mappe.gif (922 bytes) ARKIVET 1999/2000

Sjå også ARKIVOVERSIKTA>>

nr 1 1999 (infohefte)

Bilete våren 2000

Film 9.mai 2000
  -Omvising Sagvåg skule

juni 2000

Sagvåg skule "vert ny" 

Denne sommaren vert skulen vår måla. Ein del råteskade vert også reparert. Etter 60 år som grå/kvit vert skulen no måla i ein lys oker farge. 

 

Snart sommarferie.

Den siste skuledagen dette året er fredag 23.juni. Skuleåret vert avslutta med skulegudsteneste i Nysæter kyrkje  kl 11:00. 
Foreldre og andre er velkomne til å vera med. 

Takk for i år !


-rektor-

juni 2000
Informasjon om nye skulebygg
Sagvåg skule har samla ein del peikarar til informasjon om  norsk og nordisk skule, spesielt med tanke på nye skulebygg. Dette er gjort for å auke kompetansen hos alle som vil læra meir om korleis skulen utviklar seg inn i det nye tusenåret. Sida finn du her>>


juni 2000

Finn deg ei god bok......

Her finn du Sagvåg skulebiblioteket på Internett! 
Me har kjøpt inn nye bøker for over 20.000 kroner det siste halve året.  Kanskje finn du deg ei bok...
klikk her
>>
mm.gif (1834 bytes)

Du kan også lesa meir om skulebiblioteket vårt her>>.

 


juni 2000

Aktivitet for alle.....

Her finn du nokre bilete frå aktivitetsdagen ved Sagvåg skule torsdag 25.mai 2000


juni 2000

Alle fekk plass
Alle som har søkt, får plass i SFO skuleåret 2000/01.
Det går ut melding til heimane om dette i desse dagar.
For etternølarar er det framleis nokre få plassar ledig.

Søkjeskjema og informasjon om skulefritidsordninga ved Sagvåg skule finn du her >>


juni 2000

7.klasse er på leirskule 
Denne veka er 7.klasse på leirskule i Suldal. 
Les meir om kva dei kan få oppleva på Gullingen leirskule her>>
Før dei reiste var dei på omvising på Nysæter ungdomsskule der det også vart servert boller og brus!


mai 2000

17.mai i Sagvåg & Spania

I år hadde Sagvåg skule elevar både i Spania og Sagvåg 17.mai. Det var Aina og Jørgen som reperesentarte Sagvåg skule i Spania :-)  
-Takk for flotte bilete frå Jarle Alvsvåg!
[Les meir i "arkivet"]

 

 

mai 2000nyskule.jpg (14291 bytes)
Plass i SFO 2000/2001

Alle som har born i 1.-4.klasse 2000/01 har fått søknadsskjema for SFO. Søknadsfristen er i år sett til 10.mai.
Her finn du meir om SFO og søknadsskjema >>

 

 

april 2000
tur.jpg (22329 bytes)Det er mykje kjekt å sjå fram til utover våren.....

Først ute er den tradisjonelle fjellturen med Litlabø skule. I år vert det tur fredag 28.april (Dersom det er opphaldsver).


Dette biletet er frå turen for mellomsteget i fjor.

 

april 2000

God påske !

paaskeblom.jpg (7680 bytes)Takk til alle som var med på feiringa av 60-årsdagen min i gymsalen torsdag 13.april !

Med helsing:
Sagvåg skule (60 år)

april 2000
Sagvåg skule er 60 år !

Torsdag 13.april vert det gebursdagsfeiring for skulen vår! Sagvåg skule vart teken i bruk våren 1940, og i desse dagar er det difor god grunn til å feira "gode, gamle Sagvåg skule".
Me tek eit lite tilbakeblikk før me set alle kreftene inn i arbeidet med  ny skule i Rukjen.

