topp.jpg (12557 bytes)

Sjå også ARKIVOVERSIKTA>>

mappe.gif (922 bytes)Arkivet hausten 2000
August 2000 September 2000 Leirskule 2000
 
November 2000 Desember 2000  

Glimt frå juleavslutninga 2000

GOD JUL & GODT NYTT ÅR!!
adv1kl.JPG (50686 byte) adv1kl2.JPG (70570 byte) fruk1.JPG (57390 byte) fruk2.JPG (55191 byte)
  kor56.JPG (29657 byte) fruk4.JPG (57970 byte) gyms11.jpg (56868 byte) nisse.JPG (51484 byte)
[klikk på bileta og forstørr]

I juleferien held SFO ope desse dagane: 
22/12- 27/12-28/12-29/12-2/1

1.des 2000
kr 10.888,-til India-aksjon frå 3.-og 4.kl
3.-og 4.klasse har vore med på barneaksjonen til FORUT og samla inn pengar til barn i India.
Dei har selt "solgåver" og muffins på skulen, og dei har og hatt kafè for foreldre og besteforeldre. 
Elevane fekk inn heile 10.888 kroner !

Me vil også nytta høve til å takka Rema 1000 fore sponsing av fruktkorga som vart lodda ut.

Ei stor takk til alle som var med og støtta aksjonen!
Les meir om prosjekt for barn i India>>

Tekst og foto: Gro A. Halvorsen

1.des. 2000
Hildegunn vann!

Elevar i Sunnhordland får kvart år tilbod om å teikna framsida til telefonkatalogen "Ditt distrikt".
Vinnaren i konkurransen i år kjem frå 7.klasse i Sagvåg skule og heiter Hildegunn Lerøy. 
GRATULERER!
Premien er eit kamera og diplom. Klassen får 2000 kr + brus og julemann.

Hildegunn tek imot premien frå Telenor 


(Tekst Aasne H. Vikanes, Foto Hans Petter Almås)

 

20.11.00
Tyggis og mobiltelefon på skulen.......

Elevrådet vil at elevane kan få ha  tyggis og mobil på skulen. Det er spesielt dei store elevane som er opptekne av dette. 
No har elevrådet vedteke prøveordnig med tyggis på skulen fram til 1.februar 2001
Men det er uansett foreldra dine som til sjuande og sist avgjer om du får lov til å ha sukkerfri tyggis på skulen!

Tidlegare har det også kome spørsmål om bruk av mobiltelefon. Til dette har me så langt sagt at telefonen i alle høve må vera avslått i timane!  Det er med andre ord ikkje ulovleg å ha telefon med på skulen. Telefonane kan berre nyttast i friminutta.

Les nokre argument for og mot tyggis og mobiltelefon på skulen: 
Om tyggis på skulen >>

Om bruk av mobiltelefon på skulen >>
Gratis mobiltelefon til alle i 6.klasse! >>

  Simen Hatlevik
-Leiar elverådet-
  Gro A Halvorsen
-Elevrådskontakt-
Lars Bakka
-rektor-

29.11.00
Leseveker i 7.klasse
I veke 47 og 48 har 7.klasse hatt leseveker.
Klassen har vore på biblioteket på Litlabø og me har sjølvsagt lånt bøker frå skulebiblioteket.
Me låner og bøker frå kvarandre og fortel kva bøker som er kjekke. Me har hatt tre lærarstudentar i klassen. Dei heiter Wenche, Eirik og Remi.

Tekst og foto: Aasne H.Vikanes

01.11.00
Heimkunnskap er kjekt !
Tekst & foto: Annbjørg Luggenes

Fleire bilete>>

6.klasse likar seg på kjøkenet. Elevane har heimkunnskap tre timar i veka i 6.klasse.
Det er godt med vaflar og kakao når hauststormane susar rundt hushjørna..... 

