl 15:50 [Oppdatert 12.10.06 kl 21:30]
No finn du referat frå møtet 10.oktober her>> Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland |
||
|
Til SIM Publisert: 11.oktober 2006 kl 15:40 Tysdag 10.oktober var 4.steget på omvisning
hos SIM i Svartasmoget. Me lærte om avfall og
resirkulering. Torleiv Agdestein viste oss rundt
på heile området, og det var veldig kjekt. Det
var spennande så sjå kva som skjer med bosset
vårt! Lukta var ikkje så vond som me hadde
trudd.... Tekst & foto: Kari Myhre
|
Samling for alle Publisert: 10.oktober 2006 kl 10:10 Tysdag 10.oktober vert skuledagen innleia og avslutta med fells samling for alle elevane der flyulukka er tema. Elevane får faktainformasjon i plenum, deretter vert det sett av tid til samtale på årsstega. Alle elevane har høyrt sirenar frå ambulansar og brannbilar, og mange har sett røyk frå flyplassen. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
Fint arbeid Publisert: 5.oktober 2006 kl 11:00
Engevik & Tislevoll A/S gjer i desse dagar svært fint arbeid i uteområdet rundt skulen. På bileta ser de arbeid med ein murkant i naturstein ved SFO-garderoben. Tekst: Lars Bakka Foto: Laila Magnussen |
||
|
Grønnare plenar Publisert: 4.oktober 2006 kl 17:10 I desse dagar legg Engevik & Tislevoll A/S eit ekstra lag med jord der det før var for mykje stein. Det vil bli sått no, så får me håpa på grøne bakkar utpå våren.
Tekst: Lars Bakka |
SFO i ferien? I haustferien kan alle elevar frå 1. til 7.steget(!) få tilsyn på SFO for kr 200,- pr. dag. Ta kontakt med leiar i SFO, Laila Magnussen mob 922 57 866, dersom de vil tinga plass. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
Heim frå leirskule Publisert: 30.september 2006 kl 14:25
Etter ei flott veke på Gullingen leirskule i
Suldal kom elevane på 7.steget heim igjen fredag
ettermiddag.
Bilete frå leirskuleveka finn du
her Tekst: Lars Bakka Foto: Toril S Bruket |
||
|
Sosial samling
Småskulesteget hadde samling i amfiet torsdag
morgon. Me song haustsongar saman, og dei ulike
stega song og leste dikt. Denne gongen var det
4.steget som hadde ansvaret for samlinga.
Tekst: Kari Myhre
|
Færre elevar? Publisert: 27.september 2006 kl 17:30 Dersom det ikkje vert tilflytting til vårt område, kan det sjå ut til at det vert færre elevar ved Sagvåg skule i åra som kjem. Tala frå folkeregisteret med oversikt over 1- til 5-åringar viser nedgang i elevtalet fram til 2011. Allereie til neste år kan me vera nede i 15 elevar på 1.steget. Planane om bustadfelt nær skulen vil raskt endre biletet totalt. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
Me
var på skulen Publisert: 27.september 2006 kl 14:30
Medan dei andre elevane hadde fri var Erik og Tore i full gang med First Lego League. Resten av Legogjengen er på leirskule i Suldal. Tekst & foto: Lars Bakka |
||
|
Kjekt i SFO Publisert: 27.september 2006 kl 15:30 Fredag var SFO nede med steinane og leika seg i fin veret. Hoppetau, paradis og ikkje minst vatn var nokre av aktivitetane som borna kunne velje.. Nokre plukka også bjørnebær. Me hadde frukt med oss nær, så borna flokka seg rundt Liljan. Avslutta med betasuppe ute! Tekst & foto: Elisabeth Magnussen
|
Vafler og blåbær Publisert: 21.september 2006 kl 20:15 I dag har 6. og 1.steget steikt vafler
saman. 6.steget laga vaffelrøre og har vore i
skogen og plukka blåbær. Det blei til deileg
blåbærsyltety. Me fekk også tid til å leika
samen. Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevaland
|
|
|
God hjelp Publisert: 21.september 2006 kl 17:15
I løpet av dagen har mange elevar i 5. og 6.steget hjelpt til med å få ut over sand som låg igjen ved ballbingen etter at denne vart bygd. Sanden vert no lagt rundt leikeapparata. Tekst & foto: Lars Bakka |
||
|
Barkebåtar Publisert: 20.september 2006 kl 16:00 I dag har 48 elevar på 1. og 2.årssteget laga
kvar sin barkebåt medan me var på tur. Det gjekk
fint å bruka kniv. Me brukte berre to plaster.
