Hausten 2003 ved Sagvåg skule: 


LES endå meir  i arkivet! >>

God jul & godt nyttår!
 frå oss ved Sagvåg skule!

 

19.12.03

Den siste dagen før juleferien

Den siste dagen før juleferien er det tradisjon at elevane er med til julegudsteneste i Nysæter kyrkje.
Etterpå hadde klassane avslutning i klasserommet, medan 2.-5. og 7.klasse hadde avslutning i gymsalen med gang rundt juletreet.
Du finn bilete frå den siste dagen før jul her>>

18.12.03

Nytt om ny Sagvåg skule

På heimesida til Stord kommune kan me i dag lesa:

Forhandlar om entreprisar for Sagvåg skule
Rådmannen har valt ut dei firma han vil forhandla vidare med når det gjeld entreprisar på den nye Sagvåg skule i Rukjen. Sjå namna på firma.

18.12.03

Førstesideoppslag på nettsida til BT!

I dag har BT førstesideoppslag om 7.klasse ved Sagvåg skule.

Les meir her>>

18.12.03

Stemningsfull samling i gymsalen

I dag har 1.-3.-4. og 6.klasse hatt ei koseleg samlingsstund i gymsalen. Det var underhaldning frå klassane og gang rundt juletreet.

Sjå bileta frå samlinga her>>

11.12.03

Julebakst med 2. og 7.klasse

7.klassingane har teke med seg fadderelevane sine på julebakst i desember.
Det vart laga mange flotte kakemenn. Bileta frå bakedagen finn du både på heimesidene til 2.klasse>> og 7.klasse>>

09.12.03

GRATULERER (igjen) 7.klasse!

For andre gong denne hausten kan 7.klasse ved Sagvåg skule innkassera kr 2000,- i premie !
Sist gong var det Trine Røstbø som vann teiknekonkurransen til Ditt distrikt-katalogen. 
Denne gongen er 7.klasse ein av to klassar som er kåra til fylkesvinnarar i Matpakkeveka 2003.  Både Sunnhordland og Bergens Tidende vitja klassen i dag. Det kjem lenkjer til artiklane i avisene seinare.

09.12.03

Juleverkstad i 1.klasse

I dag har det vore juleverkstad i 1.klasse. Foreldra til elevane var også med. Etterpå fekk foreldra ein sjå eit fint Lusiaopptog.

Du finn fleire bilete på heimesida til 1.klasse>>

20.11.03

Referat frå elevråd

Onsdag 19.november var det møte i elevrådet ved Sagvåg skule. Her finn du referatet frå møtet>>

20.11.03

Kunst og handverk i 7.klasse

Det er ein kreativ gjeng 7.klassingar som er i arbeid på i sløydsalen og på kjøkenet. Du finn fleire bilete frå arbeidet på heimesida til 7.klasse>>

Helene, Aasne & Toril

20.11.03

Informasjon om røyking i 6. og 7.klasse

I dag hadde 6. og 7.klasse besøk frå dei strupeløse sin forening i Bergen. Sjå bilete på heimesida til 6.klasse>> og 7.klasse>>

Aasne & Toril

20.11.03

3. og 4.klasse har vore i Rukjen

Onsdag 19.november var 3. og 4. klasse på tur til det flotte området vårt ved Rukjen. Elevane koste seg me grilling av pølser og leik. Ein svært populær aktivitet er å smi. Me har mange knivar som elevane brukar flittig. Femte klasse har hengt opp preseningar, så no gjer det ingenting om det kjem nokre dråpar.
Du kan sjå fleire bilete på heimesidene til 3.klasse>> og 4.klasse>>

Brita & Helene

13.11.03

Ut i naturen

Me treng ikkje alltid gå så langt når me skal på tur.
Her er 1.- og 2.klasse i aktivitet i "Haugen".

