Hausten 2004 ved Sagvåg skule: 

LES endå meir  i arkivet! >>

 


God jul & godt nyttår!

 frå oss ved Sagvåg skule!

Første skuledag etter nyttår er
måndag 3.januar
...og arbeidsplanane finn du her>>  :-)

Sjå tilbake på hausten som gjekk!
119 sakar om stort og smått vart publisert
på nettsida vår i løpet av hausten 2004>>

 

28.desember 2004

Vatn i SFO

Natt til 23.desember rann det inn store mengder overflatevatn gjennom ventilasjonssystemet til SFO ved Sagvåg skule. I  gangen var det 5 cm med vatn og gjørme. Toalettet, garderobe og SFO er no reingjort. Det er også sett inn omn for å tørke ut ein del av fuktskaden før skulestart 3.januar.

Tekst & foto: Lars Bakka 

 

21.desember 2004

Siste skuledag før jul

Tysdag 21.desember var den siste skuledagen før jul. Elevane hadde ulike tilstellingar på årsstega, og me gjekk rundt juletreet i gymaslen.
Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Lars Bakka 

 

20.desember 2004

Julefrukost

Måndag morgon kunne alle elevane ved Sagvåg skule kosa seg med den tradisjonelle julefrukosten. Det vart servert rundstykke og varm kakao til alle elevane.
Du finn bilete her>>

Tekst & foto: Lars Bakka 

 

20.desember 2004

Treet er pynta

Det er tradisjon at 7.årssteg pyntar juletreet ved Sagvåg skule. No er alt klart for juletregang siste skuledag tysdag 21.desember.
Les meir om jul ved Sagvåg skule her>>

Tekst & foto: Lars Bakka 

 

17.desember 2004

Nytt om den nye læreplan

Frå skulenettet 17.12.04:

Læreplanutkast

Forslag til læreplaner for fag i grunnskolen og gjennomgående planer er nå ferdigstilt fra Læreplangruppene for fag, og levert til Utdanningsdirektoratet.

Stor takk til alle som har bidratt i dette omfattende og kompliserte arbeidet!

Det er gjort eit omfattande dredigeringsarbeid frå versjonen som vart offentleggjort 29.november.
På vår nettside finn du no siste versjon av planen ordna etter fag her>>

Tekst : Lars Bakka 

 

17.desember 2004

Juleverkstad i 5.steget

Fredag var det juleverkstad på 5.steget.Det vart produsert mange flotte dekorasjonar.
Takk til Else-Beth og Laila som var med oss.
Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Toril Sandvik Bruket 

 

17.desember 2004

Gudsteneste

Fredag var Sagvåg skule med på julegudsteneste i Nysæter kyrkje. Du finn fleire bilete her>>
Les meir om dagane før jul her>>

Tekst: Lars Bakka 

 

17.desember 2004

Snart jul

Her finn du ei lita oversikt over nokre av hendingane dei siste tre dagane før jul.
Les meir>>

Tekst: Lars Bakka 

 

16.desember 2004

Nytt frå elevrådet

Her finn du referatet frå det siste møtet i elevrådet. Les meir>>

Tekst: Lars Bakka 

 

16.desember 2004

Grautfest

Onsdag 14.desember inviterte 1.årssteget 2.årssteget på grautfest. Etterpå leika me ilag. Me hadde det kjekt.
Du finn fleire bilete i albuma til 1.>> og 2.>>

Tekst & foto: Kari Almås 

 

16.desember 2004

Tur i skogen

Onsdag 15.desember var tredje og fjerde steget på Sagvåg skule i skogen vår og kokte suppe og laga fuglemat av solsikkefrø og smolt. Elevane koste seg i skogen i det fine veret, og suppa var kjempegod.
Du finn fleire bilete i albuma til 3.>> og 4.>>

Tekst & foto: Gro, Maren og Brita 

 

13.desember 2004

Luciadagen

1. årssteget har gått i Luciatog og songe for dei andre elevane i dag 13. desember.
Du finn fleire bilete her>>

 

Tekst & foto: Kari Almås og Aasne Vikanes 

 

14.desember 2004

Adventssamling

Fredag 10 desember var det adventssamling for 5-7 årssteg.  Me tente lys og song julesongar saman. Årsstega deltok med kvart sitt innslag. Det var ei triveleg stund for elevar og lærarar. Du finn fleire bilete her>>

 

Tekst :Anne Elisabeth Trevland

 

10.desember 2004

Velkommen inn!

