Sjå også ARKIVOVERSIKTA>>

Slik var hausten 2001 ved Sagvåg skule:  

Bilete desember 2001

 

SKULEBIBLIOTEKET:
Status for nye skulebygg

I møtet i Levekårskomiteen 11.desember er m.a. status for skuleutbygginga i Stord ei av sakene.
LES MEIR HER>> 

SKULEBIBLIOTEKET:
Bra skulebibliotek!Solveig, Jakob, Øystein og Oda tok bladet "Sunnhordland" med på omvising i skulebiblioteket vårt, og på førstesida 7.desember kunne me lesa at:
"Sunnhordland" har sjekka standarden på fem skulebibliotek i Stord kommune, og funne at Sagvåg skule ligg i tet.

Bladet "Sunnhordland" meiner at skulebiblioteket til elevane ved skulen vår er betre enn biblioteka til Langeland-, Leirvik-, Tjødnalio-,og Litlabø skule.

Då er det berre å finna seg ei god bok til juleferien. Sjå kva bøker me har HER>>:
 

FRUKT & MJØLK VÅREN 2002:
Frukt og mjølk
Måndag 3.desember fekk alle elevane heim bestillingsskjema for frukt og mjølk for våren 2002.
Her finn du meir informasjon>>

Nytt skjema finn du her>>

ELEVRÅDET:
Møte i elevrådet

Måndag 3.desember var det møte i elevrådet ved Sagvåg skule.
Les siste nytt frå Elevrådet HER>>

INFORMASJON:
Info-skriv frå skulen

 Det kjem av og til informasjonsskriv frå skuleadministrasjonen. Desse skriva vert lagt i mappa til eleven saman med arbeidsplanen. 
Alle skriva er nummererte, og me har no kome til nr 6 dette skuleåret. Dersom de saknar skriv, kan de no finna dei i Word-format HER>>

SNART DESEMBER:
Snart jul....
Det går med raske steg mot desember. Lærarane har allereie laga forslag til korleis dei siste dagane før jul kan sjå ut.
Har de som er elevar fleire gode idear?
Send forslag til rektor: lars@skolepost.ls.no

Les meir om jul ved Sagvåg skule her>>

SKULERUTA 2002/03:
Skuleruta på høyringsrunde
Skuleruta 2002/03 er ute til høyring fram til ONSDAG 19.DESEMBER.
Du finn meir om høyringa, og skuleruta
HER>>

SKULEÅRET SÅ LANGT...»

 

BASAR:
Basar i 3.klasse

 
3.klasse har hatt tema "Kom skal me lesa!". Då jobba me  m.a. med Alf Prøysen. Me let oss inspirera av Basarvisa til Prøysen , og me avslutta temaet med basar i klassen.
SJÅ FLEIRE BILETE FRÅ BASAREN HER >>
KRL:
Fritak frå delar av KrL-faget
L97_omslag.jpg (5577 bytes)Om nokre dagar vil alle heimane motta informasjon frå skulen om avgrensa rett til fritak frå KrL-faget.

Her er nokre aktuelle lenkjer:
Pressemelding frå KUF>>
Rundskriv frå KUF om saka (F-032-01)>>
Brev til heimen>> 

Informasjonsbrev til føresette >>word3.gif (861 bytes)
Standardskjema for melding om delvis fritak>>
word3.gif (861 bytes)

Sjå også:
Om revisjonen av KrL-faget>>

 

SPØRJEUNDERSØKING:
Dei fleste seier ja til fleksitid!
Elevane og foreldra er positive til organiseringa av skuledagen med kjernetid og fleksitid.
No har mest alle elevane og foreldra svart på spørjeskjemaet. Resultatet viser at heile 90% av foreldra ynskjer at forsøket bør halda fram også skuleåret 2002/03, medan 85% av elevane meiner det same. 
  

Her kan du sjå korleis svara fordeler seg mellom klassane:
stort_bilete.gif (97 bytes) stort_bilete.gif (97 bytes)
I neste veke kjem det eige informasjonsskriv med resultata frå hele undersøkinga.

 

HAUGESUNDS AVIS:
Kjendisar frå 6.klasse
Øystein og Andreas er blitt kjendisar etter fleire oppslag i Haugesunds avis om Sagvåg skule. Sist 21.november var det eit stort oppslag der me kan lesa at politikarane i Stord vil byggja ny Sagvåg skule slik at han står klar, slik det var planlagt, til skulestart 2004   LES MEIR>>
 
5.klasse:
Draketur

I siste veke avslutta 5.klasse temaet om Egypt med ein draketur til idrettsbanen. Me har laga "egyptiske" drakar.