Marne, Annbjørg og Gro

Sjå fleire bilete på heimesidene til 1.klasse>> eller 2.klasse>>

12.11.03

Møte i samarbeidsutvalet

Det vert møte i Samarbeidsutvalet
MÅNDAG 17.NOVEMBER kl 18.00-19.00
Les meir>>

12.11.03

Møte i elevrådet

Det vert møte i elevråd onsdag 19. november klokka 08.45.
Møte vert på stillerommet.
Saker frå klassane.

Gro

23.10.03


Leikestund og grønsaksuppe

I første klasse har elevane vore på handletur til Sagvåg.  
Me kjøpte grønsaker til grønsaksuppe. Medan suppa kokte hadde me leikestund. Etterpå åt me alle kjempe god suppe!

Sjå fleire bilete på heimesida vår>> 

23.10.03
Oskar Stein Bjørlykke las og fortalde for 3. og 4.klasse i skulebiblioteket.


Kjekke og lærerike forfattarbesøk

I dag har 3. og 4.klassingane fått oppleva Oskar Stein Bjørlykke, medan 6. og 7.klasse fekk møta Bente Bratlund Mæland. 
Du fin fleire bilete frå forfattartreffa på heimesidene til 3.>> 4.>> 
6.>>  og 7.klasse 

Les også meir på SENTIMENTAL.NO>>

23.10.03

Kva skjer i neste veke ?

Allereie no finn du arbeidsplanane til småskulen for perioden 27.-31.oktober HER>> 

22.10.03
   Oskar Stein Bjørlykke


  
Bente Bratlund Mæland


Forfattarbesøk til Sagvåg skule

Torsdag 23.oktober er det forfattarbesøk ved Sagvåg skule. 
Dette skjer i samband med  forfattardagane med tema: "Dikting frå Sunnhordland", - eit 30 års jubileum for Sunnhordlandsdiktarane 

Det vert eit allsidig program der 19 forfattarar kjem til å delta. Ulike tekstar er også laga som biletkunst. Desse vert utstilt i Kulturhuset. Målet er å få syna fram så mange levande diktarar som mogeleg for eit breitt publikum.

Me får vona at forfattarbesøk ved Sagvåg skule kan bli ei årleg hending med økonomisk støtte frå  den kulturelle skulesekken>>

Det er Oskar Stein Bjørlykke og  Bente Bratlund Mæland som kjem til Sagvåg skule.

Les meir>>

Les også meir på SENTIMENTAL.NO>>

17.10.03

BASAREN VAR EIN KJEMPESUKSESS!

Det kom inn heile kr 24.900,50 til Tv-aksjonen for Redd Barna. Dette er i snitt heile kr 168,-  pr. elev!
Tusen takk til alle som var med på ein kjekk basar ved Sagvåg skule.
Du finn bilete frå dagen her>> 

17.10.03

Om Sagvåg skule-basaren på NRK

Også på heimesida til NRK kan du lesa om basaren ved Sagvåg skule Les meir HER>>

17.10.03

BASAREN VAR EIN KJEMPESUKSESS!

Det kom inn heile kr 24.900,50 til Tv-aksjonen for Redd Barna. Dette er i snitt heile kr 168,-  pr. elev!
Tusen takk til alle som var med på ein kjekk basar ved Sagvåg skule.
Du finn bilete frå dagen her>> 

16.10.03

Kjem ikkje basketballane snart? 

Dette og fleire spørsmål får du svar på dersom du les referatet frå elevrådet HER>> 

16.10.03

Arbeidsplanar på web 

Den første arbeidsplanen for veke 43 (20-25.oktober) er allereie klar. Det er 1.klasse som er først ute.  
Dette er først og fremst eit tilbod til dei av dykk som vil ha ein ekstra arbeidsplan på arbeid, eller på veggen heime. "Originalen" ligg alltid i mappa til eleven. Det er viktig at alle sjekkar mappa til eleven kvar dag. 
De finn ofte informasjon frå skulen eller læraren der. 