No er me under tak. Nye Sagvåg skule har fått vegger og tak. Taksperrene til gymsalen er også på plass. Du finn bilete frå 10.desember her>>

Tekst : Lars Bakka 

 

9.desember 2004

Baking med 3.steget

Onsdag var det 3.steget sin tur på kjøkenet. Me laga peparnøtter.
Kjempegode karer og stor stemning!
Du finn fleire bilete her>>

Tekst : Gro & Maren 

.

7.desember 2004

KRL eller RL?

Det vert arbeidd med ny læreplan for skulen, og som vanleg er det KRL-faget som får mest merksemd. Les meir her>>
Du finn meir informasjon om arbeidet med ny læreplan her>>

Tekst : Lars Bakka 

.

7.desember 2004

Møte i FAU

Det vert møte i FAU måndag 13.desember kl 17.00 til 18.30. Les meir her>>

Innkallinga>>

Tekst : Sigbjørn Framnes (Leiar FAU) 

.

7.desember 2004

Jul på museet

2.årssteget var i dag på museet og fekk høyra om juleskikkar i gamledagar. Me baka, vaska golv, vaska klede, høgg ved og kjerna smør" til julehelga. Me fekk også laga kvar sitt honninglys.
Ein flott tur!   Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Kontaktlærarane i 2.årssteget 

.

6.desember 2004

Gi rom for lesing!

Fredag dei to første timane hadde mellomsteget avslutning av to veker med "Gi rom for lesing". Kari Bolette Lundal fortalte juleforteljingar for oss, og teatergruppene viste det dei hadde øvd på siste veka. Dei hadde gjort ein god jobb! I tillegg var det opplesing av skrivestafett, og premiering av det årssteget som hadde lest mest heime og på skulen desse to vekene. 5.steget vann, med over 16200 sider, medan dei andre klassane fylgde veldig tett på. Det har vore to kjekke veker, så no er det om å gjera å halda på leselysta :-)

Tekst& foto: Egil Petterteig 

.

3.desember 2004

Me plukkar (din?) søppel

Første årssteget har plukka søppel i dag, både på skuleplassen og på fortauet langs skulen. No er det reint og fint til jul!

Tekst: Lars Bakka 

.

2.desember 2004

Tid for lus!

Det er heller ikkje dette året oppdaga lus ved Sagvåg skule, men...  det er sesong for lus no. Rektor på Rommetveit skule skriv:

LUSETID
Så er det rapportert om funn av lus hos elevane våre. Det overraskande er at det ikkje har skjedd før i år. Lus er eit vanleg fenomen der mange ungar er saman og ikkje noko å få panikk av. Me sender heim skriv til alle elevar i dei to aktuelle husa (3.-7. trinn) og ber samstundes om at de undersøker grundig også elevane på 1. og 2. trinnet.
Det er viktig at alle nye funn blir meldt skulen ved kontaktlærar eller administrasjon. 
Skrivet om korleis ein blir kvitt plaga finn du her>>

Les meir hovudlus her>>

Tekst: Lars Bakka 

.

2.desember 2004

'Gje rom for lesing'

Det er blitt gitt mykje rom for lesing for elevane i 5.-6. og 7.steget dei to siste vekene. No når lesevekene går mot slutten gjer med skulebiblioteket klart med mange kjekke julebøker. Fortsett å lese! Du finn fleire bilete her>>

Tekst: Lars Bakka 

.

2.desember 2004

1.steget og 4.steget samarbeider

På 1. og 4.steget har me hatt høgtlesing frå nokre av bøkene til Roald Dahl. Etterpå har me arbeid saman om å skriva eigne bøker. No skal me illustrera bøkene. Du finn fleire bilete her 1.årstteg>> og 4.årssteg>>

Tekst: Aasne H. Vikanes 

.

1.desember 2004

'Jakten på den forsvunnede buksen'

Elevane i 5.-6.- og 7.steget frå Sagvåg- og Litlabø skule fekk med seg eit godt teaterstykke der mobbing og forelsking var temaet! Skodespelarane frå Haugesund teater var Vera Holte og Håkon Karoliussen.
Du finn nokre fleire bilete her>>

Les meir om stykket her>>

Tekst: Lars Bakka 

.

1.desember 2004

Plan for symjeundervisning våren 2005

Det vert ikkje symjing fredag 17.desember og måndag 3.januar grunna vedlikehald av bassenget.  Det er dei lause flisene i botnen av bassenget som skal reparerast i romjula. Planen finn du her>>

Tekst: Lars Bakka 

.