Alle elevane er inviterte til feiring i skuletida denne dagen :-)

 VELKOMMEN!

autograf.jpg (4511 bytes)
-rektor-

PS!
Les historia til skulen vår her>>
Om nye skulebygg kan du lesa her >>

mars 2000

Skulegenser, sportscap og bøttecap!
Våren 2000 er skulen vår 60 år, og det ser ut til at dette vert det siste runde jubileet ved gamle Sagvåg skule.
I samband med dette har elevrådet bestemt at elevane bør få tilbod om skulegenser. Under ser de prisar og produkt. Alle plagga heng til utstilling og prøving på datarommet heile denne veka. Teksten er brodert på. Dei som har bestilt skal få velja mellom fleire fargar!

College genser Str 8, 10 kr 249,-
College genser Str S,M kr 279,-
Hettegenser Str 8,10 kr 269,-
Hettegenser Str S,M kr 299,-
"Bøttecap" kr 99,-
"Sportscap" kr 99,-
Fargeval: MØRK GRÅ eller MARINEBLÅ på genser
(Cap og bøttecap kan elevane få i fargane som er vist over!)

 
mars 2000

Vegen mot ny skule

I løpet av vårhalvåret 2000 tek planlegginga av den nye skulen i Rukjen til for fullt.  På heimesida til skulen vil du utover våren kunna fylgja dette arbeidet.
Byggjestart er i 2002, med ferdigstilling i løpet av 2003. Då er det berre å starta nedteljinga...
ny.gif (889 bytes)
Les også framlegget til prinsipp for dei nye skulebygga>>

2000   2001  2002  2003

februar 2000

Skriv din eigen musikk!
Visste du at Sagvåg skule har utstyr som du kan få bruka dersom du vil laga din eigen musikk ? Med PC og synthesizer kan du komponera, ta opp og skriva ut notene etterpå. Kanskje også du om eit par år gir ut eigen- komponert musikk ? :-)
Du kan lesa meir om arbeidet i musikkfaget ved Sagvåg skule her>>

februar 2000

Me har ledig plass i SFO
Sagvåg skule har ledig plass i SFO for vårhalvåret. Tilbodet er ope frå kl 07.15 før skuletid, og til kl 16.00 om ettermiddagen. Ta kontakt med skulen dersom du ønskjer meir informasjon om tilbodet.
Les meir her>>

Det vert Rukjen !
Politikarane i LEV (Levekårskomiteen) takka nei til administrasjonssjefen sitt tilbod om å greie ut alternative tomteval for den nye skulen i Sagvåg. Då ser det ut til at den nye skulen kjem i Rukjen slik det først var planlagt.
Byggjestart er i 2002, med ferdigstilling i løpet av 2003. Då er det berre å starta nedteljinga...

2000   2001  2002   2003

Skulewebben vår
Sagvåg skule var blant dei 9 skulane som gjekk til finalen under den landsomfattande kåringa av den beste skulewebben 1999.
Det var Nettavisen og NLS (Norsk læremiddelsenter) som arrangerte konkurransen. Me stakk av med seieren i den eine runden og gjekk til finalen. [les meir>>]
Til slutt var det Godøy skule som vann. Gratulerer! 
Les mer om finalen>>

"Nytt" skulebiblioteket !
No er det nye lånesystemet (Mikromarc) på plass i skulebiblioteket, og dei fleste har sikkert testa lånekorta sine allereie.
Du kan lesa meir om skulebiblioteket vårt
her>>.
Snart kan du også sjå kva bøker me har i biblioteket vårt.
Sjå testsida>>
Dersom du har forslag til bøker du meiner me burde hatt på biblioteket, kan du sende ein mail med forslag til rektor!
lars.bakka@stord.kommune.no -Kanskje vert ditt forslag den neste nye boka  ved Sagvåg skule :-)
PS!
Også folkebiblioteket har side på Internett, du kan søka etter titlane dei har!
Du finn sida her>>

Liverpool mot Arsenal i 5.klasse
To gutar i 5.klasse vil ha stoff om Liverpool og Arsenal på heimesida til klassen. Les meir her>>
Heimesidene til norske idrettsstjerner finn du her.>>

Sagvåg skule
med avdeling i Spania :-)!

