Sjå også ARKIVOVERSIKTA>>
Informasjon frå Sagvåg skule hausten 2002: | ||||||||||
|
||||||||||
Det
går med store mengder varm kakao og ferske rundstykke under den
årlege julefrukosten for elevane ved Sagvåg skule. |
||||||||||
19.12.02 Torsdag 19.desember var det tradisjonell juletregang og underhaldning frå klassane i gymsalen ved Sagvåg skule. På biletet over er det 1.klasse som er i aksjon på scenen. |
||||||||||
18.12.02
Under
handsaminga av Økonomiplanen 2003-2006 i kommunestyret 19.desember
vert det avgjort om ny Sagvåg skule skal stå klar slik det er
planlagt i 2004, eller om framlegget til rådmannen om utsetjing til
2005 vert vedteke. Slik
ser framlegget til framdriftsplan frå rådmann Martin Dahle ut: |
||||||||||
Heile skulen hadde juleverkstad tysdag 17.desember. Elevane vart organiserte på tvers av klassane, og me hadde ein kjekk dag. Det vart laga mange fine julegåver. |
||||||||||
16.12.02
Måndag 16.desember fekk elevane oppleva ein nydeleg vinterdag på isen på Storavatnet. Mykje frisk luft og fysisk aktivitet... |
||||||||||
13.12.02 Den andre gruppa av elevar i 1.- og 6.klasse hadde bakedag 12.desember. På heilesida til klassane finn de bilete frå dagen. Klikk på bileta for å sjå større versjon: |
||||||||||
10.12.02 Luftkvaliteten
i Sagvåg skule er målt, og resultatet er at Sagvåg skule er
mellom dei skulane på Stord som ikkje har tilfredstillande
inneklima. Årsaka til dette er m.a. at skulen ikkje har
ventilasjonsanlegg.
|
||||||||||
10.12.02 Budsjettmøtet
i kommunestyret 19.desember kan verta spanande for Sagvåg skule...
Dette
tolkast til: |
||||||||||
10.12.02 200 engasjerte foreldre møtte fram då Kommunalt foreldreutval (KFU) innkalla til debattmøte om skulebudsjettet i går. |
||||||||||
Ved Sagvåg skule er med i full gang med å planlegga arbeidet for 2003, me gjer oss også nokre tankar om skulen vår i perioden 2003-2006. Nokre
av satsingane 2003 er: Dersom
du ynskjer å koma med innspel til Strategisk
plan 2003-06>> eller Verksemdsplanen
2003>> kan du senda ein mail til lars.bakka@stord.kommune.no
|
||||||||||
09.12.02 Elevar
frå 3. og 4.klasse ved Sagvåg skule var først ute med å
konstruera ein bil som dei også klarte å køyra. BRA JOBBA! |
||||||||||
Det
går med raske steg mot jul. Me har planane klare for alle dei
kjekke aktivitetane den siste veka. Vil mamma og/eller pappa vera
med på juleverksted ? Her finn du arket i Word-format: jul_02.doc |
||||||||||
05.12.02 Onsdag kveld hadde elevane i 5.klasse juleverkstad i gymsalen saman med foreldra. Elevane hadde først underhaldningsinnslag for foreldra. Etter maten var alle ivrige "lagarar" av julepynt. Korger av papir kan vera vanskeleg å få til. Sjå bilete på heimesida til 5.klasse Tekst & foto: Kari & Anne Elisabeth |
||||||||||
04.12.02 No
er julebaksten unnagjort i 1.- og 6.klasse. Onsdag 4.desember tok
6.klasse med seg fadderklassen sin på kjøkenet og laga peparkaker. |
||||||||||
03.12.02 Tysdag 3.desember hadde Sagvåg skule vitjing av Rikskonsertane. Det vart ein flott konsert med afrikanske rytmar. |
||||||||||
Tusen
takk til alle elevane ved Sagvåg skule for dei sju flotte rosene eg
fekk på 40-årsdagen min i dag! TUSEN TAKK! Med
helsing: |
||||||||||
