Hausten 2005 ved Sagvåg skule: 

LES endå meir  i arkivet! >>

Siste skuledag
ved gamle Sagvåg skule

22
.desember 2005

Torsdag 22.desember er den aller siste skuledagen i skulehuset som vart innvigd måndag 12.april 1940. Her kan du lesa meir om skulehuset som me i dag tek farvel med.

Første skuledag etter jul er tysdag 3.januar. Skuledagen tek til kl 08.30 og SFO er ope frå kl 07.00 som vanleg. I ferien kan du gjere deg kjent med den nye skulen ved å studera kva dei ulike romma heiter, eller du kan sjå tilbake halvåret som gar gått

Her har årssteget heimebasane sine:
1.steget: 'Utslettefjellet' 5.steget: 'Jensanes'
2.steget: 'Dovamyra' 6.steget: 'Skifteslono'
3.steget: 'Drenjafjellet' 7.steget: 'Limbuvikjo'
4.steget: 'Sætre'  

Alle romma finn du snart her

'Ny skole i julegave'
21.desember 2005

Tysdag var Haugesunds Avis på vitjing til skulen vår og onsdag 21.desember ver det ein stor artikkel over to sider i avisa. Her kan du mellom anna lesa intervjuet med Per Skram.

Tekst: Lars Bakka

 

Juleverkstad på 6.steget
21.desember 2005

I all nedpakking og flytting frå gamleskulen, tok me oss tid til juleverkstad. Elevane tova store og små juleeple, og resultata vart flotte.
Fleire bilete

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

Fotballturnering i nyeskule
21.desember 2005

Tysdag hadde mellomsteget fotballturnering i nyeskulen. Det vart spela med futt og fart, og resultatet vart avgjort ved "sudden death". På vinnarlaget spelte Tore frå 5,, Anne Pinki, Olav og Elisabeth frå 6., og Even og Ingmar frå 7.steget.
Me vil takka dommarane: Lars Gundersen , Ole Christian Tolås, Frank Midttun og Even Sætrevik, som kom frå Nysæter ungdomsskule for å hjelpa oss.
Fleire bilete

Tekst: Toril Sandvik Bruket 
Foto: Helene Rolfsnes

 

Til trolleskogen
19
.desember 2005

Fredag 16.desember hadde me ein fin førjulstur til trollskogen på Litlabø. Me laga juledekorasjonar, åt graut og varma oss ved bålet.
Fleire bilete

Tekst & foto: Kari Myhre og Anne Elisabeth Trevland

 

 

Svært mange elevar har tilgang til datamaskin og breiband heime
16
.desember 2005

Resultata frå undersøkinga me gjennomførte for nokre veker sidan om tilgangen elevane har til IKT i heimen er no klar.
Undersøkinga vart gjennomført for å gje kontaktlærarane oversikt over kven som kan gjere arbeid heime t.d. i Fronter.
Her er resultata

  JA
Har de PC heime 98,7%
Dersom ja:  
  Får eleven nytta PC-en? 99,34%
  Har de Internett? 96,77%
Analog:7%  ISDN:6 % Breiband 87%

Tekst: Lars Bakka

 

Julekort frå 1.steget
16
.desember 2005

Torsdag 15. desember var 1. årssteget i Sagvåg og posta julekort som elevane hadde laga sjølv. Tidlegare på dagen hadde me leikestund. Dei som var på klossegruppa laga den nye skulen. Der var både gymnastikksal og amfi. Fleire bilete

Tekst & foto: Aasne H. Viksnes

 

 

Rundt juletreet i ny-skulen
14
.desember 2005

I dag gjekk elevane på mellomsteget for første gong rundt juletreet i nye Sagvåg skule. Denne gongen nytta me golvflaten der skulebiblioteket kjem.

Stort bilete:[2MB]

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Siste par ut...
14
.desember 2005

Elevane på 4.steget var den siste elevgruppa som fekk omvising på ny-skulen.  Det var spesielt kjekt at elevane fekk eit gjensyn med Maren Ottesen som også var med på rundturen

Stort bilete:[2MB]

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Her bur me
14
.desember 2005

6.steget var svært nøgde med det dei fekk sjå då dei fekk omvising i nye Sagvåg skule i dag.

Stort bilete:[2MB]

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Ut på tur, nesten aldri sur!
14
.desember 200

Onsdag var mellomsteget på tur til Hustredalen. Me brente bål og grilla pølser, karbonadar og brødskiver med kvitost ved  vatnet. Vidare gjekk me om Rødkleiv tilbake til skulen.
Bilete på sidene til 5.steget, 6.steget og 7.steget

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket

 

2.steget til museet
14
.desember 2005

Tysdag 13. desember var 2. steget på museet og fekk høyre om jul i gamle dagar.
Me hogg ved, vaska kler , bar vatn, steikte flatbrød og melka kua. Til slutt vart alle "vaska" i stampen.
Nissen lurte oss. Han åt grauten og sprang. Heldigvis låg nisselua att på låven.