Dette skuleåret har to elevar frå Sagvåg skule reist med mamma og pappa til Spania.
Pappa arbeidar for Aker-konsernet og tek med seg heile familien på eitt års oppdrag til Spania. Jørgen og Aina går på spansk skule, og den norske skulegangen dei får finn dei på heimesida til klassen på heimesida vår. Det er Aina som har funne mest stoff til no, men etter kvart kjem det også meir stoff til Jørgen. Familien har også eiga heimeside Her finn du den >>

 

Jenter + data = SANT
Jentene i 4.-5.-6. og 7.klasse skal få spesialbehandling med ekstra undervisning om bruk av data!
Opplæringa tek til i 7.klasse, her har jentene m.a. få laga si eiga Her finn du sida>> på Internett.

12.01.00

Det vart teke omsyn til høyringa om skuleruta 2000/2001,
og slik vart ho sjåande ut:

2000 hending elevdagar
August
Måndag 21. Skulestart 9 dagar
September 21 dagar
Oktober
Torsdag 12. - Fredag13. Haustferie 20 dagar
November
Fredag 10. Elevfri/ kursdag 21 dagar
Desember
Torsdag 21. Siste skuledag f.jul 15 dagar
2001
Januar
Onsdag 3. Skulestart etter jul 21 dagar
Februar
Måndag 5. Elevfri/ kursdag 19 dagar
Mars
Måndag 5. - Fredag 9. Vinterferie 17 dagar
April
Måndag 9. - Måndag 16. Påskeferie
Tysdag 17. Skulestart e.påske
Måndag 30. Elevfri 14 dagar
Mai
Tysdag 1. Offentleg høgtidsdag
Torsdag 17. Offentleg høgtidsdag
Fredag 18. Elevfri
Torsdag 24. Kristi himmelfartsdag
Fredag 25. Elevfri 18 dagar
Juni
Måndag 4. 2.pinsedag
Tysdag 5. Skulestart etter pinse
Fredag 22. Siste skuledag 15 dagar
Sum elevdagar: 190 dagar

Atle Bjørn Mæhle
- komm.sjef -

Inger Alise L.Losnegård
- konsulent -


Økonomiplan 2000-2003
23.november vart dette vedtaket fatta i LEV (Komite for levekår) etter framlegg frå Åshild Bjelland Eriksen (H):
Det er ein del ledige lokale i Stord kommune. Ein kan  nemna Aker Elektro AS i Sagvåg, Stord Offshore AS på Heiane og andre bygg og eigedomar. Ein vil be administrasjonen ta kontakt med aktuelle firma for å drøfta om ledige lokale/eigedomar kan nyttast til skulebygg. Planlagt utbygging av skule i Sagvåg er uendra.
Behandling:
LEV vedtak 23.11.99: Samrøystes

Kommentar:
I siste delen  av vedtaket vert det understreka at utbygginga av ny Sagvåg skule i Rukjen står fast. Ein må tolka dette slik at vurderinga av ledige lokale i Stord kommune ikkje vert sett opp mot ny skule i Rukjen. For Sagvåg skule står då økonomiplanen for 2000-2003 fast:

1999 kr 300.000 til forprosjekt
(Desse pengane vert i praksis brukt i år 2000)
2001 kr 1 million til prosjektering m.m.
2002 kr 11.7 millionar til bygging
2003 kr 26 millionar til bygging (fullføring)

Total kostnad: 39 millionar kroner


-rektor-

17.november 1999
Framlegg til skuleruta skuleåret 2000 / 2001
(Høyringsfrist 15.12.99)

Foreldre som ynskjer å uttala seg om skuleruta må la
meldinga gå til leiar i FAU Ole Mikal Vedøy.
ole.mikal.vedoy@akermar.com
Dei tilsette ved Sagvåg skule kan la meldinga gå til rektor.
lars.bakka@stord.kommune.no

[sjå endeleg skulerute oppe då sida]


Vardebrenning i Rukjen !
Laurdag 20.november arrangerer FAU tur til Rukjen for alle de som har born ved skulen vår. Det er oppmøte ved Sagvåg skule klokka 12.00
Turen til Rukjen, med bygging av varde, markerer slutten på Grunnskuleveka-99. Det var foreldra som tok initiativet til turen etter idèdugnad på årsmøtet i FAU september.
Grunnskuleveka er i år lagt til veke 46. (15.-19.november)
[les meir om "tusenårsilden" her]