01.12.02 Torsdag
28.november hadde 3.- og 4.klasse lommemarknad og kafé for 1.- og
2.klasse. Takk
til elevar og føresette for flott innsats! Tekst & foto: Kari Myhre |
||||||||||
01.12.02 På
den kommunale heimesida står det å lesa: |
||||||||||
26.11.02 3.klassen hadde sosial samling i Nesskogen i Sætravikjo, og nærare 40 elevar, foreldre, besteforeldre, søsken... møtte opp! Vennleg
helsing Bodil Sjå
fleire bilete, og les meir om turen på heimesida til
3.klasse! |
||||||||||
I
omstillings- prosjektet "Stord'04" vart det i eit
arbeidsnotat gjort framlegg om å slå saman Nysæter barnehage og
Sagvåg skule til ei administrativ eining. Les rapporten i Word-format her [127kb] |
||||||||||
23.11.02 Utdanningsdepartementet
skriv at den
første utgåva av
'Kvalitetsportalen' skal vera klar til skulestart 2003. |
||||||||||
20.11.02 Brita Flatøy
|
||||||||||
15.11.02 |
||||||||||
20.11.02 Alle 7. klassene i Stord kommune
vil etter nyttår gjennomføra førebyggingsprogrammet ”Ungdom og
alkohol” i skulen. I denne samanheng ynskjer me at de som
foreldre/føresette kan være med som samarbeidspartnarar og aktive samtalepartnarar
i prosjektet. |
||||||||||
17.11.02 |
||||||||||
15.11.02 |
||||||||||
15.11.02 Biletet:
Avtalen mellom Stord kommune og BKK Breiband vart underskriven
onsdag. F.v. pedagogisk IKT-rettleiar Gisle Østrem i Stord kommune,
seljar Torbjørn Enerstvedt frå BKK Breiband og IKT-leiar Birgit
Almås i Stord kommune. Foto: EML. |
||||||||||
15.11.02 Kari Myhre |
||||||||||
14.11.02
|
||||||||||
14.11.02 I
det siste møtet i elevrådet var ei av sakene eit ynskje frå
6.klasse om å få symjing i Kulturhuset ein gong i månaden slik
dei hadde før. Diverre måtte me ta bort dette tilbodet då me
ikkje hadde nok pengar til dette. |
||||||||||
14.11.02 Tysdag
12.november hadde FAU årsmøte. |
||||||||||
Mest alle dei tilsette ved Sagvåg skule var på kurs med "LærerIKT" torsdag 7.november. Målet er at me skal bli endå flinkare til å bruka IKT i undervisninga. Les meir |
||||||||||
06.11.02 Komité for levekår godkjente i går prosjektrapporten
for ny Sagvåg skule. |
||||||||||
04.11.02 Tysdag
5.novenber er ein historisk dag for Sagvåg skule. |
||||||||||
Visste du at Sagvåg skule har eit flott byggesett som fungerer slik at du kan bygga deg ein bil i "full storleik". Først må du laga ein liten modell, deretter kan du laga ein stor bil, eller andre ting. Dette bør vera noko for alle som er teknisk interesserte. Ta kontakt med klassestyraren din dersom du vil verta bilmekanikar ved Sagvåg skule! |
||||||||||
31.10.02 No meiner rådmann, Martin Dahle, at planen for utbygging av ny Sagvåg skule er så gjennomarbeidd at det er tid for politisk handsaming. I saksutgreiinga går rådmannen inn for at skulen ikkje skal stå klar før i mars 2005, ikkje til skulestart 2004, slik planen til no har vore. Rådmannen konkluderer slik:
|
||||||||||
30.10.02 Det var Laila Støle som representerte foreldra i den opne høyringa om framlegget frå rådmannen til budsjett 2003.
|
||||||||||
OECD-rapportar
er i vinden som aldri før. Dette er rapportar som m.a. seier noko
om ressursbruken i skulen. I den siste rapporten går det fram at
det er få land som har så få elevar pr. lærar som norske skular.
