|
Sjå også ARKIVOVERSIKTA>>
7.juni 1999 1.juni 1999 30.mai 1999
23.april 1999
30.01.99 Langeland skule på Internett Også Langeland skule har no fått heimeside på Internett. Du finn sida her
29.01.99 Riksvegen forbi den nye Sagvåg skule Kommunestyret har slutta seg til prosjektet med opprusting av riksvegen mellom Sagvåg og flyplassen. SIM forskotterer pengane som trengs. Dette er endå eit steg i tett retning for ny Sagvåg skule i Rukjen. 02.11.98 Grunnskuleveka-98 Veke 45 er "Grunnskuleveka", og dei fleste skulane i landet har ulike aktivitetar knytt til ulike tema. Hovudtemaet i år er kulturmønstringa "DU STORE VERDA!". Ved Sagvåg skule satsa me i år på TV-aksjonen. Grunnskuleveka vart difor ikkje markert ved Sagvåg skule dette året. Les meir om Grunnskuleveka-98 her:
02.11.98 "Kabling" av Sagvåg skule. I dag gjorde Telenor seg ferdige med "kablinga" av skulen. Då er 5.-6. og 7.klasse klare for internt nettverk, og Internett. Det einaste som manglar er serveren som me håper at skal komme før jul. Også biblioteket, administrasjonen og maskinen på personalrommet er ein del av nettverket.
01.11.98 Litlabø skule på Internett Litlabø skule har lagt ut eiga heimeside, adressa er http://home.sol.no/~slitlabo/
19.10.98 Aksjon "Trygg skuleveg'98" 19.-24.okt! Denne veka har Sagvåg skule AKSJON SKULEVEG'98. Alle elevane får refleks og elevane i 4.-7.klasse har fått bodstikker. Me arbeider med å skaffe bodstikker til 1.-2. og 3.klasse også.
16.10.98 kl 15.00 Over 15.000 kroner til TV-aksjonen! Det kom inn over 15.000 kroner til TV-aksjonen under "open skule" i går! Takk for innsatsen!! 15.10.98 kl 18.00 Det vert ny skule i Rukjen! I ettermiddag vedtok kommunestyret tilrådinga frå levekårskomiteen om at Sagvåg skule skal vera den første nye skulen som vert bygd i Stord kommune. Arbeidet med ny skule i Rukjen heng sjølvsagt også saman med byggjefeltet og utbetringa av riksvegen. Dette siste vart også understreka av administrasjonssjefen i kommunestyremøtet. Sjølv om mykje arbeid står att før me kan flytte frå gamle Sagvåg skule er 15.oktober 1998 ein viktig dag i historia til skulen vår!
13.10.98 kl 15.30 Ny skule i Rukjen i kommunestyret 15.10.98 Torsdag 15.oktober kl.16.00 avgjer kommunestyret om ny Sagvåg skule i Rukjen skal stå på førsteplass på lista over nye skulebygg i Stord. Handsaminga av Skulebruksplanen 1998-2009 er sak nr 4 i møtet. 07.10.98 kl 15.30 TV-aksjonen'98 Elevane ved Sagvåg skule er med på TV-aksjonen'98! Det vert open skule torsdag 15.oktober frå kl 10.00-12.00. Resten av veka kjem også elevane til å arbeide med ulike aktivitetar knytt til aksjonen, m.a. kjem 5.-6. og 7.klasse til å arbeide i grupper på tvers av klassane. Det kjem også eige skriv til kvar heim om aksjonen
01.10.98 kl 16.00 Ny skule i Rukjen! Ein samrøystes levekårskomité vedtok i dag kl 15.30 i ei innstilling til kommunestyret at ny skule i Rukjen skulle prioriterast på første plass over nye skular i Stord. Då skal det mykje til for at kommunestyret gjer om vedtaket etter som innstillinga frå LEV er samrøystes. 1.oktober 1998 vert ståande som ein merkedag i arbeidet med ny skule i Sagvåg! Saka kjem kanskje opp i kommunestyret 15.oktober
29.09.98 kl 20.00 Nye Trivselsreglar for skulen vår SU fatta i dag vedtak om at elevane som får sykle til skulen MÅ bruke hjelm! Det var ei endring av den gamle regelen der det stod at "ein sjølvsagt bruker hjelm".
|