Etterpå segla me i bekken. Det var litt djupt
nokre stader og vanskeleg å vita kor høge
støvlane var, men kjekt hadde me det i alle
høve. Tekst: Brita Flatøy Foto: Laila Magnussen
|
Gartnarar Publisert: 20.september 2006 kl 10:30 Stian og Endre er tilsatt som gartnarar ved Sagvåg skule. Dei kjem i tillegg til skulearbeidet til å sjå til at plantene inne og ute trivest og har det godt. Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
Arbeid på tvers av årsstega. Publisert: 20.september 2006 kl 16:00
6 tysdagar denne hausten vil alle elevane på
småskulesteget arbeida i grupper. Me har ei
kjøkengruppe, ei utegruppe, ei gruppe som er i
formingssalen og arbeider med trykking, ei
gruppe er i gymsalen, ei anna syng og spelar og
den siste gruppa dramatiserer eventyr. Her er
bilete frå nokre av gruppene den første
tysdagen. Tekst: Brita Flatøy Foto: Kari Myhre |
||
|
Mange nye bøker 19.september 2006 kl 12:45 Bibliotekarane, Stine og Kristin, kjem til å setja fram mange heilt nye bøker i skulebiblioteket på onsdag. Dei nye bøkene står til utstilling oppå hyllene. Tekst & foto: Lars Bakka
|
First Lego League 15.september 2006 kl 15:00
Laurdag 15 september vert oppgåvene til First Lego League lagt ut på
Hjernekraft.org
Du kan følgje arbeidet
til gruppa vår her Tekst & foto: Lars Bakka
|
|
|
På
Nysæterbanen 14.september 2006 kl 15:35
Småskulesteget nytta den fine seinsommardagen til å gå på tur til Nysæterbanen. Her er nokre bilete frå denne koselege dagen. Fleire bilete på sidene til
1.st Tekst & foto: Brita Flatøy |
||
|
Til Botnavatnet 14.september 2006 kl 15:35 Me hadde ein flott tur til Botnavatnet, med god stemning og harmoniske elevar. Alle kom heilt opp i år!! Fleire bilete på sidene til
5.st Tekst: & foto Egil Petterteig |
Fint her ;-) 14.september 2006 kl 10:30 'Fint her ;-)' var den greie mobilmeldinga med bilete som kom til skulen frå Fitjarfjellet i dag. Det kjem fleire bilete frå turen når elevar og lærarar kjem tilbake. Tekst: Lars Bakka Foto Egil Petterteig
|
|
|
Meir om tema: Vatn 14.september 2006
Me var ved Fiskarelva og leita etter smådyr. Det var ikkje mange me fann. Me fiska og fekk 3 små aure som me steikte på stormkjøken. Dei smakte nydeleg. Fleire bilete på sidene til
5.st Tekst og foto: Anne Elisabeth Trevland |
||
|
Vatn 12.september 2006 I tre veker framover er mellomsteget delt i aldersblanda grupper. Nokon undersøkjer liver i fjøra, andre finn småkryp og anna i ferskvatn, og tredje gruppa driv forsøk på skulen. Her er bilete frå "Forskargruppa" Fleire bilete på sidene til
5.st Tekst og foto: Toril Sandvik Bruket
|
Tur til Bleikjevikjo 12.september 2006 Ei gruppe frå 5.6. og 7. steget var i
Bleikjevikjo i dag, for å sjå på livet i fjøra.
Elevane fann mykje spanande. Det meste fann dei
og namn på, etter å ha studert bestemmelsesdukar
og plastra ark. Nokre fiska og fekk nok til
middag for heile familien! Me laga og bål og
koste oss med ostesmørbrød m.m.( Hadde fått lov
til å laga bål!) På skulen blir det vidare
arbeid i morgon. Fleire bilete på sidene til
5.st Tekst og foto: Kjell Byrknes
|
|
|
Teater 12.september 2006
Elevane i 1. til 4.steget fekk sjå framsynga ”Hvorfor de kongelige ikke har krone på hodet” av Prinsesse Märtha Louise på Litlabø samfunnshus i dag. Tekst og foto: Gro Akselsen Halvorsen |
||
|
Sfo i septembersol 11.september 2006
I sol og flott
temperatur var SFO i skogen og åt nista. Me
håpar på mange slike dagar utover hausten.
Fleire bilete på
SFO-sida Tekst og foto: Laila Magnussen
|
Teknologi i skulen 8.september 2006
Med
First Lego
League Tekst og foto: Lars Bakka
|
|
|
Me
kan! 8.september 2006
Det er vanskeleg å
sykla på eitt hjul, det veit alle som har prøvd.
Likevel har stadig fleire elevar ved Sagvåg
skule denne hausten lært seg kunsten. Etter
kvart vil dei som ynskjer det få registret
dugleiken på ei eiga nettside.
Her finn du også krev
til dei ulike nivåa. Tekst og foto: Lars Bakka |
||
|
Spel på 1.steget 7.september 2006 Tysdag 5.september spelte heile 1.steget
ulike spel.
Her er nokre bilete frå denne økta. Tekst & foto: Brita Flatøy
|
Turdag 6.september 2006 Onsdag 6. september var 1. og 2. årssteget på
tur i området ved sykkelstigen nedanfor skulen.
Det var regn, så det var kjekt å leika i bekken.
Mange hoppa tau og paradis i støvlar og
regnklede. Dei som rulla seg i det våte graset,
var ikkje heilt reine då dei gjekk heim. Me
hadde ein kjekk tur! Fleire bilete på
biletsidene våre:
1.steget Tekst & foto: Aasne Høviseland Vikanes
|
|
|
Vitensenteret var her! 1.september 2006
Fredag 1.september vart ein skuledag me seint
vil gløyma. Det var show i gymsalen og undervisning
for grupper etterpå. Elevane fekk frå Sagvåg og
Litlabø skule fekk oppleva naturvitenskap må ein
spanande måte.