Takk til foreldra som var med og køyrde. Fleire bilete

Anne Brit og Kari

Tekst & foto:
Kari Almås & Anne Brit Holm

3.steget og Marta på omvising!
13
.desember 2005

Det vart eit kjekt gjensyn ned Marta Myhre for elevane på 3.steget. Marta gjekk av med pensjon i vår, og dette var første gong elevane fekk møte Marta på eit halvt år. Her er Annbjørg, Marta og alle elevane på 3.stegte samla i heimebasen sin i  ny-skulen.

Stort bilete:[2MB]

Tekst & foto: Lars Bakka

Foreldra på omvising
13
.desember 2005

Det var fullt amfi då foreldra vart inviterte til omvising på nye Sagvåg skule måndag kveld. Foreldra gav uttrykk for at dei var imponerte over det dei fekk sjå

Tekst & foto: Lars Bakka

1.steget på omvising
13
.desember 2005

Også 1.steget var på omvising i nyskulen tysdag 13.desember.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Det store treet er pynta
13
.desember 2005

Takk til Vebjørn og Martin Christoffer som meldte seg frivillig til å vera med rektor å pynte juletreet medan resten av 7.stegte var på tur i Hustredalen.

Stort bilete:
[1,9MB]

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Lucia
12
.desember 2005

Det er tradisjon at førstesteget går Lucia ved Sagvåg skule. 13.desember skal 1.steget på omvising på ny-skulen, så då vart det Lucia den 12. Fleire bilete her

Tekst: Lars Bakka Foto: Aasne Vikanes og Brita Flatøy

 

No kjem møblane
12.desember 2005

I dag kom det første trailerlasset med møblar til nye Sagvåg skule. Det kjem eit nytt lass torsdag 15. og endå eitt måndag 19.desember

Tekst & foto: Lars Bakka

 

 

Kunsten er godkjent
9
.desember 2005

Fredag 9.desember var det synfaring og godkjenning av kunstutsmykkinga ved nye Sagvåg skule. Det er kunstnaren Turid Uldal som har ansvaret for utsmykkinga på nye Sagvåg skule. Du finn fleire bilete her

Tekst: Lars Bakka
Foto: Toril Sandvik Bruket

 

5.steget på omvising
9.desember 2005

I dag var det 5.steget som fekk omvising på nye Sagvåg skule. Du finn fleire bilete frå turen på biletsida til 5.steget

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Til badeland !?
9.desember 2005

Det er tradisjon at den siste symjetimen før jul er "badeland" . Då er det stor aktivitet med matter og andre kjekke leiker i bassenget.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

2.steget på omvising
8
.desember 2005

I dag var det 2.steget som fekk omvising på nye Sagvåg skule. Du finn fleire bilete frå turen på biletsida til 2.steget

Tekst & foto: Lars Bakka

 


Frå det tekniske rommet under undervisningsarealet

'Ferdigsynfaring'
6
.desember 2005

Tysdag 6.desember vart deg gjennomført ferdigsynfaring ved nye Sagvåg skule. Dei ulike faga har no to veker på seg til å utbetre det som vart påpeikt. Ikkje noko av dette vil ha noko å seier for våre planar om å ta til i nyskulen tysdag 3.januar. Les meir om byggeprosessen her

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Sagvåg skule som kakehus
1.desember 2005

5.årssteget har laga Sagvåg skule som peparkakehus. Me har måla, forminska, laga pappmodell og baka. Me lærte mykje av dette prosjektet, seier elevane Fleire bilete frå heile prosjektet finn du på nettsida vår

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

 

På vitjing til nyskulen
5.desember 2005

7.steget var først ute på guida tur i nye Sagvåg skule. Dette er det første møtet elevane får med den nye skulen. Elevane var imponerte over det dei fekk sjå og gler seg til å ta i bruk nyskulen 3.januar. I løpet av desember skal alle elevane få omvising ved nye Sagvåg skule. Du finn oversikt over hendingar i desember her   
Du finn også fleire bilete på heimesida til 7.steget

Tekst & foto: LarsBakka

 

Førjulstid ved Sagvåg skule
1.desember 2005

Kjekt å baka julakaker, og  laga ein lita gåve til nokon ein bryr seg om. Det var aktivitetane då 6. steget og 1. steget kosa seg saman fyrste dagen i julemånaden. Bilete på sidene til 1.steget og 6.steget
Også 3.steget og 4.steget hadde bakedag i dag.