1.desember 2004

Ny læreplan 2006

Torsdag 29.november vert det første utkastet til ny læreplan lagt fram. Du finn heile planen i pdf-format her>>

Tekst: Lars Bakka 

.

30.november 2004

Teater for 5.-6. og 7.steget

Onsdag 1.desember får elevane på 5. til 7.steget oppleva Haugesund teater i aksjon med stykket 'Jakten på den forsvunnede buksa'.
Les meir om stykket her>>

Du kan lesa meir om
'Den kulturelle skulesekken' her>>

Tekst: Lars Bakka 

.

30.november 2004

Julebakst for 1. og 6.steget

Torsdag 25.november tok 1.årssteget julebaksten saman med fadrane sine.
Du finn fleire bilete på sidene til 1.steget>> og 6.steget>>

Tekst: Kari Almås 

.

30.november 2004

Julebord på 7.steget

Torsdag 25.november hadde 7.årssteg samling saman med foreldra. Elevane song venskapssongar.
Me åt, laga julekort og kosa oss.
Du finn fleire bilete her>>

Tekst: Anne Elisabeth Trevland 

22.november 2004

Gi rom for lesing

Frå måndag 22.november vert det sett ekstra fokus på bøker og lesing i 5.-6.- og 7.årssteg.
Les meir om 'Gi rom fro lesing' her>>

Tekst: Lars Bakka 


.


(Arkivfoto)

22.november 2004

5.steget på isen.

Fredag ettermiddag/kveld arrangerte foreldrekontaktane, Hilde og Margaret, skeising for elevar og foreldre på Vikahaugane. Elevane og fleire av foreldra nytta høvet til å "svinga seg" på isen. Det vart også servert gløgg og pepparkaker, noko som framkalla reine julestemninga.

Eit flott initiativ!

Tekst: Toril Bruket 

19.november 2004

Magedans på Samfunnshuset!

Elevane frå 1. til 4-årssteg fekk oppleva Sirkus Xianti på Samfunnshuset fredag 19.november. Elevane på 3.steget fekk vera med på framsyninga. Du finn fleire bilete her>>

Tekst: Lars Bakka 


 

19.november 2004

Plan for uteområdet til ny skule

Her finn du ein flott teikning som viser alle detaljane slik planen no ser ut for uteområdet ved ny Sagvåg skule:  Utomhus>>[2,7MB]

Tekst: Lars Bakka 

.


Sjå heile diagrammet>>

19.november 2004

Lite mobbing i 1. til 4.årssteg

Det er 4 elevar  som opplyser at dei opplever å bli mobba på skulen.
Det positive er likevel at  76 av 80 elevar opplyser at dei ikkje vert mobba, det er kjekt å sjå. Det vert heile tida arbeidd mot mobbing ved Sagvåg skule. Likevel opplyser alle elevane i 1. til 4.årssteg at dei trivest godt eller svært godt på skulen.
Resten av trivselsundersøkinga vert offentleggjort i eige informasjonsskriv seinare.

Tekst: Lars Bakka 

.


 

19.november 2004

Reglane for bruk av akebrett er som før

26.01.02
UFO-brett og akebrett med ratt er forbode 
på Sagvåg skule!
I desse dagar er det svært populært å ta med akebrett på skulen. Det er sjølvsagt kjekt at elevane leikar i snøen, men for å unngå alvorlege ulukker må me be om at de ikkje tek med "UFO-brett" og heller ikkje store akebrett med ratt.
Les meir om UFO-bretta>>

Tekst: Lars Bakka 

18.november 2004

Eitt år igjen!!

18.november 2005 er datoen for ferdigstilling av ny Sagvåg skule. Det er med andre ord eitt år igjen til me flyttar inn i den nye skulen.

Tekst: Lars Bakka 

18.november 2004

Kjekt med snø!

Elevane på 1.årssteget kosar seg i snøen. Du finn fleire bilete i albumet til 1.>>

NB!
Hugs at det berre er lov til å kasta snøball på fjellveggen på bakken bak skulen. (Aldri på medelevar!)

Foto: Aasne H. Vikanes 

.

18.november 2004

Bomtur for 3.steget

Elevane på 3.steget måtte gjere vendereis etter at teaterframsyninga Sirkus Xianti var blitt flytta til fredag 19.november. Dette var diverre ikkje blitt registret ved Sagvåg skule.
Alle elevane i 1. til 4. frå sjå framsyninga fredag.
Rommetveit skule har allereie hatt framsyning. Her finn du nokre bilete>>

Tekst: Lars Bakka 

.