Vitensenteret
Tekst: Lars Bakka Foto: Lars Bakka & Egil Petterteig |
||
|
Vitensenteret kjem! 30.august 2006 Fredag 1.september får elevane ved Sagvåg
skule oppleva naturvitskap på ein spanande måte
når
Vitensenteret kjem til oss. Denne dagen
kjem også alle elevane frå Litlabø skule på
vitjing så denne dagen er me dobbelt så mange
elevar.
Du finn plan
for dagen her
Tekst: Lars Bakka
|
Utleigemøte
Det vert møte for
dei som skal leige Sagvåg skule denne sesongen
torsdag 7.september kl 18:00-19:00 på pauserommet til lærarane.
Du oversikt over utleige her
Tekst og foto: Lars Bakka
|
|
|
No
skal ugraset bort 29.august 2006
Skulemiljøutvalet tykte at det var vel mykje
ugras i den nysådde grasbakke rundt Sagvåg
skule. Tekst og foto: Lars Bakka |
||
|
FLL 29.august 2006 Er du klar for
First Lego League (FLL) 2006? Tekst og foto: Lars Bakka |
Kult med skateboard 23.august 2006 Med ein enkel skaterampe har elevane i 5.-6. og 7.steget fått ein grei stad å øve med skateboard. Tekst og foto: Lars Bakka
|
|
|
Uteskule og blåbær 24.august 2006
Onsdag var 1.og 2.steget på sin første
tur dette skuleåret. Elevane leika, hoppa tau og
plukka blåbær. Du finn fleire bilete i
nettalbuma
1.steget
Tekst og foto: Brita Flatøy |
||
|
Skulemiljøutval 23.august 2006 Tysdag
22.august var det møte i Skulemiljøutvalet.
Dette utvalet erstattar Samarbeidsutvalet ved
Sagvåg skule frå 2006/07 Tekst & foto: Lars Bakka
|
Fjelltur 22.august 2006 Elevane på
5.steget var på tur til Utslettefjellet i dag.
Tekst og foto: Egil Petterteig
|
|
|
Den første 22.august 2006
Sebastian Gundersen på 7.steget vart den første eleven som klarte å sykle gymsalen på langs på einhjuling. GRATULERER!! Tekst og foto: Lars Bakka
|
||
|
Utleige av skulen 22.august 2006 Det vert
framleis arbeidd med framlegg til plan for
utleige av skulen. Søknadsfristen går ut 25/8 Tekst: Lars Bakka
|
Tek du ei utfordring? 18.august 2006 Til elevane på
5.-6.- og 7.steget har me fått inn to
einhjulingar til kvart årssteg. Den eine er med
støttehjul og den andre utan. Kvart årssteg får
ein sykkel av kvar type. For å få bruka dei må
du ha med din eigen sykkelhjelm. Både rektor og
Egil Petterteig har lånt sykkel med seg heim i
helga for å prøve dei ;-) Tekst: Lars Bakka
|
|
|
Nye leiker 18.august 2006
Fredag ettermiddag kom det nye leiker til skulen. Det var to bilar, ein trehjulsykkel og ein sparkesykkel. I første omgang vert desse mest nytta av SFO, men elevane på 1. til 4.steget kan godt nytta dei i skuletida etter avtale med lærarane sine. Tekst og foto: Lars Bakka |
||
|
Kunstnarar i arbeid 17.august 2006
Allereie første
skuledagen var elevane på 7.steget i full gang
med Kunst- og handverk.
Fleire bilete
på heimesida vår
|
Store og små 15.august 2006
Elevane på 6.steget er fadrar for elevane i
første. Fleire bilete på sidene til
1.steget
|
|
|
Første skuledag 17.august 2006
Torsdag den
17.august 2006 kunne me for første gong ta imot
elevane til eit nytt skuleår i den nye skulen
vår. Tekst: Lars Bakka Foto: Kjell Byrknes |
||
|
Plan for symjing 17.august 2006
Ved Sagvåg skule
tek elevane til med symjeopplæring på det
2.årssteget. I den nye læreplanen til
Kunnskapsløftet vert målet at alle elevane skal
kunna symja innan utgangen av det 4.årssteget.
Her er planen for
hausten 2006
|
Kurs for lærarane 15.august 2006
Her kan lærarane
melde seg på kurs for dette skuleåret
|
|
|
Leige av skulen 11.august 2006
Denne annonsa kjem
snart i Sunnhordland:
|
||
|
Kurs for lærarane 15.august 2006 |
Leige av skulen 11.august 2006
Denne annonsa kjem
snart i Sunnhordland:
|
|
![]() Det er framleis sommarstille ved Sagvåg skule
Første skuledag
for elevane er torsdag 17.august kl 08.30 Lærarane har planleggingsdagar måndag 14.august til onsdag 16.august. Les meir her>>
|