Tekst & foto: Toril S.Bruket

I dag finn det også eit infoskriv i mappa til elevane med ei oversikt over ein del av hendingane i desember 2005. Du finn også skrivet her

Lars Bakka

 

I går var det vinter
1.desember 2005

Onsdag 30. november hadde 1. og 2. årssteget ein kjekk tur i fint vintervêr. Me laga pinnebrød og leika i snøen. Fleire bilete på sidene til 1.steget og 2.steget

Tekst & foto: Aasne H. Vikanes

 

Kjekt med snø !
1.desember 2005

4 steg  utnytta godt den vesle snøen som kom ned. Nokre laga ein snøsko som dei hadde lyst at ein skulle ta bilete av, men  fotballsparkinga går sin gang uansett ver og underlag. Fleire bilete her

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 

Prisauke i SFO
2
9.november 2005

Komitè for levekår har vedteke nye betalingssatsar for Stord kommune si skulefritidsordning.
Dei nye satsane gjeld frå 1. januar 2006 og er som følgjer:
Heil plass ordinært tilbod  kr. 1.900,- pr. mnd.
(opp kr. 50,- frå 2005)
Halv plass ordinært tilbod kr. 1.075,- pr. mnd.
(opp kr. 25,- frå 2005)
Dagspris kr. 200,-

Les heile brevet her

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Stemningsfull adventssamling
2
8.november 2005

Måndag var det ei fin adventssamling i gymsalen for 1. til 4.steget. Det kjem fleire bilete seinare. Fleire bilete her

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Leikestund i 2.
25
.november 2005

Kvar fredag har 2. steget ei leikestund der dei brukar store og små klossar, bilar og Lego. Her er nokre bilete frå fredag 25. november

Tekst & foto: Kari Almås

 

Møte i elevrådet
2
3.november 2005

Flott om alle les referatet godt. Ein del av det som er bestemt gjeld frå og med torsdag 24.november. Les meir

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Mørketur, 3. steget
2
3.november 2005

Tysdag 22. november inviterte foreldrekontaktane til "Mørketur "i skogen ved Sætrevik. Elevar, søsken og foreldre hadde ein fin kveld saman. Takk til foreldrekontaktane!

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

Store steinar i skulegarden
2
2.november 2005

Under arbeidet med tomtene på Skulehaugen ramla det store steinar inn i skulegarden. Steinane ligg berre ein meter frå husveggen og SFO. Elevane får ikkje lov til å gå på denne sida av skulen medan arbeidet pågår, men me vil no også ta opp med utbyggaren om arbeidet med sprenging må stoppast i skuletida.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Matematikk på 3.steget
2
2.november 2005

Ved hjelp av mjølkejartongar og korkar arbeider me med tala i området 50 til 100.
Store tal er kjekt og då me brukte alt me hadde, kom me til 1159. Fleire bilete her

Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

 

 

Møte i elevråd
21.november 2005

Det vert møte i elevråd onsdag 23 nov, klokka 08.45
Møte vert på biblioteket.

Sakliste:

  • Referat frå førre møte.

  • Tiltak mot mobbing v/rektor

  • Saker frå klassane

  • Eventuelt

Tekst: Gro A. Halvorsen

 

Lærarane på ny-skulen
17.november 2005

Medan studentane frå HSH har overteke som lærarar ved Sagvåg skule, er lærarane på ny-skulen og påHøgskulen Stord/Haugesund. Me nyttar tida til å planlegge flyttinga og bruken av den nye skulen planlagt i detalj. Me flyttar i løpet av desember og første skuledag i nye Sagvåg skule er 3.januar 2006! Her finn du rykande ferske bilete frå det flotte skulebygget

Tekst & foto: Lars Bakka

Studentane overtek
16.november 2005

Onsdag og torsdag overtek studentane frå HSH Sagvåg skule. Lærarane er på Høgskulen Stord/Haugesund og planlegg flyttinga til, og bruken av nye Sagvåg skule.

Tekst : Lars Bakka

 

Showpris til Robotgjengen!
12.november 2005

Det vart Robotgjengen som stakk av med Show-prisen i First Lego League-turneringa på Vikahaugen i dag. Robotgjengen klarte ikkje å ta seg til mellomrunden slik The Genius Kids gjorde i fjor.

Takk til alle som støtta oss, show-prisen vann laget fullt fortent!!

Resultata med poeng kjem snart her
Bilete frå turneringa

 Sjå også:  Hjernekraft

 

Foreldra protesterer
8.november 2005

Brev frå FAU:

Aksjon ifm. budsjettframlegging i Stord kommune

Slik det ser ut, vert ikkje skulebudsjettet for 2006 auka i forhold til i år.
Dette på trass av at den nye regjeringa har løyvd ekstra midlar til skule og helse. Stord kommune vil få ca. 14. mill ekstra. 
Me vil møta opp på Open Høyring i Levekårskomiteen tysdag 8. november og markera eit krav om auka budsjett.

Håper flest mulig har høve til å stilla.