Planane finn du HER>>

14.10.03

Nasjonale prøvar våren 2004 

Det skal gjennomførast nasjonale prøvar våren 2004. 
Les meir om dette her>>

14.10.03

100 blomelaukar 

5.klasse har fått 100 blomelaukar frå Norges Gartnerforbund. 
På heimesida til 5.klasse finn du fleire bilete frå plantinga.

13.10.03

Møte i elevråd

Onsdag 15.oktober er det møte i elevrådet på biblioteket kl 08.45
Du kan lese det siste referat frå elevrådet HER>>

01.10.03

Aksjonsdag 17.oktober!

Fredag 17.oktober er det open skule med TV-aksjon for Redd Barna ved Sagvåg skule. 
I dag har elevane laga flott kunsthandverk for sal på aksjonsdagen.
Sjå bilete frå verkstaddagen HER>>

01.10.03

Vatn er tema i 7.klasse

I veke 40 har 7.klasse arbeidd med temaet "vatn". Elevane har arbeidd i grupper med ymse forsøk.
Sjå fleire bilete på heimesida til klassen>>

30.09.03

Sunnhordlandsforfattarar i oktober

I oktober er det Sunnhordlandsforfattarar som pregar skulebiblioteket. 
I utstillinga finn du dei fleste forfattarane som kjem på vitjing til skulane i Stord torsdag 23.oktober.
Det er Oskar Stein Bjørlykke og Bente Bratlund Mæland som kjem til Sagvåg skule. Bjørlykke kjem til 3. og 4.klasse og Mæland kjem til 6. og 7.klasse.  
Les meir her>>

30.09.03

Treet vårt

1.klasse har vore i Einarsdalen og funne treet "sitt".
Dette treet skal klassen fylgja gjennom dei ulike årstidene. 
Sjå bilete på heimesida til klassen>>

26.09.03

Nytt nummer av Illustrert Vitenskap

Nytt nummer av Illustrert vitenskap er på plass i skulebiblioteket.
I dette nummeret er det også eit stort vedlegg med 100 år med flyhistorie.

26.09.03

Lus på Rommetveit skule

Rektor på Rommetveit skule skriv at det er oppdaga fleire tilfelle av lus ved skulen.
Det ar all grunn til å minna alle elevane om at de ikkje bør byta luer eller andre hovudplagg. Skulen nyttar ikkje hovudplagg til t.d. til utkledning.

Rektor ved Rommetveit skule skriv: [Heimesida til Rommetveit skule>>]
Mest like sikkert som hausten, så kjem ein periode med hovudlus.
Det er oppdaga ein del tilfelle på skulen, og for å få bukt med problemet med ein gong, så har alle elevane med seg heim skriv i dag.
Der står det greitt korleis ein kan bli kvitt lusa viss ein er råka.
Det er ikkje dramatikk i dette. Hovudlus er heilt ufarleg, men sjølvsagt plagsamt.
Dess meir me alle tek tak i problemet, dess fortare vert skulen lusfri.

Les meir hovudlus her>>

26.09.03

Koseleg slutt på Matpakkeveka 2003

6.klassingane overraska 1.klassingane med varm kakao og flott lunch på fredag. 
På denne måten vart det sett eit flott punktum for matpakkeveka 2003 vi ese to klassane. 6.klasse er fadrar for 1.klasse ved Sagvåg skule.

Du finn fleire bilete på den flotte lunchen på heimesidene til 1.klasse og 6.klasse

26.09.03

Uteskule

3. og 4.klasse hadde utedag ved Rukjen onsdag 24.september.
Me laga bål, steikte pinnebrød, og kosa oss
Du finn bilete frå turen på heimesida til 3.klasse>> og 4.klasse>>

Brita og Marta

25.09.03

Møblar til den nye skulen

Torsdag var Mari Espelend, Odd Magne Agdestein og rektor til Oslo  for å sjå på skulemøblar. 
Me vitja firmaet Kinnarps som er ein av to moglege leverandørar av nye møblar til nys Sagvåg skule. Det andre firmaet ligg i Haugesund og heiter Sterling.
Me vitja også  Karlsrud skole og Sørumsand videregående skole 