Bruk plassen godt!
Me har ikkje så god plass på
skulen vår, difor er det viktig at me nyttar den plassen me har ekstra godt !  Her finn du ei oversikt over dei romma klassane får byta på å bruka i midttimen.  Gjer avtale med vener om kor de vil gå, og finn på kjekke ting i midttimen :-)   Her finn du ei oversikt over dei romma klassane får byta på å bruka i midttimen.  Gjer avtale med vener om kor de vil gå, og finn på kjekke ting i midttimen :-)
[Her er oversikta ...]
Huks også at du har lov å leike ute heile midttimen dersom du heller vil det!

 

Ny skule i Rukjen i rute!
I administrasjonssjefen sitt framlegg til økonomiplan for  perioden 2000-2003 er ny Sagvåg skule i Rukjen "inne" med 39 millionar kroner.

Pengane er fordelte slik:

1999

kr 300.000 til forprosjekt (Desse pengane vert i praksis brukt i år 2000)

2001

kr 1 million til prosjektering m.m.

2002

kr 11.7 millionar til bygging

2003

kr 26 millionar til bygging (fullføring)

Total kostnad: 39 millionar kroner

Oktober 1999
E-post til elevane
Elevane i 4.-5.-6. og 7.klasse har fått e-postadresser av skulen.  Alle desse klassane
har no tilgang til Internett i klasseromma. Sjekk posten i "Elev- post"!
Dei som har "Online-adresser" må bruka "Lærar- post"


Oktober 1999
Trygg skuleveg-99
Aksjon "Trygg skuleveg-99" er igang.
I år vert det sett spesielt fokus på bruk av hjelm blant dei elevane i 5.-7.klasse som syklar til skulen. Nokre klassar får også besøk av politiet i løpet av denne veka.
Alle må bruka refleks når det no tek til å bli mørkt om morgonen.
1.klasse kjem til å få refleksvestar i gåve frå FAU etter haustferien. Dei som ikkje har fått vestar, vil få bandolær av skulen.


10.september 1999

Matpakkeveka-99
Denne veka vert skulemat og frukost sett i fokus ved Sagvåg skule. Ei undersøking viser at dei fleste elevane ved skulen har gode matvanar, men heile 13% av borna svarer at dei ikkje et frukost!- Alle, med eitt unnatak, hadde med seg skulemat den dagen undersøkinga vart gjennomført, men berre 58% av borna drakk skulemjølk.[les meir]


18.august 1999
Senk farten!
Mange av elevane ved Sagvåg skule har farleg skuleveg.No er borna igjen på veg til og frå skulen kvar dag, så senk farten! [meir...]
I år ynskjer me også å inngå ein skriftleg avtale mellom elevane, skulen og heimen om m.a. bruk av sykkelhjelm. Dette gjeld elevane i 5.-7.klasse. Les meir om reglar for sykling her.


18.august 1999
Visste du at Sagvåg skule er 60 år det komande skuleåret?
Det vert det nok ei markering utpå våren i år 2000.
I mellomtida kan du lesa meir om historia til skulen her.


18.august 1999
Skuleruta 1999-2000

Her er den vedtekne skuleruta for det neste skuleåret:

1999
August
Onsdag 18. : Første skuledag
September
Måndag 20. : Elevfri (kursdag)
Oktober
Måndag 4.- fredag 8. : Haustferie
November
Fredag 12. Elevfri (kursdag)
Desember
Tysdag 21. Siste skuledag før jul
2000
Januar
Onsdag 5. Første skuledag etter jul
Februar
Mars
Måndag 6.- fredag 10. : Vinterferie
April
Fredag 14.Siste skuledag før påske
Tysdag 25. Første skuledag etter påske
Mai
Måndag 1. Elevfri, Off. høgtidsdag
Onsdag 17. Elevfri, Off. høgtidsdag
Juni
Torsdag 1. Elevfri, Kr. himmelfart
Fredag 9. Siste skuledag før pinse
Tysdag 13. Første skuledag etter pinse
Fredag 23. Siste skuledag før sommarferien

SUM ELEVDAGAR: 190