I Noreg har kvar lærar i gjennomsnitt ansvaret for 12,4
elevar. I gjennomsnitt for dei andre landa i rapporten er 17,7
elevar pr. lærar. |
||||||||||
Det er haust, og i uteområdet til Sagvåg skule er det mykje vatn å leika med. Det er flott om alle har gode regnklede og støvlar på slike dagar. Kanskje er også eit sokkabyte ein god ide!? |
||||||||||
25.10.02 Fredag
vart "matpakkeveka 2002" avslutta med levande lys og
EKSTRA fine matpakkar. |
||||||||||
25.10.02 Torsdag 24.oktober var undervisningsinspektør ved Sagvåg skule, Kari Almås, på slottet saman med ektemannen, Rolf Almås. Han mottok Kongens fortjeneste- medalje for arbeidet han har gjort for musikklivet på Stord gjennom mange år. GRATULERER! Les
meir i Haugesunds Avis |
||||||||||
24.10.02
|
||||||||||
24.10.02 Dette
stod å lesa i Haugesunds Avis 24.oktober. Årsaka til problemet er
m.a. at det ikkje er økonomi til å setja inn vikar når lærarar
er sjuke. |
||||||||||
|
||||||||||
24.10.02 Elevane i 2.klasse har har i ein periode arbeidd med matematikk på ulike stasjonar. På ein av stasjonane skal elevane laga system for å finna ut kor mange kongler det er i øskja.... Inga lett oppgåve.... |
||||||||||
21.10.02 21.-25.oktober
er det matpakkeveka 2002. I
løpet av denne veka kjem klassane til å gjera det ekstra koseleg i
matpausen.
|
||||||||||
18.10.02 I
dag la rådmann Martin Dale fram framlegget til budsjett for 2003.
|
||||||||||
Samarbeidsutvalet (SU) ved Sagvåg skule sa i møtet 15.oktober nei til administrativ samanslåing av Nysæter barnehage og Sagvåg skule. |
||||||||||
16.10.02 |
||||||||||
16.10.02 I løpet av veka vert nokre nye bøker lagt ned på skulebiblioteket. Dette er bøker som kom frå Biblioteksentralen. |
||||||||||
15.10.02 I
heile haust har me venta på at undergangen ved Nysætervegen skal
bli klar. |
||||||||||
14.10.02 Det
er Leif Rune Gravdal som er vaktmeisteren vår, og det er som oftast
han som tek seg av vedlikehaldet av skulen. Her
finn de ei oversikt over det arbeidet som er gjort så langt denne
hausten |
||||||||||
08.10.02
|
||||||||||
07.10.02
|
||||||||||
04.10.02
|
||||||||||
03.10.02 Med
god hjelp frå Arild og Laila fekk elevar frå 4. og 7.klasse på
plass lavvuen igjen. GOD TUR! |
||||||||||
Det
vart ein kjekk aktivitetsdag på den flotte og nye Nysæterbanen for
elevane ved Sagvåg skule. 2.kl
mot 3.kl 1-15 |
||||||||||
01.10.02 Det
vert aktivitetsdag for alle elevane ved Sagvåg skule onsdag
2.oktober på Nysæterbanen. Alle elevane møter på skulen til
vanleg tid.
|
||||||||||
Det
vert oppstart kurs for lærarane ved Sagvåg skule i "LærerIKT" |
||||||||||
01.10.02 Læringssenteret
har utvikla ei ny nettside om læringsmiljøet til elevane. |
||||||||||
01.10.02 Her finn du nokre glimt frå 2.klasse. Denne dagen arbeidde klassen med arbeidsprogram. |
||||||||||
30.09.02 Eitt av framlegga i "Stord-04" er at Sagvåg skule og Nysæter barnehage ei "eining" med felles administrasjon. I framlegg 2 held Sagvåg skule fram som eigne einingar.