Sjå bilete frå turen HER>>

22.09.03

Ny kjekk bakedag for 1. og 6.klasse

No har også den andre halvdelen av 1. og 6.klasse hatt bakedag.
Du finn bileta på heimesidene til 1.klasse og 6.klasse 

22.09.03

Betre busstilbod

No vert det sett inn ekstrabuss for elevane ved Sagvåg skule som tek "Vikanesbussen". 
Frå og med onsdag 24.september går det ekstrabuss frå Vikanes kl 08.15. Denne bussen har 45 sete, og alle dei 40 elevane frå Sagvåg skule vil slik få sitjeplass. 
Både Sagvåg skule og HSD har fått fleire klager på at det er alt for mange elevar som må stå i denne bussen. Med ekstrabuss skulle dette problemet no vera løyst.

22.09.03

Sjå bileta frå leirskuleopphaldet til 7.klasse

Her finn du bileta frå leirskuleopphaldet til 7.klasse på Gullingen leirskule i Suldal. >>

 

21.09.03

Matpakkeveka 2003

Denne veka er det "Matpakkeveka". 
Les meir her>> 


Matepakkeveka vert arrangert kvart haust ved Sagvåg skule, og alle elevane kjem til å få med seg informasjon om kva god matpakke er. 
Er du i tvil om kva som er ein sunn og god matpakke?
Du finn svaret her:      
[Klikk på andleta]

 

18.09.03

Resultat på web

Til våren kjem "Skoleporten". Dette er ein Webportal som m.a. skal informera om kor flinke elevane på dei ulike skulane er. 
I mai/april 2004 vil det bli gjennomført nasjonale prøvar i  norsk og matematikk for m.a. 4.klasse. Seinare kjem også 7.klasse med. Det er resultata frå desse prøvane departementet no vil offentleggjere på Internett.
Ved Sagvåg skule er det berre ein klasse på kvart steg. Dette tyder i praksis at kvar enkelt klasse i framtida vil få offentleggjort resultata av dei nasjonale testane i norsk og engelsk på Internett. Det vil å bli mogleg for alle interesserte å  samanlikna elevprestasjonane mellom 4.klassane ved t.d. Sagvåg- Litlabø- Rommetveit- og Tjødnalio skule. Over tid kan ein også gå inn på databasen og sjå korleis 7.klasse ved Sagvåg skule gjer det i engelsk våren 2005 i høve til våren 2006.
 Departementet skriv m.a. på heimesida si: Les meir her>>

Skoleporten.no vil gi nyttig informasjon og fungere som et verktøy for kvalitetsvurdering og -utvikling:
  • når skoler kan se sin egen utvikling over tid, kommuner kan se sin egen utvikling over tid
  • når skoler kan sammenlikne seg med andre skoler, kommuner med andre kommuner osv.   

18.09.03

1. og 6.klasse bakar eplekaker

Det er etter kvart blitt ein god tradisjon av 1.klassingane og 6.klassingane bakar eplekaker i lag ein dag utpå hausten. 
I dag steig godlukta frå kjøkenet opp gjennom heile huset, og på heimesidene til 1.klasse>> og 6.klasse>> kan du sjå fleire bilete frå bakedagen. 

17.09.03

Barnetimeboka 2003 er her

På skulebiblioteket finn du no Barnetimeboka 2003. 
Les meir her>>
 

17.09.03

Nytt referat frå møte i FAU

Her finn du referatet frå det siste møtet  FAU ved Sagvåg skule>> 

16.09.03

Valresultatet er klart

Alle elevane i mellomsteget har hatt Val-03 som tema i perioden før valet.
No er resultatet klart.Du finn meir om valet her>>

16.09.03

Rikskonsert 22.oktober

Onsdag 22.oktober kjem Rikskonsertane på vitjing til Sagvåg skule.
Det vert konsert for alle elevane ved skulen vår . 1.-4.klasse kl 09.15 og 5.-7.klasse kl 10.15.
Les meir om konserten her>>  