 

17.november 2004

Fronter for alle frå 3. til 7.steget

Alle elevane frå 3.-7.årssteg har no fått brukarnamn og passord til Fronter. Dersom de som er foreldre vil har ei lita brukarrettleiing og passordet til dykkar barn, kan de sende ein mail til lars.bakka@stord.kommune.no
Også dei tilsette og studentane frå høgskulen har tilgang til Fronter Sagvåg skule.

Ta kontakt med meg dersom de har problem med pålogging eller tilgang til dei ulike romma.

Tekst: Lars Bakka 

.

16.november 2004

Finn du fram i Noreg?

Klikk her>> og på satellitt så kan du reise ein tur i Noreg.
Finn du slottet slik eg gjorde? Kva med Brann stadion, Stord....  Dei største byane har dei beste satellittbileta.
Finn du heimen din på kartet?
GOD TUR!

(Bruk denne: til å lage utsnitt når du zoomer)

Tekst: Lars Bakka 

.

16.november 2004

Sirkus Xianti

Torsdag 18.november skal alle elevane i 1. til 4.årssteg få oppleva Sirkus Xianti.
Det er elevane på 3.steget som kjem til å vera med på scenen.
Rommetveit skule har allereie hatt framsyning. Her finn du nokre bilete>>

Tekst: Lars Bakka 

.

13.november 2004

Konkurrentprisen til Genius Kids

Laurdag 13.november var det stor turneringsdag for First Lego League med landsdelskonkurranse på Stord.
Elevane frå Sagvåg skule 'The Genius Kids' gjorde det svært bra og kom til mellomrunden. Til slutt ende dei på 6.plass. Det var heile 18 lag med tevlinga.
Som om ikkje det var nok så vann også Genius Kids Konkurrentprisen. Genius Kids var med andre ord det laget som var rangert høgast av dei andre laga i turneringa!  GRATULERER!
Etter kvart kjem alle resultata her>>
Du finn bilete frå turneringa her>>

Du finn også ein liten
film frå den eine runder her>>

Tekst: Lars Bakka 

.

12.november 2004

Det viktigaste er ikkje å vinna....

....men å slå Sagvåg skule. Det er elevane på Langeland skule som har lova rektoren sin at dei skal slå Sagvåg skule i turneringa First Lego League på Vikahaugen sportssenter laurdag 13.november.
Les meir om turneringa her>>

Tekst: Lars Bakka 

.

10.november 2004

Studentane våre er tilbake

I perioden 10.til 23.november er det praksis for HSH-studentar i 3.-4.- 5.- og 6.årssteget. Du kan lesa meir om praksis her>>

Tekst: Lars Bakka 

 

10.november 2004

Prosjekt, prosjekt, prosjekt

Sagvåg skule er med i fleire prosjekt skuleåret 2004/05. Her finn du ei grei oversikt over alle>>

 

Tekst: Lars Bakka 

 

9.november 2004

Øving gjer meister

Her er ei grei side for deg som vil bli betre i 1-10-gongen>> med tidspress. Utan tidspress her>>

Mange gode fagsider finn du også her:

Våre eigne fagsider:

Tekst: Lars Bakka 

 

6.november 2004

Referat frå elevråd

Det var møte i elevråd onsdag 3.november. Her finn du referatet frå møtet. Det er viktig at alle årsstega har uttalt seg om uteområdet til ny Sagvåg skule før neste elevrådsmøte. Les meir her>>

Tekst: Lars Bakka 


6.november 2004

Samarbeid i SFO

Også SFO ved Litlabø-, Sagvåg- og Tjødnalio skule samarbeider om det utvida tilbodet i SFO. Det er tilbod for alle ved Sagvåg skule måndag og tysdag 8. og 9.november.
Her finn du plan for samarbeidet>>

Tekst: Lars Bakka 


5.november 2004

Lærarane på kurs

Måndag 8. og tysdag 9.november er det kursdagar for lærarane i Sunnhordland.
Alle lærarane ved Sagvåg skule skal på kurs om læringsstilar med Lena Boström.

Tekst: Lars Bakka 


5.november 2004

Teater for Stordskulane

Med økonomisk hjelp frå Den kulturelle skulesekken vil elevane i Stordskulen få oppleva teater denne vinteren. Les meir her>>

Tekst: Lars Bakka 

 


4.november 2004

Innskriving 1.steget 2005/06

Onsdag 3.november hadde med innskriving av elevane på 1.steget 2005/06.
Det er 23 elevar i gruppa no.
Elevane kjem tilbake til skulen 26. og 27.mai, då er det førskuledagar.