|
||||||||||
28.09.02 I veke 40 (30/9-4/10) har høgskulestudentane "våre" praksis ved Sagvåg skule. Mange av klassene vil få vitjing av studentane frå Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) Les meir
|
||||||||||
26.09.02 Klassane ved Sagvåg skule har vore flinke til å nytta området i Rukjen etter at det vart bestemt at det er her den nye skulen skal byggast. Her er det elevane i 3.- og 4.klasse som har uteskule på tomta til den nye Sagvåg skule. Sjå bilete frå utedagen på heimesida til 3.klasse eller 4.klasse>> |
||||||||||
26.09.02 Grunnskulane
i Stord har eit godt samarbeid med folkebiblioteket, og elevane ved
Sagvåg skule har også i haust vore på vitjing til
bibliotekfilialen på Litlabø. |
||||||||||
25.09.02 Frå: |
||||||||||
20.09.02 No kan du sjå resultatet av arbeidet med teamet "Berre søppel?" i 4.klasse. Søppel som elevane fann langs vegen frå Sagvåg sentrum til skulen er blitt til flott kunst! |
||||||||||
20.09.02 I Bergen har foreldre blitt bedne om å vera med som ekstralærarar i heimkunnskap og kunst og handverk. NRK
skriv m.a.: Les meir på NRK Hordaland>> |
||||||||||
19.09.02 4.klasse
har nettopp starta med nytt tema: "Berre søppel?" Med helsing: |
||||||||||
19.09.02 |
||||||||||
19.09.02 I 7.klasse vert det for tida arbeidd med vatn. Her er elevane i full gang med
eit forsøk med reinsing av vatn. |
||||||||||
19.09.02 Eitt av måla med prosjekteter å oppnå meir effektiv skuledrift m.a. med felles administrasjon for fleire skular og barnehagar. Dette vert utprøvd i fleire norske kommunar. På heimesida til Kommunal rapport står det m.a.: For 40 år siden la Hof ned alle grendeskolene sine. Det er kommunepolitikerne godt fornøyd med i dag. Kommunen trenger bare èn skole, og den kan man dytte opptil 650 elever inn i, mener rådmann Erik Furevik. Bilete
lånt er frå Kommunal rapport |
||||||||||
18.09.02 Eit utval har foreslått å overføra ansvaret for grunnskulane frå kommunane til staten. Les meir her>> |
||||||||||
Mest halvparten av kommunane
planlegg kutt i undervisnings- tilboda for det neste året skriv
NRK. |
||||||||||
17.09.02 Dette skuleåret er mange av dei tilsette ved Sagvåg skule med i den nasjonale storsatsinga som tek sikte på å heve IKT-kompetansen hos dei tilsette i skulen i Noreg. |
||||||||||
16.09.02 I bladet "Sunnhordland" kunne me i dag lesa at: "..kommunen vil vurdera om ein kan spara inn på administrasjon, ved at det i området rundt Sagvåg blir samla all leiing og økonomistyring for tre skular og to barnehagar i eitt senter. Det er planar om å oppretta dette senteret i ny Sagvåg skule i Rukjen." <<Les heile artikkelen i Sunnhordland her Det står ingenting i avisa om
kva skular og barnehagar det her vert sikta til, men då det berre
er nemnt to barnehagar er det naturleg å tenkja seg at
Tjødnalio barnehage og Tjødnalio skule er haldne utanfor. Det kan
henda at planen då er felles administrasjon for:
|
||||||||||
13.09.02 Det første store temaet for
5.klasse denne hausten har vore "skogen". Tidlegare i
haust var klassen til Utslettefjellet for å studera korleis det har
godt med skogen der ti år etter den store brannen. |
||||||||||
12.09.02
Også denne hausten har 1.klassingane fått refleksvestar av Foreldra
sitt arbeidsutval (FAU). |
||||||||||
12.09.02 1.+6.klasse= KJEMPEKJEKT! Onsdag 11.september var det den andre gruppa av elevar frå 1.-og 6.klasse som baka eplekaker. 6.klasse er fadrar for førsteklassingane, og dei kjem nok til å gjera mykje kjekt saman utover hausten. Sjå bilete frå bakedagen på heimesida til 1.klasse, eller 6.klasse>> |
||||||||||
12.09.02 Ein fin sommarkveld i september... ... inviterte Laila alle tilsette ved Sagvåg skule til Halsnøy på "rekeaften". Det vart ein koseleg sommarkveld i september... |
||||||||||
12.09.02 Skepsis til privatskule Fleirtalet i Komité for levekår fryktar langvarig svekking av økonomien i den allmenne skulen på Stord dersom den privateigde Alba-skulen får etablera seg i kommunen. Les
meir på heimesida til Stord kommune>> Heile referatet frå møtet i Komité for levekår 10.september>> |
||||||||||
08.09.02 Skulane i Stord på Internett...
|
||||||||||
06.09.02 Informasjonsmøte om Jensanesvegen
Ove Kvalnes |
||||||||||
06.09.02 Tur til Rukjen med Arild Torsdag
5.september
var Jørgen, Håkon, Jonny og Morten saman med Arild Båtsvik til
Rukjen.