Med helsing
FAU ved Sagvåg skule og KFU i Stord kommune

Sigbjørn Framnes
 
Leiar FAU Sagvåg Skule

Maryann Eriksen
  Rep. KFU for Sagvåg skule

PS!
I framlegget til skulebudsjett står det m.a. om kutt i Stordskulen:
"
Det er i budsjettet ikkje kompensert fullt ut for elevtalsauke. Det betyr at det og på skulane vert forventa effektiviseringstiltak på ca 1 mill kr."

Tekst : Lars Bakka

Refarat frå FAU-møte
8.november 2005

Du finn referat frå det siste møtet i FAU her

Tekst : Lars Bakka

 

3.oppdrag utført!
4.november 2005

Robotgjengen har no fått godkjent det 3 av 9 oppdrag. Gruppa har vist STOR framgang dei siste dagane!

Tekst : Lars Bakka

 

Heimen min frå satellitt
4.november 2005

Elevane på 3.steget nyttar moderne teknologi i temaet 'Kart viser veg'. Her er elevane i full gang med å finne heimen sin ved hjelp av fotografi frå satellitt via web-sida Norgeibilder.no

Tekst : Lars Bakka

 

Matematikk
11.november 2005

4 steg har arbeidd med dl og l den siste tida.
Dei har vore på kjøkenet og laga mat etter  oppskrift der dei har dobla og halvert.
Resultatet vart som ein ser, svært bra med god hjelp av studentane. Fleire bilete her

Tekst : Gro A Halvorsen

 

Koløen leverer møblar
9.november 2005

Les meir på heimesida til Stord kommune

Tekst : Lars Bakka

Blå metallic elv i amfiet
3.november 2005

Det første som møter deg når du kjem inn i den nye Sagvåg skule er den blå metallic elva som renn nedover amfiet. Det er kunstnaren Turid Uldal som har ansvaret for utsmykkinga på nye Sagvåg skule. Les meir om den nye skulen her

Tekst : Lars Bakka

Utedag for 1.og 2.steget
2.november 2005

Det vart ein fin tur i dag og. Me hadde stormkjøken med og koste oss med tomatsuppe. Du finn fleire bilete på biletsidene sidene til 1.steget og 2.steget

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

Den første pulten er på plass!
3.november 2005

I dag vart den første skulepulten frakta til nye Sagvåg skule. Det var snikkarane som ville sjå kor høge pultane var med tanke på ei list som kan hindre slitasje på veggane i undervisningsareala.

Tekst : Lars Bakka


(Arkivfoto: Terje Lamo viste elevane på 5.steget Ottesen Båtbyggeri i april 2005)

Gamleskulen kan bli husvære
28.oktober 2005

Arkitekt Terje Lamo har i brev til Stord kommune skissert nokre tankar om etterbruk av gamle Sagvåg skule. Lamo skriv mellom anna: Forslaget mitt er å bygga om til leilegheiter som kan brukast til både unge og eldre,(...)  Les heile brevet frå Terje Lamo her

Tekst : Lars Bakka

 


Konge for ein dag...
27.oktober 2005

Kateket Marit Grimsstad kom på vitjing til 5.steget i dag. Ho tok oss med på bibelvandring. Du finn fleire bilete på biletsida vår

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 


Eplekakebakst

27.oktober 2005

Etter å ha hausta eple for nokre veker sidan, baka 1.steget eplekake saman med fadrane sine. I tillegg las fadrane til fadderborna, og dei spelte spel saman.
Ein kjekk dag!

Fleire bilete på sidene biletsidene til 1.steget og 6.steget

Tekst & foto: Toril S. Bruket

Filmdag
27.oktober 2005

Heile torsdag 27.oktober filma eg elevar og lærarar i arbeid ved Sagvåg skule. Dette skal bli ein liten film som viser ein heilt vanleg skuledag ved gamle Sagvåg skule. Snart er dette historie...

Og slik vert filmen??
Sjå smakebit her:
  Breibend>>[Stor fil]
"Smalband">>

Tekst: Lars Bakka Foto: Toril S. Bruket

 

3. og 4. på tur
27.oktober 2005

3. og 4.årssteg var på tur i området ved kyrkja i dag. Me kokte suppe og leika. Du finn fleire bilete på sidene til 3.steget og 4.steget

Tekst & foto: Gro A. Halvorsen

 

Graving i skulegarden
26.oktober 2005

På fredag kjem BKK til å grave ei grøft gjennom skulegarden ved Sagvåg skule. I denne grøfta kjem fiberkabelen med breiband til nye Sagvåg skule til å bli lagt. Det vert graving på handballbanen og resten av skuleplassen fredag og laurdag. Arbeidet er kanskje fullført måndag 31.november. Elevane må respektere merkebanda som vert heng topp.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Me tek til i den nye skulen 3.januar 2006
24.oktober 2005