 

12.09.03

Elevrådet endrar skuledagen

Elevrådet har kome med framlegg om endring av skuledagen. Endringa fører til at elevane i 5. til 7.klasse når  "Vikanesbussen" som går 13.50.
Når elevane sluttar 5 minutt tidlegare måndag og onsdag,  tek dei dette igjen med 5 minutt tysdag og torsdag. Desse dagane sluttar skulen etter dette kl 13.10  Dette gjeld frå og med måndag 15.september.
Du finn ei grei oversikt over skuledagen her>>

 

11.09.03

Alle elevane på flott fjelltur

Med god  hjelp frå foreldra, i form av pengar til gåvekassane til klassane, fekk elevane ved Sagvåg skule også i år oppleva ein flott haustdag i fjellet med Sagvåg skule. 
Du kan sjå bilete frå turen i Fitjarfjellet her>> 

11.09.03

TV-aksjonen 2003 ved Sagvåg skule

Sagvåg skule er med på TV-aksjonen 2003. Les meir her>>

11.09.03

Vatn er tema i 7.klasse

7.klasse var onsdag 10.september i elva ovanfor Rødkleiv og for å finna småkryp som lever i ferskvatn . Du finn fleire bilete på heimesida til klassen>>

28.08.03

1. og 2.klasse har hatt uteskule
Om onsdagane har fleire av klassane i småskulen uteskule. 
Onsdag 27.august hadde 1. og 2.klasse felles dag med uteskule.  

Du finn bilete frå dagen på 
heimesidene til både 
1.klasse
og 2.klasse

 

28.08.03

Dusjen verkar ikkje
Det gamle blandebatteriet til dusjane i kjellaren ved Sagvåg skule er utslitet. 
Me må vente til litt ut i neste veke før me får røyrleggjar til å skifte det. Fram til det er diverre dusjen stengt. Dusjane oppe er i orden.

 

28.08.03

Møte i elevråd
Her er innkallinga til møtet i elevrådet 3.september>>

 

28.08.03

Foreldra og elevane er ikkje nøgde med skuleskyssen
Skulen har fått fleire klager på at det er for mange elevar i bussen som går frå Vikanes kl 08.15. Mange av dei yngste elevane vågar ikkje å ta bussen når  det berre ståplassar ledig.
I samband med desse klagene har Kari Almås teke kontakt med HSD. 
Under finn de brevet og svarte:

Til HSD v/ Harald Otterå

Skulen har fått fleire telefonar frå foreldre som melder at på bussen frå Vikanes 08.15 til Nysæter er det så fullt at det ikkje er sitjeplass til elevane som skal til

Sagvåg skule. Det er elevar som er frå 6 år og oppover og dei vert ståande i midtgangen på bussen. Me vonar at HSD vil ordna opp i dette, slik at tryggleiken til elevane vert sett høgt og at dei vågar å ta bussen. No vegrar somme av borna seg for å køyra med ein buss der det ikkje er sitjeplass til dei.

Helsing Sagvåg skule v/Kari Almås


Til Sagvåg skule v/ Kari Almås

Me har forståinga for "problemet" men kan likevel ikkje lova at me greier å gjera noko med det. Det er slik at bussane som me nyttar, er godkjent for x tall passasjerar inkludert ståplassar. Det me kan lova er at det ikkje er aktuelt å køyra med fleire passasjerar enn det bussen totalt er godkjent for. Men at alle får sitja, kan me ikkje lova. Dersom me skal inn med ein ekstrabuss, vert det ein kostnad som "nokon" må betala. Me lovar likevel å sjå på saka om det kan finnast andre løysingar.

Ha ein fin dag.

HSD v/Harald Otterå

 

27.08.03

Til sjøen
Tysdag 26.august var 7.klasse i Bleikjevikjo og såg på livet i fjøra. Det vart og tid til å fiska litt.