Tekst: Lars Bakka 

 

2.november 2004

Omvisning på nye skulen

I dag har det vore møte i prosjektgruppa for ny Sagvåg skule og omvisning på skuletomta for dei tilsette og nokre elevar. Fredag 18.november 2005 er innflyttingsdatoen!

Du finn bilete frå omvisinga her>>

Tekst: Lars Bakka  Foto: Lego League-gjengen

 

2.november 2004

Hugs elevråd

Det er møte i elevråd onsdag 3.november

Tekst: Lars Bakka 

 

1.november 2004

Branntilsyn

Det har vore branntilsyn ved Sagvåg skule. Kanskje var dette den siste gongen det var tilsyn ved gamle Sagvåg skule. Me får både ris og ros i rapporten. Du finn heile rapporten her>> 

Tekst: Lars Bakka

 

29.oktober 2004

Spørjeundersøking for deg på 7.steget

Det hadde vore fint om elevane, foreldra og lærarane på 7.årssteget tok seg tid til å vera med på denne undersøkinga om 'Manifest mot mobbing'.

Etter 31.12.04 finn du resultata her>>

Tekst: Lars Bakka

 

28.oktober 2004

Minikonsert på 5.steget

Me har hatt om korpsmusikk på 5.årssteg. To av jentene våre var så kjekke at dei hadde instrumentet sitt med seg. Me fekk ein flott minikonsert.

Du finn fleire bilete i biletarkivet til 5.steget>>

Tekst & foto: Anne Elisabeth Trevland

 

27.oktober 2004

Aksjonsdag

NYTT! 28.10.04:
Resultatet frå aksjonen er klar. Det kom inn heile
kr
10.600,- til Forut-prosjektet på Sri Lanka!

Onsdag 27.oktober var det aksjonsdag til til inntekt for Forutprosjekt på Sri Lanka. 3.årssteget hadde ansvar for kafeen og 4.steget hadde ansvar for loppemarknad og boksal.

Takk til alle som støtta!

Du finn fleire bilete frå aksjonsdagen på biletsidene til 3.steget>> og 4.steget>>

Tekst & foto: Brita, Maren og Gro

 

27.oktober 2004

The Genius Kids i Haugesunds Avis

Onsdag 27.oktober kan du lesa om The Genius Kids i Haugesunds Avis. Under tittelen 'Toppen av Lego' har legogjengen vår fått oppslag over to sider på side 50 og 51.

Du kan også lesa artikkelen på nettsida til HA>>

Så også heimesida til 'The Genius Kids'>>

Tekst: Lars Bakka

 

26.oktober 2004

Morgonmøte i SU

Tysdag 26.oktober var det morgonmøte i Samarbeidsutvalet.
Her finn du referat frå møtet>>

Nytt! kl 21.00
Les om om kva som vart sagt på open høyring med Komité for levekår i kveld kl 18.00>>

Tekst: Lars Bakka

 

26.oktober 2004

Ørkenrotter!

Måndag 25.oktober hadde Sindre med seg ørkenrottene Tom & Jerry til skulen slik at medelevane skulle få sjå dei. Sindre hadde også laga fakta-ark om ørkenroter til elevane.

Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Arild Båtsvik

 

21.oktober 2004

Den nye skulen idag

Her er nye bilete frå den nye Sagvåg skule. Alle bileta er tekne torsdag 21.oktober. No er reisverket til hovudetasjen også på plass. Du finn fleire bilete her>>

Alle foto: Laila Magnussen

 

21.oktober 2004

Informasjon om budsjett 2005

Her finn du informasjonsskriv om budsjett 2005.
Infoskriv nr 2 2004/05
>>

 

Tekst: Lars Bakka

 

21.oktober 2004

Til biblioteket på Litlabø

Sjølv om me har eit godt bibliotek på Sagvåg skule, er det alltid kjekt å vera på bibliotekbesøk på Litlabø. Her er det mange bøker som me ikkje har på skulen.

Ein annan ting som er ekstra kjekt med Litlabø, er at der er Kari Bolette. I dag fortalde ho eit spennande eventyr frå Afrika til oss.

Dersom de har hug til å låna bøker på Litlabø, er opningstidene tysdag kl 13.00-15.00 og 16.00-19.00, og fredag kl 16.00-19.00.