(Utdrag frå ref. byggemøte 12.10.05)

Ferdiggjering av bygg

  • Ferdigbefaring vert utført veke 46 – 47
  • Innregulering av ventilasjonsanlegg /varmeanlegg veke 46 – 47 (ferdig til 01.12.05)
  • Eventuelle feil og manglar skal rettast innan 01.12.05

Inventar

  • Byggherre skal snarast bestemma levering og montering av møbler/inventar
  • Montering kan starta 05.12.05

Flytting  

  • I veke 50 og 51 ønskjer Sagvåg skule å gjera seg kjend på nye skulen  
  • Flytter til nye skulen 19.12.05
  • Første vanlege skuledag i nye Sagvåg skule tysdag 3.januar 2006!

kr 13.561 til TV-aksjonen!
20.oktober 2005

Mellomsteget hadde kafé, loppemarknad, sal av lauvtrykk, og loddsal på torsdag. Elevane stod på og jobba, og mange foreldre var innom. Me hadde ein fin dag som enda i ein fin sum. Saman med det småskulen samla inn førre torsdag enda heile skulen opp med kr 13.561,- som er sende til TV-aksjonen 2005 - Draumefangar.

Bilete frå TV-aksjonen i dag

Teks: Egil Petterteig

Bilete frå nye Sagvåg skule
20.oktober 2005

Her finn du bilete frå nye Sagvåg skuler

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Kanotur med 7.steget
18.oktober 2005

Vakre haustfargar, eit stille vatn og  litt skoddedis som bakgrunnsteppe, kan ein få ei finare ramme rundt ein kanotur? 7.steget koste seg i kanoane. Mange hadde litt erfaring frå før, så det gjekk greitt å padla mot Båtsvikjo. I solsteiken i nærleiken gjekk me me i land og åt nistepakken. Deretter sette me kursen mot Rossneset, Knurrøya og mot Nysæterneset. Til slutt padla me tilbake til  Litlabø kurssenter der me gjorde kanoane reine og fekk dei på plass på hengaren. Ein flott tur! Fleire bilete her

Tekst & foto: Kjell Byrknes/Egil Petterteig

 

Nokre glimt frå ein vanleg dag på 1.steget.
14.oktober 2005

1.steget arbeider med temaet haust. Bileta viser elevar som  er delte i grupper og lagar skogsmiljø med dyr og planter. Andre elevar er opptekne med Steg for steg. I det fine veret brukar me og mykje tid til å leika ute. Denne dagen har me også hatt gymnastikk og arbeidd i grupper med norskoppgåver. Fleire bilete her

Tekst & foto: Brita Flatøy

 

Individuelle arbeidsplanar
14.oktober 2005

Arbeidsplanane til elevane vert etter kvart individuelt tilpassa ved at kvar elev får sin eigen arbeidsplan. Dette skjer ved at lærarane 'flettar' dokumenta i Word og legg inn informasjon til den enkelte eleven. Planane for mellomsteget vert difor frå og med veke 42 ikkje lagt ut på Internett.
 

Tekst : Lars Bakka

 


  
(Nytt utkast 17.oktober)

Skulegenser i gåve frå FAU
14.oktober 2005

FAU vil med hjelp frå SKL gje alle elevane ved Sagvåg skule ein flott skulegenser når me flyttar inn i ny skule.

Dette må me vite først:
1. Kva farge vil du ha?  LYS BLÅ   MØRK BLÅ  SVART  RAUD
2. Kva storleik ynskjer du?  6-8     9-11    12-14    M    XL

Boksen med prøvegenserar er i SFO frå 13.00-16.00 kvar dag så berre kom innom. Elles hjelper lærarane til med prøving og tinging.

Du får genseren første skuledag etter jul!

Tekst : Lars Bakka

 

Innsamling til TV-aksjonen
13.oktober 2005

1. til 4.steget har hatt aksjonsdag 13.oktober. Pengane går til TV-aksjonen. Me har spela på lykkehjul hos 4.steget, vore med på lynlotto i 3.steget og kjøpt lappar og muffins i 2.steget sitt rom.

Du finn fleire bilete her

Tekst & foto : Gro A. Halvorsen

 

Fjelltur i sommarvér
12.oktober 2005

Varmt og godt var det då me la i veg frå Dalshaugane i dag, 12.10, på veg mot Botnavatnet. Det blåste ganske kraftig, men det blei ein fin tur likevel. To førsteklassingar gjekk heilt opp til vatnet! Området ved vatnet låg i skuggen då me kom fram. Elevane koste seg  likevel, men mange fann seg etter kvart ein plass i

 sola. Svært mange elevar greidde å koma seg opp til vatnet denne gongen. Flott!
Du finn fleire bilete her

Tekst: Kjell Byrknes

 