Meir om mat og heimkunnskap finn du her >>
Oppskrifter>>
Forbrukarlæra>>
Læreplanen (L 97) >>

29.11.00
Steg for steg

I arbeidet med å utvikla eit best mogleg miljø for alle ved skulen vår, tek me frå hausten av til med  "Steg for steg".
Les meir >>

Informasjon om nye skulebygg

Sagvåg skule har samla ein del peikarar til informasjon om  norsk og nordisk skule, spesielt med tanke på nye skulebygg.
Sida finn du her>>
    

Me ynskjer også å læra meir om nye skular. Lærarane har allereie vore ein tur til Bergen, og fleire turar skal det bli....
Skranevatnet skole i Bergen >> INNE  UTE

Reguleringsplanen for Rukjen>>

23.11.00
Ope informasjonsmøte 
om ny barneskule i Rukjen

Bladet Sunnhordland 21.november 2000

Tid: Tysdag 28.11 2000 kl 19:00
Stad: Sagvåg skule, gymsalen

FAU v/  Sagvåg skule arrangerer eit ope informasjonsmøte om bygging av ny veg og barneskule i Sagvåg.

Ein oppfordrar alle i "bygdo" som har interesser rundt dette om å delta på møtet. Det blir og lagt opp til ein debatt om korleis skulen kan brukast etter skuletid.

Program for kvelden:
Generell info om den nye skulen 
Framdriftsplan ny skule 
Jensanesvegen sikker skuleveg ? Vidare planar.
Ny riksveg, framdriftsplanar/info og oversikt 
Ny rikaveg -sikker skuleveg ?
Bruk av skulen etter skuletid -tankar og idear 
Eventuelt

Med helsing FAU, Sagvåg skule

20.nov 2000
Med rett til å leika!

Tredje og fjerde klasse er med på eit Forut-prosjekt der me skal samla inn pengar til å hjelpa gatebarn i India.
Onsdag 22.november sel me muffins til dei andre elevane på skulen. Dersom du vil handla hos oss, må de ha med pengar denne dagen !
Det kostar kr 5,- for to muffins.

Pengane går til prosjekt for barn i India>>

 

Innskriving 
21 spente elevar møtte til innskriving ved Sagvåg skule 9.november. Til våren skal dei har to førskuledagar før dei tek til på skulen hausten 2001.

Foto: Ingolf Sætrevik
Fleire bilete>>

Grunnskuleveka 2000

Me vitjar det tidlegare Ottesen Skipsbyggeri på Jensaneset.

Tema: Lokal kystkultur
Tidspunkt: Laurdag 18.nov kl. 10:00
Tid: Omlag 2 timar
Ta med noko å eta og drikke.
Vel møtt til eit spanande tilbakeblikk til glansdagane til skipsbyggjeriet.

Med helsing: 
FAU ved Sagvåg skule 
v/ Henning Norfonn og Gro Valvatne
- Spørsmål?- Tlf. 53 49 31 03 (Gro)

Fylkeskonsertane på besøk !

Onsdag 1.november hadde Sagvåg skule besøk av fylkeskonsertane Hordaland. Det ver Grete Hylland (fløyte) frå Bergen, Vivian Sunnarvik (cello) frå Flotø og Lena Wegemo (piano) frå Sverige som hadde to forskjellinge framføringar ved skulen.  

 

Økonomiplan 2001-2004
I framlegget til økonomiplan frå adminisjefen datert 18.10.00 står
det m.a.:

"Ny skule i Sagvåg i Rukjen er stipulert totalkostnad for full utbygging med kr 41.0 mill inkludert grunnlagskostnader på kr 3.9 mill. 
Det er sett av 0.3 mill kr til forprosjekt i 1999 og 2.0 mill kr i 2001, 10.0 mill kr i 2002 og 10.0 mill kr i 2003 og endeleg fullføring av ny skule i Sagvåg med 19 mill kr 2004"
(s 37)

Opphavleg framdriftsplan var slik: 

1999 kr 300.000 til forprosjekt
2001 kr 1 million til prosjektering m.m.
2002 kr 11.7 millionar til bygging
2003 kr 26 millionar til bygging (fullføring)

Dersom bygginga av skulen tek til seint på hausten 2002 går det 12-16 månedar til skulen står ferdig på nyåret i 2004.


-rektor-

 

TV-aksjonen 2000

Fredag 20.oktober samla 5.-6. og 7.klasse inn kr 5192,50 med sal av vaflar og saft i midttimen. Alle pengane gjekk til SOS barnebyar.
Les meir om TV-aksjonen>>

 

Breiband kommunikasjom mellom 
 Sagvåg skule og resten av verda !