Her er dei samla rundt stormkjøkenet>> |
||||||||||
05.09.02 Eplekakebaking i 1.-og 6.klasse Onsdag 4.september
var det bakedag i 1.-og 6.klasse. 6.klassingane er fadrar for
1.klasse, så desse to klassane er allereie blitt godtkjente med
kvarandre. Du finn fleire bilete frå bakedagen på heimesida til 1.klasse>>
og 6.klasse>> |
||||||||||
05.09.02
Referat frå siste møte i elevråd finn du her>> |
||||||||||
04.09.02 Samordning av barnehagar og skular i Sagvåg? I
ein artikkel i Haugesunds avis 4.september, står det at det er planar om å gjera endringar i skule- og
barnehagestrukturen i Sagvåg.
|
||||||||||
03.09.02 Lærarskulestudentar på vitjing Tysdag 3.august fekk Sagvåg
skule vitjing av lærarskulestudentane som skal ha praksisen sin ved
Sagvåg skule dei neste to åra. Måndag 30.september kjem dei
tilbake får å ha den første praksisveka. |
||||||||||
03.09.02 5.klasse på "ekspedisjon" til Utslettefjellet
I det suraste véret me har hatt
denne hausten drog 5.klasse den 29.august på ein frisk
"ekspedisjon" til Utslettefjellet. |
||||||||||
01.09.02 HSH & Sagvåg skule Her er ein førebels plan for samarbeidet mellom HSH og Sagvåg skule 2002/03>>
|
||||||||||
28.08.02 Skulefrukt & mjølk Angrar du på at du ikkje tinga skulefrukt, eller mjølk. Det er ikkje for seint. |
||||||||||
28.08.02 4.klasse på Web No er temaplanane
til 4.klasse oppdaterte heilt fram til jul.
På heimesida til klassen finn du no mykje spanande stoff som er
tema for klassesteget. |
||||||||||
22.08.02 Ingen "Bonusskular" frå Stord Ingen av skulane frå Stord
nådde opp i konkurransen om å bli "Bonusskule". UFD*
har
plukka ut 92 skular mellom dei 655 skulane som søkte. Desse skulane
fekk kvar kr 50.000,- til utviklingsarbeid. *(Utdannings- og forskingsdepartementet) |
||||||||||
21.08.02 Utsetjing av ny skule i Rukjen?? Som de sikkert har lese, slit Kommune-Noreg økonomisk og Stord kommune er mellom dei kommunane som har store problem med å få endane til å møtast. Til "Sunnhordland" 19/8-02 uttaler Rådmann Martin
Dahle m.a.: Dette kan tyda på at med ny skule i Rukjen kan verta utsett. Saka skal opp til handsaming i kommunestyret i september. Etter den gjeldande planen tek gravearbeidet til i Rukjen sommaren 2003, og ny skule skal stå klar til innflytting hausten 2004. Spørsmålet er no om vanskeleg kommuneøkonomi kan føra til at prosjektet vert utsett…… Det vert sendt ut eige info-skriv til heimen om kva kommuneøkonomien får å seie for Sagvåg skule.
-rektor- |
||||||||||
09.08.02 Framleis farleg skuleveg Sykkelstien langs riksveg 545 er endå ikkje heilt ferdig. Fram til undergangen ved avkjørselen til Utslettevegen er på plass vil elevane frå Dybvik og Bjønnvik få gratis skuleskyss på grunn av farleg skuleveg. Her finn du bussrutene>> |
||||||||||
09.08.02
Første skuledag er torsdag 15.august Denne dagen tek elevane i 5.- 6. og 7.klasse til kl 09:00, medan elevane i 1.-2.-3. og 4.klasse tek til kl 09:30 SFO er open som vanleg frå kl 07:15 Sjå
også: |
||||||||||
09.08.02 Fiks ferdig I sommar vart også tårnet på Sagvåg skule malt. No er heile skulen okerfarga og fin, og klar til å ta imot elevane til eit nytt skuleår. Skuleåret 2002/03 vert det nest siste skuleåret for bygningen frå 1939. Hausten 2004 flyttar me etter planen inn i ny skule i Rukjen. |
||||||||||
29.06.02 |