TV-aksjon & sunn mat
8.oktober 2005

Før haustferien hadde me matpakkeveke. Elevane på 5.steget kombinerte dette året matpakkeveka med innsamling til TV-aksjonen 2005. Du finn bilete frå 1, 3,4 og 5.steget her

Tekst & foto: Kari Myhre, Toril Bruket m.f

 

Vil du kjøpa gamle Sagvåg skule?
3.oktober 2005

Stord kommune vil selje det gamle skulehuset vårt. Når me flyttar inn i den nye Sagvåg skule vert gamleskulen ståande tom. No vil Stord kommune ha innspel om kva skulehuset kan brukast til i framtida.
Les meir på nettsida til Stord kommune

Tekst: Lars Bakka

 

1800 kroner til Røde Kors
29.september 2005

7. steget laga avis i vår, medan dei gjekk i 6. No er rekneskapet gjort opp, og gjengen sit igjen med eit overskudd på kr. 1800,- som går direkte til Røde Kors. Grunnen til at klassen ville gi pengane til denne organisasjonen var at me byrja arbeidet med avisa like etter tsunami-katastrofen desember 2004.

Tekst & foto : Egil Petterteig

 

Nytt frå elevrådet
28.september 2005

Her finn du det siste referatet frå elevrådtet

Tekst & foto : Lars Bakka

'Treet vårt'
22.september 2005

22.september var  1.årssteget på tur og fann seg sitt eige tre. Me vil sjå kva som skjer med treet i løpet av eit år. I gangstien bort til nye Sagvåg skule fann me ei lønn. No er treet pynta med blonde slik at me kan kjenna det att. Fleire bilete her

Tekst & foto : Aasne H. Vikanes & Brita Flatøy

 

Utedag
21.september 2005

Onsdag var 2. og 3.årssteget på biblioteket på Litlabø. Etterpå gjekk me til Nysæterbanen der me møtte 1. steget.

Tekst & foto : Aasne H. Vikanes

 

Avlyser tilbodskonkurranse
22.september 2005

På nettsida til Stord kommune kan me i dag mellom anna lesa:

Stord kommune avlyser tilbodskonkurransen som galdt reinhald, drifts- og vedlikehaldsoppgåver på den nye Sagvåg skule i Rukjen.

Årsaka var at det berre kom inn eitt tilbod som femna heile tilbodsforespørselen.

- Me ser difor tilbodskonkurransen som misslukka, og avlyser den med bakgrunn i manglande konkurranse og forskrifter for offentlege anskaffelsar, § 17, opplyser leiar Odd Magne Agdestein i Interkommunalt innkjøpsforum for Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes.

Les meir på nettsida til
Stord kommune

Tekst : Lars Bakka

 

Den nye skulen tek form
16.september 2005

Dette biletet vart teke i undervisningsarealet til dei yngste elevane. I biletet ser du det store fellesrommet og to grupperom med skyvedører.
Du kan fylgje byggeprosessen her

Tekst & foto : Lars Bakka

 

Møte i elevråd
21.september 2005

Det vert møte i elevråd onsdag 28 september, klokka 08.45
Møte vert på biblioteket

 

Sakliste:

  • Val av elevrådsleiar og vararepresentant

  • Referat frå førre møte.

  • Saker frå klassane

  • Eventuelt

Tekst: Gro A. Halvorsen

 

Haust & frukt på 1.steget
21.september 2005

På 1.årssteg arbeider me med temaet haust. Tysdag 20.september laga me fruktsalat. Det var kjempegodt.
Du finn fleire bilete på biletsida vår

Tekst & foto : Aasne H. Vikanes & Brita Flatøy

 

Norsk og matte
16.september 2005

3.steget arbeider på grupper fleire gonger i veka. Her er nokre bilete frå fredag 16.september. Då hadde me besøk av studentar frå lærarhøgskulen. Dei har laga eit matematikkprogram som elevane fekk jobba med. De ser og bilete frå arbeid med norsk og matematikk i klasserommet.

Fleire bilete på sida til 3.steget

Tekst & foto : Brita Flatøy

 

5.steget til museet
15.september 2005

Me har hatt ein fantastisk dag på museet. Me arbeida med flintstein, skaut med pil og boge, sydde skinnpung, laga knutar m.m.
Fleire bilete på biletsida vår

Tekst & foto : Anne Elisabeth Trevland

Songstund i 1. og 2.steget
[15.september 2005]

1. og 2. steget har songstund saman ein gong i månaden. Denne gongen var me i rommet til 2. steget. Fleire bilete på sidene til 1.steget og 2.steget

Tekst & foto : Kari Almås, Aasne H. Vikanes, Brita Flatøy

 

Vatn i SFO (igjen)
[14.september 2005]

Det er no tredje gongen på under eitt år at overflatevatn trenger inn i SFO ved Sagvåg skule. Onsdag morgon vart dei tilsette endå ein gong møtt med fleire centimeter vatn i garderobar og undervisningsarealet i kjellaren.
Elevane på 1.steget har utedag om onsdagen, rommet er kanskje klart til bruk allereie torsdag. SFO nyttar skulebiblioteket og naborommet medan kjellaren vert tømt for vatn og uttørka.