Du finn fleire bilete på heimesida til 7.klasse>>

 

25.08.03

Fjelltur
Kva haust har heile skule vore på fjelltur, og  foreldra er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å vera med. 
Det er endå ikkje bestemt kor me skal i år, men onsdag 10.september vert turdag dersom me får brukande vér. 
Det er fint om elevane kjem med framlegg til kor turen bør gå. Det vert nok ein kort tur for 1.-4.klasse og ein lengre for elevane i 5. til 7.klasse. Turområdet må liggje i gangavstand frå skulen.

Les meir om fjellturane våre her>>

Dette biletet er frå fjellturen i 1998

25.08.03
Årsplanen for 6.klasse er klar

På heimesida til 6.klasse finn du no halvårsplanen for  hausten 2003 og våren 2004.
Desse planane viser kva hovudtema klassen skal arbeide med dette skuleåret. Etter kvart vert også planane til dei andre klassane oppdaterte.
Sjå heimesida til 6.klasse>>

 

22.08.03
Ny skuleveg opna

Med ordførarane i Stord og Fitjar til stades vart den nye gang- og sykkelstien langs den nyopprusta riksveg 545 opna fredag 22.august kl 12.00
Også 5.klasse ved Sagvåg skule var med på opninga. Etterpå tok klassen seg ein tur til Rukjen der den nye skulen skal liggja.
Sjå også "Vegen mot ny skule" her>>
<<Sjå heile biletet her

 

21.08.03
Soppsanking med 6.klasse

Torsdag ver 6.klasse på soppsanking.
Temaet i klassen er "naturen om hausten". Torsdag var ein våt dag, og elevane fann mykje sopp. Men middagsmat vart det neppe...

<<Sjå heile biletet her  

21.08.03
Kjekt med vatn!

Når det fine sommarveret her teke ein liten pause, veit elevane å finne nye kjekke aktivitetar. 
Eit godt tips til de som er foreldre er difor å alltid sende med gode regnklede og støvlar på regntunge dagar.

<<Sjå heile biletet her

 

19.08.03
Gratis CD med klassebilete til alle i 1.klasse

Alle elevane i 1.klasse vil i løpet av neste veke få med seg ein CD med bilete av kvar elev i klassen og eit klassebilete. 
Då kan kvar heim sjølve avgjere om dei vil etterbestille biletkopiar. Dette bør vera ei god ordning både for heime og skulen. CD-ane kostar berre kr 4,90,- og vert ei lita gåve frå skulen. Kor store bilete, og kor mange de vil ha vert det då opp til heimen å avgjere.
Når ein tingar kopiar av digitale bilete får ein med det meste av biletet om ei vel desse storleikane: 10x13cm, 20x25cm eller 24x30cm.

Dei som ikkje har tilgang til PC heime kan sjølvsagt få hjelp av skulen til å tinga av papirkopiar.

19.08.03
Mjuk start for 1.klasse

Ved Sagvåg skule møtte 22 førsteklassingar til den første skuledagen 18.august. Dei fekk ein mjuk start på skuleåret med mykje leik og andre kjekke aktivitetar. 
Etter kvart vert heimesida til 1.klasse oppdatert med nye årsplanar. Sida finn du her>>

19.08.03
Stord kommune langt nede på lista

Dagbladet hadde på søndag eit stort oppslag med oversikt over dei ulike kommunane si satsing på grunnskule, helse, barnehagar og eldreomsorg.
Når det gjeld grunnskule var det berre to kommunar mellom dei 434 kommunane i Noreg som bruker mindre pengar pr. elev enn Stord. Stord kommune driv med andre ord ein rimeleg grunnskule.
Les meir  her>> 

11.08.03
Ny rektor på Litlabø skule

Les meir på heimesida til Stord kommune>>

 

07.08.03
Skuledagen

Sagvåg skule har no i to år drive forsøk med alternativ organisering av skuledagen.