Sjå fleire bilete her>>

(Tekst & bilete: 
Inger Alise)

sunnh_nedskjering.jpg (93734 byte)SUNNHORDLAND:
"Varsku-rop frå Stord-skulen"
Bladet Sunnhordland skriv 14.november om den vanskelege økonomiske situasjonen skulane i Stord går inn i det neste budsjettåret.Forstørr>>
Sagvåg skule vert også råka av desse nedskjeringane. Dette vil sjølvsagt få  konsekvensar for tilbodet til elevane.
 

SUNNHORDLAND:
Må ha auka rammer
I bladet Sunnhordland vart det 8.november referert frå møtet i Levekårskommiteen: HER FINN DU SAKSPAPIRA FRÅ MØTET>>

-Alt vert dyrare når det vert utsett. Me kan ikkje utsetje bygging av Sagvåg skule endå eit halvt år. Det kan me ikkje utsetja innbyggarane for. Og det vil gå ut over vårt truverde som politikarar, sa Heine Kaldefoss.
Levekårskomiteen vedtok til slutt samrøystes å gje uttale til økonomiplanen ved å peika på fleire av områda som dei er urolege for.

 
KONSERT:
Rikskonsert
Måndag 5.november hadde Sagvåg skule vitjing av Rikskonsertane. Tilbodet var todelt, med ein konsert til småskulen, og ein for mellomsteget.

<<Klikk på biletet for å sjå det større

pol_mote.jpg (7427 bytes)LES REFERAT:
Referat
No er det mogleg å lesa referat frå alle politiske møte i Stord kommune på Internett.
Les m.a. at Formannskapet 14. november vedtok framlegg til styrjing av budsjettet til komité for levekår med 1,5 mill til eit omstillingsprogram for å tilpassa drift/personell til budsjett/økonomiplan.
  LES MEIR>>

Les også referat frå:
  SU Sagvåg skule>>
  FAU Sagvåg skule>>
  Elevrådet Sagvåg skule>>

6.KLASSE:
Bra jobba!

Espen, Kristoffer og Malvin løyste problemet med den tette kummen bak skulen. Sjølv om vatnet framleis renn over planen, har dei ordna den tette kummen på skuleplassen. 
Er det nokon som saknar ein jakka? (Det var den som tetta kommen.)

soledam2_01.jpg (26006 bytes)HAUST:
Korleis vert elevane så våte?
Her har du svaret:
Bak skulen er det problem med drenertinga under plenen. No om hausten og vinteren renn det difor ei open "elv" her. Det er sjølvsagt kjempekjekt å leika i dette vatnet.
Me vil oppmodinga om at alle elevane vert utstyrte med gode regnklede og støvlar, så skal me gjera vårt for å få dei til å ta kleda på seg før dei tek pause.

SMÅSKULEN:
Sosial samling for småskulen
Elevane i 1.-4.klasse hadde sosial samling i gymsalen fredag 2.november. Dette er ei av to slike samlingar i løpet av skuleåret. Alle klassane hadde innslag til samlinga.

Måndag 5.november er det rikskonsert! Gled deg!

haugesundavis.gif (1360 bytes)HAUGESUNDS AVIS 02.11.01:
"Det skal ikkje vere slik"
Dette seier leiaren i levekårskommiteen Berit Øvrebø Wiersen til Haugesunds avis om oppslaga i går. LES MEIR>>

HAUGESUNDS AVIS 01.11.01:
Kvir seg for å gå på do på skulen.
Les kva elevane meiner om Sagvåg skule i Haugesund avis. LES MEIR>>

HAUGESUNDS AVIS 01.11.01:
Brannvesenet om branntryggleiken ved Sagvåg skule.
Les kva brannvesenet meiner om Sagvåg skule i Haugesund avis. LES MEIR>>

FAU:
fau.gif (9311 bytes)Open høyring om budsjett 2002
Det var Laila Støle som representerte FAU ved Sagvåg skule i den opne høyringa om budsjett 2002 og økonomiplanen 2002-05. LES MEIR HER>>

Samarbeidsutvalet:

Oda er sjefen
For første gong ved Sagvåg skule er ein elev leiar av Samarbeidsutvalet (SU). 
Det er SU som bestemmer kva  rektor, lærarane og elevane  skal få lov til.

LES REFERAT FRÅ MØTET I SU HER>>


Møte i elevrådet:
Her finn du referatet frå  møtet i elevrådet måndag 29.oktober.