Tekst & foto : Arild Båtsvik / Lars Bakk

Treng du vest?
[12.september 2005]

Sagvåg skule har fleire 'Senk farten-vestar' som elevar kan få låne av skulen i perioden 12.september til 10.oktober. Når Europaveg 39 er stengt går all trafikk mellom Bergen og Stavanger til å gå forbi Sagvåg skule. Les meir om trafikk & Sagvåg skule her

Vil du låne vest? Send ein mail til: lars.bakka@stord.kommune.no

Tekst & foto : Lars Bakka

ALLE ELEVANE MÅ BRUKA
R E F L E K S V E S T 
TIL OG FRÅ SKULEN !
 

 

Koseleg start
på ei ny veke

[12.september 2005]

I dag har 1.- og 6.årssteget hatt leikestund i lag. Det er alltid kjekt å vera saman med fadrane.
Du finn fleire bilete på sidene til 1.steget og 6.steget

Tekst & foto : Aasne H. Vikanes

 

50 år etter
[9.september 2005]

7.klasse 1954/55 vitja gamleskulen sin fredag 9.september. Det har gått 50 år sidan desse elevane var avgangsklasse ved Sagvåg skule våren 1955. ei som er med på det nye biletet er:
Bak frå venstre: Harald Westerheim, Knut Sætrevik, Ove Bunes, Johannes Almås og Helge Ottesen.
Framme frå venstre: Bjørn Lamo, Ragnhild Paulsen, Bolette Berg, Olaug Volden, Odd Normann Almås.
Du kan sjå større bilete her

Tekst & foto : Lars Bakka

 

Kjekt i friminuttet
[7.september 2005]

Elevane på 2. steget er flinke til å leika i friminuttane.

Fleire bilete på sida til 2.steget

Tekst & foto: Kari Almås

 

   

Nytt panoramabilete
 av nye Sagvåg skule

[9.september 2005]

Her finn du eit nytt bilete frå nye Sagvåg skule.

Tekst : Lars Bakka

 

Valløpet>>

Val 05
[7.september 2005]

Mange av årsstega har i desse dagar Val-05 som tema. Her er nokre lenkjer til meir informasjon om stortingsvalet.

Tekst : Lars Bakka

 

Samarbeid  mellom 3. og 4.steget
[7.september 2005]

3. og 4. steget har arbeidar saman i ulike grupper om torsdagane.
Her er nokre bilete frå gruppene.
Me var på norsk (løko).teckno, data og sløyd.
Elevane syntes dette var kjekt, dei gler seg til torsdag, for då er det nye grupper.Fleire bilete på sidene til 3.steget og 4.steget

Tekst & foto:
Gro A. Halvorsen & Annbjørg Luggenes

Sykkeltur med 7.årssteg
[2.september 2005]

31. August var 7. årssteg på Sagvåg skule på sykkeltur. Me til sykla Skjersholmane og tok ferja over til Halsnøy, der sykla me til hytta til Laila. Hytta var stor og låg ved sjøen . Me bada, fiska, grilla og trekte garn. Det var ein veldig kjekk tur. Det var litt langt, men det gjekk bra fordi det var nydeleg ver. Fleire bilete

Tekst:
Malin Eriksen og Christina Yddal

Stasjonsarbeid på 1.årssteg
[2.september 2005]

1.steget vert delt i grupper fleire gonger i veka. Då har me ulike aktivitetar. Nokre elevar skriv på data, andre øver på rimord, spelar spel eller leikar med modellkitt. Her er nokre bilete frå stasjonsarbeidet 1.september. Etterpå leika elevane med leiker dei hadde med heimafrå. De finn nokre bilete frå denne leikestunda og. Fleire bilete

Tekst & foto: Brita Flatøy

Stille før "stormen"
[1.september 2005]

I perioden 12.september til 10.oktober vil Europaveg 39 over Stord vera stengt. I denne perioden kjem all trafikk mellom Bergen og Stavanger til å gå forbi Sagvåg skule.
Ved Sagvåg skule vil det bli sett ekstra fokus på trafikktryggleik i denne perioden. Allereie måndag 5.september kjem representantar frå Statens vegvesen for å informera på årsstega.

Det kjem også eige infoskriv før 12.september.