Du finn fleire bilete her>>

Tekst & foto: Brita Flatøy

19.oktober 2004

Haust på 2.årssteget

Me arbeider med temaet 'Haust' på 2.årssteget og har baka eplekake i dag. Etterpå kosa me oss med kake og saft. Du finn fleire bilete her>>

Kontaktlærarane i 2.

18.oktober 2004

Elevane vil ha slutt på stygg språkbruk

Les meir om dette, og fleire saker i referatet frå det siste møtet i elevrådet her>>


13.oktober 2004

Fin turdag på 1. og 2. steget

Me laga bål og steikte pinnebrød. Det var kjekt, mange ville steikja fleire brød, så det var stor aktivitet ved bålet.
Du finn fleire bilete her>>

Aasne og Annbjørg 


12.oktober 2004

Mengdelæra på 1.steget

 

Tysdag 12.oktober arbeidde 1.årssteget med
mengd og tal. Det var stor aktivitet på gruppene.

Du finn fleire bilete her>>

 

Kari & Aasne


11.oktober 2004

Møte i elevråd

 

Det vert møte i elevråd onsdag 13 oktober,
klokka 08.45
Møte vert på biblioteket

 
Sakliste:

  • Referat frå førre møte.

  • Ynskjer me å ha ein kampanje mot stygt snakk/banning denne hausten?
  • Snakk om dette i klassane.
  • Saker frå klassane
  • Eventuelt

Gro


4.oktober 2004

Koseleg besøk på 4.årssteget

Fire små- og ei stor kanin klappa og koste me med i dag. Det var faren og veslebroren til Stian som kom innom med kaninene deira. Det såg ut som om både elevar og kaniner hadde det fint. Du finn fleire bilete her>>

Brita

 


4.oktober 2004

50 år går fort

7.klasse 1953/54 var på vitjing til gamleskulen sin laurdag 2.oktober.  Du finn mange gamle bilete i skulemuseet vårt. Bilete frå vitjinga finn du her>>

 


29.september 2004

3.steget til Hauglandskvedno

3.steget nytta det fine haustveret til ein nydeleg tur til Hauglandskvedno. Ein frå museet starta kverna så me fekk sjå korleis dei mol korn i gamledagar.. Du finn fleire bilete frå turen her>>

Maren & Gro

 


29.september 2004

Bronse- og jernalderen er tema på 5.steget

Onsdag 29.september var 5.steget til Sunnhordland folkemuseum i samband med at elevane studerer Bronsealderen på skulen.
Her finn du nokre bilete frå turen>>

Toril

 


29.september 2004

Matpakkeveka 2004

I veke 39 var det matpakkeveke ved Sagvåg skule. Her finn du nokre bilete frå veka>>

 


23.september 2004

Godt arbeid på 4.steget!

Her kjem nokre bilete som viser litt av det gruppa jobba med denne torsdagen.

Nokre er forfattarar og skriv bøker på data. Det kjem til å bli spennande saker. Andre reknar eller skriv og teiknar i engelskboka. Fotballbanen er full av hol etter alt regnet. Den må fiksast, og elevane har lånt trillebåre, spade og rive. Du finn fleire bilete her>>

Brita

 

 

23.september 2004

5.-6.- og 7.steget på sykkeltur

Mellomsteget var i dag på sykkeltur til Dalsløkjen. Me laga pinnebrød, lappekaker og soppsuppe. Alle hadde det kjekt og nesten alle syklar og elevar kom heile heim.
Du finn fleire bilete på desse sidene: 5.steget>> 6.steget>> og 7.steget>>

Egil
 

 

23.september 2004

Møtereferat frå FAU

Her finn du det siste møtereferat frå FAU>>

 

 

22.september 2004

Greinvev

På 5.årssteg er ivrige elevar i gang med å laga greinvev.
"Kvifor må me alltid gå heim når me har det kjekt?" var ein av kommentarane då skuledagen var slutt.
Du finn fleire bilete i samlinga vår>>

Toril

19.september 2004

Plan for praksis

Ikkje alle studentane har bede om tilgang til Fronter endå.
Planane for praksis i veke 39 er difor også lagt ut på denne nettsida>>

 

 

 

17.september 2004

Oppdrag 2004 - NO LIMITS

Lego League-laget vårt har fått eit passande namn (?)
Genius Kids!
Så vil det vise seg om dei klarar å leve opp til namnet....
Måndag 20.september brakar det laus!