LES REFERATET>>


Stord kommune på Internett
1.november er (resten av) Stord kommune på Internett.
HER KJEM SIDA>>

Nabokommunane har også nettsider: FITJAR KOMMUNE>>, BØMLO KOMMUNE>> og ANDRE KOMMUNAR I HORDALAND>>

1.-4.KLASSE:
Knallkjekt med Kåre Knall

 Fredag 26.oktober hadde Sagvåg skule vitjing av Kåre Knall frå Bergen. Det vart ei kjekk forstilling med trylling og ballongar til alle! LES MEIR OM KÅRE KNALL HER>>
4.KLASSE:
Kjeldesortering og søppelplukking
24.oktober samla 4.klasse inn søppel frå skulen til Snikkersvingen, i Einarsdalen og eit stykke nedover Jensanesvegen. Det vart fleire bæreposar ! 
Dette var ein del av arbeidet med temaet "Kjeldesortering".
LES MEIR>>
5.KLASSE:
Til Egypt med 5.klasse....

Egypt er tema i 5.klasse, dei arbeider i fire grupper; klossegruppe, faktagruppe og reknegruppe.
SJÅ BILETE FRÅ ARBEIDET HER>>
6.KLASSE:
6.klasse til Utslettefjellet

Fredag 19.oktober hadde 6.klasse ein flott tur til Utslettefjellet.

SJÅ BILETE FRÅ TUREN HER>>

7.KLASSE:
Med 7.klasse til Dale kraftverk

Måndag 22.oktober reiste 7.klasse på tur til Dale.
SJÅ BILETE FRÅ TUREN HER>>

Vel heime igjen vert det eksperimentert med m.a. straum og tannregulering!

Klikk på biletet for å sjå det større

NY SAGVÅG SKULE:
veg mot ny skule... 
No tek arbeidet med riksveg 545 til for alvor.
LES MEIR >>

NY SAGVÅG SKULE:
Kva med Sagvåg "gamle" skule ?

I Sunnhordland 12.oktober 2001 stiller Sagvåg Forum spørjeteikn med kva gamle Sagvåg skule skal nyttast til etter at den nye skulen står klar.

LES MEIR OM DEN NYE SKULE>>

kva_med_gamle_sagvaag_skule.jpg (112031 byte)
Klikk på avisartikkelen for å sjå han større>>

NY SAGVÅG SKULE:
Ny skule utsett 1/2 år?

I Haugsund Avis stod det  lesa onsdag 11.oktober:
"Som et av sparetiltakene ønsker rådmannen å forskyve de store skoleutbyggingene i kommunen med et halvt år for å lette rentekostnadene de neste to år."

For ny skule i Sagvåg har pengane vore inne på budsjetta 2003 og 2004. Dersom ein forskyv prosjektet eit halvt år ligg heile summen inne i budsjettåret 2004.   LES MEIR»

Lars Bakka
-rektor-

Les meir om ny skule i Sagvåg her>>

oktober 2001

onsdag 10.- fredag 12. oktober

Her er nokre bilete frå 5.klasse 9.oktober 2001. Me var på leirplassen, laga bål, spidda pølser og pinnebrød.  Nam.....
Litt regn gjer ingenting......
Sjå fleire bilete her>>

God haustferie til alle saman !     
Frå Inger Alise & Aasne

oktober 2001
ÅRSMØTE I FAU 2.OKTOBER:

Her er referatet frå årsmøtet i FAU
  Les referatet>>
oktober 2001
ELEVRÅD 1.OKTOBER:

Siste nytt frå elevrådet

Her kan du lesa referat frå det siste møtet i elevrådet>>
oktober 2001
ME TEK VARE PÅ SKULEN VÅR:

Har du lese den siste planen for vedlikehald av skulen vår ?-

Her finn du planen>>

oktober 2001
MATPAKKEVEKA 2001:

Sagvåg skule til topps i matpakkeveka

1.-2.-og 3.klasse gjekk til topps under matpakkeveka 2001, alle klassene fekk topp poengsum med 225 poeng. Desse klassane var dei einaste i Hordaland som fekk så mange poeng !
Her finn du resultata for Hordaland>>
Her er resultata for dei andre klassane ved Sagvåg skule>>
           GRATULERER !

fjellt_01_front.jpg (12632 bytes)oktober 2001
TIL FJELLS MED SAGVÅG SKULE:

Fjellturen 2001
Tysdag 25.september gjennomførte me den årlege fjellturen ved Sagvåg skule. Også i år gjekk turen til Fitjar.
Sjå bilete frå turen her» 
frukt1_front.jpg (7882 bytes)oktober 2001
MATPAKKEVEKA:

Glimt frå matpakkeveka
H
er finn du nokre bilete frå matpakkeveka 2001» 
oktober 2001
KJELDESORTERING:
Me kan kompostera!

kompost1.jpg (79918 byte) 5
.klasse har tømt kompostdunken, og resultatet av eitt års arbeid var førsteklasses kompost.
No er det opp til 4.klasse å gjera ein like god jobb som 5.klassen gjorde gjennom fjoråret. 