Skuleåret 2003/04 skal det ikkje vera forsøk, men me trur at me har fått til ei god organisering innanfor det gjeldande avtaleverket. 
Det vert interessant å sjå kva signal som etter kvart kjem frå styresmaktene om dette. 
Les meir i VG>>

Her finn du ei oversikt over vår organisering av skuledagen 2003/04>>

 

28.07.03
Endring av Opplæringslova

Med verknad frå 1.august 2003 har Stortinget gjort vedtak om at m.a. klassedelingsreglane er oppheva, og no heiter det at elevane skal delast i grupper etter behov. Dei nye reglane er å finne i § 8-2 Organisering av elevane i grupper:
«Elevane kan delast i grupper etter behov. Gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Organiseringa skal vareta elevane sitt behov for sosialt tilhør. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør.»

Når omgrepet "klasse" forsvinn , forsvinn også "klassestyraren". Frå 1.august vert det ført inn "kontaktlærer". I lovendringa står det:
«Kvar elev skal vere knytt til ein lærar (kontaktlærar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen.»

Les meir på heimesida til Utdanningsdepartementet>> 
og heimesida til Utdanningsforbundet>>.

 

28.07.03
Forfattarbesøk til Sagvåg skule


Oskar Stein Bjørlykke


Bente Bratlund Mæland

Me har ved Sagvåg skule i fleire år hatt eit ynskje om  å arrangere forfattarbesøk, men dei økonomiske rammene har diverre sett ein stoppar for dette.
Men hausten 2003 har alle skulane i Stord fått ein flott gåvepakke. 
I oktober vert det arrangert forfattardagar med tema: "Dikting frå Sunnhordland", - eit 30 års jubileum for Sunnhordlandsdiktarane i tidsrommet 23. – 25.oktober.  
Det vert eit allsidig program der 19 forfattarar kjem til å delta. Ulike tekstar er også laga som biletkunst. Desse vert utstilt i Kulturhuset. Målet er å få syna fram så mange levande diktarar som mogeleg for eit breitt publikum.

Me får vona at forfattarbesøk ved Sagvåg skule kan bli ei årleg hending med økonomisk støtte frå  den kulturelle skulesekken>>

Les meir>>

Det er Oskar Stein Bjørlykke og  Bente Bratlund Mæland som kjem til Sagvåg skule.

27.07.03
Open anbodskonkurranse om ny Sagvåg skule 

No er det klart for anbodsrunde for ny Sagvåg skule. 

Les meir i Norsk lysningsblad>>

05.07.03
Utsmykkingsoppdraget 

Det vart Turid Uldal som fekk utsmykkingsoppdraget til ny Sagvåg skule.

Utsmykkingskomiteen v/ Marianne Berg skriv:
Utsmykkingsplan , og vårt valg av kunstner Turid Uldal er godkjent av RSU, Regionalt samarbeidsutvalg ved Hordaland kunstsenter. Valg av kunstner er nå offisielt og kan informeres om på skolens hjemmeside. Hvis dere ønsker å vise tidligere arbeider kan dere henvise til Turid Uldals hjemmeside. Turid Uldal og jeg har hatt et møte der vi så på tegninger og gikk i gjennom oppdraget.

23.06.03
Forsøket med fleksibel organisering av skuledagen er evaluert

Her finn du den endelege rapporten for forsøket med fleksibel organisering av skuledagen.
Forsøket er blitt gjennomført skuleåret 2001/02 og 2002/03.

Les meir her>>

Mange hundrede bilete!

Sagvåg skule har nytta Internett aktivt i informasjonsarbeidet heilt sidan 1996. I løpet av denne tida har lærarane vorte flinke til å ta bilete av hendingar i skulekvardagen.
Me har ingenting imot at de som har born ved vår skule nyttar desse bileta. Svært ofte vert bileta presenterte som "klikkbare" med god nok kvalitet til at dei kan kopierast til storleik 10x15 til bruk i album. 
De finn bilete på heimesidene til klassane og i arkivet vårt>>

Du kan tinga papirkopiar direkte på Internett>>