Har du har lurt på kva "grillrista" på taket til skulen vår er ?-
Det er ein parabolantenne for trådlaus kommunikasjon med "blåbygget". 
Frå blåbygget går det breibandkabel til rådhuset, og frå rådhuset..... 
Kort sagt: No går det mykje raskare å henta informasjon på Internett.

Sosial samling for småskulen

Fredag 27.oktober hadde 1.-4.klasse samling i gymsalen. 
Tema for samlinga var "haust". Elevane framførte haustsongar og skuespel
.

 

 

 

dino2.jpg (5321 bytes)

Dinosaurar.....
Mange elevar vil ha stoff om dinosaurar på heimesida vår. Her kjem nokre peikarar, men du finn sikkert fleire sjølv! 
  Send tips>>
Fakta om dinosaurar
Fossilgalleri
Dinosauarar, 4 A Avalsnes skole
Temaside, Bergen folkebibliotek
Newtons hage
Dino 1 || Dino 2 || Andre sider>>
Brev frå Spania!
Også dette skuleåret har Sagvåg skule elev i utlandet. Dette året er det Anna Myhre som har teke med seg heile familien til Lanzarote for eit halvt år. 
Les brevet frå Anna her >>
Opprusting av riksveg 545 i framlegg til statsbudsjett 2000:
Haugesund Avis
NRK-Hordaland
"Med fiskestang i handa, regnfrakk og sydvest..."

Mange elevar i 5.klasse har denne hausten vore på fisketur med Laila og Arild. I løpet av skuleåret skal alle elevane i klassen få seg ein tur.

Klikk her og sjå meir frå turen>>

 

Steg for steg

I arbeidet med å utvikla eit best mogleg miljø for alle ved skulen vår, tek me frå hausten av til med  "Steg for steg".
Les meir >>

Oversikt over satsingsområda våre

Her finn du ei oversikt over satsingsområda for skulen vår: [forstørr oversikta>>]

 

Med Sagvåg skule til fjells
Alle  hadde ein flott haustdag i Fitjarfjellet den 13.september. 
Sol frå skyfri himmel og mange nøgde turgåarar....

Heile biletet>>

setember 2000

18.-22.september var det matpakkeveke ved skulen vår. Her er eit glimt frå 6.klasse.  Les meir om matpakkeveka her>>

 

 

setember 2000

7.klasse på leirskule
7.klasse reiste på leirskule i september dette skuleåret. Her eit bilete frå turen:

Gullingen leirskule>>
7.klasse 99/00 på leirskule våren 2000>>
7.klasse 00/01 på leirskule hausten 2000>>

TRYGG SKULEVEG 2000 -SAGVÅG SKULE
Også dette skuleåret er det trafikkaksjon ved Sagvåg skule, m.a. få elevane i 1.klasse refleks- vestar. I år var dei ei gåve frå Sparebanken-Vest. No har alle elevane frå 1.-4.klasse fått vestar. 
Me har også klart å skaffa bodstikker til elevane i 1. og 2.klasse. Alle elevane ved skulen vår har desse refleksane! Bruk dei!
Dei elevane som får lov heime, kan sykla til skulen frå den hausten dei tek til i 5.klasse. Det vert også i år laga ein avtale mellom eleven, heimen og skulen om bruk av sykkelhjelm.
Sjå også:
Aksjonen "Sykkel for livet">>
Reglar for sykling>>
september 2000
GOD TUR! 
4. til 8.september dreg 7.klasse på leirskule i Suldal. 

Les meir om kva dei kan få oppleva på Gullingen leirskule her>>

Bileta er henta frå turen 7.klasse hadde i vår.

Ein ny tre-årsbolk...

Perioden 1997-2000 bar preg av arbeidet med den nye grunnskulereforma "Reform-97". 
I den neste tre-årsperioden  vil det bli sett fokus på kvalitetsutvikling  og vurdering. Begge desse områda står sentralt i arbeidet ved Sagvåg skule. Du kan lesa meir om dette i desse planane:

Vurdering
ved Sagvåg skule >>
Kvalitetsutvikling ved Sagvåg skule>> ved Sagvåg skule>>

 

august 2000

Skulestart 2000

Måndag 21.august kl 09:25 er det skulestart for alle elevane ved Sagvåg skule. 
De som har plass i SFO kan komma kl 07:15


-rektor-