[Klikk på biletet for å sjå større versjon]

Her du lese Natur & miljøplanen vår?»

september 2001
Matpakkeveka 2001
D
enne veka er det "Matpakkeveka". 
Les meir om matpakken og skulefrukt her:
Les meir» Les meir»
september 2001
Det vart "Askeladden"!

Det vart skulen med mottoet "Askeladden" som gjekk av med sigeren i arkitektkonkurransen om ny skule i Rukjen.
Juryen presenterte vinnarutkastet på pressekonferansen ved Sagvåg skule  måndag 17.september.
Den nye skulen er teikna av Vis-A-Vis Sivilarkitekter AS i Trondheim. Her er ein teikning av skulen saman med bilete av modellen.
Etter kvart skal me presentera teikningane på ei eiga nettide.
Sjå fleire bilete>>

<Teikningen viser gymsalen og hovudinngangen til den nye skulen.
september 2001
Med 7.klasse til Bleikjevikjo....

7.klasse har studert livet i fjøra. Me fann mellom anna sjøstjerne, svabergsjørose, krabbe, sniglehus og skjel.
Me fekk ikkje fisk, men me hadde ein makrell oppe i sjøkanten....

Sjå fleire bilete frå turen her>>
(Tekst/foto: Annbjørg & Toril)

september 2001
Refleksvestar frå FAU

Også dette skuleåret fekk elevane ved Sagvåg skule flotte refleksvestar av FAU.
Alle elevane har fått refleksvestar eller bandolær frå skulen i løpet av dei siste åra, BRUK DEI !

Les meir>>

september 2001
hus.gif (11678 bytes)Ny Sagvåg skule i Rukjen
Måndag 17.september
kl 13:00 vert det pressekonferanse i gymsalen ved Sagvåg skule. Då vert det offentleggjort kva framlegg til ny skule som vann arkitektkonkurransen.
september 2001
Referat frå siste møte i elevrådet
Her finn du referat frå siste møte i elevrådet>>
september 2001
Referat frå siste møte i FAU
Her finn du referat frå siste møte i FAU>>
hsd.jpg (8195 bytes)
september 2001
HSD og Sagvåg skule
Her finn du alltid oppdaterte skulebussruter til og frå Sagvåg skule.
Dokumentet er laga i ord-format>>

september 2001
skolepost_ny.gif (4729 bytes)Har du fått orden på e-posten din?
Alle elevane i 5.-6. og 7.klasse bør ha "Skolepost". Registrer deg her>>
Be rektor om hjelp dersom du treng det!

september 2001
Er du interessert i planter?
6.klasse har planter som tema i Natur & miljø-fag for tida. Her er ei fin side om urter>>
val2001.jpg (5769 bytes)september 2001
Val 2001
På heimesida til 7.klasse finn du peikarar til temaet "Val 2001". Desse vert oppdatert heilt fram til valdagen.
ark_tegn.jpg (7941 bytes)august 2001
Nye Sagvåg skule...
Torsdag 23.august kl 18:00 er det møte i gymsalen ved Sagvåg skule. Foreldra er inviterte til dette møtet.

Det er laga fem varierte og spanande framlegg til ein skule for framtida. På grunn av strenge reglar for arkitektkonkurransen kan me diverre ikkje offentleggjera teikningane på Internett.

august 2001
midttime.jpg (4511 bytes)Kor vart det av midttimen?
Midttimen forsvann då me innførte fleksitid. No kan du få lov til å gjera mykje av det du før gjorde i midttimen i fleksitida. Men du må alltid planlegga arbeidet slik at du også får tid til å gjera leksene. Bruk den nye vekeplanen din til å planlegga veka!

august 2001
Skulestart 2001/02
Første skuledag for elevane var torsdag 16.august.
- I år ser skuledagen slik ut»
      
- Skuleruta 2001/02 finn du her»