Tekst & foto: Lars Bakka

 

Referat frå Elevråd
[1.september 2005]

Referat frå det siste møtet i Elevråd finn du her

Tekst : Lars Bakka

 

Sopptur med 6.steget
[26.august 2005]

6.steget har vore i Hustredalen på sopptur. Me fann mange rare soppar, men nesten ingen som kunne etast. Korallsoppen var den flottaste. Fleire bilete her

Tekst & foto: Toril S Bruket

Tema: Skogen
[24.august 2005]

5.steget har laga skogsbilete av kongler, lauv, planter m.m. som me fant ute i naturen.
Fleire bilete her

Tekst & foto: Kari Myhre

Storskulen på tur
[24.august 2005]

Sjø, skog, sopp og soppsuppe var nokre av ingrediensane på turen. Me gjekk til Sætrevik og til Nesskogen der me kokte suppe på primus, leika og kosa oss. Fleire bilete fotoalbuma våre 5.steget, 6.steget 7.steget

Tekst & foto: Toril S Bruket

 

Ut på tur
[24.august 2005]

Onsdag 24.august var 1. og 2.årsstget på tur saman. Me leika og plukka blåbær. Mange vart våte og skitne, men me hadde det kjekt. Fleire bilete i albuma våre 1.steget og 2.steget

Tekst & foto: Asne H. Vikanes

 

Møblar, tekstilar og gardiner
til Sagvåg skule

[24.august 2005]

Stord kommune ynskjer tilbod på møblar, tekstilar og gardiner til nye Sagvåg skule i Rukjen og inviterer til open tilbodskonkurranse. Tilbodsfrist er 9. september.
Sjå fullstendig lysingstekst.

Tekst : Torleiv Agdestein

Idrettslaget
Solid 60 år

[22.august 2005]

Torsdag 25.august er Idrettslaget Solid 60-år.  På heimesida til Solid står det m.a. å lesa:
Den 25. august 1945 fekk bygdene Litlabø og Sagvåg eit felles idrettslag. Alt etter eitt års arbeid i det nye laget kunne første formannen, Hans Kismul, konstatera at tilhøve mellom ungdomen hadde vorte nærast omsnudd i høve til før. I åra som kom utvikla Sagvåg og Litlabø seg til å verta ei bygd. 

Mange av elevane ved Sagvåg skule kjem til å vera med på feiringa denne ettermiddagen.
Sagvåg skule har difor ingen arrangement, møte e.l den 25.august

Tekst : Lars Bakka

 

Tur med 5.steget
[22.august 2005]

Fredag 19.august var 5.steget på tur saman med dei nye lærarane sine. Me grilla pølser, leika i skogen og spelte fotball på banen før me tok helg. Du finn fleire bilete på biletsida vår

Tekst & foto:
Kari Myhre & Anne Elisabeth Trevland

Andre skuledag
[18.august 2005]

1.årssteget har allereie funne seg godt tilrette ved Sagvåg skule.
Etter kvart kjem det fleire bilete i albumet vår

Tekst : Lars Bakka

Lus
[19.august 2005]

Det er oppdaga hovudlus hos ein av familiane med barn ved vår skule.
Det er flott at de melder ifrå slik at me kan sende skriv med informasjon om lus til alle heimane. Skrivet måndag 22.august

Tekst : Lars Bakka

 

Nytt informasjonshefte
[17.august 2005]

Måndag 22.august finn du informasjonsheftet frå Sagvåg skule i ranselen til eleven. I dette hefte finn "alt" om skuleåret 2005/06.

Du finn allereie no heftet i pdf-format her [4,13 MB]

Tekst : Lars Bakka

Snart skulstart
[3.august 2005]

Onsdag 17.august er første skuledag for elevane skuleåret 2005/06.
Alle elevane ved Sagvåg skule tek til kl 08.30.

 Ta kontakt dersom du har spørsmål!
 Tlf. 53 40 97 10   Mail:
sagvaag.skule@stord.kommune.no

Tekst : Lars Bakka


 
Planleggingsdag for dei tilsette
[3.august 2005]

Det vert planleggingsdag for dei tilsette ved Sagvåg skule måndag 15. og tysdag 16.august.
Du finn fleire detaljer her

Tekst : Lars Bakka

Nye Sagvåg skule frå innsida (!)
[3.august 2005]

Dersom framlegg til møblering vert gjennomført etter planen så vil nye Sagvåg skule sjå omtrent slik ut. (Biletet er henta frå katalogen til møbelprodusenten.)

Aktivitet i fellesferien
[25.juli 2005]

Sjølv om dei fleste har ferie er det aktivitet ved nye Sagvåg skule.
Det første ein legg merke til er dei fine murane i naturstein. Du finn fleire bilete frå nye Sagvåg skule her

Tekst & foto: Lars Bakka

Mimretur
[21.juni 2005]

På nettsida vår kan du ta deg ein liten mimretur og sjå tilbake på skuleåret 2004/05.
Hausten 2004 finn du her 
og våren 2005 er her

Vil du gå lengre tilbake så kan du ta deg ein tur i arkivet:

God tur:-)

Tekst: Lars Bakka