Siste nytt 18.09.04 kl 17.30
SMS-melsing:
"Rektor! No er oppgåva på nett"
Takk Øyvind! De finn oppgåva her>>!

Du finn legosida vår her>>

 

17.september 2004

Namn og bilete av studentane frå HSH

No fill praksiskærarane namn og bilete av studentane i ARKIVET i PRAKSISROMMET i Fronter.

 

 

16.september 2004

Eplekake
6.steget tok med seg 1. på eplekakebaking i dag.
Resultatet vart mange gode eplekaker og endå betre kontakt mellom 1. og 6. Du finn fleire bilete på sidene til 6.steget>> og 1.steget>>

 

 

15.september 2004

Referat frå møte i elevråd

Her finn du referat frå siste møte i elevråd>>

 

10.september 2004

Matpakkeveke 2004
I perioden 20.-24.september vert det sett ekstra fokus på sunn og god matpakke.

Klikk på ansikta:
Får din matpakke 
eller  ?
Les meir om Matpakkeveke 2004>>

 

13.september 2004

Praksismøte

Det er møte mellom praksislærarane ved Sagvåg skule, reprsentantar frå HSH og studentane måndag 13.september kl 13.00-15.00 
Du finn sakspapira til møtet her>>

 

10.september 2004

Treet vårt
I dag var 1.steget i skogen og fann eit tre som me skal følgja gjennom dei ulike årstidene. Etterpå leika elevane i skogen.
Du finn fleire bilete her>>

Aasne & Kari

10.september 2004

Ballongforsøk i 3.

3.steget har eksperimentert og leika med ballongar i skogen. Du finn fleire bilete her>>

Gro

 

10.september 2004

Her er Lego-teamet vårt

Frå 6.steget: Johanne, Johannes og Stian.
Frå 7.steget: Øyvind, Sigrid, Jørgen, Ole Christian og Reinert.
Allereie denne helga har teamet fått det første oppdraget:
Rydd i lego-utstyret vårt! :-)

Teamet har allereie ei eiga heimeside>>

Les meir på nettsida til Hjernekraft her>>

9.september 2004

Med Sagvåg skule til fjells

Onsdag 8.september var heile skulen til fjells. Dei store elevane gjekk Kattnakken, dei yngste var med til bommen.
Det var mange blide fjes å sjå i det flotte haustveret.

Du finn fleire bilete frå turen her>>

9.september 2004

First Lego League Sagvåg skule

Fredag 11.februar vert det endeleg klart kven som får representera Sagvåg skule i First Lego League.
Det har vore heile 13 gode kandidatar frå 7.steget og 11.kandidatar i 6.Alle har innan fredag kl 12.00 vore inne til intervju.
Etter dette vert det offentleggjort kven som får vera med.

Det kjem til å vera fem heldige elevar i 7.steget og 3 heldige elvera i 6. Sagvåg skule stiller med andre ord eit lag med 8 elevar.
Så er det berre å vente på at klokka skal bli 12.00 fredag 10.september! .......

Les meir på nettsida til Hjernekraft her>>

3.september 2004

På fisketur(!?) med 7.steget

Fredag 3.september hadde 7.steget ein flott dag i Bleikjevikjo. Me fekk raudnebb, makrell og torsk.
Pølsene var gode og véret var fint ! ;-)

Du finn fleire bilete her>>

Anne Elisabeth

2.september 2004

Til skogs med 5.!

På onsdag var 5.steget på leiting etter småkryp i Hustredalen!

Sjå bileta frå turen her>>

2.september 2004

Gehørarbeidarane vitja Sagvåg skule!

Torsdag 2.septemberfekk alle elevane ved skulen ei flott konsertoppleving med Gehørarbeidarane.

Det kjem bilete frå konserten

Her kan du sjå ein liten filmsnutt>>

Dette skriv Rikskonsertane :

Gehørarbeiderne

Vidar Sæther - saksofon
Lars Andreas Haug - tuba
Knut Aalefjær - perkusjon

Velkommen til konsert med Gehørarbeiderne!
Gehørarbeidarane er tre kompromisslause jazzmusikarar som gir ALT for at musikken skal låte "råbra"!

Ein viktig del av konserten er møtet mellom elevane sine musikalske referansar og den musikken Gehørarbeidernes speler. Kanskje elevane oppdagar kjende låtar i nye og spennande drakter?
Undervegs i konserten vil også elevane bli involverte og får ta aktiv del i utforminga av musikken. Her står improvisasjon, leik og samarbeid i sentrum!

Les meir om Rikskonsertar ved Sagvåg skule>>

1.september 2004

First Lego League

Har du fritid tid til overs når lekser og fritidsaktiviteter er unnagjort og går på 6.- eller 7.steget, kan du melde deg på "First Lego League" ved Sagvåg skule!

Nokre elevar testa ut opplegget på 7.steget i fjor. [Sjå bilete her>>]

Denne hausten er det alvor! Meld deg på dersom du har tid og lyst. Det vert gjennomført jobbintervju i perioden 6.-10.september.

Les meir på nettsida til Hjernekraft her>>

1.september 2004

Rikskonsert for heile skulen!

Torsdag 2.september kl 09.15 er det duka for rikskonsert for alle elevane ved Sagvåg skule.

Les meir om Rikskonsertar ved Sagvåg skule>>

30.august 2004

God kontakt mellom 1. og 6.

Elevane på 6.steget tek seg godt av elevane i 1. I biletmappa til årsstega finn du bilete frå timane dei hadde saman måndag 30.august. Sjå 1.steget>> eller 6.steget>>

30.august 2004

"Alle" har fått Infohefte nr 1

Alle heimena og dei tilsette har fått informasjonshefte nr 1 frå Sagvåg skule. Treng du ein ekstrakopi så finn du heftet her>>

30.august 2004

Samarbeid med HSH

I dette og det neste skuleåret kjem Sagvåg skule til å samarbeida med Høgskulen Stord/Haugesund om eit prosjekt der IKT i læringa står sentralt. Det andre barneskulane som er med er Rommetveit-, Tjødnalio- og Litlabø skule.

Du kan lesa meir om prosjektet her>>

26.august 2004

Kor gode er me?

No finn du resultat om m.a. tivsel, læraressursar, datamaskinar pr. elev og mykje meir på Skoleporten.no
Du kan også samanlikna skulen vår med andre skular på Stord og resten av Noreg.

26.august 2004

Første møte i elevråd

Onsdag 1.september er det første møtet i elevrådet. Alle årsstega me velje representanar før møtet.

Gro A. Halvorsen
-elevrådskontakt-           
Les meir her>>

25.august 2004

Blåbærtur med 1.og 2.steget

Onsdag 25. august var 1. og 2. årssteg på tur saman. Dei leika kjekt i lag. Mange fann blåbær. Du funn fleire bilete frå turen på heimesidene våre: 1.steget>>  2.steget>>

Kari Almås

23.august 2004

Gymsalen er "klar"

No er det meste av grunnarbeidet til ny Sagvåg skule er unnagjort. Murane viser tydeleg korleis skulen vil sjå ut. Her ser du gymsalen. Du finn fleire bilete her>>
(Alle foto: Laila Magnussen)

23.august 2004

Du har fått kontaktlærar

Alle elevane har ved Sagvåg skule her fått kontaktlærar.
I opplæringslova står det:
Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen.

Kven er din kontaktlærar?>>

23.august 2004

Gi rom for lesing

I samband med prosjektet "Gi rom for lesing" planlegg 5.- 6. og 7.steget to lese- og to litteratur- veker i november/desember. Les meir her>>

23.august 2004

Halvårsplan

Den første oversikta over hovudtema fram til jul er allereie klar. Etter kvart finn du oppdaterte emneplanar på heimesidene til årsstega. 5.steget>> og 7.steget>> er først ute.

 

23.august 2004

Arbeidsplanar

No finn du arbeidsplanane for veke 35 for dei ulike årsstega her>>

 

22.august 2004

23.august opnar "Skuleporten"

Frå og med måndag 23.august kl 12.00 kan du lesa "alt" om faglege resultat og trivsel for alle skulene i Noreg på denne nettsida. Les meir her>> 

 

13.august 2004

Status for ny Sagvåg skule

Du kan lese kva som er status for ny Sagvåg skule her>>

 

12.august 2004

Betre Skulenett

Frå skulestart hausten 2004 lover Skulenettet å gje eit tilbod som er betre tilpassa dei ulike årsstega.

Du kan lese meir her>>

 

Snart skulestart

Torsdag 19.august er første skuledag hausten 2004. Alle elevane ved Sagvåg skule tek til kl 08.30 og har vanleg leng på skuledagen. 
Her finn du ei oversikt over
skuledagen 2004>>
SFO
har ope frå kl 07.00 før skuletid og til kl 16.00 etter skuletid.